6 Verksemda til Finanstilsynet i 2009
6.1 Innleiing
Kredittilsynet endra namn til Finanstilsynet 21. desember 2009. Det nye namnet reflekterer betre at tilsynsoppgåvene omfattar heile finanssektoren. Samstundes med namneendringa flytta tilsynet inn i nye lokaler i Oslo sentrum.
Finanstilsynet er det sentrale offentlege organet som fører tilsyn med at finansinstitusjonane innrettar seg slik at lover og forskrifter vert følgde. Finanstilsynet skal, ifølgje finanstilsynslova § 8 andre ledd, kvart år gje Finansdepartementet ei melding om verksemda. I meldinga omtalar Finanstilsynet organisatoriske forhold, rekneskap og generelle spørsmål knytte til tilsynsarbeidet. Vidare vert det gjeve ein nærare omtale av arbeidet innanfor dei ulike tilsynsområda. Årsmeldinga til Finanstilsynet ligg ved denne meldinga som utrykt vedlegg.
Etter § 1 i finanstilsynslova har Finanstilsynet tilsyn med finansinstitusjonar, under dette forretnings- og sparebankar, kredittføretak, livs- og skadeforsikringsselskap, private, kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser og pensjonsfond, finansieringsselskap, forsikringsformidlarar, børsar og andre regulerte marknadsplassar. Etter finanstilsynslova § 1 nr. 14, jf. verdipapirhandellova § 15-1, har Finanstilsynet ansvar for å føre tilsyn med verksemda til verdipapirføretak og oppgjerssentralar, og tilsyn med at reglane i verdipapirhandellova vert følgde. Det same gjeld kontrollen med eigedomsmeklarar etter eigedomsmeklarlova § 8-1, kontrollen med inkassoverksemd etter lov om inkassoverksemd § 30, kontrollen med forvaltning av verdipapirfond etter lov om verdipapirfond § 8-2, tilsynet med revisorar og revisjonsføretak etter finanstilsynslova § 1 nr. 9, tilsynet med sjøtrygdelag, jf. finanstilsynslova § 1 nr. 12 og tilsynet med føretak som driv låneformidling, jf. finanstilsynslova § 1 nr. 7. Finanstilsynet fører tilsyn med rekneskapsførarar etter finanstilsynslova § 1 nr. 18. Finanstilsynet fører òg tilsyn med verksemder til filialar av kreditt- og andre finansinstitusjonar frå andre statar i dei høve slikt tilsyn ikkje vert ført av styresmaktene i heimlandet. Det vert dessutan ført tilsyn med filialar av norske finansinstitusjonar i utlandet.
Finanstilsynet skal etter finanstilsynslova sjå til at dei institusjonane det har tilsyn med, verkar på eit formålstenleg og trygt vis i samsvar med lov og føresegner og med det formålet og dei vedtektene som ligg til grunn for kvar einskild institusjon. For å utføre tilsynsoppgåvene skal Finanstilsynet granske rekneskapar og andre oppgåver frå institusjonane, og elles gjere dei undersøkingane om deira stilling og verksemd som Finanstilsynet finn naudsynt, jf. finanstilsynslova § 3.
6.2 Leiing og administrasjon
Styret i Finanstilsynet har etter lova det overordna ansvaret for verksemda i Finanstilsynet og handsamar mellom anna viktige fagsaker i samband med forskrifter og konsesjonar, budsjett og tiltaksplanar. Styret har fem medlemmer. Medlemmene og varamedlemmene vert oppnemnde av Finansdepartementet for ein periode på fire år.
Styret, som vart oppnemnt 1. mars 2006, vart endra i mars 2009. Styret i Finanstilsynet har i 2009 vore samansett slik:
Sivilingeniør Finn Hvistendahl, leiar
Advokat Eli Aas, nestleiar
Tingrettsdommar Marianne Berg, styremedlem
Professor Hilde C. Bjørnland, styremedlem
Ordførar Bjørn Arild Gram, styremedlem
Professor Mette Bjørndal, fyrste varamedlem
Avdelingsdirektør Jostein Skaar, andre varamedlem
Seniorrådgjevar Marit Sletta, representant for dei tilsette
Spesialrådgjevar Knut Godager, representant for dei tilsette
Seniorrådgjevar Øyvind Jenssen, vararepresentant for dei tilsette
Internasjonal koordinator Nina Moss, vararepresentant for dei tilsette
Seksjonssjef Lone Tudborg Lakhan, vararepresentant for dei tilsette
Direktør i Noregs Bank, Arild J. Lund, er observatør, med assisterande direktør Sindre Weme som vararepresentant.
Ved utgangen av 2009 var det 246 fast tilsette i Finanstilsynet, mot 235 ved utgangen av 2008. Av dei fast tilsette er 52 prosent kvinner. Blant dei tilsette har 87 prosent høgare utdanning. I leiargruppa var det 43 prosent kvinner i 2009.
Likestillingsarbeidet er forankra i arbeidsmiljø- og likestillingsutvalet. Ein eigen tillitsvald for likestilling møter fast i utvalet. Utvalet handsamar jamleg lønnsstatistikk for kvar stillingsgruppe og for heile Finanstilsynet for å følgje med på utviklinga i likelønn, som er eit prioritert område i den interne lønnspolitikken. Utvalet handsamar òg andre spørsmål om likestilling. Likestillingshandlingsplanen til Finanstilsynet, som vart vedteken i februar 2007, er laga på grunnlag av eit breitt likestillingsomgrep. Såleis gjeld han òg mellom anna etnisk bakgrunn, funksjonshemming og alder.
Sentralt i lønns- og personalpolitikken til Finanstilsynet står tiltak for å rekruttere, utvikle og behalde medarbeidarar med høg kompetanse innanfor tilsynsområda. Det er viktig at Finanstilsynet har den kompetansen som er nødvendig for å utføre oppgåvene på ein god og effektiv måte. Fleire tilsette enn i tidlegare år har ynskt å kome tilbake til Finanstilsynet etter permisjon.
Ved utgangen av 2009 hadde Finanstilsynet 60 tilsette med solid erfaring (normalt meir enn fem års arbeid) frå bransjane under tilsyn. Utskiftingsprosenten blant medarbeidarane var 6 prosent i 2009, mot 10 prosent i 2008.
6.3 Nærare om verksemda
6.3.1 Arbeidet med finansiell stabilitet
Også i 2009 var tilsynsarbeidet prega av verknadene av den internasjonale finanskrisa.
Frå tidleg i 2009 var spørsmålet om bankane sin eigenkapital det mest sentrale. Finanstilsynet medverka både til regelverk for Statens finansfond og til den praktiske verksemda med fondet.
Det er no allment erkjent at kapitaldekningsreglane som med Basel II vart gjennomførte internasjonalt frå 2007, har vesentlege ulemper. Eigenkapitalen som kan bere tap, har vore for låg. Kapitalkrava har, saman med rekneskapsreglane, truleg vore med på å forsterke utlånsveksten i gode tider og halde han igjen i dårlege tider. Det er no i gang eit omfattande arbeid som vil gje nye, betre og strengare internasjonale reglar i løpet av dei næraste par åra. Finanstilsynet støttar dette arbeidet gjennom aktiv deltaking i den europeiske banktilsynskomiteen (CEBS) og førebur på dette grunnlaget nye reglar i Noreg. Tilsynet har teke initiativ til nordisk samordning av reglane.
Basel II krev at bankar og finanstilsyn vurderer risiko og kapitalbehov på individuelt grunnlag (pilar 2-prosessen). Finanstilsynet gjekk i 2008 grundig gjennom alle bankar sine eigne vurderingar. Mange vart bedde om å auke måla sine for kapitaldekning, og ein god del vart oppmoda om å vurdere konkrete tiltak for å styrkje faktisk kapitaldekning. I 2009 måtte over 100 institusjonar sende inn dokumentasjon for å vise at mål og tiltak vart følgde opp. Det var særleg tett dialog med bankar som var bedde om å styrkje den faktiske kapitalen sin. Det vart sendt brev til 15 bankar der det vart vist til at tilsynet kunne gje pålegg om dette.
For kvar enkelt institusjon og for Finanstilsynet er det viktig å overvake risikoen nøye. Gjennom pilar 2-prosessen vil Finanstilsynet sikre og ytterlegare styrkje kapitalnivået i bankane mellom anna med sikte på auka internasjonale krav for åra som kjem. Det vert viktig å få til ei meir robust likviditetsforsyning for norske bankar på varig basis.
Finanstilsynet bidrog med rask handsaming av konsesjonar for 16 nye kredittføretak som kunne utferde obligasjonar med førerett (OMF), og med intensivert tilsynsmessig oppfølging av likviditeten til bankane.
Omsetning og oppgjer i aksjemarknaden fungerte i 2009 slik at likviditet og prissetjing var tilfredsstillande. Tilsynet har hatt ei tett oppfølging av oppgjerssystema, mellom anna i lys av problema knytte til Lehman Brothers’ fall.
6.3.2 Tilsyn med bank og finans
Stadleg tilsynsverksemd er viktig for å kunne identifisere problemområda i enkeltbankar, for dermed å kome i dialog med leiinga og styret så tidleg som mogleg. Finanstilsynet nyttar ein risikobasert tilsynsmetodikk som er basert på internasjonale tilsynsstandardar.
Risikomodular som er utvikla av tilsynet, vert nytta som grunnlag når Finanstilsynet gjennomfører stadlege tilsyn i bankane. Modulane er rammeverk for å kartleggje risikoforhold og risikonivå i føretaket og føretaket si styring og kontroll av risikoane. For bankar vert det nytta modular for kredittrisiko, marknadsrisiko, likviditetsrisiko, operasjonell risiko og modul for overordna styring og kontroll. I 2009 vart det gjennomført 58 stadlege tilsyn i bankar og finansieringsføretak og utanlandske filialar, mellom anna sju IT-tilsyn og seks tilsyn knytte til oppfølging av løyve til å nytte interne målemetodar (IRB-metode) i staden for standardmetode for å berekne kapitalkrav for kredittrisiko. I dei 58 tilsyna inngår òg tilsyn som er gjennomførte i samarbeid med andre nordiske tilsynsmyndigheiter, mellom anna tilsyn i Fokus Bank, DnB Nord og Nordea. Finanstilsynet prioriterte spesielt å følgje utviklinga i dei større bankane, og for desse vart det utført omfattande tilsynsprogram. Det vart blant anna utført særskilde inspeksjonar knytte til shippingsegmentet og Baltikum.
6.3.3 Tilsyn med forsikring og pensjon
Finanstilsynet følgjer utviklinga i forsikringsselskapa gjennom stadleg tilsyn, stresstestar og analyser. Det vert gjennomført vurderingar av risikoeksponering, styring og kontroll i dei største forsikringsselskapa. Det vert nytta risikobasert tilsynsmetodikk som er basert på internasjonale tilsynsstandardar og erfaringar frå tilsynsarbeidet. Det er utvikla risikomodular for dei sentrale risikoområda i livsforsikringsselskapa og skadeforsikringsselskapa. Modulane som er utvikla for livsforsikringsselskap, vert òg nytta i pensjonsføretaka så langt dei passar. Modulane bidreg til ein einsarta struktur og eit einsarta innhald i inspeksjonane. Rettleiingsdokumenta gjev dessutan ei støtte til vurderingane ved at dei angir «beste praksis» for styring og kontroll. Det vart gjennomført 19 stadlege tilsyn innanfor forsikring og pensjon i 2009.
6.3.4 Tilsyn med verdipapirføretak
Det stadlege tilsynet som Finanstilsynet gjennomfører, skal bidra til at verdipapirføretaka har eit bevisst forhold til risiko. Dessutan skal tilsynet sikre at verdipapirmarknaden held eit høgt nivå på kundevern, ved at føretaka følgjer krava til god forretningsskikk. Vidare skal det bidra til å ivareta integriteten til marknadene. Det er stor variasjon blant verdipapirføretaka, både når det gjeld storleik, organisering og kva investeringsteneste dei tilbyr. Finanstilsynet nyttar blant anna risikobaserte kriterium ved val av føretak der det skal gjennomførast stadleg tilsyn. Slike kriterium kan vere finansielle forhold som likviditet, kapitaldekning, endringar i inntekter, lønnsemd og dessutan forvaltningsmessige og åtferdsmessige forhold som for eksempel klager frå kundar eller mistanke om brot på god forretningsskikk.
I 2009 vart det gjennomført 14 stadlege tilsyn i verdipapirføretak, eitt tilsyn med norsk filial av utanlandsk verdipapirføretak og eitt tilsyn spesielt retta mot IT-løysingane til verdipapirføretaket. Finanstilsynet deltok òg, i samarbeid med svenske myndigheiter, på stadleg tilsyn av norsk føretaksfilial i Sverige og svenske føretaksfilialar i Noreg.
6.3.5 Tilsyn med forvaltningsselskap for verdipapirfond
Tilsynet med forvaltningsselskapa vart utøvd gjennom både stadleg og dokumentbasert tilsyn. I 2009 vart det gjennomført eit stadleg tilsyn i forvaltningsselskap for verdipapirfond. Sidan gjennomføringa av MiFID-direktivet i norsk rett har rådgjevingssegmentet vorte prioritert i det stadlege tilsynet. Finanstilsynet sitt tilsyn med og overvaking av forvaltningsselskapa har i all hovudsak vorte gjennomført på grunnlag av det dokumentbaserte tilsynet. Erfaringane etter det stadlege tilsynet med verdipapirføretaka i 2009 viste at føretaka i stor grad hadde retta seg etter den nye lovgjevinga. Det vart gjennomført tre stadlege tilsyn hos forvaltningsselskap for verdipapirfond i 2009.
6.3.6 Tilsyn med åtferdsreglane i verdipapirmarknaden
Det overordna målet med tilsyn og overvaking av dei generelle åtferdsreglane er å bidra til å sikre omdømmet til den norske marknaden og dermed marknaden sin funksjon som velfungerande kapitalkjelde. Reglane som omfattar ulovleg innsidehandel, marknadsmanipulasjon og tilbørleg informasjonshandtering, er sentrale. Finanstilsynet følgjer òg opp reglar om listeføring, undersøkingsplikt, forbod mot urimelege forretningsmetodar og meldepliktig og flaggepliktig verdipapirhandel. Dette inneber at tilsynet er retta mot ein vid krets: investorar, rådgjevarar, utferdarar av finansielle instrument og deira samarbeidspartnarar, inkludert verdipapirføretaka. Målet er å avdekkje og forfølgje ulovlege forhold i verdipapirmarknaden og, så langt åtferdsreglane vert gjorde gjeldande, i marknadene for varederivat. Gjennom tilsynsarbeidet er det eit mål å gjere potensielle lovbrytarar kjende med at lovbrot er risikabelt, noko som har ein preventiv verknad. Finanstilsynet undersøkte ei mengd saker i 2009. Mange av desse var oversende frå Oslo Børs eller rapporterte til Finanstilsynet frå verdipapirføretaka. Tilsynet initierte òg ei rekkje undersøkingar på bakgrunn av marknadshendingar eller oppslag i media.
6.3.7 Tilsyn med revisorar
Finanstilsynet kontrollerer om krava som regulerer revisjonsverksemd, er oppfylte, at krava til revisor sitt sjølvstende er oppfylte, og om kvaliteten på utført revisjon er tilfredsstillande. Vidare kontrollerer det at pliktene etter kvitvaskingsregelverket vert etterlevde, og at revisor og revisjonsselskap leverer eigen rekneskap og sjølvmelding i rett tid. Avgjerder om tilsyn vert tekne på bakgrunn av risikovurderingar, innrapporteringar eller andre signal, som for eksempel medieoppslag. Forhold som vert avdekte som ledd i det finansielle tilsynet på andre område, kan òg føre til nærare vurdering av revisor sitt arbeid. Minimum kvart sjette år skal Finanstilsynet gjennomføre periodisk kvalitetskontroll av revisorar som reviderer årsrekneskapar for revisjonspliktige. Sidan 2002 har den periodiske kvalitetskontrollen vore samordna med kontrollen som Revisorforeininga gjennomfører av sine medlemmer.
Dersom Revisorforeininga finn forhold som kan kvalifisere for vedtak om tilbakekalling av godkjenning som revisor, vert saka oversend til Finanstilsynet for vidare oppfølging. Finanstilsynet kontrollerer ikkje-medlemmer, slik at alle som reviderer årsrekneskapar for revisjonspliktige, vert underlagde kvalitetskontroll innanfor seksårsperioden. Som følgje av gjennomføringa av revisjonsdirektivet i norsk rett er det utarbeidd nye retningsliner som skal sikre at den periodiske kontrollen er i samsvar med direktivet. For revisorar og revisjonsselskap som reviderer føretak av allmenn interesse, skal den periodiske kontrollen skje kvart tredje år. Utgangspunktet er at kontrollane vert gjennomførte av Finanstilsynet, i tillegg til anna tilsynsarbeid som er retta mot desse revisorane. Det vart gjennomført 47 stadlege tilsyn innanfor revisjon i 2009.
6.3.8 Tilsyn med rekneskapsførarar
Finanstilsynet kontrollerer om krava som gjeld for rekneskapsførarverksemd er oppfylte. Blant anna undersøkjer tilsynet kvalitetskontrollen av arbeidet i føretaka i tilfelle der det vert nytta medarbeidarar som ikkje er autoriserte rekneskapsførarar. Vidare kontrollerer det at pliktene etter rekneskapslova, bokføringslova og kvitvaskingsregelverket vert etterlevde, og at rekneskapsførar og rekneskapsførarselskap leverer eigen regnskap og sjølvmelding i rett tid o.a. På grunn av det store talet på rekneskapsførarar og rekneskapsførarselskap legg Finanstilsynet vekt på det kontrollarbeidet som Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF) gjennomfører med sine medlemmer kvart sjuande år når Finanstilsynet prioriterer korleis tilsynet med rekneskapsførarar skal gjerast. Det er utarbeidd retningsliner for samarbeidet med NARF. Finanstilsynet gjennomførte 49 stadlege tilsyn innanfor rekneskapsverksemd i 2009.
6.3.9 Tilsyn med eigedomsmekling
Det vart gjennomført 29 stadlege tilsyn med eigedomsmeklingsføretak og med advokatar som dreiv eigedomsmekling i 2009. Føretaksøkonomien, overhalding av undersøkings- og opplysningsplikta, handsaminga av klientmidlar og gjennomføringa av oppgjer, oppfølging av forskrift om risikostyring og internkontroll og kvitvaskingsregelverket stod sentralt under desse kontrollane. I tillegg vart det gjennomført eitt IT-tilsyn.
6.3.10 Tilsyn med inkasso
I 2009 vart det gjennomført 11 stadlege tilsyn i framandinkassoføretak og ei rekkje avgrensa skriftlege undersøkingar ved korrespondanse med dei aktuelle føretaka for å undersøkje påstandar om feil i inkassosakshandsaminga. I tillegg vart det gjennomført eitt IT-tilsyn.
6.3.11 IT-tilsyn
I 2009 gjennomførte Finanstilsynet 22 IT-tilsyn og tilsyn med system for betalingstenester i bankar, forsikringsselskap, finansieringsføretak, verdipapirinstitusjonar og eigedomsmeklar- og rekneskapsførarføretak. Det vart òg gjennomført tilsyn hos IKT-leverandørar med grunnlag i IKT-forskrifta § 12 om utkontraktering av IKT-verksemd. I tillegg vart det gjennomført 18 forenkla IT-tilsyn som ein del av ordinære tilsyn, og eitt revisortilsyn med gjennomgang av IT-revisjonen. Tilsyna var særleg retta mot samfunnsviktige føretak og tok elles utgangspunkt i ei risikobasert vurdering der mellom anna elektroniske betalingsløysingar vart prioriterte.
Tabell 6.1 Tal på stadlege tilsyn fordelte på institusjonstypar (inkl. IT-tilsyn*).
2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | |
---|---|---|---|---|---|
Bank/finans | 52 | 49 | 49 | 37 | 58 |
E-pengeføretak | – | 1 | – | – | – |
Holdingselskap | 1 | – | – | – | – |
Forsikringsselskap | 9 | 5 | 6 | 6 | 8 |
Forsikringsformidlingsføretak | 1 | 5 | 3 | 3 | 7 |
Pensjonskasser og –fond | 1 | 1 | 2 | 6 | 4 |
Verdipapirføretak | 22 | 18 | 20 | 19 | 21 |
Andre verdipapirinstitusjonar (inkl. forvaltningsselskap for verdipapirfond) | 14 | 7 | 6 | 1 | 3 |
Revisorar | 52 | 52 | 22 | 29 | 47 |
Rekneskapsførarar | 56 | 46 | 41 | 60 | 49 |
Eigedomsmeklarar | 22 | 40 | 51 | 66 | 30 |
Inkassoføretak | 7 | 5 | 6 | 13 | 12 |
Datasentralar/IT-leverandørar | 5 | 3 | 4 | 4 | 2 |
Andre | – | 1 | – | – | – |
* Det vart gjennomført 22 IT-tilsyn, anten separat eller i samband med ordinære tilsyn i føretaka. I tillegg vart det utført 21 forenkla IT-tilsyn og handsama seks meldingar som var mottekne etter lov om betalingssystem.
6.4 Rekneskap og budsjett
Stortinget fastset budsjettet til Finanstilsynet som ein del av statsbudsjettet. Budsjettet for 2009 var opphavleg på 247,3 mill. kroner. Det vart gjeve ei tilleggsløyving på 8 mill. kroner for å dekkje ekstra lønnsutgifter på 5 mill. kroner, IKT-prosjekt med vidareutvikling av datavarehusløysing på 1,5 mill. kroner, utvikling av transaksjonsrapporteringssystem på 1 mill. kroner og vidareutvikling av Altinn på 0,5 mill. kroner.
I tillegg vart det løyvd 1,8 mill. kroner som kompensasjon for lønnsoppgjeret. Inkludert overførte midlar på 8,2 mill. kroner frå 2008 var budsjettet på 265,3 mill. kroner. Den samla disponible utgiftsramma var etter dette 271,9 mill. kroner. Utgiftene i 2009 alt i alt summerte seg til 266,7 mill. kroner, ein auke på 12,9 prosent frå 2008. Dei samla lønnsutgiftene auka med 13,5 prosent, og utgiftene til varer og tenester auka med 11,8 prosent. Dei totale utgiftene til Finanstilsynet var 5,1 mill. kroner mindre enn disponibelt budsjett. Ubrukte midlar vert overførte til 2010.
På same måten som for andre statlege verksemder som inngår i statsrekneskapen, vert rekneskapen til Finanstilsynet ført etter kontantprinsippet, ikkje etter rekneskapsprinsippet, som gjeld for private verksemder. Rekneskapen vert ført etter kontoplanen for statsrekneskapen, som byggjer på ei artsgruppering av utgifter og inntekter. Finanstilsynet har med utgangspunkt i denne planen sett opp ei formålsgruppering av utgiftene. Hovudgruppering etter formål går fram av tabell 6.2.
I det avsluttande revisjonsbrevet 26. mai 2009 om rekneskapen for 2008 går det fram at Riksrevisjonen ikkje hadde vesentlege merknader til rekneskapen eller måten Finanstilsynet hadde gjennomført budsjettet på.
Tabell 6.2 Rekneskap
2007 | 2008 | 2009 | |
---|---|---|---|
Lønnsutgifter | 134 216 | 154 593 | 175 516 |
- av dette lønn og sosiale utgifter (alle stillingar) | 129 511 | 150 756 | 169 745 |
- av dette ekstrahjelp/vikarar | 3 817 | 3 144 | 4 975 |
- av dette andre lønnsutgifter (styre/råd/andre honorar) | 888 | 693 | 796 |
Varer og tenester | 64 032 | 81 607 | 91 220 |
- av dette driftsutgifter | 24 047 | 35 558 | 43 957 |
- av dette informasjon | 2 921 | 2 930 | 2 728 |
- av dette administrative reiser og møte, kontingentar | 6 513 | 7 173 | 7 863 |
- av dette inspeksjonsreiser og anna tilsynsarbeid | 2 280 | 3 795 | 3 754 |
- av dette OU-arbeid, leiar- og kompetanseutvikling | 4 953 | 4 671 | 4 318 |
- av dette IKT-utgifter | 23 318 | 27 480 | 28 600 |
Sum utgifter | 198 248 | 236 200 | 266 736 |
Tal i heile tusen kroner. (Førebels rekneskap for 2009.)
Det er spesielt lønnsutgiftene som har auka mykje i 2009. Auken har vore på 21 mill. kroner. Det kan forklarast med fleire tilsette og den generelle lønnsauken. Auken i driftsutgifter har vore på 8,4 mill. kroner. Det er ikkje relatert til nokon generell auke i driftsutgifter, men til ekstraordinære kostnader i samband med flyttinga og kjøp av inventar. Flyttekostnadene vert fordelte over 2009 og 2010, og det er venta at prosjektet vert gjennomført innanfor den tildelte kostnadsramma. Auken i IKT-kostnader må sjåast i samanheng med større krav til elektroniske system både til innrapportering, analyse og arbeidsprosessar.
Utgiftene til Finanstilsynet vert etter finanstilsynslova § 9 dekte av institusjonar som er under tilsyn ved starten av budsjettåret. Stortinget vedtek difor ei inntektsløyving som er lik utgiftsløyvinga. Etter lova skal utgiftene fordelast på dei ulike institusjonsgruppene etter omfanget av tilsynsarbeidet. Utgiftene vert difor kravde inn etterskotsvis. Det vert òg kravd bidrag frå filialar av føretak frå andre EØS-statar.
Utlikningsbeløpet for 2008 som skulle innbetalast i 2009, utgjorde 219,5 mill. kroner. At den utlikna summen er mindre enn dei rekneskapsmessige utgiftene, kjem av at utlikninga tek utgangspunkt i budsjettløyvinga, at eventuelle overførte midlar frå året før vert trekte frå, og at ein del av utgiftene vert dekte av folketrygda gjennom fødsels- og sjukepengerefusjonar. Forslaget til utlikning for 2008 vart godkjent av Finansdepartementet 27. mai 2009 etter føregåande høyring hos dei aktuelle bransjeorganisasjonane. Utlikninga for 2008 omfatta 12 003 tilsynseinigar.. Av desse var 70 filialar av utanlandske føretak. Den største tilsynsgruppa var rekneskapsførarar, med 8314 einingar. I 2007 var det totalt 11 823 einingar. Fordelinga på dei respektive tilsynsgruppene går fram av figur 6.1.