Meld. St. 12 (2009–2010)

Finansmarknadsmeldinga 2009

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Finansdepartementet legg med dette fram Finansmarknadsmeldinga 2009.

Meldinga har før hatt tittelen Kredittmeldinga, men har i år fått nytt namn for betre å reflektere innhaldet i meldinga. Namnebytet er òg aktualisert ved at Kredittilsynet skifta namn til Finanstilsynet 21. desember 2009. 1

Fleire stader omtalar meldinga tilhøve som har samanheng med den internasjonale finanskrisa. Kapittel 2 handlar om føresetnadene for, og utsiktene til, finansiell stabilitet i Noreg. Her er risikoane i dei norske finansmarknadene omtala, og likeins utviklinga for dei norske finansinstitusjonane. Kapittel 3 gjev eit oversyn over nokre internasjonale initiativ til regelverksendringar som har kome i kjølvatnet av finanskrisa, mellom anna vert forslag til nye kapitaldeknings- og likviditetskrav og innskotsgarantidirektivet omtala. Kapittel 4 handlar om hovudtrekka i regelverksutviklinga i Noreg, og dei viktigaste løyvesakene som Finansdepartementet og Finanstilsynet handsama på finansmarknadsområdet i 2009.

Kapittel 5 omtalar verksemda til Noregs Bank i 2009, og inneheld mellom anna ei vurdering av utøvinga av pengepolitikken. Omtalen av verksemda til Noregs Bank er lovpålagd, jf. sentralbanklova § 30. Kapittel 6 inneheld ein omtale av verksemda til Finanstilsynet i 2009. Omtalen i kapittel 5 og 6 byggjer i stor mon på årsmeldingane frå institusjonane. I kapittel 7 er verksemda til Folketrygdfondet i 2009 omtala. I Kredittmeldinga 2008 vart det varsla at «Regjeringa legg opp til å rapportere om verksemda i Statens finansfond og Statens obligasjonsfond i Kredittmeldinga 2009». Dei to fonda vart oppretta for å dempe dei negative verknadene av finanskrisa og verksemda deira er omtala i kapittel 8. Kapittel 9 omtalar verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF). Årsmeldingane frå Noregs Bank og Finanstilsynet for 2009 følgjer som utrykte vedlegg til meldinga.

Fotnotar

1.

«Finanstilsynet» er nytta konsekvent i heile meldinga.

Til forsida