Historisk arkiv

700 millionar kroner til skulereforma

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Utdannings- og forskningsdepartementet

Regjeringa foreslår å løyve om lag 700 millionar kroner til å starte gjennomføringa av reforma i grunnopplæringa. Til forsking og utvikling foreslår Regjeringa å løyve 14,2 milliardar kroner. Dette er ein auke på rundt 400 millionar kroner i forhold til 2004. (06.10.04).

Pressemelding

Nr.: 064 - 04
Dato: 6.oktober

Utdannings- og forskingsdepartementets budsjett for 2005:

700 millionar kroner til skulereforma

Regjeringa foreslår å løyve om lag 700 millionar kroner til å starte gjennomføringa av reforma i grunnopplæringa som blei presentert i stortingsmeldinga Kultur for læring tidlegare i år. Om lag 500 millionar kroner av dette beløpet blir foreslått til første delen av det store kompetanseløftet for lærarar og skuleleiarar som er nødvendig for å gjennomføre reforma. Regjeringa foreslår òg å løyve 14,2 milliardar kroner til forsking og utvikling, ein auke på rundt 400 millionar kroner i forhold til 2004.

I samband med reforma i grunnopplæringa blir det foreslått å løyve 145 millionar kroner til å utvide timetalet i grunnskulen med ytterlegare fire veketimar frå hausten 2005. Saman med tidlegare utvidingar frå 2002 inneber det at timetalet samla aukar med tolv veketimar i denne perioden.

Å utvikle og innføre nye læreplanar er eit anna prioritert tiltak i reforma. Det blir foreslått å løyve 40 millionar kroner til dette formålet i 2005.

Andre viktige punkt i budsjettforslaget:

  • Kvalitetsreforma i høgare utdanning: Kvalitetsreforma blei fullfinansiert med ei løyving på 1144 millionar kroner i 2004, som blir vidareført i 2005. Samtidig blir budsjetta til universitet og høgskular auka med om lag 274 millionar kroner som følgje av at talet på avlagde studiepoeng aukar.
  • Bygg i universitets- og høgskulesektoren: Regjeringa foreslår å løyve 175 millionar kroner til utstyr til nye bygg ved universitet og høgskular.
  • Nye rekrutteringsstillingar ved universitet og høgskular: Regjeringa foreslår å løyve om lag 86 millionar kroner til 100 nye doktorgradsstillingar frå hausten 2005 og til dei 200 doktorgradsstillingane som blei oppretta hausten 2004.
  • Studieplassar: Av omsyn til det samla budsjettopplegget blir dei totale budsjettrammene til universitet og høgskular reduserte med 78 millionar kroner. Det fører til at talet på studieplassar blir redusert med om lag 4000.
  • Forsking og utvikling: Den samla løyvinga til forsking og utvikling i statsbudsjettet er på 14,2 milliardar kroner. Auka midlar til petroleumsforsking blir prioritert. I tillegg kjem ordninga med skattefrådrag for bedriftsinvesteringar i FoU – SkatteFUNN. Samla skattefrådrag i perioden 2002–2004 kjem til å bli opp mot 4 milliardar kroner.
  • Fondet for forsking og nyskaping: Regjeringa foreslår å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 3,2 milliardar kroner til 36 milliardar kroner.
  • Oppretting av ”såkornfond”: Mangel på såkalla risikovillig kapital er eit stort hinder for kommersialisering av nye innovative prosjekt. For å betre tilgangen på slik kapital foreslår Regjeringa å løyve 500 millionar kroner i ansvarleg lån og 125 millionar kroner i tapsfond for å opprette tre nye landsdekkjande såkornfond. Fonda skal vere finansierte halvt om halvt mellom staten og private. Fonda skal etablerast i universitetsbyane Bergen, Oslo og Trondheim, men kan brukast til å investere i såkornprosjekt i heile landet.
  • Studiefinansiering – avskriving av studielån for lånetakarar som bur og arbeider i Nord-Troms og Finnmark: For å sikre tilgangen på arbeidstakarar med høgare utdanning i tiltakssona foreslår Regjeringa å løyve 84 millionar kroner til å avskrive studielån for lånetakarar som bur og arbeider i Nord-Troms og Finnmark. Ordninga med reisestipend for studentar i Noreg og Norden blir foreslått avvikla. Kostnadsnorma i Lånekassa blir vidareført på nominelt nivå.

Budsjettforslag etter kategori

Utdannings- og forskingsdepartementets forslag til budsjett for 2005 er på 58,2 milliardar kroner. Slik er fordelinga på dei ulike kategoriane:

Kat.

Område

Forslag 2005

Av dette låne­transaksjonar

07.10

Administrasjon

205 594 000

07.20

Grunnopplæringa

5 581 492 000

07.40

Andre tiltak i utdanninga

117 648 000

07.50

Vaksenopplæring, folkehøgskular og fagskuleutdanning

1 114 199 000

07.60

Høgare utdanning

19 267 746 000

07.70

Forsking

6 032 548 000

3 200 000 000

07.80

Utdanningsfinansiering

25 877 429 000

16 583 500 000

Sum

58 196 656 000

19 783 500 000

14,2 milliardar kroner til forsking

700 millionar til skulereforma

Fleire doktorgradsstillingar og meir til utstyr

Orientering om forslag til statsbudsjettet for universiteter og høyskoler

Styrkt ordning for avskriving av studielån

Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringen 2005 – 2008 bokmål - nynorsk

St.prp.nr.1 (2004-2005) for Utdannings- og forskningsdepartementet

Engelsk versjon av hovedpressemelding