Historisk arkiv

Styrkt ordning for avskriving av studielån

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 068-04
Dato: 6.oktober

Styrkt ordning for avskriving av studielån

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til å avskrive studielån for låntakarar som bur og arbeider i tiltakssona i Nord-Troms og Finnmark, med 14 millionar kroner. Det inneber at det høgaste årlege avskrivingsbeløpet blir auka frå 16 500 kroner til 25 000 kroner.

Formålet med å styrkje ordninga på denne måten er å auke tilgangen på personell med høgare utdanning i tiltakssona. Avskrivingsbeløpet kan framleis vere maksimalt 10 prosent av gjelda.

Det blir foreslått at den generelle kostnadsnorma for lån og stipend i Lånekassa blir vidareført på nominelt nivå.

Støtteordning for elevar blir vidareført
Regjeringa vidarefører den nye støtteordninga gjennom Lånekassa for elevar i ordinær vidaregåande opplæring som blei innført frå undervisningsåret 2003/2004. Tal for støttetildeling viser at intensjonane i støtteordninga har blitt oppfylte gjennom fleire og høgare stipend, langt færre låntakarar og redusert låneopptak. Det har vore eit mål med den nye støtteordninga å redusere talet på låntakarar innanfor ordinær vidaregåande opplæring.

Om lag 72 400 elevar fekk i skuleåret 2003/2004 stipend i den nye støtteordninga, mot om lag 62 300 elevar i undervisningsåret 2002/2003. Den totale stipendutbetalinga har auka med 650 millionar kroner til om lag 1,9 milliardar kroner. I same perioden blei talet på låntakarar nesten halvert til om lag 6000 elevar.

Den nye støtteordninga for elevar i vidaregåande opplæring er regelstyrt, og endeleg utbetaling for skuleåret 2004/2005 er derfor avhengig av kor mange som søkjer og kjem inn under kriteria.

Modernisering av Lånekassa
Stortinget har godkjent hovudpunkta i stortingsmeldinga til Regjeringa om å modernisere Lånekassa. Etter departementet si vurdering har Lånekassa ikkje komme langt nok med å planleggje fornyingsarbeidet til at det i dag er forsvarleg å fremje forslag til vedtak om kostnadsramme og starttilskot som oppfølging av dette. Regjeringa kjem tilbake til saka i 2005.

Både som ledd i moderniseringsarbeidet i Lånekassa og for å leggje til rette for større grad av automatisk søknadsbehandling og eit forenkla regelverk for kundane, er det foreslått enkelte mindre endringar i regelverket for utdanningsstøtte.

Reisestipend blir avvikla
Av omsyn til det samla budsjettopplegget foreslår Regjeringa å avvikle reisestipendet for innanlandsreiser og reiser i Norden for studentar frå undervisningsåret 2005/2006.

Vaksenopplæring
Av omsyn til det samla budsjettopplegget for 2005 foreslår Regjeringa dessutan enkelte reduksjonar i løyvingane på vaksenopplæringsfeltet. Det inneber at løyvingane til studieforbund, fjernundervisningsinstitusjonar og forskings- og utviklingsarbeid blir noko reduserte. Andre løyvingar på vaksenopplæringsfeltet blir i hovudsak vidareførte på nominelt nivå.