Historisk arkiv

Satsing på forsking og kvalitetsutvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Utdannings- og forskningsdepartementet

Regjeringa gjer framlegg om å satse til saman 13,8 milliardar kroner på forsking og utvikling i 2004, ein auke på 1,1 milliardar kroner i forhold til årets budsjett. (08.10.03)

Pressemelding

Nr.: 079-03
Dato: 8.oktober

Budsjettforslag frå Utdannings- og forskingsdepartementet:

Satsing på forsking og kvalitetsutvikling

Regjeringa gjer framlegg om å satse til saman 13,8 milliardar kroner på forsking og utvikling i 2004, ein auke på 1,1 milliardar kroner i forhold til årets budsjett. Løyvingane til å gjennomføre Kvalitetsreforma innanfor høgare utdanning aukar med 517 millionar kroner til 1144 millionar kroner, mens kvalitetsarbeidet i grunnopplæringa aukar med 50 millionar kroner til 431 millionar kroner.

Dette er hovudsakene i budsjettforslaget til Utdannings- og forskingsdepartementet for 2004. Det totale budsjettet er på 50,4 milliardar kroner, ein auke på 3,6 prosent i forhold til saldert budsjett for 2003 når ein korrigerer for tekniske endringar og lånetransaksjonar.

Her er dei viktigaste forslaga i budsjettet:

  1. Auka løyving til Kvalitetsreforma i høgare utdanning. Det er ei hovudprioritering i budsjettet for 2004 å fullfinansiere Kvalitetsreforma. Dei samla løyvingane til Kvalitetsreforma i 2004 er på 1144 millionar kroner, ein auke på 517 millionar kroner i forhold til 2003.
  2. Nye rekrutteringsstillingar ved universitet og høgskular. Regjeringa foreslår å opprette 200 nye stipendiatstillingar frå hausten 2004.
  3. Auka satsing på kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Det blir løyvd om lag 431 millionar kroner til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, ein auke på 50 millionar kroner i forhold til 2003 (13,1 prosent). Regjeringa legg vekt på tiltak for å auke læringsutbyttet i grunnopplæringa. Som eit ledd i dette arbeidet skal det utviklast eit nasjonalt system for kvalitetsvurdering. Kompetanseutvikling for lærarar er ei hovudprioritering. Ordningane med demonstrasjonsskular og demonstrasjonsbedrifter og tiltaka mot uro og problemåtferd i skulen blir vidareførte.
  4. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) skal stå sentralt i utdanninga. Regjeringa satsar vidare på IKT i utdanninga gjennom å løyve 124,8 millionar kroner til Program for digital kompetanse. Programmet varer i fem år. Infrastruktur og nasjonale utdanningsportalar, digitale læringsressursar og forsking og utvikling er hovudområde innanfor denne satsinga.
  5. Utvida satsing på skuleanlegg. Regjeringa foreslår å auke investeringsramma i tilskotsordninga der staten dekkjer renter på lån til investeringar i nybygg og rehabilitering av skuleanlegg, med 2 milliardar kroner i 2004. Den samla investeringsramma er etter det på 7 milliardar kroner.
  6. Regjeringa gjer framlegg om å løyve om lag 1,3 milliardar kroner til vidareføring av bygg i universitets- og høgskulesektoren.
  7. Budsjettforslaget inneber at den langsiktige grunnleggjande forskinga gjennom Noregs forskingsråd blir styrkt med om lag 283 millionar kroner. Det blir løyvd 48 millionar kroner til å styrkje den norske innsatsen innanfor EUs rammeprogram for forsking. Løyvinga til vitskapleg utstyr blir auka med 77 millionar kroner.
  8. I statsbudsjettet blir det til saman løyvd om lag 13,8 milliardar kroner til forsking og utvikling i 2004. Det er ein auke på ca. 1,1 milliardar kroner i forhold til 2003 og i tråd med det årlege offentlege vekstbehovet for å nå OECD-gjennomsnittet, slik det blei talfest i opptrappingsplanen frå 2001. I tillegg har Regjeringa sørgt for å betre rammevilkåra for investeringar i forsking og utvikling i næringslivet gjennom Skattefunnordninga som blei innført i 2002.
  9. Regjeringa foreslår at heile utdanningsstipendet på 40 prosent av støttebeløpet blir utbetalt som lån og gjort om til stipend når utdanninga er gjennomført (konverteringsstipend), og at støttebeløpa i Lånekassa blir førte vidare på nominelt nivå.
  10. Ny finansiering av utanlandsstudium. Regjeringa foreslår å innføre ei ny ordning for å finansiere skulepengar i utlandet. Ordninga fører til at dei faglege avgrensingane for å få finansiert skulepengar blir fjerna. Gebyrstipendet blir gjort om til skulepengestøtte – dels som stipend, dels som lån – samtidig som det blir betre høve til å ta opp lån til å dekkje skulepengar i utlandet.

Budsjettforslag etter kategori

Kat.

Område

Løyving 2004

Av dette lånetransaksjonar

07.10

Administrasjon

427 583 000

07.20

Grunnopplæring

2 337 279 000

07.40

Andre tiltak i utdanninga

2 708 397 000

07.50

Vaksenopplæring

1 106 008 000

07.60

Høgare utdanning

18 610 979 000

07.70

Forsking

3 184 982 000

07.80

Utdanningsfinansiering

22 055 336 000

12 750 200

Sum

50 430 564 000

12 750 200