Historisk arkiv

Sterk satsing på kvalitetsutvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 082-03

8.oktober

Grunnopplæringa:

Sterk satsing på kvalitetsutvikling

Regjeringa gjer framlegg om å løyve om lag 431 millionar kroner til ulike kvalitetsfremjande tiltak i grunnopplæringa. Det er ein auke på om lag 50 millionar kroner i forhold til det salderte budsjettet for 2003. Betre opplæring i basisfaga, kompetanseutvikling for lærarar, vidareføring av ordninga med demonstrasjonsskular og demonstrasjonsbedrifter og tiltak mot uro og problemåtferd i skulen er prioriterte tiltak i satsinga.

Den samla løyvinga til grunnopplæringa over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet er på 2,3 milliardar kroner for 2004. Størstedelen av dei statlege overføringane på dette området skjer likevel over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet gjennom rammeoverføringa til kommunane. Samla brukte kommunane og fylkeskommunane i 2002 nær 60 milliardar kroner til grunnopplæring (KOSTRA-tal frå siste rekneskapsåret).

Regjeringa ønskjer å dele ut meir midlar til dei som eig skulane, for å stimulere til kompetanseutvikling for lærarane. I 2004 skal kommunane og fylkeskommunane få 100 millionar kroner til dette arbeidet. Det kjem på toppen av dei midlane kommunane allereie bruker på området, og skal hjelpe skuleeigarane til å dekkje lokale behov for kompetanseutvikling og anna for å styrkje kvaliteten på grunnopplæringa, særleg innanfor basisfaga, læringsmiljøet og pedagogisk bruk av IKT.

Tidleg i 2004 skal Nasjonalt senter for lesing innviast. Saman med dei vedtekne strategiplanane ”Gi rom for lesing” og ”Realfag, naturlegvis” inneber det at det blir gjennomført ei rekkje tiltak for å styrkje kvaliteten i basisfaga. Stipendordninga for lærarar blir ført vidare, men dei 200 nye stipenda i 2004 blir reserverte minoritetsspråklege lærarar for å gje dei formell kompetanse til å undervise i skulen. Tiltaksplanen ”Likeverdig utdanning for alle” skal leggje grunnlaget for arbeidet med betre læring for minoritetsspråklege barn.

Ordninga med demonstrasjonsskular har vore eit toårig prøveprosjekt. Saman med ordninga med demonstrasjonsbedrifter blir ho no vidareført og vidareutvikla. Mange besøk og god erfaringsutveksling på demonstrasjonsskulane frå 2002 gir grunnlag for vidare satsing og nye utnemningar. Ordninga med bonusskular blir derimot ikkje ført vidare.

Som ein del av arbeidet med å innføre det nye nasjonale systemet for kvalitetsvurdering blir nettstaden Skoleporten.no teken i bruk våren 2004. Dette skal vere ein nettstad som samlar informasjon om skulen, og som legg til rette for å vurdere tilstanden i grunnopplæringa gjennom å kartleggje læringsutbytte, læringsmiljø, gjennomstrøyming og ressursar. Denne kunnskapen skal gi grunnlag for å setje i verk tiltak som skal betre skulesektoren.

Skuleanlegg
Regjeringa ønskjer å føre vidare ordninga med å gi tilskot til kommunesektoren som skal dekkje renteutgifter for lån til skuleanlegg. For 2004 er låneramma sett til 2 milliardar kroner, og tilskotet til rentekompensasjon blir løyvd over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet. For 2002, 2003 og 2004 er låneramma på til saman 7 milliardar kroner.

Innlemming av tilskot
For å følgje opp Stortingets vedtak om å auke den kommunale handlefridommen gjer Regjeringa framlegg om å innlemme fleire øyremerkte tilskot i dei faste kommunale rammeoverføringane.

Det gjeld mellom anna tilskotet til institusjonar og tilskotet til kommunale musikk- og kulturskular. I tillegg blir det gjort framlegg om å innlemme posten Tilskot til kommunar og fylkeskommunar (styrking av PP-tenester). Innlemminga er knytt til ein omorganiseringsprosess der dei statlege kompetansesentra er bygde ned til fordel for å styrkje PP-tenesta lokalt.

Det blir òg gjort framlegg om å innlemme den delen av tilskotet til leirskular som dekker eigendelen til elevane i samband med leirskuleopphald. Denne delen av tilskotet utgjer 62,5 millionar kroner.

Klarare ansvarsforhold
På bakgrunn av ønsket om å få klarare roller og ansvarsforhold vil Regjeringa leggje ned dei nasjonale opplæringsråda og Rådet for fagopplæring i arbeidslivet (RFA). Regjeringa kjem til å fremje ein eigen odelstingsproposisjon med framlegg til nødvendige endringar i opplæringslova som følgje av at RFA og opplæringsråda blir avvikla. Regjeringa ønskjer framleis å ha eit nært samarbeid med partane og vil invitere til ein dialog om korleis det kan leggjast til rette for det. Når råda blir lagde ned 1. januar 2004, kjem ein til å spare om lag 15 millionar kroner på budsjettet.

Regjeringa foreslår å avvikle tilskotet til tryggingsopplæring for fiskarar frå januar 2004. Fiskarane må, på lik linje med andre yrkesgrupper, sjølve dekkje det slike kurs kostar.

Av omsyn til det samla budsjettopplegget foreslår Regjeringa å avvikle tilskotet til Røde Kors Nordisk United World College frå januar 2004 og å avvikle tilskotet til internatdrifta ved Krokeide yrkesskule frå hausten 2004.