Historisk arkiv

Nytt program for digital kompetanse i skulen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 084-03
Dato: 8.oktober

Nytt program for digital kompetanse i skulen

Regjeringa vidarefører satsinga på informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i norsk utdanning. I 2004 lanserer Utdannings- og forskingsdepartementet det nye opplegget sitt, som har fått namnet Program for digital kompetanse.

Det nye programmet skal gå til og med 2008 og blir sett i nær samanheng med oppfølginga av innstillinga frå Kvalitetsutvalet. For oppstartsåret 2004 er det sett av 124 millionar kroner til programmet.

Det inneverande programmet for IKT i norsk utdanning blir avslutta ved utgangen av 2003. Programmet har gått over fire år, og til saman i perioden har det blitt løyvd rundt ein milliard statlege kroner. I tillegg bidreg kommunane – som skuleeigarar – med eigne midlar. Satsinga har ført til at skulane har blitt monaleg styrkte på dette området. Dei siste par åra er det dessutan gjort eit lyft for å styrkje kompetansen til lærarane i pedagogisk bruk av IKT.

Visjonen for det nye femårsprogrammet er at eit nyskapande og kvalitetsorientert utdanningssystem må setje digital kompetanse på dagsordenen. Det inneber at både lærarar og elevar skal kunne meistre teknologien på ein sikker, fortruleg og kreativ måte for å utvikle den kunnskapen dei treng for å vere fullverdige deltakarar i informasjonssamfunnet.

Dette er hovudmåla for programmet:

  • I 2008 skal digital kompetanse stå sentralt i opplæringa på alle nivå.
  • Samstundes skal det norske utdanningssystemet vere blant dei fremste i verda når det gjeld å utnytte IKT i undervisning og læring.
  • IKT skal vere eit integrert verkemiddel for nyskaping og kvalitetsutvikling i norsk utdanning.
  • I 2008 skal norske skular ha ein infrastruktur som held høg kvalitet. Klasserom og andre læringsarenaer skal ha teknisk utstyr og nettilkopling med tilstrekkeleg bandbreidd. Sikre og kostnadseffektive driftsløysingar skal støtte bruken av IKT i læringsarbeidet.

Programmet har fire satsingsområde:

  • Kompetanseutvikling. Det er nødvendig å gi både lærarar, elevar, studentar og lærlingar nødvendig kompetanse for at dei skal kunne utnytte IKT i læring, arbeid og privat.
  • Digitale læringsressursar. Ein føresetnad for å sikre kompetanseutvikling er at gode og tidsmessige pedagogiske læringsressursar er digitalt tilgjengelege.
  • Infrastruktur. God infrastruktur dannar grunnlaget for å kunne ta i bruk IKT, inkludert digitale læringsressursar, i utdanninga.
  • Forsking, forsøk og utvikling. Dette er heilt sentrale oppgåver for å utvikle betre metodar og spreie nødvendig kunnskap om korleis IKT kan utnyttast betre i undervisning og læring.