V-002/2023 N: Rundskriv om utarbeiding av søknad om tilskot for 2024 og statistikkskjema for 2022

1. Innleiing

Rundskrivet gjev retningsliner for utfylling av budsjettsøknad for 2024 og statistikkskjema for 2022.

Budsjettsøknaden og statistikkskjemaet skal leverast via Altinn-portalen – www.altinn.no
Søknadsskjemaet vil vera tilgjengeleg i innboksen åt institusjonen i Altinn i perioden 1. februar–1. mars 2023. 

Det at Kultur- og likestillingsdepartementet nyttar søknadsskjema i Altinn inneber at du som søkjer på vegner av verksemda, må ha elektronisk ID for å logga inn. Dette er den same IDen som du nyttar når du til dømes leverer skattemeldinga. Dersom du ikkje har elektronisk ID, kan du lesa om korleis du skaffar deg det, på denne sida på ID-porten hjå Digitaliseringsdirektoratet.

For å få tilgang til budsjett- og statistikkskjema må den, eller dei, som skal fylla ut på vegner av verksemda, fyrst logga seg inn på sin eigen Altinn-profil. Les meir om pålogging og tildeling av roller for utfylling av budsjett- og statistikkskjema i den vedlagde rettleiinga. 

På den fyrste sida i søknadsskjemaet finn de gode tips om utfylling av skjemaet, mellom anna om val av rett nettlesar, lagring av tekst og korleis ein under vegs i arbeidet kan sjå ein PDF-versjon av søknaden. Mange av felta i skjemaet har eigne hjelpetekstar. Vi oppmodar om å lesa informasjonen om utfylling av skjemaet og alle hjelpetekstarne nøye, og å byrja arbeidet med søknaden i god tid.

Har du praktiske spørsmål om innlogging i Altinn, ta kontakt med portalhjelpa til Altinn. 

Har du spørsmål til utfyllinga av budsjett- og statistikkskjema, ta kontakt med Kulturdirektoratet som har ansvaret for søkarrettleiing til musea:
E-post: veiledning.budsjettsoknad@kulturdirektoratet.no – tlf. 932 28 171
E-post: veiledning.statistikkskjema@kulturdirektoratet.no – tlf. 452 37 083

2. Budsjettsøknad

Søknaden skal mellom anna innehalda:
- revidert rekneskap for 2022
- arbeidsbudsjett 2023
- årsrapport for 2022
- søknad for 2024
- museumsstatistikk for 2022

2.1 Revidert rekneskap for 2022

Rekneskapen inkludert balansen må innehalda alle utgiftene og inntektene som institusjonen har hatt i løpet av året. Rekneskapen skal vera revidert. Større avvik mellom rekneskap og arbeidsbudsjett for 2022 skal kommenterast. Tilskotsmottakarane må forklara grunnane til eit eventuelt negativt årsresultat og opplysa om korleis dette vert dekt inn. Det same gjeld eventuell negativ eigenkapital.

Tilskotsmottakarar som har fått omframt eingongstilskot i 2022, skal rapportera desse midlane som «Andre offentlege tilskot» frå Kultur- og likestillingsdepartementet i nettskjemaet.

Tilskotsmottakarar som har fått tilskot i 2022 frå Norsk kulturfond eller frå andre ordningar i Kulturrådet, skal rapportere desse midlane som «Andre offentlege tilskot» frå Kulturrådet i nettskjemaet, og spesifisere i kommentarfeltet under dette.

I den grad det er aktuelt, skal eventuelle meirkostnader knytte til straum synleggjerast og kommenterast under feltet «Spesifikasjon og kommentarar til driftskostnader». Eventuelle tilskot frå offentlege straumstønadsordningar skal leggjast inn i felta under «Anna» under «Andre offentlege tilskot» og spesifiserast i kommentarfeltet under dette.

2.2 Arbeidsbudsjett for 2023

Tilskotsmottakar må arbeida ut arbeidsbudsjett for 2023 – plan for disponering av samla utgifter og inntekter ved institusjonen. Arbeidsbudsjettet må innehalda alle utgiftene og inntektene som tilskotsmottakaren reknar med å få i løpet av budsjettåret. Summen i feltet for ordinært driftstilskot frå Kultur- og likestillingsdepartementet under «Budsjett 2023» er førehandsutfylt med tildelt beløp for fast driftstilskot frå Kultur- og likestillingsdepartementet for inneverande år. Engongstilskotet som er løyvd som del av driftstilskotet må leggjast inn i feltet for «Andre offentlege tilskot» frå Kultur- og likestillingsdepartementet.

Tilskotsmottakarar som har fått tilskot eller planlegg å søkje tilskot i 2023 frå Norsk kulturfond eller frå ordningar i Kulturdirektoratet, skal leggje inn desse midlane som «Andre offentlege tilskot» frå Kulturrådet i nettskjemaet, og spesifisere i kommentarfeltet under dette.

2.3 Årsrapport for 2022

Rapporten skal gjere greie for aktiviteten og resultatet i rapporteringsåret med utgangspunkt i dei formåla som er omtalte i budsjettsøknaden for 2022 og krava i tilskotsbrevet for 2022. 

Tilskotsmottakaren skal også gi ein statusrapport om dei vesentlegaste forholda ved den økonomiske situasjonen. I rapporten kan institusjonane òg gjera greie for kva utfordringar som har oppstått som fylgje av covid-19, og orientera om kva alternative former for drift og publikumsretta aktivitet som er gjennomført.

Utdjup gjerne situasjonen kring straum både med tanke på eventuelle meirkostnader og investeringar i energisparande tiltak, i feltet «Statusrapport over den økonomiske situasjonen».

2.4. Søknad for 2024

Tilskotsmottakaren må i søknaden for 2024 oppgi kva som er formålet med verksemda.
Formålet skal vere mest mogleg dekkjande for tilskotsmottakaren sin samla aktivitet.

Tilskotsmottakaren skal òg gjere greie for planlagd drift i søknadsåret. Omtalen skal ta utgangspunkt i ein situasjon der driftstilskotet blir vidareført på same nivå som i dag.
Talbudsjettet må innehalde alle utgifter og inntekter institusjonen reknar med å få i løpet av 2024. Inntekter og utgifter må balansere. Tilskot frå andre enn Kultur- og likestillingsdepartementet, fylkeskommunar, kommunar og Den kulturelle skolesekken skal spesifiserast i særskilde felt.

Søknaden kan innehalde maksimalt tre nye tiltak med behov for auke i tilskotet. Forslag til slike tiltak krev særskild grunngiving med plan for finansiering. Eventuelle forslag må innehalde ein kort omtale av tiltaket der ein gjer greie for behovet for og målet med tiltaket. I tillegg må tilskotsmottakar vurdere om tiltaket kan gjennomførast ved omdisponering av dei ressursane som er til disposisjon, og kva konsekvensane av dette vil vere. Eventuelle forslag om nye tiltak med behov for auke i tilskotet skal registrerast i prioritert rekkjefølgje.

2.5 Statistikkskjema

Tilskotsmottakarane skal fylla ut skjemaet for museumsstatistikk for 2022.
I statistikkskjemaet er det lagt inn endringar knytte til spørsmål om mangfald og inkludering, og universell utforming.

3. Frist i 2023

Frist for å levera søknaden er 1. mars 2023 kl. 23.59.

Søknadsskjemaet vil vera tilgjengeleg i Altinn frå 1. februar, og institusjonen kan arbeida med og gjera endringar i søknaden fram til fristen går ut. Søknadsfristen er absolutt, og det vert ikkje gjeve utsetjing. Søknader som vert sende inn etter fristen vil verta automatisk avviste.

Fylgjande dokument skal leverast innan fristen:

1. Budsjettsøknad for 2024 og museumsstatistikk for 2022.
2. Revidert rekneskap og revisormelding for 2022. Årsmeldinga frå styret skal berre leverast av store føretak. Dokumenta skal vera signerte. Dokumenta skal sendast til postmottak@kud.dep.no.

4. Ny frist for budsjettsøknader for 2025

Jf. informasjonen i tilskotsbrev for 2023. Vi minner om at ny frist for å senda inn budsjettsøknad for 2025 i nettskjema vil vera 1. desember 2023. Frist for å senda inn rapport for 2023 i eige nettskjema, og revidert rekneskap for 2023 vil vera 1. mars 2024.
Vi kjem tilbake til retningsliner for utfylling i eige rundskriv.

Med helsing

Gunhild Strand Molle (e.f.)
avdelingsdirektør

Natalia Ryan
seniorrådgjevar

Kopi: Kulturdirektoratet

Vedlegg:

Adresseliste:

Det Internasjonale Barnekunstmuseet
Ishavsmuseet Aarvak
Jødisk Museum i Oslo
Jødisk museum Trondheim
Norsk Skogfinsk Museum
Skibladner - AS Oplandske Dampskipsselskap