1 Innleiing
I denne proposisjonen ber regjeringa om Stortingets samtykke til ratifikasjon av konvensjon av 14. november 1970 om tiltak for å forby og hindre ulovleg import og eksport av kulturgjenstandar og ulovleg overføring av eigedomsrett til kulturgjenstandar (heretter kalla UNESCO-konvensjonen).
I dag er det i overkant av 100 land som er partar i konvensjonen, blant anna fleire vestlege land som Canada, Frankrike, Hellas, Italia, Portugal, Spania og USA. I Norden har Danmark, Finland og Sverige ratifisert konvensjonen.
UNESCO-konvensjonen inneheld føresegner til vern av den fysiske kulturarven i kampen mot den illegale handelen med kulturgjenstandar. I hovudsak knyter pliktene for medlemsstatane seg til tre kategoriar: registrering og kontroll, forbod mot eksport og import og krav om tilbakeføring.
Statane som er partar i konvensjonen, plikter å forby eksport og import av særskilde kulturgjenstandar, regulere tilbakesøking og retur av slike kulturgjenstandar, opprette nasjonale faginstitusjonar på området, delta i internasjonale tiltak for vern av kulturarv som er i fare som følgje av plyndring, og avgrense ulovleg handel ved registrering av kulturgjenstandar i handelshøve.
Spørsmålet om norsk ratifikasjon har jamleg vore vurdert sidan konvensjonen blei vedteken. Frå norsk side har ein støtta prinsippa som ligg til grunn for konvensjonen. Men konvensjonen krev eit omfattande forvaltningssystem som tidlegare ikkje har blitt sett som naudsynt sidan Noreg har ei lita rolle i den internasjonale illegale marknaden for kulturgjenstandar. Situasjonen er ein annan i dag sidan det er innført lovreglar om tilbakelevering av kulturgjenstandar i kulturminnelova av 9. juni 1978 nr. 50 § 23 a. Føresegnene har sin bakgrunn i gjennomføringa av kommisjonsdirektiv 93/7/EØF og rådsdirektiv 96/100/EF og ratifikasjon av Unidroit-konvensjonen av 24. juni 1995 om stolne eller ulovleg utførte kulturgjenstandar. Det er også gjort endringar i lov av 2. juni 1978 nr. 37 om godtrutileigning av lausøyre og i lov av 9. desember 1966 nr. 1 om hevd. I desse lovene er det etablert eit forbod mot utførsel av kulturminne og andre relevante føresegner både når det gjeld handel med antikvitetar og tilgang til importrestriksjonar.
Ein ratifikasjon av UNESCO-konvensjonen vil likevel kreve nokre endringar i kulturminnelova. Stortinget sitt samtykke til ratifikasjon er derfor naudsynt i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova.
Konvensjonen i engelsk originaltekst med omsetjing til norsk følgjer som trykt vedlegg til proposisjonen.