St.prp. nr. 1 (2007-2008)

FOR BUDSJETTÅRET 2008 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 2
Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla

Kap. 0001 Svalbard kyrkje

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

3 344

3 350

3 600

Sum kap 0001

3 344

3 350

3 600

Det blir utført tre årsverk ved Svalbard kyrkje. Foreslått løyving skal dekkje husleige, lønnsutgifter, varer og tenester som kyrkja står for i arbeidet sitt, drift av tenestebil og snøskuter, leige av helikopter, og drift av bustad med meir. Drifts- og vedlikehaldskostnader for kyrkja blir dekte over Fornyings- og administrasjonsdepartementet kap. 2445 Statsbygg.

Kap. 0002 Tilskot til kulturelle formål m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

70

Tilskot til velferdsarbeid på Svalbard

860

960

960

Sum kap 0002

860

960

960

Forslaget til løyving skal i tråd med praksis fordelast mellom befolkninga i Barentsburg og dei norske busetnadene. Det er foreslått at Longyearbyen lokalstyre får løyvd 0,8 mill. kroner til støtte til velferdsformål. Det er ein føresetnad at midlane blir fordelte slik at dei også kjem den norske befolkninga i dei andre norske busetnadene til gode. Løyvinga skal bl.a. dekkje tilskot til samfunns- og kulturutvalet, løyving til Svalbard museum og til Longyearbyen folkebibliotek. Vidare er velferdsarbeidet i Ny-Ålesund foreslått støtta med kr 25 000. Til befolkninga i Barentsburg er det foreslått sett av kr 100 000.

Etter forskrift 5. april 2000 nr. 347 om overskotsutdeling frå Nordpolet AS, skal nettooverskotet frå Nordpolets sal av alkoholhaldig drikk overførast til Longyearbyen lokalstyre, som fordeler midlane til velferdsformål. Longyearbyen lokalstyre fordeler i 2007 overskotet for 2006 som utgjorde 5,8 mill. kroner. Longyearbyen lokalstyre rapporterer til Sysselmannen om bruken av midlane. Desse midlane inngår ikkje i Longyearbyen lokalstyres budsjett.

I tillegg er det over Kulturdepartementets budsjett for 2008 foreslått å løyve til saman om lag kr 0,6 mill. til kulturformål på Svalbard, jf. omtale i punkt 4.9.

Kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

70

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

60 923

86 954

88 800

Sum kap 0003

60 923

86 954

88 800

For 2008 er det foreslått eit tilskot til Longyearbyen lokalstyre på til saman 88,8 mill. kroner. Dette skal dekkje utgiftene til drift av og investeringar i lokalstyret si verksemd.

Lokalstyret har gjennom Bydrift Longyearbyen AS ansvar for produksjon og distribusjon av elektrisk kraft og fjernvarme. Dei seinare åra har det vore løyvd midlar til investeringar i fjernvarmenettet. For 2007 vart det løyvd 7,1 mill. kroner til dette formålet. Denne løyvinga er vidareført for 2008. Longyearbyen lokalstyre har ein plan for framdrift og finansiering av investeringane. Det er lagt til grunn at investeringane i fjernvarmenettet skal finansierast ved hjelp av låneopptak og vere ferdigstilte i løpet av 2007.

Regjeringa har bestemt å innføre gratis frukt og grønt for alle elevar på skular med ungdomstrinn. Løyvinga til Longyearbyen lokalstyre er derfor styrkt med kr 0,25 mill.

Dagens reservekraftanlegg har ikkje tilstrekkeleg kapasitet til å dekkje behovet. Regjeringa løyvde derfor i St.prp. nr. 69 (2006-2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet for 2007, 20 mill. kroner for å medverke til finansieringa av eit nytt reservekraftanlegg i Longyearbyen. Det resterande løyvingsbehovet skal dekkjast av Longyearbyen lokalstyre i form av brukarfinansiering. Eit nytt reservekraftanlegg skal kunne vere første ledd i eit eventuelt nytt hovudkraftanlegg, utan at det er teke stilling til val av energikjelde for eit framtidig hovudkraftanlegg. Regjeringa legg til grunn at Longyearbyen lokalstyre held fram arbeidet med etablering av reservekraftanlegget i 2008.

Longyearbyen lokalstyre har ansvar for den delen av Svalbard forskingspark som utgjer Svalbard museum. Tildelinga på 1 mill. kroner til Svalbard museum over Kyrkjedepartementets budsjettkapittel 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket, blir ført vidare i 2008.

Kap. 0005 Sysselmannen (jf. kap. 3005)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

27 811

25 800

26 250

Sum kap 0005

27 811

25 800

26 250

I 2006 vart det utført 32,5 årsverk ved sysselmannskontoret. Inkludert i dette talet er engasjement av ekstrabetjentar og feltinspektørar i sommarmånadene. Åremålet for tilsette ved sysselmannskontoret er 6 år.

Det er for 2008 foreslått å løyve 26,3 mill. kroner over kap. 5 Sysselmannen. Løyvinga som i all hovudsak er ei vidareføring frå 2007 skal dekkje utgifter til lønn og drift av sysselmannskontoret, under dette utgifter til vedlikehald og fornying av utstyrsparken.

Sysselmannen disponerer store utstyrs- og transportressursar, bl.a. terrenggåande beltevogner, småbåtar, snøskuterar og utstyr for oljevernberedskap. Dette er nødvendig for å kontrollere og halde oppsyn med den 62 700 km2 store øygruppa. Saman med helikopter og skip er utstyrsparken òg nødvendig for redningsberedskapen på øygruppa. Sysselmannen har òg betydelege vertskaps- og representasjonsoppgåver i samband med besøk frå inn- og utland. Fleire av besøka er på høgt politisk nivå. Det er venta at omfanget av desse oppgåvene vil halde fram med å auke i takt med aukande interesse for Svalbard og Regjeringa si satsing i nordområda.

Justisdepartementet ber Stortinget samtykkje i at departementet i 2008 kan bestille varer for inntil 3 mill. kroner ut over løyvinga som er gitt under kap. 5 post 01, jf. forslag til vedtak. Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Fullmakta er meint å dekkje Sysselmannens behov for større utstyrsinvesteringar over budsjetterminane.

Kap. 3005 Sysselmannen (jf. kap. 5)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Diverse inntekter

10 460

300

250

02

Refusjonar m.v.

936

0

0

Sum kap 3005

11 396

200

250

Kapitlet korresponderer med kap. 5 Sysselmannen. Inntektene på post 01 omfattar bøter, gebyr, inndragingar og inntekter ved auksjonar, sal av isbjørnskinn og reinsdyrkjøtt. Bøter blir kravde inn av Statens Innkrevingssentral, men inntektsførte Sysselmannen. Sysselmannen mottek diverse refusjonar og får midlar stilte til disposisjon ved posteringsfullmakter. Omfanget av refusjonane varierer frå år til år, og det er vanskeleg å gi eit presist overslag. Av praktiske grunnar blir det derfor budsjettert med 0 kroner på post 02. Det høge rekneskapsbeløpet på post 01 i 2006 skuldast ei foretaksbot på 10 mill. kroner til Store Norske Spitsbergen Kulkompani.

Det er foreslått at Justisdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 5 post 01 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3005, post 02, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

62 902

65 700

67 600

Sum kap 0006

62 902

65 700

67 600

Avstandane på Svalbard er store. Det finst ikkje vegsamband eller offentlege kommunikasjonsmiddel for intern transport mellom busetnadene og elles på øygruppa. For å kunne utøve det oppsynet som er nødvendig for å handheve norsk suverenitet, er Sysselmannen heilt avhengig av både helikopter og skip. Desse transportmidla er òg heilt nødvendige for ei effektiv politi- og redningsteneste, og for ambulanse- og sjuketransport, også utanfor Svalbards territorialfarvatn. Transportmidla blir dessutan nytta til naturoppsyn og førebyggjande arbeid mot miljøkriminalitet. Utan helikopter og skip vil det ikkje vere mogleg å føre eit effektivt tilsyn med verneområde, kulturminne, jakt, ferdsel og turisme også i dei fjerne delane av øygruppa. I 2006 utførte Sysselmannen 18 søkje- og redningsoppdrag og 23 ambulanseoppdrag. I dei fleste av desse nytta ein Sysselmannens helikopter.

Kapitlet dekkjer stasjonering og drift av to tenestehelikopter. Sysselmannen har kontrakt om leige av helikopterteneste. Kontrakten gjeld leige av eit Super Puma AS 332 L1 AW SAR helikopter og eit AS 365 Dauphin N2 helikopter, begge med avansert redningsutstyr. Denne samansetjinga gir etter departementets vurdering Sysselmannen stor fleksibilitet når ulike SAR (search and rescue)-oppdrag skal utførast. Samtidig er samansetjinga særs godt eigna i forhold til den kombinasjonsløysinga det er lagt opp til på Svalbard. Helikoptra skal fungere både i rednings- og beredskapsoppdrag og som tenestehelikopter for Sysselmannens ulike oppdrag. Auken i løyvinga skuldast prisregulering av leigepris. Utleige til andre brukarar blir inntektsført Sysselmannen, jf. kap. 3006.

Vidare dekkjer kapitlet utgifter til leige av tenestefartøy med helikopterdekk. Justisdepartementet har ein kontrakt om å leige inn fartøyet Nordsyssel omlag 7 månader kvart år. Dette skipet er eit isgåande fartøy og er svært viktig både i den generelle beredskapen og for oljevernberedskapen.

Kap. 3006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Leigeinntekter

1 177

1 100

1 100

02

Refusjonar

112

0

0

Sum kap 3006

1 289

1 100

1 100

Kapitlet korresponderer med kap. 6 og viser venta inntekter og refusjonar ved utleige av dei transportmidla Sysselmannen disponerer. Etter avtale med leverandørar av transporttenester, skal Sysselmannen ha inntektene/refusjonane dersom desse blir nytta av andre. Inntektene knyter seg til utleige til privat verksemd, mens refusjonar gjeld utleige til andre statlege institusjonar.

For å skilje mellom inntekter og refusjonar er det ein post 01 Leigeinntekter og ein post 02 Refusjonar under kap. 3006. Det blir foreslått løyvd 0 kroner på post 02, då refusjonane varierer frå år til år og det er vanskeleg å gi eit presist overslag. Det blir foreslått at Justisdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 6 post 01 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3006, post 02, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0007 Tilfeldige utgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

4 065

4 100

4 100

Sum kap 0007

4 065

4 100

4 100

Løyvinga under denne posten er disponert av Justisdepartementet. Posten skal dekkje informasjonstiltak, støtte til utgreiingar og liknande, og mindre ikkje føresette utgifter.

Dei meirutgiftene Telenor har i samband med samfunnspålagte teletenester på Svalbard er dekte over denne posten. Dei årlege utgiftene utgjer 3,5 mill. kroner. Sjå omtale under pkt. 4.5.

Kap. 0009 Kulturminnetiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

2 061

2 100

2 100

Sum kap 0009

2 061

2 100

2 100

Kulturminnevernet er ein del av eit samla miljøvern på Svalbard og skal samle og ivareta kunnskap om kulturminne på øygruppa. I tillegg skal det tene til å verne, forvalte og halde ved like kulturminna i samsvar med forskrifter og vedtekne planar, og informere om Svalbards kulturhistorie, og kulturmiljø og vernetiltak i tilknyting til dette.

Kulturminneplan for Svalbard 2001-2010 låg føre i 2001. Planen dannar grunnlaget for dei forvaltningsstrategiane det er lagt vekt på i kulturminnevernet for Svalbard.

Arbeidet med undersøkingar i felt og registreringar held fram. I samsvar med kulturminneplanen blir det arbeidd med bygningsvern og med å avdekkje nedbrytingsmekanismar for å utvikle metodar for istandsetjing og vedlikehald. Det er òg viktig å føre vidare det haldningsskapande informasjonsarbeidet, bl.a. gjennom ein serie med informasjonshefte.

Miljøovervakingssystemet for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ) er utvikla som eit verktøy for miljøforvaltninga på Svalbard. MOSJ hentar data frå ei rekkje lokalitetar på Svalbard og spenner over alle relevante temaområde. Sysselmannen sit i styringsgruppa for systemet og har òg ansvaret for å samle inn, arbeide vidare med og levere data om jakt, ferdsel, forsøpling og kulturminne.

Kap. 0011 Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

1 119

1 310

1 310

Sum kap 0011

1 119

1 310

1 310

Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard har hovudkontor i Trondheim, i tillegg er det eit eige kontor i Longyearbyen med ei bergmeisterstilling for Svalbard. Det er for 2008 foreslått å løyve 1,3 mill. kroner til driftsutgifter. Sjå omtale av Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard under kap. 4.2.

Kap. 0017 Refusjon til Norsk Polarinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

50

Refusjon

2 750

2 750

2 800

Sum kap 0017

2 750

2 750

2 800

Norsk Polarinstitutt er underlagt Miljøverndepartementet. Norsk Polarinstitutt har ei omfattande verksemd på Svalbard, med bl.a. forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av forskingsstasjonar, ettersyn av fyr og rådgiving i miljøspørsmål overfor sentrale og lokale forvaltingsorgan. Det meste av budsjettmidlane til instituttets verksemd på Svalbard blir dekte over Miljøverndepartementets budsjett, kap. 1471.

Refusjonen til Norsk Polarinstitutt over svalbardbudsjettet skal gi delvis dekning for oppgåver instituttet utfører på Svalbard for andre enn miljøforvaltninga. Dette omfattar topografisk kartlegging, forvaltingsrådgiving overfor Sysselmannen og miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Polarinstituttet yter òg logistisk støtte til norsk og utanlandsk forskingsverksemd på Svalbard, jf. pkt. 4.1.

Kap. 0018 Fyr og radiofyr

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

3 400

3 400

3 450

Sum kap 0018

3 400

3 400

3 450

Løyvinga skal dekkje utgifter til innkjøp og vedlikehald til navigasjonshjelpemiddel for sjø- og lufttrafikken, bl.a. 11 fyrlykter, 27 navigasjonslys, 17 seglingsmerke, og 2 radarfyr. I dei seinare åra har talet på seglingsmerke blitt utvida for å betre merkinga av leia inn til Svea som ei følgje av auka utskiping av kol. Anlegga vart tidlegare drivne og haldne ved like av Norsk Polarinstitutt. Regjeringa tek sikte på innføre hamne- og farvannsloven på Svalbard frå 1. januar 2008. Då vil Kystverket overta det overordna ansvaret for fyr- og merketenesten på Svalbard. I praksis vil framleis Norsk Polarinsititt stå for utsetjing av fyr og merke, kombinert med instituttets ekspedisjonsverksemd på Svalbard, men no etter avtale med Kystverket.

Kap. 0019 Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

5 436

5 600

5 950

Sum kap 0019

5 436

5 600

5 950

Det vart i 2005 oppretta eit nytt kap. 19 Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen. Målet er å gjere synlege utgiftene til husleige for statens bygningar. Løyvinga på kapitlet vart overført frå kap. 20 Statens bygningar i Longyearbyen. Dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen vart innlemma i den statlege husleigeordninga frå 2004. Auken i løyvinga skuldast prisjustering av leigekontrakten, og ein auke i brukaravhengige driftskostnader.

Kap. 0020 Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

11 675

10 659

11 100

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

857

500

600

Sum kap 0020

12 532

11 159

11 700

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter til vedlikehald og drift av bygningsmassen som ikkje er innlemma i den statlege husleigeordninga, slik som inventar, lys, fjernvarme, vatn, avløp, renovasjon, vegar og veglys. Auken skuldast prisjustering, og mindre investeringsbehov.

Vidare skal posten dekkje lønn og drift for lokaladministrasjonen til Statsbygg.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga skal gå til ekstraordinært vedlikehald av hyblar og husvære.

Kap. 3020 Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Inntekter

2 820

2 784

2 820

Sum kap 3020

2 820

2 784

2 820

Kapitlet korresponderer med kap. 20. Inntektene refererer seg til inntekter frå statlege selskap og etatar som Telenor, Posten, Avinor, Norsk Polarinstitutt og sjukehuset. Alle desse deltek i bustadpoolen som vart oppretta i 2001. Kap. 3020 omfattar òg mindre inntekter frå sal av kassert materiell og utstyr, pluss inntekter frå overnattingar på Statsbyggriggen.

Kap. 0022 Likningsforvaltninga for Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

2 294

2 500

2 627

Sum kap 0022

2 294

2 500

2 627

Forslaget til løyving skal gå til lønns- og driftsmidlar for likningskontoret i Longyearbyen. Løyvinga skal òg dekkje utgifter til likningsnemnda og overlikningsnemnda for Svalbard, og utgifter til fagleg og administrativ bistand og oppfølging frå Troms fylkesskattekontor. I samband med innføringa av miljøgebyr på Svalbard, sjå omtale under kap. 4.1 Miljøverndepartementet, skal likningskontoret på Svalbard stå for det praktiske arbeidet med refusjon av gebyret til fastbuande på vegner av Svalbard miljøvernfond. Det er derfor inngått ei avtale mellom likningskontoret og miljøvernfondet som regulerer den godtgjeringa likningskontoret skal ha for denne oppgåva.

Mål- og resultatstyring av likningskontoret skjer innafor det ordinære mål- og resultatstyringssystemet som til ei kvar tid er fastsett for likningsforvaltninga på Svalbard.

Kap. 3030 Skattar og avgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

70

Skattar m.m.

101 055

83 000

69 000

71

Utførselsavgift

4 454

3 500

3 500

72

Utmålsgebyr, årsavgift

1 081

1 090

1 090

Sum kap 3030

106 590

87 590

73 590

Post 70 Skattar m.m.

Post 70 gir eit overslag over venta skatteinntekter frå Svalbard for 2008. Det er venta ein reduksjon i skatteinngangen som følgje av dei skatteendringane som er foreslått, sjå omtale under kap. 4.4 Finansdepartementet.

Post 71 Utførselsavgift

Utførselsavgift blir kravd inn i medhald av lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kull, jordoljer og andre mineraler og bergarter som utføres fra Svalbard. Satsane for utrekning av avgift til statskassa av kol som blir utført frå Svalbard vart endra med verknad frå 01.01.2004.

Inntektene frå utførselsavgifta er avhengig av utskipa kvantum av kol og kolprisen på verdsmarknaden. Venta inntekt i 2008 er om lag 3,5 mill. kroner.

Post 72 Utmålsgebyr, årsavgift

Utmål er eit avgrensa område der utmålshavaren for ein gitt periode har einerett til å utnytte geologiske ressursar. Inntektene under denne posten er knytte til avgift ved krav om og vidareføring av utmål som er nedfelte i Bergverksordninga. Årsavgifta for å vidareføre eit utmål er 6 000 kroner.

Det vart tildelt tre utmål i 2006. Pr. januar 2007 vart det vidareført 379 utmål, av desse 218 avgiftspliktige.

Med bakgrunn i fredinga av delar av Svalbard i 2003 har Nærings- og handelsdepartementet, i samråd med dei andre departementa dette vedkjem, redusert avgifta for utmål som ligg i verna område. Det er ikkje rimeleg å krevje full avgift når vernet fører til at aktivitet i utmåla ikkje kan gjennomførast. Utmålsavgifta er sett til 1 500 kroner i året pr. utmål. Dette gjeld 50 utmål. For utmåla i Øvre Reindalen skal det framleis betalast full avgift då det er opna for bergverksaktivitet i desse utmåla.

I forslaget for 2008 er det lagt til grunn at talet på avgiftspliktige utmål blir uforandra i forhold til 2007.

Kap. 3035 Tilskot frå statsbudsjettet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

70

Tilskot

67 002

123 909

143 487

Sum kap 3035

67 002

123 909

143 487

Dette inntektskapitlet tilsvarer det tilskotet som er foreslått løyvd på Justisdepartementets budsjett kap. 480 Svalbardbudsjettet post 50 Tilskot. Løyvinga skal dekkje underskotet på svalbardbudsjettet. Auken i løyvinga skuldast ein venta reduksjon i skatteinngangen som følgje av dei foreslåtte skatteendringane.

Til forsida