St.prp. nr. 1 (2006-2007)

FOR BUDSJETTÅRET 2007 — Utgiftskapittel: 1400–1472 og 2465 Inntektskapittel: 4400–4472, 5322 og 5621

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Hovudutfordringane og Regjeringas svar

Regjeringa har som mål at Noreg skal vere eit føregangsland i miljøvernpolitikken, både nasjonalt og internasjonalt. Vern om miljøet er eit grunnleggjande vilkår for ei berekraftig utvikling, og krev innsats på brei front. Ressursane på jorda er ikkje endelause. Dei rikaste av verdas befolkning belastar miljøet og ressursane så sterkt at andre ikkje får rom for velstandsvekst utan at tolegrensene blir sprengde. På fleire område er desse grensene allereie overskridne. Dessutan rammar miljøøydeleggingar ofte hardast dei som har minst høve til å tilpasse seg store endringar.

Miljøvernpolitikken skal byggje på «føre var-prinsippet», som seier at tvil skal komme natur til gode, på prinsippet om at forureinar skal betale og prinsippet om bruk av beste tilgjengelege teknologi.

For at framtidas generasjonar skal ha tilgang til eit godt miljø og mangfaldig natur, må miljøomsyn gripe inn i alt vi gjer. Omsynet til miljøet pregar derfor ikkje berre Miljøverndepartementets budsjett, men heile statsbudsjettet. Det er eit viktig prinsipp at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å tufte verksemda si på miljøomsyn. Dette prinsippet kjem mellom anna til syne i stortingsmeldingane om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand (RM). Neste RM blir lagt fram våren 2007. Miljøsatsingar på budsjetta til andre departement er omtalt i kapittel 3.

God miljøvernpolitikk krev innsats frå staten, kommunane, bedriftene, borgarane og organisasjonane. Regjeringa legg stor vekt på innsatsen til dei frivillige organisasjonane, og vil gjere sitt til at miljøvern blir sett tydelegare på den lokalpolitiske dagsordenen. Norsk industri skal bli leiande innafor miljøforbetringar og utvikling av miljøvenleg teknologi. Det skal bli enklare for forbrukarane å vere miljøvenlege i kvardagen. Det offentlege skal gå føre som ansvarleg forbrukar og etterspørje miljøvenlege varer og tenester. Skatte- og avgiftssystemet skal oppmuntre til miljøvenleg handling og nytenking.

Dei største miljøutfordringane i vår tid er globale. Noreg skal vere ein pådrivar i arbeidet for forpliktande internasjonale miljøavtaler. FN må utviklast ved at UNEP blir ein særorganisasjon for miljø. Regjeringa vil følgje opp handlingsplanen for miljøretta utviklingssamarbeid.

Aukande konsentrasjon av klimagassar i atmosfæren. Rask reduksjon i naturmangfaldet på jorda. Stadig veksande bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Dette er dei tre største miljøtruslane verda står overfor i dag. Kampen mot desse truslane må prege alt frå Regjeringas internasjonale arbeid til kvar enkelt borgar sine daglege handlingar.

2 Hovudprioriteringane i miljøverndepartementets budsjett for 2007

Miljøverndepartementets budsjett for 2007 aukar med 89 mill. kroner til nye miljøtiltak. Fondskapitalen i Kulturminnefondet aukar òg med 200 mill. kroner. Totalt er budsjettet på 3 200,6 mill. kroner. I tillegg aukar tilsegnsfullmakta til friluftsføremål slik at ein kan bandleggje friluftsområde for over 65 mill. kroner. På grunn av følgjande tekniske endringar, som ikkje speglar redusert aktivitetsnivå på departementets område, går løyvingane ned med omlag 241 mill. kroner:

  • Miljøtiltaka ved nikkelverka på Kola er utsette, og derfor er løyvinga for 2006 ikkje ført vidare i 2007.

  • Ansvaret for biloppsamlingssystemet er overført til bransjen, slik at det statlege tilskotet til miljøsanering av bilvrak fell vekk.

  • Løyvinga til ny fondskapital i kulturminnefondet er halvert frå 2006, men oppbygginga av fondet held fram. Ordinære løyvingar og avkastning av fondet gir rom for auka aktivitet på kulturminnefeltet.

Når ein korrigerer for desse endringane, viser Miljøverndepartementets budsjett ein auke på noko over 6 pst. frå 2006-budsjettet. Regjeringa legg i budsjettet stor vekt på å bevare det norske naturmangfaldet, mellom anna gjennom vern av nye område og betre forvaltning av område som er verna frå før.

Parallelt med at barskogplanen blir sluttført og løyvingsbehovet til denne minkar, aukar Regjeringa løyvingane til nytt skogvern med om lag 22 mill. kroner. Dette gjer det mogleg å halde oppe tempoet i skogvernet, med stor vekt på det frivillige vernet. Regjeringa vil ta stilling til verneomfanget for Trillemarka-Rollagsfjell i 2006, og leggje fram saka for Stortinget tidleg i 2007.

Løyvinga til forvaltning og skjøtsel av verneområde aukar med i alt 8,5 mill. kroner. Dette går mellom anna til oppsynsstillingar i verneområde, forsøk med lokal forvaltning av verneområde og skjøtselstiltak.

Innsatsen til kartlegging og overvaking av biologisk mangfald går opp med i alt 9,4 mill. kroner. Auken skal brukast til betre overvaking av truga og sårbare arter, til styrkt kartlegging av det biologiske mangfaldet og til større innsats i overvakinga – spesielt i høve til tareskogen. Det blir òg løyvd meir pengar til overvaking av villreinstammene.

Noreg har eit særleg internasjonalt ansvar for å bevare villreinstammene, som er dei einaste som er igjen i Europa. I revidert nasjonalbudsjett for 2006 vart det løyvd midlar til å etablere to villreinsenter. Det er for 2007 foreslått ei løyving på 5,0 mill. kroner til desse.

Likeeins har Noreg eit særleg ansvar for å ta vare på villaksen. Løyvinga til arbeid mot parasitten Gyrodactylus salaris aukar med 8,5 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2006. I 2007 vil ein fullføre behandlinga av Steinkjervassdraget og starte behandlinga av Vefsna. Forsøka med bruk av aluminium i staden for rotenon har vore vellykka, men behandling med aluminium er dyrare.

Løyvinga til kalking av vassdrag aukar med 18 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2006. Dette er ei vidareføring frå revidert nasjonalbudsjett 2006. Løyvinga gjer det mogleg å halde oppe pågåande kalkingsaktivitet, mellom anna også å støtte ei rekkje lokale kalkingsprosjekt i regi av kommunar og frivillige organisasjonar.

I arbeidet med å bevare dei fire store rovdyra legg Regjeringa stor vekt på førebyggjande og konfliktdempande tiltak. Slike tiltak bidrar til å gi rovdyrpolitikken lokal forankring og å redusere den frykta folk kjenner. Talet på søknader til slike tiltak er aukande. Regjeringa styrkjer innsatsen på dette feltet med 7 mill. kroner.

Regjeringa legg stor vekt på arbeidet med å sikre friluftsområde for folk flest, ikkje minst i strandsona og i og omkring dei store byane. Ein auke i tilsegnsfullmakta på 30,9 mill. kroner vil leggje grunnlaget for at Miljøverndepartementet kan halde oppe innsatsen til oppkjøp av areal i strandsona på same høge nivå som i 2006.

Miljøverndepartementet og andre departement samarbeider med Oslo kommune om utvikling av grønstruktur og kulturmiljø i Groruddalen. Regjeringa løyver 7 mill. kroner til gjennomføring av programmet Alna, grønnstruktur og kulturmiljø.

Miljøverndepartementet og fleire andre departement samarbeider om oppfølging av Handlingsplanen for auka tilgjenge gjennom universell utforming (2005-2009). Løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2006, og skal nyttast til å utvikle nye løysingar innafor prioriterte samfunnsområde, kompetanseoppbygging hos offentlege og private aktørar og til lokale tiltak.

Regjeringa aukar fondskapitalen i Norsk kulturminnefond med 200 mill. kroner. Fondet er no på ein milliard kroner. Avkastninga av desse auka midlane kjem frå 2008. I 2007 aukar ressursane til kulturminnevernet, dels gjennom auka avkastning på inneståande fondskapital og dels gjennom auka løyvingar. Løyvinga til arkeologiske undersøkingar/utgravingar i samband med gjennomføring av mindre private tiltak går opp med 1,5 mill. kroner. Løyvinga til vern og sikring av freda bygningar og anlegg aukar med 3,5 mill. kroner. Løyvinga til verdiskapingsprogrammet aukar med 3 mill. kroner.

Avkastninga frå kulturminnefondet blir omlag dobla i 2007, til 35,1 mill. kroner. Desse midlane vil utløyse stor privat innsats i konkrete prosjekt som får støtte.

Mykje av innsatsen mot miljøgifter og helsefarlege kjemikaliar skjer internasjonalt. Det nye REACH-regelverket vil erstatte dagens regelverk på kjemikalieområdet. Regjeringa aukar løyvinga med 2,5 mill. kroner til internasjonalt arbeid. Det vil bli lagt fram ei stortingsmelding om helse- og miljøfarlege kjemikaliar hausten 2006 for å styrkje innsatsen på dette feltet. Det er sett av 5 mill. kroner til oppfølging av forslaga i den komande meldinga.

Arbeidet med forureina sjøbotn og forureina jord held fram med høg prioritet. Pålegg vil bli retta mot den ansvarlege forureinaren så langt råd er, men tiltaksbehovet frå statleg side vil likevel vere stort. I 2007 er fokus på oppfølging av dei to handlingsplanane som blir lagt fram i løpet av hausten 2006 – den eine for arbeidet med forureina jord i barnehagar og leikeplassar og den andre for arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn. Departementet vil framleis arbeide for å betre vasskvaliteten i Vansjø og Jærvassdraga.

Heilskapeleg og kunnskapsbasert forvaltning av hav og vassførekomstane er eit viktig arbeid som vil bli styrka i 2007. I tillegg til å føre vidare innsatsen i samband med SEAPOP og MAREANO, foreslår Regjeringa mellom anna å auke midlane til tiltak i dei nordlege havområda med 10 mill. kroner på Miljøverndepartementets budsjett for å følgje opp forvaltningsplanen for Barentshavet. Midlar til oppfølginga er òg lagt inn på budsjettet til andre departement.

Regjeringa legg stor vekt på det folkelege miljøengasjementet og har sett av over 6 mill. kroner for å styrkje miljøinteressa i befolkninga, både gjennom eit kampanjeopplegg og gjennom auka prosjektløyvingar til miljøvernorganisasjonane. Auken skal mellom anna gå til kompetanseformidling og informasjon om berekraftig produksjon og forbruk. I 2007 vil Regjeringa i samarbeid med frivillige organisasjonar og andre starte ein kampanje for auka fokus på klimautfordringa.

Miljøverndepartementets budsjett finansierer mange av dei mest sentrale verkemidla og tiltaka i miljøvernpolitikken. I tråd med prinsippet om sektoransvar er det som nemnt likevel slik at mykje av aktiviteten skjer i regi av andre departement. Dette gjeld f.eks. innsatsen på klima- og energifeltet, der Miljøverndepartementet har eit tett samarbeid med andre departement. Betydelege løyvingar ligg på Olje- og energidepartementets budsjett mens CO2-avgiftene blir presenterte av Finansdepartementet i skatte- og avgiftsproposisjonen. I tråd med lovnadene i Soria Moria-erklæringa har Regjeringa starta gjennomgangen av skatte- og avgiftssystemet med det for auge å stimulere til meir miljøvennleg åtferd. Ein særleg gjennomgang av bilavgiftene er ein viktig del av dette.

3 Miljøpolitiske satsingar på andre departement sine område

Ei berekraftig utvikling med lågare miljøbelastning og redusert ressursbruk krev at miljøomsyn blir integrert i heile samfunnet. Miljøvern er ikkje eit klart avgrensa felt men dreier seg om korleis vi innrettar oss innafor alle samfunnsområda. På denne måten vil miljøomsyn måtte påverke både den økonomiske politikken generelt og utforminga av politikken i dei einskilde sektorane. Samtidig må tiltak og verkemiddel i sektorane samordnast og tilpassast kvarandre. På denne måten har alle departementa ansvar for å medverke til å nå Regjeringa sine miljøpolitiske mål. Departementa har òg ansvar for at aktiviteten på deira område ikkje gir unødige miljøbelastningar.

Regjeringa sine overordna miljøpolitiske mål er nærare omtalt i kapitla 6-14. Alle departementa la i åra 1998-2002 fram miljøhandlingsplanar der dei m.a. gjorde greie for korleis dei vil bidra i arbeidet for å verkeleggjere måla. Den vidare oppfølginga av departementa sine miljøpolitiske mål skjer i hovudsak gjennom budsjettproposisjonane og i stortingsmeldinga om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand (RM). Ein ny RM vil bli lagt fram våren 2007. Store miljøpolitiske satsingar vil bli lagt fram i eigne stortingsmeldingar.

Tabellen nedanfor viser departementsvis fordeling av utgifter til miljøverntiltak i statsbudsjettet for 2007. Miljøverntiltak er i denne samanhengen definert og avgrensa på følgjande måte:

  • utgiftene må i sin heilskap nyttast til miljøforbetringar, eller

  • miljøomsynet må vere avgjerande for at tiltaket/prosjektet blir gjennomført, eller

  • utgiftene skal motverke negative miljøeffektar av sektorpolitiske tiltak elles (førebyggjande tiltak)

Oversikter over budsjettløyvingar til miljøføremål vil innehalde ein god del skjøn. Mange tiltak har fleire grunngivingar og skal medverke til å nå ulike mål, noko som kan gjere det vanskeleg å skilje ut miljødelen på ein eintydig måte. Endra definisjonar eller endringar i arbeidsdelinga mellom departementa kan òg føre til at tala ikkje fullt ut kan jamførast frå eitt år til det neste. Tala i tabellen nedanfor må difor tolkast med varsemd.

På dette grunnlaget er dei samla miljøvernrelaterte løyvingane i statsbudsjettet for 2007 berekna til om lag 23,3 mrd. kroner, mot vel 20,5 mrd. kroner i 2006. Dette er ein auke på 15 prosent og viser at Regjeringa prioriterer miljøvern svært høgt. Nokre av departementa sine viktigaste miljørelaterte tiltak er omtalt nedanfor.

P å Fiskeri- og kystdepartementetsitt budsjett går om lag 720 mill. kroner til ulike miljøtiltak i 2007. Dette er ein vekst på 111 mill. kroner i høve til 2006. Ein stor del av auken skriv seg frå tiltak for å redusere NOx-utslepp, mellom anna eit tilskot på 75 mill. kroner til tiltak for å redusere utsleppa frå fiskeflåten. Fiskeridirektoratet vil i 2007 særleg fokusere på ulovleg, urapportert og uregulert fiske i Barentshavet. Arbeidet med overvaking og evaluering av nasjonale laksefjordar og laksevassdrag og tiltak mot rømt oppdrettslaks blir styrkt med 4 mill. kroner. Det vil bli arbeidd vidare med utvikling av nye tiltak mot lakse- og torskelus. Arbeidet med oljevernberedskap og sjøtryggleik blir ført vidare. Arbeidet i MAREANO vil bli ført vidare i 2007. Fiskeri- og kystdepartementet og Miljøverndepartementet vil i samarbeid med oppdrettsnæringa arbeide for ytterlegare å redusere bruken av kjemikaliar og kopar i oppdrett.

Olje- og energidepartementet brukar om lag 1 073 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2007. Gassnova er tildelt om lag 92 mill. kroner. Om lag 156 mill. kroner er sett av til forsking i skjeringspunktet mellom energi og miljø i regi av Noregs forskingsråd. Det blir løyvd 720 mill. kroner til arbeidet med å realisere CO2-handtering på gasskraftverk og etablere kjeder for transport og bruk av CO2 til auka oljeutvinning. Energieffektivisering og satsing på fornybar energi er óg ei prioritert oppgåve. Denne satsinga vil i stor grad skje gjennom Enova og Energifondet, som blir finansiert gjennom eit påslag på nettariffen. Inntektene til Energifondet vil bli om lag 710 mill. kroner i 2007. 1. januar 2007 vil det bli oppretta eit Grunnfond for energieffektivisering og fornybar energi på 10 mrd. kroner. Fondet skal aukast med ytterlegare 10 mrd. kroner i 2009. Dette vil gje ei årleg avkastning på 800 mill. kroner som vil bli tilført Energifondet. Dette vil meir enn doble satsinga på energieffektivisering og fornybar energi.

Samferdsledepartementetlegg opp til å nytte 8 673 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2007, mot 7 415 mill. kroner i 2006. I 2007 vil Regjeringa satse sterkt på tiltak for betre kollektivtransport. Til investeringar, vedlikehald og drift i jernbanenettet vil det bli brukt 5 393 mill. kroner. Dette vil bidra til auka kapasitet og driftstryggleik på dei mest trafikkerte strekningane og leggje grunnlag for å overføre meir gods- og persontransport til jernbane. Arbeidet med nytt dobbeltspor på strekninga Lysaker-Sandvika blir sett i gang, med sikte på fullføring i 2011. I tillegg blir arbeidet med å oppgradere Alnabru godsterminal i Oslo starta i 2007. Prosjektet Lysaker stasjon og dobbeltsporanlegget Stavanger- Sandnes blir ført vidare. Det same gjeld arbeidet med den nye Ganddal godsterminal ved Sandnes. Bybanen frå Bergen sentrum til Nesttun er under prosjektering, og sjølve bygginga blir no førebudd. Bybanen blir finansiert gjennom ordninga med alternativ bruk av riksvegmidlar. Løyvinga til statleg kjøp av persontransporttenester med tog går opp frå 1 577 mill. kroner i 2006 til 1599 mill. kroner i 2007.

Forsvarsdepartementet sitt budsjett går til saman 684 mill. kroner til miljøtiltak i 2007. Oppryddinga i det snart nedlagde Hjerkinn skytefelt på Dovrefjell er eit av Forsvaret sine viktigaste miljøtiltak. Til dette blir det løyvd 25 mill. kroner i 2007. Arbeidet med å fjerne tekniske anlegg og attverande eksplosiv i terrenget starta i 2006 og vil vare i 15 år. På denne måten vil eit meir enn 160 km2 stort og verdfullt høgfjellsområde bli ført tilbake til tilnærma opphavleg tilstand.

Landbruks- og matdepartementet aukar den budsjettvise miljøinnsatsen i 2007 til 4 509 mill. kroner, frå 4 396 mill. kroner i 2006. Den langt største delen av desse løyvingane (90 prosent) går over Jordbruksavtala. Her utgjer areal- og kulturlandskapstilskotet den største enkeltposten. Dette tilskotet skal medverke til å ta vare på jordbrukslandskapet i form av landskapsvariasjon og å halde oppe kulturlandskapet i område med høgare bevaringskostnader (driftskostnader).

Arbeidet med å avdekkje og å motverke miljøkriminalitet er ei viktig oppgåve for Justisdepartementetog heile justissektoren. Politiet skal førebyggje og halde oppsyn og reagere raskt på brot på miljøvernlovgivinga. Kampen mot alvorleg miljøkriminalitet skal prioriterast høgt. I 2007 vil miljøspørsmål stå sentralt i fleire delar av Justisdepartementet sine lovgivingsarbeid, m.a. arbeid med norsk oppfølging av EU-kommisjonens forslag til direktiv om høve til domstolsprøving i miljøsaker (COM (2003) 624) og gjennomføring av direktiv 2004/35/EF om ansvar for miljøskade. Samla nyttar Justisdepartementet om lag 81 mill. kroner til miljøtiltak i 2007. Dette omfattar òg det miljøretta arbeidet til Sysselmannen på Svalbard, som har viktige oppgåver i forvaltninga av det strenge miljøregelverket her.

Utanriksdepartementet sitt budsjett er det på usikkert grunnlag berekna at 2 529 mill. kroner går til miljøtiltak i 2007, mot 2 060 mill. kroner i 2006. Regjeringa sitt mål er at Noreg skal bli leiande på miljøretta utviklingssamarbeid. God miljøforvaltning er avgjerande for å løyse fattigdoms- og utviklingsproblema i verda. Styrking av samarbeidslanda sin kapasitet til å ta vare på miljøet og oppfylle internasjonale plikter er eit sentralt mål. I 2007 blir det prioritert å gjennomføre Regjeringa si handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid. For å følgje opp denne planen blir budsjettet auka med om lag 350 mill. kroner. Hovudsatsinga vil finne stad i Afrika, men miljøsamarbeid med land i Latin-Amerika og land med store klimagassutslepp, som til dømes Kina, vil og bli styrkt i 2007.

Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett går 67 mill. kroner til ulike miljørelaterte tiltak. På dette departementet sitt felt arbeider Husbanken mellom anna med tiltak for meir miljøvennleg energibruk i bygningar. Det er no under bygging eller planlegging meir enn 5 000 bustader med halvert energibruk.

Som følgje av Kyotoprotokollen har den norske staten påteke seg ei kvantitativ avgrensing av mengda klimagassar som kan sleppast ut i perioden 2008–2012. Den venta utveklinga i utsleppa medfører at Noreg må kjøpe kvotar under Kyoto-mekanismane for å oppfylle Noreg sin utsleppsforplikting under Kyotoprotokollen. Difor er det på Finansdepartementet sitt budsjett sett av 100 mill. kroner til løyving og 100 mill. kroner i fullmakt til å inngå avtaler om kjøp av klimakvotar i 2007.

Tabell 3.1 Miljøverntiltak i statsbudsjettet 2007 (i mill. kroner)

Departement:

2006*

Forslag 2007

Arbeids- og inkluderingsdepartementet 1

-

Barne- og likestillingsdepartementet

5,0

4,2

Finansdepartementet

7,8

107,8

Fiskeri- og kystdepartementet

609,6

720,4

Forsvarsdepartementet

703,9

684,1

Helse- og omsorgsdepartementet

103,0

103,0

Justisdepartementet

76,9

81,4

Kommunal- og regionaldepartementet

67,0

67,0

Kunnskapsdepartementet

498,5

571,3

Kultur- og kyrkjedepartementet

659,1

713,0

Landbruks- og matdepartementet

4 396,0

4 509,0

Miljøverndepartementet 2

3 174,5

3 016,0

Fornyings- og administrasjonsdepartementet 3 4

172,3

172,3

Nærings- og handelsdepartementet

252,2

281,8

Olje- og energidepartementet

357,8

1 072,9

Samferdsledepartementet

7 415,0

8 673,0

Utanriksdepartementet 5

2 060,1

2 529,5

Sum alle departementa

20 558,7

23 306,3

*  Denne kolonnen inneheld tal både frå budsjettproposisjonen 2006 og frå saldert budsjett. For nokre departement kan det vere visse avvik mellom desse tala.

1  Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ikkje budsjettpostar som fell inn under miljøomgrepet slik det her er definert.

2  Miljøverndepartementets budsjettal omfattar her berre halvdelen av utgiftene til Statens Kartverk. Årsaka til dette er at denne etaten tener ei rekkje formål i tillegg til dei miljøfaglege.

3  Tala omfattar ikkje Statsbygg/rehabilitering av verneverdige statlege bygningar. Enøk-tiltak i regi av Statsbygg er tekne med.

4  Omfattar òg utgifter til drift av fylkesmannens miljøvernavdeling (for 2007 ca. 160 mill. kroner)

5  Norsk bistandspolitikk byggjer på standardar som er fastsette i OECD/DAC. Definisjonen av miljøverntiltak avvik noko frå Miljøverndepartementets definisjon.

Miljøverntiltak på andre departement sine budsjett er nærare omtalt i budsjettproposisjonane frå dei enkelte departementa. Her vil ein finne ei omtale av:

  • utfordringar knytt til miljø- og ressursforvaltning på departementets ansvarsområde

  • mål for departementets arbeid med desse utfordringane

  • oppnådde resultat i 2005

  • ressurs- og miljøtiltak i budsjettforslaget for 2007.

Miljøvernpolitikk handlar likevel ikkje berre om løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar òg avgjerder som ikkje har direkte budsjettkonsekvensar. Dette kan vere å hindre miljøskadelege inngrep i naturen, reformer og regelendringar som skal gjere det lettare å ta miljøomsyn i offentleg og privat planlegging, skattar og avgifter på miljøskadeleg produksjon og forbruk etc.

4 Oppsummering av status på dei enkelte resultatområda

Del II gir ei utfyllende omtale av det enkelte resultatområdet med konkrete mål, status og verkemiddel.

4.1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald

Mangfaldet av liv i naturen er grunnlaget for vår eksistens og avgjerande for verdiskaping, velferd og livskvalitet. Dei siste 50 åra har menneska endra økosystema raskare og meir ekstremt enn i nokon annan periode i vår historie. FN-utgreiinga «Millennium Ecosystem Assessment» viser at millionar av menneske kan bli alvorleg truga av utviklinga dei kommande åra. Utgreiinga dokumenterer bl.a. at 60 pst. av dei verdiane og tenestene som økosystema gir er svekka, eller systema blir ikkje brukte på ein berekraftig måte. Alt i dag har dette store konsekvensar for kva val vi har og vil få. Tapet av biologisk mangfald skuldast særleg tap av nøkkelområde og endringar i arealbruk, klimaendringar, forureining, spreiing av framande arter og overutnytting.

Noreg har som mål å stanse tapet av biologisk mangfald innan 2010. Dette målet deler vi med alle dei andre europeiske landa. På globalt nivå er målet å redusere betydeleg tapet av biologisk mangfald innan 2010.

Vern av naturområde

I overkant av 12,5 pst. av fastlandsarealet i Noreg er no verna etter naturvernlova. Dette arealet har vakse sterkt dei siste åra. Vern av naturområde er eit viktig verkemiddel for å stanse tapet av biologisk mangfald og sikre verdiar som er viktige for vidare utvikling i distrikts-Noreg. Viktige tiltak er gjennomføringa av dei fylkesvise/tematiske verneplanane, auka skogvern, gjennomføringa av nasjonalparkplanen, marin verneplan, og auka fokus på arbeid for å sikre naturverdiane i verneområda. Dette er i tråd med det internasjonale arbeidet for å bevare biologisk mangfald. Under konvensjonen om biologisk mangfald har ein vedteke at det innan 2010 skal etablerast eit nettverk av terrestriske verneområde. I arbeidet med verneplanar vil ein leggje vekt på å sikre arter i eit endra klima.

I løpet av hausten 2006 og i 2007 er 8 nye område i nasjonalparkplanen planlagt verna eller utvida. Då vil 39 av i alt 54 verneframlegg i nasjonalparkplanen vere gjennomførte. Ein legg stor vekt på å gjennomføre demokratiske og tillitvekkjande planprosessar, bl.a. i forhold til samarbeid med Sametinget.

Oppsyn og forvaltning av verneområda

Natur- og bruksverdiane i dei verna områda er under press. Ei viktig utfordring er derfor å betre forvaltninga i verneområda, slik at desse verdiane kan haldast oppe. Statens naturoppsyn er no til stades i mange av dei store verneområda i Sør-Noreg og i Finnmark fylke. Nokre av dei nye parkane og store verneområda har likevel ikkje tilstrekkeleg oppsyn. Derfor er det gjort framlegg om nye oppsynsstillingar. 25 nasjonalparkar og landskapsvernområde og om lag 500 av dei mindre verneområda manglar forvaltnings- og skjøtselsplanar, og fleire eksisterande forvaltningsplanar treng revisjon. Det føregår no arbeid med nye forvaltningsplanar og revidering av eldre planar i 14 store verneområde. I 2005 og 2006 har Statens naturoppsyn gjennomført ei rekkje skjøtsels- og tilretteleggingstiltak i verneområda. Det er nedsett ei arbeidsgruppe som skal gi råd til Miljøverndepartementet om nødvendige tiltak for å styrkje forvaltning og skjøtsel av verneområda, og avklare rammevilkåra for verksemd i og knytt til verneområde. Pr. juli 2006 er det autorisert 14 nasjonalparksenter etter at senteret i Lierne vart etablert. Dermed er den opphavlege nasjonale nasjonalparksenterplanen gjennomført.

Naturmangfald utanom verneområda

Mykje av det biologiske mangfaldet finst og vil alltid finnast utanom dei verna områda. Det er viktig at omsynet til dette mangfaldet ligg til grunn for all verksemd og planlegging.

Endringane i kulturlandskapet har vore store dei seinare tiåra. Særleg er gjengroing i utmark no svært tydeleg, med fare for tap av arter som er knytte til slike kulturlandskap. Det er eit aukande behov for å oppretthalde drift og skjøtsel mellom anna i dei høgast prioriterte områda i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap. I 2006 er det starta eit samarbeid med landbruksstyresmaktene med sikte på å få til ei særskilt forvaltning av verdifulle kulturlandskap innan 2010.

EUs rammedirektiv for vatn skal sikre god miljøtilstand i vassførekomstane gjennom forvaltningsplanar med miljømål og tiltaksplanar. Direktivet blir etter planen gjennomført i norsk rett i løpet av 2006. Ved oppfølginga vil biologisk mangfald i framtida bli tillagt større vekt innan nasjonal vassovervaking enn i dag. Forvaltningsplanen for Barentshavet vart vedteken våren 2006. Oppfølginga av planen vil ha sterkt fokus på biologisk mangfald, blant anna når det gjeld kartlegging og overvaking.

Omfanget av motorferdsel i utmark har auka kraftig dei siste åra, og kan truge både naturmangfald og friluftsliv. I 2006 blir prosjektet «Motorferdsel og samfunn» avslutta. Prosjektet skal identifisere viktige føresetnader for framtidas politikk for motorferdsel i utmark. I 2007 vil arbeidet fokusere på å følje opp konklusjonar og tilrådingar frå prosjektet.

Skogvern

Pr. september 2006 er i overkant av 1 000 km2 produktiv skog verna i Noreg. Dette utgjer om lag 1,4 pst. av skogarealet i landet. Det er ei viktig utfordring å auke dette arealet.

I 2006 er det planlagt vernevedtak for ei rekkje frivillig vern-område, bl.a. kystgranskog. Regjeringa vil ta stilling til verneomfang for Trillemarka-Rollagsfjell i 2006, og leggje saka fram for Stortinget tidleg i 2007. For 2007 er det planlagt fleire vernevedtak og vidareføring av prosessar som er sette i gang for prioriterte frivillig vern-område, vidareføring av verneprosessar på statsgrunn og registreringar i prioriterte skogtypar og verneverdig skog på statsgrunn. Det er òg behov for ei satsing på oppsyn knytt til det auka skogvernet.

Bevaring av truga og sårbare arter

Tiltak for å stabilisere og hindre utdøying av truga og sårbare arter er særs viktig i arbeidet for å stoppe tapet av biologisk mangfald innan 2010. Det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald er her eit viktig tiltak. Framover er det viktig å få kvalitetssikra og supplert data frå denne kartlegginga, og gjennomføre neste fase med bl.a. kartlegging i sjø. Kartlegginga i kommunane er supplert med ei felles tverrsektoriell satsing frå seks departement på spesielle område der kommunane berre delvis har dekt kunnskapsbehovet. Sjøfuglprogrammet SEAPOP og det marine kartleggings- og kunnskapsprogrammet MAREANO er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire departement som blir svært sentrale blant anna når det gjeld å gi kunnskap i forhold til gjennomgang av forvaltningsplanen for Barentshavet i 2010.

Den nasjonale raudlista er eit viktig verkemiddel både for å vite kva arter som treng ekstra vern, og for å kunne måle i kva grad vi er på rett veg for å nå målet om å stanse tapet av biologisk mangfald. Arbeidet med revisjon av raudlista, i regi av Artsdatabanken, skal etter planen liggje føre hausten 2006. Her skal òg marine arter vurderast, så langt det ligg føre tilstrekkeleg kunnskap til dette. Det er gjort lite kartlegging av skadar på marine naturtypar, men Havforskingsinstituttet anslo i 2003 at 30-50 pst. av Lophelia-reva i norske farvatn er skadde eller øydelagde, truleg grunna fiske med botntrål.

Det er òg dokumentert at sukkertareskogen langs delar av norskekysten har gått sterkt tilbake. Dette kan ha fleire årsaker, men forskarane trur at endringa i klima i kombinasjon med forureining kan vere hovudårsaka. Direktoratet for naturforvaltning og Statens forureiningstilsyn arbeider med å kartleggje omfanget og årsaka til tareskogdøden slik at ein kan vurdere nødvendige tiltak. Det vil i tida framover bli utarbeidd og sett i verk handlingsplanar for utvalde, truga arter. Overvaking av fjellreven blir gjennomført årleg, og det er sett i verk tiltak for at villreinen skal ha ein sentral plass i norsk fjellfauna også i framtida.

Rovvilt

Sist vinter vart det registrert to ynglingar av ulv i Noreg av totalt 15 ynglingar i Skandinavia. For bjørn tyder registreringar på ein viss vekst i bestanden, men det er langt igjen til bestandsmålet er nådd. Det er behov for betre tal for bestanden av bjørn, og overvakinga vil bli auka. I skadeutsette område der lisensfelling ikkje gav tilstrekkeleg bestandsregulerande effekt vart det våren 2006 sett i verk ekstraordinære uttak av jerv. Det nasjonale bestandsmålet for gaupe er nådd.

Det er frå 2005 oppnemnt åtte regionale rovviltnemnder med hovudansvaret for oppfølginga av rovviltpolitikken i åtte regionar. Det er fastsett nasjonale bestandsmål for alle rovviltarter i kvar enkelt rovviltregion. Regjeringa legg stor vekt på førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga.

Vilt- og fiskeforvaltning

Gjennom den gradvise utbygginga av Statens naturoppsyn blir kontrollen med ulovleg jakt og fangst på sårbare og truga arter stadig betre. Lakseoppsynet er òg styrkt gjennom organisatoriske endringar og effektivisering.

Vilt- og fiskeressursane i Noreg er forvalta etter føre var-prinsippet. Prosessen med å førebu ny regulering av laksefisket for perioden 2008-2012 vil bli gjennomført i 2007. Veterinærinstituttet og Direktoratet for naturforvaltning har i 2006 arbeidd med å etablere eit rammeverk for felles helseovervaking av viltbestandar, og ein tek sikte på at eit overvakingssystem er på plass i 2007. Behovet er bl.a. aktualisert ved den sterke merksemda som har vore omkring fuglevirus.

Arbeidet med å utrydde Gyrodactylus salaris er styrkt i 2006 etter ekstraløyving i samband med revidert nasjonalbudsjett. I 2007 vil hovudfokus bli retta mot gjennomføring av utryddingstiltak i Steinkjervassdraget, og ein vil starte behandlinga av Vefsna-regionen. I Romsdalsregionen vil planlegginga bli ført vidare. Det blir i dag kalka i 24 laksevassdrag i Sør-Noreg. Også dei lokale kalkingsprosjekta i regi av frivillige organisasjonar har halde fram på høgt nivå. Kalkingsaktiviteten blir halden oppe på noverande nivå i 2007. Regjeringa vil i løpet av hausten 2006 leggje fram ein stortingsproposisjon om vern av villaksen og ferdigstilling av ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar.

Framande arter og genmodifiserte organismar

Vi står overfor store utfordringar knytte til introduksjon og spreiing av framande organismar. Auka handel, turisme, reising og nedbygging av grensekontroll mellom land og kontinent gjer at mange organismar blir spreidde til område der dei ikkje høyrer heime. Artsdatabanken vil våren 2007 leggje fram ei liste over framande arter som trugar eller kan komme til å truge økosystem, habitat eller arter i Noreg. Det regjeringsoppnemnde Lovutvalet for biologisk mangfald har foreslått nytt regelverk for å regulere introduksjonar av framande arter som ein del av ein ny naturmangfaldlov. Forslag til ny naturmangfaldlov skal etter planen leggjast fram for Stortinget ved utløpet av 2007. I forslag til ny lov om skipstryggleik, som nyleg er fremja for Stortinget, er det foreslått eit nytt lovgrunnlag for tiltak retta mot skipsfarten, for å redusere risikoen for slike introduksjonar frå ballastvatn.

Talet på land som set ut genmodifiserte organismar (GMO) i miljøet aukar. Det er stor usemje om bruk og regulering av GMO mellom dei landa som produserer og eksporterer GMO og andre land. På partsmøtet under Cartagena-protokollen om GMO i mars 2006 vart det semje om detaljerte reglar for merking av GMO ved transport over landegrensene.

Resultatområdet er planlagt finansiert med 721,7 mill. kroner i 2007.

4.2 Friluftsliv

Friluftsliv er ei viktig kjelde til god livskvalitet, trivsel, god folkehelse og berekraftig utvikling. Det er viktig å sikre areal og rettar til ferdsel, opphald og aktivitetar, og stimulere til miljøvennleg friluftsliv. Noreg har store friluftsareal og ein allemannsrett til ferdsel i utmark. Men somme stader, særleg i strandsona, er allemannsretten under press. Undersøkingar viser vidare at ungdom no deltek langt mindre i friluftsliv enn tidlegare. Dette er ei utfordring, både i eit miljø- og eit helseperspektiv.

I 2007 vil Regjeringa halde oppe aktiviteten på friluftsliv som Friluftslivets år 2005 medverka til. Evalueringa av Friluftslivets år vart avslutta hausten 2006, og vil vere eit viktig grunnlag for arbeidet framover.

Vi vil følgje opp den vellukka ungdomssatsinga som starta i Friluftslivets år. I 2007 vil vi markere at friluftslova er 50 år. Regjeringa vil òg følgje opp arbeidet med friluftsliv og folkehelse – både når det gjeld fysisk aktivitet og psykisk helse – og ha særskilt fokus på målgrupper som etniske minoritetar og funksjonshemma.

Verkemiddel skal setjast inn der vi ser at allemannsretten er under press. Det vil derfor vere ekstra fokus på utviklinga i strandsona framover. Arbeidet for å gjere strandsona tilgjengeleg for allmenta skal førast vidare og styrkjast. Bruken av strandsona har endra seg og auka både for hytteliv og friluftsliv. Også forståinga av innhaldet i allemannsretten må endre seg i tråd med utviklinga i samfunnet. I 2007 vil Miljøverndepartementet utarbeide eit nytt rundskriv som skal gjere tydeleg og styrkje betydninga og forståinga av allemannsretten og bruken av friluftslova i samanheng med praktiseringa av plan- og bygningslova. Det er framleis fokus på å stramme inn praksis i kommunane, og det blir lagt til rette for allemannsretten i strandsona gjennom sikring, regional/kommunal planlegging og juridisk bistand. Satsinga vil bli ført vidare i 2007, og vi vil styrkje avgjerds- og kunnskapsgrunnlaget gjennom kartleggingsarbeid i kystkommunane. Det vil i arbeidet med plan- og bygningslova bli foreslått endringar for betre å kunne verne strandsona.

Det er sikra om lag 2 000 område til friluftsformål ved kjøp eller avtaler om bruk av eigedom. Det er særs viktig å sikre område i kystsona for friluftsfolket, blant anna dei eigedommane som Forsvaret, Kystverket og andre statlege eigarar ikkje lenger har behov for. Det er òg viktig å sikre overordna og samanhengande grønstruktur i byar og tettstader. Regjeringa har auka innsatsen gjennom fleirårige samarbeidsprosjekt med byane Stavanger, Oslo og Trondheim. Som ein del av innsatsen for friluftsliv og naturmiljø vil Regjeringa utarbeide ei eiga lov for vern av Oslomarka.

For å skape tilgjenge for fleire brukargrupper, blant anna funksjonshemma, har fylkesmennene i samarbeid med friluftsråd og kommunar utarbeidd enkle planar for forvaltninga av dei viktigaste statleg sikra friluftsområda i kvart fylke. I tillegg er det utarbeidd heilskapelege forvaltningsplanar som blant anna omtaler behovet for tilrettelegging og skjøtselsnivå for størsteparten av friluftsområda i Oslofjorden, skjergardsparkane på Sørlandet og Vestkystparken.

Gjennom konstruktivt samarbeid med rettshavarane blir stadig fleire jakt- og fiskeområde organiserte og opna for allmenta. Arbeidet med å betre tilgangen for allmenta til jakt og innlandsfiske vil i aukande grad skje ved at rettshavarane utarbeider driftsplanar for dei vilt- og fiskeressursane som kan haustast.

Resultatområdet er planlagt finansiert med 98,1 mill. kroner i 2007.

4.3 Kulturminne og kulturmiljø

Kulturminne og kulturmiljø representerer store verdiar både for den enkelte og for samfunnet. Kulturminnelova og internasjonale konvensjonar føreset at særs viktige kulturminne blir tekne vare på. Kulturminne og kulturmiljø blir i for lita grad brukt som ressursar i samfunnsutviklinga. Viktige kulturhistoriske verdiar er i ferd med å gå tapt for alltid. Regjeringa vil fremje ein politikk som sikrar at mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø gir grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Undersøkingar viser at vedlikehaldsetterslepet på dei freda bygningane aukar, og mange vil gå tapt dersom det ikkje blir sett inn tiltak. Riksantikvarens behovsanalyse viser at det er nødvendig med ei betydeleg styrking av dei statlege tilskotsmidla for å sikre eit forsvarlig vedlikehald og at lova blir etterlevd. Om lag 1,5 prosent av fornminna blir skadde kvart år, og nokre går heilt tapt. Det er eit viktig mål for Regjeringa å redusere tapet av kulturminne.

Freding av kulturminne og kulturmiljø/bevaringsarbeid i kommunar og statlege sektorar

Statens viktigaste verkemiddel er freding etter kulturminnelova og tilskotsordningar for å sikre fagleg forsvarleg istandsetjing, vedlikehald og sikring av freda kulturminne. I 2005 og 2006 vart to nye kulturmiljøfredingar vedtekne; Sogndalstrand og Birkelunden kulturmiljø. I 2005 vart i tillegg 48 bygningar sikra gjennom fredingsvedtak.

Riksantikvaren har sett i gang særskilt innsats for å sluttføre pågåande vedtaksfredingar, og gjennomgå eksisterande fredingar. Erfaringane frå dette arbeidet vil vere ein viktig del av grunnlaget for ein overordna strategi for nye fredingar framover.

Det er gjennomført ei evaluering av dei fire eldste norske verdsarvsområda, og ein rapport om tilstanden er oversend UNESCO. Anbefalingane i rapporten blir følgt opp bl.a. gjennom langsiktige planar for istandsetjing av Røros og Bryggen i Bergen.

Det er viktig at kommunane og alle samfunnssektorar tek ansvar for verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Om lag 120 kommunar har vedteke planar med særskilt fokus på kulturminne og kulturmiljø, og talet på reguleringar til spesialområde bevaring viser ein liten årleg auke. Staten og dei enkelte etatane utarbeider landsverneplanar. Fem landsverneplanar for statlege bygg og anlegg er utarbeidde, og 17 nye planar er under arbeid. Det er etablert eit omfattande samarbeid mellom Riksantikvaren og sektorar med verksemd som kan ha særleg effekt på kulturminne og kulturmiljø. Siktemålet er å styrkje sektoransvaret og påverke utforminga av eksisterande og nye verkemiddel.

Arkeologiske kulturminne

Mange arkeologiske kulturminne er truga av forvitring, erosjon og fysiske inngrep. Den statlege innsatsen vil prioritere arkeologiske kulturminne som har stor nasjonal betydning og arkeologiske kulturminne der det lokale engasjementet er stort og der det knyter seg særlege opplevings- og formidlingsverdiar til kulturminna.

300 av dei mest utsette bergkunstlokalitetane i Noreg er sikra og vil bli følgt opp med planbasert skjøtsel. Det er sett i gang eit 10-årig prosjekt for bevaring av særleg prioriterte ruinar frå mellomalderen. Fylkeskommunane og Sametinget er bedne om å utarbeide langtidsplanar for skjøtsel og vedlikehald av arkeologiske kulturminne. Forslag til nye retningslinjer for auka statleg finansiering av utgifter til arkeologisk arbeid ved gjennomføring av mindre private tiltak er sendt på høring.

Kystkultur og fartøyvern

Nærare 80 pst. av landets befolkning bur langs kysten. Kystens ressursar gir framleis grunnlaget for vesentlege delar av verdiskapinga og kunnskaps- og teknologiutviklinga her i landet. Kystsona er under eit stort og konstant endringspress. Det medfører spesielle utfordringar og moglegheiter i forvaltninga av kystens kulturminne. Dette omfattar òg fartøy og infrastruktur knytt til sjøfartsverksemda.

Riksantikvaren gir betydeleg støtte til verdiskapingsprosjektet Den verdifulle kystkulturen i Nordland, som starta i 2005. Kystkulturen er òg gitt særleg prioritet innafor verdiskapingsprogrammet. To av dei tre pilotprosjekta som vart valde i første tildelingsrunde har tilknyting til kystkulturen. Som ledd i oppfølginga av Soria Moria-erklæringas mål om auka satsing på fartøyvern er det starta eit arbeid med ein ny verneplan for fartøy. Dei to første fredingsvedtaka for fartøy er gjennomførte.

Internasjonalt arbeid

Noreg har ratifisert seks konvensjonar på kulturminnefeltet. I tillegg er kulturminne eit viktig samarbeidsområde i forhold til dei nye medlemslanda i EU, i miljøsamarbeidet med Russland og i samarbeidet med fattige land (Utanriksdepartementets kultur- og idrettsstrategi og miljøstrategien).

Riksantikvaren støttar dei nye medlemslanda i EU med å få opp prosjekt innafor EØS-finansieringsordningane. I samarbeid med Utanriksdepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet vart det i 2006 arrangert ein konferanse for å informere moglege norske aktørar om ordningane. Arbeidet med finansieringsordningane vil bli vidareført i 2007.

Noreg har gjennom medlemskapen sin i UNESCOs verdsarvkomité medverka aktivt til oppfølginga av UNESCOs Global Strategy. Vi har som ledd i dette finansiert eit regionalt møte for afrikanske land for å styrkje arbeidet med afrikansk naturarv, og gitt pengar til etableringa av eit afrikansk verdsarvfond.

Register/databasar

Informasjon er sentralt, og omfattar bl.a. kurs og opplæring til dei som forvaltar kulturminne og kunnskap om kvar kulturminna finst. Kulturminnedatabasen Askeladden blir utvikla vidare, og har no nær 2 000 registrerte brukarar. Tilstandsmodulen i Askeladden er sett i drift. Hausten 2006 vil vi oppdatere analysen av behovet for tilskot til istandsetjing og vedlikehald av freda og andre særleg verdifulle kulturminne og -miljø.

Verdiskapingsprogrammet

Regjeringa har starta eit verdiskapingsprogram for å stimulere til at kulturminne og kulturmiljø i høgare grad blir tekne i bruk som ressursar for utvikling av lokalsamfunn og næringsliv. Inntil ti pilotprosjekt vil bli starta i 2006.

For å evaluere om ein får dei planlagde effektane av pilotprosjekta, blir det sett i gang følgjeforsking i samarbeid med Noregs forskingsråd.

Kulturminnefondet

Kulturminnefondet skal ha ei rolle som pådrivar for å stimulere og utløyse prosjekt med potensial for verdiskaping. Tilskotstildelinga frå fondet viser at tilskota utløyser betydeleg meirinnsats og midlar frå private aktørar, som meininga var.

Regjeringa styrkjer innsatsen på kulturminnefeltet, mellom anna gjennom oppbygging av kulturminnefondet.

Resultatområdet er planlagt finansiert med 504,9 mill. kroner i 2007.

4.4 Overgjødsling og oljeforureining

Det er viktig å syte for god vasskvalitet i ferskvatn og marine område som medverkar til å halde oppe arter og økosystem, og som tek omsyn til helse og trivsel for menneska.

Forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten

Den første regionale forvaltningsplanen for eit norsk havområde, som vart vedteken våren 2006, er ein milepæl i arbeidet med å etablere ei heilskapleg, økosystembasert forvaltning av alle norske havområde. Formålet med planen er å leggje til rette for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursane, og samtidig oppretthalde økosystemas struktur, verkemåte og produktivitet. I gjennomføringa av planen vil Regjeringa føre vidare arbeidet med kartlegging av havbotn og sjøfugl i havområdet. Arbeidet blir prioritert i områda Nordland VII, Troms II og Eggakanten fram mot 2010 i samband med gjennomgang av planen. Regjeringa vil òg prioritere oppbygginga av kunnskap om havområdet gjennom samordna overvakingssystem, forsking på langtransportert forureining, konsekvensar av klimaendringar og konsekvensar av samla påverknad på ulike delar av økosystemet.

Hausten 2006 er det teke sikte på å opprette ei overvakingsgruppe som skal medverke til koordinering av overvakinga, ei risikogruppe knytt til akutt forureining og eit fagleg forum med ansvar for oppfølging og koordinering av det samla faglege arbeidet med økosystembasert forvaltning i havområdet. Det vil òg bli oppretta ei referansegruppe i løpet av hausten 2006.

Grunna auka oljetransport, mellom anna frå Russland, vart utvidinga av territorialgrensa eit viktig tiltak for å føre skipstrafikken lenger ut frå kysten. Ein norsk søknad om skipsleier endå lenger ut frå kysten er no til behandling i FNs skipsfartsorganisasjon IMO. Forvaltningsplanen inneheld òg viktige tiltak for betring av grunnlaget for berekraftig hausting av naturressursane og rammer for petroleumsverksemda. Noreg vil samarbeide med Russland når det gjeld å sikre ei berekraftig forvaltning av Barentshavet. Atomsamarbeidet med Russland er òg viktig for å unngå forureining i norske havområde. Sjå resultatområde 8 Nord og polarområda.

Regjeringa vil bruke erfaringane frå arbeidet med denne planen i arbeidet med tilsvarande forvaltningsplanar for andre norske havområde.

Rammedirektivet for vatn

Regjeringa vil styrkje arbeidet med ei meir heilskapeleg, økobasert og kunnskapsbasert forvaltning av ferskvatn, grunnvatn og kystvatn – i tråd med EUs rammedirektiv for vatn.

Direktivet set som mål at ein skal oppnå såkalla «god tilstand» både når det gjeld biologisk mangfald og forureining i vassførekomstane, i utgangspunktet innan 2015. Miljøverndepartementet koordinerer arbeidet på nasjonalt nivå, i nært samarbeid med sektordepartementa. Forskrift om rammer for vassforvaltninga blir etter planen fastsett i løpet av 2006. I forskrifta blir landet delt inn i vassregionar basert på nedbørsfelt. Eit fylkesmannsembete er peikt ut som ansvarleg styresmakt (vassregionstyresmakt) i kvar region. Gjennomføringa skal skje i nært samarbeid med eit vassregionutval oppretta og leia av vassregionstyresmakta med deltaking frå andre aktuelle fylkesmannsembete, sektorstyresmakter, fylkeskommunar og kommunar.

Det er sett i gang eit betydeleg fagleg arbeid knytt til den praktiske gjennomføringa av direktivet. Mellom anna skal kunnskapsgrunnlaget styrkjast gjennom ei omfattande kartlegging av tilstanden i vassførekomstane. Det er òg behov for ressursar til å utvikle administrative system og verktøy for å få til ei effektiv samordning og ei opa og aktiv deltaking på alle nivå. Det kan vere behov for særleg innsats i enkelte vassdrag, og departementet vil framleis arbeide for å betre vasskvaliteten i Vansjø og Jærvassdraga.

Overgjødsling

Rammedirektivet for vatn vil òg vere utgangspunkt for revisjon av resultatmålet for overgjødsling, som i dag berre gjeld Nordsjøområdet. Det er teke sikte på å revidere målet i førstkommande stortingsmelding om Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Målsetjinga i dag om 50 pst. reduksjon av dei norske utsleppa av næringssalta nitrogen og fosfor til eutrofipåverka delar av Nordsjøen er nådd for fosfor, mens det ikkje fullt ut er nådd for nitrogen.

Utsleppa frå kommunal avløpssektor skal vere i samsvar med det nye avløpsregelverket i forureiningsforskrifta, som vart fastsett i desember 2005. Det nye regelverket samlar, forenklar og standardiserer det statlege regelverket for avløp. På enkelte område blir òg utsleppskrava skjerpa, og kommunane er gitt auka mynde. Regelverket trer i hovudsak i kraft 1. januar 2007, mens krava til prøvetaking vart gjeldande frå 1. januar 2006. I 2007 vil ein såleis ha ei samla oversikt over kor stor del av anlegga som oppfyller krava til primær-, sekundær- og tertiærreining.

Oljeforureining og miljøfarlege stoff til sjø

Målet om nullutslepp inneber at det som hovudregel ikkje skal sleppast ut olje og miljøfarlege stoff, verken tilsette eller naturleg førekommande stoff. I Barentshavet og havområda utanfor Lofoten er krava endå strengare enn for resten av sokkelen.

Nullutsleppsmålet er ikkje nådd verken når det gjeld nye eller eksisterande installasjonar. Ei førebels evaluering av måloppnåinga viser at det har vore ein reduksjon i utsleppa av tilsette kjemikaliar i samband med produksjonen på om lag 85 pst. i perioden 2000-2004. På grunn av auka vassproduksjon er det likevel enno ikkje registrert nedgang i dei samla utsleppa av olje og naturleg førekommande stoff i produsert vatn på norsk sokkel. Regjeringa tek sikte på å vurdere måloppnåing for eventuelle ytterligare tiltak for å nå nullutsleppsmålet i førstkommande stortingsmelding om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.

I 2005 var det i alt 147 akutte utslepp av olje på til saman 320 tonn frå offshoreverksemda på norsk sokkel. Med unntak av utsleppa frå Draugen-feltet i 2003, har utviklinga vore heller stabil sidan 1994. Dei registrerte utsleppa av olje og andre kjemikaliar frå landbasert industriverksemd i 2005 syner ein reduksjon i forhold til utsleppa i 2004. Desse utsleppa varierer sterkt mellom dei ulike åra grunna enkelthendingar.

Forskrift om levering og mottak av avfall og lasterestar frå skip pålegg alle hamner å ha tilstrekkeleg mottakskapasitet for avfall. Forskrifta vart evaluert i 2005. Den første statusrapporteringa var samla sett mangelfull, og mange hamner er forseinka med planane. Rapporteringa syner likevel at dei hamner som har avfallsplanar i hovudsak er dei store trafikkhamnene som står for mykje av den samla tonnasjen. Det vil bli arbeidd vidare med ei meir fullstendig rapportering i 2007.

Ei hovudutfordring er likevel dei ulovlege utsleppa frå skipsfarten. Kystverket har identifisert ca. 100 ulovlege utslepp frå skip i 2005. Samarbeidet mellom Nordsjø-landa har som mål å oppnå ei meir effektiv straffeforfølging av ulovlege utslepp frå skip. Ein reknar elles med betydelege mørketal på dette området.

Regjeringa vil arbeide med ei forskrift om handtering av ballastvatn og vidareføre arbeidet med miljøvennleg skipsfart i eit forum som er etablert i samråd med næringa. I forslag til ny tryggleikslov for skip, som nyleg er fremja for Stortinget, er det foreslått eit nytt lovgrunnlag for tiltak retta mot skipsfarten for å redusere risikoen for introduksjonar av framande arter frå ballastvatn.

Resultatområdet er planlagt finansiert med 66,4 mill. kroner i 2007.

4.5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Spreiing av miljøgifter frå produkt, industri, transport og avfallsbehandling fører til ei gradvis forureining av jord, luft og vatn. Stadig fleire kjemikaliar inngår i stadig fleire produkt og produksjonsprosessar, utan at vi kjenner til kva følgjer bruken kan få. Samtidig viser kartleggingar i miljøet at miljøgifter blir funne igjen over stadig større delar av kloden – og i for høge konsentrasjonar – i menneske, planter og dyr. Regjeringa vil derfor styrkje innsatsen på dette området, og om kort tid leggje fram ei eiga stortingsmelding om helse- og miljøfarlege kjemikaliar. I løpet av hausten vil Miljøverndepartementet leggje fram to handlingsplanar, den eine for opprydding i forureina jord i barnehagar og på leikeplassar, den andre for opprydding i forureina sjøbotn.

Reduksjon i utsleppa av miljøgifter

Det overordna målet i kjemikaliepolitikken er å unngå helseskadar eller skadar på naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. Over tid skal konsentrasjonen av dei farlegaste stoffa bringast ned mot naturlege bakgrunnsverdiar. Dette skal sikrast både ved å hindre nye utslepp og å hindre at gamle forureiningar skader helse og miljø. Regjeringa har ambisiøse mål om å stanse og redusere utsleppa av miljøgifter, og det er blant anna sett konkret mål om å vesentleg redusere eller stanse utsleppa av prioriterte miljøgifter innan 2005 eller 2010. Måloppnåing for alle dei prioriterte miljøgiftene vil bli omtalt i den nye stortingsmeldinga om miljøgifter. Målet er å stanse alle utslepp av miljøgifter innan 2020. Bruk og utslepp av miljøgifter skal kontinuerleg reduserast for å nå dette målet. For å kunne nå 2020-målet om å stanse utslepp av miljøgifter utgreier Miljøverndepartementet eit mogleg generelt forbod mot miljøgifter i forbrukarprodukt. Kartlegging av miljøgifter i naturen og i produkt vil bli prioritert.

Regjeringa vil styrkje arbeidet for at forbrukarar skal kunne ta miljøvennlege val, og dermed redusere bruk av produkt som inneheld helse- og miljøfarlege kjemikalier.

Internasjonalt arbeid

Trusselen frå helse- og miljøfarlege kjemikaliar er global. Dårleg kontroll med bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar i utviklingsland fører til lokale skadar på helse og miljø. Samtidig blir miljøgifter transporterte langt frå kjeldene, og nordområda er ein «utslagsvask» for utslepp som skjer andre stader i verda. Internasjonalt arbeid er derfor heilt naudsynt for å redusere utsleppa i norsk natur og nå 2020-målet. Regjeringa vil påverke kjemikalieregelverket i EU og vere pådrivar for å styrkje internasjonale avtaler om miljøgifter både regionalt og globalt, og gi bistand til ut­viklingsland for å stanse utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Samtidig legg Regjeringa vekt på å sikre eit høgt vernenivå nasjonalt og å vere i forkant av den internasjonale utviklinga.

Opprydding i forureina grunn og sediment

Mange stader på land og i sjøen ligg det miljøgifter som stammar frå gamle industriutslepp, avfallsfyllingar og liknande. Slike forureiningar trugar både miljøet og menneske si helse. Miljøgiftene blir tekne opp i planter og dyr og kan ende i våre eigne matfat. Grunnlaget for verdiskaping blir redusert i dei aktuelle områda og forureiningane fører òg til auka kostnader ved utbygging.

Miljøproblema er løyste på så godt som alle dei om lag 100 verste lokalitetane med forureina jord, slik at forureininga på desse ikkje lenger utgjer fare for helse og miljø. Vidare er miljøtilstanden undersøkt og eventuelt behov for oppryddingstiltak er ferdig klarlagt i om lag 500 utpeikte lokalitetar.

Pr. 1. september 2006 er det 366 kjende lokalitetar med alvorleg grunnforureining, dvs. som er kjende av miljøstyresmaktene og der det finst eller er grunn til å tru at det kan finnast miljøgifter med spreiingsfare og der det ut frå risikovurdering er behov for vidare tiltak. Arbeidet med å få stansa eller redusert vesentleg spreiing av miljøgifter frå forureina grunn på land blir vidareført i 2007. Hausten 2006 vil Miljøverndepartementet leggje fram ein eigen handlingsplan for opprydding i forureina jord i barnehagar og på leikeplassar. Handlingsplanen vil òg bli omtalt i stortingsmeldinga om helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Det er utarbeidd fylkesvise tiltaksplanar for 17 prioriterte område med forureina sjøbotn. Desse er utgangspunkt for ein nasjonal handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn, som Miljøverndepartementet vil leggje fram i samband med den kommande stortingsmeldinga om helse- og miljøfarlege kjemikaliar.

For arbeidet med opprydding på land og i sjøbotn vil staten framleis medverke med betydelege midlar til opprydding der det ikkje er mogleg å identifisere dei ansvarlege, eller der det ikkje er rimeleg å påleggje dei ansvarlege dei fulle kostnadane, og til kunnskapsoppbygging og naudsynt overvaking på feltet.

Resultatområdet er planlagt finansiert med 199,9 mill. kroner i 2007.

4.6 Avfall og gjenvinning

Det er eit mål å syte for at skadane frå avfall blir så små som mogleg på menneske og miljø, samtidig som ressursane i avfallet skal utnyttast. Miljøvernforvaltinga skal medverke til rammevilkår som fører til at minst 75 pst. av den genererte avfallsmengda går til gjenvinning innan 2010, med ei vidare opptrapping til 80 pst. Dermed vil miljøbelastningane bli reduserte, samtidig som avfallet kan utnyttast som ressurs. Det har vore ei svært positiv utvikling på avfallsfeltet dei siste åra. I dag blir opp mot 70 pst. av avfallet anten gjenvunne som material eller utnytta til energi, mens utsleppa frå avfall er betydeleg reduserte.

Miljøvernforvaltninga har få verkemiddel som direkte regulerer genereringa av avfallsmengdene, men strengare krav til avfallsbehandling, avgift på sluttbehandling av avfall og innføring av produsentansvar er med på å stimulere til avfallsreduksjon. I Soria Moria-erklæringa står det at det skal arbeidast for å opprette eit føretak for avfallsførebygging og gjenvinning. Miljøverndepartementet er i gang med å utgreie dette spørsmålet.

Vi har òg viktige utfordringar når det gjeld farleg avfall. Det oppstod nær 1 mill. tonn farleg avfall i Noreg i 2004, ein auke på om lag 14 pst. frå året før. Av dette vart meir enn 900 000 tonn levert og handtert i samsvar med gjeldande regelverk. Resterande mengd på noko under 80 000 tonn er på same nivå som året før, og vart anten handtert ulovleg eller utanom styresmaktenes kontroll.

Framleis blir det deponert om lag 1 million tonn nedbryteleg avfall, som skaper store utslepp av klimagassen metan. Miljøverndepartementet utreder eit mogleg forbod mot deponering av alt biologisk nedbryteleg avfall frå 2009.

Bygg- og anleggsavfall utgjer i mengd ein av dei største avfallsstraumane og består av ei rekkje ulike typar avfall. Avfallsplanar er vurderte å ha positive effektar med omsyn til å styre slikt avfall vekk frå deponi og hindre ulovleg disponering. Ein arbeider med nye reglar for å sikre at bygg- og anleggsavfall får ei forsvarleg behandling ut frå miljøomsyn.

Forskrift om kasserte køyretøy trådde i kraft i 2002, og inneber at produsentar og importørar av køyretøy gradvis tek over ansvaret for innsamling og handtering av kasserte køyretøy fram mot 2007. Regjeringa tek sikte på at dagens statlege tilskot til oppsamlingssystemet for bilar blir avvikla samtidig med at produsentansvaret for bilar blir gjeldande. Regjeringa vil oppretthalde dagens statlege avgifts- og panteordning mellombels, fram til eit bransje­orientert retursystem har komme i gang og kan vise til oppnådde resultat. Endringa føreset godkjenning av eitt eller fleire bransjeorganiserte system som mellom anna tek vare på dagens høge innsamlingsgrad, og som ut frå miljøomsyn står for forsvarleg behandling og utnytting av dei kasserte køyretøya. To returselskap har til no fått slik godkjenning av Statens forureiningstilsyn.

Resultatområdet er planlagt finansiert med 301,9 mill. kroner i 2007.

4.7 Klimaendringar, luftforureining og støy

4.7.1 Klimaendringar

Klimaproblemet er den største miljøutfordringa verda står overfor i dag. Sidan industrialiseringa tok til har konsentrasjonen av CO2, som er den viktigaste klimagassen i atmosfæren, auka med nær 40 pst. FNs klimapanel (IPCC) skreiv allereie i 2001 at mesteparten av oppvarminga vi har observert dei siste femti åra er menneskeskapt. Verknadene framover kan bli drastiske. Nedsmelting av is på Grønland og i Antarktis kan, saman med temperaturauke og utviding i havmassane, føre til ei betydeleg heving av havflata og strandlinjene. Regionale og lokale klimaendringar kan bli store og etter måten raske, men er vanskelege å føreseie.

Det langsiktige målet i Klimakonvensjonen er å stabilisere konsentrasjonen av klimagassar på eit nivå som hindrar farleg menneskeskapt påverknad av klimasystemet. Regjeringa har vedteke ei konkretisering av det strategiske målet. Denne seier at den globale temperaturauken må haldast under 2oC. Dette vil krevje store reduksjonar i klimagassutsleppa. Kyotoprotokollen er eit steg på vegen mot det langsiktige målet, men må forsterkast av eit meir globalt klimaregime med sterkare reduksjonar etter 2012.

Dei norske klimagassutsleppa låg i 2004 om lag 10 pst. over nivået i 1990, og er venta å stige i åra framover. Den norske forpliktinga under Kyotoprotokollen krev at utsleppa i 2008-2012 i gjennomsnitt ikkje skal vere meir enn 1 pst. over 1990-nivået. Regjeringa legg opp til ei brei tilnærming for å innfri forpliktinga. Den skal oppfyllast gjennom ein kombinasjon av nasjonale tiltak og bruk av Kyotomekanismane, der ein vesentleg del av utsleppsreduksjonane skjer gjennom nasjonale tiltak. Regjeringa har starta arbeidet med sektorvise klimahandlingsplanar, som skal gjelde dei viktigaste sektorane for klimagassutslepp i Noreg. Arbeidet skal føre til konkrete mål for utslepp og tiltak for kvar einskild sektor. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om dei sektorvise planane i 2007.

Regjeringa vil styrkje satsinga på fornybar energi, og har fastsett eit samla mål på 30 TWh auke i fornybar energiproduksjon og energieffektivisering for perioden 2001-2016. Regjeringa vil at avfall skal erstatte fossilt brensel i større grad enn i dag, og tek sikte på å forby deponering av nedbryteleg avfall frå 2009. Miljøverndepartementet utredar eit mogleg forbod mot deponering av nedbryteleg avfall frå 2009.

Gjennom økonomiske verkemiddel og satsing på ny teknologi vil Regjeringa syte for at nye konsesjonar for gasskraft skal basere seg på CO2-handtering. Vi viser til OEDs budsjettproposisjon for ei nærare utgreiing om verkemiddel knytte til energi og CO2-handtering.

Regjeringa gjer framlegg om avgiftsendringar retta mot klimagassutslepp. Frå 2007 blir innført ein CO2-komponent i eingongsavgifta på køyretøy, og CO2-avgift på bruk av gass til oppvarming. Autodiesel til fritidsbåtar får autodieselavgift på linje med autodiesel til vegtransport. KRD arbeider med nye energikrav til bygningar. Eit framlegg som vart sendt på høyring inneber om lag 30 pst. skjerping av energikravet i høve til dagens nivå.

Regjeringa vil auke bruken av biodrivstoff i Noreg. Statens forureiningstilsyn har anbefalt at det blir stilt krav til oljeselskapa om at ein viss prosent av omsetninga av alt drivstoff skal vere biodrivstoff. Regjeringa vurderer å kome tilbake med eit slikt krav. Det er viktig at selskapa alt no får eit incitament for innblanding av biodrivstoff.

Klimakvotesystemet vart oppretta i 2005. Regjeringa har opna for å innlemme EUs kvotedirektiv i EØS-avtala, og vil med dette oppfylle ein føresetnad for at det norske kvotesystemet kan koplast saman med EUs klimakvotesystem. Regjeringa arbeider no med forslag til utforming av kvotesystemet i forpliktingsperioden (2008-2012) under Kyotoprotokollen. Saman med CO2-avgifta vil klimakvotesystemet medverke til kostnadseffektive reduksjonar i utslepp frå dei kjeldene desse økonomiske verkemidla dekkjer.

Lågutsleppsutvalet la fram utgreiinga si 4. oktober 2006. Blant anna på grunnlag av konklusjonane til utvalet vil Regjeringa vurdere langsiktige nasjonale mål for reduksjon i klimagassutslepp.

På bakgrunn av Stortingets oppmodingsvedtak (vedtak nr. 75 av 30. november 2004) rapporterer Regjeringa i dette budsjettforslaget frå arbeidet med å kartleggje kor sårbart samfunnet er for klimaendringar og kva høve det har til å tilpasse seg endringane. Dei ulike sektorstyresmaktene har ansvaret for å tilpasse si eiga verksemd til dei utfordringane som følgjer av klimaendringar. Regjeringa tek effektane klimaendringar kan ha for samfunnet på alvor, og vil i 2007 styrkje arbeidet med tilpassing til klimaendringar.

4.7.2 Nedbryting av ozonlaget

Trusselen mot ozonlaget er ikkje borte, men Montrealprotokollen har effektivt redusert bruken og utsleppa av KFK og andre ozonreduserande stoff frå dei rike industrilanda. Ei hovudutfordring internasjonalt er å gjere utviklingslanda i stand til å oppfylle forpliktingane sine under protokollen.

Noreg har oppfylt krava i Montrealprotokollen og gjennomført EU-forordninga om ozonreduserande stoff. Det nasjonale arbeidet er no retta mot kontroll med at føresegnene blir etterlevde, og overvaking av miljøtilstanden.

4.7.3 Langtransporterte luftforureiningar

Internasjonale avtaler og nedlegging av forureinande industri i Europa har redusert forsuringsproblema i Noreg. Tolegrensene for forsuring av overflatevatn var overskridne på 25 pst. av arealet vårt i 1985 og 13 pst. i 2000. Med full effekt av Gøteborgprotokollen vil tolegrensene venteleg vere overskridne på 7-8 pst. av Noregs areal i 2010. Noreg var og er avhengig av omfattande reduksjonar av utslepp i Europa for å løyse miljøproblema som skriv seg frå langtransportert luftforureining.

Gøteborgprotokollen krev at dei norske svovelutsleppa må ned 10 pst. frå 2005 til 2010. Regjeringa ventar at dette kravet skal oppfyllast gjennom nye utsleppskrav til industrien, jf. intensjonsavtala med Norsk Industri (tidlegare Prosessindustriens Landsforening).

NOx-forpliktinga i Gøteborgprotokollen inneber ein reduksjon i dei norske utsleppa på 28 pst. frå 2005 til 2010, og krev betydelege nye tiltak. Krava til utslepp frå køyretøy er gradvis gjort strengare i takt med utviklinga i EUs regelverk. Regjeringa foreslår ei ny avgift på NOx-utslepp frå 1. januar 2007. Avgiftssatsen tilsvarar 15 kr/kg NOx, og Regjeringa vil etter kvart vurdere avgiftssats og omfang slik at forpliktinga skal bli oppnådd. SFT arbeider med å fastsetje nye krav til NOx-utsleppa frå stasjonære kjelder på land og offshore i tråd med IPPC-direktivet.

VOC-forpliktinga i Gøteborgprotokollen tilsvarar ein utsleppsreduksjon på 12 pst. frå 2005 til 2010. Dette vil venteleg bli oppfylt gjennom dei krava som er sette til utslepp frå lasting og lagring av råolje på sokkelen og implementering av EU-direktiv, mellom anna om utslepp av VOC frå bruk av løysemiddel og VOC i maling og lakk. Utsleppa av ammoniakk var i 2005 på same nivå som den norske forpliktinga etter Gøteborgprotokollen, og er venta å endre seg lite fram mot 2010.

Tilførslene av sur nedbør frå Europa er sterkt reduserte dei siste åra, men i dei forsuringsskadde områda i Noreg vil det på grunn av berggrunnsforhold og tidlegare skadar framleis ta lang tid før reduksjonar i tilførsler gir betre vasskvalitet. Kalking er eit langsiktig avbøtande tiltak som opprettheld det biologiske mangfaldet i forsura vassdrag, og har mellom anna ført til at laksebestanden er bygd opp att i mange forsuringsskadde vassdrag. Det føregår no kalking i 24 laksevassdrag og i om lag 3 000 lokale prosjekt, hovudsakeleg i Sør-Noreg.

4.7.4 Lokal luftkvalitet

Den lokale luftkvaliteten i Noreg er jamt over god. Men i nokre byar og tettstader kan lokal luftforureining i periodar gi betydelege helse- og trivselsproblem. Svevestøvkonsentrasjonane overskrid det nasjonale resultatmålet i fleire norske byområde. Overskridingane skjer i hovudsak langs dei mest trafikkerte vegane. Sjølv om svevestøvnivåa vil bli reduserte fram mot 2010, vil målet som gjeld for 2010 likevel bli overskride utan nye tiltak.

Konsentrasjonane av svoveldioksid og benzen i by- og tettstadluft vil truleg vere innafor dei nasjonale måla både i 2005 og 2010.

Vegtrafikk er den største kjelda til lokal luftforureining. Utsleppa frå kvart køyretøy minkar merkbart som følgje av strengare krav internasjonalt og i Noreg, men aukande trafikkmengd motverkar effekten slik at nettoreduksjonane ikkje blir så store. Utsleppa av nitrogenoksid frå vegtrafikken gjekk ned med 47 pst. frå 1990 til 2004, utsleppa av svevestøv frå vegtrafikk gjekk ned med 39 pst. Fyring med ved er ei vesentleg kjelde til svevestøvforureininga, særleg på kalde dagar, og utsleppa frå vegfyring auka med 6 pst. frå 1990 til 2004.

Forureiningsforskrifta gjer kommunane til forureiningsstyresmakt for lokal luft. Det blir arbeidd med oppfølging for å sikre etterleving av forskrifta. Nasjonale verkemiddel er òg knytte til kvaliteten på drivstoff. Noreg implementerer mellom anna EU-direktiv på dette området. Regjeringa vil vurdere nye kjelderetta tiltak, mellom anna arbeider ein med kvalitetskrava til anleggsdiesel og utgreier ytterlegare tiltak for reduksjon av utslepp frå vedfyring.

4.7.5 Støy

Støy er eitt av dei miljøproblema som rammar flest menneske i Noreg. Rundt 1,7 millionar personar er utsette for støy nær bustaden sin. Rundt ein halv million personar er sterkt eller mykje plaga av støyen. Støy frå samferdsel utgjer opp mot 90 pst. av den kartlagde støyplaga. I perioden 1999-2003 vart det målt ein viss auke i den samla støyplaga, i hovudsak på grunn av veksande vegtrafikk og auka busetjing i trafikkerte område.

Då det nasjonale støymålet vart lagt fram i St. meld. nr. 8 (1999-2000 ) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, vart det bestemt at «Det vil bli foretatt en evaluering og eventuell justering av målet i 2005 for å sikre at det er i tråd med hva som er et samfunnsøkonomisk og miljømessig fornuftig nivå». Dette evalueringsarbeidet vart sett i gang i 2005 og er ikkje endeleg avslutta. Det er teke sikte på å leggje fram evalueringa i stortingsmeldinga om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand våren 2007.

Resultatområdet 7 – Klimaendringer, luftforureining og støy er planlagt finansiert med 181,4 mill. kroner i 2007.

4.8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i nord- og polarområda

4.8.1 Internasjonalt miljøvernsamarbeid

Stadig fleire avgjerder som er viktige for den norske miljøtilstanden og den norske miljøvernpolitikken blir tekne utanfor landets grenser. Samtidig er dei alvorlegaste miljøutfordringane globale, og for å løyse dei er det naudsynt å styrkje det forpliktande internasjonale samarbeidet både i og utanfor organisasjonar som har miljø som hovudoppgåve. Det er viktig å sjå dei internasjonale utfordringane samla fordi dei heng saman innbyrdes. Omsynet til å oppfylle og vidareutvikle internasjonale plikter i miljøvernavtaler har høg prioritet. Dette gjeld særleg innafor klima, biologisk mangfald og miljøgifter, og det vil vere eit viktig samarbeidsområde både i internasjonale organisasjonar og i høve til samarbeidslanda våre.

EU er vår viktigaste samarbeidspartnar på miljøområdet. Om lag 80 pst. av EUs miljølovgiving blir gjeldande i Noreg gjennom EØS-avtala. I 2006 er òg ei rekkje nye rettsakter på miljøområdet innlemma i EØS-avtala. Regjeringa legg stor vekt på å kunne påverke regelverk og gjere norsk syn gjeldande tidleg på område som er særs viktige for Noreg. Miljøvernforvaltninga vurderer fortløpande rettsutviklinga på naturvernområdet i EU, sjølv om feltet ikkje er omfatta av EØS-avtala.

Miljø og kulturarv er dei viktigaste satsingsområda i vårt bilaterale og regionale miljø-samarbeid gjennom EØS-finansieringsordningane. Ordninga skal medverke til at dei nye EU-landa oppfyller EU-direktiv og planar. Det er òg eit mål å medverke til auka kontakt og dialog mellom Noreg og dei nye EU-landa. Konferansar og prosjektutvikling innan kulturarv, forureining, biologisk mangfald og frivillig engasjement om miljøvern har medverka til auka samhandling.

For Noreg er det nordiske samarbeidet særleg viktig, mellom anna i arbeidet med å påverke internasjonale regelverk på sentrale område som hav, vatn og kjemikaliar. Under vårt formannskap i Nordisk ministerråd i 2006 er dette gitt spesielt fokus, i tillegg til Arktis og lokaldemokrati og medverknad i miljø- og berekraftarbeidet.

Klima, energi, industri og luftforureining er hovudtema for CSD i perioden 2005-2007. Det har gitt høve til auka merksemd omkring utfordringa om å få til ei meir berekraftig energi- og industriutvikling på eit globalt nivå. Frå norsk side blir det lagt vekt på å bruke CSD til å vise u-landa at det både er mogeleg å fremje vekst og motverke fattigdom utan å ofre miljøet, og å styrkje dette berekraftfokuset i eigen politikk. Ei langsiktig positiv utvikling krev at miljøet blir teke vare på.

Eit OECD-møte mellom miljø- og utviklingsministrane våren 2006 innleia eit nærare samarbeid om miljø- og utviklingspolitikken. OECD vil halde fram arbeidet sitt om kostnadene ved ikkje å ta miljøomsyn, og om å oppnå vekst utan miljøforverring og om bruk av indikatorar for å måle fremsteg og betre grunnlaget for avgjersler. Dette er viktig arbeid for Noreg.

Noreg legg vekt på å styrkje UNEP for på sikt å kunne oppgradere UNEP til ein særorganisasjon under FN, og å styrkje UNEPs rolle som FNs sentrale miljøautoritet og premissleverandør i globalt miljøarbeid i forhold til andre sentrale aktørar på området berekraftig utvikling. Miljøverndepartementet har prioritert ei aktiv rolle i arbeidet med FN-reform, og er involvert i arbeidet med neste utgåve av UNEPS store 5-årige rapport «Global Environment Outlook (GEO-4). Rapporten blir lansert i september 2007, og vil gi status med omsyn til den globale berekraftige utviklinga 20 år etter Brundtlandskommisjonens rapport Vår felles framtid.

I samarbeid med UNEP er Tromsø peikt ut til hovudarena for den internasjonale markeringa av Verdas miljødag 5. juni 2007. Hovudtema vil vere globale konsekvensar av dei raske og akselererande miljøendringane i dei polara områda grunna klimaendringar og miljøgifter.

Utviklinga av regelverk og praksis for det globale miljøfondet GEF, som finansierer iverksetjing av miljøvernkonvensjonane, er viktig. Etter særs vanskelege forhandlingar mellom givarlanda vart det i 2006 semje om overordna retningslinjer som sikrar at GEF kan disponere ca. 3 milliarder USD i perioden 2006-2010.

Både under WTOs regelverksforhandlingar og under framforhandling av EFTAs 3. landsavtaler er det viktig å sikre at regelverksutvikling ikkje avgrensar nasjonale miljøtiltak og verkemiddel i praksis, og at avtalene tek omsyn til miljø og medverkar til berekraftig utvikling. Viktige saker i forhold til Verdas Handelsorganisasjon (WTO) er forholdet mellom WTO-regelverket og miljøvernavtalene og redusert toll på miljøvennlege produkt.

Verksemda i multilaterale organisasjonar som ikkje har miljø som hovudfokus, til dømes Verdsbanken, United Nations Development Programme (UNDP), Food and Agriculture Organisation (FAO) m.fl. kan ha betydelege effektar for miljøtilstanden. Det er spesielt viktig å sjå samanhengen mellom arbeidet i dei multilaterale organisasjonane og prioriteringane i miljøkonvensjonane. Til dømes har Noreg vore pådrivar for ei FAO-avtale som skal sikre at genmateriale frå dei viktigaste landbruksvekstane skal vere tilgjengeleg for bevaring og berekraftig bruk. Avtala vart operativ etter vellykka sluttforhandlingar i juni 2006. Våren 2006 vart det òg vedteke å etablere eit globalt lager på Svalbard for å sikre landbruksfrø.

Noreg har særskilte avtaler om miljøsamarbeid med Sør-Afrika, Kina og Indonesia. Desse landa har alle stor betydning for utvikling av global miljøtilstand, og samarbeidsavtalene blir nytta til politisk og strategisk dialog i tillegg til gjennomføringa av konkrete miljøtiltak. Samarbeidsprogrammet med Indonesia blir avslutta ved utgangen av 2006, og rammene for eit nytt program er under utforming. Noreg støttar òg fleire miljøprosjekt i dei tidlegare sovjetrepublikkane og på Balkan.

Regjeringas mål er at Noreg skal bli leiande på miljøretta bistand. God miljøforvaltning er avgjerande for å løyse fattigdoms- og utviklingsproblema verda står overfor. Styrking av samarbeidslandas kapasitet til å ta vare på både langsiktige omsyn til miljøet og dei internasjonale forpliktingane dei har er òg ei sentral målsetjing i Regjeringas handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid. Handlingsplanen har fire satsingsområde; berekraftig forvaltning av biologisk mangfald og naturressursar, forvaltning av vassressursar, vatn og sanitær og klimaendringar, tilgang til rein energi og miljøgifter. Den peiker òg på systematisk bruk av miljøkonsekvensanalysar som verkemiddel for sektorintegrering av miljø og dialog med landa i samarbeidet.

4.8.2 Nord- og polarområda

Noreg skal vere eit føregangsland på miljøområdet i nord. Regjeringa legg vekt på at det blir stilt strenge miljøkrav til all verksemd og set rammer som sikrar at dei unike natur- og kulturmiljøa i regionen blir tekne vare på for framtidige generasjonar.

Barentsregionen og den arktiske regionen

Noreg deltek aktivt i Arktisk Råd, og vil overta formannskapet etter Russland i oktober 2006. Samarbeid om oppdatering av konsekvensane og utfordringane ved venta klimaendringar i Arktis, jf. ACIA-rapporten, og ei felles tilnærming til ei heilskapeleg økosystembasert ressursforvaltning vil stå sentralt i det norske formannskapet. Forvaltningsplanen for Barentshavet vil bli brukt som eit døme i denne samanhengen. Noreg spelar ei viktig rolle i Arktisk Råds miljøovervakingsprogram (AMAP), og deltek i samarbeidsprosjekt i forhold til Arktis og Russland.

Arbeidet under den bilaterale miljøvernkommisjonen er sentralt. I lys av den auka oljetransporten frå Nordvest-Russland og ei venta auke i petroleumsverksemd i Barentshavet, blir det lagt særleg vekt på samarbeid med Russland om økosystembasert forvaltning av havmiljøet og innføring av miljøstandardar. I den nye havmiljøgruppa under Den norskrussiske miljøvernkommisjonen vil det bli lagt hovudvekt på samarbeid om fagleg grunnlag for forvaltning av Barentshavet, miljøovervaking og miljødatasamarbeid, vern og forvaltning av biologisk mangfald og regulering og forureiningskontroll. Våren 2006 vart seminaret «Konsekvensar av samla påverknad på økosystemet i Barentshavet» arrangert i Moskva. Her vart den økosystembaserte tilnærminga i den heilskapelege forvaltningsplanen for norsk del av Barentshavet presentert for russiske styresmakter og fagfolk som grunnlag for vidare samarbeid.

Det er òg samarbeid om vern av biologisk mangfald og natur- og kulturforvaltning, samarbeid om klima og energi og eit nordisk samarbeid om prosjekt knytte til vern av område i Barentsregionen. Ei rekkje bedrifter i Russland som har gjennomført Reinare Produksjon-programmet har dokumentert betydeleg miljø- og økonomiske gevinstar. Ni prosjekt er gjennomførte i oppfølginga av den nordiske handlingsplanen for vern av natur- og kulturminne i Arktis.

I følgje dei planane Norilsk Nikel-konsernet har lagt fram for Den nordiske investeringsbanken, vil miljømåla for reduksjon av utsleppa av svoveldioksid og tungmetall frå nikkelverka i Petsjenga bli nådd i 2010.

Svalbard

Omfanget av samanhengande villmarksområde på Svalbard skal søkjast oppretthalde. Eit representativt utval av natur og marine naturverdiar skal sikrast mot vesentlege inngrep og påverknad, og eit representativt utval av kulturminne på Svalbard og Jan Mayen skal søkjast bevart. Transport og ferdsel på Svalbard skal ikkje medføre vesentlege eller varige skadar på vegetasjon eller forstyrre dyrelivet.

Ei rekkje dyrebestandar som tidlegare var truga er no gjennom vernetiltak restituerte eller i vekst. I 2006 er det teke initiativ til å vurdere ytterlegare tiltak for å hindre at fiske påverkar bestandane av svalbardrøye, som frå tidlegare er kraftig nedfiska i fleire av vassdraga.

Tilførsler av «gamle» miljøgifter som PCB og DDT synest å vere redusert noko dei siste åra. Nivå av PCB i isbjørn, sel og polarmåke ved Svalbard er likevel framleis blant dei høgaste i Arktis. Det er òg registrert fleire «nye» miljøgifter, for eksempel bromerte flammehemmarar i Arktis. Dei fleste av desse nye stoffa er enno ikkje regulerte i internasjonale konvensjonar, men nokre har komme inn i arbeidet i OSPAR og i Nordsjødeklarasjonen.

Dei siste åra er det oppretta seks nye verneområde som sikrar nokre av dei biologisk mest produktive landområda, og nye sjøområde er inkluderte i verneområda etter utvidinga av territorialgrensa. Til saman er ca. 65 pst. av landområda og 84 pst. av territorialfarvatna verna. Det er starta eit arbeid med sikte på tiltak for å verne verneverdige fossil.

I 2006 er det utført vedlikehald og restaurering av ei rekkje freda bygningar i statleg eige. Det er òg etablert eit system for overvaking av nedbrytinga av arkeologiske kulturminne. Svalbardporten blir opna i 2006.

Ferdsel frå turistar og fastbuande har auka dei siste åra. Cruiseturismen har i aukande grad teke i bruk fjerntliggjande område nord og aust på Svalbard. Anbefalingar om tiltak blir følgde opp. Styresmaktene arbeider no med forslag til endringar av verneforskrifta.

Radioaktiv forureining

Konsentrasjon av radioaktivt cesium i vegetasjon på utmarksbeite blir redusert svært langsamt. Sjølv 20 år etter Tsjernobyl-ulykka blir det gjennomført årlege tiltak i Noreg for å redusere innhaldet i kjøtt og mjølk frå utmarksbeitande dyr.

Noreg har dei siste åra vektlagt samarbeid med og støtte til russiske tilsynsstyresmakter i arbeidet med radioaktivitet i Nordvest-Russland. Noreg legg vekt på at miljøkonsekvensvurderingar må vere gjennomførte før ulike tiltak blir sette i verk, og at arbeidet blir planlagt slik at risikoen blir så liten som råd er. Det er viktig å bidra til kompetanseoverføring som set Russland i stand til sjølv å handtere utfordringane på grunnlag av best tilgjengeleg kunnskap og teknologi. Noreg arbeider for brei internasjonal deltaking i dette arbeidet, og for å spreie kunnskap om problema og løysingar.

Dei siste åra er det registrert ein nedgang i konsentrasjon av technetium-99 i blæretang langs norskekysten. Overvakingsdata frå 2005 syner likevel ein auke i konsentrasjonen ved Utsira. Årsaka er at utsleppa frå Sellafield i 2001 og 2002 var noko høgare enn dei tre åra før. Frå 2007 er det venta at konsentrasjonane igjen vil minske i marint miljø som følgje av at utsleppa vart betydeleg reduserte i 2004.

Gjennom det nasjonale overvakingsprogrammet for radioaktiv forureining held norske styresmakter seg fortløpande orienterte om den radioaktive forureininga av norske land- og sjøområde.

Resultatområdet er planlagt finansiert med 218,7 mill. kroner i 2007.

4.9 Regional planlegging

Den regionale planlegginga skal medverke til å utvikle eit samfunn som tek vare på viktige felles verdiar og grunnleggjande levevilkår for ulike grupper innafor rammene av ei berekraftig utvikling.

Kommuneplanar og kommunal arealplanlegging

Behovet for samla styring og samordning i kommuneplanar aukar i takt med auka delegering av oppgåver til kommunane. Det er mellom anna naudsynt å sjå næringsutvikling og verdiskaping, areal- og miljøforvaltning, levekår, folketalsutvikling og kommunal tenesteyting i nær samanheng. Mange kommunar driv eit aktivt utviklingsarbeid når det gjeld kommunal planlegging, og departementet deltek i eit samarbeid om bistand og oppfølging av kommunane mellom anna gjennom programmet Livskraftige kommunar – kommunenettverk for miljø og samfunnsutvikling. Tal på mellom anna reguleringsplanar og kommuneplanar viser at eit stort fleirtal av kommunane har ei aktiv kommuneplanlegging både for arealbruken og den langsiktige samfunnsutviklinga.

Helsestyresmaktene og Miljøverndepartementet har sett i gang eit utprøvingsopplegg i eit utval kommunar for korleis plan- og bygningslova og planleggingsverktøyet kan takast i bruk for å forankre og styrkje folkehelsearbeidet.

Viktige konfliktspørsmål knytte til arealbruken kjem ofte opp i kommuneplanens arealdel. Dei viktigaste grunngivingane for motsegner gjeld naturvern-, friluftsliv- og landskapsinteresser, utbyggingsmønster, strandsone, jord- og skogbruk og kulturminne. I reguleringsplanane er i tillegg forureining/støy og transport viktige tema. Dei fleste motsegnene som blir fremja blir løyste lokalt. Talet på saker Miljøverndepartementet behandlar er nokså stabilt frå år til år. Nasjonale retningslinjer for gjeldande arealpolitikk er gitt i St. meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.

Det er mellom anna viktig å ha ei samordna arealforvaltning som tek vare på natur- og kulturmiljø, landskap og kvalitetar i miljø med busetnad. Kommunane har òg ansvaret får å sikre samordning av areal- og transportpolitikken slik at ein legg til rette for miljøvenlege transportmønster. Fjellområda skal forvaltast som landskap der kultur- og naturressursar, næringsutvikling og friluftsliv blir sikra og utfyller kvarandre. Landskapsverdiane skal få auka fokus, og leveområda for villrein skal sikrast. Regjeringa legg stor vekt på at strandsona skal bevarast som verdifullt natur- og friluftsområde med god tilgang for allmenta.

Regjeringa ser kommunal planlegging som viktig for å løyse dei langsiktige utfordringane som er knytte til mellom anna bruk og utnytting av fjellområda våre og samordninga med verneplanar og utviklinga i strandsona. Når det gjeld dispensasjonar i strandsona, både i og utafor byggjeområde, syner rapporteringa at det i 2005 vart gitt ca. 1 000 slike dispensasjonar innafor 100-meterbeltet mot sjø – mot 800 i 2004. Tala syner behov for auka fokus på nedbygging av strandsona, særleg i område med stort byggjepress og viktige natur- og friluftsområde langs sjøen. Utbygging i strandsona bør i større grad avklarast gjennom kommune- og reguleringsplanar. Det blir arbeidd med nye reglar for dispensasjonar i strandsona i samband med ny plan- og bygningslov.

Byar og tettstader

I arbeidet med betre miljø i byar og tettstader er det lagt vekt på å gjennomføre pilotprosjekt på utvalde område i samarbeid mellom departement, kommunar, lokalt næringsliv og befolkninga. I 2007 vil 12 byar som har vore pilotprosjekt oppsummere sine erfaringar og resultat. Innsatsen i program for Alna og grønstruktur i Groruddalen aukar i 2007. Dette prosjektet er eit samarbeidsprosjekt med Oslo kommune om å betre miljøet i Groruddalen. Bymiljøprisen, som vart delt ut første gongen i 2002, vil bli ført vidare som eit ledd i å synleggjere ein miljøretta bypolitikk. I 2006 vart prisen delt mellom Sandnes og Stavanger for samarbeidet dei to byane har hatt for å fremje sykling.

Eit program for å utvikle attraktive og miljøvennlege tettstader i distrikta vart avslutta i 2005. Innsatsen vil bli ført vidare gjennom formidling av erfaringane og bruk av nettverk frå dette programmet.

Regionale planar

Ei rekkje verne- og utviklingsoppgåver må løysast i samarbeid med kommunane. Miljøverndepartementet vil stimulere til at det bli utarbeidd regionale planar m.a. for nasjonale villreinområde, jf. St. meld. nr. 21 (2004-2005). I samarbeid med Olje- og energidepartementet vil Miljøverndepartementet stimulere til at det blir utarbeidd regionale planar for vindkraft- og småkraftverk.

Revisjon av plan- og bygningslova

Miljøverndepartementet vil leggje fram ein odelstingsproposisjon for ny plan- og bygningslov for Stortinget i 2007. Arbeidet med proposisjonen byggjer på planlovutvalets forslag og innspel i høyringa.

Universell utforming

Universell utforming av transport, bygg, uteområde, IKT m.v. skal sikre tilgjenge for alle menneske i ulike situasjonar og fasar i livet. Innafor regional planlegging førebur Miljøverndepartementet rikspolitiske retningslinjer for dette arbeidet, og omsynet til universell utforming skal styrkjast i samband med revisjon av plandelen i plan- og bygningslova. Pilotkommunar i fleire fylke utviklar universell utforming som kommunal strategi; dei arbeider m.a. med by- og tettstadsutvikling, auka tilgjenge til offentlege bygningar, friluftsliv og kulturminne. Kommunane og fylkeskommunane skal rapportere på universell utforming gjennom KOSTRA frå 2007.

Resultatområdet er planlagt finansiert med 63,9 mill. kroner i 2007.

4.10 Kart og geodata

Det er ei overordna målsetjing at landet skal ha ein tenleg infrastruktur for sjø- og landområde med tilgjengeleg geografisk informasjon. Innafor arealpolitikken er det sentralt å skaffe fram god informasjon om arealas tilstand, før framtidig bruk blir planlagt. St. meld. Nr. 30 (2002-2003) «Norge digitalt» – et felles fundament for verdiskaping, er eit viktig grunnlag for kva slag løysingar som skal etablerast for å få på plass ein nasjonal infrastruktur av geodata.

Satellittbasert stadfesting (koordinatbestemming)

All privat og offentleg oppmåling, kartlegging og navigasjon føreset ein korrekt kartreferanse. Mange stader er ikkje grunnlaget så nøyaktig og påliteleg som overgangen til satellittbaserte løysingar krev. I 2006 vil dei siste 6 kommunane bli rekognoserte i tråd med internasjonal standard. Statens kartverk sluttfører målearbeidet i 2007. Mange kommunar har likevel sjølve noko arbeid å gjere før dei kan ta grunnlaget i bruk. Det nasjonale høgdegrunnlaget frå 1950-talet blir no oppdatert med nye målingar og tilpassa bruk av satellitteknologi, med sikte på etablering seinast innan 2009. I samarbeid med kommunar og privat sektor blir det bygt ut nettverk som gir større grannsemd ved bruk av satellittdata.

Noreg digitalt

Noreg digitalt er eit samarbeid om etablering, drift, vedlikehald og distribusjon av geografiske data, og i 2006 er det arbeidd med å få avtaler på plass. Det endelege målet er at alle kommunane tek del i Noreg digitalt. Etableringa med landsdekkjande grunnkartdata og temadata etter felles standard er eit omfattande arbeid. Det er ikkje venta at Noreg vil vere dekt med digitale kartdata på land før tidlegast i 2015. I 2006 er noko over 50 pst. av denne dataetableringa fullført. Areal i byar og tettstader er i hovudsak dekt. Kartverket er registerførar for luftfartshinder heimla i luftfartslova. Målet er dekning av alle betydelege hinder innan utgangen av 2007.

Trykte og digitale kartseriar

I 2005 starta produksjonen av dei første N50-kombikarta med land- og sjøinformasjon i same kart. Bruk av pålitelege elektroniske sjøkart i kombinasjon med moderne navigasjonssystem vil betre tryggleiken til sjøs. Regjeringa prioriterer sjøkart høgt. Hovudleia for kystrekninga frå svenskegrensa til Hammerfest er no ferdig. Også store delar av hovudleia vidare nord og aust er ferdig målt. Den resterande hovudleia og gjenståande område i delar av Lofoten og Vesterålen vil vere ferdig målt i 2007. Førstegongs kartlegging av elektroniske sjøkart vil vere fullført første halvår 2008. Til no er 48 pst. av samla areal på Svalbard dekt med tidsmessige målingar. Dei viktigaste sjøområda blir målte først.

Bruk og tilgjenge

Det er særs viktig å få på plass og ta i bruk aksepterte nasjonale og internasjonale standardar for felles bruk av geografiske data, og Noreg er aktivt i dette arbeidet. Statens kartverk har ei oppgåve som sentral koordinator og bidragsytar i standardiseringsarbeidet, og innafor Noreg digitalt vil partane få tilgang til tilrettelagte data.

For sjøkartlegging finst det eigne standardar. Sjøkartverket har etablert ei koordineringsteneste, PRIMAR Stavanger, for å gjere elektroniske sjøkart tilgjengelege i det internasjonale maritime miljøet. Det er så langt inngått avtalar med ca. 30 nasjonar om formidling av sjøkartdata gjennom denne tenesta. Noregs losteneste og ca. 800 skip nyttar kartdata formidla gjennom PRIMAR Stavanger. Kostnadene ved drift er dekte ved brukarbetaling.

Geodata er eit verkemiddel for at kommunar og forvaltninga skal oppnå effektiviseringsgevinstar og betre resultat innafor område der det ofte er utarbeidd nasjonale målsetjingar. Kommunane har ei sentral rolle som planstyresmakt. Geografisk informasjon og kart framstiller biletleg og forenklar viktig faginformasjon. Registeret for Grunneigedom, adresse og bygning (GAB) vil vere ein god reiskap for å følgje utviklinga av universell utforming og tilgjenge til bygningar framover. Noreg digitalt legg til grunn at arealdata, ressursdata, miljødata og plandata skal inngå i ei felles geografisk infrastruktur.

Samla informasjonskjelde for eigedomsdata

Lov om eigedomsregistrering vart vedteken i juni 2005. Regjeringa vil hausten 2006 fremje ny odelstingsproposisjon for den delen av lova som handlar om privatisering av oppmålingstenester. Statens kartverk må halde fram med å byggje opp kapasitet og kompetanse for å ivareta rolla si som sentral matrikkelstyresmakt etter lova. Ei viktig oppgåve vil vere å yte fagleg støtte til kommunane.

I løpet av 2007 skal all tinglysing vere overført til Statens kartverk frå domstolane.

Resultatområdet er planlagt finansiert med 322,9 mill. kroner i 2007.

4.11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver

Det er ei viktig oppgåve for miljøvernforvaltninga å innrette verksemda slik at måla i miljøvernpolitikken blir nådde til så låge kostnader som mogeleg for samfunnet. Styrings- og kostnadseffektivitet skal vere grunnleggjande for valet av verkemiddel. Det er viktig at miljøvernpolitikkens verdigrunnlag blir profilert, og at miljøvernomsyn er integrerte i alle sektorar i samfunnet. Kunnskap og tilgjenge til miljøinformasjon skal medverke til å styrkje forståinga for og betre avgjerdsgrunnlaget i miljøvernpolitikken. Det skal leggjast til rette for å styrkje og fornye miljøvernarbeidet, og stimulere til berekraftig praksis regionalt og lokalt.

Resultatområdet omfattar oppgåver og verkemiddel som går på tvers av resultatområda 1-10, og innverkar følgjeleg på resultatoppnåinga på alle dei andre områda.

Styring og administrasjon

Det blir arbeidd fortløpande med organisasjonsutvikling og fornyingsarbeid. Det er sett eit skarpt fokus på karriere/kompetanseutvikling, likestilling og anna sentral personalpolitikk. Ein ny strategi for IKT er vedteken med verknad frå 2007. Grøn stat er integrert i plansystem, og departementet er ISO-sertifisert. Det er gjennomført revisjon av planverk for beredskapsarbeidet, halde fleire beredskapsøvingar og teknisk infrastruktur og varslingslister er oppdaterte. Noreg deltek i eit omfattande internasjonalt samarbeid for å sikre brei tilgang til data som er naudsynte i samband med naturkatastrofar.

Det er utarbeidd eit overordna plan- og styringsdokument og eit heilskapeleg system for styring, prioritering og resultatmåling/oppføljing i miljøvernforvaltninga. Systemet dekkjer alle nivå og alle formål. Risikoanalyse vil bli innarbeidd som eit nytt element frå 2007. Effektiviseringsarbeidet er følgt opp med nye konkrete tiltak i 2005 og 2006.

Den regionale miljøforvaltninga er lagt til fylkesmennene, som skal sjå til at nasjonale miljømål blir omsette til regionale og lokale mål og tiltak. Fylkesmannen har ei sentral rolle i samband med samarbeid og samordning med andre sektorar og forvaltar dessutan delar av lovverket på miljøvernområdet. Fylkesmannens oppgåver skal vere i samsvar med Regjeringas prioriteringar. Samla sett er innsats i miljøvernavdelingane ved fylkesmanns­embeta retta mot dei fleste av resultatområda under Miljøverndepartementet. Ein viser elles til Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.

Kunnskapsoppbygging og miljøinformasjon

Departementet har ansvar for å slå fast mål for god naturtilstand og foreslå nye naudsynte tiltak. Kunnskap blir henta inn gjennom miljøovervaking og rapportering i samarbeid med relevante sektorar. Miljøvernforvaltninga har sjølv omfattande program for overvaking av naturen. Ein har òg ansvar for dokumentasjon og kvalitetssikring av (bl.a. autoriserte og offisielle) norske miljødata, og det er lagt opp til ei systematisk rapportering og dokumentasjon av resultata av Regjeringas samla miljøvernpolitikk. Departementet samarbeider med Noregs forskingsråd for å sikre ein målretta kunnskapsproduksjon, og legg stor vekt på ei god formidling av nye resultat.

Miljøprofilen i statsbudsjettet og status i miljøvernpolitikken er omtalt i stortingsmeldinga om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, som blir lagt fram annakvart år. Ei ny melding vil bli lagt fram våren 2007. Nettverk for miljølære er eit godt hjelpemiddel for skuleverket.

Pressa og frivillige organisasjonar er viktige målgrupper for Miljøverndepartementet, og ein legg særleg vekt på at desse gruppene får god tilgang til informasjon – slik at dei på sin måte kan formidle vidare til sine målgrupper. I tillegg til media er internett ein viktig kanal for informasjonsformidling. Store mengder informasjon er gjort tilgjengeleg gjennom nettstadene til miljøvernforvaltninga.

For å bidra til å sikre at miljøinformasjonslova blir overhalden vart det oppnemnt ei eiga uavhengig klagenemnd frå 1. januar 2004. Lova vil nå bli evaluert i tråd med oppmoding frå Stortinget.

Tverrsektorielle verkemiddel

Regjeringa legg vekt på at kommunanes rolle som samfunnsutviklar skal styrkjast og at kompetansen innan natur og miljøvern skal gjenreisast. Den kommuneretta miljøinnsatsen er følgt opp, og det er mellom anna inngått ei 5-årig samarbeidsavtale mellom Miljøverndepartementet og Kommunanes Sentralforbund om programmet Livskraftige kommunar – kommunenettverk for miljø og samfunnsutvikling.

Det er eit mål å kople økonomisk vekst og miljøbelastningar frå kvarandre. Auke i forbruket set eit stort press på naturressursane. På FN-toppmøtet i Johannesburg vart det sett i gang eit 10-års rammeverk med program for berekraftig produksjon og forbruk. Noreg følgjer opp denne internasjonale prosessen, og deltek aktivt i EU og i nordisk samarbeid for å styrkje dette arbeidet.

Utvikling og innovasjon av miljøteknologi vil vere svært viktig i ein slik samanheng. Miljøeffektiv teknologi vil gi gevinst for miljøet, og kan føre til vekst og sysselsetjing i Noreg. Regjeringa vil fremje miljøteknologi, mellom anna gjennom dei miljøvernpolitiske verkemidla, gjennom forsking og utvikling og gjennom samarbeid mellom offentlege, private og frivillige verksemder. I 2007 vil Regjeringa òg oppretthalde samarbeidet i forhold til EUs handlingsplan for miljøteknologi. Ein samarbeider òg nært med dei nordiske landa i Nordisk ministerråd.

Regjeringa vil leggje til rette for ein tettare samanheng mellom forbrukar- og miljøspørsmål, og gjere det enklare å vere miljøvenleg i kvardagen. Regjeringa vil styrkje miljøinformasjonsarbeidet og gjere miljømerka betre kjende i det offentlege.

Offentleg sektor bør gå føre i arbeidet med å fremje berekraftige produksjons- og forbruksmønster gjennom miljøomsyn i eiga drift og ved nyskaffingar. Innkjøp i offentleg sektor var på 256 mrd. kroner i 2004, og utgjer eit betydeleg potensial for reduserte miljøbelastningar. For å utløyse dette potensialet vil Regjeringa utarbeide ein treårig handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege nyskaffingar.

Prosjektet Grøn stat har hatt som målsetjing å innføre eit enkelt miljøleiingssystem i statlege verksemder innan utgangen av 2005. Resultata frå prosjektet er no evaluerte. Dei syner at 50-60 pst. av dei statlege verksemdene har innført eit enkelt system for miljøleiing som vil bidra til å betre miljøresultata i eiga drift, bl.a. knytt til avfall, transport, innkjøp og energibruk. Ca. 10-20 pst. av verksemdene har enno ikkje starta arbeidet, men dei resterande verksemdene er i gang med å innføre miljøleiing i drifta. Enkelte verksemder har òg innført tredjeparts sertifiserte system som Miljøfyrtårn eller ISO 14001. Resultatområdet er planlagt finansiert med 520,7 mill. kroner i 2007.

Miljøverndepartementets budsjett fordelt på resultatområde

Tabell 4.1 viser planlagt disponering av Miljøverndepartementets budsjett innafor det enkelte resultatområde på tvers av ulike programkategoriar og kapittel. Tabellane inneheld planlagt disponering av budsjetta for 2006 og 2007. Dei endringane som går fram av tabellen er ikkje berre eit resultat av opp- eller nedprioritering, men skuldast òg tekniske endringar.

Miljøverndepartementets budsjett er redusert med 7,0 pst. samanlikna med saldert budsjett 2006. Store delar av reduksjonen skuldast tekniske justeringar i budsjettet, blant anna som følgje av forseinka framdrift i arbeidet ved nikkelverket på Kola og opphøyr av det statlege tilskotet til miljøsanering av bilvrak. Dette påverkar respektive resultatområde 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i polarområda og resultatområde 6 Avfall og gjenvinning. Vidare framstår ein reduksjon på resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø som følgje av at auken i fondskapitalen på 400 mill. kroner i 2006 ikkje er synleg i budsjettet for 2007.

Regjeringas største satsingar på Miljøverndepartementets budsjett er innafor resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, under dette ei klar styrking av midlar til forvaltning og skjøtsel av verneområde og nytt skogvern. Vidare prioriterer Regjeringa gjennomføring av ein forvaltningsplan for Barentshavet innafor resultatområde 4 Overgjødsling, oljeforureining og akutte utslepp. Regjeringa foreslår òg auka innsats for å betre miljøet i Groruddalen innafor resultatområde 9 Regional planlegging.

I tillegg er det foreslått å auke fondskapitalen i Norsk kulturminnefond med 200 mill. kroner.

Tabell 4.1 Miljøverndepartementets budsjett for 2006 og 2007 fordelt på resultatområde:

(i 1000 kr)

Resultatområde

Saldert ­budsjett 2006

Budsjett-­forslag 2007

Endring siste år i pst.

1. Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald

649 099

721 674

11,2 pst.

2. Friluftsliv

93 613

98 147

4,8 pst.

3. Kulturminne og kulturmiljø

678 290

504 925

-25,6 pst.

4. Overgjødsling, oljeforureining og akutte utslepp

46 984

66 377

41,3 pst.

5. Helse- og miljøfarlege kjemikaliar

193 480

199 907

3,3 pst.

6. Avfall og gjenvinning

404 451

301 941

-25,3 pst.

7. Klimaendringar, luftforureining og støy

168 822

181 376

7,4 pst.

8. Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i polarområda

325 933

218 718

-32,9 pst.

9. Regional planlegging

58 110

63 929

10,0 pst.

10. Kart og geodata

328 612

322 938

-1,7 pst.

11. Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver

494 720

520 709

5,3 pst.

Sum

3 442 114

3 200 641

-7,0 pst.

5 Oversiktstabellar

5.1 Merknader til budsjettframlegget

Regjeringa foreslår ei samla løyving til Miljøverndepartementet på 3 200,6 mill. kroner. Dette inneber en auke til nye miljøtiltak på 89 mill. kroner. I tillegg aukar fondskapitalen i Kulturminnefondet med 200 mill. kroner. Ei rekkje tekniske endringar i budsjettet medfører likevel at den totale løyvinga går ned med omlag 241 mill. kroner i 2007. Føljande tekniske endringar vil ikkje medføre redusert aktivitsniva på Miljøverndepartementets område:

  • Miljøtiltaka ved nikkelverka på Kola er utsette, og derfor er løyvinga for 2006 ikkje ført vidare i 2007.

  • Ansvaret for biloppsamlingsystemet er overført til bransjen, slik at det statlege tilskotet til ­miljøsanering av bilvrak fell vekk.

  • Løyvinga til ny fondskapital i kulturminnefondet er halvert frå 2006, men oppbygginga av fondet held fram. Ordinære løyvingar og avkastning av fondet gir rom for auka aktivitet på kulturminnefeltet.

Når ein korrigerer for desse endringane, viser Miljø­verndepartementets budsjett ein auke på noko over 6 pst. frå 2006-budsjettet.

5.2 Utgifter

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert ­budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

1400

Miljøverndepartementet

335 743

469 451

391 546

-16,6

1410

Miljøvernforsking og miljøovervaking

321 313

347 007

360 962

4,0

Sum kategori 12.10

657 056

816 458

752 508

-7,8

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert ­budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

1425

Vilt- og fisketiltak

64 981

67 885

72 300

6,5

1426

Statens naturoppsyn

100 346

102 054

117 611

15,2

1427

Direktoratet for naturforvaltning

584 439

524 607

576 990

10,0

Sum kategori 12.20

749 766

694 546

766 901

10,4

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

1429

Riksantikvaren

254 630

299 279

314 421

5,1

1432

Norsk kulturminnefond

214 076

416 700

235 060

-43,6

Sum kategori 12.30

468 706

715 979

549 481

-23,3

Utgifter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert ­budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

1441

Statens forureiningstilsyn

586 860

667 903

571 928

-14,4

1444

Produktregisteret

15 388

13 778

18 712

35,8

1445

Miljøvennleg skipsfart

2 000

2 000

2 000

0,0

Sum kategori 12.40

604 249

683 681

592 640

-13,3

Utgifter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

1465

Statens kjøp av tenester i Statens kartverk

344 932

350 788

357 135

1,8

2465

Statens kartverk

10 687

12 000

12 000

0,0

Sum kategori 12.50

355 619

362 788

369 135

1,7

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

1471

Norsk Polarinstitutt

134 010

163 262

164 576

0,8

1472

Svalbard miløvernfond

5 400

5 400

0,0

Sum kategori 12.60

134 010

168 662

169 976

0,8

5.3 Inntekter

Inntekter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

4400

Miljøverndepartementet

4 831

1 521

1 150

-24,4

4410

Miljøvernforsking og miljøovervaking

4 000

4 000

4 000

0,0

Sum kategori 12.10

8 831

5 521

5 150

-6,7

Inntekter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

4425

Refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond

67 700

67 885

72 300

6,5

4426

Statens naturoppsyn

276

122

3 127

2 463,1

4427

Direktoratet for naturforvaltning

15 202

11 861

13 974

17,8

Sum kategori 12.20

83 179

79 868

89 401

11,9

Inntekter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert ­budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

4429

Riksantikvaren

7 597

4 475

4 645

3,8

4432

Norsk kulturminnefond

14 076

16 700

35 060

109,9

Sum kategori 12.30

21 673

21 175

39 705

87,5

Inntekter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert ­budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

4441

Statens forureiningstilsyn

96 813

121 060

61 284

-49,4

4444

Produktregisteret

290

5322

Statens miljøfond, avdrag

18 380

13 200

12 000

-9,1

5621

Statens miljøfond, renteinntekter

4 817

3 400

2 900

-14,7

Sum kategori 12.40

120 299

137 660

76 184

-44,7

Inntekter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert ­budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

5465

Statens kartverk

36

Sum kategori 12.50

36

Inntekter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert ­budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

4471

Norsk Polarinstitutt

26 087

26 026

39 515

51,8

4472

Svalbard miljøvernfond

5 400

5 400

0,0

Sum kategori 12.60

26 087

31 426

44 915

42,9

Utgifter fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert ­budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

01-01

Driftsutgifter

718 496

716 015

745 852

4,2

11-23

Varer og tenester

612 231

638 585

705 032

10,4

30-49

Nybygg, anlegg m.v.

313 381

318 673

312 341

-2,0

50-59

Overføringar til andre statsrekneskaper

231 158

252 302

273 841

8,5

60-69

Overføringar til kommunar

5 076

5 000

4 500

-10,0

70-89

Overføringar til private

889 062

1 111 539

959 075

-13,7

90-99

Utlån, avdrag m.v.

200 000

400 000

200 000

-50,0

Sum under departementet

2 969 404

3 442 114

3 200 641

-7,0

Inntekter fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

01-29

Sal av varer og tenester m.v.

148 770

162 165

120 795

-25,5

50-91

Skattar, avgifter og andre overføringar

111 299

113 485

134 560

18,6

Sum under departementet

260 069

275 650

255 355

-7,4

Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførast»

Det blir foreslått å knyte stikkordet «kan overførast» til dei postane som er viste i tabellen nedanfor. Dette er postar der det knyter seg stor uvisse til utbetalingsår. For å kunne sikre utbetaling av tilsegn om tilskot gitt i 2006 og tidlegare år, må posten tilføyast stikkordet «kan overførast».

Under Miljøverndepartementet blir stikkordet foreslått knytt til desse postane, utanom postgruppe 30–49:

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2006

Forslag 2007

1400

72

Miljøverntiltak i nordområda

300

7 000

1400

73

Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om ­miljøvennleg produksjon og forbruk

26 800

1400

74

Tilskot til AMAP

2 200

1400

75

Miljøvennleg byutvikling

1 630

8 000

1400

76

Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak

22

9 146

1400

80

Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle

3 771

20 000

1400

81

Tilskot til lokalt miljøvern og berekraftige lokalsamfunn

13 000

1425

61

Tilskot til kommunale vilttiltak

1 134

4 500

1425

70

Tilskot til fiskeformål

720

9 000

1425

71

Tilskot til viltformål

3 820

33 100

1427

70

Tilskot til kalking og lokale fiskeformål

647

88 000

1427

73

Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i ­rovviltforvaltninga

4 129

44 000

1427

74

Tilskot til friluftslivstiltak

6

14 520

1427

76

Tilskot til informasjons- og kompetansesentra

3 400

1427

77

Tilskot til nasjonalparksentra

20

12 700

1427

78

Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd

6 000

1429

72

Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø

150 030

1429

73

Brannsikring og beredskapstiltak

2 552

10 953

1429

74

Fartøyvern

1 033

29 004

1429

75

Internasjonalt samarbeid

1 100

1429

77

Verdiskapingsprogram på kulturminneområdet

9 000

1465

21

Betaling for statsoppdraget

357 135

1471

21

Spesielle driftsutgifter

78

60 063

Tabell 5.1 Oversikt over talet på årsverk pr. 1. mars 2006 under Miljøverndepartementet

Kapittel

Nemning

Tal årsverk

1400

Miljøverndirektoratet

219

1427

Direktoratet for naturforvaltning

189

1429

Riksantikvaren

130

1441

Statens forureiningstilsyn

253

1444

Produktregisteret

20

2465

Statens kartverk

572

1471

Norsk polarinstitutt

109

1432

Norsk kulturminnefond

2

Sum

1 494

Til forsida