Del 1
Innleiande del
1 Oversikt over budsjettframlegget på programområdet 15 Landbruk og mat
Matpolitikken kjem til å stå heilt sentralt i åra som kjem, med vekt på hovudområda mattryggleik, livskvalitet, matproduksjon og næringsutvikling. Namneskiftet til Landbruks- og matdepartementet synleggjer at regjeringa vil sjå matpolitikken i ein større heilskap.
Landbruks- og matpolitikken femner om heile produksjonskjeda frå jord og fjord til bord. Forutan å sikre ein nasjonal matproduksjon og forbrukarane trygge matvarer uavhengig av om produkta er produsert nasjonalt eller er importert, skal politikkområdet medverke til at ei rekke sentrale samfunnsmål blir nådd. Dette gjeld m.a. ved produksjon av fellesgode knytt til miljø- og ressurspolitikk, distrikts- og busettingspolitikk, nærings- og reiselivspolitikk, kultur, helse- og ernæringspolitikk.
Hovudmålet for landbruks- og matpolitikken er auka verdiskaping og livskvalitet tufta på ein berekraftig forvaltning av landbruket og bygdene sine ressursar. Politikken skal ha ei heilskapleg utforming der ein tek omsyn til viktige helse-, miljø-, og forbrukarpolitiske spørsmål. Mat og foredling av denne er viktig for lokal og nasjonal eigenart, oppleving, kultur og reiseliv og som grunnlag for auka verdiskaping og ny næringsutvikling.
Regjeringa sin matpolitikk har grenseflater mot fleire viktige politikkområde der dei mest sentrale er forbrukar, helse-, miljø- og næringspolitikk. Eit hovudelement i regjeringa sin matpolitikk er at maten er trygg og blir opplevd som trygg. Regjeringa vil tilleggje forbrukarane sine ønskjer og behov større vekt i utforminga av matpolitikken. Kunnskap om mat og matproduksjon saman med informasjon om matens innhald og opphav er viktige faktorar for at forbrukarane skal kunne gjere bevisste val i tråd med sine ønskjer. Regjeringa vil auke verdiskapinga og mangfaldet på matområdet. Det skal leggjast betre til rette for små næringsmiddelverksemder gjennom rettleiing og enklast mogleg regelverk. Merkeordningar skal medverke til større mangfald og utvikling av spesialprodukt.
For å sikre forbrukarane trygge matvarer var etableringa av Mattilsynet frå 01.01.2004 viktig. Matforvaltningsreforma er basert på ei modernisert lovgiving og ei effektiv organsering som tar vare på heilkjedeperspektivet. Mattilsynet har eit samla ansvar for å følgje matvarene gjennom heile produksjonskjeda frå innsatsvarer til ferdig mat. Regjeringa har som mål at Mattilsynet skal bli eit av dei beste i sitt slag innan få år.
Landbruket står overfor store utfordringar. Internasjonale rammevilkår og auka krav om effektivisering gjer at det er ei stor utfordring å nå måla for både landbruks- og matpolitikken. Regjeringa arbeider aktivt i WTO-forhandlingane for framleis å sikre handlingsrom for ein nasjonal landbrukspolitikk som gjer det mogleg å halde oppe eit aktivt landbruk i heile landet. Saman med andre land med likearta interesser (G10) har Noreg arbeidd aktivt for å påverke sluttresultatet i WTO sitt hovudråd 01.08.2004. G10-samarbeidet vil vere svært viktig også i siste fase av forhandlingane. Ei WTO-avtale vil kome til å endre rammevilkåra for landbruket. Dei nye rammevilkåra vil måtte leggjast til grunn for utforminga av den framtidige næringspolitikken. Det vil vere ei viktig utfordring framover å tilpasse den nasjonale landbrukspolitikken og strategiar for næringa til nye internasjonale rammevilkår.
For å nå regjeringa sine mål i Sem-erklæringa er det behov for grunnleggjande endringar i næringspolitikken. Ein realistisk landbrukspolitikk må ta utgangspunkt i at det er nødvendig med strukturendringar og effektiviseringar i heile produksjonskjeda frå primærproduksjon fram til forbrukar. Regjeringa vil møte desse utfordringane med å gi større fridom og fleire valmoglegheiter for aktive jordbruksverksemder. Dette skal gi ein meir effektiv volumproduksjon med lågare produksjonskostnader. Samstundes skal det satsast på å utvikle alternativ næringsverksemd. Dette vil gi grunnlag for ein meir robust framtidsretta landbruksproduksjon over heile landet. Dette er nødvendig for å sikre landbrukets bidrag til fellesgoda i framtida. Eit landbruk med variert bruksstruktur over heile landet medverkar til å nå fleire viktige samfunnsmål.
Det er behov for tydelege strategiar som aktivt møter endringar i dei internasjonale rammevilkåra. Denne strategien er gitt namnet Landbruk Pluss. Strategien skal medverke til at landbrukspolitikken i større grad tilrettelegg for å utvikle ny aktivitet og attraktive buplassar. Det skal satsast spesielt på auka bruk av landbruket og bygdene sine ressursar i innlandet. Dette krev nytenking innanfor område som t.d. reiseliv, matkultur og bruk av utmarksressursar. Politikken skal både gjere det attraktivt for nye grupper å etablere aktivitet og meir attraktivt for dei som ønskjer å ta over drifta på garden. Ein skal leggje til rette for produsentar som ønskjer å leggje om til ein produksjon av meir spesialiserte produkt og tenester som i større grad hentar inntekta frå marknaden.
Hovudstrategiane for arbeidet er forenkling av verkemiddel som unødig set grenser for næringsutvikling, busetnad og arealdisponering og auka satsing på nyskaping og kunnskapsutvikling. Dette arbeidet går òg inn på andre departement sine ansvarsområde. Derfor er det etablert organisert samarbeid med fleire departement om konkrete saker og prosjekt som blir gjennomført i samspel med dei aktuelle departementa. Innovasjon og nyskaping skal stimulerast gjennom å skape møteplassar og nettverk og styrkje kjeda mellom forsking, utvikling og kommersialisering. Forskinga skal leggje større vekt på å føre innovasjonsretta forsking fram til produkt og tenester i marknaden.
Gjengroing av verdifull kulturmark og nedbygging av jordbruksareal er ei nasjonal utfordring. Landbruks- og matdepartementet ser det som viktig å verne om dyrka og dyrkbar jord og ta vare på viktige kulturlandskap slik at det biologiske mangfaldet og miljøkvalitetane i kulturlandskapet blir sikra.
Regjeringa har eit mål om å styrkje regional- og distriktspolitikken for å sikre busetjing, verdiskaping og levedyktige lokalsamfunn over heile landet. Nøkkelen til vidare utvikling er ei tett kopling mellom landbrukspolitikken og anna næringspolitikk og ressurs- og miljøforvaltning der kommunane er den sentrale aktøren.
Landbruks- og matdepartementet vil leggje til rette for at kommunane i aukande grad skal sjå landbruket og landbrukspolitiske spørsmål i samanheng med den samla kommunepolitikken. Viktige områder er m.a. næringsutvikling, busetjing, arealspørsmål, miljøinnsats og produksjon av fellesgode, reiseliv, omsorg og utdanning. Auka myndigheit til kommunane på landbruksområdet legg til rette for eit forsterka lokaldemokrati og auka handlingsrom til kommunane innan landbrukspolitikken. Kommunane tok over ansvaret innanfor fleire juridiske og økonomiske verkemiddel på landbruksområdet frå 01.01.2004. Målsetjinga er ein meir regionalt og lokalt tilpassa politikk og kommunane som aktive landbrukspolitiske aktørar.
Auka myndigheit til kommunane må òg sjåast i samanheng med ei forsterka regional satsing på landbruksområdet ved at Fylkesmannen no både har ein koordinerande rolle for etablering av regionale miljøprogram og regionale strategiar for næringsutvikling. Det er ein føresetnad at arbeidet med dei regionale strategiane skal skje gjennom det regionale partnarskapet.
1.1 Hovudpunkt i budsjettframlegget for 2005
Regjeringa gjer framlegg om eit budsjett for Landbruks- og matdepartementet på om lag 13,7 mrd. kroner. Dette er ein reduksjon på om lag 300 mill. kroner sett i høve til saldert budsjett 2004. Med utgangspunkt i ein krevjande budsjettsituasjon er Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett stramt. Dei fleste tiltaka blir gjennomført innanfor ei redusert eller uendra budsjettramme. Det er for 2005 lagt opp til å prioritere følgjande områder:
vidareutvikle Mattilsynet til eit av dei beste i sitt slag innan få år
effektivisere matforvaltninga og redusere gebyr og avgifter monaleg
sikre trygge matvarer og gjennomføre prosjekt knytt til mat, skole og helse
styrke lokaldemokratiet på landbruksområdet
modernisere landbruks- og matforvaltninga og forenkle verkemiddelbruken
vidareutvikle arbeidet for ny næringsverksemd og attraktive buplassar i bygdene
legge til rette for større variasjon og mangfald i landbruksproduksjonen og dermed auka inntektsmoglegheiter for den enkelte næringsutøvar
sikre ein berekraftig landbruksproduksjon som medverkar til å løyse viktige miljøoppgåver og som kan medverke til å utvikle fellesgode til samfunnet
meir målretta forsking og utvikling m.a. gjennom omorganiseringar og auka næringsfinansiering
ein aktiv politikk og effektive verkemiddel for å sikre balanse mellom talet på rein og beiteressursane i Finnmark
eit monaleg auka skogvern og auka tilrettelegging for friluftsliv og turisme i Statskog
målretta strategi for styrka jordvern og kulturlandskapsarbeidet fram til 2010
auka satsing på bioenergi
mill. kr | |||
---|---|---|---|
Nemning | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
Programområde 15 Landbruk og mat | |||
15.00 Landbruks- og matforvaltning m.m. | 117,0 | 122,1 | 4,3 |
15.10 Matpolitikk | 1 215,8 | 1 283,9 | 5,6 |
15.20 Forsking og utvikling | 309,1 | 304,4 | -1,5 |
15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | 12 360,3 | 11 984,9 | -3,0 |
Sum Landbruk og mat | 14 002,2 | 13 695,3 | -2,2 |
I det følgjande gjer ein greie for dei viktigaste endringane som budsjettet legg opp til.
Regjeringa legg opp til eit budsjett under programkategori 15.10 Matpolitikk på om lag 1 284 mill. kroner. I høve til saldert budsjett for 2004 er budsjettet auka med 68 mill. kroner. Dei største endringane er ein auke på 125 mill. kroner knytt til at utgifter og inntekter ved kjøttkontrollen no er lagt inn i statsbudsjettet. I tillegg er budsjettet til Mattilsynet redusert med 90 mill. kroner knytt til reduserte omstillings- og etableringskostnader på 40 mill. kroner og effektivisering i matforvaltninga på 50 mill. kroner. Det er i 2005 sett av 5 mill. kroner til prosjekt på området mat, skole og helse. Det vil bli sett i gang utvikling og utprøving av m.a. produksjon og leveranse av lokal mat i barnehagar og skoler, økologisk mat i skolemåltider og elevaktivitetar for produksjon av mat, skolemåltid m.a.
Matforvaltningsreforma har samla sett vore vellukka, men det har òg vore utfordringar i oppstarten. I 2005 skal arbeidet førast vidare og verksemda skal gjerast meir effektiv. Det vil bli lagt vekt på at tilsynet blir heilskapleg og einskapleg. Reduksjon i omstillingskostnader og effektivisering i matforvaltninga har gitt grunnlag for å redusere satsane på matproduksjonsavgiftene med 10 pst., kjøttkontrollgebyret med 7 pst., samt reduksjon og omlegging i ein del andre gebyr.
Mattilsynet skal spele ei sentral rolle i gjennomføringa av matpolitikken og vere den viktigaste offentlege aktøren i arbeidet for trygg mat. Mattilsynet skal i 2005 ha stor merksemd på å etablere verksemda innanfor dei rammene som er lagt for matforvaltningsreforma.
Regjeringa legg opp til eit budsjett under programkategori 15.20 Forsking og utvikling på om lag 304 mill. kroner. Dette er ein reduksjon i høve til saldert budsjett for 2004 på om lag 4,7 mill. kroner. Forskingsbudsjettet er stramt og gir lite rom for nye forskingsprosjekt. Departementet har sett av 3,5 mill. kroner for å styrke forskingssamarbeidet med Nord-Amerika innan landbruks- og matområdet. Det er vidare sett av 3,5 mill. kroner for å styrke landbruks- og matforskinga si deltaking i prosjekter under EU sitt 6. rammeprogram.
Departementet meiner det er behov for å auke den næringsfinansierte forskinga innan produksjon og foredling av landbruksprodukt som eit supplement til og ei styrking av den monalege finansieringa som i dag skjer over statsbudsjettet. Både dei einskilde verksemdene, samanslutningane og samvirkeorganisasjonane bør ta eit større ansvar for eigne FoU-behov. Departementet legg til grunn å auke avgifta på skogsvirke og forskingsavgifta på landbruksprodukt. Justering av FoU-avgiftene vil tilføre om lag 17 mill. kroner i auka næringsfinansiert forsking.
Regjeringa legg opp til eit budsjett under programkategori 15.30 Ressursforvaltning og verdiskaping på om lag 12 mrd. kroner. Dette er ein reduksjon på om lag 400 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2004. 10,8 mrd. kroner av løyvinga er knytt til kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen frå våren 2004. Jordbruksavtalen skal medverke til omstilling og effektivisering, samt at aktive utøvarar skal få ei inntektsutvikling på lik linje med andre grupper i samfunnet. I perioden 2002-2004 har jordbrukets inntekter auka med om lag 18 pst. pr. årsverk. Inntektene for andre grupper auka i same periode med 8,5 pst. Det er lagt vekt på å gi større fridom og fleire valmoglegheiter for aktive jordbruksverksemder. Avtalen fører til ei modernisering av bygdeutviklingsmidla og ei auke i miljøarbeidet. Løyvinga over kap. 1150 er redusert med 416 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2004.
Landbruks- og matdepartementet legg opp til å sette av 5 mill. kroner til utviklingsprosjekt for flytande drivstoff med basis i råstoff frå landbruket. Det vil bli gitt hovudprioritet til prosjekt i innlandsregionen på austlandet. Med denne satsinga legg ein opp til ei satsing på bioenergi på 23 mill. kroner. Midlar til denne satsinga blir løyvd gjennom Landbrukets utviklingsfond (LUF), der ein i 2005 legg opp til ei løyving på 295,5 mill. kroner over kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket. I tillegg blir det løyva midlar til LUF over jordbruksavtalen, jf. kap. 1150.
Landbruks- og matdepartementet vil styrkje arbeidet for å få til ein betre balanse mellom talet på rein og ressursgrunnlaget i Finnmark. Reindriftsstyret har fastsett eit øvre tal for sommarbeitedistrikta i Vest-Finnmark reinbeiteområde og arbeidet med å få fastsett øvre tal også i Aust-Finnmark reinbeiteområde prioriterast. For å få eit tilstrekkeleg tal reindriftsutøvarar med på ei frivillig avvikling og ein reduksjon i talet på rein til det fastsette, er det sett av om lag 9 mill. kroner til ei bonusordning som skal supplere dei eksisterande verkemidla over reindriftsavtalen.
Regjeringa legg opp til at ansvaret for stormskade på skog og for naturskade på hageanlegg, gardsplassar og tilkomstvegar blir overført til alminneleg forsikring. Med omsyn til stormskade på skog blir det likevel lagt opp til eit øvre tak der statens naturskadeordning skal tre inn i særlege katastrofesituasjonar. Det blir vidare lagt opp til at den øvre beløpsgrensa blir oppheva, slik at den som lir skade vil få dekka 85 pst. av skaden uavhengig av skadeomfanget. Dette vil årleg i gjennomsnitt redusere staten sine utgifter over kap. 1148, post 71, med omlag 24 mill. kroner. Etterslep for tilsegn gitt etter gamle reglar gjer at løyvinga for 2005 ikkje kan reduserast tilsvarande. I høve til saldert budsjett for 2004 er løyvinga redusert med 6 mill. kroner.
Landbruks- og matdepartementet legg opp til ei auke i miljøavgifta på plantevernmiddel på om lag 25 pst. i 2005.
1.2 Overordna mål for landbruks- og matpolitikken
Hovudmål for landbruks- og matpolitikken:
Ein landbruks- og matpolitikk som gir grunnlag for auka verdiskaping og livskvalitet tufta på ein berekraftig forvaltning av landbruket og bygdene sine ressursar
Delmål for landbruks- og matpolitikken:
Sikre trygge matvarer og fremme mangfald og forbrukaromsyn
Sikre god dyre- og plantehelse og eit etisk forsvarleg dyrehald
Sikre ei berekraftig ressursforvaltning med eit sterkt vern av jordsmonnet, bevaring og vedlikehald av kulturlandskapet og sikring av det biologiske mangfaldet
Fremme ein effektiv, miljøvenleg og nyskapande vare- og tenesteproduksjon i tråd med marknaden sine behov.
Gjere det attraktivt å bu i bygdene gjennom ein variert eigedomspolitikk.
Sikre ei nasjonal matforsyning og ein konkurransedyktig matvareindustri.
Sikre eit aktivt landbruk over heile landet, m.a. som grunnlag for kollektive gode som miljøverdiar og kulturlandskap.
Fremme ei livskraftig reindriftsnæring i balanse med beiteressursane og som medverkar til å halde oppe samisk eigenart.
Sikre handlingsrom for ein nasjonal landbruks- og matpolitikk innanfor internasjonale avtalar og forhandlingar.
Strategiar for landbruks- og matforvaltninga:
Sikre ei moderne, open og effektiv mat- og landbruksforvaltning som legg vekt på forenkling i høve til næringsverksemd, auka demokratisering og desentralisering av ansvar og myndigheit, og som sikrar forbrukarane informasjon og innverknad i politikkutforminga.
Vidareutvikle mat- og landbruksforskinga som ein produsent og leverandør av kunnskap med vekt på helse- og livskvalitet, forbrukarkrav, miljø, nyskaping og kommersialisering.
1.3 Hovudelement i landbruks- og matpolitikken
1.3.1 Matpolitikk
Det matpolitiske området er sett saman av element frå fleire viktige politikkområde. Dei mest sentrale er forbrukar-, helse-, miljø- og næringspolitikk. Ein finn og att element av matpolitikk i til dømes kulturpolitikken, utdanningspolitikken og bistandspolitikken. Regjeringa vil arbeide for å utnytte moglege synergiar mellom dei ulike politikkområda i høve til matspørsmål, samstundes som ein er medviten på interessemotsetnader.
Regjeringa sin matpolitikk vil ha hovudfokus på
trygg mat
eit sunt kosthald som grunnlag for god folkehelse
ei langsiktig matforsyning og berekraftig produksjon
nyskaping, mangfald og verdiskaping knytt til produksjon av mat både til nasjonalt konsum og eksport
kvalitet, ærleg omsetting og andre omsyn til forbrukarane sine interesser.
Regjeringa vil òg leggje vekt på at matpolitikken skal medverke til auka matglede m.a. knytt til tradisjon og lokal eigenart ved maten. God dyre- og fiskehelse er viktig både i høve til matpolitiske mål og som eit sjølvstendig omsyn knytt til næring og dyrevelferd.
Matpolitikken blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling som kjem til uttrykk m.a. i EØS-avtalen og avtaler knytt til World Trade Organisation (WTO). Codex Alimentarius Commission og dei internasjonale plante- og dyrehelseorganisasjonane (IPPC og OIE) legg viktige premissar for regelverket etter desse avtalene. Noreg har òg stor nytte av arbeidet i grupper under Nordisk Ministerråd, m.a. som ein kanal til EU sine interne regelverksprosessar. Regjeringa vil leggje auka vekt på aktiv deltaking i det internasjonale arbeidet for å påverke utviklinga av standardar og regelverk, og ta del i kunnskapsutviklinga som skjer på området.
Arbeidet med trygg mat har som mål å redusere risikoen for sjukdomar som blir overført med mat og vatn, både på kort og lang sikt. Ansvaret for å etterleve lovgivinga som skal sikre trygg mat, ligg til den einskilde verksemda. Det offentlege tilsynsapparatet som skal sjå til at verksemdene følgjer pliktene sine, er no samordna i Mattilsynet og følgjer heile produksjonskjeda. Ein grunnleggande føresetnad for arbeidet for trygg mat er god vitskapeleg dokumentasjon av samanhengen mellom risikofaktorar og helse.
Det faglege ansvaret på det matpolitiske området er delt mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Landbruks- og matdepartementet har det administrative ansvaret for Mattilsynet. Forvaltningsansvaret for Mattilsynet sine fagområde er delt mellom departementa, jf. nærare omtale under kat. 15.10.
Helsedepartementet har det administrative ansvaret for Vitenskapskomiteen for mattrygghet som blei oppretta i 2004. Det er viktig å sikre gode rammevilkår for komiteens arbeid og leggje til rette for nødvendig samhandling med tilsvarande komitear i andre land og med European Food Safety Authority (EFSA).
Kunnskapen i dei FoU-baserte forvaltningsstøtteverksemdene er viktig både i høve til næringane og for å medverke til at forvaltninga av området blir godt faglig og vitskapleg fundert.
Ernæring som ein del av folkehelsearbeidet er omtalt i St.meld. nr. 16 (2002-2003) Resept for et sunnere Norge. Ernæringsarbeidet er nærare omtalt i Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjettframlegg. Landbruks- og matdepartementet tek sikte på i større grad å stimulere til betre kvalitet og auka nasjonal produksjon av frukt og grønt. Ein tek òg sikte på å medverke til vidare styrking av skolemåltidet og elevane sine kunnskapar om mat og ernæring.
I ein berekraftig matproduksjon inngår miljøomsyn, god plante- og dyrehelse, og etisk forsvarleg dyrehald. Den etiske plattforma som er lagt fram i St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd, slår fast at dyr har eigenverdi. Meldinga fekk brei tilslutning ved Stortinget si behandling, jf. Innst. S. nr. 226 (2002-2003). Regjeringa vil leggje vekt på å følgje opp tiltaka som blei omtalt.
Regjeringa legg vekt på å fremme verdiskaping og mangfald på matområdet. Til dømes er norsk matkultur og reiseliv eit område med mange utviklingsmoglegheiter der ein kan auke opplevingane og gleda knytt til måltidet og maten. Ein vil søkje å leggje betre til rette for små verksemder gjennom rettleiing og enklast mogleg regelverk.
For å realisere verdiskapingspotensialet i fiskerinæringa, er det ein føresetnad at fiskevelferd, fiskehelse, mattryggleik og matkvalitet er av ein slik standard at norske sjømatprodukt opprettheld og utviklar sine marknadsdelar.
Forbrukarane syner aukande interesse for korleis maten blir produsert, foredla og omsett. Likeeins vil forbrukarane ha større variasjon i tilbodet av mat og etterspør både norsk mat og mat frå framande kulturar. Regjeringa vil i tida framover leggje meir arbeid i å møte ønsker og påverke kunnskap og vaner hos forbrukarane på ein positiv måte. Ein tek sikte på å styrkje forbrukarane si stilling i marknaden med omsyn til informasjon, merking mv.mv.
Mattilsynet skal greie ut nytteverdi, organisering og økonomiske og administrative konsekvensar av ei ordning der det i kontrollerte restaurantar og butikkar blir sett opp eit lettfatteleg symbol om resultatet av kontrollen ( Smiley-ordning). Symbolet vil særleg vere knytt til hygieniske tilhøve i verksemda. Departementa vil på grunnlag av Mattilsynet si utgreiing vurdere om Mattilsynet skal starte ei prøveordning.
Mattilsynet vil vidareføre arbeidet med ei meir forbrukarvenleg merking, til dømes å utvide opphavsmerking av kjøtt og innføre merking med namn på prosesseringsbedrifter for fisk og kjøtt samt eventuelt endra datomerking.
Mattilsynet har ei sentral rolle i gjennomføring av matpolitikken gjennom utvikling av regelverk, inspeksjonar, rettleiing og overvaking langs heile matproduksjonskjeda og der mat blir omsett til forbrukar. Regjeringa legg i tillegg vekt på at Mattilsynet skal vere ein synleg etat som gir god service til brukarar og forbrukarar. Ansvaret for å etterleve lovgivinga ligg til den einskilde verksemda, men Mattilsynet må arbeide på ein måte som gir grunnlag for tillit både til tilsynet, matproduksjonen og maten.
Etableringa av Mattilsynet frå 01.01.2004 var ein stor reform i norsk forvaltning. Mattilsynet er ein stor, desentralisert organisasjon med mykje kompetanse spreidd utover landet. Som administrativt ansvarleg departement vil Landbruks- og matdepartementet ha særleg merksemd mot at tilsynet utviklar seg i samsvar med måla for reforma. I 2005 vil det særleg vere viktig å leggje til rette for at omstillingsarbeidet kan vidareførast på ein slik måte at ein kan utvikle eit einskapleg og heilskapleg tilsyn på dette store området som tidligare blei tatt hand om av ei rekkje ulike tilsynsorgan. Særleg har oppgåvene knytt til etablering av eitt sentralt postmottak og arkiv med tenlege IKT-løysingar og samordna fagdatasystem synt seg meir krevjande både når det gjeld tidsbruk og kostnader enn det ein hadde føresett. Gode IKT-løysingar er viktige for å utvikle eit kostnadseffektivt tilsyn.
Alt no har matforvaltningsreforma gitt effektiviseringsgevinstar som har gitt grunnlag for reduserte gebyr og avgifter, og dermed lågare kostnader for brukarane. Satsane i matproduksjonsavgiftene blir redusert med 10 pst. og kjøttkontrollgebyret med 7 pst.
1.3.2 Næringspolitikk og Landbruk Pluss
Hovudmålet for landbrukspolitikken er auka verdiskaping og livskvalitet tufta på ein berekraftig forvalting av landbruket og bygdene sine ressursar. Auka verdiskaping krev fokus på kostnadseffektivisering og å auke verdien av produkta gjennom auka spesialisering og marknadsorientering. Landbrukspolitikken skal samstundes medverke til eit meir omfattande og geografisk spreitt landbruk og eit meir miljøvenleg og langsiktig landbruk enn det den reine marknadsløysinga ville ha gitt. Næringsverksemd, ressursforvalting og forvaltninga av fellesgode grip inn i kvarandre og krev ein samordna utforming av politikken.
I internasjonale forhandlingar arbeider regjeringa for å sikre handlingsrom for å oppretthalde ein nasjonal landbrukspolitikk som kan leggje grunnlag for eit aktivt landbruk i heile landet. Næringspolitikken må bli utforma slik at landbruket og industrien blir i stand til å møte nye rammevilkår og dei aukande krava frå forbrukarane i ein marknad som blir stadig meir open. Politikken må ta større omsyn til jordbruksføretak der jordbruksproduksjonen utgjer eit viktig bidrag til inntekta. Dette skal gi ein meir effektiv volumproduksjon, med lågare produksjonskostnader. Landbrukspolitikken legg vekt på nyskapingsevne og høgt kvalitetsnivå på varer og tenester for å sikre god konkurranseevne og marknadstilgang for landbruks- og distriktsnæringane. Det er store unytta moglegheiter når det gjeld å ta i bruk landbruket og bygdene sine samla ressursar på nye måtar, gjerne i samarbeid med andre sektorar. Både naturressursane på det einskilde bruket, dei menneskelege ressursane og samarbeidet mellom ulike sektorar inneber nye moglegheiter. Regjeringa vil leggje større vekt på næringsutvikling og nyskaping gjennom eit godt samarbeid mellom dei offentlege aktørane på dette området og næringane.
Arbeidet med å modernisere landbrukspolitikken og utvikle meir samla strategiar har Landbruks- og matdepartementet kalla Landbruk Pluss. Målet er å stimulere til lokal forankring, forståing og aksept for viktige landbrukspolitiske målsetningar, og styrke lokaldemokratiet på landbruksområdet. Strategiane skal medverke til at landbrukspolitikken i større grad legg til rette for å utvikle ny aktivitet og attraktive buplassar og oppvekstvilkår parallelt med strukturendringane i landbruket. Politikken skal både gjere det attraktivt for nye grupper å etablere aktivitet og gjere det meir attraktivt for dei som ønskjer å ta over drifta på garden. Den skal vidare leggje til rette for produsentar som ønskjer å leggje om til produksjon av meir spesialiserte produkt og tenester som i større grad hentar innteninga frå marknaden.
Hovudstrategiane for arbeidet er forenkling av verkemiddel som unødig set grenser for næringsutvikling og busetting, auka satsing på nyskaping gjennom auka bruk av eksisterande kunnskap og produksjon av ny kunnskap. Landbruks- og matdepartementet legg vidare stor vekt på eit organisert samarbeid med dei mest berørte departementa for å medverke til utvikling og for å fjerne flaskehalsar. Til no er det organisert samarbeid med følgjande departement:
Miljøverndepartementet i arbeidet med næringsutvikling i utmark og knytt til verneområde etter naturvernlova
Miljøverndepartementet i arbeidet med å effektivisere plan- og bygningslova som verktøy i landbrukspolitikken
Nærings- og handelsdepartementet i arbeidet med Innovasjon 2010 generelt og fleire departement i arbeidet med Innlandet 2010
Nærings- og handelsdepartementet i arbeidet med landbruk og reiseliv
Samferdselsdepartementet i arbeidet med gjere det lettare å skilte langs vegnettet for landbrukstilknytta verksemd
Kommunal- og regionaldepartementet i arbeidet med demokratisering og desentralisering innan landbrukspolitikken
fleire departement i arbeidet med å vidareutvikle grøne tenester og grøn omsorg
Samstundes er det inngått ei samarbeidsavtale med Kommunanes Sentralforbund i arbeidet med desentralisering og delegering på landbruksområdet, med vekt på kommunane si rolle i landbrukspolitikken.
For å utvikle landbruket er det oppretta verdiskapingsprogram innan mat og trevirke. I tillegg til verdiskapingsprogramma fins det støtteordningar retta mot skog, utmark, bioenergi, reiseliv, økologisk landbruk og anna bygdeutvikling.
Regjeringa ønskjer å sjå desse satsingane meir i samanheng gjennom etablering av ein felles, nasjonal strategi for næringsutvikling og ein sterkare samordning av innsatsen. Det vil òg bli utarbeidd strategiar for næringsutvikling knytt til landbruk i kvart fylke som grunnlag for fordeling av fylka sine midlar. Dei regionale strategiane skal tilpassast regionale moglegheiter og utfordringar innanfor dei nasjonale prioriteringane.
Matmangfald og produksjon av trygg mat med høg kvalitet er viktige satsingsområde innan landbrukspolitikken. Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon skal leggje til rette for styrka konkurransekraft og bedra lønsemd både for primærprodusentar og næringsmiddelprodusentar. Gjennom kompetanseutvikling og utnytting av forsking, teknologi og marknadsmoglegheiter kan primærprodusenten og næringsmiddelprodusenten i større grad oppfylle krav til vareutval og kvalitet. Satsingane vil blir ført vidare i 2005. Arbeidet med å kvalifisere produsentar til merkeordninga Beskyttede betegnelser blir prioritert i 2005. Regjeringa vil arbeide vidare med å betre forholda for småprodusentar og med å auke marknadstilgangen nasjonalt og internasjonalt. Mattilsynet har ein viktig servicefunksjon, spesielt i forhold til småprodusentar. Økologiske produkt medverkar til meir miljøtilpassa landbruk og auka produktmangfald for forbrukarane. Regjeringa prioriterar økologisk landbruk høgt og vil i 2005 arbeide vidare for å auke salet av økologiske produkt.
Landbruksbasert reiseliv er eit område med vekstpotensial. Ressursar og verdiar knytt til natur, utmark, kulturlandskap, infrastruktur, bygningar, mat og dyr og historikk kan kombinerast til attraktive reiselivs- og opplevingsprodukt. Landbruks- og matdepartementet vil i 2005 samordne arbeidet med reiseliv knytt til landbruk. Eit anna område med potensial i tida framover er tiltak innan Inn på tunet der gardar blir tilrettelagt for tilbod innan opplærings-, helse- og sosialsektoren.
Den største utfordringa i skogbruket framover er å betre lønsemda, som ein føresetnad for auka verdiskaping og fortsett aktivitet. Det er eit stort potensial for ekspansjon i sektoren; ressursgrunnlaget er godt, sektoren arbeider aktivt med miljøtilpassingar, og marknaden for kvalitetsprodukt er godt. Utfordringa for sektoren er å få til betre marknadstilpassingar. Regjeringa prioriterar tiltak for næringsutvikling i skogsektoren gjennom Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke, bioenergitiltak og næringsutvikling i utmark; reiseliv, jakt og fiske. Regjeringa vil vidareføre og styrkje satsinga på bioenergi, m.a. ved å leggje til rette for at landbruket deltar aktivt lenger ut i verdikjeda enn berre som råvareleverandør.
Dei viktigaste utfordringane i reindriftspolitikken framover er knytt til talet på rein i høve til beitegrunnlaget i deler av Finnmark. Vidare er det sentralt å få fastsett nødvendige rammevilkår og sikre den økonomiske berekrafta i næringa. Reindrift er ei svært arealkrevjande næring. Inngrep og uro innanfor reinbeiteområda har akselerert dei siste tiåra. Det er derfor auka behov for sikring og vern av reindrifta sine bruksareal. For at reindrifta også framover skal vere eit materielt fundament for samisk kultur, er det viktig at den både blir oppfatta og forvalta som ei næring. Ei reindrift som ikkje kan vise til verdiskaping og produksjon, vil etter departementet si vurdering ikkje kunne ivareta rolla som sentral kulturbærar. I den samanheng er det nødvendig med eit godt fungerande marknadssystem for reinkjøtt, både for å få til auka verdiskaping og for å få tilpassa talet på rein til beitegrunnlaget. I utgangspunktet er ikkje marknadstiltak det offentlege sitt ansvar, men eit ansvar for næringa sjølv og dei andre aktørane i verdikjeda. I ein situasjon der marknaden ikkje fungerar vil det offentlege sitt ansvar vere å sikre at rammeverket støtter opp om og stimulerer til samarbeid og auka omsetning av reinkjøt.
Som ein del av regjeringa si innovasjonssatsing Innovasjon 2010 har Landbruks- og matdepartementet ansvaret for eit av utviklingsprosjekta; Innlandet 2010. Gjennom prosjektet skal ein medverke til eit monaleg skifte i utviklingstrenden i innlandet knytt til nyskaping. Dette skal ein få til ved å leggje til rette for eit breidt regionalt engasjement for auka nyskaping med deltaking frå næringsliv, kunnskapsinstitusjonar og forvaltninga. Med bakgrunn i dei utfordringane som tradisjonelt jord- og skogbruk står overfor, blir det gjennomført fleire enkeltprosjekt knytt til m.a. bioenergi, landbrukstilknytt reiseliv, utmark og bioteknologi.
1.3.3 Miljø
Miljøomsyn og langsiktig ressursforvaltning er ein integrert del av den samla landbrukspolitikken. Hovudutfordringa innan miljøsatsinga er å sikre ei berekraftig ressursforvaltning der miljøomsyn i næringsverksemda, vern om areal og ressursar i eit langsiktig perspektiv og utvikling av dei positive miljøbidraga frå landbruket er i fokus.
Landbruks- og matdepartementet si satsing på miljø omfattar m.a. landbruket sitt kulturlandskap og vern om jord- og arealressursar, genressursar og biologisk mangfald, kulturminne, samt auka satsing på økologisk landbruk og bruk av bioenergi.
Departementet vil føre vidare sin del av satsinga innan det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald, der òg Artsdatabank og auka kunnskap om raudlisteartar i skog inngår. Dei genetiske ressursane i husdyr, kulturplanter og skogstre utgjer det levande grunnlaget for landbruksproduksjon. Landbruks- og matdepartementet legg vekt på å leggje tilrette for ei aktiv forvaltning av dei genetiske ressursane både nasjonalt og internasjonalt.
For å sikre og utvikle miljøverdiane knytt til landbruket har departementet starta eit heilskapleg arbeid som femnar om eit nasjonalt miljøprogram, regionale miljøprogram og miljøplanar for dei einskilde gardsbruka. I det nasjonale miljøprogrammet for landbruket er hovudmålet å sikre at ulike landskapstypar blir halden vedlike, at verdifulle biotopar og kulturmiljø blir tatt vare på og skjøtta, og at forureining frå jordbruksproduksjonen skal avgrensast. I 2004 blei Handlingsplanen for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel revidert og ein ny plan fram mot 2008 er vedtatt. Hovudmåla i planen er å gjere norsk landbruk mindre avhengig av plantevernmiddel og å redusere risiko for helse- og miljøskadar. Departementet legg opp til ei monaleg auke i avgifta på plantevernmiddel som òg vil føre til redusert bruk. Innan satsinga på økologisk landbruk vil departementet særleg prioritere tiltak retta mot marknaden med sikte på auka etterspurnad etter produkt frå økologisk landbruk.
Miljøarbeidet i skogbruket held fram. Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar gir eit godt grunnlag for eit verdiskapande og miljøtilpassa skogbruk. Departementet følgjer òg arbeidet mellom næringa og miljørørsla med vidareføring av samarbeidet frå miljøprosjektet Levende skog. Departementet si satsing på auka bruk av bioenergi skal gi miljøgevinst. Bioenergi er ei CO2-nøytral energikjelde, og satsinga på bioenergi vil gi eit viktig bidrag til oppfylling av regjeringa sitt mål om auka bruk av nye fornybare energikjelder.’
Departementet vil gjennomføre ei særskilt satsing på flytande biodrivstoff.
1.3.4 Eigedomspolitikk
Eigedomspolitikken må vere fleksibel og skal støtte opp om ei utvikling mot større eigedomar som grunnlag for auka og meir effektiv landbruks- eller tenesteproduksjon. Den skal òg leggje til rette for dei som ønskjer å bu på eit gardsbruk, men som hentar inntekta frå anna verksemd enn tradisjonelt landbruk. Regjeringa vil derfor gi borgarane større fridom til å velje korleis dei vil bu i distrikta. Samstundes skal politikken ta vare på dyrka og dyrkbar jord, ta vare på kulturlandskapet og unngå driftsmessige uheldige løysingar. Utviklinga viser at talet på aktive føretak i landbruket stadig blir redusert og at færre menneske bur på landbrukseigedomane og fleire av dei som bur der hentar inntekta si frå anna verksemd. For å sikre ei god utnytting av landbruket og bygdene sine ressursar og leggje til rette for attraktive buplassar i bygdene legg departementet opp til å utvikle ein politikk som femnar om både landbrukseigedomar i drift og dei eigedomane som ikkje lenger er i aktiv drift, men som mest har verdi som bustad og fritidsbruk, jf. òg omtale i St.prp. nr. 1 (2003-2004). Ein viktig del i dette arbeidet er å leggje betre til rette for utvida eller alternativ næringsutnytting av landbrukseigedomane sine arealressursar og bygningsmasse.
For å leggje til rette for at fleire av dei som ønskjer å busetje seg på gardsbruk eller utvikle verksemda på bruket skal få høve til det, ønskjer regjeringa å stimulere til større omsetning av landbrukseigedomar. Nye arealgrenser for konsesjonsplikt for landbrukseigedomar med bygningar som tok til å gjelde frå 01.01.2004 gir friare kjøp og sal av mindre landbrukseigedomar. Eit skritt i same retning var i juni å innføre ei nedre beløpsgrense for prisvurdering ved kjøp av konsesjonspliktig eigedom med bygningar. Departementet arbeidar vidare med forenkling av lov- og regelverk m.a. med sikte på å kartleggje hindringar i lovverket knytt til fast eigedom som reduserer måloppnåinga når det gjeld busetjing og næringsutvikling i distrikta.
For å oppnå ei lokal tilpassing av dei nasjonale verkemidla og vitalisere lokaldemokratiet, blei myndigheita til å fatte vedtak etter jordlova, konsesjonslova, odelslova og skogbrukslova lagt til kommunane frå 01.01.2004. Kommunane har fått ei meir aktiv rolle og eit auka handlingsrom og kan med det ta meir lokale omsyn avhengig av om forholda er prega av fråflytting eller det er eit pressområde.
Odelslovutvalget som har utgreia forslag til endring og fornying av odelslova la i oktober 2003 fram si innstilling. Høyringsfristen for innstillinga var 01.07.2004. Departementet arbeider no med oppfølging av innstillinga.
1.3.5 Jord- og landskapsressursar
Dyrka og dyrkbar jord er ein grunnleggjande ressurs for å sikre matforsyninga på kort og lang sikt. I Noreg er berre 3 pst. av arealet dyrka jord. Dei siste åra er det rapportert ein årleg omdisponering av over 20 000 dekar dyrka og dyrkbart jordbruksareal. Berekningar viser at meir enn 1 million dekar er blitt borte som dyrka jordbruksareal og dyrkbare skogareal dei siste 50 åra. Med så knappe arealressursar ser departementet med bekymring på varig omdisponering av dyrka og dyrkbar jord.
Gjengroing av verdifull kulturmark og forfall av gards- og setermiljø aukar og gjer kulturlandskapet mindre attraktivt for rekreasjon, busetjing og turisme og kan redusere det biologiske mangfaldet og føre til tap av kulturhistoriske verdiar.
Kommunane har fått større ansvar og moglegheit når det gjeld bruk og bevaring av arealressursane. Denne satsinga inneber auka tillit til kommunane som arealforvaltarar.
Regjeringa legg opp til ein styrkt og samla strategi for å ta vare på viktige kulturlandskap og verne om dyrka og dyrkbar jord. Målet er å halvere den årlege omdisponeringa av verdifulle jordbruksareal innan 2010, kartleggje og sette i verk forvaltning av dei mest verdifulle kulturlandskapa innan 2010 og skjøtte dei areala som veks til med skog. Den nasjonale konferansen hausten 2004 Kampen om areala var ein start på den nye satsinga.
Dersom dialog og frivillige tiltak ikkje er nok til å redusere omdisponering av dei mest verdifulle jordressursane, vil departementet kome tilbake til Stortinget med tiltak for å nå målet om redusert omdisponering av slike areal.
1.3.6 Internasjonale tilhøve for næringspolitikken i landbruket
Landbruks- og matdepartementet sitt verkeområde er nær knytt opp til ei rekkje internasjonale prosessar og avtaler. Dette legg føringar for utforminga av mål og verkemiddel innanfor heile landbruks- og matpolitikken; jordbruk, skogbruk, mattryggleik og forsking. Miljøomsyn er integrert i alle desse politikkområda. Det er ei målsetjing å arbeide aktivt internasjonalt for å ta vare på nasjonale interesser og samstundes medverke til framgang i dei internasjonale prosessane.
Norsk landbruk og næringsmiddelindustri møter aukande internasjonal konkurranse på heimemarknaden både som følgje av internasjonale handelsavtalar og gjennom grensehandelen. Handelsavtalar med EU, som er inngått dei siste åra, og WTO-forhandlingane som no går føre seg, verkar inn på importen av landbruksvarer til Noreg. Forbrukarane stiller krav som òg gir auka etterspurnad etter utanlandske produkt. Auka internasjonal konkurranse stiller norsk landbruk og næringsmiddelindustri overfor store utfordringar om marknadsdelane skal kunne oppretthaldast.
I kommande år blir WTO-forhandlingane knytt til landbruk spesielt viktige i departementet sitt internasjonale arbeid. Hovudrådet i WTO blei 01.08.2004 samde om ein rammeavtale for vidare forhandlingar på landbruksområdet. Rammeavtalen legg m.a. opp til reduksjon i summen av handelsvridande støtte til landbruket, eliminering av eksportsubsidiar og betring av marknadstilgangen for landbruksvarer. Avtalen legg føringar for dei vidare forhandlingane, men det står att å fastsetje konkrete plikter og regelverk på dei ulike områda, jf. pkt. 1 over.
Protokoll 3 til EØS-avtalen om handel med foredla landbruksvarer tok til å gjelde 01.01.2002. Etter ei erklæring i Protokoll 3 skulle industrielementet i tollsatsane avviklast frå 01.07.2004. Noreg og EU-Kommisjonen kom i mars 2004 fram til ein avtale om avvikling av industrielementet. Iverksetjinga av avtalen er sett ut i tid som følgje av at den interne EU-behandlinga av avtalen er forseinka.
Innanfor ramma av EFTA er det inngått frihandelsavtale med Libanon. Det føregår forhandlingar med SACU (South African Customs Union), Tunis og Egypt. Desse frihandelsavtalane omfattar gjensidige konsesjonar, òg på landbruksområdet.
Det internasjonale skogpolitiske arbeidet er ei viktig drivkraft for å sikre ei global berekraftig skogforvaltning. Dette arbeidet har òg verknad for skogbruket og skogindustrien i Noreg og for utforminga av den nasjonale skogpolitikken. Regjeringa legg opp til at Noreg skal delta aktivt i internasjonal skogpolitikk og medverke konstruktivt til utvikling av berekraftig skogforvaltning globalt. Det er i tillegg viktig å sikre at internasjonale avtaler tek omsyn til norske interesser.
Dei viktigaste prosessane for Noreg er Skogforumet i FN (United Nations Forum on Forests), Ministerkonferansane om trygging av skogane i Europa, FN-konvensjonen om biologisk mangfald og FN sin klimakonvensjon og Kyoto-protokollen. Skogvern, trygging av det biologiske mangfaldet, skog og klima, energiproduksjon og berekraftig produksjon og forbruk er sentrale i desse prosessane. Problem knytt til finansiering av tiltak for berekraftig skogforvaltning og internasjonal handel med skogprodukt står òg sentralt.
Det blir lagt stor vekt på bevaring av genetiske ressursar. Departementet deltek aktivt i Nordisk genressursråd og det nordiske samarbeidet knytt til dei nordiske genbankane for husdyr og planter, og samarbeid om genreressursar i skog. Departementet følgjer opp det internasjonale arbeidet under FAO sin kommisjon for genetiske ressursar og FN sin konvensjon om biologisk mangfald. Arbeidet med å førebu gjennomføring av den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar innanfor mat og jordbruk vil ha stor vekt.
1.4 Forsking og utvikling
Forsking er eit viktig verkemiddel for å oppfylle landbruks- og matpolitiske målsetjingar. Landbruks- og matforskinga er ein sentral produsent av kunnskap for å møte forbrukarkrav, for å gi betre helse og livskvalitet, miljø, samt medverke til nyskaping og kommersialisering. Hovudtyngda av forskingsmidlane til Landbruks- og matdepartementet blir kanalisert gjennom Noregs forskingsråd.
Kunnskapskjeda mellom forsking, utvikling og kommersialisering skal styrkast, jf. òg oppfølginga av regjeringa si plan for ein heilskapleg innovasjonspolitikk. Målsettinga er at auka bruk av forskings- og utviklingskompetanse skal gi grunnlag for næringsutvikling i bygdene. For å lykkast i dette arbeidet er det viktig å knyte FoU- og kompetansemiljøa nærare utviklingsaktørane. I tillegg vil det vere sentralt å etablere arenaer for spreiing og kommersialisering av forskings- og utviklingskompetanse, slik at nye og patenterte idear kan bli utvikla til kommersielle suksessar.
Ein legg opp til å styrkje forskingssamarbeidet med Nord-Amerika innan landbruks- og matområdet. Det skal etablerast eit tettare samarbeid med Universitet i Minnesota innanfor områda bioenergi og mattryggleik.
Internasjonalt forskingsamarbeid vil utover dette hovudsakelig skje med basis i EØS-avtalen, gjennom deltaking i EU sitt 6. rammeprogram. Vidare blir det nordiske forskingssamarbeidet styrka innan områda næringsmiddelforsking og skogforsking der nytten av ei sterkare nordisk samordna forsking blir vurdert som størst.
Departementet har sett i gang ei rekkje tiltak med omsyn på å modernisere kunnskapsinstitusjonane på landbruks- og matområdet. Regjeringa tek m.a. sikte på å etablere Bioforsk frå 01.07. 2005 der dei jordbruks- og miljøfaglege kunnskapsinstitusjonane; Planteforsk, NORSØK og Jordforsk blir samordna.
Departementet vil i løpet av vinteren 2004-2005 greie ut grunnlaget for avgjerd om korleis kunnskap og informasjon som i dag blir produsert ved Skogforsk, NIJOS og dei oppgåvene ved Skogbrukets Kursinstitutt som blir finansiert over statsbudsjettet, kan utviklast, samordnast og effektiviserast slik at dei blir best mogleg eigna i høve til forvaltninga og samfunnet sine behov, jf. kat. 15.20.
Vidare er det sett i verk ein gjennomgang av organiseringa av kompetansemiljø innan landbruks- og matsektoren og marin sektor, omtalt som Blå-grønn matallianse.
1.5 Fornying, organisasjons- og strukturendring i landbruks- og matforvaltninga
I det følgjande blir dei viktigaste områda i Landbruks- og matdepartementet sitt arbeid med fornying, organisasjons- og strukturendringar omtalt. Dei einskilde tiltaka er omtalt under kat. 15.00 Landbruks- og matforvaltning.
Matreforma var ei stor reform i norsk forvaltning. Som administrativt ansvarleg departement for Mattilsynet, vil Landbruks- og matdepartementet ha særleg merksemd mot at tilsynet utviklar seg i samsvar med måla for reforma. I 2005 vil det særleg vere viktig å leggje til rette for at omstillingsarbeidet kan halde fram på ein slik måte at ein kan utvikle eit einskapleg og heilskapleg tilsyn på dette store området som tidlegare blei tatt hand om av ei rekkje ulike tilsynsorgan. Alt no ser ein effektiviseringsgevinstar av reforma som gir grunnlag for lågare kostnader for brukarane.
Forbrukarorientering av matpolitikken har vore prioritert i fleire år og den første handlingsplanen for forbrukarorientering blei utarbeidd i 2001. Handlingsplanen, som forbrukarorienterer som eit heilt politikkområde og som inneheld ei rekkje tiltak, har vakt nasjonal og internasjonal interesse.
Departementet har sett i gang ei rekkje tiltak med omsyn på å modernisere kunnskapsinstitusjonane på landbruks- og matområdet.
Informasjonsverksemda i Landbruks- og matdepartementet skal vera open og tilgjengeleg og Landbruks- og matforvaltninga skal vere ei open forvaltning. Offentlegheit og innsyn er sentrale demokratiske verdiar som medverkar til auka kompetanse og med det større brukar- og forbrukarmakt. Departementet skal raskt gå ut med kunnskap som føreligg på aktuelle saksområde. Informasjonen skal vere lett tilgjengeleg slik at borgarane får svar på sine spørsmål og innsyn i verksemda til departementet.
Auka myndigheit til kommunane er ein av dei sentrale strategiane i regjeringa si satsing Landbruk Pluss og må sjåast i samanheng med ei forsterka satsing på regionale miljøprogram og regionale strategiar for næringsutvikling. Det er ein føresetnad at arbeidet med dei regionale strategiane skal skje gjennom det regionale partnarskapet. Føremålet er å sjå alle verkemidla på lokalt og regionalt nivå i samanheng slik at dei kan bli meir målretta.
Forenkling av regelverk og økonomiske verkemiddel er eit prioritert område for Landbruks- og matdepartementet. Departementet har fleire tiltak med i regjeringa sitt arbeid med modernisering av offentleg sektor og gjennomgår og i samband med Landbruk Pluss satsinga lover og forskrifter med tanke på forenkling, nyskaping og innovasjon.
Regjeringa sin plan for IKT-politikken, e-Noreg 2005, skal saman med Strategi for IKT i offentleg sektor (Arbeids- og administrasjonsdepartementet 2003) utgjere grunnlaget for Landbruks- og matdepartementet si satsing på elektronisk forvaltning og effektivisering ved hjelp av IKT. Ein vil framleis vere ein pådrivar for utvikling av elektroniske forvaltningsløysingar i landbruks- og matforvaltinga. Føremålet er å effektivisere forvaltninga og gi forenklingsvinster for næringsdrivande og tilsynsobjekt. Dei siste åra har nokre av departementa sine verksemder utmerka seg på dette området.
Systematisk arbeid med Inkluderande arbeidsliv er òg ei prioritert oppgåve i departementet og underliggande verksemder der føremålet er å redusere sjukefråværet og gjere arbeidslivet tilgjengeleg for seniorar og personar med behov for tilpassa arbeidssituasjon.
1.6 Likestilling
Landbrukspolitikken skal fremme likestilling for begge kjønn i tråd med den generelle likestillingspolitikken til regjeringa. Det er eit mål at kvinner og menn skal ha like moglegheiter til å drive innanfor landbruk og relaterte næringar. Sjølv om talet på kvinner i landbruket har vore aukande, utgjer kvinner framleis ein minoritet i dei fleste samanhenger.
Landbruks- og matdepartementet må derfor stadig arbeide med å analysere verknadane av regelverk og verkemiddel i eit kjønnsperspektiv.
Landbruks- og matdepartementet har dei siste åra hatt høg fokus på likestilling i forvaltninga, og utforma i 2000 ein eigen handlingsplan for å auke delen kvinnelege leiarar i departementet og i landbruksforvaltninga. Pr. juni 2004 er kvinnedelen i leiarstillingar på 44 pst. medan den i 2000 var på 22 pst. Hos underliggande verksemder har det òg vore ein auke i talet på kvinnelege leiarar frå 23 pst. i 2000 til 35 pst. i 2004
Ved oppnemning av styrer, råd og utval og ved oppretting av nye prosjekt og arbeidsgrupper, skal ein arbeide for 40 pst. representasjon av begge kjønn. For ein nærare omtale av tiltaka syner ein til kat. 15.00, kat. 15.30. og vedlegg til St.prp. nr. 1 (2004-2005) for BFD.
Utgifter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
Landbruks- og matforvaltning m.m. | |||||
1100 | Landbruks- og matdepartementet (jf. kap. 4100) | 120 191 | 117 048 | 122 094 | 4,3 |
Sum kategori 15.00 | 120 191 | 117 048 | 122 094 | 4,3 | |
Matpolitikk | |||||
1107 | Statens dyrehelsetilsyn (jf. kap. 4107) | 322 885 | |||
1110 | Statens landbrukstilsyn (jf. kap. 4110) | 121 063 | |||
1112 | Forvaltningsstøtte, utviklingsoppgåver og kunnskapsutvikling m.m. | 166 536 | 117 425 | 121 345 | 3,3 |
1114 | Statens næringsmiddeltilsyn (jf. kap. 4114) | 235 137 | |||
1115 | Mattilsynet (jf. kap. 4115) | 73 321 | 1 098 348 | 1 162 567 | 5,8 |
Sum kategori 15.10 | 918 941 | 1 215 773 | 1 283 912 | 5,6 | |
Forsking og utvikling | |||||
1137 | Forsking og utvikling | 273 061 | 309 108 | 304 377 | -1,5 |
Sum kategori 15.20 | 273 061 | 309 108 | 304 377 | -1,5 | |
Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | |||||
1138 | Støtte til organisasjonar | 13 600 | 17 100 | 25,7 | |
1139 | Genressursar, miljø- og ressursregistreringar | 23 496 | 30 796 | 31,1 | |
1140 | Miljø- og næringstiltak i jordbruket | 54 385 | |||
1141 | Kjøp av forvaltningsstøtte innan miljø- og næringstiltak i landbruket | 32 855 | 33 949 | 3,3 | |
1142 | Miljø- og næringstiltak i skogbruket | 76 275 | |||
1143 | Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 4143) | 169 354 | 310 701 | 318 681 | 2,6 |
1144 | Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket | 10 313 | 7 313 | -29,1 | |
1145 | Jordskifterettane (jf. kap. 4145) | 155 026 | 145 583 | 150 991 | 3,7 |
1146 | Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 4146) | 88 578 | 62 793 | 82 454 | 31,3 |
1147 | Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 4147) | 43 640 | 47 797 | 52 497 | 9,8 |
1148 | Naturskade - erstatningar og sikring | 122 264 | 74 089 | 68 089 | -8,1 |
1149 | Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket | 336 066 | 336 170 | 0,0 | |
1150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. (jf. kap. 4150) | 11 924 637 | 11 183 949 | 10 767 749 | -3,7 |
1151 | Til gjennomføring av reindriftsavtalen | 98 041 | 95 000 | 95 000 | 0,0 |
1161 | Statskog SF - forvaltningsdrift | 23 109 | 24 075 | 24 083 | 0,0 |
2411 | Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 5311) | 1 595 | |||
Sum kategori 15.30 | 12 756 904 | 12 360 317 | 11 984 872 | -3,0 | |
Sum programområde 15 | 14 069 098 | 14 002 246 | 13 695 255 | -2,2 | |
Sum utgifter | 14 069 098 | 14 002 246 | 13 695 255 | -2,2 |
Inntekter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
Landbruks- og matforvaltning m.m. | |||||
4100 | Landbruks- og matdepartementet (jf. kap. 1100) | 6 999 | 415 | 429 | 3,4 |
Sum kategori 15.00 | 6 999 | 415 | 429 | 3,4 | |
Matpolitikk | |||||
4107 | Statens dyrehelsetilsyn (jf. kap. 1107) | 35 693 | |||
4110 | Statens landbrukstilsyn (jf. kap. 1110) | 107 177 | |||
4114 | Statens næringsmiddeltilsyn (jf. kap. 1114) | 316 866 | |||
4115 | Mattilsynet (jf. kap. 1115) | 50 | 654 206 | 737 926 | 12,8 |
Sum kategori 15.10 | 459 786 | 654 206 | 737 926 | 12,8 | |
Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | |||||
4142 | Miljø- og næringstiltak i skogbruket (jf. kap. 1142) | 140 | |||
4143 | Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 1143) | 32 925 | 28 256 | 29 217 | 3,4 |
4145 | Jordskifterettane (jf. kap. 1145) | 14 730 | 14 657 | 11 374 | -22,4 |
4146 | Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 1146) | 40 555 | 18 028 | 28 641 | 58,9 |
4147 | Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 1147) | 1 818 | 29 | 30 | 3,4 |
4150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen (jf. kap. 1150) | 187 493 | 145 000 | 145 000 | 0,0 |
5545 | Miljøavgifter i landbruket | 65 375 | 40 000 | 75 000 | 87,5 |
5571 | Totalisatoravgift | 89 170 | 92 500 | 89 000 | -3,8 |
Sum kategori 15.30 | 432 206 | 338 470 | 378 262 | 11,8 | |
Forretningsdrift | |||||
5651 | Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet | 750 | 750 | 0,0 | |
5652 | Innskottskapital i Statskog SF | 13 000 | 8 500 | 8 500 | 0,0 |
Sum kategori 15.40 | 13 000 | 9 250 | 9 250 | 0,0 | |
Sum programområde 15 | 911 991 | 1 002 341 | 1 125 867 | 12,3 | |
Sum inntekter | 911 991 | 1 002 341 | 1 125 867 | 12,3 |
1.7 Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførast»
Under Landbruks- og matdepartementet blir stikkordet foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30-49
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2004 | Forslag 2005 |
1138 | 70 | Støtte til organisasjonar | 17 100 | |
1139 | 70 | Tilskott til miljø- og ressurstiltak | 6 378 | 14 162 |
1139 | 71 | Tilskott til genressursforvaltning | 16 634 | |
1143 | 70 | Tilskott til beredskap i kornsektoren | 1 786 | 1 071 |
1143 | 71 | Tilskott til små slakteri | 4 239 | |
1143 | 74 | Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering | 11 267 | |
1144 | 77 | Miljøretta prosjektarbeid m.m. | 7 313 | |
1145 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 2 068 | |
1147 | 45 | Store utstyrskjøp og vedlikehald | 4 638 | 3 232 |
1147 | 71 | Omstillingstiltak i Indre Finnmark | 3 774 | 11 502 |
1148 | 70 | Tilskott til sikringstiltak m.m. | 12 686 | 8 089 |
1149 | 71 | Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket | 5 371 | 37 500 |
1150 | 70 | Marknadsregulering | 20 544 | 208 000 |
1150 | 74 | Direkte tilskott | 42 735 | 6 482 285 |
1150 | 77 | Utviklingstiltak | 6 682 | 225 110 |
1150 | 78 | Velferdsordningar | 86 808 | 1 597 354 |
1151 | 75 | Kostnadssenkande og direkte tilskott | 4 521 | 53 900 |
Løyvingar blir i stor grad tildelt prosjekt som ikkje blir avslutta ved årsskiftet. Det kan dermed kome utbetalingar i påfølgjande år.
Når det gjeld løyvingane under kap. 1150 og 1151, inngår desse i den samla ramma som blir fastsett i næringsavtalane mellom staten og næringsorganisasjonane. Ein mindre del av desse løyvingane kjem normalt ikkje til utbetaling i budsjettåret, utan at dette bryt med kravet om realistisk budsjettering innanfor budsjetterminen. Dette skuldast dels at ein på førehand ikkje kan berekne med full visse når tilskotta kjem til utbetaling, dels at departementet fastset satsane slik at risiko for overskriding av budsjettet blir redusert. Fordi midlane utgjer ein del av den samla ramma for næringsavtalane, finn departementet det mest rett å føre desse over til avtaleforhandlingane i neste år. Stortinget blir såleis i proposisjonane om jordbruksoppgjeret/reindriftsavtalen orientert om storleiken på midlane som er ubrukte i budsjettåret som var og korleis partane ønskjer å nytte desse i den nye avtaleperioden.