3 Kulturpolitiske perspektiv på arkiv, bibliotek og museum i det neste hundreåret
3.1 Innleiing
[Statene bør]
«Utarbeide en politikk for bevaring og utvikling av arkiver, museer, biblioteker og annen informasjon frambrakt og/eller innsamlet av statlige eller ikke-statlige institusjoner, om mulig ved digitalisering, og opprette mekanismer for å lette tilgangen til dette innholdet, herunder fremme disse institusjonene som sentre for informasjon, utdanning og livslangt læring» (Unescos handlingsplan for kulturpolitikk for utvikling, målsetting 4. pkt 7. 1998.)
Dette sitatet frå UNESCOs handlingsplan for kulturpolitikk for utvikling kan illustrera korleis arkiv, bibliotek og museum har fått ein sjølvsagd plass på den internasjonale kulturpolitiske arenaen. Samla representerer desse tre institusjonstypane ein sentral og uunnverleg del av den informasjons-, dokumentasjons- og kunnskapsfaglege infrastrukturen som eit samfunn må ha etablert for at einskildindivid og grupper skal kunna delta aktivt i eit demokratisk system, og for at dei skal kunna ivareta dei rettslege og velferdsmessige interessene sine.
Sitatet spring elles ut av eit samfunnssyn bygd på eit kunnskapsomgrep som sameiner informasjon om fortida med det dagsaktuelle, som føreset at alle samfunnsmedlemmer får lik tilgang til informasjon og dokumentasjon, og at dei skal ha reelle høve til å ta del i kunnskapsopplevingar på ein medveten og aktiv måte. Samstundes vert det lagt vekt på det ansvaret som staten har for å utvikla den institusjonelle infrastrukturen. Som institusjonstypar representerer arkiv, bibliotek og museum ulike organisatoriske løysingar og hjelperåder som eit samfunn etablerer for å oppnå ein del samfunnsverdiar som det er etter måten allmenn semje om bør finnast.
3.2 Samfunnsfunksjonar - skilnader og likskapar mellom arkiv, bibliotek og museum
I eit kulturpolitisk og breiare samfunnspolitisk perspektiv spelar arkiv, bibliotek og museum ei viktig rolle gjennom å velja ut, ta vare på og leggja til rette ulike former for materielle kunnskaps- og informasjonskjelder. Til saman forvaltar dei materiale både frå fjern og nær fortid og frå samtida, og formidlar både kunst- og kunnskapsopplevingar og informasjon og dokumentasjon frå dette materialet ved å låna ut, visa fram eller stilla det til rådvelde for aktuelle eller potensielle brukarar på andre måtar. I fellesskap forvaltar arkiv, bibliotek og museum eit samla tilfang som gjer det mogleg å setja tilhøva i dag inn i eit historisk perspektiv og såleis fremja ei forståing av at samfunnet i vår tid byggjer på det som tidlegare generasjonar har etterlate seg, anten det er på godt eller vondt.
Det er truleg rett å seia at fellestrekka ved arkiv, bibliotek og museum tradisjonelt har kome noko i bakgrunnen i høve til dei kjennemerka som skil dei tre sektorane frå kvarandre. Det naturlege utgangspunktet for framvoksteren av ulike institusjonstypar er sjølvsagt skilnadene mellom det idealtypiske materialet dei kvar for seg forvaltar, arkivbasert dokumenttilfang i arkivinstitusjonane, bøker, publikasjonar og andre allment tilgjengelege dokument i biblioteka og fysisk gjenstandsmateriale av kunstnarleg, kulturhistorisk eller naturhistorisk opphav i musea.
Eigenarten og kjenneteikna hjå materialtypane krev til dels ulik behandling og handtering, både ved utveljing, forvaltning og formidling, og har ført til at det naturleg har utvikla seg noko ulike arbeidsmåtar sektorane imellom. Institusjonshistorie og profesjonskultur kan likevel ha gjort sitt til at det har vakse fram skilnader som i dag kan henda er større enn det dei trong vera. Det er også markerte skilnader sektorane imellom når ein ser på institusjonsstruktur, forvaltningsmessig forankring og bruken av offentlege verkemiddel.
Dei viktigaste skilnadene kan samanfattast på følgjande måte:
Materialet i ein typisk arkivinstitusjoner fyrst og fremst skriftleg dokumenttilfang av unik karakter som opphavleg har oppstått som administrativt hjelpemiddel i offentleg eller privat verksemd, men som i ettertid kan fungera som dokumentasjon av monaleg samfunnsmessig interesse. Bevaring av offentlege arkiv er tufta på ei lovfesta avleveringsplikt for alle offentlege organ, medan bevaring av privatarkiv i prinsippet er avhengig av aktiv utveljing og friviljug medverknad. Prinsipp og prosedyrar for utval av materiale innanfor eit offentleg arkiv er tufta på lovforankra reglar om arkivavgrensing og kassasjon. Publikums tilgang til materialet skjer tradisjonelt ved utlån av originale arkivsaker eller mikrofilma kopiar på ein lesesal eller ved kjøp av avskrifter, utskrifter og kopiar av ulike slag. Institusjonsstrukturen er kjenneteikna av sterk konsentrasjon, med Arkivverket som dominerande aktør. Dette er ein statleg etat som også er fagleg forvaltningsorgan med omfattande fullmakter etter lov og forskrift. Nære på heile den økonomiske innsatsen frå statleg hald er kanalisert gjennom Arkivverket.
Bibliotekaarbeider i hovudsak med masseproduserte dokument, primært bøker og andre publikasjonar, uavhengig av opphavssituasjon og opphavsaktør, det ein gjerne kallar allment tilgjengeleg materiale. Også på bibliotekområdet er bevaring av materiale for ettertida tufta på ei lovfesta avleveringsplikt. Plikta rettar seg mot alle utgjevarar, produsentar og importørar, og alle som i kraft av lov eller konsesjon har rett til å driva kringkasting. Utvalselementet er meir perifert enn på arkivområdet, fordi avleveringsplikta er tilnærma altomfattande når det gjeld norskspråkleg tilfang. Det er fyrst og fremst Nasjonalbiblioteket som forvaltar avleveringsplikta og ivaretek dei operasjonelle depotoppgåvene, og som slik sett har mykje til felles med Arkivverket. Men bibliotekområdet har elles ein langt meir differensiert institusjonsstruktur og har tradisjonelt vore delt i to sektorar, med folke- og skulebibliotek på den eine sida og fag- og forskingsbibliotek på andre sida. Folkebiblioteka er fyrst og fremst formidlingsinstitusjonar basert på det hovudprinsippet at brukarane kan låna materialet med heim. Folkebiblioteka er kommunale institusjonar, og organiseringa er regulert i eiga lov. Dei fleste fag- og forskingsbiblioteka er integrerte delar av statlege eller statleg finansierte institusjonar innanfor utdannings-, forskings- og kultursektoren. Dei skal primært utføra tenestetilbod til moderinstitusjonane.
Musea konsentrerer aktiviteten sin kring materielle objekt, anten det er kunst- eller bruksgjenstandar, bygningar eller leivningar frå naturen, og det ligg i saka at det her berre kan verta tale om å bevara eit særs lite utval. Dette inneber at premissar for innsamling på mange måtar avgjer eksistensgrunnlaget for musea, men dei har stor fridom til å utforma desse premissane, og i hovudsak er det kvart einskilt museum som avgjer kva materiale dei skal ta vare på for ettertida. Eit unnatak frå dette er føresegnene om arkeologisk funnmateriale i kulturminnelova. Museumsmaterialet kan i vekslande grad karakteriserast som unika, men vert som oftast handsama som det. Den tradisjonelle formidlingsforma er utstillingar. Museumssektoren er kjenneteikna av ein overlag fragmentert institusjonsstruktur, og også organisatorisk utgjer musea eit mylder av løysingar. Eit fleirtal er å rekna som private institusjonar, jamvel om stat, fylkeskommune eller kommune har hovudansvaret for driftsfinansieringa. Dei fleste små musea er kommunale institusjonar, medan det er relativt få som er reine statsinstitusjonar. Einskildpersonar og interesseorganisasjonar spelar tradisjonelt ei stor rolle i etableringa av nye institusjonar. Museumsfeltet er ikkje lovregulert, med unntak av den nemnde tilknytinga til kulturminnelova og at dei fåtalige, men store museumseiningane som er del av ein universitetsinstitusjon dermed også kjem inn under universitets- og høgskulelova.
Jamvel om skilnadene representerer viktige kjennemerke ved arkiv, bibliotek og museum, har dei likevel eit felles utgangspunkt i at dei alle samlar og tek imot, systematiserer, held ved like og formidlar eit kunnskapsmateriale som representerer spor etter menneskeleg aktivitet eller naturfenomen i fortid og notid.
Fellesdraga kan elles samanfattast på følgjande måte:
Alle sektorane forvaltar materiale som fungerer som informasjons- og kjeldegrunnlagfor historisk kunnskap og for dagsaktuelle tilhøve. Til dels er det òg overlappande material- og samlingstypar mellom institusjonar på tvers av sektorane.
Innanfor alle sektorane vert det arbeidt systematisk med dokumentasjon. Det inneber medvetne haldningar til det å velja ut det materialet som skal samlast eller takast inn. Trygging av kjelde- og informasjonsmaterialet står òg sentralt.
Informasjonsbehandlinger viktig for alle sektorane. Fleire problemstillingar som har å gjera med informasjons- og kommunikasjonsteknologi er anten felles eller meir eller mindre likearta, jamvel om det også her vil vera klåre skilnader som ikkje må stikkast under stol. Datastandard og informasjonsarkitektur er likevel viktige stikkord for alle sektorane, og det er fellesinteresser som strekkjer seg frå konvensjonell mikrofilming, via ordinære databasar og informasjonsnettverk til digitalisering av tekst, foto, lyd og levande bilete.
Bindingane til utdannings- og forskingssektoren er sterke for alle tre sektorane. Universitet og høgskular er ei av dei sentrale brukargruppene av materiale i Arkivverket, nasjonale bibliotekinstitusjonar og andre fag- og forskingsbibliotek. Formidlingsaktivitet ved store og små museum over heile landet er retta mot skuleverket.
Formidlingsarbeidet byggjer i stor grad på ein tradisjonell folkeopplysningsideologi. Særleg gjeld dette musea og folkebiblioteka, men òg i aukande grad arkiva. Sidan alle tre sektorane har kunnskaps- og informasjonsformidling som arbeidsfelt, har dei òg eit kontinuerleg behov for å evaluera kva formidlingsformer og -metodar som dei er best tente med.
Sett frå eit brukarsynspunkt har det mindre å seia kva institusjonstype som kan formidla informasjon om eit definert tema, og i praksis vil ofte tilfang frå både arkiv, bibliotek og museum vera naudsynt for å kunna skapa ei integrert forståing av eit sakstilhøve.
Uttrykket tilgang tilgår att i mange av dei målformuleringane som er meinte å fortelja noko om kva samfunnsoppgåver ein ventar at arkiv, bibliotek og museum skal fylla. Innebygd i dette uttrykket ligg det fleire føringar for korleis desse institusjonstypane skal fungera i samfunnet:
Arkiv, bibliotek og museum er eit fellesgode som er til for alle.
Dei er informasjons-, dokumentasjons- og kunnskapsbankar som skal tena eit kontinuerleg demokratiprosjekt.
Gjennom utveljingsprinsipp skal dei sikra at det materialet dei forvaltar og formidlar, er viktig og relevant og ikkje druknar i meir eller mindre tilfeldige mengder av tilfang.
Det materialet dei tek hand om, må ordnast og tilretteleggjast slik at det blir enklast mogleg, innanfor ramma av opphavsrettslege, personvernmessige og andre rettslege tilgangsrestriksjonar, å finna fram til og gjera bruk av relevant materiale.
Dei skal aktivt utvikla tenester som gjer at dei når ut til ulike brukargrupper i samfunnet på best mogleg måte.
For alt materiale som skal takast vare på for ei uavgrensa ettertid, må dei etablera tiltak og arbeidsmåtar som sikrar ein balanse mellom tilgang på kort og lang sikt.
Når informasjonsmengdene aukar så raskt som i vår tid, kan dette i seg sjølv representera eit hinder for rask tilgang til relevant informasjon. Ei stor utfordring for institusjonane ligg difor i å systematisera og leggja til rette materialet på ein slik måte at dei i alle situasjonar vert i stand til å skaffa til vegar informasjon og dokumentasjon som har den relevans og kvalitet som den einskilde brukaren er tent med.
Kravet til relevansføreset at heile mangfaldet av potensielle brukargrupper på enklast vis kan finna fram til materiale som inneheld informasjon og dokumentasjon med høg bruksverdi for eit definert føremål eller ein gjeven situasjon. I siste instans er det tale om korleis arkiv, bibliotek og museum maktar å strukturera og presentera meiningsinnhaldet i materialet sitt slik at både lek og lærd kan finna fram til det dei har bruk for, eller det som kan engasjera dei på nye måtar.
Relevans heng nøye saman med kvalitet,som m.a. er ein funksjon av autentisitet, integritet og kontekst for det materialet som institusjonane forvaltar. Dette har å gjera med tilliten til at materialet som publikum får tilgang til, ikkje er noko anna enn det som det gjev seg ut for å vera, at det ikkje er endra, forfalska, teknologisk manipulert eller på annan måte framstår som upåliteleg. Kvalitet er også avhengig av at eit sakstilhøve som vert presentert i aktiv formidling, er tufta på kunnig analyse og omtanke for ei balansert framstilling. Det inneber ikkje at tolking og formidling må vera utan kritisk brodd, men at ein kan gå god for at materialet i seg sjølv har naudsynt kvalitativ integritet.
Kravet til effektiv formidlingfølgjer naturleg i forlenginga av tilgangsaspektet, og formidling representerer på sett og vis det endelege målet for verksemda i arkiv, bibliotek og museum. Tilgangsaspektet krev at dei tenestene arkiv, bibliotek og museum skal yta, ikkje kan avgrensast berre til passiv tilrettelegging av materiale. Ei aktiv formidling der institusjonane på ulike måtar oppsøkjer eit publikum, er vel så viktig både i eit demokratiperspektiv og i eit allment kulturperspektiv. Formidlinga kan spenna frå målretta, strukturerte tilbod om tilpassa informasjonsmateriale i ein utdannings- eller forskingssituasjon til personlege opplevingar i møtet med ulike kunstuttrykk. Det er når desse dimensjonane glid over i kvarandre, at ein med rette kan tala om kunnskapsopplevingar.
Elles er det gjennom den aktive formidlinga at arkiv, bibliotek og museum er mest synlege i gjennomføringa av samfunnsoppgåvene sine. Det er i formidlingssituasjonen den einskilde brukaren stiller krav om kvalitet og relevans og kan oppleva kva dette inneber i praksis. Dersom ikkje både institusjonane sjølve og brukarane er aktive i formidlingssituasjonen, vil arkiv, bibliotek og museum lett kunna reduserast til mål i seg sjølve, som svar utan spørsmål. Som samfunnsinstitusjonar tevlar dei med mange andre påverknadskanalar om tid og engasjement. I kva grad dei maktar å hevda seg, er i stor grad avhengig av at det grunnarbeidet dei må gjera for å strukturera og halda oversyn over det materialet som utgjer samlinga eller bestanden i den einskilde institusjonen. Men særleg i vår tid er det ikkje tilstrekkjeleg at dette grunnarbeidet er framifrå skjøtta dersom ikkje institusjonane i tillegg er i stand til å utvikla formidlingsstrategiar og -tiltak som overtyder brukarane om at dei representerer tilbod som held høge kvalitative mål.
Saman med god tilgang vil altså relevans, kvalitet og effektiv formidling vera viktige stikkord ved utforminga av rammevilkår for institusjonane og val av organisatoriske løysingar innanfor arkiv-, bibliotek- og museumssektoren. I tillegg må det leggjast vekt på å utvikla kompetansen hjå dei tilsette. Dette representerer ein grunnressurs, og difor kjem både ordinær utdanning og etterutdanning inn som eit viktig instrument i utforminga av gode rammevilkår for arkiv, bibliotek og museum.
3.3 Kulturarv og kulturell identitet - arkiv, bibliotek og museum som institusjonaliserte historieforteljarar
I eit overordna perspektiv vert arkiv, bibliotek og museum i fleire samanhengar omtala som kulturarvsinstitusjonar. Med kulturarv meiner ein til vanleg dei delane av fortida, både i form av materielle og immaterielle kulturuttrykk, som eit samfunn til kvar tid vel ut for å ta med seg inn i framtida. Å identifisera noko som kulturarv inneber eit medvete og aktivt tilhøve til historia. Slik sett kan ein òg seia at arkiv, bibliotek og museum kvar på sitt vis står fram som institusjonaliserte historieforteljarar.
Denne utveljinga har òg innslag av normative vurderingar og representerer såleis ei form for konkretisering av spesielle verdisett. Det å få status som kulturarv gjev mange av dei aktuelle elementa ein ekstra dimensjon som er sterkt symbol- og verdiladd. Verdidimensjonen er mest påtakeleg innanfor museumssektoren og i kulturminnevernet, der seleksjonen gjer seg sterkast gjeldande, men er klårt til stades også på arkivområdet, derimot i mindre grad når det gjeld det som blir skrive og publisert på norsk som allment tilgjengeleg materiale, der avleveringsplikta er tilnærma altomfattande.
Sjølve verditilskrivinga vil alltid vera eit produkt av det samfunnet og den tida då utveljinga skjer. Difor ser ein ofte at noko som ikkje vart vurdert som særskilt verdfullt i samtida, kan få tilkjent høg kulturarvsstatus i ettertid. Døme på dette er stavkyrkjene, som i dag vert rekna som klenodium innanfor norsk kulturarv, men som i tidlegare hundreår vart rivne i hopetal. Kva som er verdfullt i kulturarvssamanheng vil sjeldan vera statisk, for ein må alltid rekna med at det skjer endringar og utvikling i synet på kva kulturarven bør omfatta. Slik sett kan kulturarvsarbeidet fortelja like mykje om den tida då utveljinga skjedde, som det fortel om den fortida som dei utvalde elementa representerer. Fortida fungerer på denne måten som eit bakteppe for stendig nyskaping av verdisett med aktuell relevans. Ein kan òg seia at kulturarvsarbeidet på denne måten søkjer å skapa sams forståing for og dermed ei felles haldning til ei fortid som vi skal kunna identifisera oss med. Det er i denne kontinuerlege forteljeprosessen om fortida at arkiv, bibliotek og museum spelar ei viktig rolle som institusjonaliserte historieforteljarar.
All historieforteljing startar med ei utveljing, og dei premissane som styrer utveljingsprosessane er dermed viktige. Innanfor dei ulike institusjonstypane og fagtradisjonane finst ulike former av utvalskriterium. Å velja ut inneber òg å velja bort; ein avgjer kva røyster som skal få sleppa til, og kva røyster som må finna seg i å verta tagale i den historiske songen. Det er difor ei stendig fagleg og kulturpolitisk utfordring å arbeida for at den seleksjonen som institusjonane samla sett står føre, gjev eit så dekkjande og balansert bilete som råd er av det mangfaldet som kan seiast å utgjera norsk samfunnsliv opp gjennom tidene.
Men rolla som historieforteljar kjem òg til uttrykk når institusjonane arbeider med å leggja til rette det utvalde materialet for eit breitt publikum. Ei sentral oppgåve er den kontinuerleg kjeldekritiske vurderinga som må gjerast med utgangspunkt i autentisitet og kontekst. I dette kan òg liggja tolking av materialet og av og til direkte formidling av dei resultata som tolkingsprosessen måtte gje. Desse funksjonane krev eit solid fagleg fundament hjå det ansvarlege personalet i institusjonane.
Det er i dag vanleg å vurdera positivt den funksjonen kulturarv og historie har som byggjesteinar i den bygnaden som går under nemninga kulturell identitet. Denne vurderinga vert ofte målboren med uttrykk som «å vera trygg på sitt eige», «å ha vyrdnad for røtene sine», «å vita kven ein er» o.l. Samanfatta kan ein gjerne nytta nemninga «kulturell eigentryggleik».Det er tale om ei positiv sjølvkjensle innanfor den gruppa, det lokalsamfunnet eller den nasjonen ein tilhøyrer. I dette ligg ein vørdnad for det som tidlegare generasjonar har gjort for å byggja det samfunnet og dei velferdsgoda som vi i dag nyt godt av. I eit slikt perspektiv kan dei konkrete kulturarvsobjekta, anten det er tale om bygnader, gjenstandar, bøker eller sjeldne dokument, fungera som symbol for og døme på kreativitet, estetisk kunnskap, arbeidsvilje o.l. For at denne sjølvkjensla skal fungera positivt i samtida, er det likevel ein føresetnad at ho byggjer på ei nøktern og realistisk oppfatning av eiga historie og fortid.
Å skapa og halda ved like slik positiv sjølvkjensle, å vera byrg av sitt eige, kan vera eit viktig element i å leggja til rette for eit godt liv både for individ, grupper og nasjonar. Samstundes kan historia framby talrike døme på korleis baksida av den kulturelle identitetsmedaljen kan gje seg uttrykk, korleis ei sjølvkjensle som i utgangspunktet er positiv, kan verta så sterk og ta slike former at ho utviklar seg til noko skadeleg og farleg. Det er dette som lett skjer når respekt for det eigne er bygd på ei nedvurdering av kulturelle uttrykk hjå andre.
I konfliktsituasjonar vert framheving av eigne kultursymbol ofte følgd opp med øydelegging av tilsvarande symbol hjå motstandarane. Innanfor t.d. ei nasjonalistisk referanseramme kan i prinsippet alle former for symbol på kulturell identitet fungera som ammunisjon mot dei andre. Tragiske hendingar både i nær og noko fjernare fortid står som avskrekkande døme på korleis kulturell identitet kan verta brukt både som premiss og instrument i krig og politisk forfølging og etnisk reinsing.
Dette negative og farlege utslaget av kulturell identitet har fått fleire til å stilla seg kritiske til arbeidet med kulturarv i seg sjølv. Den britiske arkeologen og historieforskaren David Lowenthal har i fleire samanhengar hevda at arbeidet med kulturarv lett kan få eit halvreligiøst preg. Det å skapa førestellingar om den rette, gode eller sanne historia som kan stillast opp som moralsk føredøme, får då ein dominerande plass.
Eigentleg, hevdar han, kan kulturarv aldri verta det same som historie. Der historieforskaren søkjer å forstå samanhengar i tid og rom, freistar kulturarvsforkjemparen å overtyda både seg sjølv og andre om at dei utvalde delane som utgjer kulturarven, har eit uvurderleg verde i kraft av å representera ein halvmytisk idealtilstand i fortida. Kulturarv handlar fyrst og fremst om å dyrka utvalde element frå fortida for å oppnå noko i samtida, seier Lowenthal. Gjennom det å konsentrera seg om det eigne vil ein lett koma til å understreka det som skil ein ut frå dei andre, og denne framhevinga av ulikskapar kan av og til skapa unødige motsetnader mellom folk med ulik kulturbakgrunn.
Lowenthal og andre kritikarar meiner ikkje at ein kan tenkja seg samfunnet utan noka form for aktivitet innanfor kulturarvsfeltet. Men dei vil understreka den faren som ligg i all slags samfunnsaktivitet der visse fenomen får eit særleg symbolverde, og der haldningar og tilnærmingar kan få preg av kritikklaus sjølvdyrking. Dette strekar under den viktige kritiske dimensjonen som institusjonane alltid må ha med seg når dei arbeider med kulturarvsmateriale. Det gjeld alltid å stilla kritiske spørsmål om korleis eit samfunn skaper og held ved like kulturell sjølvforståing og ha eit vake auga for dei farane som ukritisk dyrking av kulturell identitet representerer. Kulturell toleransetrening må difor inngå som eit integrert element i alt arbeid som går ut på å skapa og stadfesta kulturell identitet.
Institusjonar innanfor kulturarvsfeltet kan sjølvsagt ikkje trekkja seg ut og slutta å vera aktørar i prosessar som gjeld utvikling av kulturell identitet. Det er meir eit spørsmål om å vera medveten den sterkt symbolske funksjonen som kulturarven alltid vil ha i slike identitetsprosessar, og å våga bruka denne symbolske krafta i samanhengar der perspektivet kan vera kulturkritisk og spørjande. Styrken til kulturarvsinstitusjonane vil i så måte liggja i den evna dei har til å utvikla følgjande dimensjonar i arbeidet:
kjeldekritisk haldning til materialet med vekt på autentisitet og samanheng,
utveljing på grunnlag av kriterium som legg vekt på relevans for sentrale problemstillingar, og
analysar, tolkingar og presentasjonar som legg vekt på respekt for det tolkande mangfaldet.
Her er det òg naturleg å streka under den frie og sjølvstendige stillinga som desse institusjonstypane skal ha i høve til dei politiske styresmaktene. Utforming og fastsetjing av rammevilkår vil alltid vera gjenstand for drøfting institusjonar og styresmakter imellom, men den endelege avgjerda er til sjuande og sist eit politisk ansvar. Men det faglege innhaldet i det arbeidet som institusjonane utfører innanfor gjeldande rammer og regelverk, skal vera eit eineansvar for institusjonane sjølve.
Med god kunnskap om og innsikt i korleis kulturarv vert nytta i ulike samanhengar, bør dei aktuelle institusjonane ha dei beste føresetnader for å fungera som arenaer for samfunnsdebatt om kulturarv og kulturell identitet. Det kulturpolitiske perspektivet på slik verksemd vil vera å skapa vørdnad og toleranse for kulturelt mangfald. Innanfor ei slik overordna referanseramme kan historieforteljing i eit kulturarvsperspektiv ha positive samfunnsverknader. Den overordna målsetjinga er såleis å utvikla økonomiske og organisatoriske rammevilkår som set arkiv, bibliotek og museum samla i stand til å fylla oppgåvene sine i samfunnet, tufta på fagleg tyngde og kritisk blikk.
3.4 Arkiv, bibliotek og museum og det fleirkulturelle samfunnet
Rolla som institusjonell historieforteljar inneheld òg ein skyldnad til å avspegla eit historisk og kulturelt mangfald. I eit samfunn som vert meir og meir prega av fleirkulturelle innslag, må det stendig vurderast i kva grad og på kva måte denne røyndomen er representert i det materialet som kulturarvsinstitusjonane forvaltar.
Det er avgjerande at dei aktuelle institusjonane har eller kan skaffa til vegar materiale og tenester som er relevante for dei einskilde brukarane. Det er viktig at ulike grupper i det tilbodet institusjonane kan gje, vil kunna oppleva og oppdaga kulturelle særdrag som dei sjølve kan identifisera seg med. Det er på det reine at dei fleste institusjonane og det materialet dei forvaltar, i dominerande grad representerer ulike sider ved det norske majoritetssamfunnet. Det fleirkulturelle etniske innslaget er i dag heller dårleg representert, ikkje minst gjeld det nasjonale minoritetar som kvenar, skogfinnar, rom (sigøynarar), romanifolket (taterar/dei reisande) eller jødar, og innvandrargrupper.
Det bør i framtida vera eit hovudprinsipp at kulturelt mangfald òg skal syna att i arkiv-, bibliotek- og museumssamanheng. I visse høve kan det vera aktuelt med eigne institusjonar tufta på etnisitet, slik vi i stor grad har når det gjeld samane. Men det er også viktig å skipa tiltak og løysingar som gjev uttrykk for den fleirkulturelle sameksistensen. Det vil reflektera kvardagen i område der ulik etnisitet og kultur møtest, der det skjer tilpassing og utviklar seg former for sameksistens. Den fleirkulturelle dimensjonen er på den måten integrert i institusjonane. Det er ein kvalitet at arkiv, bibliotek og museum speglar det fleirkulturelle samkvemmet i regionar der dette er eit viktig kjennemerke. Det inneber at det ofte vil vera betre å knyta ansvar og tiltak til eksisterande institusjonar framfor å skipa nye.
Konkrete døme på organisatoriske løysingar etter dette prinsippet er Deichmanske bibliotek, som hovudansvarleg for litteratur på innvandrarspråk, og prosjektet for dokumentasjon av taterfolket ved Glomdalsmuseet. Mykje av materialet og mange av tenestene kan formidlast til alle interesserte anten direkte eller via andre institusjonar, ikkje minst etter kvart som IKT får utvida bruk i arkiv, bibliotek og museum.
Alt i alt er det likevel trong for ekstra satsing for å gje mangfaldet i kulturbakgrunn i det moderne norske samfunnet ein tydelegare plass i arkiv, bibliotek og museum. Med utgangspunkt i eksisterande institusjonar må ein ta sikte på å markera denne dimensjonen sterkare i norsk kulturarv. Nærare konkretisering og dimensjonering av tiltak vil skje i dei årlege budsjettproposisjonane.
3.5 IKT som utfordring og som grunnlag for og tilskundar til samordning og samarbeid
Dei seinaste 10-15 åra har aukande bruk av IKT gjeve nye dimensjonar til arbeidet innanfor arkiv, bibliotek og museum, og dei næraste åra kan ein venta teknologiske omskifte som truleg vil føra til enda meir grunnleggjande endringar enn dei ein har sett til no. I aukande grad må institusjonstypane handtera elektronisk materiale, anten i form av digitalisert representasjon av anna originalmateriale, eller materiale som berre eksisterer i digital form.
Det sistnemnde stiller institusjonane overfor til dels nye og ressurskrevjande utfordringar. Men teknologien opnar også nye utvegar for meir effektiv forvaltning og formidling. Det er også grunn til å tru at teknologien i seg sjølv vil føra til at mange arbeidsmåtar i dei tre institusjonstypane etter kvart vil verta meir likearta. Dette gjer det naturleg å sjå nærare på korleis samordnings- og samarbeidspotensialet sektorane imellom kan vidareutviklast. Eit viktig føremål vil m.a. vera å sjå til at ulike brukargrupper kan få lett og god tilgang til kombinerte tenester.
Fellesutfordringane på IKT-feltet kan i stikkordsform formulerast på følgjande vis:
Både arkiv, bibliotek og museum vil i aukande grad måtta finna tekniske og organisatoriske løysingar på korleis dei skal langtidslagra digitale dokument, anten det er dokument frå offentleg forvaltning, eit pliktavlevert elektronisk dokument eller eit kunstverk i digital form.
Både arkiv, bibliotek og museum må velja standardar når det gjeld tekniske løysingar for digitalisering og kommunikasjon.
Både arkiv, bibliotek og museum vil møta krav om at digital tilgang til materialet skal utviklast i samsvar med det potensialet den nye teknologien har som grensenedbrytande og integrerande instrument.
Både arkiv, bibliotek og museum vil møta krav om at dei skal utnytta IKT som instrument for å fremja og styrkja eit mangfald av kulturuttrykk i det materialet dei tek hand.
Både arkiv, bibliotek og museum vil kunna spela ei aktiv rolle som informasjons- og kunnskapsleverandørar i eit samfunn der livslang læring vert ein sentral føresetnad for både yrkesutøving og aktiv deltaking i samfunnslivet generelt.
Til no er det teke to særskilde initiativ for å leggja til rette for utvikling av samarbeidsrelasjonar mellom arkiv, bibliotek og museum innanfor IKT-feltet. Det viktigaste er etableringa av Kulturnett Noreg, som er ei felles inngangsdør til Internett-tilknytta elektroniske databasar med informasjon om norske kulturtiltak. Dei statlege hovudaktørane innanfor arkiv, bibliotek og museum har redaksjonsansvaret for kvar sine sektornett, Arkivnett Noreg, Biblioteknett Noreg og Museumsnett Noreg, og dei er i tillegg med i styringsgruppa for sentraleininga Kulturnett Noreg. Det andre tiltaket er skipinga av eit fellesutval mellom Kulturdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet som skal arbeida med IKT og andre sektorovergripande spørsmål som gjeld arkiv, bibliotek og museum.
I framtida vil det vera spørsmål om å utvikla tiltak og ordningar med tanke på å raffinera både arbeidsmåtar og tenester. Det er eit siktemål å leggja til rette for samarbeid og samordning i samsvar med behov som gjer seg gjeldande både sett frå synsvinkelen til brukarane og institusjonane sjølve. Det gjeld både å ta tak i dei særskilde og ressurskrevjande problem som den nye teknologien fører med seg på viktige område, og samstundes ta i bruk dei nye og meir effektive løysingar som teknologien byr fram på andre område. På formidlingssida må det leggjast vekt på å utvikla teknologiske og organisatoriske løysingar som på ein føremålstenleg måte kan gje best moglege tenester for alle brukargrupper
I tilrettelegginga av slike tenester må det takast omsyn til det stendig aukande utdanningsnivået i samfunnet, som venteleg vil gjera at ein får brukargrupper med andre og større krav til tenestetilbodet i institusjonane enn det som har vore vanleg til no. Men samstundes må det leggjast vekt på tenester som rettar seg mot eit breitt publikum. Det vert difor ei særleg utfordring å finna fram til tenesteprofilar som både er det vi kan kalla brukar- og borgarorienterte, dvs. eit tenestetilbod som tek omsyn til velutdanna og spesialiserte brukarar med stor spennvidd i krav og forventningar, og i tillegg tenestetilbod som kan stimulera den alminnelege samfunnsborgar til i større grad enn i dag å bruka den kunnskapen som institusjonane forvaltar som grunnlag for utvida deltaking i demokrati og samfunnsliv.
3.6 Retningsliner for den statlege politikken overfor arkiv, bibliotek og museum i åra framover
Det synest vera etter måten brei semje om at kunnskap og kompetanse vil verta ein stendig meir kritisk faktor i utviklinga av det norske velferdssamfunnet. Kunnskaps- og kompetanseutvikling trengst ikkje minst for å møta dei mange nye utfordringane som følgjer av globaliseringa, men òg for å forma eit samfunn prega av respekt for likeverd og mangfald, individuell handlefridom, personleg ansvar og engasjement til beste for fellesskapen. I tillegg til det ordinære utdanningssystemet vil arkiv-, bibliotek- og museumssektoren utgjera eit uunnverleg fundament for ei slik kunnskaps- og kompetanseutvikling, i kraft av å fungera som informasjons-, dokumentasjons- og kunnskapsbankar og som arenaer for kunst- og kunnskapsopplevingar.
Skal arkiv, bibliotek og museum kunna spela ei aktiv rolle som tilretteleggjarar av historisk og dagsaktuell informasjon, krevst det medvetne mål og strategiar både i institusjonane sjølve og på det overordna politisk-administrative nivået. Føremålet med denne meldinga er både å gjennomgå dei offentlege rammevilkåra for arkiv, bibliotek og museum, og å sjå på korleis sektorane og institusjonane samla sett løyser samfunnsoppgåvene sine.
Følgjande mål og prinsipp vil liggja til grunn for ei langsiktig oppgradering og utvikling av arkiv, bibliotek og museum.
Det skal leggjast til rette for at arkiv, bibliotek og museum i sterkare grad enn i dag skal fungera som ein samhandlande sektor, samstundes som delsektorane skal kunna vidareutvikla spesialfunksjonane sine på ein god måte.
Det skal heile tida arbeidast for ei rasjonell organisering av dei statlege samordnings-, stimulerings- og forvaltningsoppgåvene, gjerne på tvers av innarbeidde skiljeliner.
Med utgangspunkt i eit brukarperspektiv vil det verta stimulert til meir samarbeid og samordning både på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Det gjeld innanfor dei einskilde sektorane, og i aukande grad mellom sektorane etter kvart som teknologiske og faglege føresetnader ligg til rette for det.
Det skal leggjast vekt på å få til ei funksjonell og føremålstenleg fordeling av arbeidsoppgåver mellom statleg og regionalt/lokalt forvaltningsnivå.
Hovudprinsippet for den statlege satsinga skal vera å utvikla rammevilkår som fremjar ei generell kompetanse- og standardheving på varig basis, eventuelt kombinert med målretta, tidsavgrensa utviklings- og stimuleringstiltak.
Betre og lettare tilgang til materiale og tenester i arkiv, bibliotek og museum krev at det vert lagt større vekt på ordning og tilrettelegging av det samla materialet. Her vil ein meir målretta bruk av IKT vera eit hovudinstrument. Målet må vera at IKT-baserte løysingar etter kvart skal erstatta eksisterande manuelle ordningar, ikkje koma i tillegg til det eksisterande.
Utvikling av betre tenester i eit samla arkiv-, bibliotek- og museumsfelt vil krevja tiltak som fremjar etterutdanning med vekt på IKT og samfunnskontakt.