3 Medverknad
Statlege verksemder som eventuelt innfører nye måtar å organisere arbeidet på gjennom auka bruk av desentralisert arbeid, må sørgje for at dette skjer i nært samarbeid med dei tilsette og organisasjonane deira, i tråd med hovudavtala i staten og tilpassingsavtala i verksemda. Det er naturleg at dei tillitsvalde blir involverte i vurderingsfasen, før arbeidsgivaren tek den endeleg avgjerda. Dei tillitsvalde bør òg vere med i drøftinga av rammene rundt korleis auka bruk av desentralisert arbeid skal gjennomførast.
Eit godt samarbeid mellom partane lokalt er viktig for å få til ein inkluderande personalpolitikk i verksemda. Reell medverknad i samsvar med hovudavtala sikrar at arbeidstakarane får innverknad på korleis arbeidsplassen skal organiserast, og på korleis arbeidsmetodane skal utviklast. Eit godt samarbeid mellom partane er nødvendig for å skape vellykka prosessar og gode resultat for bruk av desentralisert arbeid i kvar enkelt verksemd.