2 Klimastyringssystem
2.1 Eit system for gode avgjerder for ein rettferdig klimapolitikk
Regjeringa tek i Hurdalsplattforma utgangspunkt i at klimakrisa er den største globale utfordringa i vår tid, at klima og natur skal vere ei ramme rundt all politikk, og at Noregs ambisiøse klimamål forpliktar heile regjeringa og alle delar av samfunnet. Å kutte utslepp i det omfanget som vi må dei neste åra, inneber ei svært omfattande omstilling med mange involverte aktørar. Konsekvensar for klima og miljø skal vere ein del av grunnlaget når det blir teke viktige avgjerder som påverkar miljøet og klimagassutsleppa. Difor blir det no utvikla eit klimastyringssystem.
Klimastyringssystemet skal gjere det tydeleg korleis klimapolitikken skal utformast, følgjast opp og rapporterast på frå år til år. Det skal bidra til at omsynet til klima er vareteke på ein føreseieleg og systematisk måte i relevante avgjerdsprosessar, gje informasjon om korleis vi ligg an til å nå klimamåla våre, og synleggjere behov for styrkt innsats.
Figur 2.1 Element i klimastyringssystemet
Slik figur 2.1 viser, er klimastyringssystemet samansett av elementa klimamål, politikkutvikling, utsleppseffekt og rapportering.
Klimamåla er rammene i klimastyringssystemet. Det er desse som ligg til grunn for politikkutvikling og rapportering. Skal vi nå klimamåla, må heile samfunnet bidra og trekkje i same retninga
Boks 2.1 Alle bidreg til å nå klimamåla
Styresmaktene må gjennom politikkutvikling fremje verkemiddel som gjev insentiv som er forlikelege med klimamåla. Staten gjev insentiv til å velje lågutsleppsløysingar gjennom å påleggje avgifter, til dømes på utslepp av klimagassar. Styresmaktene legg rammene for klimapolitikken, gjennom til dømes deltakelse i EUs klimarammeverk og kvotesystem.
Næringslivet bidreg til omstillinga til lågutsleppssamfunnet ved å spørje etter og investere i meir klima- og miljøvennlege teknologiar, varer og tenester. Mange verksemder bidreg til å utvikle produkt og marknader for lågutsleppssamfunnet. Innovasjon og ny teknologi vil vere avgjerande for å komme i mål. Bedriftene får insentiv til omstilling gjennom klimaverkemiddel som CO2-avgift, og selskap vurderer klimarisikoen i eiga verksemd ut frå ei forventning om at utsleppa skal gå ned. Ved å kutte eigne klima- og miljøutslepp, redusere svinn og bruke ressursar meir effektivt bidreg dei i den nødvendige omstillinga. Næringslivet får i tillegg insentiv gjennom Noregs deltaking i EUs kvotehandelssystem.
Kvar enkelt innbyggjar i Noreg kan bidra til å kutte utslepp gjennom små og store vegval og daglege gjeremål. Måten vi flyttar oss på, bur og forbruker varer og tenester, påverkar dei nasjonale utsleppa, men også utslepp som skjer utanfor noregsgrensene. Forbrukaren bidreg til å redusere utslepp gjennom å spørje etter varer og tenester med bestemte eigenskapar. Som arbeidstakarar bidreg vi med kompetanse til eit grønt og konkurransedyktig arbeidsliv. Utdannings- og yrkesval former moglegheitene for dei som er på veg inn i arbeidslivet. Medan for dei som allereie er i arbeid, vil det dreie seg om å utnytte og utvide kompetansen sin gjennom nye oppgåver, nye jobbar og etterutdanning.
Kommunar og fylkeskommunar driv fram nye løysingar og tiltak, gjerne i samarbeid med staten eller private aktørar. Kommunen forvaltar gjennom arealplanlegginga si 83 pst. av dei norske areala. Dei har dermed ei nøkkelrolle ved at dei kan vedta samfunns- og arealplanar som legg til rette for omstilling til eit lågutsleppssamfunn, og som reduserer utslepp frå arealbruksendringar. Det er difor viktig at kommunane tek omsyn til klima i arealplanlegginga si. Vidare handla kommunar og fylkeskommunar varer og tenester for om lag 250 mrd. kroner i 2020 og har dermed ei stor innkjøpsmakt. Vilkår som blir stilte i offentlege anskaffingar, kan vere med på å bidra til utviklinga av teknologi og til at løysingar som allereie finst, blir tekne i bruk. Fylkeskommunane, som ansvarlege for kollektivtrafikken i fylket, har gjennom anbodskrav bidrege til utvikling og bruk av nullutsleppsløysingar i kollektivtransporten. Mange kommunar har fått på plass eigne klimastyringssystem.
Boks 2.2 Oslo kommunes klimabudsjett
Oslo kommune har utvikla eit eige klimabudsjett som styringsverktøy for sitt klimaarbeid. Styrande for klimabudsjettet og arbeidet til verksemda er eit mål om at klimagassutsleppa i Oslo i 2030 skal vere reduserte med 95 pst. samanlikna med 2009. I 2023 er målet 52 pst utsleppsreduksjon. Klimabudsjettet vart presentert første gongen i 2017 og har utvikla seg i takt med auka kunnskap, erfaring og forbetring av metoden for å berekne utslepp av klimagassar. Klimabudsjettet presenterer og bereknar effekten av tiltak som skal bidra til å nå målet. Det viser ansvaret for gjennomføring fordelt på dei kommunale verksemdene og inneber rapporteringskrav på status i klimatiltaka på linje med den økonomiske rapporteringa verksemdene gjer. Klimabudsjettet gjer det også tydeleg kva nasjonale og regionale tiltak som direkte bidreg til utsleppskutt i Oslo. Pårekna klimaeffekt for vedtekne verkemiddel går fram.
Eit årshjul er med på å organisere arbeidet med nye tiltak og forsterking av eksisterande tiltak. Overslaga på måloppnåing og metodar for klimaeffekt er offentleg tilgjengelege.
Klimabudsjettet er basert på Miljødirektoratets nasjonale, kommunefordelte, utsleppsrekneskap. I tillegg kjem effektar av tiltak som det ikkje har vore mogleg å talfeste.
Som grunnlag for vidare arbeid med utsleppsreduksjonar i klimabudsjettet har Oslo utvikla vegkart som viser ei mogleg sektorvis utsleppsutvikling for å nå klimamålet i 2030. Vegkarta viser også gapet mellom vedtekne og identifiserte verkemiddel og klimamålet.
Vidare arbeid
Det nye klimastyringssystemet som blir presentert nå i Regjeringas klimastatus og -plan, er under utvikling. Det er fagleg krevjade å berekne effekten av ny og etablert politikk på utviklinga i klimagassutsleppa av fleire grunnar. Eit teknisk berekningsutval for klima har tilrådd at metodeapparatet for å berekne klimaeffekt av relevant politikk blir vidareutvikla. Departementa og etatane jobbar for å betre metodane for å berekne klimaeffektar. Det vil alltid vere usikkert kva effekt verkemidla har, og når ein ser effekten av desse. Den teknologiske utviklinga, utviklinga i økonomien og befolkningsutviklinga er alle faktorar som vil verke sterkt inn på utsleppa framover. Difor kan det bli behov for å justere kursen undervegs. Det er blant grunnane til at regjeringa ønsker å legge fram ein årleg klimastatus- og plan. Det er ikkje alltid mogleg å seie kor stor klimaeffekten er av å innføre eit verkemiddel – og når utsleppsreduksjonane vil skje. Likevel kan verkemiddelet vere eit viktig bidrag til reduserte utslepp eller for å endre rammer som gjer omstillinga til lågutsleppssamfunnet mogleg.
Framover blir det også viktig å etablere dei viktige koplingane mellom klima og natur i klimastyringssystemet. Regjeringa har sett i gang arbeidet med å utvikle ein naturrekneskap for Noreg. FNs statistiske kommisjon vedtok i mars 2021 eit statistisk rammeverk for føring av nasjonale naturrekneskapar. Rammeverket omfattar delrekneskapar om utbreiinga av, tilstanden til og forsyninga av økosystemtenester frå naturen. At naturen bind og lagrar karbon, er éi viktig økosystemteneste som er omfatta. Utviklinga av ein nasjonal naturrekneskap vil på sikt bidra med meir systematisert kunnskap om bidraget frå økosystema til klimaregulering og klimaeffekten av arealbruk og arealbruksendringar. Systemet skal også kunne gje informasjon om den monetære verdien av ulik natur og vil slik kunne koplast til det økonomiske styringssystemet elles i staten. Både kommunar og staten kan få eit mykje betre avgjerdsgrunnlag for utbygging og restaurering av natur ved eit slikt system. Miljødirektoratet er i gang med eit omfattande arbeid for å utvikle metodar for naturrekneskap etter oppdrag frå regjeringa.
2.2 Mål
Klimamåla er rammene i klimastyringssystemet. Måla er beskrivne i kap. 4.2.
Eit karbonbudsjett fastset mengda klimagassutslepp som kan sleppast ut over ein bestemt tidsperiode. I Hurdalsplattforma skriv regjeringa at Noregs attverande karbonbudsjett skal leggje føringar for vurderingar av politiske tiltak og satsingar. Som ein del av avtalen med EU har Noreg årlege utsleppsbudsjett for perioden 2021–2030 for ikkje-kvotepliktige utslepp (innsatsfordelinga) og femårige utsleppsbudsjett for skog- og arealbrukssektoren. Sjå kap. 4.2 for nærmare omtale. Miljødirektoratet har fått i oppdrag å sjå nærmare på ulike tilnærmingar til karbonbudsjett.
2.3 Politikkutvikling: Klimamåla som ramme rundt all politikken
2.3.1 Ny stortingsmelding og årlege oppdateringar om klimapolitikken
Klimamål og klimapolitikken blir utvikla og styrkt over tid. Parisavtalen bind alle landa til å sende inn eit nasjonalt fastsett bidrag (mål) til Parisavtalen kvart femte år. Det er ei sterk oppmoding at desse måla er femårige. Etter Parisavtalen vil eit slikt mål utgjere ein progresjon frå det førre målet og vere eit uttrykk for det høgast moglege ambisjonsnivået. Noreg har forankra ein slik femårig syklus for utviklinga av Noregs klimamål i klimalova. I tråd med forpliktingane under Parisavtalen tek Noreg sikte på å melde inn eit nytt klimamål i 2025, der landa er oppmoda til å setje eit mål for 2035. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei ny stortingsmelding om klima i 2024 for perioden fram mot 2035.
Før klimameldinga blir lagd fram i 2024, vil det venteleg vere meir klart kva justeringar EU gjer i klimaregelverket sitt («Klar for 55») som ei oppfølging av det forsterka klimamålet deira for 2030. I tillegg vil utgreiinga til Klimautvalet 2050 om vegval mot 2050 vere klar i november 2023, i tide til at ho kan nyttast som ein del av kunnskapsgrunnlaget i meldinga.
I tillegg har denne regjeringa vedteke å oppdatere Stortinget om planen for å nå klimamåla i Regjeringas årlege klimastatus og -plan. Planen vil kunne bli justert årleg etter behov. Sjå nærmare omtale av klimaplanen i kap. 3.
2.3.2 Klimamåla som ramme rundt politikkutviklinga
Noreg skal ikkje berre oppfylle årlege utsleppsbudsjett for ikkje-kvotepliktige utslepp og nå klimamål fram mot 2030. Sjå kap. 4.2 for nærmare omtale av Noregs klimaforpliktingar. I løpet av dei neste knapt 30 åra skal vi omstille Noreg til eit lågutsleppssamfunn, med låge utslepp i alle sektorar. Det vi gjer i dag, kan vere avgjerande for om vi lykkast. Så langt har vi lagt mest vekt på stegvise endringar med reduserte utslepp knytte til dei aktivitetane vi har. For å lykkast med omstillinga må vi i tillegg gjennom ei djup avkarbonisering som inneber transformative endringar i korleis vi innrettar samfunnet. Det er viktig at vi i politikkutforminga tek omsyn til omstillinga vi må gjennom, også i ei omskifteleg verd med krig, energikriser, naturkatastrofar, endra vilkår for matproduksjon, pandemiar osv. Slike omfattande endringar vil ha store konsekvensar for norsk økonomi og samfunn. Det er samstundes nødvendig å ta høgd for kostnadene ved ikkje å omstille samfunnet til eit samfunn med låge utslepp og at omstillinga samstundes byr på moglegheiter for bedrifter og gode som reinare luft og mindre støy i kvardagen til folk. Det er avgjerande for regjeringa at omstillinga er rettferdig, og at ho skjer på ein måte som sikrar at Noreg held fram med å vere eit berekraftig velferdssamfunn også etter 2050.
For å nå klimamåla til Noreg vil klimapolitikken utviklast kontinuerleg (sjå nærmare omtale av måloppnåing i kap. 4 og klimaeffekt av framlagt budsjett i kap. 5). Klimapolitikken til regjeringa blir utvikla med utgangspunkt i klimamåla og den kunnskapen vi har i dag. Under omtaler vi korleis regjering har etablert nye prosessar for å integrere klimapolitikken betre i statsbudsjettet. Samstundes er det ikkje berre i statsbudsjettet regjeringa tek avgjerder som påverkar klimagassutslepp, eller som påverkar rammene for framtidige utslepp.
Den femårige syklusen i Parisavtalen for å utvikle klimamål og Noregs langsiktige målsetjing for 2050 dannar utgangspunktet for ein årleg syklus for Noregs arbeid med måloppnåing knytt til statsbudsjettet. Skal vi nå klimamåla, må den samla politikken og statsbudsjettet støtte opp under måla. Som ein del av klimastyringssystemet er det utvikla eit årshjul for klimapolitikken. Årshjulet startar og blir avslutta med Regjeringas klimastatus og -plan som særskild vedlegg til KLDs årlege budsjettproposisjon. Årshjulet er synkronisert med budsjettprosessen. Den årlege oppdateringa og koplinga mot budsjettprosessen har som mål å bidra til ei kontinuerleg utvikling av klimapolitikken og ein fleksibilitet som også kan fangast opp i budsjettprosessane.
Figur 2.2 Årshjul for klima i statsbudsjettet og andre prosesser
Klimabudsjett – klima blir integrert i arbeidet med statsbudsjettet
Regjeringa ønskjer å integrere omsynet til klima tettare i arbeidet med å utforme statsbudsjettet og har starta med å utvikle eit klimabudsjett.
Klimabudsjettet er ein del av klimastyringssystemet og skal bidra til at omsynet til klima blir integrert i den interne prosessen i regjeringa med å vedta statsbudsjettet. Klimabudsjettet blir slik eitt av fleire verktøy for å målrette nye tiltak og styrkje arbeidet med utsleppskutt. Klimabudsjettet er ei systematisk framstilling av klimaeffekten av statsbudsjettet og dei ulike budsjettforslaga og korleis det er forventa å påverke norske utslepp, klimamål og internasjonale forpliktingar. Klimabudsjettet skal bidra til at det i statsbudsjettet blir sett i verk og finansiert kostnads-, styrings- og formålseffektive tiltak og verkemiddel som reduserer utslepp i tråd med klimamåla våre. Vurderingar av klimaverknader blir innarbeidde i avgjerdsgrunnlaget til regjeringa, som dei årlege budsjettrundskriva og i budsjettmaterialet. Budsjettforslaga skal bidra til at Noreg oppfyller det gjeldande utsleppsbudsjettet sitt for ikkje-kvotepliktig sektor i 2023 og i kommande år.
Anna politikkutvikling: Klima rammar inn all politikkutforminga
Klimapolitikken består i praksis av alle avgjerder som påverkar klimagassutslepp og omstillinga til lågutsleppssamfunnet, både i statsbudsjettet og i andre avgjerdsprosessar i regjeringa. Førre avsnitt handla om klimarelevante avgjerder i samband med statsbudsjettet, til dømes nivået på CO2-avgifta. Men det er og mange avgjerder som påverkar klimagassutslepp som ikkje blir tekne i samband med statsbudsjettet. Døme på dette er kravstilling og varsling av forbod. I arbeidet med klimabudsjett blir det gjort opp samla status for alle avgjerdsprosessar som påverkar klimagassutslepp og oppnåinga av klimamåla. På denne måten vil avgjerder som er tekne utanfor statsbudsjettet, også bli tekne med i betraktninga i arbeidet med statsbudsjettet. Slik famnar statsbudsjettprosessen om heilskapen i klimapolitikken og alle verkemiddel som blir bestemte for å leggje til rette for gjennomføringa.
Mange av avgjerdene som påverkar utslepp og opptak av klimagassar i Noreg, er forankra i prosessar der klima ikkje er hovudformålet. Eit døme er Nasjonal transportplan (NTP) som legg rammene for transportpolitikken for ein tolvårsperiode. Etablering av transportinfrastruktur påverkar utsleppa av klimagassar gjennom utslepp frå arealbruk, bygging og drift. Energi- petroleums - og næringspolitikk er anna døme på politikkområde som har mykje å seie for om og korleis vi når klimamåla. Framtidig tilgang på kraft og nett betyr mykje for om vi lykkast med å erstatte fossil energibruk med fornybar e og utsleppsfri løysinger. Dei årlege jordbruksoppgjera er hovudverkemiddelet for å nå målet om eit berekraftig jordbruk med reduserte klimagassutslepp.
Skal vi lykkast i å nå klimamåla, må politikkutviklinga i ulike sektorar dra i same retning. Klima må vurderast og varetakast i alle viktige avgjerdsprosessar som påverkar klimagassutslepp.
Det følgjer av utgreiingsinstruksen at dei positive og negative verknadene av eit tiltak skal inngå i alle utgreiingar, inkludert kor varige dei er, og kven dei vil gjelde, og grunngjevinga for kvifor eit bestemt tiltak blir tilrådd. Dette gjeld naturlegvis også for klima.
I tillegg er det viktig at aktørane omtalte i boks 2.1 og departementa omtalte i boks 2.3 har ansvaret for å utforme og implementere dei sentrale delane sine av klimapolitikken og annan politikk som påverkar klimagassutslepp. Regjeringa vil difor at omsynet til klima blir betre integrert i alle relevante store og små avgjerder, strategiar og stortingsmeldingar. Det inneber også ei tydeleggjering av ansvaret blant dei styresmaktene som er ansvarlege for dei ulike prosessane.
Boks 2.3 Sentrale departement i arbeidet med å nå klimamåla og hovudansvaret deira
Regjeringa har felles og heilskapleg ansvar for klimapolitikken. Staten må fremje politikk og verkemiddel som gjev insentiv forlikelege med klimamåla, og som gjev retning og føreseielege vilkår for alle aktørar. Klima- og miljødepartementet har det sektorovergripande ansvaret for klimapolitikken, men ansvaret for å utvikle og implementere mange av dei viktigaste politiske grepa for å få utsleppa ned ligg i andre departement.
Klima- og miljødepartementet: heilskapen i klimapolitikken til regjeringa, klimasamarbeidet med EU og EUs kvotesystem, dei internasjonale klimaforhandlingane, ansvaret for Enova, biodrivstoff, matsvinnavtale, CO2-kompensasjonsordninga
Finansdepartementet: skattar og avgifter, utsleppsframskrivingar og saman med KLD integrering av informasjon om utsleppsverknader i budsjettprosessen
Olje- og energidepartementet: energi- og petroleumspolitikken, oppfølging av CO2-handtering, hydrogen og havvind
Samferdselsdepartementet: luftfarts-, veg- og jernbanesektoren og for riksvegferjene og overordna transportplanlegging med betydning for transport- og arealbruk
Landbruks- og matdepartementet: landbruks- og matpolitikken, inkl. arealforvaltning, jord- og skogbruk og utvikling av nye næringar med utgangspunkt i landbruket
Nærings- og fiskeridepartementet: Utforme ein framtidsretta nærings- og havpolitikk for høgast mogleg verdiskaping innanfor berekraftige rammer og berekraftig forvaltning av fiskeri- og havbruksnæringa. Koordinere grøn skipsfart, det næringsretta verkemiddelapparatet og Nysnø
Kommunal- og distriktsdepartementet: plan- og bygningspolitikk, koordinering av det nasjonale arbeidet med berekraftsmåla, regional- og distriktspolitikk og statlege byggjeprosjekt og eigedomsforvaltning
Helse- og omsorgsdepartementet: arbeidet for at befolkninga skal følgje offisielle kostråd
2.3.3 Eit felles kunnskapsgrunnlag for politikkutvikling
Politikkutviklinga for å nå måla for 2030 må informerast av kvar vi skal vere i 2050. Eit solid kunnskapsgrunnlag gjer det mogleg å føre ein meir effektiv, treffsikker og heilskapleg klimapolitikk. Det er viktig at avgjerdene byggjer på eit felles kunnskapsgrunnlag utvikla av respektive fagetatar. Eit felles kunnskapsgrunnlag er viktig for å sikre konsistens og felles føresetnader på tvers av sektorar og etatar, og at blir gjort vurderingar av utsleppseffektar og ressursbehov i tråd med avtalte mål og rammer.
Miljødirektoratet og andre underliggjande etatar fører vidare arbeidet med kunnskapsutvikling på klimaområdet. Etatane fekk hausten 2021 eit mandat for tettare samarbeid om kunnskapsutvikling på klimaområdet, der eit av formåla er å bidra til å halde ved like faggrunnlaget som vart utvikla i arbeidet med rapporten «Klimakur 2030». Etatane arbeide og med utvikling av anna kunnskapsgrunnlag. I september 2022 la Miljødirektoratet i samarbeid med Gassnova og Oljedirektoratet fram ein rapport med klimatiltaksanalysar for petroleum, industri og energiforsyning. Boks 4.9 gjev nærmare omtale av innhaldet i rapportane. Etatane har og fått i oppdrag å lage eit kunnskapsgrunnlag for klimatiltak i skog- og arealbrukssektoren.
2.4 Utsleppseffekt
Ein føresetnad for å lykkast med å få ned dei nasjonale utsleppa er at vi kjenner statusen for klimagassutsleppa og utsleppseffekten av avgjerdene som blir tekne. For å kunne ta omsyn til klima i avgjerder er det nødvendig med informasjon om utsleppseffektane av avgjerdene som blir tekne.
Som nemnt i omtalen av klimabudsjett under 2.3.2 har denne regjeringa laga rutinar for at utsleppseffektar av relevante delar av budsjettet går fram som ein del av avgjerdsdokumenta til regjeringa i det interne budsjettarbeidet. Vurderingar av klimaverknader blir innarbeidde i budsjettmaterialet.
I mange tilfelle er det mange ulike avgjerder og forhold som til saman påverkar klimagassutslepp. Difor er det eit krevjande arbeid å talfeste utsleppseffektar. Teknisk berekningsutval for klima (TBU klima) har fått i oppdrag å gje råd om forbetringar i metodane for tiltaks- og verkemiddelanalysar. Arbeidet omfattar også metodar for å berekne klimaeffekten av statsbudsjettet.
2.5 Rapportering
Rapportering til FN, EU og klimastatusen frå regjeringa til Stortinget
Noreg er forplikta til å rapportere jamleg om status for klimagassutslepp og klimamåloppnåing, både nasjonalt og internasjonalt: til FN under Parisavtalen, til ESA som del av avtalen med EU om samarbeid om klimamålet for 2030 og til Stortinget under klimalova. Den internasjonale rapporteringa til FN og EU følgjer vedtekne retningslinjer og består mellom anna av historiske tal for utslepp og opptak, framskriving av utslepp og opptak og effekten av politikk og verkemiddel.
Rapporteringsføresegnene i klimalova legg føringar for den nasjonale rapporteringa til Stortinget. Ei endring i år er at regjeringa innfører ein årleg klimaplan som ein del av rapporteringa til Stortinget. Klimastatus og -planen frå regjeringa markerer slutten og starten på klimaarbeidet i statsbudsjettet og gjev samstundes ei oversikt over klimapolitikken.
Tematisk er rapporteringa etter klimalova tredelt og beskriv måloppnåinga for 2030 og 2050, arbeidet med klimatilpassing og klimaeffekten av framlagt budsjett. Delar av dette inngår også i Noregs internasjonale rapportering. Rapporteringa på måloppnåing for 2030 viser utsleppstala i dag, framskrivne utslepp og effekten av planlagd politikk og verkemiddel. Rapporteringa på klimaeffekten av statsbudsjettet blir gjord i tillegg. Denne rapporteringa er basert på ei kategorisering av budsjettpostane på budsjettforslaga frå dei ulike departementa. Kategoriseringa av budsjettpostar identifiserer større endringar frå fjorårsbudsjettet og i kva retning dei trekkjer utsleppa.
Samla gjev rapporteringa til Stortinget ein status for forventa effekt av politikken som er på plass før budsjettforslaget, den forventa effekten budsjettforslaget har på klimagassutslepp og -opptak, og forventa klimaeffekt av den planlagde politikken framover.
Klimarapportering frå selskap
I tillegg til rapporteringa som omfattar den norske utsleppsrekneskapen, er det viktig for omstilling og klimakutt at alle selskap, både privateigde og statleg eigde selskap rapporterer godt om korleis dei påverkar og blir påverka av klimaendringane. For at kapital skal kanaliserast til lønnsame berekraftige investeringar og til dei selskapa som er best rusta til å handtere klima- og berekraftsrisiko, er det avgjerande med god rapportering av relevant og samanliknbar informasjon frå selskapa. Rapportering om klima- og berekraftsinformasjon kan også bidra til å gjere selskapa sjølve medvitne om kva risiko klimaendringar og andre miljøproblem kan utgjere for forretningsmodellane deira. Regelverksutviklinga på dette området går raskt og er omfattande. I EU har det dei seinare åra blitt foreslått eller vedteke fleire nye EØS-relevante regelverk, og internasjonalt blir det utvikla nye, frivillige standardar for rapportering (sjå boks 2.4).
Regjeringa forventar at store norske føretak etterlever krava i rekneskapslova om å inkludere informasjon i selskapsrapporteringa si om korleis dei blir påverka av og handterer klima- og miljørisiko, og korleis aktivitetane til selskapet påverkar klima og miljø. Føretaka bør også rapportere om klimagassutslepp frå verdikjeder der det er relevant. Ettersom også mindre føretak vil ha ei viktig rolle i omstillinga til ein meir berekraftig økonomi, vil systematisk rapportering også frå desse føretaka kunne bidra til at investeringar og utlån blir dreidde i ei meir berekraftig retning. Regjeringa oppmodar også føretak som ikkje er underlagde lovkrav om å rapportere klima- og miljørelevant informasjon, om å rapportere på frivillig basis. Regjeringa er positiv til at det blir utvikla felles standardar for berekraftsrapportering på europeisk nivå som kan bidra til betre og meir samanliknbar informasjon.
Klassifiseringssystemet for berekraftige økonomiske aktivitetar (taksonomien) er eit anna sentralt tiltak for å leggje til rette for at finansmarknadene kanaliserer kapital til berekraftige aktivitetar. Taksonomien skal gjere det lettare å vurdere om investeringar er i tråd med EUs langsiktige klima- og miljømål, og gje selskap insentiv til omstilling1. Stortinget vedtok i desember 2021 ei ny lov om berekraftig finans som gjennomfører EUs taksonomiforordning og offentleggjeringsforordning i norsk rett 2. Lova vil først kunne setjast i kraft når dei to forordningane har teke til å gjelde i EØS-avtalen. Finansdepartementet forventar at forordningane vil kunne ta til å gjelde i EØS-avtalen i løpet av andre halvåret 2022. Finansdepartementet oppmoda i desember 2021 norske føretak som vil bli omfatta av dei nye rapporteringspliktene, om å inkludere taksonomirelatert informasjon i årsrapportane for 2021, sjølv om lova ikkje skulle gjelde på tidspunktet når årsrapportane blir gjevne.
Regjeringa arbeider no med ei ny eigarskapsmelding og vurderer i samband med dette kva forventningar staten som eigar skal ha overfor selskapa på klimaområdet.
Boks 2.4 Berekraftsrapporteringa til selskapa i EU
For å forbetre berekraftsrapporteringa til selskapa og leggje til rette for omstilling i tråd med Europas grøne giv la Europakommisjonen i april 2021 fram eit forslag til nytt direktiv om berekraftsrapporteringa til selskapa («Corporate Sustainability Reporting Directive», CSRD). I juni 2022 vart det oppnådd førebels politisk semje om direktivet mellom Europaparlamentet og Det europeiske råd. Direktivet er EØS-relevant1. Føretak som er underlagde krav om å rapportere berekraftsinformasjon i dag, skal rapportere etter det nye regelverket frå og med årsrapportane for 2024 (rapportering i 2025). Store føretak skal følgje dei nye reglane i årsrapportane for 2025. Frå og med 2026 skal også noterte små og mellomstore føretak, med unntak av såkalla mikroføretak, rapportere i tråd med det nye direktivet. Direktivet skal utfyllast av pliktige rapporteringsstandardar, ein for store føretak og ein for små og mellomstore føretak.
Regelverksendringane inneber mellom anna at selskap må offentleggjere planane sine for å sikre at forretningsmodellen og strategien deira er i tråd med overgangen til ein berekraftig økonomi og målet i Parisavtalen om å leggje vinn på å avgrense global oppvarming til 1,5 gradar. Selskapa må rapportere om berekraftsrelatert risiko dei er eksponerte mot, moglegheiter knytte til omstillinga og setje vitskapsbaserte mål og rapportere om måloppnåing. Rapporteringskrava etter direktivet gjeld ikkje berre rapportering om korleis selskapa påverkar og blir påverka av klimaendringar og strammare klimapolitikk, men også korleis dei påverkar og blir påverka av miljømåla elles i taksonomien (naturmangfald, sirkulær økonomi, forureining og vatn og marine ressursar).
1 Verdipapirlovutvalget har fått i oppdrag å vurdere gjennomføring av direktivet i norsk rett og skal levere sine anbefalinger til Finansdepartementet innen 8. desember 2022.