Prop. 1 S (2021–2022)

FOR BUDSJETTÅRET 2022 — Utgiftskapittel: 61, 400–491 Inntektskapittel: 3400–3490

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Hovudinnleiing

1.1 Ansvarsområde og organisering

Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for rettsvesenet, kriminalomsorga, politi- og påtalemakta, redningstenesta og utlendingsstyresmaktene, og har samordningsansvar for samfunnstryggleik og truslar mot rikstryggleiken på sivil side. Ansvaret for samordning av norsk politikk i polarområda og svalbardbudsjettet ligg òg til departementet. Departementet har ansvar for om lag 150 lover og har i tillegg som oppgåve å bidra til å sikre kvalitet i lovarbeidet i andre departement. Totalt har Justis- og beredskapsdepartementet 19 underliggjande og tilknytte verksemder som saman bidrar til å oppfylle samfunnsoppdraget til sektoren.

Figur 1.1 Oversikt over underliggjande og tilknytte verksemder under Justis- og beredskapsdepartementet

Figur 1.1 Oversikt over underliggjande og tilknytte verksemder under Justis- og beredskapsdepartementet

1.2 Mål for justis- og beredskapssektoren

For budsjettperioden 2021–2022 gjeld desse overordna måla for justissektoren:

  • effektiv kamp mot kriminalitet

  • rettstryggleik

  • tryggleik i samfunnet

  • kontrollert og berekraftig innvandring

  • godt forvalta polarområde

  • godt og moderne lovverk

1.3 Resultat i regjeringsperioden

Regjeringa har i regjeringsperioden 2018–2021 jobba målretta for å få eit betre og sterkare politi, eit meir digitalisert og effektivt rettsstell og ei moderne kriminalomsorg som kan handtere ei ny samansetning av innsette. Regjeringa har styrkt beredskapen på ei rekkje område, og tilrådingane frå 22. juli-kommisjonen er følgde opp. I perioden 2018–2021 er den samla løyvinga på dei ordinære driftsbudsjetta til verksemdene i justissektoren auka med om lag 3,6 mrd. kroner (12 pst.), frå 30,6 mrd. kroner i 2018 til 34,2 mrd. kroner i 2021 (Saldert budsjett). Det er og gitt løyving til fleire større investeringar i perioden, som nytt beredskapssenter for politiet, nye politihelikopter, nye redningshelikopter, nye IKT-system for personkontroll på Schengen-grensa, objektsikring og sikre datahallar, digitalisering i domstolane, skredsikring på Svalbard, nytt fengsel i Agder og rehabilitering av Ila fengsel og forvaringsanstalt.

Effektiv kamp mot kriminalitet

Politireforma er gjennomført. Ho har styrkt evna politiet har til å handtere det moderne kriminalitetsbiletet. Politiet og kommunane samarbeider meir systematisk om det lokale kriminalitetsførebyggjande arbeidet, bl.a. gjennom politiråd og politikontakt. Politiet er no samla i tolv større og sterkare politidistrikt, som alle har fått større moglegheit til å etterforske og påtale alvorleg og organisert kriminalitet. Ressursane i det enkelte politidistriktet er organisert i såkalla funksjonelle driftseiningar, som støtter heile distriktet i oppgåveløysinga.

Kvaliteten på arbeidet til politiet er styrkt, etaten har blitt endå meir profesjonell, evna til samarbeid er blitt betre, og politiet etterforskar i dag kriminalitet som tidlegare ikkje vart prioritert fordi politiet ikkje hadde tilstrekkelege ressursar eller nødvendig kompetanse. Riksadvokaten melder at kvaliteten på straffesaksområdet er høgare og jamnare. Sjølv om det er rom for ytterlegare forbetringar, er det liten tvil om at politireforma har vore nødvendig og riktig for at norsk politi skal kunne handtere eit nytt kriminalitetsbilete.

Samstundes har regjeringa følgt opp arbeidet med å tilføre politiet nye ressursar. Driftsbudsjettet til politiet (post 01) har auka med 2 683 mill. kroner i perioden (16 pst.), inkl. lønns- og prisvekst, frå 17 101 mill. kroner i 2018 til 19 784 mill. kroner i 2021 (Saldert budsjett). Talet på tilsette i politiet har auka med 755, frå 16 945 i 2018 til 17 700 per 31. mars 2021, og dei fleste av dei er politiutdanna. Det har lenge vore eit viktig mål at Noreg skulle ha to polititenestepersonar per tusen innbyggjarar. Dette målet vart nådd i 2020. For å møte nye kriminalitetsutfordringar, medrekna IKT-relatert kriminalitet, har regjeringa òg stilt krav til politiet om rekruttering av fleire relevante yrkesgrupper.

Det er i inneverande stortingsperiode gitt løyving til politiet sin innsats for betre integrering og trygge bumiljø, som styrkt politiinnsats i Oslo Sør og ulike tiltak mot barne-, ungdoms- og gjengkriminalitet. Regjeringa har fremma forslag om forbod mot deltaking i kriminelle gjengar, noko som vil vere med på å styrke samfunnet sin moglegheit til å kjempe mot dei mest profesjonelle og organiserte miljøa og hindre rekruttering av barn og unge. Politidirektoratet og Riksadvokaten har sett i verk ein nasjonal operasjon mot kriminelle nettverk i Noreg som vil bidra til å forbetre, styrke og koordinere den allereie pågåande innsatsen mot gjengkriminalitet.

Dei siste ti åra har det vore ein betydeleg auke i talet på melde lovbrot av seksuelle overgrep mot barn og unge. Ein av årsakene til auken er at fleire politidistrikt har etterforska store internettrelaterte saker med mange fornærma. Politiet sine ressursar og kompetanse til å førebyggje og etterforske vald, valdtekter og seksuelle overgrep er styrkte. Regjeringa legg òg til rette for eit betre samarbeid mellom politiet, skulen, helsetenesta, familievernet, barneverntenesta og andre relevante etatar gjennom t.d. aktiv bruk av politiråd og utvekling av rettleiarar for å lage kommunale handlingsplanar.

Regjeringa har følgt opp opptrappingsplanen mot vald og overgrep mot barn, bl.a. gjennom nedsetjinga av partnardrapsutvalet, gjennom etablering av støttesenter for kriminalitetsutsette, gjennom evaluering av besøksforbod som vernetiltak og gjennom ein strategi mot internettrelaterte overgrep mot barn. Løyvinga til statens barnehus er auka, og det er etablert to nye underavdelingar av allereie eksisterande barnehus. Totalt finst det 14 barnehus, der tre er underavdelingar. Regjeringa har òg styrkt satsinga på omvend valdsalarm, og bruken har tredobla seg dei siste åra. Regjeringa har styrkt innsatsen mot valdtekt gjennom Handlingsplan mot valdtekt (2019–2022). Handlingsplanen har fem innsatsområde, der eit er god kvalitet i etterforsking og behandling i rettsapparatet for denne typen saker.

Regjeringa har utvida grunnlaget for opphaldsløyve for offer for menneskehandel gjennom ei forskriftsendring som utvidar retten til opphald for offer for menneskehandel som gjev forklaring for retten eller politiet i ei straffesak.

Politiet har etablert eit nært samarbeid med Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten og Skatteetaten om felles innsats mot arbeidslivskriminalitet, bl.a. gjennom felles styringsstruktur og -modell for arbeidslivskriminalitetssentera. Etatane har vedteke felles mål- og resultatstyring for denne innsatsen.

Politiet sin kapasitet og kompetanse til å kjempe mot kriminalitet i det digitale rommet er styrkt gjennom etableringa av Nasjonalt cyberkrimsenter (NC3) ved Kripos i 2019. Senteret er eit nasjonalt kunnskaps- og kompetansesenter innan teknologirelaterte politioppgåver. Politiet har etablert eigne einingar med kompetanse innanfor digitalt politiarbeid i alle politidistrikta. Det å samle og styrke kompetansemiljø ventast å bidra positivt framover. Politiet sitt nærvær på nett er styrkt gjennom etableringa av nettpatruljar i alle politidistrikta. Politiet sitt samarbeid gjennom Felles cyberkoordineringssenter (FCKS) og NSMs Nasjonal cybertryggingssenter (NCSC) er viktig for å handtere det samansette trusselbiletet.

Regjeringa sikrar grensene mot grensekryssande kriminalitet og terrorisme. Noreg deltek med andre europeiske land i Schengen-samarbeidet. Politiet og utlendingsstyresmaktene fekk i 2020 løyvd midlar til å implementere Schengen-grensekontrollsystema Entry Exit System (EES) og European Travel Information and Authorisation System (ETIAS). Under covid-19-pandemien har Forsvaret hjelpt politiet med grensekontroll. Regjeringa har gjennomført mellombels personkontroll på delar av den indre Schengen-grensa sidan hausten 2015 som eit tiltak for å sikre samfunnstryggleiken i Noreg.

Totalt er det i løpet av perioden 2018–2021 løyvd om lag fire mrd. kroner til større investeringsprosjekt i politiet1. I tillegg til nytt beredskapssenter har politiet fått tre nye politihelikopter. Politiet har sikra både skjermingsverdige objekt i tråd med krava i tryggingslova, og dei har bygd sikre datahallar for justissektoren. Politiet har i perioden 2018–2021 i tillegg fått auka løyving til meir og betre utstyr, bl.a. til kjøretøy, nye politibåtar, utstyr til operativt arbeid og frie midlar til politidistrikta for å styrke patruljering. Dette har gitt politiet handlingsrom til å bruke ressursane der dei lokale og regionale behova er størst.

Rettsstat og rettargang

Regjeringa har styrkt domstolane kraftig, med auka dommarressursar og digitalisering. Strukturreforma i domstolane er gjennomført. Alle rettsstader er haldne oppe, samstundes som det blir større fagmiljø ved at rettskrinsane er utvida.

Ein stor digitaliseringsprosess går for seg i domstolane, og det er løyvd betydelege midlar til satsinga i perioden 2018–2021. Stadig fleire rettssaker kan gjennomførast raskare med digital deltaking. Domstolane har òg fått auka kapasitet gjennom bl.a. løyvingar til bemanning, til teknisk utstyr, til utgreiingar av nye tinghusprosjekt og til forprosjekt med lyd- og biletopptak i utvalde domstolar. Det ordinære driftsbudsjettet til domstolane og Høgsterett (post 01) har auka med 363 mill. kroner i perioden (14 pst.), inkludert lønns- og prisvekst, frå 2 561 mill. kroner i 2018 til 2 924 mill. kroner i 2021 (Saldert budsjett).

Prosjektet elektronisk samhandling mellom aktørane i straffesakskjeda (ESAS) har etablert ein effektiv, sikker og robust digital felleskomponent (Justishub) for utveksling av data innan straffesakskjeda.

Straffesaker skal avviklast meir effektivt. Regjeringa har fremma og fått tilslutning til lovforslag om aktiv saksstyring. Forslaga legg til rette for auka dommarstyring ved å styrke det faktiske grunnlaget for saksstyring i retten og ved å gi retten meir effektive styringsverktøy. Lovendringa kan gi betydelege innsparingar. Regjeringa har òg fremma og fått tilslutning til ei lovendring om å innføre ankesiling for saker med strafferamme på over 6 år. Endringane tredde i kraft i 2020.

Regjeringa har prioritert å auke løyvingane til både påtalemakta i politiet og Den høgare påtalemakta for å byggje ned restansar ved straffesaksbehandlinga.

Regjeringa stiller strenge krav til sikker lagring og behandling av personopplysningar, både frå private og frå offentlege aktørar. Regjeringa har i 2020 sett ned ein personvernkommisjon for å vurdere stillinga til personvernet i Noreg. Denne skal bl.a. se på personvern i justissektoren og på korleis personvernet kan sikrast ved auka bruk av digitale løysingar, medrekna rettane til brukarar av sosiale medium. Regjeringa har fremma lovendringar der unntaksregelen for ytrings- og informasjonsfridom i personopplysningslova § 3 er endra for å leggje til rette for meir nyanserte vurderingar av forholdet mellom ytrings- og informasjonsfridommen og personvernet. I offentleglova blir det foreslått å ta inn eit unntak frå retten til innsyn for samanstillingar og oversikter som er utarbeidde i samband med innsyn i eigne personopplysningar etter personvernforordninga, og ei ny føresegn om innsyn i saker for EOS-utvalet.

Straff og soning

Regjeringa vil behalde det generelle straffenivået, men opne for mindre justeringar på enkelte område i høve der straffenivået blir opplevd som urimeleg. Regjeringa har auka straffenivået på enkelte område, bl.a. når det gjeld skyting mot politiet.

Talet på personar som gjennomfører straff med elektronisk kontroll («fotlenke») har auka. Dette gjer det lettare for personar med korte straffer og utan tidlegare dommar å halde fram med arbeid, utdanning og kontakt med familien. Dette aukar òg moglegheita for å klare seg betre etter gjennomført straff.

For å sikre at innsette under 18 år får eit tilpassa tilbod ved fullt belegg i ungdomseiningane, er det bestemt at Eidsberg fengsel skal gi tilpassa oppfølging for inntil tre innsette under 18 år.

Regjeringa har sørgd for viktige tiltak for å betre forholda under gjennomføring av straff og for å redusere problemet med isolasjon. Fleire norske fengsel er gamle og har ein bygningsmasse som er dårleg tilpassa moderne fengselsdrift. Regjeringa har derfor lagt stor vekt på nye bygg og rehabilitering. I 2020 opna nye Agder fengsel med 300 plassar. I regjeringsperioden er òg arbeida med å greie ut eit nytt Oslo fengsel og med å rehabilitere Ila fengsel og forvaringsanstalt starta. I sum vil dette betre forholda for mange innsette. Det har igjen betyding for korleis den innsette klarer seg etter soning, og det reduserer faren for tilbakefall til ny kriminalitet.

Fleire har fått tilbod om plass ved einingar for rusmeistring og anna behandling for avhengnad. Avrusing i fengsel er òg gjennomført som eit prøveprosjekt ved Bjørgvin fengsel, og det vil bli evaluert med tanke på ei ev. utviding. Eit landsdekkande behandlingstilbod for innsette dømde for seksuelle overgrep er òg etablert. I innsatsen mot isolasjon og for oppfølging av psykisk sjuke innsette i fengsel har regjeringa i tillegg sørgd for midlar til tiltak som skal førebyggje og hindre isolasjon.

Regjeringa arbeider for trygge og likeverdige forhold for kvinner under straffegjennomføring. I 2019 opna Arendal fengsel, Evje avdeling med 30 nye plassar for kvinner. I 2021 er det etablert eit nasjonalt ressursteam ved Bredtveit fengsel og forvaringsanstalt for å bidra til å førebyggje og hindre langvarig isolasjon for kvinnelege innsette med alvorlege psykiske lidingar.

I 2019 og 2020 vart det gitt auka løyving til bl.a. sikringsutstyr i kriminalomsorga. Dette har bidratt til at ti av dei største fengsla i landet no har kroppsskannarar. I tillegg har 34 fengsel gjennomlysingsutstyr.

Samla er det løyvd om lag 1 700 mill. kroner til større investeringsprosjekt i kriminalomsorga i perioden, inkludert løyving til fengselsbygg under budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Ein berekraftig innvandringspolitikk

Regjeringa fører ein streng, rettferdig og berekraftig innvandringspolitikk innanfor rammene av internasjonale forpliktingar. Migrasjonsutfordringane er uføreseielege. Regjeringa har lagt vekt på å ha beredskap for raske skiftingar og å føre ein asylpolitikk som held talet på asylsøkarar utan behov for vern lågast mogleg.

Det er viktig for regjeringa å bidra til internasjonalt samarbeid om flyktningar og migrasjonsutfordringar. Regjeringa har derfor i samarbeid med UNHCR prioritert å ta imot overføringsflyktningar der behovet for vern er avklart. Regjeringa ser nivået på overføringsflyktningar i samanheng med andre innvandrings- og integreringsutfordringar, medrekna ev. relokalisering frå EU. Sidan 2016 har det komme få asylsøkarar til Noreg. Regjeringa har vidareført det vedtekne nivået på overføringsflyktningar på 3 000 plassar årleg.

Regjeringa har etablert Nasjonalt ankomstsenter i Råde, som sikrar rask behandling av asylsøknader samstundes som rettstryggleiken til asylsøkarane blir halden ved lag, i tillegg til at det er eit sentralt tiltak for innkomstberedskapen.

Regjeringa har jobba for å styrke arbeidet med avklaring av identitet og for å hindre at personar har opphald i Noreg på urett grunnlag. Regjeringa har sett i verk ei rekkje regelendringar for opptak og lagring av biometri frå 2021. Dette vil gjere det vanskelegare å ha fleire identitetar i Noreg. Som følgje av regelendringane blir det no teke foto og fingeravtrykk av alle som søker om opphald. Regjeringa har sett i verk auka bruk av DNA-testing i saker for å avklare slektskap i samband med familiegjensameining. Lov- og forskriftsendringa vart sett i kraft i 2020.

Det er sidan 2019 gitt ei varig auking i driftsbudsjettet til UDI, politiet og utanrikstenesta for å arbeide med tilbakekall og utvida bruk av DNA-testing i familiesaker. Sidan 2020 er det gitt auka løyving til å byggje ned restansar og for å styrke rettsvernet i saker om tilbakekall av statsborgarskap.

Regjeringa har fremma forslag om enkelte endringar i handsaminga av klager i UNE som vil styrke rettstryggleiken for dei som klagar. Fleire av endringane tek særleg sikte på å styrke rettstryggleiken for barn. Dette kjem i tillegg til at regjeringa har gjort endringar i utlendingsforskrifta som styrker retten til personleg oppmøte og til å føre vitne under nemndmøte i Utlendingsnemnda i asylsaker der truverdet ved ei konvertering blir vurdert.

Det er i perioden gitt løyving til å modernisere IT-systema i utlendingsforvaltninga. Dette skal leggje grunnlag for ei stegvis utfasing av eldre løysingar. Moderniseringa vil gi betre oversikt over og kontroll med asylsøkarar og andre tredjelandsborgarar og effektivisere utlendingsforvaltninga, bl.a. ved å leggje til rette for automatisert behandling av saker.

Samla er det løyva om lag 420 mill. kroner til større investeringsprosjekt i UDI i perioden.

Arbeidet med retur av personar utan lovleg opphald i Noreg er prioritert. I perioden 2018–2020 har 574 personar reist med assistert retur og 11 243 har blitt transporterte ut av politiet. Samarbeidet mellom politiet og UDI for å motivere pårekna vanskelege grupper til å returnere fortset. Regjeringa innførte i 2021 ei eingongsløysing som gir enkelte utlendingar med avslag på asylsøknaden og lång butid i Noreg, opphaldsløyve.

Regjeringa har redusert gebyr ved familiegjensameining for personar med flyktningstatus. Krav om butid for rett til permanent opphaldsløyve er heva frå tre til fem år for flyktningar, utlendingar med opphaldsløyve på humanitært grunnlag og deres familie. Regjeringa har gjennom endringar i utlendingsforskrifta snevra inn høva til å gjere unntak frå kravet om sjølvforsørging for å få rett til permanent løyve om opphald for vaksne. Regjeringa har i perioden gradvis utvida tilbodet om gratis heiltidsplass i barnehage til å gjelde alle barn frå eitt år og oppover som bur i asylmottak. Tidlegere vart det berre gitt gratis heiltidsplass for fire- og femåringar.

Beredskap

Regjeringa har styrkt beredskapen breitt for at Noreg skal vere førebudd på å handtere kriser, alvorlege situasjonar og nye truslar lokalt og nasjonalt. Det er eit langsiktig arbeid som har blitt høgt prioritert. Oppfølgingspunkta frå 22. juli-kommisjonen er følgt opp.

Beredskapssenteret for bombegruppe, beredskapstropp, gisselforhandlarteneste og helikopterteneste er etablert på Taraldrud. Bemanninga i politiet er kraftig styrkt, og tre nye politihelikopter med langt større rekkjevidd og transportkapasitet enn forgjengarane er på plass. Nye redningshelikopter er under innfasing, og ein ny redningsbase i Tromsø er under etablering. Det er avgjort å etablere ein ny fagskule i Tjeldsund for brann- og redningspersonell.

Politiet har gode resultat for svartid på nødnummer 112. Resultata i 2020 er noko betre enn i 2019, på trass av ein auke i talet på førespurnader. Politiet innfridde òg dei nasjonale krava til responstid (tida det tek å komme til staden ved eit hasteoppdrag) for første gong sidan målingane starta i 2015.

Regjeringa har styrkt grunnberedskapen. Ei ny tryggleikslov med forskrifter tredde i kraft i 2019. Lova er grunnlaget for korleis vi skal verne nasjonale tryggleiksinteresser, og er tilpassa samfunnsutviklinga. Det er stilt tydelegare krav til samfunnstryggleiksarbeidet til departementa og til det hovudansvarlege departementet si samordning innan nødvendige samfunnsfunksjonar. Regjeringa har etablert eit system der departementa er peika ut som hovudansvarlege for 14 kritiske samfunnsfunksjonar. Under behandlinga av covid-19-pandemien har dei 14 samfunnsfunksjonane vore viktige. Dei danna grunnlaget for å identifisere kva personellgrupper som kunne få ha barn i barnehage og på skule sjølv om desse var stengde, og dei har vore viktige i arbeidet med å fastsetje unntak frå innreiserestriksjonane for personell i nødvendige samfunnsfunksjonar.

Digital tryggleik er eit prioritert område. Justis- og beredskapsdepartementet har arbeidd kunnskapsbasert og strategisk med digital tryggleik dei siste åra for å forbetre arbeidet mot truslar, for å styrke medvitet både i offentleg og privat sektor og for å sikre offentlege institusjonar og sentrale funksjonar mot dataangrep. Regjeringa har etablert Nasjonalt cybertryggingssenter (NCSC) ved Nasjonalt tryggleiksorgan (NSM).

Regjeringa har forbetra tryggleiken rundt IKT-driftsanlegg og styrkt den nasjonale kontrollen med samfunnsviktig IKT-infrastruktur, bl.a. gjennom implementeringa av ei ny tryggleikslov. Lova stiller krav til at objekt og infrastruktur som er av avgjerande betyding for nasjonal trygglek, skal klassifiserast og sikrast.

Regjeringa har satsa på oppgradering av IKT-systema i politiet. Løyvingar til dette gitt i 2016 og 2017, til IKT-modernisering og IKT-tryggleik, er vidareførte permanent. Sidan 2019 er det blitt løyvd midlar til etablering og drift av eit responssenter for digitale hendingar i justissektoren (JustisCERT).

Det er òg gitt løyving til å halde Nødnett trygt og robust.

Regjeringa har styrkt arbeidet med førebygging, klimatilpassing og beredskap mot naturfare. Noreg deltek i EU si ordning for sivil beredskap (UCPM/rescEU), som er det viktigaste europeiske samarbeidet innanfor samfunnstryggleik og beredskap. Samarbeidet dekker ei rekkje område, bl.a. førebygging, beredskap og handtering av skogbrann og flaum. Regjeringa fører vidare norsk deltaking i 2021–2027.

Regjeringa har styrkt nødkommunikasjonen og redningsberedskapen i nord gjennom etableringa av HF-dekning i dei nordlege havområda frå 2021.

Svalbard

Klimaendringar har ført til større fare for skred i Longyearbyen, og det er derfor sett i gang omfattande arbeid med skredsikringstiltak. Det er i perioden 2018–2021 gitt løyving til skredsikring av bustadfeltet Lia under Sukkertoppen i Longyearbyen. Arbeidet er venta ferdigstilt i 2022. 60 nye bustader bygde av Statsbygg (KMD) stod klare i Longyearbyen i 2019 for å erstatte bustader som var øydelagde eller flytta frå pga. snøskred eller snøskredfare.

I 2019 og 2020 vart det løyvd midlar over svalbardbudsjettet for å dekke halvparten av utgiftene til eit nytt reservekraftverk i Longyearbyen. Reservekraftverket stod ferdig ved årsskiftet 2020–2021. Etter nokre år med for lite reservekraft vil det nye reservekraftverket medverke til god reservekraftkapasitet i Longyearbyen.

Seglingssesongen til Sysselmeisteren sitt fartøy M/S «Polarsyssel» er frå 2020 utvida til å dekke heile året, noko som har styrkt Sysselmeisteren sin evne til å utøve mynde på øygruppa, og som har medverka til å styrke beredskapen.

Under virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka er det lagt til rette for at næringslivet i Longyearbyen har høve til å klare seg gjennom perioden med redusert økonomisk aktivitet.

1.4 Hovudsatsingar i 2022

Regjeringa sitt budsjettforslag for 2022 inneber å styrke fleire av hovudmåla for Justis- og beredskapssektoren. For meir effektiv kamp mot kriminalitet foreslår regjeringa nye tiltak mot barne-, ungdoms- og gjengkriminalitet, tiltak mot vald i nære relasjonar og mot overgrep mot barn, tiltak mot arbeidslivskriminalitet og ein generell auke i bemanninga i politiet. For auka rettstryggleik foreslår regjeringa tiltak for å styrke gjennomføringa av EØS-plikter i norsk rett, meir behovsprøvd fri rettshjelp til personar med låg inntekt og reduksjon av gebyr på fleire rettsområde under Justis- og beredskapsdepartementet. Forslag som legg til rette for auka tryggleik i samfunnet og internasjonalt engasjement er bl.a. auka samarbeid med EU for å styrke handteringa av den felles yttergrensa og tryggleiken på Schengen-området og auka løyving til EU si ordning for sivil beredskap. Det blir foreslått å auke løyvinga til NSM til digital tryggleik. Det blir foreslått ei løyving til skredsikring på Svalbard. På innvandringsfeltet blir det samla sett foreslått om lag ei uendra løyving som følgje av at det framleis er få asyltilkomstar. Samstundes foreslår regjeringa å vidareføre 3 000 plassar til overføringsflyktningar eller ein annan type byrdedeling.

I 2020 nådde politiet ei nasjonal dekning på to polititenestepersonar per 1 000 innbyggjarar. Regjeringa vil i 2022 leggje til rette for at dette blir halde ved lag, og foreslår å auke løyvinga med 68,2 mill. kroner for å tilsetje 55 fleire polititenestepersonar som følgje av forventa vekst i folketalet. Desse skal i hovudsak gå til å styrke dei geografiske einingane i politidistrikta. Regjeringa foreslår òg å auke løyvinga til politiet med 5 mill. kroner til politiet sin nettpatrulje og til digitalt politiarbeid. I tillegg blir 5 mill. kroner prioritert innanfor politiets gjeldande budsjettrammer til formålet. I samband med forslag om auka innsats innan automatisk trafikkontroll, foreslår regjeringa å auke løyvinga til politiet med 12 mill. kroner til fleire stillingar ved politiet sitt senter for automatisk trafikkontroll, for å handtere auka kapasitet i fotoboksane. Regjeringa vil auke innsatsen mot arbeidslivskriminalitet og foreslår samla 42 mill. kroner i auka løyving til å opprette eit nytt A-krimsenter i Finnmark. 9,3 mill. kroner av dette er på budsjettet til politiet. Til å modernisere innkrevjing under Skatteetaten foreslår regjeringa 18,5 mill. kroner til politiet.

Det er utfordringar ved resultata i straffesaksbehandlinga, bl.a. for vald- og seksuallovbrot. Det blir foreslått å auke løyvinga til påtalearbeidet i politiet med 10 mill. kroner for å heve kvaliteten og effektiviteten ved etterforsking og påtalearbeid hos politiet. I tillegg blir 10 mill. kroner prioritert innanfor politiets gjeldande budsjettrammer til påtalearbeidet.

I budsjettet for 2022 foreslår regjeringa å styrke arbeidet mot vald i nære relasjonar og overgrep mot barn. Det blir foreslått 10 mill. kroner til å føre vidare løyvningsauken gitt i samband med revidert nasjonalbudsjett 2021 for auka bruk av omvend valdsalarm. Det blir vidare foreslått 2 mill. kroner til å opprette ein partnardrapskommisjon og 5 mill. kroner til barnehus i det samiske kjerneområdet.

Ei lita gruppe barn og unge gjer gjenteken og alvorleg kriminalitet, og det er ei negativ utvikling i enkelte ungdomsmiljø. Regjeringa forslår å styrke innsatsen mot barne-, ungdoms- og gjengkriminalitet gjennom å delvis vidareføre løyvingar gitt i samband med revidert nasjonalbudsjett 2021 til styrking av konfliktrådet, og til ungdomsteam i kriminalomsorga til å følgje opp unge innsette i aldersgruppa 18 til 24 år. Regjeringa foreslår òg å løyve 3 mill. kroner til eit pilotprosjekt for exit-program for gjengkriminelle, gjennom omprioritering av tilskotsløyving innanfor gjeldande budsjettrammer.

Som ein del av ei satsing mot barnefattigdom foreslår regjeringa å heve inntektsgrensene for fri rettshjelp i behovsprøvde saker med 10 pst. Forslaget inneber å auke løyvinga til fri rettshjelp med 23,5 mill. kroner. Tiltaket vil føre til at fleire låginntektsfamiliar vil få tilgang til fri rettshjelp. Regjeringa foreslår vidare å redusere fleire gebyr på rettsområdet som er prisa for høgt. For å fjerne at gebyra er prisa for høgt, foreslår regjeringa å sette disse gebyra til sjølkost, med unntak at gebyret for utlegg. Under Politidirektoratet gjeld det blant anna gebyr i samband med søknad om permanent opphald, gebyr ved tvangsforretningar og forliksrådsbehandling. Under domstolane gjeld det blant anna gebyret for konkurs og tvangsoppløysing.

Pga. lang saksbehandlingstid i kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker foreslår regjeringa å auke løyvinga til kommisjonen med 1,4 mill. kroner.

NOU 2020: 9 Blindsonen – Gransking av feilpraktiseringen av folketrygdlovens oppholdskrav ved reiser i EØS-området peika på at det ikkje har vore god nok gjennomføring av EØS-plikter i norsk rett. Regjeringa forslår å løyve 15 mill. kroner til ei felles satsing på budsjetta til Arbeids- og sosialdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet. 9,5 mill. kroner av dette er på Justis- og beredksapsdepartementet sine område. Satsinga vil gjere lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet betre i stand til å gi råd og rettleiing om korrekt gjennomføring av EØS-rett. Forslaget omfattar òg auka løyving til Forskingsrådet til fagmiljø på EU-/EØS-rett og forholdet til norsk rett. Tiltaka skal gi lågare risiko for feiltolking av EØS-regelverk.

Eit sentralt tiltak i arbeidet mot terror og alvorleg kriminalitet er kontroll på kven som reiser inn til Noreg. Schengen-landa skal i dei kommande åra utvikle og ta i bruk nye IT-system for å styrke handteringa av den felles yttergrensa og tryggleiken på Schengen-området. Regjeringa foreslår å auke løyvingane til bl.a. politiet og UDI med 302,5 mill. kroner til formålet. Det blir òg foreslått å auke løyvinga til politiet med 247,5 mill. kroner for å bidra til å finansiere den nye grense- og visumordninga til EU. Ordninga er ein del av EU si migrasjons- og grenseforvaltning, og ho skal særleg støtte varetakinga av den felles yttergrensa og bidra til vidareutvikling av den felles visumpolitikken gjennom solidarisk omfordeling av ressursar.

For å styrke redningsberedskapen i Nord-Noreg skal det etablerast ein ny redningshelikopterbase i Tromsø og ein felles operasjon med Sysselmeisteren si helikopterteneste. Det blir teke sikte på at den nye redningshelikopterbasen blir sett i drift i løpet av 2022. Regjeringa foreslår å auke løyvinga med til saman 243,1 mill. kroner i 2022 til formålet.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til NSM med 6,2 mill. kroner i 2022 for å halde oppe den nasjonale evna til å verne høggradert informasjon. Tiltaket inneber bemanning av eit nasjonalt kompetansemiljø for anvend kryptologi og analyse og evaluering av kryptoalgoritmar.

Regjeringa vidarefører i 2022 gjennomføringa av fleire større investeringsprosjekt, bl.a. etableringa av ein ny fagskule for brann- og redningspersonell ved Noregs brannskule i Tjeldsund kommune, anskaffinga av nye redningshelikopter og sikringa mot snøskred frå Sukkertoppen ved Longyearbyen. Pga. auka kostnadsanslag for desse prosjekta samanlikna med det som ligg til grunn for tidlegare budsjettforslag, foreslår regjeringa auka løyving til prosjekta i 2022.

Regjeringa meiner at talet på overføringsflyktningar må sjåast i samanheng med talet på asylsøkarar og andre innvandrings- og integreringsutfordringar i Noreg. På grunn av det låge talet på asylsøkarar foreslår regjeringa å vidareføre ein kvote på 3 000 plassar i 2022. Plassane på kvoten kan nyttast til å ta imot overføringsflyktningar eller ein annan type byrdedeling.

Tabell 1.1 Oversikt over hovudprioriteringane til regjeringa på Justis- og beredskapsdepartementet sitt område samanlikna med saldert budsjett 2021

Mill. kroner

Politiet

123,0

Halde ved lag to polititenestepersonar per 1 000 innbyggjarar

68,2

Auka kapasitet automatisk trafikkontroll (fotoboksar)

12,0

Nettpatrulering politiet1

5,0

A-krimsenter i Finnmark2

9,3

Påtalemakta i politiet3

10,0

Modernisering av innkrevjing4

18,5

Vald og overgrep

17,0

Partnardrapskommisjon

2,0

Omvend valdsalarm – vidareføring av tiltak i samband med revidert nasjonalbudsjett5

10,0

Tiltak mot vald og overgrep mot barn i samiske samfunn

5,0

Rettstryggleik

131,7

Reduksjon av overprisa gebyr6

-98,7

Heve inntektsgrense for fri rettshjelp i behovsprøvde saker med 10 pst.7

23,5

Kompetanse og kunnskapsbygging EØS-rett8

9,5

Tiltak mot barne-, ungdoms- og gjengkriminalitet

8,0

Ungdomsteam i kriminalomsorga

5,0

Styrke konfliktrådet

(Delvis vidareføring av tiltak i samband med revidert nasjonalbudsjett)

3,0

Samfunnstryggleik

783,5

Felles operert redningshelikopterbase Tromsø og Svalbard9

238,2

Schengen IKT-forpliktingar10

291,6

Nytt grense- og visumfond

247,5

NSM – Nasjonalt kompetansesenter for anvend kryptologi og analyse og evaluering av kryptoalgoritmar

6,2

Sum

1 063,2

1 I tillegg er 5 mill. kroner øremerket til nettpatrulje på politiets budsjett (totalt 10 mill. kroner).

2 I tillegg 28,2 mill. kroner under Arbeids- og sosialdepartementets og Finansdepartementets budsjett og 4,5 mill. kroner innenfor politiets budsjett (totalt 42 mill. kroner).

3 I tillegg er 10 mill. kroner øyremerka til påtalemakta på politiets budsjett (totalt 20 mill. kroner).

4 I tillegg 339,3 mill. kroner over Finansdepartementets budsjett (totalt 357,7 mill. kroner).

5 I tillegg 25 mill. kroner til regjeringas øvrige satsing mot vald og overgrep over budsjettet til Barne- og familiedepartementet, Kulturdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet (totalt 37 mill. kroner).

6 I tillegg 3 mill. kroner reduksjon i inntekt over Finansdepartementets budsjett (totalt 101,7 mill. kroner)

7 I tilleggg 147,5 mill kroner til regjeringas øvrige satsing mot fattigdom over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Kulturdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (totalt 171 mill. kroner)

8 I tillegg 5,5 mill. kroner auke over Arbeids- og sosialdepartementets budsjett (totalt 15 mill. kroner), og det foreslås å avsetje 20 mill. kroner innanfor eksisterande budsjettramme for Kunnskapsdepartementet til EØS-relatert forskning.

9 I tillegg 4,9 mill. kroner over Helse og omsorgsdepartementets budsjett (totalt 243,1 mill. kroner).

10 I tillegg 10,9 mill. kroner over Kommunal- og moderniseringsdepartementets og Utenriksdepartementets budsjett (totalt 302,5 mill. kroner).

1.5 Effektiv kamp mot kriminalitet

Å kjempe effektivt mot kriminalitet skal bidra til eit samfunn med få kriminelle handlingar og få alvorlege brotsverk. Ein viktig føresetnad for låg kriminalitet er at lovbrot ikkje blir gjentekne.

1.5.1 Innleiing

Verksemder som er viktige for kampen mot kriminalitet er politiet, domstolane, Den høgare påtalemakta, Spesialeininga for politisaker, kriminalomsorga og konfliktrådet.

Ein effektiv kamp mot kriminalitet krev samstundes innsats frå fleire aktørar i samfunnet. Det inneber verksemder som arbeider med eller har ansvar for tidleg førebygging av kriminalitet som utdanningssektoren, barnevernet, helsesektoren, frivillige organisasjonar m.m.

1.5.2 Tilstandsvurdering

Omfang og trendar i kriminalitetsbiletet

Sidan midten av 1990-talet har det vore ein trend i Noreg og andre vestlege land i retning av mindre kriminalitet. Trenden gjeld både for opplevd og meld kriminalitet. I Noreg har det vore ein tydeleg nedgang i delen av befolkninga som har opplevd å bli utsett for tjuveri og skadeverk, medan delen som har vore utsett for vald eller truslar om vald har vore stabil, jf. figuren under. Drapsraten har falle frå i underkant av 1,0 per 100 000 innbyggjarar i 1993 til rundt 0,5 i 2018, og han er blant dei aller lågaste i Europa.

Figur 1.2 Del av befolkninga som oppgir å ha vore utsett for vald, truslar om vald, tjuveri og skadeverk dei siste 12 md.

Figur 1.2 Del av befolkninga som oppgir å ha vore utsett for vald, truslar om vald, tjuveri og skadeverk dei siste 12 md.

Kjelde: SSB tabell 04621

Det har óg vore ein kraftig nedgang i melde lovbrot sidan starten av 2000-talet, jf. figuren under. Det er få haldepunkt for å kunne seie at den kraftige auken i talet på meldingar av seksuallovbrot reflekterer ein auke i omfanget av utsette for seksuelle krenkingar i befolkninga. Det er sannsynleg at politiet avdekker fleire offer og saker ved hjelp av elektroniske spor, og at offer for seksuallovbrot i større grad enn tidlegare melder ifrå til politiet. Ein del av auken i melde seksuallovbrot er knytt til fastsetjinga i straffelova om bilete og andre framstillingar av barn og ungdom under 18 år. Auken i melde lovbrot om vald og mishandling kjem sannsynlegvis av auka straffeforfølging av denne typen lovbrot. Tal på meldingar av narkotikalovbrot har variert betydeleg over tid, mens omfanget av bruk av narkotika i befolkninga har vore stabilt over tid. Dette tyder på at variasjonen i meldingar truleg primært er eit uttrykk for variasjon i omfanget av kontrollverksemda frå politiet.

Figur 1.3 Melde lovbrot etter lovbrotstype, indeksverdi 100 = talet på melde lovbrot i året 2003

Figur 1.3 Melde lovbrot etter lovbrotstype, indeksverdi 100 = talet på melde lovbrot i året 2003

Kjelde: SSB 2021, tabell 08484

Kriminalitet i det digitale rommet

Kriminalitetsbiletet er i endring, og ein større del av kriminaliteten går no for seg i det digitale rommet. Kriminalitet i det digitale rommet har auka i omfang og alvorsgrad sidan starten av 2000-talet. Noreg er eit av landa som ligg lengst framme i Europa når det gjeld å ta i bruk digitale teknologiar. Det er positivt, men det gjer oss òg sårbare. I 2020 oppgav omtrent fire prosent av den norske befolkninga at dei har opplevd svindel og bedrageri på internett og éin prosent har opplevd identitetstjuveri. Begge delane har vore relativt stabile dei siste åra. Desse funna samsvarer i stor grad med omfangsundersøkingar i Danmark, Sverige, England og Wales.

Kriminalitet i det digitale rommet omfattar fleire typar lovbrot og offer. Det kan vere både økonomisk kriminalitet retta mot verksemder, som løysepengevirus og hacking, og annan kriminalitet, som nettovergrep og identitetstjuveri. Kriminalitet i det digitale rommet rammar enkeltpersonar, bedrifter og offentlege institusjonar, og det er ein trussel mot tryggleiken til individet, samfunnet og nasjonen.

Det har vore ein auke i melde seksuallovbrot mot barn dei siste ti åra, og mange av desse sakene er knytt til internettrelaterte overgrep. Bruk av teknologi og internettenester har gjort det enklare å komme i kontakt med barn og å utveksle overgrepsmateriale. Sakene er ofte omfattande og komplekse og krev mykje ressursar og IKT-kompetanse. Ei sak kan omfatte fleire hundre barn og ha forgreiningar til ei rekkje land.

Omtrent 35 pst. av private og offentlege verksemder vart i 2019 utsette for ei eller fleire digitale tryggleikshendingar. Digitale angrep mot større bedrifter kan medføre store økonomiske utgifter. Angrepet i 2019 påførte Norsk Hydro eit økonomisk tap på 650 mill. kroner. Dataangrepa mot Stortinget og Østre Toten kommune syner at offentlege verksemder og samfunnsviktige funksjonar kan vere utsette for digitale angrep.

Det digitale rommet er eit område der profesjonelle kriminelle kan operere med stor rørsle- og handlefridom. Kriminalitet i det digitale rommet er vanskeleg å etterforske og straffeforfølgje, og det er manglar i politiets kompetanse og kapasitet til å avdekke og oppklare slik kriminalitet. Utviklinga skjer raskt, og styresmaktene heng for langt bak. Mykje kriminalitet i det digitale rommet blir ikkje meldt til politiet.

Når kriminaliteten endrar seg og i auka grad skjer på digitale plattformer, må styresmaktene endre korleis dei jobbar for å bidra til å redusere kriminaliteten. Det er behov for meir kunnskap om sjølve kriminalitetsbiletet, og det er behov for å utvikle tiltak for førebygging og motarbeiding. Førebygging er ikkje ei oppgåve for politiet åleine. Det er mange som har ei rolle og eit ansvar i det førebyggjande arbeidet. Svært ofte vil det vere aktørar utanfor politiet som har dei rette verkemidla og tiltaka. Samarbeid gir større kunnskap og eit betre avgjerdsgrunnlag for å setje i verk tiltak som samla sett gir førebyggjande effekt. Justis- og beredskapsdepartementet er no i gang med eit arbeid som ser på korleis ein skal møte kriminalitet i det digitale rommet. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til politiet med 5 mill. kroner til politiets nettpatrulje og til digitalt politiarbeid. I tillegg blir 5 mill. kroner prioritert innanfor politiets gjeldande budsjettrammer til formålet.

Andre kriminalitetsområde som krev særskild merksemd

I tillegg til kriminalitet i det digitale rommet, prioriterer regjeringa barne-, ungdoms- og gjengkriminalitet og vald i nære relasjonar særskilt høgt. Dette er alvorlege samfunnsproblem og er viktige å førebyggje og motarbeide for å redusere kriminaliteten i samfunnet. Områda er ulike, men dei har det til felles at dei er komplekse, gjenstridige og krev samarbeid mellom justissektoren og andre aktørar. Mykje av kriminaliteten kan unngåast gjennom førebygging.

Ei lita gruppe barn og unge begår gjenteken og alvorleg kriminalitet, og det er ei negativ utvikling i enkelte ungdomsmiljø. Etablerte kriminelle grupper har eit stort skadepotensial. Barne- og ungdomskriminalitet heng bl.a. saman med dårlege oppvekstvilkår. Verkemidla i Justissektoren må derfor verke saman med sosiale, økonomiske og andre tiltak, og det finst eit behov for å koordinere samarbeid om utsette barn og unge. Derfor er eit pilotprosjekt for samordning av arbeidet for utsette barn og unge under etablering. For meir om samarbeidet om utsette barn og unge, sjå Kunnskapsdepartementet sin Prop. 1 S (2021–2022). Departementet la i juni 2021 fram Meld. St. 34 (2020–2021) Sammen mot barne-, ungdoms- og gjengkriminalitet. Ho beskriv korleis vi på tvers av sektorar kan førebyggje kriminalitet. I 2022 foreslår regjeringa å bedre innsatsen mot barne-, ungdoms- og gjengkriminalitet med til saman 8 mill. kroner. Av dette er 5 mill. kroner til ungdomsteam i kriminalomsorga, for å følgje opp unge innsette i aldersgruppa 18 til 24 år. Vidare er 3 mill. kroner foreslått til å styrke konfliktrådet. Sjå meir under programkategori 06.30.

Åtte prosent av kvinner og to prosent av menn har blitt utsette for alvorleg vald frå partnaren. Partnardrap utgjer ein fjerdedel av alle drapa i Noreg. Regjeringa la i august 2021 fram ein handlingsplan mot vald i nære relasjonar for perioden 2021–2024. I budsjettet for 2022 foreslår regjeringa å styrke arbeidet mot vald i nære relasjoner og overgrep mot barn. Det blir foreslått 10 mill. kroner til å føre vidare løyvningsauken i samband med det reviderte nasjonalbudsjettet til auka bruk av omvend valdsalarm. Det blir vidare foreslått 2 mill. kroner til oppretting av ein partnardrapskommisjon, med formål om å vidareutvikle arbeidet med å førebyggje alvorleg partnarvald og partnardrap. Det blir òg foreslått 5 mill. kroner til oppretting av eit barnehus i det samiske kjerneområdet.

Konsekvensane av virusutbrotet for kriminalitetsutviklinga

Pandemien og smittevernstiltaka som vart sette i verk i mars 2020, medførte endringar i det registrerte kriminalitetsbiletet. Statistikk frå politiet viser at talet på meldingar vart redusert med 16,2 pst. i mars og april 2020, sett i forhold til same periode året før. Talet på meldingar steig igjen i juni, og var på tilnærma likt nivå resten av året samanlikna med 2019.2

Pandemien har samstundes hatt ulike konsekvensar for ulike kriminalitetsområde. I periodar der skule, barnehage og offentlege arenaer er stengde, i tillegg til at fleire er heime og mobiliteten både nasjonalt og internasjonalt har vore avgrensa, vil det gi seg utslag på delar av kriminalitetsstatistikken. For enkelte område, som vald og overgrep mot barn i tillegg til vald i nære relasjonar, har det vore ei uro for at færre saker blir avdekte som følgje av nedstengninga. For desse kriminalitetstypane har det truleg vore ein reell auke i talet på saker i tida etter nedstengninga, men som først vart fanga opp og registrert etter at samfunnet opna meir opp igjen og tenesteapparatet som ofte avdekker slike forhold, fungerte meir normalt.

Koronapandemien har medført mindre mobilitet i befolkninga. Tal på offer for melde lovbrot viser ein reduksjon i 2020. Spesielt har det vore ein reduksjon i talet på offer for eigedomstjuveri. Koronapandemien har òg medført reduksjon i enkelte typar av vald og mishandling og ordens- og integritetskrenkingar, der tal for meldingar fall betydeleg i månadene med heilt eller delvis nedstengning av samfunnet. Dette gjeld t.d. kroppskrenkingar og ordensforstyrring i sjølvforskyld rus, som i stor grad kan sjåast i samanheng med nedstengninga av utelivet.

Tilgjengelege tal og forsking omhandlar primært dei akutte konsekvensane av pandemien for kriminalitetsbiletet. Det er for tidleg å seie sikkert kva som vil bli dei langsiktige konsekvensane av virusutbrotet. Frå forsking er det godt dokumentert at arbeidsløyse og inntektsnivå har effektar på kriminalitetsutviklinga. Det gjeld særleg for unge menn med låg utdanning, men òg for nyutdanna, som er i ein sårbar økonomisk situasjon. Politiets tryggingsstenste varslar om auka risiko for radikalisering til valdeleg ekstremisme, især høgreekstremisme, bl.a. grunna auka bruk av digitale forum for kommunikasjon og i kombinasjon med arbeidsløyse og andre negative effektar av pandemien. Auken i bruk av heimekontor, netthandel og digitale sosiale aktivitetar i koronaperioden har òg forsterka veksten i kriminalitet i det digitale rommet, noko bl.a. politiet, Økokrim og NSM melder om i trussel- og risikovurderingane sine.

Straffesaksbehandling

Straffesaksbehandlinga skal bidra til færre lovbrot ved at dei straffbare forholda blir avdekte, oppklarte og førte for retten. Dei som er funne skuldige, skal bli gitt ein adekvat reaksjon. Straffesaksbehandlinga skal vekke tillit i samfunnet. Reaksjonar skal ha både ein individual- og allmennpreventiv effekt.

Løyvinga til politi og påtalemakta vart styrkt både i 2020 og 2021, og politiet lukkast med å byggje ned restansar knytte til straffesaksbehandling. Det har òg vore ei positiv utvikling når det gjeld restansane knytte til iretteføring i domstolane.

Den høgare påtalemakta har dei siste åra gjennom styrkt fagleg styring av påtalemakta i politiet medverka til auka kvalitet og effektivitet i politiet si straffesaksbehandling. Arbeidet med å utvikle ei aktiv fagleiing skal vidareførast i 2022. Det blir vist til nærmare omtale av fagleiing under punkt 1.6.

Likevel er det utfordringar knytte til resultata i straffesaksbehandlinga, bl.a. for vald- og seksuallovbrot, som er nokre av dei høgast prioriterte områda. Det blir foreslått å auke løyvinga til påtalejuristar i politiet også i 2022, med 10 mill. kroner, for å heve kvaliteten og effektiviteten ved etterforsking og påtalearbeid hos politiet. I tillegg blir 10 mill. kroner prioritert innanfor politiet sine gjeldande budsjettrammer.

Sjå nærmare omtale under programkategori 06.40.

Redusert tilbakefall etter gjennomført straff

For å redusere kriminaliteten er det viktig å redusere tilbakefall til ny kriminalitet og å sikre at fleire domfelte går tilbake til utdanning og arbeid etter gjennomført straff.

Samanlikna med mange andre land har Noreg låge tal på tilbakefall. Talet på sikta personar med tilbakefall til ny kriminalitet i løpet av fem år har falle svakt sidan starten av 2010-talet. Av dei som vart sikta for eit lovbrot i 2014, vart i overkant av 42 pst. sikta for eit nytt lovbrot innan 2019. Av alle som blir sikta for nye lovbrot, er det særleg stort tilbakefall til rusmiddellovbrot, trafikklovbrot og vald og mishandling. Det er behov for å supplere tal om tilbakefall med andre mål på rehabilitering. Derfor blir det no utarbeidd ny statistikk og nye indikatorar på deltaking i utdanning og arbeidsliv etter gjennomført straff.

Figur 1.4 Delen sikta personar med ny sikting i løpet av fem år, fordelt på lovbrotstype ved opphavleg lovbrot

Figur 1.4 Delen sikta personar med ny sikting i løpet av fem år, fordelt på lovbrotstype ved opphavleg lovbrot

Kjelde: SSB 2021, tabell 09426.

Fengselsstraff slik ho blir gjennomført i Noreg, verkar rehabiliterande for ei stor gruppe innsette.3 Samstundes har det blitt ei meir krevjande gruppe innsette i fengsel, noko som kan gjere det vanskelegare å redusere tilbakefallet i framtida. Ein større del av dei innsette er dømde for alvorlege lovbrot og sit fengsla lenger enn tidlegare. Det har òg vore ein auke i talet som gjennomfører forvaringsdom utan tidsbestemt lengd på straffa.

Mange innsette i norske fengsel er meir isolerte enn ønskjeleg. Isolasjon kan vere skadeleg, og personar som allereie har psykiske plagar er særleg sårbare for å utvikle skadar som følgje av isolasjon. Førekomsten av psykiske lidingar kan både bidra til isolasjon for enkelte innsette, samstundes som isolasjon kan framkalle eller forsterke eksisterande psykisk uhelse. Utfordringane med isolasjon og psykisk helse hos innsette er komplekse, og dei er eit felles ansvar for kriminalomsorga og helsetenestene.

I løpet av regjeringsperioden har regjeringa gjort ei rekkje endringar i kriminalomsorga for å tilpasse kapasiteten for straffegjennomføring til behovet, redusere soningskøen, styrke innhaldet i straffegjennomføringa og redusere omfanget av isolasjon i fengsel, noko som er nærmare omtalt i Meld. St. 39 (2020–2021) Kriminalomsorgsmeldingen – fremtidens kriminalomsorg og straffegjennomføring. Regjeringa har òg prioritert å forbetre innhaldet i soninga gjennom nye, moderne fengselsbygg. Gjennom å fornye og rehabilitere bygningsmassen i kriminalomsorga vil det bli enklare å leggje til rette for eit godt innhald i straffegjennomføringa.

1.6 Rettstryggleik

Rettstryggleik tyder at befolkninga i Noreg er trygge på at alle rettsforhold mellom offentlege styresmakter og den enkelte er føreseielege og forholdsmessige. Avgjerder og inngrep overfor den enkelte er baserte på lover og reglar, og det er openheit rundt avgjerder slik at dei kan kontrollerast. Styresmaktene opptrer upartisk, og reglar for saksbehandling blir følgde. Alle har reelt høve til å forsvare interessene sine overfor styresmaktene og kvarandre.

1.6.1 Innleiing

Verksemder som er særleg viktige for rettstryggleiken, er politiet, Den høgare påtalemakta, Spesialeininga for politisaker, forliksråda, domstolane, kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker, Statens sivilrettsforvaltning, kriminalomsorga, konfliktrådet, Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda.

Justis- og beredskapsdepartementet forvaltar òg ei rekkje ordningar som varetek rettstryggleiken til individa i samfunnet. Desse er bl.a. fri rettshjelp og tilskot til spesielle rettshjelptiltak, erstatning til valdsoffer, erstatning i samband med strafforfølging, forliksråda og verjemålsordninga.

1.6.2 Tilstandsvurdering

Målt rettstryggleik

Garantiar for rettstryggleiken kjem til uttrykk i Grunnlova og i Noregs internasjonale forpliktingar, t.d. retten til ein rettvis rettargang, legalitetsprinsippet, forbod mot å gi lover tilbakeverkande kraft og forbod mot diskriminering. Krav til rettstryggleik inngår òg i ulike menneskerettsforpliktingar, som gjennomgåande stiller krav om at inngrep i menneskerettar må ha eit rettsleg grunnlag, forfølgje eit legitimt formål og vere forholdsmessige. Både norske domstolar og Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) bidrar til å sikre at Noreg oppfyller sentrale krav til rettstryggleik. T.d. behandla EMD 96 klagar mot Noreg i 2020. 92 av sakene vart avviste eller strokne frå listene til EMD, medan fire av sakene enda med dom i EMD. I desse fire sakene fann EMD at den europeiske menneskerettskonvensjonen var krenkt.

Noreg rapporterer jamleg til menneskerettskomiteen i FN og andre konvensjonsorgan om korleis menneskerettslege forpliktingar blir følgde opp. Då Noreg sist møtte til høyring i menneskerettskomiteen i FN i 2018, kom komiteen bl.a. med ei tilråding om å gjennomgå systemet for fri rettshjelp. Regjeringa sette i oktober same år ned eit offentleg utval som skulle gå gjennom rettshjelpsordninga, og utvalet la fram utgreiinga si i april 2020. Ho har vore på høyring og er no til oppfølging i departementet. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.70.

Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) har som ei av hovudoppgåvene sine å overvake og rapportere om menneskerettane si stilling i Noreg. NIM kjem årleg med ei melding til Stortinget, der institusjonen bl.a. gir tilrådingar til styresmaktene. I årsmeldinga for 2020 nemner NIM bl.a. domstolreforma, koronalova, høyringa om utgreiinga frå rettshjelpsutvalet og NOU 2020: 9 Blindsonen – Gransking av feilpraktiseringen av folketrygdlovens oppholdskrav ved reiser i EØS-området.

Ei anna vurdering av rettstryggleik er WJP Rule of Law Index4. Ho måler opplevd rettstryggleik ut frå åtte dimensjonar. Desse er open forvaltning, velfungerande straffeprosess, maktfordeling mellom lovgivar, regjering og domstolar, fråvær av korrupsjon, fundamentale rettar, regulatorisk gjennomføringsevne, velfungerande sivilprosess og orden og tryggleik. I undersøkinga for 2020 scorar Noreg nest høgast i verda, berre slått av Danmark. Total poengsum er høvesvis 0,89 og 0,9, der 1,0 indikerar total rettstryggleik. På bakgrunn av denne undersøkinga blir den opplevde rettstyggleiken i Noreg vurdert som svært god i internasjonal samanheng.

Vidare er tilliten til institusjonane i Noreg høg, noko som er ein viktig faktor når enkeltindivid skal vurdere opplevinga av rettstryggleik i kvardagen. Tiltruundersøkinga for 2020 syner at høvesvis 92 og 89 pst. av befolkninga har svært eller ganske stor tiltru til domstolane og politiet. Tiltrua til begge insititusjonane har auka frå 2019 til 2020.

Regelverksarbeid

Å fremme rettstryggleiken vil alltid vere eit grunnleggjande og sentralt omsyn i arbeidet med nye lover og reglar innanfor ansvarsområdet til Justis- og beredskapsdepartementet.

Departementet har nyleg t.d. foreslått fleire endringar som vil leggje til rette for ei betre behandling av straffesakene, sjå Prop. 146 L (2020–2021). Lovarbeidet byggjer på straffeprosessutvalet sin NOU 2016: 24 Ny straffeprosesslov. Utvalet gjennomgikk straffesakssystemet som i dag er regulert i straffeprosesslova, og det vart foreslått ei full ny lov. Samstundes foreslo utvalet at mange av dei grunnleggjande straffeprosessuelle reglane for saksbehandlinga, som er sentrale for rettstryggleiken i straffesakssystemet, skulle bestå. Grunnprinsippa i norsk straffeprosess er gode. Det er grunn til å byggje vidare på det systemet som har utvikla seg over tid. Derfor har Justis- og beredskapsdepartementet så langt berre følgt opp delar av utgreiinga til straffeprosessutvalet. Eit viktig grep i oppfølginga er forslaga som dreier seg om aktiv saksstyring i domstolane. Dette vil gi meir effektiv saksbehandling i større saker, bl.a. ved at saka blir skoren til på eit tidlegare tidspunkt. Det er elles naturleg å vise til forslaget om å stramme inn framstillingsfristen. Den tidlegare regelen i straffeprosesslova gav ikkje korrekt utrykk for korleis fristen i dag blir praktisert. Det blir òg vist til omtalen av endringar i straffeprosesslova under punkt 1.10.

Utbrotet av koronaviruset i 2020 skapte behov for ei mellombels lovgiving i domstolane, for å oppretthalde ei forsvarleg domstolsbehandling. Reglane vart fastsette ved ei mellombels forskrift 27. mars 2020 nr. 459 som bl.a. utvida tilgangen til domstolane ved å bruke fjernmøteteknologi, opna for meir bruk av skriftleg behandling av nokre straffesaker og innførte mellombelse løysingar for signering og avseiing av rettslege avgjerder. Reglane vart vidareførte i ei mellombels lov 26. mai 2020 nr. 47 om tilpassingar i prosessregelverket som følgje av utbrotet av covid 19 m.m. I Prop. 161 L (2020–2021) foreslo Justis- og beredskapsdepartementet permanente endringar, utforma på grunnlag av erfaringar med den mellombelse prosesslovgivinga. Endringane vart vedtekne av Stortinget 4. juni 2021.

For nokre sakstypar har søkaren krav på rettshjelp utan omsyn til inntekt eller formue, t.d. barnevernssaker. For andre typar saker gjeld økonomisk behovsprøving. Inntekts- og formuegrensene har vore uendra sidan 2009, noko som gjer at færre og færre menneske har krav på rettshjelp etter ordninga. Det kan true rettstryggleiken til dei det gjeld. Ikkje minst gjeld dette for barnefamiliar. Som ein del av regjeringa si satsing mot fattigdom i 2022 foreslår regjeringa å heve inntektsgrensene for fri rettshjelp i behovsprøvde saker med ti prosent. Endringa vil auke rettstryggleiken til dei med låg inntekt og formue, ved å gi fleire reelt høve til å forsvare interessene sine overfor kvarandre. Forslaget inneber å auke løyvninga til fri rettshjelp med 23,5 mill. kroner i 2022.

For å betre rettstryggleiken og å for å oppnå ei meir effektiv ordning, har regjeringa i 2021 fremma Prop. 113 L (2020–2021) Endringer i voldsoffererstatningsloven (den øvre grensen) og Prop. 238 L (2020–2021) Lov om erstatning fra staten til voldsutsatte (valdserstatningslova). Ny lov om erstatning frå staten til valdsutsatte sikrar at alle som ved dom er tilkjende erstatning vil få utbetalt erstatninga frå staten tilnærma automatisk og direkte, utan eigen søknad. Erstatningskravet skal behandlast i straffesaka, noko som sikrar høg kvalitet på avgjerda og vil opplevast rettvis. Målet er at den valdsutsatte skal kunne leggje den traumatiske hendinga bak seg raskare, og utan økonomiske bekymringar som følgje av at han eller ho må vente på erstatning. Lovforslaget medfører auka inntekter i form av regress frå skadevaldaren, og det medfører reduserte utgifter for staten til administrasjon av ordninga. Sjå nærmare omtale under propgramkategori 06.70.

NOU 2020: 9 Blindsonen – Gransking av feilpraktiseringen av folketrygdlovens oppholdskrav ved reiser i EØS-området, peika på at det ikkje har vore god nok gjennomføring av EØS-plikter i norsk rett. Regjeringa forslår 15 mill. kroner i auka løyving til ei felles satsing på budsjetta til Arbeids- og sosialdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet. Satsinga vil gjere Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet betre i stand til å gi råd og rettleiing om korrekt gjennomføring av EØS-rett. Forslaget omfattar òg auka løyving til Forskingsrådet til fagmiljø på EU/EØS-rett og forholdet til norsk rett. Tiltaka skal gi lågare risiko for feiltolking av EØS-regelverk.

Justis- og beredskapsdepartementets har som oppgåve å bidra til å sikre kvalitet i lovarbeidet i andre departement. Å sikre rettstryggleiken ligg heilt i kjernen av denne oppgåva. Ei anna side av arbeidet til Justis- og beredskapsdepartementet av stor betyding for rettstryggleiken, gjeld målet om eit godt og moderne regelverk. Dette blir omtalt i punkt 1.10 nedanfor.

Institusjonar som varetek rettstryggleiken

Domstolane er den tredje statsmakta og har ei sentral rolle i ein rettsstat med å sikre rettar og vere konfliktløysarar. Tilgjengelege og effektive domstolar som tek avgjerder med høg kvalitet, er avgjerande for rettstryggleiken til den enkelte. Eit rettsapparat som fungerer godt, er grunnleggjande i eit demokratisk samfunn. Dette gjeld ikkje minst i krisetider og i ekstraordinære situasjonar, slik som under koronapandemien i 2020 og 2021. Smitteverntiltak i samband med virusutbrotet førte til ein kort periode der brukarane måtte vente lenger på å få rettsforholdet sitt avklart i domstolane. Ei rekkje tiltak vart raskt sette i verk for å sikre at domstolane kunne oppretthalde saksavviklinga. Det vart bl.a. laga mellombelse tilpassingar i prosessregelverket, sjå omtalen over, og det vart løyvd ekstra midlar som gjorde det mogleg å investere i teknisk utstyr for at fleire rettsmøte kunne gjennomførast ved hjelp av fjernmøteteknologi, og det vart løyvd midlar til fleire dommarstillingar for å redusere restansane. Smittervernrettleiar for domstolane kom på plass allereie i april 2020, og til saman førte desse tiltaka til at produksjonen i domstolane har vore nesten på vanleg nivå under pandemien. Det vart óg løyvd midlar for å styrke Den høgare påtalemakta og påtale i politiet.

Våren 2021 kom ein ny domstolstruktur i stand, jf. Prop. 11 L (2020–2021) og Innst. 134 L (2020–2021). Talet på rettskrinsar er redusert frå 60 til 23, men alle rettsstadene er haldne oppe. Målet er å styrke domstoltilbodet i heile landet. Større rettskrinsar gir større fagmiljø, med høve for auka bruk av rettsmekling og moderat spesialisering. Reforma legg til rette for auka aktivitet og raskare saksbehandlingstid, fordi ressursar no vil kunne utnyttast på tvers av rettsstadene i ein rettskrins. Reforma, saman med tidlegare auka løyvingar til fleire dommarar og digitalisering, set domstolane i stand til å nå Stortinget sitt mål om saksbehandlingstid. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.20.

Riksadvokaten er fagleg ansvarleg for all straffesaksbehandling med særskilt ansvar for å sørge for at kvaliteten på straffesaksbehandlinga held eit høgt nivå. Dette arbeidet er av sentral betyding for rettstryggleiken. Fagleiing er Den høgare påtalemakta sitt systematiske arbeid for å heve kvaliteten på straffesaksbehandlinga i politiet. Fagleiinga skjer både gjennom behandlinga av enkeltsaker og andre tiltak som rundskriv med kvalitetsstandardar for saksbehandlinga, landsomfattande kvalitetsundersøkingar på utvalde saksområde og den faglege kommunikasjonen statsadvokatembeta har med politidistrikta. Dei siste åra har fagleiinga blitt styrkt både gjennom auka midlar til Den høgare påtalemakta og med auka innsats frå Den høgare påtalemakta. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.40.

Inn under den sivile rettspleia på grunnplanet høyrer forliksråda, den alminnelege namsmannsfunksjonen (tvangsfullføring og gjeldsordning), stemnevitnefunksjonen og enkelte andre rettspleiegjeremål som blir utførte på nivået under tingrettane. Saksavvklinga har som følgje av smitterverntiltaka vore redusert under pandemien. Sakene er viktige for rettstryggleiken til borgarane fordi forliksråda er det første leddet i rettssystemet for sivile saker og er ein meklingsinstitusjon med avgrensa makt til å fastsetje dom. Politiet har gjennom namsmannsfunksjonen ansvaret for dei fleste andre oppgåvene, og sørger for at avgjerder i forliksrådet og domstolane får effekt gjennom tvangsfullføring.

Namsmannen behandlar utleggsforretningar. Ei utleggsforretning kan føre til at det blir teke pant i eigedelane til den som skuldar pengar. Gebyret for utleggsforretningar er prisa for høgt. Ein vesentleg del av desse sakene gjeld personar med dårleg evne til å betale, og ofte er dei i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Regjeringa foreslår derfor å redusere gebyret for utlegg med 49 kroner frå 1,25 R (1 528 kroner i 2022) til 1,21 R (1 479 kroner) i 2022. Sjå nærmare omtale av saka under programkategori 06.40 og i Prop. 1 S (2021–2022) for Finansdepartementet.

Prosjektet for modernisering av innkrevjing, under Skatteetaten, vil framover bidra til digitalisering av arbeidet til namsmannen med utlegg og gjeldsordning. Det vil betre effektiviteten og forenkle saksbehandlinga ved å setje brukarane i sentrum. jå nærmare omtale i Prop. 1 S (2021–2022) for Finansdepartementet.

Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker er eit uavhengig forvaltningsorgan som behandlar krav om gjenopptaking av straffesaker som er rettskraftig avgjorde i domstolane. Kommisjonen har hatt fleire store saker til behandling i 2020 og 2021, og saksbehandlingstida har auka. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til kommisjonen med 1,4 mill. kroner, slik at sakene kan behandlast innan rimeleg tid, og rettstryggleiken til dei som får saka si behandla av kommisjonen, blir vareteke.

Utlendingsdirektoratet behandlar søknader om opphald etter utlendingslova og statsborgarlova og har ansvar for innkvartering av asylsøkarar. Regjeringa har styrkt rettstrygleiken for bebuarar i asylmottak.

Utlendingsnemnda (UNE) er klageinstans for vedtak som er gjort etter utlendingslova og statsborgarlova. UNE er eit uavhengig klageorgan og skal vareta rettstryggleiken til utlendingar som klagar på vedtak gjort i første instans. UNE er uavhengig frå politisk styring

Det strategiske justissamarbeidet med EU-land gjennom EØS-midlane skal bidra til å utvikle, formidle og gjennomføre justispolitikken til regjeringa og til å byggje gode relasjonar til europeisk justissektor. Med EØS-midlane fremmar Noreg samarbeid for å støtte opp under nasjonal kapasitetsbygging og utvikling av bl.a. justissektoren , i ei rekkje EØS-land. Noreg prioriterer bl.a. breitt justis- og innanrikssamarbeid med Polen, Litauen, Romania og Bulgaria. Regjeringa legg stor vekt på å motarbeide vald i nære relasjonar. Fridom frå vald i nære relasjonar er ein føresetnad for likestilling og berekraftig utvikling. EØS-midlane gjer det mogleg med kunnskapsdeling og erfaringsutveksling som er svært nyttig for Noreg si gjennomføring av Europarådet sin konvensjon for førebygging og motarbeiding av vald mot kvinner og vald i nære relasjonar – Istanbulkonvensjonen – som Noreg ratifiserte i 2017. Vi viser til nærmare omtale av EØS-midlane er i Prop. 1 S frå Utanriksdepartementet.

1.7 Tryggleik i samfunnet

Tryggleik i samfunnet inneber at dei nasjonale tryggingsinteressene til Noreg er sikra. Samfunnet er verna mot hendingar som set liv og helse i fare, og som truar grunnleggjande verdiar og viktige samfunnsfunksjonar. Det er trygt å bu og ferdast i Noreg.

1.7.1 Innleiing

Samfunnstryggleik handlar om evna samfunnet har til å verne seg mot og handtere hendingar som truar grunnleggjande verdiar og funksjonar og set liv og helse i fare. Slike hendingar kan vere utløyste av naturen, vere eit utslag av tekniske eller menneskelege feil eller vere bevisste handlingar. Nasjonal tryggleik blir definert som statstryggingsområdet og ein avgrensa del av samfunnstryggleiksområdet som er av vesentleg betyding for staten si evne til å vareta nasjonale tryggingsinteresser, jf. tryggingslova.

Verksemder som er viktige for samfunnstryggleiken og nasjonal tryggleik på sivil side, er politiet, Politiets tryggingssteneste (PST), Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), Sivil klareringsstyresmakt (SKM) og Hovudredningssentralen (HRS). Norsk redningsteneste er organisert som eit samvirke mellom ei rekkje offentlege, frivillige og private aktørar.

Noreg vart i år medlem av Tryggingsrådet i FN for perioden 2021–2022, der dei mest alvorlege truslane mot internasjonal fred og tryggleik blir diskuterte. FN sine fredsoperasjonar står òg høgt på agendaen til Tryggingsrådet. På Justis- og beredskapsdepartementet sitt område handterer departementet spørsmål som gjeld behandling av truslane frå radikalisering og valdeleg ekstremisme, medrekna terror og rettsstat og prinsippa knytte til denne. Norsk politi og kriminalomsorg deltek og i fleire av FN sine fredsoperasjonar. Nærmare omtale av tryggingsrådsmedlemskapet er i Prop. 1 S frå Utanriksdepartementet.

1.7.2 Tilstandsvurdering

Trusselbilete

Det komplekse trusselbilete er karakterisert ved mindre føreseieleg truslar frå både framande statar og terroristar. Sjefen for Etterretningstenesta beskriv at det mest slåande ved trusselbiletet for 2021 er det store spennet: Dei tradisjonelle tryggleiksutfordringane er endra, på same tid som nye er komne til. Kombinasjonen av ulike verkemiddel, sivile og militære, opne og fordekte, i det fysiske så vel som i det digitale rommet, gjer trusselbiletet utfordrande og samansett. Politiets tryggingsteneste viser til at etteretningstenestene i fleire land gjennom året vil bruke store ressursar på etterretningsaktivitet i Noreg, både fysisk og ved bruk av digitale middel.

Samansette truslar, der ulike verkemiddel blir brukte for å støtte oppunder og forsterke kvarandre, kan gjere det vanskelegare å identifisere tryggleikstruande verksemd og å forstå det samla trusselbiletet og kva for aktørar som står bak. Den breie verkemiddelbruken vi ser frå framande etterretningstenester, er ei nyare og særskild utfordring. Metodane omfattar både operasjonar i det digitale rommet og meir konvensjonelle tiltak. Økonomiske tiltak, oppkjøp, falske nyheiter og ulike former for påverknadsoperasjonar er metodar som er særleg krevjande å møte. Under virusutbrotet har slike tiltak blitt brukte i fleire land. Kombinasjonen av høg grad av digitalisering i Noreg, medrekna auka bruk av digitale verktøy under virusutbrotet, og at fleire trusselaktørar enkelt får tilgang til avanserte digitale verktøy, gjer at operasjonar i det digitale rommet blir ei stadig større utfordring. Samansett verkemiddelbruk utfordrar òg evna styresmaktene har til å fange opp trusselaktørar. Det er viktig at dei nasjonale tryggingsstyresmaktene har tilstrekkeleg heimelsgrunnlag, kompetanse og ressursar til å avdekke, motverke og handtere den breie verkemiddelbruken som framande statar rettar mot Noreg. Desse utfordringane er òg døme på at arbeidet med nasjonal tryggleik krev eit breitt samarbeid på tvers av sektorane i Noreg.

I 2020 såg vi for første gongen etter 2017 ein auke i talet på islamistiske terrorangrep mot mål i Vesten. Fleire faktorar aukar risikoen for radikalisering til valdeleg ekstremisme, især høgreekstremisme. Politiets tryggingsteneste ventar derfor at trusselen frå ekstrem islamisme og høgreekstremisme framleis vil utgjere dei største terrortruslane mot Noreg. Det er òg ei bekymring knytt til om terrordømde personar som har sona straffa si, er avradikaliserte når dei kjem ut av fengsla. Dette har vi sett særleg i andre land, at lauslatne terrordømde personar har utført ny terror eller bidratt til radikalisering etter soning.

Nasjonal tryggleik

Noreg står overfor eit komplekst trussel- og risikobilete. Det nasjonale risikobiletet endrar seg når truslane endrar seg, men òg når verdiane våre endrar seg, t.d. som følgje av teknologisk utvikling. I tillegg er det totale risikobiletet avhengig av korleis vi handterer eigne sårbarheiter.

Målet med arbeidet med nasjonal tryggleik er for det første å førebyggje, avdekke, etterforske og ev. føre for retten og handtere dei mest alvorlege truslane mot tryggleiken i riket og mot grunnleggjande nasjonale interesser. For det andre er målet å styrke motstandskrafta og uthaldet i nasjonen og å redusere sårbarheit. Dette gjeld truslar frå både statlege og ikkje-statlege aktørar, både i det fysiske og i det digitale rommet.

Desse måla er ikkje moglege å nå utan gjennom eit breitt samarbeid, i alle fasane av arbeidet. T.d. er kunnskap om trusselaktørar og metodane deira og kunnskap om eigne verdiar og sårbarheiter sentralt for at dei utsette verksemdene sjølv skal kunne setje i verk førebyggjande tiltak. Det at styresmaktene deler kunnskapen, i tillegg til å gi råd og rettleiing, er derfor særs viktig for samarbeidet. Løyvingane til aktørane i justissektoren som har eit særskild ansvar for nasjonal tryggleik, må derfor sjåast i samanheng med dei ressursane som andre sektorar bruker for å auke robustheita og redusere eigne sårbarheiter.

Samordna trygging og beredskap vil setje oss betre i stand til å handtere kompleksiteten i trusselbiletet. Trussel- og risikovurderingane som blir utarbeidde av bl.a. Etterretningstenesta, PST, NSM og politiet, og DSB sitt krisescenario, gir eit viktig felles grunnlag for arbeidet med nasjonal- og samfunnstryggleik. Politiet gav for første gong i 2021 ut si eiga trusselvurdering, om det breie kriminalitetsbiletet.

Alle sektorane i samfunnet har ansvar for førebyggjande tryggingstiltak i eigen sektor, for at dei skal bli mindre sårbare. PST, politiet elles, Etterretningstenesta og Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) bidrar til auka kunnskap i samfunnet om kva truslar og kva risiko vi står overfor. Samarbeidet mellom desse, medrekna Kripos, i det digitale rommet, byggjer bl.a. på koordineringa som skjer innanfor ramma av Felles cyberkoordineringssenter (FCKS). Regjeringa har i 2021 lagt til rette for at PST og Etterretningstenesta har utvida samarbeidet sitt til å omfatte alle vesentlege fagtema der tenestane har komplementære oppgåver, i det som blir kalla Felles etterretnings- og kontraterrorsenter (FEKTS).

Tryggingslova er eit av dei viktigaste og mest sentrale strategiske verkemidla for å vareta den nasjonale tryggleiken vår. Lova skal bidra til at vi identifiserer og klarer å halde oppe tenester, produksjon og anna verksemd som er avgjerande for evna vår til å vareta suvereniteten til landet og den territoriale integriteten vår, den demokratiske styreforma vår og andre tryggingspolitiske interesser.

Tryggingslova skal vere ein dynamisk lov, og lova skal kunne endrast når det er nødvendig slik at verkemidla held tritt med utveklinga av trussel- og risikobiletet. Derfor arbeider regjeringa med endringar i lova på fleire område, bl.a. innanfor kontroll med eigarskap og utanlandske investeringar i norske verksemder. Det planlagde oppkjøpet av Bergen Engines AS viser kor viktig det er å ha eit godt lovverk og nødvendige verkemiddel når nasjonale tryggleiksinteresser blir utfordra. Regjeringa stoppa i 2021 det planlagde salet av Bergen Engines i medhold av tryggleikslova. Dette var særleg grunngitt i vurderinga av den aktuelle kjøparen og risikoen for at tilgangen til varer, informasjon og teknologi som Bergen Engines hadde, kunne utnyttast på ein måte som skada nasjonale tryggleiksinteresser.

Regjeringa har initiert eit arbeid med regelverksutvikling for Politiets tryggingstjeneste for å betre kunne handtere truslane som er beskrivne over, og forslag til endringar i straffelova er sendt på høring. Det gjeld særleg handteringa av framande statar sine etterretningstenestar som søker å påverke offentlege eller private aktørar i Noreg i saker som får betyding for norske eller andre land sine nasjonale interesser. Ei endring i straffelova vil kunne bøte på denne utfordringa.

Regjeringa har òg i 2021 publisert ein ny, nasjonal kontraterrorstrategi. Den nye strategien peikar ut retninga for det samla arbeidet med å førebyggje og motverke terror dei neste åra. Regjeringa videreførar innsatsen mot radikalisering, i tråd med den reviderte handlingsplanen mot radikalisering og valdelig ekstremisme.

Eit sentralt tiltak i arbeidet mot terror og alvorleg kriminalitet er kontroll på kven som reiser inn til Noreg. Schengen-landa skal dei kommande åra utvikle og ta i bruk nye IT-system for å styrke handteringa av den felles yttergrensa og tryggleiken på Schengen-området. Systema vil bl.a. gi betre informasjon og kontroll med identiteten til personar som reiser inn og ut av Noreg/Schengenområdet. Systema vil gi betre tryggleik i Europa gjennom styrkt grensekontroll, migrasjonskontroll og politisamarbeid. Noreg vil bli betre rusta til å førebyggje, avverje og motarbeide grensekryssande kriminalitet, bl.a. ulovleg migrasjon og terrorisme. Regjeringa foreslår å auke løyvingane til bl.a. politiet og Utlendingsdirektoratet for å vareta forpliktingane Noreg har i Schengen-samarbeidet med 302,5 mill. kroner, sjå nærmare omtale av forslaget under programkategori 06.40 og 06.90. Det blir òg foreslått å auke løyvinga til politiet med 247,5 mill. kroner til innbetaling til EU si nye grense- og visumordning (BMVI). Ordninga er ein del av EU si migrasjons- og grenseforvaltning, og ho skal særleg støtte varetakinga av den felles yttergrensa og bidra til vidareutvikling av den felles visumpolitikken gjennom solidarisk omfordeling av ressursar.

Digital tryggleik

Omfattande digitalisering pregar samfunnsutviklinga og er ein viktig premiss for verdiskaping, økonomisk vekst og effektivisering av samfunnet. Etterretningstenesta og PST beskriv i dei opne trusselvurderingane sine eit trusselbilete i endring, der stadig større aktivitet går for seg i det digitale rommet. Dette biletet blir òg støtta av vurderingane frå Økokrim og Kripos, medrekna kriminalitetsbiletet i det digitale rommet. Virusutbrotet gjer oss meir avhengige av det digitale rommet, noko som aukar sårbarheita for digitale truslar, jf. NSM si opne risikovurdering. Digital tryggleik er derfor heilt avgjerande for å vareta velferdssamfunnet, viktige samfunnsfunksjonar, nasjonale tryggingsinteresser og interessene til den enkelte innbyggjaren og sivilsamfunnet i det heile.

Som ei opptakt til årets stortingsval og Nasjonal sikkerhetsmåned vart det gjennomført ein nasjonal folkeopplysningskampanje retta mot innbyggjarane. Kampanjen var sentral for å bidra til å auke kunnskapen i befolkninga om digital tryggleik, kjeldekritikk og bevisstheit omkring korleis sosiale medium kan brukast til å spreie desinformasjon. NorSIS, NSM, DSB og politet stod saman om kampanjen som var eit oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet, som ei oppfølging av Nasjonal strategi for auka digital tryggleikskompetanse.

Justis- og beredskapsdepartementet si evne til å utøve samordnings- og pådrivarrolla skal forbetrast. Som del av dette skal tryggleiksarbeidet til Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) knytt til digital tryggleik i og utanfor tryggleikslova utviklast vidare. Særleg sentralt er utvikling av Nasjonalt cybertryggingssenter (NCSC) som ein del av NSM. Senteret skal bidra til betre situasjonsforståing, betre avgjerdsgrunnlag og betre utnytting av ressursar. NCSC samarbeider med det nasjonale cyberkrimsenteret (NC3) ved Kripos. NC3 står sentralt i arbeidet som politiet gjer mot kriminalitet i det digitale rommet og for å sikre tryggleik for innbyggjarane.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til NSM med 6,2 mill. kroner i 2022 for å halde oppe den nasjonale evna til å verne høggradert informasjon. Tiltaket inneber bemanning av eit nasjonalt kompetansemiljø for anvend kryptologi, og analyse og evaluering av kryptoalgoritmar. Investeringar i tiltaket til utstyr og liknande blir løyvd over forsvarsbudsjettet, ref. Innst. 87 S (2020–2021) jf. Prop. 14 S (2020–2021) Evne til forsvar – vilje til beredskap.

Utvalet for organisering og regulering av nasjonal IKT-tryggleik (IKT-tryggleiksutvalet) la fram utgreiinga si 3. desember 2018. Regjeringa vil følgje opp hovudtilrådingane frå utvalet, jf. omtalen under programkategori 06.50.

Virusutbrotet

Virusutbrotet er den mest alvorlege krisa Noreg har opplevd sidan andre verdskrigen, og det har store konsekvensar for alle delar av samfunnet. Den 11. mars 2020 erklærte Verdshelseorganisasjonen utbrotet som ein pandemi, og den 12. mars avgjorde helsestyresmaktene, med støtte frå helse- og omsorgsministeren og statsministeren, å setje i verk inngripande tiltak for å motarbeide smittespreiinga.

Virusutbrotet har utfordra samfunnstryggleiken breitt og har hatt vidtrekkande konsekvensar for nær sagt alle delar av samfunnet. Konsekvensane kjem både frå dei direkte verknadene av virusutbrotet knytte til helsetap og frå dei negative samfunnsmessige konsekvensane av smitteverntiltaka.

Under virusutbrotet har vi sett korleis globale smitteutbrot òg kan få følgjer for norsk tryggleikssituasjon. Fleire av dei tryggleikspolitiske utviklingstrekka vi har sett over dei siste åra, er forsterka under utbrotet. Både smittesituasjonen og konsekvensane av smitteverntiltaka kan forstyrre tilgangen til nødvendige varer og innsatsfaktorar som er viktige for å sikre drifta av nødvendige samfunnsfunksjonar.

Handteringa av smittesituasjonen nasjonalt heng òg nøye saman med kva som skjer utanfor grensene våre. Fleire av dei nasjonale utfordringane som følgde av krisa på justis- og samfunnstryggleiksområdet, vart løyste gjennom europeisk samarbeid. Krisa har gitt Noreg høve til å delta aktivt på ei rekkje møteplassar vi har vore inviterte til på helse- og samfunnstryggleiksområdet, òg på område der Noreg sin rett til deltaking ikkje følgjer av avtaleverket. At Noreg held fram med å delta aktivt på internasjonale arenaer, er derfor særs viktig med tanke på vår eiga førebuing og tryggleik, òg for å halde ved like dei gode relasjonane Noreg har til dei viktigaste samarbeidslanda sine.

Alle departementa og sektorane har vore tungt involverte i arbeidet med å handtere virusutbrotet. Handteringa er basert på den etablerte ansvarsfordelinga mellom departement og underliggjande verksemder og følgjer dei alminnelege beredskapsprinsippa. Private verksemder og frivillige organisasjonar har òg vore sentrale i handteringa. Kriserådet har vore eit viktig samordningsorgan i handteringa.

Sentrale oppgåver for Justis- og beredskapsdepartementet som leiardepartement for handtering av virusutbrotet har vore å koordinere avgjerdsgrunnlag frå departementa, å innhente situasjonsrapportar og å sørge for koordinert informasjon til media og befolkninga. I tillegg til å vere leiardepartement har Justis- og beredskapsdepartementet ei generell samordningsrolle på samfunnstryggleiksområdet og ei rolle som sektordepartement og hovudansvarleg departement.

Den 12. mars 2020 sette regjeringa i verk dei mest inngripande tiltaka sidan andre verdskrigen for å redusere spreiinga. Tiltaka var både nasjonale, regionale og lokale. Bl.a. vart det sett i verk strenge innreiserestriksjonar og etter kvart bruk av karantenehotell og testing ved innreise til Noreg. For å handheve reiserestriksjonane vart det gjeninnført mellombels personkontroll på den indre grensa. Det var likevel nødvendig med unntak frå reglane for personar som arbeidde i viktige samfunnsfunksjonar, og for enkelte andre grupper.

Regjeringa sette ned ein uavhengig kommisjon for å få ein grundig og heilskapleg gjennomgang og evaluering av styresmaktene si handtering av virusutbrotet. Koronakommisjonen kartla alle dei relevante sidene ved handteringa. Kommisjonen leverte rapporten sin, NOU 2021: 6 Myndighetenes håndtering av koronapandemien, 14. april 2021, og rapporten er send på høyring. Då kommisjonen avslutta arbeidet sitt, var det ein kraftig auke i smitten i Noreg. Dette illustrerte eit av hovudbodskapa til kommisjonen: Pandemien var ikkje over, og det var for tidleg til å trekkje endelege konklusjonar. Regjeringa har derfor bede kommisjonen halde fram arbeidet sitt, slik at vi får ein grundig og heilskapleg gjennomgang av læringspunkt frå styresmaktene si handtering av den delen av pandemien som vi framleis står midt oppe i.

Sjå og omtale i programkategori 06.40 og 06.50.

Beredskapen

Beredskap er planlagde og førebudde tiltak som gjer oss i stand til å handtere uønskte hendingar slik at konsekvensane blir minst mogleg. Omgrepet blir spesielt brukt om å vere førebudd på å møte kritiske situasjonar, dvs. å handtere og redusere skadeverknader av uønskte hendingar som kan føre til skade på eller tap av verdiar eller personskade og dødsfall. Beredskap omfattar tekniske, operasjonelle og organisatoriske tiltak som det blir planlagt å setje i verk under leiing av beredskapsorganisasjonen ved ei hending, for å verne menneske, materiell og verdiar.

Totalforsvarskonseptet omfattar gjensidig støtte og samarbeid mellom sivil og militær side for å førebyggje, planleggje for og handtere kriser, væpna konflikt og krig, jf. omtalen under programkategori 06.50.

NATO set i dag tryggleiken og funksjonsevna til sivilsamfunnet høgt på dagsordenen. Sivil beredskap, krisehandtering og robuste, nødvendige samfunnsfunksjonar er ein føresetnad for samla beredskap og forsvar i kvart enkelt land og dermed for alliansen som heilskap.

Noreg deltek i EU si ordning for sivil beredskap, eit EU-program som inneber at deltakarlanda stiller ressursar til disposisjon for kriseramma land, både i og utanfor Europa. I tilfelle det skjer ei hending i Noreg som ikkje kan handterast tilstrekkeleg nasjonalt, kan norske styresmakter gjennom deltaking i ordninga be om bistand frå EU. Norsk deltaking i EU sine program held fram i perioden 2021–2027, jf. Prop. 180 S (2020–2021) og Innst. 631 S (2020–2021) Regjeringa foreslår òg å auke løyvinga med 40,4 mill. kroner til formålet. Det blir òg vist til omtale av deltaking i programmet til EU i 2021–2027 i Utanriksdepartementet sin fagproposisjon.

Gjennom EØS- midlane samarbeider Noreg med Romania og Polen om styrkt førebygging og beredskap. Vi viser til omtalen av EØS-midlane i Prop. 1 S (2021–2022) for Utanriksdepartementet.

Arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap er avhengig av fleire aktørar. Politiet er ein sentral beredskapsaktør på sivil side i Noreg og har ansvar for å sikre tryggleiken både til den enkelte innbyggjaren og til samfunnet i heilskap. Politiet er tilgjengeleg heile døgnet gjennom heile året for å oppretthalde ro og orden og for å trygge mot kriminalitet og andre farar. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) med Sivilforsvaret er staten sin forsterkningsressurs og gir støtte til nød- og beredskapsetatane i heile krisespekteret.

Norsk redningsteneste er organisert som eit samvirke mellom ei rekkje offentlege, frivillige og private aktørar. Den frivillige innsatsen er svært viktig for målet til regjeringa om å sørge for trygg beredskap for samfunnet. Regjeringa ser det som viktig å vidareføre eit godt samarbeid med dei frivillige organisasjonane. Evalueringa av redningsaksjonen og av den akutte handteringa av krisa under kvikkleireskredet på Gjerdrum viser at ressursane fann kvarandre under hendinga. Ho viser òg at samarbeidet til redningsaktørane bidrog til god leiing og gjennomføring av redningsaksjonen.

Regjeringa vil leggje til rette for god samordning på tvers av sektorar og forvaltningsnivå, og vil ha eit godt samarbeid med private og frivillige aktørar for å sikre eit godt samfunnstryggleiksarbeid.

I politiet si innbyggjarundersøking for 2020 svarte 94 pst. at dei kjenner seg trygge der dei bur og ferdast. Dette var det same som i 2019. Ein større del av dei som bur i mellomstore og store kommunar, føler seg svært trygge, samanlikna med dei som bur i små kommunar. Undersøkinga viser òg at tilliten til politiet har auka frå 79 pst. i 2019 til 82 pst. i 2020.

Regjeringa signerte i desember 2013 ein kontrakt med AgustaWestland (no Leonardo SPA) om levering av 16 nye redningshelikopter, SAR Queen. Dei nye helikoptera har langt betre rekkjevidd, større fart og betre evne til å operere i dårleg vêr enn dagens Sea King-helikopter. Dei første helikoptera vart sette i drift 1. september 2020. Alle dei nye redningshelikoptera skal etter planen vere i drift i løpet av 2023. Pga. auka utgifter til anskaffinga av nye redningshelikopter m.m. er det vedteke ein auke i kostnadsramma for anskaffinga. Som følgje av at kostnadane til prosjektet har auka, blir det foreslått å auke løyvinga i 2022. For å forbetre redningsberedskapen i Nord-Noreg skal det etablerast ein ny redningshelikopterbase i Tromsø og ein felles operasjon med Sysselmeisteren si helikopterteneste. Det blir teke sikte på at den nye redningshelikopterbasen blir sett i drift i løpet av 2022. Regjeringa foreslår å auke løyvinga med til saman 243,1 mill. kroner i 2022 til formålet.

Regjeringa vil styrke brannutdanninga og har sett i gang etableringa av ein ny fagskule for brann- og redningspersonell ved Noregs brannskule i Tjeldsund kommune. Fagskulen vil gi eit viktig kompetanseløft for brann- og redningsvesenet og brannberedskapen i heile landet. Byggeprosjektet har fått auka styrings- og kostnadsramme som følgje av ein generell kostnadsauke i marknaden og regjeringa foreslår auka løyving i 2022 under Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett som følgje av dette.

Nødnett er det landsdekkande nettet for nød- og beredskapskommunikasjon i Noreg. Nettet gir nød- og beredskapsaktørar høve til å kommunisere avlyttingssikra og effektivt i grupper. Telenor har starta arbeidet med å modernisere telenettet. Staten har kontrakt om drift av dagens Nødnett til og med 2026. Nødnett kan teknisk sett vidareførast utover 2026 i ytterlegare fem år. Det er utført ei konseptvalutgreiing om korleis ei framtidig løysing i kommersielle mobilnett kan og bør setjast ut i livet, og om overgangen frå dagens Nødnett. Utgreiinga har nyleg vore til ekstern kvalitetssikring, men regjeringa har enno ikkje teke stilling til val av konsept.

Det er også i 2021 gjort betydelege investeringar og arbeid for å sikre skjermingsverdige objekt i justissektoren i samsvar med det ønskte sikringsnivået. Samstundes pågår det framleis arbeid i justissektoren for å sikre øvrige objekt, infrastrukturar og informasjonssystem som ikkje er sikra i samsvar med det ønskte sikringsnivået, og dette arbeidet vil måtte ta fleire år. Sjå og omtale i programkategori 06.40 og 06.50.

Justis- og beredskapsdepartementet vil halde fram med det strategiske arbeidet med langsiktig planlegging innanfor samfunnstryggleik og beredskap, i tett samarbeid med Forsvarsdepartementet. Dette arbeidet vil dei neste åra videreutviklast særleg med omsyn til langsiktig planlegging for politiet, Politiets tryggingsteneste og påtalemakta.

1.8 Kontrollert og berekraftig innvandring

Regjeringa vil føre ein restriktiv, ansvarleg og rettssikker innvandringspolitikk innanfor rammene av internasjonale forpliktingar. Ei rettssikker behandling er avgjerande for å sørge for at dei som har krav på vern, faktisk får det, medan dei utan krav på vern eller opphald på anna grunnlag skal returnerast raskt. Regjeringa vil arbeide for å betre samarbeidet om retur med fleire land for å unngå at personar oppheld seg i Noreg utan lovleg opphald. Det blir lagt til rette for lovlege rørsler over landegrensene, medrekna ønskt arbeidsinnvandring. Noreg tek vare på rettstryggleiken til utlendingar og den enkelte sitt behov for vern, samstundes som tryggleiken i landet blir bevart.

1.8.1 Innleiing

Justis- og beredskapsdepartementet har det overordna ansvaret for å utforme og samordne innvandringspolitikken. Utlendingslova, den europeiske menneskerettskonvensjonen, flyktningkonvensjonen og ei rekkje internasjonale forpliktingar i samband med EØS/Schengen og FN er det sentrale juridiske rammeverket som regulerer innvandringa til Noreg.

Dei operative oppgåvene blir utførte i Utlendingsdirektoratet (UDI), Utlendingsnemnda (UNE), Utlendingsforvaltningas fageining for landinformasjon (Landinfo), Politidirektoratet (POD) og dei underliggjande einingane deira, og Politiets tryggingsteneste (PST).

Andre departement med særleg ansvar innan utlendingsforvaltninga er Arbeids- og sosialdepartementet (arbeidsinnvandring og all innvandring frå EØS-land), Barne- og familiedepartementet (omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkarar under 15 år), Kunnskapsdepartementet (busetjing, statsborgarskap og samordning av integreringspolitikken) og Utanriksdepartementet (samarbeid med opphavsland om migrasjon og retur, spesialutsendingar for utlendingsfeltet og utanriksstasjonar som førstelinje for søknader om visum og opphald).

1.8.2 Tilstandsvurdering

Innvandringa til Noreg

Tal frå SSB viser at om lag 24 400 personar innvandra til Noreg i 2020.5 Over halvparten av desse kom frå Europa6, litt under halvparten var arbeidsinnvandrarar, og ein tredjedel var familieinnvandrarar. Som det går fram av figuren under, har talet på innvandrarar dei siste åra gått ned, og særleg har talet på innvandrarar som kjem pga. flukt, blitt lågare dei seinare åra.

Virusutbrotet har hatt store konsekvensar for innvandringa til Noreg i 2020 og 2021. Dei mellombelse reglane om innreiserestriksjonar og grensekontroll på fleire grenser i Europa har gjort det vanskelegare for utlendingar å reise til Noreg desse åra.

Figur 1.5 Innvandringar til Noreg etter innvandringsgrunn og år.

Figur 1.5 Innvandringar til Noreg etter innvandringsgrunn og år.

Kjelde: SSB

Regjeringa vil leggje til rette for ønskt arbeidsinnvandring. Sjå meir om arbeidsmarknadspolitikken til regjeringa i Prop. 1 S (2021–2022) frå Arbeids- og sosialdepartementet. Arbeidsinnvandrarar har dei siste åra utgjort over 40 pst. av det totale talet på innvandrarar til Noreg, sjølv om talet på arbeidsinnvandrarar vart redusert i 2020 og hittil i 2021.

Familieinnvandring har dei siste åra utgjort ein tredjedel av innvandringa til Noreg. Talet har likevel gått ned dei siste åra. Dette heng i hovudsak saman med reduksjon i talet på asylsøkarar. Ved familieinnvandring til Noreg meiner regjeringa at innvandraren anten må kunne forsørge seg sjølv eller bli forsørgd av den personen vedkommande blir sameint med. Regjeringa vil kjempe mot fleirkoneri og gjentakande familieinnvandring og hindre at reglane om familieinnvandring blir undergravne gjennom misbruk.

Særskilt om saker om vern (asyl)

Alle som kjem til grensa til Noreg og viser til at dei er forfølgde etter flyktningkonvensjonen, eller som ikkje kan vende tilbake til heimlandet fordi dei der vil risikere dødsstraff, tortur eller umenneskeleg eller fornedrande behandling eller straff, har rett til å få behandla søknaden om vern. Dei som fyller vilkåra for vern, har rett til opphald. Noreg tek òg imot overføringsflyktningar som har fått utreda behov for vern av FN eller andre instansar som definert i utlendingsforskrifta. Noreg har dei siste åra hatt ein kvote på 3 000 plassar for uttak av overføringsflyktningar og annan type byrdedeling.

Figuren under viser utviklinga i talet på søknader om vern, innkomstar av overføringsflyktningar og mottak av relokaliserte asylsøkarar sidan 2014.

Figur 1.6 Tal asylsøkarar, innkomstar overføringsflyktningar og mottak av relokaliserte asylsøkarar 2014–juni 2021.

Figur 1.6 Tal asylsøkarar, innkomstar overføringsflyktningar og mottak av relokaliserte asylsøkarar 2014–juni 2021.

I 2018 fekk i tillegg 399 asylsøkarar som kom i åra før som einslege mindreårige, behandla søknaden sin på nytt etter utlendingsforskrifta § 8-8 a, dei såkalla oktoberbarna. Desse er ikkje tekne med i figuren for 2018.

Kjelde: UDI

Talet på asylsøkarar til Europa har totalt sett vore nokså stabilt sidan hausten 2016, men det var ein nedgang i 2020. Noreg sin del av asylsøkarane som kjem til Europa, har blitt gradvis redusert dei siste åra. Talet på personar som søker vern i Noreg, har dei siste åra vore lågt. I 2019 søkte 2 305 personar vern i Noreg, noko som var det lågaste talet sidan 1997. Talet på asylsøkarar i 2020 var 1 386, og det var særleg lågt pga. virusutbrotet.

Det lågare talet på asylsøkarar til Noreg dei siste åra, samanlikna med perioden fram til 2015, heng bl.a. saman med tiltak som er sette i verk på yttergrensa til EU og samarbeid mellom EU og tredjeland. Det er og grunn til å tru at signaleffektane av endringar i den norske innvandringspolitikken òg har medverka til færre asylsøkarar.

Regjeringa har som mål at Noreg skal ha få asylsøkarar utan behov for vern. Sidan 2018 har over 70 pst. av søkarane årleg fått vern, og i 2020 fekk 76 pst. av asylsøkarane vern. Det tilsvarande talet for EU samla var i 2020 rundt 40 pst.

Pga. virusutbrotet har talet på asylsøkarar også vore lågt så langt i 2021. Det er forventa at talet vil auke når reiserestriksjonane globalt blir reduserte. Per utgangen av juni var det registrert 447 nye asylsøkarar i Noreg. Per juni 2021 er det forventa talet for året samla er 1 500. For 2022 blir det lagt til grunn ein prognose på 3 000 asylsøkarar. Det er alltid stor uvisse om talet på asylsøkarar. Migrasjonspresset mot Europa er vedvarande høgt, og situasjonen for Noreg kan endre seg raskt. Det er spesielt stor uvisse om korleis situasjonen i Afghanistan vil påverke asyltilstrøyminga til Noreg.

I 2020 kom det færre overføringsflyktningar til Noreg enn dei siste par åra sjølv om talet på kvoteplassar var det same. Virusutbrotet fekk store konsekvensar for arbeidet med kvoten. Uttakskommisjonar måtte avlysast, og det vart vanskeleg for flyktningar å reise til Noreg i 2020. Ubrukte plassar i 2020 er overført til 2021. Regjeringa avgjorde i 2020 å hjelpe Hellas ved å relokalisere 50 asylsøkarar. Desse blir rekna med i den fastsette kvoten på 3 000 plassar i 2021. Totalt 51 relokaliserte asylsøkarar (medrekna eitt nyfødt barn)kom til Noreg det første halvåret i 2021.

Regjeringa meiner at talet på overføringsflyktningar må sjåast i samanheng med talet på asylsøkarar og andre innvandrings- og integreringsutfordringar i Noreg. Pga. det låge talet på asylsøkarar foreslår regjeringa å vidareføre ein kvote på 3 000 plassar i 2022. Plassane på kvoten kan nyttast til å ta imot overføringsflyktningar eller annan type byrdedeling. Regjeringa meiner at den årlege kvoten på 3 000 plassar må sjåast i samanheng over år. Det vil seie at ubrukte plassar blir overført frå eit år til det neste, og om det blir nytta fleire plasser skal kvoten for neste år bli redusert tilsvarande. For forslag til løyving for 2022 er det lagt til grunn ei overføring av plassar frå kvoten i 2021, på bakgrunn av at det var venta å bli vanskeleg å fylle kvoten i 2021 pga. virusutbrotet.

Situasjonen er no endra som følgje av hendingane i Afghanistan. Som følgje av NATO sitt vedtak om å avslutta Resolute Support Mission i Afghanistan 31. august 2021 tok Noreg imot Forsvaret sine lokalt tilsette, både tolkar og reinhaldarar, i juni 2021. Noreg har teke imot Forsvaret sine lokalt tilsette tolkar i Afghanistan sidan 2012 og har til saman teke imot om lag 360 lokalt tilsette tolkar og deira næraste familiemedlemmer med tilknytning til Forsvaret.

I samband med Taliban si maktovertaking i august, bidrog Noreg til evakuering av i overkant av 900 afghanske borgarar. Dette inkluderer om lag 70 lokalt tilsette på ambassaden med familiemedlemmer. Dei fleste som vart evakuert vil bli rekna på den fastsatte kvoten for overføringsflyktningar og anna byrdedeling i 2021, og bidreg til å redusere det forventa talet til overføring av ubrukte plassar.

Som følgje av situasjonen i Afghanistan legg regjeringa opp til å ta imot fleire menneskerettsforsvarar, journalistar og sivilsamfunnsaktørar frå Afghanistan. Det blir òg arbeidd med ei ordning for at tidlegare lokalt tilsette av norske styresmakter i Afghanistan kan bli overført til Noreg. Desse vil bli rekna på kvoten som overføringsflyktningar.

Både evakueringa og planlagte uttak av fleire personar frå Afghanistan kan medføre at det blir nytta fleire plassar på kvoten i 2021 enn lagt til grunn for budsjettforslaget for 2022. Dette kan òg medføre at det blir fatta vedtak i fleire saker enn den fastsatte kvoten for 2021 og at det blir planlagt uttak av grupper som leggjer føringer for bruk av kvoteplasser i 2022. Regjeringa legg til grunn at ev. bruk av plassar utover den fastsatte kvoten for 2021 vil bli handtert med ein tilsvarende reduksjon i plassar for 2022.

Regjeringa støttar det pågåande arbeidet i EU med ei reform av ulike rettsakter som har som formål å førebyggje ukontrollerte sekundærrørsler og sikre jamnare fordeling av asylsøkarar i Europa. EU-landa diskuterer endringar i både Dublin-samarbeidet og andre typar asylsamarbeid, basert på Europakommisjonen sitt forslag til ny pakt om migrasjon og asyl som vart lagt fram i september 2020. Regjeringa vurderer det slik at det i utgangspunktet er i norsk interesse at EU-landa blir samde om ein permanent og bindande fordelingsmekanisme.

Regjeringa vil vidare halde fram med å hjelpe europeiske land som er utsette for eit særleg migrasjonspress. Gjennom EØS-midlane har Noreg bidratt til å styrke asyl- og migrasjonsforvaltninga i land som Hellas, Romania og Bulgaria. Vi viser til omtalen av EØS-midlane i Prop. 1 S (2021–2022) for Utanriksdepartementet. I tillegg støttar Noreg europeiske land, bl.a. ved å sende ut ekspertar gjennom EUs organ for samarbeid på asylfeltet og EU sin grensevaktstyrke (Frontex).

Opphald på riktig grunnlag

Å kjenne identiteten til personar som oppheld seg i Noreg, er viktig for å gjere riktige vedtak i utlendingssaker. At utlendingsstyresmaktene i størst mogleg grad registrerer rett identitet på personar, gir større tryggleik òg for anna offentleg forvaltning, og det er ein føresetnad for å nå målet om kontrollert innvandring. Fastsetjing av korrekt identitet er saman med korrekt behandling av saker utan ugrunna opphald føresetnader for å vareta rettstryggleiken for dei som søker om vern og anna opphald i Noreg.

Bruk av falske dokument for å få opphald i Noreg er ikkje uvanleg. For mange søkarar er det vanskeleg å skaffe papir som i tilstrekkeleg grad kan dokumentere identitet og familierelasjon. Regjeringa ønskjer derfor å styrke arbeidet med identitetsavklaring. UDI har sidan 2003 lagra biometri (fingeravtrykk) frå asylsøkarar og brukt dette i søk mot relevante databaser, men frå april 2021 blir det teke foto og fingeravtrykk av alle som søker om opphald. Dei biometriske dataa blir lagra i utlendingsregisteret. Dette vil betre identitetskontrollen og gjere det vanskelegare å ha fleire identitetar i Noreg. Dette er implementert som følgje av ei rekkje regelendringar knytte til opptak og lagring av biometri som regjeringa sette i kraft 16. april 2021.

Dei nye IT-systema i Schengen-samarbeidet vil gi sikrare behandling av søknader om vern og anna opphald, i tillegg til raskare avdekking av personar som opererer med fleire identitetar. Sjå nærmare omtale under sektormålet om tryggleik i samfunnet og programkategori 06.40 og 06.90.

Politiet og UDI har innført ny saksflyt for søknader om vern, og sidan hausten 2020 har dei vore samlokaliserte på Nasjonalt ankomstsenter i Råde i Viken. Den nye saksflyten inneber ein større innsats for å avklare identitet i ein tidleg fase i behandlinga av asylsaker. Dette gir eit betre grunnlag for å gjere korrekte vedtak, for å redusere saksbehandlingstida og for å samstundes gjere returarbeidet i avslagssaker enklare. Per utgangen av juni 2021 vart opp mot 50 pst. av nye asylsøkarar behandla innan 21 dagar, samanlikna med 27 pst. i heile 2020.

Sjølv om færre søkte om opphald i 2020, auka talet på ubehandla saker. Meirarbeid i UDI knytt til brukarrettleiing og tilpassing til stadige endringar i innreiserestriksjonane, og mellombels stengde publikumsmottak i politiet og ved utanriksstasjonane gjorde at etatane fekk behandla færre saker enn forventa. På same tid vart det meir enn ei dobling i søknader om statsborgarskap etter avviklinga av prinsippet om eitt statsborgarskap frå 1. januar 2020.

Dersom opphald er gitt pga. urette opplysningar (t.d. feil identitet eller nasjonalitet), eller når det ikkje lenger er behov for vern, opprettar UDI eller politiet ei tilbakekallsak og vurderer om opphaldsløyvet og ev. flyktningstatusen kan kallast tilbake. Regeringa ventar at betre ID-arbeid vil bidra til færre saker om tilbakekall knytte til urette opplysningar.

Regjeringa vil vidareføre arbeidet med å kalle tilbake flyktningstatus og opphaldsløyve dersom opphaldet kan vere gitt på urett grunnlag, og når det ikkje lenger er behov for vern, slik flyktningkonvensjonen og utlendingslova opnar for.

Regjeringa har sidan 2020 gitt auka løyvingar til å byggje ned restansar og for å styrke rettsvernet i saker om tilbakekall av statsborgarskap, noko som blir vidareført i 2022.

Ulovleg opphald

Personar som ikkje har løyve til å opphalde seg i Noreg eller som har fått endeleg avslag på ein søknad om opphald, oppheld seg i landet ulovleg. Desse har ei plikt til å forlate landet og får normalt ein frist på tre veker til dette. Dei kan anten organisere reisa sjølv eller søke om assistert retur med hjelp frå norske styresmakter. Dersom dei ikkje returnerar innan fristen, skal politiet transportere dei ut med tvang (tvangsretur).

Ifølgje tal frå Politiets utlendingseining var det i starten av juli 2021 registrert om lag 2 550 personar med ulovleg opphald i Noreg. Nesten 90 pst. av desse er personar som har fått avslag på søknad om vern der utreisefristen har gått ut. Nokre av desse bur i asylmottak, andre oppheld seg andre stader. Dette talet er ikkje uttømmande for kor mange personar som oppheld seg ulovleg i Noreg, og fleire av personane som er registrerte med ulovleg opphald, kan ha forlatt landet.

Talet på returar har blitt gradvis redusert dei siste åra. Returar til ei rekkje land vart mellombels stansa i 2020 og 2021 pga. virusutbrotet, og talet på returar i 2020 var samla 2 136. Av desse var 127 assisterte returar og 2 009 tvangsreturar. Av tvangsreturane var 112 i kategorien asyl og 150 i kategorien Dublin7 medan resten var i kategorien utviste. I tillegg bortviste politiet 6 845 personar bortvisninger knyttet til innreiserestriksjonene som følgje av virusutbrotet.

Figur 1.7 Tal assisterte returar og tvangsreturar 2014–juni 2021. Tala inkluderer ikkje bortvisninger knyttet til innreiserestriksjonene som følgje av virusutbrotet.

Figur 1.7 Tal assisterte returar og tvangsreturar 2014–juni 2021. Tala inkluderer ikkje bortvisninger knyttet til innreiserestriksjonene som følgje av virusutbrotet.

Kjelde: PU og UDI

Færre returar dei siste åra heng saman med nedgangen i talet på asylsøkarar til Noreg etter 2015 og satsinga regjeringa har hatt på retur. Samla har målgruppa for retur blitt mindre, men òg meir utfordrande. Ein stor del av utreisepliktige har no opphalde seg i landet over lang tid, har familie med opphald i Noreg eller har særskilde behov som gjer returarbeidet vanskelegare. Fleire har òg uavklart identitet og statsborgarskap. Vidare er nokre land meir krevjande å returnere personar til enn andre.

For å sikre at utreiseplikta blir overhalden er det viktig med eit heilskapleg returarbeid mellom involverte instansar i forvaltninga, effektiv gjennomføring av retur og samarbeid med transitt- og opphavsland. Regjeringa arbeider med å betre samarbeidet om retur og migrasjon med sentrale transitt- og opphavsland, irekna formalisert samarbeid med enkelte land, bl.a. gjennom returavtalar.

Utviklinga i arbeidet med å fastsetje rett identitet og moglegheita som dei nye felleseuropeiske systema gir til auka kontroll med personar som reiser inn og ut av Noreg/Schengen-området, vil leggje til rette for raskare returar.

1.9 Godt forvalta polarområde

Med godt forvalta polarområde meiner ein at polarområda skal forvaltast slik at samordning og styring byggjer opp under dei overordna måla for Svalbard og andre polare strøk. Desse omhandlar bl.a. å bevare ro og stabilitet, å bevare natur og å halde oppe eksisterande norske samfunn i desse områda.

1.9.1 Innleiing

Justis- og beredskapsdepartementet er overordna departementet for Sysselmeisteren på Svalbard. Sysselmeisteren på Svalbard er den øvste representanten for regjeringa på øygruppa og er både politimeister og statsforvaltar.

Longyearbyen lokalstyre får tildelt løyvingane sine over svalbardbudsjettet. Oppgåvene svarer på fleire felt til dei oppgåvene ein kommune har på fastlandet.

Statsbygg Svalbard har ansvaret for statlege bygg og utbyggingar på Svalbard. Statsbygg Svalbard har vidare ansvaret for forvaltinga av ein bustadpool i Longyearbyen, som leiger ut bustader til offentleg tilsette. Statsbygg er underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Helse Nord RHF og Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF har ansvar for helsetenestene og helseberedskapen på Svalbard. Universitetssjukehuset i Nord-Noreg avdeling Longyearbyen skal sørge for nødvendige helsetenester i Longyearbyen og Ny-Ålesund.

Ei rekke andre statlege aktørar er til stades på øygruppa og får løyving over svalbardbudsjettet.

Justis- og beredskapsdepartementet har i tillegg til Svalbard ansvaret for koordineringa av norsk politikk for Jan Mayen og dei norske bilanda Dronning Maud Land, Bouvetøya og Peter I Øy.

Ansvaret for infrastruktur på Jan Mayen er lagt til Samfunnet Jan Mayen som får løyvinga si over budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet. Samfunnet Jan Mayen er ein del av Cyberforsvaret, som er ei avdeling i Forsvaret. I tillegg har fleire statlege verksemder ansvar for eller verksemd på Jan Mayen

1.9.2 Tilstandsvurdering

Næringsliv, sysselsetjing og befolkning

Velfungerande næringsliv, sysselsetjing og busetjing er viktig for at ein skal kunne nå dei overordna måla for polarpolitikken omtala under programkategori 06.80. Eit av hovudmåla i svalbardpolitikken er å halde oppe norske samfunn på øygruppa. Målet har først og fremst vore oppfylt gjennom Longyearbyen.

Talet på registrerte busette i Longyearbyen og Ny-Ålesund auka med 31 personar i løpet av 2020. Per 1. januar 2021 var det 2 459 personar busette i Longyearbyen og Ny-Ålesund. Av desse var 35,4 pst. utanlandske statsborgarar. Tilsvarande tal for 2020 var 35,5 pst.

Tiltak for å førebyggje smitte av virus har ramma næringslivet i Longyearbyen. Normalt er det svært få arbeidslause på Svalbard. Det var t.d. registrert ni arbeidslause i januar 2020. I april 2020 var det registrert 350 arbeidslause. I mai 2021 var det om lag 100 arbeidslause. Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at nedgangen i omsetnad og talet på årsverk på Svalbard har vore kraftig i 2020. Medan omsetnaden gjekk ned 20,3 pst., fall talet på årsverk med 9,7 pst. i 2020 samanlikna med 2019. Investeringane har samstundes vakse monnaleg, med ein auke på 50 pst. frå 2019 til 2020.8

Den viktigaste næringsvegen i privat sektor er turisme. Som følgje av reiserestriksjonar har besøk til Svalbard i 2020 og 2021 vore sterkt reduserte. Samstundes syner skatteinngangen at dei økonomiske konsekvensane av smitteverntiltaka har vore mindre enn ein kunne frykte. For å byggje opp under målet om å halde oppe norske samfunn er det avgjerande at næringsliv på Svalbard kan halde fram gjennom perioden med redusert aktivitet. Gjennom fleire proposisjonar i 2020 og 2021, som er vedtekne av Stortinget, er det gitt auka løyving til eksisterande og nye tiltak på Svalbard for å leggje til rette for å halde oppe næringsliv, sysselsetjing og busetjing på Svalbard. For nærmare omtale av desse tiltaka viser ein til Prop. 1 S (2020–2021) Svalbardbudsjettet og Prop. 1 S (2021–2022) Svalbardbudsjettet.

Kolkraftverket i Longyearbyen skal bli fasa ut til fordel for eit nytt kraftvarmeverk med ei gradvis og forsvarleg innfasing av meir fornybar energi. NVE og Thema/Multiconsult har gjennomført nærmare utgreiingar av ulike grunnlastløysingar. Regjeringa har slått fast at når kolkraftverket i Longyearbyen er teke ut av drift, skal òg verksemda i Gruve 7 ta slutt, med konsekvensar for sysselsetjinga. Situasjonen for næringslivet i Longyearbyen vil derfor blir følgd nøye. For nærmare omtale av energiforsyning i Longyearbyen viser ein til Prop. 1 S (2021–2022) Svalbardbudsjettet.

Tryggleik og miljø

Svalbard har vore sterkt prega av smitteverntiltaka som følgje av det globale virusutbrotet. Samstundes har smittesituasjonen på Svalbard vore under kontroll. Regjeringa har prioritert forsyning av tilstrekkeleg med vaksinedosar til å vaksinere fastbuande på Svalbard, då det vil vere vanskeleg å takle eit større smitteutbrot på Svalbard.

Longyearbyen er utsett for skred og vart ramma av store snøskred to vintrar på rad, i desember 2015 og i februar 2017. Vintrane 2019–2020 og 2020–2021 gjekk det ingen skred i område der det bur folk. Vinteren 2020–2021 var det tre evakueringar i området Nybyen med ferdsels- og opphaldsforbod. I februar 2020 omkom to personar i skredulukke i felt på Svalbard. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil i 2022 sluttføre skredsikringstiltaka i bustadområdet Lia, og det foreslås å løyve 26,1 mill. kroner til skredsikringstiltak. Oppryddingsarbeidet etter avviklinga av gruveaktivitetane i Svea vil bli ferdigstilt i 2023. Som miljøvernstyresmakt har Sysselmeisteren hovudansvaret for oppfølging overfor Store Norske Spitsbergen Kulkonpani AS (SNSK) av oppryddingsarbeidet. Sjå elles Prop. 1 S (2021–2022) Svalbardbudsjettet for nærmare omtale av miljøforvaltninga på Svalbard og miljøtiltak i Svea og Lunckefjell.

Klimaendringane på Svalbard er merkbare, og det er mindre fjordis på vestsida av Spitsbergen. Sommaren 2020 gav ny varmerekord for Longyearbyen, med 21,7 gradar 25. juli.

Verksemda på Jan Mayen gir viktige bidrag til norsk nordområdepolitikk på fleire område, bl.a. innan meteorologi- og kommunikasjonstenester. Delar av verksemda på Jan Mayen er direkte knytt til oppfølging av internasjonale forpliktingar, som drift av bakkestasjonar for satellittnavigasjonsprogramma til EU, Galileo og Egnos, i tillegg til ein seismisk målestasjon for overvaking av prøvestansavtalen.

Bygningsmassen på Jan Mayen er utdatert og har behov for utskifting. Bygget vart sett opp i 1960, med ei levetid rekna til 10 år. Eit arbeid med å greie ut eit ev. nytt hovudbygg på Jan Mayen er i gang.

Antarktistraktaten tok til å gjelde i 1961 og set dei rettslege rammene for verksemd og miljøvern i Antarktis. Antarktistraktaten sørger for at heile traktatområdet sør for 60˚ S skal vere vigd fred og vitskap.

37 land har underteikna Protokoll om miljøvern til Antarktistraktaten. Protokollen stiller strenge miljøkrav til all menneskeleg aktivitet i traktatområdet. Noreg medverkar aktivt i arbeidet under miljøprotokollen. Fiskeriaktiviteten i Sørishavet er regulert gjennom konvensjonen for bevaring av marine levende ressurser i Antarktis (CCAMLR), som er underteikna av 36 land.

Norsk Polarinstitutt driv forsking i Antarktis. Instituttet har heilårsdrift på forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land og driv tokt i Sørishavet. Sjå elles Prop. 1 S (2021–2022) for Klima- og miljødepartementet.

Bouvetøya og Peter I Øy er norske vulkanøyer. Bouvetøya ligg i Sørishavet. Peter I Øy ligg i Bellinghausenhavet vest for det antarktiske kontinentet. Sjå elles Meld. St. 32 (2014–2015) Norske interesser og politikk i Antarktis og Meld. St. 33 (2014–2015) Norske interesser og politikk for Bouvetøya.

1.10 Godt og moderne lovverk

Eit godt og moderne lovverk varetek viktige prinsipp i ein rettsstat – som rettstryggleik og respekt for grunnleggjande rettar – og bidrar til å fremme måla bak dei enkelte delane av lovverket. Lovverket er eit verkemiddel for å sikre eit stabilt og velfungerande samfunn, og det må halde høg kvalitet for å oppnå dette formålet.

1.10.1 Innleiing

Lovverket er eit viktig verkemiddel for å sikre eit stabilt og velfungerande samfunn. Gode og fornuftige lover og reglar påverkar åtferd og bidrar til å hindre og løyse konfliktar. Dei skal medverke til vekst og verdiskaping for befolkninga og næringslivet og til at det offentlege kan utøve myndigheit og yte tenester på ein god og framtidsretta måte og med effektiv ressursbruk.

Eit godt og moderne lovverk skal vere føreseieleg og gi uttrykk for rettar og plikter på ein klar måte. Rettsreglane skal vareta viktige prinsipp i ein rettsstat, som rettstryggleik og respekt for grunnleggjande rettar. Dette er spesielt viktig når det gjeld reglar som er inngripande overfor den enkelte, som straffelovgivinga, men slike grunnleggjande prinsipp må varetakast òg i andre regelverk.

Det er Stortinget som vedtek, endrar og opphevar lovene i Noreg. Regjeringa speler likevel ei nøkkelrolle i lovprosessen. Det er som oftast regjeringa som fremmar lovforslag til Stortinget, og lovforslaga er då utarbeidde av det departementet som har ansvaret for det aktuelle området. Justis- og beredskapsdepartementet har som ei viktig oppgåve å medverke til god lovførebuing og god regelteknikk i departementa. Dette inneber bl.a. at lover og forskrifter skal vere bygde opp på ein logisk måte, vere godt tilpassa andre regelverk og ha eit enkelt og klart språk. Justis- og beredskapsdepartementet har elles ansvaret for sentrale delar av lovgivinga både innanfor den offentlege retten, som statsforfatningsretten, forvaltningsretten, strafferetten og prosessretten, og innanfor privatretten, som kontraktsretten og gjeldsforfølgingsretten.

1.10.2 Tilstandsvurdering

Eit klart og lett tilgjengeleg regelverk

Lovgivinga må vere av god kvalitet dersom ein skal oppnå dei formåla lovene er meint å vareta. Eit kjenneteikn på god lovkvalitet er at meininga bak lovføresegnene kjem tydeleg fram, og at lovteksten er tilgjengeleg for flest mogleg. Dette oppnår ein typisk ved å byggje opp lovene og dei enkelte paragrafane på ein logisk og oversiktleg måte, tilpasse dei godt til andre regelverk og bruke eit tydeleg og forståeleg språk. Lovverket bør vere utforma teknologinøytralt der dette er mogleg og naturleg.

Reglar som legg plikter på næringslivet, t.d. av omsyn til kontroll og utøving av offentleg mynde, bør fremme effektivitet og ikkje vere meir inngripande enn nødvendig. Vedtekne lover bør endrast og gjerast enklare der utviklinga gir høve til å vareta dei aktuelle omsyna på ein mindre inngripande eller meir effektiv måte.

Ei god beredskapslovgiving er viktig. Behovet for gode og tydelege reglar gjer seg særleg gjeldande i krisetider. Det kan då hjelpe mykje på situasjonen å ha lover som er utforma slik at dei òg kan nyttast i unormale tider og for å kunne møte nye former for kriser. Beredskapslover bør oppstille nærmare kriterium for bruken av tiltak, t.d. når anna lovgiving kan setjast til side.

I krisesituasjonar og der ein elles får behov for beredskapslovgivinga, vil det òg vere sentralt å kunne gjennomføre eit godt regelverksarbeid, ofte på kort tid. Sjølv ei god beredskapslovgiving vil truleg aldri kunne ta høgde for alle situasjonar og behov som kan oppstå i kriser. Ein vil derfor ha behov for å kunne utarbeide nye lover og forskrifter og å tilpasse eksisterande regelverk til den aktuelle situasjonen. God regelverkskompetanse er då heilt sentralt. Utbrotet av koronaviruset i 2020 skapte t.d. behov for ei mellombels lovgiving på ei rekkje forskjellige område, sjå t.d. punkt 1.6 og punkt 1.7. Det var bl.a. behov for mellombelse reglar for å oppretthalde ei forsvarleg domstolsbehandling. Nokre av desse reglane har blitt gjort permanente, sjå nedanfor.

Alle lovforslag skal utformast i tråd med utgreiingsinstruksen og med utgangspunkt i rettleiaren Lovteknikk og lovførebuing frå Lovavdelinga. Dette er sentrale utgangspunkt for å sikre god kvalitet på lovene og for å sikre at relevante omsyn blir vurderte. Eit godt lovverk bør ikkje vere for omfattande, og det bør ikkje innehalde reglar som det ikkje lenger er behov for, eller for mange detaljreglar. Eit sentralt spørsmål er kva som skal regulerast i lov, og kva som bør følgje av forskrift. Tidlegare hadde mange lover vide og generelle forskriftsheimlar, og dette finn ein framleis i enkelte lover, men ei slik fullmaktslovgiving høyrer i mindre grad heime i eit godt og moderne lovverk i dag.

Det norske lovverket blir stadig meir omfattande. Dette skuldast i stor grad gjennomføring av EØS-regelverk, og det gjeld både formelle lover og forskrifter.

Lovverket i Noreg er langt meir tilgjengeleg og forståeleg enn i mange andre land, både når det gjeld språk og struktur. Lovtekstane er gjennomgåande relativt kortfatta, og detaljane finn ein i all hovudsak i forskriftene. Store delar av lovverket har i seinare tid blitt bytt ut med nye lover, og ein har dermed fått eit meir moderne og oppdatert lovspråk. Det vil likevel alltid vera høve til forbetringar òg for eit slikt gjennomgåande godt lovverk som det norske må seiast å vera.

God gjennomføring av internasjonale plikter

Ein viktig del av eit godt og moderne lovverk er at internasjonale plikter er gjennomførte på ein klar og lett tilgjengeleg måte. Gjennomføring kan innebere særlege utfordringar, bl.a. som følgje av ulike tradisjonar for utforming av lover. Ved gjennomføring av EØS-rettsakter kan t.d. omsynet til å utforme reglar på ein måte som er tilpassa norske forhold, og som harmonerer med norsk lovgiving elles, stå i motstrid med omsynet til nøyaktig og fullstendig gjennomføring og einsarta rettstilstand. Dersom vage eller fleirtydige reglar skal gjennomførast, må omsynet til korrekt gjennomføring òg vegast opp mot omsynet til klare reglar. Eit godt lovverk balanserar desse omsyna på ein god måte.

Saka om feilpraktiseringa av opphaldskravet i folketrygdlova i samband med ytingar frå folketrygda har vist kor viktig ei klar og lett tilgjengeleg gjennomføring av EØS-plikter er i norsk rett, og regjeringa har styrkt arbeidet med EØS-rett som ledd i oppfølginga av denne saka. Ei interdepartemental arbeidsgruppe vart sett ned av regjeringa i februar 2020 for å vurdere korleis departementa kan jobbe betre med EØS-saker. I rapporten sin, som vart lagd fram i juni 2021, kjem arbeidsgruppa med ei rekkje tilrådingar, bl.a. om korleis lovgiving som gjennomfører EØS-rett, kan gjerast lettare tilgjengeleg. Rapporten vil bli vurdert og behandla i tida framover. Som omtalt i punkt 1.6 foreslår regjeringa òg ei løyving til ei felles satsing på budsjetta til Arbeids- og sosialdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet, som bl.a. vil gjere lovavdelinga betre i stand til å gi råd og rettleiing om korrekt gjennomføring av EØS-rett. Justis- og beredskapsdepartementet arbeider generelt for å medverke til at internasjonale plikter blir gjennomførte på ein god måte, både på eigne ansvarsområde og gjennom hjelp til lovarbeid i andre departement. I tillegg er departementet med i internasjonale forum der sentralt regelverk blir utforma, og søker såleis å medverke til utforminga av internasjonalt regelverk.

Forholdet til Grunnlova og menneskerettane skal vurderast grundig som ledd i førebuinga av nye lover der det er relevant. Det same gjeld forholdet til EØS-retten. Det bør òg gjerast kontinuerlege vurderingar av eksisterande lovgiving for å sikre at ho framleis er i samsvar med menneskerettskonvensjonane og EØS, særleg i samband med at det kjem nye dommar frå Den europeiske menneskerettsdomstolen, EU-domstolen og EFTA-domstolen.

Eit framtidsretta og moderne lovverk

Eit godt lovverk er framtidsretta. Departementet vil medverke til at regelverket blir teknologinøytralt og legg til rette for digitalisering og bruk av kunstig intelligens på område der dette er aktuelt, samstundes som ein varetar personvern og andre grunnleggjande rettar. Det har vore gjennomført fleire lovarbeid for å tilpasse lovverket til ein ny digital kvardag.

Utbrotet av koronaviruset i 2020 skapte behov for å leggje til rette for ytterlegare digitalisering gjennom mellombels lovgiving, bl.a. i domstolane og innanfor samanslutningsretten, og det er ønskjeleg å byggje på erfaringane frå dette i det vidare arbeidet med digitalisering. I Prop. 161 L (2020–2021) foreslår t.d. Justis- og beredskapsdepartementet permanente endringar som legg til rette for elektronisk forkynning og elektronisk signering av rettsavgjerder, rettsforlik og rettsbøker. Forslaga er utforma på grunnlag av erfaringar med den mellombelse prosesslovgivinga.

Eit moderne lovverk må vere i takt med utviklinga og nye behov, og det må ta høgde for bruk av moderne informasjonsteknologi i samfunnet. Justis- og beredskapsdepartementet har t.d. nyleg foreslått ei rekkje endringar som vil leggje til rette for aktiv dommarstyring og betre saksførebuing i straffesaksbehandlinga, sjå Prop. 146 L (2020–2021). Den gjeldande straffeprosesslova er i stor grad utforma med tanke på relativt enkle og oversiktlege saker, medan kriminalitetsbiletet er i endring og er kjenneteikna av meir profesjonalisering, organisering og internasjonalisering, i tillegg til auka bruk av avansert teknologi. Dette gir meir komplekse saker med omfattande bevisføring. I proposisjonen er det foreslått ei rekkje lovendringar som betre møter dagens utfordringar, dels ved at retten får eit sterkare faktisk grunnlag for saksstyring, og dels ved meir effektive styringsverktøy for retten. Ei aktiv og tydeleg leiing frå retten under saksførebuinga er særs viktig i store og kompliserte straffesaker, slik at hovudforhandlinga kan bli konsentrert om kjernen i sakene. Dei mindre og enkle straffesakene skal framleis kunne avviklast på ein rettssikker og effektiv måte. Det visast òg til omtale av ny straffeprosesslov under punkt 1.6.

1.11 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Nedanfor gir departementet ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Justis- og beredskapsdepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2020–2021, og dei vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 580 S (2020–2021) meinte ikkje var kvitterte ut. I enkelte tilfelle kan oppfølginga av vedtaka vere meir omfattande forklart under det aktuelle programområdet i proposisjonen. I desse tilfella vil det vere ein referanse til kvar denne teksten finst.

I kolonne fire i tabellen nedanfor går det fram om departementet planlegg at rapporteringa knytt til oppmodingsvedtaket no blir avslutta, eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket òg i budsjettproposisjonen til neste år.

Sjølv om det i tabellen blir opplyst om at rapporteringa blir avslutta, vil det i ein del tilfelle kunne vere slik at oppfølginga av alle sider av vedtaket ikkje er endeleg avslutta. Dette kan t.d. gjelde vedtak med oppmoding til regjeringa om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, der oppfølginga vil kunne gå over mange år. Stortinget vil i desse tilfella bli orientert om den vidare oppfølginga på ordinær måte, gjennom omtale av det relevante politikkområdet i budsjettproposisjonar og andre dokument.

I enkelte tilfelle er det nødvendig å fremme forslag om at oppmodingsvedtaket blir oppheva før rapporteringa kan avsluttast. Departementet har fremma eit slikt forslag. Det blir vist til forslagsdelen i denne proposisjonen.

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapporteringa blir avslutta (ja/nei)

2020–2021

43

Familiebesøk

Ja

2020–2021

47

Utviding av avverjingsplikta

Nei

2020–2021

50

Forelding av lovbrot mot mindreårige

Nei

2020–2021

64

Tilgjengelege dopingopplysningar

Nei

2020–2021

65

Straff for den som tener pengar på idrettsprestasjonar som følgje av doping

Nei

2020–2021

111

Rettferdsvederlagsordninga til Stortinget

Ja

2020–2021

140

Eigendelar etter finansavtalelova

Nei

2020–2021

154

Kvoten for overføringsflyktningar – religiøse minoritetar

Ja

2020–2021

155

Underhaldskravet ved familieinnvandring

Ja

2020–2021

169

Felles politistasjon på Magnormoen

Ja

2020–2021

180

Overgrepsdømde i soningskøen

Ja

2020–2021

206

Klarare skilje mellom konvensjonsstatus (asyl) og subsidiært vern

Nei

2020–2021

207

Plan for effektiv motarbeiding av irregulær migrasjon

Nei

2020–2021

208

Klarlegging av identitet

Nei

2020–2021

209

Skjerping av underhaldskravet

Nei

2020–2021

217

Rettsstader

Ja

2020–2021

236

Langsiktig plan for strukturelle endringar av politistasjonar i Oslo

Ja

2020–2021

237

Konsekvensanalyse av strukturelle endringar av politistasjonar i Oslo

Ja

2020–2021

443

Høgare straff for barn som gjer gjenteken kriminalitet

Nei

2020–2021

446

Tiltak for å auke talet på inndragingar

Nei

2020–2021

447

Besøks- og opphaldsforbod

Nei

2020–2021

448

Forbod mot deltaking i kriminelle gjengar

Ja

2020–2021

449

Exit-program for gjengkriminelle

Ja

2020–2021

450

Registrering av skade med kniv

Ja

2020–2021

451

Forbod mot deltaking i kriminelle gjengar

Ja

2020–2021

452

Straff for å la verdiane til gjengkriminelle stå i eige namn

Nei

2020–2021

532

Kontroll ved grenseovergangane

Ja

2020–2021

559

Karantenehotell

Ja

2020–2021

562

Covid-19-testing i kommunen

Ja

2020–2021

627

Fornyingsordning for barneomsorgsattest

Nei

2020–2021

628

Gjennomgang av barneomsorgsattestordninga

Nei

2020–2021

676

Ny politihøgskule

Nei

2020-2021

677

Bevare Utrykkingspolitiet

Ja

2020–2021

678

Fullstendig drapsstatistikk

Ja

2020–2021

679

Motarbeiding av gjengkriminalitet

Ja

2020–2021

680

Gjenopning av arrestar

Ja

2020–2021

681

Oppretting av eit nasjonalt våpenregister

Nei

2020–2021

682

Identitetsskjerming for polititilsette

Nei

2020–2021

712

Straff for å tvinge barn til utlandet

Nei

2020–2021

719

Arbeidsvilkåra til politiet overfor ungdomsmiljø og gjengkriminelle

Ja

2020–2021

722

Langsiktig plan for strukturelle endringar av politistasjonar i Oslo og fysisk nærverande politi

Ja

2020–2021

728

Handlingsplan mot vald og overgrep i heimen

Ja

2020–2021

729

Nasjonal langtidsplan for beredskap

Nei

2020–2021

730

Totalberedskapsutval

Nei

2020–2021

739

Nordisk samarbeid innan samfunnstryggleik

Nei

2020–2021

740

Sivilforsvaret

Nei

2020–2021

741

Frivillige organisasjonar

Nei

2020–2021

742

Brann til sjøs

Nei

2020–2021

743

Tilfluktsrom

Nei

2020–2021

745

Objektsikring

Nei

2020–2021

746

Kompetanseheving innanfor IKT-tryggleik

Nei

2020–2021

747

Eigen beredskapskampanje

Ja

2020–2021

748

Inkludering av frivillige organisasjonar i beredskapsplanar

Nei

2020–2021

776

Følgje opp EMD-dom om digitale beslag

Ja

2020–2021

778

Digitalisere søknad om våpenløyve og andre prosessar i våpenforvaltninga

Ja

2020–2021

799

ADR-kontroll

Nei

2020–2021

814

Nasjonalt eierskap og kontroll

Nei

2020–2021

848

Heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga

Nei

2020–2021

883

Økonomisk kompensasjonsordning for våpeneigarar

Nei

2020–2021

928

Lovendringar som følgje av ny sivilombodslov

Nei

2020–2021

955

Tiltak for å kartlegge omfanget av pengestøtte frå utlandet til religiøse organisasjonar

Ja

2020–2021

983

Etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta til Sysselmeisteren

Nei

2020–2021

1038

Kartlegging av tryggleikskompetanse, gjennomgang av bruken av tryggleikslova og evaluering av tryggleiksforståing

Nei

2020–2021

1040

Stortingsmelding om nasjonalt eigarskap og kontroll over strategisk viktige naturressursar, bedrifter, infrastrukturar og teknologiar

Nei

2020–2021

1041

Nytt Oslo fengsel

Nei

2020–2021

1115

Forfølging av narkotikalovbrot i nødssituasjonar

Nei

2020–2021

1116

Sperring av opplysningar i reaksjonsregisteret

Nei

2020–2021

1117

Gjennomgang av praksis for tilbakekall av førarrett

Nei

2020–2021

1159

Unntak frå forelding for seksuallovbrot mot barn

Nei

2020–2021

1161

Internasjonale kriminelle organisasjonar

Nei

2020–2021

1162

Tilgang på straffeprosessuelle tvangsmiddel

Nei

2020–2021

1343

Kompensasjonsordning for tapt arbeidsforteneste for frivillige i redningstenesta

Nei

2019–2020

124

Valdsoffererstatning

Ja

2019–2020

436

Elektroniske fraktbrev

Nei

2019–2020

515

Reklamasjonsfrist på bustader

Nei

2019–2020

669

Deling av registerinformasjon

Nei

2019–2020

789

Felles politistasjon på Magnormoen

Ja

2018–2019

98

Rettshjelpsordninga

Nei

2017–2018

532

Offentleggjering av krenkande bilete av andre

Ja

2017–2018

539

Alternativ til fengsling av barn

Nei

2017–2018

540

Einslege mindreårige asylsøkarar

Nei

2017–2018

541

Tvangsreturnering av barnefamiliar

Nei

2017–2018

542

Utvising og innreiseforbod – barn

Ja

2017–2018

589

Valdsoffererstatning

Ja

2017–2018

590

Valdsoffererstatning

Ja

2017–2018

788

Utanlandsopphald

Nei

2017–2018

795

Eige lovverk for Statens barnehus

Nei

2017–2018

798

Regelverk for teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett – vald og overgrep

Nei

2017–2018

899

Menneskerettane til utviklingshemma – verjemål

Nei

2016–2017

523

Korrupsjonsføresegnene i straffelova

Nei

2016–2017

630

Omvend valdsalarm ved brot på besøksforbod

Nei

2016–2017

631

Besøksforbod

Nei

2016–2017

879

EOS-kontrollova

Ja

2016–2017

938

Lovfesting av ansvaret for einslege mindreårige asylsøkarar

Ja

2016–2017

944

Lagring av IP-data

Ja

2016–2017

1043

Omvend valdsalarm

Nei

2015–2016

921

Tilsyn med drift av asylmottak

Nei

2014–2015

645

Kompensasjonsordning for 110-sentralar

Ja

2012–2013

515

Sivilombodsmannen

Ja

1.11.1 Stortingssesjon 2020–2021

Familiebesøk

Vedtak nr. 43, 20. oktober 2020

«Stortinget ber regjeringen på egnet måte legge til rette for at besøksreiser til Norge til nær familie, partner eller kjæreste kan gjennomføres innenfor rammen av smittevernfaglige råd.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 5 L (2020–2021) og Innst. 26 L (2020–2021) frå kommunal- og forvaltningskomiteen.

Vedtaket er følgt opp i Prop. 61 L (2020–2021). Regjeringa vurderer innreiserestriksjonane fortløpande, og alle restriksjonane på innreise grunna covid-19-pandemien vil bli fjerna i tråd med at smittesituasjonen tillet det.

Utviding av avverjingsplikta

Vedtak nr. 47, 3. november 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede om avvergingsplikten i straffeloven § 196 bør utvides til også å omfatte flere straffbare handlinger, særlig straffeloven §§ 257, 260, 261, 272 b, 292, 293, 294, 300, 301, 302, 304 og 305.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 66 L (2019–2020) og Innst. 41 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Forelding av lovbrot mot mindreårige

Vedtak nr. 50, 3. november 2020

«Stortinget ber regjeringen foreta en helhetlig gjennomgang av foreldelsesreglene for seksuallovbrudd og voldsforbrytelser mot mindreårige, og komme tilbake til Stortinget med forslag til lovendringer som hever det generelle nivået på foreldelsesfrister for denne typen lovbrudd.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 66 L (2019–2020) og Innst. 41 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Sjå òg vedtak nr. 1159, 7. juni 2021.

Tilgjengelege dopingopplysningar

Vedtak nr. 64, 10. november 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan opplysninger om idrettsutøvere og støtteapparat som straffes for dopingkriminalitet, også kan gjøres tilgjengelig for antidopingorganisasjonene, herunder eventuelle behov for endring av lovgivning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:95 S (2018–2019) og Innst. 48 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Straff for den som tener pengar på idrettsprestasjonar som følgje av doping

Vedtak nr. 65, 10. november 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere muligheter for nye bestemmelser i straffeloven for å kunne straffeforfølge de som tjener penger på idrettsprestasjoner som følge av doping, og mulighet for inndragning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:95 S (2018–2019) og Innst. 48 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Stortingets rettferdsvederlagsordning

Vedtak nr. 111, 26. november 2020

«Stortinget ber regjeringen sørge for at Stortingets rettferdsvederlagsordning blir betre kjent, og bedre informert om, som erstatningsordning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:70 S (2019–2020) og Innst. 76 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Oppgåva vart gitt i tildelingsbrev for 2021 til Statens sivilrettsforvaltning (SRF). SRF har, i samarbeid med departementet, sett i verk tiltak som sikrar målretta informasjon overfor potensielle søkarar og søkargrupper, og som dessutan sikrar betre og breiare informasjon om ordninga for allmenta.

Eigendelar etter finansavtalelova

Vedtak nr. 140, 1. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere om egenandelen i finansavtaleloven § 3-20 tredje ledd bør oppjusteres for å ta hensyn til prisstigningen de siste årene og for å sørge for at beløpet gir et godt nok initiativ til at rettighetshaverne bruker sin elektroniske signatur på en forsvarlig måte. Regjeringen bes også vurdere om beløpet bør knyttes til grunnbeløpet i folketrygden slik at det automatisk justeres for prisendringer. Disse vurderingene bør også gjøres for beløpet i § 4-30 tredje ledd.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. LS 92 (2019–2020) og Innst. 104 L (2019–2020) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Kvoten på overføringsflyktningar

Vedtak nr. 154, 3. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen sørge for at også forfulgte kristne, ahmadiyya og jesidiske flyktninger skal prioriteres som gruppe og individ ved uttak av overføringsflyktninger.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 16 S (2020–2021). Vedtaket er følgt opp i brev om kvotesammensetning til Utlendingsdirektoratet og UNHCR frå 22. desember 2020.

Underhaldskravet ved familieinnvandring

Vedtak nr. 155, 3. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen endre underholdskravet (både kravet til fremtidig og tidligere inntekt) i sak om familieinnvandring slik at stønad etter introduksjonsloven ikke medregnes (fra 01.01.2021: stønad etter integreringsloven).»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket er Innst. 5 S (2020–2021) frå finanskomiteen. Vedtaket er følgt opp gjennom forskriftsendring 28. juni 2021.

Felles politistasjon på Magnormoen

Vedtak nr. 169, 3. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen ta initiativ overfor svenske myndigheter første halvår 2021 med sikte på å inngå avtale om felles norsk-svensk grensestasjon på Magnormoen med svenske myndigheter før revidert nasjonalbudsjett. Det henstilles til regjeringen å komme tilbake i revidert nasjonalbudsjett med en rapportering, slik at en realisering av politistasjon på grensen/Magnormoen kan gjennomføres når finansiering av hele prosjektet er avklart.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 5 S (2020–2021) frå finanskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Det er etablert kontakt med svenske politimyndigheiter om oppretting av felles grensestasjon på Magnormoen, jf. Prop. 195 S (2020–2021). Sjå også omtale under vedtak 789 (2019–2020).

Overgrepsdømde i soningskøen

Vedtak nr. 180, 3. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen påse at kriminelle som er dømt for overgrep mot barn prioriteres i soningskøen, slik at de kan gå direkte fra dom til soning.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket er Innst. 2 S (2020–2021) frå finanskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Kriminalomsorgsdirektoratet prioriterer allereie denne gruppa ved innkalling til gjennomføring av straff. I tildelingsbrevet til Kriminalomsorgsdirektoratet for 2021 har Justis- og beredskapsdepartementet også understreka at domfelte som har begått alvorleg kriminalitet, irekna domfelde dømt for seksuallovbrot, skal ha høgste prioritet ved innkalling til soning.

Klarare skilje mellom konvensjonsstatus (asyl) og subsidiært vern

Vedtak nr. 206, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag til lovendringer som innenfor rammen av internasjonale forpliktelser gir et klarere skille mellom konvensjonstatus (asyl) og subsidiær beskyttelse, gjennom å begrense retten til familiegjenforening samt utvide bruken av midlertidige tillatelser ved subsidiær beskyttelse.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:71 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Eit liknande forslag om ein beredskapsheimel i utlendingslova til bruk ved ei betydeleg auke i asylsøkartilstrøyminga var på høyring i 2020.

Plan for effektiv motarbeiding av irregulær migrasjon

Vedtak nr. 207, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for hvordan Norge kan bidra til mer effektiv bekjempelse av irregulær migrasjon, herunder sørge for at dagens hjemmel for å henvise asylsøkere til trygge tredjeland utenfor EU brukes aktivt. Dette forutsetter samarbeidsavtaler med tredjeland som sikrer at asylsøkere behov for beskyttelse blir ivaretatt.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:71 (2020–2021) og Lovvedtak 25 (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Klarlegging av identitet

Vedtak nr. 208, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen stille de samme krav til klarlegging av identitet for permanent oppholdstillatelse og familieetablering som for statsborgerskap.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:71 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Skjerping av underhaldskravet

Vedtak nr. 209, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag til endringer i forskrift som sikrer selvforsørgelse gjennom en skjerping av underholdkravet samt vurdere mulig skjerping av bestemmelsen om tilknytningskravet i familieetableringssaker.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:71 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Rettsstader

Vedtak nr. 217, 10. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen sikre at alle rettssteder skal bestå og være bemannet. Ved rettssteder som i dag har fire faste dommerårsverk eller mindre, skal nivået på dagens antall årsverk knyttet til kjernevirksomheten opprettholdes.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 11 L (2020–2021) og Innst. 134 L (2020–2021).

Vedtaket er følgt opp. Ny forskrift om domssokn og lagdømme vart fastsett i statsråd 22. januar 2021. Forskrifta følgjer opp Stortinget si behandling av saka og gjelder frå 1. mai 2021. Alle tidlegare rettsstader blir haldne oppe med bemanning. Justis- og beredskapsdepartmentet har orientert Domstoladministrasjonen om korleis departementet forstår vedtaket til Stortinget om minimumsbemanning, jf. Dokument 15:828 (2020–2021) og Dokument 15:830 (2020–2021).

Langsiktig plan for strukturelle endringar av politistasjonar i Oslo

Vedtak nr. 236, 11. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen sikre at det i forbindelse med strukturelle endringer av politistasjoner i Oslo legges til grunn en helhetlig og langsiktig plan som innebærer kontinuerlig tilstedeværelse av politi med utgangspunkt i politistasjoner eller politiposter i de ytre bydeler i Oslo Sør og Oslo Øst.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:128 S (2019–2020), jf. Innst. 139 S (2020–2021).

Vedtaket er følgt opp i Prop. 195 S (2020–2021). Politiet har ein plan for tilstadevering av politi og polititenester i bydelane som nemnd i vedtaket.

Konsekvensanalyse av strukturelle endringar av politistasjonar i Oslo

Vedtak nr. 237, 11. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen sikre at det i forbindelse med planarbeidet med strukturelle endringer av politistasjoner i Oslo utarbeides en uavhengig konsekvensanalyse av planene. Konsekvensanalysen må gjennomgå hvordan sammenslåingen vil påvirke tjenestetilbudet, endringer i politiets arbeidsform og metodikk, det kriminalitetsforebyggende arbeidet og endringer i responstid. Analysen må også vurdere hvordan endringene vil påvirke politiets samarbeid med kommunen, barnevern og skole, samt økonomiske konsekvenser.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021), jf. Innst. 275 S (2020–2021).

Vedtaket er følgt opp i Prop. 195 S (2020–2021). Politiet har fått gjennomført ei uavhengig analyse som etterspurt.

Høgare straff for barn som gjer gjenteken kriminalitet

Vedtak nr. 443, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede om man i særlige tilfeller kan åpne for forhøyet straff ved nytt lovbrudd av samme art også for kriminelle gjengangere under 18 år.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Tiltak for å auke talet på inndragingar

Vedtak nr. 446, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen i inneværende stortingsperiode legge fram tiltak og forslag til lovendringer for å øke omfanget av antallet inndragninger og gjøre det enklere for politiet å inndra verdier som er tilegnet gjennom kriminelle handlinger, både gjennom sivilrettslig inndragning og i straffesaker.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Regjeringa fremja 24. september 2021 ein rekke forslag til endringar som bidrar til eit meir effektivt og pedagogisk regelverk om inndragning, sjå Prop. 241 L (2020–2021). Forslaga følgjer opp delar av Straffelovrådets utgreiing NOU 2020: 10, men fleire av forslaga i utgreiinga har det ikkje vore mogleg å følgje opp no. Årsaka er at fleire av forslaga har nær samanheng med ein tilleggsutgreiing som Straffelovrådet leverte 25. mai 2021, med høyringsfrist 25. oktober 2021. Regjeringa må difor følgje opp desse forslaga i ein eigen lovproposisjon på eit seinare tidspunkt. Sjå Prop. 241 L (2020–2021) kapittel 2 og 3 for nærmare detaljar om det vidare arbeidet.

Besøks- og opphaldsforbod

Vedtak nr. 447, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen foreslå å endre straffeprosesslovens bestemmelser om besøks- og oppholdsforbud, slik at de som begår kriminalitet i bestemte områder, kan nektes å oppholde seg i en større omkrets og i et betydelig tidsrom, samt vurdere bruk av elektronisk kontroll for å håndheve dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet har vurdert behovet for lovendringar og sendt forslag på høyring 6. september 2021 om endringar i straffeprosesslova og straffelova. I høyringsnotatet er det foreslått at påtalemakta skal kunne pålegge elektronisk kontroll (såkalla omvend valdsalarm) ved brot på besøksforbod. Det er også vurdert visse andre justeringar i reglane for besøksforbod. Sjå òg omtale av vedtak nr. 630 og 631, 25. april 2017 i tillegg til vedtak nr. 1043, 20. juni 2017.

Forbod mot deltaking i kriminelle gjengar

Vedtak nr. 448, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen utarbeide forslag til lovhjemler som forbyr deltakelse i kriminelle gjenger og rekruttering til disse.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp gjennom Prop. 190 L (2020–2021) om endringar i straffeprosesslova og straffelova (kriminalisering av deltaking i kriminelle samanslutningar). I proposisjonen fremja regjeringa forslag om ein ny heimel i straffeprosesslova for at retten på nærare vilkår kan forby ei kriminell samanslutning. Det vart òg fremja forslag om ei ny føresegn i straffelova som gjer det straffbart å delta i, rekruttere medlemmar til eller på anna måte videreføre aktivitetane til ei samanslutning retten har forbydd.

Exit-program for gjengkriminelle

Vedtak nr. 449, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen sørge for at det etableres et eget exit-program for gjengkriminelle som gir dem bedre muligheter for å bryte permanent ut av det kriminelle miljøet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp gjennom forslag om øyremerking av midlar til å prøve ut eit pilotprosjekt for exit-program for gjengkriminelle. For rask effekt byggjer pilotprosjektet på miljø som har kompetanse og erfaring. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.30.

Registrering av skade med kniv

Vedtak nr. 450, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen om at legemsbeskadigelse med kniv igjen blir registrert i Strasak-rapporten.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. I desember 2020 vart registrering av modus i enkelte valdssaker innført i politiets straffesaksregister. Politiet har såleis høve til å ta ut relevant statistikk om mellom anna bruk av kniv, jf. omtale i kap. 9.3.2 i Meld. St. 34 (2020–2021) Sammen mot barne-, ungdoms- og gjengkriminalitet.

Forbod mot deltaking i kriminelle gjengar

Vedtak nr. 451, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen utarbeide forslag til lovhjemler som forbyr deltakelse i kriminelle gjenger og rekruttering til disse, og fremme dem for Stortinget så de kan behandles innen juni 2021.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp gjennom Prop. 190 L (2020–2021) om endringar i straffeprosesslova og straffelova (kriminalisering av deltaking i kriminelle samanslutningar). Sjå omtale under vedtak 448 (2020–2021).

Straff for å la verdiane til gjengkriminelle stå i eige namn

Vedtak nr. 452, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om tillegg til straffelovens bestemmelser om inndragning av økonomisk utbytte, slik at det innføres aktsomhetsplikt med straffansvar for dem som lar gjengkriminelles verdier, biler, leiligheter m.m. stå i sitt navn.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Straffelovrådet har fått i oppdrag å undersøke behovet for ein slik regel og å gi forslag til korleis han eventuelt kan bli utforma. Frist for oppdraget er 1. november 2021.

Kontroll ved grenseovergangane

Vedtak nr. 532, 19. januar 2021

«Stortinget ber regjeringen styrke kontrollen ved grenseovergangene, herunder tilpassede løsninger ved mindre trafikkerte grenseoverganger.»

Statsministaren gjorde greie for regjeringa si handtering av koronapandemien i Stortinget 19. januar 2021, og vedtaket kom i samband med dette.

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa har gjennom Prop. 211 S (2020–2021) sytt for at politiet fekk midlar til å tilsetje 100 politiutdanna i 2021 for å styrke grensekontrollarbeidet. Politiet har også motteke omfattande hjelp frå Heimevernet og Tolletaten. Det blei også innført ein verneplan som tillèt lettare kontroll av reisande frå område med lågt smittenivå i periodar med kapasitetsutfordringar.

Karantenehotell

Vedtak nr. 559, 19. januar 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for obligatorisk karantenehotell betalt av arbeidsgivere for arbeidsinnvandrere hvor arbeidsgiver ikke kan stille med tilfredsstillende løsninger og sikre at det føres tilstrekkelig kontroll med disse.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er utgreiinga av statsministeren om handteringa av koronapandemien og voteringa til Stortinget over lause forslag til saka.

Vedtaket er følgt opp i Prop. 79 S (2020–2021). Det blei blant anna innført eit krav i covid-19-forskrifta § 5 første ledd om at personar i innreisekarantene skal opphalde seg på karantenehotell på første ankomststad i riket i karantenetida. Det har vore gjort unnatak for plikta til opphald på karantenehotell for personar som kjem til Noreg for å utføre arbeid eller oppdrag, og som ved innreisa kan legge fram stadfesting på at arbeids- eller oppdragsgivar sørger for ein egna opphaldsstad der det er mogeleg å unngå nærkontakt med andre. Eigendelen for opphald på karantenehotell er 500 kroner per døgn. For personar som kjem til Noreg for å utføre arbeid eller oppdrag, er det arbeids- eller oppdragsgivaren som skal betala eigendelen. Reglane om karantene og karantenehotell i covid-19-forskrifta har vore justert fortløpande gjennom året for å handtere endringar i pandemien og behov for tiltak.

Covid-19-testing i kommunen

Vedtak nr. 562, 19. januar 2021

«Stortinget ber regjeringen om å fjerne ordningen som åpner for å teste seg i kommunen 24 timer etter ankomst.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er utgreiinga av statsministeren om handteringa av koronapandemien og voteringa til Stortinget over lause forslag til saka.

Som det går fram av Prop. 79 S (2020–2021), er vedtaket følgt opp. Regjeringa innførte obligatorisk test frå 2. januar 2021. Reglane om krav til testing i covid-19-forskrifta har vore justert fortløpande gjennom året for å handtere endringar i pandemien og behov for tiltak.

Fornyingsordning for barneomsorgsattest

Vedtak nr. 627, 18. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak om å gjeninnføre en fornyelsesordning for barneomsorgsattest.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:136 (2019–2020) og Innst. 210 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Gjennomgang av barneomsorgsattestordninga

Vedtak nr. 628, 18. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av barneomsorgsattestordningen, som også innbefatter en utredning av digitale forenklingsmuligheter, en vurdering av muligheten for informasjonsdeling av gjeldende lovbrudd i andre land og en vurdering av om straffeloven § 272 og § 273 skal være en del av politiattesten.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:136 (2019–2020) og Innst. 210 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Ny politihøgskule

Vedtak nr. 676, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen igangsette planleggingen av ny politihøgskole og komme tilbake til Stortinget på en egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Planlegginga av ny politihøgskule må sjåast i samanheng med andre planlagde og pågåande investeringsprosjekt i justissektoren. Ut frå tilstandsvurderingar av ulike justisbygg, er det ei nødvendig prioritering å få avklart og realisert løysingar for Oslo fengsel, politihuset i Oslo og Bergen tinghus. Regjeringa har difor ikkje tatt stilling til når planlegging av ny politihøgskule skal setjast i gang.

Bevare Utrykkingspolitiet

Vedtak nr. 677, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen bevare dagens organisering av Utrykningspolitiet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Dette vedtaket inneber inga endring av organisatorisk eller anna art, og er såleis følgt opp.

Fullstendig drapsstatistikk

Vedtak nr. 678, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at hovedstatistikken over drap begått i Norge inneholder en fullstendig oversikt.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Politidirektoratet har vidareformidla dette vedtaket til Kripos, som har oppdatert den offisielle drapsstatistikken. Vedtaket er såleis følgt opp.

Motarbeiding av gjengkriminalitet

Vedtak nr. 679, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at alle landets politidistrikt setter i verk umiddelbare tiltak for å avverge og bekjempe gjengkriminalitet, herunder sørger for at alle politidistrikt har tilstrekkelig operativt personell til å sikre høy tilstedeværelse i utsatte områder.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Politiet har prioritert innsats mot gjengkriminalitet i budsjetta dei siste åra. Regjeringa har sikra at politi er til stade i utsette områder og intensivert innsatsen mot kriminelle gjengar, jf. Meld. St. 34 (2020–2021) Sammen mot barne-, ungdoms og gjengkriminalitet.

Gjenopning av arrestar

Vedtak nr. 680, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen gjenåpne de arrester der nedleggelser under politireformen har ført til at politiet i dag bruker uforholdsmessig mye tid på transport av fanger.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Det er politimeistrane sitt ansvar å nytta ressursane på best mogleg måte. Bruken av ressursane skjer etter ei heilheitleg vurdering der mange omsyn og forhold vert omhandla. Å drifta ein politiarrest krev like stor bemanning som døgnkontinuerleg drift av éi heil politipatrulje. Når det er behov for det kan gamle, lokale arrestar opnast mellombels i inntil fire timar. Dette kan vera ei praktisk løysing i samband med større hendingar eller arrangement.

Nasjonalt våpenregister

Vedtak nr. 681, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen opprette et nasjonalt våpenregister som legges til Brønnøysundregistrene og til Nordland politidistrikt med forvaltning i Mosjøen.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen. Vedtaket er under behandling. Politidirektoratet har fått i oppdrag å setja i gang eit prosjekt for ny digital våpenforvalting der dette oppmodingsvedtaket vert teke omsyn til.

Jf. oppmodingsvedtak nr. 778, 23. mars 2021.

Identitetsskjerming for polititilsette

Vedtak nr. 682, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med forslag til ny straffeprosesslov sikre full identitetsskjerming for politiansatte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Straff for å tvinge barn til utlandet

Vedtak nr. 712, 9. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede straffeforbudet mot frihetsberøvelse i situasjoner hvor barn vil bli, eller allerede er, sendt til utlandet mot sin vilje, og fremme forslag til lovendringer som sikrer at påtvungne utenlandsopphold kan straffes.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:137 S (2019–2020) og Innst. 269 S (2020–2021) frå familie- og kulturkomiteen.

Vedtaket er under behandling. Sjå òg omtale under vedtak nr. 788, 29. mai 2018.

Arbeidsvilkåra til politiet overfor ungdomsmiljø og gjengkriminelle

Vedtak nr. 719, 9. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av utviklingen knyttet til politiets arbeidsbetingelser overfor ungdomsmiljø og gjengkriminelle. Regjeringen bes vurdere eventuelle straffeskjerpelser samt andre tiltak for stanse økningen av forulemping, hindring, trusler og vold mot politifolk.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:1 L (2020–2021) og Innst. 268 L (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Straffelova gjev eit sterkt vern for tilsette i politiet, og det strafferettslege vernet av offentleg tenesteperson vart nyleg styrka i samband med behandlinga av Prop. 66 L (2019–2020), jf. Innst. 328 L (2019–2020). Terskelen for kva handlingar som kan straffast er låg, og det blir allereie reagert strengt mot vald mot politiet. Ei ytterlegare heving av strafferammene vert såleis vurdert lite føremålstenleg. Politidirektoratet jobbar systematisk med å førebygge truslar og vald mot polititilsette. Direktoratet har ikkje statistikk som syner at det har skjedd ei auke av valdelege handlingar retta mot politiet frå ungdoms- eller gjengkriminelle.

Langsiktig plan for strukturelle endringar av politistasjonar i Oslo og fysisk nærverande politi

Vedtak nr. 722, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at vedtak 236 den 11. desember 2020 følges opp og kommer tilbake til Stortinget i forbindelse med RNB 2021 hvor planen for å sikre fysisk tilstedeværelse av politi, med utgangspunkt i politistasjoner eller politiposter, i de aktuelle bydelene redegjøres for i tråd med Stortingets vedtak av 11. desember 2020.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp i Prop. 195 S (2020–2021). Sjå omtale under vedtak nr. 236, 11. desember 2020.

Handlingsplan mot vald og overgrep i heimen

Vedtak nr. 728, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en handlingsplan for beskyttelse mot vold og overgrep i hjemmene som følge av smitteverntiltak som nedstengte sosiale arenaer, skoler og barnehager.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp gjennom at regjeringa la fram ein handlingsplan mot vald i nære relasjonar (2021–2024) i august 2021.

Nasjonal langtidsplan for beredskap

Vedtak nr. 729, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen innføre en nasjonal langtidsplan for beredskap, som ser beredskapsressursene nasjonalt og regionalt i en sammenheng og legger grunnlaget for konkrete planer for utbedringer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Totalberedskapsutval

Vedtak nr. 730, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen etablere et fast totalberedskapsutvalg som rapporterer til regjeringen hvert år, slik at man sikrer koordinert ledelse overordnet og på tvers. Og helhetlige og koordinerte trusselvurderinger. Både beredskapsmyndigheter, samfunnets organisasjoner og næringsliv skal være representert i utvalget.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Nordisk samarbeid innan samfunnstryggleik

Vedtak nr. 739, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av muligheten for tettere samarbeid med nordiske naboland knyttet til samfunnssikkerhet og beredskap, herunder felles sikkerhetsklarering, planverk på tvers av landegrensene og øvelser på tvers av landegrensene.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Når det gjeld spørsmålet om tryggingsklarering, finnast det i dag tryggingsavtaler mellom Noreg og dei nordiske nabolanda som gjer det mulig å utveksle gradert informasjon mellom landa, herunder anerkjenne kverandre sine tryggingsklareringer etter nærmare kriterium.

Sivilforsvaret

Vedtak nr. 740, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen ruste Sivilforsvaret for fremtidens samfunnsbehov gjennom å utrede utvidet grunnutdanning og sette av midler over statsbudsjettet til oppdatert utstyr og flere øvelser.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Frivillige organisasjonar

Vedtak nr. 741, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen sikre at frivillige organisasjoner får dekket utgifter til abonnementskostnader for nødnetterminaler, og øke støtten til mer ressurser til utstyr og trening.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Brann til sjøs

Vedtak nr. 742, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen styrke Redningsselskapet og gjennomgå hvordan de kan bistå brann- og redningsetaten ved brann til sjøs.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Tilfluktsrom

Vedtak nr. 743, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av hvordan eksisterende tilfluktsrom i større grad kan benyttes slik at de holdes i stand samt inngår som en del av den nasjonale beredskapen i forbindelse med for eksempel migrasjon, pandemi eller forsyningskrise.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Objektsikring

Vedtak nr. 745, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen forsterke fysisk sikring av prioriterte objekter på grunnlag av trusselvurderinger og ROS-analyser.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Kompetanseheving innanfor IKT-tryggleik

Vedtak nr. 746, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for økt kompetanseheving for ansatte i kommuner, stat og bedrifter innenfor IKT-sikkerhet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Eigenberedskapskampanje

Vedtak nr. 747, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at det gjennomføres en årlig egenberedskapskampanje for å minne befolkningen om å sikre egne elementære behov dersom og når ulike kriser inntreffer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Hausten 2018 blei kampanjen Du er en del av Norges beredskap satt i verk av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Egenberedskapsuka blei gjennomført for første gong i 2019, og DSB har invitert alle kommunar til å være med på Egenberedskapsuka 2021. Justis- og beredskapsdepartementet vil sørge for at DSB årlig bidreg til at det gjennomførast ein eigenberedskapskampanje og ta dette inn som eit oppdrag i DSBs hovudinstruks.

Inkludering av frivillige organisasjonar i beredskapsplanar

Vedtak nr. 748, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen sikre at politi, statsforvalter og kommuner inkluderer frivillige organisasjoner i beredskapsplaner, at disse deltar på felles øvelser, samt at politiet forpliktes til å koordinere og ivareta samvirket mellom de ulike aktørene mellom hendelsene.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Følgje opp EMD-dom om digitale beslag

Vedtak nr. 776, 23. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen i samarbeid med politiet og Riksadvokaten snarest mulig finne fram til en løsning hvor man unngår at politiets etterforskning stanser opp og erstatter det midlertidige direktivet etter EMD-dommen 17. desember 2020.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:55 S (2020–2021) og Innst. 287 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp ved at Riksadvokaten 17. juni 2021 offentleggjorde eit nytt direktiv om ransaking av digitale datamengder som inneheld opplysningar omfatta av beslagsforbod, som erstattar direktivet frå desember 2020. Direktivet innfører eit system for utsortering av beslagsfrie opplysningar ved ei teknisk eining i politiet som er organisatorisk åtskild frå etterforskingseininga. Ordninga skal hindre at tenestepersonane som etterforskar saka får innsyn i opplysningar som er beslagsfrie. Direktivet stiller òg krav til forsvarleg og sikker oppbevaring av materiale, og notoritet om avgjerder og behandling.

Digitalisere søknad om våpenløyve og andre prosessar i våpenforvaltninga

Vedtak nr. 778, 23. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag om digitalisering av søknad om tillatelse for samt lagerføring og innførsel av våpen, herunder en konkret fremdriftsplan for prosjektet, senest i revidert statsbudsjett for 2021.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:67 S (2020–2021) og Innst. 286 S (2020–2021) frå justiskomiteen. Jf. Også vedtak 681.

Vedtaket er følgt opp i Prop. 195 S (2020–2021). Det er lagt opp til stegvis implementering med digital søknadsprosess og etter kvart automatisering av saksbehandling og nytt nasjonalt våpenregister.

ADR-kontroll

Vedtak nr. 799, 13. april 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å overføre myndighet til å gjennomføre ADR-kontroll til godkjente tungbilverksteder.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:106 S (2020–2021) og Innst. 311 S (2020–2021 ) frå transport- og kommunikasjonskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Nasjonalt eierskap og kontroll

Vedtak nr. 814, 20. april 2021

«Stortinget ber regjeringa sikre norsk eigarskap av kritisk infrastruktur og eigedom samt nasjonal kontroll over naturressursar i nordområda.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2020–2021) og Innst. 289 S (2020–2021) frå utenriks- og forsvarskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Eit viktig tiltak er implementeringa av ny tryggleikslov. Lova introduserer bl.a. meldeplikt ved erverv av verksemd underlagt lova, jf. § 10-1. Uavhengig av dette kan styresmaktene til ein kvar tid stanse tryggleikstrugande verksemd med heimel i tryggleikslova § 2-5. Vidare set lova krav til at objekt og infrastruktur som er av avgjerande tyding for nasjonal tryggleik skal klassifiserast og sikrast, jf. tryggleikslova § 7.2.

Heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga

Vedtak nr. 848, 27. april 2021

«Stortinget ber regjeringen foreta en helhetlig gjennomgang av vergemålsordningen og legge frem forslag til lovendringer som styrker og forbedrer den.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:77 (2020–2021) og Innst. 285 S (2020–2021) frå justiskomiteen. Sjå elles omtalen av oppmodingsvedtak nr. 899 (2017–2018) nedanfor.

Vedtaket er under behandling.

Økonomisk kompensasjonsordning for våpeneigarar

Vedtak 883, 6. mai 2021

«Stortinget ber regjeringa snarest utarbeide et forslag til ei økonomisk kompensasjonsordning for våpeneiere som blir ramma av et forbud med tilbakevirkende kraft mot enkelte våpentyper, og komme tilbake til Stortinget med dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:103 S (2020–2021) og Innst. 346 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Lovendringar som følgje av ny sivilombodslov

Vedtak nr. 928, 11. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om nødvendige endringer i annen lovgivning som følge av ny sivilombudslov.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 21 (2020–2021), kap. 10 og Innst. 409 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Det har vorte gjort ei kartlegging av kva for lover som skal endrast, og utarbeidd eit førebels endringsforslag.

Tiltak for å kartlegge omfanget av pengestøtte frå utlandet til religiøse organisasjonar

Vedtak nr. 955, 20. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag om tiltak for å kartlegge omfanget av pengestøtte fra utlandet til religiøse organisasjoner, uavhengig av om organisasjonen mottar statsstøtte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dok. 8:135 S (2020–2021) og Innst. 406 S (2020–2021) frå kommunal- og forvaltningskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet vil opprette ei tverrdepartemental arbeidsgruppe som skal utgreie tiltak for å hindre verksemd som kan utgjere ein trussel mot demokrati og grunnleggjande menneskerettar. Utgreiinga skal inkludere forslag til regulering av internasjonal finansiering av organisasjonar samt tiltak for å stanse slik verksemd uavhengig av korleis den er finansiert. Arbeidsgruppa vil sjå på moglege alternativ for å kartlegge omfanget av pengestøtte frå utlandet til religiøse og andre organisasjonar.

Etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta til Sysselmeisteren

Vedtak nr. 983, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen starte nødvendige forberedelser som sikrer at Forsvaret overtar som operatør av redningshelikopterbasen i Tromsø når kontrakten med sivil operatør går ut.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 85 S (2020–2021) og Innst. 393 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Kartlegging av tryggleikskompetanse, gjennomgang av bruken av tryggleikslova og evaluering av tryggleiksforståing

Vedtak nr. 1038, 28. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre og legge frem for Stortinget på egnet måte:
en kartlegging av sikkerhetskompetansen i alle departementer
en gjennomgang utført av et offentlig utnevnt ekspertutvalg av sikkerhetslovens anvendelse, herunder mulige sårbarheter, ansvarsfordeling, status for departementenes listeføring av virksomheter som helt eller delvis skal omfattes av sikkerhetsloven
en evaluering av hvordan sikkerhetsforståelse i departementene etableres og samarbeid mellom departementene blir sikret.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er behandlinga av innstilling frå utanriks- og forsvarskomiteen om Redegjørelse av justis- og beredskapsministeren om planlagt salg av Bergen Engines AS, jf. Innst. 503 S (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Stortingsmelding om nasjonalt eigarskap og kontroll over strategisk viktige naturressursar, bedrifter, infrastrukturar og teknologiar

Vedtak nr. 1040, 28. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen legge fram en stortingsmelding om hvordan Norge kan sikre nasjonalt eierskap og kontroll over strategisk viktige bedrifter, naturressurser, infrastrukturer og teknologier.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:153 S (2020–2021) og Innst. 504 S (2020–2021) frå utanriks- og forsvarskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Nytt Oslo fengsel

Vedtak nr. 1041, 28. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen på egnet måte komme tilbake til Stortinget med forslag vedrørende nytt Oslo fengsel.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:142 S (2020–2021) og Innst. 470 S (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Arbeidet med eit nytt fengsel til erstatning for Oslo fengsel på Grønland følgjer no to spor. Det er sett i verk eit forprosjekt for å utvide Romerike fengsel, Ullersmo avdeling. Fordi det er vanskeleg å finne ei ny tomt i Oslo har Statsbygg òg fått i oppdrag å gjennomføre eit nytt tomtesøk i Oslo og omkringliggande kommunar.

Forfølging av narkotikalovbrot i nødssituasjonar

Vedtak nr. 1115, 3. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at politiet ikke straffeforfølger overtredelse av legemiddelloven § 24 første ledd, der overtreder yter assistanse eller tilkaller nødetater i akutte nødssituasjoner, eller der en slik overtredelse avdekkes hos fornærmede ved anmeldelse av andre straffbare forhold.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 92 L (2020–2021) og Innst. 612 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Departementet har vore i dialog med Riksadvokaten, som peikar på at dei resultata Stortinget ønsker, langt på veg følgjer av eksisterande reglar, føringar og praksis. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.40.

Sperring av opplysningar i reaksjonsregisteret

Vedtak nr. 1116, 3. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at opplysninger i reaksjonsregisteret om personer som er ilagt strafferettslige reaksjoner for bruk og besittelse av narkotika til eget bruk, sperres etter tre år. Sperring forutsetter at det ikke er registrert flere straffbare forhold i den aktuelle perioden.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 92 L (2020–2021), Innst. 612 L (2020–2021) og Lovvedtak 148 (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Gjennomgang av praksis for tilbakekall av førarrett

Vedtak nr. 1117, 3. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at samfunnets reaksjoner i forbindelse med problematisk bruk av rusmidler er forholdsmessige, og kan knyttes til rusbruken. Stortinget ber regjeringen særlig gjennomgå praksis med tap av førerrett i tilfeller der man ikke ser noen sammenheng mellom personens bruk av rusmidler og føring av motorvogn.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 92 L (2020–2021), Innst. 612 L (2020–2021) og Lovvedtak 148 (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Unntak frå forelding for seksuallovbrot mot barn

Vedtak nr. 1159, 7. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag til lovendringer som fjerner foreldelsesfristen for alle typer seksualforbrytelser mot barn.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:273 S (2020–2021) og Innst. 634 S (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Sjå òg vedtak nr. 50, 3. november 2020.

Internasjonale kriminelle organisasjonar

Vedtak nr. 1161, 11. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med strengere regler dersom det nye regelverket ikke i tilstrekkelig grad hindrer etableringer av internasjonale kriminelle gjenger og mafiaorganisasjoner.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 190 L (2020–2021) og Innst. 629 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Tilgang på straffeprosessuelle tvangsmiddel

Vedtak nr. 1162, 11. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede særskilt om politiet bør gis tilgang på straffeprosessuelle tvangsmidler ut over det den foreslåtte strafferammen på tre års fengsel for deltagelse, rekruttering eller videreføring av en kriminell sammenslutning, tilsier.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 190 L (2020–2021) og Innst. 629 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Kompensasjonsordning for tapt arbeidsforteneste for frivillige i redningstenesta

Vedtak nr. 1343, 18. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2022 legge frem en vurdering av om det bør innføres en kompensasjonsordning for tapt arbeidsfortjestene for frivillige som blir anmodet av nødetatene om å bistå i redningsoppdrag.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 195 S (2020–2021) og Innst. 600 S (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Det vil krevje ei utgreiing før ein får oversikt og kunnskap om kva eit slikt tiltak vil bety for redningstenesta, og kva utgiftene vil være for staten. Departementet har førebels ikkje tatt stilling til om ei slik utgreiing skal setjast i verk. Det er både fordelar og ulemper med å innføre ei kompensasjonsordning for tapt arbeidsforteneste for frivillige. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at dei frivillige organisasjonane held oppe og styrker sin posisjon innanfor norsk redningsberedskap (sjå også Meld. St. 10 (2016–2017)). Samtidig bør det være eit tydeleg skilje mellom offentlege og frivillige ressursar.

1.11.2 Stortingssesjon 2019–2020

Valdsoffererstatning

Vedtak nr. 124, 5. desember 2019

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til ny lov om voldsoffererstatning og legge denne frem for Stortinget i løpet av 2020.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:5 (2019–2020) og Innst. 66 S (2019–2020) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa fremma 17. september 2021 Prop. 238 L (2020–2021) Lov om erstatning fra staten til voldsutsatte (valdserstatningslova). Lova skal erstatte valdsoffererstatningslova. Med forslaget vil alle som ved dom er tilkjende erstatning frå skadevaldar for nærmare gitte valds- eller seksuallovbrot, om dei ønskjer det, få utbetalt erstatninga frå staten tilnærma automatisk og direkte, utan eigen søknad. Valdsutsatte i saker som ikkje har blitt behandla av domstolane, skal kunne fremme søknad om erstatning for Kontoret for valdsoffererstatning.

Sjå omtale under programkategori 06.70.

Elektroniske fraktbrev

Vedtak nr. 436, 31. mars 2020

«Stortinget ber regjeringen sikre at nye elektroniske fraktbrev som er planlagt i CRM-direktivet, gjøres obligatoriske.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 11 LS (2019–2020) og Innst. 214 S (2019–2020).

Vedtaket er under behandling.

Reklamasjonsfrist bustader

Vedtak nr. 515, 21. april 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede om reklamasjonsfristen på nyoppførte boliger skal økes fra fem til ti år, samt konsekvensene av en eventuell utvidelse.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 25 (2018–2019), Innst. 171 S (2019–2020).

Vedtaket er under behandling.

Lovforslag for å sikre deling av registerinformasjon

Vedtak nr. 669, 10. juni 2020

«Stortinget ber regjeringen fremme nødvendige lovforslag for å sikre at relevant registerinformasjon deles mellom offentlige forvaltningsorgan for å avdekke og forhindre kriminalitet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:88 S (2019–2020) og Innst. 342 S (2019–2020).

Vedtaket er under behandling. Eit høyringsforslag frå september 2020 om endringar i forvaltningslova m.m., som gjekk ut på å innføre nye og større grunnlag for deling mellom forvaltningsorgan av opplysningar som er omfatta av teieplikt, vart følgd opp i Prop. 166 L (2020–2021) om endringar i forvaltningslova m.m. og endringslov 18 juni 2021 nr. 127. Førebygging og avdekking av kriminalitet var sentrale omsyn som låg til grunn for forslaget. Ny § 13 g i forvaltningslova gjev heimel til å gje forskrift om at teieplikt etter forvaltningslova § 13 ikkje skal vere til hinder for at bestemte organ kan dele opplysningar for å utføre oppgåver som er lagde til avgjevar- eller mottakarorganet, og opnar dermed for å gje forskrifter om dei emna som er nemnde i vedtaket.

Oppretting av felles politistasjon med svensk politi på Magnormoen

Vedtak nr. 789, 19. juni 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake på egnet måte med en plan, herunder økonomiske og administrative konsekvenser, for å opprette en felles politistasjon med svensk politi på Magnormoen. Utgifter for både svensk og norsk politi må fremkomme. Stortinget ber regjeringen samarbeide med svenske myndigheter om planen for bygget, innretning på politisamarbeidet og fordeling av kostnader.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 127 S (2019–2020) og Innst. 360 S (2019–2020).

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa tilrår at ein felles norsk-svensk grensestasjon blir realisert med eit nybygg på grenselinja mellom Noreg og Sverige. Ein overordna plan for etablering av nybygg er utarbeidd. Det vert lagt til grunn at Noreg betaler for norske areal, og Sverige betaler for svenske areal. I det vidare arbeidet vil departementet følgje opp moment rundt innretninga på politisamarbeidet, fordeling av kostnader og andre juridiske og praktiske problemstillingar med involverte aktørar og styresmakter, medrekna også svenske styresmakter.

Sjå omtale under programkategori 06.40.

1.11.3 Stortingssesjon 2018–2019

Rettshjelpsordninga

Vedtak nr. 98, 4. desember 2018

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med den pågående utredningen av rettshjelpsordningen komme tilbake til Stortinget med tiltak i oppfølgingen av denne for å gjøre ordningen betre, mer effektiv og treffsikker.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:152 S (2017–2018) og Innst. 71 S (2018–2019).

Vedtaket er under behandling. Regjeringa sette i oktober 2018 ned eit offentleg utval som skulle gjennomgå rettshjelpsordninga. Utvalet leverte ei utgreiing 30. april 2020. Utvalet foreslår ei ny lov om støtte til rettshjelp i staden for dagens ordning med fri rettshjelp. Dette inneber at fleire personar vil bli omfatta av ordninga, men med betydeleg bruk av eigendelar tilpassa betalingsevna til mottakaren. Utgreiinga har vore på høyring, og er no til oppfølging i departementet.

Sjå omtale under programkategori 06.70. For 2022 foreslår regjeringa å heve inntektsgrensene for fri rettshjelp med 10 pst.

1.11.4 Stortingssesjon 2017–2018

Offentleggjering av krenkande bilete av andre

Vedtak nr. 532, 8. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen utarbeide et lovforslag som tydeliggjør at det er ulovlig uten samtykke å dele eller på annen måte offentliggjøre bilder av andre som har avslørende, nedverdigende eller krenkende karakter, og som eksplisitt forbyr hevnporno, samt vurdere behovet for endring i strafferammen for denne typen lovbrudd.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:79 S (2017–2018) om ny straffeføresegn som tydeleggjer at det er ulovleg å dele eller offentliggjere bilete som er avslørande, nedverdigande eller krenkande for den eller dei som blir framstilte, og som aukar strafferamma for å spreie denne typen bilete utan samtykke, og Innst. 139 S (2017–2018).

Vedtaket er følgt opp gjennom Prop. 159 L (2020–2021) om endringar i straffelova m.m. (deling av krenkande bilete m.m.). I proposisjonen fremja regjeringa forslag om ei ny straffeføresegn retta mot deling av bilete, film eller lydopptak av krenkande eller openberre privat karakter. Det vart òg fremja forslag om å heve straffenivået for grove tilfelle av ulovlig bildedeling.

Alternativ til fengsling av barn

Vedtak nr. 539, 15. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede og legge fram forslag til flere alternativer til å fengsle barn i forbindelse med uttransportering etter utlendingsloven.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Prop. 126 L (2016–2017) og Innst. 181 L (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Departementet sende ei utgreiing og forslag til endringar i utlendingslova på høyring i desember 2019 med frist 3. april 2020. Her vart det bl.a. foreslått endra reglar knytte til meldeplikt og internering av barn. Departementet tek sikte på å fremme ein lovproposisjon i andre halvår 2021.

Einslege mindreårige asylsøkarar

Vedtak nr. 540, 15. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen sørge for at det snarest etableres reelle alternativer til frihetsberøvelse av enslige mindreårige asylsøkere, som ivaretar hensynet til barnets beste.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Prop. 126 L (2016–2017) og Innst. 181 L (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Departementet sende eit forslag på høyring i desember 2019 med frist 3. april 2020. Her vart det bl.a. foreslått endra reglar knytte til meldeplikt og internering av barn. Departementet tek sikte på å fremme ein lovproposisjon i andre halvår 2021.

Tvangsreturnering av barnefamiliar

Vedtak nr. 541, 15. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede bruk av elektronisk kontroll (elektronisk fotlenke) som et alternativ til frihetsberøvelse som internering av barnefamilier som skal tvangsreturneres, slik at frihetsberøvelse av barnefamilier bare benyttes som en siste utvei når andre alternativer er utprøvd eller vurdert. Der myndighetene kommer til at frihetsberøvelse er nødvendig, etter å ha prøvd eller vurdert andre alternativer, skal frihetsberøvelsen skje på et eget barne- og familieinternat som er familie- og barnevennlig, og som ivaretar barnets behov. Det fremmes en sak for Stortinget snarest mulig.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Prop. 126 L (2016–2017) og Innst. 181 L (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Politidirektoratet gjennomførte i 2018 ei utgreiing for departementet. Departementet sende eit forslag på høyring i desember 2019 med frist 3. april 2020. Her vart det bl.a. foreslått endra reglar knytte til meldeplikt og internering av barn. Det vart òg gjort greie for bruk av elektronisk kontroll (elektronisk fotlenke) utan at det vart foreslått gjennomført. Departementet tek sikte på å fremme ein lovproposisjon i andre halvår 2021.

Utvising og innreiseforbod – barn

Vedtak nr. 542, 15. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede og fremme eventuelle forslag om endring av utlendingsloven som gjør det mulig for utlendingsforvaltningen å supplere bruk av utvisning og innreiseforbud med et bredere sett av reaksjonsformer når særlige forhold tilsier det, som hensynet til barns beste.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Dokument 8:42 S (2017–2018), om andre reaksjonsformer enn utvising og innreiseforbod ved brot på utlendingslova og Innst. 140 S (2017–2018).

Vedtaket er følgt opp gjennom forslag i Prop. 83 L (2020–2021). Lovforslaget om bl.a. tilleggstid for permanent opphaldsløyve som eit nytt tiltak knytt til utvising etter brot på utlendingslova, vart vedteke 27. april 2021.

Valdsoffererstatning

Vedtak nr. 589, 10. april 2018

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med oppfølgingen av NOU 2016: 9 komme tilbake til Stortinget med en vurdering av behovet for å endre regelverket slik at voldsoffererstatningsordningen omfatter voldsofre fra eldre saker.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:88 S (2017–2018), og Innst. 160 S (2017–2018) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Sjå samla svar under vedtak nr. 590, 10. april 2018.

Valdsoffererstatning

Vedtak nr. 590, 10. april 2018

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med oppfølgingen av NOU 2016: 9 sikre at voldsoffererstatningsordningen omfatter voldsofre fra eldre saker og gjenopptakelsessaker.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:88 S (2017–2018), og Innst. 160 S (2017–2018) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa fremma i 26. mars 2021 Prop. 113 L (2020–2021) Endringer i voldsoffererstatningsloven (den øvre grensen). I proposisjonen blir det foreslått at den øvre grensa for valdsoffererstatning skal gjelde per person i staden for per sak for alle førstegongssøknader som blir fremma etter at endringa tek til å gjelde. Vidare skal lova få verknad for allereie avgjorde saker der søkarane ved dom er tilkjende høgare erstatning frå skadevaldaren, men erstatninga har blitt avkorta som følgje av den øvre grensa.

Sjå nærmare omtale under programkategori 06.70.

Utanlandsopphald

Vedtak nr. 788, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen foreslå tydeliggjøring av hjemler i straffeloven som holder foreldre ansvarlige dersom barn sendes på utenlandsopphold mot sin vilje.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:118 S (2017–2018) og Innst. 260 S (2017–2018) frå justiskomiteen om tiltak mot sosial kontroll og æresvald.

Vedtaket er under behandling. I juni 2021 la regjeringa fram handlingsplanen Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021–2024). Eit av tiltaka i handlingsplanen er å setje ned eit eksternt juridisk utval som skal drøfte dei samla juridiske problemstillingane i saker om negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap, kjønnslemlesting og psykisk vald, og vurdere om lovgjevinga er god nok. Eit av spørsmåla utvalet skal sjå nærare på, er korleis ein kan klargjera grensene for straffansvaret i tilfelle der foreldre sender barn på utanlandsopphald mot si vilje.

Eige lovverk for Statens barnehus

Vedtak nr. 795, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om et eget lovverk for Statens barnehus som sikrer ivaretakelse av hele mandatet til Statens barnehus.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:140 S (2017–2018) og Innst. 316 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Arbeidet med å gjere Statens barnehus så godt som mogleg følgjer opptrappingsplanen mot vald og overgrep mot barn og dei tiltaka som er knytte til denne. Dette gjeld både arbeidet med å vurdere behovet for eit eige lovverk for å vareta mandatet, og det gjeld anna regelverksarbeid. Politidirektoratet har engasjert NOVA/OsloMet til å gjere ei evaluering av ordninga med barnehusa. Evalueringa vart sett i gang hausten 2019, og vil vere klar i løpet av hausten 2021. Når denne evalueringa er ferdig vil departementet sette i gang med å vurdere eit eige lovverk knytt til barnehusa.

Regelverk for teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett – vald og overgrep

Vedtak nr. 798, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede, for så å fremme et lovforslag, for å revidere og samordne regelverket knyttet til taushetsplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett, herunder reglene om samarbeid mellom ulike tjenester og etater, samt reglene om samtykke, slik at flere saker som gjelder vold og overgrep, vil kunne avdekkes og følges opp på en god måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:140 S (2017–2018) og Innst. 316 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Eit høyringsforslag frå september 2020 om endringar i forvaltningslova m.m., som gjekk ut på å innføre nye og større grunnlag for deling mellom forvaltningsorgan av opplysningar som er omfatta av teieplikt, vart følgd opp i Prop. 166 L (2020–2021) om endringar i forvaltningslova m.m. og endringslov 18 juni 2021 nr. 127. Ny § 13 g i forvaltningslova gjev heimel til å gje forskrift om at teieplikt etter forvaltningslova § 13 ikkje skal vere til hinder for at bestemte organ kan dele opplysningar for å utføre oppgåver som er lagde til avgjevar- eller mottakarorganet, og opnar dermed for å gje forskrifter om emna som er nemnde i vedtaket.

Vidare har ei utgreiing som i eit heilskapleg perspektiv tek for seg emna teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett innanfor det offentlege, og som utgjer eit utkast til ein praktisk oppbygd og autoritativ rettleiar til bruk på tvers av ulike sektorar, vore på høyring. Høyringa blir følgd opp, og den endelege rettleiaren skal liggje føre hausten 2021. Det skal her slåast tydeleg fast korleis regelverket om teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett skal forståast og praktiserast, og ein heilt sentral faktor som låg til grunn for dette arbeidet, var arbeidet mot vald og andre overgrep som rammar barn og unge.

Menneskerettane til utviklingshemma – verjemål

Vedtak nr. 899, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge frem en Stortingsmelding om sikring av utviklingshemmedes menneskerettigheter der erfaringene med vergemålsloven gjennomgås og foreslå nødvendige lovendringer som sikrer den enkelte vergetrengendes medbestemmelse og rettssikkerhet.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 377 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Arbeidet med meldinga pågår, sjå omtalen av oppmodingsvedtak nr. 894 i Prop. 1 S (2021–2022) for Kulturdepartementet. Verjemål blir behandla i meldinga i samsvar med ordlyden i oppmodingsvedtaket.

Arbeidet med lovendringar er i gang. Stortinget har i tillegg bede om at regjeringa skal gjere ein heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga og fremje forslag til lovendringar som styrkar og forbetrar den, jf. vedtak nr. 848, 27. april 2021.

1.11.5 Stortingssesjon 2016–2017

Korrupsjonsføresegnene i straffelova

Vedtak nr. 523, 23. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endring av straffeloven som innebærer at for overtredelser av straffelovens korrupsjonsbestemmelser kan foretaket også straffes når handlingen er utført av noen som gjennom sine forbindelser med selskapet må assosieres med det. Det må vurderes straffefrihet for selskap som har gjort det de kan for å forebygge korrupsjon.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 191 L (2016–2017) frå justiskomiteen om utvida ansvar selskap har for korrupsjonshandlingar.

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet har gitt ein fagperson i oppdrag å drøfte dei aktuelle spørsmåla og å komme med forslag til lovendringar. Rapporten vart overlevert i mai 2021, og den vil truleg bli send på høyring i løpet av 2021.

Omvend valdsalarm ved brot på besøksforbod

Vedtak nr. 630, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag om å utvide muligheten til å ilegge omvendt voldsalarm til blant annet til tilfeller ved brudd på besøksforbud.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 247 S (2016–2017) frå justiskomiteen om opptrappingsplanen mot vald og overgrep (2017–2021).

Vedtaket er under behandling. Departementet har vurdert behovet for lovendringar og sendt forslag på høyring 6. september 2021 om endringar i straffeprosesslova og straffelova. I høyringsnotatet er det foreslått at påtalemakta skal kunne pålegge elektronisk kontroll (såkalla omvend valdsalarm) ved brot på besøksforbod. Det er også vurdert visse andre justeringar i reglane for både besøksforbod og kontaktforbod etter straffelova. Sjå òg omtale under vedtak nr. 631, 25. april 2017, vedtak nr. 1043, 20. juni 2017 og vedtak nr. 447, 18. desember 2020.

Besøksforbod

Vedtak nr. 631, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag om å utvide muligheten til å ilegge besøksforbud utover ett år, og utrede muligheten for å ilegge besøksforbud med begrensninger til å bevege seg i et større geografisk område.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 247 S (2016–2017) frå justiskomiteen om opptrappingsplanen mot vald og overgrep (2017–2021).

Vedtaket er under behandling. Departementet har vurdert behovet for lovendringar og sendt forslag på høyring 6. september 2021 om endringar i straffeprosesslova og straffelova. I høyringsnotatet er det foreslått at påtalemakta skal kunne pålegge elektronisk kontroll (såkalla omvend valdsalarm) ved brot på besøksforbod. Det er også vurdert visse andre justeringar i reglane for besøksforbod. Sjå òg omtale under vedtak nr. 630, 25. april 2017, vedtak nr. 1043, 20. juni 2017 og vedtak nr. 447, 18. desember 2020.

EOS-kontrollova

Vedtak nr. 879, 13. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen så snart som mulig komme med forslag til en endring i offentleglova § 5 tilsvarende § 16 fjerde ledd i forslag til EOS-kontrolloven.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 431 L (2016–2017) frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om endringar i EOS-kontrollova.

Vedtaket er følgt opp i Prop. 158 L (2020–2021), der det mellom anna vart føreslege eit nytt tredje ledd i offentleglova § 5, utforma i samsvar med vedtaket. Proposisjonsforslaget vart vedteke som lov 18. juni 2021 nr. 124, og den delen av endringslova som gjeld dette vedtaket, tok til å gjelde straks. Offentleglova er såleis endra i tråd med vedtaket, slik at for saksdokument som er utarbeidde av eller til EOS-utvalet i saker som utvalet vurderer å leggje fram for Stortinget som ledd i den konstitusjonelle kontrollen, gjeld innsynsretten først når saka er motteken i Stortinget, eller når utvalet har varsla organet om at saka er ferdigbehandla.

Lovfesting av ansvaret for einslege, mindreårige asylsøkarar

Vedtak nr. 938, 14. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om lovfesting av ansvaret for enslige mindreårige asylsøkere, hvilken omsorg disse barna har krav på og hvilke krav som stilles til mottak med enslige mindreårige asylsøkere.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:100 S (2016–2017), om styrkt innsats mot at barn blir utnytta i menneskehandel, og Innst. 397 S (2016–2017).

Vedtaket er følgt opp i Prop. 82 L (2020–2021). Lov- og forskriftsendringar om omsorgen for einslege mindreårige som bur i asylmottak, som følger opp vedtaket, trådde i kraft 1. juli 2021. Endringane lov- og forskriftsfestar ansvaret for einslege mindreårige som bur i asylmottak, krav til omsorgen og krav til asylmottak med einslege mindreårige.

Lagring av IP-data

Vedtak nr. 944, 15. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede om det rettslige handlingsrommet for generell lagring av IP-adresser og relevant trafikkdata bør utvides, som et nødvendig virkemiddel i kampen mot kriminalitet, herunder overgrep mot barn. Utredningen må inkludere hvordan hensynet til personvern og internasjonale forpliktelser kan ivaretas.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Dokument 8:126 S (2016–2017), om utvida lagringsplikt av IP-adresser for å verne barn mot overgrep og Innst. 407 S (2016–2017).

Vedtaket er følgt opp gjennom Prop. 167 L (2020–2021) om endringar i ekomlova (lagring av IP-adresser m.m.). I proposisjonen fremja regjeringa forslag om å påleggje ekomtilbydarer å lagre IP-adresser i tolv månadar, slik at politiet kan få tilgang til opplysningane ved etterforsking av kriminalitet som har strafferamme på fengsel i tre år eller meir, eller som blir ramma av bestemte straffebod.

Omvend valdsalarm

Vedtak nr. 1043, 20. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede om omvendt voldsalarm bør kunne benyttes som et straffeprosessuelt virkemiddel, og rammene for slik bruk og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med eventuelle forslag om dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:108 S (2016–2017), å styrke oppfølginga i reetableringsfasen for personar som er utsette for vald i nære relasjonar, og Innst. 475 S (2016–2017).

Vedtaket er under behandling. Departementet har vurdert behovet for lovendringar og sendt forslag på høyring 6. september 2021 om endringar i straffeprosesslova og straffelova. I høyringsnotatet er det foreslått at påtalemakta skal kunne pålegge elektronisk kontroll (såkalla omvend valdsalarm) ved brot på besøksforbod. Det er også vurdert visse justeringar i reglane for elektronisk kontroll knytta til kontaktforbod etter straffelova. Sjå òg omtale av vedtak nr. 630 og 631, 25. april 2017 og dessutan vedtak nr. 447, 18. desember 2020.

1.11.6 Stortingssesjon 2015–2016

Tilsyn med drift av asylmottak

Vedtak nr. 921, 16. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen etablere en uavhengig tilsynsordning for asylmottaksdrift.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 30 (2015–2016) og Innst. 399 S (2015–2016).

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet sitt syn er at einslige mindreårige som bur i asylmottak er ein særskild sårbar gruppe, og at ressursinnsatsen til ein statlig tilsynsordning med asylmottsdrift bør rettast inn mot oppfølginga av denne gruppa. Departementet foreslår derfor ei tilsynsordning med omsorgen for einslege mindreårige som bur i asylmottak, mens oppfølginga av andre delar av asylmottaksdrifta er varetatt gjennom eksisterande tilsynsordningar med asylmottaksdriften og Utlendingsdirektoratets kontraktsoppfølging.

Justis- og beredskapsdepartementet har hatt på høyring eit forslag til endringar i utlendingslova og ei ny forskrift om etablering av eit statleg tilsyn med omsorgen for einslege mindreårige som bur i asylmottak. Forslaget inneber ei lovfesting av at statsforvaltaren skal være tilsynsmyndigheit og føre tilsyn med omsorgen for einslege mindreårige som bur i asylmottak, og at Statens helsetilsyn skal ha det overordna ansvaret for tilsynet. Departementet tek sikte på at ordninga skal etablerast 1. juli 2022.

1.11.7 Stortingssesjon 2014–2015

Kompensasjonsordning for 110-sentralar

Vedtak nr. 645, 10. juni 2015

«Stortinget ber regjeringen utforme en kompensasjonsordning for 110-sentraler som blir nedlagt med ny struktur, og komme tilbake til Stortinget med forslag til en slik ordning på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 61 LS (2014–2015) og Innst. 306 S (2014–2015).

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa har besluttet å gi kompensasjon til kommunar kor 110-sentralen blir avvikla som følgje av samloklisering med politiets operasjonssentralar.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i samarbeid med Justis- og beredskapsdepartementet og Direktoratet for sikkerhet og beredskap (DSB) lagt til grunn at fem kommunar kvalifiserer for å motta kompensasjon gjennom Kommunal- og moderniseringsdepartementets skjønnsmidler. Dette er kommunar som har etablert nye bygg etter 2009, som de har flyttet frå, eller planlegger å flytte frå som en del av samlokaliseringa med politiet. Skien kommune og Bodø kommune har gjennomført samlokalisering, og vil få utbetalt skjønnsmidler i 2021. For Arendal, Tromsø og Trondheim tas det, med forbehald om budsjettmessig dekning, sikte på å utbetale kompensasjonen når samlokaliseringa er gjennomført.

1.11.8 Stortingssesjon 2012–2013

Sivilombodet

Vedtak nr. 515, 6. juni 2013

«Stortinget ber regjeringen fremme nødvendige lovforslag for å styrke Sivilombudsmannens rolle overfor forvaltningen ved å tillate at Sivilombudsmannen opptrer som hjelpeintervenient ved søksmål.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:122 S (2012–2013) og Innst. 379 S (2012–2013).

Justis- og beredskapsdepartementet sende 7. oktober 2020 på høyring eit forslag om å opne for at Sivilombodsmannen (no Sivilombodet) kan opptre som partshjelpar etter tvistelova § 15-7 første ledd. I høyringa var det om lag like mange høyringsinstansar som høvesvis støtta og gjekk imot forslaget. Regjeringa foreslår at vedtaket blir oppheva, jf. forslag til vedtak.

Sivilombodet skal vere eit nøytralt og uavhengig kontrollorgan, og er «Stortinget sin tillitsmann». Sjølv om det kan vere praktisk for ein part og det kan bidra til god opplysing av saka at Sivilombodet trer inn som partshjelpar når saka skal behandlast for domstolane, er det tungtvegande prinsipielle motførestillingar mot at ein skal søke å styrke Sivilombodet si stilling ved å gi ombodet ei partsliknande rolle i tvistar som er tekne til behandling i domstolane. Det vil vere ei spenning mellom rolla som partshjelpar for domstolane på den eine sida og utgangspunktet om at ombodet ikkje behandlar avgjerder som står for domstolane på den andre sida.

Sjå nærmare omtale under programkategori 06.10.

Utgifter fordelt på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Pst. endr. 21/22

Administrasjon

400

Justis- og beredskapsdepartementet

593 347

602 561

628 505

4,3

Sum kategori 06.10

593 347

602 561

628 505

4,3

Rettsvesen

61

Høyesterett

112 887

121 095

125 360

3,5

410

Domstolene

2 815 986

2 892 287

2 952 060

2,1

414

Forliksråd og andre domsutgifter

282 989

286 756

308 319

7,5

Sum kategori 06.20

3 211 862

3 300 138

3 385 739

2,6

Straffegjennomføring og konfliktråd

430

Kriminalomsorgen

5 169 422

5 164 812

5 274 145

2,1

432

Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter

198 897

179 781

202 638

12,7

433

Konfliktråd

174 687

177 247

1,5

Sum kategori 06.30

5 368 319

5 519 280

5 654 030

2,4

Politi og påtalemyndighet

440

Politiet

20 053 897

20 619 907

21 639 613

4,9

442

Politihøgskolen

613 285

633 144

633 998

0,1

444

Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

1 045 144

1 022 405

1 308 594

28,0

445

Den høyere påtalemyndighet

288 151

301 892

313 104

3,7

446

Den militære påtalemyndighet

8 854

9 099

9 169

0,8

448

Grensekommissæren

5 907

5 775

5 987

3,7

Sum kategori 06.40

22 015 238

22 592 222

23 910 465

5,8

Redningstjenesten, samfunnssikkerhet og beredskap

451

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

1 665 384

1 716 376

1 637 946

-4,6

452

Sentral krisehåndtering

25 661

26 982

27 578

2,2

453

Sivil klareringsmyndighet

41 189

47 212

47 330

0,2

454

Redningshelikoptertjenesten

2 460 091

2 659 692

3 335 315

25,4

455

Redningstjenesten

452 982

456 923

471 453

3,2

457

Nasjonal sikkerhetsmyndighet

367 660

364 590

382 125

4,8

Sum kategori 06.50

5 012 967

5 271 775

5 901 747

11,9

Andre virksomheter

460

Spesialenheten for politisaker

54 895

54 454

55 882

2,6

466

Særskilte straffesaksutgifter m.m.

1 186 324

1 223 786

1 221 593

-0,2

467

Norsk Lovtidend

6 479

4 488

9 264

106,4

468

Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker

22 289

17 540

19 487

11,1

469

Vergemålsordningen

351 169

375 522

381 324

1,5

Sum kategori 06.60

1 621 156

1 675 790

1 687 550

0,7

Statens sivilrettsforvaltning, rettshjelp, erstatningsordninger m.m.

470

Fri rettshjelp

616 648

667 752

644 420

-3,5

471

Statens erstatningsansvar og Stortingets rettferdsvederlagsordning

194 233

205 894

216 172

5,0

473

Statens sivilrettsforvaltning

435 046

403 720

480 857

19,1

474

Konfliktråd

179 106

475

Bobehandling

143 915

157 945

168 105

6,4

Sum kategori 06.70

1 568 948

1 435 311

1 509 554

5,2

Svalbardbudsjettet m.m.

480

Svalbardbudsjettet

406 119

377 978

409 456

8,3

481

Samfunnet Jan Mayen

56 052

57 103

1,9

Sum kategori 06.80

406 119

434 030

466 559

7,5

Beskyttelse og innvandring

490

Utlendingsdirektoratet

2 112 781

2 081 928

2 162 593

3,9

491

Utlendingsnemnda

255 058

294 156

282 891

-3,8

Sum kategori 06.90

2 367 839

2 376 084

2 445 484

2,9

Sum utgifter

42 165 795

43 207 191

45 589 633

5,5

Inntekter fordelt på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap./post

Betegnelse

Regnskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Pst. endr. 21/22

Administrasjon

3400

Justis- og beredskapsdepartementet

8 242

6 802

6 944

2,1

Sum kategori 06.10

8 242

6 802

6 944

2,1

Rettsvesen

3061

Høyesterett

72

3410

Domstolene

326 144

359 408

289 464

-19,5

Sum kategori 06.20

326 216

359 408

289 464

-19,5

Straffegjennomføring og konfliktråd

3430

Kriminalomsorgen

131 761

120 380

128 474

6,7

3432

Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter

427

1 116

1 139

2,1

3433

Konfliktråd

746

6

-99,2

Sum kategori 06.30

132 188

122 242

129 619

6,0

Politi og påtalemyndighet

3440

Politiet

2 021 914

2 417 449

2 243 224

-7,2

3442

Politihøgskolen

28 715

37 026

27 549

-25,6

3444

Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

13 300

18 204

18 677

2,6

3445

Den høyere påtalemyndighet

3 151

2 142

-100,0

Sum kategori 06.40

2 067 080

2 474 821

2 289 450

-7,5

Redningstjenesten, samfunnssikkerhet og beredskap

3451

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

803 400

741 350

759 257

2,4

3453

Sivil klareringsmyndighet

1 750

3454

Redningshelikoptertjenesten

27 479

28 358

29 095

2,6

3455

Redningstjenesten

3 961

3457

Nasjonal sikkerhetsmyndighet

38 105

29 689

34 309

15,6

Sum kategori 06.50

872 945

799 397

824 411

3,1

Andre virksomheter

3469

Vergemålsordningen

4 295

4 407

4 499

2,1

Sum kategori 06.60

4 295

4 407

4 499

2,1

Statens sivilrettsforvaltning, rettshjelp, erstatningsordninger m.m.

3470

Fri rettshjelp

7 291

9 717

9 941

2,3

3473

Statens sivilrettsforvaltning

14

5

5

0,0

3474

Konfliktråd

2 170

Sum kategori 06.70

9 475

9 722

9 946

2,3

Svalbardbudsjettet m.m.

3481

Samfunnet Jan Mayen

6 502

6 637

2,1

Sum kategori 06.80

6 502

6 637

2,1

Beskyttelse og innvandring

3490

Utlendingsdirektoratet

355 627

382 964

398 526

4,1

Sum kategori 06.90

355 627

382 964

398 526

4,1

Sum programområde 06

3 776 068

4 166 265

3 959 496

-5,0

Sum inntekter

3 776 068

4 166 265

3 959 496

-5,0

Fotnotar

1.

Politihelikopter og enkelte andre større investeringar er budsjettert på politiets driftspost.

2.

STRASAK-rapporten 2020 (politiet.no).

3.

Villattaz mfl. 2015; Bhuller mfl. 2020; Doleac 2020.

4.

WJP Rule of Law Index 2020 | World Justice Project.

5.

Gjeld førstegongsinnvandringar blant personar med ikke-nordisk statsborgarskap.

6.

Eksklusive Tyrkia.

7.

Dette gjeld personar som har søkt om vern i Noreg, men allereie har opphaldsløyve, har visum, har nære familiemedlemmer, har søkt om vern eller har reist ulovleg inn i eit anna land som er med i Dublin-avtalen. Dublin-avtalen er eit samarbeid mellom EU-landa, Island, Sveits, Liechtenstein og Noreg.

8.

Kraftig nedgang i omsetning og årsverk på Svalbard (ssb.no)

Til forsida