1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg med dette fram forslag til endringar i:
Lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs
Lov 21. mai 1982 nr. 25 om tillegg til lov 28. juli 1949 om Statens pensjonskasse
Lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd
Lov 18. desember 2020 nr. 139 om endringer i folketrygdloven (nye etterlatteytelser)
Dei følgande lovendringane er nødvendige som følge av forslag som er lagt fram i forslaget til statsbudsjett for 2024, Prop. 1 S (2023–2024) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet:
endringar i reglane om ventetid for dagpengar – folketrygdlova § 4-9
endringar i reglane om ny berekning av dagpengegrunnlaget i samband med gjenopptak etter folketrygdlova § 4-16, som inneber at gjeldande praksis blir lovfesta
endringar i retten til barnetillegg til arbeidsavklaringspengar og uføretrygd når barnet har eiga inntekt – folketrygdlova §§ 11-20 og 12-15
Det blir også foreslått enkelte rettingar, presiseringar og lovtekniske justeringar. I folketrygdlova § 4-6 fjerde ledd blir ein midlertidig heimel til å gi særreglar om rett til dagpengar under utdanning som gjaldt under koronapandemien, oppheva. I folketrygdlova § 8-9 blir ein inkurie retta opp. Vidare blir folketrygdlova § 11-12 a oppheva som følge av at ei midlertidig overgangsordning for arbeidsavklaringspengar ikkje gjeld lenger. I lov 18. desember 2020 nr. 139 om endringer i folketrygdloven (nye etterlatteytelser) blir ein feil i § 18-3 andre ledd om trygdetid retta opp.
I lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs, foreslår departementet ei presisering av gjeldande rett, som sikrar medlemskapet i ordninga for innaskjers dykkarar som blir tilsette på skip mindre enn 100 tonnasjeeiningar/registertonn brutto etter at skifte av vernelov frå skipsarbeidslova til arbeidsmiljølova, er sett i verk.
I lov 21. mai 1982 nr. 25 om tillegg til lov 28. juli 1949 om Statens pensjonskasse blir det presisert at alderspensjon for dommarar i Høgsterett som har pensjonsrett etter lova, det vil seie dei som blei utnemnd til medlem av Høgsterett før 1. januar 2011, skal følge reglane om alderspensjon etter kapittel 5 i lov om Statens pensjonskasse.
Etter utgreiingsinstruksen punkt 3-3 femte ledd, kan ein unnlate å høyre forslag som gjeld statsbudsjettet, da dei kan vere unntatt frå offentlegheit etter offentleglova § 22. Dei forslaga som følger av framlegget til statsbudsjett, har ikkje vore på høyring, med unntak av forslaga til endringar i folketrygdlova §§ 4-9, 11-20 og 12-15 som har vore på høyring.
Lovforslag som ikkje inneber nokon realitetsendringar, treng inga høyring. Dei forslaga dette gjeld, har ikkje vore på høyring fordi høyring da må reknast som «åpenbart unødvendig» jf. utgreiingsinstruksen punkt 3-3 andre ledd tredje kulepunkt. Forslaget om endringar i lov om tillegg til lov 28. juli 1949 om Statens pensjonskasse er også vurdert å vere «åpenbart unødvendig» å sende på høyring.