1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Kulturdepartementet legg med dette fram forslag til endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn (heretter stadnamnlova).
Målet med lovrevisjonen er å stille kommunane friare i avgjerder om stadnamn, både val av stadnamn og vedtak om skrivemåten av dei. Vidare er målet å følgje opp det som står om vern og bruk av samiske stadnamn i NOU 2016: 18 Hjertespråket – Forslag til lovverk, tiltak og ordninger for samiske språk.
Hovudinnhaldet i lovframlegget:
Departementet foreslår at rådgivingsapparatet for norske og kvenske namn etter stadnamnlova blir fullt integrert i Språkrådet og dermed ein del av det samfunnsoppdraget Språkrådet har om å styrkje norsk språk og kvensk språk.
Departementet foreslår å lovfeste retten kommunen har til å velje kva for stadnamn som skal fastsetjast på eit namneobjekt som kommunen vedtek skrivemåten av.
Det blir opna for noko større variasjon i skrivemåten av eit stadnamn.
Reglane om namnevern blir vidareførte, men dokumenterbare endringar i lokal namnebruk over tid skal kunne vurderast som særleg grunn til å byte ut eitt verneverdig namn med eit anna verneverdig namn utan tradisjon på staden.
Namn på reinbeitedistrikt skal vedtakast etter reglane i stadnamnlova.
Klage på manglande bruk eller feilbruk av stadnamn i kommunane, skal rettast til Fylkesmannen.
1.1 Konsultasjon med Sametinget
Departementet har konsultert Sametinget om tiltak i proposisjonen som kan påverke samane direkte, jf. Prosedyrer for konsultasjoner mellom statlige myndigheter og Sametinget. Sametinget har i tillegg fått høve til å gi innspel til arbeidet med proposisjonen. I konsultasjonane har det blitt konstatert semje om omtale og dei tiltaka som direkte eller indirekte følgjer opp NOU 2016: 18 Hjertespråket – Forslag til lovverk, tiltak og ordninger for samiske språk.
1.2 Høyringa
18. oktober 2018 sende Kulturdepartementet på høyring framlegg til endringar i stadnamnlova, med høyringsfrist 14. januar 2019.
Høyringsnotatet vart sendt til følgjande høyringsinstansar:
Departementa
Forsvarets militærgeografiske teneste
Fylkesmennene
Klagenemnda for stadnamnsaker
Meteorologisk institutt
Miljødirektoratet
Namnekonsulenttenestene for norsk/kvensk/samisk
Nasjonalbiblioteket
Noregs vassdrags- og energidirektorat
NGU – Noregs geologiske undersøking
Norsk kulturråd
Samisk høgskole
Språkrådet
Statens kartverk
Statistisk sentralbyrå
Vegdirektoratet
Universiteta og høgskulane
Sametinget
Kommunane
Fylkeskommunane
By- og regionsforskingsinstituttet NIBR
Halti kvenkultursenter IKS
Kvensk institutt
NRK, Yr-redaksjonen
Posten Noreg AS
Storfjord språksenter
Vadsø museum – Ruija kvenmuseum
Aksjonsgruppa for korrekt bruk av stedsnavn i Overhalla, Brynjar Mørkved
Bokmålsforbundet
Det Norske Akademi for Språk og Litteratur
Kvenlandsforbundet
Landssamanslutninga av nynorskkommunar
Landslaget for lokalhistorie (samanslutning av historielag)
Namdal Historielag
KS
Navnebeskyttelsen Norge
Nord-Trøndelag Kulturvernråd
Noregs Mållag
Norges Bygdekvinnelag
Norges Bondelag
Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Norsk-finsk forbund
Norske Kveners Forbund
Norsk namnelag (NNL)
Norut
Riksmålsforbundet
Samarbeidsnemnda for namnegransking
I høyringa kom det inn 61 høyringssvar. 51 av desse hadde merknader.
Følgjande 10 høyingsinstansar hadde ingen merknader:
Forsvarsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Klima- og miljødepartementet (støttar Riksantikvaren)
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Kunnskapsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Statens vegvesen
Statistisk sentralbyrå
Utanriksdepartementet
Følgjande 51 instansar uttalar seg om realiteten i forslaget:
Klagenemnda for stadnamnsaker
Nasjonalbiblioteket
Namnekonsulentane for norske og kvenske stadnamn
Politidirektoratet
Riksantikvaren
Statens kartverk
Språkrådet
Universitetet i Bergen
Sametinget
Posten Noreg AS
Askøy kommune
Bamble kommune
Bømlo kommune
Bærum kommune
Drammen kommune
Etnedal kommune
Fredrikstad kommune
Nord-Aurdal kommune
Kristiansand kommune
Kåfjord kommune
Lavangen kommune
Oslo kommune
Porsgrunn kommune
Sola kommune
Skodje kommune
Tinn kommune
Trondheim kommune
Vang kommune
Østre Toten kommune
Øystre Slidre kommune
Hordaland fylkeskommune
Finnmark fylkeskommune
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Kvensk institutt
Aksjonsgruppa for korrekt bruk av stedsnavn i Overhalla, Brynjar Mørkved
Bokmålsforbundet
Kvenlandsforbundet
Hardanger folkeminnelag
Høgnorskringen
Noregs Mållag
Norges Bondelag
Norske Kveners Forbund
Norsk namnelag (NNL)
Toten dialekt- og mållag
Arnold Omland
Håkon Remøy
Helge Sandøy
Torfinn Normann Hageland
Torbjørn Trageton
Hovudsynspunkt frå høyringa blir gått igjennom i proposisjonen her. Høyringssvara er tilgjengelege på regjeringa si nettside: www.regjeringa.no.