Prop. 55 L (2022–2023)
Endringar i gravplassloven m.m. (digitalisering av gravferdsmeldinga og behandling av personopplysningar)
Tilråding frå Barne- og familiedepartementet 17. mars 2023, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Barne- og familiedepartementet gjer framlegg om eit klart rettsleg grunnlag i gravplassloven for ei ny digital teneste innanfor livshendinga dødsfall og arv. Gjennom «Digital gravferdsmelding» skal dei etterlatne kunne ta nokre av vala etter eit dødsfall digitalt. Framlegget gir grunnlag for behandling av personopplysningar og deling av opplysningar omfatta av teieplikt.