2 Programområde 02 Utanriksforvaltning
Kap. 100 Utanriksdepartementet
Post 01 Driftsutgifter
Grunna covid-19-pandemien har Utanriksdepartementet hatt lågare utgifter til reiser og representasjon i år enn tidlegare budsjettert og løyvinga kan reduserast med 15 mill. kroner.
Det blir òg gjort framlegg om å redusere løyvinga med 8 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 118 Utanrikspolitiske satsingar, post 21 Spesielle driftsutgifter i 2020. Flyttinga skal finansiere Utanriksdepartementets del av kostnadane for forprosjektet om ein ny grensekontrollstasjon i Storskog, som skal dekkast over nordområdeløyvinga jf. omtale under kap. 118 Utanrikspolitiske satsingar, post 21 Spesielle driftsutgifter.
Samla blir det gjort framlegg om å redusere løyvinga med 23 mill. kroner.
Kap. 104 Kongefamiliens offisielle reiser til utlandet
Post 01 Driftsutgifter
Grunna covid-19-pandemien har fleire kongelege reiser og besøk til utlandet blitt utsette frå 2020 til 2021 og 2022.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.
Kap. 116 Internasjonale organisasjonar
Post 70 Pliktige bidrag
To av dei pliktige bidraga til FN har fått auka ODA-andel, jf. omtale under kap. 151 Fred, tryggleik og globalt samarbeid, post 74 Pliktige bidrag til FN-organisasjonar m.m. ODA-andelen for FNs regulære bidrag har auka frå 18 til 47 pst., og ODA-andelen for FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) har auka frå 51 til 83 pst. I tillegg vart både den regulære løyvinga til FN og løyvinga til FN sine fredsbevarande operasjonar betydeleg lågare enn budsjettert. Bidraget til NATO aukar, og det er nokre endringar for dei andre kontingentane som først og fremst skuldast valutasvingingar. Til saman gir dette eit mindrebehov under kap. 116, post 70 på 73,5 mill. kroner i 2020.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 73,5 mill. kroner.
Kap. 117 EØS-finansieringsordningane
Post 77 EØS-finansieringsordninga 2014–2021, kan overførast
Post 78 Den norske finansieringsordninga 2014–2021, kan overførast
Nye prognosar frå sekretariatet for EØS-finansieringsordningane i Brussel, Financial Mechanism Office (FMO), viser lågare utbetalingar enn tidlegare budsjettert. Dette skuldast forseinking i implementeringa og oppstarten av program under finansieringsordningane gjennom året. Noko skuldast forseinking i forhandlingane med Ungarn, men covid-19 har òg forseinka og utsett arbeidet med mange prosjekt. Det ligg derfor an til mindre behov for midlar i 2020 enn planlagt.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga på post 77 EØS-finansieringsordninga 2014–2021 med 30 mill. kroner og løyvinga på post 78 Den norske finansieringsordninga 2014–2021 med 130 mill. kroner.
Kap. 118 Utanrikspolitiske satsingar
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70, 71, 72 og 73
Grunna eit større behov utover dei midlane som er tildelte til oppdragsavtalen NORSAR har med Utanriksdepartementet, har NORSAR i 2020 fått 2,2 mill. kroner ekstra. Sidan NORSAR-avtalen blei flytta frå kap. 118 Utanrikspolitiske satsingar, post 72 Nedrusting, ikkje-spreiing og kjernefysisk tryggleik m.m. til kap. 118, post 21 Spesielle driftsutgifter i revidert nasjonalbudsjett 2020 blir det foreslått at auken blir dekt av ein reduksjon under post 72.
Posten blir og foreslått auka med 8 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 100 Utanriksdepartementet, post 01 Driftsutgifter. Auken skal dekke kostnadane for forprosjektet om ein ny grensekontrollstasjon i Storskog. Oppdraget vart gitt til Statsbygg i 2011 som ledd i dåverande nordområdestrategi. Statsbyggs prosjekt vil ikkje bli realisert, og dermed blir det heller ikkje inngått husleigekontrakt som skal dekke dei påkomne utgiftene. Statsbygg må da nedskrive kostnadene i sitt driftsrekneskap og Utanriksdepartementet må dekke sin andel av kostnadane for forprosjektet.
Samla blir det gjort framlegg om å auke løyvinga med 10,2 mill. kroner.
Post 72 Nedrusting, ikkje-spreiing og kjernefysisk tryggleik m.m., kan overførast, kan nyttast under post 21
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 2,2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 118, post 21 Spesielle driftsutgifter for å dekke ekstra midlar til NORSAR i 2020.
Kap. 3100 Utanriksdepartementet
Post 01 Diverse gebyr ved utanriksstasjonane
Som følgje av covid-19-pandemien har talet på søknader om pass ved utanriksstasjonane vore om lag 57 pst. av det som var venta volum i år. Gebyrinntektene er venta redusert omtrent tilsvarande.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 15,4 mill. kroner.
Post 02 Gebyr for utlendingssaker ved utanriksstasjonane
Grunna covid-19-pandemien er det ein nedgang på nesten 90 pst. i talet på visumsøknader samanlikna med 2019. Samtidig har det vore ein nedgang på 25 pst. i talet på opphaldssaker av same årsak. UDI anslo i oktober at nedgangen i visumsøknader fortset ut året, men at opphaldssaker vil vere på nivå med 2019 for dei tre siste månadane av året.
Det er framleis stor usikkerheit ved overslaga, primært for opphaldssaker. Dersom pandemien medfører at søknadssentera igjen må stengast vil talet på søknader bli redusert ytterlegare og inntektene reduserte tilsvarande. Fullmakta til å overskride løyvinga under kap. 100 Utanriksdepartementet, post 01 Driftsutgifter mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3100, post 02 er ikkje foreslått vidareført i Prop. 1 S (2020–2021), men gjeld fortsatt for 2020. Covid-19-pandemien har synleggjort at det er lite samsvar mellom desse inntektene og utgiftene også i en normalsituasjon. UD foreslår derfor at fullmakta til å overskride løyvinga under kap. 100, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3100, post 02 også utgår for 2020.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 105 mill. kroner.