6 Nokre praktiske sider ved avviklinga av dei eksisterande samkommunane
6.1 Samarbeidsavtalane til samkommunane
Dei eksisterande samkommunane blir i praksis oppløyste ved å reversere blant anna økonomisk ansvar og eigaransvar. Samarbeidsavtalen mellom dei deltakande kommunane skal regulere plikter som gjeld til dømes gjeld, lån og ansvarsdelar, jf. kommuneloven § 28-2 e. nr. 3. Det er derfor naturleg at samarbeidsavtalane som dei respektive kommunestyra har vedteke, er utgangspunktet for prosessen med å avvikle dei eksisterande samkommunane.
6.2 Nokre arbeidsrettslege sider
Departementet legg til grunn at tilbakeføring av verksemda i samkommunane til dei respektive deltakarkommunane er ei verksemdsoverdraging etter arbeidsmiljøloven. Arbeidsmiljøloven kapittel 16 tek for seg rettar for arbeidstakarar ved verksemdsoverdraging. Reglane gir dei tilsette rettar med omsyn til lønns- og arbeidsvilkår, i tillegg til pensjonsrettar, reservasjonsrett og oppseiingsvern. Reglane inneber at dei rettane og pliktene som følgjer av arbeidsavtalen dei tilsette har med samkommunen, blir overførte uendra til deltakarkommunane eller den nye kommunen. Arbeidsmiljøloven kapittel 16 sikrar også informasjon og drøfting med tillitsvalde, og tidleg informasjon til tilsette. Reglane i arbeidsmiljøloven §§ 16-2 til 16-7 om rettane til arbeidstakarar ved verksemdsoverdraging gjeld på same måten når ein opprettar, går ut av eller oppløyser ein samkommune, jf. kommuneloven § 28-2 d. I forarbeida er det også presisert at «dersom det skulle vere uklart om reglane om verksemdoverdraging skal brukast eller ikkje, bør arbeidstakarar uansett bli tilkjende dei rettane som føljer av arbeidsmiljøloven», jf. Prop. 49 L (2011–2012) s. 78. Departementet legg også til grunn at avtalepartane følgjer reglane i hovudavtalen om medverknadsrett og medverknad ved avvikling av samkommunen. Rettane og pliktene til dei tilsette i ein avviklingsfase blir derfor rekna som godt tekne vare på gjennom arbeidsmiljøloven og hovudavtalen.
6.3 Avvikling av eksisterande samkommunar – inngåtte avtalar og innkjøpsregelverket
Spørsmålet her er høvet til å overføre inngåtte kontraktar frå samkommunen til deltakarkommunane (eventuelt ny kommune eller nye kommunar) etter at samkommunen er avvikla.
Som eit sjølvstendig rettssubjekt er samkommunen eit eige pliktsubjekt (oppdragsgivar) etter innkjøpsregelverket, jf. lova om offentlege innkjøp § 2 og forskrifta om offentlege innkjøp § 1-2. Som det følgjer av punkt 5.2, legg departementet opp til ein overgangsperiode der dei to samkommunane har tidsrommet fram til 1. januar 2020 på å oppløyse seg. Departementet ser det derfor slik at ein ikkje ubetydeleg del av kontraktane til samkommunane vil kunne vere utgått når avviklinga skjer. I tillegg bør samkommunane vurdere behovet for nye avtalar, lengda eller omfanget på dei og å informere avtaleparten om avviklingsprosessen som samkommunane er inne i.
Spørsmålet er så kva som skjer med avtalar som må eller bør førast vidare, etter at samkommunen som avtalepart er avvikla. Dette vil kunne vere regulert i den aktuelle avtalen. Der dette ikkje er regulert, blir det eit spørsmål om innkjøpsregelverket er til hinder for at kontrakten blir overført til éin eller fleire av deltakarkommunane som ny avtalepart, alternativt at han blir overført til ein ny, samanslått kommune. Departementet vurderer det slik at innkjøpsregelverket i utgangspunktet ikkje er til hinder for at ein inngått kontrakt blir henda over til ein ny oppdragsgivar, fordi den opphavlege oppdragsgivaren sluttar å eksistere. Der ein kontrakt som er inngått med samkommunen som oppdragsgivar, blir henda over utan at det blir gjort vesentlege endringar i kontrakten, er konkurranseelementet om leveransen teke vare på ved inngåinga av den opphavlege avtala. Noko anna vil kunne vere tilfellet dersom det i samband med overdraginga også blir gjort endringar i kontrakten som kan reknast som vesentlege endringar. Det vil ikkje ha vore konkurranse om desse endringane. Ei vesentleg endring er til dømes ei betydeleg utviding av det som skal kjøpast inn, eller prisen for dette.
6.4 Framtidig rettsleg ansvar for forvaltningsvedtak gjorde av eksisterande samkommunar
Samkommunane har i tida dei har eksistert, gjort vedtak på viktige tenesteområde som til dømes jordvern, plan- og bygningsrett, barnevern og sosialtenester. Det er viktig å sikre og formidle til innbyggjarane at desse tenestene er trygge for dei, sjølv om samkommunen blir avvikla. Mynde og ansvar for dei ulike områda som samkommunane i dag har ansvar for, blei overført frå dei enkelte deltakarkommunane då samkommunen blei etablert. Etter dei ulike særlovene som ligg til grunn for tenestetilbodet og vedtaka til samkommunen, er det deltakarkommunen som i utgangspunktet er ansvarleg. Når samkommunen skal avviklast, er det naturleg å sjå dette som ei reversering av prosessen med å overføre mynde til samkommunen; mynde og ansvar blir lagt tilbake til den enkelte deltakarkommunen med ansvar for innbyggjarane sine. Når ein vurderer kven som har ansvaret for vedtak som samkommunen har gjort, når samkommunen ikkje lenger eksisterer, bør ein ta utgangspunkt i det som står over. Denne tilnærminga kjem også til uttrykk i samarbeidsavtalen for Innherred samkommune § 16, som lyder:
Dersom samkommunen opphører, eller dersom enkelte samkommunale oppgaver tilbakeføres til kommunene uten at samarbeidet opphører, vil den enkelte kommune stå rettslig og økonomisk ansvarlig overfor egne innbyggere (eller tidligere bosatte) for de vedtak som tidligere er truffet av samkommunen.
At den enkelte kommunen er ansvarleg overfor innbyggjarane sine, er etter departementet si vurdering med på å skape ein trygg og smidig overgang frå samkommunen til kommunen som ansvarleg organ, i tillegg til å skape kontinuitet i ansvaret for forvaltningsvedtak som samkommunen har gjort.