1 Føremål og hovudoversikt
1.1 Prioriteringar
I denne proposisjonen foreslår Forsvarsdepartementet naudsynte endringar i forsvarsbudsjettet for 2020 på utgifts- og inntektssida.
Det er foreslått at 262,5 mill. kroner blir omdisponerte innan budsjettet for å styrke Forsvarets driftseiningar i samband med meirutgifter knytte til covid-19-situasjonen. Meirutgiftene er foreslått omdisponerte frå reduserte utgifter til reiser og overtid i Forsvaret grunna covid-19.
Det har oppstått utgifter på 166,1 mill. kroner knytte til auka valutakursar. Desse utgiftene er óg dekte innanfor ramma for forsvarsbudsjettet.
Forsvarsdepartementet foreslår vidare å styrke operativ aktivitet i Forsvaret. Det er foreslått å tilføre Sjøforsvaret 20,0 mill. kroner knytte til ikkje-planlagde, operative aktivitetar. Luftforsvaret er foreslått tilført 10,0 mill. kroner knytte til meirutgifter i samband med vedlikehaldsavtale på maritimt patruljefly P-3 Orion. Og Hæren er foreslått tilført 5,0 mill. kroner som følgje av meirutgifter i samband med nyskaffing av nytt artilleri.
Det er også foreslått å omdisponere 60,0 mill. kroner til bygginga av treningssenter på Skjold i Troms for allierte styrkar som trener og øver i Noreg.
1.2 Føremål
For å skape best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapittel og postar, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan budsjettet blei vedtatt, leggas det fram forslag om endringar i løyvingane til forsvarsbudsjettet for 2020.
På grunn av den komplekse samansettinga av kapitla, med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit naudsynt verktøy for å legge til rette for god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret er såleis handsama, samla og formaliserte på rett måte. Forsvarsdepartementet er opptatt av å halde omfanget av omgrupperingane på eit så lågt nivå som mogleg, samstundes som at kravet om realistisk budsjettering blir varetatt.
Totalt utgjer omgrupperinga for 2020 ein foreslått auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 100,121 mill. kroner. Auka kjem på bakgrunn av ei foreslått auke i løyvinga til inntektene på same beløp.
1.3 Grunnlaget for omgrupperinga
1.3.1 Økonomisk grunnlag
Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2020, midlar overførte frå 2019 og seinare endringar gjort av Stortinget. Det er også teke omsyn til forsvarssektoren sin del av lønskompensasjonen for 2020.
Tabell 1.1 Disponible midlar på utgiftssida, før omgruppering 2020, kjem fram slik (i 1 000 kr.):
Saldert budsjett for 2020 | 60 977 376 |
---|---|
Innst. 360 S (2019–2020) til Prop. 117 S (2019–2020) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2020 (RNB) | 97 317 |
Innst. 360 S (2019–2020) til Prop. 127 S (2019–2020) Endringer i statsbudsjettet 2020 under Kunnskapsdepartementet, Kulturdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Samferdselsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Finansdepartementet, Forsvarsdepartementet og Olje- og energidepartementet (økonomiske tiltak i møte med virusutbruddet) | 85 600 |
Innst. 360 S (2019–2020) Innstilling til Stortinget fra finanskomiteen | 53 000 |
Budsjettmessige verknadar av lønsoppgjeret i det statlege tariffområdet i 2020 | 86 383 |
= Løyvingar før omgrupperinga | 61 299 676 |
+ Midlar overførte frå 2019 | 2 765 908 |
= Disponible midlar i 2020 før omgrupperinga | 64 065 584 |
Tabell 1.2 Løyvingar på inntektssida, før omgruppering 2020, kjem fram slik (i 1 000 kr.):
Saldert budsjett for 2020 | 6 151 625 |
---|---|
Innst. 360 S (2019–2020) til Prop. 117 S (2019–2020) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2019 (RNB) | -7 828 |
= Løyvingar før omgrupperinga | 6 143 797 |
1.3.2 Inntekter i 2020
I høve til saldert budsjett for 2020, med endringane gjort av Stortinget i revidert nasjonalbudsjett for 2020 og i Innst. 360 S (2019–2020) til Prop. 177 S (2019–2020), er det ei meirinntekt på 100,121 mill. kroner. Meirinntektene inneber ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt i Innst. 7 S (2019–2020) til Prop. 1 S (2019–2020) under romartalsvedtak II. Auken på inntekts- og utgiftssida er innarbeidd og forklart i detalj under pkt. 2 nedanfor.
1.3.3 Løyvingsbehov
Tala i tabellane nedanfor viser løyvingsbehov knytte til omgrupperinga for 2020.
Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen er slik (i 1 000 kr.):
Auke knytte til meirinntekter | 101 081 |
---|---|
= Sum behov ved omgrupperinga | 101 081 |
+ Løyvingar før omgrupperinga | 61 299 676 |
= Løyvingar etter omgrupperinga | 61 400 757 |
+ Midlar overførte frå 2019 | 2 765 908 |
= Samla disponible midlar i 2020 etter omgrupperinga | 64 166 665 |
Tabell 1.4 Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen er slik (i 1 000 kr.):
Meirinntekter i omgrupperinga | 101 081 |
---|---|
+ Løyvingar før omgrupperinga | 6 143 797 |
= Løyvingar etter omgrupperinga | 6 244 878 |
På bakgrunn av er det forslått at utgiftsramma blir auka med 101,081 mill. kroner, og at inntektsramma blir auka med 101,081 mill. kroner.