3 Nærare om behovet for tilpassingar
Eigarseksjonar blir oppretta ved tinglysing av kommunalt vedtak om seksjonering. Prosessen startar ved at heimelshavaren søkjer kommunen om seksjonering før kommunen behandlar søknaden og gjer vedtak. Når vedtaket er gjort, fører kommunen eininga inn i matrikkelen og sender saka til tinglysing. Når kommunen får melding tilbake frå tinglysinga, kan prosessen fullførast ved at kommunen skriv ut matrikkelbrev. Oppmålingsforretning er berre naudsynt når brukseininga skal omfatte ubygde deler.
Departementet foreslår i Prop. 148 L (2016–2017) at Noreg skal følgje same modell som i mange andre land i Europa, ved at eigedomsoppmåling blir utført som profesjonsregulert tenesteyting. Når oppmålingsforretninga ikkje lenger skal vere ei lovpålagd oppgåve for kommunane, meiner departementet at føring av opplysningar frå forretninga heller ikkje kan vere ei lovpålagd oppgåve for kommunane. Oppgåva blir i proposisjonen foreslått overført til Statens kartverk, som i dag har ansvaret for forvaltning og organisering av matrikkelen. Kommunar som ønskjer det, skal framleis kunne føre eigedomsopplysningar i matrikkelen når dei har tilstrekkeleg kapasitet og fagleg kompetanse. Ei slik overføring av oppgåver og mynde frå Statens kartverk til aktuelle kommunar skal skje i forskrift.
Departementet legg til grunn same opplegg for føring av opplysningar om eigarseksjonar i matrikkelen som for føring av andre eigedomsopplysningar i matrikkelen.
Ny eigarseksjonslov gir kommunane heimel til å slette seksjonar i visse saker der seksjoneringa ikkje har blitt gjennomført som planlagt, jf. ny eigarseksjonslov § 22 andre ledd. Ei presisering om den registertekniske handteringa av slike saker bør takast inn i matrikkellova § 26 som nytt andre ledd.
Behovet for tilpassingar er nærare omtalt i Prop. 148 L (2016–2017) punkt 10.6, under dette ei omtale av gjeldande rett, høyringsforslaget, merknader frå høyringsinstansane og departementet si vurdering.
Det er ein trykkfeil i Prop. 148 L (2016–2017) på side 91 andre spalte fjerde avsnitt. Etter ny eigarseksjonslov skal kommunen behandle seksjoneringssøknaden og registrere seksjonane i matrikkelen innan tolv veker – ikkje åtte veker som det står i teksten, jf. ny eigarseksjonslov § 14 første ledd første punktum.