2 Endringar i statsbudsjettet 2022
Kap. 1800 Olje- og energidepartementet
Post 01 Driftsutgifter
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, til om lag 196,8 mill. kroner. Reduksjonen har i hovudsak samanheng med vakansar og lågare pensjonspremie. I tillegg har det vore mindre utgifter til reiser, møte, seminar mv. etter pandemien og større refusjonar frå Nav enn det som var venta. Innsparinga blir foreslått omdisponert til andre formål, jf. nærmare omtale under kap. 1800, post 21.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under postane 50, 71 og 72
Den ekstraordinære situasjonen med høge energiprisar og ein krevjande kraftsituasjon vinteren som kjem, tilseier at det er nødvendig å styrke arbeidet med energisparing og energieffektivisering. Det blir foreslått ei tilleggsløyving til eit informasjonsopplegg for ENØK retta mot hushald, næringsliv og stat og kommune. Informasjonsopplegget skal omfatte tiltak som kan settast i verk på kort og lang sikt.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 5 mill. kroner, til 43,7 mill. kroner. Auken blir inndekt av innsparing under kap. 1800, post 01, jf. omtale ovanfor.
Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar mv.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 0,7 mill. kroner, til 6,8 mill. kroner. Årsaka til reduksjonen er endra valutakursar og gjennomførte utbetalingar.
Kap. 1810 Oljedirektoratet
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Tildelingsprosessen for Utsira Nord og for fase 1 av Sørlege Nordsjø II er planlagd starta opp i første kvartal 2023. For å korte ned tida for konsekvensutgreiing av desse havvindområda, og dermed den totale konsesjonsbehandlingstida, gjennomfører staten forundersøkingar i desse områda. Ein føreset at utgiftene staten har til prosjektspesifikke undersøkingar, blir tilbakebetalt av selskapa som får tildelt areal i dei relevante områda.
I 2022 er det gjennomført forundersøkingar på delar av Sørlege Nordsjø II. Datainnsamlinga er blitt forseinka på grunn av dårleg vêr, og utfordringar med vasstemperaturen har ført til at båten måtte kartleggje på ein annan måte enn det som var planlagt, for å få god nok datakvalitet. Undersøkinga i 2022 er no avslutta, og i underkant av 40 prosent av områda er kartlagt. Forseinkinga har ført til at løyvinga kan reduserast med 30 mill. kroner i 2022.
Som følge av forseinkinga og erfaringane frå anbodsprosessen i 2022 har Oljedirektoratet oppdatert det samla kostnadsestimatet for grunnundersøkingane av både Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord frå 95 mill. kroner til totalt 150 mill. kroner. Budsjettbehovet for 2023 er auka med 85 mill. kroner frå det som er foreslått i Prop. 1 S (2022–2023), til totalt 115 mill. kroner. Det inneber eit meirbehov på totalt om lag 55 mill. kroner utover forskyving av undersøkingar frå 2022 til 2023.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 30 mill. kroner, til 101,5 mill. kroner. Vidare blir det foreslått å auke bestillingsfullmakta frå 10 mill. kroner til 125 mill. kroner, slik at Oljedirektoratet kan inngå avtalar i 2022 om vidare grunnundersøkingar som skal gjennomførast i første halvår 2023.
Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast
Posten dekker mellom anna utgifter til Oljedirektoratets samarbeidsavtale med Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad) om rådgiving innanfor petroleumsforvaltning for utviklingsland (Olje for utvikling).
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 12,4 mill. kroner, til 73,5 mill. kroner. Reduksjonen har samanheng med mindre bruk av konsulentar i ulike program under Olje for utvikling. Det blir foreslått ein tilsvarande inntektsreduksjon under kap. 4810, post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter.
Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat
Post 22 Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 45, 60 og 72
Posten omfattar utgifter til tiltak for førebygging av flaum- og skredskadar som blir gjennomførte i regi av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Løyvinga under posten er bunden opp i planlagde og igangsette prosjekt og inngåtte kontraktar, men store delar av utbetalingane vil forfalle i seinare budsjettår. Dette har i hovudsak samanheng med at det er igangsett fleire store sikringstiltak og kartleggingar som går over fleire år, omfattande planleggings- og prosjekteringsprosessar i enkelte prosjekt i tettbygde område og utfordringar i marknaden innan planlegging og prosjektering av sikringstiltak.
Basert på forventa utbetalingsbehov i 2022 blir det foreslått å redusere løyvinga med 100 mill. kroner, til 155,3 mill. kroner. Vidare blir det foreslått å auke bestillingsfullmakta frå 150 mill. kroner til 250 mill. kroner, som følge av forpliktingar som ikkje blir utbetalte i 2022.
Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast
Posten dekker mellom anna utgifter til NVEs samarbeidsavtale med Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad) og andre internasjonale rådgivingsoppdrag innanfor vass- og energisektoren for utviklingsland.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 15,8 mill. kroner, til 60,5 mill. kroner. Reduksjonen har samanheng med mindre aktivitet og forseinkingar i ulike internasjonale program. Det blir foreslått ein tilsvarande inntektsreduksjon under kap. 4820, post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter.
Post 25 Krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar
Posten dekker utgifter til krisetiltak som er nødvendige for å hindre overhengande fare rett før, under og rett etter flaum- eller skredhendingar. Vidare dekker posten utgifter til hastetiltak, som er tiltak som må gjennomførast raskt for å hindre eller redusere ytterlegare skadeutvikling, men der det er tid til forenkla planlegging og saksbehandling.
Av løyvinga på 150 mill. kroner er det budsjettert med om lag 100 mill. kroner til gjennomføring av dei omfattande tiltaka etter kvikkleireskredet i Gjerdrum kommune for å sikre busetnaden i Ask sentrum.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 25 mill. kroner, til 125 mill. kroner. Reduksjonen har samanheng med at det har vist seg mogleg å gjennomføre grunnstabilisering ved Ask i Gjerdrum kommune med ein rimelegare metode enn det som var føresett i tidlegare kostnadsanslag.
Post 26 Reguleringsmyndigheita for energi
Posten dekker administrasjonsutgifter for Reguleringsmyndigheita for energi (RME). Av løyvinga for 2022 er det budsjettert med 7 mill. kroner til administrasjon av straumstønadsordninga for hushald og burettslag, jf. Prop. 45 S (2022–2023) og Prop. 77 S (2022–2023). Det er venta ei mindreutgift til administrasjon av straumstønadsordninga i 2022.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 2 mill. kroner, til 68,8 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 22
Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,1 mill. kroner, til 25,6 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande forslag under kap. 4820, post 03 Sal av utstyr mv.
Post 60 Tilskot til flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 22 og 72
Kommunar søker NVE om tilskot til å utføre sikringstiltak i eigenregi. Tilskotet blir gitt som tilsegn, og prosjektet må normalt vere gjennomført innan to år frå utgangen av det året tilsegna er gitt. Utbetaling av tilskot skjer i hovudsak når tiltaket er sluttført og dokumentasjon er send til NVE. Kommunar kan søke om lengre frist om det skjer uventa hendingar som endrar framdrifta i prosjektet. Løyvinga under posten er bunden opp i tilsegner som er gitt, men utbetalingane er hovudsak venta i seinare budsjettår.
Basert på forventa utbetalingar av tilskot i 2022 blir det foreslått å redusere løyvinga med 100 mill. kroner, til 10 mill. kroner. Vidare blir det foreslått å auke tilsegnsfullmakta frå 130 mill. kroner til 230 mill. kroner, som følge av tilsegner som ikkje blir utbetalte i 2022.
Post 75 Stønad til hushald for ekstraordinære straumutgifter, overslagsløyving
Det er løyvd 34,8 mrd. kroner til straumstønadsordninga for hushald og burettslag i 2022. Løyvinga i 2022 skal dekke straumforbruk frå desember 2021 til og med november 2022. Gjeldande løyving er basert på berekningar med prisar per primo august 2022.
Med utgangspunkt i gjennomførte utbetalingar så langt i 2022 og prisar per medio oktober 2022 er løyvingsbehovet for ordninga anslått til 33,2 mrd. kroner i 2022. Anslaget er usikkert. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 1,6 mrd. kroner, til 33,2 mrd. kroner.
Kap. 1840 CO2-handtering
Post 72 Langskip – fangst og lagring av CO2, kan overførast
Posten omfattar utgifter til delprosjekta i Langskip som består av CO2-fangstprosjekt på sementfabrikken til Norcem i Brevik og på avfallshandteringsanlegget til Hafslund Oslo Celsio på Klemetsrud i Oslo og transport og lagring av CO2 på kontinentalsokkelen ved Northern Lights.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 440 mill. kroner, til 3 400 mill. kroner. Reduksjonen har samanheng med forskyving av kostnader hos Norcem som inneber redusert utbetalingsbehov i 2022 og ein tilsvarande auke i anslaga for 2023 og 2024. Auken i kostnader i 2023 er innarbeidd i forslaget til løyving i Prop. 1 S (2022–2023).
Kap. 4800 Olje- og energidepartementet
Post 10 Refusjonar
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 500 000 kroner, til 162 000 kroner. Reduksjonen har samanheng med mindre aktivitet under bistandsprogrammet Olje for utvikling.
Post 70 Garantiprovisjon, Gassco
Olje- og energidepartementet har stilt garanti innanfor ei samla ramme på inntil 1 mrd. kroner for skadar og tap på mottaksterminalane på kontinentet som kan oppstå som følge av forsettlege handlingar hos leiande personell i Gassco AS. Garantiprovisjonen er sett til 70 prosent av forsikringspremien på Gasscos ordinære ansvarsforsikring.
Med dagens premie svarer dette til om lag 2 mill. kroner i garantiprovisjon for 2022. Det blir på denne bakgrunnen foreslått å auke løyvinga med 0,5 mill. kroner, til 2 mill. kroner.
Kap. 4810 Oljedirektoratet
Post 01 Gebyrinntekter
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 2,7 mill. kroner, til 25,8 mill. kroner. Reduksjonen kjem i hovudsak av lågare inntekter som følge av færre søknader i samband med tildelingar i førehandsdefinerte område på norsk sokkel (TFO).
Post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 12,4 mill. kroner, til 73,5 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1810, post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.
Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energidirektorat
Post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 15,8 mill. kroner, til 60,5 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1820, post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.
(Ny) Post 03 Sal av utstyr mv.
Det blir foreslått å løyve 1,1 mill. kroner under posten. Ein viser til tilsvarande utgiftsauke under kap. 1820, post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald.
Kap. 5582 Sektoravgifter under Olje- og energidepartementet
Post 70 Bidrag til kulturminnevern i regulerte vassdrag
Sektoravgifta for kulturminnevern i regulerte vassdrag dekker kostnader til arkeologiske undersøkingar i vassdrag. Det er konsesjonar gitt før 1960 der det ikkje blei gjort arkeologiske undersøkingar ved utbygginga, som er omfatta av ordninga når konsesjonen skal fornyast eller vilkåra reviderast. Konsesjonæren betaler eit beløp basert på omfanget av produksjonen i reguleringsmagasinet.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 48 mill. kroner, til 78 mill. kroner. Auken er knytt til at sektoravgifter frå revidert konsesjon for regulering av vassdraga Røssåga og Tokke-Vinje blir innbetalte i 2022 i staden for 2023 som føresett tidlegare.