3 Programområde 03 Internasjonal utviklingshjelp
Kap. 161 Næringsutvikling
Post 70 Næringsutvikling, kan overførast
I 2017 underteikna Noreg eit opprop mot «moderne slaveri» organisert av Storbritannia i samband med FNs høgnivåveke. Oppfølginga av oppropet vil bli konkretisert gjennom ei tildeling til Global Fund to End Modern Slavery. Fondet blir alt støtta av Storbritannia og USA. Fondet støttar prosjekt som styrkjer sårbare grupper og betrar arbeidstakarane sine rettar, i tett samarbeid med næringslivet. Rundt 50 pst. av fondet er også støtte frå privat næringsliv.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 100 mill. kroner.
Kap. 162, post 70 Overgangshjelp/sårbare statar og regionar
Post 70 Overgangshjelp/sårbare statar og regionar, kan overførast
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 25 mill. kroner, fordelt som følgjer:
Sahel-regionen gjennom FNs fredsbyggingsfond – 20 mill. kroner
I tråd med gjeldande Sahel-strategi blir det foreslått 20 mill. kroner i auka støtte til regionen gjennom FNs fredsbyggingsfond. Regionen er prega av store, grenseoverskridande utfordringar når det gjeld tryggleik, svake institusjonar, fattigdom og migrasjon. FNs fredsbyggingsfond støttar programma i Sahel som tar sikte på å løyse strukturelle årsaker til krisene, m.a. gjennom innsats i dei ustabile grenseområda mellom Mali, Niger og Burkina Faso. Fondet har vist seg å vere eit effektivt instrument, som samarbeider godt med andre multilaterale aktørar som Verdsbanken, og har god evne til å handtere risiko.
International Organization for Migration (IOM) – 5 mill. kroner
IOM er den einaste internasjonale organisasjonen som arbeider med migrasjonsspørsmål globalt. Organisasjonen har fått ei styrka rolle som følgje av FN-forhandlingane om ei global plattform for migrasjon som blei sluttført i juli i år. Det er store behov for å styrkje hovudkvarteret sin kapasitet innafor strategi- og politikkutvikling, og forvaltning.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 5 mill. kroner slik at kjernebidraget til IOM i 2018 blir totalt 15 mill. kroner.
Kap. 163 Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar
Post 70 Naudhjelp og humanitær hjelp, kan overførast
Dei humanitære behova er aukande og finansieringsgapet er fortsatt stort. Auka løyvingar vil særleg gå til kriser som har stor grad av underfinansiering i Afrika. Ein FN-rapport om støtte til humanitære appellar syner (per 1. november 2018) at appellane for afrikanske land er lågare finansiert enn gjennomsnittet for alle appellar. I tillegg vil noko av tilleggsløyvinga gå til Venezuela, der den stadige forverra humanitære situasjonen har ført til at om lag 1,5 millionar menneske har flykta til nabolanda.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 34,1 mill. kroner.
Kap 164 Fred, forsoning og demokrati
Post 73 Andre ODA-godkjende OSSE-land, kan overførast
Post 74 Sikkerheitssektorreform (SSR) og fredsoperasjonar, kan overførast
Det er eit mindrebehov knytt til politioperasjonar og tiltak innan sikkerheitssektorreform på post 74. Udisponerte løyvingar blir foreslått omdisponerte til tiltak i Armenia (5 mill. kroner) og i Moldova (7 mill. kroner) på post 73.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på post 73 Andre ODA-godkjende OSSE-land med 12 mill. kroner og redusere løyvinga på 74 Sikkerheitssektorreform (SSR) og fredsoperasjonar med 12 mill. kroner.
Kap. 166 Klima, miljø og fornybar energi
Post 72 Klima og miljø, kan overførast
Rapporten frå FNs klimapanel som blei lagt fram 8. oktober i år, viser at global oppvarming gir monaleg auka risiko for alvorlege konsekvensar for økosystem, menneske og samfunn over heile verda. Små øystatar og dei fattigaste landa er særs utsette. Førebygging av klimarelaterte katastrofar er sentralt for å møte denne utfordringa.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 20 mill. kroner, fordelt som følgjer:
FNs organ for katastrofeførebygging (UNISDR) – 10 mill. kroner
UNISDR er sentral i arbeidet med å førebygge klima-relaterte katastrofar. Noreg støttar organisasjonen, gjennom ein treårig avtale, men på grunn av stramt budsjett er bidraget i år berre på 4 mill. kroner. Det blir foreslått å auke bidraget med 10 mill. kroner som eit addendum til den eksisterande avtalen.
Verdsbankens globale fasilitet for katastrofeførebygging og gjenreising (GFDRR) - 10 mill.
GFDRR støttar utviklingsland og -regionar for å integrere førebygging av katastrofar og klimarelatert risiko inn i nasjonale og lokale utviklings- og investeringsplanar. Løyvinga for 2018 er på 13 mill. kroner. Det blir foreslått å auke bidraget med 10 mill. kroner som vil inngå i årets addendum til den eksisterande avtalen.
Kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjende som utviklingshjelp (ODA)
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Flyktningtiltak i Noreg som etter OECD sine retningslinjer kan klassifiserast som utviklingshjelp (ODA) blir dekka over budsjettet for utviklingshjelp på denne posten. Dette er ordningar som administrativt ligg under Justis- og beredskapsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Barne- og likestillingsdepartementet, og vi viser til nærmare omtale i respektive proposisjonar.
Nye overslag viser at dei ODA-godkjende flyktningutgiftene i Noreg går ned med 200,2 mill. kroner til 827,4 mill. kroner i 2018. Mindreutgiftene blir i denne proposisjonen foreslått omdisponert til tiltak på andre postar.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga på posten med 200,2 mill. kroner.
Kap. 169 Global helse og utdanning
Post 70 Global helse, kan overførast
Regjeringa foreslår å styrke innsatsen for global helse. Noreg er med i dei offentleg-private helsepartnarskapa, m.a. Vaksinealliansen Gavi, og dei siste åra har det også vore fokusert på å fremje innovative tilnærmingar og løysingar innan teknologi, medisinar og medisinsk utstyr. Mekanismen Coalition for Epidemic Perparedness Innovations (CEPI) blei lansert i januar 2017. Noreg har støtta arbeidet med 1 mrd. kroner i første fase, og ei tilleggsløyving på 600 mill. kroner i 2017. Det blir no foreslått ein ytterlegare auke på 14 mill. kroner til CEPI og Gavi.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 14 mill. kroner.
Kap. 170 FN-organisasjonar m.m.
Post 76 FN og globale utfordringar, kan overførast
FNs fredsbyggingsfond er eit effektivt og godt verktøy for rask støtte til sårbare statar på veg ut av konflikt og for førebygging av konfliktar, men er kraftig underfinansiert. Fondet er sentralt i FNs generalsekretær sin reformagenda.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 25 mill. kroner.
Post 78 Pliktige bidrag til FN-organisasjonar m.m., kan overførast
Løyvinga på posten dekkjer kontingentar i internasjonale organisasjonar Noreg er medlem i, jf. omtale under kap. 116, post 70 ovanfor. Pga. valutakursutviklinga er det eit mindrebehov på posten i år.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga på posten med 20 mill. kroner.
Kap. 171 Multilaterale finansinstitusjonar
Post 71 Regionale bankar og fond, kan overførast
Natural Capital Lab, huset i Den inter-amerikanske utviklingsbanken (IDB) i Washington DC, skal vere ein inkubator for prosjekt som kan bidra til å verne om og ta vare på naturkapital, biologisk mangfald og marine økosystem i regionen. Lab-en vil søkje prosjekt med høg risiko og høg avkasting der vellukka initiativ kan skalerast opp og replikerast ved hjelp av ressursar frå Global Environmental Facility, offentlege gjevarmidlar, private investorar eller IDBs utlånsportefølje. Dette kan ta form av garantiar, lån, aksjeinvesteringar, resultatbaserte innbetalingar og teknisk assistanse for å fjerne hindringar som avgrensar privat investering i prosjekt. IDB tek mål av seg til å ha minst løypande fem prosjekt innan 2020.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 2,2 mill. kroner.
Andre saker
Afrikabanken – reallokering av aksjar og forslag om norsk deltaking
Som følgje av at enkelte ikkje-regionale medlemsland ikkje har oppretthalde krava til betaling av årlege kapitalinnskot, gjer Afrikabanken (AfDB) ei reallokering av tildelte aksjar.
Basert på pro-rata fordeling er Noreg tilbode eit avgrensa tal nye aksjar (149) til ein verdi av til saman 1 490 000 Units of Account (UA), tilsvarande 17,4 mill. kroner. 1 UA er lik kursen for SDR (Special Drawing Rights), 1 SDR = 11,70 kroner.
94 pst. av verdien blir stilt som garanti, 6 pst. blir utbetalt som kapitalinnskott. Noreg har dei siste åra delteke i denne type mindre reallokeringar. For Noregs del inneber dette ein auke i den norske statsgarantien i AfDB på 1 400 000 UA, tilsvarande 16,4 mill. kroner, og auka norsk kapitalinnskot på til saman 90 000 UA, tilsvarande 1 mill. kroner. Kapitalinnskotet på 1 mill. kroner blir utbetalt i 2019 i to like innskot og utgiftsført på kap. 172, post 71, gitt ny budsjettstruktur for 2019.
Forslag til romartalsvedtak:
Stortinget samtykkjer i at Noreg deltek i ei reallokering av aksjar i Den afrikanske utviklingsbanken mellom ikkje-regionale medlemer, basert på ein pro-rata fordeling. Det inneber forplikting til å innbetale UA 90 000 i 2019 og ein auke i den norske garantiramma til AfDB med UA 1 400 000. UA tilsvarer kursen for SDR (Special Drawing Rights). 1 SDR = 11,71 kronar per 20. november 2018.