2 Framlegg til endringar
2.1 Forprosjekt for rehabilitering av Nationaltheatret
Stortinget vedtok i samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2018 løyving til oppstart av forprosjektering av Nationaltheatret over kapittel 530 Byggjeprosjekt utanfor husleigeordninga, post 30 Prosjektering av bygg, jf. Prop. 1 S (2017–2018) frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Innst. 16 S (2017–2018).
Kulturdepartementet har gjeve Statsbygg i oppdrag å føra prosjektet fram til ferdig forprosjekt. Det er sett av 6 mill. kroner over kap. 530 Byggjeprosjekt utanfor husleigeordninga, post 30 Prosjektering av bygg til å ferdigstilla forprosjektet i 2021, og i tillegg er det gjort framlegg om å sette av ytterlegare 7 mill. kroner til føremålet på posten i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2021, jf. Prop. 195 S (2020–2021).
Rehabilitering av Nationaltheatret er meir omfattande og krevjande enn tidlegare lagt til grunn. Regjeringa meiner at prosjektet må forenklast og omprosjekterast, før framlegg om gjennomføring kan leggjast fram for Stortinget. Føremålet med forenklinga er å redusera kostnadene i gjennomføringa av prosjektet.
2.2 Endringsforslag
Kap. 530 Byggjeprosjekt utanfor husleigeordninga
Post 30 Prosjektering av bygg
Løyvinga på posten vert nytta til prosjektering av bygg utanfor husleigeordninga.
For å kunna gjera naudsynte forenklingar og omprosjektering i forprosjektet om rehabilitering av Nationaltheatret, gjer Kommunal- og moderniseringsdepartementet framlegg om å auka løyvinga på posten med 30 mill. kroner.
Kap. 2445 Statsbygg
Post 24 Driftsresultat
Driftsbudsjettet til Statsbygg skal dekkja alle utgifter til forvaltning, drift og vedlikehald av eigedomane, og dessutan avskriving og renter.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjer framlegg om å redusera reguleringsfondet til Statsbygg med 30 mill. kroner ved å auka driftsresultatet til Statsbygg tilsvarande.