4 Høyringsforslaget
I høyringsutkastet blei det føreslått å utvide tilgangen til å gje bustøtte til enkeltpersonar i bukollektiv ved å erstatte kravet om kommunal tildelingsrett i bustøttelova § 5 andre ledd med eit meir lempeleg krav om kommunal godkjenningsrett. Samtidig blei det føreslått enkelte språklege forenklingar av lovteksten i bustøttelova § 5.