Prop. 115 L (2023–2024)
Endringar i våpenlova (heilautomatiserte avgjerder og endra gebyrheimel)
Tilråding frå Justis- og beredskapsdepartementet 21. juni 2024, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Justis- og beredskapsdepartementet legg med denne proposisjonen fram forslag til endringar i våpenlova som eit ledd i arbeidet med ei ny digital våpenforvalting.