Prop. 1 S Tillegg 1 (2024–2025)

FOR BUDSJETTÅRET 2025 Endring av Prop. 1 S (2024–2025) Statsbudsjettet 2025 under Kommunal- og distriktsdepartementet og Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (auka løyvingar til kommunar, fylkeskommunar og statsforvaltarar)

Til innhaldsliste

2 Situasjonen i kommuneøkonomien

Kommunane og fylkeskommunane har ansvar for mange store og viktige oppgåver. Kommunane har mellom anna ansvar for barnehage, skule, barnevern, helse- og omsorgstenester og sosiale tenester. Fylkeskommunane har tunge oppgåver som mellom anna vidaregåande opplæring, kollektivtransport inklusive ferjer og fylkesvegar. Kommuneøkonomien er derfor svært viktig for tenestetilbodet til innbyggarane.

I perioden 2015–2022 har netto driftsresultat for kommunesektoren stort sett vore godt over tilrådinga frå Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) om at driftsresultata bør ligge på 2 prosent av inntektene over tid. Dei gode resultata kom for ein stor del av at skatteinntektene vart betydeleg høgare enn lagt til grunn i dei årlege budsjetta, og har gjort at sektoren har bygd opp store disposisjonsfond.

I 2023 vart resultatet for kommunesektoren samla 1,3 prosent. Dette var svakare enn åra før, og under tilrådinga frå TBU.

Den økonomiske situasjonen i 2024 ser ut til å bli meir krevjande for kommunesektoren enn opphaveleg lagt til grunn. Anslaga for kostnadsvekst og meirkostnader til demografi og pensjon har vorte oppjustert gjennom året, og vart i nasjonalbudsjettet for 2025 anslått til 3,5 mrd. kroner høgare enn i nasjonalbudsjettet for 2024. Samstundes var det i nasjonalbudsjettet for 2025 anslått at skatteinntektene ville bli 2,5 mrd. kroner lågare enn tidlegare lagt til grunn. Regjeringa omtalte i Prop. 1 S (2024–2025) at driftsresultata for kommunane kunne bli svake i 2024. I arbeidet med 2025-budsjettet var det derfor viktig for regjeringa å gi sektoren eit større handlingsrom enn det som vart signalisert i kommuneproposisjonen, og det vart derfor foreslått ein høgare vekst i kommunesektoren sine frie inntekter.

Utover hausten har regjeringa fått informasjon som tilseier at situasjonen i 2024 er meir alvorleg enn det som var kjent då talgrunnlaget for statsbudsjettet for 2025 vart utarbeidd. Oppdaterte berekningar tilseier no ein skattesvikt på 5–7 mrd. kroner i 2024. I starten av oktober fekk departementet KS si undersøking av rapportar for 2. tertial som indikerer utgifter på tenesteområda som er betydeleg høgare enn det kommunane og fylkeskommunane har budsjettert med, særleg innan pleie og omsorg, helse og sosiale tenester. Utgiftsveksten er også vesentleg høgare enn det anslaga for deflator og meirkostnader til demografi og pensjon tilseier, og kan indikere at aktivitetsveksten har vore høgare enn det kommunane og fylkeskommunane budsjetterte med.

Lågare skatteinntekter i 2024 etter revidert nasjonalbudsjett påverkar ikkje inntektene til sektoren i 2025, sidan inntektsveksten i 2025 er rekna frå inntektsnivået i 2024 slik det var anslått i revidert nasjonalbudsjett. Høgare driftsutgifter kan derimot ha meir varig karakter.

Basert på mellom anna undersøkinga av rapportar for 2. tertial og anslag for lågare skatteinntekter, anslår KS at driftsresultatet for kommunesektoren samla kan bli negativt i 2024. KS har estimert eit mogleg negativt driftsresultat på om lag 15 mrd. kroner, noko som vil svare til om lag 2 prosent for sektoren samla. Utfordringane ser ut til å vere noko større i kommunane enn i fylkeskommunane.