Del 3
Omtale av særskilde tema
6 Prosjekt under utbygging
Alle prosjekt på norsk sokkel må levere ein plan for utbygging og drift (PUD) eller plan for anlegg og drift (PAD) til godkjenning hos styresmaktene før høvesvis utbygging av ein petroleumsførekomst eller bygging av eit anlegg for transport og utnytting av petroleum finn stad.
I dette kapitlet er det gitt ein samla omtale av kostnads- og lønnsemdsutviklinga for dei prosjekta der PUD/PAD er godkjent av styresmaktene, men der prosjekta framleis er under utbygging eller har komme i produksjon etter 1. august 2016. Som bakgrunn for omtala henta departementet i juni inn opplysningar frå operatørselskapa for dei ulike prosjekta. For prosjekt framleis under utbygging kan investeringsoverslaga følgjeleg endre seg etter dette.
Kostnadsoverslaga i PUD/PAD har eit usikkerheitsspenn på +/- 20 prosent. Det betyr at til trass for at operatørane rapporterer inn avvik, så er det ikkje nødvendigvis avvik frå det estimerte kostnadsintervallet for prosjektet. Auka investeringsnivå sidan framlegging av PUD treng heller ikkje å vere negativt for lønnsemda i eit prosjekt. I den grad det høgare investeringsnivået resulterer i auka inntekter, kan det medverke til høgare verdiskaping frå prosjekta.
Dei fleste prosjekta på norsk sokkel endar opp med utbyggingskostnader innanfor usikkerheitsspennet som er oppgitt i PUD. Det gjeld også for dei som no er under utbygging. 14 av 17 prosjekt har kostnadsanslag innanfor usikkerheitsspennet, to overstig det, mens eitt prosjekt har kostnadsanslag som ligg under usikkerheitsspennet. Sett under eitt for alle prosjekt er dei totale investeringane 14,6 mrd. kroner lågare enn det som vart skissert ved innlevering av PUD/PAD. Dette gir investeringsanslag som er 4 prosent lågare enn ved dei ulike PUD/PAD-tidspunkta.
Fem prosjekt har starta produksjon etter 1. august 2016. For desse er samla investeringar 69 mrd. kroner. Investeringsanslaga er reduserte med 613 mill. kroner samanlikna med det som vart skissert ved dei ulike PUD/PAD-tidspunkta. Dette utgjer ein reduksjon på 1 prosent frå det som var skissert ved PUD/PAD-tidspunktet.
Varer og tenester knytte til utbyggingar på norsk sokkel blir kjøpte inn i internasjonal konkurranse. Utviklinga i prisane på varer og tenester ved utbyggingar på norsk sokkel er derfor i stor grad påverka av internasjonale forhold. Etter oljeprisnedgangen såg ein eit fall i investerings- og aktivitetsnivå. Det er gjennomført naudsynte tiltak for å effektivisere og redusere kostnadar som sikrar lønnsemd i prosjekta. Svekkinga av krona i dei sista åra påverkar kostnadene på norsk sokkel i motsett retning. Målt i norske kroner har dei delane av prosjektet der kostnadene har vore i utanlandsk valuta auka. For fleire prosjekt utgjer dette ein betydeleg del. Samla sett dreier det seg likevel om store, netto kostnadsreduksjonar for prosjekta sett under eitt.
Talet på innleverte utbyggingsplanar er venta å auke merkbart i 2017 frå føregående år. Det er venta om lag ti utbyggingsplanar totalt i 2017.
Det er samla sett god lønnsemd i prosjekta som er omtalte i dette kapitlet. Summert noverdi for prosjektporteføljen frå investeringsstart er berekna til om lag 429 mrd. kroner før skatt. Noverdi for infrastrukturprosjektet Polarled er ikkje berekna då dette prosjektet har regulert avkastning.
Tabell 6.1 og 6.2 viser ei oversikt over skilnaden mellom operatørane sine investeringsoverslag på PUD/PAD-tidspunktet og overslaga deira per juni 2017, og endringa i investeringsoverslaget sidan fjorårets rapportering i Prop. 1 S (2016–2017) for Olje- og energidepartementet. Når det gjeld Martin Linge vart investeringsanslaget oppdatert i Prop. 32 S (2016–2017), og endringa frå i fjor er samanlikna med dette talet.
Tabell 6.1 Investeringsanslag, prosjekt under utbygging
(i mill. 2017-kroner) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
PUD/PAD- godkjent | PUD/PAD-estimat | Nye anslag | Endring frå i fjor | Totalendring | Totalendring i prosent | |
Njord future | 2017 | 15 082 | 15 082 | – | – | 0 |
Bauge | 2017 | 3 952 | 3 836 | – | -116 | -3 |
Oda | 2017 | 5 542 | 5 542 | – | – | 0 |
Trestakk | 2017 | 5 591 | 5 323 | – | -268 | -5 |
Dvalin | 2017 | 10 517 | 10 517 | – | – | 0 |
Utgard | 2017 | 3 260 | 3 130 | – | -130 | -4 |
Oseberg Vestflanken 2 | 2016 | 8 252 | 7 139 | -953 | -1 113 | -13 |
Sverdrup byggetrinn 1 | 2015 | 124 633 | 102 576 | -6 888 | -22 057 | -18 |
Maria | 2015 | 16 248 | 13 107 | -2 913 | -3 141 | -19 |
Aasta Hansteen | 2013 | 33 986 | 38 030 | -1 019 | 4 044 | 12 |
Polarled | 2013 | 27 211 | 23 838 | -115 | -3 373 | -12 |
Martin Linge | 2012 | 29 184 | 41 331 | 1 359 | 12 147 | 42 |
Sum | 283 458 | 269 451 | -10 528 | -14 007 | -5 |
Tabell 6.2 Investeringsanslag, prosjekt som har starta produksjon etter 1. august 2016
(i mill. 2017-kroner) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
PUD/PAD- godkjent | PUD/PAD-estimat | Nye anslag | Endring frå i fjor | Totalendring | Totalendring i prosent | |
Byrding | 2017 | 1 001 | 1 083 | – | 82 | 8 |
Rutil i Gullfaks Rimfaksdalen | 2015 | 5 033 | 3 822 | -180 | -1 210 | -24 |
Flyndre | 2014 | 3 733 | 4 510 | 5 | 777 | 21 |
Gina Krog | 2013 | 32 186 | 32 343 | -572 | 157 | 0 |
Ivar Aasen | 2013 | 27 889 | 27 469 | -366 | -420 | -2 |
Sum | 69 842 | 69 227 | -1 113 | -614 | -1 |
Kostnadsendringar på enkeltprosjekt
Prosjekt under utbygging
For dei nyleg innleverte utbyggingsplanane Njord Future, Oda og Dvalin er det ikkje rapportert inn endringar i investeringsanslaget samanlikna med overslaga i PUD. For Trestakk, Utgard og Bauge er det kun marginale endringar i investeringsanslaget samanlikna med overslaga i PUD.
Sverdrup byggetrinn 1
I Sverdrup-utbygginga er det rapportert om ein reduksjon i investeringsanslaget på 22 057 mill. kroner sidan PUD. Mesteparten av reduksjonane kjem som følgje av at alle dei store prosjekterings-, fabrikasjons- og installasjonskontraktane vart tildelte til gunstige marknadsvilkår i 2015 og 2016, og reduksjonar som følgje av effektiv prosjektgjennomføring. Reduksjonen kjem òg som resultat av meir effektive boreoperasjonar og god kontroll på arbeidsomfanget.
Reduksjonen i investeringsanslag sidan PUD er delvis motverka av svekka kronekurs i forhold til vekslingskursar ein gjekk ut frå ved PUD. Sidan same rapportering i fjor er investeringsanslaget redusert med 6 888 mill. kroner, som hovudsakleg skuldast god framdrift og minimalt med endringar i arbeidsomfang. Dette har medført betydelege kostnadsreduksjonar på alle dei store elementa av feltinstallasjonane. I tillegg har effektiv boring av brønnar gitt betydelege innsparingar.
Martin Linge
Investeringsanslaget for Martin Linge-prosjektet har auka med 12 147 mill. kroner sidan PUD. Auken sidan PUD skuldast hovudsakleg auka kostnader og forseinkingar relatert til plattformdekket. Prosjektkostnaden sidan PUD aukar òg som følgje av svekka kronekurs i forhold til annan valuta, hovudsakleg mot amerikanske dollar og euro. Ei dødsulykke inntrefte på verftet i Sør-Korea i mai 2017. Ulykka medførte konsekvensar for framdrifta i byggjearbeidet ved verftet. Operatøren for Martin Linge, Total, har informert departementet om at produksjonsoppstart er ytterlegare forseinka til første halvdel av 2019. Sidan førre rapportering har investeringsanslaget auka med 1 359 mill. kroner. Lengre tid for ferdigstilling av modulane i Korea og reforhandling av kontraktar har medverka til høgare kostnader. Vidare er det høgare kostnader knytte til auka tal prosjektpersonell involvert i ferdigstilling og oppstart.
Aasta Hansteen
I Hansteen-prosjektet er det rapportert om ein auke i investeringsanslaget på 4 044 mill. kroner sidan PUD. Sidan same rapportering i fjor er investeringsanslaget redusert med 1 019 mill. kroner. Mesteparten av auken sidan PUD skuldast svekka kronekurs i forhold til vekslingskursar ein gjekk ut frå ved PUD. Investeringane aukar òg på grunn av fleire prosjekteringstimar og auke i kostnader på utstyrspakkar og råvare. Sidan desember 2015 har operatøren sett ei tydeleg betring i framdrifta ved verftet, og framdrifta i prosjektet er no god. Reduksjonar sidan rapporteringa i fjor skuldast i hovudsak betre prosjektgjennomføring gjennom reduserte kostnadar til boring og bygging av plattforma.
Polarled
For Polarled er det ein reduksjon i investeringsanslaget på 3 373 mill. kroner sidan PAD. Det er ingen store endringar i investeringsanslaget sidan same rapportering i fjor. Noko av reduksjonen i anslaget sidan PAD skuldast at ein del av prosjektet (Kristin gasseksportprosjekt) har blitt terminert. Vidare er det betydeleg skilnad i kostnadsutvikling mellom modifikasjonane på Nyhamna og sjølve Polarled-røyrleidningen i prosjektet. Kostnadsanslaget for modifikasjonane på Nyhamna har auka fordi arbeidet har fått større omfang og vekt. Dette skuldast i hovudsak manglande modning av teknisk underlag ved investeringsavgjerd, som igjen har fått følgjer for prosjektanskaffingar og konstruksjonsarbeid. Kostnadsanslaget for røyrleidningen har likevel falle meir, slik at prosjektet totalt sett har hatt ei betydeleg innsparing. Dette skuldast at prosjektet har oppnådd lågare leverandørprisar og positive synergiar med andre røyrprosjekt. Operatøransvaret for Polarled vart overført til Gassco 1. mai 2017.
Maria
Maria har ein reduksjon i investeringsanslaget på 3 141 mill. kroner sidan PUD, der brorparten representerer endringar frå rapportering i fjor. Reduksjonen skuldast fordelaktige marknadsforhold, meir effektive boreoperasjonar, få endringar i prosjektet samanlikna med PUD, og kortare gjennomføringstid samanlikna med opphavleg prosjektplan blant anna på grunn av effektiv prosjektgjennomføring i offshore installasjonsarbeid. Reduksjonen i investeringsanslag etter PUD er delvis motverka av svekka kronekurs i forhold til vekslingskursar ein gjekk ut frå ved PUD.
Oseberg Vestflanken 2
Oseberg Vestflanken 2 har redusert investeringsanslaget med 1 113 mill. kroner sidan PUD. Om lag halvparten av reduksjonen sidan PUD skuldast meir effektiv boring enn venta. Investeringane har også blitt reduserte som følgje av meir fordelaktige marknadsforhold, blant anna relatert til undervassinstallasjonar og operasjonar til havs.
Prosjekt som har starta produksjon etter 1. august 2016
For Ivar Aasen er det ingen eller små endringar i investeringsanslaget samanlikna med overslaga i PUD, og det same gjeld samanlikna med førre rapportering frå i fjor. Tilsvarande gjeld for Byrding som nyleg er sett i produksjon.
Rutil i Gullfaks Rimfaksdalen
Rutil i Gullfaks Rimfaksdalen har redusert kostnadene i prosjektet med 1 210 mill. kroner sidan PUD. Om lag halvparten av reduksjonen sidan PUD kjem som eit resultat av meir effektiv boring enn først anteke. Anna reduksjon er knytt til betydelege reduksjonar i operasjonar til havs og optimalisert prosjektleiing. Endringar frå førre rapportering skuldast betra gjennomføring i ferdigstillingsfasen av prosjektet.
Flyndre
Dei totale investeringskostnadene for Flyndre har auka med 777 mill. kroner sidan PUD. Sidan same rapportering i fjor har det vært ein marginal auke i investeringsanslaget. Flyndre-feltet og det britiske feltet Cawdor blir utvikla saman som eit havbotnsanlegg tilknytta Clyde-plattforma på britisk sokkel. Om lag halvparten av auken sidan PUD skuldast valutaendringar på faktiske kostnader i britiske pund mot norske kroner. Auken kjem òg av auka modifikasjonskostnader på vertsplattforma Clyde, som eit resultat av at omfang og kompleksitet var underestimert. I tillegg skuldast auken ei ny fordeling av kostnader knytt til undervassinstallasjon mellom Flyndre og det britiske feltet Cawdor.
Gina Krog
Krog-prosjektet har ein auke i investeringsanslaget på 157 mill. kroner sidan PUD. Frå same rapportering i fjor er anslaget redusert med 572 mill. kroner. Reduksjon frå førre rapportering skuldast i hovudsak reduserte borekostnader. Samanlikna med PUD har kostnader relatert til ferdigstilling av plattformdekket, ingeniørtimar og utstyrspakkar auka. I tillegg har svekka kronekurs i forhold til vekslingskursar ein gjekk ut frå ved PUD, ført til auka kostnader. Auken i investeringsanslaget er delvis motverka av kostnadsreduksjonar for boring, røyrleidningar og undervassystem. I tillegg er kostnader for lagerskip bokførte som driftsutgifter, noko som medverkar til redusert investeringskostnad på om lag 2 mrd. kroner.
Andre saker
Utbygging av Johan Sverdrup-feltet og oppfølging av Prop. 114 S (2014–2015) og Innst 382 S (2014–2015)
Johan Sverdrup-utbygginga er det klart største industriprosjektet i Noreg på tiår. Utbygginga av første byggetrinn vart godkjent av departementet i 2015 og feltet vil etter planen bli sett i produksjon mot slutten av 2019. Status for utbygginga er nærmare omtalt tidlegare i dette kapittelet.
Utbygginga av Sverdrup er så omfattande at den vil bli gjennomført i fleire byggetrinn, jf. godkjent utbyggingsplan. Utbyggingsplanen i forkant av første byggetrinn beskreiv fullfeltsutviklinga, under dette andre byggetrinn. Arbeidet med andre byggjetrinn går framover som planlagt og langs dei linjene som er omtalt i utbyggingsplanen for første byggetrinn. Konseptval vart teke av selskapa våren 2017. Selskapa har òg søkt om at samtykke til oppfylt utgreiingsplikt for byggetrinn 2. Departementet har ikkje avdekt forhold som tilseier at det er behov for ei ny konsekvensutgreiing i tilknyting til byggetrinn to. Ei eventuell godkjenning av oppfylt utgreiingsplikt vil skje ved den endelege behandlinga av utbyggingsplanen for byggetrinnet. Sverdrup-selskapa arbeider vidare mot investeringsavgjerd for andre byggetrinn i tredje kvartal 2018 og oppstart for byggetrinnet i 2022.
Konseptvalet for andre byggetrinn omfattar bygging av ei ny prosessplattform på feltsenteret, i tillegg til dei fire som blir bygde i første byggetrinn, og nye havbotnrammer i tre satellittområde. Varmebehovet for andre byggetrinn vil bli dekt ved hjelp av elektriske kjelar. Konseptvalet omfattar òg etablering av ei områdeløysing for kraft frå land.
Områdeløysinga bygger på dei sentrale premissa for etableringa av denne som departementet fastla knytt til godkjenninga av byggetrinn eitt. På Haugsneset i Rogaland vil det bli bygt ein omformarstasjon og ein ny kabel skal leggjast derfrå til den nye prosessplattforma på Sverdrup-feltet. Områdeløysinga for kraft frå land skal omfatte felta Sverdrup, Edvard Grieg/Ivar Aasen og Gina Krog. Byggetrinn to-plattforma på Sverdrup-feltet vil innehalde omformarmodulen for mottak av kraft frå land til områdeløysinga, og tilkoplinga for kablane til Grieg og Krog. Dimensjoneringa av områdeløysinga er viktig for å sikre at tilgangen på kraft i området ikkje blir eit hinder for god ressursforvaltning og dermed høg verdiskaping. Samtidig er det høge kostnader, no anslått til vel 7,5 mrd. kroner, knytte til å etablere områdeløysinga. Kostnadene aukar òg sprangvis, noko som gjer det særleg viktig å finne ei optimal dimensjonering på anlegget. Den kapasiteten i områdeløysinga som selskapa har valt (om lag 190 MW) inkluderer fleksibilitet som tek vare på omsynet til mogleg auka behov for dei fire felta og til eventuelle framtidige tredjepartstilknytingar samtidig som den ikkje medfører unødvendig høge kostnader. Endeleg dimensjonering vil bli klargjort i det vidare arbeidet fram mot investeringsavgjerd og innlevering av utbyggingsplaner i 2018.
Felta Sverdrup, Grieg, Aasen og Krog har gjennomført kommersielle forhandlingar og har oppnådd semje om dei overordna kommersielle prinsippa for områdeløysinga, mellom anna fordeling av kostnadar og reservert kapasitet. Ei fullstendig kommersiell avtale er planlagt avklart innan investeringsavgjerd.
Rettshavarane i Krog-feltet har søkt departementet om oppfylt utgreiingsplikt for kraftkabelen frå Sverdrup til Krog. Departementet har ikkje avdekt forhold som tilseier at det er behov for ei ny konsekvensutgreiing. Ei eventuell godkjenning av oppfylt utgreiingsplikt vil skje ved myndigheitsbehandlinga av kraftkabelen. Rettshavarane i Grieg-feltet har starta prosjekteringa av kraftkabelen frå Sverdrup til Grieg og arbeidet med nødvendige myndighetsprosessar. Aasen er allereie knytt til Grieg med ein kraftkabel.
Kraftbehovet på Grieg-innretninga skal dekkjast med kraft frå land. Operatøren for Grieg-feltet utgreier alternative løysingar for å dekkje varmebehovet på innretninga etter at løysinga med kraft frå land er på plass. Stortinget vil bli orientert på eigna måte om departementets vidare behandling av den langsiktige løysinga for Grieg-innretningas varmebehov.
Vesentlige kontraktsbundne forpliktingar
Castberg er det største funnet på norsk sokkel som enno ikkje er vedteke utbygt. Funnet er planlagt utbygt med ei flytande produksjons- og lagerinnretning (FPSO) og departementet ventar innlevering av plan for utbygging og drift (PUD) i fjerde kvartal 2017. Regjeringa tek sikte på å leggje saka fram for Stortinget våren 2018.
Investeringane i utbygginga er per i dag estimert til i underkant av 50 mrd. kroner. Utbygginga av Castberg vil bety at det blir sett ut ein rekkje kontraktar som norske leverandørbedrifter med ledig kapasitet vil kunne konkurrere om. Igangsetjing av utbygginga vil såleis gi betydelege ringverknader også på fastlandet. Feltet vil gi store inntekter til fellesskapet i løpet av dei neste tiåra.
Ifølgje operatøren vil det vere ein fordel at kontraktar til utstyrskomponentar som skal byggast inn i produksjonsinnretninga blir inngått tidleg for å sikre at innretninga blir bygt på ein effektiv og trygg måte. Ein del komponentar og mange av utstyrsmodulane har lang leveringstid. At kontraktar blir inngått på eit tidleg tidspunkt vil medverke til at feltet kan starte produksjon i 2022 som planlagt.
Ifølgje operatøren for Snorre er tidleginvesteingar også aktuelt for det viktige prosjektet for auka utvinning på feltet, Snorre Expansion Project. Departementet ventar for dette prosjektet ein endra PUD i fjerde kvartal 2017.
Vesentlege kontraktsbundne forpliktingar som blir inngått før PUD er godkjent krev samtykke frå departementet. Departementet tek sikte på å gi samtykke til å inngå vesentlege kontraktar før PUD er godkjent dersom det er godtgjort at det er viktig for å sikre ei god prosjektgjennomføring og ein effektiv feltutbygging. Alle kontraktar som selskapa eventuelt inngår før PUD er godkjent vil på vanleg måte ha kanselleringsklausular.
7 Omtale av klima- og miljørelevante saker
Regjeringas klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla kan bli nådde. Vidare har sektorstyresmaktene ansvar for å gjennomføre tiltak innanfor eigne område som trengst for å kunne nå måla i klima- og miljøpolitikken. For ei samla omtale av regjeringas klima- og miljørelevante saker, sjå Klima- og miljødepartementets fagproposisjon.
Olje- og energidepartementet vil i 2018 følgje opp innsatsområda i klimapolitikken og halde fram arbeidet for å følgje opp og forsterke regjeringas klima- og miljøpolitikk gjennom forsking og teknologiutvikling, uttesting og energiomlegging på olje- og energiområdet.
7.1 Klima- og miljørelevante satsingar i budsjettet
Regjeringa vil at Noreg skal vere ein føregangsnasjon innan miljøvennleg energibruk og produksjon av fornybar energi. Eit hovudmål er at våre store og verdifulle fornybare energiressursar blir forvalta på ein god, langsiktig og berekraftig måte. For å styrkje utviklinga av miljøvennleg produksjon og bruk av energi er det grunnleggjande å ha langsiktige og stabile rammevilkår. Enova er, i samspel med verkemiddelapparatet elles, eit sentralt verkemiddel i utviklinga av energisystem for framtida og lågutsleppssamfunnet. Enova tilbyr mellom anna investeringsstøtte og rådgjeving og driv informasjonsverksemd for å stimulere aktørar til å investere i energi- og klimatiltak. Enovas og Klima- og energifondets formål er å medverke til reduserte klimagassutslepp og styrka forsyningstryggleik for energi, og teknologiutvikling som på lengre sikt òg medverkar til reduserte klimagassutslepp.
Regjeringas satsing på forsking og utvikling i energi- og petroleumssektoren er sentral i ambisjonen om miljøvenleg energibruk og -produksjon. Satsinga medverkar til å utvikle og ta i bruk nye teknologiar og løysingar og til effektiv og berekraftig utnytting av dei norske energi- og petroleumsressursane.
Regjeringa satsar breitt på å utvikle kostnadseffektiv teknologi for fangst og lagring av CO2, jf. regjeringas strategi for CO2-handtering som vart lagt fram i Prop. 1 S (2014–2015) for Olje- og energidepartementet.
7.2 Klima- og miljøutfordringar
Klima- og miljøutfordringar i olje- og gassutvinning er utslepp til luft og til sjø. Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar kan føre med seg inngrep i natur- og kulturmiljø. Omsynet til miljø og berekraftig utvikling er og har alltid vore ein integrert del av den norske petroleums- og energiverksemda. Ei rekkje reguleringar medverkar til at det blir teke omsyn til miljøet i alle fasar av petroleumsverksemda og ved utbygging og produksjon av fornybar energi. Det har gjennom fleire år blitt gjennomført omfattande tiltak.
7.3 Utslepp til luft
Stasjonær forbrenning, inklusive olje- og gassutvinning, står for utslepp til luft av karbondioksid (CO2), nitrogenoksid (NOx), flyktige organiske sambindingar utan metan (nmVOC), metan (CH4), svoveldioksid (SO2), partiklar (PM) og polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH)1.
Noreg skil seg frå andre land ved at ein stor del av det innanlandske stasjonære energiforbruket er dekt av elektrisitet, og heile det innanlandske elektrisitetsforbruket er basert på vasskraft. Elektrisitet frå vasskraft medverkar til låge luftutslepp frå den innanlandske stasjonære energibruken. Dette inneber òg at Noreg har eit snevrare grunnlag for å redusere utsleppa frå elektrisitetsproduksjon enn andre land. Utslepp frå innanlandsk energiforsyning og energi brukt til oppvarming av bygningar i 2016 var 2,9 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Samla utgjer utslepp frå energisektoren innanlands og energi brukt til oppvarming av bygningar 5,4 prosent av dei totale utsleppa i Noreg.
Produksjon og bruk av elektrisk kraft kan variere mykje frå år til år som følgje av variasjonar i tilsig og temperatur. I år med lågt tilsig og relativt høge prisar på elektrisk kraft vil normalt bruken av alternative energiberarar, som fyringsolje, gass og biomasse, auke. Dette er ei viktig årsak til at utsleppa frå innanlands stasjonær energibruk varierer frå år til år. I 2016 gikk utslepp frå energiforsyning ned 2,2 prosent, mens oppvarmingsutsleppa auka med 2 prosent.
På grunn av den særeigne samansetjinga av norsk økonomi og at kraftproduksjonen på fastlandet er nær berre vasskraft, står verksemda på kontinentalsokkelen for ein vesentleg del av dei norske utsleppa av klimagassar. I 2016 sleppte petroleumsverksemda ut klimagassar tilsvarande 13,8 mill. tonn CO2-ekvivalentar, inkludert utslepp frå brenning og prosessar på offshore- og landanlegg2. Utsleppa frå petroleumsvirksemda utgjer om lag ei fjerdedel av dei samla norske klimagassutsleppa.Utsleppa frå verksemda er venta å vere relativt stabile dei neste åra.
Utslepp av CO2 er den største kjelda til klimagassutslepp frå petroleumsverksemda. I 2016 var utsleppa av CO2 om lag 13,3 mill. tonn. Av andre klimagassar blei det sleppt ut om lag 19,5 tonn metan (CH4). Dette er 33 prosent lågare enn i 2015. Årsaka til endringa er at meir korrekte utsleppsfaktorar og kjelder er tekne i bruk.
Petroleumsverksemda sleppte i 2016 ut 44 700 tonn NOx (nitrogenoksid). Dette er på same nivå som i 2015. Utsleppa av NOx frå petroleumsverksemda svara til om lag 40 prosent av dei totale NOx-utsleppa i Noreg. Gassbrenning i turbinar, fakling av gass og dieselbruk på innretningane på kontinentalsokkelen er sentrale utsleppskjelder for NOx.
Olje- og gassutvinning står for om lag 27 prosent av dei samla norske nmVOC-utsleppa (flyktige organiske sambindingar utan metan), med utslepp i 2016 på 42 400 tonn. Sidan starten av 2000-talet er utsleppa av nmVOC frå petroleumsverksemda sterkt reduserte. Utsleppsreduksjonane er oppnådde som følgje av installering av anlegg for fjerning og gjenvinning av oljedamp på lagerskip og skytteltankarar.
Utslepp til sjø
Dei siste åra har petroleumsverksemda gjennomført omfattande tiltak for å redusere utsleppa til sjø. Petroleumsindustrien har investert milliardar og har gjennomført tiltak som har redusert utsleppa betydeleg. Utslepp av tilsette miljøfarlege kjemikaliar frå norsk sokkel er reduserte med over 99 prosent dei siste ti åra. Nullutsleppsmålet blir rekna som oppnådd for tilsette kjemikaliar.
Utsleppa til sjø frå petroleumsverksemda stammar i hovudsak frå den regulære drifta. Produsert vatn følgjer med oljen opp frå reservoaret og inneheld naturleg førekommande stoff frå reservoaret og restar av tilsette stoff. Det produserte vatnet blir reinsa før utslepp til sjø eller injisert igjen i undergrunnen. Det er ikkje påvist skadelege effektar på miljøet som følgje av utslepp av produsert vatn på norsk sokkel. Det er venta at voluma av produsert vatn vil halde seg på same nivå fram mot 2020.
Borekaks som inneheld olje og borevæske stod tidlegare for ein vesentleg del av oljeutsleppa frå aktiviteten. Den blir no injisert i eigna reservoar, eller teken til land for vidare behandling. Ein sideeffekt av å injisere produsert vatn og oljehaldig borekaks/-væske er auka energibruk og dermed utslepp til luft. Ilandføring av borekaks/-væske aukar transportbehovet og omfanget av avfallsbehandlinga på land.
Akutte utslepp til sjø
Petroleumsverksemda har, i dei 50 åra med verksemd på norsk sokkel, ikkje ført til store akutte utslepp av olje som har nådd land, og talet på utslepp på over 1 kubikkmeter (m3) er avgrensa.
Det er ikkje påvist skadelege effektar på miljøet som følgje av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda på norsk sokkel.
Inngrep ved utbygging av fornybar energi og nett
Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar kan føre med seg inngrep i natur- og kulturmiljø. Om lag ein tredel av vassdraga i Noreg er påverka av kraftproduksjon. Dei siste åra har ein større del av auken i produksjonen av fornybar energi kome frå små vasskraftverk (opp til 10 MW).
Ved utnytting av fornybare energikjelder, og ved bygging av kraftleidningar, står ein overfor viktige avvegingar. Vegar, kraftleidningar og andre installasjonar i tilknyting til vind- og vasskraftverk vil påverke økosystem, naturverdiar og naturopplevingar. Ved utbygging av ny produksjon og nye kraftoverføringar er det viktig å finne dei beste løysingane ut frå ei heilskapleg avveging av miljø- og samfunnsomsyn.
Klimatilpassing
Eit endra klima med meir nedbør og meir ekstremvêr krev tilpassingar. Klimatilpassing er viktig innan energi- og vassdragsforvaltninga. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) inkluderer klimatilpassing i arbeidet med flaum og skred, damsikkerheit, vassdragskonsesjonar, energikonsesjonar, miljøtilsyn, kraftforsyning og energietterspørsel. NVE skal medverke til å redusere dei negative og utnytte dei positive verknadane av klimaendringane innafor direktoratet sine ansvarsområde.
NVEs oppgåver knytte til skred- og flaumskadeførebygging kan delast inn i fem område: kartlegging, arealplanlegging, sikring, varsling og skred- og flaumfagleg bistand i beredskaps- og krisesituasjonar. For å førebyggje skade på liv, helse og verdiar vert det teke høgde for eit framtidig klima ved utarbeiding av faresonekart. Karta og fagleg rådgjeving om klimaendringar er eit viktig grunnlag for kommunane sitt arealplanarbeid, og medverkar til at ny utbygging skjer i trygge område. I arealplanarbeid etter plan- og bygningslova er NVE høyringspart og kan kome med motsegn på planar der NVE har eit forvaltningsansvar. Sikring av eksisterande busetjing og kritisk infrastruktur er òg sentralt i NVEs arbeid med klimatilpassing. NVE arrangerer fagsamlingar rundt i landet for kommunar, konsulentar og andre der kunnskap om flaum- og skredfare og klimatilpassing vert formidla. Innan arbeidet med flaum og skred er det utvikla eit godt samarbeid med andre statlege etatar som Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Statens Vegvesen, Jernbaneverket, Meteorologisk institutt og andre.
Gjennom datainnsamling og analysar av lange tidsseriar, overvakar og vurderer NVE effekten av klimaendringar på hydrologi. NVE har FoU-aktivitetar innan modellering av kva effekt klimaendringar har og vil få på hydrologien i Noreg. Dette inkluderer effekten på flaum, tørke, snømengder og utbreiing av isbrear. Dette gir grunnlaget for klimatilpassing i fleire sektorar. Det er ein del av NVE si rolle i Klimaservicesenteret.
7.4 Verkemiddel som har ein klima- og miljøeffekt
Regjeringa fører ein ambisiøs nasjonal klimapolitikk med ei langsiktig omstilling av Noreg til eit samfunn med låge utslepp innan 2050. Regjeringa sin miljøpolitikk på petroleums- og energiområdet er ambisiøs med omfattande bruk av verkemiddel. Ein ambisiøs politikk nasjonalt må medverke til å redusere utsleppa globalt. Noreg har stor vasskraftproduksjon og er blant verdas største eksportørar av olje og gass. Regjeringa vil foreine Noregs rolle som stor petroleumsprodusent med ambisjonen om å vere ein leiande miljø- og klimanasjon. Noreg skal vere ein føregangsnasjon på miljø- og klimavennleg energibruk og produksjon.
Det er mogleg å auke miljø- og klimavennleg energiproduksjon, og energien kan brukast meir effektivt. For å styrkje utviklinga av fornybar kraftproduksjon og effektiv bruk av energi er det grunnleggjande å ha langsiktige og stabile rammevilkår.
Regjeringa vil fremje effektiv, klima- og miljøvennleg og sikker energiproduksjon, og samtidig sikre ei berekraftig forvalting av kyst- og vassdragsnaturen. Det er eit viktig mål å syte for at den auka utbygginga av fornybar kraft skjer utan at store verdiar knytt til mellom anna naturmangfald eller landskap går tapt.
Forsking og utvikling knytt til fornybare energikjelder, miljø- og klimavenlege energiteknologiar og energieffektivisering er viktig for å nå måla. Forsking og teknologiutvikling medverkar òg til å gjere petroleumsverksemda meir miljøvenleg. Ny kunnskap og kompetanse i petroleums- og energisektoren vert brukt til å utvikle teknologi og løysingar som reduserer naturinngrep og utslepp av klimagassar.
Kostnadseffektiv verkemiddelbruk er eit berande prinsipp for forvaltinga av petroleumsressursane i Noreg. Derfor har petroleumssektoren i Noreg betalt CO2-avgift sidan 1991 og i tillegg vore ein del av det europeiske kvotesystemet for CO2 sidan 2008. Sidan 1996 har kraft frå land vore vurdert i samband med alle nye eller reviderte utbyggingsplanar.
CO2-handtering
Regjeringa prioriterer arbeidet med å utvikle teknologiar og løysingar som kan medverke til å redusere klimagassutsleppa. Arbeidet med å utvikle kostnadseffektive løysingar for fangst og lagring av CO2 er ein viktig del av denne satsinga.
Regjeringas tiltak omfattar eit breitt spekter av aktivitetar. Regjeringas strategi for CO2-handtering, vart presentert i statsbudsjettet for 2015. Strategien omfattar forsking, utvikling og demonstrasjon, arbeidet med å realisere fullskala demonstrasjonsanlegg, transport, lagring og alternativ bruk av CO2 og internasjonalt arbeid for å fremje CO2-handtering. Teknologisenter for CO2-fangst på Mongstad (TCM) står sentralt i denne satsinga. Målet med teknologisenteret er å skape ein arena for målretta utvikling, testing og kvalifisering av teknologi for CO2-fangst. I tillegg er det eit mål å medverke til å spreie kunnskap og erfaringar internasjonalt slik at kostnader og risiko for fullskala CO2-fangst kan reduserast, og å auke aksepten for CO2-handtering som eit viktig klimatiltak. TCM vart offisielt opna i mai 2012 og det har vorte gjennomført kontinuerlege testaktivitetar ved anlegget sidan. Staten og dei industrielle partnerane Statoil, Shell og Total, har vidareført drifta ved TCM i tre nye år.
CLIMIT-programmet for forsking, utvikling og demonstrasjon av teknologi for CO2-handtering og ordninga med forskingssenter for miljøvennleg energi speler òg viktige roller i staten sitt arbeid med CO2-handtering.
Det er tildelt kontrakt til tre industriaktørar for gjennomføring av konseptstudiar av CO2-fangst; Norcem AS, Yara Noreg AS og Klemetsrudanlegget AS. Konseptstudiane skal vere ferdige hausten 2017. Gassco har tildelt kontraktar til Larvik Shipping og Brevik Engineering for konseptstudiar av CO2-transport med skip. Gassnova har òg tildelt kontrakt til Statoil for gjennomføring av konseptstudiar av CO2-lagring. Konseptval for lagerdelen av prosjektet er planlagt sommaren 2018.
Regjeringa kjem tilbake til Stortinget med eit heilskapleg framlegg om arbeidet med fullskala CO2-handtering i Noreg etter at resultata frå konseptstudiane på fangst er gjennomgått, seinast i samband med revidert nasjonalbudsjett 2018. Regjeringa vil her gi ei vurdering av industriaktørane sine bidrag og insentiv til kostnadsreduksjonar, samla kostnader for staten, og risiko og potensialet for kostnadsreduksjonar og teknologispreiing til prosjekt internasjonalt.
Olje- og energidepartementet har sidan 2008 leia arbeidet med oppfølginga av handlingsplanen for å fremje utvikling og bruk av CO2-handtering internasjonalt. Målsetjinga for arbeidet er å få aksept for fangst og lagring av CO2 som eit viktig klimatiltak, å etablere ei brei forståing for reduksjonspotensialet som følgjer av teknologien og å medverke til at teknologien blir teken i bruk utanfor Noreg.
Det er oppretta ei rekkje regionale og internasjonale samarbeid der Noreg ved Olje- og energidepartementet deltek. Mellom anna deltek departementet i North Sea Basin Task Force og Carbon Sequestration Leadership Forum. Vidare samarbeider Noreg tett med EU og deltek i ei rekkje av EUs organ og fora, retta mot mellom anna utvikling av rammer og regelverk for sikker fangst og lagring av CO2 i tillegg til generelt å fremje CO2-handtering som eit klimatiltak.
7.5 Energi og vassressursar
Energiomlegging, energi- og klimateknologisatsing
Enova og Klima- og energifondet har sidan etableringa i 2001 vore ein viktig del av arbeidet for ei langsiktig og miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon. Enovas og Klima- og energifondets formål er å medverke til reduserte klimagassutslepp og styrkt forsyningstryggleik for energi, og teknologiutvikling som på lengre sikt òg medverkar til reduserte klimagassutslepp. I tråd med Stortingets behandling av energimeldinga inngjekk Olje- og energidepartementet og Enova ei ny fireårig avtale i desember 2016. Gjennom mellom anna eit nytt formål og tre nye delmål dreier den Enova si merksemd meir mot innovasjon og utvikling av nye energi- og klimaløysingar tilpassa lågutsleppssamfunnet. Den nye avtala inneber også ei styrkt satsing på å redusere utslepp i transportsektoren og andre ikkje-kvotepliktige næringar.
Enova tilbyr mellom anna investeringsstøtte og rådgjeving og driv informasjonsverksemd for å stimulere aktørar til å investere i energi- og klimatiltak. Etter den nye avtala skal Enova rette innsatsen mot å bygge ned barrierar for omstilling og søke å drive fram varige marknadsendringar. Dei skal prioritere innsatsen der høva til å påverke utviklinga er størst.
Det er fleire tiltak som, saman med satsinga gjennom Enova, er med på å bygge opp under ei miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon og utvikling av energi- og klimateknologi. Kvotesystemet og CO2-avgiftene er viktige. Fleire andre miljøavgifter og særavgifter knytte til energi medverkar òg til å påverke energibruken. Det er innført energistandardar og energimerkeordningar for ei rekkje produkt. Det er òg innført strenge forskrifter med krav til energibehovet i nye bygg og ved større rehabiliteringar, og det er innført krav om energimerking ved sal, utleige og nyoppføring av bygningar. Enova si verksemd grensar opp mot og kompletterer dei andre delane av verkemiddelapparatet. Enova samarbeider med blant anna NVE, Statnett SF, Miljødirektoratet, Statens Vegvesen, Kystverket, Husbanken, Direktoratet for byggkvalitet, Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd for å sikre ei god koordinering av verkemiddelapparatet.
Bruken av fyringsolje har minka dei siste åra og resultert i reduserte utslepp. Dei viktigaste elementa i politikken for å avgrense bruken av olje i stasjonær energiforsyning generelt, og for å redusere utslepp av CO2 spesielt, er avgifter og kvotar på bruk av fossile brensel. Regjeringa offentleggjorde 15. juni 2017 ei forskrift om forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar frå 2020, både til grunnlast og spisslast (topplast). I tillegg er støtteordningar i regi av Enova viktige. Enova støttar utbygging av fjernvarme og lokale energisentralar, som både erstattar eksisterande oppvarmingsbehov og dekkjer nytt behov som oppstår ved nybygg. I nokre tilfelle kan varmen erstatte oppvarming frå olje, i andre tilfelle frå elektrisitet og andre energiberarar. Gjennom Enova-tilskotet støttar Enova òg direkte utfasing av oljefyring i hushald og installasjon av fornybare oppvarmingsalternativ.
Straumkundar skal få installert nye avanserte måle- og styringssystem (AMS) i åra framover. Nettselskapa skal ha avslutta utrullinga av AMS innan 1. januar 2019. Dei nye straummålarane registrerer straumforbruket kvar time og sender automatisk informasjon om forbruket til nettselskapet. Dette gir ei meir nøyaktig avrekning av forbruket og er dessutan venta å gjere kundane meir merksame på sitt eige straumforbruk. AMS kan òg gi straumkundane betre høve til å styre eige bruk og tilpasse straumbruket til variasjonar i straumprisen. AMS vil gjere det mogleg for nettselskap, kraftleverandørar og andre å tilby ulike tilleggstenester som utnyttar AMS-målarane. Det kan vere snakk om avtaler som inneber automatisk avgrensing av effektuttak, til dømes avtale om å kople ut tank for varmtvatn eller varmekablar i topplasttimar. AMS vil gi nettselskapa betre datagrunnlag slik at dei kan optimalisere drifta og investeringane i nettet.
Målet i EU er etter fornybardirektivet 20 prosent fornybar energi i 2020. Noreg har teke på seg ei plikt til å auke til 67,5 prosent fornybar energi i 2020. Noreg har saman med Island den høgaste fornybargraden i Europa. I 2015 var fornybardelen i Noreg over 69 prosent.
Direktivet pålegg alle land å leggje fram ein nasjonal handlingsplan som viser korleis dei skal nå dei nasjonale måla sine.
Eit viktig verkemiddel for å nå det norske målet på 67,5 prosent under fornybardirektivet er den sams norsksvenske marknaden for elsertifikat. Ordninga starta opp 1. januar 2012. Det samla målet for ny fornybar elektrisitet i den sams elsertifikatmarknaden er 28,4 TWh i år 2020. I tillegg har Sverige sett mål om ytterlegare 18 TWh i 2030 under elsertifikatordninga. Noreg er ansvarleg for å finansiere 13,2 TWh, uavhengig av kor produksjonen kjem. Av produksjonen som inngår i produksjonsmålet er det per 1. juli 2017 godkjend anlegg med ein normalårsproduksjon tilsvarande 18,5 TWh. Av dette er anlegg med ein normalårsproduksjon på 3,8 TWh bygde i Noreg og anlegg med ein normalårsproduksjon på 14,7 TWh bygde i Sverige. I Noreg er det i tillegg godkjent anlegg under overgangsordninga med ein normalårsproduksjon på 3,2 TWh.
Nye utanlandssamband for elektrisitet skal etablerast i den grad dei er samfunnsøkonomisk lønsame. På lik linje med andre kraftoverføringsanlegg krev utanlandssamband viktige avvegingar mellom nytte og kostnader, inkludert omsyn til miljøet. Sambanda har òg ein verknad på kraftsystema i landa vi knyter oss til. Stortinget har, etter forslag frå regjeringa, vedteke å endre energilova slik at andre aktørar enn Statnett kan få konsesjon til å eige og drive utanlandssamband for elektrisitet frå Noreg.
Miljøomsyn ved vassdrags- og energiverksemd
Miljøomsyn i samband med vassdrags- og energiverksemda er tekne vare på gjennom sektorlovgivinga, plan- og bygningslova, forureiningslova, naturmangfaldlova og vassforskrifta.
Konsesjonsbehandling av energitiltak og tiltak i vassdrag har dei siste åra fått høg prioritet. Det er viktig å sjå prosjekta i samanheng for å finne dei totalt sett beste løysingane. Det blir derfor søkt å få til ei mest mogleg samordna behandling av prosjekt i same område, og mellom nett og produksjon.
NVEs miljøtilsyn kontrollerer at miljøkrav som er fastsette i konsesjonar blir etterlevde, både i anleggs- og driftsfasen. Ei viktig oppgåve er godkjenning og oppfølging av detaljplanar for vassdrags- og energianlegg.
Verneplan for vassdrag er viktig for å sikre eit representativt utval av vassdragsnaturen i landet. Vernet gjeld først og fremst mot kraftutbygging, men verneverdiane skal òg takast omsyn til ved andre inngrep.
Kunnskap og systematisk oversyn over viktige område for truga arter og naturtypar er ein føresetnad for å stanse tapet av norsk naturmangfald. OED og NVE medverkar derfor i arbeidet med Artsdatabanken. Føremålet med Artsdatabanken er å tette hol i kunnskapen og medverke til at data over naturmangfald blir samla i nasjonale databasar.
Gjennomføringa av EU sitt vassdirektiv med tilhøyrande forvaltingsplanar er viktig for å fremje ei heilskapleg forvaltning av vassressursane, og OED medverkar saman med NVE aktivt til dette. NVE har delteke med kunnskap om vassdraga, relevante miljøtiltak, hydrologisk overvaking og oversikt over konsesjonsvilkår. Vidare har NVE ei rolle i oppfølging av godkjente forvaltningsplanar og utvikling av nasjonalt verktøy og rettleiing. OED og KLD har gitt nasjonale føringar for korleis miljømåla skal setjast i regulerte vassdrag. Ved eventuelle framtidige miljøpålegg må den samfunnsmessige verdien av miljøomsyn vere større enn det samfunnsmessige tapet knytt til redusert energiproduksjon.
7.6 Petroleumsverksemda
Omsyn til miljø er ein integrert del av forvaltinga av dei norske petroleumsressursane. Miljøreguleringar skjer på alle stadium av verksemda: Frå vurdering av om eit område skal opnast for petroleumsverksemd, ved leiting, ved vurdering av korleis eit felt skal byggjast ut, ved spesifikke løyve knytte til drifta av feltet, ved årlege endringar av desse og fram til avslutting av produksjon og disponering av innretningane. Dette sikrar eit omfattande system der alle relevante styresmakter er med.
Utsleppa frå petroleumsverksemda i Noreg blir regulert gjennom fleire lover, mellom anna petroleumslova, CO2-avgiftslova, særavgiftslova, klimakvotelova og forureiningslova. Oppdateringar av forvaltingsplanar og nye konsekvensutgreiingar med oppdatert kunnskap, gjer at ei avgjerd kan treffast på eit best mogleg faktagrunnlag. Høyringsrundar gir alle aktørar høve til å bli høyrde. I tillegg har styresmaktene høve til å treffe enkeltvedtak, til dømes ved godkjenning av utbyggingsplanar.
I samsvar med dei overordna prinsippa for klimapolitikken i Noreg, er petroleumssektoren omfatta av sterke økonomiske verkemiddel, som CO2-avgift og EU sitt klimakvotesystem (EU ETS). Samla gjer desse at næringa betaler ein høg pris på utslepp som legg til rette for kostnadseffektive utsleppsreduksjonar. Vidare må selskapa betale avgift for sine utslepp av NOx eller slutte seg til miljøavtala mellom den norske stat og næringsorganisasjonane.
Forbrenning av overskotsgass har aldri vore tillate på norsk sokkel, og brenning av gass i fakkel er berre tillate når det er nødvendig av tryggleiksgrunnar. Slik brenning blir berre tillaten etter løyve frå Olje- og energidepartementet.
Utnytting av stordriftsfordelar som legg til rette for energieffektiv drift, har alltid vore eit viktig omsyn for aktiviteten på sokkelen. Nye utbyggingar baserer seg på best tilgjengeleg teknologi.
Kombinasjonen av både CO2-avgift og kvoteplikt betyr at sektoren står overfor ein høg pris på utslepp, noko som gir næringa ei sterk eigeninteresse i å redusere CO2-utsleppa sine. I 2017 er avgiftsatsen sett til 1,04 kroner per standardkubikkmeter gass eller liter olje eller kondensat som blir forbrunne og 7,16 kroner per standardkubikkmeter naturgass som blir sleppt direkte ut til luft. Prisen på klimagassutslepp på sokkelen er, med gjeldande kvotepris og avgiftssats, om lag 500 kroner per tonn CO2. Prisinga av utslepp har gitt store resultat i form av unngåtte utslepp frå norsk sokkel, anslått til 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar årleg, samanlikna med kva dei ville ha vore utan avgift og kvotar.
Ved behandlinga av Innst. S. nr. 114 (1995–1996) vedtok Stortinget at det ved alle nye feltutbyggingar skal leggjast fram ei oversikt over energibehov og kostnadene ved å nytte kraft frå land framfor gassturbinar. Kraft frå land skal vurderast av operatøren og følgjast opp av myndigheitene i samanheng med behandling av kvar enkelt ny plan for utbygging og drift. Ein føresetnad for ei løysing med kraft frå land er at det er sikra utbygging av tilstrekkeleg ny kraft eller at det blir ført fram tilstrekkeleg nytt nett slik at det ikkje oppstår regionale ubalansar på utbyggingstidspunktet. Samtidig må ein ta vare på naturmangfaldet og omsynet til tiltakskostnadene.
Det er for fleire felt vedteke å dekkje energibehovet med kraft frå land. Felta Ormen Lange, Snøhvit, Troll, Gjøa, Valhall og Goliat får alle kraft frå land i dag. I tillegg vil Martin Linge få kraft frå land når dette feltet kjem i produksjon. Johan Sverdrup-feltet vil bli forsynt med kraft frå land frå produksjonsstart. Ei områdeløysing for kraft frå land til felta Sverdrup, Edvard Grieg, Ivar Aasen og Gina Krog på Utsirahøgda vil bli etablert innan 2022.
Dei teknologiske og økonomiske konsekvensane av ei kraft frå land-løysing varierer sterkt frå utbygging til utbygging. Kraft frå land krev store investeringar og vil som oftast berre vere realistisk ved enkelte større, sjølvstendige utbyggingar eller større ombyggingar av store felt. Kraft frå land til eksisterande innretningar generelt er svært kostbart. Gitt variasjonen i konsekvensar, er det avgjerande å ta stilling til spørsmålet om bruk av kraft frå land ved behandlinga av den enkelte utbygginga.
Verkemidla overfor petroleumsverksemda har resultert i at det er gjennomført omfattande tiltak som direkte eller indirekte har gitt lågare utslepp av klimagassar.
7.7 Forsking og utvikling
Regjeringas satsing på forsking og utvikling i energi- og petroleumssektoren er sentral i ambisjonen om at Noreg skal vere ein føregangsnasjon innan miljøvenleg energibruk og -produksjon. Satsinga medverkar til å utvikle og ta i bruk nye teknologiar og løysingar og til effektiv og berekraftig utnytting av dei norske energi- og petroleumsressursane. Samtidig skal støtte til FoU auke moglegheitene for norsk næringsliv og kompetanse til å konkurrere i ein internasjonal marknad innan miljø- og klimavenlege energiløysingar.
OED er den største bidragsytaren når det gjeld finansiering av miljø- og klimarelevant forsking og utvikling gjennom Noregs forskingsråd. Ei nærare omtale av satsinga på forsking og teknologiutvikling finst under programkategori 18.30 Forskning og næringsutvikling.
Energiforsking
Offentleg støtte til energiforsking skal medverke til ei effektiv utnytting av nasjonale energiressursar og til ei effektiv, robust og miljøvenleg kraft- og energiforsyning i Noreg. Satsinga skal vere med på å utvikle miljøvennlege produkt, tenester og prosessar, mellom anna nye teknologiar for fornybar energi, energieffektivisering og CO2-handtering. Den offentlege satsinga på energiforsking skal òg medverke til å byggje opp kunnskap av samfunnsfagleg karakter, eksempelvis om effektar av klimaendringar på energiområdet (auka nedbør, flaum, redusert oppvarmingsbehov, etc.).
Energi21 er styresmaktene og næringa sin strategi for forsking, utvikling og demonstrasjon i energisektoren. Miljøvennleg energiproduksjon og energieffektivisering står sentralt i mandatet for strategien. Energi21 løftar fram vasskraft og fleksible energisystem som to særleg viktige satsingsområde. Vidare vert solkraft, havvind, energieffektivisering og CO2-handtering tilrådde som prioriterte innsatsområde. Styret for Energi21 oppdaterer no strategien og ventar å leggje fram ein revidert versjon våren 2018.
Det er åtte teknologisk retta forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) etablert innanfor høvesvis CO2-fangst og -lagring, miljøvennleg transport, vasskraft, biodrivstoff, energieffektivisering i industrien, smarte energisystem, nullutslepp i byområde og solceller. FME-ordninga, som ligg under Noregs forskingsråd, er ei av dei viktigaste berebjelkane for norsk satsing på forsking, utvikling og innovasjon for berekraftige energisystem i framtida.
ENERGIX er Forskingsrådet sitt store, målretta program på energiområdet. Programmet skal medverke til å utvikle eit heilskapleg energisystem som tek omsyn til berekraft og naturmiljøet. ENERGIX er det viktigaste programmet i Noregs forskingsråd for forsking for reduserte utslepp. Dette gjeld òg for forsking for lågare utslepp i og for næringslivet.
Noreg har teke ei internasjonal leiarrolle i utviklinga av teknologi for CO2-handtering. CLIMIT er det offentlege støtteprogrammet for forsking, utvikling og demonstrasjon av teknologiar for fangst og lagring av CO2 frå fossilt basert kraftproduksjon og industri. Programmet er administrert av Gassnova saman med Noregs forskingsråd. CLIMIT skal gi økonomisk støtte til prosjekt som utviklar kunnskap, kompetanse, teknologi og løysingar som kan gi viktige bidrag til kostnadsreduksjonar og brei internasjonal utbreiing av CO2-handtering.
Petroleumsforsking
Offentleg støtte til FoU og kompetansebygging i petroleumssektoren er viktig for å sikre ei effektiv og miljøvennleg utnytting av petroleumsressursane og samtidig medverke til utvikling av den norske petroleumsnæringa som vår fremste høgteknologiske kunnskapsindustri. Satsinga medverkar til å byggje opp kunnskap og utvikle nye, meir miljøvenlege teknologiar og løysingar. Redusert miljøpåverknad og reduserte klimagassutslepp er viktig målsetjingar i petroleumsforskingsprogramma PETROMAKS 2 og DEMO 2000.
Den nasjonale teknologistrategien for petroleumsverksemda i Noreg, OG21, trekkjer fram fire prioriterte teknologiområde: Energieffektivitet, miljø, leiting og auka utvinning, kostnadseffektiv boring, komplettering og intervensjon, og framtidas teknologi for produksjon, prosessering og transport. Strategien har ei betydeleg merksemd mot klima og energieffektive og utsleppsreduserande løysingar.
Minst 25 mill. kroner per år av departementet si løyving til petroleumsforsking skal øyremerkast prosjekt knytte til energieffektivisering og reduserte klimagassutslepp. I 2016 gjekk 136 mill. kroner til dette føremålet gjennom prosjekt i PETROMAKS 2 og DEMO 2000 programma. Dette tilsvarer meir enn 30 prosent av departementets løyvingar til dei to programma i 2016.
I perioden 2010 til 2016 har til saman 121 prosjekt med relevans for klimagassutslepp og energieffektivisering fått stønad gjennom PETROMAKS 2 og DEMO 2000. 27 av prosjekta er direkte målretta mot lågare utslepp eller meir effektiv energibruk. Døme på dette er elektrifisering av havbotninstallasjonar, CO2-fjerning, meir effektiv kraftgenerering, med mindre utslepp til luft, og integrasjon av offshore vind i kraftforsyning til norsk sokkel. Programma har òg støtta 94 prosjekt i denne perioden, som har stor relevans for energieffektivisering og reduserte klimagassutslepp utan å ha dette som hovudmål for teknologiutviklinga. Til dømes vil meir effektiv energibruk og raskare gjennomføring av energikrevjande prosessar, som meir effektiv havbotnseparasjon eller å bore ei brønn raskare og meir energieffektivt, ha indirekte effekt på klimagassutslepp. Utviklinga frå 2010 syner at stønad til prosjekt knytte til klimagassutslepp er fleire gonger høgare enn den øyremerka løyvinga, og har blitt meir enn dobla sidan 2010. Dersom forskingsresultata og den nye teknologien blir tekne i bruk, vil dei kunne medverke til meir energieffektive prosessar eller til direkte reduserte utslepp av klimagassar.
Det blir løyvd midlar til to forskings- og kompetansesenter over Olje- og energidepartementets budsjett, ARCEx og National IOR Centre. Desse skal mellom anna utvikle klima- og miljøvennlege løysingar for norsk petroleumsverksemd. ARCEx har som eit hovudmål å utvikle meir miljøvennleg teknologi for leiting etter olje og gass i Arktis. Det vert òg lagt vekt på å skaffe fram ny kunnskap om økosystema for å analysere miljøpåverknad og miljørisiko. IOR-senteret utviklar metodikk for å kunne velje dei beste og mest energieffektive og miljøvennlege injeksjonsmetodane for ulike felt.
Det blir òg løyvd midlar til langtidsverknader av utslepp til sjø gjennom Forskingsrådets program MARINFORSK og til SEAPOP, som skaffar fram grunnleggjande kunnskap om norsk sjøfugl og kartlegg og overvakar sjøfuglbestandar i Noreg.
7.8 Klimaeffekten av framlagt budsjett
Innanlandsk energibruk i Noreg har lågare utslepp enn i mange andre land, også når utsleppa frå energibruken i olje- og gassektoren er inkluderte. Dette skuldast at norsk elektrisitetsproduksjon er fornybar og at Noreg har ein stor del elektrisitet i sluttforbruket samanlikna med andre land.
Samla norske utslepp av klimagassar var 53,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2016 og 53,9 mill. tonn CO2-ekvivalenter i 2015, som er siste året det ligg føre detaljerte tal for. Utsleppa frå forbruk nytta til sluttbruk av energi var 32,2 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2015. Dei resterande utsleppa er knytte til energiproduksjon, under dette olje- og gassutvinning (15,1 mill. tonn CO2-ekvivalentar) og raffinering (2 mill. tonn CO2-ekvivalentar). Til saman var utslepp knytte til energibruk 20,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2015.3
I perioden 1990–2015 auka sluttbruket av energi inkludert råstoff med over 15 prosent, samtidig som dei tilhøyrande utsleppa gjekk ned med over 16 prosent. til 32,2 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2015. Utsleppa per eining energibruk har dermed gått ned med over 28 prosent sidan 1990. Dette skuldast at samansetjinga av energiberarar har endra seg. Bruk av energiberarar med låge utslepp eller som er utsleppsnøytrale, slik som elektrisitet, fjernvarme og bioenergi, har auka eller ligg fast. Ei konvertering frå fossile energikjelder til elektrisitet inneberer både ei effektivisering av energibruken gjennom betra verknadsgrad, og reduserte utslepp. I tillegg har forbruket av fossile energikjelder endra samansetjing. Bruken av kol og koks og dei tyngste petroleumsprodukta er redusert, mens gass- og dieselforbruket har auka.
Den norske kraftforsyninga har ein normalårsproduksjon på om lag 139 TWh. Av dette står fornybar kraft for om lag 98 prosent. Den norske kraftsektoren har dermed den høgaste fornybardelen og dei lågaste utsleppa i Europa. Med ein tilsvarande elektrisitetsmiks som gjennomsnittet i EU, ville Noregs totale utslepp av CO2 ha vore meir enn det dobbelte av kva det er i dag.
Utsleppa av CO2 frå petroleumssektoren er venta å vere relativt stabile dei næraste åra. Fleire felt er under utbygging, og vil komme i drift dei næraste åra. Av desse er fleire tredjepartstilknytingar og har lite eigne utslepp, eller dei blir planlagde med kraft frå land anten frå start eller nokre år ut i levetida. Utsleppa i petroleumssektoren er omfatta av sterke økonomiske verkemiddel, som CO2-avgift, og er kvotepliktige. Utsleppa i det europeiske kvotesystemet (EU ETS) skal innan 2030 reduserast med 43 prosent samanlikna med 2005. Reduksjonen skal sikraste ved at den tilgjengelege kvotemengda i marknaden blir redusert gradvis.
Regjeringa peikte i Meld. St. 13 (2014–2015) om klimamålet for 2030 på fem satsingsområde i klimapolitikken: lågutsleppsutvikling i industrien, grøn skipsfart, fangst og lagring av CO2, fornybar energi og transportsektoren. OED følgjer opp fleire av innsatsområda i regjeringas klimapolitikk.
Satsinga på FoU og raskare bruk av ny teknologi i energi- og petroleumssektoren skal medverke til meir effektiv og miljøvennleg utnytting av norske energiressursar. Vidare skal den medverke til reduksjon av nasjonale og globale utslepp utover det som kan ventast med eksisterande teknologi og løysingar. Den kunnskapen ein kjem fram til i dag vil kunne gi grunnlag for ny forsking og ny kunnskap. Grunna uvisse om omfang og tidspunkt for introdusering og kommersialisering av ny teknologi under utvikling, finst det ingen presise anslag på framtidige utsleppseffektar av teknologi som berre er på forskings- og utviklingsstadiet.
Olje- og energidepartementet og Enova inngjekk ei ny fireårig avtale i desember 2016. Gjennom mellom anna eit nytt formål og tre nye delmål dreiar den Enova si merksemd meir mot innovasjon og utvikling av nye energi- og klimaløysingar tilpassa lågutsleppssamfunnet. Den nye avtala inneber òg ei styrkt satsing på å redusere utslepp i transportsektoren og andre ikkje-kvotepliktige næringar.
Enova si støtte til energi- og klimateknologi er retta inn mot pilotering, demonstrasjon og fullskala introduksjon av nye teknologiar og løysingar. Ved utforminga av verkemidla retta mot ny energi- og klimateknologi legg Enova vekt på mulegheitene for global spreiing, og følgjande utsleppsreduksjonar. Til grunn for tildelingar ligg det ei vurdering av innovasjonshøgde og gjennomføringsevne. Transport er eit viktig område for Enova i arbeidet med å medverke til å redusere ikkje-kvotepliktige klimagassutslepp. I 2016 gav Enova tilsegn om over 800 mill. kroner i tilskot til transportprosjekt. Enova vil halde fram med den sterke satsinga på transport og har melom anna i 2017 lansert nye stønadsordningar til drivstoffinfrastruktur for både hydrogen og elektrisitet og innkjøp av nullutslepps nyttekøyretøy.
Det er krevjande å kvantifisere den fulle verknaden på klimagassutsleppa av satsingane som følgje av at Enova berre er eitt av fleire verkemiddel. Til dømes kan Enova si støtte til infrastruktur for nullutsleppskøyretøy vere nødvendig for å auke salet av nullutsleppskøyretøy, men utan andre verkemiddel som avgiftsinsentiv, lov til å køyre i kollektivfelt eller momsfritak, ville effekten vore ein heilt annan. Enova skal etablere verkemiddel med sikte på å oppnå varige marknadsendringar og verknadene av Enova si støtte vil derfor i stor grad vere indirekte og avhengig av teknologiane og løysingane si vidare utbreiing i marknaden.
Enova estimerer at dei samla direkte utsleppsreduksjonane knytte til deira kontraktfesta prosjekt i 2016 var 619 000 tonn CO2-ekvivalentar, der 394 000 kom frå bedrifter i kvotepliktig sektor. Ei rekkje føresetnader er lagt til grunn for utrekningane slik at det er ein del uvisse rundt tala. Desse resultata omfattar berre direkte reduksjonar i klimagassutslepp som ei følgje av tiltak som gir redusert bruk av fossile brensler. Andre effektar, for eksempel som ei følgje av at prosjekt som Enova støttar inneber endring av produksjonsprosessar i industrien, eller spreiing av teknologi, er ikkje med i tala.
Regjeringas strategi for arbeidet med CO2-handtering vart lagt fram i Prop. 1 S (2014–2015). Det overordna målet med er å medverke til at CO2-handtering blir eit kostnadseffektivt tiltak i arbeidet mot globale klimaendringar. Arbeidet med CO2-handtering skal medverke til å utvikle og demonstrere teknologi for fangst og lagring av CO2 med eit spreiingspotensial. Tiltaka i regjeringas strategi omfattar forsking, utvikling og demonstrasjon, arbeid med å realisere fullskala demonstrasjonsanlegg, transport, lagring og alternativ bruk av CO2 og internasjonalt arbeid for å fremje CO2-handtering. Det er ikkje mogleg per i dag å kvantifisere utsleppsreduksjonane som vil kunne realiserast gjennom desse tiltaka. Kor store reduksjonar i CO2-utslepp som kan oppnåast avheng av kor CO2-fangst eventuelt blir realisert og blant anna av kva slag tekniske løysingar som blir valt.
7.9 Berekraftsmålet for energi
I 2015 vedtok FNs medlemsland 17 mål for berekraftig utvikling fram mot 2030. Berekraftsmål nr. 7, energimålet, seier at ein skal «sikre tilgang til pålitelig, bærekraftig og moderne energi til en overkommerlig pris for alle». Vidare er det definert tre delmål og to gjennomføringsmekanismar.
Hovudmålet med energimålet er å medverke til at alle har tilgang til berekraftig og moderne energi, at meir fornybar energi blir bygt ut og at energien blir brukt meir effektivt. Energitilgang er ein føresetnad for og mogleggjer økonomisk vekst og er derfor heilt sentralt i arbeidet med å avskaffe fattigdom. Samtidig må ny energi byggjast ut på ein berekraftig måte og energien må brukast meir effektivt, noko som medverkar til å redusere utslepp av klimagassar og som minimerer andre miljø- og helsekostnader.
Energimålet og dei ulike delmåla er anten oppnådde nasjonalt eller i tråd med norsk politikk og nasjonale mål. Det er så langt føremålstenleg sikra energitilgang til alle. Noreg har ein svært høg fornybar del samanlikna med andre land. Nesten all produksjon av elektrisitet er fornybar, og av det totale energiforbruket i Noreg er delen fornybar energi i dag på rundt 69 prosent. Verkemiddel på både tilbods- og forbrukssida sikrar ein framhalden overgang frå fossil til fornybar energi. Noreg har i dag ei rekkje verkemiddel som medverkar til energieffektivisering nasjonalt. Det er blant anna innført energikrav til bygg og krav til økodesign og energimerking av energirelaterte produkt følgjer av EUs regelverk. I tillegg medverkar Enova til å utvikle marknader for energieffektive løysingar og utløyse potensial for energieffektivisering.
Utforminga av energipolitikken må på ein god måte ta omsyn til energiforsyningstryggleiken, klimautfordringane, natur og miljø og verdiskaping. Vi kan erstatte bruk av fossile energikjelder i bygg, transportsektoren og industrien med fornybar energi. Regjeringa vil leggje til rette for ei framhalden effektiv, klimavennleg og sikker energiforsyning i Noreg. Oppgåvene må løysast på måtar som gir mest mogleg verdiar for samfunnet, til lågast mogleg kostnad.
Ifølgje den siste statusrapporten frå initiativet for berekraftig energi for alle (SEA4All) manglar 1,1 mrd. menneske tilgang til elektrisitet og 2,9 mrd. menneske brukar ineffektive og forureinande kokeomnar. Gjennom innsatsen for fornybar energi i utviklingspolitikken ønskjer Noreg å medverke til at utviklingsland når berekraftsmålet for energi. Innsatsen skal medverke til å gjennomføre Parisavtala og støttar utviklingsland sitt arbeid med auka bruk av fornybar energi og energieffektivisering, slik dette er nedfelt i landa sine innmelde klimaplanar. Regjeringa legg stor vekt på å bruke bistandsmidlar strategisk slik at privat og kommersiell kapital kan utløysast. Samarbeidet med norsk næringsliv vil bli styrkt og det blir lagt vekt på å utnytte norske komparative fortrinn som vasskraft og sol. Norfund er saman med Norads næringslivsordningar, GIEK og Eksportkreditt sentrale verkemiddel for å få med norske bedrifter.
Noreg har i mange år gitt støtte til auka produksjon av og tilgang til fornybar energi og energieffektivisering i utviklingsland og gjennom EØS-ordningane. Gjennom programmet Olje for utvikling delar Noreg si erfaring med å utvinne petroleumsressursane på ein måte som tek omsyn til miljø og klima. Policydialog og bistand til reformer, lovverk, institusjonsbygging og regionalt samarbeid er sentrale område for tilrettelegging for investeringar frå privat sektor. Auka produksjon av fornybar kraft krev svært store investeringar. Norfund vil derfor vere hovudinstrument frå norsk side for å medverke til ny kraftutbygging i utviklingsland. Norfund har etablert partnarskap med norske selskap for å sikre meir kapital og teknisk kompetanse. I tillegg vil det vere viktig å medverke til elektrifisering gjennom utbygging av straumnettet, lokalt straumnett eller løysingar for enkeltbustader. Framover vil innsatsen bli styrkt innanfor humanitær bistand og i sårbare statar.
8 Olje- og energidepartementets beredskapsarbeid
Olje- og energidepartementet (OED) har det overordna ansvaret for viktige samfunnsfunksjonar og beredskapsområde knytt til kraftforsyninga. OED har ansvar og oppgåver knytt til å førebyggje skade som følgje av brot på dammar, flaum og skred. Departementet har sektoransvar for olje- og gassaktivitetane på kontinentalsokkelen og på land. Arbeids- og sosialdepartementet har regelverks- og tilsynsansvar for HMS og sikring, inkludert beredskap, i petroleumsverksemda. OED har òg ansvar for departementets eigen beredskap og for å vere budd på å ta del i sentral handtering ved nasjonale kriser.
8.1 Forsyningstryggleik for elektrisitet
Stabil og effektiv kraftforsyning er rekna som ein sentral del av Noregs kritiske infrastruktur. Tilgang på elektrisk kraft blir stadig viktigare for å kunne halde ved lag normal aktivitet i samfunnet. Stabil og sikker elektrisitetsforsyning er òg av stor verdi for å sikre kritiske samfunnsfunksjonar i krisesituasjonar, og for å halde ved lag landet si forsvarsevne under beredskap og i krig.
Det operative ansvaret for kraftforsyningsberedskapen er delegert til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), som er beredskapsstyresmakt etter energilova kapittel 9. NVE leier Kraftforsyningas beredskapsorganisasjon (KBO), der einingane i kraftforsyninga deltek.
Ved problem over kortare tid med å balansere forbruk og tilgjengeleg forsyning (effektmangel) har Statnett som systemansvarleg fullmakt til å treffe nødvendige tiltak. Forsyningstryggleiken i Noreg er god, men aktørar som er heilt avhengige av ei straumforsyning utan avbrot, må sjølve syte for eigenberedskap gjennom naudstraumaggregat eller andre løysingar. Ved eventuell energimangel har styresmaktene særskilde tiltak for å redusere fare for rasjonering. I ytterste tilfelle kan styresmaktene innføre rasjonering. Slik kraftsystemet no er, er likevel rasjonering lite sannsynleg.
8.2 Forsyningstryggleik for gass
Norsk petroleumsverksemd er viktig for ei påliteleg energiforsyning til Europa. Norsk gass dekkjer over 20 prosent av det totale europeiske gassforbruket. Departementet er ansvarleg for å utforme eit ressursforvaltningssystem (rammeverk) som skal syte for ei best mogeleg forvaltning av olje- og gassressursane på norsk sokkel. Rettshavarane er gitt ansvar for utvikling, produksjon og sal av norsk olje og gass. Rammeverket er utforma for å sikre at aktørane har best mogeleg evne til å oppfylle dette.
Det er oljeselskapa og Gassco AS som har det operative ansvaret for leveransetryggleik for gass. Oljeselskapa si evne til å yte leveransetryggleik knyter seg både til enkeltfelt på sokkelen, den samla feltporteføljen til selskapa og evna deira til å sikre seg nedstraums ved kommersielle arrangement, gasslager med meir.
Gassco er som operatør for transport- og behandlingsanlegga for gass på vegner av eigarane i Gassled, underlagt petroleumslovgivinga. Forsyningstryggleik er ein integrert del av drifta deira, og risikostyring og beredskapsarbeid ein naturleg del av operatørrolla. Arbeidet er regulert av lov- og forskriftsverk, avtaler med interessentskapet Gassled og avtaler med skiparane i systemet, og Gassco si koordinerande rolle i leveransane for gass. Gassco er ansvarleg for kvaliteten på transportnettet og utfører inspeksjonar og vedlikehald.
Ved ei hending med konsekvensar for helse, miljø eller tryggleik (HMS) rapporterer operatøren til Petroleumstilsynet. Petroleumstilsynet rapporterer vidare til blant anna Oljedirektoratet.
8.3 Skred og vassdrag
Det operative ansvaret og gjennomføringa av statlege oppgåver knytte til å førebyggje skade som følgje av brot på dammar, flaum og skred, er delegert til NVE.
NVE har ansvar for å sjå til at tiltakshavarar planlegg, byggjer og driv vassdragsanlegg slik at tryggleiken for menneske, miljø og eigedom blir teken vare på, og at det blir utarbeidd beredskapsplanar for å handtere større hendingar. NVE kan gi pålegg til eigar av vassdragsanlegg om å gjennomføre tiltak for å avgrense skadar. NVE kan også sjølv setje i verk tiltak når det er særskilt fare for alvorleg skade.
NVE gir hjelp og rettleier kommunane med å førebyggje skadar frå flaum, erosjon og skred. Oppgåvene inneber å kartleggje og informere om fareområde, gi faglege råd og retningsliner for kommunal arealplanlegging, gi kommunar fagleg og økonomisk hjelp til planlegging og gjennomføring av sikringstiltak, overvake og varsle flaum og skredfare. I tillegg gir NVE råd til kommunar og politi under beredskaps- og krisesituasjonar.
8.4 Sentral krisehandtering og departementets eigen beredskap
I Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet («samfunnssikkerheitsinstruksen») er det stilt krav til departementa sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap.
For å medverke til eit godt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, i både førebygging og handtering, skal departementet gjennom godt eigna beredskapsplanverk, robust organisering og hyppige og relevante øvingar, vere førebudd på å:
møte alle typar kriser i eigen sektor effektivt og profesjonelt
yte bistand til andre departement når det trengst
ta rolla som leiardepartement
OEDs planverk for krisehandtering skal dekkje ulike typar kriser som OED kan bli involvert i både i sektor og ved kriser som gjeld departementet sjølv.
OED gjennomfører og planlegg for relevante beredskapsøvingar i 2017. Departementet vil føre vidare dette arbeidet i 2018.
9 Tilstanden i kraftforsyninga
Ei sikker kraftforsyning er viktig for samfunnstryggleiken og handlar både om god forsyningstryggleik og om å minimere konsekvensane av avbrot. Forsyningstryggleiken i Noreg er høg og tilstanden i kraftforsyninga er god. Eit solid sektorregelverk som vert oppdatert jamleg, tilsyn og rettleiing, handtering og vektlegging av IKT-tryggleik, læring, evaluering og øvingar mv. bidreg til dette. Kraftforsyningas beredskapsorganisasjon (KBO) er også sentral i beredskapsarbeidet. Nye tiltak for å oppretthalde og forbetre kraftforsyninga vert fortløpande vurdert som ein del av departementets og Noregs vassdrags- og energidirektorats (NVE) overordna ansvar for kraftforsyninga.
I Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn er 14 tverrsektorielle samfunnsfunksjonar som er kritiske for samfunnstryggleiksarbeidet presenterte. Det er samfunnsfunksjonar der fleire departement kan ha eit ansvar og der det kan vere gjensidige avhengigheiter mellom samfunnsfunksjonar, og departementa må samarbeide for å ta vare på samfunnstryggleiken. For kvar av dei 14 samfunnsfunksjonane er det utpeikt eit hovudansvarleg departement som skal sikre naudsynt koordinering og samordning.
Inndelinga i 14 kritiske samfunnsfunksjonar og plassering av ansvar hos eit hovudansvarleg departement er eit sentralt verkemiddel for å styrkje den tverrsektorielle samordninga i arbeidet med samfunnstryggleik.
Det er etablert eit system for å utarbeide tilstandsvurderingar for dei 14 samfunnskritiske funksjonane. Tilstandsvurderingane skal vurdere kva for evne samfunnet har til å oppretthalde funksjonane dersom desse vert utsette for ulike påkjenningar.
Det skal utarbeidast tilstandsvurderingar for alle 14 funksjonar i løpet av fire år. Dei hovudansvarlege departementa er ansvarlege for at vurderingane vert gjort og skal presentere desse i sine respektive budsjettproposisjonar. I budsjettet for 2018 er det utarbeida tilstandsvurderingar for dei tre samfunnskritiske funksjonane helse og omsorg, styring og kriseleiing, og kraftforsyning. Olje- og energidepartementet (OED) er hovudansvarleg departement for kraftforsyninga og har derfor laga ei tilstandsvurdering av kraftforsyninga. Som ein del av dette ansvaret har OED også utarbeidd ei oversikt over risiko og sårbarheit (ROS) for kraftsektoren for eige bruk, som vil bli oppdatert jamleg i dialog med NVE.
Den samfunnskritiske funksjonen «Kraftforsyning» omfattar dei system og leveransar som er naudsynte for å ta vare på samfunnets behov for elektrisk energi til oppvarming, hushald, produksjon, transport med meir og fjernvarme der slike anlegg er utbygde.
Sikker straumforsyning er avgjerande for eit moderne samfunn. Nesten alle viktige samfunnsoppgåver og -funksjonar er avhengige av eit velfungerande kraftsystem med påliteleg straumforsyning.
For ein vurdering av tilstanden, nytter departementet informasjon frå tilsynsrapportar, avbrotsstatistikk mm, i tillegg til element frå departementets ROS-analyse for kraftsektoren. Desse dokumenta gir eit bilete av kapabiliteten, eller evna, til å sikre sluttbrukarane tilgang til elektrisk energi eller fjernvarme. Hovudkjelda er dokument og rapportar utarbeidde av NVE i samband med NVE si rolle som tilsynsorgan mv.
Som ei oppfølging av tildelingsbrevet arbeider også NVE med ein større gjennomgang av tilstanden i kraftforsyninga. NVE vil arbeide med å finne statistikk og indikatorar som seier noko om tilstanden over tid. Det kan vere ROS-analysar, erfaringar frå tilsyn, erfaringar frå hendingar, undersøkingar som mørketalsundersøking, avbrotsstatistikk osv. Slik statistikk og indikatorar kan oppdaterast regelmessig, for eksempel kvart andre år og fungere som underlag blant anna for departementets rapportering i budsjettproposisjonen.
9.1 Samfunnsfunksjonen kraftforsyning
Kraftforsyninga er ein kritisk infrastruktur ut frå den kritiske verdien elektrisitet har for vitale samfunnsfunksjonar, tenester og enkeltpersonar. Men alle anlegga er ikkje like viktige, og det er stor grad av redundans i straumforsyninga, slik at bortfall av eitt anlegg lett kan avhjelpast ved endring i drifta.
Det er lang tradisjon for å tenke beredskap i kraftforsyninga, og det vert øvd mykje i sektoren. Uvêr er vanleg, og noko selskapa er godt budde på, men det er ikkje til å unngå at ekstremvêr påverkar kraftforsyninga.
Statnett SF er systemansvarleg for det norske kraftsystemet og har ansvaret for drifta av kraftsystemet og for at det til ei kvar tid er balanse mellom produksjon og forbruk av kraft. OED eig Statnett. Statnett eig og driv det sentrale overføringsnettet, hovudvegen i kraftsystemet. Lokale nettselskap har ansvaret for distribusjonsnettet, der krafta vert fordelt til sluttbrukarane. Det er om lag 140 nettselskap og om lag 130 000 km med ledning fordelt på dei tre nettnivåa. Størstedelen er i distribusjonsnettet (om lag 100 000 km). Produksjonen er i hovudsak basert på vasskraft og er desentralisert, med om lag 1 500 små og store vasskraftverk over heile landet.
Kraftforsyninga utgjer den desidert største delen av norsk energiforsyning, og vasskraft står for hovuddelen. I 2015 var om lag 96 prosent av elektrisitetsproduksjonen frå vasskraft. Bruttoforbruket av kraft var 133 TWh, mens forbruket av fjernvarme var 4,8 TWh.
Fjernvarme er eit distribusjonssystem for oppvarma vatn som blir brukt til å transportere varme til sluttbrukarane. Forbruket av fjernvarme er aukande og i 2016 vart det levert 5,2 TWh fjernvarme. Den totale lengda på fjernvarmenettet er om lag 1 900 km. Det er særleg dei største byane i landet som har fjernvarmeanlegg av nokon storleik.
Fjernvarme spelar saman med kraftforsyninga på ein god måte. Dersom fjernvarme kan erstatte kraftforbruk om vinteren, kan dette gi mindre behov for investering i kraftsystemet. Ein må samstundes vere merksam på at dersom fjernvarmeselskapa vil bruke elektrisitet som reservekjelde må det vere kapasitet i kraftsystemet til å dekkje dette.
9.1.1 Mål, lovverk og ansvar
Eit overordna mål for energi- og vassressursområdet er å leggje til rette for ei effektiv, sikker og miljøvennleg energiforsyning. Energipolitikken skal medverke til å ta vare på forsyningstryggleiken og auke stabiliteten i kraftleveransane i Noreg. Målet om ei sikker kraftforsyning dreier seg både om å oppretthalde og betre forsyningstryggleiken, minimere konsekvensane av avbrot og opprette forsyninga igjen på ein effektiv måte.
DSBs rapport Samfunnets kritiske funksjoner viser til to kapabilitetar, eller funksjonsevner, under samfunnsfunksjonen kraftforsyning. Dette er kraftforsyning og fjernvarme. Funksjonsevna vert omtalt som evna til å sikre sluttbrukarane tilgang til tilstrekkeleg elektrisk energi eller fjernvarme der det er utbygd. Funksjonsevne inkluderer arbeid for å redusere konsekvensar av bortfall, og tiltak for rask oppretting etter eventuelle straumbrot. Dette inkluderer også eigenberedskap for bortfall av straum hos andre sektorar og aktørar. Funksjonsevna kan derfor ikkje lesast som at kraftforsyninga skal evne å levere straum i absolutt alle situasjonar.
Boks 9.1 Eksempel frå sektorregelverket
Energilova skal sikre at produksjon, overføring, og bruk av energi blir gjort på ein samfunnsmessig rasjonell måte, der allmenne og private interesser blir tekne omsyn til. Det er utarbeidd ei rekkje forskrifter under energilova:
Energilovforskrifta gir plikter ved konsesjon for elektriske anlegg og fjernvarmeanlegg.
Beredskapsforskrifta gir plikter som skal sikre at energiforsyninga vert halden ved lag og at normal forsyning vert oppretta igjen på ein effektiv og sikker måte.
Systemansvarsforskrifta skal leggje til rette for ein effektiv kraftmarknad og sikre at systemansvaret blir utøvd på ein samfunnsmessig rasjonell måte.
Leveringskvalitetsforskrifta sikrar ein tilfredsstillande leveringskvalitet i det norske kraftsystemet og set krav til oppretting av forsyninga utan ugrunna opphald.
Rasjoneringsforskrifta skal sikre at kraftrasjonering blir gjennomført på ein samfunnsmessig rasjonell måte, slik at energien blir best mogleg nytta ut frå omsynet til allmenne og private interesser.
I tillegg er nettselskapa underlagt økonomisk regulering i kontrollforskrifta.
Energilova med forskrifter regulerer både tilsikta og ikkje tilsikta hendingar, og fokuset er på å oppretthalde eller rette opp forsyninga igjen så raskt som mogleg, uavhengig av årsak til utfall. For å halde høg kvalitet, vere godt rusta i ekstraordinære situasjonar og ha ei effektiv drift av kraftsystemet og kraftmarknaden, er kraftforsyninga underlagt både direkte krav og insentivreguleringar.
Dei grunnleggande prinsippa for arbeid med samfunnstryggleik og beredskap gjeld også for kraftsektoren. Disse prinsippa er ansvar, likskap, nærleik og samvirke. Sjå Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet og beredskap, Justis- og beredskapsdepartementets samordningsrolle, tilsynsfunksjon og sentral krisehåndtering.
Ansvarsprinsippet inneber at organisasjonen som har ansvaret i ein normalsituasjon, også har ansvaret for beredskapsførebuing og handtering av ekstraordinære hendingar. Likskapsprinsippet betyr at organisasjonen som vert sett opp i kriser, skal vere mest mogleg lik den organisasjonen ein har til dagleg. Nærleiksprinsippet betyr at kriser organisatorisk skal handterast på lågast mogleg nivå. Samvirkeprinsippet inneber at myndigheiter, verksemder og etatar har eit sjølvstendig ansvar for best mogleg samvirke med relevante aktørar i arbeid med førebygging, beredskap og krisehandtering.
OEDs ansvar for kraftforsyninga inkluderer ansvaret for forsyningstryggleiken for straum. Forsyningstryggleik er kraftsystemets evne til kontinuerleg å levere straum av ein gitt kvalitet til sluttbrukar. Justis- og beredskapsdepartementet og DSB har ansvar for el-tryggleiksregelverket gjennom el-tilsynslova med forskrifter. El-tryggleik er at elektriske anlegg og komponentar skal byggast, drivast og vedlikehaldast slik at dei ikkje utgjer fare for liv, helse eller materielle verdiar. DSBs arbeid med el-tryggleik har ein positiv effekt for forsyningstryggleiken, eit eksempel på dette er krav til skogrydding rundt luftlinjer.
Det operative ansvaret for kraftforsyningsberedskapen er delegert frå OED til NVE. NVE organiserer Kraftforsyningas beredskapsorganisasjon (KBO), som består av verksemder som eig eller driv anlegg som er vesentlege for drift, oppretting av, eller tryggleik i, produksjon, omforming, overføring, omsetning eller fordeling av elektrisk energi eller fjernvarme. KBO består av NVE, Statnett og større kraftprodusentar, nettselskap og fjernvarmeselskap. NVE peiker ut kraftforsyningas distriktssjefar (KDS), som er energiforsyningas regionale representantar. KDS deltek i Fylkesmannens beredskapsråd.
Det er nettselskapa som har ansvaret for den daglege drifta av overføringsnettet, og det er også dei som har ansvar for å handtere eventuelle hendingar, jf. dei grunnleggande prinsippa for arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. NVE følger opp selskapa med tilsyn, øvingar, rettleiing, evaluering etter hendingar mv.
9.1.2 Internasjonalt
Kraftutveksling med utlandet er viktig, og i dag er Norden tett integrert i ein felles kraftmarknad. Gjennom kablar er Norden også integrert med den europeiske kraftmarknaden. Kraftutveksling med utlandet gir god ressursutnytting og auka verdiskaping, og Noreg er nettoeksportør av energi. Noreg vert påverka gjennom EUs regelverk som er implementert gjennom EØS-avtala. I dag omfattar EØS-samarbeidet om lag 70 rettsakter på energiområdet. Generelt har regelverket for den europeiske indre energimarknaden auka i omfang og detaljeringsgrad.
Også gjennom Noregs medlemskap i NATO, er energi eit tema. På NATOs toppmøte i juli 2016 forplikta medlemslanda seg til å styrke den nasjonale sivile beredskapen og oppfylle sju grunnleggande forventningar til samfunnskritiske funksjonar. Ei av desse grunnleggande forventningane er ei robust energiforsyning. Sjå omtale av dette i Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn.
9.1.3 Avhengigheiter
Nesten alle samfunnsfunksjonar er avhengige av eit velfungerande kraftsystem med påliteleg straumforsyning. Derfor er kraftforsyninga kritisk infrastruktur. Sektorar som IKT, finans, ekom, mv. kan få store utfordringar ved bortfall av straum. Døme kan vere bortfall av banktenester, basestasjonar/naudnett og vassforsyning. Det er varierande kor stor merksemd andre sektorar og verksemder har gitt det faktum at dei er avhengig av straum.
Ekom og kraft er også gjensidig avhengig av kvarandre. Bruken av informasjonsteknologi i kraftsektoren har auka, og kraftforsyninga har blitt meir IKT-intensiv. IKT-system og infrastruktur er blitt ein integrert del av energiforsyninga, og av NVEs generelle forvaltning av sektoren. IKT er også eit prioritert område for NVE, sjå blant anna Meld. St. 38 (2016–2017) IKT-sikkerhet. I dag er informasjonsteknologien naudsynt for å sikre ei stabil og sikker straumforsyning, og den medverkar til raskare lokalisering av feil og oppretting. Samstundes er det viktig å få fram at bortfall av IKT (f.eks. tap av driftskontrollsystem) i seg sjølv ikkje vil medføre straumutfall, då det berre medfører at selskapa mister moglegheita til fjernovervaking og -styring. Beredskapsforskrifta krev at nett- og kraftselskapa kan overvake og styre anlegga manuelt, men bortfall av IKT vil likevel gi ein utfordrande situasjon i sektoren.
Når det gjeld avhengigheit av mobil og telefoni, har kraftforsyninga eige samband til å kommunisere internt, for eksempel med tanke på oppretting. Dette gjer at nettselskapa kan kommunisere med kvarandre sjølv om for eksempel mobiltelefoni ikkje fungerer. Men ved lengre ekom-avbrot blir det vanskelegare å kontakte verksemder og personell utanfor sektoren og å kommunisere med kundar og ha dialog med kommunane.
Ved oppretting skal nettselskapa prioritere liv og helse og vitale samfunnsinteresser, det same som skal prioriterast ved rasjonering av straum. Nettselskapa skal derfor ha oversikt over slike verksemder i sitt område. Dette krev også at viktige sluttbrukarar gir seg til kjenne for nettselskapa, og departementet oppfordrar både nettselskap og sluttbrukarar til auka dialog om dette.
Forsyningstryggleiken i Noreg er høg. Samstundes er dei fleste avhengig av straum, og samfunnet er derfor sårbart for bortfall i forsyninga. Å sikre ei avbrotsfri kraftforsyning vil krevje enorme investeringar i infrastruktur og ville knapt vere teknisk mogleg å oppnå. Det er derfor ikkje stilt krav som garanterer ei avbrotsfri kraftforsyning. Samfunnet må ta høgde for dette. Det er avgjerande at viktige samfunnsfunksjonar og infrastrukturar er merksame på si avhengigheit av straum, og sjølv vurderer korleis dei kan redusere denne gjennom for eksempel naudstraum. Sluttbrukarar som er kritisk avhengig av ei kontinuerleg straumforsyning, må sjølve syte for naudstraum eller annan eigenberedskap for bortfall av straum, jf. Meld. St. 25 (2016–2017) Kraft til endring. Sjå også omtale av eigenberedskap i helsesektoren i Helse- og omsorgsdepartementets budsjettproposisjon. DSB oppfordrar folket til å ha fokus på beredskap i heimen ved blant anna å ha tilgang til ved, mat, vatn, stearinlys, kontantar mv. På denne måten kan samfunnet vere betre budd på bortfall av straumforsyninga. Departementet viser også til NVE-rapport 2015:103: Egenberedskap, som ser på naudstraumberedskapen i utvalde kommunar.
9.1.4 Tilstanden i kraftforsyninga
EPAI-indeksen4 gir ein vurdering av kor godt dei nasjonale energisystema samla sett fungerer i ulike land, vurdert ut frå energisystemets effekt på økonomisk vekst, klima- og miljøpåverkning og energitilgang og -tryggleik. Den norske energisektoren har vore rangert som enten nummer 1 eller 2 sidan indeksen blei lansert i 2013. Noreg gjer det best av alle landa på energitilgang og -tryggleik.
Selskapa i sektoren er vant til å handtere hendingar som uvér og ekstremvér, snøfall/ising, lyn mv. Regelverket i sektoren som nemnt i boks 9.1, legg stort ansvar på selskapa, og dei må vere førebudd på ekstraordinære hendingar. Dei er pålagt å gjennomføre risiko- og sårbarheitsanalysar og skal opprette forsyninga igjen utan ugrunna opphald dersom det skjer avbrot. NVE har også utarbeida ein utfyllande rettleiar til beredskapsforskrifta for å hjelpe selskapa med å oppfylle regelverket.
I tillegg til direkteregulering er det også bruk av insentivregulering i sektoren. KILE-ordninga (kvalitetsjusterte inntektsrammer ved ikkje-levert energi) gir nettselskapa insentiv til å minimere mengda og lengda på avbrot, ved at deira tillatne inntekt vert redusert som følge av avbrot. KILE-kostnadene skal reflektere samfunnets kostnader ved avbrot. USLA-ordninga (utbetaling for svært langvarige avbrot) gir nettselskapa insentiv til å unngå avbrot over 12 timar, då den gir sluttbrukarane rett til å krevje ei bestemt utbetaling frå nettselskapet viss dei opplever avbrot over 12 timer.
I 2016 opplevde sluttbrukarane i gjennomsnitt 1,9 langvarige avbrot (over 3 minutt) og 1,7 kortvarige avbrot (mindre enn 3 minutt). Gjennomsnittleg opprettingstid for dei langvarige avbrota var 1 time og 9 minutt. Departementet vurderer at gjennomsnittsverdiar på eit slikt nivå er ein tilfredsstillande situasjon. Målet er derfor å oppretthalde dette nivået, men samtidig heile tida arbeide for å styrke kraftforsyningsberedskapen for å kunne handtere eventuelle hendingar som kan true forsyningstryggleiken. Det er viktig å få fram at det ikkje er samfunnsmessig rasjonelt å garantere ei avbrotsfri kraftforsyning. Dette ville blitt svært kostbart for samfunnet, ført til store miljøinngrep og det ville knapt vore teknisk mogleg å oppnå. Regelverket og selskapa sitt beredskapsarbeid tar heile tida sikte på å forbetre beredskapstilstanden, redusere moglegheita for avbrot i forsyninga og sikre rask oppretting.
Leveringspålitelegheit er kraftsystemet si evne til å levere elektrisk energi til sluttbrukarane, og er knytt til kor hyppige og langvarige avbrota er. Leveringspålitelegheita i Noreg er høg, og er i alle år over 99,96 prosent, sjå figur 9.1. I 2016 var den på 99,99 prosent. Særleg ekstremver med mykje vind, påverkar leveringspålitelegheita, noko ein kan sjå av figuren under med ekstremvêret Dagmar i 2011. I 2013 førte kraftig vind til utfall av sentralnettslinja til Nyhamna, som resulterte i redusert forsyning til Ormen Lange-anlegget. I 2015 var det ekstremvêret Nina i januar og Ole i februar som gav store utslag på leveringspålitelegheita.
Det er også viktig å merke seg at tala varierer i ulike geografiske områder i Noreg. Område med mykje skog, og mange luftliner blir hardast ramma av avbrot når det er kraftig vind og vindkast som bles ned tre over kraftlinene. Sluttbrukarane som er tilknytt nett i grisgrendte strok har ikkje same moglegheit for alternativ forsyningsveg og det kan ta lenger tid før dei får elektrisiteten tilbake.
NVE får innrapportert avbrotsdata på fylkesnivå og lager kvart år statistikk over tal og lengde på avbrot for dei ulike fylka. Fylka med flest avbrot (om lag 4 per sluttbrukar) og høgast akkumulert avbrotslengde (om lag 5-6 timer per sluttbruker) er kystfylka Sogn og Fjordane og Nordland. I tillegg peiker Hedmark og Finnmark seg ut. Oslo og Akershus har færrast avbrot, under eitt pr. sluttbrukar og under éin time akkumulert lengde.
Tre som fell ned på linjer verker hovudsakleg inn på distribusjonsnettet. Skogrydding langs kraftlinjene er eit viktig tiltak for å redusere avbrot som følge av tre. NVE har auka fokus på skogrydding, og har utarbeida ein rettleiar til selskapa om dette. Jordkabel reduserer også påverkinga frå trefall. I distribusjonsnettet er bruk av jordkabel hovudregelen ved nybygging, jf. Meld. St. 14 (2011–2012) Vi bygger Noreg – om utbygging av straumnettet. NVE har som standardvilkår at ved bygging av nye eller fornying av eksisterande samband i distribusjonsnettet, skal jordkabel nyttast dersom naturgitte forhold tilseier moderate naturinngrep og ekstrakostnader.
Statistikk om kva som er grunnane til avbrot gir verdifull informasjon for beredskapsarbeidet, og erfaringar frå hendingar som ekstremver dannar ein naturleg bakgrunn for kontinuerlege forbetringar i rutinar og handtering. I etterkant av ekstremver, utarbeidar NVE også rapportar med erfaringar og NVEs vurdering av handteringa.
I regional- og transmisjonsnettet vert nettet som regel drifta i ein maska nettstruktur med tosidig forsyning eller automatiske omkoplingsmoglegheiter. Det gjer at driftsforstyrringar ikkje nødvendigvis medfører utfall av forsyninga. For regional- og transmisjonsnettet gav berre 29 prosent av driftsforstyrringane i 2015 utfall, ettersom det er fleire moglege omkoplingar enn i distribusjonsnettet. I distribusjonsnettet vert nettet i all hovudsak drive radielt, kor eit punkt i nettet berre er forsynt gjennom ei leidning. Dette gjer at nesten 100 prosent av driftsforstyrringane i distribusjonsnettet medfører utfall.
I regional- og transmisjonsnettet er den største årsaken til driftsforstyrringar omgivnadar, og i den kategorien er det vind og vegetasjon som står for størstedelen av avbrota. For distribusjonsnettet er det også omgivnadar som er den største årsaken til feil, og vind, torever og vegetasjon er dei største enkeltkategoriane som medfører avbrot.
Beredskapsforskrifta inneheld krav til selskapa i sektoren, og regulerer blant anna generelle krav som utarbeiding av ROS-analyse, beredskapsplanlegging, varsling, rapportering, øvingar, internkontrollsystem, reparasjonsberedskap, sikringstiltak, informasjonstryggleik og vern av driftskontrollsystem. NVE følger opp kraftsektoren gjennom tilsyn, og resultata vert publisert i NVEs årsrapport for tilsyn. Kontroll med beredskapen hjå verksemdene viser at merksemda på, og prioriteringa av, beredskapsarbeidet er stadig aukande.
Boks 9.2 Ekstremvêret Nina 2015
Ekstremvêret Nina traff Vestlandet den 10. januar 2015, og totalt 25 selskap vart ramma. Det var hovudsakeleg vind opp til orkan styrke som ga utfordringar. Om lag 260.000 kundar mista straumen under ekstremveret, men omlag 40 prosent fekk straumen tilbake igjen etter mindre enn ein time. Alle selskapa oppga vind som årsak til feil. Størstedelen av feila skjedde på grunn av trefall over linjer.
Varsling og førebuingar: Det første varselet om auka overvaking (fase A) vart sendt ut av Meteorologisk institutt onsdag 7. januar. Fredag 9. januar vart det oppgradert til ekstremver (fase B). Basert på varslingane, iverksette dei fleste selskapa tiltak før ekstremveret slo til. Døme på tiltak er samling av beredskapsstaben, innkalling av ekstra mannskap, auka vaktberedskap for feilhandtering og handtering av kundar og media og gjennomgang av materiell og verktøy. Selskapa understreka spesielt det at dei i forkant hadde arbeidd systematisk med skogrydding og hatt god dialog med grunneigarane om dette som viktig.
Oppretting etter utfall: Selskapa rapporterte at dei gjennomgåande klarte å opprette forsyninga på en god måte. I opprettingsarbeidet hadde dei fleste selskapa ei liste over kva for kundar som skulle prioriterast. Liv og helse (ofte sjukheimar) er prioritert. Samstundes har det vist seg at det ikkje alltid er nok merksemd i selskapa omkring prioritering.
Selskapa nytta aggregat for å forsyne eigne anlegg når straumen var borte, men også for å hjelpe kommunar, landbrukskundar og sendarar i nødnett og ekom. Dialogen med Telenor for å skaffe oversikt over kva for basestasjoner som hadde behov for prioritet i opprettinga var av varierande kvalitet. Andre utfordringar var veger og ferjer som var stengt. For selskapa som mista ekom i sitt område, var både eige samband og satellitt alternative kommunikasjonskanalar. Dei fleste selskapa opplevde oppfølginga av kundar som god, og fekk gode tilbakemeldingar også i ettertid. At mobil eller internett fungerer er ein føresetnad i kommunikasjonen mot kundar.
Erfaringar: Selskapa vurderte at beredskapen stort sett fungerte godt. Gode førebuingar, tilgang til kvalifisert mannskap, bemanning av sentralbord, moglegheit for fjernstyring, erfaring frå øvingar og god lokalkunnskap vert trekt fram som viktige tiltak som gjorde opprettinga lettare.
Det var trefall som skapte størst utfordringar for selskapa. Bransjen har styrka arbeidet med skogrydding, men det er framleis naudsynt at selskapa gjennomgår strategiar for systematisk og målretta skogrydding. Det er også behov for stadig å evaluere og utvikle informasjonsberedskapen for krisesituasjonar. Fleire kundar som er avhengig av straum, har ikkje sjølv naudstraum. Nettselskapa er ikkje ansvarleg for å skaffe naudstraum til kundar, men mange selskap gjer likevel så godt dei kan for at alle skal få straum.
Kilde: NVE rapport 2015:55: «Erfaringar frå ekstremvêret Nina»
I 2016 hadde NVE tilsyn med særleg fokus på ROS-analyse, reparasjonsberedskap, sikring av anlegg, tryggleik i store driftskontrollsystem og informasjonstryggleik. IKT-tryggleik vert gitt stor merksemd og er eit tema i dei fleste revisjonane. NVE følger også opp konkrete hendingar hjå selskapa. Talet på avvik og merknader etter tilsyna viser at det er naudsynt med vidare oppfølging av kraftforsyningsberedskapen.
Tilsynet avdekka svakheiter ved reparasjonsberedskapen. Hjå fleire av verksemdene er det registrert ein mangelfull systematisk tilnærming til tryggleik- og beredskapsarbeidet. NVE framhevar også at det er naudsynt å ha fortsatt fokus på linjerydding og ROS-analysar, med tilhøyrande beredskapsplanverk og -arbeid.
Rasjoneringsplanar hjå fire nettselskap vart kontrollert i 2016, og resultatet viser manglande formalisering av samarbeidet med andre aktørar, og avvik i planar for gjennomføring av sonevis roterande utkopling. Funna gjer at NVE vil fokusere meir på rettleiing om dette.
9.1.5 Tilstanden i fjernvarmeforsyninga
Fjernvarmeanlegg over 10 MW er konsesjonspliktig. I Meld. St. 25 (2015–2016) Kraft til endring legg regjeringa opp til å fjerne konsesjonsordninga for fjernvarme etter energilova, noko som vil klargjere at kommunen gjennom plan- og bygningslova vil spele ei sentral rolle i den vidare utviklinga av fjernvarme.
NVE har utgitt ein rettleiar om fjernvarmeberedskap, og det vert stilt krav til sikrings- og beredskapstiltak for fjernvarme gjennom energilova, beredskapsforskrifta og energilovforskrifta. Ei sikker fjernvarmeforsyning er viktig. Mange forbrukarar har berre ei varmekjelde og vil vere sårbare dersom fjernvarmen svikter, sjølv om elektrisitet til ein viss grad kan brukast til oppvarming også for desse kundane.
Fjernvarme er avhengig av sikker tilgang på brensel, som bioavfall, flis, gass, olje og eventuelt elektrisitet. Det er også behov for elektrisitet i samband med produksjon, distribusjon og forbruk av fjernvarme. Lengre straumavbrot kan derfor vere kritisk for fjernvarmeproduksjon og -distribusjon.
NVE fører tilsyn med verksemder som leverer fjernvarme i Noreg. Drift, vedlikehald og modernisering, ROS-analysar, beredskapsplanar, varsling og rapportering, øvingar, informasjonstryggleik, internkontrollsystem og reparasjonsberedskap har vore nylige tema for tilsyn. Av funn på tilsyn har NVE påpeikt at verksemdene må ha betre ROS-analysar og følge opp med gode beredskapsplanar. Det må gjennomførast øvingar og evaluering av desse. Vidare har NVE funne manglar innan avskjerming og tilgangskontroll for vern av anlegg. NVE meiner det er viktig at verksemdene gjer konkrete tiltak i sine beredskapsplanar for handtering av ekstreme situasjonar og for vern av anlegg. Etter tilsyn kan NVE konstatere at det er auka fokus på øvingar for å utvikle kompetanse til å kunne handtere ekstraordinære situasjonar og at verksemdene som har hatt tilsyn lagar ROS-analysar som betre reflekterer risikobildet.
I 2016 har NVE gjennomført revisjon ved seks fjernvarmeselskap. NVEs kontroll viser at verksemdene i hovudsak har god driftskontroll, påliteleg energilevering og eit systematisk vedlikehald. Merksemda om beredskapsarbeid og prioritering av dette arbeidet er stadig aukande i bransjen. Verksemder som har hatt tilsyn, viser eit positivt engasjement og forståing for beredskapsarbeidet.
9.1.6 Overordna risikovurdering
Uønskte hendingar kan skje som følge av både tilsikta og utilsikta hendingar. Regelverket i kraftsektoren pålegg selskapa å ha ROS-analysar knytt til ekstraordinære forhold. Selskapa må vere førebudd på alle type hendingar, som naturhendingar, teknisk svikt og bevisst skadeverk. Sektorregelverket dekker dermed både tilsikta og utilsikta hendingar.
DSBs krisescenarioer (tidlegare Nasjonalt risikobilde, NRB) inneheld fleire scenario som er relevant for kraftsektoren eller som omhandlar sektoren. Vi viser til denne for omtale av scenario.
Tabell 9.1 Relevante scenario frå Nasjonalt risikobilde 2014
Hendelse | Krisescenario |
---|---|
Ekstremver | Storm i indre Oslofjord Langvarig straumrasjonering |
Romver | 100-års solstorm |
Det digitale rom | Cyberangrep på ekom-infrastruktur |
Langvarig bortfall av straum vil raskt kunne få store samfunnsmessige konsekvensar. Når det gjeld sannsynlegheit, er det stor forskjell på naturhendingar og tilsikta hendingar. PST har i si opne trusselvurdering for 2017 omtalt at blant anna system innanfor kraftsektoren og elektroniske kommunikasjonstenester er å sjå på som spesielt etterretningsutsett kritisk infrastruktur. Det er likevel vanskeleg å seie noko om sannsynlegheita for tilsikta hendingar, medan det for naturhendingar ofte fins statistikk som gjer at det er mogleg å seie noko om forventa returintervall for ei hending. Eit av scenarioa i Nasjonalt risikobilde er ein storm i indre Oslofjord med forventa returintervall på 100 år. Til samanlikning var stormen «Dagmar» i 2011 om lag ein 40-årsstorm, og nyttårsorkanen i 1992 ein 200-årsstorm.
Barrierar er tiltak som reduserer sannsynlegheita eller konsekvensen av ei hending.
Konsekvensane for samfunnet er i stor grad avhengig av konsekvensreduserande barrierar som for eksempel krav til rask oppretting ved avbrot eller at aktørar som mistar straumen har tilgang til naudstraum eller annan eigenberedskap, og sannsynlegheitsreduserande barrierar som god skogrydding. Andre eksempel frå sektorregelverket på sannsynlegheitsreduserande barrierar kan vere fysiske sikringstiltak, informasjonstryggleik og vern av driftskontrollsystem. Eksempel på konsekvensreduserande barrierar er redundans, reparasjonsberedskap (materiell, personell), samband og moglegheit for manuell drift av anlegg.
Samfunnet er sårbart for bortfall av straumforsyning. Derfor er det viktig med auka merksemd på eigenberedskap. Det at kraftsektoren er sårbar når det gjeld avhengigheit til andre kritiske samfunnsfunksjonar som ekom mv. er omtalt over. Kraftsektoren er også avhengig av å komme fram for å få retta feil, slik som at veger, ferjesamband mv. er opne. Samstundes kan også andre hendingar i samfunnet skape utfordringar for kraftforsyninga. For eksempel viss store deler av mannskapet som skal rette feil er sjuke som følge av pandemi, vil dette medføre at feilrettinga vert forsinka.
9.1.7 Tiltak for å redusere risiko og sårbarheit
Det er mange tiltak som er relevante for samfunnstryggleiksarbeidet i sektoren og som reduserer risiko (sannsynlegheit og konsekvens) og sårbarheit. Tiltaka støtter opp om målet om ei sikker kraftforsyning. Ettersom det meste av ansvaret for kraftforsyningsberedskapen er delegert til NVE, er det også NVE som har tiltaka.
NVE følger opp samfunnstryggleiksarbeidet i sektoren gjennom regelverksutvikling, tilsyn og rettleiing, handtering av IKT-tryggleik, planverk og øvingar, evaluering og læring etter hendingar, og gjennom kraftforsyningas beredskapsorganisasjon (KBO). NVE informerer gjennom publisering av ulike statistikkar, rapportar og rettleiarar. NVE har også beredskapsoppgåver knytt til varsling og rapportering under ekstraordinære situasjonar og evaluering i etterkant. Desse oppgåvene og tiltaka er viktige for ei sikker kraftforsyning og redusert risiko og sårbarheit.
Regelverksutvikling: Det er ein pågåande prosess å evaluere behov for endringar i regelverket. I 2012 hadde NVE ein større gjennomgang av regelverk som er spesielt viktig for forsyningstryggleiken. Dette resulterte i revidert energilovforskrift, systemansvarsforskrift, leveringskvalitetsforskrift og kontrollforskrift. Vidare fekk vi ei ny beredskapsforskrift i 2013. I 2017 held NVE på med ein ny gjennomgang av systemansvarsforskrifta, leveringskvalitetsforskrifta, og deler av beredskapsforskrifta.
Tilsyn og rettleiing: NVE fører tilsyn med ei rekke tema, blant anna førebyggjande tryggleik og beredskap, vedlikehald, systemansvar, leveringskvalitet, teknisk og økonomisk rapportering, mv. Alle tema er viktig for tilstanden i kraftforsyninga. NVE samarbeider også med DSB og NKOM om tilsyn innanfor relevante tema og publiserer ulike rettleiarar. Eit eksempel er NVE rapport 2016:2 Skogrydding i kraftledningstraseer.
NVE fører årleg om lag 50 tilsyn med KBO-einingane. Tema er generell beredskap, vedlikehald og modernisering, beredskapstilsyn for fjernvarme, vass- eller vindkraftverk, eller driftskontroll/IKT og informasjonstryggleik. Andre tema er reparasjonsberedskap for anlegg med lang reparasjonstid (som krafttransformatorar og sjøkablar), sikringstiltak på driftssentralar, transformatorstasjonar og anlegg i den høgste sikringsklassa, klasse 3.
Handtering av IKT-tryggleik: Den teknologiske utviklinga innan IKT gir moglegheiter for effektiv og sikker drift av kraftforsyninga, men samstundes har det gitt eit nytt risiko- og sårbarheitsbilde. Auken i digitale truslar krev ei god handtering av digital risiko. IKT-tryggleik i kraftsektoren er på dagsorden i NVEs rapport 2017:26 Regulering av IKT-sikkerhet. NOU 2015: 13 Digital sårbarhet – sikkert samfunn set også søkelyset på IKT-tryggleik i kraftforsyninga. Oppfølging av anbefalingar frå NOUen er blant anna omtalt i Meld. St. 38 (2016–2017) IKT-sikkerhet.
For å styrke IKT-tryggleiken i kraftsektoren er det oppretta eit sektorvis responsmiljø, KraftCERT (Computer Emergency Response Team). KraftCERT har vore operativ sidan mai 2015 og hjelper medlemmane med å førebyggje og handtere angrep på selskapa sine IKT-system. I dag abonnerer ei rekkje energiselskap på dei IKT-tryggingstenestene KraftCERT tilbyr, og fleire bør vurdere medlemskap. KraftCERT inngår også som ein del av KBO.
Beredskapsorganisasjon: Kraftforsyningas beredskapsorganisasjon (KBO) består av KBO-einingane, kraftforsyningas distriktssjefar (KDS) og beredskapsmyndigheita (NVE). NVE set rammer, gir rettleiing, legg til rette for øvingar og fører tilsyn med alle selskapa i KBO. Blant anna har NVE stilt krav til robuste kommunikasjonsløysningar i KBO, noko som har styrka samhandlinga under hendingar. Vidare arrangerer NVE felles møtearenaer for råd og rettleiing, erfaringsutveksling og kompetanseheving som for eksempel den årlige energiberedskapskonferansen.
Læring etter ekstraordinære hendingar: I energiforsyninga skjer det ein del ekstraordinære hendingar, og NVE arbeider mykje med oppfølging etter disse, og er opptatt av at selskapa lærer av reelle hendingar, og også at erfaringane vert delt med andre.
Døme på ekstraordinære hendingar kan vere ekstremvér, langvarige eller mange samtidige feil, større avbrot, hacking av IKT-system, pandemisk influensa, mv. Den største trusselen mot kraftsystemet er naturgitte hendingar. Ekstremvér inntreff nesten kvart år, nokre gongar fleire gongar kvart år. Ekstremvérvarslingane er blitt betre, og varsla vert brukt til å heve beredskapen i forkant. NVE utarbeider også erfaringsrapportar etter ekstremvér for å samle og dele erfaringar, lære av hendingane og gjennomføre tiltak for å minimere konsekvensar av framtidige hendingar. Sjå boks 9.2 om ekstremvêret Nina 2015.
Øvingar: Våren 2008 tok NVE initiativ til planlegging og gjennomføring av regionale øvingar med fokus på sektorane kraft, ekom og veg. Dette har gjort at mange KBO-einingar har øvd saman med blant andre KDS, fylkesmennene og deira beredskapsråd, ekomleverandørar, vegmyndigheiter og kommunar. Frå 2008 til 2014 vart det gjennomført to pilotøvingar, elleve regionale øvingar og ein nasjonal øving. Hovudutfordringane i øvingane har blant anna vore kommunikasjon ved langvarig straumbrot. Øvingane har gitt auka kompetanse på bruk av beredskapssamband, utvikling og forbetring av beredskapsplanverk samt investering i naudsynt utstyr. Erfaringane frå øvingane har gjort at krisehandteringsevna har blitt haldt ved like og vidareutvikla og samstundes utvikla samarbeidsevna mellom eigarar av kritisk infrastruktur og andre samfunnsviktige aktørar. Kraftforsyninga har også delteke på andre større øvingar i regi av andre, som Øvelse Cyber i 2015 og Øvelse-IKT i 2016. NVE arrangerte sjølv den nasjonale øvinga Øvelse Østlandet i 2013 der fleire sektorar og samfunnsaktørar deltok. Her var også Hafslund Varme med frå fjernvarmebransjen.
Det vert stilt krav til at selskapa skal ha ein fleirårig øvingsplan, men det er det mange som foreløpig ikkje har. For å hjelpe selskapa har NVE gitt ut ein rettleiar i planlegging og gjennomføring av øvingar for bransjen med ein scenariobank som skal gjere det enklare for selskapa å øve sjølv.
Det vert også vurdert fortløpande korleis sektoren bør øve, og NVE rettleiar bransjen med tanke på tema som bør øvast.
10 Fornye, forenkle og forbetre
Avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma som vart innført frå og med 2014-budsjettet og som blir ført vidare i 2018, er ein generell og effektiv måte å hente ut gevinstar til fellesskapet. For verksemdene inneber dette at det må gjerast tiltak som kvart år hentar ut gevinstar av driftsrammene. Ansvaret for å hente ut desse effektiviseringsgevinstane ligg hos den enkelte verksemd. Olje- og energidepartementet (OED) har følgt opp at dette kravet blir lagt til grunn som eit minimumskrav for alle driftspostar og administrasjonsløyvingar under departementets ansvarsområde. Parallelt går det føre seg arbeid med å avdekkje og fjerne tidstjuvar som omfattar utdatert regelverk, unødvendig rapportering, tungvinte prosedyrar eller andre årsaker til ineffektiv ressursbruk. Departementet legg med dette fram eit utval av pågåande og planlagte tiltak for å fornye, forenkle og forbetre innanfor OEDs ansvarsområde.
10.1 Forenkling og effektivisering ved bruk av IKT og forenkling av næringslivets kontakt med styresmaktene
På olje- og gassektoren er det gjennomført prosjekt innanfor digitalisering og forenkling blant anna ved at Oljedirektoratet (OD) har utvikla ein felles nettbasert portal (SMIL) for myndigheitene og næringa for søknader, innrapportering og saksbehandling. SMIL-prosjektet har hatt som mål å korte ned behandlingstida for søknader både hos myndigheitene og rettshavarane. SMIL-prosjektet er eit tiltak for effektivisering av arbeidsprosessar og elektronisk samhandling med næringa og støttar opp om målsetjingane i regjeringas digitaliseringsprogram. Gevinsten blir teken ut hos næringa. Petroleumsnæringa gir gode tilbakemeldingar på løysinga.
Eit anna tiltak som er etablert i stortingsperioden er Konda. Konda er eit saksbehandlingssystem som forenklar Oljedirektoratets interne arbeid med behandling av søknader om utvinningsløyve. Ved å digitalisere den interne arbeidsprosessen frå manuell og tidskrevjande til ein elektronisk dataflyt, har OD effektivisert det interne arbeid i behandling av søknader.
OD har elles over mange år arbeidd systematisk med å samle inn og gjere data og informasjon tilgjengeleg, noko som har gitt norsk sokkel eit konkurransefortrinn i forhold til andre petroleumsprovinsar. OD er såleis allereie leiande når det gjeld effektiv databehandling for sektoren.
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) arbeider òg med overgang til rapportering og søknader på nett. NVE har utvikla nettskjema og auka den elektroniske ekspederinga av brev. Overgang til rapportering og søknader på nett medverkar til effektivisering av den interne saksbehandlinga. Saksflyt blir automatisert og validering av innsende data betrar datakvaliteten og reduserer saksbehandlingstida.
Alle statlege verksemder skal ta i bruk digital post til innbyggjarane. Dette gjeld utsending av post til innbyggjarar som har valt digital postkasse og som ikkje har reservert seg. Altinn skal nyttast for digital post frå forvaltninga til næringsdrivande. Overgangen frå papirbasert post til digital post vil gi innsparingar for statlege verksemder, blant anna i form av reduserte portokostnader. Gevinstrealisering ved overgang til digital post er henta ut frå driftsbudsjetta til verksemdene ved at driftsrammene er reduserte.
NVE arbeider saman med fleire etatar om å etablere eit nasjonalt heildekkjande og nøyaktig høgde- og terrengdatasett basert på laserdata. Slike data er viktige for planleggings- og analyseunderlag for ei rekkje oppgåver og etatar, under dette beredskap, flaum- og skredkartlegging, forvaltning av naturressursar, sikker luftfart og betre verktøy for planlegging og prosjektering av veg, jernbane og andre byggjetiltak. Gevinstpotensialet er i form av kostnadsinnsparingar for den enkelte brukaren og betre datakvalitet. For NVE medverkar dette til eit meir effektivt arbeid med å førebyggje risiko for flaum- og skredskadar.
OED har sett i gang eit prosjekt for å kartleggje og effektivisere arbeidsprosessar og elektronisk samhandling internt. Det pågår òg eit arbeid med å effektivisere fellesadministrative tenester i departementsfellesskapet. Det er utarbeidd ein felles handlingsplan for departementsfellesskapet med ulike fellesprosjekt for å følgje opp dette arbeidet, fleire av desse omfattar effektivisering ved auka bruk av IKT.
Verksemdene arbeider med å identifisert tiltak som kan medverke til redusert bemanning og driftsutgifter på sikt ved bruk av felles løysingar. Verksemdene nyttar i dag fleire system for handtering av fråvær, timeføring, lønnsutbetaling, utbetalingar av reiserekningar, og rapportering knytt til dette. OD har vedteke å nytte Direktoratet for økonomistyring sine tenester innanfor lønn og reise. Effektivitet, under dette ressursbruk, har vore blant dei viktigaste kriteria som er lagt til grunn for avgjerda. Løysinga blir sett i drift i 2017. Neste steg er å gjere same vurderinga for direktoratets rekneskapsfunksjon. NVE har frå 2016 inngått avtale med DFØ om levering av lønnstenester. Lønns- og rekneskapstenestene for departementa er allereie sentraliserte og samla hos DFØ.
NVE er med i Direktoratet for forvaltning og IKTs pilotprosjekt «Samordna meldings-utveksling i offentleg sektor». Prosjektet ser på følgjande tenester: Sikker digital post til innbyggjarar og verksemder, meldingsutveksling mellom offentlege verksemder (eMelding) og eInnsyn/ny OEP (offentleg elektronisk postjournal). Tiltaket har som målsetjing å innfri krav om sikker digital post, forenkle kommunikasjon mellom offentlege verksemder og redusere behovet for ressursar til behandling av ønskje om innsyn ved at offentlege dokument automatisk blir publiserte på eInnsyn.
10.2 Gjennomgang av oppgåver, krav, pålegg, reguleringar mv. for å vurdere føremålseffektivitet
NVE har oppheva ordninga med lokale energiutgreiingar. Kravet om at nettselskap skal greie ut og oppdatere lokale energiutgreiingar anna kvart år vart oppheva frå 1. november 2015. Ordninga vart unødvendig ettersom kommunane no er pålagde å utarbeide eigne energi- og klimaplanar. Effekten av avviklinga er at nettselskapa må bruke mindre ressursar på å møte krav frå det offentlege.
NVE har òg arbeidd med ein overgang til meir risikobasert tilsyn slik at dei viktigaste tilsynsobjekta blir prioriterte. For eksempel har NVE forenkla rutinar for behandling av tekniske planar for dammar i ulike konsekvensklassar, som gjer det mogleg å bruke meir ressursar på oppfølging av dammar med store brotkonsekvensar.
Vidare er konsesjonsbehandlinga i NVE effektivisert. I energimeldinga, som vart lagt fram i april 2016, legg departementet opp til å forenkle og effektivisere saksbehandlinga i samband med utbygging av fornybar energi. Departementet avviklar Samla Plan for vassdrag og varslar lovforslag om tidleg avslag for openbert svake vind- og vasskraftprosjekt. I tillegg vil ei nasjonal ramme for vindkraft gi tydelegare signal og vere meir føreseieleg, og dermed spare tid i konsesjonsbehandlinga.
Lovendringar følgjer opp målet om forenkling i lovverket frå 1917 som varsla i stortingsmeldinga om energipolitikken. Lovendringane inneber ei språkleg og strukturell modernisering og oppdatering, som vil gjere konsesjonslovgivinga for vasskraft godt tilgjengeleg for tiltakshavarar, grunneigarar, sentral og lokal forvaltning, organisasjonar og andre brukarar av lovverket. Tidsbruken vil bli redusert for aktørane i prosessen gjennom dei lovendringane som no er vedtekne.
Regjeringa har fremja og gjennomført tiltak for å forenkle og effektivisere saksbehandlinga for å redusere tidsbruken knytt til regelverket for å få løyve til utbygging av fornybar energi. Etter gjennomført utgreiing blir det òg teke sikte på å leggje fram forslag om regelverksendring slik at konsesjonsmyndigheitene kan gi avslag tidleg i prosessen for vind- og vasskraftprosjekt som openbert ikkje kan føre fram. Tidleg avslag vil føre til reduksjon av kostnader for søkjarar og reduserte saksbehandlingsressursar i forvaltninga.
Endringar i vassressurslova og jordlova
Dei vedtekne endringane gir ei regulering for grunnvatn tilsvarande som for vassdragstiltak, og medverkar til ei meir effektiv forvaltning av grunnvassressursane. Ein kan påregne at dei blir meir føreseielege for brukarar av grunnvatn.
Dei vedtekne endringane i jordlova inneber at det ikkje lenger er krav om eige løyve til å bruke dyrka eller dyrkbar jord til anna enn jordbruksformål for tiltak som er konsesjonsgitt etter energi- og vassdragslovgivinga. Endringa reduserer saksbehandlingstida for iverksetjing av tiltak, og fører til likebehandling kommunane imellom.
10.3 Tiltak for meir verksam konkurranse og å utnytte konkurranseelement hos eksterne leverandørar
Petoro AS følgjer opp kontraktar med eksterne leverandørar og stiller krav til effektivisering hos leverandørane. Ved inngåing av nye større kontraktar blir det lagt vekt på insentivordningar gjennom kontraktsfesta målpris som gir redusert tidsbruk hos leverandør og reduserte kostnader for Petoro. Eit eksempel er kontrakt med rekneskapsleverandør for SDØE der kostnaden i 2015 er redusert med om lag 2 mill. kroner samanlikna med eit snitt av føregåande år (2012–2014). Tilsvarande er det lagt inn målpris i ny kontrakt med rekneskapsleverandør for Petoro AS som vil gi insentiv til redusert tidsbruk hos leverandør.
Departementet gjennomførte i 2016 ei ekstern evaluering av NVEs effektivitet og måloppnåing. I evalueringa blir det mellom anna tilrådd å setje ut NVE Anlegg si utføring av flaum- og skredsikringstiltak til private entreprenørar. I samråd med NVE legg departementet opp til ei omstilling av NVE Anlegg over tid som inneber at private entreprenørar i endå større grad enn i dag byggjer permanente sikringstiltak. NVE Anlegg si utføring blir avgrensa til krevjande sikringstiltak som er spesielt viktig for å oppretthalde kompetanse i NVE med sikte på å kunne hjelpe og gi råd til kommunane i beredskapssituasjonar. Det blir lagt opp til at omstillinga blir gjennomført over ein periode på tre til fem år. I følgje evaluator vil omstillinga på sikt kunne auke farten på utbygging, gi lågare kostnader, høgare innovasjon og større fleksibilitet.
11 Utgreiing om likestilling og oppfølging av IA-avtala
Likestillingslova pålegg offentlege styresmakter skjerpa aktivitetsplikt for å fremje likestilling mellom kjønna på alle samfunnsområde. Olje- og energidepartementet har tidlegare gått gjennom alle budsjettområda i departementet, og utført ei vurdering av likestillinga innanfor departementet sine budsjettområde. Departementet har ikkje funne løyvingar som eignar seg for spesielle kjønns- og likestillingsanalysar.
Olje- og energidepartementet
Likestillingsperspektivet er forankra i personalpolitikk, lønnspolitikk og tilpassingsavtale. Arbeidet for likestilling er ein integrert del av verksemda.
Den enkelte leiaren i departementet skal medverke til at kvinner og menn får likeverdige arbeidsoppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling i departementet.
Kompetansegivande oppgåver og tiltak skal fordelast slik at det medverkar til likestilling mellom kvinner og menn.
Departementet skal ha ein lønnspolitikk som medverkar til å fjerne eventuelle kjønnsrelaterte lønnsforskjellar på alle nivå.
Omsynet til likestilling skal vere eitt av kriteria som blir lagt til grunn ved rekruttering til ledige stillingar.
Årleg personalstatistikk skal gi oversikt over aktuelle likestillingsrelaterte spørsmål i departementet.
Oljedirektoratet
Likestillingsperspektivet er forankra i personalpolitikk, lønnspolitikk og tilpassingsavtale. Arbeidet for likestilling er ein integrert del av verksemda.
Det skal i tilsetjingsprosessar rettast merksemd mot å halde ved lag ei jamn fordeling mellom kvinner og menn ved rekruttering til OD. Det skal rettast merksemd mot søkjarar med annan etnisk bakgrunn og kandidatar med nedsett funksjonsevne.
Etatsleiar skal oppmode kvinner til å melde si interesse for direktørfunksjonar.
Leiinga skal ha fokus på den einskilde sin faglege utviklingsplan ved bemanning av lag. Leiinga skal i aktuelle tilfelle oppmode kandidatar til å melde interessa si for å gå inn i aktuelle lag i tråd med den faglege utviklingsplanen. Leiinga og fagkoordinatorar skal fokusere likestillingsaspektet ved bruk av opplæringsmidlar. Leiinga har temaet likestilling som årleg fokus.
Kollektiv leiing skal ha fokus på å finne årsaker til dokumenterte lønnsforskjellar mellom kvinne/mann med tanke på å justere lønsnivået der det finst grunnlag for å gjere det.
Det blir gjennomført jamlege arbeidsmiljøundersøkingar og medarbeidarsamtalar der dette kan takast opp.
Noregs vassdrags- og energidirektorat
Noregs vassdrags- og energidirektorats (NVE) arbeid med likestilling og mangfald er forankra i NVEs interne regelverk. Det er NVEs mål å ha eit arbeidsmiljø som sikrar at NVE held på dei beste tilsette uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering eller alder.
NVE har tiltak for å sikre likestilling og hindre diskriminering, mellom anna innanfor rekruttering og lønns- og arbeidsforhold. Leiarar får rettleiing av HR-eininga i arbeidet for likestilling og mot diskriminering. Nedanfor følgjer oversikt over tiltak som er sette i gang eller planlagde.
Departementet og etatane har vurdert om det er forhold på arbeidsplassane som kan fungere som barrierar mot likestilling, både for arbeidstakarar og arbeidssøkjarar. På bakgrunn av desse vurderingane er det sett i gang eller planlagt ulike tiltak for å sikre likestilling. Det er blant anna sett på rekruttering, lønns- og arbeidsforhold, forfremjingar, høve til utvikling o.a.
11.1 Status i departementet og underliggjande etatar
Det er i tabellane nedanfor presentert ein kjønnsdelt statistikk på sentrale personalområde.
Tabell 11.1 Tilstandsrapportering (kjønn) i Olje- og energidepartementet per 31. desember 2016 samanlikna med per 31. desember 2015
Kjønnsbalanse | Månadslønn | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
Menn | Kvinner | Total | Menn | Kvinner | ||
Prosent | Prosent | (N) | Kroner | Kroner | ||
Totalt i OED | 2016 | 50,0 | 50,0 | 150 | 58 357 | 47 899 |
2015 | 47,8 | 52,2 | 157 | 55 025 | 46 356 | |
Leiing | 2016 | 100,0 | 0,0 | 3 | 94 809 | |
2015 | 75,0 | 25,0 | 4 | 92 842 | 81 208 | |
Avdelingsdirektør | 2016 | 86,0 | 14,0 | 22 | 78 199 | 80 993 |
2015 | 85,0 | 15,0 | 20 | 73 349 | 77 544 | |
Fagdirektør | 2016 | 100,0 | 0,0 | 3 | 65 092 | |
Underdirektør | 2016 | 46,0 | 54,0 | 26 | 53 022 | 60 196 |
2015 | 44,0 | 56,0 | 25 | 50 339 | 57 941 | |
Seniorrådgivar | 2016 | 45,0 | 55,0 | 62 | 49 263 | 47 782 |
2015 | 49,0 | 51,0 | 51 | 48 229 | 49 088 | |
Rådgivar | 2016 | 26,0 | 74,0 | 31 | 40 525 | 38 003 |
2015 | 29,0 | 71,0 | 45 | 38 465 | 39 648 | |
Sjukefråværsstatistikk (legemeldt) | 2016 | 1,9 | 5,5 | 3,7 pst. | ||
2015 | 1,5 | 5,6 | 3,5 pst. |
Kategoriar med berre ein tilsett er ikkje med i oversikten. Det er fem tilsette på leiarlønnskontrakt som ikkje er med i denne oversikten. Månadslønn er basert på faktisk lønnsberekning, ekskludert overtidsbetaling.
Tabell 11.2 Tilstandsrapportering (kjønn) i Oljedirektoratet per 31. desember 2016 samanlikna med per 31. desember 2015
Kjønnsbalanse | Månadslønn | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
Menn | Kvinner | Total | Menn | Kvinner | ||
Prosent | Prosent | (N) | Kroner | Kroner | ||
Totalt i OD | 2016 | 53 | 47 | 223 | 65 756 | 58 622 |
2015 | 54,0 | 46,0 | 234 | 63 739 | 56 518 | |
Leiar eks. toppdirektør | 2016 | 50,0 | 50,0 | 16 | 99 714 | 98 802 |
2015 | 50,0 | 50,0 | 16 | 96 558 | 96 160 | |
Sjefingeniør | 2016 | 61,0 | 39,0 | 150 | 68 031 | 63 260 |
2015 | 59,4 | 40,6 | 180 | 68 029 | 62 234 | |
Rådgivar | 2016 | 33,0 | 67,0 | 18 | 43 318 | 44 090 |
2015 | 36,3 | 63,2 | 21 | 42 376 | 41 888 | |
Overingeniør | 2016 | 36,0 | 64,0 | 22 | 44 914 | 45 266 |
2015 | 47,1 | 52,9 | 34 | 43 029 | 43 816 | |
Avdelingsingeniør | 2016 | 40,0 | 60,0 | 5 | 37 485 | 40 315 |
2015 | 28,6 | 71,4 | 4 | 38 950 | 37 825 | |
Førstekonsulent – konsulent | 2016 | 33,0 | 67,0 | 12 | 35 576 | 36 269 |
2015 | 36,4 | 63,6 | 11 | 33 631 | 37 740 | |
Sjukefråværsstatistikk (legemeldt) | 2016 | 1,7 | 2,5 | 2,1 pst. | ||
2015 | 1,0 | 1,3 | 1,6 pst. |
Kategoriar med berre ein tilsett er ikkje med i oversikten. Det er ein tilsett på leiarlønskontrakt som ikkje er med i denne oversikten.
Tabell 11.3 Tilstandsrapportering (kjønn) i Noregs vassdrags- og energidirektorat per 31. desember 2016 samanlikna med per 31. desember 2015
Kjønnsbalanse | Månadslønn | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
Menn | Kvinner | Total | Menn | Kvinner | ||
Prosent | Prosent | (N) | Kroner | Kroner | ||
Totalt i NVE | 2016 | 57,8 | 42,2 | 601 | 53 022 | 50 184 |
2015 | 58,9 | 41,1 | 598 | 51 416 | 48 474 | |
Avdelingsdirektør | 2016 | 42,9 | 57,1 | 7 | 99 564 | 99 190 |
2015 | 42,9 | 57,1 | 7 | 96 439 | 95 388 | |
Seksjonssjef | 2016 | 62,2 | 37,8 | 37 | 71 803 | 70 989 |
2015 | 66,7 | 33,3 | 39 | 68 419 | 68 501 | |
Sjefingeniør | 2016 | 78,6 | 21,4 | 28 | 65 473 | 68 065 |
2015 | 83,9 | 16,1 | 31 | 64 256 | 65 850 | |
Forskar | 2016 | 61,1 | 38,9 | 18 | 57 166 | 51 333 |
2015 | 58,8 | 41,2 | 17 | 51177 | 52487 | |
Senioringeniør | 2016 | 68,6 | 31,4 | 153 | 54 275 | 52 721 |
2015 | 70,1 | 29,9 | 147 | 52 808 | 51 437 | |
Seniorrådgivar | 2016 | 58,8 | 41,2 | 119 | 55 380 | 54 545 |
2015 | 57,1 | 42,9 | 105 | 54 328 | 53 129 | |
Overingeniør | 2016 | 55,3 | 44,7 | 76 | 46 661 | 45 424 |
2015 | 60,5 | 39,5 | 76 | 45 840 | 44 836 | |
Rådgivar | 2016 | 27,8 | 72,2 | 54 | 43 868 | 43 612 |
2015 | 30,1 | 69,1 | 55 | 44 113 | 42 314 | |
Førstekonsulent | 2016 | 50,0 | 50,0 | 12 | 39 228 | 39 935 |
2015 | 42,1 | 57,9 | 19 | 38 265 | 38 747 | |
Avdelingsingeniør | 2016 | 62,5 | 37,5 | 16 | 38 368 | 39 161 |
2015 | 41,7 | 58,3 | 24 | 37 708 | 38 292 | |
Seniorkonsulent | 2016 | 12,1 | 87,9 | 33 | 39 135 | 40 475 |
2015 | 15,2 | 84,8 | 33 | 37 600 | 38 980 | |
Konsulent | 2016 | 20,0 | 80,0 | 5 | * | 35 442 |
2015 | 16,7 | 83,3 | 6 | 33 482 | - | |
Formann | 2016 | 100,0 | 0,0 | 8 | 41 356 | - |
2015 | 100,0 | 0,0 | 10 | 39 458 | - | |
Fagarbeidar | 2016 | 100,0 | 0,0 | 21 | 37 432 | - |
2015 | 100,0 | 0,0 | 21 | 33 028 | - | |
Sjukefråværsstatistikk (legemeldt) | 2016 | 3,6 | 4,7 | 4,1 pst. | ||
2015 | 2,3 | 4,8 | 3,4 pst. |
Kategoriar med berre ein tilsett er ikkje med i oversikten. Det er ein tilsett på leiarlønskontrakt som ikkje er med i denne oversikten.
11.2 Vurdering og utgreiing av likestillingstiltak på grunnlag av kjønn, etnisk bakgrunn, religion og nedsett funksjonsevne
11.2.1 Olje- og energidepartementet
Rekruttering
Målsetjinga er å halde ved lag kjønnsbalansen, og rekruttere fleire kvalifiserte kandidatar med innvandrarbakgrunn og med nedsett funksjonsevne.
Resultatet er at departementet held ved lag ein god kjønnsbalanse, men opplever for få fagleg kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Lønns- og arbeidsvilkår
Målsetjinga er å sikre ei kjønnsnøytral lønn og lik lønn for same arbeid eller arbeid av lik verdi.
Lønnsstatistikken syner at menn har høgare snittløn enn kvinner. Årsakene er samansette, men alderssamansetjing og ansiennitet er noko av forklaringa.
Tiltak for å sikre likeløn er nedfelte i departementets personalpolitikk, lønnspolitikk og tilpassingsavtale. Det blir gjort likelønnsvurderingar før dei årlege lokale lønnsforhandlingane baserte på kjønnsdelt lønnsstatistikk.
Forfremjing
Målsetjinga er å få ei kjønnsfordeling på leiarnivå meir i tråd med kjønnsfordelinga i departementet.
Personalstatistikken syner at departementet har få kvinner som avdelingsdirektørar, men har ein god balanse for underdirektørar.
Likestillingstillitsvalt får høve til å uttale seg i alle tilsetjingssaker og i den årlege personalstatistikken om situasjonen i departementet når det gjeld likestillingsspørsmål.
Høve til utvikling
Målsetjinga er å sikre ei god fagleg og personleg utvikling for alle tilsette.
Den enkelte leiar har hovudansvaret for at tilsette får nødvendig kompetanse for å utføre arbeidsoppgåver på ein tilfredsstillande måte. Den årlege medarbeidarsamtala er ein viktig arena for drøfting av kompetansehevande tiltak.
Leiarar på alle nivå har eit særleg ansvar for å fremje medarbeidarane si faglege og personlege utvikling. Den faglege og personlege kompetansen til kvar enkelt medarbeidar skal vere best mogeleg tilpassa departement sine mål og oppgåver.
Vern mot trakassering
Arbeidsmiljøundersøking blir gjennomført jamleg, og medarbeidarsamtaler blir gjennomførte årleg.
Departementet har eigne varslingsrutinar i medhald av Arbeidsmiljølova, og følgjer lov- og avtaleverk knytt til verneombod, helseteneste o.a.
11.2.2 Oljedirektoratet
Rekruttering
Oljedirektoratet (OD) skal i tilsetjingsprosessar ha fokus på å halde ved lag ei jamn fordeling mellom kvinner og menn ved rekruttering til OD. Det skal rettast merksemd mot søkjarar med anna etnisk bakgrunn og kandidatar med nedsett funksjonsevne.
Målsetjinga er å motverke at det oppstår eller blir ført vidare utilsikta mønster ved rekrutteringsprosessar.
Det er ingen funn no når det gjeld likestilling som tilseier spesielle tiltak knytte til rekruttering.
Det er ikkje rekruttert inn ny fast kompetanse med redusert funksjonsevne i 2016.
Lønns- og arbeidsvilkår
Leiinga skal ha fokus på å finne årsaker til dokumenterte lønnsskilnader mellom kjønna med tanke på å justere lønnsnivået der det er grunnlag for det. Dette har vore fokus ved lokale lønnsoppgjer dei siste åra.
I OD tente menn 11 prosentpoeng meir enn kvinner ved utgangen av 2016. Skilnaden er mindre enn året før då den var på 13 prosentpoeng. Målsetjinga er å sikre ei kjønnsnøytral lønn i OD, jf. utdanning, kvalifikasjonar, alder, ansvar, oppgåver og avtalte kriterium.
Forfremjing
Forfremjing er i OD definert som rotasjon til mellombelse leiingsfunksjonar. Vurderingar knytte til eventuelle barrierar for forfremjing er, ut frå OD sine tilhøve, i hovudsak gjort i høve til kjønn. OD hadde per 31. desember 2016 fleire kvinner enn menn i direktørfunksjonane.
Etatsleiar skal oppmode kvinner til å melde si interesse for direktørfunksjonar.
Høve til utvikling
Leiinga skal ha fokus på den enkelte medarbeidar sin faglege utviklingsplan ved bemanning av lag. Leiinga skal i aktuelle høve oppmode kandidatar til å melde si interesse for å gå inn i aktuelle lag i tråd med den faglege utviklingsplanen. Leiinga og fagkoordinatorar skal fokusere likestillingsaspektet ved bruk av opplæringsmidlar. Vidare har leiinga temaet likestilling som årleg fokus.
Behov for bemanning av lag blir lyst ledig på intranettet, og ressursstyringa blir konkludert i leiarmøte mellom anna etter råd frå fagkoordinatorar. Den enkelte medarbeidaren sin faglege utviklingsplan inngår som element. For å sikre ei god utvikling for den enkelte, skal OD fokusere på at den enkelte sin faglege utviklingsplan blir teken vare på ved bemanning av lag.
Målsetjinga er å sikre ei god utvikling for alle.
Vern mot trakassering
Arbeidsmiljøundersøking og medarbeidarsamtalar er tiltak for å avdekkje trakassering og vern mot dette. Det er gjennomført arbeidsmiljøundersøking i 2016. Denne blir følgd opp med relevante tiltak.
Målsetjinga er å syte for at alle har eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsmiljøundersøking blir gjennomført jamleg, og medarbeidarsamtaler blir gjennomførte årleg.
11.2.3 Noregs vassdrags- og energidirektorat
Rekruttering
Det er eit personalpolitisk mål å spegle samfunnets samansetjing i alder, kjønn og kulturell bakgrunn. NVE er tilknytt avtala om inkluderande arbeidsliv og legg forholda til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.
NVE kunngjer i fleire typar medium, har ei mangfaldserklæring i utlysingsteksten, kallar inn kvalifiserte søkarar frå underrepresenterte grupper til intervju og sikrar likeverdig behandling i intervjua. Vedtak om tilsetjing blir gjort av eit tilsetjingsråd med representantar frå både leiinga og medarbeidarar (tenestemannsorganisasjonar). NVE legg vekt på å ha ei bevisst haldning om å inkludere menneske med redusert funksjonsnivå. Stillingsannonsar blir lagde ut på jobbforalle.no om stillinga ikkje set spesielle krav til å vere funksjonsfrisk.
Det er eit mål i NVE å få fleire kvinnelege leiarar. I dag er det 38,5 prosent kvinner, ei svært positiv utvikling dei siste åra (14,7 prosent i 2007, 21 prosent i 2010 og 36,5 prosent i 2015).
Under elles like høve har NVE prioritert kvinner til ledige leiarstillingar.
Lønns- og arbeidsvilkår
Kvinner og menn skal ha lik lønn for same arbeid eller arbeid av lik verdi. NVE har ikkje avdekt store lønnsskilnader som følgje av kjønn. Kvinner har same lønns- og stillingsutvikling på bakgrunn av utdanning, erfaring og alder som menn. Målsetjinga er at dette held fram. NVE overvakar derfor likelønnssituasjonen kontinuerleg og kartlegg jamleg for å kunne oppdage eventuelle utilsikta lønnsforskjellar.
Om lag 80 prosent av NVEs tilsette har jamleg medarbeidarsamtale med leiaren sin.
NVE har digital HMS-handbok, personalhandbok og leiarhandbok. Leiarhandboka skal medverke til å hjelpe og rettleie NVEs leiarar med oppfølginga av sine medarbeidarar. Lett tilgjengeleg og alltid oppdatert informasjon er føreseieleg og trygt. Det medverkar til lik behandling av dei tilsette og synleggjer NVEs personalpolitikk.
NVE utfører jamlege arbeidsmiljøundersøkingar. Neste måling skal gjennomførast vinteren 2017. Det vert lagt vekt på ei god oppfølging av målinga.
Høve til utvikling
NVEs tilsette har alle dei same høva til forfremjing og utvikling, uavhengig av kjønn, etnisitet, funksjonsevne mv. Det er ikkje avdekt noko som tilseier at dette bør utgreiast nærare i NVE.
Tiltak mot trakassering og diskriminering
NVE har ei klar haldning mot trakassering og diskriminering. NVE sine retningslinjer mot trakassering og diskriminering er forankra i dei personalpolitiske retningslinjene våre, i etiske retningslinjer, i lønnspolitikken og i instruksen for IKT-tryggleik. NVE gjennomfører kurs for alle leiarar, verneombod og tillitsvalde i førebygging og handtering av konfliktar.
11.3 Oppfølging av IA-avtala
Olje- og energidepartementet
Olje- og energidepartementet har utarbeidd ein handlingsplan for arbeid med eit meir inkluderande arbeidsliv 2014–2018. Det er sett delmål for sjukefråvær (ikkje overstige 4 prosent), for arbeidstakarar med redusert funksjonsevne og for å få arbeidstakarar til å bli lengre i jobben.
Samla sjukefråvær er framleis lågt, på 3,7 prosent i 2016 samanlikna med 3,5 prosent i 2015.
Oljedirektoratet
Samla sjukefråvær i OD for 2016 er på 4,1 prosent.
Det er ikkje rekruttert medarbeidarar med nedsett funksjonsevne til faste stillingar eller til praksisplassar via NAV i 2016. På initiativ frå KMD takka OD hausten 2016 ja til å vere med på ei statleg traineeordning for søkjarar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne.
Noregs vassdrags- og energidirektorat
IA-utvalet er avvikla i NVE. Det blir rapportert direkte til AMU. I tillegg blir det årleg halde to IA-møte med leiinga og tenestemannsorganisasjonane. Leiaren og HR-eininga sitt oppfølgingsansvar er tydeleggjort og blir betre følgt opp, mellom anna gjennom betre verktøy.
Det er eit personalpolitisk mål at alle tilsette i NVE skal få tilbod om ein arbeidsplass som er tilpassa slik at dei kan gjere ein god jobb.
NVE er ei IA-verksemd og vil legge forholda til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne. NVE har moderne lokale som er lagt til rette for rørslehemma. I handlingsplanen for IA-arbeid i NVE 2014–2017 er eit av måla å medverke til at menneske med utfordringar i arbeidslivet får høve til reell arbeidspraksis, med tanke på at dei skal ut i / tilbake i ordinært arbeid. NVE legg vekt på å ha ei bevisst haldning til å inkludere menneske med nedsett funksjonsevne.
NVE vil fortsette å følge opp den tilsette ved sjukefråvær, spesielt ved langtidsfråvær, og vere særs merksam på arbeidsmengde i avdelingane. Førebygge, legge til rette og følge opp fråvær er tiltak i handlingsplanen for IA-arbeid i NVE. Dei siste åra har NVE hatt særleg merksemd på førebygging av sjukefråvær, mellom anna ved ergonomisk vurdering av arbeidsplassen for å hindre belastingsplager.
Sjukefråværet i NVE er stabilt lågt. Det totale sjukefråværet i 2016 var på 4,1 prosent.
12 Tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege føretak under Olje- og energidepartementet
12.1 Enova SF
Administrerande direktør Nils Kristian Nakstad hadde ein lønn på 1 770 751 kroner i 2016. I tillegg fekk han 104 064 kroner i anna godtgjersle. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var 128 314 kroner.
Administrerande direktør si pensjonsordning er basert på Statens pensjonskasse sine til ei kvar tid gjeldande reglar for pensjonsalder og aldersgrense, og samla kompensasjonsgrad skal ikkje overstige 66 prosent av lønna, og då avgrensa til 12 G.
Gjensidig oppseiingstid er seks månader. Han har inga avtale om etterlønn.
12.2 Gassnova SF
Administrerande direktør Trude Sundset hadde ein lønn på 1 967 846 kroner i 2016. I tillegg fekk ho 126 488 kroner i anna godtgjersle. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var 213 851 kroner.
Administrerande direktør si pensjonsordning er basert på Statens pensjonskasse sine til ei kvar tid gjeldande reglar for pensjonsalder og aldersgrense, og samla kompensasjonsgrad skal ikkje overstige 66 prosent av lønna, og då avgrensa til 12 G.
Administrerande direktør har krav på etterlønn i seks månader utover oppseiingstida på seks månader dersom styret vedtek å avslutte arbeidsavtala. Ved eventuell tilsetjing i ny stilling skal etterlønna reduserast høvesvist.
12.3 Statnett SF
Konsernsjef Auke Lont hadde ein lønn på 2 895 931 kroner i 2016. I tillegg fekk han 154 297 kroner i anna godtgjersle. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var 2 156 690 kroner.
Pensjonsalder er 65 år for konsernsjef og pensjonen utgjer 66 prosent av pensjonsgrunnlaget.
Konsernsjef har krav på etterlønn i tolv månader utover oppseiingstida på seks månader dersom styret vedtek å avslutte arbeidsavtala.
12.4 Petoro AS
Administrerande direktør Grethe K. Moen hadde ein lønn på 3 184 000 i 2016. I tillegg fekk ho kr 291 000 i kontantgodtgjersle og 176 000 kroner i anna godtgjersle. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var 1 844 000 kroner.
Pensjonsalder til administrerande direktør er 67 år. Pensjonsytinga er berekna til om lag 66 prosent av pensjonsgrunnlaget fråtrekket ei berekna yting frå folketrygda.
I medhald av tilsetjingsavtala gjeld ei gjensidig oppseiingstid på seks månader. Det er inngått avtale om etterlønn utover oppseiingstida på tolv månader.
12.5 Gassco AS
Administrerande direktør Frode Leversund hadde ein lønn på 3 030 000 i 2016. I tillegg fekk han 80 000 kroner i bonus og kroner 29 000 i anna godtgjersle. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var 183 000 kroner.
Administrerande direktør har ei bonusordning som kan gi inntil 10 prosent av fastlønn i bonus dersom avtalte mål blir oppnådde. Administrerande direktør har ein pensjonsalder på 67 år og er medlem av selskapets kollektive, ytelsesbaserte pensjonsordning som gir ein pensjon på 66 prosent av pensjonsgrunnlaget etter full opptjening på 30 år. Han har ikke pensjonsopptjening for lønn over 12 G.
Gjensidig oppseiingstid er seks månader. Han har ikkje avtale om etterlønn.
13 Verkemidla for å fase ut fossil olje i fjernvarme og gjere fjernvarme mest mogleg ressurseffektiv
Fjernvarmeanlegga i Noreg er i det alt vesentlege bygde ut dei siste 15–20 åra. I 2016 vart det levert 5,2 TWh fjernvarme. Energimiksen i fjernvarme går fram av SSBs statistikk. Spillvarme frå avfallsforbrenning, bioenergi, elektrisitet og varmepumper er den vanlegaste produksjonen av fjernvarme. I 2016 utgjorde avfallsforbrenning 47 prosent, flisfyringsanlegg 21 prosent, elektrisitet 13 prosent og varmepumper 10 prosent. Mineralolje er eit relativt dyrt brensel for fjernvarmeaktørane og utgjorde 1 prosent av brenselsmiksen i 2016. CO2-utsleppet frå mineralolje i fjernvarmen var i 2016 på om lag 26 600 tonn CO2-ekvivalentar (SSB) tilsvarande 0,05 prosent av totale CO2-utslepp i Noreg.
Fjernvarmen dekker om lag ein tidel av oppvarminga av rom og tappevatn i Noreg. I 2016 var det ifølgje NVE etablert 89 større eller mindre fjernvarmeanlegg i 75 kommunar. Eit fjernvarmeanlegg består av ein varmesentral som gjennom eit røyrnett forsyner eit område med varmt vatn til oppvarming av tappevatn og bygningar, og til industrielle formål.
Fjernvarme samspelar på ein god måte med kraftforsyninga og er mange stader eit alternativ til bruk av elektrisitet til oppvarming om vinteren. Sjølve fjernvarmeanlegga kan òg vere fleksible i bruk av ulike energiberarar. Som alternativ oppvarmingskjelde og med fleksibilitet i etterspørselen etter elektrisitet medverkar fjernvarmen positivt til forsyningstryggleiken i det nasjonale energisystemet. Fjernvarmeleveransen i Oslo var i 2015 åleine på 1,6 TWh, og kan dekke 25 prosent av byens effektbehov, ifølgje Hafslund Varme.
I mange byar og tettstader er fjernvarme ein viktig del av varmeforsyninga. Leveransen av fjernvarme må vere robust også i kuldeperiodar og ved uføresette hendingar som gir bortfall i fjernvarmeproduksjonen. Det er i samanheng med kuldeperiodar og uføresette hendingar at det er mest aktuelt å nytte mineralolje i fjernvarme i dag. Det inneber at mineralolje er ei aktuell energikjelde for to formål: Spisslast og beredskap.
Til spisslastformål finst det fleire alternativ til mineralolje og då særleg elektrisitet, bioolje, innovative bioløysingar baserte på pellets og bruk av akkumulatortankar. Dersom fjernvarmeanlegga blir baserte på å bruke elektrisitet til spisslast vil gevinsten ved samspelet med elektrisitetssystemet minke betydeleg. Fleire fjernvarmeselskap nyttar bioolje til spisslast, men tilgangen er foreløpig utfordrande, særleg på berekraftig bioolje med reell positiv klimaeffekt. Bioolje kan vere aktuell i annan bruk som transportsektoren, slik at den kan ha ein relativt høg alternativ verdi. Akkumulatortankar og pelletsløysingar blir òg utprøvde i marknaden i dag.
Fjernvarmeaktørar er i medhald av beredskapsreglementet pålagt å levere varme sjølv om den største eininga i anlegget er ute av drift. Slike hendingar kan oppstå uføreseieleg med ujamne mellomrom.
I enkelte beredskapssituasjonar vil alle andre løysinga enn mineralolje framstå som dyre og lite eigna.
13.1 Høyringsuttaler til spørsmål om bruk av mineralolje i fjernvarme
I Meld. St. 25 (2015–2016) Kraft til endring (Energimeldinga) vart det varsla at regjeringa ønskte å sjå oppmodingsvedtaket om verkemiddel for å fase ut fossil olje (mineralolje) i fjernvarme i samanheng med oppmodingsvedtaka om forbod mot bruk av fossil olje til oppvarming i bygningar. I Klima- og miljødepartementets høyring av forslag til forskrift om forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar, vart det bede om merknader til å la forbodet eventuelt omfatte fjernvarmeanlegg. I høyringa hadde fleire av høyringsinstansane synspunkt på bruk av mineralolje i fjernvarme.
Norsk fjernvarme, Hafslund, SSB m.fl. peiker på at fossil energi utgjer berre 1 prosent av brenselsmiksen i produksjon av fjernvarme.
Norsk fjernvarme, som representerer 80 prosent av fjernvarmeproduksjonen i Noreg, opplyser at 33 av 71 fjernvarmeselskar ikkje brukte mineralolje i 2015. Fossil spisslast er erstatta med andre løysingar som akkumulatortankar og bioenergiløysingar. Medlemmene har som mål å fase ut bruk av fossil spisslast i normalår innan 2020 fordi det har stor marknadsføringsverdi. Norsk fjernvarme meiner at den oljen som framleis blir nytta, i hovudsak dekker pålagte beredskapsbehov.
Hafslund skriv at dei har erstatta olje til spisslast med andre løysingar. Kapasiteten i oljekjelane er likevel viktig for å oppfylle krav til beredskap. Dei peiker på at eit totalt forbod vil gi høge kostnader for kraftsystemet, fordi uprioritert kraft då må gjerast prioritert, det vil seie at kapasiteten i kraftnettet må styrkjast for å dekke dette behovet i staden for olje. NVE trekkjer òg fram dette argumentet i si høyringsuttale.
Oslo kommune skriv at Hafslund Fjernvarme i Oslo har fasa ut olje og gass etter krav frå kommunen. Oslo kommune meiner dette er ein indikasjon på at eit forbod er overflødig fordi same resultat kan bli oppnådd med andre verkemiddel.
NVE skriv i høyringa at fjernvarmesektoren har komme langt i å redusere bruken av mineralolje, men at olje framleis er i bruk både for spisslast og som beredskap. Dersom oljekjelar blir erstatta med elektrokjelar, så kan det utløyse behov for investeringar i overføringsnettet. Dette vil først og fremst dreie seg om transformatorar, og når utvidingane skjer i regionalnettet, så er det nettselskapet som ber desse kostnadene.
Miljøorganisasjonane, enkelte kommunar, interesseorganisasjonar for elektrisitet mv. meiner i høyringa at oljefyrforbodet kan utvidast til fjernvarmeanlegg. Fleire peiker på at fjernvarmen prinsipielt bør møte same strenge reguleringar på miljø som bygg.
13.2 Verkemiddel for å fase ut mineralolje i fjernvarme
Av høyringsuttala til Norsk Fjernvarme framgår det at det er lettare å marknadsføre fjernvarme når den ikkje er basert på mineralolje. Forbrukermakta påverkar på den måten brenselsmiksen i fjernvarme. Norsk Fjernvarme har utvikla ein nettportal der fjernvarmekundar kan sjå kor mye mineralolje deira lokale fjernvarmeselskap brukar (fjernkontrollen.no).
Forbruket av mineralolje har gjennom fleire år blitt redusert betydeleg, og bransjen ønskjer sjølv å fase ut bruken. Ei rekkje statlege verkemiddel har medverka til at bruk av mineralolje i fjernvarme i dag er beskjeden.
Mineralolje er ilagt 1,20 kroner per liter i CO2-avgift og 1,603 kr/l i grunnavgift, til saman om lag 28 øre/kWh. Til samanlikning har fjernvarmeselskapa ein låg sats på 0,48 øre/kWh i elavgift og det er ikkje særavgifter på bioenergi som alternative spisslastløysingar. Avgiftsstrukturen medverkar dermed i stor grad til at mineralolje blir utfasa frå fjernvarmen.
Enova har sida 2002 medverka til fjernvarmeutbygging gjennom ulike tilskotsordningar. Ordningane har vore retta mot nyetablering, utvidingar av eksisterande fjernvarmeanlegg og konvertering frå bruk av fyringsolje til biobrensel og etablering av akkumulatortank (lagringstank). Dei seinare åra har Enova hatt eit tilbod om støtte til introduksjon til energileiing i fjernvarme. Betre energileiing kan redusere behovet for bruk av mineralolje.
Fjernvarmeanlegg med samla fossil effektinstallasjon over 20 MW er underlagt kvoteplikt. Dette omfattar om lag 20 anlegg i Noreg som til saman representerer rundt 60 prosent av samla fjernvarmeproduksjon.
Utover verkemidla retta mot bruk av mineralolje, foreslår regjeringa å arbeide vidare med å innlemme avfallsforbrenningsanlegg i EUs kvotesystem eller innføring av CO2-avgift på forbrenning av avfall. Sjå omtale i Prop. 1 LS (2017–2018) Skatter, avgifter og toll 2018.
13.3 Ressurseffektivitet i fjernvarme
I vedtaket oppmodar Stortinget regjeringa også om å gjere fjernvarme mest mogleg ressurseffektiv. Ressurseffektivitet i fjernvarme er nær knytt til avfallspolitikken fordi spillvarme blir utnytta i fjernvarmen. Fjernvarme medverkar òg til ressurseffektivitet i det gode samspelet med energisystemet.
Avfallshierarkiet reflekterer ei prioritert rekkefølgje for avfallshandtering. Avfallshierarkiet har førebygging som høgaste prioritet, deretter førebuing til ombruk, materialgjenvinning, anna gjenvinning inkludert energiutnytting og til sist, sluttbehandling. I avfallsforskrifta er det stilt krav om at forbrenningsanlegg skal utformast, byggast og drivast på ein slik måte at all termisk energi generert av forbrenningsprosessen blir utnytta så langt det er praktisk gjennomførleg. Fjernvarme nyttar seg særleg av spillvarme frå avfallsforbrenning som er langt nede i avfallshierarkiet.
Regjeringa har varsla endringar i gjeldande regulering av fjernvarme, jf. Meld. St. 25 (2015–2016). Endringane vil tydeleggjere kommunane si nøkkelrolle i tilrettelegginga for fjernvarmeinfrastruktur. Kommunane er både vertskap for all energiproduksjon og infrastruktur, store eiendomsforvaltarar og ansvarlege for lokal energi- og klimaplanlegging og byutvikling. Kommunane har innsikt i, og kan påverke, utnyttinga av lokale energiressursar som avfall, varme frå sjø og elver, jordvarme, spillvarme og bioenergi. Endringa kan medverke til at kommunane i endå større grad har ressurseffektivitet som mål i den lokale planlegginga der fjernvarme kan inngå som eit viktig element.
Departementet arbeider òg med høvet til å innføre krav om varmemålarar for vassboren varme hos den enkelte leilegheitseigaren i bustadblokker. Føremålet med slik individuell måling er å gjere den enkelte leileghetseigaren bevisst på eige forbruk av varmeenergi.
13.4 Oppsummering
Fjernvarme samspelar på ein god måte med kraftforsyninga og er mange stader eit alternativ til bruk av elektrisitet til oppvarming om vinteren. Fjernvarmeanlegga kan òg vere fleksible i bruk av ulike energiberarar.
I 2016 utgjorde mineralolje 1 prosent av brenselsmiksen og CO2-utsleppet frå mineralolje i fjernvarmen utgjorde 0,05 prosent av totale CO2-utslepp i Noreg.
Departementet vil legge til rette for reguleringar og rammevilkår for fjernvarmeverksemda som sikrar god ressurseffektivitet. Det har over mange år vore nytta sterke verkemiddel for å fase ut mineralolje i fjernvarme. Fjernvarmeleverandørane viser òg at dei er opptekne av å avgrense forbruket. Mineralolje framstår i dag som uaktuelt til grunnlast, og stadig mindre aktuelt til spisslast. Av omsyn til forsyningstryggleiken og av beredskapsomsyn, meiner departementet at det framleis skal vere opning for å bruke mineralolje til fjernvarme.
14 Eit mål om 10 TWh redusert energibruk i eksisterande bygg
Effektiv bruk av energi står sentralt i eit økonomisk og miljømessig berekraftig energisystem. I Noreg står bygg for ein vesentlig del av den samla energibruken. I motsetning til land der energibruken i bygg i stor grad er basert på fossil energi, er klimagassutsleppa frå bygg i Noreg låge. I dette kapitlet er omtalt utviklingstrekk innanfor energibruk i bygg, og kva slag drivkrefter som påverkar utviklinga. Det er omtalt eit mål om 10 TWh energisparing i bygg og korleis dette kan bli oppnådd gjennom oppgradering av eksisterande bygg, endra energibruk som følgje av riving av gamle bygg, meir energieffektive tekniske løysingar og meir effektiv drift av bygg.
14.1 Energibruk i bygg – trendar og samanhengar
Energibruken i den norske bygningsmassen er om lag 80 TWh i eit normalår. Av dette er om lag 45 TWh i bustader og om lag 35 TWh i yrkesbygg. Dette utgjer om lag 40 prosent av norsk innanlands sluttbruk av energi. Figur 14.1 viser utviklinga i energibruken i bygningsmassen frå 1990 til 2015. Den viser ein auke på om lag 10 TWh, av dette om lag 7 TWh i yrkesbygg og om lag 3 TWh i hushald.
Energibruken varierer mellom år avhengig av utetemperatur og energiprisar. Figur 14.1 viser at sluttbruk av energi i bygg var særleg høgt i 2010, på trass av at elprisen var høg det året. Kaldt vêr medverka til at forbruket vart høgt. I NVEs energibruksrapport frå 2013 framgår det at energibruken i bygg kan variere med så mykje som +/- 5-6 TWh på grunn av forskjell i temperatur frå eitt år til eit anna.
14.1.1 Drivkrefter som påverkar utviklinga i energibruken
Utviklinga i energibruken i bygg er påverka av fleire fundamentale samfunnstrendar. Befolkningsvekst gir auka behov for areal og energikrevjande apparat. Dette trekker i retning av auka energibruk. Folkeveksten vil ifølgje SSB først og fremst komme i sentrale strøk der det er etter måten fleire fleirbustadhus enn einebustader. Det vil medverke til å dempe veksten fordi energibruken i ei typisk blokkleilegheit er under halvparten av ein gjennomsnittleg einebustad.
Økonomisk vekst og aukande disponibel inntekt kan medverke til auka energibruk. Betre økonomi kan blant anna føre til auka utbygging, større komfort (innetemperatur) og fleire energikrevjande produkt.
Nye bruksområde for elektriske apparat medverkar til aukande bruk av elektrisitet i bygg. For eksempel blir det vanlegare å lade el-bilar i tilknyting til både bustad- og yrkesbygg. Samtidig blir det utvikla nye energieffektive teknologiar og løysingar som i aukande grad blir tekne i bruk. Dette vil medverke til å dempe veksten.
14.1.2 Effektiviseringstrendar i bygg
Energibruk per kvadratmeter i bustader har gått ned dei seinare åra, jf. figur 14.2. Dette skuldast blant anna at nye energieffektive bustader erstattar gamle, at eldre bustader blir rehabiliterte til betre standard og at det blir teke i bruk meir energieffektiv teknologi.
For yrkesbygg er utviklinga meir samansett. Ifølgje Enovas byggstatistikk har energibruken per kvadratmeter blitt redusert i kontorbygningar, skulebygg og sjukeheimar dei siste 20 åra. I butikkar og kjøpesenter aukar derimot energibruken. Enova peiker på at lengre opningstider kan vere ei mogleg årsak til dette.
14.1.3 Energibruken i bygg i 2030
NVE har berekna at energibruken i den samla bygningsmassen, inkludert alle nye bygg, vil falle med nær 4 TWh innan 2030. Energibruken fell til trass for at bygningsarealet er venta å auke med 7 prosent i perioden.
Om ein ser spesielt på utviklinga i dei bygga som eksisterer i dag, har NVE anslått at riving og tiltak på bygningskroppen åleine vil medverke med 10 TWh redusert energibruk fram mot 2030. Dei bygga som blir rivne fram mot 2030 utgjer ein redusert energibruk på anslagsvis 6 TWh. Bygga som blir rivne vil bli erstatta av ny bygningsmasse, som vil vere langt meir energieffektiv. Større og mindre oppgraderingar av bygningskropp utgjer ein redusert energibruk på om lag 4 TWh i 2030. I tillegg kan det ventast betydelege energiresultat frå andre energieffektiviseringstiltak i eksisterande bygg, jf. kapittel 14.2.2 og 14.2.3.
Å få effektivisering utover det som følger av naturlige oppgraderingar, dagens tekniske krav og støtteordningar er utfordrande og vil krevje svært høg støtte. Tiltakskostnadene i dei byggprosjekta Enova støtter er allereie høge. Om ein legg gjennomsnittskostnadane ved Enovas ordningar til grunn for å utløyse for eksempel 6 TWh ytterligare energisparing, vil dei samla kostnadane bli om lag 11 mrd. kroner. Kostnadene vil bli vesentleg høgare i praksis fordi ein da skal utløyse fleire tiltak enn i dag.
Det er stor uvisse rundt kor mykje som faktisk blir rive og rehabilitert i løpet av eit år. I dag er det ikkje mogleg å skilje mellom nye og eksisterande bygg i statistikken. Det finst ingen presis oversikt over arealet i noverande bygningsmasse.
Eit anna element som må takast omsyn til når ein skal måle energibruken i bygg, er den aukande elektrifiseringa av transportsektoren. Statkraft har ein rapport om globale energitrendar og norske moglegheiter (Lavutslippsscenario 2016) anslått ei elektrifisering i transportsektoren på om lag 9 TWh fram mot 2035. NVE har anslått eit forbruk på 6,5 TWh i 2030. Det må takast høgde for at ein del av straumbruken i transportsektoren kan komme fram som forbruk i bygg i statistikken.
14.1.4 Klimagassutslepp
I EU er store delar av energibruken i bygg dekt av fossile energikjelder. Det er vanleg å bruke naturgass til oppvarming og matlaging. I tillegg blir ein betydeleg del av elektrisiteten i Europa produsert frå fossile kjelder. EU-landa vil derfor oppnå betydelege reduksjonar i klimagassutslepp ved å redusere energibruken i bygg.
I Noreg er dette annleis. I perspektivmeldinga er det anslått at dei venta klimagassutsleppa frå bygg vil bli reduserte til 0,7 prosent av norske utslepp i 2030. Eit mål om energieffektivisering i bygg har derfor liten effekt på klimagassutslepp i Noreg og vil ikkje medverke til å oppfylle Noregs klimaforplikting. Regjeringa har allereie vedteke eit forbod mot bruk av mineralolje (fyringsolje og parafin) til oppvarming av bygg frå 2020.
14.2 Tiltak som gjer bygg meir energieffektive
Energieffektiviteten i eksisterande bygg kan betrast gjennom ei rekke tiltak. Bygningsmassen er mangslungen og fleire faktorar avgjer kva som er eit fornuftig tiltak i det enkelte bygg. Overordna kan energitiltak delast i tre hovudkategoriar:
Tiltak på bygningskropp
Skifte til meir energieffektive tekniske løysingar
Meir effektiv drift av tekniske installasjonar i bygg
14.2.1 Tiltak på bygningskropp
Betre isolerte veggar, golv, tak, vindauge og dører vil avgrense varmetapet i bygg. Ifølgje Enovas marknadsutviklingsrapport for 2016, vart det i perioden 2005 til 2014 i gjennomsnitt investert 125 mrd. kroner per år i marknaden for rehabilitering, oppgradering og tilbygg (ROT). Dette var relativt likt fordelt på bustader og yrkesbygg. Hovuddelen av dette er knytt til planlagt vedlikehald og rehabilitering, oppgraderingar og utbetring av skadar. Noko av denne verksemda vil medverke til energieffektivisering.
I ein potensialstudie for energieffektivisering i bygg (2012) peiker Enova på at omfattande tiltak på bygningskroppen ikkje berre blir gjennomført for å redusere energikostnader. Skal eit bygg likevel rehabiliterast, kan energieffektiviseringstiltak medføre avgrensa ekstrakostnader.
14.2.2 Skifte til meir energieffektive tekniske løysingar
Den teknologiske utviklinga gjer at det oppstår stadig fleire og meir lønnsame høve til effektivisering. For eksempel blir energieffektiviteten til støvsugarar vesentleg betra som følgje av nye produktkrav frå EU (økodesign-direktivet). I EU er det rekna med at støvsugarar vil bruke 19 TWh mindre elektrisitet i 2020 enn i 1990. Det utgjer nesten 15 prosent av samla kraftforbruk i Noreg. Det har òg skjedd mykje innan belysning. I eit samspel mellom teknologiutvikling og offentleg regulering, er glødepærene langt på veg ute av marknaden. LED-belysning og annan meir effektiv teknologi er teken i bruk både i hushald og yrkesbygg, og det er grunn til å vente ei vidare teknologiutvikling og kostnadsreduksjon innanfor belysning. NVE anslår at apparat og teknisk utstyr står for ca. 20 prosent av hushalda sin energibruk, og 50 prosent i yrkesbygg.
Mykje av energibruken i bygg går til oppvarming. Ein kan oppnå ein meir effektiv bruk av energi ved å skifte ut gamle oppvarmingsløysingar. Å skifte ut panelomnar med ei varmepumpe, eller å byte ut ein gammal vedomn med ein ny og reintbrennande omn vil føre til ei effektivisering.
SSB anslår at om lag 44 prosent av alle norske einebustader hadde varmepumpe i 2012. NVE har berekna at varmepumper samla produserte 15 TWh varme i 2015. Om lag 8,5 TWh av varmeleveransane frå varmepumpene blir henta frå omgivnadene og er ein energieffektiviseringsgevinst. Resten av varmen er frå elektrisitet som driftar varmepumpa.
14.2.3 Effektiv drift av tekniske installasjonar i bygg
Måten ein driftar bygg og deira tekniske system på kan ha ein stor innverknad på energibruken. Enovas erfaringar med tiltak for effektiv drift i offentlege bygg viser at det kan medverke til så mykje som 30 prosent redusert energibruk. Ved å styre varme, lys, ventilasjon og eventuell kjøling vil ein kunne oppnå meir effektiv energibruk. Smart styring av tekniske system er i ferd med å bli vanleg i moderne yrkesbygg, og smarte styringsteknologiar blir tilgjengelege og relevante for stadig fleire.
Enova oppgir at kostnadene ved smart styring ikke treng å vere store, men det krev gode rutinar, jamleg ettersyn og vedvarande merksemd på energibruken. Slik styring kan i aukande grad automatiserast, og med innføring av avanserte måle- og styringssystem (AMS) i alle bygg er det gode høve til meir energieffektiv drift av bygg framover.
14.2.4 Effekten av tiltak
Gehør Strategi og Rådgiving AS har på oppdrag frå Lågenergiprogrammet oppsummert potensialet for kostnadseffektive energieffektiviseringstiltak (Potensialstudie – kostnadseffektive energitiltak i eksisterende bygninger). Her er det peikt på fleire energitiltak som har betydeleg potensial. Det blir likevel peikt på at eit energitiltak kan påverke verknaden av eit anna. Etterisolering kan for eksempel redusere eit bygg stt oppvarmingsbehov, noko som kan redusere verknaden av ei installert varmepumpe. Ein kan derfor ikkje utan vidare summere potensiala for enkelttiltak og komme fram til eit samla energieffektiviseringspotensial for heile bygningsmassen.
I praksis kan ein heller ikkje rekne med at heile effektiviseringsgevinsten ved eit tiltak alltid vil bli teken ut i redusert energibruk. SSB har i studien «Ta hjemmetempen» (2012) funne at det ofte skjer ei komfortheving hos hushald som har installert varmepumper slik at innetemperaturen aukar. Nokre hushald vel altså å ta ut effektivitetsgevinsten i økt komfort heller enn å redusere energibruken.
14.3 Verkemiddel retta mot energieffektiviseringstiltak
Dei seinare åra er både energikrava i byggereguleringa skjerpa og dei positive økonomiske verkemidla styrkt. Resultata av verkemiddelutviklinga vil bli merkbare i åra som kjem. Verkemiddelutviklinga og den underliggande teknologiske utviklinga vil gjere energibruken i bygg vesentleg meir energieffektiv i 2030 enn i dag.
Det er mange barrierar i marknaden som hindrar at energieffektiviseringstiltak blir gjennomførte. Ikkje alle tiltak er i utgangspunktet lønnsame for tiltakshavarar. Sjølv tiltak som synest å vere lønnsame kan bli oversette fordi bygningseigarar og byggenæring ikkje er merksame på moglegheitene. Verneomsyn gjer òg at tiltak som synest å vere lønsame, kan bli kostbare og gjennomføre. Å utvikle og ta i bruk nye teknologiar og løysingar kan medføre risiko som ein ikkje kan vente at enkeltaktørar skal bere åleine.
Eksisterande verkemiddel er retta inn mot dei viktigaste barrierane for energieffektivisering og kan delast inn i tre hovudgrupper:
Reguleringar, som byggteknisk forskrift, produktstandardar og forbod mot oljefyring.
Informasjonsverkemiddel, som energimerking og rådgiving.
Økonomiske verkemiddel, som avgifter og tilskotsordningar.
14.3.1 Byggteknisk forskrift
Energikrava i byggteknisk forskrift (TEK) er retta mot å avgrense varmetapet gjennom tak, veggar og vindauge og set krav til effektive ventilasjonssystem. Krava vart stramma inn med 25 prosent i 2007 og ytterlegare 20–25 prosent i 2016. SINTEF Byggforsk har samanlikna krav til energieffektivitet i bygg i Norden og Europa. Noreg peiker seg ut med nokre av dei strengaste krava til bygg i Europa.
For eksisterande bygg er føresegnene i byggteknisk forskrift relevante ved ombyggingar. Etter plan- og bygningslova er tiltak som inneber vesentleg endring eller vesentleg reparasjon av bygning, konstruksjon eller anlegg søknadspliktige. Det blir blant anna vurdert om energikrava må oppfyllast for heile bygget eller berre delar av det. Ei unntaksføresegn i plan- og bygningslova opnar for å legge vekt på om kostnader ved å oppfylle dei tekniske krava er urimeleg høge.
Krava i regelverket er av mange oppfatta som kompliserte, uklare og kan vere vanskelege å praktisere. Dette kan medføre at formålet med regelverket i ein del tilfelle ikke oppnåast. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har derfor sett i gang eit arbeid med sikte på å forenkle og gjere tydeleg regelverket for eksisterande byggverk. Målet er at det skal bli enklare, rimelegare og meir føreseieleg for bustad- og bygningseigarar å endre bygga sine slik at kvalitetar som branntryggleik, energieffektivitet, inneklima og tilgjenge blir betre teke vare på enn i dag.
Som ein del av arbeidet er det blant anna utvikla eit berekningsverktøy for energitiltak i eksisterande bygg. Berekningsverktøyet er tenkt som eit hjelpemiddel for å avklare kva slag energitiltak som i utgangspunktet skal gjennomførast, og kva slag energitiltak som har høvesvis høge kostnader. Verktøyet kan medverke til at det blir enklare å utføre energitiltak i eksisterande bygg.
14.3.2 Forbod mot fyring med mineralolje
Regjeringa har vedteke eit forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar i 2020 og har notifisert dette til ESA. Forbodet vil formelt bli vedteke og trå i kraft etter at notifiseringa er gjennomført i tråd med EØS-høyringslova.
Fyring med mineralolje (olje og parafin) gir dårlegare energiutnytting enn aktuelle alternativ som til dømes panelomnar og varmepumper. Utfasinga av mineralolje til oppvarming i bygg vil derfor medverke til å effektivisere energibruk i bygg fram mot 2030.
14.3.3 Produktstandardar
Noreg er påverka av EUs reguleringar for bruk av meir energieffektive produkt. Økodesigndirektivet er eit sterkt verkemiddel som set minimumskrav for miljøvennleg utforming av produkt, under dette krav til energieffektivitet, utslepp, materialbruk og lydnivå. I praksis blir det forbode å omsetje dei minst energieffektive produkta.
I dag er eksempelvis LED-belysning utbreitt i marknaden. EU har over tid lagt press på industrien for å utvikle og gjere tilgjengeleg slike nye teknologiar. Frå 2009 til 2013 har EU gradvis skjerpa krava og det er i dag totalforbod mot glødepærer.
EUs økodesignarbeid har òg inkludert bygningsprodukt som ikkje brukar energi direkte. I dag går det føre seg utforming av regelverk for regulering av vindauge og vassarmatur.
I medhald av energimerkedirektivet, skal energirelaterte produkt forsynast med eit energimerke som skal hjelpe forbrukarane å velje dei mest energieffektive produkta. Direktiva dekker produkt som inngår i alle sektorar unntatt transport (fartøy og køyretøy).
14.3.4 Informasjon og rådgiving
Det finst fleire lønnsame energieffektiviseringstiltak som kan gjennomførast til avgrensa kostnader. Det kan likevel vere komplisert for innehavarar av bygningar å få oversikt over konkrete energieffektiviseringstiltak. Ulike merkeordningar, informasjons- og rådgivingstenester er med på å hjelpe forbrukarane til å gjere energieffektive val. Både Enova, DiBK og Lågenergiprogrammet har ein betydeleg informasjonsaktivitet.
For at forbrukarane skal kunne vurdere lønsemda ved ulike energitiltak, er det viktig at energibruken blir målt og prisa riktig. Smarte straummålarar (AMS) vil gi forbrukarane betre informasjon om straumforbruket sitt, med meir nøyaktig avrekning og høve til automatisk styring av forbruket. Enova har fleire prosjekt på gang i samarbeid med marknadsaktørar for å utforske dei nye moglegheitene som oppstår ved innføringa av AMS.
Energimerkeordninga for bygg er eit viktig informasjonsverktøy for energibruk i bygg. Enova tok i 2016 over ansvaret for drift og vidareutvikling av energimerkeordninga med sikte på at dette vil gi gevinstar i eit samspel med Enovas informasjonsverksemd og programutvikling.
For nye bygg kan vi på enkelte område nærme oss ei grense der ytterlegare innskjerping av minimumskrava ikkje er føremålstenleg med kostnadsnivå og teknologiar som gjeld i dag. I eksisterande bygg er det likevel framleis betydelege moglegheiter for effektivisering. Departementet vil, i dialog med marknadsaktørane, sjå nærare på korleis energimerkeordninga for bygg i større grad kan innrettast mot eksisterande bygg.
DiBK og Enova vil naturleg fylle ei informasjonsrolle i tilknyting forvaltninga av konkrete verkemiddel; DiBK som forvaltar av byggforskriftene og Enova som utviklar og forvaltar støtteordningar.
DiBK opplyser at dei blant anna vil å bygge vidare på Lågenergiprogrammets kompetanse og resultat. Fram til no har Lågenergiprogrammet hatt ei viktig rolle i leverandørbransjen, med informasjon og rådgiving med tanke på kompetanseheving.
Enova legg ned eit stort arbeid for å spreie kunnskap og informasjon om energieffektivisering i bygg. For løysingar som allereie er konkurransedyktige i marknaden, arbeider Enova med å spreie kunnskap. Enova har program som støttar energikartlegging og energirådgiving slik at byggeigarar kan få betre oversikt over moglege energitiltak og kor lønnsame dei vil vere å gjennomføre.
I tillegg har Enova ei rådgivingsteneste kalla «Enova Svarer». Dette er eit gratisnummer som privatpersonar og profesjonelle aktørar kan ringe for råd og rettleiing om energieffektivisering. For Enova er marknadsføring av program, seminar, nettverksbygging, aktivitet på internett, og samarbeid med leverandørar viktige aktivitetar. Enova gjer òg ein viktig innsats med erfaringsdeling frå prosjekt der dei har medverka med støtte.
14.3.5 Økonomiske verkemiddel
Prisar og avgifter på energi er avgjerande for lønnsemda ved energieffektiviseringstiltak. Justert for generell prisstiging har sluttbrukarprisen på straum vore relativt stabil i perioden 2006–2016, om lag 1 kr/kWh.
Det er avgifter på dei fleste energiberarane, men grunngivinga for avgiftene varierer. I statsbudsjettet som ligg føre er det foreslått ei elavgift på 16,32 øre/kWh. El-avgifta er med på å styrkje lønsemda ved energieffektivisering i eksisterande bygg.
Forbrukarane betaler også nettleige for overføring av straum. NVE er ansvarleg for inntektsrammene til nettselskapa og tek hausten 2017 sikte på å sende eit forslag på høyring om endring av prinsipp for tariffering i distribusjonsnettet, noko som inkluderer forslag til effekttariffar. Ein introduksjon av effekttariffar vil auke insentiva for dei energieffektiviseringstiltaka som samspelar best med kraftsystemet.
Enova har fleire støtteprogram for å fremje energieffektivisering i både bustader og yrkesbygg. Støtta er retta både mot tiltak på bygningskropp, ny teknologi og investeringar for smart drift av bygg. Det er ein ambisjon at dei teknologiane og løysingane som er omfatta av Enovas verkemiddel skal bli konkurransedyktige i marknaden etter kvart, og at nye tiltak kan bli sette i verk utan støtte.
Det kan vere stor uvisse knytt til å ta i bruk gode løysingar og system baserte på ny teknologi. På bakgrunn av dette gir Enova støtte til byggeprosjekt med nye og innovative energiløysingar.
For yrkesbygg gir Enova økonomisk støtte til byggeigarar som investerer i dei beste tilgjengelege teknologiane innan energireduserande løysingar. Det blir òg gitt støtte til dei som legg om frå fossile til fornybare energikjelder. Enova satsar spesielt på prosjekt med garanterte energiresultat eller der energileiing er som ein del av prosjektet.
For privatpersonar støttar Enova ei rekke tiltak. Det blir gitt støtte og informasjon om blant anna oppgradering av bygningskropp, balansert ventilasjonssystem, varmestyringssystem, varmepumper, utskift av oljefyr, og andre effektive energiløysingar.
Boks 14.1 Verkemiddelaktørar
Lågenergiprogrammet
Lågenergiprogrammet vart etablert i 2007 for å medverke til å heve byggenæringa sin kompetanse innanfor energieffektivisering og omlegging til fornybar energi i bygg. Lågenergiprogrammet er formelt eigd av Byggenæringens landsforening (BNL). Verksemda er i hovudsak styrt av ei styringsgruppe som består av 11 bransjeforeiningar og statlige etatar. Under dette Enova, Husbanken, DiBK og Forskingsrådet.
Sidan oppstarten har Lågenergiprogrammet lagt vekt på å utvikle og formidle kunnskap som kan brukast ved teiknebordet og på byggeplasser. For å få til dette har programmet samarbeid tett med leiande fagmiljø innan ingeniør- og handverksfag, arkitektur, pedagogikk og kommunikasjon. Lågenergiprogrammet har lagt vekt på å gjere kunnskap tilgjengeleg der handverkaren er og når det trengst. For eksempel har utvikling av digitale læremiddel som kan brukast på mobiltelefon og gjennom sosiale medium vort viktig.
Lågenergiprogrammet blir avslutta 31.12.2017. Delar av Lågenergiprogrammet si verksemd vil bli ført vidare av DiBK.
Direktoratet for byggkvalitet
Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) er eit nasjonalt kompetansesenter på bygningsområdet og ei sentral myndigheit på fleire område innanfor bygningsdelen av plan- og bygningslova. DiBK forvaltar det bygningstekniske regelverket. Ei sentral oppgåve er å rettleie om regelverket, spesielt overfor byggenæringa, aktørane i byggeprosessar, byggevaremarknaden og publikum. DiBK er òg tilsynsmyndigheit for reglane om dokumentasjon av byggevarer sine eigenskapar, og har ansvar for ordninga med sentral godkjenning av føretak.
Fagansvaret for områda miljø og energi vart overført frå Husbanken til DiBK frå 1. januar 2017. Flyttinga styrkar DiBK som kompetansesenter for byggkvalitet. I lys av den utvida rolla som kompetansesenter for byggkvalitet, skal DiBK blant anna rettleie om energieffektivisering av eksisterande bygg. Dei vil bygge vidare på Lågenergiprogrammets kompetanse og resultat.
Enova
Enova har over tid vore eit viktig verkemiddel i arbeidet med miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon, og utvikling av energi- og klimateknologi. Verksemda er finansiert gjennom Klima- og energifondet, som i 2018 er foreslått tilført om lag 2,7 mrd. kroner. Gjennom målretta program tilbyr Enova investeringsstøtte, rådgiving og informasjonsverksemd på fleire område.
Enovas program for energieffektivisering i bygg er basert på potensialstudiar og analysar av drivkrefter og barrierar i marknadene. Teknologiutvikling gjennom pilotering og demonstrasjon for å oppnå marknadsintroduksjon av nye teknologiar og løysingar er dei viktigaste hovudsatsingane. Enovas mål er at nye energieffektive løysingar på sikt skal bli føretrekte i marknaden utan støtte.
Enova starta satsinga med energieffektivisering i bygg då selskapet vart etablert i 2002. Frå 2004 vart tilskota retta mot investeringar i fysiske tiltak og det vart krav om etablering av energioppfølgingssystem. I 2005 vart det etablert eit forbildeprogram for særleg ambisiøse prosjekt i eksisterande bygg. I 2010 vart det etablert ei støtteordning til bygging av passivhus og lågenergibygg. Bygging av passivhus stiller særskilte krav til samarbeid mellom aktørane i byggenæringa og ordninga gav nyttige erfaringar og kunnskap. Det vart etablert rådgivingstilbod til arkitektar, rådgivarar og utbyggarar. I 2017 har Enova styrkt innsatsen mot å utvikle energitenestemarknaden. Dei søker erfaring med ulike forretningsmodellar for finansiering av energitiltak og gjennomføring av garanterte energiinnsparingar, såkalla energy performance contracts (EPC).
I 2006 vart tilskotsordninga for elektrisitetssparing i hushald innført. Det vart gitt støtte til varmepumper, pelletskamin, pelletskjel, styringssystem og solfangarar. Enova-tilskotet, som vart lansert i 2015, bygde vidare på tilskotsordninga frå 2006, men vart gjort rettsbasert med ein enklare søknadsprosess. I tillegg vart det gitt støtte til fleire typar tiltak.
14.4 Oppsummering
I Noreg utgjer energibruken i bygg en vesentlig andel av den samlede energibruken. I motsetning til land der energibruken i bygg i stor grad er basert på fossil energi, er klimagassutsleppa frå bygg i Noreg låge.
Det vil bli realisert meir enn 10 TWh energisparing fram mot 2030 gjennom rehabilitering av eksisterande bygg, endra energibruk som følgje av riving av gamle bygg og andre energieffektiviseringstiltak i eksisterande bygg. Dei eksisterande verkemidla på området er tilstrekkeleg til å realisere denne sparinga.
Dei seinare åra er det etablert sterke verkemiddel for å fremje energieffektivisering i både eksisterande og nye bygg. Verknaden av denne politikken vil komme over tid når bygningsmassen blir fornya med moderne teknologi og til nye og høgare standardar. Regjeringa vil orientere om utviklinga i energiintensiteten i dei årlege budsjettproposisjonane. Denne rapporteringa vil òg omfatte bygg.
Det er viktig no å la dei verkemidla som er etablerte for å stimulere til energieffektivisering i byggsektoren verke over tid. Departementet vil vurdere korleis energimerkeordninga i større grad kan gjerast relevant for energieffektiviseringstiltak i eksisterande bygg. Innføring av smarte straummålarar og stadig betre moglegheiter for å automatisere energistyring legg til rette for ein ny marknad for energitenester. Enova vil støtte opp under ei slik utvikling og melder om eit stort potensial for energieffektivisering i drift av bygg.
Forbodet mot bruk av mineralolje (olje og parafin) til oppvarming frå 2020 vil tre i kraft når ESA har gitt si godkjenning. Dette vil medverke til ei meir energieffektiv oppvarming av bygg og tappevatn, og Enova tilbyr støtte for å lette overgangen. Nye produktreguleringar vil bli gjennomført i norsk lov og medverke til ein stor effektiviseringsgevinst etter kvart som produkt blir bytte ut.
Direktoratet for byggkvalitet er det nasjonale kompetansesentret på bygningsområdet og vil frå nyttår føre vidare erfaringar og aktivitetar som til no har vore tekne vare på av Lågenergiprogrammet. Det omfattar arbeidet med kompetanseheving i byggebransjen, der også Enova medverkar gjennom at bransjen får erfaring med å rehabilitere bygningar til høg energistandard. Enova har òg ei sentral rolle med spreiing av informasjon og kunnskap om energieffektivisering i bygg. Dersom ein skal utløyse ytterlegare effektivisering vil det påløpe særs høge kostnader.
15 Orientering om utviklinga i energiintensiteten
Effektiv og klimavennleg bruk av energi medverkar til eit økonomisk og miljømessig berekraftig energisystem, jf. Meld. St. 25 (2015–2016) Kraft til endring. I meldinga vart det sett eit mål om 30 prosent betring i energiintensiteten i Fastlands-Noreg frå 2015 til 2030.
Målet om 30 prosent betring i energiintensiteten er retta mot heile økonomien. Tunge samfunnstrendar påverkar utviklinga i stor grad. Næringsutvikling og verdiskaping gjennom effektiv utnytting av lønnsame fornybarressursar er òg eitt av regjeringas fire innsatsområde i energipolitikken. Regjeringa vil samtidig at Noreg skal vere ein føregangsnasjon innan miljøvennleg energibruk og produksjon av fornybar energi. Våre verdifulle fornybare energiressursar skal forvaltast på ein god, langsiktig og berekraftig måte.
Energiintensitet er eit mål på kor mykje energi vi brukar for å oppnå ei viss verdiskaping (bruttonasjonalprodukt). Målet gir rom for at økonomien også i kommande år kan vekse sjølv om vi har høge effektiviseringsambisjonar. Frå 2000 til 2015 var den økonomiske veksten 45 prosent, jf. den raude linja i figur 15.1. Den blå linja viser at energibruken var uendra sjølv med den auka økonomiske aktiviteten og samla vart derfor energiintensiteten redusert med 30 prosent. Å føre vidare denne utviklinga dei neste 15 åra er ambisiøst. I Perspektivmeldingen 2013 vart det anslått at intensiteten ville bli betra med 25 prosent fram mot 2030.
Regjeringa har lagt opp til å orientere om utviklinga i energiintensiteten i den årlege budsjettproposisjonen. Med jamne mellomrom vil det òg vere aktuelt å analysere utviklinga nærare, blant anna gjennom å dekomponere effekten av dei mest sentrale drivkreftene. Dette er den første orienteringa som ei oppfølging av energimeldinga. Hovudvekta er lagt på å peike på dei elementa i økonomien som har størst betydning for utviklinga i energibruk og energiintensitet.
15.1 Status for sluttbruk av energi
I 2016 var den norske sluttbruken av energi om lag 215 TWh. Figur 15.2 viser at industrien, transportsektoren, tenesteytande sektor og hushald står for størstedelen av forbruket. Landbruk og fiske utgjer ein mindre del av energibruken. I transportsektoren blir det i stor grad nytta fossile brensler. Den stasjonære energibruken er hovudsakleg basert på elektrisitet, med nokre innslag av andre energiberarar som biobrensler og fjernvarme. Nivået på, og samansetjinga av, energibruken i Noreg har vore nokså stabilt over mange år.
Energiintensiteten var 111 GWh per mrd. kroner verdiskaping (BNP) i 2016. Ser vi fem år bakover har energiintensiten falt med til saman 10 prosent over perioden.
15.2 Drivarar av energibruk
Det er mange faktorar som påverkar energibruken, særleg demografiske forhold, næringsstruktur, størrelsen på økonomien og kor produktive vi er. Nokre element trekker i retning av auka energibruk eller energiintensitet, andre faktorar i motsett retning. Ein enkel observasjon av energiintensiteten frå år til år vil derfor kunne skjule mange interessante trekk i samfunnet som påverkar energibruken. Frå år til år blir energibruken òg påverka av vêrforhold, og prisar.
Departementet vil følgje med på ulike trendar som påverkar energibruken og energiintensiteten. Departementet vil ikkje legge for stor vekt på endringar i drivarar for energibruk og energiintensitet i enkeltår, men følgje trendar over tid. Tre område vil vere særleg viktige å følgje:
Demografiske forhold
Verdiskaping og næringsstruktur
Teknologisk utvikling
Ei veksande befolkning gir auka økonomisk aktivitet og høgare forbruk av alle typar varer og tenester. Dette trekker i retning av auka energibruk. SSB anslår ein auke i folketalet på om lag 660 000, eller 0,9 prosent per år, frå 2017 og fram mot 2030. Det er lågare årleg vekst enn det vi har sett dei seinare åra. Frå 2011 til 2016 vekste befolkninga med i gjennomsnitt 1,2 prosent per år. Urbanisering fører samtidig til at fleire bur i byar og i leilegheter, kortare reiseavstandar, auka bruk av kollektivtransport, gåing og sykling. Til saman trekker desse faktorane i retning av lågare energibruk. SSB anslår at sentraliseringa vil halde fram også framover, med sterkast folkevekst i dei mest sentrale områda. Andre demografiske faktorar som storleiken på hushalda og alderssamansetjing kan òg påverke utviklinga i energibruken.
Økonomisk vekst gjer auka behov for energi i bygg, til produksjon av varer og tenester og til transport. Forbruksveksten er påverka av kva slag næringar som veks. Mens tenesteytende sektor i 2016 hadde ein energiintensitet på 15 GWh per mrd. kroner bruttoprodukt, hadde industrien ein energiintensitet på 124 GWh per mrd. kroner. Endringar i næringsstrukturen vil dermed på-verke både nivået på norsk energibruk og energiintensiteten i økonomien. Trenden dei siste tiåra har vore ein sterk vekst i tenesteytende næringar som i 2016 stod for 52 prosent av verdiskapinga i økonomien.
Også innanfor ei næring kan det skje omstillingar som påverkar energibruken. I åra fram mot 2014 var industrien prega av nedleggingar innan treforedling- metall- og produksjon av kjemiske råvarer. Mindre energiintensiv industri, som næringsmiddelindustrien og verkstad- og verftsindustrien, hadde samtidig stor økonomisk oppgang, særleg som følgje av leveransar til petroleumssektoren. Det var samla aukande verdiskapingen i industrien mens energibruken vart redusert. Etter 2014 har svak krone, låge renter, gunstige kraftprisar og lågare etterspørsel frå petroleumssektoren medverka til å snu denne trenden.
Når vi utviklar og tek i bruk ny teknologi påverkar det energibruken på ulike måtar. Det gir ein impuls til vekst og verdiskaping og dermed meir energibruk. Ny teknologi kan samtidig vere energieffektiv, og skape grunnlag for ei betre organisering og styring av arbeidsprosessar. Industri og anna næringsliv tek i bruk nye teknologiar som gir auka produktivitet generelt og energieffektivitet spesielt. I byggsektoren kjem nye byggforskrifter, energieffektiv belysning, varmepumper mv. I transportsektoren medverkar elektriske køyretøy til ei betydeleg effektivisering. Maritim sektor blir i aukande grad effektivisert med ny teknologi basert på elektrisitet.
Næringsstrukturen er påverka av mange faktorar, som pris på sluttprodukt og valutakursar. Prisen på energi, og avgifter, påverkar òg energibruken betydeleg.
Myndigheitene sine verkemiddel for å avgrense energibruken medverkar til at tiltak som ikkje står fram som tilstrekkeleg lønnsame i marknaden kan bli gjennomførte. Både reguleringar, informasjonsverksemd og støtteordningar blir nytta. Det er verkemiddel retta mot å skunde fram energieffektivisering i alle sektorar. I nokre tilfelle er verkemidla med på å halde ved lag og stimulere til auka energibruk samtidig som energibruken blir meir effektiv, særleg i industrien. Tilskotet til Norsk Hydros nye pilotanlegg på Karmøy er eit klart eksempel på det. Også i bygg vil energieffektiviseringstiltak ofte opptre samtidig med komfortheving eller utviding av bygningsmassen.
15.3 Oppsummering
Det er utfordrande å måle i kva grad vi som samfunn blir betre til å ta i bruk energien meir effektivt. Departementet har i dette framlegget peikt på trendar som det er viktig å følgje med på for å forstå utviklinga i energiintensiteten. Ulike trender dreg i ulike retningar. Samla har nivået på sluttbruk av energi vore så godt som uendra i mange år mens økonomien har vakse med over 10 prosent berre dei siste fem åra. Energiintensiteten held fram med å gå ned.
Departementet vil følgje med på og omtale utviklinga i energibruken og energiintensiteten, og drivarane som ligg bak, i dei årlege budsjetta.
16 Strategi for flytande vindkraft
Regjeringa ønskjer at norsk leverandørindustri skal gripe mulegheitene i ei ny næring og bidra til utvikling av lønsam fornybar kraftteknologi. Vidare ønskjer regjeringa å legge til rette for kommersiell aktivitet innan fornybar energi i norske havområde på lang sikt.
Regjeringa vil at Noreg som energinasjon skal utnytte kompetanse, røynsle og naturgjevne fortrinn langs kysten vår og i våre havområde, til ytterlegare verdiskaping og framtidsretta løysingar. På same måte som innan anna næringsverksemd må aktørane – dei havbaserte næringane, forskingsmiljøa og energinæringa – gripe mulegheitene.
Eit viktig utgangspunkt for regjeringa sin strategi for flytande vindkraft er at norske verksemder har ein sterk kompetanse basert på olje- og gassnæringa, skipsfart og fornybar kraftproduksjon.
Vindkraft til havs er allereie ei stor og veksande næring, og våre naboland rundt Nordsjøen har bidrege til rask utvikling av botnfast vindkraftteknologi. Norske verksemder eksporterte for over 4 mrd. kroner til denne næringa i 2015, men har berre stått for 5 prosent av leveransane sidan 20105.
Flytande vindkraftteknologi har ikkje komme like langt i utviklinga som botnfast vindkraft, men teknologien har eit stort marknadspotensial, av di han opnar for utbygging på djupare vatn. Noreg var tidleg ute med flytande vindkraftteknologi, og fleire land investerer no i demonstrasjonsprosjekt som kan bidra til lågare kostnader. Fordi flytande vindkraft er ein lite utprøvd teknologi vil ein strategi som rettar seg mot flytande vindkraft i stor grad måtte handle om forsking, utvikling og utprøving.
Regjeringa har allereie gjort fleire grep for å styrke norske verksemder si konkurransekraft innan vindkraft til havs. Mellom anna har regjeringa bidrege til etableringa av Norwegian Energy Partners (Norwep), som har auka satsinga si på vindkraft til havs. Regjeringa legg opp til ein støtte på 34 mill. kroner til Norwep i 2018. Olje- og energidepartementet har også signert ein avtale om energisamarbeid mellom landa rundt Nordsjøen. Samarbeidet har vindkraft til havs som hovudfokus.
Regjeringa finansierer forskings- og teknologiprogram gjennom Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og Enova. Desse kan gje støtte til alle deler av løpet frå forsking og utvikling til utprøving av nye teknologiar for vindkraft til havs. Dette vil lette tilgangen på kapital, kompetanse og skape nettverk både nasjonalt og internasjonalt.
Utvinning av olje og gass krev store mengder kraft og påliteleg forsyning. Olje- og gassverksemda i norske havområde nyttar i dag gassturbinar på innretningar til havs eller kraft frå land som energiløysing. Rammeverket for petroleumsverksemda gjev sterke økonomiske incentiv til at selskapa vel energiløysingar med så låge utslepp som muleg, og havenergilova opnar for at dei kan velje å nytte flytande vindkraft som energiløysing der dette skulle syne seg å vere økonomisk lønsamt og føremålstenleg. Slike innovative prosjekt kan søke støtte frå Enova.
Regjeringa meiner at utbygging av vindkraft til havs i større skala ikkje er realistisk på kort til mellomlang sikt i norske havområde. Røynslene så langt syner at det er muleg å vere med i utviklinga av næringa utan å ha ein heimemarknad.
Det vil ta tid før flytande vindkraft vil kunne bli ei gagnleg løysing for energiforsyning, anten til petroleumsverksemd eller til kraftsystemet på land i Noreg. For at norske kompetansemiljø og verksemder skal kunne ta del i den vidare utviklinga og bygge kompetanse og røynsle er det viktig med støtteordningar for forsking, teknologiutvikling og eksport og eit rammeverk som legg til rette for utprøving av nye konsept og idear. Denne strategien følgjer desse linene.
16.1 Utgangspunkt
Noreg har ei velutvikla og føreseieleg forvalting av både fornybare ressursar og olje- og gassressursar. Innan begge felt er teknologinøytrale rammevilkår og samfunnsøkonomiske vurderingar viktig, og regjeringa har halde fast ved desse grunnprinsippa for energi- og petroleumspolitikken.
I Meld. St. 25 (2015–2016) Kraft til endring la regjeringa til grunn at det ikkje er realistisk med utbygging av vindkraft til havs i større skala på kort til mellomlang sikt. Det vart likevel varsla at regjeringa tek sikte på å klargjere kva område det kan vere aktuelt å opne for konsesjonssøknadar.
Stortinget slutta seg til hovudlinene i meldinga, men ba regjeringa senest i 2017 legge fram en støtteordning for realisering av demonstrasjonsprosjekt for flytende havvind og andre former for havbasert energi. Vedtaket er følgd opp gjennom ny styringsavtale mellom Olje- og energidepartementet og Enova, som vil gjelde frå 2017 til 2020. Avtalen inneber ei dreiing av Enova si verksemd mot auka innovasjon som bidreg til lågutsleppssamfunnet. Innovasjon innan havbasert energi er eit område som fell innanfor dette.
I Meld. St. 27 (2016–2017) om regjeringa sin politikk for industrien vert det varsla at det skal lagast ein strategi for eksport og internasjonalisering. Ein slik strategi er relevant også for norsk industri som leverer til vindkraft til havs.
Regjeringa føreslo i Prop. 1S (2016–2017) betre rammevilkår for fartøy som leverer tenester til vindkraft til havs. Forslaget inneber at fartøy som driv oppsetting, reparasjon, vedlikehald og demontering av vindkraftverk til havs vert omfatta av rederiskatteordninga.
I 2016 signerte Olje- og energidepartementet ei politisk fråsegn om energisamarbeid mellom nordsjølanda. Føremålet er å samarbeide for å fremje kostnadseffektiv utbygging av fornybar energi til havs gjennom arealplanlegging, nettutvikling og utvikling av standardar og regelverk.
16.1.1 Rammeverket for vindkraft til havs
Havenergilova av 2010 fastset at fornybar energiproduksjon til havs utanfor grunnlinene som hovudregel berre kan skje etter at staten har opna område for søknadar om konsesjon. Det må gjerast strategiske konsekvensutgreiingar før område kan opnast. Eit viktig føremål med lova var å legge rammene for eventuelle utbyggingar i god tid før det blir aktuelt, og å ha kontroll med arealdisponeringa til havs.
Etter havenergilova kan det gjerast unntak frå regelen om opning av område for demonstrasjonsprosjekt med nærare omtalte avgrensingar. I kapittel 16.3.2 er slike unntak nærare omtala.
Ei direktoratsgruppe leia av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) identifiserte i 2010 havområde som kan eigne seg for vindkraftproduksjon til havs. I regi av NVE vart det deretter gjort ei strategisk konsekvensutgreiing av desse områda og det vart peika på fem område som burde opnast fyrst. Kapittel 16.3.1 inneheld ei nærare omtale av dette.
Utgreiinga synte at det er mange interesser knytt til arealbruken til havs, men det er truleg mindre konflikt knytt til fornybar energiproduksjon til havs enn på land. Det vil vere naudsynt med forskrifter etter havenergilova før ei eventuell større utbygging.
16.1.2 Ei stor og veksande næring
Vindkraft til havs er i sterk vekst internasjonalt, og særleg i havområda nært Noreg. Nær all vindkraft som er bygd ut til havs er fundamentert på botnen.
I følgje bransjeorganisasjonen Wind Europe vart det i 2016 sett i drift over 1 500 MW ny vindkraft i EU sine havområde, slik at det ved utgangen av året var om lag 13 000 MW vindkraft til havs i EU, fordelt på meir enn 3 500 vindturbinar. Den gjennomsnittlege storleiken på vindparkane til havs er på 380 MW. Utanfor Europa er det berre Kina som har signifikante volum. Det aller meste av vindkrafta til havs er bygd ut dei siste ti åra, og det har vore ei aukande takt i utbygginga fram til no. I følgje Wind Europe er det gjort investeringsavgjerd om nær 5 000 MW ytterlegare vindkraft til havs i Europa.
Til samanlikning var det bygd nær 900 MW vindkraft på land i Noreg ved årsskiftet 2016/2017. Vasskraftverka i Noreg har ei samla installert yting på om lag 32 000 MW.
Den prinsipielle skilnaden mellom flytande og botnfast vindkraft er fundamentet. Elles er mykje likt mellom dei to vindkraftteknologiane, slik at ein strategi om flytande vindkraft i stor grad også vil vere relevant for botnfast vindkraft. Fordi flytande vindkraft er ein mindre mogen teknologi, vil ein strategi som i hovudsak rettar seg mot flytande vindkraft i større grad omtale forsking, utvikling og utprøving.
16.1.3 Om flytande vindkraft
Nær alle vindkraftverk som er sett opp i havet fram til no har vore botnfaste installasjonar på relativt grunt vatn. Botnfaste vindturbinar vert sett opp på djupner ned til 45 meter. Nye vindparkar til havs vert i dag sett opp med turbinar på opp mot 8 MW, som har ein rotordiameter på over 150 meter og der vingetippen på det meste er 200 meter over havoverflata. Turbinar med nær dobbelt så stor effekt er på planleggingsstadiet.
Den største fordelen med flytande vindkraft samanlikna med botnfaste løysingar, er at dei kan plasserast friare og ikkje har like strenge krav til havdjupn og botntilhøve. Det opnar opp for å plassere turbinane i område med god vind og der dei er til mindre ulempe for ålmenta og miljøet. I tillegg kan ein større del av montering og demontering gjerast på eller nært land, og dermed til ein lågare kostnad enn ved botnfaste løysingar som med dagens teknologi må monterast og demonterast der produksjonen skjer.6
Noreg har eitt demonstrasjonsanlegg for flytande vindkraft til havs – Hywind utanfor Karmøy. Statoil fekk støtte på 59 mill. kroner frå Enova i 2009 til å setje opp turbinen, som kravde ei investering på om lag 400 mill. kroner. Hywind-konseptet har vore testa sidan den gong, og har levert gode resultat. Mellom anna har turbinen hatt god produksjon, med svært høg brukstid.
Fleire land er no på ulike stadium i utviklinga av demonstrasjonsprosjekt for flytande vindkraftverk, m.a. Skottland, Portugal, USA og Japan.
Statoil er no i ferd med å etablere seg i USA også innan botnfast og flytande vindkraft. Delar av kystlina til USA eignar seg best for flytande teknologi.
16.1.4 Kostnader
Vindkraft til havs er eit godt døme på at kostnadar og funksjonalitet utviklar seg i samspel med eit mangfald av tenester og verdikjeder. Vindkraft til havs har nokre likheitstrekk med petroleumsaktivitet til havs, mellom anna fordi det er teknisk avansert aktivitet med store krav til pålitelegheit i utfordrande omgjevnadar. Noreg er i ein god posisjon til å ta posisjonar i denne marknaden med velutvikla næringar innan både petroleumsutvinning, skipsfart og fornybar energi.
Vindkraft til havs er vesentleg meir kostbart enn vindkraft på land. Kostnadane ved å bygge straumnett til havs er også meir kostbart enn på land. Vanskelegare driftstilhøve gjev eit høgare kostnadsnivå, medan betre vindtilhøve trekk i motsett retning. Det er muleg å nytte større turbinar og å bygge større samla anlegg til havs enn på land, noko som også bidreg til lågare kostnadar. Det er likevel ikkje lett å sjå føre seg at vindkraft til havs skal kunne bli meir kostnadseffektivt enn vindkraft på land i overskueleg framtid.
I NVE-rapport 2:2015 «Kostnader i energisektoren» skriv NVE at botnfast vindkraft har kostnadar som ligg noko under 1 kr/kWh, eller om lag det doble av nivået for vindkraft på land. Den siste tida har ein sett lågare prisar i auksjonar for ny botnfast vindkraft i nokre tilfelle i Nordsjøen (Danmark, Tyskland og Nederland). Noko av dette kan vere påverka av at myndigheitene dekker kostnadane ved tilknyting til kraftnettet og tek på seg store delar av prosjektrisikoen. Prosjekta er planlagd ferdigstilte nokså langt fram i tid, noko som truleg gjer det muleg for investorane å prise inn forventa teknologi- og kostnadsutvikling.
NVE legg i sin rapport frå 2015 til grunn at kostnadane ved (botnfast) vindkraft er fallande, og estimerer ein energikostnad på 50–80 øre/kWh i 2035, samanlikna med kostnadar for vindkraft på land på noko over 30 øre/kWh. Bransjeorganisasjonen Wind Europe ventar i ein rapport frå juni 2017 eit kostnadsnivå på 57 øre/kWh i sitt hovudscenario for 20307. I sitt optimistiske scenario ventar dei ein kostnad på 53 øre/kWh.
I mange land rundt Nordsjøen er kostnadane ved annan utsleppsfri kraftproduksjon også høg. Her er det også meir avgrensa tilgang på eigna areal til vindkraft på land enn i Noreg.
Flytande vindkraft har ikkje komme så langt i utviklinga som botnfast vindkraft, men det er ikkje sikkert at flytande vindkraft vil vere dyrare enn botnfast vindkraft for all framtid. Mellom anna er flytande vindkraft fleksibelt med tanke på plassering, noko som kan gje større energiutbyte og nærleik til etterspurnad og eksisterande infrastruktur. Wind Europe ventar at flytande vindkraft kan konkurrere med botnfaste løysingar i sitt optimistiske scenario for 2030, men ikkje i hovudscenariet.
I Frankrike fekk fire prosjekt i 2016 tilsegn på støtte til å bygge pilotparkar for flytande vindkraft, alle på 24 MW. I tillegg til investeringsstøtte og lån, fekk prosjekta tilsegn om ein garantert betaling for produsert kraft på mellom 1,40 og 2,30 kr/kWh i 20 år8,9.
Statoil tek no Hywind-konseptet vidare i ein vindpark på fem turbinar utanfor Skottland, med ei samla yting på 30 MW. Dette blir verdas fyrste flytande vindpark. Statoil har gjeve signal om store kostnadsreduksjonar for dette prosjektet samanlikna med Hywind-piloten utanfor Karmøy, og selskapet meiner at ei ytterlegare halvering av kostnadane innan 2030 er muleg10,11.
16.1.5 Innovasjonskjeden
Noreg har i dag eit offentleg verkemiddelapparat som stør opp under satsingar på nye energiteknologiar i alle fasar av innovasjonskjeda, frå ein ny idé vert til og forska på, til teknologien vert teken i bruk. Dei mest sentrale verkemiddelaktørane er Noregs forskingsråd, Enova og Innovasjon Noreg. Desse samarbeider i dag om kommunikasjon, samordning og synleggjering av verkemidla for næringsliv og forskingsmiljø. Samarbeidet er viktig for å sikre effektiv bruk av offentlege midlar, at midlane bidreg til forvaltinga sitt behov for kunnskap og gjer det tydeleg korleis dei ulike verkemidla spelar saman. Dei tre verkemiddelaktørane har verkemiddel som kan gje støtte til prosjekt i ulike fasar i innovasjonskjeda.
Figur 16.1 gjev ei framstilling av plasseringa av dei ulike økonomiske verkemidla til dei tre verkemiddelaktørane i innovasjonskjeda med relevans for nye energiteknologiar.
Verkemiddelapparat innan forsking og innovasjon av nye energiteknologiar fungerer godt. Regjeringa er oppteken av at den offentlege støtta skal vere så effektiv og utløysande som muleg, og har styrka verkemidla i Noregs forskingsråd, Enova og Innovasjon Noreg for å legge til rett for dette. Kapittel 16.2 gjev ein nærare omtale av desse verkemiddelaktørane og deira program og støtteordningar som er relevante i ein strategi for flytande vindkraft.
16.2 Støtteordningar
Hovudmålet med satsinga på forsking, utvikling og demonstrasjon på energiområdet er å bidra til auka verdiskaping og ei sikker, kostnadseffektiv og berekraftig utnytting av dei norske energiressursane. Innsatsen skal legge grunnlag for næringsutvikling på området og fremje naudsynt omstilling til lågutsleppssamfunnet.
16.2.1 Energi21 – Offshore vindkraft er eit prioritert område
Energi21 er eit strategiorgan oppnemnd av OED, for forsking, utvikling, demonstrasjon og kommersialisering av ny energiteknologi. Hovudmålet for Energi21 er å gje råd og tilrådingar til OED og tilhøyrande verkemiddelapparat (Noregs forskingsråd, Enova og NVE), i tillegg til energibransjen elles, om korleis satsinga på utvikling av nye klima- og miljøvenlege energiteknologiar bør prioriterast og gjennomførast. Energi21-strategiane er utvikla i eit samarbeid mellom næringsliv, akademia og relevante myndigheitsorgan, og vert oppdatert om lag kvart tredje år. Ny, revidert strategi er planlagt våren 2018.
Energi21 tilrår i sin tredje strategi (2014) ei strategisk satsing på vindkraft til havs som eitt av seks prioriterte satsingsområde. Satsingsområda representerer fagområde der Noreg har komparative fortrinn i framtidas energimarknadar gjennom naturgjevne energiressursar, teknologi- og kompetansebase og industriell røynsle. Grunngjevinga frå Energi21 for offentleg støtte til forsking, utvikling og demonstrasjon av teknologiar for vindkraft til havs er i stor grad knytt til å utvikle konkurransedyktig næringsliv og kompetanse for ein internasjonal marknad. I noko grad er grunngjevinga også knytt til muleg verdiskaping ved ei framtidig utnytting av dei store nasjonale vindressursane til havs.
Energi21-strategien meiner ambisjonane innan vindkraft til havs må vere å:
Utvikle norsk leverandørindustri retta mot ein marknad for vindkraft til havs
Bygge på norsk næringsliv sin teknologi- og industrikompetanse og utvikle løysingar for
Auka kraftproduksjon frå vindkraftverka
Reduksjon av kostnadar langs heile verdikjeda (frå design til demontering)
Strategien trekk fram følgjande strategiske forskingstema det bør leggast ekstra vekt på:
Optimale fundamentdesign for både flytande og botnfaste løysingar og ved ulike botntilhøve
Konsept og system for påliteleg elektrisk infrastruktur (undervass-løysingar)
Kostnads- og tidseffektiv samanstilling og installasjon av vindkraftverk til havs
Effektive konsept for marin logistikk (tungt vedlikehald) og robuste løysingar for tilkomst
Konsept og system for reduserte drifts- og vedlikehaldskostnadar og auka energiutbyte
16.2.2 ENERGIX-programmet inkluderer støtte til teknologi for vindkraft til havs
ENERGIX er eit stort energiforskingsprogram i Noregs forskingsråd, som starta opp i 2013. Programmet har eit totalbudsjett i 2017 på om lag 490 mill. kroner, der om lag 320 mill. kroner vert løyvd over Olje- og energidepartementet sitt budsjett. Det skal realisere sentrale energi- og næringspolitiske mål, og er eit viktig verkemiddel i implementeringa av Energi21-strategien. Programmet skal gje ny kunnskap som fremjar ei langsiktig og berekraftig omstilling av energisystemet, med meir fornybar energi, meir energieffektive løysingar, auka integrasjon mot Europa og auka trong for fleksibilitet.
Eitt av hovudmåla til programmet er «Berekraftig utnytting og effektiv bruk av nasjonale fornybare energiressursar.» Innan temaområdet «Fornybar energiproduksjon» står satsing på vindkraft sentralt. Dette inkluderer støtte til utvikling av teknologiar for vindkraft til havs. Basert på søknadsrundar vert det gjeve støtte til både forskarprosjekt, kompetanseprosjekt for forskingsinstitusjonar og næringsliv og innovasjonsprosjekt for næringslivet.
Forskingstematikken innan vindkraft til havs er brei i programmet. Mellom prosjekta som har fått støtte frå ENERGIX, finn vi mellom anna utvikling av nye konsept for flytande vindkraft, installasjonskonsept for flytande vindturbinar, fundament til botnfaste turbinar, modellar for installasjon av botnfaste fundament, studie av kreftene frå bølgjer og vind på fundament, drifts- og vedlikehaldssystem, tilkomstsystem og modellar for vindtilhøve.
16.2.3 Enova
Enova er eit sentralt verkemiddel i energipolitikken og i arbeidet med å redusere utslepp av klimagassar. Enova sitt føremål er å bidra til reduserte klimagassutslepp og styrka forsyningstryggleik for energi, i tillegg til teknologiutvikling som på lenger sikt også bidreg til reduserte klimagassutslepp.
Oppgåvene til Enova er konkretiserte i ein styringsavtale med Olje- og energidepartementet, om forvaltinga av midlane frå Klima- og energifondet. Olje- og energidepartementet og Enova inngjekk i desember 2016 ein ny styringsavtale for åra 2017–2020, der verksemda vart vridd mot mellom anna meir innovasjon samanlikna med tidlegare. Overføringane til Klima- og energifondet er også auka samanlikna med tidlegare, til om lag 2,7 mrd. kroner i 2018.
I avtalen for åra 2017–2020 har Enova tre delmål. Enova skal fremje:
Reduserte klimagassutslepp, som bidreg til å oppfylle Noreg sine klimaforpliktingar for 2030.
Auka innovasjon innan energi- og klimateknologi tilpassa omstillinga til lågutsleppssamfunnet.
Styrka forsyningstryggleik gjennom fleksibel og effektiv effekt- og energibruk.
Verkemidla til Enova skal vere retta mot å bygge ned tekniske og marknadsmessige barrierar for introduksjon og utbreiing av nye energi- og klimaløysingar. Verkemidla skal utformast med sikte på å utløyse prosjekt som elles ikkje ville blitt realiserte.
Enova skal prioritere innsatsen der mulegheitene for å påverke utviklinga er størst og mot teknologiar og løysingar som er tilpassa lågutsleppssamfunnet. Løysingar for null og låge utslepp skal prioriterast.
Ved utforminga av verkemiddel retta mot ny energi- og klimateknologi, skal Enova legge vekt på mulegheitene for global spreiing og påfølgjande utsleppsreduksjonar. Til grunn for tildelingar skal det ligge ei vurdering av innovasjonshøgd og gjennomføringsevne.
Enova bidreg til innovative havvindprosjekt
Vindkraft til havs er omfatta av Enova sitt delmål om auka innovasjon tilpassa omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Enova gjev støtte til verksemder som vil utvikle og ta i bruk innovativ teknologi. Enova støttar difor innovative prosjekt innan vindkraft til havs, opp til og med fullskala produksjon, så lenge prosjektet er innovativt nok. Det er to Enova-program som er aktuelle for innovasjonsprosjekt innan vindkraft til havs:
Demonstrasjon av ny energi- og klimateknologi
Fullskala innovativ energi- og klimateknologi
Programmet Demonstrasjon av ny energi- og klimateknologi
Enova lanserte i 2017 eit nytt program for demonstrasjon av ny energi- og klimateknologi. I dette programmet er siktemålet at ny teknologi – til dømes teknologi for vindkraft til havs – skal bli demonstrert i reelle driftstilhøve. Teknologien må minimum ha blitt testa ut i pilotskala der systemløysingane har blitt validert i relevante driftstilhøve. For desse prosjekta kan Enova gje lån på vilkår på opptil 60 prosent av kostnadane. Føremålet er å avlaste teknologirisikoen, og om teknologien ikkje fungerer etter hensikta kan verksemda søke om å få ettergjeve heile eller delar av lånet.
Programmet Fullskala innovativ energi- og klimateknologi
Gjennom programmet Fullskala innovativ energi- og klimateknologi, kan Enova støtte meirkostnaden med å ta i bruk nye og kreative løysingar for kommersielle anlegg for t.d. vindkraft til havs. Teknologien må vere ny og vesentleg forbetra samanlikna med den beste teknologien som er teken i bruk i marknaden. For store verksemder kan Enova støtte opp til 45 prosent av meirkostnaden ved dei innovative løysingane.
Døme på prosjekt som har fått støtte
Enova har gjeve støtte til to prosjekt som har med vindkraft til havs å gjere. I 2009 fekk Statoil støtte til å setje opp Hywind, verdas fyrste flytande vindturbin, utanfor Karmøy. I 2017 fekk selskapet WindPartner nær 7 mill. kroner i støtte til å utvikle ein servicebåt for vindkraft til havs12.
16.2.4 Innovasjon Noreg
Innovasjon Noreg bidreg med ulike typar verkemiddel som skal lette tilgangen på kapital, kompetanse og nettverk. Regjeringa har styrka fleire av de breie og landsdekkande ordningane i Innovasjon Noreg, der støtta vert gjeve til dei prosjekta som har størst potensial for verdiskaping og samfunnsøkonomisk effekt, uavhengig av tema, næring og geografi. Under følgjer ein nærare omtale av dei ordningane som kan vere relevante for vindkraftprosjekt til havs.
Miljøteknologiordninga gjev tilskot til pilot- og demonstrasjonsprosjekt innan miljøteknologi. Ordninga skal fremje konkurranseevna til norsk industri på lenger sikt og bidra til å realisere klimamåla til Noreg.
Døme på prosjekt som har fått støtte gjennom ordninga:
Kongsberg Digital AS utviklar eit styring- og kontrollsystem som skal gje vindparkar tryggare og meir effektiv drift og redusere nedetid, vedlikehalds- og driftskostnadar. Miljøteknologiordninga ga ei bidrag på 7,7 mill. kroner.
Uptime International AS (Marine Aluminium Group) fekk eit bidrag på 5,2 mill. kroner frå Miljøteknologiordninga til ny gangbru frå skip til vindturbin.
Automasjon og Data AS har utvikla fleire løysingar innan styring og overvaking av offshore vindparkar. Siste prosjekt er eit kontinuerleg overvakingssystem for levetida på stålkonstruksjonane ved offshore vindturbinar. Prosjektet fekk 3 mill. kroner i finansiering frå Miljøteknologiordninga, i tillegg til eit innovasjonslån på 3 mill. kroner.
Innovasjonskontraktar er tilskot til eit forpliktande og målretta samarbeid mellom to eller fleire partar i næringslivet og det offentlege. Målgruppa er normalt små og mellomstore leverandørverksemder med kompetanse til å løyse utviklingsbehov hjå kundepartnarar.
Lågrisikolån vert i hovudsak gjeve til prosjekt saman med lån frå private bankar på marknadsmessige vilkår. Lågrisikolån nyttast til å delfinansiere investeringar i bygg, driftsutstyr og til investeringar i landbruket. Låna bidreg til å utløyse anna finansiering.
Risikolån/innovasjonslån kan nyttast til delfinansiering av investeringsprosjekt som handlar om nyetablering, nyskaping, omstilling, internasjonalisering og utvikling, der det er vanskeleg å finne tilstrekkeleg risikovilje til gjennomføring i den private kredittmarknaden.
Program for klyngeutvikling (Norwegian Innovation Cluster) skal bidra til å forsterke innovasjons- og fornyingsevna i regionale innovasjonsmiljø gjennom auka samspel og samarbeid i næringslivet, og mellom næringsliv, kunnskapsmiljø og offentlege utviklingsaktørar. Programmet har tre nivå: Arena omfattar klynger med nye og/eller umogne samarbeidsinitiativ. Norwegian Centres of Expertise (NCE) omfattar klynger med ein etablert organisasjon med velutvikla tenester, partnarar og oppnådde resultat frå samarbeidsprosjekt. Global Centres of Expertise (GCE) skal bidra til auka verdiskaping og gje verksemdene ein betre posisjon og gjere dei meir attraktive innanfor globale verdikjeder. Det kan skje gjennom strategiske samarbeidsprosjekt.
Kompetanse og rådgjeving: Innovasjon Noreg tilbyr ulike kompetansetiltak for etablerarar, tilsette og leiarar i verksemder, styremedlemmer eller ulike aktørar og interessentar i regionale næringsutviklingstiltak. Innovasjon Noreg tilbyr også rådgjeving til einskilde verksemder og grupper av verksemder.
Tilgang til marknadar – internasjonalisering og profilering: Innovasjon Noreg skal stå til teneste for norske verksemder internasjonalt, og er til stades ved 35 utekontor i 30 land. Saman med distriktskontora i Noreg representerer Innovasjon Noreg sine kontor i utlandet eit tenestetilbod til verksemder med internasjonale vekstambisjonar. Internasjonalisering er også bygd inn som eit element i andre tenestetilbod frå Innovasjon Noreg, mellom anna i form av lån, tilskot, industrielle forskings- og utviklingsprogram og kompetanseprogram.
Regjeringa ønsker å synleggjere norske, grøne løysingar for auka verdiskaping, meir eksport og for å trekke internasjonale investorar til Noreg. Innovasjon Noreg har i oppdragsbrevet for 2017 fått i oppdrag frå regjeringa å halde fram sitt arbeid på dette området og førebu seg på eit meir detaljert oppdrag. Innovasjon Noreg vil mellom anna opprette ei digital matchingteneste for kopling av norske løysingar med globale behov.
Invest in Norway handterer førespurnadar frå utanlandske selskap som vurderer lokalisering i Noreg, og legg til rette for ei meir systematisk og profesjonell handsaming av denne typen førespurnadar. Gjennom ordninga byr Innovasjon Noreg på kompetanse, eit breitt nettverk og eit omfattande spekter av tenester for å hjelpe utanlandske verksemder med å etablere seg og drive forretningsverksemd i Noreg.
16.2.5 Eksportkreditt og GIEK
Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) og Eksportkreditt Norge fremjar norsk eksport ved å tilby høvesvis garantiar og lån på vegner av staten. Dei to er ofte involverte i finansieringa av dei same eksportkontraktane, men Eksportkreditt Norge kan bruke private aktørar til å garantere for låna og GIEK kan garantere for lån som er gitt av private banker. Verksemdene kan finansiere kjøp av flytande vindkraft som blir bygd i og eksportert frå Noreg. I tillegg kan GIEK og Eksportkreditt Norge tilby finansiering til norske reiarar sine kjøp av flyttbare innretningar frå norske verft dersom desse skal ha si inntening frå offshoreverksemd13.
Vilkåra for finansieringa blir regulerte i den OECD-tilknytte eksportfinansieringsavtalen, Arrangement on Officially Supported Export Credits (Arrangement). Denne avtalen består av ein sektornøytral hovudavtale og seks sektoravtalar. Flytande vindkraft blir regulert i dag av sektoravtalen for klima, som tyder at GIEK og Eksportkreditt Norge kan tilby noko meir tilpassa vilkår for vindkraftprosjekt, slik som lenger løpetid.
16.2.6 Norwegian Energy Partners
Norwegian Energy Partners starta opp 1. januar 2017, og er ei vidareføring av tidlegare INTSOK og INTPOW i ein sams organisasjon som skal dekke internasjonalisering av den norskbaserte petroleums- og fornybarnæringa. Dette vil ytterlegare styrke arbeidet med omstilling i næringane og internasjonalisering av norsk leverandørindustri.
Regjeringa er oppteken av å trygge arbeidsplassar og å bidra til omstilling og internasjonalisering av leverandørindustrien som arbeider opp mot petroleums- og energimarknadane. Ved å støtte opprettinga av Norwegian Energy Partners, og samstundes auke det statlege bidraget til den nye organisasjonen, vert den internasjonale konkurransekrafta for dei viktige petroleums- og energinæringane styrka. Dette bidreg til å sikre verdiskaping og sysselsetjing i Noreg, og samstundes vert det lettare å utnytte synergieffektane som ligg i kompetanseoverføring mellom dei to næringane.
Det er planlagd aktivitetar i dei viktigaste internasjonale marknadane, og marknadsmulegheitene for norsk leverandørindustri vil dessutan bli vurdert i 2018. Olje- og energidepartementet vil saman med Norwegian Energy Partners utgreie mulegheitene for å akselerere veksten og eksporten i fornybarsektoren. Arbeidet vil inkludere vurdering av mulegheitene for raskare teknologioverføring frå andre sektorar, som t.d. olje- og gassektoren og maritim sektor. Det vil også bli koordinert med andre initiativ for å ta del i den auka veksten i fornybarsektoren globalt.
Trendane med auka djupn og avstand til land, og etterkvart overgang til flytande løysingar, krev ein stendig større grad av offshore og maritim kompetanse. Å setje kompetansen i olje- og gass-næringa og i maritim næring i bruk i fornybarnæringa vil bli sentralt i satsinga i 2017 og framover for Norwegian Energy Partners.
16.3 Regelverk
Forsking og støtteordningar kan bidra til å løfte teknologi og utvikle verksemder. Dersom det blir aktuelt å realisere flytande vindkraftteknologi til havs i Noreg, har vi eit regelverk som legg til rette for ei slik utvikling.
16.3.1 Opning av område etter havenergilova
Anlegg for kraftproduksjon må ha løyve til å drive verksemda si, og når det gjeld vindkraft til havs er det mest aktuelt med konsesjon etter havenergilova.
Ingen område er i dag opna etter reglane i havenergilova, slik at eventuelle utbyggingar anten må ha unntak frå dei generelle reglane i havenergilova eller vere innanfor grunnlinene og dermed omfatta av energilova.
NVE si strategiske konsekvensutgreiing blei send på høyring i 2013. Olje- og energidepartementet tok mot 64 høyringssvar. Departementet har til no ikkje sett at det har vore grunnlag for å opne område.
Departementet arbeider likevel vidare med spørsmålet om opning av område. Det vil vere nokre kostnadar og ulemper som følgjer av å opne areal, og vurderinga av kva nytten ved ei opning kan vere vil vere viktig for departementet si vurdering.
Med utgangspunkt i NVE si strategiske konsekvensutgreiing, vil regjeringa ta sikte på å klargjere innan utgangen av 2017 kva for område det kan vere aktuelt å opne for søknadar om konsesjon.
16.3.2 Unntak for forsyning til petroleumsaktivitet
Olje- og energidepartementet meiner at det ikkje er naudsynt å opne område etter havenergilova for å kunne handsame søknadar om vindkraftproduksjon til havs for å forsyne petroleumsinstallasjonar.
Havenergilova seier i § 2-2 fjerde ledd at unntak frå reglane om opning av område kan gjerast i særskilte tilfelle. Særskilt tilfelle er ein rettsleg standard som i utgangspunktet gjev forvaltinga eit stort rom for å nytte skjønn.
Ein må gå ut frå at opning av areal ikkje er praktisk for anlegg som er meint til forsyning av petroleumsinstallasjonar, av di slik anlegg må utviklast i nært samarbeid med petroleumsaktøren og leggast nært det som skal forsynast. Førearbeida til havenergilova er difor klare på at mindre anlegg som er forsyningsanlegg til petroleumsinstallasjonar kan gjevast unntak frå opning av areal.
Det er ikkje grunnlag for å slå fast ei absolutt grense for kva som kan reknast å komme inn under unntaksregelen om særskilte tilfelle. Departementet meiner at eit vindkraftverk kan få unntak dersom det kan gje eit bidrag av ein slik storleik at det vesentleg reduserer behovet for gassturbinar i kontinuerleg drift. Gassturbinar som er i drift i dag på norsk sokkel er på opp til om lag 40 MW.
Det er heller ikkje klart kva som er ei så stor utbygging at det openbert må gjerast ei opning av område før ein konsesjonssøknad kan vurderast. Departementet merkar seg at dei vindkraftprosjekta som vart sett i drift til havs i Nordsjøen i gjennomsnitt var på nær 400 MW i 2016.
16.3.3 Energiløysingar for petroleumsverksemda
Energiløysinga til felt på norsk sokkel vert handsama som del av myndigheitene sitt arbeid med ei utbygging, og er eit tema myndigheitene er opptekne av allereie frå tidleg i planleggingsfasen, jf. Meld. St. 28 (2010–2011) og Prop. 114 S (2014–2015). Dette er eit tema i den offentlege konsekvensutgreiingsprosessen og inngår i myndigheitene si handsaming av utbyggingsplanen. I samband med utbygginga vert det følgd opp at verksemdene vel ei føremålstenleg energiløysing.
Energiløysinga er eit avgjerande element for drifta av eit petroleumsfelt, og dermed for eit kvart utbyggingsprosjekt. Produksjonen av olje og gass er ein energikrevjande og teknisk avansert prosess. Petroleumsutvinning treng stabil og kontinuerleg tilgang på energi i form av kraft og varme. Mange framtidige utbyggingar vil skje gjennom oppkopling og bruk av eksisterande innretningar og deira etablerte energiløysingar.
Ei energiløysing for petroleumsutvinning basert på vindturbinar åleine vil ikkje vere realistisk, og petroleumsinnretninga vil i tilfelle trenge reservekapasitet for kraft for å oppretthalde produksjonen og vitale tryggleiksfunksjonar når det ikkje er tilstrekkeleg med vind. Vindturbinar vil eventuelt berre bli installert i tillegg til, altså berre delvis til erstatning for annan energiforsyning basert på gassturbinar eller kraft frå land. Gassen som ikkje vert brukt på felta vert eksportert, noko som gjev ytterlegare inntekter til slike tiltak.
Bruk av vindturbinar til petroleumsinnretningar vil også føre med seg tekniske, økonomiske og operasjonelle utfordringar, til dømes knytt til ei effektiv og vellukka samkøyring av gassturbinar og vindturbinar. Dette knyter seg m.a. til spørsmål om batterikapasitet.
Vidare er det betydelege investeringar knytt til energiløysinga. Det kan vere mange milliardar i skilnad mellom alternative løysingar for ei konkret utbygging. Grunna variasjonen i konsekvensar er det difor naudsynt å ta stilling til energiløysing ved handsaminga av den einskilde utbygginga.
16.3.4 Sektorovergripande klimaverkemiddel
Ein berebjelke i vår klimapolitikk er deltakinga i kvotesystemet til EU. Utslepp frå både petroleumssektoren og elektrisitetssektoren er underlagd kvoteplikt i dette systemet. Utsleppsreduksjonane vil alt anna likt skje der kostnadane ved å redusere utsleppa er lågast. Utsleppseffekten vert gjeven av nivået på kvotetaket på europeisk nivå, uavhengig av kor utsleppa finn stad. Kvotesystemet fungerer slik at ein utsleppsauke i Noreg over tid vil motsvarast av ein tilsvarande reduksjon ein annan stad i Europa. Dersom ein vil redusere utsleppa utover kvotetaket, må dette skje ved å redusere mengda kvotar.
Stortinget har slutta seg til at Noreg skal søke å inngå ein avtale med EU om sams oppfylling av utsleppsmålet for 2030 på minst 40 prosent utsleppsreduksjon samanlikna med 1990. Dette vil innebere at Noreg i kvotepliktig sektor vil bidra til gjennomføring av utsleppsreduksjonar på 43 prosent samanlikna med 2005 innanfor EU sitt kvotesystem. Kvotepliktige utsleppskjelder i Noreg, herunder petroleumssektoren, vil bidra til at dette blir nådd saman med kvotepliktige verksemder i EU-land.
Myndigheitene har i fleire tiår nytta sterke verkemiddel for å avgrense klimagassutsleppa frå petroleumssektoren. Myndigheitene avgrensar utsleppa frå sektoren gjennom kvotar, avgifter og andre verkemiddel.
Summen av klimarelaterte verkemiddel gjer at aktiviteten på sokkelen er omfatta av nokon av dei sterkaste klimaverkemidla i verda. Den høge kostnaden oljeverksemdene står andsynes når dei slepp ut klimagassar, gjev oljeverksemdene ei sterk eigeninteresse i å avgrense utsleppa sine. Dette har bidrege til norsk olje og gass vert utvinna energieffektivt og med relativt sett låge klimagassutslepp.
Hovudmålet i petroleumspolitikken er å legge til rette for lønsam produksjon av olje og gass i eit langsiktig perspektiv. Dette skal skje samstundes som omsynet til helse, miljø og tryggleik vert teke på ein best muleg måte. Føreseielegheit, langsiktigheit og tilrettelegging for heilskaplege løysingar er avgjerande for at reguleringa av petroleumssektoren skal gje god ressursforvalting og størst muleg inntekter til fellesskapen.
Forvaltinga av petroleumssektoren bygger på dei same prinsippa som forvaltinga av anna næringsverksemd i Noreg. Myndigheitene regulerer sektoren ved å setje heilskaplege, klåre og føreseielege rammer. Innanfor desse rammene er det opp til verksemdene å leite etter, bygge ut og utvinne dei ressursane som er lønsame.
16.4 Oppsummering
Denne strategien syner at det er stor breidde i verkemidla som kan støtte opp under utviklinga av flytande vindkraft. Regjeringa vil bygge vidare på dei gjeldande rammevilkåra, og følgje opp dei grepa regjeringa allereie har gjort:
Følgje opp den nye avtalen med Enova, som i større grad opnar for å støtte innovasjon innan klima- og energiteknologi
Det blir føreslått ei løyving på 34 mill. kroner til Norwegian Energy Partners i 2018, som støttar opp under norske verksemder sin eksportaktivitet når det gjeld vindkraft til havs.
Olje- og energidepartementet vil greie ut mulegheitene for å akselerere veksten og eksporten i fornybarsektoren, jf. Eksportstrategien.
Følgje opp avtalen om energisamarbeid i Nordsjøen
Framleis legge vekt på vindkraft til havs i Forskingsrådet sitt ENERGIX-program
Med utgangspunkt i NVE si strategiske konsekvensutgreiing, ta sikte på innan utgangen av 2017 å klargjere kva for område det kan vere aktuelt å opne for søknadar om konsesjon.
Fotnoter
Alle utsleppstal er frå SSBs førebelse tal for utslepp til luft for 2016.
Utsleppstala inkluderer innretningane på sokkelen, og den delen av landanlegg som er omfatta av petroleumsskatteloven.
https://energifaktanorge.no/norsk-energibruk/energibruk-og-klimagassutslipp/
The Global Energy Architecture Performance Index, utviklet av World Economic Forum. Sjå Meld. St. 25 (2015–2016).
Make Consulting, Norwegian opportunities in offshore wind, september 2016.
Wind Europe (2017), Floating offshore wind vision statement, https://windeurope.org/wp-content/uploads/files/about-wind/reports/Floating-offshore-statement.pdf
Wind Europe (2017): Unleashing Europe's offshore wind potential – A new resource assessment. https://windeurope.org/wp-content/uploads/files/about-wind/reports/Unleashing-Europes-offshore-wind-potential.pdf
Nyheitsartikkel, Renews, publisert 14.04.17, lese 09.08.17: http://renews.biz/106701/french-peg-floating-feed-in-at-240/
Nyheitsartikkel, Newsbase, publisert 28.07.16, lese 09.08.17: http://newsbase.com/topstories/france-awards-two-tenders-floating-wind-pilots
Nyheitsrtikkel, Teknisk Ukeblad, publisert 19.03.17, lese 09.08.17,: https://www.tu.no/artikler/har-kuttet-kostnadene-pa-flytende-havvind-med-70-prosent/378227
Presentasjon på konferanse i Oslo 26. januar 2017: http://www.norwep.com/content/download/29797/214730/version/1/file/Norweg_PDF+d_STATOIL+Sebastian+Br.pdf
Pressemelding frå Enova, publisert 01.02.2017, lese 09.08.17: h ttp://presse.enova.no/news/nyskapende-katamaran-gir-mer-og-rimeligere-offshore-vindkraft-214360
Offshoreverksemd: både olje- og gassverksemd og anna verksemd offshore (inkludert for eksempel verksemd tilknytt offshore vindturbinar) som normalt har inntening i valuta.