1 Tilsetjingsvilkåra for leiarane i heileigde statlege føretak
1.1 Noregs Bank
Sentralbanksjefen er tilsett i eit seks års åremål frå 1. januar 2011 til 31. desember 2016. Sentralbanksjefen leier hovudstyret i Noregs Bank.
Løna til sentralbanksjefen utgjorde 2 131 355 kroner i 2014. Verdien av andre føremoner utgjorde same året 146 157 kroner. Sentralbanksjefen er medlem av Noregs Banks pensjonskasse med dei vilkåra som til kvar tid gjeld for den.
1.2 Folketrygdfondet
Folketrygdfondet er eit særlovselskap, jf. lov 29. juni 2007 nr. 44 om Folketrygdfondet. I 2014 utgjorde løna til administrerande direktør 2 930 000 kroner, pensjonsutgiftene 532 000 kroner og anna godtgjersle 56 000 kroner. Løns- og pensjonsvilkåra vert fastsette av styret.
Folketrygdfondet er medlem av Statens pensjonskasse. I tillegg har administrerande direktør ein avtale med Folketrygdfondet som inneber at ho ved fylte 60 år vil ha pensjonsrettighetar tilsvarande full opptening i Statens pensjonskasse. Utgiftene dekkes av Folketrygdfondet.
Den vanlege oppseiingstida er seks månader. Den administrerande direktøren har rett til etterløn tilsvarande 12 månaders pensjonsgjevande løn rekna frå utgangen av oppseiingstida dersom ho vert oppsagd eller sjølv seier opp etter avtale med styret. Etterløna vert fastsett til 18 månaders pensjonsgjevande løn rekna frå utgangen av oppseiingstida dersom oppseiingstida går ut etter fylte 62 år.