Forslag
til vedtak om formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2024
II
§ 1 Bruksområde for vedtaket
Dette vedtaket gjeld utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2024 etter føresegnene i lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard. Vedtaket gjeld òg som grunnlag for utskriving av forskot på skatt for inntektsåret 2024, jf. lov om skatt til Svalbard § 5-1.
§ 2 Skatt på formue
Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:
a) Personleg skattepliktig og dødsbu:
Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats).
b) Selskap og samanslutningar som nemnde i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kap. 2:
Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.
§ 3 Skatt på inntekt
Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:
a) Inntekt som blir skattlagd ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-1:
Låg sats: 8 pst.
Høg sats: 22 pst.
b) 22 pst. av den delen av selskapsoverskot som er høgare enn 15 mill. kroner, og som overstig summen av
10 gonger kostnadene til lønn som blir skattlagd ved lønnstrekk
0,20 gonger skattemessig verdi av anlegg, fast eigedom og annan realkapital som er på Svalbard ved utgangen av inntektsåret
c) Anna inntekt: 16 pst.
Personlege skattytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt som er omfatta av bokstav c, på 20 000 kroner.
§ 4 Avrundingsreglar
Ved utrekning av skatt skal formue og inntekt rundast nedover til nærmaste heile krone.
§ 5 Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold
Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova §§ 3-1 og 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.
§ 6 Aksjonær i utlandet
Skatt på utbytte m.m. etter skattelova § 10-13, jf. svalbardskattelova § 3-2, er fastsett til 20 pst.
§ 7 Inntekt etter svalbardskattelova § 6-3
For inntekt som blir skattlagd etter svalbardskattelova § 6-3, skal satsen vere 8 pst.