Del 1
Innleiande del
1 Satsingsområde
1.1 Ein heilskapleg politikk for heile Noreg
Noreg er eit vidstrakt land med store geografiske forskjellar i samfunns- og næringsliv. Vi har eit velutvikla nasjonalt, regionalt og lokalt folkestyre og eit samfunn med høg tillit og relativt små forskjellar. Demokratiseringa av landet med Grunnlova frå 1814 og formannskapslovene frå 1837, parlamentarismen i 1884, utvidinga av stemmeretten og nasjonalt sjølvstende i 1905, er òg historia om korleis dette samfunnet blei skapt. Det er ein bærande idé i samfunnet vårt at innbyggjarane, folket, skal kunne påverke utviklinga i samfunnet, nasjonalt, regionalt og lokalt. Det lokale folkestyret, både i kommunar og fylkeskommunar, gir innbyggjarane innverknad på utviklinga av sine lokalsamfunn og si framtid. Motivasjonen for å delta i lokalpolitikken og i det lokale organisasjonslivet er ein gjensidig avhengigheit og solidaritet i samfunnet. Dei lokale folkevalde har dessutan ein kunnskap om dei lokale forholda som gjer det mogleg å tilpasse politikken til innbyggjarane sine ønskjer og lokalsamfunnet sine føresetnader. Nett derfor er det viktig at einingane ikkje blir for store, og at dei omfattar eit geografisk område som er hensiktsmessig og som har lokal oppslutning. Dette fører til ein variasjon som er verdifull og som avspeglar ulike preferansar i befolkninga. Det er ikkje, og det bør heller ikkje vere, eit mål at lokalsamfunn, alle kommunar og fylkeskommunar skal gjere dei same vala og tilpasse seg på same måte. Variasjon og mangfald er eit sjølvstendig mål.
Tenester nær folk i heile landet er eit grunnleggjande mål for denne regjeringa. Kommunane har ansvar for mange av dei viktigaste velferdsoppgåvene, og bidrar til å sikre gode levekår og tilgang til grunnleggjande tenester både i bygd og by i heile Noreg.
Kommunesektorens samla inntekter utgjer om lag 19 pst. av BNP for fastlands-Noreg. Kvar femte sysselsette i landet er tilsett i kommunal sektor. Storleiken på kommunesektoren inneber at utviklinga i sektoren er av stor betydning for utviklinga i norsk økonomi, og sektorens samla ressursbruk har stor verknad på heilskapen i økonomien. Det økonomiske opplegget for kommunesektoren er omtala i pkt. 2.
Det er store forskjellar mellom kommunane når det gjeld kva for utfordringar dei står overfor, og det er kommunane sjølv som er best i stand til å vurdere kva som trengs mest i deira kommune. Det kommunale sjølvstyret gir rom for skreddarsydde løysingar for kvart einskilt lokalsamfunn. Derfor skal kommunesektoren i all hovudsak vere rammefinansiert og hovudsakeleg bli gitt frie midlar. Øyremerka tilskot skal som hovudregel vere forbeholdt viktige nasjonale prioriteringsområde i ein oppstartsfase, eller finansiering av oppgåver som få kommunar har ansvar for. Regjeringa er oppteken av å gi kommunane handlingsrom til å løyse oppgåvene lokalt.
Rammefinansiering skal framleis vere berebjelken i finansieringa av kommunesektoren. Kommunane sitt inntektssystem skal utjamne dei økonomiske skilnadene mellom kommunar, og det samla finansieringssystemet skal sikre godt samsvar mellom inntekter og oppgåver for den enkelte kommune. Regjeringa tar sikte på å leggje fram forslag til nytt inntektssystem for kommunar og fylkeskommunar våren 2023.
Større handlingsrom for kommunar og fylkeskommunar og meir fagleg fridom for førstelina legg til rette for meir velferd og betre tenester til innbyggjarane. Regjeringa har derfor satt i gang ei tillitsreform i offentleg sektor. I tråd med tillitsreforma ser regjeringa også på korleis ein kan etablere ei frikommuneordning, der kommunar og fylkeskommunar kan søkje om fritak frå lover og reglar innan utvalde område.
Gode fellesskapstenester som er tilgjengelege for alle, reduserer ulikskap og skilnader i levekår. Talet på byområde med barnefattigdom har auka. Regjeringa vil ta tak i utfordringar knytte til levekår, sosial mobilitet og barnefattigdom i byane. Dei kommunane som har dei største utfordringane, slik som nokre av dei større bykommunane, har ei sentral rolle i dette arbeidet og vil vere viktige samarbeidspartnerar for regjeringa. Regjeringa vil forsterke områdesatsingane og utvide dei til nye område.
Det skal vere tre folkevalde nivå i Noreg. Ei eventuell grunnleggjande endring av denne strukturen ved å fjerne fylkeskommunen vil også føre til ei omfattande kommunesamanslåing og sentralisering. Kostnadane ved ei slik omorganisering av Noreg vil bli svært store, og dette er ikkje gjennomført i andre land som det er naturleg å samanlikne seg med.
Regjeringa meiner eventuelle kommunesamanslåingar skal vere frivillige. Tida for overkøyring av lokalsamfunn er over. I juni vedtok Stortinget deling av tvangssamanslåtte fylkeskommunar og Ålesund kommune. Ved lokalvalet hausten 2023 skal innbyggjarane igjen få stemme i val til fylkestinga i Finnmark, Troms, Telemark, Vestfold, Buskerud, Akershus og Østfold fylker, og til kommunestyret i Haram.
Fylkeskommunen har ansvar for mange viktige tenester for folk og lokalsamfunn. Regjeringa vil bidra til at vi har eit velfungerande folkestyre på regionalt nivå og styrkje fylkeskommunen som samfunnsutviklar. Utviklinga av det lokale og regionale demokratiet skjer mellom anna gjennom desentralisering av oppgåver, og regjeringa vurderer derfor å overføre enkelte oppgåver frå statsforvaltarane til fylkeskommunane.
1.2 Berekraftig utvikling
Berekraftsmåla blei vedtatt av FN-landa i 2015. Kommunal- og distriktsdepartementet har frå 2020 ansvar for den nasjonale koordineringa av arbeidet med berekraftsmåla.
Stortinget drøfta berekraftsarbeidet i april 2022, jf. Meld. St. 40 (2020–2021) og Innst. 218 S (2021–2022). Regjeringa arbeider no med å følgje opp berekraftsmåla, mellom anna gjennom eit forum der toppleiarar frå næringslivet, akademia, kommunesektoren, frivillige organisasjonar og partane i arbeidslivet deltek, og gjennom etatsstyringa av statlege verksemder.
Innsatsen frå kommunesektoren er også nødvendig for å motvirke sentraliseringa og i arbeidet med å nå dei ambisiøse klimamåla våre. Kommunar og fylkeskommunar er avgjerande for arbeidet med å realisere ei berekraftig samfunnsutvikling. Regjeringa har derfor inngått ein samarbeidsavtale med KS om berekraft og innovasjon. Gjennom avtalen skal partane mellom anna arbeide saman om ei felles forståing av kva berekraftsmåla inneber for kommunar og fylkeskommunar og korleis dei kan operasjonaliserast, slik at dei speglar utfordringane nasjonalt, regionalt og lokalt.
Regjeringa forventar at fylkeskommunane og kommunane legg berekraftsmåla, lokalt folkestyre og desentralisering til grunn for samfunns- og arealplanlegginga. Planlegging etter plan- og bygningslova er eit viktig verktøy i dette arbeidet. Oppdatert kunnskap, opne planprosessar og tilrettelegging for å kunne delta i planprosessane, aukar kvaliteten på planane. Dette inneber at planarbeidet sikrar demokratisk forankring og nødvendig samordning og samarbeid med andre styresmakter og aktørar.
Kommunane har eit stort ansvar for berekraftig planlegging som varetar sosiale, miljømessige og økonomiske behov for innbyggjarane, natur og næringsliv. Det lokale sjølvstyret er viktig, og statlege og regionale styresmakter skal leggje vekt på lokaldemokratiet når det vurderast om det skal fremjast motsegn eller innvending. Statlege motsegner må bli færre og samordnast betre.
I NOU 2020: 12 Næringslivets betydning for levende og bærekraftige lokalsamfunn blir utfordringane for ei berekraftig utvikling i distrikta gjort greie for. Denne utgreiinga viser korleis ulike næringar som utnyttar naturressursane kan styrkje utviklinga i distrikta og i lokalsamfunna dersom myndigheitene legg til rette for dette. Utvalet trekker og fram ei rekke forslag som kan forbetre planprosessane, styrkje kommuneøkonomien, fremje næringsutvikling og busetnad. I NOU 2020: 15 Det handler om Norge – utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene blir berekraft drøfta, og utvalet held fram at det er viktig for Noreg at folketalet i distriktskommunar med spreidd busetnad vert halde oppe. Samstundes peikar utvalet på at nedgang i folketal også må løysast gjennom planlegging og organisering for å gi gode tenester og desentralisering.
Valet i 2023 vil gi nye kommune- og fylkesting. Regjeringa legg fram nye nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging i forkant av at fylkeskommunane og kommunane skal utarbeide regionale og kommunale planstrategiar. Dokumentet skal formidle dei viktigaste prioriteringane til regjeringa på planområdet for å fremje ei desentralisert og berekraftig utvikling. Dette skal bidra til at fylkeskommunane og kommunane kan gjennomføre samfunns- og arealplanlegginga effektivt og utan for mange konfliktar. Departementet har ansvar for statlege planretningslinjer, som òg er viktige for å tydeleggjere den nasjonale politikken. Departementet støttar vidare opp om planarbeidet i fylkeskommunane og kommunane gjennom kompetansetiltak, kunnskapsdeling og ved å utvikle nye verktøy.
Departementet har fått evaluert dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. Målet er å praktisera arealpolitikken slik at den er tilpassa regionale og lokale forhold, og slik at det kan leggjast til rette for ny vekst og sterkare utvikling i område med svak eller negativ utvikling i folkesetnaden. Sentralisering er ikkje berekraftig utvikling. Alle kommunar skal ha moglegheit til å utvikle små og store lokalsamfunn, både gjennom spreidd busetnad og i kommunesenter. Særleg i dei områda der folketalet går ned eller står stille må det verte rom for større vekt på dei lokale vurderingane og prioriteringane.
Regjeringa prioriterer den offentlege plan- og arkitekturkompetansen ved å styrkje høgare utdanning og forsking. Det er over heile landet tilbod om rettleiing og etter- og vidareutdanning, i samarbeid med offentlege og private aktørar. Regjeringa oppmodar kommunane til samarbeid gjennom interkommunale plankontor og andre former for interkommunalt plansamarbeid for å styrkje kapasiteten og kompetansen til å drive samfunnsutvikling.
Det blir vist til omtale i del III pkt. 8 om oppfølging av berekraftsmåla i Kommunal- og distriktsdepartementet.
1.3 Omstilling og fornying i offentleg sektor
Regjeringa ønskjer ein sterk og effektiv offentleg sektor som gir innbyggjarar gode tenester, valfridom og medverknad. Regjeringa sine mål for desentralisering og fornying av offentleg sektor er å oppnå meir velferd og mindre administrasjon, meir lokal fridom og mindre detaljstyring. Alle skal ha tilgang til tilpassa velferdstenester av god kvalitet gjennom det offentlege.
Arbeidet med regjeringa si tillitsreform er ein integrert del av regjeringa sitt arbeid med å fornye og utvikle offentleg sektor. Dei to andre områda i fornyingsarbeidet er innovasjon og digitalisering. For arbeidet med digitalisering, sjå pkt. 1.4 under.
Målet med tillitsreforma er å gi brukarane og innbyggjarane betre velferd og betre tenester til rett tid. For å få til dette, må ein gi dei tilsette meir rom og meir tid til å utføre arbeidsoppgåvene, og ein må styrkje samarbeidet mellom partane.
Tillitsreforma gjeld heile offentleg sektor, både staten og kommunesektoren. Den er eit felles prosjekt for regjeringa. Det er dei enkelte departementa som skal iverksette reforma i sine sektorar. Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvar for eigen sektor og det overordna ansvaret for kommunesektoren. I tillegg har Kommunal- og distriktsdepartementet ansvar for å setje rammene for, koordinere og sjå til at dei ulike elementa i tillitsreforma går inn i ein heilskap og dessutan å sjå til at tiltaka i dei ulike sektorane heng saman. Kommunal- og distriktsdepartementet har som ein del av denne overordna rolla kontakt med dei sentrale partane i arbeidslivet i offentleg sektor om tillitsreforma; LO, YS, Unio, Akademikerne, KS og Spekter.
Det er krevjande å setje gode mål, og det er vanskeleg å måle og vurdere resultat i etterkant. Mål- og resultatstyringa må utviklast slik at dei tilsette sitt faglege sjølvstende ikkje blir avgrensa unødig, til dømes gjennom å ikkje setje for detaljerte mål. Tillitsbasert leiing vil etter regjeringa sitt syn gjere det lettare å redusere talet på mål, og gjere dei meir overordna – både mellom og i verksemdene. Statstilsetteundersøkinga frå 2021 viser at dei som er i førstelinja og i operativ teneste, er dei som gir lågast skår på spørsmål om dei får brukt kompetansen i jobben, og på om dei opplever at dei har stor grad av sjølvbestemming. Ein viktig del av tillitsreforma er derfor at tillitsbasert leiing, der myndigheit blir delegert og handlingsrommet til den enkelte medarbeidar blir auka, blir brukt meir gjennomgåande i staten. Slik skal medarbeidaren kunne skape betre resultat gjennom å utnytte kompetansen sin betre, ta større ansvar og nytte det auka handlingsrommet til beste for brukaren.
Det må leggjast til rette for at leiarar i staten har opplæring i den norske arbeidslivsmodellen, medbestemming og partssamarbeid. Kommunal- og distriktsdepartementet har bede Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) om å innarbeide opplæring i medbestemming, partssamarbeid og tillitsbasert leiing i leiarutviklingstilbodet retta mot leiarar på ulike nivå.
Staten skal ha vilkår som gjer det mogleg å rekruttere leiarar med god og rett kompetanse, samstundes som lønsutviklinga for leiarar ikkje skal overskride det som er gjennomsnittleg lønsutvikling i samfunnet. Regjeringa vil prioritere å utarbeide nye retningslinjer for leiarløningar og andre typar godtgjersle for leiarar i staten, som legg til rette for reduserte lønsskilnader.
Eit viktig tiltak i tillitsreforma er å auke graden av innovasjon, og mellom anna setje i verk forsøk og pilotar. Regjeringa ønskjer å byggje og vidareutvikle ein kultur for innovasjon i offentleg sektor. Leiarar må utvikle kultur og kompetanse for innovasjon, og gi medarbeidarar fridom til å finne fram til nye løysingar. Dette bør baserast på innsikt og forståing for kva som kan vere mest effektivt, og i samarbeid med brukarane av tenestene. Kommunal- og distriktsdepartement vil samarbeide både med Kunnskapsdepartementet og DFØ for å leggje til rette for at statlege verksemder møter framtida sitt kompetansebehov, mellom anna innanfor digitalisering, forvaltningskompetanse og tillitsbasert leiing.
Det er behov for å leggje til rette for meir radikal og grunnleggjande nyskaping, òg å finne betre tilnærmingar for å løyse dei store samfunnsutfordringane. Regjeringa vil derfor teste ut lokale forsøk og pilotar for fornying i offentleg sektor. Regjeringa vil også auke kommunalt sjølvstyre med større grad av innovasjon, og dessutan endre regelverk og praksis for offentlege anskaffingar, slik at dei støttar viktige mål som berekraft, gode løns- og arbeidsvilkår, bruk av lærlingar og lokale ringverknader. Departementet har bedt Digitaliseringsdirektoratet om faglege råd om korleis verkemidla for nyskaping i offentleg sektor kan utviklast vidare, slik at dei er betre tilpassa dagens og framtidas behov.
Samfunnet har blitt meir komplekst, og fleire politikkområde femner fleire sektorar. Derfor må forvaltninga sjå heilskapen og samanheng på tvers, og finne nye og meir innovative måtar å jobbe saman på. Utvikling og oppfølging av politiske vedtak skal bli betre samordna, i dei tilfella der dette er nødvendig. Forsøk med ei ny tverrgåande arbeidsform, kalla kjernegrupper, skal gjere departementa betre i stand til å møte særleg komplekse utfordringar. Det er sett i gang kjernegrupper innanfor klima og omstilling, utsette barn og unge, kunnskap for kriser og kompetanse i staten og departementa. DFØ følgjer kjernegruppene og vil levere ein erfaringsrapport i 2023.
Statsforvaltaren skal arbeide for best mogleg samarbeid mellom kommunar, fylkeskommunar og statleg verksemd i fylket. For å styrkje samordningsrolla til statsforvaltarane har Kommunal- og distriktsdepartementet, mellom anna som del av oppfølginga av tillitsreforma, teke initiativ til å forenkle og forbetre styringa. Dei ulike departementa som styrer statsforvaltaren, er oppmoda om å fastsette færre krav til styring og rapportering, å gi fleire felles oppdrag, og meir lik og felles utforming av styringskrava.
I 2021 brukte statsforvaltninga 13 mrd. kroner på konsulenttenester. Lønsutgiftene i statsforvaltninga var i same år 143 mrd. kroner. Konsulentandelen varierer betydeleg mellom ulike statlege verksemder. Regjeringa vil kutte i konsulentbruk i staten, og har i tildelingsbreva for 2022 pålagt statlege verksemder å arbeide for å redusere konsulentbruken på område der det ligg til rette for å nytte interne ressursar og kompetanse. Utover informasjons- og haldningskampanjar skal tenester frå kommunikasjonsbransjen som hovudregel ikkje nyttast. Verksemdene skal rapportere om konsulentbruken i årsrapporten for 2022.
Det er også gevinstar å hente ut gjennom felles innkjøpsavtaler. DFØ ved Statens innkjøpssenter inngår og forvaltar felles innkjøpsavtaler på vegne av staten. I 2022 blei det inngått ei avtale om flyreiser, og DFØ har estimert eit potensial for at avtala kan spare staten for minst 70 mill. kroner i året. DFØ skal i 2023 jobbe vidare med tiltak for å realisere gevinstar av alle inngåtte fellesavtaler for innkjøp.
Regjeringa ønskjer ei betre demokratisk styring og kontroll av velferdstenestene. Derfor har regjeringa sett ned eit utval som skal vurdere alternative løysingar til kommersiell drift for den delen av dei skattefinansierte velferdstenester som vert levert av private, kommersielle aktørar. Føremålet med utvalet er å greie ut korleis kommersiell drift kan fasast ut i ulike skattefinansierte velferdstenester, og legge fram ein eigen nullprofittmodell for kvar slik sektor. Utvalet skal òg greie ut ein juridisk definisjon for ideelle driftsformer. Alternativa til kommersiell drift kan vere at slike tilbod vert tilbakeført i offentleg eigenregi, at det vert eit større innslag av ideelle aktørar, eller ein kombinasjon av desse alternativa. Men ei utfasing kan òg innebere moglegheiter for framleis innslag av kommersielle aktørar med utgangspunkt i ei strengare regulering av verksemda deira enn i dag. Utvalet skal levere utgreiinga innan 1. juni 2024.
1.4 Digitalisering og ny teknologi – desentralisering i praksis
Ny teknologi gir store moglegheiter for desentralisering og styrking av busetnad og næringsutvikling i heile landet. For å lykkast med vidare digitalisering som legg til rette for verdiskaping og gode tenester i heile landet, er det viktig med ein god digital grunnmur i botn. Noreg har gode og sikre elektroniske kommunikasjonsnett i internasjonal målestokk, men tilbodet er betre i byar og tettstader enn i distrikta. Regjeringa ønskjer derfor ei kraftig utbygging av breiband- og mobildekning i heile landet.
Denne infrastrukturen og dei digitale tenestene legg til rette for nye løysingar som kan bidra til å løyse nokre av dei største utfordringane samfunnet står ovanfor, som behovet for auka produktivitet, ny velferdsteknologi i møte med ein aldrande befolkning og ny teknologi som kan bidra til å redusere klimaavtrykket i ei rekke næringar.
Mobil- og breibandsnett har blitt ein av dei viktigaste infrastrukturane i samfunnet og tilgang overalt er avgjerande for å sikre busetjing og verdiskaping i heile landet. Stadig større verdiar blir lagt inn i netta, på tvers av alle samfunnssektorar. Utbygginga av høghastigheits breiband går raskt i Noreg. Samstundes er det framleis betydelege geografiske forskjellar i breibandsdekninga. Per første halvår 2022 hadde 93,6 pst. av husstandane tilbod om breiband med hastigheit på minst 100 Mbit/s nedlasting, og i tillegg hadde 92,5 pst. tilbod om gigabitbreiband. I tettbygde strøk hadde heile 97 pst. av husstandane tilbod om gigabitbreiband, medan berre 70 pst. hadde slikt tilbod i spreiddbygde strøk.
Det er viktig å motverke at nokre område systematisk heng etter i utbygginga av breiband, og prioritere at alle husstandar og verksemder så raskt som mogleg har tilbod om minimum 100 Mbit/s nedlastingshastigheit. Regjeringa har som mål at alle skal ha slikt tilbod innan utgangen av 2025. Det viktigaste verkemiddelet for å nå alle med raskt breiband er å leggje til rette for kommersiell utbygging. I nokre område byggjer ikkje marknadsaktørane ut på kommersielt grunnlag, og i slike område aukar regjeringa innsatsen. Forslaget om 412,7 mill. kroner i 2023 vil innebere den høgaste løyvinga til breibandutbygging som har vore i Noreg nokon gong.
Den teknologiske utviklinga går raskt. 5G-utbygginga har skote fart i 2022, og over to tredelar av befolkninga har no tilbod om 5G der dei bur. Regjeringa legg til rette for utbygging, og tilbydarane sine mål tilseier at det skal vere nasjonal dekning om lag på nivå med 4G-dekninga i løpet av 2023 eller tidleg i 2024. I tillegg legg regjeringa til rette for behova til industrien, både gjennom frekvensforvaltning og 5G-industriforum. Mobilnetta, og spesielt 5G, er eit viktig supplement til kabelbasert breiband, og kan bidra til å nå alle i heile landet med raskt breiband. Desse netta, saman med sensorar som kan koplast til internett (Tingas Internett (IoT)) og kunstig intelligens, legg også til rette for nye løysingar i industrien, auka produktivitet og reduserte klimautslepp, som følgje av forbetring og automatisering av prosessar. I tillegg blei breibandstilbod over lågbanesatellittar lansert i Sør-Noreg hausten 2022, og det er forventa at tilbodet blir utvida til heile landet. Dette vil kunne bidra til eit breibandtilbod med god kapasitet og auka tilgjengelegheit mange stader, spesielt i distrikta.
I tillegg til høg kapasitet, er det viktig at netta er sikre og robuste. Kommunal- og distriktsdepartementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit følgjer opp dette gjennom krav i ekomlova og sikkerheitslova, og gjennom tilsyn, pålegg og rettleiing. Departementet har i 2022 hatt på høyring endringar i ekomlova som legg til rette for auka sikkerheit i datasenter. I tillegg vidarefører regjeringa arbeidet med å styrkje samarbeidet mellom kraftsektoren og ekomsektoren, som har avhengigheiter til kvarandre.
Generelt har norske nett høg tilgjengelegheit, men regjeringa vil gjere meir for å redusere sårbarheiter, ikkje minst i distriktsområde der det manglar kommersielt grunnlag for reserveløysingar. Regjeringa foreslår derfor å styrkje satsinga på telesikkerheit og beredskap i 2023. Programmet forsterka ekom held fram. Gjennom programmet får sårbare kommunar etablert eit område i kommunen med forsterka reservestraum på tre døgn og ofte alternative føringsvegar. Dette gir vesentleg auka beredskap for lokal kriseleiing og befolkninga elles. Vidare foreslår regjeringa midlar til å styrkje infrastrukturen i Nordland. Med dette vil både Finnmark, Troms og Nordland ha fått slike målretta tiltak. I tillegg foreslår regjeringa midlar til systemet for mobilbasert befolkningsvarsling i dei norske mobilnetta og vil også prioritere den nye reserveløysinga for kommunikasjon til Svalbard.
Den auka kapasiteten og sikkerheita desse tiltaka i den digitale grunnmuren bidrar til, gjer at det ligg til rette for vidare utvikling av digitale tenester. Den høge digitale kompetansen i befolkninga støttar opp om slik utvikling.
I eit stadig meir digitalt samfunn, er det viktig at ingen blir halde utanfor. Noreg skårar høgast på områda brukarorientering og digital infrastruktur i internasjonale undersøkingar. Regjeringa har høge ambisjonar for digitalisering av offentleg sektor og ønskjer å gjennomføre eit taktskifte i digitaliseringa av offentleg sektor. Dette skal bidra til gode tenester for innbyggjarar, næringsliv og frivillig sektor, uansett kvar i landet ein held til. Digitalisering skal bidra til ein sterk og effektiv offentleg sektor. Digitalisering skal òg vera eit verktøy for å jobba smartare internt i offentleg sektor.
Under pandemien auka digitaliseringstakta i offentleg sektor. Dei digitale fellesløysingane har spelt ei avgjerande rolle i denne raske utviklinga av nye digitale tenester. Digitaliseringsdirektoratet har starta arbeidet med å fornye den tekniske plattforma for fellesløysingane slik at dei er rusta for vekst, og skal prioritere dette arbeidet i 2023.
Regjeringa vil òg leggje til rette for at Noreg utnyttar moglegheitene bruk av teknologi og data gir for auka verdiskaping, innovasjon og berekraftig utvikling. Det er viktig å ha gode rammevilkår som støttar utvikling og bruk av digitale tenester, mellom anna deling av offentlege data for innovasjon og nye forretningsmodellar i næringslivet og sivilsamfunnet. Regjeringa vil òg jobbe for at kompetansen i små og mellomstore bedrifter blir styrkt, slik at dei kan ta del i den datadrivne økonomien. Samstundes vil regjeringa følgje med på utviklinga i internasjonalt regelverk, mellom anna knytt til kunstig intelligens.
Regjeringa vil leggje fram ein handlingsplan som følgjer opp strategien Digital hele livet. Som ein del av arbeidet har Kommunal- og distriktsdepartementet og KS i 2022 inngått ein ny samarbeidsavtale om å vidareføre arbeidet med kommunale hjelpetilbod for å auke den digitale kompetansen til innbyggjarane. Alle skal kunne bruke dei offentlege digitale tenestene, uavhengig av alder, funksjonsevne og utdanningsnivå. Regjeringa foreslår for 2023 at det blir sett av midlar til både tilskot til hjelpe og rettleiingstilbod til innbyggjarar med manglande eller låg digital kompetanse, tilskot til Seniornett og midlar for å legge til rette for krav om synstolking, jf. omtale under programkategori 13.40.
Befolkninga må ha tillit til digitale løysingar for at dei skal vere villige til å ta løysingane i bruk. Eit godt personvern er sentralt for denne tilliten. Regjeringa vil gjere den regulatoriske sandkassa for personvern og kunstig intelligens permanent frå 2023. Sandkassa er eit tiltak for å stimulere til utvikling av personvernvenlege og rettferdige tekniske løysingar, og både offentleg og privat sektor kan få rettleiing i arbeidet med å ivareta personvernet i nye og innovative løysingar.
Regjeringa vil vidareutvikle den nasjonale infrastrukturen for geografisk informasjon for å styrkje deling og bruk av data på tvers av offentleg og privat sektor. I 2023 blir det foreslått 36 mill. kroner ekstra til arbeid knytt til matrikkelen, med utvikling av ein ny modul for overføring av store mengder data i samband med deling av fylke og kommunar og oppstart av eit arbeid for å verdifastsette fritidsbustadar. Løyvinga vil bidra til generell heving av kvaliteten på matrikkelen og følgjer opp oppmodingsvedtak frå Stortinget. Ein matrikkel med høgare kvalitet og betre tekniske løysingar er viktig for arbeidet med forenkling og innsparingar i stat, kommunar og næringsliv.
Ein nasjonal detaljert høgdemodell er ferdigstilt og bidrar til betre grunnlag for avgjerder i både offentleg og privat sektor, og store innsparingar knytt til temakartlegging, klimatilpassing, beredskap, planarbeid og infrastrukturutbygging.
1.5 Vidareutvikling av bustadpolitikken
Regjeringa ønskjer ein aktiv bustadpolitikk, og har fire hovudsatsingar:
fleire skal få moglegheit til å eige eigen bustad
utvikle gode bustadmiljø
leggje til rette for å byggje fleire bustader
ha ei klimavenleg byggjenæring
Regjeringa vil leggje fram ei melding til Stortinget om ein heilskapleg bustadpolitikk. Meldinga vil både ta for seg både leige- og eigarmarknaden.
Vi har, i realiteten, ikkje berre éin bustadmarknad i Noreg, men fleire. Det er store forskjellar mellom kommunar, og mellom by og distrikt. Sentraliseringa forsterkar dette biletet. Dermed er også løysingane lokale, og kommunane har ei viktig rolle i arbeidet med å jamne ut sosiale og geografiske forskjellar i bustadmarknaden.
Det å eige sin eigen bustad kan gi økonomisk tryggleik. Denne økonomiske tryggleiken går ofte i arv mellom generasjonane. Samstundes er føresetnadane for stabile og trygge bustadforhold større for dei som eig enn for dei som leiger bustad. For mange er det å kjøpe bustad vegen til ein trygg og stabil bustadsituasjon. Eigarlinja ligg fast i norsk bustadpolitikk, og regjeringa vil bidra til at fleire skal kunne kjøpe sin eigen bustad. Eit av spørsmåla regjeringa skal sjå på i meldinga til Stortinget, er om det er for vanskeleg å kome inn på bustadmarknaden for nokre grupper og i nokre delar av landet.
Regjeringa er oppteken av å finne gode løysingar for kommunar i distrikta med lav nybygging, samstundes som det er mangel på bustader som er tilpassa folk sine behov. Når det er få aktørar i bustadmarknaden, er behovet for at kommunane tar ei aktiv rolle spesielt stort. Regjeringa vil styrkje det distriktsretta arbeidet i Husbanken, og foreslår å setje av midlar til kommunane til å teste ut nye verkemiddel og samarbeidsformer for å fremje gode bustadtilbod i distriktskommunar i 2023.
Sentraliseringa forsterkar forskjellane i bustadprisar mellom sentrum og utkanten. Høge bustadprisar i pressområda gjer det vanskeleg for barnefamiliar og personar med låge inntekter å etablere seg, og det kan oppstå ei opphoping av dårlege levekår. Regjeringa er oppteken av å finne løysingar for pressområde med høg prisvekst på bustader. Det kan vere behov for nye måtar å jobbe på, og regjeringa foreslår å setje av midlar til forsøk i pressområde i 2023.
Trygge og gode bustadforhold er viktig for å bidra til å jamne ut forskjellar i levekår og sikre gode vilkår for oppvekst for barn og unge.
Ei sentral utfordring i bustadpolitikken er at ikkje alle hushald sjølv klarar å skaffe seg og behalde ein eigna bustad. Statistisk sentralbyrå (SSB) anslår at om lag 165 600 personar var vanskelegstilte på bustadmarknaden i 2021. Dette er personar som har låg inntekt, og i tillegg er trongbudde og/eller har høg gjeldsbelasting. Dette var ein nedgang på om lag 10 000 personar frå 2020. Regjeringa ønskjer å vidareføre denne utviklinga, og har lagt fram eit nytt lovforslag for å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden, jf. Prop. 132 L (2021–2022) Lov om kommunenes ansvar på det boligsosiale feltet. Lovforslaget klargjer kva plikter kommunane har på det bustadsosiale feltet, og kan bidra til betre og meir likeverdig hjelp til vanskelegstilte på bustadmarknaden.
Bustøtta er eit viktig verkemiddel for å sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad. I mai 2022 tok regjeringa imot ein rapport frå ei ekspertgruppe som har evaluert bustøtteordninga og foreslått ei framtidig innretting av ordninga. Rapporten vil bli viktig i arbeidet med å vidareutvikle bustøtta.
Regjeringa vil ha ei klimavenleg byggjenæring, samstundes som byggjekostnadane skal vere så låge som mogleg. Regjeringa har mellom anna innført krav om at nye bygg skal vere tilrettelagde for seinare demontering, og at materialar skal vere kartlagde for ombruk ved endringar i eksisterande bygg. Kravet til sortering av avfall ved tiltak i nye og eksisterande bygg er auka frå 60 pst. til 70 pst.
Regjeringa vil bidra til auka energiproduksjon og energieffektivisering i eksisterande og nye bygg. Regjeringa arbeider med fleire tiltak, og vil som ein del av arbeidet også vurdere endringar i plan- og bygningsregelverket. Regjeringa vil sjå tiltak i samanheng slik at dei gir best mogleg verknad, og balansere omsyn til energiutfordringar, miljø og klima og byggjekostnadar. Regjeringa har vidare sett av til saman 480 mill. kroner årleg til energitiltak gjennom Husbanken, slik at Husbanken frå 2023 kan gi støtte til energitiltak i kommunalt eigde utleigebustader, sjukeheimar og omsorgsbustader, og studentbustader. Sjå omtale under kap. 581, post 60 og kap. 270, post 76 i Prop. 1 S (2022–2023) for Kunnskapsdepartementet. Støtta til energitiltak i kommunalt eigde utleigebustader vil kome hushald med låge inntekter til gode.
Regjeringa har i mange år hatt samarbeid med dei store byane om områdesatsing i område som har opphoping av levekårsutfordringar. Regjeringa er oppteken av at alle nabolag skal vere gode og trygge stader å bu og vakse opp i. Det er derfor satt av midlar til områdesatsingar i byar, sjå omtale under kap. 590, post 65. I 2023 foreslår regjeringa å auka midlane til områdesatsingar med 15 mill. kroner til nye samarbeidsavtaler om områdesatsingar.
NOU 2020: 16 Levekår i byer – Gode lokalsamfunn for alle viser at det er tendensar til auka skilnader mellom nabolag i byane, særleg på Aust- og Sørlandet. Nokre område har ein svært høg del barn i fattige familiar, som mellom anna kan gi krevjande oppvekstforhold. Regjeringa vil våren 2023 leggje fram ei melding til Stortinget om levekår i byar.
1.6 Ein aktiv distriktspolitikk
Regjeringa vil leggje til rette for at folk skal kunne bu, arbeide og leve gode liv i heile landet og at alle innbyggjarar, uansett bustad, har eit velfungerande tenestetilbod. Det viktigaste er trygt arbeid til alle, god beredskap og velferdstenester nær folk. Regjeringa vil sikre eit godt og desentralisert tenestilbod. Ein omfordelande skatte- og avgiftspolitikk, gode offentlege tenester, infrastruktur og satsing på teknologi, omstillingsevne og kunnskap er nødvendig for å sikre busetjing og verksemder i heile Noreg. Regjeringa vil våren 2023 leggje fram ei melding til Stortinget om distriktspolitikk, og mellom anna vurdere tilrådingar gitt av distriktsdemografiutvalet og distriktsnæringsutvalet.
Eit hovudverkemiddel i distriktspolitikken er den differensierte arbeidsgjevaravgifta. Regjeringa vidarefører denne ordninga. Regjeringa vil gå gjennom det distriktspolitiske verkemiddelapparatet for å sikre at det fungerer best mogleg.
For å skape nye jobbar og kutte utslepp, vil regjeringa føre ein aktiv grøn næringspolitikk, og satse på område som karbonfangst, -bruk og -lagring, havvind, hydrogen, batteriteknologi, grøn skipsfart, landtransport, og skog, treforedling og andre fornybare næringar. Dette er viktige distriktsnæringar som vil gi viktige bidrag til grøn omstilling. Regjeringa er oppteken av at fylkeskommunane og kommunane bidrar til god tilgang på attraktive og berekraftige næringsareal som sikrar vekst og utvikling i alle delar av landet. Lokalisering og planlegging av næringsareal må gjerast på bakgrunn av eit heilskapleg og komplett kunnskapsgrunnlag. Det er nødvendig for å sikre viktige areal for matproduksjon og naturmangfald, unngå auka klimagassutslepp, leggje til rette for nødvendig infrastruktur og bustader og for å ta omsyn til lokalsamfunnet og andre viktige samfunnsinteresser. Regjeringa vil bidra til effektive planprosessar for grøn industri gjennom rettleiing og andre tiltak som styrkjer dialogen mellom aktuelle styresmakter og partar.
Kommunane er viktige medspelarar i utviklinga av nye arbeidsplassar og auka eksport baserte på våre felles naturressursar. I Hurdalsplattformen står det at regjeringa vil:
«Sikre at lokalsamfunn som stiller sine naturressurser til disposisjon for utbygging, får mer igjen for det og sikres en rettmessig del av verdiskapingen, herunder gjennom endret skattlegging av vindkraft.»
Det grøne skiftet vil krevje omfattande arealbruk både til fornybar energi og nye grøne næringar. Ein viktig premiss for gjennomføringa av det grøne skiftet, vil nett vere at dei lokalsamfunna som avstår verdifulle areal til slike føremål, blir sikra sin rettmessige del av verdiskapinga.
Regjeringa vil leggje til rette for at lokalsamfunn som stiller sine naturressursar til disposisjon for utbygging, får meir igjen for det og blir sikra ein rettmessig del av verdiskapinga. Sjå nærare omtale i Prop. 1 LS (2022–2023) Skatter, avgifter og toll 2023.
For å sikre landbruk over heile landet auka verdiskaping og redusert klimaavtrykk, er det nødvendig å auke lønsemda i bruk av jordbruksareala. Fiskerinæringa og havbruksnæringa er viktige for norsk økonomi, og for norsk matproduksjon, verdiskaping, busetjing og arbeidsplassar langs kysten. Samisk reindrift er ei viktig distrikts- og kulturnæring som er familiebasert og byggjer på eit unikt levesett. Reindrifta har gode moglegheiter for auka verdiskaping, og har som urfolksnæring eit særskilt vern i kraft av folkeretten.
Reiselivet skal bidra til å sikre verdiskaping og arbeidsplassar i heile landet. Regjeringa vil jobbe for å gjere reiselivsnæringa meir berekraftig, for å sikre fleire heilårlege arbeidsplassar i næringa.
Regjeringa vil satse på kunnskap og praktisk læring gjennom heile livet. Regjeringa vil styrkje utviklinga av fleksible og desentraliserte utdannings- og kompetanseutviklande tilbod på alle utdanningsnivå i distrikta, basert på regionale kompetansebehov. Regjeringa har som mål å mobilisere innbyggjarar og verksemder til kompetanseutvikling, gjennom mellom anna studiesentra som skal leggje til rett for utdanning der folk bur, basert på lokale behov. Regjeringa vil òg leggje til rette for at statleg tilsette kan jobbe desentralisert. Det inneber mellom anna å byggje kompetansemiljø over heile landet gjennom ei jamnare fordeling av offentlege arbeidsplassar.
Infrastruktur som veg, jernbane, hamner, ferjer, flyplassar, breiband og mobilnett bind Noreg saman. Auka framkome og betre tryggleik skal liggje til grunn for samferdslespolitikken.
Hamnene er viktige for verdiskaping og busetjing langs kysten. Regjeringa vil ruste opp hamner og farleier slik at vi kan få meir gods frå veg til sjø og sikre vidare utvikling av fiskeriavhengige kystsamfunn. Regjeringa meiner det er ei viktig oppgåve å sørgje for eit godt ferjetilbod og sikre at overføringane til fylkeskommunal ferjedrift samsvarar betre med kva dei reisande og næringslivet treng. Med budsjettforslaget for 2023 vil regjeringa halvere prisane på riksvegferjer og fylkesvegferjer samanlikna med 1. januar 2021. Regjeringa innførte i 2022 ei ordning med gratis ferje som no blir utvida, og som vil gjelde for alle ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg og til øyer og andre samfunn utan vegsamband til fastlandet. Sjå meir i Prop. 1 S (2022–2023) for Samferdselsdepartementet.
Digital infrastruktur er avgjerande for å byggje landet i framtida. Digitalisering og ny teknologi endrar samfunnet. Det kan bidra til mellom anna utvikling i offentlege og private tenester, eit meir effektivt og miljøvenleg næringsliv og transportsystem og samarbeid mellom aktørar over store avstandar. Regjeringa meiner det er eit statleg ansvar at alle i Noreg – husstandar og verksemder – har tilgang til høghastigheitsbreiband.
Regjeringa vil fremje innovasjon i offentleg sektor og eit taktskifte i digitaliseringspolitikken, som også kjem distrikta til gode.
Regjeringa har eit mål om auka bustadbygging i distrikta, og vil derfor styrkje det distriktsretta arbeidet til Husbanken og gi kommunane ei styrkt rolle i arbeidet med å jamne ut sosiale og geografiske skilnadar i bustadmarknaden.
Regjeringa vil sikre ei desentralisert helseteneste. Ei sterk offentleg helseteneste er avgjerande for å unngå sosiale og geografiske skilnader og ein todeling av helsetenesta. Ei utvikling og styrking av fastlegetenesta er derfor eit viktig mål.
Regjeringa har revidert retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon. Statlege verksemder bidrar til å styrkje kompetansemiljøa, og til meir breie og solide arbeidsmarknader i regionane der dei ligg. Statlege arbeidsplassar bør derfor kome heile landet til gode.
Regjeringa vil gi folk i heile landet tryggleiken tilbake. Regjeringa vil bidra til betre samarbeid mellom dei ulike naudetatane og andre beredskapsorganisasjonar, og vil arbeide for at dei er til stades i heile Noreg.
Regjeringa vil styrkje det lokale politiet i heile landet, både for å sikre betre førebuing og for raskare respons ved alvorlege hendingar. For å oppnå auka lokal beredskap vil regjeringa betre dei lokale polititenestene, gi meir tilgjengeleg politi for folk i heile landet og opprette nye tenestestader. Polititenestene skal betrast blant annet gjennom lokalt tilpassa tiltak som kan setjast inn i samarbeid mellom kommune og politidistrikt.
Regjeringa meiner berekraftige småbyar og større tettstader med levande sentrum, variert bustadtilbod, gode nabolag og eit mangfald av tilbod, tenester og møteplassar vil gjere heile regionen attraktiv for befolkning, næringsliv og besøkande. Utviklingskraftige og attraktive småbyar som samhandlar godt med omlandskommunane sine om mellom anna plan- og utviklingsoppgåver er derfor viktige for distriktspolitikken. Regjeringa er oppteken av at god infrastruktur og eit godt samferdslestilbod bind småby og omland saman. Regjeringa meiner det samstundes må leggjast til rette for lokalt tilpassa transportløysingar.
Regjeringa vil bidra til meir målretta og samordna innsats i regional- og distriktspolitikken ved hjelp av bygdevekstavtaler og regionvekstavtaler. Avtalene har som føremål å styrkje samordninga av ulike offentlege tiltak og verkemiddel, slik at den samla innsatsen treff betre. Regionvekstavtaler vil utviklast som eit verktøy for meir effektiv og koordinert innsats frå staten og fylkeskommunen for å møte store samfunnsutfordringar i det enkelte fylke. Målet med bygdevekstavtaler og den understøttande tilskotsordninga er å bidra til busetjing, tilgang på kompetent arbeidskraft og framtidsretta næringsutvikling i dei minst sentrale delane av Distrikts-Noreg.
Regjeringa vil fornye og forsterke innsatsen i nordområdepolitikken og har store ambisjonar for Nord-Noreg. Norsk busetjing i Nord-Noreg har vore eit politisk mål i landet vårt i fleire hundre år. Den politikken har gitt Noreg suverenitet over store område på land og i havet, med enorme naturrikdommar av stor verdi. Busetjinga i den nordlegaste landsdelen er i heile landet si interesse. Det er her demografiutfordringane er størst, det er her avstandane er lengst, og her er grensa til fleire av våre naboland, mellom anna til Russland. Utviklinga i folketalet i dei samiske områda er bekymringsfull. Levedyktige samiske lokalsamfunn er ein føresetnad for å styrkje og vidareutvikle samiske språk, kultur og samfunnsliv. Styrking av distriktsnæringslivet og tilgangen på kompetent arbeidskraft er tiltak med høg relevans for samiske område og aktørar. Dette vil bli følgt opp i den nye meldinga om distriktspolitikk. Evalueringa av dei personretta tiltaka i tiltakssonen i Finnmark og Nord-Troms vil vere klar ved slutten av 2022, og det blir og samla inn meir kunnskap om omfanget og resultata av personretta tiltak i kommunane. Regjeringa har ambisjonar om å prøve ut nye tiltak i distriktspolitikken, og dei vil vere særskild viktige i nord. Regjeringa foreslår å styrkje ordningane i tiltakssonen med gratis barnehage og auke satsane for avskriving av studiegjeld. Dette skal bidra til å styrkje tilgangen til arbeidskraft.
2 Det økonomiske opplegget for kommunesektoren
2.1 Kommunesektoren sine inntekter i 2022
I Meld. St. 2 (2021–2022) Revidert nasjonalbudsjett 2022 blei realveksten i dei samla og frie inntektene til kommunesektoren i 2022 rekna til høvesvis -3,3 mrd. og -8,9 mrd. kroner når ein måler frå anslag for rekneskap for 2021. Ekstraordinære skatteinntekter knytt til utbytte på 14 mrd. kroner og løyvingar knytt til koronapandemien, blei haldne utanom vekstanslaget.
Realveksten i dei samla og frie inntektene til kommunesektoren i 2022 er no rekna til høvesvis -7,4 mrd. og -13,3 mrd. kroner. Skatteinntektene til kommunesektoren i 2022 knytt til inntekt og formue er rekna til å bli 2,4 mrd. kroner høgare enn lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2022. Samstundes er pris- og kostnadsveksten for 2022 oppjustert frå 3,7 pst. til 5,3 pst. Bakgrunnen for auken i kostnadsveksten er i hovudsak eit uvanleg høgt anslag for prisvekst gjennom året. Oppjusteringa av kostnadsveksten trekker isolert sett inntektsveksten i 2022 ned med 7,1 mrd. kroner. Denne kostnadsveksten vidareførast i 2023.
Ein må sjå inntektsutviklinga i 2022 i samanheng med den sterke inntektsauken i 2021. Nedgangen i 2022 kjem frå eit høgt inntektsnivå i 2021. Kommunesektoren fekk i 2021 auka skatteinntekter på 18,2 mrd. kroner samanlikna med anslaget i Nasjonalbudsjettet for 2021. Mykje av dei ekstra skatteinntektene var eingongsinntekter som ikkje blei vidareført til 2022. Samstundes har det vore ein sterk kostnadsauke i 2022 som dreg ned det reelle inntektsnivået. Kommunesektoren hadde i 2021 høge driftsresultat og disposisjonsfond, noko som gjer dei rusta til å møte strammare økonomiske rammevilkår i 2022.
Ei arbeidsgruppe med representantar for staten og kommunesektoren har levert ei utgreiing om dei økonomiske konsekvensane av koronapandemien for kommunesektoren i 1. halvår 2022. Regjeringa vil i nysalderinga av statsbudsjettet for 2022 kome attende til saka.
2.2 Kommunesektoren sine inntekter i 2023
I Kommuneproposisjonen for 2023 la regjeringa opp til ein realvekst i kommunesektoren sine frie inntekter på mellom 1,8 og 2,3 mrd. kroner. Vidare blei det varsla at veksten ville fordele seg med 1/3 til fylkeskommunane og 2/3 til kommunane.
I kommuneproposisjonen blei det anslått ein vekst i kommunesektoren sine demografikostnader på om lag 1,9 mrd. kroner. Av dette var 1,4 mrd. kroner knytt til tenester som blir finansiert av dei frie inntektene. Når det gjeld pensjonskostnader, var det anslått ein nullvekst utover deflator.
Basert på nye framskrivingar frå SSB har Det tekniske berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) utarbeidd nytt anslag over meirkostnadene til demografi for 2023. Det nye anslaget viser ein auke i demografikostnadene på 3,2 mrd. kroner, av dette er om lag 2,6 mrd. kroner meirutgifter som blir finansiert av dei frie inntektene. Dette er 1,2 mrd. kroner høgare enn anslaget i kommuneproposisjonen for 2023. Veksten er fordelt med om lag 1,7 mrd. kroner på kommunane og vel 0,9 mrd. kroner på fylkeskommunane. Sett under eitt må ein betydeleg del av oppjusteringa sjåast i samanheng med talet på flyktningar frå Ukraina. Anslaget er usikkert, og talet på flyktningar kan auke.
Anslaget for pensjonskostnadene viser no ein nedgang på om lag 0,1 mrd. kroner. Anslaget er usikkert.
Regjeringa legg no opp til ein realvekst i sektoren sine frie inntekter på om lag 2,6 mrd. kroner. Dette svarar til ein realvekst på om lag 0,6 pst. Inntektsveksten er rekna frå inntektsnivået i 2022 slik det blei anslått etter stortingsbehandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2022. Mellombelse og ekstraordinære skatteinntekter på 14 mrd. kroner og løyvingar knytt til koronapandemien i 2022 er haldne utanom. Ved berekning av realvekst i kommunesektoren sine inntekter er det lagt til grunn ein pris- og kostnadsvekst på 3,7 pst.
Regjeringa foreslår, i tråd med kommuneproposisjonen for 2023, at veksten blir fordelt med om lag 2/3 til kommunane og om lag 1/3 til fylkeskommunane. Kommunane får ein vekst i frie inntekter på om lag 1,7 mrd. kroner, medan fylkeskommunane får ein vekst på 0,9 mrd. kroner.
Etter dette er det anslått at kommunesektoren sitt handlingsrom aukar med om lag 0,1 mrd. kroner i 2023. Det er da tatt omsyn til meirutgifter som følgje av den demografiske utviklinga på om lag 2,6 mrd. kroner og vekst i dei samla pensjonskostnadene på om lag -0,1 mrd. kroner.
Tabell 2.1 Auke i kommunesektoren sitt handlingsrom i 2023
Mrd. kroner | |
---|---|
Vekst i frie inntekter | 2,6 |
- meirkostnader demografi | 2,6 |
+ meirkostnader pensjon | 0,1 |
Auka handlingsrom | 0,1 |
Nærare om realveksten i samla inntekter
I tabell 2.2 er realveksten i kommunesektoren sine samla inntekter på 5,2 mrd. kroner dekomponert.
Ved pålegg om nye eller utvida oppgåver for kommunesektoren, avvikling av oppgåver eller regelendringar som har økonomiske konsekvensar, blir kommunesektoren kompensert eller trekt i frie inntekter basert på endring i økonomisk belasting. Desse endringane blir haldne utanom berekna vekst i frie inntekter, men inngår i veksten i samla inntekter. For 2023 utgjer desse endringane i løyvingane samla sett ein auke på om lag 2,8 mrd. kroner. Endringane knyter seg til mellom anna gratis ferjer og takstrabattar, foreldrebetaling SFO/barnehage, saker knytt til sosialhjelp, ny opplæringslov, samværsplan som følgje av ny barnelov, synstolking, lærlingtilskot og auka basistilskot til fastlegar.
Øyremerkte tilskot går ned med netto 0,6 mrd. kroner. Dette må ein sjå i samanheng med mellom anna toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester.
Tabell 2.2 Realvekst i kommunesektoren sine samla inntekter i 2023
Mrd. kroner | |
---|---|
Frie inntekter | 2,6 |
Frie inntekter knytt til endringar i oppgåver1 | 2,8 |
Øyremerkte tilskot | -0,6 |
Gebyrinntekter | 0,5 |
Realvekst samla inntekter | 5,2 |
1 Desse midlane blir løyvd som frie inntekter, men er ikkje med i veksten i frie inntekter fordi dei er knytt til endringar i pålagte oppgåver. Midlane er rekna med i veksten i dei samla inntektene.
Nærare om realveksten i frie inntekter
Tabell 2.1 viser anslag på kommunesektoren sine frie inntekter i 2022 og 2023 i løpande prisar. Inntektsnivået i 2022 er anslag på rekneskap i denne proposisjonen. Det inneber at oppjusteringa av skatteanslaget knytt til inntekt og formue på 2,4 mrd. kroner er medrekna. Inntektsnivået i 2022 er korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av kommunesektoren sine oppgåver. Hensikta med å korrigere for oppgåveendringar mv. er å gjere inntektsnivået i 2022 samanliknbart med inntektsnivået i 2023. Vidare er inntektsnivået i 2022 korrigert for ekstraordinære skatteinntekter på 14 mrd. kroner og løyvingar knytt til koronapandemien, som ikkje blir vidareført til 2023. Det er gjort nærare greie for korreksjonar i programkategori 13.70, tabell 5.9.
I kommuneproposisjonen for 2023 blei det varsla at den kommunale skattøyren skal fastsettast ut frå ei målsetting om at skatteinntektene skal utgjere 40 pst. av kommunane sine samla inntekter. Anslaget på kommunesektoren sine skatteinntekter i 2023 bygger mellom anna på ein sysselsetjingsvekst på 0,8 pst. og ein årslønnsvekst på 4,2 pst. frå 2022 til 2023.
Forslag til kommunale og fylkeskommunale skattøyrar for 2023 er lagt fram i Prop. 1 LS (2022–2023) Skatter, avgifter og toll 2023. Det er foreslått at den fylkeskommunale skattøyren aukar frå 2,40 pst. til 2,45 pst., medan den kommunale skattøyren aukar frå 10,95 pst. til 11,15 pst.
Etter dette er det anslått at skatteinntektene utgjer om lag 40 pst. av kommunesektoren sine samla inntekter.
Tabell 2.3 Kommunane og fylkeskommunane sine frie inntekter
Mill. kroner. Nominelle prisar1 | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Kommunane2 | Fylkeskommunane2 | Kommunesektoren i alt | |||||||
20223 | 2023 | Pst. endr. | 20223 | 2023 | Pst. endr. | 20223 | 2023 | Pst. endr. | |
Skattar i alt | 216 062 | 217 527 | 0,7 | 40 120 | 40 350 | 0,6 | 256 182 | 257 877 | 0,7 |
Av dette skatt på inntekt og formue | 199 780 | 200 750 | 0,5 | 40 120 | 40 350 | 0,6 | 239 900 | 241 100 | 0,5 |
Rammetilskot4 | 149 383 | 160 875 | 7,7 | 40 393 | 43 606 | 8,0 | 189 776 | 204 482 | 7,7 |
Sum frie inntekter | 365 445 | 378 403 | 3,5 | 80 513 | 83 956 | 4,3 | 445 958 | 462 359 | 3,7 |
1 Pris- og lønnsveksten i kommunesektoren 2023 (deflator) er anslått til 3,7 pst.
2 Oslo er delt i ein kommunedel og ein fylkeskommunedel.
3 Anslag på rekneskap korrigert for oppgåveendringar, ekstraordinære skatteinntekter og verknadene av koronapandemien, jf. tabell 5.8 under programkategori 13.70
4 Omfattar ikkje kap. 571, post 21 Spesielle driftsutgifter
For nærare omtale av endringar i rammetilskotet, sjå programkategori 13.70, mellom anna tabell 5.9 og etterfølgjande omtale av dei ulike endringane.
Boks 2.1 Inntektene til kommunesektoren i 2023
Kommunesektoren sine samla inntekter er anslått til om lag 644 mrd. kroner i 2023. Tabell 2.4 viser samansetjinga av inntektene i 2023 og nominell endring frå 2022. Veksten er rekna frå anslag på rekneskap 2022 i denne proposisjonen, korrigert for oppgåveendringar, ekstraordinære skatteinntekter og tilleggsløyvingar som følgje av koronapandemien.
Tabell 2.4 Kommunesektoren sine inntekter i 2023
Mrd. kroner | Del av samla inntekter (pst.) | Endring frå 20221 (pst.) | |
---|---|---|---|
Frie inntekter | 462,4 | 71,8 | 3,7 |
Skatteinntekter | 257,9 | 40,0 | 0,7 |
Rammetilskot | 204,5 | 31,7 | 7,7 |
Øyremerkte tilskot2 | 35,3 | 5,5 | 1,8 |
Gebyr | 92,9 | 14,4 | 4,3 |
Meirverdiavgiftskompensasjon | 30,2 | 4,7 | 4,1 |
Andre inntekter | 23,5 | 3,7 | 3,7 |
Totalt | 644,3 | 100,0 | 4,1 |
1 Nominell endring. Berekningsgrunnlaget er anslag på rekneskap for 2022 korrigert for oppgåveendringar, ekstraordinære skatteinntekter og tilleggsløyvingar som følgje av koronapandemien.
2 Ekskl. tilskot til kommunane sitt arbeid med flyktningar, personar med opphald på humanitært grunnlag og asylsøkarar.
Kommunesektoren sine skatteinntekter og rammetilskot er sektoren sine frie inntekter. Dei frie inntektene utgjer 71,8 pst. av dei samla inntektene. Desse inntektene kan disponerast fritt innafor ramma av lover og forskrifter, og gir kommunesektoren rom for lokal tilpassing av verksemda.
Skatteinntekter er kommunesektoren sin del av skatt på alminneleg inntekt frå personlege skattytarar, formuesskatt og eigedomsskatt i kommunar som har innført det. Ein del kommunar har inntekter frå naturressursskatt frå vasskraftverk. Storleiken på skatteinntektene avheng av mellom anna utviklinga i skattegrunnlaga og av dei kommunale og fylkeskommunale skattøyrane. Rammetilskot blir løyvd på Kommunal- og distriktsdepartementet sitt budsjett, kap. 571 og 572.
Øyremerkte tilskot skal nyttast i tråd med føremålet som er angjeve for løyvinga. Øyremerkte tilskot utgjer 5,5 pst. av dei samla inntektene.
Gebyrinntektene er kommunale avgifter og eigenbetalingar for tenester som kommunane leverer, til dømes tekniske tenester, helse- og omsorgstenester og barnehagar, og utgjer 14,4 pst. av dei samla inntektene. Meirverdiavgiftskompensasjon er refusjon til kommunesektoren for anskaffingar som er meirverdiavgiftspliktige, og utgjer 4,7 pst. av dei samla inntektene.
Konsesjonskraft
Regjeringa meiner det ikkje er rimeleg at enkelte skal hente ut store overskot som følgje av ekstraordinært høge straumprisar, samstundes som andre får høge utgifter i den ekstraordinære situasjonen vi står i no. I budsjettet legg regjeringa derfor opp til at dei som kan forventast å ha store inntekter som følgje av høge straumprisar i år og neste år utover det som må seiast å vere normal forteneste, må dele nokre av dei ekstraordinære inntektene med fellesskapet. Dette gjeld også fleire kommunar og fylkeskommunar, både som eigarar av kraftverk og som mottakarar av konsesjonskraft.
Dei høge straumprisane gir ein vesentleg høgare verdi på konsesjonskrafta enn i tidlegare år. Verdien av konsesjonskrafta i områda med høge straumprisar er anslått til om lag 13 mrd. kroner i 2022 og 11 mrd. kroner i 2023 basert på prisanslag fastlagt i starten av august i år, opp frå 4 mrd. kroner i 2021.1 Kor mykje av den auka verdien som blir realisert i form av auka inntekt i den enkelte kommune og fylkeskommune er samtidig usikkert. Korleis krafta blir disponert og til kva pris den eventuelt blir selt, varierer betydeleg mellom kommunar og fylkeskommunar. Det finst inga samla oversikt over dette. På grunn manglande informasjon og uvisse, har regjeringa lagt opp til å trekke ein avgrensa del av anslått verdi.
Regjeringa foreslår eit eittårig trekk i rammetilskotet på til saman 3 mrd. kroner frå kommunar og fylkeskommunar med inntekter frå konsesjonskraft og som ligg i områda med høgast prisar (høgprisområda NO 1, NO 2 og NO 5), fordelt med 2,2 mrd. kroner på kommunane og 0,8 mrd. kroner på fylkeskommunane. Dette svarar til anslagsvis under ein tredjedel av den anslåtte verdien av konsesjonskrafta i desse områda berre i 2023. Med dette er det er tatt høgde for at kommunar kan ha bunde opp prisen i lange kontraktar.
Regjeringa er oppteken av at bidraget den enkelte kommune og fylkeskommune skal gi tilbake til fellesskapet, skal stå i eit rimeleg forhold til dei faktiske inntektene som kan realiserast. Ingen skal bli trekt for inntekter dei ikkje kan realisere som følgje av juridisk bindande kontraktar som blei inngått før dette forslaget blei kjent. Fordelinga av trekket vil i utgangspunktet bli basert på kommunane og fylkeskommunane sin del av total mengde konsesjonskraft i dei aktuelle prisområda, verdsett til forventa marknadspris. For å få ei meir rimeleg fordeling, vil regjeringa fram til 1. desember gi kommunane høve til å rapportere inn korleis konsesjonskrafta er disponert. Basert på innsendt informasjon vil regjeringa fastsette den endelege fordelinga. Regjeringa vil gi kommunane og fylkeskommunane meir utfyllande informasjon om innrapporteringa. Regjeringa vil følgje med på utviklinga, og ved behov komme tilbake til Stortinget i samband med revidert nasjonalbudsjett 2023.
3 Oppfølging av oppmodingsvedtak
Nedanfor er ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Kommunal- og distriktsdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2021–2022 og alle vedtak frå tidlegare sesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 141 S (2021–2022) meinte ikkje var følgde opp ferdig. I tabellen nedanfor blir det og opplyst om departementet planlegg at rapporteringa knytt til oppmodingsvedtaket no blir avslutta eller om departementet òg vil rapportere konkret på vedtaket i budsjettproposisjonen for neste år.
Tabell 3.1 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer
Sesjon | Vedtak nr. | Stikkord | Rapporteringa blir avslutta (Ja/Nei) |
---|---|---|---|
2021–2022 | 4 | Mellombels styrking av bustøtte og sosialhjelp | Ja |
2021–2022 | 35 nr. 7 | Lokal energiproduksjon, energieffektivisering og ladeinfrastruktur i burettslag | Nei |
2021–2022 | 35 nr. 15 | Nullutslepp eller fossilfrie anleggsplassar i planreglar | Nei |
2021–2022 | 35 nr. 27 | Levekår i byar | Nei |
2021–2022 | 35 nr. 35 | Blankoskøyter og plikt til tinglysing | Nei |
2021–2022 | 35 nr. 41 | Offentleg utval om utfasing av kommersiell drift i offentlege velferdstenester | Ja |
2021–2022 | 35 nr. 42 | Auka openheit i verksemda til private tilbydarar av offentleg finansierte velferdstenester | Nei |
2021–2022 | 35 nr. 43 | Krav om organisering i sjølvstendig rettssubjekt for selskap som leverer offentleg finansierte velferdstenester | Nei |
2021–2022 | 35 nr. 47 | Innretting av styrking av bustøtteordninga | Ja |
2021–2022 | 35 nr. 54 | Bustader for studentar i kommunale arealplanar | Nei |
2021–2022 | 167 | Arbeidsgruppa som kartlegg kommunesektorens meirutgifter og inntektsbortfall som følgje av koronapandemien | Ja |
2021–2022 | 363 | Kompensere kommunane og fylkeskommunane som følgje av smitteverntiltak | Nei |
2021–2022 | 413 | Leiarløningar i staten | Nei |
2021–2022 | 495 | Kommunal kompensasjonsordning – næringar med særlege utfordringar | Ja |
2021–2022 | 722 | Vindkraft på land | Nei |
2021–2022 | 726 | Energifleksibel oppvarming | Nei |
2021–2022 | 790 | Plan for breibanddekning I | Ja |
2021–2022 | 791 | Plan for breibanddekning II | Nei |
2021–2022 | 792 | Frikommuneforsøk | Nei |
2021–2022 | 817 | Lønsutval for lønssystemet i staten | Ja |
2021–2022 | 818 | Like hovudtariffavtalar | Ja |
2021–2022 | 828 | Meirutgifter til pandemien i kommunane og fylkeskommunane | Nei |
2021–2022 | 833 | Mellombelse reglar i bustøtta i juni–september | Ja |
2020–2021 | 736 | Krav til IKT-sikkerheit ved tenesteutsetting | Ja |
2020–2021 | 1060 | Utgreie rett til høghastigheitsinternett for alle husstandar | Nei |
2020–2021 | 1066 | Mobil- og internettdekning langs eksisterande riksvegar | Nei |
2020–2021 | 1125 | Behandling av klagesaker der statsforvaltaren er klagar eller part | Ja |
2020–2021 | 1126 | Bruk av dispensasjonar i plansaker | Ja |
2020–2021 | 1209 | Klarare reglar for krav til sløkkevatn | Nei |
2020–2021 | 1252 | Helsetenester nytta utanfor bustadkommunen | Nei |
2018–2019 | 55 | Opplysningsplikt for statsrådar og statssekretærar | Nei |
2016–2017 | 700 | Stryke listekandidatar | Nei |
2016–2017 | 845 | Sørsamisk språk | Nei |
2015–2016 | 646 | Unntak frå plan- og bygningslova og grannelova ved nasjonal flyktningkrise | Nei |
2015–2016 | 861 | Endringar i vallova | Nei |
Stortingssesjon 2021–2022
Mellombels styrking av bustøtte og sosialhjelp
Vedtak nr. 4, 21. oktober 2021
«Stortinget ber regjeringen umiddelbart, innen utløpet av oktober, legge frem forslag om midlertidig styrking av bostøtten og sosialhjelpen for å sikre at folk med dårlig råd har penger til å betale de høye strømregningene som er på vei.»
Til grunn for vedtaket ligg Hans Majestet Kongens tale til det 166. storting ved dets opning og melding om Noregs rikes tilstand og styring.
Regjeringa har følgt opp vedtaket ved å legge fram Prop. 8 S (2021–2022) Endringar i statsbudsjettet 2021 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet (ekstra utbetaling til mottakarane av bustøtte som hjelp til å dekke høge strømutgifter). Proposisjonen blei lagt fram 22. oktober 2021 og behandla i Stortinget 9. november 2021. Regjeringa foreslo ei ekstra utbetaling i november på 2 950 kroner per husstand pluss 120 kroner per husstandsmedlem ut over det første, til dei som fekk bustøtte for oktober månad i fylka Vestland, Rogaland, Agder, Vestfold og Telemark, Innlandet, Oslo og Viken, og dessutan Røros kommune i Trøndelag. Regjeringa foreslo ikkje auka midlar til kommunane til sosialhjelp, men varsla at Arbeids- og inkluderingsministeren ville minne kommunane om at dei måtte ta omsyn til høge straumutgifter ved utmålinga av sosialhjelp. Denne oppmodinga kom i eit brev frå statsråden til kommunane 3. november 2021.
Departementet anser med dette at oppmodningsvedtaket er følgt opp.
Lokal energiproduksjon, energieffektivisering og ladeinfrastruktur i burettslag
Vedtak nr. 35 nr. 7, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen vurdere ordninger som støtter opp om etablering av lokal energiproduksjon, energieffektivisering og etablering av ladeinfrastruktur i borettslag.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 2 S (2021–2022) Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2022 og forslaget til statsbudsjett for 2022.
Vedtaket omfattar fleire forhold som fell på fleire departement, og det er overlapp med både gjennomførte og pågåande prosessar. Regjeringa jobbar med fleire tiltak for både auka energiproduksjon og energieffektivisering i bygg. Regjeringa vil kartlegge regulatoriske barrierar for meir etablering av lokal energiproduksjon. I statsbudsjettet for 2023 legg Olje- og energidepartementet fram ein plan med tiltak som skal redusere energibruken med 10 TWh innan 2030. Olje- og energidepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet arbeider med ein langsiktig strategi for energieffektivisering ved renovering av bygningar. Vidare skal Energikommisjonen vurdere potensial og ulike verkemiddel for energieffektivisering i ulike sektorar. Andelseigarar i burettslag er gitt rett til å setje opp ladepunkt. Det er krav i byggteknisk forskrift om at nye bygg skal vere ladeklare, og regjeringa jobbar med ein nasjonal ladestrategi.
Regjeringa vil vurdere heilskapen i verkemidla, og sjå tiltak i samanheng slik at dei gir best mogleg verknad. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med ei vurdering av det eventuelle behovet for nye ordningar i samband med dei andre prosessane.
Nullutslepp eller fossilfrie anleggsplassar i planreglar
Vedtak nr. 35 nr. 15, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å endre plan- og bygningsloven for å sikre at kommunene har hjemmel til å kunne stille krav om nullutslipp eller fossilfrie anleggsplasser i planbestemmelser.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).
Kommunal- og distriktsdepartementet har oppretta ei arbeidsgruppe med Klima- og miljødepartementet for å greia ut korleis kommunane skal kunne stille klimakrav til byggjeplassar, anten gjennom plan- og bygningslova eller forureiningslova. Arbeidsgruppa har gitt Miljødirektoratet i oppdrag å greia ut korleis ein lovheimel kan innrettast. Miljødirektoratet har frist 1. oktober 2022. Etter dette vil departementa følgje opp utgreiinga og kome tilbake til Stortinget.
Levekår i byar
Vedtak nr. 35 nr. 27, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en egen sak om levekår i byer innen utgangen av 2022, saken skal blant annet vurdere Jenssen-utvalgets forslag.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).
Regjeringa vil legga fram ei melding til Stortinget i 2023 om levekår i byar. Fleire av forslaga i Jenssen-utvalets utgreiing blir òg følgd opp i egne prosessar.
Blankoskøyter og plikt til tinglysing
Vedtak nr. 35 nr. 35, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede bruken av blankoskjøter og plikt til tinglysing ved eiendomskjøp.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).
Kommunal- og distriktsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Finansdepartementet har teke ei første vurdering av spørsmålet. Departementa fann at det er behov for ei grundigare kartlegging av utfordringane knytte til skjult eigeskap til fast eigedom før det tas stilling til kva regelendringar eller andre verkemiddel som kan være føremålstenlege. Departementa oppfattar det slik at det først og fremst er behovet for å motverke kriminalitet som kvitvasking og skatteunndraging gjennom skjult eigeskap til fast eigedom som gir grunn til å vurdere tiltak. Slike omsyn blir ivaretatt mellom anna med kvitvaskingslova, straffelova, skatteforvaltningslova og politilova, medan føremålet med tinglysingsreglane primært siktar seg inn mot å beskytte rettane til eigarar, panthavarar og andre som har rettar i fast eigedom. Med denne bakgrunnen har Finansdepartementet gitt Skattedirektoratet i oppdrag å kartleggje og greia ut om problema ved skjult eigeskap til fast eigedom innanfor Skatteetatens ansvarsområde. Fristen for oppdraget er satt til 31. desember 2022.
Regjeringa vil kome tilbake til saka når kartlegginga er ferdig.
Offentleg utval om utfasing av kommersiell drift i offentlege velferdstenester
Vedtak nr. 35 nr. 41, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen innen mars 2022 nedsette et offentlig utvalg som skal utrede hvordan kommersiell drift kan utfases i ulike skattefinansierte velferdstjenester, og legge fram en egen nullprofittmodell for hver slik sektor. Utvalget skal også foreslå en juridisk definisjon for ideelle driftsformer.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).
Regjeringa oppnemnde i statsråd 12. august 2022 eit offentleg utval som skal greie ut korleis kommersiell drift kan utfasast i ulike skattefinansierte velferdstenester. Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Auka openheit i verksemda til private tilbydarar av offentleg finansierte velferdstenester
Vedtak nr. 35 nr. 42, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen fremme nødvendige tiltak for å sikre økt åpenhet og transparens i virksomheten til private tilbydere av offentlig finansierte velferdstjenester, herunder et offentlig register over alle private virksomheter som leverer offentlig finansierte velferdstjenester.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).
Private tilbydarar av offentleg finansierte velferdstenester omfattar både verksemder som driv kommersielt og verksemder som har eit ideelt føremål. Det offentlege utvalet som skal greie ut utfasing av kommersiell drift i offentlege velferdstenester, har som ein del av mandatet sitt å gi ein juridisk definisjon av ideell verksemd og vise korleis ideelle aktørar kan registrerast, eksempelvis etter ein modell lik Frivillighetsregisteret. I etterkant av at utvalet har avlevert utgreiinga, vil Kommunal- og distriktsdepartementet i samarbeid med Nærings- og fiskeridepartementet, som har ansvaret for Brønnøysundregisteret, vurdere korleis dette kan følgast opp.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Krav om organisering i sjølvstendig rettssubjekt for selskap som leverer offentleg finansierte velferdstenester
Vedtak nr. 35 nr. 43, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede forslag om å stille krav til at selskaper som leverer offentlig finansierte velferdstjenester, organiseres i egne rettssubjekter hvor det ikke er tillatt å drive annen virksomhet enn offentlig finansierte velferdstjenester.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).
Det offentlege utvalet som skal greie ut utfasing av kommersiell drift i offentlege velferdstenester har som ein del av mandatet sitt å vurdere korleis kommersielle aktørar kan regulerast sterkare. Eit krav om organisering av slik verksemd som sjølvstendig rettssubjekt, er eitt av fleire tiltak som utvalet skal utgreie.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte i etterkant av utvalet sitt arbeid.
Innretting av styrking av bustøtteordninga
Vedtak nr. 35 nr. 47, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen innrette endringen i bevilgning til bostøtte slik at flere med lave inntekter og høye boutgifter får bostøtte og slik at bostøtten dekker en større del av boutgiften.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022), Prop. 1 S (2021–2022), Prop. 1 S Tillegg (2021–2022) og Innst. 2 S (2021–2022).
Vedtaket viser til at Stortinget vedtok ei auke i løyvinga til bustøtte på 100 mill. kroner. På bakgrunn av auka blei alle buutgiftstak auka med 2 100 kroner frå 1. januar 2022, og progresjonssatsen i eigendelen blei samstundes sett varig ned frå 0,28 pst. til 0,27 pst. Dette var venta å føre til at om lag 1 700 nye mottakarar ville få 130 kroner per månad i snitt. Eksisterande mottakarar blei venta å få i snitt 90 kroner meir per månad. Tiltaket var venta å koste 100 mill. kroner i 2022 og ha ein heilårs verknad på 109 mill. kroner i 2023.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Bustader for studentar i kommunale arealplanar
Vedtak nr. 35 nr. 54, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen vurdere forslag til endringer i plan- og bygningsloven om at studentboliger blir et eget formål i kommunale arealplaner, innen utgangen av 2022.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).
Kommunal- og distriktsdepartementet har gitt Oslo Economics i oppdrag å vurdere behovet til kommunane for å gjere bustader for studentar til eit eige arealføremål, relevansen av eit lovforslag, og prinsipielle og juridiske problemstillingar knytt til dette. Oslo Economics leverte vurderingane sine til departementet den 6. juli 2022. På grunn av dei økonomiske rammene er notatet ikkje ei fullstendig utgreiing. Mellom anna er ikkje dei samfunnsøkonomiske verknadene av ei lovendring vurdert, heller ikkje moglege verknader for sentrale aktørar som til dømes studentane sjølve, studentsamskipnadene og byggjeselskap.
Kommunal- og distriktsdepartementet meiner det er nødvendig å kartleggje verknadene av eit lovforslag meir for å kunne konkludere om departementet skal sende eit lovforslag på høyring. Departementet vil hausten 2022 følgje opp vurderingane frå Oslo Economics og involvere Kunnskapsdepartementet og andre sentrale aktørar. Departementet vil deretter kome tilbake til saka.
Arbeidsgruppa som kartlegg kommunesektorens meirutgifter og inntektsbortfall som følgje av koronapandemien
Vedtak nr. 167, 16. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen vurdere å forlenge mandatet til arbeidsgruppen som kartlegger kommunesektorens merutgifter og inntektsbortfall som følge av koronapandemien til hele 2022.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022) og Innst. 16 S (2021–2022).
Spørsmålet om å forlenge mandatet til arbeidsgruppa blei vurdert i Prop. 110 S (2021–2022) Kommuneproposisjonen 2023. På bakgrunn av at samfunnet i løpet av våren 2022 var på veg tilbake til ein tilnærma normalsituasjon, var vurderinga til regjeringa at det ikkje var behov for å forlenge mandatet til arbeidsgruppa. Det var ikkje merknader til dette i innstillinga frå kommunal- og forvaltningskomiteen (Innst. 460 S (2021–2022)).
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Kompensere kommunane og fylkeskommunane som følgje av smitteverntiltak
Vedtak nr. 363, 24. januar 2022
«Stortinget ber regjeringen kompensere kommunene og fylkeskommunene for merutgifter og mindreinntekter som følge av nasjonale, regionale og lokale smitteverntiltak.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 51 S (2021–2022) Endringer i statsbudsjettet 2022 (økonomiske tiltak i møte med pandemien og ekstraordinære strømutgifter) og Innst. 119 S (2021–2022).
Arbeidsgruppa som kartlegg kommunesektorens meirutgifter og inntektsbortfall som følgje av koronapandemien, har lagt fram rapport om dei økonomiske konsekvensane av pandemien i 1. halvår 2022. Regjeringa vil i nysalderinga av statsbudsjettet for 2022 komme tilbake til saka.
Leiarløningar i staten
Vedtak nr. 413, 3. mars 2022
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte når utvalget som skal gjennomgå lederlønnssystemet i staten, har lagt frem sin rapport.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Kirsti Bergstø, Audun Lysbakken, Grete Wold og Freddy André Øvstegård om lønsmoderasjon for høgtlønte i staten, jf. Dokument 8:22 S (2021–2022) og Innst. 156 S (2021–2022).
Leiarlønsutvalet overlevera si rapport til kommunal- og distriktsministeren 15. juni 2022. Regjeringa er oppteken av å bidra til å rekruttera og behalda dyktige leiarar i staten, samstundes som det sikrast at leiarlønsutviklinga ikkje overskrid det som er gjennomsnittleg lønsutvikling i samfunnet. I Hurdalsplattforma går det fram at regjeringa vil lage nye retningslinjer for leiarløningar og andre type godtgjersler for leiarar i staten, som bidrar til reduserte lønsforskjellar. Utvalets rapport vil være eit viktig bidrag i dette arbeidet.
Regjeringa må halda seg til inngåtte tariffavtalar med hovudsamanslutningane, og kan ikkje einsidig endre systema for korleis ein lønar leiarar i staten. Det vil derfor vere tett dialog med hovudsamanslutningane i dette arbeidet. Kommunal- og distriktsdepartementet har allereie avheld innleiande møter med hovudsamanslutningane.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Kommunal kompensasjonsordning – næringar med særlege utfordringar
Vedtak nr. 495, 26. april 2022
«Stortinget ber regjeringen ved tildeling fra den kommunale kompensasjonsordningen prioritere næringer som har særlige utfordringer knyttet til ettervirkningene av pandemien, og der det tar tid før driftssituasjonen og omsetningen er tilbake på normalt nivå.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby, Sveinung Rotevatn, Grunde Almeland og Alfred Jens Bjørlo om omstillings- og stimuleringstiltak for reiselivet og serverings-, kultur- og utelivsbransjen etter koronapandemien, jf. Dokument 8:94 S (2021–2022) og Innst. 242 S (2021–2022).
Stortinget vedtok den kommunale kompensasjonsordninga for lokale verksemder i januar 2021, (jf. Prop. 195 S (2020–2021) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2021, og Prop. 79 S (2020–2021) Økonomiske tiltak i møte med pandemien og Prop. 51 S (2021–2022) Endringer i statsbudsjettet 2022 (økonomiske tiltak i møte med pandemien og ekstraordinære strømutgifter). Føremålet med ordninga var å setje kommunane betre i stand til å kompensere lokale verksemder som blei ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak og som har hatt omsetningsfall og/eller auka kostnadar som følgje av dette. Ordninga skulle også verke som ei ventilordning for verksemder som hadde falt heilt eller delvis utanfor den generelle kompensasjonsordninga. Ordninga blei også notifisert i tråd med det mellombelse regelverket for statsstøtte til verksemder som var ramma av pandemien.
Regjeringa har tildelt kommunane midlar i tråd med føremålet til ordninga, slik det er fastsett av Stortinget. Det kan derfor ikkje tildelast midlar frå ordninga av omsyn til etterverknader frå pandemien. Regjeringa har derfor ført tilbake 250 mill. kroner til statskassa i revidert nasjonalbudsjett for 2023 frå ordninga si ramme. Dette ettersom det ikkje lenger var grunnlag for å kompensere lokale verksemder i tråd med føremålet til ordninga, sidan smittevernstiltaka blei avvikla vinteren 2022.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Vindkraft på land
Vedtak nr. 722, 10. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen snarest mulig sende på høring forslag til endringer i plan- og bygningsloven for behandling av vindkraft på land, slik at nye vindkraftanlegg kan behandles etter både energiloven og plan- og bygningsloven, med sikte på ikrafttredelse av lovendringen 1. januar 2023.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 11 (2021–2022) Tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser og Innst. 446 S (2021–2022).
Oppfølging av vedtaket må sjåast i samanheng med oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 143, 1. desember 2020 om å «innlemme planlegging og bygging av vindkraftanlegg i plan- og bygningsloven». Dette omtalast i budsjettproposisjonen frå Olje- og energidepartementet.
Kommunal- og distriktsdepartementet og Olje- og energidepartementet samarbeider om eit høyringsnotat med forslag til oppfølging av vedtaket. Notatet vil bli sendt på høyring hausten 2022. Det er ikkje realistisk at ei lovendring vil kunne tre i kraft frå 1. januar 2023.
Energifleksibel oppvarming
Vedtak nr. 726, 10. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen utrede energieffekten og konsekvenser for byggekostnadene av å stramme inn kravet til energifleksibel oppvarming, og vurdere hvor mye kravet kan strammes inn.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 446 S (2021–2022) Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser, Meld. St. 11 (2021–2022) Tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021), representantforslag om å forlenge strømkompensasjonen, representantforslag om å byggje opp ein kraftfull norsk havvindsatsing, representantforslag om energipolitikk for framtida, representantforslag om hurtigspor for flytande havvind, representantforslag om uavhengige konsekvensutgreiingar i vindkraftsakar og representantforslag om energi for framtida.
Regjeringa er oppteken av at energikrava til bygg er på eit hensiktsmessig nivå, som balanserer omsyn til energiutfordringar, miljø og klima, samstundes som byggjekostnadane blir haldne så låge som mogleg. Kommunal- og distriktsdepartementet vurderer kva effekt skjerpa krav vil gi, og kva som vil vere konsekvensane for byggjekostnadane.
Plan for breibanddekning I
Vedtak nr. 790, 14. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake i statsbudsjettet for 2023 med status og plan for hvordan det kan legges til rette for at alle husstander og virksomheter i Norge skal ha tilbud om minimum 100 Mbit/s nedlastingshastighet og 10 Mbit/s opplastingshastighet i 2025.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 110 S (2021–2022) Kommuneproposisjonen 2023 og Innst. 460 S (2021–2022).
Hovudlinja i norsk breibandpolitikk er marknadsbasert utbygging. Slik har det vore i over 20 år, og det har ført til store investeringar i utbygging av breiband frå kommersielle aktørar. Samstundes finst det husstandar og verksemder i område utan kommersielt grunnlag for utbygging som manglar slikt breiband. I Hurdalsplattformen er det varsla at regjeringa meiner staten må ta eit større ansvar for utbygging i slike område. Regjeringa foreslår derfor ein betydeleg auke på kap. 541, post 60 Breibandutbygging.
Regjeringa meiner målet om at alle husstandar og verksemder skal ha tilbod om minst 100 Mbit/s nedlastingshastigheit og minst 10 Mbit/s opplastingshastigheit innan utgangen av 2025 er mogleg å nå med den foreslåtte løyvinga. 93,6 pst. av husstandane hadde tilbod om minst 100 Mbit/s nedlasting og minst 10 Mbit/s opplasting per første halvår 2022.
Regjeringa sine mål og prioriteringar for utbygging av høghastigheits breiband er nærare omtalt i del I pkt. 1.4 og i programkategori 13.40.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Plan for breibanddekning II
Vedtak nr. 791, 14. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake i statsbudsjettet for 2023 med status og plan for hvordan det kan legges til rette for at alle norske nødmeldingssentraler, rådhus og andre viktige offentlige administrasjonsbygg, skoler og transportknutepunkter skal ha tilbud om minst 1 Gbit/s nedlastingshastighet og minst 100 Mbit/s opplastingshastighet innen utgangen av 2025.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 110 S (2021–2022) Kommuneproposisjonen 2023 og Innst. 460 S (2021–2022).
Dekninga for dei konkrete institusjonane og stadane som er nemnt i oppmodingsvedtaket er tidlegare estimert til å vere svært god, og ein analyse frå 2021 viser at det kan koste i underkant av 100 mill. kroner å dekke dei som manglar gigabithastigheiter. Tala er usikre. Derfor arbeider Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit no med å skaffe oppdaterte og detaljerte dekningstal.
Departementet vil vurdere desse tala når dei er klare og vil vurdere om det er behov for ytterlegare utgreiing, og vil kome tilbake til Stortinget om saka på eigna måte.
Frikommuneforsøk
Vedtak nr. 792, 14. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen legge til rette for etablering av frikommuneforsøk etter inspirasjon fra Danmark og komme til Stortinget med en sak om dette senest i forbindelse med statsbudsjettet for 2023.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 110 S (2021–2022) Kommuneproposisjonen 2023 og Innst. 460 S (2021–2022).
I Hurdalsplattforma varsla regjeringa at den vil gi større fridom til kommunale og regionale myndigheiter, som ein del av tillitsreforma. Forsøk gjer det mogleg å drive innovasjon og utprøving der kommunane får unntak frå krav i lov og forskrift. Forsøkslova gir heimel for å igangsette forsøk, og ein del andre lover har spesifikke heimlar for å gi unntak frå lovkrav gjennom forsøk.
Regjeringa arbeider no med sikte på å etablere ei frikommuneordning innanfor gjeldande forsøksheimlar. Regjeringa tar sikte på i løpet av første halvår 2023 å invitere kommunar og fylkeskommunar til å søkje om deltaking i forsøk innanfor utvalde lovområder. Særleg aktuelle område kan til dømes vere integrering, helse, omsorg, oppvekst, opplæring, miljø, plan og bygg. Kommunal- og distriktsdepartementet og aktuelle fagdepartement kan etter ei vurdering av søknadene gi unntak frå gjeldande lovkrav med heimel i forsøkslova eller forsøksheimlar i særlover. Forsøka bør ha ein varigheit som er tilstrekkeleg lang til å vurdere om føremålet med forsøket blir oppnådd, normalt tre til fire år.
Regjeringa tar sikte på å etablere eit opplegg for evaluering og erfaringsutveksling som del av ordninga med frikommuneforsøk.
Departementet vil invitere KS til eit samarbeid om oppfølging av kommunar som blir tatt opp i forsøksordninga.
Lønsutval for lønssystemet i staten
Vedtak nr. 817, 17. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen sette ned et lønnsutvalg som ser på lønnssystemet i staten og legger fram sine anbefalinger i god tid før hovedforhandlingene i 2024 begynner.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 128 S (2021–2022) Endringar i statsbudsjettet 2022 under Finansdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2022 m.m.) og Innst. 466 S (2021–2022).
Departementet vil invitere alle hovudsammenslutningane til eit partssammensatt utval med representasjon frå alle hovudsamanslutningane i staten. Utvalet vil kunne gi sine tilrådingar i god tid før hovudtariffoppgjeret i 2024.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Like hovudtariffavtalar
Vedtak nr. 818, 17. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen starte et arbeid for å oppnå likelydende hovedtariffavtaler til hovedoppgjøret i 2024.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 128 S (2021–2022) Endringar i statsbudsjettet 2022 under Finansdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2022 m.m.) og Innst. 466 S (2021–2022).
Regjeringa har som mål å få hovudsamanslutningane til å samle seg om like hovudtariffavtalar på sikt. Partane gjorde viktige tiltak for å oppnå dette i årets tariffoppgjer. Kommunal- og distriktsdepartementet har starta arbeidet, og vil gå i dialog med alle hovudsamanslutningane i staten med sikte på å kome til einigheit om like hovudtariffavtalar i hovudtariffoppgjeret i 2024.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Meirutgifter til pandemien i kommunane og fylkeskommunane
Vedtak nr. 828, 17. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag i nysalderingen av statsbudsjettet for 2022 om å kompensere merutgifter til pandemien i kommunene og fylkeskommunene i perioden 2020 til første halvår 2022.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2021–2022) Revidert nasjonalbudsjett 2022 og Innst. 450 S (2021–2022).
Arbeidsgruppa som kartlegg kommunesektorens meirutgifter og inntektsbortfall som følgje av koronapandemien, har lagt fram rapport om dei økonomiske konsekvensane av pandemien i 1. halvår 2022. Regjeringa vil i nysalderinga av statsbudsjettet for 2022 komme tilbake til saka.
Mellombelse reglar i bustøtta i juni–september
Vedtak nr. 833, 17. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen videreføre det midlertidige regelverket for bostøtte jf. innst. 251 S (2021–2022) for månedene juni, juli, august og september.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2021–2022) Revidert nasjonalbudsjett 2022 og Innst. 450 S (2021–2022).
Dei mellombelse reglane i forskrift om bustøtte som var vedteke for månadene mars til og med mai og vidare frå oktober til desember, blei innarbeidd for dei mellomliggande månadene ved endringsforskrift 21. juni 2022.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Stortingssesjon 2020–2021
Krav til IKT-sikkerheit ved tenesteutsetting
Vedtak nr. 736, 11. mars 2021
«Stortinget ber regjeringen etablere strengere nasjonale krav til IKT-sikkerhet ved tjenesteutsetting. Disse kan bygge på NSMs anbefalte minimumskrav ved tjenesteutsetting og bør utvikles i samarbeid mellom arbeidslivets parter og sektorekspertise.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) Samfunnssikkerhet i en usikker verden og Innst. 275 S (2020–2021).
Det er stor variasjon i offentlege IKT-system. Kva krav til trygging som skal stillast dersom ein vel å sette ut ei teneste, må derfor vere basert på vurderingar av risiko og sårbarheit for dei aktuelle løysingane og den informasjonen dei skal behandle. Det er generelt strenge krav til datatryggleik i offentleg sektor. Alle forvaltningsorgan skal blant anna ha internkontroll av informasjonstryggleik. Det å gjennomføre analyser av risiko og sårbarheit er ein del av internkontrollen. Digitaliseringsdirektoratet har utvikla rettleiing for denne type internkontroll.
Nærings- og fiskeridepartementet og Forsvarsdepartementet ga i 2019 ut Veileder om ivaretakelse av sikkerhet i offentlige anskaffelser, som særleg tar føre seg samanhengen mellom tryggingslova og regelverket for offentlege innkjøp.
Regjeringa er kjent med at det trass dette er mange verksemder som har utfordringar med kompetanse på IKT-innkjøp og digital tryggleik. Desse verksemdene treng ekstra støtte for å stille rette krav til tryggleik når dei sett ut tenester i marknaden. Regjeringa har derfor etablert ein marknadsplass for skytenester hos Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ). Marknadsplassen vil gi offentlege innkjøparar i stat og kommune hjelp til å finne og skaffe seg sikre og kostnadseffektive skytenester.
På nokre område vil marknadsplassen lyse ut felles rammeavtaler med felles, sentrale krav til tryggleik. På denne måten blir det stilt tilstrekkeleg strenge krav, tilpassa dei ulike tenestene og informasjonen dei skal behandle. På andre område vil marknadsplassen sette opp minstekrav til tryggleik som dei ulike verksemdene kan bruke i eigne innkjøp.
DFØ samarbeider med både Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), Datatilsynet og Digitaliseringsdirektoratet når dei skal utforme krava. Krava blir formidla både til kundar og leverandørar på marknadsplassen. Både det å inngå rammeavtaler og å etablere nye krav til tryggleik skjer fortløpande, slik at tilbodet stadig blir betre. All rettleiing og anbefalingar om krav til tryggleik i offentlege innkjøp finst på DFØ sine nettsider anskaffelser.no.
Departementet meiner med dette at oppmodningsvedtaket er følgt opp.
Utgreie rett til høghastigheitsinternett for alle husstandar
Vedtak nr. 1060, 1. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede en rett til høyhastighetsinternett for alle husstander i Norge.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 28 (2020–2021) Vår felles digitale grunnmur – Mobil-, bredbånds- og internettjenester, Dokument 8:151 S (2020–2021) og Innst. 511 S (2020–2021).
Regjeringa har ambisiøse mål for breibanddekning, inkludert at alle husstandar skal ha tilbod om minst 100 Mbit/s nedlastingshastigheit innan 2025. Regjeringa foreslår også ein kraftig auke på kap. 541, post 60 Breibandutbygging i 2023, og denne auken legg til rette for å nå målet om at alle husstandar og verksemder skal ha høghastigheits breiband med bruk av eksisterande verkemiddel.
Regjeringa vil i parallell med og i lys av utviklinga dei neste åra greie ut behovet for og moglege innretningar av ein rett til høghastigheits internett til alle, jf. Hurdalsplattformen, og vil kome tilbake til Stortinget om saka på eigna måte.
Mobil- og internettdekning langs eksisterande riksvegar
Vedtak nr. 1066, 1. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for utbygging av mobil- og internettdekning langs eksisterende riksveier, som spesifiserer dekningshull og kostnadene for utbedring av disse, og innarbeide dette i revidert nasjonalbudsjett for 2022.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 28 (2020–2021) Vår felles digitale grunnmur – Mobil-, bredbånds- og internettjenester og Innst. 511 S (2020–2021).
I Prop. 115 S (2021–2022) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2022 er det opplyst om at det er gjennomført ei ekstern utgreiing for å følgje opp vedtaket og at Kommunal- og distriktsdepartementet vil vurdere behovet for ytterlegare utgreiing. Departementet har sett i gang arbeidet med ei ny utgreiing, fordi dette er nødvendig for å sikre ei tilstrekkeleg kartlegging av dekningssituasjonen og eit meir presist anslag på kostnadar for å utbetre dekningshola.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget om saka på eigna måte.
Behandling av klagesaker der statsforvaltaren er klagar eller part
Vedtak nr. 1125, 4. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan klagesaker i forbindelse med dispensasjoner etter plan- og bygningsloven bedre kan håndteres, ressursmessig og tidsmessig, i saker der statsforvalteren selv er klager eller på annen måte part i saken.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 169 L (2020–2021) Endringer i plan- og bygningsloven m.m. (regional plan, dispensasjon m.m.), Innst. 606 L (2020–2021) og Lovvedtak 150 (2020–2021).
Vedtaket er vareteke gjennom styringsdialogen departementet har med embeta. Det er også gjennomført ei kartlegging av klager frå statsforvaltaren. Oppdraget til statsforvaltaren om kartlegging av klager, medrekna tema og grunngiving for klaga, er teken inn i tildelingsbrevet for 2021 og 2022.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Bruk av dispensasjonar i plansaker
Vedtak nr. 1126, 4. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan det best kan sikres et riktig og godt kunnskapsgrunnlag for å få oversikt over i hvilke typer saker norske kommuner benytter seg av dispensasjonsbestemmelsen i plan- og bygningsloven.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 169 L (2020–2021) Endringer i plan- og bygningsloven m.m. (regional plan, dispensasjon m.m.), Innst. 606 L (2020–2021) og Lovvedtak 150 (2020–2021).
Kommunal- og distriktsdepartementet bruker Kommune-Stat-Rapportering (KOSTRA) for å følgje med på bruken av dispensasjonar i kommunane. KOSTRA gir informasjon om talet på byggjeløyve som er innvilga ved dispensasjon frå vedtatte planar. Rapporteringa gir også informasjon om dispensasjonar i landbruks-, natur- og friluftsområde, i strandsona langs sjø og vassdrag, og i område regulert til bevaring. Gjennom kart- og planforskrifta er det også eit krav om at dispensasjonar frå vedtatte arealplanar registrerast i digitalt planregister. Dagens system medfører til ei viss grad ei dobbeltrapportering for kommunane.
Det er kontinuerleg oppmerksemd på å forbetre kvaliteten på rapporteringa. Samstundes er det ønskjeleg å avgrense kommunane si dobbeltrapportering gjennom KOSTRA og det digitale planregisteret. Statistisk sentralbyrå (SSB) har under utvikling eKOSTRA. Gjennom eKOSTRA vil data om enkelte hendingar, som til dømes data knytte til dispensasjonar, hentast direkte frå dei kommunale sakssystema, mellom anna direkte frå det digitale planregisteret.
Departementet har forventningar om at utviklinga av eKOSTRA vil gi betre kvalitet på informasjonen som kan hentast ut frå systemet, og gi god oversikt over kommunane si dispensasjonspraksis. Samstundes vil dobbeltrapporteringa reduserast, og kommunane si rapporteringsbør begrensast.
Departementet har også bestilt ein casestudie for å få meir kunnskap om i kva for typar sakar det gis dispensasjon, kva som er grunngivinga for å søkje om dispensasjon, og ei oversikt over tiltak og verkemiddel som kan redusere omfanget av dispensasjonar. Departementet arbeider kontinuerleg med å forbetre og effektivisere planprosessane og forenkle regelverket i plan- og bygningslova. Det er eit mål å redusere talet dispensasjonar frå arealplanar. Slike dispensasjonar krev mykje ressursar både frå kommunen, tiltakshavar, berørde sektorstyresmakter, naboar og andre partar. Casestudien vil bidra til å gi betre kunnskap om kommunane si dispensasjonspraksis.
Departementet vil følgje utviklinga for å sikre eit riktig og godt kunnskapsgrunnlag om dispensasjonar gitt i medhald av plan- og bygningslova.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Klarare reglar for krav til sløkkevatn
Vedtak nr. 1209, 10. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen om å oppstille klare vilkår i regelverket for i hvilke tilfeller kommunene kan fravike de preaksepterte løsningene i byggteknisk forskrift (TEK17) § 11-17 og forskrift om brannforebygging § 21 til ugunst for utbygger hvor det brannprosjekteres med tankbil.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Hans Andreas Limi, Erlend Wiborg, Per-Willy Amundsen, Kjell-Børge Freiberg og Helge André Njåstad om å sikre meir føreseielege reglar for krav til sløkkevatn, jf. Dokument 8:238 S (2020–2021) og Innst. 583 S (2020–2021).
Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvar for byggteknisk forskrift og Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for forskrift om brannførebygging.
Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har, i samarbeid med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), utarbeidd eit forslag til korleis rettleiaren til det relevante kravet i byggteknisk forskrift kan bli tydelegare. Kommunal- og distriktsdepartementet vurderer no forslaget.
Helsetenester nytta utanfor bustadkommunen
Vedtak nr. 1252, 16. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen i oppfølgingen av utredningen fra Inntektssystemutvalget vurdere lovverket slik at helsetjenester benyttet utenfor bostedskommunen i større grad kan belastes den kommunen tjenestemottaker betaler skatt til.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 192 S (2020–2021) Kommuneproposisjonen 2022 og Innst. 660 S (2020–2021).
Kommunen skal, i samhøve med helse- og omsorgstenestelova, sørgje for at personar som oppheld seg i kommunen har tilbod om nødvendige helse- og omsorgstenester. Helse- og omsorgstenestene i kommunane blir i hovudsak finansierte av frie inntekter, som blir fordelte med utgangspunkt i folkeregistrerte innbyggjarar i kommunen. Dette kan gi kommunar med mange hyttebebuarar utgifter som dei frie inntektene ikkje dekker. Samstundes har hyttekommunane også andre typar inntekter frå hyttebebuarane, som kommunale avgifter, eigedomsskatt og positive ringverknader for lokalsamfunna.
Fleire offentlege utval har peikt på problemstillinga med finansiering av helsetenester til personar utanfor bustadkommunen. Inntektssystemutvalet, som leverte utgreiinga si 29. august, vurderte heile inntektssystemet for kommunane, også denne problemstillinga. Regjeringa vil vurdere problemstillinga i samanheng med oppfølginga av inntektssystemutvalet, og kome tilbake til Stortinget om saka på eigna måte.
Stortingssesjon 2018–2019
Opplysningsplikt for statsrådar og statssekretærar
Vedtak nr. 55, 27. november 2018
«Stortinget ber regjeringen utrede og sende på høring forslag om endring i lov om registrering av regjeringsmedlemmers verv og økonomiske interesserer. Herunder opplysningsplikt for statsråder og statssekretærer til å registrere sine tidligere oppdragsgivere og oppdragenes innhold der vedkommende, de siste to år før tiltredelse, har arbeidet med å fremme politiske eller næringsmessige interesser.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Karin Andersen, Torgeir Knag Fylkesnes, Kari Elisabeth Kaski, Gina Barstad og Marius Meisfjord Jøsevold om opplysningsplikt for statsrådar og statssekretærar, jf. Dokument 8:108 LS (2017–2018) og Innst. 54 L (2018–2019).
Departementet sette hausten 2019 ned ei arbeidsgruppe for å utgreie forslaget. Arbeidsgruppa blei leia av Regjeringsadvokaten og hadde medlemmar frå Justis- og beredskapsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet. Arbeidsgruppa leverte si utgreiing i juni 2022. Departementet vil gå gjennom utgreiinga og kome tilbake til Stortinget om saka på eigna måte.
Stortingssesjon 2016–2017
Stryke listekandidatar
Vedtak nr. 700, 23. mai 2017
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å gjeninnføre velgernes mulighet til å stryke listekandidater ved fylkestings- og kommunestyrevalg.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Helge André Njåstad, Ingebjørg Amanda Godskesen, Harald T. Nesvik, Ingjerd Schou, Michael Tetzschner og Frank J. Jenssen om å tillate stryking av listekandidatar ved fylkestings- og kommunestyreval, jf. Dokument 8:14 S og Innst. 306 S (2016–2017).
Departementet bad vallovutvalet vurdere om det bør vere adgang til å stryke listekandidatar ved fylkestings- og kommunestyreval, som ein del av utvalets arbeid. Vallovutvalet la fram si utgreiing 27. mai 2020, og utgreiinga har vore på høyring. Fleirtalet i vallovutvalet vil ikkje innføre moglegheit til å stryke kandidatar ved lokalval igjen. Departementet tar sikte på å foreslå ny vallov for Stortinget våren 2023.
Sørsamisk språk
Vedtak nr. 845, 8. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen i oppfølgingen av NOU 2016: 18 Hjertespråket om å ha en særlig oppmerksomhet rettet mot sørsamisk språk og sammenhengene mellom språk, kultur og næring, og komme tilbake til Stortinget på en egnet måte med konkrete forslag til oppfølging av dette.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 1 S (2017–2018) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Innst. 16 S (2017–2018).
Regjeringa følgjer opp oppmodningsvedtaket som ledd i oppfølginga av NOU 2016: 18 Hjertespråket. Kommunal- og distriktsdepartementet sendte lovforslag om endringar i språkreglane i samelova på høyring i august 2021, med høyringsfrist november 2021. Departementet vil kome tilbake til Stortinget om saka på eigna måte.
Stortingssesjon 2015–2016
Unntak frå plan- og bygningslova og grannelova ved nasjonal flyktningkrise
Vedtak nr. 646, 10. mai 2016
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til lovendringer som ved en nasjonal flyktningkrise gir kommunene myndighet til å fravike plan- og bygningsloven og grannelova. Det settes frist for kommunens beslutning, som treffes etter anmodning fra annen kommunal eller statlig myndighet. Saken overføres departementet hvis fristen ikke holdes, og departementet kan også ved overprøving prøve alle sider av saken. Beslutning om at det foreligger en nasjonal flyktningkrise kan treffes av Kongen i statsråd eller av departementet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 43 L (2015–2016) Endringer i plan- og bygningsloven (unntak ved kriser, katastrofer eller andre ekstraordinære situasjoner i fredstid) og Innst. 229 L (2015–2016).
Departementet har fremja proposisjon om mellombelse lovendringar for å handtere pandemi (2020 og 2021) og auka framkomst av flyktningar som følgje av invasjonen av Ukraina (2022), som Stortinget har vedtatt. Gjeldande beredskapsføresegn for å handtere auka framkomstar, gjeld fram til 1. juli 2023. Arbeidet med å følgje opp oppmodningsvedtaket har som følgje av dette blitt forsinka. Departementet tar sikte på å evaluere beredskapsføresegna etter at ho har gått ut.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget om saka på eigna måte.
Endringar i vallova
Vedtak nr. 861, 10. juni 2016
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med et nytt forslag til endringer i valgloven § 7-2 og § 11-5 første ledd (personvalg ved stortingsvalg), hvor også merknader og forslag i denne innstilling er vurdert. Lovendringen foreslås iverksatt fra stortingsvalget i 2021.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 73 L (2015–2016) Endringar i valgloven (personval ved stortingsval, frist for godkjenning av førehandsstemmer mv.) og Innst. 402 L (2015–2016).
Vurdering av personvalordninga ved stortingsval var ein del av mandatet til vallovutvalet, som la fram si utgreiing 27. mai 2020. Fleirtalet i utvalet meiner det bør innførast ei ordning med eit moderat innslag av personval ved stortingsval. Utgreiinga har vore på høyring. Departementet tar sikte på å foreslå ny vallov for Stortinget våren 2023.
4 Oversikt over budsjettforslaget
4.1 Utgifter fordelte på programkategori og kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Endring i pst. |
Det kongelege hus | |||||
1 | H.M. Kongen og H.M. Dronninga | 324 858 | 298 877 | 253 912 | -15,0 |
2 | H.K.H. Kronprinsen og H.K.H. Kronprinsessa | 10 792 | 11 181 | 11 572 | 3,5 |
Sum kategori 00.10 | 335 650 | 310 058 | 265 484 | -14,4 | |
Sum programområde 00 | 335 650 | 310 058 | 265 484 | -14,4 | |
Administrasjon | |||||
500 | Kommunal- og distriktsdepartementet | 745 733 | 753 873 | 966 868 | 28,3 |
502 | Tariffavtalte avsetningar mv. | 238 697 | 239 700 | 274 450 | 14,5 |
505 | Bustadlånordninga i Statens pensjonskasse | 11 438 000 | 14 443 000 | 26,3 | |
506 | Yrkesskadeforsikring | 90 000 | 95 000 | 5,6 | |
507 | Gruppelivsforsikring | 187 000 | 270 000 | 44,4 | |
510 | Tryggings- og service organisasjonen til departementa | 969 182 | 925 786 | 1 020 260 | 10,2 |
Sum kategori 13.00 | 1 953 612 | 13 634 359 | 17 069 578 | 25,2 | |
Statsforvaltarane | |||||
525 | Statsforvaltarane | 1 986 895 | 2 085 293 | 2 116 455 | 1,5 |
Sum kategori 13.25 | 1 986 895 | 2 085 293 | 2 116 455 | 1,5 | |
Statlege byggjeprosjekt og eigedomsforvaltning | |||||
530 | Byggjeprosjekt utanfor husleieordninga | 1 642 974 | 2 404 600 | 3 353 450 | 39,5 |
531 | Eigedomar til kongelege føremål | 87 794 | 68 126 | 69 433 | 1,9 |
532 | Utvikling av Fornebuområdet | 210 500 | 0,0 | ||
533 | Eigedomar utanfor husleigeordninga | 345 594 | 236 162 | 61 470 | -74,0 |
2445 | Statsbygg | 1 531 510 | 5 184 429 | 8 887 996 | 71,4 |
Sum kategori 13.30 | 3 818 372 | 7 893 317 | 12 372 349 | 56,7 | |
Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk | |||||
540 | Digitaliseringsdirektoratet | 1 001 422 | 1 037 931 | 966 666 | -6,9 |
541 | IT- og ekompolitikk | 587 004 | 517 613 | 597 427 | 15,4 |
542 | Internasjonalt samarbeid | 68 990 | 243 029 | 361 748 | 48,8 |
543 | Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit | 431 267 | 416 297 | 453 211 | 8,9 |
Sum kategori 13.40 | 2 088 683 | 2 214 870 | 2 379 052 | 7,4 | |
Personvern | |||||
545 | Datatilsynet | 69 173 | 69 830 | 78 127 | 11,9 |
546 | Personvernnemnda | 2 084 | 2 634 | 2 641 | 0,3 |
Sum kategori 13.45 | 71 257 | 72 464 | 80 768 | 11,5 | |
Distrikts- og regionalpolitikk | |||||
553 | Regional- og distriktsutvikling | 4 964 811 | 1 163 533 | 1 185 724 | 1,9 |
554 | Kompetansesenter for distriktsutvikling | 94 757 | 94 762 | 95 100 | 0,4 |
Sum kategori 13.50 | 5 059 568 | 1 258 295 | 1 280 824 | 1,8 | |
Samiske føremål | |||||
560 | Samiske føremål | 556 136 | 573 041 | 595 894 | 4,0 |
563 | Internasjonalt reindriftssenter | 7 495 | 9 272 | 9 285 | 0,1 |
Sum kategori 13.60 | 563 631 | 582 313 | 605 179 | 3,9 | |
Nasjonale minoritetar | |||||
567 | Nasjonale minoritetar | 59 703 | 58 976 | 59 014 | 0,1 |
Sum kategori 13.67 | 59 703 | 58 976 | 59 014 | 0,1 | |
Kommunesektoren mv. | |||||
571 | Rammetilskot til kommunane | 151 604 926 | 148 714 869 | 160 900 247 | 8,2 |
572 | Rammetilskot til fylkeskommunane | 42 971 373 | 41 252 469 | 43 606 495 | 5,7 |
573 | Kommunestruktur | 200 000 | 100,0 | ||
575 | Ressurskrevjande tenester | 10 068 576 | 12 157 348 | 11 741 313 | -3,4 |
577 | Tilskot til dei politiske parti | 479 131 | 462 294 | 460 163 | -0,5 |
578 | Valdirektoratet | 96 205 | 57 894 | 120 583 | 108,3 |
579 | Valutgifter | 8 291 | 0,0 | ||
Sum kategori 13.70 | 205 228 502 | 202 644 874 | 217 028 801 | 7,1 | |
Bustad, bumiljø og bygg | |||||
581 | Bustad- og bumiljøtiltak | 3 597 065 | 3 444 049 | 3 669 730 | 6,6 |
585 | Husleigetvistutvalet | 36 235 | 36 985 | 37 754 | 2,1 |
587 | Direktoratet for byggkvalitet | 161 930 | 150 220 | 150 032 | -0,1 |
2412 | Husbanken | 19 798 894 | 21 583 889 | 21 275 799 | -1,4 |
Sum kategori 13.80 | 23 594 124 | 25 215 143 | 25 133 315 | -0,3 | |
Planlegging, byutvikling og geodata | |||||
590 | Planlegging og byutvikling | 96 609 | 163 483 | 178 525 | 9,2 |
595 | Statens kartverk | 1 200 350 | 1 177 257 | 1 160 394 | -1,4 |
Sum kategori 13.90 | 1 296 959 | 1 340 740 | 1 338 919 | -0,1 | |
Sum programområde 13 | 245 721 306 | 257 000 644 | 279 464 254 | 8,7 | |
Sum utgifter | 246 056 956 | 257 310 702 | 279 729 738 | 8,7 |
4.2 Inntekter fordelte på programkategori og kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Endring i pst. |
Administrasjon | |||||
3505 | Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse | 10 332 000 | 8 137 000 | -21,2 | |
3506 | Yrkesskadeforsikring | 79 000 | 80 000 | 1,3 | |
3507 | Gruppelivsforsikring | 100 000 | 103 000 | 3,0 | |
3510 | Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa | 163 638 | 109 492 | 112 777 | 3,0 |
5607 | Renter av bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse | 754 000 | 1 842 000 | 144,3 | |
Sum kategori 13.00 | 163 638 | 11 374 492 | 10 274 777 | -9,7 | |
Statsforvaltarane | |||||
3525 | Statsforvaltarane | 53 533 | 179 946 | 185 294 | 3,0 |
Sum kategori 13.25 | 53 533 | 179 946 | 185 294 | 3,0 | |
Statlege byggjeprosjekt og eigedomsforvaltning | |||||
3533 | Eigedomar utanfor husleigeordninga | 5 921 | 2 563 | 5 140 | 100,5 |
5446 | Sal av eigedom, Fornebu | 16 400 | -100,0 | ||
5447 | Sal av eigedom utanfor statens forvaltningsbedrifter | 1 019 250 | 500 000 | -100,0 | |
Sum kategori 13.30 | 1 025 171 | 518 963 | 5 140 | -99,0 | |
Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk | |||||
3540 | Digitaliseringsdirektoratet | 277 849 | 340 485 | 329 485 | -3,2 |
3542 | Internasjonalt samarbeid | 2 595 | 2 634 | 2 713 | 3,0 |
3543 | Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit | 2 829 | 300 | 309 | 3,0 |
5570 | Sektoravgifter under Kommunal- og distriktsdepartementet | 249 403 | 253 485 | 262 613 | 3,6 |
Sum kategori 13.40 | 532 676 | 596 904 | 595 120 | -0,3 | |
Personvern | |||||
3545 | Datatilsynet | 10 705 | 0,0 | ||
Sum kategori 13.45 | 10 705 | 0,0 | |||
Distrikts- og regionalpolitikk | |||||
3554 | Kompetansesenter for distriktsutvikling | 1 020 | 0,0 | ||
Sum kategori 13.50 | 1 020 | 0,0 | |||
Samiske føremål | |||||
3563 | Internasjonalt reindriftssenter | -770 | 2 921 | 3 009 | 3,0 |
Sum kategori 13.60 | -770 | 2 921 | 3 009 | 3,0 | |
Kommunesektoren mv. | |||||
5616 | Kommunalbanken AS | 646 000 | 652 000 | 0,9 | |
Sum kategori 13.70 | 646 000 | 652 000 | 0,9 | ||
Bustad, bumiljø og bygg | |||||
3585 | Husleigetvistutvalet | 1 715 | 2 693 | 2 736 | 1,6 |
3587 | Direktoratet for byggkvalitet | 38 615 | 38 876 | 34 990 | -10,0 |
5312 | Husbanken | 15 337 493 | 12 923 629 | 13 993 700 | 8,3 |
5615 | Husbanken | 2 018 721 | 2 874 000 | 5 244 000 | 82,5 |
Sum kategori 13.80 | 17 396 544 | 15 839 198 | 19 275 426 | 21,7 | |
Planlegging, byutvikling og geodata | |||||
3595 | Statens kartverk | 862 820 | 833 540 | 789 422 | -5,3 |
Sum kategori 13.90 | 862 820 | 833 540 | 789 422 | -5,3 | |
Sum programområde 13 | 20 045 337 | 29 991 964 | 31 780 188 | 6,0 | |
Sum inntekter | 20 045 337 | 29 991 964 | 31 780 188 | 6,0 |
4.3 Budsjettgevinstar frå endra jobbreisevanar
Pandemien har ført til endra jobbreisevanar. Redusert reiseaktivitet vil både redusere reiseutgifter i verksemdene og spare reisetid for dei tilsette. Sjølv om reiseaktiviteten er høgare no enn under pandemien, vil nivået på reiseaktiviteten truleg vere varig redusert. I saldert budsjett 2022 blei det lagt til grunn eit gevinstuttak på om lag 7 pst. av reiseutgiftene før pandemien. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2022 blei gevinstuttaket auka til om lag 14 pst. i andre halvår 2022. Regjeringa foreslår å auke gevinstuttaket i 2023 til om lag 20 pst. av reiseutgiftene før pandemien. Dette inneber eit auka gevinstuttak under Kommunal- og distriktsdepartementet samanlikna med saldert budsjett 2022 på om lag 19 mill. kroner. Sjå omtale på dei enkelte budsjettpostane.
4.4 Kompensasjonsutrekningar i samband med innføring av ny premiemodell for statlege verksemder frå 2022
Statens pensjonskasse (SPK) innførte frå og med 2022 ein ny hendingsbasert og verksemdsspesifikk premiemodell for statlege verksemder. Det blei lagt opp til at omlegginga skulle vere om lag budsjettnøytral på innføringstidspunktet, ved at dei verksemdene dette gjeld, fekk ein reduksjon eller auke i løyvinga i tråd med endra premie, samanlikna med kva som ville følgt av gammalt premiesystem. Saka var omtalt i Prop. 1 S (2021–2022) for Arbeids- og sosialdepartementet på sidene 28 og 29.
Etter at ein gjennomførte utrekningane av kompensasjonen, er det registrert forhold som gjer at verksemdene samla er noko overkompenserte. Dette kjem av at utrekningane i saldert budsjett 2022 av pensjonspremiar etter gammal premiemodell var baserte på estimert pensjonsgrunnlag per 1. januar 2022. Grunnlaget blei ved ein feil ikkje oppjustert med lønsveksten gjennom året. Det inneber at premieanslaga etter gammal modell skulle vore noko høgare, og at kompensasjonen skulle vore noko lågare. Under Kommunal- og distriktsdepartementet utgjer dette 7,1 mill. kroner. Sjå omtale på dei enkelte budsjettpostane. Regjeringa vil som følgje av dette redusere løyvinga under Kommunal- og distriktsdepartementet med same beløp frå 2023. Sjå Arbeids- og inkluderingsdepartementets Prop. 1 S (2022–2023) for nærare omtale.
Fotnoter
Verdiberekningane baserer seg på at krafta blir selt til spotpris. For 2023 er det lagt til grunn ein pris på 182,73 øre/kWh på Østlandet (NO 1), 193,93 øre/kWh på Sørlandet (NO 2) og 179,93 øre/kWh på Vestlandet (NO 5).