Prop. 1 S (2022–2023)

FOR BUDSJETTÅRET 2023 — Utgiftskapitler: 600–672, 2470, 2541–2542, 2620–2686 Inntektskapitler: 3605–3672, 5470, 5571, 5701–5705

Til innholdsfortegnelse

Del 3
Omtale av særlege tema

7 Innkomstar frå Ukraina

Regjeringa si handtering av innkomstar av fordrivne frå Ukraina

Den russiske invasjonen i Ukraina har ført millionar av menneske på flukt. Dei fleste er kvinner, barn og eldre. Ifølgje UNHCR er over 7 millionar flyktningar frå Ukraina registrerte i Europa per midten av september. Om lag 27 000 ukrainske borgarar hadde på same tidspunkt søkt om vern i Noreg. Regjeringa har vidare tilbydd å hente inntil 2 500 ukrainarar som oppheld seg i Moldova og evakuere inntil 550 pasientar og deira pårørande frå nabolanda omkring Ukraina. Grunna avgrensa interesse for ordninga har talet for Moldova seinare blitt justert til 500. Ved midten av september har det kome i overkant av 200 personar på dei to ordningane.

Utlendingslova § 34 opnar for at det kan innførast ei ordning med mellombels kollektivt vern om det finst ein massefluktsituasjon. Regjeringa sette i verk denne ordninga for personar fordrivne frå Ukraina 11. mars 2022, og det blir gitt opphaldsløyve med varigheit for eitt år, med moglegheit for forlenging om ordninga framleis gjeld når løyva løper ut. Situasjonen i Ukraina kan endre seg raskt. Det er derfor vanskeleg å anslå kor lenge situasjonen som skaper masseflukt vil vare. Mellombels kollektivt vern blir oppheva av Kongen i statsråd. Oppheving vil vere aktuelt når det ikkje lenger finst ein massefluktsituasjon. Grunnlaget for å oppretthalde ordninga med kollektiv beskyttelse for fordrivne frå Ukraina må derfor jamleg bli vurdert i lys av situasjonen i Ukraina.

Regjeringa vil at fordrivne skal ha eit godt opphald i Noreg med ein meiningsfull kvardag, samstundes som at føresetnaden for retur til Ukraina, når det er mogleg, skal vere til stades. Regjeringa ønsker å sikre at fordrivne raskt kan delta i det norske samfunnet. Barn skal få gå på skule eller i barnehage, og vere sosiale med andre barn. Det skal leggjast til rette for at vaksne så raskt som mogleg kjem i arbeid eller annan aktivitet.

For å leggje til rette for rask busetting og integrering av eit høgt tal fordrivne frå Ukraina, vedtok Stortinget 7. juni 2022 mellombelse endringar i fleire lover, irekna barnevernlova, opplæringslova, helselovgivinga, barnehagelova, plan- og bygningslova og integreringslova, jf. Prop. 107 L (2021–2022) og Innst. 352 L (2021–2022). Endringane trådde i kraft 15. juni 2022. Endringane vil samla bidra til å gjere det enklare for kommunane å handtere den ekstraordinære situasjonen. Lova er tidsavgrensa og sluttar å gjelde 1. juli 2023. Om det på dette tidspunktet er behov for å føre vidare einskilde eller fleire av lovendringane, må det skje ved eit nytt lovvedtak.

Regjeringa la også fram ein proposisjon til Stortinget med endringar i statsbudsjettet for 2022 under ei rekke departement sine ansvarsområde med forslag om økonomiske tiltak som følgje av krigen i Ukraina, jf. Prop. 78 S (2021–2022) og Innst. 270 S (2021–2022). Proposisjonen inneheldt mellom anna økte løyvingar til utlendingsforvaltninga, vertskommunane og ulike integrerings- og inkluderingstiltak. Stortinget vedtok forslaget 5. mai. I tillegg blei løyvingane til ei rekke tiltak auka i samband med RNB, jf. Prop. 115 S (2021–2022) og Innst. 450 S (2021–2022), for å handtere innkomstane frå Ukraina.

I planlegginga av statsbudsjettet for 2023 legg regjeringa til grunn at dei aller fleste flyktningane som kjem frå Ukraina og har fått mellombels kollektivt vern i Noreg i 2022, blir verande i 2023. Berekningsgruppa for utlendingsforvaltninga (BGU) utarbeider prognosane som ligg til grunn for budsjettet.

Prop. 1 S (2022-2023) byggjer på siste prognosar frå BGU frå juni. Dette er i tråd med etablert praksis. Ifølgje desse prognosane, kan vi forvente 32 000 fordrivne frå Ukraina til Noreg i løpet av 2022, og ytterlegare 10 000 i 2023. Det er ein rekke budsjettpostar under fleire departement som blir påverka av desse prognosane. Det er uvanleg stor usikkerheit knytt til innkomstane. Vi veit ikkje korleis krigen og migrasjonsstraumane kjem til å utvikle seg, og på kva tidspunkt ein eventuell retur til eit trygt Ukraina vil vere mogleg. I vekene etter sommaren har innkomsten av fordrivne frå Ukraina vore høgare enn lagt til grunn i prognosane.

For å ha beredskap til å kunne handtere ein situasjon med høgare innkomstar enn dei siste prognosane frå BGU tilseier, foreslår regjeringa å auke løyvingane til administrativ kapasitet i politiet, UDI og IMDi med til saman 359,5 mill. kroner. I tillegg foreslår regjeringa å vidareføre auka ramme for overskridingsfullmakt til innkvartering av asylsøkarar, jf. Prop. 78 S (2021-2022) og Innst. 270 S (2021-2022). Styrkinga skal gi etatane tilstrekkeleg med ressursar til arbeidet med registrering, mottak og busetting, også om innkomstane blir høgare enn 10 000. Ein fullstendig gjennomgang av budsjettkonsekvensane av innkomstar frå Ukraina, medrekna justering av andre budsjettpostar som blir påverka, vil på vanleg måte bli gjort i samband med revidert nasjonalbudsjett, eller tidlegare om situasjonen krev det.

Regjeringa foreslår ei rekke løyvingar i 2023 for å kunne handtere dei mange flyktningane som kjem frå Ukraina. Det er integreringstilskotet, saman med tilskot til norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, tilskot for busetting av personar med nedsett funksjonsevne eller åtferdsvanskar og særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige flyktningar, som dannar hovudfinansieringa av kommunane sitt arbeid med busetting og integrering.

Registrering og mottak

For å effektivt registrere dei fordrivne og raskt få dei inn i asylmottakssystemet, oppretta politiet ein desentralisert struktur for registrering i 2022. Kapasiteten for registrering blei auka gjennom ei rekke tiltak, som forenkling av sjølve registreringsprosessen, omdisponering av eit stort tal stillingar til Politiet sin utlendingseining, og politidistrikta blei styrka.

I samband med innkomstane frå Ukraina har det vore naudsynt å utvide mottakskapasiteten vesentleg. For å få til effektiv innkvartering har det vidare blitt lagt til rette for utvida bruk av ordninga for alternativ mottaksplass (AMOT), der kommunane kan få tilskot frå UDI for å sørgje for innkvartering av fordrivne frå Ukraina som eit alternativ til plass i statleg asylmottak. Etter Prop. 78 S og RNB har mottakspostane i 2022 fått auka løyvingar for å handtere daverande prognose på 30 000 fordrivne frå Ukraina og 5 000 andre asylsøkarar. Til 2023-budsjettet blir løyvingane dimensjonert etter prognosane på 10 000 fordrivne frå Ukraina og 4 000 andre asylsøkarar. Prognosane for 2023 er imidlertid er svært usikre. I 2022 har regjeringa ei overskridingsfullmakt knytt til mottakspostane, for at kapasiteten skal kunne skalerast i tråd med endringar i innkomstbiletet. Ei slik fullmakt blir føreslått også i 2023, med ei beløpsgrense på 3 mrd. kroner.

I utgangspunktet blir kommunane kompenserte for utgifter som vertskommune gjennom eigne tilskotsordningar, men sidan utgiftene kan variere betydeleg mellom vertskommunar, er skjønnstilskotet auka med 170 mill. kroner i 2022. Midlane blir fordelt til vertskommunar som har vesentlege utgifter til ukrainske flyktningar i mottaksfasen, og som ikkje blir dekt av vertskommunetilskotet eller andre statlege tilskot.

Politiet og PST har hatt ein stor auke i oppgåvetilfang knytt til registrering av asylsøkarar frå Ukraina. I tillegg har UDI hatt ein stor auke i oppgåvetilfang knytt til mellom anna innkjøp, kontraktsoppfølging, logistikk og kommunikasjon. Ved behandlinga av Prop. 78 S (2021–2022) fekk UDI, politiet og PST tilført ekstra midlar for å handtere desse oppgåvene i tillegg til at det blei gjennomført naudsynte omprioriteringar i etatane. For å sikre beredskap til å handtere høgare innkomstar frå Ukraina enn prognosane frå juni tilseier, foreslår regjeringa å styrke UDI og politiet også i 2023.

I samband med RNB for 2022 blei det løyvd 17,2 mill. kroner for å auke den barnefaglege kompetansen i mottakssystemet, ved å tilføre fleire årsverk med formell barnefagleg utdanning. Bakgrunnen er at dei fleste ukrainarane som til no har flykta er kvinner og barn, og talet på barn i mottak er ekstraordinært høgt.

Busetting i kommunane

Personar som har fått innvilga mellombels kollektivt vern, er omfatta av tilbodet om å bli busett med offentleg hjelp. Busetting med offentleg hjelp for flyktningar er ikkje ein lovregulert rett eller plikt. Det er frivillig for kommunane å busette flyktningar, og busettinga skjer etter avtale mellom Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) og ein kommune. Kommunar som buset flyktningar får tilskot frå staten.

IMDi sendte ein oppdatert oppmoding til kommunane den 18. mars 2022 om å busette til saman 35 000 flyktningar. Det er sju gongar det talet som kommunane først blei oppmoda om å busette i 2022. Busettingsvilje og kapasitet i kommunane er ein føresetnad for dagens busettingsordning. Kommunane har vedtatt å busette nær 36 000 flyktningar i 2022. Fram til midten av september 2022, har om lag 20 500 flyktningar frå Ukraina blitt busett eller er på veg til å bli busett i ein kommune. Til samanlikning blei det busett 11 342 flyktningar i heile 2015 og 15 291 flyktningar i heile 2016.

Dei mellombelse endringane i lovverket, jf. Prop. 107 L (2021–2022), vil samla bidra til å gjere det enklare for kommunane å busette raskare. Stortinget har mellom anna vedtatt ein beredskapsregel i plan- og bygningslova som gir kommunane moglegheit til å gi mellombelse unntak frå mellom anna krav til søknad om løyve og frå kommunale planar. Regelen er viktig for å gi kommunane handlingsrom og fleksibilitet i ein ekstraordinær situasjon til å sikre rask etablering av mottak, omsorgssenter, barnehagar og skuler, og raskare tilgang på bustader.

IMDi blei styrka i 2022 på grunn av ein auke i arbeidet med busetting, kartlegging og kvalifisering. For at verksemda skal ha beredskap for å handtere høgare innkomster frå Ukraina enn prognosane frå juni tilseier, foreslår regjeringa å styrke IMDi også i 2023. Departementet har vidare iverksett andre mellombelse tiltak og forenklingar som ikkje krev endringar i lov eller forskrift, for å oppnå raskare busetting. Blant tiltaka, fremma regjeringa forslag om ei kompensasjonsordning som skal gjere det enklare for kommunane å byggje opp busettingskapasitet i kommunane i ei tid med svært usikre prognosar, og vere i stand til å busette mange flyktningar frå Ukraina på kort tid, jf. Prop. 78 S (2021–2022).

Vidare blei busettingsarbeidet forenkla. Oppmodingskriteria blei lagt til side, og alle kommunane i landet blei oppmoda om å busette flyktningar. Oppmodingsprosessen blei redusert frå ordinært fire månader til fire veker.

Departementet la til rette for forenkla kartlegging før busetting, og at flyktningar kan bli busett før kompetansekartlegginga er gjennomført. I tillegg blei kommunane oppfordra til å legge til rette for avtalt sjølvbusetting. Det inneber at flyktningane sjølv kan finne bustad i ein kommune som deretter avtaler busetting med IMDi.

I samarbeid med dei statlege aktørane det gjeld og kommunesektoren fortset Arbeids- og inkluderingsdepartementet arbeidet med å tilpasse busettingsprosessen til situasjonen. Behovet for ytterlegare tilpassingar blir vurdert løpande i lys av innkomstbiletet, kunnskap om utvikling av situasjonen og om personane som kjem til Noreg. Tett dialog og kommunikasjon med statsforvaltarane, fylkeskommunane og kommunesektoren er naudsynt, og praksisendringar blir drøfta med KS.

Raskt ut i arbeid og annan aktivitet

Det skal leggast til rette for at vaksne så raskt som mogleg kjem i arbeid eller annan aktivitet. Stortinget har vedtatt eit mellombels kapittel i integreringslova som forenklar kvalifiseringsordningane for personar med kollektivt vern og lempar på lovpålagde pliktar for kommunane. Mellom anna er det lagt til rette for at personar som har mellombels kollektivt vern kan gå rett ut i arbeid, utan å delta i introduksjonsprogram først, og kome tilbake til introduksjonsprogrammet om dei fell ut av arbeid.

For å legge til rette for at personar som har fått innvilga mellombels kollektivt vern kjem raskt ut i arbeid, har Arbeids- og velferdsetaten og IMDi laga to rettleiarar saman med partane i arbeidslivet.

Den eine rettleiaren er til arbeidsgivarar som ønsker å tilsette innkomne flyktningar, og til tilsette i kommunen og NAV som skal gi rettleiing. Formålet er å gi relevant informasjon slik at flyktningar med mellombels kollektivt vern kan gå direkte i jobb etter at dei er busett.

Den andre rettleiaren handlar om eit fleksibelt hurtigspor i introduksjonsprogrammet. Rettleiaren er retta mot personar som står nært arbeid, men som har behov for å kombinere deltaking i arbeidslivet med språkopplæring eller andre kvalifiseringstiltak før dei går ut i det ordinære arbeidslivet.

Arbeids- og velferdsetaten reknar at mellom mars og august i år har om lag 1 450 fordrivne frå krigen i Ukraina fått jobb i Noreg. Per. 9. september 2022 var det 7 613 personar med mellombels kollektivt vern som hadde rett til introduksjonsprogram. Vi veit førebels ikkje kor mange som vil kunne gå rett ut i arbeid og kven som vil ha behov for opplæring først, til dømes gjennom fleksibelt hurtigspor i introduksjonsprogrammet.

Arbeids- og velferdsetaten og IMDi har gått gjennom og vurdert ulike tenester som kan vere aktuelle for flyktningar frå Ukraina, og ein del informasjon frå etatane har blitt omsett til ukrainsk.

Frivillige organisasjonar sitt arbeid for inkludering av ukrainske flyktningar

Frivillige organisasjonar gjer eit viktig arbeid for integrering og inkludering av flyktningar. Organisasjonane jobbar både i mottak og i lokalsamfunn med å tilby språktrening, møteplassar, kurs og fritidsaktivitetar innan kultur, idrett og friluftsliv. Arbeidet til frivilligheita bidrar til å skape tillit og tilhøyrsle, samstundes som den bidrar til å løyse viktige samfunnsoppgåver.

Mange av dei som kjem til Norge frå Ukraina, er barn og unge som har behov for ein stabil kvardag gjennom å bli inkludert i aktivitetar med andre barn, og ta opp igjen aktivitetar dei gjorde i heimlandet. Dei vaksne skal også få moglegheit til å delta i fellesskap og meiningsfulle aktivitetar i regi av frivillige organisasjonar.

For å kunne gi eit tilbod til flyktningane, er det viktig at organisasjonane kan utvide, tilpasse eller skape nye aktivitetar lokalt, og skaffe naudsynt utstyr for deltaking. Med bakgrunn i dette, blei det i Prop. 78 S (2021–2022) løyvd 65 mill. kroner til frivillige organisasjonar sitt arbeid for inkludering av ukrainske flyktningar, og til tilbod om norsk- og engelsktrening i regi av frivillige organisasjonar. For å nå breitt ut blei løyvinga gitt til tiltak i regi av frivillige organisasjonar både i mottak og i lokalsamfunn. Løyvinga blei fordelt gjennom verkemiddelapparatet til tre departement, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Kultur- og likestillingsdepartementet.

Oppfølging av innkomne barn og unge

Krigen i Ukraina har ført til at fleire utsette barn og unge har kome til Noreg. Regjeringa vurderer fortløpande kva tiltak som er naudsynte for å sikre gode tilbod til barn og unge som følgje av krigen i Ukraina.

Tilgang på fritidsaktivitetar kan bidra til å inkludere denne gruppa. I samband med RNB 2022 ble Tilskot til inkludering av barn og unge auka med 10 mill. kroner. Auken gjekk til utstyrssentralar som tidlegare har søkt om tilskot gjennom ordninga. I RNB 2022 blei det også løyvd 16,3 mill. kroner til 22 krisesenter for å gi hjelp og støtte til innkomne flyktningar frå Ukraina. Krisesentera har kompetanse til å ta hand om og snakke med familiar i krise. Sentera er lokalisert i nærleiken av asylmottak eller i område der det var forventa at mange av flyktningane ville bli busett. Vidare blei løyvinga til barnevernet sine omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkarar under 15 år auka med 150 mill. kroner til kapasitetsauke som følgje av krigen i Ukraina, jf. Prop. 78 S (2021–2022).

Stortinget har vedtatt mellombelse endringar i barnehagelova og i opplæringslova som skal bidra til å gjere det lettare for kommunane å busette mange nye barn og unge. Tilskotet som kommunane og fylkeskommunane får til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg, er i 2022 auka med 86,5 mill. kroner. Auken kan skyldast eit høgare overslag på talet elevar som utløyser tilskot. Det er i tillegg løyvd 40 mill. kroner til omsetjing og utvikling av pedagogisk barnehagemateriell og læremiddel i 2022. Vidare er det løyvd 10 mill. kroner til Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) for å tilpasse og styrke tilbodet til innkomne barn, unge og vaksne frå Ukraina. NAFO skal mellom anna utvikle eit fjernundervisningstilbod og andre ressursar og digitale løysingar.

Ungdom som har fullført grunnskule eller tilsvarande har etter søknad rett til vidaregåande opplæring. Som hovudregel er søknadsfristen 1. mars, men fylkeskommunen kan ta omsyn til søknader som kjem seinare. Vestland fylkeskommune starta opp eit aktivitetstilbod allereie våren 2022, og fleire fylke hadde tilbod om sommarskule. Alle fylkeskommunar har planar for å kunne gi tilbod om opplæring til ukrainske elevar frå skuleåret 2022–23. Utdanningsdirektoratet jobbar med å hente inn tal på kor mange ungdommar som oppheld seg i dei ulike kommunane og fylka, og kor mange av dei som har fått tilbod om vidaregåande opplæring.

Høgare utdanning

Kunnskapsdepartementet har vedtatt mellombelse endringar i reglane for opptak til høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning for å gjere det enklare for flyktningar å begynne på utdanning i Noreg. Endringane gjeld i studieåret 2022–2023.

Det ble også løyvd 47,8 mill. kroner til universitet og høgskular tilsvarande 1 000 studieplassar retta mot studentar som følgje av krigen i Ukraina. Løyvinga er mellombels, og skal fasast ut med normal studieprogresjon eller om plassane ikkje blir brukt, jf. Prop. 78 S (2021–2022). Førebelse tal på studentar som har fått tilbod, og anslag frå juni på talet flyktningar som kjem frå Ukraina, tyder på at behovet i 2023 kan vere lågare. Regjeringa foreslår derfor ei løyving for 2023 på 49,2 mill. kroner, tilsvarande 500 plassar. Regjeringa vil kome tilbake i samband med RNB for 2023 med forslag om å justere løyvinga opp inntil 1 000 plassar om talet studentar blir høgare, og justere ned løyvinga om studieplassane ikkje blir brukt. Vidare har regjeringa oppretta ei stipendordning for ukrainske, russiske og kviterussiske studentar som var i Noreg før krigen starta. Ordninga gjeld studentar som sjølv finansierer studieopphaldet og har mista tilgangen til finansiering på grunn av krigen. Frå 2023 vil ordninga berre gjelde for ukrainske studentar.

Som følgje av Russlands invasjon av Ukraina er Russland suspendert frå gjeldande strategi for høgare utdannings- og forskingssamarbeid med prioriterte land utanfor EU.

Helse- og omsorgstenester for personar med mellombels kollektivt vern

Asylsøkarar og personar med mellombels kollektivt vern i Noreg har same rett til helsetenester som resten av befolkninga. Helsedirektoratet oppdaterer og tilpassar løpande den nasjonale rettleiaren om helsetenester til asylsøkarar, flyktningar og familiesameinte. Direktoratet har omsett informasjon om rettar og tilgang til helsetenester for flyktningar frå Ukraina.

Helse- og omsorgsdepartementet har sidan krigsutbrotet følgt situasjonen med auka innkomstar av personar frå Ukraina nøye, mellom anna for å følgje med på at det er nok kapasitet i helse- og omsorgstenestene. Det er tett kontakt mellom helsemyndigheitene, statsforvaltarar og kommunar for å vurdere tiltak som kan avlaste eller auke kapasiteten i helsetenestene. Kommunane har i hovudsak meldt om at kapasiteten i helsetenestene jamt over er god. Samstundes rapporterer mange kommunar, særleg dei som har mottak, om press på fastlegetenesta, helsestasjons- og skulehelsetenesta og psykososial oppfølging. Gjennom Prop. 78 S (2021–2022) blei det løyvd 15 mill. kroner til å styrke psykososial beredskap. Dette skal skje gjennom ein mellombels auke til relevante kompetansesenter og gjennom å opprette ein rammeavtale som kan sikre kommunane praktisk psykososial bistand ved kriser og katastrofar.

Stortinget har vedtatt mellombelse endringar i helselovgivinga som opnar for at Helse- og omsorgsdepartementet, på strenge vilkår, ved forskrift kan gjere heilt eller delvis unntak frå einskilde plikt- og rettsreglar i pasient- og brukarrettslova, spesialisthelsetenestelova og helse- og omsorgstenestelova for å bidra til å sikre at kapasiteten i tenestene ikkje blir overskriden.

Flyktningstraumen frå Ukraina har ført med seg at spesialisthelsetenestene har tatt høgde for auka tilstrøyming til tenesta og utfordringar mellom anna knytt til manglande dokumentasjon om sjukdom og tidlegare behandling, behov for ekstraordinære smitteverntiltak, særlege behov for tenester innan psykisk helse og rettleiing av kommunehelsetenesta innan traume- og krisehandtering. Det er bedd om at kapasiteten i spesialisthelsetenesta til å gjennomføre tuberkulosekontroll blir justert opp.

Noreg deltar også i det europeiske samarbeidet for medisinsk evakuering av pasientar frå Ukraina, som skjer gjennom EU si ordning for sivil beredskap UCPM (medevac). Dette er alvorleg sjuke og skadde pasientar, og nokon av desse vil bli følgt av pårørande.

8 Tiltak for å avbøte konsekvensane av smitteverntiltak under koronapandemien

Som følge av utbrotet av korona blei mange regelverk mellombels endra for å støtte opp under smitteverntiltak og avbøte konsekvensane som smitteverntiltaka fekk for arbeidstakarar og arbeidsgivarar i samband med mellom anna arbeidsløyse, permittering, sjukefråvær og omsorg for barn. Det blei og etablert mellombelse inntektssikringsordningar retta mot sjølvstendig næringsdrivande og lærlingar, samt vedtatt mellombelse endringar for å sikre inntekt for personar som får arbeidsevna si avklara i Arbeids- og velferdsetaten. Aktivitetskrava i sosialtenestelova og folketrygdlova blei mellombels endra, samtidig som krava til gjennomføring av opplæring i norsk og samfunnskunnskap for asylsøkjarar blei tilpassa pandemisituasjonen. Introduksjonsprogrammet blei mellombels utvida, og det har blitt gitt tilskot til informasjonstiltak spesielt retta mot innvandrargrupper.

Hovedtyngda av tiltak blei avslutta 31. mars 2022 eller tidlegare, medan nokre ordningar varer til 31. desember 2022. Det er ikkje lagt opp til at dei mellombels regelverka og ordningane blir vidareført etter årsskiftet.

Mellombelse regelendringar og ordningar som framleis gjeld

Varigheit t.o.m.

Omsorgspengar

  • Rett til omsorgspengar dersom barnet er i karantene, barnehage eller skole er heilt eller delvis stengt som følge av covid-19-pandemien, eller barnet må vere heime pga. særlege omsyn til smittevern hos barnet eller familiemedlem barnet bur med

  • Rett til overføring av dagar med omsorgspengar mellom foreldra når skolar og barnehagar er stengde på grunn av covid-19-pandemien

  • Rett til dobbel kvote med omsorgspengar

  • Rett til omsorgspengar ut over kvota dersom det maksimale talet på dagar med omsorgspengar er brukt opp og barnet må haldast heime pga. særlege omsyn til smittevern og når skole eller barnehage er heilt eller delvis stengt som følge av pandemien

31. desember 2022

Sjukepengar

  • Sjukmelding kan skrivast ut utan personleg frammøte hos legen

  • Rett til sjukepengar dersom ein må vere borte fra arbeidet på grunn av covid-19 eller mistanke om slik sjukdom

31. desember 2022

Forskotsordning dagpengar som sikrar at arbeidsledige og permitterte får midlar til livsopphald medan søknaden om dagpengar er til behandling i periodar med uvanleg lang saksbehandlingstid er innført som eit beredskapstiltak.

Ordninga har ikkje blitt brukt i 2022, og opphøyrer 31. desember 2022

Mellombels endring i forskrift om offentleg AFP:

AFP blir ikkje redusert når avlønning skjer etter ein særskilt sats for pensjonistavlønning for teneste som er nødvendig for å ivareta eit ekstraordinært behov for personell ved TISK-tiltak (testing, isolering, smittesporing og karantene) eller vaksinering som følge av covid-19.

31. desember 2022

Introduksjonsprogrammet

  • Mellombels rett til introduksjonsstønad sjølv om gjennomføring av tiltak i programmet er hindra på grunn av pandemien.

  • Manglande deltaking i programmet som følge av covid-19 skal ikkje medføre at programmet blir avbrote eller avslutta, og skal ikkje reknast med i programmet si varigheit.

  • Deltakarar i introduksjonsprogram etter introduksjonslova som starta sitt program mellom 1. januar 2020 og 31. mars 2020, har rett til å få utvida programmet med inntil fire månader, dersom den enkelte har behov for slik utvida periode for å koma i jobb eller utdanning.

31. desember 2022

Blir fastsett av Kongen i statsråd.

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap

  • Deltakarar skal få opplæring uavhengig av om undervisningsstaden er stengt eller driv med innskrenkingar. For deltakarar som ikkje får eit tilbod som følge av utbrotet av korona, blir perioden forlenga tilsvararande perioden det ikkje er mogleg å delta.

  • Deltakarar som har rett og plikt til å delta i opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova § 17 første ledd og som avsluttar opplæringa mellom 1. januar 2022 og 31. mars 2022, har rett til utvida opplæring i norsk i inntil fire månader. Retten gjeld og deltakarar som deltek i ytterlegare opplæring i norsk etter introduksjonslova § 18 andre ledd.

31. desember 2022 Blir fastsett av Kongen i statsråd.

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for asylsøkjarar i mottak

  • Deltakarar i opplæring i mottak skal få opplæring uavhengig av om undervisningsstaden er stengt eller driv med innskrenkingar.

  • Plikt til å delta i opplæring opphøyrer mellombels dersom deltakarar ikkje kan gjennomføre opplæringa som følge av utbrot av korona.

31. desember 2022

Kompetansekartlegging og karriererettleiing

  • Det skal gis tilbod om kompetansekartlegging og karriererettleiing etter integreringslova under utbrot av korona, med mindre det ikkje er mogleg å gi eit tilbod via digitale hjelpemiddel eller på andre måtar. Kompetansekartlegging og karriererettleiing skal da gjennomførast når det er mogleg.

31. desember 2022

Tilskot til frivillige organisasjonar til informasjontiltak om pandemien retta mot innvandrarbefolkninga.

31. desember 2022

Tilskot til utvalde kommuner for å auke vaksineringsgraden blant innvandrarar.

31. desember 2022

Mellombelse regelendringar og tiltak som er avvikla i 2022

Varigheit t.o.m.

Dagpengar

  • Høgare sats for dagpengar – 80 pst. av dagpengegrunnlaget opp til 3 G, deretter 62,4 pst. av grunnlaget opp til 6 G

  • Lågare krav til minsteinntekt som inngangsvilkår for å motta dagpengar – 0,75 G siste 12 mnd eller 2,25 G siste 36 mnd

  • Forenkla reglar om fastsetting av vanleg arbeidstid før tap av arbeid

  • Krav til tapt arbeidstid for å motta dagpengar var redusert frå 50 pst. av tidligare arbeidstid til 40 pst.

  • Oppheving av ventetid på tre dagar

  • Særskilde reglar om gradering av dagpengar ved arbeid opp til 60 pst. av tidligare arbeidstid

  • Forlenga maksimal stønadsperiode for ledige og permitterte som ellers ville brukt opp retten til dagpengar

  • Tillegg på 1500 kroner per månad til permitterte som har fått innvilga dagpengar f.o.m. 13. desember 2021

31. mars 2022

Mellombels inntektssikringsordning for lærlingar

  • 100 pst. kompensasjon opp til 1,5 G, deretter 62,4 pst. opp til 6 G utan krav til minsteinntekt som inngangsvilkår

31. mars 2022

Mellombels inntektssikringsordning for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar med 70 pst.1 av personinntekt som er tent opp i 2019 eller dei tre første månadane av 2020 opp til 6 G, som delvis kompensasjon for inntektsbortfall til og med 31. mars 2022.

30. april 2022

Permitteringsordninga

  • Forlenga periode med fritak for lønnsplikt for arbeidsgivarar

31. mars 2022

Sjukepengar

  • Arbeidsgivar si finansiering ved sjukefravær som skuldast covid-19 er redusert frå 16 til 5 dagar.

  • Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar har rett til sjukepengar frå og med sjette dag for sjukefravær som skuldast covid-19.

30. juni 2022

Arbeidsavklaringspengar

  • Forlenga stønadsperiode for personar som mottek arbeidsavklaringspengar under avklaring til arbeid

  • Forlenga stønadsperiode for dei som mottek arbeidsavklaringspengar som arbeidssøkjar

30. juni 2022

31. mars 2022

Arbeidsmarknadstiltak – tiltakspengar

  • Tiltakspengar kan gis utan faktisk deltaking dersom gjennomføring av arbeidsmarknadstiltak er hindra pga pandemien

28. februar 2022

Kvalifiseringsprogrammet

  • Mellombels rett til kvalifiseringsstønad sjølv om gjennomføring av tiltak i programmet er hindra pga. pandemien

  • Manglande deltaking i programmet skal ikkje føre til at programmet blir avbrote eller avslutta, og skal ikkje reknast med i programmet si varighet

31. mars 2022

Aktivitetskrav som vilkår for utbetaling av stønad

  • Stønadar etter folketrygdlova og sosialtenestelova skal utbetalast sjølv om aktivitetskrav ikkje kan bli gjennomført pga. koronapandemien

31. mars 2022

Godkjenningsordning for karanteneinnkvartering av arbeidstakarar

  • Søknadsbasert godkjenningsordning for verksemder, som alternativ til bruk av karantenehotell

25. januar 2022

1 Kompensasjonsgraden var opprinneleg 60 pst, blei deretter endra til 80 pst. og så til 70 pst.

9 Forenklingar og forbetringar av tenester

IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten

IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten skal sikre betre tenester for brukarane og auke effektiviteten i saksbehandlinga.

Løysingane for behandling av saker om økonomiske ytingar skal endrast slik at brukar har tilgang til døgnopne sjølvbeteningsløysingar som skal sørge for at dialogen mellom forvaltning og brukar ikkje krev fysisk oppmøte. Brukarane skal finne all naudsynt informasjon om Arbeids- og velferdsetaten sine tenester og eigne saker hos etaten på internett.

Kommunikasjonen mellom Arbeids- og velferdsetaten og arbeidsgivarar skal så langt som mogleg støttast av elektroniske dialogløysingar og automatisert datautveksling.

For Arbeids- og velferdsetaten vil nye løysingar for behandling av saker legge til rette for ein betydeleg auke i saker som kan behandlast automatisk. Dette vil gi raskare saksbehandling, auka likebehandling og betre kvalitet. Effektivisering av saksbehandlinga vil gjere det mogleg å frigjere årsverk i Arbeids- og velferdsetaten som ein kan omdisponere til arbeid med oppfølging for å få fleire i arbeid.

Prosjekt 1 og Prosjekt 2 i IKT-moderniseringa er avslutta. Prosjekt 3 blir avslutta i 2022, og Prosjekt 4 blei starta opp i 2021.

Prosjekt 3 har levert løysingar som medverker til høg grad av automatisering, sjølvbetening og effektiv saksbehandling, både for personbrukarar og saksbehandlarar i etaten.

Prosjekt 4 skal legge til rette for å fase ut systema Arena og Abetal. Desse systema handterer i dag mellom anna vesentlege ytingsområde som dagpengar og arbeidsavklaringspengar. I prosjektet er det òg planlagt å modernisere tenesteyting og forvaltning av arbeidsmarknadstiltaka.

For 2023 foreslår regjeringa ei løyving på 335,8 mill. kroner til Prosjekt 4 i IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten.

Sjå programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken for nærmare omtale.

Regelverksendringar for å støtte opp under forenkling og digitalisering

Arbeids- og velferdsetaten moderniserer tenestene sine gjennom meir og betre bruk av digital teknologi. Målet for arbeidet med modernisering er å levere betre tenester til befolkninga, effektivisere arbeidsprosessar og å betre saksbehandlinga.

Som ledd i arbeidet med å utvikle betre tenester til befolkninga, og for å forenkle arbeidet til fastlegane, vil regjeringa foreslå å tillate at sjukmeldar skal kunne gi sjukmelding etter e-konsultasjon (telefon, skriftlege meldingar og videomøter) innan nærare gitte rammer. E-konsultasjon kan spare tid både for pasient og sjukmeldar, særleg ved kroniske sjukdommar og ved forlenging av sjukmelding. Eit forslag har vært på høyring, og regjeringa vil etter planen legge fram ein lovproposisjon om dette for Stortinget i haustsesjonen.

Statens pensjonskasse

Statens pensjonskasse (SPK) jobbar vedvarande med å forbetre tenester og dagleg drift. Det er eit mål å vidareføre ein høg automatiseringsgrad samtidig som nytt pensjonsregelverk blir innført. SPKs vidareutvikling av digitale beteningsløysingar skal gjere det enklare for både medlemmer og arbeidsgivarar å søke informasjon, få svar på spørsmål og utføre fleire oppgåver på nett.

Det er utvikla ein ny pensjonskalkulator som er tilpassa regelverket for dei ulike årskulla. Den nye kalkulatoren er meir brukarvennleg, tilpassa mobilvisning og er universelt utforma.

Pensjonsprogrammet PRO 25 som er etablert for å innføre nytt pensjonsregelverk, er inne i sitt femte år. I 2021 blei prosjekt Proakt og arbeidet med å implementere nytt samordningsregelverk og utvikle beteningsløysingar for årskulla 1954 – 62 ferdigstilt.

Framover har implementering av ny offentleg tenestepensjon for dei som er fødd i 1963 og seinare høgste prioritet. Ei sentral målsetting er å etablere effektive og brukarvennlege løysingar som gjer denne gruppa i stand til å orientere seg slik at dei kan ta opplyste pensjonsval.

I tråd med statens digitaliseringsstrategi (Én digital offentlig sektor) legg SPK til rette for digital samhandling og utveksling av data med til dømes Arbeids- og velferdsetaten, Skatteetaten og andre tenestepensjonsleverandørar, men òg med medlemer og arbeidsgivarane. Her blir også beteningsløysingar vidareutvikla.

Systemleverandørane av offentleg tenestepensjon blei i januar 2021 samde om eit felles rammeverk for maskinell utveksling av pensjonsdata. Dette er eit digitaliseringstiltak som vil forbetre samhandlinga mellom partane, og som vil medverke til at ordningane kan gi meir fullstendig pensjonsinformasjon og prognoser til medlemene. I løpet av hausten 2022 vil alle leverandørar ta i bruk løysinga til utveksling av oppteningsdata. Partane har også etablert eit samarbeid med Norsk Pensjon slik at Norsk Pensjon kan vise heilskaplege prognoser for offentleg tenestepensjon. KLP har frå juni 2022 levert prognoser til Norsk Pensjon, og SPK vil levere dette frå oktober 2022.

Pensjonstrygda for sjømenn

Pensjonstrygda for sjømenn har kontinuerleg gjennomførd fornyingsprosjekt på IKT-området. Systema har vorte betydeleg modernisert og effektivisert. I 2022 har verksemda flytta heile infrastrukturen til ekstern lokasjon. Tiltaket, som inneber at infrastrukturen er kjøpt som teneste, har redusert kompetanse- og ressurssårbarheit og dessutan auka sikkerheita i verksemdas system betydeleg.

Pensjonstrygda for sjømenn har ein høg automatiseringsgrad av hovudprosessane premie og pensjon. Portalløysingane våre gjer det enklare for både medlemer og medlemsverksemder å søka om pensjon, innrapportere inntektsopplysingar, innhente informasjon, få svar på spørsmål og få utført fleire oppgåver på nett. Det er utarbeidd ein app «Ditt PTS» som skal gjere det enklare for medlemer å finne eige fartstid, få kunnskap om pensjon for sjømenn, få meldingar, informasjon, simulere eigen pensjon og søka pensjon på mobil eller nettbrett.

IKT-systemet er lagt til rette slik at det kan vidareutviklast for eventuelle framtidige endringar i pensjonsregelverket. Pensjonstrygda arbeider med å effektivisere og automatisere drifta ytterlegare.

Etatane på arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet

Etatane på arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet, mellom anna Arbeidstilsynet, Petroleumstilsynet og Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) arbeider kontinuerleg med tiltak for fornying og ressurseffektivisering. Etatane har gjennom dei siste åra gjennomført forbetringar i interne styringssystem, med vekt på systematisk oppfølging, datainnsamling og digitalisering. Forbetringane bidreg til betre ressursstyring og auka kvalitet i etatane si oppfølging av samfunnsoppdraget.

Arbeidet med Arbeidsmiljøportalen er vidare ei tverretatleg digital satsing under avtalen om inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen), for å gje oppdatert kunnskap og digitale verktøy for forbetringar i verksemdene sitt førebyggande arbeidsmiljøarbeid. Per 1. september 2022 er det utvikla og lansert innhald for 15 bransjar på portalen.

Samstundes bidreg dette også til betre digitale løysingar for brukarane. Eit eksempel på dette er mellom anna Arbeidstilsynet si digitalisering av søkeordninga for byggesakshandsaming i 2021, som i 2022 blei ytterlegare forbetra og effektivisert ved moglegheita for automatisert søknadshandsaming ved bruk av eigenerklæring. Andre eksempel er Petroleumstilsynet sitt pågåande arbeid med forbetringar i verksemdene sine moglegheiter for innrapportering av hendingar knytt til Risikonivå for norsk petroleumsverksemd (RNNP), og STAMI sitt pågåande arbeid med forbetringar av den digitale løysinga for Faktaboka om arbeidsmiljø.

Integreringsfeltet

I regjeringa si digitaliseringsstrategi for offentleg sektor er Ny i Noreg vald ut som ei av sju livshendingar der det skal utviklast samanhengande tenester med brukaren i sentrum. Utvikling av samanhengande tenester for flyktninger og innvandrarar skal gi ei meir brukarvennleg, effektiv og sikker forvaltning både for brukarane, for Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og for andre aktørar i integreringsarbeidet, mellom anna kommunane.

10 FN sine berekraftsmål

FN vedtok i september 2015 berekraftsmål for perioden fram mot 2030 (Agenda 2030). Måla forpliktar Noreg både internasjonalt og nasjonalt. I Prop. 1 S (2022–2023) for Kommunal- og distriktsdepartementet blir det gitt ei samla omtale av nasjonal og internasjonal oppfølging av alle berekraftsmåla.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvar for koordinering av berekraftsmål 1. Departementet har òg eit ansvar for bidrag til delmål under berekraftsmål 5 og 8.

Berekraftsmål 1 – innsats mot fattigdom

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for å koordinere innanlandsk oppfølging av berekraftsmål 1 om å utrydde alle former for fattigdom. Berekraftsmål 1 blir følgt opp nasjonalt gjennom den breie innsatsen for å redusere fattigdom og utjamne økonomiske og sosiale forskjellar.

Regjeringa sitt mål er eit samfunn med små forskjellar. Fattigdom skal reduserast, særleg fattigdom som rammar barnefamiliar. Regjeringa vil føre ein politikk som reduserer dei økonomiske, sosiale og geografiske forskjellane i samfunnet. Dei viktigaste grepa for å redusere forskjellar og fattigdom er å inkludere fleire i arbeid, universelle og gode velferdsordningar, og meir rettferdig og omfordelande skatt.

Eit av delmåla under berekraftsmål 1 er å minst halvere delen av menn, kvinner og barn som lever i fattigdom, i samsvar med nasjonale definisjonar. Det er ikkje ein offisiell definisjon av fattigdom eller fattigdomsgrense i Noreg. Ein indikator for kor mange som er i risiko for fattigdom, er delen som har inntekt under eit bestemt nivå i inntektsfordelinga, til dømes 60 pst. av medianinntekta, i ein bestemt periode. Om låginntekt som indikator på fattigdom, sjå del I, punkt 3.4 Utviklingen for lavinntektsgrupper. Sjølv om forskjellane i inntekt og levekår er mindre enn i andre land, er det òg i Noreg tendensar til noko aukande skilnader i inntekt og fleire med låginntekt. Delen i befolkninga med vedvarande låginntekt har auka noko over tid, og det har vore ein auke i talet på barn i hushald med låg inntekt. I perioden 2018–2020 hadde 10,1 pst. av befolkninga vedvarande låginntekt (studentar er haldne utanfor). Delen barn i hushald med vedvarande låginntekt i same periode var 11,7 pst.

For personar i yrkesaktiv alder heng fattigdom og låginntekt til stor del saman med manglande eller for låg deltaking i arbeidsmarknaden. Arbeids- og velferdspolitikken er derfor sentral i innsatsen mot fattigdom. Manglande deltaking i arbeidsmarknaden har ofte årsak i utfordringar på andre levekårsområde. Personar som har utfordringar med helse, kvalifisering, bustad og sosiale forhold kan ha behov for samordna bistand frå arbeids- og velferdsforvaltninga og andre tenester.

Det sosiale tryggingsnettet skal bidra til at alle får naudsynt bistand slik at dei kan delta i arbeidslivet og på andre arenaer i samfunnet. Det sosiale tryggingsnettet omfattar òg velferdstenester som familievern og barnevern, helsetenester og tiltak for rusavhengige, bustadsosialt arbeid og innsats for vanskelegstilte på bustadmarknaden mv. Offentlege velferdstenester bidreg til likskap i moglegheiter og til å redusere forskjellar i levekår. Utdanningspolitikken, helse- og omsorgspolitikken, bustadpolitikken, oppvekst- og familiepolitikken, integreringspolitikken mv. har òg stor betyding i ein samla innsats mot fattigdom.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har eit ansvar for å koordinere regjeringa sin innsats mot fattigdom. Prinsippet om sektoransvar gjeld og inneber at omsynet til fattigdom skal ivaretakast innanfor ansvarsområda til sektordepartementa.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2023:

  • maksimalprisen i barnehage blir satt ned til 3 000 kroner per månad frå 1. januar 2023 (327 mill. kroner)

  • gratis barnehage for 3. barn i barnehagen samtidig, frå 1. august 2023 (20 mill. kroner)

  • 80 mill. kroner til å auke bemanninga og pedagogtettleiken i barnehagar i levekårsutsette område

  • 15 mill. kroner til å auke bemanninga på skular i levekårsutsette område

  • 204 mill. kroner i tilskot til tiltak for å styrke den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage – ein reell auke på 45 mill. kroner

  • 8,5 mill. kroner til å utvide målgruppa for oppfølgingstenesta

  • 96 mill. kroner til å styrke Tilskot til å inkludere barn og unge. Av desse skal 20 mill. kroner prioriterast til utstyrssentralar.

  • styrke det øyremerka tilskotet til helsestasjonane og skulehelsetenesta med 45 mill. kroner

  • pott til opptrappingsplan for psykisk helse, forebyggings- og behandlingsreform på rusfeltet og helsestasjons- og skulehelsetenesta (150 mill. kroner)

  • 15 mill. kroner til å styrke områdesatsingar

Nedanfor blir satsingar i 2023 og andre innsatsar under Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Kultur- og likestillingsdepartementet som har særleg betyding for innsatsen mot fattigdom omtala. Ei meir utførleg omtale er å finne i budsjettproposisjonane til desse departementa.

Arbeid og velferd

Deltaking i arbeidsmarknaden er det viktigaste for å førebygge og redusere fattigdom. Arbeid gir inntekt og økonomisk sjølvstende, og betrar levekåra og livssituasjonen til enkeltpersonar og familiar. Arbeid gir òg fellesskap og nettverk. Innsatsen for å få fleire i arbeid er viktig for å motverke fattigdom og låginntekt. Arbeids- og velferdspolitikken skal legge til rette for at flest mogleg kan forsørgje seg sjølve gjennom arbeid. Arbeids- og velferdsforvaltninga rår over ei rekke tiltak og verkemiddel for personar som treng arbeidsretta bistand og oppfølging. Inntektssikringsordningane skal gi økonomisk tryggleik for personar som ikkje kan arbeide.

Regjeringa arbeider for brei deltaking i arbeidslivet. Enkelte grupper opplever særlege utfordringar med å få innpass i arbeidslivet og har behov for bistand som styrker deira moglegheiter til å komme i jobb. Mange unge står utanfor arbeid og utdanning. Regjeringa vil innføre ein ny ungdomsgaranti i 2023 som skal sikre at unge får tidleg innsats og tett oppfølging så lenge det er naudsynt. Dette skal redusere tida den unge er utanfor arbeid og utdanning. Garantien gjeld for personar under 30 år som er registrert hos Arbeids- og velferdsetaten med behov for arbeidsretta bistand, mellom anna mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Målet er at fleire skal kome i ordinært arbeid. Hjelp til å fullføre utdanning som ledd i å komme i arbeid, vil kunne inngå. Innsatsen for inkludering av unge og andre utsette grupper i arbeidsmarknaden er nærare omtala i del II i denne proposisjonen.

Dei sosiale tenestene i arbeids- og velferdsforvaltninga er det nedre sikkerheitsnettet i velferdsordningane. Tenestene skal bidra til økonomisk og sosial tryggleik, og fremme overgang til arbeid og sosial inkludering. Økonomisk stønad, økonomisk rådgjeving og andre sosiale tenester i NAV-kontoret er sentrale i innsatsen for å førebyggje og avhjelpe fattigdom.

Stortinget har vedtatt ei endring i sosialtenestelova med verknad frå 1. september 2022 som inneber at det ved vurdering av søknad om stønad til familiar ikkje skal tas omsyn til barnetrygd, jf. Prop. 87 L (2021–2022) og Innst. 375 L (2021–2022). Lovendringa er eit verkemiddel for å betre økonomien til denne gruppa. Endringa er anslått å auke kommunane sine utgifter med om lag 580,1 mill. kroner i 2023.

Regjeringa har gjort ei rekke tiltak for å motverke effekten av auka levekostnader i samfunnet, mellom anna gjennom auka straumstøtte og bustøtte. Frå 1. juli 2022 blei også dei statlege rettleiande satsane for økonomisk sosialhjelp særskilt oppjustert i tråd med anslaget for vekst i konsumprisane for 2022.

Sosiale tenester og sosialfagleg arbeid er viktig i eit heilskapleg tenestetilbod til personar som opplever sosiale problem, men også i kommunane sitt arbeid for å førebyggje at slike problem oppstår. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har tatt initiativ til eit program for førebyggjande sosialt arbeid og heilskapleg førebyggjande innsats lokalt.

Sjå nærare omtale i del II i denne proposisjonen, under hovudmål om inkludering i samfunnet og gode levekår for dei vanskelegast stilte.

Utdanning

Utdanning og kunnskap er heilt sentralt for arbeidet med å nå alle 17 berekraftsmåla, og for å skape like moglegheiter for alle uavhengig av bakgrunn. Eit godt opplæringstilbod er ein nøkkel til å motverke sosial ulikskap og til å skape eit meir rettferdig samfunn.

Gode barnehagar er eit viktig bidrag til å gi alle barn ein trygg og god oppvekst og like moglegheiter. I barnehagen skal barna få oppleve inkludering, fellesskap og vennskap, og dei skal møte nok trygge vaksne med rett kompetanse.

Regjeringa ser på barnehage som ein del av utdanningsløpet, og meiner at prisen bør vere låg for alle. Regjeringa har redusert maksimalprisen for foreldrebetalinga i barnehagen til nivået frå barnehageforliket i 2003, og i august 2022 blei maksimalprisen redusert til 3 050 kroner per månad, det same som nivået då maksimalprisen blei innført i 2005. I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa å redusere maksimalprisen ytterlegare til 3 000 kroner per månad frå januar 2023. Regjeringa foreslår også å innføre gratis barnehage for 3. barn i familien som går i barnehagen samtidig frå august 2023.

Departementet foreslår å vidareføre den nasjonale ordninga med gratis kjernetid i barnehage. Det inneber 20 timer gratis per veke for barn i alderen 2–5 år frå familiar med låg inntekt på same reelle nivå som i 2022, slik at inntektsgrensa blir sett til 615 590 kroner frå 1. august 2023. Regjeringa vil vidare gjennomgå og forbetre dei behovsprøvde moderasjonsordningane i barnehage.

Regjeringa vil styrke kompetansen i barnehagane, særleg i områdar med særskilde behov. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til auka pedagogtettleik i levekårsutsette område til totalt 80 mill. kroner i 2023. Departementet foreslår å auke tilskotet til tiltak for å styrke den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn til totalt 204 mill. kroner i 2023, og 15 mill. kroner til å auke bemanninga på skular i levekårsutsette område.

SFO er ein viktig arena som har stort potensial til å bidra til sosial utjamning, ved å gi alle barn, uavhengig av bakgrunn, tilgang til ein felles arena for leik, vennskap og kultur- og fritidsaktivitetar. Likevel er det framleis elevar som ikkje deltek i SFO på grunn av familieøkonomien. Regjeringa vil at alle barn skal ha høve til å delta i SFO.

I budsjettavtalen om statsbudsjettet for 2022 blei det løyvd 655 mill. kroner til å innføre tolv timar gratis SFO for alle førsteklassingar frå hausten 2022. Dette kjem i tillegg til dei eksisterande moderasjonsordningane for elevar på 1.-4. trinn frå familiar med låg inntekt og gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5.-7. trinn. I tillegg til dei forskriftsfesta rettane, er det eigne tilskotsordningar for lågare foreldrebetaling i SFO ved private skular som ønsker å tilby tilsvarande redusert foreldrebetaling som det er i offentlege SFO.

Regjeringa vil følge opp Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden og sikre at vidaregåande opplæring kvalifiserer til læreplass, arbeid og vidare utdanning. I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa å auke tilskotet til fleire læreplassar, og betre kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa. Det blir òg foreslått å føre vidare tilskotet for at personar som har brukt opp retten til vidaregåande opplæring, kan fullføre, og tilskotet for å gi personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse, tilbod om å ta eit fagbrev. Midlane legg til rette for å foreslå ein fullføringsrett og ein rett til yrkesfagleg rekvalifisering i vidaregåande opplæring. Eit anna tiltak er å utvide aldersgrensa for målgruppa i oppfølgingstenesta frå 21 til 25 år, og budsjettforslaget legg til rette for dette. Regjeringa tek sikte på å legge fram forslag til ny opplæringslov våren 2023. I tillegg foreslår regjeringa å auke tilskotet til Fagbrev på jobb. Det blir òg foreslått å auke bortebuarstipendet og utstyrsstipendet i Lånekassen. Tiltaka retta mot vidaregåande opplæring skal bidra til sosial utjamning. Regjeringa vil føre ein politikk som gir mindre forskjellar. Ei sterk offentleg grunnopplæring er sentralt for å bidra til ei samfunnsutvikling som gir sosial utjamning i Noreg.

God tilgang på høgare utdanning er avgjerande for at den einskilde og samfunnet skal få kompetansen vi treng for å løyse oppgåvene samfunnet står overfor. Ved at den einskilde får utnytta evnene sine, vil dei kunne realisere sine ønsker og ambisjonar, og bidra til fellesskapet. Dette gjeld både dei unge som søker ein solid og fleksibel grunnkompetanse som rustar dei for morgondagens arbeidsliv, og for arbeidstakarar i alle aldrar som vil vidareutvikle eller omstille seg i takt med samfunnsbehova.

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til universitet og høgskular med 537 mill. kroner, der 329,2 mill. kroner er opptrapping av midlar for studieplassar Stortinget løyvde midlar til i budsjetta for 2019–22, og 207,8 mill. kroner er resultatbasert utteljing for auken på indikatorane i finansieringssystemet.

Regjeringa foreslår å vidareføre og styrke midlar til fleksibel utdanning, slik at studietilbod skal bli endå meir tilgjengelege for folk i heile landet, som av ulike årsaker ikkje kan studere ved ein av dei faste studiestadane til fagskular, universitet og høgskular. Meir tilgjengeleg utdanning i distrikta medverkar til å mobilisere verksemder og innbyggarar lokalt til å ta meir utdanning.

Sjå Prop. 1 S (2022–2023) for Kunnskapsdepartementet for nærare omtale.

Oppvekst og familie

Regjeringa vil føre ein politikk som støtter opp om familiane, reduserer skilnadene i samfunnet og bidrar til å førebygge og redusere fattigdom blant barnefamiliar. Dei fleste barn i Noreg veks opp i ein trygg familie med gode økonomiske kår. Samstundes er det familiar som har så låg inntekt at det avgrensar høvet deira til å delta i samfunnet på ein fullverdig måte. Dette rammar barna og kan ha konsekvensar for dei langt fram i tid.

Ein oppvekst i fattigdom gir auka risiko for lågare deltaking i fritidsaktivitetar, dårlegare fysisk og psykisk helse og buforhold, fråfall frå vidaregåande utdanning, lågare skuleprestasjonar og færre vener. Ein oppvekst i fattigdom kan òg føre til at barna fell utanfor arbeidslivet og opplever låg inntekt som vaksne.

Arbeidet regjeringa gjer for barn i fattige familiar, omfattar innsats på tvers av mange ulike departement, sektorar og forvaltningsnivå. I 2022 er tilskotet til ferie- og fritidsaktivitetar for utsette barn og unge auka. I samband med krisen i Ukraina blei det i Revidert nasjonalbudsjett 2022 løyva 10 mill. kroner til utlån av sports- og fritidsutstyr ved utstyrssentralar. Maksimalprisen for foreldrebetaling i barnehagen blei redusert frå 1. august 2022 og det er innført gratis deltidsplass i skulefritidsordninga. Bustøtta for barnefamiliar og andre store husstandar er auka, og barnefamiliar er ei prioritert målgruppe i det bustadsosiale arbeidet.

Regjeringa har sett ned ei ekspertgruppe om barn i fattige familiar som skal vurdere korleis innsatsen bør prioriterast for å styrke barnas oppvekstvilkår på kort sikt og førebygge framtidig fattigdom på lengre sikt. Ekspertgruppa skal òg vurdere korleis delen og talet på barn som veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt kan reduserast, både på kort og lang sikt.

Dei fleste tiltaka i Like muligheter i oppveksten. Samarbeidsstrategi for barn og ungdom i lavinntektsfamilier (2020–2023), som Solberg-regjeringa la fram hausten 2020, vil bli følgt opp. Målet for strategien er å dempe dei negative konsekvensane av å vekse opp i fattigdom, auke deltakinga på viktige arenaer i oppveksten, og gjennom dette hindre at låginntekt og levekårsutfordringar går i arv. Strategien inneheld mellom anna tiltak som bidreg til at barn og unge gjennomfører utdanningsløp, kan delta i fritidsaktivitetar, får betre tilgang til helsetenester og gode og trygge butilhøve.

Sjølv om deltakinga i fritidsaktivitetar blant barn og unge er høg, er det fleire barn og unge som ikkje deltek. Regjeringa foreslår 96 mill. kroner til å styrke Tilskot til å inkludere barn og unge i 2023. Styrkinga skal mellom anna gå til lokale fritidskasser for å dekkje kostnader for deltaking i fritidsaktivitetar, opne møteplassar som fritidsklubbar og losar/ungdomslosar som skal hjelpe unge med å fullføre utdanningsløp. 20 mill. kroner av styrkinga skal prioriterast til utstyrssentralar.

Sjå meir omtale av regjeringa sitt arbeid for barn i fattige familiar i Prop. 1 S (2022–2023) for Barne- og familiedepartementet.

Deltaking i frivilligheita

Barn og unge har rett til å delta og vere aktive på fritida. Regjeringa vil at alle som ønsker det skal få delta i frivillig aktivitet og fritidsaktivitetar. Bakgrunn skal ikkje bety noko.

Deltaking i fritidsaktivitetar innan idrett, kunst og kultur gir barn og unge gode fysiske, kulturelle og sosiale opplevingar. Regjeringa vil at fleire skal få oppleve gleda av å delta i frivilligheita. Dei med store økonomiske, sosiale eller kulturelle ressursar deltek meir i frivillig arbeid enn andre. Eit overordna mål i frivilligheitspolitikken er å bygge ned denne forskjellen.

Aktivitetsnivået blei påverka av virusutbrotet. I tillegg til at tilskota til frivillige organisasjonar har vore oppretthaldt på same nivå som før pandemien, blei det oppretta kompensasjons- og stimuleringsordningar for å støtte frivilligheita gjennom pandemien. Det låge aktivitetsnivået under pandemien kan ha konsekvensar i lang tid framover, særleg med tanke på fråfall av medlemmer og frivillige og manglande rekruttering. Regjeringa vil fortsette å støtte opp om frivilligheita.

Det viktigaste grepet for å få med fleire er å oppretthalde dei breie og universelle ordningane. I tillegg vil regjeringa også støtte opp om tiltak for å rekruttere dei som i dag ikkje deltek i frivillig aktivitet. Dei breie universelle ordningane gir frivillige organisasjonar økonomiske rammevilkår som set dei i stand til å rekruttere, auke deltaking og bevare eit mangfald av frivillige aktivitetar. Dei viktigaste breie ordningane er meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar, Frifond-ordningane og den såkalla LAM-ordninga til lokale lag og foreiningar på idrettsområdet. Tilskotsordninga Inkludering i kulturliv, som er særleg retta mot barn og unge som ikkje deltar i fritidsaktivitetar, er innført etter modell frå ei tilsvarande ordning, Inkludering i idrettslag.

For 2022 og 2023 er det oppretta ei søknadsbasert ordning for mangfalds- og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet. Barn og ungdom i familiar med vedvarande låginntekt er ei av målgruppene. Ordninga er finansiert med statlege og private midlar.

Sjå meir omtale i Prop. 1 S (2022–2023) for Kultur- og likestillingsdepartementet. 

Helse

I Hurdalsplattforma går det fram at ei sterk offentleg helseteneste er avgjerande i kampen mot auka sosiale og geografiske helseforskjellar og mot ei todeling av helsetenesta.

Å redusere sosial ulikskap i helse er eit viktig mål i folkehelsepolitikken. Sosiale helseforskjellar kjem mellom anna til uttrykk i ulike levevaner og forventa levealder etter utdanning, inntekt og andre sosioøkonomiske kjenneteikn. Barn som lever i låginntektsfamiliar er særleg utsette. Folkehelsearbeidet i kommunane er viktig for å fremje deltaking for alle. Folkehelseinstituttet utarbeider årleg folkehelseprofilar for alle kommunar og fylke, og frå 2021 blir det òg utarbeidd oppvekstprofilar om situasjonen til barn og unge i kommunane. For 2022 er sosial ulikskap framheva. Tiltak i barnehagar og skule er sentrale for å fremje helse og fysisk aktivitet for alle. I Hurdalsplattforma har regjeringa varsla ein opptrappingsplan for helsestasjonane og skulehelsetenesta. Dette arbeidet vil bl.a. gå inn i den kommande opptrappingsplanen for psykisk helse. Regjeringa foreslår å styrke det øyremerka tilskotet til helsestasjonane og skulehelsetenesta med 45 mill. kroner. Vidare har regjeringa som ambisjon å gradvis innføre dagleg fysisk aktivitet i skulen og eit enkelt dagleg, sunt skulemåltid. Det er starta ei utgreiing om korleis skulemåltid kan innrettast.

Program for folkehelsearbeid (2017–2027) er eit tiårig utviklingsarbeid retta mot kommunane i samarbeid med KS og Helsedirektoratet. Barn og unge er ei prioritert målgruppe, og utjamning av sosiale helseforskjellar er ein viktig ambisjon. Ei evaluering av Nibr peiker på betre involvering av frivillige organisasjonar som eit forbetringsområde.

Regjeringa vil gi frivillig sektor og idretten ei rolle i gjennomføringa av folkehelsetiltak. Barn og unge skal ha lik moglegheit til deltaking uavhengig av økonomi eller helse til foreldra. I samarbeid med Frivillighet Norge blir Møteplass folkehelse arrangert to gonger årleg. For 2022 har tema vore førebygging av einsemd og auka deltaking.

Levekår, helsevenlege omgivnader og levevanar kan ha stor betyding for helse og livssituasjon for kvar enkelt. Viktig i denne samanhengen er dei førebyggande befolkningsretta tiltaka som får effekt for alle uavhengig av økonomi og sosial status. Fleire strategiar og handlingsplanar følgjer opp Meld. St. 19 (2018–2019) Gode liv i eit trygt samfunn; mellom anna Saman mot einsemd – regjeringa si strategi for å førebyggje einsemd (2019–2023), Sammen om aktive liv, handlingsplan for fysisk aktivitet (2020–2029), Nasjonal alkoholstrategi (2021–2025), oppfølging av tobakksstrategien (2019–2021) og oppfølging av handlingsplan for betre kosthald (utvida til 2023). Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om folkehelsepolitikken våren 2023. I meldinga vil sosial ulikskap og helse i eit livsløpsperspektiv vere gjennomgåande tema, og meldinga vil òg omtale område som psykisk helse og livskvalitet og arbeid og helse.

Vaksiner i program er viktig for å nå alle barn og unge samt utsette grupper, og vaksineprogrammet mot covid-19 har gjort testing og vaksinar gratis for alle. Eit godt folkehelsearbeid og vår felles helseteneste som er tilgjengelege for alle har gitt grunnlag for ei god oppfølging under pandemien, og er viktig i arbeidet med utjamning av helseskilnader i befolkninga. Sårbare grupper og særleg barn og unge har vore utsette under pandemien, med bl.a. einsemd og utanforskap. Desse omsyna skal takast med i oppfølging av pandemien og i folkehelsearbeidet.

Tiltak innan psykisk helse er viktig i arbeidet med utjamning av helseskilnader i befolkninga. Derfor er regjeringa nå i gang med arbeidet med ein ny opptrappingsplan for psykisk helse, og ei førebyggings- og behandlingsreform for rusfeltet. Opptrappingsplanen for psykisk helse skal styrke kommunale tenester, men også sikre betre kvalitet og økt kapasitet i spesialisthelsetenesta. Samtidig vil vi satse på helsefremmande og førebyggande arbeid med psykisk helse. Ei hovudmålsetting med førebyggings- og behandlingsreforma for rusfeltet er at rusproblematikk skal identifiserast tidleg, og at ein skal tilby rask og effektiv hjelp. Menneske med rusproblem skal oppleve verdige liv med god tilgang på behandling og oppfølging, samt deltaking i arbeid eller annan meiningsfull aktivitet.

Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2022–2023) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Sosial bustadpolitikk

Den sosiale bustadpolitikken skal førebygge at folk får utfordringar på bustadmarknaden, og gi hjelp til dei som ikkje klarar å skaffe og behalde ein eigna bustad. I juni 2022 la regjeringa fram eit lovforslag om ein ny bustadsosial lov. Lovforslaget klargjer plikter kommunane har på det bustadsosiale feltet, og kan bidra til betre og meir likeverdig hjelp til vanskelegstilte på bustadmarknaden.

Regjeringa er oppteken av at det skal vere tilgang på eigna bustader i heile landet. Regjeringa vil leggje fram ei melding til Stortinget om ein heilskapleg bustadpolitikk. Meldinga vil både ta for seg leige- og eigarmarknaden, og distrikts- og pressområdeutfordringar.

Trygge og gode buforhold er viktig for å bidra til å utjamne forskjellar i levekår og sikre gode oppvekstvilkår for barn og unge. Regjeringa har i fleire omgangar styrka bustøtta. Nokre av tiltaka har vore midlertidige for å møte høge straumprisar. For barnefamiliar og andre husstandar med fleire personar har ordninga blitt varig styrka i 2022, i form av endra vekt på kvar enkelt person i husstanden. I mai 2022 tok regjeringa i mot ein rapport frå ei ekspertgruppe som har evaluert bustøtteordninga og foreslått ei framtidig innretting av ordninga. Rapporten vil bli viktig i arbeidet med å vidareutvikle bustøtta.

Startlån skal bidra til at personar med langvarige bustadfinansieringsproblem kan skaffe seg ein eigna bustad og behalde han. Barnefamiliar som leiger bustad, er ei prioritert målgruppe for startlån. I statsbudsjettet for 2022 blei låneramma til Husbanken auka med 2 mrd. kroner. Startlån har høgast prioritet innanfor ramma.

Områdesatsingar for betre levekår i utsette byområde

Områdesatsingar skal medverke til at fleire bebuarar i område med særskilte levekårsutfordringar kan bli økonomisk sjølvstendige gjennom arbeid, og bli aktive deltakarar i lokalsamfunn og storsamfunn. Dei skal også medverke til varige forbetringar av tenester og til betre fysiske og sosiale nærmiljøkvalitetar i levekårsutsette område. Satsingane er avtalebaserte langsiktige samarbeid mellom stat og kommune om ekstra innsats i levekårsutsette byområde.

Områdesatsingane støtter opp om fleire berekraftsmål, mellom anna mål 1 om å utrydde fattigdom, mål 10 om mindre ulikskap og mål 11 om berekraftige byar og lokalsamfunn. Tilskot går til kommunar som Kommunal- og distriktsdepartementet har inngått avtale om områdesatsingar med. I 2023 vil midlar til områdesatsingar over Kommunal- og distriktsdepartementets budsjett bli styrka med 15 mill. kroner.

Skulelos for rom

Det er eit mål at dei nasjonale minoritetane deltar aktivt i samfunnet. Romane er ein av dei fem nasjonale minoritetane i Noreg. Levekårsutfordringane blant norske romar er alvorlege, og det er mellom anna høg grad av analfabetisme og fråfall i skulen. På budsjettområdet til Kommunal- og distriktsdepartementet blir det løyvd middel til tiltak for å betre levekåra til norske romar, særleg til tiltak i skulen.

Kommunane har ansvar for å sikre innbyggjarane gode og likeverdige tenester innanfor til dømes barnehage, grunnopplæring og ulike helse- og velferdstenester. Oslo kommune si skulelosteneste for romske elevar arbeider for å styrke læringsutbytet til elevane, redusere fråvær og auke talet på elevar som fullfører grunnopplæringa. Skulelosane hjelper mellom anna med koordinering mellom skulen, eleven og heimen.

Mange romske familiar har flytta til Lørenskog dei seinare åra. Skulelostenesten hjelper òg elevar i Lørenskog kommune og i andre nærliggande kommunar. Lørenskog kommune arbeider i tillegg med ein heilskapleg og koordinert innsats for romar.

Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2022–2023) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Integrering

Innvandringa har gjort Noreg til eit meir mangfaldig samfunn, og mangfaldet er ei styrke for Noreg. Dei som blir innvilga opphald i Noreg skal integrerast raskt. Busetting, arbeid eller utdanning er avgjerande for å komme inn i det norske samfunnet så fort som mogleg, lære seg språket og delta på lik linje med alle andre. Innvandrarar må oppleve at dei blir møtt med same forventningar, og får same moglegheiter, som alle andre.

Regjeringa vil styrke det arbeidsretta integreringsarbeidet i kommunane, og kompetanselinja i norsk integreringspolitikk. Regjeringa satsar vidare på tilskotsordninga Jobbsjansen slik at fleire kvinner med innvandrarbakgrunn kan få kvalifisering for å komme ut i arbeid. Frivillige organisasjonar sitt arbeid for deltaking, mot negativ sosial kontroll og mot rasisme og diskriminering er òg sentralt for integreringa. Sjå omtale i del II, under hovudmål 5 God integrering av innvandrere i arbeid og samfunn.

Rettshjelp

Rettshjelpslova med forskrifter gir reglar om offentleg stønad til rettshjelp for dei som har behov for rettshjelp. I nokre sakstypar har søkaren krav på rettshjelp utan omsyn til inntekt og formue. I andre sakstypar er det berre søkarar med inntekt og formue opp til eit visst nivå som kan få stønad til rettshjelp. I tillegg er tilskotsordninga for frivillige rettshjelptiltak ei ordning som er retta mot utsette grupper og menneske som er i ein spesielt vanskeleg situasjon, og som kan oppfatte det som at terskelen for å oppsøke ordinær juridisk hjelp er høg. Inntektsgrensene for behovsprøvd rettshjelp blei heva med 30 pst. frå 1. januar 2022. Oppjusteringa har ført til at fleire personar fell inn under ordninga enn før.

I 2018 blei det satt ned eit utval, Rettshjelputvalet, som har sett på ordningane og forholdet mellom rettshjelplova og dei frivillige rettshjelptiltaka. Utgreiinga blei levert 30. april 2020, og regjeringa vil fremje forslag til ny lov om rettshjelp i løpet av 2023.

Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2022–2023) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Berekraftsmål 5.3

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvar for å følge opp delmål 5.3, Avskaffe all skadelig praksis, som barneekteskap, tidlege ekteskap og tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Det er eit stort problem på verdsbasis, men er òg eit alvorleg problem for dei som blir utsett for det i Noreg. Flyktningar og innvandrar frå land der dette er vanleg, og barna deira i Noreg, blir spesielt utsette.

Delmålet blir fulgt opp gjennom handlingsplanen Fridom fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vald (2021–2024). Viktige innsatsområde er kompetanseheving av tilsetje i hjelpetenestene og styrking av rettsvernet for utsette personar. Det er ei absolutt 18-årsgrense for å inngå ekteskap i Noreg. Etter ei lovendring våren 2021 er det vedteke at ekteskap som er inngått før partane er 18 år etter utanlandsk rett, som ein klar hovudregel ikkje vil bli anerkjende i Noreg.

Berekraftsmål 8.6

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har eit delansvar for delmål 8.6 om å redusere prosentdelen unge som verken er i arbeid, under utdanning eller opplæring. Innsatsen for ein velfungerande arbeidsmarknad med god utnytting av arbeidskrafta og god inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden, jf. omtale under del II i denne proposisjonen, står sentralt i arbeidet med å nå dette målet. Situasjonen på arbeidsmarknaden for unge er beskrive i del I, punkt 3.2 Situasjonen i arbeidsmarkedet.

Dei fleste unge i Noreg fullfører utdanning og kjem i arbeid. Sysselsetjinga for unge i Noreg er høg og ledigheita låg samanlikna med mange andre land.

Prosentdelen unge i aldersgruppa 15–29 år som verken er i utdanning, opplæring eller arbeid (NEET) var nærare 8 pst. i 2021, ifølge Arbeidskraftundersøkinga (AKU). Hovudbiletet er at det har vore små rørsler i NEET-raten det siste tiåret. NEET-raten er høgast for dei eldste i aldersgruppa, og låg mellom dei under 20 år.

NEET-gruppa er samansett. Den består mellom anna av ledige, unge med alvorlege helseproblem, personar som er heime med barn, og personar som tek ei pause frå arbeid og skule. Sjølv om delar av NEET-gruppa berre er midlertidig utanfor utdanning eller arbeid, er det òg godt dokumentert at det er mange i gruppa som har problem med å få fotfeste i arbeidslivet. Innvandrarar, personar med låg utdanning og personar som mottek helserelaterte stønader er overrepresenterte i NEET-gruppa.

Unge som treng hjelp til å kome i arbeid er ei prioritert målgruppe, både ved tildeling av arbeidsmarknadstiltak og gjennom oppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten. I tillegg vil regjeringa innføre ein ny ungdomsgaranti i 2023 som skal sikre at unge får tidleg innsats og tett oppfølging så lenge det er naudsynt. Garantien gjeld for personar under 30 år som har behov for arbeidsretta bistand frå Arbeids- og velferdsetaten, irekna mottakarar av arbeidsavklaringspenger. Målet er at fleire skal kome i ordinært arbeid. Hjelp til å fullføre utdanning som ledd i å komme i arbeid, vil kunne inngå.

Berekraftsmål 8.8

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har del i ansvaret for delmål 8.8 om å beskytte arbeidar-rett og fremme eit trygt og sikkert arbeidsmiljø for alle arbeidstakarar, under dette òg arbeidsinnvandrarar og særleg kvinnelege innvandrarar, og arbeidstakarar i vanskelege arbeidsforhold.

Dei fleste i Noreg arbeider under gode og forsvarlege arbeidsforhold. Arbeidsforholda er jamt over betre enn i andre land, likevel er det framleis utfordringar i enkelte yrke, bransjar og næringar.

Regjeringa legg vekt på eit breidt samarbeid mellom myndigheitene og partane i arbeidslivet for å sikre seriøse og trygge arbeidsforhold. Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, og styrker innsatsen mot dei useriøse aktørane i arbeidslivet. Det pågår òg eit arbeid med ein eigen handlingsplan mot sosial dumping i transportsektoren. Regjeringa vil óg utarbeide ein Noregsmodell med nasjonale seriøsitetskrav for alle offentlege innkjøp. Det er etablert eit omfattande samarbeid mellom offentlege myndigheiter i kampen mot arbeidslivskriminalitet, og regjeringa vil mellom anna i 2023 styrke Arbeidstilsynet sin kapasitet til oppfølging av sosial dumping og useriøsitet, jf. omtalen i del I, punkt 2.2 Satsinger og hovedprioriteringer.

Utanlandske arbeidstakarar som har lite kjennskap til rettar og plikter i det norske arbeidslivet er særleg utsette for dårlege arbeidsvilkår. På fleire område er det innført allmenngjering av tariffavtalar for å sikre utanlandske arbeidstakarar lønns- og arbeidsvilkår som er likeverdige med dei vilkåra norske arbeidstakarar har, og hindre konkurransevriding til ulempe for den norske arbeidsmarknaden. Informasjonstilbodet til utanlandske arbeidstakarar blir følgt opp, mellom anna gjennom eigne servicesenter for utanlandske arbeidstakarar.

Tilstrekkeleg språkkunnskap innan norsk og engelsk vil ofte vere ein føresetnad for at innvandrarar skal kunne ha kjennskap til rettar og plikter og få ei varig deltaking i arbeidslivet. Myndigheitene har mellom anna ei sentral rolle som pådrivarar og i samordning av kvalifiseringstiltak for innvandrarar. Det blir herunder retta ein særleg innsats for at fleire kvinner skal komme i arbeid eller utdanning, og ein innsats retta mot rasisme og diskriminering i arbeidslivet.

Gjennom innsatsen i Treparts bransjeprogram blir det lagt vekt på å følge opp bransjar med særlege utfordringar. Det er oppretta bransjeprogram innan reinhald, uteliv, delar av transportnæringa og bilbransjen.

I ein del tilfelle går det føre seg systematiske lovbrot som mellom anna inneber utnytting av arbeidstakarar og arbeidslivskriminalitet. Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten, Skatteetaten, Tolletaten og politiet samarbeider om førebygging og kontrollinnsats mot arbeidslivskriminalitet. I sin felles årsrapport for 2021 viser etatane til spørreundersøkingar som viser at færre opplever at utfordringar knytte til arbeidslivskriminalitet er vanleg i 2021 enn tidlegare år, særleg innan bygg og anlegg. Samstundes er det likevel ein større andel verksemder innan bygg og anlegg, reinhald, transport og fiskeri som oppgir at utfordringar knytta til arbeidslivskriminalitet er vanleg, samanlikna med verksemder i andre næringar.

Regjeringa vil styrke arbeidstakarane sine rettar og legge til rette for heile og faste stillingar som hovudregel i arbeidslivet. Det er i 2022 lagt fram fleire forslag til regelverksendringar som vil bidra til dette. Mellom anna er adgangen til generelle mellombelse tilsettingar fjerna og fagforeiningane sin søksmålsrett ved ulovleg innleige er gjeninnført. Vidare er det fremma lovforslag om å styrke retten til heiltidsstillingar og redusere moglegheitene til å bruke innleige frå bemanningsforetak. Regjeringa vil óg følge opp framlegg frå eit offentleg utval om endringar i arbeidsmiljølova for å tydeleggjere kven som skal reknast som arbeidstakar og redusere høvet til å omgå arbeidsgjevaransvaret.

Noreg har gjennom sin modell for arbeidslivet, med samarbeid mellom partane i arbeidslivet og myndigheitene, ei heilskapleg tilnærming der arbeidstakarvern og like konkurransevilkår for verksemder er viktige omsyn. Dei lover, føresegner og handlingsplanar som er utarbeidd og blir implementerte, sikrar den store majoriteten av arbeidstakarar i Noreg eit trygt og sikkert arbeidsmiljø i samsvar med delmål 8.8. Innsatsen knytta til utfordringar med useriøsitet og arbeidslivskriminalitet i norsk arbeidsliv vil bidra til å oppretthalde dette.

For nærare omtale av regjeringa sin innsats knytta til arbeidstakarar sine rettar og omtale av eit trygt og sikkert arbeidsmiljø, sjå del II, punkt 6.2 Et sikkert og seriøst arbeidsliv.

11 Likestilling og mangfald

Oversiktstabellar over tilsette og gjennomsnittleg lønn etter kjønn

Nedanfor blir det gitt ei oversikt over status for arbeidet med likestilling og mangfald for Arbeids- og inkluderingsdepartementet og for departementet sine underliggande verksemder. Likestillings- og diskrimineringslova § 26 gir pålegg til alle arbeidsgivarar om å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering innanfor si verksemd.

I alle offentlege verksemder skal arbeidsgivarar undersøke om det finst risikoar for diskrimering eller andre hinder for likestilling i verksemda, og anna kvart år kartlegge lønn fordelt etter kjønn og bruken av ufrivillig mellombels arbeid.

I tillegg til aktivitetsplikta, følger det av likestillings- og diskrimineringslova § 26 a at arbeidsgivarar i offentlege verksemder skal greie ut om den faktiske tilstanden når det gjeld likestilling mellom kjønna. Lova gir òg pålegg til arbeidsgivarar i offentlege verksemder om å gjere greie for tiltak som er sette i verk eller planlagde for å fremme lova sitt føremål om likestilling uavhengig av etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsutrykk.

Statlege verksemder som ikkje er pålagde å utarbeide årsmelding, skal gi utgreiinga i årsbudsjettet.

Tabellen under gir ei oversikt over prosentdelen kvinner i Arbeids- og inkluderingsdepartementet og i underliggande verksemder, totalt for verksemdene og i ulike stillingskategoriar.

Tilsette etter kjønn i Arbeids- og inkluderingsdepartementet og underliggande verksemder1

AID

AV-etaten

TR

PTS

SPK

Atil

Ptil

IMDi

Totalt i verksemda2

2021

199

15 732

68

20

420

676

179

231

2020

191

14 957

69

23

412

642

184

199

Kvinnedel i pst:

I verksemdene

2021

67,8

70

62

50

56

60

47

65

2020

66,5

70

59

61

54,8

60

47

64

Toppleiarar

2021

50

57

100

75

50

50

43

50

2020

50

59

100

75

50

56

43

50

Mellomleiarar

2021

66,7

65

40

-

64,4

56

35

47

2020

63

65

40

-

61,4

52

29

50

Alternativ karriereveg

2021

56

-

53

-

-

-

-

53

2020

53

-

48

-

-

-

58

Saksbehandlarar

2021

70,1

69

67

40

43,0

60

43

68

2020

68,3

68

71

56

44,4

59

43

66

Konsulentar/ kontorstillingar

2021

100

76

82

-

64,1

71

88

2020

100

76

82

-

60,4-

80

89

Slutta

2021

80

69

64

67

49

68

28

76

2020

76

70

57

0

56

61

29

71

Nytilsette

2021

79

69

83

33

57,6

63

38

74

2020

78,3

70

62

0

53

61

31

73

Deltidstilsette

2021

100

79

100

100

76

78

20

80

2020

100

82

100

50

76

78

33

70

Mellombels tilsette

2021

62,5

73

78

0

100

73

100

75

2020

77,8

74

64

0

80

90

100

72

Foreldrepermisjon

2021

100

87

0

0

62,5

57

0

91

2020

100

88

67

100

53,6

38

100

71

1 Tabellen er utarbeidd av Arbeids- og inkluderingsdepartementet på bakgrunn av tal frå eige lønns- og personalsystem og tal frå dei underliggande verksemdene. Arbeids- og sosialdepartementet endra namn til Arbeids- og inkluderingsdepartementet frå 1.1.2022 og Integreringsavdelinga blei samstundes overført til AID. Forkortingar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID), Arbeids- og velferdsetaten (AV-etaten), Trygderetten (TR), Pensjonstrygda for sjømenn (PTS), Statens pensjonskasse (SPK), Arbeidstilsynet (Atil), Petroleumstilsynet (Ptil), Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). I kategorien alternativ karriereveg ligg fagdirektørar, spesialrådgivarar, faste dommarar, overlegar og overingeniørar, sjefsingeniørar og senioringeniørar. I kategorien saksbehandlarar ligg rådgivarar og seniorrådgivarar. I kategorien konsulentar ligg førstekonsulentar og seniorkonsulentar. I AID består toppleiinga av departementsråd, ekspedisjonssjefane, stabsdirektør og kommunikasjonssjef. I Trygderetten er det berre éin toppleiar, og denne er ei kvinne. I PTS er det berre eitt leiarnivå, og alle leiarane er plassert i kategorien toppleiarar.

2 Talgrunnlaget for «totalt i verksemda» er tilsette i aktiv teneste og i lønna permisjon.

Gjennomsnittleg antal veker foreldrepermisjon for kvinner og menn

AID

AV-etaten

TR

PTS

SPK

Atil

Ptil

IMDi

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

2021

14

19

-

-

8

0

3

0

9,5

20

7

19

-

-

19,6

22,5

2020

0

18

-

0

23

0

22

12

18

9

18

-

-

13,1

19,8

Tala i tabellen under viser at kvinner i gjennomsnitt jamt over har lågare lønn enn sine mannlege kollegaer. Biletet er meir nyansert når ein ser på dei enkelte stillingskategoriane i verksemdene.

Kvinner sin del av lønna til menn etter stillingskategori per 1. oktober 20211

AID

AV-etaten

TR

PTS

SPK

Atil

Ptil

IMDi

I pst.

Gjennomsnitt for heile verksemda

2021

93,1

93

87

98,1

91,8

96

83

93

2020

92,0

93

87

91,8

92,6

96

82

94

Toppleiarar

2021

101,8

98

100

98,3

96,3

105

104

102

2020

101,9

96

100

96,4

89,1

102

105

117

Mellomleiarar

2021

100,0

94

107

-

98,5

98

93

96

2020

99,0

94

107

-

97,4

96

89

98

Alternativ karriereveg

2021

90,9

-

100

-

-

-

-

91

2020

98,2

-

100

-

94,6

-

-

93

Saksbehandlarar

2021

100,5

93

97

107

95,6

99

87

98

2020

99,6

93

94

105,5

97,6

99

87

97

Konsulentar/ kontorstillingar

2021

100

101

100

-

-

90

121

2020

100

100

100

-

-

93

123

1 Tabellen er utarbeidd av Arbeids- og inkluderingsdepartementet på bakgrunn av tal frå eige lønns- og personalsystem og tal frå dei underliggande verksemdene.

Legemeldt sjukefråvær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet og underliggande verksemder

Tabellane under viser tal for legemeldt sjukefråvær for departementet og underliggande verksemder, totalt og fordelt på kjønn.

Legemeldt sjukefråvær i pst. per 31. desember 20211

AID

AV-etaten

TR

PTS

SPK

Atil

Ptil

IMDi

2021

3,5

5

4,0

6,7

2,7

4,2

2,2

4,1

2020

3,7

5,3

2,9

5,7

2,3

2,9

2,9

5,3

1 Tala er henta frå eige lønns- og personalsystem og tal frå dei underliggande verksemdene.

Det har vore ein auke i sjukefråværet i Trygderetten, Pensjonstrygda for sjømenn, Arbeidstilsynet og Statens pensjonskasse frå 2020 til 2021. I dei andre verksemdene har det vore ein nedgang i sjukefråværet.

Det legemelde sjukefråværet i Arbeids- og inkluderingsdepartementet var 3,5 i pst i 2021 mot 3,7 pst. i 2020. Det har vore ein auke i det legemelde sjukefråværet for menn og ein nedgang i sjukefråværet for kvinner. Til samanlikning var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet i departementa 3 pst. i 2021 mot 2,7 pst. 2020.

I det statlege tariffområdet var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet 4,1 pst. i 2021. I Arbeids- og inkluderingsdepartementet sin sektor var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet 5,4 pst. Tala i tabellen over viser at det legemelde sjukefråværet i 2021 ligg over nivået for det statlege tariffområdet i Arbeids- og velferdsetaten, Arbeidstilsynet og i Pensjonstrygda for sjømenn

Legemeldt sjukefråvær menn og kvinner per 31. desember 20211

AID

AV-etaten

TR

PTS

SPK

Atil

Ptil

IMDi

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

2021

3,6

3,4

4,0

6,0

1,7

4,6

4,6

6,8

2,7

2,7

2,9

5,5

1,1

1,1

2,5

4,8

2020

3,0

4,1

3,5

6,1

2,8

2,9

3,6

7,2

2,0

2,5

1,8

3,9

0,8

2,1

3,4

5,6

1 Tala er henta frå eige lønns- og personalsystem og tal frå dei underliggande verksemdene.

Tala viser at det framleis er stor skilnad mellom menn og kvinner i det legemelde sjukefråværet i dei fleste verksemdene i sektoren. Petroleumstilsynet skil seg ut med et langt lågare sjukefråvær blant både kvinner og menn enn i dei andre verksemdene.

I det statlege tariffområdet var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet blant menn 2,6 pst. i 2021, medan det var 3,5 pst. i Arbeids- og inkluderingsdepartementet sin sektor. Det legemelde sjukefråværet blant menn var lågare enn 2,6 pst. i Trygderetten, Petroleumstilsynet og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

I det statlege tariffområdet var det gjennomsnittlege sjukefråværet blant kvinner 5,5 pst., medan det var 6,2 pst. i Arbeids- og inkluderingsdepartementet sin sektor i 2021. Sjukefråvær blant kvinner var høgare enn 5,5 pst. i Arbeids- og velferdsetaten og Pensjonstrygda for sjømenn.

Frå 2020 til 2021 har det vore ein nedgang i sjukefråværet blant både menn og kvinner i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, medan det har vore ein auke i sjukefråværet blant både kvinner og menn i Statens pensjonskasse og Arbeidstilsynet.

Nærmare om arbeidet med likestilling i verksemdene

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Kvinnedelen i departementet har auka dei siste åra, og 67,8 pst. av dei 199 tilsette er kvinner. Kvinnedelen var 62,4 pst. i 2018. Av dei nyrekrutterte i 2021 var delen kvinner 79 pst, medan delen kvinner som slutta var 80 pst. I 2020 var 65 pst. av dei nyrekrutterte kvinner, medan delen kvinner som slutta var 60 pst.

Kjønnsperspektivet er ein del av departementet sin lokale personalpolitikk. Departementet har særleg fokus på at kvinner og menn får like moglegheiter for fagleg utvikling, forfremming, alternative karrierevegar og karriereutvikling til høgare stillingar. Det er framleis slik at balansen mellom kjønna i dei ulike stillingskategoriane varierer, men det er no fleire kvinner enn menn i alle stillingskategoriane i departementet, bortsett frå blant toppleiarane der delen kvinner er 50 pst. Blant mellomleiarane er delen kvinner akua til 66,7 pst. mot 63 pst. i 2020. I stillingskategorien alternativ karriereveg er 56 pst. kvinner. I denne stillingskategorien har delen kvinner auka jamt dei siste åra. Departementet vil halde fram med å vere merksam på utviklinga her. Det er ei overvekt av kvinner i dei lågare stillingskategoriane. Blant saksbehandlarar er kvinnedelen 70,1 pst. og i stillingsgruppa konsulentar er det berre kvinner. Kvinnedelen i dei ulike stillingskategoriane speglar i større grad enn tidlegare delen kvinner i departementet.

Prinsippet om likelønn skal takast vare på gjennom den lokale lønnspolitikken. Lønnsutviklinga i samanliknbare grupper skal vere uavhengig av etnisk bakgrunn, funksjonsevne, kjønn og alder. Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i departementet lågare enn for menn, og utgjer 93,1 pst. av menn si lønn, mot 92 pst. i 2020. Som tala i tabellen over syner, er biletet meir nyansert når lønna til kvinner og menn blir samanlikna innanfor kvar stillingskategori. Kvinner tener i snitt meir enn menn i stillingskategorien toppleiarar. Blant mellomleiarane tener kvinner og menn i snitt like mykje, i stillingskategorien alternativ karriereveg tener kvinner i snitt 90,9 pst. av menn si lønn og blant saksbehandlarane tener kvinner i snitt 100,5 pst. av menn si lønn. Det er fleire kvinner enn menn i dei lågare stillingskategoriane, og det kan forklare noko av årsaka til skilnaden i gjennomsnittleg lønn mellom kjønna.

Utvida lønnskartlegging

Med den forsterka aktivitets- og utgreiingsplikta er det no krav om å undersøke om det finst diskriminering på grunnlag av kjønn etter stillingar som gjer «likt arbeid» eller «arbeid av lik verdi». Departementet gjennomførte ei utvida lønnskartlegging i 2021 og undersøkte lønnsutviklinga for saksbehandlarar dei fem siste åra. I lønnskartlegginga i 2021 blei det ikkje avdekt systematiske forskjellar i lønnsutviklinga mellom kvinner og menn. I år, som tidlegare år, er kartlegginga avgrensa til å samanlikne gjennomsnittleg lønn mellom kvinner og menn innanfor kvar stillingskategori. I kartlegginga er det ikkje avdekt systematiske forskjellar i lønna mellom kjønna.

Ufrivillig deltid handlar om medarbeidarar som er tilsett i ei deltidsstilling sjølv om dei ønsker å jobbe heiltid. Departementet kunngjer med eitt unntak berre stillingar på heiltid. Ufrivillig deltid er difor ikkje ei ufordring i departementet.

Inkludering og mangfald

Departementet deltek i staten sitt traineeprogram for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne, og har til kvar tid ein trainee tilsett. Departementet rekrutterte to traineear med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne hausten 2020. Delen søkarar som oppga å ha nedsett funksjonsevne var 3,1 pst. i 2021 mot 1,9 pst. i 2020.

Tilsette med innvandrarbakgrunn utgjorde 7,2 pst. av dei tilsette i departementet ved utgangen av 2021. I departementsfelleskapet utgjorde andelen tilsette med innvandrarbakgrunn 4,7 pst. Andelen gjeld både for landgruppe 1 og 2.

Av totalt 1 322 søkarar til ordinære stillingar i departementet i 2021, opplyste 12,7 pst. av søkarane at dei har innvandrarbakgrunn frå landgruppe 2. Det blir jobba med å auke kompetansen på rekruttering i departementet gjennom ulike interne tiltak.

Gjennom arbeidet med aktivitetsplikta har ikkje departementet avdekt risikoar for diskriminering på nokre av personalområda. Samstundes er departementet saman med dei tillitsvalde samde om at departementet framleis bør ha særleg merksemd på området rekruttering – vegen inn i departementet.

Arbeids- og velferdsetaten

Arbeids- og velferdsetaten er ein kvinnedominert arbeidsplass, og kvinnedelen har vore stabil på om lag 70 pst. dei siste åra. Det var 15 732 tilsette i etaten i 2021.

Delen kvinner er noko ulik mellom einingane, og er høgast i Arbeids- og tenestelinja med over 75 pst. kvinner i nokre fylke og lågast i Arbeids- og velferdsdirektoratet, der kvinnedelen er under 46 pst. For direktoratet er IT eit stort område som trekker til seg fleire menn enn kvinner. Dette speglar arbeidsmarknaden på området. Kvinnedelen er høgast i dei lågaste stillingskategoriane. Kvinnedelen blant toppleiarane var 57 pst. i 2021. I stillingskategorien mellomleiarar har kvinnedelen vore aukande dei siste åra, prosentdelen kvinnelege mellomleiarar låg på 56,8 pst. i 2010 og ligg no på 65 pst. Arbeids- og velferdsdirektoratet kartlegg årleg kjønnsbalansen innanfor stillingsgruppene og følger opp dette med driftseiningane gjennom krav til tiltak og rapportering.

I personal- og lønnspolitikken for etaten er det slått fast at det ikkje skal vere lønnsforskjell mellom kjønna. Partane i etaten er samde om dette prinsippet, og følger med på at det blir handheva. Dette gjeld særleg for rådgivar-kodane i etaten. Det har vore gjennomført partssamansett opplæring om lønsforhandlingar og utdjuping om lønsskilnader i samsvar med likestillings- og diskrimineringslova.

I dei ulike einingane tener menn gjennomgåande noko meir enn kvinner. Det er variasjon i kor stor forskjellen er i dei ulike driftseiningane i Arbeids- og tenestelinja, fylka imellom. Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Arbeids- og velferdsetaten noko lågare enn for menn, og utgjer 93 pst. av menn si lønn. Kvinnelege toppleiarar tener i snitt 98 pst. av menn si lønn, kvinnelege mellomleiarar tener i snitt 94 pst. av menn si lønn og kvinnelege saksbehandlarar tener i snitt 93 pst. av menn si lønn. Det er berre i stillingskategorien konsulentar og kontorstillingar kvinner i snitt tener noko meir enn menn.

Gjennomgangen av lønnsstatistikken avdekte ingen diskriminerande forhold.

Personalpolitikken til etaten slår fast at administrative og faglege karrierevegar er likeverdige, og at medarbeidarar kan vere høgare lønte enn leiarar. Ved rekruttering av nye tilsette skal kompetansebehovet til etaten supplerast, og etaten si målsetting om inkludering og mangfald skal følgast.

Det legemelde sjukefråværet var 5 pst. i 2021, ein nedgang på 0,3 pst. frå 2020. Det har vore ein nedgang i det legemelde sjukefråværet for kvinner, men ein auke på 0,5 pst for menn. Utvida lønnskartlegging.

Utvida lønnskartlegging

Det er slått fast i arbeids- og velferdsetaten sin personal- og lønnspolitikk at det ikkje skal vere skilnad i lønn mellom kjønna. Som tala i tabellen over viser, tener menn betre enn kvinner i alle stillingskategoriar (toppleiarar, mellomleiarar, rådgivarar og deltidstilsette), med unntak av kategorien saksbehandlarar. Sistnemnte er òg den stillingskategorien med lågast lønn. Tala gir ikkje eit fullstendig bilde av lønnsskilnaden mellom kjønna. Det einaste som er med i lønnskartlegginga til NAV er kjønn, lønn og arbeidsstilling, og ikkje andre faktorar som kan påverke resultatet. Systematiske lønnsskilnader er vis kvinner tener mindre enn menn, medan alt anna er likt mellom dei, slik som utdanning, alder og ansiennitet.

Ufrivillig deltid

Arbeids- og velferdsetaten har ikkje opplysningar om ufrivillig deltid. Det er nokon få saker der deltidstilsette hevder førerett til heiltidsstillingar, men det betyr ikkje at deltidsstillinga er ufrivillig i utgangspunktet. Det kan vere fleire årsaker til at nokon søker seg til ei deltidsstilling, men ein endra livssituasjon kan medverke til at nokon deltidstilsette ønsker å jobbe heiltid.

NAV har ein jamn del av deltidstilsette, med eit gjennomsnitt på om lag 14 pst. Det er ein reduksjon på 147 deltidsette frå 2020 til 2021. For heile NAV vart det i 2021 tilsett 25 nye i deltidsstillingar mot 3 171 heiltidsstillingar. Dette kan peika på at NAV i stor grad lyser ut heiltidsstillingar, og dermed reduserer risikoen for at nokon er i ufrivillig deltid.

Inkludering og mangfald

I tilpassingsavtalen for Arbeids- og velferdsetaten er partane einige om at etaten skal ha ein personalpolitikk som legg til rette for likestilling og mangfald knytt til etnisk bakgrunn, funksjonsevne, kjønn og alder. I 2018 drøfta og forhandla etaten seg fram til ein felles personal- og lønnspolitikk for heile etaten, på tvers av tariffområda. Tidlegare hadde kvar driftseining sin eigen lokale politikk som la nokre sentrale personal- og lønnspolitiske føringar til grunn. Mangfald og inkludering er ein av kjerneoppgåvene i Arbeids- og velferdsetaten, og etaten er opptatt av å ta i bruk kunnskapen dei har på området i eige rekrutteringsarbeid. Det er eit krav at minst ein søkar frå kvar av dei underrepresenterte gruppene (personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne) blir kalla inn til intervju dersom det finst kvalifiserte søkarar

Etaten har retta større merksemd mot å tilsette fleire personar med nedsett funksjonsevne og med hol i CV-en. Fleire einingar rapporterer om god dialog og samarbeid med sine lokale NAV-kontor. Det er ikkje sett i verk sentralt initierte tiltak i 2021, utover å tydeleggjere forventningane i mål- og disponeringsbreva og vidareføre rapporteringskrava.

Av dei nytilsette i Arbeids- og velferdsetaten i 2021 hadde 4,4 pst. nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Det er noko lågare enn i 2020, då det låg på 5,3 pst. Talet på nytilsette med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en gjekk litt opp frå 2020, men prosentdelen ble likevel lågare grunna den ekstra rekrutteringa totalt for å handtere koronapandemien.

Arbeids- og velferdsetaten er fast medlem i det statlege mangfaldsnettverket.

Arbeids- og velferdsetaten deltek i statens traineeprogram for personar med nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en og høgare utdanning. I 2019 hadde direktoratet tre traineear. Det har vore lyst ut to stillingar i 2021 og etaten jobbar vidare med traineeprogrammet i 2022 for å auke deltakinga i alle einangane i NAV.

Arbeids- og velferdsetaten har hatt ein jamn auke i talet på tilsette med innvandrarbakgrunn dei siste åra, både frå landgruppe 1 og 2. Auken har vore størst når det gjeld delen tilsette frå landgruppe 2. I Arbeids- og velferdsetaten hadde 12,7 pst. av dei tilsette innvandrarbakgrunn i 2021, og av desse var 8,5 pst. frå landgruppe 2. NAV-einingane i Oslo og Arbeids- og velferdsdirektoratet skil seg ut med ein høgare del tilsette med innvandrarbakgrunn samanlikna med dei andre einingane. Dette speglar folkemengda i området. Statistisk sentralbyrå har avslutta statistikken som viser kor stor del av dei tilsette som har innvandrarbakgrunn i dei ulike einingane. Tala frå Statistisk sentralbyrå gir no berre informasjon for heile etaten.

Trygderetten

Trygderetten er ei forholdsvis lita verksemd med 68 tilsette i 2021, og av desse er 62 pst. kvinner. Toppleiar er ei kvinne, medan kvinnedelen blant mellomleiarane er 40 pst.

Innan dei ulike stillingskategoriane har samansetninga vore meir eller mindre lik dei seinare åra. I stillingskategorien alternativ karriereveg er 53 pst. kvinner. Blant saksbehandlarane er delen kvinner 67 pst, der en del menn har auka med 4 pst. sidan 2020. I lågare stillingskategoriar innan økonomi, personal, arkiv, IT, kontortenester med vidare, er kvinnedelen 82 pst. Tilsetje som arbeider deltid består i hovudsak av kvinner, der ingen har ufrivillig deltidsarbeid.

Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Trygderetten lågare enn for menn, og utgjer 87 pst. av den gjennomsnittlege lønna til menn. Trygderetten skil seg frå dei fleste statlege verksemdene ved at dei to største stillingsgruppene, dommarane og rettsfullmektigane, har lik lønn. Rettsfullmektigane har ein lønnsstige med ansiennitet som kriterium for plassering av lønn.

Blant mellomleiarane tener kvinner i snitt 107 pst. av den gjennomsnittlege lønna til menn. Blant Trygderetten sine saksbehandlarar utgjer den gjennomsnittlege lønna til kvinner 97 pst. av den gjennomsnittlege lønna til menn. Det er ikkje avdekt lønnsmessige forskjellar baserte på kjønn. Blant kontortilsette er det ein stor kvinnedel, og denne stillingsgruppa har hatt ei jamn lønnsutvikling dei seinare åra. Det er ingen forskjell i den gjennomsnittlege lønna til menn og kvinner i denne gruppa.

Trygderetten har ikkje identifisert utfordringar knytt til likestilling som det er grunnlag for å sette i verk tiltak på. Trygderetten arbeider aktivt for at kvinner og menn i organisasjonen skal bli behandla likt, uavhengig av kjønn. I tilpassingsavtalen for verksemda om medråderett er det nedfelt at «uansett kjønn skal arbeidsoppgåver fordelast slik at alle tilsette får like moglegheiter til å kvalifisere seg for avansement til leiande stillingar». Uavhengig av kjønn er moglegheitene for å delta på kurs/faglege seminar til stades.

Ingen tilsette i Trygderetten har ufrivillig deltidsarbeid.

Trygderetten har som mål å ha ein høg gjennomsnittleg pensjonsalder. Trygderetten har sett som delmål å behalde medarbeidarar med nedsett funksjonsevne, heilt eller delvis fram til pensjonsalder. Verkemiddel som er aktuelle er mellom anna å bruke eldre, erfarne rettsmedlemmar til «fadderverksemd» for nytilsette og til å arbeide med praksisundersøkingar og anna utredningsarbeid, i tillegg til ordinær saksbehandling. Andre tiltak er å tilby heimekontor, ha ei positiv haldning til graderte stillingar og ei positiv haldning til å tilby praksisplass til personar som NAV har avklart.

Trygderetten har ikkje sett konkrete mål for rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkarar med innvandrarbakgrunn på ledige stillingar, blir alltid minst éin kalla inn til intervju. Embetet som rettsmedlem (dommarar) og stillinga som rettsfullmektig må vere besett av personar med norsk statsborgarskap.

Det legemelde sjukefråværet var 4,0 pst. i 2021, ein auke frå 2,9 pst. i 2020.

Pensjonstrygda for sjømenn

Pensjonstrygda for sjømenn er ei lita verksemd med 20 tilsette. Det har vore ein nedgang i kvinnedelen i 2021, og er no 50 pst. mot 61 pst. i 2020. Det har vore ein betydeleg utskifting i bemanninga som har medført endringar i kjønnsbalansen.

Pensjonstrygda for sjømenn legg til rette for at alle tilsette skal ha same høve til utvikling av kompetanse, karriere og lønn.

Jamlege analysar av forholda i verksemda viser at kvinner sin snittlønn i 2021 er tilnærma lik som for menn, også når øvste leiar er medrekna. Kvinner si snittlønn er også i 2021 høgare enn snittlønna til menn når øvste leiar blir halden utanfor. Skilnaden utgjer 7,8 pst., ein auke frå 2,1 pst. i 2020. Kvinner sin snittlønn totalt i verksemda har det siste året auka med 6,9 pst. Ein viktig årsak til dette er rekruttering av kvinner i høgare lønna stillingar og nyrekruttering av fleire menn i stillingar på noko lågare lønnsnivå.

Blant mellomleiarane utgjer den gjennomsnittlege lønna for kvinner 98,3 pst. av menn si lønn, og blant saksbehandlarane utgjer gjennomsnittleg lønn for kvinner 107 pst. av menn si lønn.

I 2021 var det legemelde sjukefråværet 6,7 pst. mot 5,7 pst i 2020. Det har vore ein ytterlegare auke frå 2019, då det legemelde sjukefråværet for både kvinner og menn var 1,6 pst. Auke i sjukefråværet har ikkje vore relatert til koronapandemien.

For å auke mangfaldet i verksemda har Pensjonstrygda for sjømenn spissa teksten i stillingsannonsane og innkalla kvalifiserte søkarar som har oppgitt å tilhøyre nemnde målgrupper. Det er eit mål for verksemda å bidra i arbeidet med inkludering, og verksmeda har inngått avtale med NAV.

Utvida lønnskartlegging

Verksemda gjennomfører årleg ein kartlegging og intern analyse av forholda for å sikre likestilling og hindre diskriminering. Dei legg stor vekt på omsynet til likestilling og ikkje-diskriminering i lokal lønns- og personalpolitikk, og arbeider for at alle tilsette skal ha same moglegheiter for utviking av lønn, kompetanse og karriere. I den interne kartlegginga og analysen er det ikkje avdekka nokon kjønnsbaserte skilnader når det gjeld lønn eller andre forhold. Det har ikkje kome fram område med utfordringar eller barrierar knytt til kjønn i verken medarbeidarsamtalar, medarbeidarundersøkingar eller på andre måtar.

Ingen tilsette i Pensjonstrygda for sjømenn har ufrivillig deltidsarbeid.

Statens pensjonskasse

Statens pensjonskasse har totalt 420 tilsette, og ein kvinnedel på 56 pst. I toppleiinga er kvinnedelen 50 pst. Kvinnedelen blant mellomleiarane er 64,4 pst. medan kvinnedelen blant saksbehandlarane er 64,1 pst.

Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Statens pensjonskasse lågare enn for menn, og utgjorde 91,8 pst. av menn si lønn i 2021. Menn tener jamt over noko meir enn kvinner i alle stillingsgruppene.

Verksemda analyserer lønnsforholda regelmessig. Lønnsskilnadene mellom kvinner og menn er relativt små og har halde seg stabilt. Verksemda si vurdering er at utfordringar og barrierar knytt til likestilling er små.

Statens pensjonskasse har liten eller ingen grad av ufrivillig deltid.

I 2021 var det legemelde sjukefråværet 2,7 pst. mot 2,3 pst. i 2020.

I 2018 utarbeidde verksemda nye retningslinjer for å hindre diskriminering, trakassering, seksuell trakassering og kjønnsbasert vald, med eit tilhøyrande varslingssystem. Omsynet til likestilling og ikkje-diskriminering er elles inkludert i verksemda sin personalpolitikk og iverksette tiltak.

Verksemda opplever at dei får få søkarar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-enog jobbar med dette mellom anna i stillingsannonsane. Dei kommuniserer aktivt i utlysingar at dei har kontorløysing med universell utforming og bruker ein tekst om mangfald i alle utlysingar. I tillegg er det gjennomført informasjonstiltak om inkludering retta mot leiarane, og arbeidet med inkludering er framheva i leierhandboka, som er verktøyet leiarane nyttar når dei skal rekruttere nye medarbeidarar. Verksemda har jobba særskild med tilrettelegging for å gjere det lettare å kombinere arbeid med familieliv.

Utover dette er det ikkje avdekt nokre utfordringar med likestillingsarbeidet.

Delen nytilsette med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en utgjorde 6,1 pst. av det nytilsette i 2021 mot 2,6 pst. i 2020.

Verksemda skal halde fram med eksisterande praksis for tilrettelegging av arbeidsplassar og ta imot personar som har behov for utprøving av arbeids- og funksjonsevne i det ordinære arbeidslivet.

Verksemda har gjennomført ein undersøking blant medarbeidarar og leiarar om fleksible og hybride arbeidsformer og korleis arbeidstilhøvet har påverka oss.

Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet har 676 tilsette, og kvinnedelen er 60 pst. Fordeling av tilsette menn og kvinner har vore relativt stabil dei siste åra. Blant toppleiarane er kvinnedelen 50 pst., og blant mellomleiarane er kvinnedelen 56 pst. I stillingsgruppa saksbehandlarar er det overlegar, ingeniørar, seniorrådgivarar og rådgivarar og kvinner utgjer 60 pst. av dei tilsette i denne gruppa.

Arbeidstilsynet har ein god balanse i lønna mellom kvinner og menn i stillingar ein kan samanlikne. Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Arbeidstilsynet noko lågare enn for menn, og utgjer 96 pst. av menn si lønn. Verksemda tar regelmessig ut statistikk for å følge utviklinga i kvar enkelt eining i etaten. Blant toppleiarane er gjennomsnittleg lønn for kvinner 105 pst. av menn si lønn, blant mellomleiarane er gjennomsnittleg lønn for kvinner 98 pst. av menn si lønn og 99 pst. blant saksbehandlarane. Det er berre i stillingskategorien konsulentar at kvinner si lønn har vore markant lågare enn menn si lønn, men ho har auka frå 87 pst. i 2016 til 90 pst. i 2021. Arbeidstilsynet sin lønnspolitikk sikrar kjønnsnøytrale kriterium for å fastsette lønn.

Arbeidstilsynet har hatt ei stabil arbeidskraft over mange år og har difor mange tilsette i høg alder. Verksemda har eitt større prosjekt – «Oppdatert, ikkje utdatert» – for å tematisere det å vere senior i arbeidslivet og for å bidra til at tilsette vel å stå i arbeid lengst mogleg. Livsfase, helse og fritid er tema i den årlege utviklingssamtalen med alle medarbeidarane, der ein kan ta opp og diskutere behov for tilrettelegging og tilpassing. Det er inngått avtale om fleksibel arbeidstid som gjeld for alle medarbeidarane, der bruk av heimekontor kan leggje til rette for å kombinere arbeidsliv og familieliv.

Rekrutteringsprosessen er lagd opp med stor vekt på likebehandling og inkludering av grupper som kan ha vanskeleg for å få innpass i arbeidslivet. Likebehandlinga startar allereie i jobbanalysen, i kunngjeringsteksten og ikkje minst gjennom intervjuprosessen. Det er gitt egen opplæring for dei tilsette som bidrar inn i tilsettingsrådet.

Verksemda sitt arbeidsmiljøutval (AMU) har eit særskild fokus på tema som handlar om uheldig belasting, vald og truslar frå eksterne, og på tema som konfliktar, trakassering og utilbørleg åtferd. Tilsynskontora i Arbeidstilsynet går jamleg gjennom HMS-rutinane om vald og truslar og rutinen om konfliktar og trakassering.

I 2021 var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet 4,2 pst, ein auke frå 2,9 pst. i 2020.

Utvida lønnskartlegging

Arbeidstilsynet har hatt ein stor gjennomgang av lønnsbildet i 2021. Etter etaten sin omorganisering i 2020 vart det avdekt variasjonar i lønn det var behov for å gjere noko med. Verksemda tilførte økonomiske midlar til ulika forhandlingar med dei tillitsvalde for å utjamne uønska lønnsforskjellar. Arbeidet med lønns- og arbeidsvilkår held fram, og verksemda vil særskild se på effektane av endringane i lønnsarbeidet i 2022.

Petroleumstilsynet

Petroleumstilsynet har 179 tilsette, og det er ein god balanse mellom kjønna. I 2021 var 47 pst. av dei tilsette kvinner. Blant toppleiarane er kvinnedelen 43 pst., medan kvinnedelen blant mellomleiarane var 35 pst. Målet er at delen kvinnelege leiarar skal vere 40 pst. Kvinnedelen blant mellomleiarane har auke med 6 pst. frå 2020.

Arbeidet med å fremme likestilling mellom kjønna er forankra i Petroleumstilsynet sin personalpolitikk, og er ein integrert del av verksemda. I den samanheng legg verksemda vekt på tilsetting av leiarar og medarbeidarar, fordeling av utfordrande oppgåver som inneber større ansvar og eksponering internt i Petroleumstilsynet, i næringa og departementa, samansetting av lag, prosjekt og grupperingar, kompetanseutvikling og lønn basert på kjønnsnøytrale kriterium. Ved behov for nye medarbeidarar inngår ei analyse av samansettinga av kjønn og alder. Ved utlysing av stilling innan visse stillingsgrupper der det eine kjønnet er underrepresentert blir det tatt inn ei oppmoding om at det kjønnet som er underrepresentert bør søke stillinga. Ved tilsetting i desse stillingsgruppene gjeld moderat kjønnskvotering der søker frå det kjønn som har mindre enn 40 pst. av dei tilsette i den aktuelle stillingsgruppa har førerett til stillinga. Dette gjeld i tilfelle der fleire søkarar har tilnærma like kvalifikasjonar.

Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Petroleumstilsynet lågare enn for menn, og utgjorde 83 pst. av menn si lønn i 2021.

Gjennomsnittleg lønn for kvinner er 104 pst. av menn si lønn blant toppleiarane, 93 pst. blant mellomleiarane og 87 pst. blant saksbehandlarar. Det har vore ein auke på 4 pst. i gjennomsnittleg lønn for kvinner blant mellomleiarane.

Når det gjeld skilnadene i lønn for kvinner og menn med omsyn til «totalt i verksemda» og «saksbehandlarar» i tabellen, så gjer verksemda merksam på at Petroleumstilsynet er delt inn i ei fagavdeling med fleire fagområde og ei administrativ avdeling, der fleirtalet av dei tilsette er kvinner. Skilnadene i lønn mellom dei to grupperingane kjem av at kompetansekrava og etterspurnaden etter nye medarbeidarar i snitt er vesentleg høgare når det gjeld medarbeidarar i fagavdelinga enn i den administrative avdelinga.

Petroleumstilsynet rekrutterer i stor grad ingeniørar. Det er i stor grad etterspurnaden etter kompetanse og kapasitet som styrer nivået på lønna i petroleumsnæringa. Seinare i lønnsutviklinga medverkar sentrale og lokale føringar for dei lokale forhandlingane til å betre den kvinnelege lønnsprofilen samanlikna med den mannlege. Likelønn kan også bli fremma som tema i medarbeidarsamtalar. Før dei lokale lønnsforhandlingane ber verksemda leiarar og organisasjonane vurdere om nokon av skilnadene i lønn mellom kvinner og menn kan skuldast kjønn. Temaet er også ein del av opplæringa og rådgivinga mot leiarar. Verksemda har ikkje identifisert andre særlege utfordringar knytt til kjønn.

Etaten har svært få personar som arbeidar deltid. Tilsette som ønsker å auke stillingsprosenten sin får høve til det.

Etaten arbeider systematisk for å fremme eit godt arbeidsmiljø, mellom anna førebygge trakassering, inkludert seksuell trakassering. Likestillingssaker blir óg fremma i partssamarbeidet. I perioden har det ikkje blir identifisert nye utfordringar når det gjeld likestilling og diskriminering.

I 2021 var det legemelde sjukefråværet 2,2 pst. mot 2,9 pst. i 2020. Frå 2020 til 2021 har det vore ein liten nedgang i legemeldt sjukefråvær og etaten har eit gjennomgåande lågt sjukefråvær.

Verksemda si målsetting er å ivareta og legge til rette for medarbeidarar med særlege behov og nedsett funksjonsevne på ein god måte. I administrative stillingar kan verksemda legge til rette for søkarar med nedsett funksjonsevne. For medarbeidarar som skal arbeide på innretningar offshore og på petroleumsanlegg på land, er det krav om helseattest og kurs i tryggleik og det kan vere vanskeleg å tilsette søkarar med nedsett funksjonsevne til desse stillingane. Erfaringa i verksemda denne perioden er at det er få søkarar med nedsett funksjonsevne, og ingen som møter kvalifikasjonskrava til desse stillingane.

Petroleumstilsynet har i perioden sett i gang fleire tiltak for å inkludere personar med redusert funksjonsevne eller hol i CV-en. Når det gjeld mangfald og inkludering har etaten si personalfunksjon eit særskilt ansvar for å kvalitetssikre at likestilling blir lagt vekt på i saksbehandlinga. Likestilling og mangfald er tatt opp som tema i opplæringa av tilsettingsrådet, i leiaropplæringa og i rekrutteringssaker med rekrutterande leiarar og fagtilsette.

For å bøte på nokre av utfordringane når det gjeld rekruttering er det skrive ei samarbeidsavtale med NAV om moglegheitene som finst i etaten for kandidatar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Gjennom avtalen vil mellom anna NAV ved høve kunne presentere aktuelle kandidatar til praksisplass, traineeordning og ved ordinær rekruttering. Etaten vurderer utlysing av traineestillingar i staten som eit eigna tiltak for tilrettelegging.

Det er ei målsetting å tilby minst éin praksisplass per år. Denne praksisplassen ønsker verksemda primært å tilby personar med annan etnisk bakgrunn enn norsk, personar som har hol i CV-en, eller personar som treng tilrettelegging. På grunn av koronasituasjon og heimekontor har etaten ikkje tilbudd praksisplass i 2021.

Etaten har revidert sin senior- og livsfasepolitikk i perioden i samråd med dei tillitsvalde. Hensikten har mellom anna vore å leggje til rette for at dei tilsette kan stå så lenge som mogleg i jobb. Ordninga bidreg også til at tilsette kan kombinere jobb og fritid.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har 251 tilsette, med ein kvinnedel på 65 pst. Blant toppleiarar og mellomleiarar er det god balanse mellom kjønna, med høvesvis 50 pst. og 47 pst del kvinner. Blant saksbehandlarar er kvinnedelen 68 pst og i stillingsgruppa alternativ karriereveg er kvinnedelen 53 pst.

Kvinner har 102 pst. av lønna til menn i toppleiargruppa, 96 pst i mellomleiargruppa og 98 pst av lønna blant saksbehandlarar. Blant tilsette i stillinga alternativ karriereveg har kvinner 91 pst. av lønna til menn. Sjølv om det er tilnærma likelønn mellom kjønna innan kvar stillingsgruppe, resulterer kjønnsfordelinga i direktoratet i at kvinner totalt sett har 93 pst. av lønna til menn. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har fokus på likelønn mellom kjønna ved lokale lønnsforhandlingar og ved rekruttering.

4,9 pst av kvinnene og 2,3 pst. av mennene jobba deltid per 31.desember 2021. Det er ingen tilsette i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet som jobba ufrivillig deltid i 2021.

I 2021 var det legemelde sjukefråværet 4,1 pst. mot 5,3 pst. i 2020. Frå 2020 til 2021 har det vore ein nedgang i legemeldt sjukefråvær for både kvinner og menn.

Inkludering og mangfald

Visjonen til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet er å fremme like mogelegheiter, rettar og plikter i eit mangfaldig samfunn. Arbeid for likestilling og mot diskriminering ligg i kjernen av samfunnsoppdraget og er ein integrert del av verksemda til direktoratet. Integrering- og mangfaldsdirektoratet har som mål å ha ein mangfaldig samansetting av medarbeidarar med omsyn til etnisk bakgrunn, kjønn, alder, funksjonsevne og seksuell orientering. Direktoratet har fokus på denne målsettinga ved rekruttering, i individuell oppfølging og i ein livsfaseorientert personalpolitikk.

Av dei 75 nytilsette i 2021 var 4 pst. personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Ved alle rekrutteringsprosessar skal det viast særskild merksemd til kva for krav til kvalifikasjonar og personlege eigenskapar som blir stilte, for ikkje å ekskludere søkarar frå målgruppa. Alle utlysingar inneheld oppfordring til personar i målgruppa om å søke på ledige stillingar. Rekrutterande leiar og HR-avdelinga sikrar at reglane for positiv særbehandling av søkarar frå målgruppa blir etterlevd.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet ønsker å ta i bruk mangfald som ein ressurs og har ein betydeleg del tilsette med innvandrarbakgrunn, totalt 33,3 pst. Av desse var 87,3 pst. frå landgruppe 2.

12 Samfunnstryggleik

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har eit overordna mål om å førebygge uønskte krisehendingar innan vårt sektoransvar. Det er òg eit mål å kunne handtere og minske følgene av alle typar krisehendingar i eigen sektor, og medverke til at kriser i andre sektorar og viktige funksjonar for samfunnet blir handtert på ein god måte. Ved regjeringsskiftet i 2021 blei integreringsavdelinga, og etatsstyringa av Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi), lagt til departementet. Sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet for tidlegare års omtale av arbeidet med samfunnstryggleik på integreringsområdet. Sektoransvaret omfattar dermed:

  • Folketrygda sine pensjonar og ytingar, offentleg tenestepensjon, yrkesskade o.a., òg ved kriser eller katastrofar i fredstid og i krig.

  • Førebygging og beredskap i petroleumsverksemda, offshore og på nærare gitte landanlegg med tilknytta røyrleidningsystem. Dette omfattar både helse, miljø og sikkerheit inkludert storulykkerisiko, og sikring og beredskap mot medvetne handlingar.

  • Arbeidsmiljø- og sikkerheit i arbeidslivet på land, men koordineringsansvaret for tilsyn etter storulykkeforskrifta er plassert hos Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

  • Medverka til å dekke samfunnet sitt behov for arbeidskraft ved kriser i fredstid og i krig.

  • Ansvar for introduksjon for nyankomne voksne innvandrarar og busetting av flyktningar.

  • Ansvar for saker som gjeld statsborgerlova, inkludert forhold av betydning for samfunnstryggleiken.

Samfunnsutviklinga er prega av ein endra sikkerheitspolitisk situasjon som følge av den pågåande krigen i Ukraina, auka digital sårbarheit, utfordringar for klima og miljø, usikkerheit om den økonomiske utviklinga og risiko for store tilkomstar av flyktningar og andre med krav på vern etter internasjonalt lovverk. Samstundes er det auka forventingar om at det politiske systemet og forvaltninga er i stand til å ivareta eit godt og grunnleggande velferdstilbod, òg under langvarige og omfattande kriser. Det er ein føresetnad å ha ei systematisk og heilskapleg tilnærming i samfunnstryggleiksarbeidet for å møte denne utviklinga. Instruks for departementas arbeid med samfunnssikkerheit (Samfunnsikkerheitsinstruksen) av 1. september 2017, sett òg krav til Arbeids- og inkluderingsdepartementets arbeid.

I arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap legg departementet særleg vekt på dei system og funksjonar som er definert som samfunnskritiske, og/eller medverkar til å tryggje nasjonale sikkerheitsinteresser. I tråd med ansvarsprinsippet i Samfunnssikkerheitsinstruksen har Arbeids- og inkluderingsdepartementet eit delansvar for ulike samfunnskritiske funksjonar og tenester, sjølv om andre sektordepartement har hovudansvar for at infrastrukturen fungerer som den skal. For å følge opp ansvaret arbeider departementet regelmessig med risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS), krise- og beredskapsplanar basert på ROS-analysane, øvingar, forbetringar av sikkerheitstilstanden, samt med å følge opp handlingsplanar, strategiar og læringspunkt frå hendingar og øvingar.

Underliggande verksemder har eit sjølvstendig ansvar for at omsynet til samfunnstryggleik er ein integrert del av arbeidet i eigen sektor og organisasjon. Krav til verksemdenes arbeid på dette området er tilpassa samfunnsoppdraget deira og er i stor grad instruksfesta. Instruksane er samordna med krav, oppgåver og prioriteringar i Samfunnssikkerheitsinstruksen og Nasjonal strategi for digital sikkerheit. For nærare omtale av meir konkrete satsingar innan dei områda departementet har ansvar for, sjå del II, programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken, og programkategori 09.40 Arbeidsmiljø- og sikkerheit, kap. 640 Arbeidstilsynet og kap. 642 Petroleumstilsynet, og programkategorit 09.70 Integrering og mangfald, kap. 670 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.

Krisehandtering og beredskap

Dei siste åra har vore prega av langvarige og gjennomgripande kriser som har gjort det naudsynt med omfattande tiltak og verkemiddelbruk innan Arbeids- og inkluderingsdepartementets sektor. Dei etablerte beredskapssystema i departementet har vore et viktig verktøy i handteringa av dette.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet sette i verk ei rekke tiltak i sektoren som følgje av utbrotet av korona. For nærare omtale av mellombelse tiltak som framleis gjeld, sjå del III, kap. 8 Tiltak for å avbøte konsekvensane av smitteverntiltak under koronapandemien. Både departementet og sentrale underliggande verksemder har gjennomført eigenevalueringar av koronahandteringa. Desse evalueringane vil, saman med funna i dei to rapportane frå dei regjeringsoppnemnde koronakommisjonane, danne eit viktig grunnlag for å utvikle beredskapen i sektoren. Ei rekke læringspunkt frå evalueringane er allereie følgt opp, og arbeidet med å følge opp dei resterande vil halde fram. Det inkluderer vurderingar av arbeidstakarar si ivaretaking av kritiske samfunnsfunksjonar.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap har saman utarbeidd ein rapport med forslag til styrka beredskap for personar med innvandrarbakgrunn i kriser. Forslaga legg grunnlag for eit meir systematisk arbeid med å inkludere mangfaldsperspektivet i samfunnssikkerheitsarbeidet. Det blir òg trekt fram at krisekommunikasjon må vere brukartilpassa og tilgjengeleg i fleire kanalar. Rapporten blir følgd opp av ansvarlege verksemder.

Norge har vore i ein situasjon med tilkomst av ekstraordinært mange fordrivne som følge av krigen i Ukraina. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har saman med Justis- og beredskapsdepartementet eit særleg ansvar for å koordinere oppfølginga av dette. For nærare omtale av Regjeringa si handtering sjå del III, kap. 7 Innkomstar frå Ukraina. Det er arbeid for å auke bruken av tolk i offentleg sektor, og det er registrert auka bruk av fjerntolking. Dette medverker til betre tilgang på tolketenester over heile landet. Lov om offentlege organ sitt ansvar for bruk av tolk mv. (tolkelova), blei vedteke i juni 2021 og trådde i kraft 1. januar 2022. Hovudføremålet med lova er å sikre rettsvernet og forsvarleg hjelp og teneste til personar som ikkje kan kommunisere forsvarleg med offentlege organ utan tolk, samt medverke til at tolkar held ein fagleg forsvarleg standard.

Ein evaluering etter knivangrepet ved NAV Årstad i Bergen 20. september 2021 vil vere ferdig hausten 2022. Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Arbeids- og velferdsdirektoratet vil følge opp dei forbetringsområda som blir avdekte.

Petroleumslova pålegg operatørane (oljeselskapa) i petroleumsnæringa eit sjølvstendig ansvar for beredskap mot fare- og ulykkesituasjonar, og å sjå til at underentreprenørar mv. møter krava til beredskaps- og tryggingstiltak. Det er utvikla eit regelverk som stiller strenge krav til dei einskilde selskapa sin innsats. Styring av storulykkerisiko skal vere ein integrert del av selskapa sin aktivitet. Petroleumstilsynet fører tilsyn med næringa. Ved ei uønska hending innan petroleumsverksemda er det operatør som er ansvarleg for å sette i verk nødvendige tiltak og rapportere til Petroleumstilsynet, og andre involverte etatar. Petroleumstilsynet har ei beredskapsvaktordning som varslar vidare til andre styresmakter og sikrar effektiv oppfølging av eige ansvarsområde ved krisesituasjonar. Dette omfattar formidling av informasjon til Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Departementet og verksemdene vil i 2023 halde fram arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS). Det var planlagt å ha ferdig ei ny overordna ROS for departementet i 2022. Pandemien og krigen i Ukraina har ført til forseinkingar i dette arbeidet. Framover vil det bli oppdatert og utarbeidd nye sektoranalysar for risiko knytt til ulike scenario med vald og terror, tilsikta digitale hendingar, storulykker, etterretningstrussel, pandemi, busetting av flyktningar mv. Den periodiske rapporten om Risikonivå i norsk petroleumsverksemd (RNNP) blei sist lagt fram 31. mars 2022. Rapporten blir utarbeidd i samarbeid mellom Petroleumstilsynet og partane i næringa.

Departementet arrangerer og deltar i ulike krisehandteringsøvingar gjennom året. Til dømes er det gjennomført fleire øvingar på tvers av sektorar og myndigheitsnivå om tema knytt til uønska hendingar i petroleumsverksemda. Underliggande verksemdene har òg arrangert eigne krisehandteringsøvingar og deltatt på øvingar som krev samhandling på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Digital sikkerheit

Samfunnet blir stadig meir digitalt, og det gjeld òg tenester i vår sektor. Avhengigheit til digitale infrastrukturar og -system er eit gjennomgåande trekk ved dei samfunnskritiske tenestene sektoren har eit ansvar for. Følgene av den pågåande krigen i Ukraina har òg ført til ein auka risiko på det digitale området. Nasjonal strategi for digital sikkerheit frå 2019, og rettleiingsmateriell og anbefalingar frå Nasjonal sikkerheitsmyndighet, dannar eit viktig grunnlag for departementets arbeid med digital sikkerheit.

Nasjonal sikkerheitsmyndigheit gjennomførte tidleg i 2022 tilsyn med sikkerheitstilstanden både i Arbeids- og velferdsdirektoratet og Statens pensjonskasse. Funn frå tilsyna er følgt opp eller i ferd med å følges opp

Arbeids- og velferdsdirektoratet forvaltar eit sektorvist responsmiljø på arbeids- og velferdsområdet. Arbeids- og velferdsdirektoratet, Statens pensjonskasse, Pensjonstrygden for sjømenn, Trygderetten og Arbeidstilsynet er medlemmer av dette responsmiljøet. Departementet har i tillegg delegert ansvar til Petroleumstilsynet for å utforme og forvalte rollen som sektorvist responsmiljø knytt til petroleumsverksemda. Petroleumstilsynet ivaretar denne rollen gjennom ei avtale med KraftCERT. JustisCERT er responsmiljø for Integrerings- og mangfoldsdirektoratet. Dei sektorvise responsmiljøa bidrar, i tråd med det etablerte rammeverket for handtering av IKT-sikkerheitshendingar, til å kartlegge svakheiter og sårbarheiter på tvers av deltakaranes digitale infrastrukturar med tanke på oversikt, å dele informasjon ved digitale truslar og eventuelle dataangrep, øvingar og moglege forbetringar.

Fleire store norske offentlege verksemder blei 29. juni 2022 utsett for eit digitalt angrep frå den russiske hackergruppa Killnet. Angrepet gjekk ut på å overbelaste servarar som sikrar ulike tenester med så store mengder dataførespurnader at dei kan bli utilgjengelege. I Arbeids- og inkluderingsdepartementets sektor blei Arbeidstilsynet og Arbeids- og velferdsetaten direkte ramma av tenestenektangrepet. Verksemder i sektoren som ikkje blei direkte ramma iverksatte òg forebyggande tiltak. Dei sektorvise responsmiljøa heldt deltakande verksemder orientert om utviklinga og handteringa av angrepet. Departementet fulgte òg situasjonen tett. Det er sett i gang evalueringar av handteringa, og eigenvurderingar av tiltak som kan brukast til å styrke arbeidet med digital sikkerheit i sektoren.

Våren 2022 utarbeidde Arbeids- og inkluderingsdepartementet ein scenarioplan for handtering av digitale angrep mot verksemder i sektoren. For å teste planen er det planlagt ei øving hausten 2022 mellom departementet og deltakarar i det sektorvise responsmiljøet på arbeids- og velferdsområdet. Scenarioplanen vil bli revidert som følge av erfaringane frå øvinga og angrepet 29. juni.

For å styrke Noreg sin evne til å handtere framtidige kriser, har regjeringa sett ned to ekspertgrupper. Den eine skal gi forslag om korleis vi kan få ein betre infrastruktur for deling og bruk av relevant statistikk, og vurdere bruk av data i kriser. Den andre skal greie ut juridiske og etiske problemstillingar knytt til innsamling, tilgjengeleggjering, deling og bruk av data, og bruk av randomiserte forsøk i kriser. Frå Arbeids- og inkluderingsdepartementets sektor deltar representantar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet i desse gruppene.

Oppfølging av krav i tryggingslova

Lov om nasjonal sikkerheit (tryggingslova) har som føremål å trygge dei nasjonale sikkerheitsinteressene våre og å førebygge, avdekke og motverke sikkerheitstrugande verksemd. Dei nasjonale sikkerheitsinteressene blir trygga ved at departementet identifiserer grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF) innafor sitt ansvarsområde, at verksemder med avgjerande betydning for GNF blir underlagt tryggingslova, og at naudsynte sikringstiltak for skjermingsverdige verdiar blir gjennomførte. Gjennom GNF-arbeidet er det identifisert tre grunnleggande nasjonale funksjonar med innverknad på Arbeids- og inkluderingsdepartementets område. GNF 1: Arbeids- og inkluderingsdepartementets verksemd, handlefriheit og beslutningsdyktigheit er ein tverrsektoriell funksjon som omfattar departementets eigen rolle. GNF 2: Kritiske offentlege ytingar til befolkninga gjelde utbetaling av livsopphaldsytingar. GNF 3: Kontroll med utvinning av petroleum på norsk sokkel er ein tverrsektoriell funksjon. Dersom det blir avdekka skjermingsverdige verdiar og identifisert verksemder som skal underleggast sikkerheitslova, vil Petroleumstilsynet bidra med å føre tilsyn med verksemdene innan sitt ansvarsområde.

Det å ivareta føremålet med tryggingslova er ein vedvarande prosess som kan føre til endringar når det gjeld identifiserte funksjonar og skjermingsverdige verdiar, kva for verksemder som er av vesentleg og avgjerande betydning og i kva grad ei verksemd er avhengig av eksterne ressursar (andre verksemder). Kva som vil krevjast for å oppnå eit forsvarleg tryggingsnivå, kan òg bli endra over tid.

Prioriteringar 2023

Arbeidet med samfunnstryggleik og intern sikkerheit vil halde fram og bli utvikla med basis i relevante analyser og styringsdokument, og i samarbeid med verksemder i sektoren og andre sektorar. Departementet vil i 2023 prioritere å:

  • Følge opp læringspunk frå tidlegare øvingar, evalueringar og statusgjennomgangar. Det inneber mellom anna å vurdere beredskapsheimlar av betydning for Arbeids- og inkluderingsdepartementets sektor.

  • Revidere og oppdatere innhaldet i GNF-ane, og å vurdere og implementere naudsynte sikringstiltak i tråd med krava i tryggingslova.

  • Ferdigstille ein ny overordna risiko- og sårbarheitsanalyse for heile sektoren.

13 Omtale av klima- og miljørelevante saker

Arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet – miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Regjeringa sin klima- og miljøpolitikk bygger på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å legge miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla kan bli nådde. For omtale av regjeringa sine samla klima- og miljørelevante saker, sjå Klima- og miljødepartementet sin fagproposisjon.

Eit sikkert og seriøst arbeidsliv er eit av måla for ansvarsområda til Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Under dette blir òg sikkerheit i petroleumssektoren og annan industriverksemd til havs omtala. Dei same faktorane som førebygger personskadar og storulykker, vil ofte òg kunne bidra til å førebygge ulykker som kan medføre forureining knytta til petroleumsverksemda. Ulykker kan ramme både mennesker, miljø og materielle verdiar, og det er dei same førebyggingsmekanismane som kan hindre ulykker uavhengig av kva som kan bli ramma. Det er dei enkelte petroleumsselskapa som sjølve er ansvarlege for at krava til helse, miljø, sikkerheit og sikring blir følgt opp.

Førebygging av ulykker og uønska hendingar som kan føre til forureining frå petroleumsverksemda utgjer eit viktig bidrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til regjeringa sitt heilskaplege arbeid med klima og miljø. Hovudtyngda av Arbeids- og inkluderingsdepartementet sin klima- og miljøinnsats ligg på resultatområdet for forureining. Arbeidsmiljø- og sikkerheitsstyresmaktene fører tilsyn med at verksemdene følger opp sitt HMS-ansvar.

Petroleumsverksemda er strengt regulert når det gjeld helse, miljø, sikkerheit og sikring. I regelverket er det stilt krav til robust utforming av utstyr og anlegg, som mellom anna inneber krav til barrierar mot ulykker og uønskte hendingar som kan føre til akutt forureining. Det er dessutan stilt strenge krav til HMS-styring, for å sikre at tiltak for å førebygge og stanse ulykker er tilpassa den enkelte verksemda sin eigenart, stadlege forhold og operasjonelle føresetningar. Arbeidsmiljø- og sikkerheitsstyresmaktene sitt tilsyn med petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel og på enkelte landanlegg blir utført av Petroleumstilsynet. Petroleumstilsynet si oppfølging av sikkerheit medverkar til at aktørane set i verk effektive tiltak for å førebygge, avgrense og stanse ulykker, inkludert ulykker som kan medføre forureining til sjø, luft og til havbotnen. Dette bidreg til å bygge opp om dei nasjonale målsettingane i klima- og miljøpolitikken.

Rapport 2021

Petroleumstilsynet gir seinhaustes ut Risikonivå i norsk petroleumsverksemd, akutte utslepp (RNNP-AU). Gjennom dette arbeidet overvakar Petroleumstilsynet trendar for uønskte hendingar og ulykker i petroleumsverksemda som har, eller kunne ha, ført til akutt forureining. Dette arbeidet gir viktig informasjon for å kunne betre effekten av sikkerheitsarbeid og dermed kunne førebygge hendingar som kan gi akutt forureining på norsk sokkel.

Med bakgrunn i totalbiletet frå RNNP-rapportar kombinert med erfaringar frå tilsyn har Petroleumstilsynet dei siste åra retta merksemda si særleg mot tre område: Førebygging av brønnkontrollhendingar, førebygging av akutte utslepp av kjemikaliar og førebygging av akutt forureining frå innretningar på havbotnen. I 2021 blei desse prioriteringane lagt til grunn i Petroleumstilsynet si oppfølging av petroleumsselskapa, og i myndigheitssamarbeidet om tilsyn, regelverksutvikling og forvaltningsplan for norske havområder.

RNNP-AU 2021 per september viser så langt ingen tydeleg betring når det gjeld typar hendingar med potensial for forureining på norsk sokkel. Læring frå hendingar med potensial for forureining er viktig fordi det gir kunnskap om årsak til utslepp og om barrierar som har innverknad på førebygging av alle typar hendingar, både dei med potensial for personskadar og dei med potensial for forureining.

Utviklinga for indikatoren når det gjeld talet på hendingar med akutte råoljeutslepp viser ein positiv trend totalt sett i perioden 2005–2021. Den nedadgåande trenden viser likevel ei utflating med variasjon i siste halvdel av perioden. I 2021 var talet på akutte oljeutslepp på sitt høgaste sidan 2011. Det er for tidleg å seie om den negative utviklinga representerer ein trend.

For talet på tilløpshendingar med storulykkepotensial ser vi at det totalt sett er ein nedadgåande trend mellom 2005–2013. Denne utviklinga kan i hovudsak forklarast med nedgangen i hendingar med passerande skip på kollisjonskurs. Det er ei svak auke i denne type hendingar mellom 2013–2015. Etter 2015 har verdiane vore på eit jamt nivå.

Talet på hendingar med kjemikalieutslepp har variert rundt eit relativt stabilt nivå i perioden, men kan synast å ha ein aukande trend dei siste åra. Den årlege utsleppsmengda av kjemikaliar på norsk sokkel har også variert gjennom perioden frå 2005 til 2020. Der tala synte ei negativ utvikling i 2020, er det i 2021 ein markant reduskjon i utsleppsmengde. Akutte kjemikalieutslepp er framleis den dominerande typen utslepp i norsk petroleumsverksemd, både når det gjeld talet på utslepp og årlege utsleppsmengder.

Vidare arbeid

Petroleumstilsynet vil arbeide vidare med å utvikle og forvalte sikkerheitsregelverket slik at krav til teknologi, operasjonar og styring av verksemdene i petroleumssektoren underbygger nasjonale og regionale miljømål og klimapolitikken. Førebygging av akutt forureining er slik eit positivt miljøbidrag, som blir følgt opp i tilsyn, trepartsfora og i samarbeid med andre myndigheiter. Petroleumstilsynet vil òg føre vidare eit aktivt samarbeid med andre etatar i samband med utvikling og oppfølging av heilskaplege forvaltningsplanar for dei norske havområda.

14 Grunnbeløp, pensjon, trygd og stønader

Grunnbeløpet er ein faktor som blir nytta til å fastsette og berekne retten til og storleiken på mange ytingar etter folketrygdlova. Grunnbeløpet blir mellom anna nytta til å fastsette opptening av alderspensjon, til opptening og berekning av pensjonsytingane frå folketrygda, til fastsetting av inntektsgrenser for inntektsprøvde ytingar og til fastsetting av det maksimale sjukepengegrunnlaget ein kan nytte ved berekning av sjukepengar. Grunnbeløpet blir regulert kvart år frå 1. mai. Når grunnbeløpet blir regulert, blir dei ytingane, inntektsgrensene, grunnlaga m.m. som blir berekna ut frå grunnbeløpet, regulert tilsvarande.

Til grunn for den årlege reguleringa av grunnbeløpet ligg forventa lønnsvekst i reguleringsåret, justert for avvik mellom forventa og faktisk lønnsvekst dei siste to åra. Forventa lønnsvekst i reguleringsåret er lik overslaget for gjennomsnittleg årslønnsvekst i revidert nasjonalbudsjett. Faktisk lønnsvekst dei siste to åra er lik årslønnsveksten for lønnstakarar under eitt, som går fram av nasjonalrekneskapen som Statistisk sentralbyrå publiserer.

Frå 1. mai 2022 auka grunnbeløpet frå 106 399 kroner til 111 477 kroner. Dette er ein auke på 4,77 pst. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka med 4,84 pst. frå 2021 til 2022, frå 104 716 kroner til 109 784 kroner. Alle ytingar som blir regulerte i tråd med grunnbeløpet, fekk dei same prosentvise aukane.

Nye reglar for regulering av pensjon under utbetaling og satsar for minste pensjonsnivå og garantipensjon

Sidan innføringa av pensjonsreforma i 2011 har alderspensjon frå folketrygda vore regulert på ein annan måte enn dei andre ytingane frå folketrygda. Medan dei andre ytingane frå folketrygda blir regulert i takt med endringane i grunnbeløpet, har alderspensjon under utbetaling vore regulert med endringane i grunnbeløpet, redusert med ein fast faktor på 0,75 pst. Også ytingar under utbetaling frå ei rekke andre pensjons- og trygdeordningar har vore regulerte på denne måten.

Ved behandlinga av Representantforslag 53 S (2020–2021), jf. Innst. 221 S (2020–2021), fatta eit einstemmig Storting vedtak 622 om å endre reglane for regulering av pensjon under utbetaling. Endringa skulle gjelde frå 2022, og vedtaket har slik ordlyd:

«Stortinget ber regjeringen om å legge frem et lovforslag for Stortinget om å regulere løpende pensjoner med gjennomsnittet av lønns- og prisvekst, som får virkning fra 2022.»

Regjeringa fremma lovforslag i tråd med stortingsvedtaket 17. desember 2021, jf. Prop. 41 L (2021–2022) Endringer i folketrygdloven, lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (endret regulering av alderspensjon under utbetaling). Stortinget vedtok forslaget 22. mars 2022. Vedtaket inneber at alderspensjon under utbetaling frå folketrygda og ytingar frå ei rekke andre pensjons- og trygdeordningar frå og med 2022 skal regulerast med gjennomsnittet av lønns- og prisveksten.

Til grunn for den årlege reguleringa ligg forventa lønnsvekst i reguleringsåret, justert for avvik mellom forventa og faktisk lønnsvekst dei siste to åra. Forventa lønnsvekst i reguleringsåret er lik overslaget for gjennomsnittleg årslønnsvekst i revidert nasjonalbudsjett. Faktisk lønnsvekst dei siste to åra er lik til årslønnsveksten for lønnstakarar under eitt, som går fram av nasjonalrekneskapen som Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserer. Veksten i konsumprisane frå revidert nasjonalbudsjett blir lagt til grunn for årets prisvekst, og det blir korrigert for avvik i vurdert prisvekst og faktisk prisvekst i det føregåande året. Faktisk prisvekst for året før reguleringsåret blir fastsett av SSB. Det skal likevel ikkje korrigerast for avvik i prisveksten for 2021 i reguleringa av pensjon under utbetaling i 2022. Frå 2023 skal det skje slik korrigering.

Reguleringa omtalt over, gjeld òg for regulering av minste pensjonsnivå og garantipensjon, og dessutan andre lovfesta pensjonsytingar som i dag blir regulert på same måte som alderspensjon under utbetaling frå folketrygda, eller som viser direkte til reguleringsavgjerdene i folketrygda for slik pensjon. AFP i privat sektor blir regulert i tråd med dei gamle reglane.

Ved behandlinga av Prop. 41 L (2021–2022) våren 2022, blei det ikkje vedtatt noko særleg om korleis eit eventuelt avvik i anslått lønnsvekst for 2021 skulle påverka reguleringa av pensjonar under utbetaling i 2022. Det blei lagt til grunn at avvik i anslått lønnsvekst eitt og to år tilbake i tid skulle inngå i samla lønnsvekst (vekst i grunnbeløpet) og at denne igjen blei lagt til grunn for å berekna gjennomsnittet av lønns- og prisvekst.

I Prop. 41 L kjem det fram at det var uklart om ein annan prisvekst enn det som blei anslått ville påverka reguleringa i 2021, og i så fall i kva retning. Dette kom av at reguleringa av pensjonar i 2021 ikkje skulle vera høgare enn lønnsveksten. I tilfelle der prisveksten enda høgare enn lønnsveksten, ville prisveksten ikkje ha påverka reguleringa og det ville følgjeleg òg vera feil å korrigera for eit eventuelt avvik i prisveksten. Dersom, til dømes, prisveksten hadde enda marginalt høgare enn det den ende på, ville ikkje prisveksten ha påverka reguleringa i 2021 og det ville følgjeleg heller ikkje vore riktig å korrigera for endra anslag på prisveksten. Lønnsveksten for 2021 er framleis ikkje endeleg fastsett. Dersom lønnsveksten ender marginalt lågare enn det anslaget vi har, vil det òg vera slik at prisveksten ikkje ville ha påverka reguleringa i 2021, sjølv om prisveksten var kjent.

Av praktiske omsyn blei det derfor foreslått at det ikkje skulle korrigerast for avvik mellom anslått og faktisk prisvekst i 2021 i trygdeoppgjeret i 2022. Ved behandling av proposisjonen 17. mars 2022 slutta Stortinget seg til forslaget, og vedtok at ved regulering av alderspensjon under utbetaling 1. mai 2022 skal det ved utrekning av gjennomsnittet av lønns- og prisvekst ikkje blir korrigert for avvik mellom forventa og faktisk prisvekst året før reguleringsåret.

Dei nye reglane erstattar som nemnt dei gamle reglane for regulering av alderspensjon under utbetaling frå folketrygda, som blei innført frå 2011 som ein del av pensjonsreforma. Pensjonane blei etter dei gamle reglane regulerte med lønnsveksten og deretter fråtrekt ein fast faktor på 0,75 pst. Alderspensjon under utbetaling frå offentlege tenestepensjonsordningar og privat og offentleg AFP blei regulert tilsvarande. Regulering med gjennomsnitt av lønns- og prisvekst vil venta gi same resultat på lang sikt som regulering med lønnsvekst fråtrekt ein fast faktor på 0,75 pst. Satsane for minste pensjonsnivå og garantipensjon blei regulert med lønnsveksten og deretter justert for effekten av levealdersjusteringa.

Regulering av pensjon under utbetaling og satsar for minste pensjonsnivå og garantipensjon frå 1. mai 2022

Ved den årlege reguleringa skal ein som nemnt legga til grunn forventa lønnsvekst i reguleringsåret og justera for eventuelle avvik mellom forventa og faktisk lønnsvekst dei siste to åra. Veksten i konsumprisane frå revidert nasjonalbudsjett blir lagde til grunn for årets prisvekst.

Lønnsveksten i 2022 blei i revidert nasjonalbudsjett anslått til 3,7 pst. For lønnstakarar under eitt var årslønnsveksten 3,5 pst. i 2021, ifølgje førebelse tal frå nasjonalrekneskapen. Ved reguleringa i 2021 blei det lagt til grunn ein forventa lønnsvekst i 2021 på 2,4 pst. Det gjeld dermed eit positivt avvik eitt år tilbake i tid på 1,1 pst. som det skal takast omsyn til. Det gjeld ikkje avvik to år tilbake i tid.

Veksten i konsumprisane er anslått til 3,4 pst. i revidert nasjonalbudsjett. Det skal ikkje korrigerast for avvik i prisveksten for 2021 i reguleringa av pensjonar under utbetaling i 2022.

Drøftingane med pensjonistorganisasjonane, organisasjonane til dei funksjonshemma og arbeidstakarorganisasjonane blei halde 13. og 18. mai.

På bakgrunn av anslaga blei det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka frå 104 716 kroner i 2021 til 109 784 kroner i 2022. Nytt grunnbeløp frå 1. mai 2022 er 111 477 kroner. Gjennomsnittet av lønns- og prisvekst er på 4,12 pst. Det gir ein prosentvis auke i alderspensjon under utbetaling og satsane for minste pensjonsnivå og garantipensjon på 3,53 pst. frå 1. mai.

Pr. 1. mai 2022 utgjer satsane for minste pensjonsnivå i folketrygdlova § 19-8 173 025 kroner for låg sats, 200 257 kroner for ordinær sats, 2010 730 kroner for høg sats, 232 816 kroner for særskild sats i sjette ledd bokstav a og 328 009 kroner for særskild sats i sjette ledd bokstav b. Satsane er knytt opp til sivilstatus og storleiken på ektefellens inntekt og pensjon.

Følgjande pensjonsytingar blir fastsette i høve til grunnbeløpet:

Stønadsform

Utgjer i pst. av grunnbeløpet

1.

Full grunnpensjon til einsleg pensjonist, og til pensjonist med ektefelle som ikkje har rett til pensjon

100

2.

Full grunnpensjon til pensjonist med ektefelle/sambuar som og har rett til pensjon, eller som forsørgjer seg sjølv1

90

4.

Barnetillegg for kvart barn før inntektsprøving (gjeld uføretrygd)

40

5.

Barnepensjon

a) for 1. barn når ein av foreldra er død

40

b) for kvart av dei andre barna når ein av foreldra er død

25

c) for 1. barn når begge foreldra er døde: Same beløp som pensjon til etterlatne til den av foreldra som ville ha fått størst slik pensjon

d) for 2. barn når begge foreldra er døde

40

e) for kvart av dei andre barna når begge foreldra er døde

25

6.

Full overgangsstønad til etterlaten, ugift, skilt eller separert forsørgjar

225

7.

Særtillegg til ytingar i folketrygda

a) for einsleg pensjonist, pensjonist som forsørgjer ektefelle under 60 år (ordinær sats)

100

b) for ektepar der begge har minstepensjon (100 pst. for kvar), og for pensjonist som forsørgjer ektefelle over 60 år

200

c) for pensjonist som har ektefelle med tilleggspensjon som er høgare enn særtillegget etter ordinær sats

74

1 Ektefelle/sambuar som har årleg inntekt større enn to gonger grunnbeløpet blir rekna som sjølvforsørgjande.

For alderspensjonistar svarar fullt tillegg for ektefelle til 25 pst. av minste pensjonsnivå med høg sats, medan barnetillegg svarar til 20 pst.

Andre stønader som Stortinget fastset1:

Satsane for grunn- og hjelpestønad blir normalt prisjusterte med forventa konsumprisvekst. Satsane har dei siste åra vore underjusterte eller ikkje vore justerte i tråd med konsumprisindeksen. Frå 2022 til 2023 foreslår departementet at satsane for grunn- og hjelpestønad blir justerte i tråd med konsumprisindeksen.

Type stønad

2022

2023

1a.

Grunnstønad for ekstrautgifter grunna varig sjukdom, skade eller lyte etter folketrygdlova § 6-3 (lågaste sats)

8 232

8 462

1b.

Ved ekstrautgifter utover lågaste sats, kan grunnstønad bli auka til

12 564

12 916

1c.

eller til

16 464

16 925

1d.

eller til

24 252

24 931

1e.

eller til

32 868

33 788

1f.

eller til

41 052

42 201

-

2a-2.

Hjelpestønad etter folketrygdlova § 6-4 til dei som må ha særskilt tilsyn og pleie grunna varig sjukdom, skade eller lyte

14 748

15 161

2b.

Høgare hjelpestønad etter folketrygdlova § 6-5 til barn under 18 år som må ha særskilt tilsyn og pleie

29 496

30 322

2c.

eller til

58 992

60 644

2d.

eller til

88 488

90 966

3.

Behovsprøvd gravferdsstønad opptil

26 011

26 999

4.

Stønad til barnetilsyn etter lova §§15-10 og 17-92

for første barn

51 000

52 428

for to barn

66 540

68 400

for tre og fleire barn

75 408

77 520

1 Satsane under punkt 1, 2 og 4 er årlege beløp for ytingane.

2 Beløpa i tabellen er maksimale refusjonssatsar. Stønaden er inntektsprøvd.

15 Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder – STAMI

Finansdepartementet har i samråd med aktuelle departement etablert nye prosedyrar for rapportering av nettobudsjetterte verksemder sine kontantbehaldningar per 31. desember med verknad frå statsrekneskapen for 2010. Det blei i samband med budsjettproposisjonen for 2011 utarbeidd tre standardtabellar med nøkkeltal:

Utgifter og inntekter etter art: Føremålet med tabellen er å vise verksemda sine brutto utgifter og inntekter ut frå kontantprinsippet og med inndeling etter art ut frå dei same prinsippa som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene (i heile kroner)

Utgifter/inntekter

Rekneskap 2019

Rekneskap 2020

Rekneskap 2021

Budsjett 2022

1. Utgifter

Driftsutgifter:

Utgifter til lønn

87 551 047

95 128 404

101 645 148

102 800 000

Varer og tenester

44 497 542

44 417 093

42 990 773

68 908 227

Sum driftsutgifter

132 048 590

139 545 497

144 635 921

171 708 227

Investeringsutgifter:

Investeringar, større anskaffingar og vedlikehald

10 322 540

12 737 552

14 306 957

13 762 000

Sum investeringsutgifter

10 322 540

12 737 552

14 306 957

13 762 000

Sum utgifter

142 371 129

152 283 049

158 942 878

185 470 227

2. Inntekter

Driftsinntekter:

Inntekter frå sal av varer og tenester

5 662 005

2 840 361

3 917 546

3 750 000

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar1

0

0

0

0

Andre driftsinntekter

0

0

0

0

Sum driftsinntekter

5 662 005

2 840 361

3 917 546

3 750 000

Overføringar til verksemda:

Inntekter frå statlege løyvingar

152 925 000

151 712 000

162 533 000

160 012 000

Andre innbetalingar

10 073 540

20 955 418

16 791 375

21 708 227

Sum overføringsinntekter

162 998 540

172 667 418

179 324 375

181 720 227

Sum inntekter

168 660 545

175 507 778

183 241 921

185 470 227

3. Nettoendring i kontantbehaldninga (2–1)

26 289 416

23 224 729

24 299 044

0

1 Frå 2015 blei refusjonar knytta til foreldrepengar og sjukepengar mv. rekneskapsførte som reduksjon i utgifter til lønn. I tabellen ovanfor er refusjonar presenterte i utgift til lønn som brutto inntekt.

Inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemdene har fleire inntektskjelder, og føremålet med tabell 2 er å gi ei oversikt over dei ulike inntektskjeldene (i heile kroner)

Inntektskjelde

Rekneskap 2019

Rekneskap 2020

Rekneskap 2021

Budsjett 2022

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget:

Løyvingar frå fagdepartementet

152 925 000

151 712 000

162 533 000

160 012 000

Løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan

3 635 685

7 232 474

1 400 000

936 000

Løyving frå Forskingsrådet

1 645 501

4 083 004

4 038 653

5 271 421

Sum løyvingar

158 206 186

163 027 477

167 971 653

166 219 421

Offentlege og private bidrag:

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

356 000

50 000

50 000

466 666

Bidrag frå private

4 436 354

4 860 823

9 208 004

7 783 500

Løyvingar frå internasjonale organisasjonar

0

4 729 117

2 094 718

7 250 640

Sum bidrag

4 792 354

9 639 940

11 352 722

15 500 806

Oppdragsinntekter:

Oppdrag frå statlege verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Andre inntekter (kursinntekter, laboratorieinntekter)

5 662 005

2 840 361

3 917 546

3 750 000

Sum oppdragsinntekter

5 662 005

2 840 361

3 917 546

3 750 000

Sum inntekter

168 660 545

175 507 777

183 241 921

185 470 227

Andre inntekter enn basisløyvinga er i hovudsak forskingsbidrag. Inntektskjeldene er i all hovudsak offentlege midlar frå andre finansieringskjelder, hovudsakleg Forskingsrådet og andre forskingsfond.

Verksemda si kontantbehaldning per 31. desember i perioden 2018–2020 med spesifikasjon av føremålet kontantbehaldninga skal nyttast til (i heile kroner)

Balanse 31. desember

2019

2020

2021

Endring 2020–2021

Kontantbehaldning:

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

93 834 068

117 058 797

141 357 840

24 299 044

Behaldning på andre bankkonti, andre kontantbehaldningar og kontantekvivalentar

0

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

0

0

0

0

Sum kontantbehaldning

93 834 068

117 058 797

141 357 840

24 299 044

Avsetningar til dekking av kostnader med forfall i neste budsjettår:

Feriepengar mv.

7 389 666

8 418 448

8 922 050

503 602

Skattetrekk og offentlege avgifter

6 553 688

6 916 944

8 141 243

1 224 299

Gjeld til leverandørar

6 171 068

5 592 346

6 611 805

1 019 459

Gjeld til oppdragsgivarar

0

0

0

0

Anna gjeld med forfall i neste budsjettår

2 330 146

1 914 749

-2 258 286

-4 173 035

Sum til dekking av kostnader med forfall i neste budsjettår

22 444 569

22 842 487

21 416 812

-1 425 675

Avsetningar til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår:

Prosjekt finansiert av Forskingsrådet mv.

6 340 261

16 693 500

22 907 483

6 213 983

Større starta, fleirårige investeringsprosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartement

4 235 740

4 235 741

4 235 741

0

Konkrete oppstarta, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå fagdepartement

53 813 498

66 287 069

84 397 805

18 110 736

Andre avsetningar til vedtekne, ikkje igangsette føremål

0

0

0

0

Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

64 389 499

87 216 310

111 541 029

24 324 719

Andre avsetningar:

Avsetningar til andre føremål/ikkje spesifiserte føremål

7 000 000

7 000 000

8 400 000

1 400 000

Fri verksemdkapital

0

0

0

0

Sum andre avsetningar

7 000 000

7 000 000

8 400 000

1 400 000

Langsiktige forpliktingar (netto):

Langsiktige forpliktingar knytt til anleggsmiddel

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

93 834 068

117 058 797

141 357 841

24 299 044

Utanom avsetningar til arbeidsgivaravgift, feriepengar og arbeidsgivar sine pensjonsinnskot, inneheld kontantbehaldninga konkrete utgiftsforpliktingar i form av forskotsinnbetalte forskingsbidrag i dei enkelte prosjekta. Kontantbehaldninga inneheld óg delar av tidlegare års løyving som i framtidige år vil gå med til å skaffe vitskapeleg utstyr i tillegg til dekking av periodevise høgare kostnader.

Til forsiden