Del 3
Omtale av særlege tema
5 Forsking og utvikling
Kunnskap frå forsking er naudsynt for å utvikle effektiv og treffsikker politikk. Budsjettmidlane departementet har til forsking og utvikling, skal nyttast slik at dei best mogleg varetek BFD sitt sektoransvar for forsking. Sektoransvaret til departementet er mellom anna levekåra for barnefamiliar, sårbare familiar, barn og unge og vald og overgrep. Ansvarsområdet til departementet er òg forbrukarpolitikken, lovverk og tilskotsordningar på trus- og livssynsfeltet, gravplassektoren og Opplysningsvesenets fond (Ovf).
Eit godt kunnskapsgrunnlag skal bidra til at departementet utviklar effektive og treffsikre tiltak og tenester slik at barn, unge og familiar som har behov for det, kan få den hjelpa dei treng til å leve gode liv. Kunnskapsgrunnlaget skal vere til hjelp for å gi barn og unge ein best mogleg start på livet, slik at barn, så langt råd er, får like moglegheiter til å utvikle seg og delta i samfunnet. Innanfor forbrukarsektoren gir kunnskap om utfordringane norske forbrukarar møter, eit grunnlag for utforminga av forbrukarpolitikken. Målet er at forskinga skal gi god informasjon om prioriterte saker og bidra til kunnskap om tema som er forbrukarpolitisk aktuelle. På trus- og livssynsfeltet følgjer ein med på verknadene av lovgivinga som tok til å gjelde i 2021, for å sjå om ho verkar i tråd med føremåla.
Regjeringa legg fram ein ny langtidsplan samstundes med Prop. 1 S (2022–2023): Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning (2023–2032). Det er høg grad av kontinuitet i måla og prioriteringane frå den førre planen til den nye, men òg nokre viktige endringar for å løfte fram berekraft, helse, samfunnssikkerheit og tillit. Dei tre måla er:
styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne
miljømessig, sosial og økonomisk berekraft
høg kvalitet og tilgjenge i forsking og høgare utdanning
I tillegg til måla har regjeringa seks prioriterte område:
hav og kyst
helse
klima, miljø og energi
mogleggjerande og industrielle teknologiar
samfunnssikkerheit og beredskap
tillit og fellesskap
Planen lanserer samfunnsoppdrag som eit nytt verkemiddel for å finne løysingar på definerte problem innan ei viss tidsramme. Samfunnsoppdraga tek utgangspunkt i område som har høg prioritet for regjeringa og der forskingsbasert kunnskap og kompetanse er naudsynt for å nå målet. Nærare omtale av den nye planen er å finne i del III, kap. 5 i Prop. 1 S (2022–2023) for Kunnskapsdepartementet. Eitt av samfunnsoppdraga har som mål om å inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv. Ungt utanforskap er ein samfunnsutfordring. For å møte utfordringa er det naudsynt med ein samla og koordinert innsats der kunnskapen tas i bruk for å skape endring. Eit tett samarbeid mellom forsking, høgare utdanning og tenester som møter barn og unge som har det vanskeleg, er avgjerande for at dei skal få ein god oppvekst og eit godt liv. Føremålet med samfunnsoppdraget er å redusere delen unge som står utanfor utdanning, samfunns- og arbeidsliv gjennom ein målretta innsats på tvers av sektorar. Innrettinga av samfunnsoppdraget vil utviklast i ein design- og implementeringsfase.
Departementet har utarbeidd ein ny forskingsstrategi for perioden 2022–2026. Strategien tek utgangspunkt i fleire identifiserte utfordringar: Forskingsmiljøa på områda er små og fragmenterte, datagrunnlaget er relativt sett svakt, og det er for lite internasjonalt forskingssamarbeid. I tillegg er mykje av forskinga prega av einskildståande problemstillingar innanfor ein sektor, noko som gjer at vi kan gå glipp av verdifulle svar og løysingar som gjeld på tvers av sektorar. Hovudmålet til strategien er at arbeidet til BFD med forsking skal bidra til heilskapleg og langsiktig kunnskapsutvikling for utforminga av politikk, tenester og lovverk. Strategien inneheld følgjande delmål:
sterke forskingsmiljø innanfor områda til departementet som sikrar god kapasitet og kompetanse
eit relevant, godt og tilgjengeleg kunnskapsgrunnlag
eit tilgjengeleg datagrunnlag som held god kvalitet, og som legg til rette for god forsking
internasjonalt samarbeid om forsking og kunnskapsutvikling
Vidare inneheld strategien tiltak innretta mot delmåla, i tillegg til ein særskild omtale av dei viktigaste aktørane for forsking og utvikling av kunnskapsgrunnlaget for områda til BFD. Ved utgangen av strategiperioden er ambisjonen at kunnskapsutviklinga på områda til departementet skal ha sterkare fagmiljø, betre datagrunnlag og meir internasjonalt forskingssamarbeid enn ved oppstarten i 2022. Dette er langsiktig arbeid, som òg vil halde fram etter 2026.
Ei vellukka forbetring av politikk og tenester retta mot utsette barn og unge er avhengig av eit velfungerande kunnskapssystem på tvers av sektorar. Kunnskapssystemet må, i tillegg til å utvikle ny og naudsynt kunnskap, sørgje for at kunnskapen blir teken i bruk, og at det bidreg til utvikling av meir effektive tiltak. Det er behov for eit kunnskapsgrunnlag som gir betre, meir kunnskapsbaserte utdanningar, meir treffsikre tenester og tiltak og betre føresetnader for god politikkutvikling. BarnUnge21-strategien fann at forskinga om utsette barn og unge ofte blir utført av små og fragmenterte forskingsmiljø, ho er underfinansiert, sektorisert og kortsiktig. Strategien peiker på behovet for solid og framtidsretta kunnskapsutvikling om kva som sikrar barn og unge tryggleik, inkludering og utvikling. Strategien understrekar behovet for betre tilgang til, bruk og kopling av data som grunnlag for solide og forskingsbaserte analysar om livet til barn og unge og deira samansette behov. I samarbeid med fleire departement føreslår BFD at det blir etablert eit forskings- og innovasjonsprogram om utsette barn og unge i 2023. Ei samla satsing om utsette barn og unge skal gi forsking som dekkjer feltet og bidreg til å løyse utfordringar på tvers av sektorar. Programmet skal handterast av Noregs Forskingsråd. Sjå òg omtale av BarnUnge21 under programkategori 11.10, Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet og Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet.
Eit berekraftig velferdssamfunn er avhengig av at tilgjengelege ressursar blir brukte mest mogleg effektivt. For å kunne sikre dette må ressursane nyttast slik at gevinstane blir størst mogleg. Det krev at vi kjenner verknadene av tiltaka retta mot barn, unge og familiar. Departementet styrkte i 2020 forskingsinnsatsen på effekten av førebyggjande arbeid, tiltak og tenester retta mot barn, unge og familiar. Midlane er forvalta av Noregs forskingsråd. Utlysinga i 2022 etterspurde særskilt forsking om førebyggjande arbeid, tiltak og heilskapleg tenestetilbod retta mot barn, unge og familiar. Prosjekta som får innvilga midlar, vil ha eit fleirårig perspektiv. Innsatsen held fram i 2023 og vil inngå i det nye forskings- og innovasjonsprogrammet.
I 2022 blei det løyvd midlar til forsking om vald og overgrep, særleg effektforsking, med søknadsfrist hausten 2022. Midlane er forvalta av Noregs forskingsråd og inngår i ei felles utlysing om tiltak for å førebyggje vald, overgrep og hatkriminalitet. Vidare blei det løyvd midlar med søknadsfrist hausten 2022 til samarbeidsprosjekt for implementering av kunnskapsbaserte tiltak for barn, unge og familiar.
Noregs forskingsråd er eit viktig verkemiddel for å nå dei forskingspolitiske måla til regjeringa. Regjeringa har fastsett fem mål for Forskingsrådet. Måla er:
auka vitskapleg kvalitet
auka verdiskaping i næringslivet
å møte store samfunnsutfordringar
eit velfungerande forskingssystem
god rådgiving
Måla er felles for alle departementa. Kunnskapsdepartementet har i samarbeid med departementa og Forskingsrådet utarbeidd eit system for departementa si styring av Forskingsrådet. Den samla måloppnåinga for verksemda og økonomisituasjonen i Forskingsrådet er omtalt i Kunnskapsdepartementet sin budsjettproposisjon for 2023.
BFD har gjennom ei årrekkje tildelt midlar til to budsjettføremål i regi av Forskingsrådet: Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester (HELSEVEL) og Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM I og II). Frå 2023 vil tildelinga frå BFD til Forskingsrådet samlast på éin budsjettpost, sjå postomtale for kap. 800, post 50, under programkategori 11.00.
Midlane frå BFD til Forskingsrådet har gjort det mogleg med tverrsektoriell forsking som er viktig for å utvikle kunnskapsgrunnlaget når det gjeld barn og familieliv, og forsking på velferdstenestene. Til dømes fekk Universitetet i Oslo (UiO) i 2022 midlar til eit prosjekt om korleis kompetansen til sakkunnige påverkar tilgangen på lovfesta rettar og velferdstenester i barnevernssaker. Prosjektet er tverrfagleg med både psykologi og rettsvitskap og skal vere ferdig i 2026.
BFD gir vidare midlar til forsking som Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) forvaltar. Bufdir har i 2021 og 2022 arbeidd med å lage ein langsiktig plan for forsking, evaluering og utvikling av kunnskapsgrunnlaget på alle områda til direktoratet som skal vere gjeldande frå 2023. Den langsiktige planen skal erstatte den tidlegare kunnskapsstrategien til Bufdir. Planen skal saman med den nye forskingsstrategien til BFD vere eit godt fundament for den felles, langsiktige utviklinga av kunnskapsgrunnlaget.
Bufdir har arbeidd for større og meir langvarige forskingsprosjekt. I 2022 har Bufdir sett i gang ein forskingsinnsats med mange delprosjekt, der føremålet er å utvikle likeverdige og verksame tiltak mot vald og diskriminering mot fleire grupper i samfunnet.
Bufdir har halde fram arbeidet med å utvikle indikatorar på fagfelta sine og gjere statistikk tilgjengeleg på ein brukarvennleg måte, til dømes gjennom kommunemonitorar for barnefattigdom og barnevern. Indikatorane skal gi kommunar, forskingsmiljø og andre interesserte eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag, til dømes for politiske avgjerder og utvikling av tenester. Arbeidet vil også rette merksemd mot bruk av registerbaserte data til bruk i forsking og utvikling av barnevernet. Eit anna døme på kunnskapsbasert arbeid i Bufdir er bruk av kunnskapsoppsummeringar frå Folkehelseinstituttet som samanfattar og kvalitetssikrar forskinga. Bufdir nyttar mellom anna kunnskapsoppsummeringane til å lage kunnskapsbaserte retningslinjer og råd til bruk i tenestene dei har ansvar for.
Vidare gir Bufdir driftsmidlar til Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU). Senteret arbeider for at barn og unge med alvorlege åtferdsvanskar, familiane deira og skular skal få hjelp som er forskingsbasert, relevant og individuelt tilpassa. Bufdir gir òg midlar til NUBU som, i samarbeid med RBUP Øst og Sør og RKBU Vest, utviklar ein grunnmodell for hjelpetiltak. Grunnmodellen skal gi grunnlag for ei heilskapleg tilnærming til hjelpetiltaksarbeidet i kommunalt barnevern.
På vegner av departementet forvaltar Bufdir òg midlar til andre kunnskaps- og kompetansemiljø der desse bidreg til kunnskapsutvikling på relevante område for departementet. Døme på dette er dei fire regionale kunnskapssentera for barn og unge si psykiske helse og barnevern (RKBU/RBUP), som har forskingsaktivitetar og driv tenestestøtte, formidling og kompetanseheving. Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) er òg mottakar av midlar. Senteret skal bidra til å auke kunnskapen og styrkje kompetansen om menneske som har vore utsette for vald og overgrep.
Dei regionale ressurssentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) får midlar til valdsførebyggjande arbeid retta mot kommunane. I tillegg får dei tilskot til å gjennomføre kompetansehevingstiltak for tilsette i krisesentera og tilsette i sentera mot incest og seksuelle overgrep / Nok.-sentera.
BFD har òg eit ansvar for forsking og utvikling i forbrukarsektoren. Målet er å ha solid kunnskap om utfordringane norske forbrukarar møter, som eit grunnlag for utforminga av forbrukarpolitikken. For å skaffe betre oversikt over all relevant forsking på forbrukarområdet gav BFD Forskingsrådet i 2021 i oppgåve å innhente ei kunnskapsoppsummering. Departementet fekk kunnskapsoppsummeringa i desember 2021. Rapporten peiker på at Forbruksforskningsinstituttet SIFO ved OsloMet (heretter SIFO) er det einaste forskingsmiljøet med stor fagleg breidd på forbrukarområdet. BFD har mellom anna nytta kunnskapsoppsummeringa i ei vurdering av korleis forskingsmidlane på forbrukarområdet skal bli nytta framover. BFD legg opp til at SIFO òg i framtida skal ha ei sentral rolle i forbruksforskinga og få tildelt midlar frå BFD til konkrete forvaltingsrelaterte forskingsoppgåver. Målet med oppdraga er å kaste lys over sentrale problemstillingar i prioriterte saker og bidra til kunnskap om forbrukarpolitiske aktuelle tema. BFD hentar òg inn kunnskap om forbruk og forbrukarutfordringar frå Forbrukarrådet, Forbrukartilsynet, EU-kommisjonen og Statistisk sentralbyrå. Etter at Forbrukartilsynet har fått fleire forvaltingsoppgåver, har dei òg fått eit ansvar for kunnskapsgrunnlaget i sektoren. Dette inneber at Forbrukartilsynet i 2022 skal samle inn data om klagestatistikk.
Lov om trus- og livssynssamfunn tok til å gjelde 1. januar 2021. Det er behov for å sjå til at lovgivinga verkar i tråd med føremåla. I samband med dette ser departementet òg at det er behov for å vidareutvikle og forbetre den digitale løysinga der trus- og livssynssamfunn sender inn krav om tilskot, slik at informasjon frå denne kan inngå i kunnskapsgrunnlaget for politikken. I gravplassektoren er det behov for meir kunnskap om korleis sektoren legg til rette for dei behova trus- og livssynsminoritetar har.
Norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking gir tilgang til ny kunnskap, teknologi, nettverk, marknader og infrastruktur. I 2021 starta programmet Horisont Europa (2021–2027). Programmet har tre hovudområde: 1) framifrå forsking, 2) globale utfordringar og eit konkurransedyktig europeisk næringsliv og 3) open innovasjon. I tillegg kjem ein tverrgåande del: breiare deltaking og styrking av det europeiske forskingsområdet. Programmet er nærare omtalt i Prop. 1 S (2022–2023) for Kunnskapsdepartementet.
6 Oppfølging av krava i likestillings- og diskrimineringslova om å gjere greie for likestilling
Barne- og familiedepartementet (BFD) har ansvar for ei rekkje område som er viktige for likestilling. Desse omfattar mellom anna stønadsordningar retta mot barnefamiliane, foreldrepengar ved fødsel, kontantstøtte og barnetrygd og tiltak for å fremje deltaking og inkludering for alle barn og unge. Departementet forvaltar òg lovverk som påverkar likestillinga. Dette gjeld mellom anna barnelova, ekteskapslova og krisesenterlova. Arbeidet mot vald i nære relasjonar er òg ein viktig del av innsatsen for å fremje likestilling.
Departementet ser det som viktig at likestillingspolitikken i størst mogleg grad blir gjennomført innanfor den einskilde sektoren, i ordinære system og i ordinære tiltak. Denne politikken følgjer òg av internasjonale føringar som Noreg har slutta seg til. Målet er å fremje likeverdige offentlege tenester på alle område departementet har ansvar for.
Arbeidet departementet gjer for å fremje likestilling og hindre diskriminering som offentleg styresmakt, blir mellom anna følgt opp i nasjonale handlingsplanar og strategiar på dei fagfelta departementet har ansvar for. Både departementet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) arbeider med å skaffe til vegar kunnskap om likestilling og ikkje-diskriminering på fagområda sine gjennom FoU-oppdrag, statistikkutvikling og undersøkingar blant organisasjonar, kommunar og brukarar av tenestene på områda.
Bufdir har på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet òg eit sektorovergripande ansvar for oppfølging av aktivitets- og utgreiingsplikta på likestillingsområdet og skal vere ein rollemodell for alle arbeidsgivarar og offentlege styresmakter.
BFD har òg arbeidd for å auke talet på nytilsette i staten med nedsett funksjonsevne eller «hòl i CV-en». Desse føringane er vidareformidla til verksemdene som rapporterte i årsrapporten for 2021 om korleis dei har innretta rekrutteringsarbeidet med sikte på dette.
Departementet sitt arbeid for å fremje likestilling både som arbeidsgivar og som styresmakt vil halde fram i 2023.
6.1 Familie- og oppvekstområdet
Departementet arbeider med ei ny barnelov, jf. forslag i NOU 2020: 14 Ny barnelov. Sjå omtale av dette under programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Utvalet som la fram tilrådinga, skulle mellom anna vurdere kva utforminga av systemet for barnebidrag har å seie for likestilt foreldreskap, og med utgangspunkt i det som er best for barna, vurdere korleis foreldre kan bli sikra like rettar som omsorgspersonar. Det blei peikt på at det er viktig at regelverket oppmuntrar til omsorg frå begge foreldra.
Vald i nære relasjonar og valdtekt er eit alvorleg likestillingsproblem. Både kvinner og menn kan bli utsette for vald i nære relasjonar, men langt fleire kvinner enn menn er utsette for alvorleg vald frå partnaren. Valdtekt rammar særleg kvinner. Tal frå krisesenterstatistikken viser at det fyrst og fremst er kvinner og barn som bur på krisesentera. I 2021 budde 1 688 vaksne på krisesentera. Av dei var 137 menn. I tillegg budde det 1 258 barn på sentera. 65 prosent av bebuarane hadde innvandrarbakgrunn.
Ein del krisesenter manglar universell utforming og tilpassing til personar med funksjonsnedsetjing. Bufdir forvaltar tilskot til utviklingsprosjekt for å styrkje krisesentertilbodet til særleg utsette grupper. Dette tilskotet kan kommunane søkje på. Alle som renoverer eller byggjer nye senter, skal dessutan sørgje for at sentera er utforma slik at dei er tilgjengelege for alle.
Bufdir førte i 2021 vidare ein kampanje i samband med covid-19 som dreidde seg om at dersom ein ikkje er trygg, så gjeld ikkje rådet om å halde seg mest mogleg heime. Det er utarbeidd informasjon på mange språk om at krisesentera er opne og trygge å bruke.
Det blei i 2021 løyvd midlar til etablering av eit nasjonalt samisk kompetansesenter for familievernet, barnevernet og krisesentertilbodet (NASAK). Dette vil bidra til eit meir likeverdig tenestetilbod til samiske barn og familiar, og til å styrkje tilliten til hjelpeapparatet i den samiske befolkninga. Sjå omtale av NASAK i 11.10 Familie og oppvekst.
I budsjettet for 2022 blei innsatsen mot vald og overgrep styrkt, og regjeringa har sett i gang arbeidet med ein ny opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar.
Erfaringane frå pandemien kan komme til å prege livet til ein heil generasjon barn og unge på ulikt vis. Det er behov for meir kunnskap om konsekvensar av pandemien, og det er viktig å ha god forsking som seier noko om effektane. Bufdir har gitt tilsegn om 24 mill. kroner over fire år til NOVA ved OsloMet til eit forskingsprosjekt som skal gi ny kunnskap og føreslå tiltak som kan dempe eller snu negative verknader av pandemien for oppvekstvilkåra til barn og unge og likestilling i familie og arbeidsliv for sårbare grupper i samfunnet.
6.2 Barnevernsområdet
Barn og unge i Noreg som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, skal få hjelp og støtte uavhengig av faktorar som kjønn, religion, landbakgrunn og opphaldsstatus, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk og kvar i landet dei bur.
Tal frå barnevernsstatistikken til Statistisk sentralbyrå for 2021 viser at det var fleire gutar enn jenter som tok imot tiltak frå barnevernet. Gjennom heile 2021 var det rundt 54 prosent gutar og 46 prosent jenter som fekk barnevernstiltak. Kjønnsfordelinga har vore stabil dei siste åra.
Det var ikkje veldig store kjønnsforskjellar i 2021 når det gjaldt talet på plasseringar i fosterheimar og barnevernsinstitusjonar eller i bruken av fleire typar hjelpetiltak. Det var ein tendens til at fleire gutar enn jenter budde i statlege familieheimar og fleire jenter enn gutar budde i beredskapsheimar utanfor familie og nære nettverk. Vidare hadde gutar oftare enn jenter hjelpetiltaka bustad med oppfølging, utdanning/arbeid, økonomisk hjelp og støttekontakt. Det var òg fleire gutar enn jenter som fekk tiltak for å styrkje utviklinga si, og der foreldra fekk tiltak for å styrkje foreldreferdigheiter, til dømes Parent Management Training – Oregon (PMTO).
Blant dei tilsette i barnevernet (kommunale barnevernstenester og institusjonar) er fleirtalet kvinner. Delen menn har i perioden frå 2008 til 2021 vore om lag ein fjerdedel, men med ein liten nedgåande trend dei siste åra. Delen tilsette i barnevernet med innvandrarbakgrunn har auka jamt dei siste åra, frå 4,7 prosent i 2008 til 8,9 prosent i fjerde kvartal 2021. Endringa dei tre siste åra har vore lita. Blant tilsette i barnevernet med innvandrarbakgrunn i 2021 var 46,5 prosent menn.
I utviklinga av barnevernstiltaka tek departementet og Bufdir omsyn til tilrettelegging for gutar og jenter der det er behov for det. For barnevernsinstitusjonane gjeld dette til dømes i arbeidet med internkontroll, kvalitetsarbeid og utviklinga av behandlingsmetodar.
Stortinget har ved handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) slutta seg til forslaget til ny barnevernslov, og lova tek til å gjelde frå 1. januar 2023. I lova er det fleire endringar som vil føre til meir likestilling. Den nye lova skal auke kvaliteten i tilbodet frå barnevernet og styrkje rettstryggleiken til barn og familiar. Lova har mellom anna ei ny overordna føresegn om at barnevernet skal ta omsyn til den etniske, kulturelle, språklege og religiøse bakgrunnen til barnet på alle stadia av ei barnevernssak. Endringa skal gjere barnevernstenestene meir medvitne og føre til betre barnevernsfaglege vurderingar og meir riktige avgjerder til det beste for barnet. Fleire av endringane i lova legg òg til rette for at barnevernet involverer begge foreldra i tilfelle der barnet veks opp i to heimar.
I Prop. 100 L (2020–2021) blei det føreslått fleire lovendringar som skal styrkje oppfølginga av utsette barn og unge og familiane deira, gjennom auka samarbeid mellom velferdstenestene. Det var mellom anna føreslått ein rett til barnekoordinator for familiar som ventar barn eller har barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og samansette eller koordinerte tenester. Lova tok til å gjelde 1. august 2022.
6.3 Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn
Målet for trus- og livssynspolitikken er å leggje til rette for at trus- og livssynsfridommen kan utøvast i praksis gjennom ein aktivt støttande trus- og livssynspolitikk. Målet har utspring i Grunnlova § 16, som mellom anna slår fast at alle har rett til fri religionsutøving, at Den norske kyrkja skal bli verande Noregs folkekyrkje, og at alle trus- og livssynssamfunn skal støttast på lik linje.
Kravet om at alle trus- og livssynssamfunn skal støttast på lik linje, må oppfattast som eit forbod mot diskriminering, både mellom Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn og mellom dei andre trus- og livssynssamfunna. Dette inneber at staten må oppfylle nokre grunnleggjande krav til likebehandling av ulike trus- og livssynssamfunn. Samstundes vil ei eventuell forskjellsbehandling som «forfølger lovlege formål og har en objektiv og rimelig begrunnelse», vere i samsvar med grunnlovsføresegna. I Prop. 130 L (2018–2019) gjer departementet nærare greie for korleis prinsippet om likebehandling i Grunnlova § 16 er å forstå.
Lov om trus- og livssynssamfunn (trussamfunnslova) gjeld for både Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn. Lova slår fast at alle registrerte trus- og livssynssamfunn skal få økonomisk støtte frå staten som om lag summerer seg til ein lik sum per medlem. Lova tydeleggjer òg grunnlaget for i somme tilfelle å kunne nekte eller trekkje tilbake tilskot. Brot på lovfesta diskrimineringsforbod er eit slikt grunnlag. Det same gjeld om trus- eller livssynssamfunn oppmodar til, eller gir støtte til, brot på diskrimineringsforbod. Om eit trus- eller livssynssamfunn forskjellsbehandlar til dømes homofile eller kvinner og det er grunngitt i den teologiske forankringa eller religiøse læra til trussamfunnet, kan det likevel vere lovleg, jf. likestillings- og diskrimineringslova § 9. Sjå nedanfor om krav til rapportering om slik praksis.
Trussamfunnslova stiller fleire og meir konkrete krav til rapportering enn det tidlegare lovgiving gjorde. Mellom anna blir det stilt krav om at årsrapporten skal gjere greie for tilstand og tiltak når det gjeld kjønnslikestilling i trus- eller livssynssamfunnet, i samsvar med likestillings- og diskrimineringslova § 26 a, og for eventuell forskjellsbehandling når det gjeld tilgang til aktivitetar, styrande organ, verv og stillingar. I forskrift til trussamfunnslova er dette konkretisert ved at samfunna skal gjere greie for den faktiske tilstanden når det gjeld kjønnslikestilling, inkludert kjønnsfordelinga i dei styrande organa i samfunnet. Samfunna skal òg gjere greie for tiltak som er sette i verk og er planlagde sette i verk for å fremje kjønnslikestilling, avgrensingar samfunnet har eller praktiserer når det gjeld tilgang til eigne aktivitetar, styrande organ, verv eller stillingar som har samanheng med eit eller fleire diskrimineringsgrunnlag, og segregerte aktivitetar eller tilbod i samfunnet.
Dei seinare åra har det vore retta meir merksemd mot kvinnerepresentasjon i styre og råd i trussamfunna. Norges Kristne Råd (NKR) har undersøkt kvinnerepresentasjonen i styrande organ i 185 av 300 pinsemeinigheiter i 2017 og i lokale meinigheiter i dei andre landsdekkjande medlemssamfunna i 2018. I tillegg gjennomførte NKR på oppdrag frå Barne- og familiedepartementet ei undersøking blant NKRs 24 medlemssamfunn og blant Syvende Dags Adventistene som har observatørstatus. Undersøkinga blei gjennomført hausten 2021 og såg mellom anna på styringsstrukturen og kjønnsfordelinga i organet som stod oppført som forvaltar av statstilskotet. Muslimsk Dialognettverk har òg teke initiativ til å få gjennomført ei omfattande undersøking av deltakinga til kvinner i drift og leiing i fem større moskear hausten 2020.
Ovannemnde kartlegging av kjønnsfordelinga i dei kristne trussamfunna som er medlemmer av NKR, viser at dei fleste har styrande organ der begge kjønna er representerte. I undersøkinga frå hausten 2021 varierte kvinnedelen mellom 16,7 og 100 prosent. Av dei 25 samfunna hadde 9 minst 40 prosent kvinner. Generelt har mange av samfunna små styre, slik at ei kvinne eller ein mann gjer store utslag i kjønnsbalansen. NKR skriv at det er grunn til å tru at særleg mindre meinigheiter vil vere sårbare med tanke på rekruttering til verv. I kartlegginga frå 2018 viser tala at vi finn flest meinigheiter utan kvinner i styret i Det evangelisk-lutherske kyrkjesamfunn (76,9 prosent). Innanfor Metodistkirken i Norge og Den katolske kyrkja har alle undersøkte meinigheiter kvinner i styra. Langt dei fleste av desse har òg over 40 prosent kvinner i styrande organ. Det same har meinigheitene i Misjonskyrkja og Syvendedags Adventistkirken. Metodistkirken er òg det kyrkjesamfunnet som har flest kvinnelege styreleiarar, med 39,5 prosent.
Rapporteringskrava i lova gjeld for kvart registrerte trus- eller livssynssamfunn. Ei oversikt departementet har innhenta frå Statsforvaltarens fellestenester, syner at 112 av dei 696 samfunna som har sendt inn årsrapport for 2021 per 21. juni 2022, opplyser at dei har eller praktiserer avgrensingar når det gjeld tilgang til eigne aktivitetar, styrande organ, verv eller stillingar som har samanheng med eitt eller fleire diskrimineringsgrunnlag i likestillings- og diskrimineringslova. Av desse er 92 kristne og 8 muslimske samfunn. Ifølgje ei anna oversikt departementet har fått frå Statsforvaltarens fellestenester, opplyser 79 av 696 samfunn som har sendt inn årsrapport for 2021 per 21. juni 2022, at dei har segregerte tilbod, det vil seie seremoniar eller aktivitetar der kvinner og menn eller jenter og gutar må opphalde seg kvar for seg, eller som berre er retta mot ei befolkningsgruppe eller eitt av kjønna. Av desse er 26 kristne og 51 muslimske samfunn. Tala baserer seg på at samfunna har svart på ja/nei-spørsmål om dei har slike avgrensingar og segregerte tilbod, i skjemaet for årsrapport i den digitale løysinga for trus- og livssynssamfunn. Oversiktene seier ikkje noko meir om kva slags avgrensingar og segregerte tilbod det er snakk om. I årsrapporten skal samfunna gi nærare opplysingar om eventuelle avgrensingar og segregerte tilbod.
Den nye digitale løysinga for innsending av krav om tilskot og rapportar legg framleis ikkje til rette for å hente ut rapportar på aggregert nivå om kjønnsfordeling i styrande organ, men det ligg til rette for at ein over tid kan vidareutvikle løysinga slik at dette kan bli mogleg.
Den norske kyrkja arbeider systematisk for å fremje likestilling og hindre diskriminering når det gjeld kjønn, funksjonsevne, etnisitet og seksuell orientering, jf. Strategiplan for likestilling mellom kjønn i Den norske kirke 2015–2023, som blei vedteken av Kyrkjemøtet i 2015.
Det er gjennomført to undersøkingar blant tilsette i Den norske kyrkja dei siste åra som gjeld likestilling og diskriminering. Den eine handlar om dei tilsette sine haldningar til LHBTIQ-spørsmål og arbeidstilhøve for tilsette med LHBTIQ-identitet. Den andre er ei arbeidsmiljøundersøking som òg viser arbeidstilhøve for kvinnelege prestar. Begge undersøkingane viser at sjølv om dei fleste melder om trivsel og tilhøyrsel, er det òg kritikkverdige tilhøve som må følgjast opp. Kvar femte LHBTIQ-respondent har opplevd diskriminering. Ein av tre kvinnelege prestar har opplevd uønskte hendingar baserte på kjønnet og yrket sitt. Kyrkjerådet har sett i gang fleire tiltak på nasjonalt nivå for å bøte på dette.
6 av 12 biskopar er kvinner. Delen kvinnelege prostar og biskopar var i 2021 på 32 prosent, ein oppgang på 3 prosentpoeng frå 2020. Det er stor forskjell mellom bispedømma, frå ingen kvinnelege prostar i Nord-Hålogaland til 40 prosent kvinnelege prostar i Hamar. På bispedømmekontora og i Kyrkjerådet var 38 prosent av leiarane kvinner.
Kjønnsbalansen i dei kyrkjelege verksemdene (presteskap og bispedømmeråd) sett under eitt var i 2020 på 39 prosent kvinner og 61 prosent menn (årsverkstal for prestetenesta pluss dei administrative funksjonane).
Ser vi på prestetenesta aleine, viser tala at det framleis er flest menn som har desse stillingane. Kvinnedelen blant prestane har likevel auka jamt dei siste 25 åra og var i 2021 på 38 prosent Det er ein auke på 1,4 prosentpoeng frå 2020. Framleis er det forskjellar mellom bispedømma, med lågast kvinnedel i bispedømma på Vestlandet og høgast i Oslo og Hamar.
6.4 Forbrukarområdet
Kjønnsstereotypisk marknadsføring kan medverke til at det blir skapt forventingar om kva interesser og åtferd gutar og jenter skal ha. Dette kan avgrense livsutfaldinga og valmoglegheitene deira, både som forbrukarar og samfunnsborgarar. Både jenter og gutar, kvinner og menn, har rett til å bli sett som aktive aktørar og verna mot diskriminerande marknadsføring.
Barn og unge blir utsette for kjønnsdelt marknadsføring basert på tradisjonelle kjønnsmønster, særleg i marknadsføring av leiketøy og spel. Målretta marknadsføring og innhald i sosiale medium ser ut til å vere ein viktig grunn til at barn og unge opplever kroppspress og utviklar skadelege kroppsideal.1
Stortinget vedtok 7. juni 2021 endringar i marknadsføringslova § 2, slik at det blir plikt til å merkje reklame der kroppsfasong, -storleik eller hud er endra ved retusjering eller anna manipulering, jf. Prop. 134 L (2020–2021) Endringer i markedsføringsloven mv. (merking av retusjert reklame) og Innst. 134 L (2020–2021). Endringa tok til å gjelde 1. juli 2022. Samstundes tok ei ny forskrift om korleis merkinga skal gjerast, til å gjelde. Lovendringa inneber at all reklame der kroppar og ansikt er retusjerte, skal merkjast. Det blir òg tydeleggjort at marknadsføring som medverkar til kroppspress, er i strid med kravet i lova om god marknadsføringsskikk overfor barn. Forbrukartilsynet, som ansvarleg tilsynsmakt, vil følgje opp lovendringa med tilsyn, rettleiing og informasjon og ved å promotere sjølve merket, slik at det blir godt kjent.
Den gjennomførte endringa i marknadsføringslova har ein viktig likestillingsdimensjon, ettersom jenter i større grad enn gutar kjenner på kroppspress, og ved at retusjert reklame i større grad er retta mot jenter enn mot gutar.2
6.5 Status i departementet og dei underliggjande verksemdene for 2021
Barne- og familiedepartementet
Tabell 6.1 Barne- og familiedepartementet (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2021. Prosent og tal (N).
Kjønnsbalanse | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kvinner (%) | Menn (%) | Personar (N) | Årsverk (N) | Lønn1 | |
Totalt i verksemda | 67 | 33 | 154 | 143 | 94,7 |
Toppleiing (dep.råd., kom.sjef og e.sjef) | 50 | 50 | 6 | 6 | 92,3 |
Mellomleiing m/personalansvar (avdelingsdirektørar) | 73 | 27 | 11 | 11 | 97,6 |
Rådgivar nivå 1 (avd.dir u/pers. ansv., fagdir., fagrådgiv., spesialrådg.) | 64 | 36 | 28 | 26,6 | 97,0 |
Rådgivar nivå 2 (seniorrådgiv.) | 68 | 32 | 79 | 73,7 | 95,5 |
Rådgivar nivå 3 (rådg. fyrstekons.) | 59 | 41 | 17 | 13,5 | 107,0 |
Administrasjon (fyrstekonsulent, seniorkonsulent, rådgivar) | 73 | 27 | 11 | 10,8 | 100,2 |
Andre | 100 | 2 | 2 | - |
1 Lønna til kvinner i prosent av lønna til menn.
Tabell 6.2 Barne- og familiedepartementet (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2021. Prosent.
Deltid1 | Mellombels tilsette1 | Foreldrepermisjon | Legemeldt sjukefråvær | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |
Totalt i verksemda | 5,9 | 7,8 | 11,8 | 5,8 | 0 | 5,3 | 2,4 | 4,3 |
1 Delen innanfor kvart kjønn
Barne- og familiedepartementet (BFD) har som mål å vere ein likestilt og inkluderande organisasjon. Departementet har ei partssamansett arbeidsgruppe som arbeider med å kartleggje, analysere og føreslå tiltak for å fremje likestilling og hindre diskriminering.
I 2021 blei det lagt særskild vekt på å leggje meir til rette for gravide og få redusert sjukefråvær. Det blei mellom anna laga nye rutinar der leiarane inviterer gravide til tilretteleggingssamtale, der ein kan sjå på tiltak som fleksibel arbeidstid, heimekontor, ergonomisk vurdering av arbeidsplassen, pausar, turar og kontakt med bedriftshelsetenesta. I departementet er det praksis for å leggje til rette arbeidstida når tilsette har behov for det, til dømes på grunn av omsorgsoppgåver eller eiga helse.
Rekruttering er det viktigaste området å arbeide med for å få større mangfald. Departementet har i fleire år hatt som mål å rekruttere fleire menn, men har framleis utfordringar med å få fleire menn til søkje stillingar. Delen mannlege søkjarar (27 prosent) er noko lågare enn delen mannlege tilsette og gjekk ned med eitt prosentpoeng i fjor. Det er òg eit mål å få fleire kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne. Departementet vil arbeide med annonsetekst og med å presentere BFD på høgskular og universitet for å få fleire frå desse gruppene til å søkje. BFD har òg gode erfaringar med traineeprogrammet i staten og fekk rekruttert ein ny trainee i 2021.
Departementet utarbeider lønnsstatistikk årleg og har ikkje funne lønnsforskjellar som kan knytast til kjønn.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)
Tabell 6.3 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2021. Prosent og tal (N).
Kjønnsbalanse | |||||
---|---|---|---|---|---|
Menn | Kvinner | Personar (N) | Årsverk (N) | Lønn1 | |
Totalt i verksemda | 29,4 | 70,6 | 367 | 287,8 | 91,6 |
Direktørar, avdelingsdirektørar og fagdirektørar | 42,9 | 57,1 | 35 | 32,4 | 94,4 |
Seniorrådgivarar og prosjektleiarar | 28,8 | 71,2 | 267 | 217,1 | 94,5 |
Rådgivarar, fyrste- og seniorkonsulentar | 24,6 | 75,4 | 65 | 38,3 | 98,5 |
Tabell 6.4 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2021. Prosent.
Deltid | Mellombels tilsette1 | Foreldrepermisjon2 | Legemeldt sjukefråvær | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |
Totalt i verksemda | 1,0 | 3,0 | 6,1 | 12,8 | 1,7 | 3,7 | 1,9 | 3,0 |
1 Av alle tilsette.
2 Både lønt og ulønt fråvær pga. foreldrepermisjon.
Bufdir har eit sektorovergripande ansvar for likestilling. Det vil seie at dei yter bistand og er pådrivar overfor andre sektorar med kunnskap om likestilling. Dei analyserer utviklinga og gjennomfører og samordnar handlingsplanar. Bufdir bidreg òg til at likestillingsfeltet er godt koordinert, i samarbeid med andre styresmakter.
Bufdir tek òg likestillingsperspektivet i eiga verksemd på alvor. Kvinner utgjorde 70,6 prosent av dei tilsette per 31. desember 2021. Det er nærare likt når det gjeld leiarstillingar, medan det er større forskjellar i stillingskodane seniorrådgivar, rådgivar og fyrste- og seniorkonsulent. Det er tilnærma likelønn i dei ulike stillingskodane, men lønna varierer òg noko basert på kompetanse og utdanning.
Likestillings- og ikkje-diskrimineringsperspektivet er følgde opp i personal- og rekrutteringsarbeidet i Bufdir. Bufdir deltek i det statlege mangfaldsnettverket, der aktivitets- og utgreiingspliktene (ARP) har vore hovudtemaet i 2021.
Bufdir har gått gjennom stillingsannonsane sine for å få eit meir inkluderande språk. Dei ønskjer å vere ein arbeidsgivar som speglar av mangfaldet i samfunnet, og som utnyttar det samla potensialet i befolkninga. Alle kvalifiserte kandidatar, uavhengig av bakgrunn, blir derfor i stillingsannonsane oppmoda om å søkje jobb i direktoratet. Bufdir har i 2021 arbeidd for å profesjonalisere rekrutteringsprosessen, og alle kvalifiserte søkjarar med hòl i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne blir kalla inn til intervju. Bufdir vurderer òg, for alle stillingane sine, om desse kan vere med i traineeordninga til staten. Bufdir har i 2021 konsentrert seg om å finne kunnskapsbaserte tiltak og arbeide med profesjonalisering av rekrutteringsprosessen for å sikre meir likestilt rekruttering.
Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)
Tabell 6.5 Barne-, ungdoms- og familieetaten (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2021. Prosent og tal (N).
Kjønnsbalanse | |||||
---|---|---|---|---|---|
Menn | Kvinner | Personar (N) | Årsverk (N) | Lønn1 | |
Totalt i verksemda | 36,2 | 63,8 | 6 345 | 3 960,3 | 108,2 |
Direktørar, avdelingsdirektørar og fagdirektørar | 46,9 | 53,1 | 64 | 63,7 | 99,0 |
Einingsleiarar og seksjonssjefar | 32,6 | 67,4 | 141 | 134,7 | 99,7 |
Avdelingsleiarar i institusjonar, informasjonssjefar | 24,0 | 76,0 | 208 | 198,7 | 101,3 |
Fagstillingar profesjonsutdanning/masternivå | 24,5 | 75,5 | 1 071 | 787,1 | 96,2 |
Seniorrådgivarar og prosjektleiarar | 26,6 | 73,4 | 707 | 640,8 | 94,3 |
Rådgivarar, fyrste- og seniorkonsulentar | 15,2 | 84,8 | 684 | 558,1 | 97,7 |
Fagstillingar høgskule lågare grad | 39,6 | 60,4 | 2 124 | 1 062,9 | 98,6 |
Miljøarbeidarar | 60,4 | 39,6 | 1246 | 457,5 | 99,9 |
Kontorstillingar og sakshandsamarar lågare nivå, hushald og drift | 24,0 | 76,0 | 100 | 56,9 | 117,9 |
1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene.
Tabell 6.6 Barne-, ungdoms- og familieetaten (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2021. Prosent.
Deltid1 | Mellombels tilsette2 | Foreldrepermisjon3 | Legemeldt sjukefråvær | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |
Totalt i verksemda | 29,2 | 19,3 | 10,0 | 7,8 | 1,0 | 2,1 | 5,6 | 6,1 |
1 Tilsette i stilling mindre enn 100 prosent og med unntak av tilsette på timelønn. Det er 1 701 tilsette på timelønn, 811 menn og 890 kvinner.
2 Av alle tilsette og med unntak av tilsette på timelønn. Det er 1 701 tilsette på timelønn, 811 menn og 890 kvinner.
3 Både lønt og ulønt fråvær pga. foreldrepermisjon.
Likestillingsperspektivet i Bufetat er integrert som ein viktig del i fleire prosessar internt i verksemda. Kvinnene utgjorde 63,8 prosent av dei tilsette per 31. desember 2021. I 2020 utgjorde kvinnene 64,1 prosent. Bufetat har eit uttalt mål om balanse mellom kjønna i dei ulike stillingskategoriane på alle nivå i verksemda, men òg sett i samanheng med kjønnsfordelinga i den einskilde eininga/avdelinga/seksjonen.
Det er ei overvekt av kvinner i alle stillingskategoriane i Bufetat bortsett frå i kategorien miljøarbeidarar, der det er 60,4 prosent menn. Delar av institusjonsområdet har tilnærma balansert kjønnssamansetjing: Barnevernsinstitusjonane og omsorgssentera for einslege mindreårige asylsøkjarar har ei fordeling på rundt 55 prosent kvinner og 45 prosent menn. Størst skeivfordeling finn vi i senter for foreldre og barn, der nesten 90 prosent av dei tilsette er kvinner. På områda heimebaserte tenester og i familievernet er delen kvinner rett i overkant av 70 prosent, medan det i inntak og fosterheimstenestene er meir enn 80 prosent kvinner. Bufetat har flest kvinnelege leiarar på alle nivå i verksemda, bortsett frå i kategorien direktørar og avdelingsdirektørar, der det er ei jamn kjønnsfordeling. Bufetat har ei jamn lønnsfordeling mellom kvinner og menn innanfor dei ulike stillingskategoriane. Samla for verksemda tener kvinner 108,2 prosent av lønna til menn. Forklaringa må sjåast i samanheng med gruppa kontorstillingar og sakshandsamarar, der det er ein overrepresentasjon av kvinner som til dømes har stått lenge i stillinga, og som har betre lønn enn den relativt låge prosentdelen menn i denne gruppa.
Likestillings- og ikkje-diskrimineringsperspektivet er følgt opp i personal- og rekrutteringsarbeidet i Bufetat. Bufetat har eit partssamansett likestillings-, inkluderings- og mangfaldsutval, med representantar frå alle regionar og frå vernetenesta, tillitsvalde, leiarar, HR og likestillingsavdelinga. Utvalet er eit rådgivande organ som skal støtte likestillingsarbeidet i etaten. Eit hovudtema for utvalet har vore å koordinere ei kartlegging av risikoar for diskriminering og hinder for likestilling i Bufetat innanfor alle grunnlag og område som er omtalte i likestillings- og diskrimineringslova. Kartlegginga har medverka til å heve kompetansen på likestilling og diskriminering, styrkt kunnskapen om aktivitets- og utgreiingspliktene og merksemda rundt likestilling og ikkje-diskriminering. Kartlegginga viste eit særleg forbetringspotensial innanfor området inkluderande rekruttering. Det er sett i verk kompetansehevande tiltak for auka kvalitet i tilsetjingssaker, mellom anna for å vareta omsynet til likestilling og ikkje-diskriminering.
Bufetat følgjer dei sentrale føringane for å utforme stillingsannonsar. Bufetat ønskjer å vere ein arbeidsgivar som speglar av mangfaldet i samfunnet, og som utnyttar det samla potensialet i befolkninga. Alle kvalifiserte kandidatar blir derfor oppmoda til å søkje jobb i etaten. Søkjarar blei oppmoda til å opplyse om dei har funksjonsnedsettingar, ikkje-vestleg bakgrunn eller hòl i CV-en. Bufetat er i tillegg representert med deltakarar i det statlege mangfaldsnettverket saman med andre statlege verksemder.
Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker3
Tabell 6.7 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2021. Prosent og tal (N).
Kjønnsbalanse | |||||
---|---|---|---|---|---|
Menn | Kvinner | Personar (N) | Årsverk (N) | Lønn1 | |
Totalt i verksemda | 26,7 | 73,3 | 131 | 121,4 | 80,8 |
Daglege leiarar / nemndleiarar | 25 | 75 | 12 | 11,1 | 98,9 |
Direktør | 0 | 100 | 1 | 1 | - |
Fagsjef/nemndleiar | 0 | 100 | 1 | 1 | - |
Fyrstekonsulentar | 0 | 100 | 24 | 18,7 | - |
Konsulentar | 0 | 100 | 7 | 5 | - |
Kontorsjef | 100 | 1 | |||
Nemndleiarar | 40,3 | 59,6 | 62 | 54,3 | 100 |
Rådgivarar | 66,7 | 33,33 | 3 | 2,81 | 102,7 |
Seniorkonsulentar | 0 | 100 | 13 | 10 | - |
Seniorrådgivarar | 42,9 | 57,1 | 7 | 6,90 | 104,6 |
Seksjonssjef | 100 | 0 | 1 | 1 | - |
1 Lønna til kvinner i prosent av lønna til menn.
Tabell 6.8 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2021. Prosent.
2021 | Deltid | Mellombels tilsette | Foreldrepermisjon | Legemeldt sjukefråvær | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |
Totalt i verksemda | 2,8 | 11,5 | 2,8 | 0 | 0 | 0 | 1,2 | 6,4 |
Per 31. desember 2021 var 27 prosent av dei tilsette i verksemda menn. Hovudårsaka til den ujamne kjønnsfordelinga er at det i all hovudsak er kvinner som er tilsette i merkantile stillingar. Det er større grad av kjønnsbalanse i stillingsgruppa for nemndleiarar, der 40 prosent av dei tilsette var menn per 31. desember 2021.
Alle nemndleiarar har same lønn, uavhengig av kjønn. Dei som er daglege leiarar i tillegg til stillinga som nemndleiar, har eit tillegg som blir regulert av kor mange tilsette det er i nemnda dei leier.
Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker har i 2021 arbeidd for ei meir inkluderande rekruttering. I stillingsannonsar blir alle kvalifiserte, uansett etnisk bakgrunn, kjønn, funksjonsevne eller hòl i CV-en, oppmoda til å søkje ledige stillingar.
Fylkesnemnda har som mål at alle lokala deira skal vere universelt utforma og tilgjengelege for alle.
Forbrukartilsynet
Tabell 6.9 Forbrukartilsynet (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2021. Prosent og tal (N).
Kjønnsbalanse | |||||
---|---|---|---|---|---|
Menn | Kvinner | Personar (N) | Årsverk (N) | Lønn1 | |
Totalt i verksemda | 30 | 70 | 137 | 137 | 96,8 |
Toppleiing (direktørar) | 100 | 0 | 1 | 1 | |
Mellomleiing (juridiske direktørar, fagdirektørar, avdelingsdirektørar) | 38,5 | 61,5 | 13 | 13 | 117 |
Seniorrådgivarar | 27,8 | 72,2 | 36 | 36 | 94 |
Rådgivarar | 28,9 | 71,1 | 76 | 76 | 102 |
Fyrstekonsulent | 27,3 | 72,7 | 11 | 11 | 106 |
1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene
Tabell 6.10 Forbrukartilsynet (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2021. Prosent.
Deltid | Mellombels tilsette | Foreldrepermisjon1 | Legemeldt sjukefråvær | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |
Totalt i verksemda | 0,7 | 2,2 | 3,6 | 8,0 | 0,3 | 4,4 | 0 | 7,4 |
1 Prosentdelen av dagar i permisjon av avtalte dagsverk i heile 2021
Per 31. desember 2021 hadde Forbrukartilsynet 137 tilsette. 30 prosent av dei tilsette var menn, 70 prosent var kvinner. I leiinga var det seks menn (direktøren medrekna) og åtte kvinner.
Kvinnene i Forbrukartilsynet tente i 2021 i snitt 96,8 prosent av det mennene tente. Forbrukartilsynet hadde ikkje lønnsforskjellar som kan knytast til kjønn.
I 2021 hadde Forbrukartilsynet ein netto auke i talet på tilsette på 88 personar, 63 kvinner og 25 menn som følgje av omorganiseringa av forbrukarapparatet. Forbrukartilsynet la vekt på å tilsetje menn i mange av dei ledige stillingane, men blant dei kvalifiserte søkjarane var delen kvinner vesentleg høgare enn delen menn.
Per 31. desember 2021 hadde Forbrukartilsynet ingen tilsette med minoritetsbakgrunn.
Forbrukartilsynet arbeider for ei meir inkluderande rekruttering. Når tilsynet lyser ut ledige stillingar, blir kvalifiserte kandidatar oppmoda om å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, hòl i CV-en, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
For at Forbrukartilsynet skal nå betre ut til grupper med ein framand språkbakgrunn, er viktig informasjon på nettsidene deira omsett til engelsk.
Barneombodet
Tabell 6.11 Barneombodet (kjønn, lønn) per 31. desember 2021. Prosent og tal (N).
Kjønnsbalanse | |||||
---|---|---|---|---|---|
Menn | Kvinner | Totalt (N) | Årsverk (N) | Lønn1 | |
Totalt i verksemda | 23,8 | 76,2 | 21 | 20 | 106 |
1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene
Tabell 6.12 Barneombodet (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2021. Prosent.
Deltid | Mellombels tilsette | Foreldrepermisjon | Legemeldt Sjukefråvær | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |
Totalt i verksemda1 | - | - | - | - | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 3,7 |
1 Fordi Barneombodet er ei lita verksemd, blir det ikkje oppgitt tal for deltidstilsette og mellombels tilsette.
Barneombodet har gjennom fleire år hatt eit fleirtal av kvinner blant dei tilsette. Per 31. desember 2021 var 76,2 prosent av dei tilsette kvinner. Alle dei fire medlemmene i leiargruppa er kvinner. Det er ønskjeleg med ein betre kjønnsbalanse. Ombodet er merksam på dette i rekrutteringsprosessane sine. I 2021 har Barneombodet oppmoda menn spesielt om å søkje på stillingane som ombodet har utlyst.
Barneombodet har ingen lønnsforskjellar som kan knytast til kjønn. Kvinner tener 106 prosent av lønna til menn på kontoret. Dette må ein sjå i samanheng med at barneombodet er kvinne, og at alle dei fire i leiargruppa er kvinner. Ti prosent av dei tilsette ved kontoret har ikkje-vestleg bakgrunn.
Barneombodet arbeider aktivt for å oppfylle krava om aktivitetsplikt i lova om likestilling og forbod mot diskriminering. Barneombodet meiner dei har eit lønnsnivå som er i samsvar med erfaring og kompetanse, og som held ved lag likeverd mellom kjønna i lønnsmassen. Ombodet har ingen tilsette som har svart at dei ufrivillig har ei deltidsstilling.
Barneombodet har oppmoda personar med hòl i CV-en og funksjonsnedsetjingar om å søkje. Det har vore søkjarar frå desse gruppene til stillingane ombodet har lyst ut det siste året.
Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond
Tabell 6.13 Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond (kjønn, lønn) per 31. desember 2021. Prosent og tal (N).
Kjønnsbalanse | |||||
---|---|---|---|---|---|
Menn | Kvinner | Totalt (N) | Årsverk (N) | Lønn1 | |
Totalt i verksemda | 52 | 48 | 70 | 65 | 92,5 |
1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene
Tabell 6.14 Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2021. Prosent.
Deltid | Mellombels tilsette | Foreldrepermisjon1 | Legemeldt sjukefråvær | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |
Totalt i verksemda | 2,1 | 1,4 | 0 | 0,7 | 5,6 | 0 | 3,7 | 2,8 |
1 Prosentdelen av dagar i permisjon av avtalte dagsverk i heile 2021
Ved utgangen av 2021 var kvinnedelen totalt i verksemda 48 prosent. Delen kvinner i leiarstillingar var på 42,9 prosent. Tre av sju i den øvste leiinga er kvinner. I styret til fondet sit tre menn og to kvinner. I tillegg er representanten for dei tilsette ein mann. Det blir lagt vekt på likestilling ved rekruttering og lønning av leiarar og medarbeidarar i Opplysningsvesenets fond. Det er ikkje funne indikasjonar på systematisk forskjellsbehandling mellom kjønna ved lønnsfastsetjing eller lønnsutvikling.
Opplysningsvesenets fond skriv i årsmeldinga si at dei ikkje diskriminerer på bakgrunn av etnisitet, språk, religion, livssyn eller nedsett funksjonsevne. Dei skriv òg at dei er opptekne av å vareta aktivitetsplikta si på områda, og at dei har gode rutinar ved tilsetjing.
Andre kommentarar til omtalen
Forbrukarrådet rapporterer i sin eigen årsrapport.
7 FN sine berekraftsmål
Noreg har slutta seg til arbeidet med FN sine berekraftsmål. Dette rammeverket omfattar 17 mål og 169 delmål. Berekraftsmåla er ein felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, førebyggje ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Måla skal fungere som ei felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunn. Regjeringa Solberg la i juni 2021 fram ei stortingsmelding med ein nasjonal handlingsplan for korleis Noreg skal nå måla innan 2030. Meldinga blei handsama i Stortinget i april 2022. Stortingshandsaminga viste at det er brei semje om tydinga av berekraftsmåla og korleis dei skal følgjast opp.
Barne- og familiedepartementet har ikkje koordineringsansvar for mål, men bidreg til fleire av delmåla. Sjå omtale nedanfor.
FN sitt berekraftsmål nr. 1: utrydde alle former for fattigdom i heile verda
Delmål 1.2: innan 2030 og i samsvar med nasjonale definisjonar minst halvere prosentdelen menn, kvinner og barn i alle aldrar som lever i fattigdom
Arbeidet i BFD for barn som veks opp i fattige familiar, er knytt opp til dette delmålet. Dei fleste av tiltaka i Like muligheter i oppveksten – Samarbeidsstrategi for barn og ungdom i lavinntektsfamilier (2020–2023),som Solberg-regjeringa la fram i hausten 2020, blir følgt opp ut strategiperioden. Regjeringa har òg sett ned ei ekspertgruppe om barn i fattige familiar. Ekspertgruppa skal vurdere kva slags typar av tiltak som har best effekt, og korleis den offentlege innsatsen bør prioriterast, for å i størst mogleg grad styrkje oppvekstvilkåra til barn i fattige familiar og førebyggje at fattigdom går i arv. Dette inneber òg å vurdere kva typar tiltak som vil vere mest treffsikre for å redusere delen og talet barn som veks opp i familiar med vedvarande låginntekt.
Arbeidet er omtalt nærare i programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Sjå òg budsjettproposisjonen til Arbeids- og inkluderingsdepartementet når det gjeld korleis regjeringa følgjer opp berekraftsmål nr. 1.
FN sitt berekraftsmål nr. 5: likestilling mellom kjønna
Delmål 5.2: avskaffe alle former for vald mot alle jenter og kvinner, både i offentleg og privat sfære, mellom anna menneskehandel, seksuell utnytting og andre former for utnytting
Kvinner blir i større grad enn menn utsette for alvorleg vald i nære relasjonar, seksuell trakassering, valdtekt, sterk sosial kontroll og tvangsekteskap. Regjeringa prioriterer arbeidet med å førebyggje og avdekkje vald og seksuelle overgrep, mellom anna gjennom oppfølging av fleire handlingsplanar på feltet.
BFD har ansvar for fleire tiltak i handlingsplan Frihet fra vold. Regjeringens handlingsplan for å forebygge og bekjempe vold i nære relasjoner (2021–2024), mellom anna arbeidet mot vald i familievernet og barnevernet og utvikling av krisesentertilbodet. Regjeringa har i 2022 sett i gang eit arbeid med ein ny opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar.
Arbeidet til BFD med vald og overgrep er omtalt nærare i programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Sjå òg budsjettproposisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet når det gjeld korleis regjeringa følgjer opp delmål 5.2.
Delmål 5.3: avskaffe all skadeleg praksis, som barneekteskap, tidlege ekteskap, tvangsekteskap og kvinneleg kjønnslemlesting
Våren 2021 blei det vedteke endringar i ekteskapslova om ein hovudregel om ei 18-årsgrense for å anerkjenne ekteskap som er inngått etter utanlandsk rett, i Noreg. Dette blei gjort for å verne mindreårige som kjem til Noreg, mot å bli rekna som gifte her. Lova er førebels ikkje blitt sett i verk. Dette vil skje når ny forskrift er på plass. Departementet vurderer på sikt fleire endringar i ekteskapslova, mellom anna fleire innstrammingar om ekteskap inngått av mindreårige og bigame ekteskap inngått i utlandet.
Sjå òg budsjettproposisjonen til Arbeids- og inkluderingsdepartementet når det gjeld korleis regjeringa følgjer opp delmål 5.3.
FN sitt berekraftsmål nr. 12: ansvarleg forbruk og produksjon
Delmål 12.3: innan 2030 halvere matsvinnet per innbyggjar på verdsbasis, både i detaljhandelen og blant forbrukarar. Svinn i produksjons- og forsyningskjeda skal òg reduserast, inkludert svinn etter innhausting
I 2017 blei det inngått ein bransjeavtale mellom det dåverande Barne- og likestillingsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og dei største bransjeorganisasjonane i matbransjen om å redusere matsvinnet i heile verdikjeda for mat med 50 prosent innan 2030, i tråd med målet over. Det er òg fastsett to delmål i avtalen om at matsvinnet i 2020 og 2025 skal vere redusert med høvesvis 15 og 30 prosent. Hovudrapporteringa for det fyrste delmålet kom i desember 2021 og er basert på data som er samla inn frå heile verdikjeda for mat, inkludert forbrukarleddet. Berekningane som er gjorde, syner at matsvinnet er redusert med 10 prosent sidan 2015. I forbrukarleddet er matsvinnet redusert med 6 prosent. Gjennom bransjeavtalen vil BFD i 2023 halde fram med å støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane blir meir medvitne om å redusere matsvinnet. BFD har i 2021 og 2022 støtta organisasjonen Matvett AS, som har som føremål å redusere matsvinnet i samfunnet. Støtta frå BFD går til tiltak for å redusere matsvinn blant forbrukarane.
BFD har i mange år hatt eit samarbeid med Høgskulen i Innlandet og Ungt Entreprenørskap som skal medverke til å gi barn og unge god opplæring om berekraftig utvikling og ansvarleg forbruk. BFD vil halde fram med samarbeidet i 2023.
Delmål 12.6: stimulere selskap, særleg store og fleirnasjonale selskap, til å ta i bruk berekraftige metodar og integrere informasjon om si eiga berekraft i rapporteringsrutinane sine
Openheitslova blei vedteken av Stortinget 14. juni 2021, jf. Innst. 603 L (2020–2021), og tok til å gjelde 1. juli 2022. Openheitslova byggjer på internasjonale prinsipp og retningslinjer for ansvarleg næringsliv. Lova vil medverke positivt i arbeidet til Noreg med å nå FNs berekraftsmål, særleg berekraftsmål 12 om ansvarleg forbruk og produksjon, men òg berekraftsmål 8 om anstendig arbeid og økonomisk vekst. Større verksemder skal etter lova utføre aktsemdvurderingar for å mellom anna avdekkje og handtere negative konsekvensar for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve i eiga verksemd og i leverandørkjedene sine. Verksemdene skal òg offentleg gjere greie for aktsemdvurderingane sine og ved førespurnad informere forbrukarar, organisasjonar og andre om desse. Forbrukartilsynet har fått oppgåva med å rettleie næringsdrivande og føre tilsyn med openheitslova. For meir informasjon om openheitslova, sjå Prop. 150 L (2020–2021) Lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold (åpenhetsloven) og Innst. 603 L (2020–2021).
Sjå dessutan budsjettproposisjonen til Klima- og miljødepartementet når det gjeld korleis regjeringa følgjer opp berekraftsmål 12.
FN sitt berekraftsmål nr. 16: fred, rettferd og velfungerande institusjonar
Delmål 16.2: stanse overgrep, utnytting og menneskehandel og alle former for vald mot og tortur av barn
Tal frå Statistisk sentralbyrå på melde lovbrot i 2021 viser at det er ein auke i talet på melde tilfelle av seksuallovbrot mot barn samanlikna med 2020, medan melde tilfelle av vald mot og mishandling av barn er på omtrent same nivå i 2021 som i 2020
BFD følgjer opp delmålet gjennom oppfølging av tiltak i fleire handlingsplanar på valdsfeltet. Regjeringa har sett i gang eit arbeid med ei ny opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. Sjå nærare omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst.
Innsatsen mot internettrelaterte overgrep er koordinert av Justis- og beredskapsdepartementet og er forankra i strategien Forebygging og bekjempelse av internettrelaterte overgrep. Nasjonal strategi for samordnet innsats (2021–2025), som blei lagd fram i august 2021. Strategien Rett på nett. Nasjonal strategi for trygg digital oppvekst blei lagd fram i september 2021. Strategien skal bidra til at barn og unge får ein aktiv, deltakande og trygg digital oppvekst. Han skildrar moglegheiter og utfordringane på feltet, og vil vere ei ramme for det vidare arbeidet for ein tryggare digital oppvekst. Regjeringa har sett i gang eit arbeid med ei melding til Stortinget om trygg digital oppvekst. Meldinga skal byggje på, og gå djupare inn i, problemstillingane som er omtalte i Rett på nett.
8 Klima- og miljøprofil
Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer mellom anna på at samfunnet må gjennom eit grønt skifte; det må skje ein overgang til produkt og tenester som gir monaleg mindre negative konsekvensar for klima og miljø enn i dag. Dei samla klima- og miljørelevante sakene til regjeringa er omtalte i fagproposisjonen frå Klima- og miljødepartementet.
8.1 Omtale av klima- og miljørelevante saker på forbrukarområdet
Alt forbruk har konsekvensar for klima og miljø, direkte eller indirekte. I dei seinaste tiåra har det samla forbruket til norske hushald auka monaleg.
Eit mål for forbrukarpolitikken er at forbrukarane skal kunne ta medvitne val i marknadene dei handlar i. Informasjon om miljøaspekta og dei sosiale aspekta ved varer og tenester kan gjere det enklare for forbrukarane å velje produkt som belastar miljøet og ressursane mindre. Gjennom etterspurnad av produkt med slike eigenskapar kan forbrukarar påverke næringsdrivande til i større grad å ta omsyn til berekraft ved avgjerder om investeringar og produksjon.
BFD arbeider for å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljøaspekta og dei etiske aspekta ved forbruket. Verkemidla er dei offisielle miljømerka den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel), som blir forvalta av Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking).
Miljømerking medverka i 2021 gjennom arbeidet sitt til at fleire produkt og tenester blir produserte etter strenge miljøkrav. Talet på produkt med miljømerket Svana auka med 14 prosent gjennom året, til 32 308 per 31. desember. Auken var størst innanfor produktgruppene møblar og innreiing, følgd av tekstilar, utemøblar og leikeapparat, reingjeringsmiddel og kosmetiske produkt.
I ei undersøking i 2021 svarte 92 prosent av respondentane at dei hadde kjennskap til Svana. 27 prosent svarte at dei hadde kjennskap til EU Ecolabel. Den høge kjennskapen tyder på at forbrukarane generelt veit at merka gir god rettleiing om kva som er meir miljøvennlege og berekraftige val.
I 2023 vil BFD arbeide vidare med å gjere det enkelt for forbrukarane å ta miljømedvitne val. Framleis vil miljømerka Svana og EU Ecolabel vere dei sentrale verkemidla for å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Miljømerking, som forvaltar desse ordningane i Noreg, vil halde fram med å arbeide for at talet på produkt med miljømerke skal auke på den norske marknaden, og informere forbrukarar og profesjonelle innkjøparar om at miljømerkte produkt og tenester er enkle og trygge miljøval. Svana skal synleggjerast som verktøy for å skape ein meir sirkulær og berekraftig økonomi, og det skal utviklast meir heilskaplege livsløpsvurderingar av produkt.
Strategien om sirkulær økonomi frå 20214 la vekt på at forbrukarane må få eit betre høve til å gjere sirkulære val. Det blei derfor bestemt å etablere eit kontaktpunkt i Forbrukerrådet for forbrukarmakt i det grøne skiftet. Kontaktpunktet vil ha som føremål å samle kunnskapar, idear og erfaringar og fremje sirkulær praksis gjennom å spreie gode døme og metodar. Eit føreprosjekt blei sett i gang i 2021. Arbeidet held fram i 2022.
Skulen er ein viktig arena for å skape forståing for ressurs- og klimaproblem og reflekterte haldningar til forbruk. BFD førte i 2021 vidare arbeidet med å fremje undervising i forbrukaremne som òg tok opp spørsmål knytte til dette. BFD samarbeidde mellom anna med Ungt Entreprenørskap om eit undervisingsopplegg som skal fremje forståing for berekraftig forbruk. Om lag 2200 elevar frå ulike delar av landet deltok i opplegget.
Departementet vil i 2023 arbeide vidare med å fremje undervising i forbrukaremne som tek opp spørsmål knytte til berekraftig forbruk og utvikling.
Det er tverrpolitisk semje om å arbeide for å redusere matsvinnet i Noreg. Sidan over halvparten av matsvinnet som er kartlagd, kjem frå private hushald, er det viktig for BFD å støtte opp om arbeid som er retta mot korleis forbrukarane sjølve kan redusere svinnet sitt. Resultata i forbrukarleddet blir betre dersom alle ledda i verdikjeda for mat samarbeider.
I 2017 blei det inngått ein bransjeavtale om matsvinn mellom det dåverande Barne- og likestillingsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet Nærings- og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet og dei største organisasjonane i matbransjen.
Med bakgrunn i bransjeavtalen har BFD i 2021 og 2022 støtta organisasjonen Matvett AS, som har som føremål å redusere matsvinnet i samfunnet. Støtta frå BFD går til tiltak for å redusere matsvinn blant forbrukarane.
Gjennom bransjeavtalen vil BFD i 2023 halde fram med å støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane blir meir medvitne om å redusere sitt eige matsvinn. Bransjeavtalen gjeld fram til 2030 og byggjer på ein felles definisjon av matsvinn og eigne grunnlagsrapportar om statistikk og tiltak. Med utgangspunkt i FN sine berekraftsmål 12.3 om matsvinn, som Noreg har forplikta seg til å arbeide for å nå, er det i bransjeavtalen sett eit overordna mål om å redusere matsvinnet i heile verdikjeda for mat med 50 prosent innan 2030. Berekningar som er gjorde, syner at matsvinnet sidan 2015 er redusert med 10 prosent. I forbrukarleddet er matsvinnet redusert med 6 prosent.
BFD har ikkje grunnlag for å seie noko om dei totale klima- og miljøeffektane av tiltaka over. Det er likevel gjort berekningar som viser at svanemerking har gunstige verknader på mellom anna utsleppa av klimagassar. Til dømes er det for to nyleg bygde skular i Asker med svanemerke berekna at reduksjonen i utsleppet av klimagassar er på 56 og 60 prosent samanlikna med referansebygg.
9 Oversikt – opptrappingsplanen mot vald og overgrep
Tabellen under gir ei oversikt over tiltaka i opptrappingsplanen mot vald og overgrep, ansvarleg departement og status, jf. omtale av opptrappingsplanen under programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Det blir òg rapportert i dei årlege budsjettproposisjonane til departementa som er ansvarlege for tiltak i planen, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet (JD), Helse- og omsorgsdepartementet (HOD), Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) og Kunnskapsdepartementet (KD). Fleire tiltak er merkte som «løpande». Det er tiltak som går føre seg kontinuerleg, også utover planperioden.
Tabell 9.1 Status for tiltak i Opptrappingsplan mot vald og overgrep (2017–2021) per 31. desember 2021
Ansvarleg departement | Tiltak | Status |
---|---|---|
Alle |
| Ferdig |
Alle |
| Løpande |
BFD |
| Ferdig |
KD |
| Ferdig |
BFD |
| Påbyrja |
HOD |
| Ferdig |
JD/alle |
| Løpande |
JD |
| Ferdig |
HOD |
| Løpande |
Alle |
| Løpande |
KUD |
| Løpande |
BFD/JD |
| Ferdig |
BFD/HOD |
| Løpande |
BFD |
| Ferdig |
KD |
| Ferdig |
JD |
| Løpande |
HOD |
| Løpande |
HOD |
| Ferdig |
HOD |
| Løpande |
HOD |
| Påbyrja |
HOD |
| Ferdig |
HOD |
| Løpande |
BFD |
| Ferdig |
BFD |
| Ferdig |
BFD/HOD |
| Ferdig |
BFD |
| Ferdig |
BFD |
| Ferdig |
BFD |
| Ferdig |
KD |
| Løpande |
JD |
| Ferdig |
JD |
| Ferdig |
JD |
| Ferdig |
Alle |
| Løpande |
KD |
| Løpande |
BFD |
| Ferdig |
BFD |
| Ferdig |
BFD/alle |
| Påbyrja |
KD |
| Ferdig |
BFD |
| Løpande |
BFD |
| Løpande |
JD |
| Løpande |
KD |
| Løpande |
KD/JD |
| Løpande |
HOD |
| Løpande |
BFD/HOD |
| Ferdig |
Alle |
| Løpande |
Alle |
| Løpande |
JD |
| Ferdig |
HOD |
| Ferdig |
Alle |
| Løpande |
Alle |
| Løpande |
JD |
| Påbyrja |
HOD |
| Ferdig |
JD |
| Løpande |
Alle |
| Løpande |
Alle |
| Løpande |
BFD |
| Ferdig |
BFD |
| Løpande |
HOD |
| Påbyrja |
BFD |
| Ferdig |
BFD |
| Ferdig |
HOD |
| Ferdig |
HOD |
| Ferdig |
HOD |
| Ferdig |
HOD |
| Løpande |
HOD |
| Ferdig |
HOD |
| Løpande |
HOD |
| Ferdig |
HOD |
| Ferdig |
BFD |
| Løpande |
HOD |
| Løpande |
HOD |
| Ferdig |
HOD |
| Ferdig |
BFD |
| Løpande |
KD/alle |
| Løpande |
JD |
| Ferdig |
JD |
| Ferdig |
JD |
| Ferdig |
JD |
| Ferdig |
JD |
| Ferdig |
JD |
| Ferdig |
JD |
| Ferdig |
JD |
| Løpande |
JD |
| Ferdig |
HOD |
| Ferdig |
HOD |
| Ferdig |
JD |
| Ferdig |
BFD |
| Ferdig |
10 Oversikt over einskildståande tilskot
I tabellen er ei oversikt over einskildståande tilskot på BFD sitt budsjett. Tilskota er nærare omtalte under postomtalane.
Kap./post | Navn |
---|---|
840/70 | Stiftinga Alternativ til Vold |
840/70 | Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) |
840/70 | Mental Helse |
840/70 | Incestsenteret i Vestfold |
840/70 | Norges Røde Kors |
840/70 | Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF) |
840/70 | Krisesentersekretariatet |
840/70 | Dei regionale sentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-ane). |
840/73 | Stine Sofies Stiftelse |
842/70 | Stiftelsen Kirkens Familievern (SKF) |
846/61 | Blå Kors |
846/61 | Stiftelsen Kirkens Bymisjon |
846/61 | BUA |
846/61 | Norges Røde Kors |
846/61 | Den Norske Turistforening (DNT) |
846/61 | MOT Norge |
846/70 | Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner |
846/70 | Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede. |
846/71 | Ungdom mot Vold |
846/71 | Blå Kors |
846/71 | Oslo Røde Kors – Kors på halsen |
846/71 | Stiftelsen Barnevakten |
846/71 | InorAdopt, Verdens Barn, Adopsjonsforum |
846/71 | International Social Service |
846/79 | Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede |
846/79 | Technical Assistance Program – Haagkonferansen for internasjonal privatrett |
846/79 | Barentssekretariatet IKS |
846/79 | Det europeiske ungdomsfondet i Europarådet (EYF) |
854/61 | Kristiansand kommune (Alarmtelefonen for barn og unge) |
854/61 | Barnevernvaktene. Landskonferanse mellom barnevernvakter og politi 2022 |
854/71 | Children at risk foundation |
854/71 | Landsforeningen for barnevernsbarn |
854/72 | Universitet og høgskular og Vid vitenskapelige høgskole (tilskot til rettleidd praksis til barnevernsstudentar) |
854/72 | Norsk Psykologforening |
854/72 | Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge AS |
854/72 | Regionale senter for barn og unge (RKBU) Nord, Vest og Midt, Regionsenter for barn og unges psykiske helse (RBUP) Aust og Sør |
854/72 | OsloMet – Storbyuniversitetet, Høgskulen i Innlandet, Høgskulen Vestlandet, Universitetet i Søraust-Noreg, Universitetet i Agder, Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Universitet NTNU, Nord universitet. |
862/70 | Stiftinga Miljømerking i Norge |
865/70 | Standard Norge |
865/70 | Ungt entreprenørskap Norge |
865/70 | Matvett AS |
865/70 | Fagutvalget for influencer markedsføring (FIM) |
880/70 | Den norske kyrkja |
880/71 | Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet |
881/77 | Stiklestad Nasjonale Kultursenter |
881/77 | Tore Hunds rike |
881/77 | Moster 2024 |
881/77 | Valdres i 1000 år |
881/78 | Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn |
881/78 | Norges Kristne Råd |
881/78 | Muslimsk dialognettverk |
881/78 | Det teologiske fakultet, UiO |
881/78 | KA Arbeidsgivarorganisasjon for kyrkjelege verksemder |
881/78 | Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) |
11 Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder
11.1 Forbrukarrådet
Tabell 11.1 Utgifter og inntekter etter art – Forbrukarrådet
Inntektskjelde | Rekneskap | Budsjett | ||
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 |
Utgiftsart | ||||
Driftsutgifter | ||||
Lønnsutgifter | 115 903 266 | 111 331 856 | 65 608 283 | 73 310 027 |
Varer og tenester | 52 965 246 | 40 781 928 | 53 512 682 | 50 471 373 |
Sum driftsutgifter | 168 868 512 | 152 113 784 | 119 120 965 | 123 781 400 |
Investeringsutgifter | ||||
Investeringar, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald | 2 617 050 | 2 576 577 | 6 316 730 | 810 000 |
Sum utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald | 2 617 050 | 2 576 577 | 6 316 730 | 810 000 |
Overføringar frå verksemda | ||||
Utbetalingar til andre statlege rekneskapar | 0 | 0 | 2 001 491 | 0 |
Andre utbetalingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum overføringar frå verksemda | 0 | 0 | 2 001 491 | 0 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Kjøp av aksjar og eigardelar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle utgifter | 1 916 | 7 305 | 2 560 | 7 000 |
Sum finansielle aktivitetar | 1 916 | 7 305 | 2 560 | 7 000 |
Sum utgifter | 171 487 478 | 154 697 666 | 127 441 746 | 124 598 400 |
Inntektsart | ||||
Driftsinntekter | ||||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 0 | 0 | 0 | 0 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Refusjonar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre driftsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum driftsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Inntekter frå investeringar | ||||
Sal av varige driftsmiddel | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar til verksemda | ||||
Inntekter frå statlege løyvingar | 156 144 000 | 155 608 998 | 105 536 686 | 109 153 000 |
Andre innbetalingar | 3 468 026 | 22 608 883 | 6 180 453 | 0 |
Sum overføringar til verksemda | 159 612 026 | 178 217 881 | 111 717 139 | 109 153 000 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle innbetalingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle inntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum inntekter | 159 612 026 | 178 217 881 | 111 717 139 | 109 153 000 |
Netto endring i kontantbehaldninga | -11 875 452 | 23 520 215 | -15 724 607 | -15 445 400 |
Tabell 11.2 Inntekt etter inntektskjelde – Forbrukarrådet
Inntektskjelde | Rekneskap | Budsjett | ||
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | ||||
Løyvingar frå fagdepartementet | 155 644 000 | 155 608 998 | 105 576 000 | 109 153 000 |
Løyvingar frå andre departement | 500 000 | 0 | 500 000 | |
Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan | 0 | 0 | 5 283 361 | 0 |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 | |
Sum løyvingar til statsoppdraget | 156 144 000 | 155 608 998 | 111 359 361 | 109 153 000 |
Offentlege og private bidrag | ||||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Bidrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 2 251 978 | 2 297 556 | 0 | 0 |
Sum bidrag | 2 251 978 | 2 297 556 | 0 | 0 |
Oppdragsinntekter mv. | ||||
Oppdrag frå statlege verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Refusjonar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre inntekter | 1 216 048 | 20 311 327 | 357 778 | 0 |
Sum oppdragsinntekter mv. | 1 216 048 | 20 311 327 | 357 778 | 0 |
Sum inntekter | 159 612 026 | 178 217 881 | 111 717 139 | 109 153 000 |
Tabell 11.3 Kontantbehaldninga til verksemda per 31. desember, med spesifikasjon av dei føremåla kontantbehaldninga skal nyttast til – Forbrukarrådet
Balansedag 31. desember | 2019 | 2020 | 2021 | Endring |
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2020–2021 | |||
Kontantbehaldning | ||||
Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank | 27 225 042 | 50 822 818 | 35 128 213 | -15 694 605 |
Behaldning på andre bankkonti | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre kontantbehaldningar | 107 563 | 30 002 | 0 | -30 002 |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 27 332 605 | 50 852 820 | 35 128 213 | -15 724 607 |
Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår | ||||
Feriepengar mv. | 9 223 236 | 9 210 030 | 5 652 837 | -3 557 193 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 7 569 203 | 7 869 278 | 4 648 207 | -3 221 071 |
Gjeld til leverandørar | 6 411 601 | 4 495 155 | 2 919 401 | -1 575 754 |
Gjeld til oppdragsgivarar | 1 871 472 | 2 001 491 | 0 | -2 001 491 |
Anna gjeld med forfall i neste budsjettår | 2 018 270 | 3 763 546 | 2 022 383 | -1 741 163 |
Sum til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår | 27 093 782 | 27 339 500 | 15 242 828 | -12 096 672 |
Avsetjing til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår | ||||
Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 | 0 |
Større fleirårige investeringsprosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete, ikkje-fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetjingar til vedtekne føremål som ikkje er sette i gang | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete, ikkje-fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetjingar | ||||
Avsetjingar til andre føremål / ikkje-spesifiserte føremål | 0 | 0 | 0 | 0 |
Fri verksemdskapital | 238 823 | 23 513 321 | 19 866 863 | -3 646 458 |
Ikkje inntektsført løyving | 18 523 | |||
Sum andre avsetjingar | 238 823 | 23 513 321 | 19 885 386 | -3 627 935 |
Langsiktig gjeld (netto) | ||||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Anna langsiktig gjeld | -1 | -1 | -1 | 0 |
Sum langsiktig gjeld | -1 | -1 | -1 | 0 |
Sum netto gjeld og forpliktingar | 27 332 604 | 50 852 820 | 35 128 213 | -15 724 607 |
11.2 Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond (Ovf)
Tabell 11.4 Utgifter og inntekter fordelte på art – Ovf
Rekneskap | Budsjett | |||
---|---|---|---|---|
Utgifter/inntekter | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 |
Beløp i NOK | ||||
Utgiftsart | ||||
Lønnsutgifter | 63 474 | 68 157 | 72 002 | 75 919 |
Varer og tenester | 26 674 | 28 620 | 29 076 | 21 070 |
Sum driftsutgifter | 90 148 | 96 777 | 101 078 | 96 989 |
Investeringsutgifter | ||||
Investeringar, større anskaffingar og vedlikehald | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsutgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar frå verksemda | 0 | 0 | 0 | 0 |
Utbetalingar til andre statlege rekneskapar | ||||
Andre utbetalingar | ||||
Sum overføringsutgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Finansielle aktivitetar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Kjøp og sal av aksjar og eigardelar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle utgifter | ||||
Sum finansielle utgifter | ||||
Sum utgifter | 90 148 | 96 777 | 101 078 | 96 989 |
Driftsinntekter | ||||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 0 | 0 | 0 | 0 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Refusjonar | 90 012 | 103 835 | 93 881 | 96 989 |
Andre driftsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum driftsinntekter | 90 012 | 103 835 | 93 881 | 96 989 |
Investeringsinntekter | ||||
Sal av varige driftsmidlar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar til verksemda | ||||
Inntekter frå statlege løyvingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre innbetalingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum overføringsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle innbetalingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle inntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum inntekter | 90 012 | 103 835 | 93 881 | 96 989 |
Netto endring i kontantbehaldninga (2–1) | -136 | 7 058 | -7 197 | 0 |
Tabell 11.5 Inntekt etter inntektskjelde – Ovf
Inntektskjelde | Rekneskap | Budsjett | ||
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | ||||
Løyvingar frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum løyvingar til statsoppdraget | 0 | 0 | 0 | 0 |
Offentlege og private bidrag | ||||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Bidrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum bidrag | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdragsinntekter mv. | ||||
Oppdrag frå statlege verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre inntekter | 90 012 | 103 835 | 93 881 | 96 989 |
Sum oppdragsinntekter mv. | 90 012 | 103 835 | 93 881 | 96 989 |
Sum inntekter | 90 012 | 103 835 | 93 881 | 96 989 |
Tabell 11.6 Kontantbehaldninga til verksemda per 31. desember, med spesifikasjon av dei føremåla kontantbehaldninga skal nyttast til – Ovf
Balansedag 31. desember | 2019 | 2020 | 2021 | Endring |
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2020–2021 | |||
Kontantbehaldning | ||||
Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank | 11 686 | 18 744 | 11 547 | -7 197 |
Behaldning på andre bankkonti | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre kontantbehaldningar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 11 686 | 18 744 | 11 547 | -7 197 |
Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår | ||||
Feriepengar mv. | 8 233 | 8 950 | 9 625 | 674 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 5 864 | 6 400 | 7 039 | 639 |
Gjeld til leverandørar | 932 | 83 | 1 135 | 1 051 |
Gjeld til oppdragsgivarar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Anna gjeld med forfall i neste budsjettår | -3 343 | 3 311 | -6 251 | -9 562 |
Sum til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår | 11 686 | 18 744 | 11 547 | -7 197 |
Avsetjing til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår | ||||
Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 | 0 |
Større fleirårige investeringsprosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete, ikkje-fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetjingar til vedtekne føremål som ikkje er sette i gang | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete, ikkje-fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetjingar | ||||
Avsetjingar til andre føremål / ikkje-spesifiserte føremål | 0 | 0 | 0 | 0 |
Fri verksemdskapital | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum andre avsetjingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Langsiktig gjeld (netto) | ||||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | -2 374 | -2 536 | -3 195 | -659 |
Anna langsiktig gjeld | 2 374 | 2 536 | 3 195 | 659 |
Sum langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum netto gjeld og forpliktingar | 11 686 | 18 744 | 11 547 | -7 197 |
Fotnotar
Steinnes, K.K. og Mainsah, H. (2019). Søte jenter og tøffe gutter. En kunnskapsoppsummering om barn som forbrukere i et kjønnsperspektiv. SIFO rapport nr. 1-19. Steinnes, K.K., Teigen, H.M.F. og Bugge, A.B. (2019). Photoshop, fillers og falske glansbilder? En studie blant ungdom om kropp, kjønn og markedsføring i sosiale medier. SIFO rapport nr. 3-19.
Steinnes, K.K., Teigen, H.M.F. og Bugge, A.B. (2019). Photoshop, fillers og falske glansbilder? En studie blant ungdom om kropp, kjønn og markedsføring i sosiale medier. SIFO rapport nr. 3-19.
Skiftar namn til Barneverns- og helsenemndene frå 1. januar 2023.
Nasjonal strategi for ein grøn, sirkulær økonomi.