Prop. 1 S (2022–2023)

FOR BUDSJETTÅRET 2023 — Utgiftskapittel: 200–289 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 1
Oversikt over budsjettforslaget frå Kunnskapsdepartementet

1 Hovudinnleiing

Kunnskap er vår viktigaste ressurs

Noreg skal vere eit leiande kunnskapssamfunn der menneske har like høve til å skape seg eit godt og meiningsfylt liv. Utdanning og forsking skal spegle det samfunnet vi ønsker oss, styrke dei beste sidene og bidra til å svare på dei viktigaste utfordringane vi har framfor oss. Barnehagane og skulane har breie samfunnsmandat og tydelege verdigrunnlag. I barnehagen og skulen har barn og unge ein felles arena på tvers av sosiale og kulturelle skilnader. Kunnskap, kritisk refleksjon, kjeldekritikk, vitskapleg metode og meiningsbryting står sentralt i høgare utdanning og forsking. Kompetansepolitikken for livslang læring skal gi den einskilde og arbeidsmarknaden kompetanse til utvikling og omstilling. Utdanning, læring og forsking er viktig for demokratisk deltaking, kulturell utveksling og auka sjølvkjensle og identitet hos einskildmennesket. Eit godt utdanningstilbod er ein nøkkel til å ta heile landet i bruk, motverke sosial ulikskap og skape eit meir rettferdig samfunn. Det norske samfunnet skal vere kjenneteikna av små skilnader, høg grad av likestilling, regional utjamning, inkludering og deltaking i arbeids- og samfunnsliv.

Mål, utfordringar og ambisjonar

Kunnskapsdepartementet har tre overordna mål for kunnskapssektoren:

  • Kunnskap legg grunnlag for demokrati, velferd, omstilling og berekraft

  • Samfunnet og arbeidslivet har tilgang på relevant kompetanse

  • Kunnskapssektoren utjamnar sosiale og geografiske skilnader

Dei tre hovudmåla skildrar samfunnsoppgåva til Kunnskapsdepartementet og blir utdjupa gjennom undermål og i tiltaka regjeringa går inn for under dei ulike budsjettkapitla i del II. Måla handlar om at alle får utnytta sine evner, og at samfunnet får den kompetansen som trengst for omstilling til det grøne skiftet, til utvikling av velferdssamfunnet, til utjamning av skilnader og til ivaretaking av demokratiet.

Figur 1.1 Mål for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2023

Figur 1.1 Mål for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2023

Kunnskap legg grunnlag for demokrati, velferd, omstilling og berekraft

Utdanningsinstitusjonane er fellesarenaer for utvikling av kvar einskild i tråd med felles verdiar og demokratiske prinsipp. Deltaking i barnehage, skule, læreverksemder, høgare utdanning og forsking legg grunnlag for sjølvstende, sosial utjamning, demokratisk forståing og deltaking i arbeids- og samfunnslivet. For å styrke velferdssamfunnet må vi ta i bruk kunnskapen, kreativiteten og skaparkrafta i befolkninga. Menneske som får utnytta evnene og ferdigheitene sine, får fridom til å realisere ønska og ambisjonane sine og kan leve eit godt liv.

Barnehagen utgjer første del av utdanninga og er avgjerande for sosial utjamning, inkludering og læring. Regjeringa vil at barnehagen skal bli ein fellesbarnehage på linje med fellesskulen, og at alle barn skal ha moglegheit til å ta del i det fellesskapet barnehagen gir. Barn som får støtte til å utvikle vennskap, har tryggleik og sosial kompetanse med seg resten av livet. Barn som blir oppmuntra til nysgjerrigheit, til å bruke språket og til stadig å lære og forstå noko nytt, har eit godt utgangspunkt for vidare utvikling. Gjennom leik og læring med andre barn utviklar barn verdiar som respekt og toleranse for ulike menneske. Kompetansen til dei tilsette er sentral for å sikre eit godt barnehagetilbod. Regjeringa vil styrke kompetansetiltak for tilsette i barnehagane og gi dei tillit til å bruke tid og fagkunnskap saman med barna. Regjeringa vil også gi kommunane betre demokratisk kontroll og styring over barnehagane og setje ein stoppar for utviklinga der kommersielle aktørar eig stadig fleire barnehagar. Fellesskapsmidlane våre skal gå til det beste for barna, ikkje til kommersialisering av velferda.

Fellesskulen er ein del av grunnmuren i den norske velferdsstaten og legg til rette for at alle barn skal få like moglegheiter uavhengig av sosial bakgrunn og kvar i landet dei bur. Det at alle møtest i dei same klasseromma og går gjennom den same opplæringa, har ein eigenverdi og er med på å bygge eit samfunn med høg tillit og små skilnader. Dei siste tiåra har elevgrunnlaget i norsk skule endra seg med fleire minoritetsspråklege elevar og auka sosiale skilnader. Auka mangfald stiller krav til evna skulen har til å stimulere til gode relasjonar i inkluderande fellesskap. Regjeringa vil styrke den offentlege fellesskulen og har følgt opp Hurdalsplattforma med ei ny privatskulelov som avgrensar høvet til å få godkjent private skular. Regjeringa vil òg gi lokale folkevalde sterkare innverknad over godkjenning av private skular.

Skulen har både eit danningsoppdrag og eit utdanningsoppdrag. På skulen skal elevane utvikle kunnskap og ferdigheiter dei treng for å kunne leve eit godt liv, få utdanning og delta i arbeidsliv og samfunnsliv. Skulen skal òg bidra til å utvikle heile menneske som tenker kritisk og forstår seg sjølv, andre og samfunnet rundt. Kvar einskild skal få utvikle evnene sine, dei skal oppleve vennskap og fellesskap og moglegheit til medverknad, og dei skal lære å takle usemje. Grunnopplæringa skal bidra til at elevane utviklar verdiar og haldningar for resten av livet. Dei skal få arbeide praktisk og vere kreative, aktive og undrande. Regjeringa vil legge fram ei melding som ser på korleis vi kan bidra til å styrke motivasjon, meistring, læring og utvikling til elevane på 5.–10. trinn. Skulekvardagen skal bli meir variert, praktisk og utforskande.

Alle delar av samfunnet dreg nytte av kunnskap som er skapt og formidla gjennom høgare utdanning og forsking. Høgare utdanning og forsking er viktig for omstilling og velferd, økonomisk vekst og sosial utvikling for samfunnet og den einskilde. Kvaliteten i kunnskapssektoren og ei langsiktig satsing i breidda av ulike fag- og temaområde er avgjerande for å nå dei samla måla til regjeringa på tvers av alle departement og politikkområde. Tilbodet av høgare utdanning har vakse jamt over lang tid, og norske utdanningsinstitusjonar uteksaminerer stadig fleire kandidatar. I dag har meir enn 55 pst. av unge i alderen 25–34 år fullført ein grad ved ein høgare utdanningsinstitusjon. Denne prosentdelen har auka med 20 prosenteiningar i løpet av 2000-talet. Kunnskapen som studentane tileignar seg gjennom utdanninga, skal bidra til at dei blir attraktive på arbeidsmarknaden, og at dei med rett kompetanse kan ta del i omstilling og utvikling av samfunnet. Høgare utdanning og deltaking i internasjonalt utdanningssamarbeid, til dømes gjennom EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett, Erasmus+, fremjar demokratiforståing blant unge menneske.

Regjeringa legg fram langsiktige mål og prioriteringar for politikken for forsking og høgare utdanning i den nye langtidsplanen for forsking og høgare utdanning (2023–2032). Forsking og utviklingsarbeid legg grunnlaget for å kunne løyse mange av samfunnsutfordringane Noreg og verda elles står overfor. Regjeringa legg til rette for at både næringslivet og offentleg sektor skal delta i forsking og innovasjon, og for å ta i bruk ny kunnskap og teknologi. Gjennom internasjonalt samarbeid får vi utvikla kunnskap og beredskap som vi treng for å fremje grøn og digital omstilling og skape eit berekraftig samfunn. Samarbeid med leiande internasjonale kunnskapsmiljø bidreg til å auke kvaliteten i norske fagmiljø, og studentmobilitet gir unge menneske viktig og relevant kompetanse for å løyse utfordringane verda står overfor. Internasjonalt kunnskapssamarbeid med strategisk viktige kunnskapsnasjonar utanfor EU/EØS-området er vareteke gjennom Panorama-strategien (2021–2027).

Open tilgang til forskingsresultat og data kan ha stor verdi for innovasjonsevna og verdiskapinga i landet. Det er ein sjølvstendig demokratisk verdi at kunnskapen blir gjord tilgjengeleg. Regjeringa arbeider for at offentleg finansiert forsking er tilgjengeleg for alle.

Samfunnet og arbeidslivet har tilgang på relevant kompetanse

Noreg har høg sysselsetjing og ein produktiv og kompetent arbeidsstyrke. Arbeidsløysa er på det lågaste nivået sidan før finanskrisa i 2008, og delen sysselsette har auka markant. Frå andre kvartal i 2021 til andre kvartal i 2022 har det blitt nær 200 000 fleire jobbar, og auken var høgast for unge under 25 år. Tilgangen på ledige stillingar er rekordstor. Mange verksemder, i alle delar av landet, slit med å få tak i nok og riktig kompetanse, ifølge bedriftsundersøkinga til Nav for 2022. Yrka med størst mangel er sjukepleiar, tømrar og IT-utviklar. I tillegg er det stor mangel på legar og fagarbeidarar med utdanning frå vidaregåande opplæring eller fagskule i bygg-, industri- og restaurantfag. Det er flest ledige stillingar i hovudstadsregionen, men verksemdene i Nord-Noreg og Møre og Romsdal har størst rekrutteringsutfordringar når ein tek omsyn til folketalet.

Helse- og omsorgssektoren manglar flest folk og står for ein femdel av det udekte kompetansebehovet. Mangelen på kvalifisert arbeidskraft er venta å bli ei større utfordring etter kvart som talet på innbyggarar over 80 år aukar, særleg i distrikta. I Nord-Noreg jobbar allereie kvar fjerde arbeidstakar i helse- og omsorgssektoren, samstundes som levedyktige industrinæringar slit med å få tak i nok folk.

Utdanningssektoren skal tilføre arbeidsmarknaden kompetanse som gir brei deltaking, nyskaping, omstilling og vekst i norsk nærings- og arbeidsliv. Delen av befolkninga som er i arbeidsfør alder, blir redusert etter kvart som befolkninga blir eldre og ungdomskulla blir mindre. I åra framover kan mangel på nok og rett kompetanse bli ein flaskehals. Regjeringa ønsker betre planlegging og hardare prioritering i retning av dei utdanningar som er etterspurde frå studentane og arbeidslivet. Våren 2023 vil regjeringa legge fram ei stortingsmelding om kompetansebehova i arbeidslivet på kort og lang sikt. Meldinga skal gi eit grunnlag for tiltak for å dekke kompetansebehova framover og for at innbyggarane skal få tilgang til utdanning i heile landet.

Det er positivt at ein stadig større del av ungdomskulla fullfører vidaregåande opplæring, og at det aldri har vore færre unge utan eller utanfor vidaregåande opplæring. Regjeringa vil at endå fleire skal fullføre og få ei reell kvalifisering for arbeid, læreplass eller vidare utdanning. Regjeringa vil at dimensjonering, innhald og moglegheiter til å velje i vidaregåande opplæring i større grad skal spegle kompetansebehovet som finst i samfunnet. Utdanningane skal førebu dei unge til vidare utdanning og gi grunnlag for trygge karrierar i eit velorganisert arbeidsliv.

Fagskulane speler ei viktig rolle i arbeidet med livslang læring og utbygging av utdanning i heile landet. Dei er viktige for å tette kompetansegap i arbeidslivet gjennom kortare og arbeidslivsretta utdanningstilbod. Nærleiken mellom fagskular og arbeidsmarknaden gjer at dei raskt evnar å tilpasse utdanningstilbod til nye kompetansebehov. Arbeidslivet etterspør fleire fagskuleutdanna, særleg i privat sektor og innanfor tekniske fag. Regjeringa ønsker at fleire skal ta høgare yrkesfagleg utdanning, og at nye studieplassar skal fordelast på grunnlag av lokale, regionale og nasjonale kompetansebehov.

Det grøne skiftet endrar kompetansebehova i samfunnet. Meir enn halvparten av NHO-verksemdene melder at kompetansebehova deira blir påverka av klima- og miljøomsyn. Både høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning må bli lettare tilgjengelege for folk som allereie er i arbeid, og som treng å fornye ferdigheitene sine. Dette er nødvendig for å kunne gjere produksjonsendringane som vegen mot eit lågutsleppssamfunn krev. Korte og moduliserte utdanningar og desentraliserte studietilbod tilpassa folk i arbeid er viktige bidrag for å bygge rett kompetanse i alle delar av landet. Vi må bruke dei folka vi har betre og få fleire til å skaffe seg meir kompetanse. Då må vi ha tilbod der folk bur, som er tilpassa ein kvardag med jobb og barn.

Kunnskapssektoren utjamnar sosiale og geografiske skilnader

Barnehagar, skular og SFO er viktige arenaer for å jamne ut sosiale skilnader. Gode og trygge barnehagar bidreg til å gi barn ein god oppvekst og utvikling gjennom leik og læring. Alle barn, uavhengig av føresetnader og kvar dei bur, skal ha tilgang til eit barnehagetilbod av høg og likeverdig kvalitet. Dei aller fleste barn går i barnehage, men for 1–2-åringar er prosentdelen mykje lågare for minoritetsspråklege barn. Økonomi skal ikkje vere til hinder for deltaking i barnehage. Regjeringa har redusert maksimalprisen for foreldrebetalinga i barnehagen og vil gå gjennom dei ulike moderasjonsordningane med mål om at barn frå alle sosiale lag skal ha lik moglegheit til å delta.

Forsking har gjennom fleire år vist at det er stor variasjon i kvaliteten på barnehagetilbodet, både mellom barnehagane og innanfor kvar barnehage. Det er òg stor regional skilnad i tilgangen på kvalifiserte barnehagelærarar. Samansetjinga av bemanninga varierer mellom private og kommunale barnehagar, med flest utan relevant utdanning i dei private. Regjeringa vil før jul 2022 legge fram ein strategi for kvalitet i barnehagesektoren for perioden fram mot 2030.

Det er viktig for fellesskapet at barn og unge med ulik bakgrunn lærer saman i skulen. Fellesskulen skal romme mangfaldet av elevar. Barn og unge med behov for særskild tilrettelegging skal bli fanga opp tidlegare, slik at dei kan få den hjelpa og støtta dei har rett til. Skulen skal medverka til å utjamne sosiale skilnader slik at familieøkonomi og anna ikkje skal hindre elevar i å få ei god opplæring. Med fagfornyinga har mange av faga i skulen fått ei meir praktisk og utforskande tilnærming, og elevane skal få tilpassa opplæring, uavhengig av kva nivå dei er på. Også elevar med stort læringspotensial må få møte forventningar og utfordringar i skulen som svarar til det faglege nivået dei er på.

Barn av foreldre som har låg utdanning, låg inntekt eller sjukdom, eller som har innvandra til Noreg, har lågare sjanse til å gjennomføre og prestere godt i utdanningsløpet enn andre barn. Nokre bustadområde i storbyane har ei opphoping av levekårsutfordringar som blir spegla i skuleresultata til barna. Det er særs sterk samanheng mellom resultat i grunnskulen og fullføring av vidaregåande opplæring. Regjeringa vil setje ned ei ekspertgruppe som skal utarbeide eit kunnskapsgrunnlag og kome med tilrådingar om korleis barnehagar, skular og SFO kan vere med på å jamne ut sosiale skilnader.

Mange barn og unge har kjent på einsemd og dårlegare psykisk helse under pandemien. Samstundes blei tilbodet til minoritetsspråklege barn og barn med særskilde behov redusert på grunn av bemanningsutfordringar i barnehagar og skular. Det er enno for tidleg å konkludere om korleis desse erfaringane vil påverke barn og unge på lengre sikt. Regjeringa sette inn målretta tiltak i 2022 for å hjelpe barn som var særleg hardt ramma av smitteverntiltaka. Koronakommisjonen avdekte at mange studentar slit med psykiske plager, og at tilgangen til psykososiale tenester er for dårleg. Det er godt dokumentert at mangel på samordning av offentlege tenester og tverrfagleg samarbeid kan føre til at barn og unge ikkje får hjelpa dei treng, når dei treng ho. Det er også stor skilnad i tilbodet mellom kommunane. Nye samarbeids- og samordningsreglar i velferdslovgivinga, som gjeld frå august 2022, skal styrke oppfølginga av sårbare barn og unge og familien deira.

Delen av befolkninga med høgare utdanning har auka i alle delar av landet, men det er monaleg fleire med høg utdanning i dei mest sentrale delane av landet. Samstundes har delen av befolkninga som ikkje har gjennomført utdanning utover grunnskule, halde seg stabil. I arbeidsmarknaden veks delen med høg utdanning, medan ein større del av dei med grunnskule som høgste utdanning står utanfor. Det blir stadig vanskelegare for dei utan vidaregåande opplæring å kome seg inn på arbeidsmarknaden. Det er viktig at både unge og vaksne fullfører vidaregåande opplæring og oppnår reell kvalifisering til læreplass, arbeid og vidare utdanning. Deltaking i arbeids- og samfunnsliv fremjar inkludering, motivasjon og meistring.

Regjeringa vil gjere utdanningstilbodet endå meir tilgjengeleg for folk i heile landet ved å løyve meir midlar til fleksible og desentraliserte utdanningstilbod. Ikkje alle har moglegheit til å flytte til ein av dei faste studiestadene til fagskular, universitet og høgskular. Fleksible og desentrale tilbod spelar ei viktig rolle for kvalifisering og kompetanseheving for arbeidsledige og for dei som allereie er i arbeid. Studietilbodet kan innrettast mot det regionale arbeidslivets behov. Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning 2022 viser at det er god geografisk spreiing av fagskuletilbodet, som er fordelt på 160 studiestadar. Fagskulane har blitt gode på nettbasert undervisning.

Lånekassen fylte 75 år i 2022. Sidan etableringa har ho medverka til at høgare utdanning har vore tilgjengeleg for alle samfunnslag. Lånekassen har fungert sosialt utjamnande og gitt fleire generasjonar større valfridom over eiga framtid. Utdanningsstøtta, i form av lån og stipend, er ei velferdsordning som skal sikre at alle har eit godt grunnlag for livsopphald under utdanninga. Om lag kvar femte nordmann har ein kunderelasjon til Lånekassen, anten dei mottek studielån eller betaler ned på studielånet, og meir enn 400 000 elevar, studentar og lærlingar mottek utdanningsstøtte kvart år. Regjeringa vil utvide utdanningsstøtteordningane slik at også kortare utdanningstilbod kan gi rett til lån, og vaksne i kort modulisert utdanning skal få tilgang til lån utan stipenddel.

Hovudprioriteringar for 2023

Barnehage og grunnskule

Regjeringa ønsker eit samfunn med mindre skilnader og betre moglegheiter for alle. Forskinga har vist at innsats retta mot barn i barnehagealder er særleg verksamt både for å utjamne skilnader her og no, men også for å førebygge større skilnader på sikt. Tidlegare innsats for å gi alle likare moglegheiter i utdanningsløpet bidrar til å redusere skilnadene i samfunnet. Regjeringa vil derfor bruke kompetansen og ressursane betre og meir målretta og rette særleg innsats mot barnehagen og dei tidlege skuleåra. Samla sett foreslår regjeringa å bruke 740 mill. kroner til tiltak for å fremje kvaliteten og kompetansen i barnehagane, ein auke på 275 mill. kroner. Midlane skal mellom anna gå til fleire vidareutdanningsplassar og andre kompetansetiltak, midlar til å styrke kvaliteten i barnehagelærarutdanninga og auka pedagogtettleik i barnehagar i levekårsutsette område. Regjeringa foreslår òg å auke tilskotet til tiltak for å styrke den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn med 45 mill. kroner i 2023. Dette er ei viktig satsing for å gi barnehagane fleire kvalifiserte tilsette og moglegheit til raskare å nå målet om 50 pst. barnehagelærarar.

Regjeringa foreslår å redusere maksimalprisen for foreldrebetaling i barnehage til 3 000 kroner per månad frå 1. januar 2023. Maksimalprisen hadde auka gjenom fleire år, og var i 2022 på 3 315 kroner per månad, men frå 1. august 2022 blei prisen sett ned til 3 050 kroner per månad, noko som tilsvarar nivået frå barnehageforliket. No foreslår regjeringa ein ytterlegare reduksjon. Regjeringa foreslår i tillegg å innføre gratis barnehage frå 1. august 2023 for tredje barn i familien som går i barnehage samstundes. Regjeringa foreslår også at alle 1–5 åringar i Finnmark og Nord-Troms (tiltakssona) skal få gratis barnehage frå 1. august 2023. Frå hausten 2022 får alle elevar på 1. trinn tilbod om tolv timar gratis SFO per veke, og regjeringa vidarefører dette. Dette er ei historisk utviding av fellesskulen.

Regjeringa vil styrke den offentlege fellesskulen slik at vi får ein fellesskule som er så variert og god at alle elevar har moglegheit til å finne seg til rette. Det viktigaste for barn og unges læring, meistring og trivsel er at dei møter kvalifiserte lærarar som har tid til å sjå den enkelte eleven. Samla foreslår regjeringa å løyve 1,3 mrd. kroner til vidareutdanning for lærarar i skulen, noko som gir rom for å tilby vidareutdanning for om lag 6 000 lærarar hausten 2023. Regjeringa vil gjennomføre ei tillitsreform som skal gi innbyggarane betre velferd og betre tenester gjennom å la dei tilsette få større moglegheit til å bruke profesjonen sin til å utøve oppgåvene. Kompetansen som finst i utdanningssektoren, er eit viktig grunnlag for tillitsbasert leiing og mindre detaljstyring. Regjeringa foreslår 10 mill. kroner til lokale pilotar og prosjekt i barnehagar og skular knytt til tillitsreforma.

Regjeringa vil bidra til betre leseferdigheiter slik at fleire barn og unge meistrer lange tekster og les fleire bøker. Regjeringa foreslår å styrke ordninga med tilskot til skulebibliotek til totalt 25 mill. kroner. Regjeringa foreslår at styrkinga særleg blir retta mot levekårsutsette område. Regjeringa foreslår å halde fram opptrappinga av kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis og foreslår ei løyving på 150 mill. kroner i 2023.

Regjeringa vil gjennomføre eit krafttak for samisk språk ved å auke løyvinga for tilskot til opplæring i samisk språk i grunnopplæringa med 17,5 mill. kroner. Berekningsreglane for tilskotsordningane for samisk språk er kompliserte og gir store skilnader i tilskot for elevar i kommunar innanfor og utanfor forvaltningsområdet for samisk språk. Satsinga er ei monaleg styrking av opplæring i samisk.

Ei styrking av den offentlege fellesskulen inneber òg at ressursinnsatsen må rettast mot den offentlege skulen. Einskilde private skular får særtilskot i tillegg til tilskot som følger av lova. Særtilskota bidreg til å komplisere finansieringssystemet for private skular, og det er ofte tilfeldig kva skular som mottek særtilskot. Regjeringa foreslår å redusere og avvikle nokre av desse særtilskota i 2023.

Vidaregåande opplæring

Norsk arbeids- og samfunnsliv treng fleire fagarbeidarar for å bygge den moderne velferdsstaten og ein industri i verdstoppen. For mange får ikkje læreplass, og for få gjennomfører med fag- eller sveinebrev.

Tiltak for at fleire skal bli kvalifiserte til læreplass, arbeid og vidare utdanning er viktig for at fleire skal delta i arbeidslivet og for å redusere sosiale skilnader. Regjeringa foreslår derfor ein samla auke på om lag 330 mill. kroner til tiltak for at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring. Dette inkluderer vidareføring og styrking av tilskotet til Fagbrev på jobb til 60 mill. kroner. Samla foreslår regjeringa nær 1 mrd. kroner til tiltak for fullføring og kvalifisering i vidaregåande opplæring over kap. 225, post 69. Budsjettforslaget omfattar ein reell auke på nær 80 mill. kroner for å auke tilskotet til fleire læreplassar og betre kvalifisering og formidling til læreplass.

Regjeringa tek sikte på å legge fram forslag til ny opplæringslov våren 2023, som mellom anna skal omfatte ein fullføringsrett og ein yrkesfagleg rekvalifiseringsrett. Budsjettforslaget legg til rette for fleire lovendringar som skal bidra til å auke fullføringa i vidaregåande opplæring. Samla foreslår regjeringa 61 mill. kroner til desse lovendringane, som er nærare omtalte under programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Midlane blir lagde i rammetilskotet og gir kommunesektoren høve til å tilpasse seg dei varsla lovendringane før dei trer i kraft. I tillegg foreslår regjeringa å vidareføre tilskotet for at personar utan lovfesta rett til opplæring kan fullføre vidaregåande opplæring. Tilskotet legg til rette for ein fullføringsrett frå hausten 2024. Tilskotet for at fleire som har studie- og yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring kan ta eit fagbrev blir trappa opp i tråd med opplæringsløpa til målgruppa.

Regjeringa foreslår 57,3 mill. kroner til å auke bortebuarstipendet med 660 kroner i månaden for elevar i vidaregåande opplæring for å bidra til at geografi og privatøkonomi ikkje skal vere eit hinder for at unge får den opplæringa dei ønsker seg. I budsjettforslaget inngår òg 50,1 mill. kroner til å auke utstyrsstipendet, for å gi betre samsvar mellom stipendet og utgiftene elevane har til nødvendig utstyr i vidaregåande opplæring.

Kompetansepolitikk og livslang læring

Regjeringa vil at fleire skal ta høgare yrkesfagleg utdanning, og foreslår 20 mill. kroner til 500 nye studieplassar til fagskulane i 2023. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte.

Regjeringa foreslår å styrke ordninga for slette av utdanningsgjeld i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms med 41,1 mill. kroner. Ordninga er eit viktig verkemiddel for å rekruttere personar med kompetanse som regionen treng. Regjeringa vil styrke ordninga ved å auke maksimumsbeløpet og delen gjeld som kan slettast årleg.

Bransjeprogramma for kompetanseutvikling som blei oppretta i 2020 i møte med covid-19-pandemien, skal etter planen fasast ut i 2023. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga til Kompetanseprogrammet, der bransjeprogramma inngår, med 60 mill. kroner. Innanfor Kompetanseprogrammet foreslår regjeringa å redusere løyvinga til Kompetansepluss med 50 mill. kroner.

Høgare utdanning og forsking

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til universitet og høgskular med 543,1 mill. kroner til 42,8 mrd. kroner i 2023. Det er nominelt 1,4 mrd. kroner høgare enn i 2022 og 5,6 mrd. kroner høgare enn i 2019. Realveksten frå 2022 er 0,3 pst. og 2,2 pst. frå 2019.

Av auken er 329,2 mill. kroner opptrapping av midlar for studieplassar Stortinget løyvde midlar til i budsjetta for 2019–22, og 207,8 mill. kroner er resultatbasert utteljing for auken på indikatorane i finansieringssystemet. Regjeringa foreslår òg midlar til 40 nye studieplassar i nukleære fag og 30 nye studieplassar i medisin.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til dei søknadsbaserte ordningane for studiesenter og desentralisert og fleksibel utdanning over heile landet gjennom Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse med 10 mill. kroner, til 199,6 mill. kroner.

Regjeringa foreslår 53,7 mill. kroner i 2023 for å utvikle ei ny teknisk plattform for Samordna opptak. Målet med prosjektet er å utvikle eit sikkert, påliteleg og framtidsretta system, slik at opptaket til høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning kan gjennomførast også i komande år.

Gratisprinsippet i norsk høgare utdanning ligg fast, men Noreg er eitt av få land der óg alle internasjonale studentar får gratis utdanning. Regjeringa meiner at norske universitet og høgskular har så høg kvalitet i tilboda at dei kan rekruttere utanlandske studentar uavhengig av om tilbodet er gratis. Regjeringa foreslår at universiteta og høgskulane skal krevje minst kostnadsdekkande studieavgift frå studentar utanfrå EØS/Sveits frå og med haustsemesteret 2023. Løyvinga er redusert med 74,4 mill. kroner som følge av ein forventa auke i inntektene frå studieavgifter.

Regjeringa foreslår å redusere stipenddelen i den ordinære skulepengestøtta ved utdanning utanfor Norden, til 40 pst. for alle studentar frå og med studieåret 2023–24. Tiltaket gir ei anslått innsparing på 119,4 mill. kroner i 2023. Likviditeten til studentane som er i utdanning, blir ikkje endra med forslaget, men dei vil få noko høgare gjeld når dei er ferdige med utdanninga.

Regjeringa foreslår 1 450 mill. kroner til livsvitskapsbygget og 525 mill. kroner til nytt vikingtidsmuseum, begge ved Universitetet i Oslo, og 259 mill. kroner til Blått bygg ved Nord universitet. Vidare foreslår regjeringa 73 mill. kroner til vidare prosjektering av NTNU Campussamling. Midlane blir i all hovudsak løyvde over Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett.

Regjeringa foreslår at 25 mill. kroner av løyvinga til Noregs forskingsråd skal nyttast til forsking på kjernefysikk og kjernekjemi.

Regjeringa vil setje ramma for Retur-EU til 500 mill. kroner frå og med 2023 for å støtte opp om dei norske institutta si deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa.

Regjeringa foreslår tilsegner om tilskot til 1 650 nye studenthyblar i 2023 og vil samstundes heve den øvre kostnadsramma for å kunne få tilskot til å bygge studentbustadar til 1 450 000 kroner per hybeleining. Tilskotssatsane blir justerte med forventa prisvekst.

Regjeringa foreslår 141,5 mill. kroner til ei tilskotsordning for energitiltak i studentbustadar.

Andre saker

Kompensasjon i samband med innføring av ny premiemodell for statlege verksemder frå 2022

Statens pensjonskasse (SPK) innførte frå og med 2022 ein ny hendingsbasert og verksemdsspesifikk premiemodell for statlege verksemder. Omlegginga skulle vere om lag budsjettnøytral på innføringstidspunktet, ved at verksemdene dette gjeld fekk ein reduksjon eller ein auke i løyvinga i tråd med endra premie, samanlikna med kva som ville følgt av det gamle premiesystemet. Saka er omtalt i Prop. 1 S (2021–2022) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet, side 28 og 29.

Utrekningar viser no at verksemdene samla er noko overkompenserte ved omlegginga. Pensjonsgrunnlaget per 1. januar 2022 vart ved ein feil ikkje oppjustert med lønnsveksten gjennom året for gammal premiemodell. Premieanslaga etter gammal modell skulle ha vore noko høgare, som inneber at kompensasjonen skulle ha vore noko lågare. For Kunnskapsdepartementet utgjer dette 67,5 mill. kroner. Regjeringa vil som følge av dette redusere budsjettramma til departementet med same beløp frå 2023.

Budsjettgevinstar frå endra jobbreisevanar

Pandemien har ført til endra jobbreisevanar. Sjølv om reiseaktiviteten er høgare no enn under pandemien, vil nivået på reiseaktiviteten truleg vere varig redusert. I Saldert budsjett 2022 blei det lagt til grunn eit gevinstuttak på om lag 7 pst. av reiseutgiftene før pandemien. I revidert budsjett for 2022 blei gevinstuttaket auka til om lag 14 pst. i andre halvår 2022. Regjeringa foreslår å auke gevinstuttaket i 2023 til om lag 20 pst. av reiseutgiftene før pandemien. Det inneber eit auka gevinstuttak under Kunnskapsdepartementet samanlikna med Saldert budsjett 2022 på om lag 213 mill. kroner.

Områdegjennomgang av namngitte tilskotsmottakarar

Tilskotsmidlar skal normalt lysast ut og fordelast på grunnlag av opne søknadsprosessar og kjende tildelingskriterium, slik at fleire kan søke om tilskot og alternative tilnærmingar for oppnåing av mål og samfunnseffektar kan bli vurderte opp mot kvarandre. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring har gjennomført ein områdegjennomgang av praksis for namngiving av tilskotsmottakarar i statsbudsjettet. Tilskot der mottakaren er namngitt i budsjettproposisjonen utgjer unntak frå fråsegna i økonomiregelverket. Slike unntak kan vere hensiktsmessige i einskilde tilfelle, til dømes dersom det gjeld viktige formål utan alternative tilbydarar, men namngiving av mottakarar kan også føre til mindre effektiv måloppnåing fordi mottakaren blir unnteken frå konkurranse og prioritering. Regjeringa har derfor starta eit arbeid med å redusere antal namngitte tilskotsmottakarar i statsbudsjettet. Sjå Prop. 1 S (2022–2023) Gul bok for utfyllande omtale. Regjeringa foreslår som del av arbeidet å avvikle tre einskildståande tilskot på Kunnskapsdepartementets budsjett, legge inn fire i eksisterande ordningar, og foreslår å redusere tilskotet til einskilde mottakarar.

2 Oversikt over forslaget til budsjett for Kunnskapsdepartementet

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

Administrasjon

200

Kunnskapsdepartementet

424 875

386 334

397 298

2,8

201

Analyse og kunnskapsgrunnlag

232 015

261 361

280 159

7,2

Sum kategori 07.10656 890647 695677 4574,6

Grunnopplæringa

220

Utdanningsdirektoratet

653 248

627 253

669 246

6,7

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

15 187

16 034

16 141

0,7

222

Statlege skular og fjernundervisningstenester

155 422

153 000

129 353

–15,5

223

Diamanten skole

27 473

100,0

224

Tilskot til freds- og menneskerettssenter

114 322

122 132

125 662

2,9

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 631 431

1 918 965

2 384 721

24,3

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

4 186 056

3 484 122

2 825 930

–18,9

227

Tilskot til særskilde skular

229 789

230 986

222 277

–3,8

228

Tilskot til private skular o.a.

6 197 458

5 908 747

6 471 436

9,5

229

22. juli-senteret

52 667

100,0

230

Statleg spesialpedagogisk teneste

654 692

654 696

623 053

–4,8

Sum kategori 07.2013 837 60513 115 93513 547 9593,3

Barnehagar

231

Barnehagar

694 238

765 963

1 089 563

42,2

Sum kategori 07.30694 238765 9631 089 56342,2

Høgare yrkesfagleg utdanning

240

Fagskular

1 041 973

1 181 527

1 249 623

5,8

241

Felles tiltak for fagskular

36 160

22 754

23 354

2,6

242

Noregs grøne fagskule – Vea

34 400

32 181

32 757

1,8

Sum kategori 07.401 112 5331 236 4621 305 7345,6

Kompetansepolitikk og livslang læring

251

22. juli-senteret

15 538

27 695

–100,0

253

Folkehøgskular

993 308

1 045 730

1 066 257

2,0

254

Studieforbund o.a.

72 430

74 313

76 236

2,6

256

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

132 774

364 659

441 943

21,2

257

Kompetanseprogrammet

333 542

313 123

208 695

–33,4

258

Tiltak for livslang læring

254 465

148 424

129 317

–12,9

Sum kategori 07.501 802 0571 973 9441 922 448–2,6

Høgare utdanning og forsking

260

Universitet og høgskular

40 849 415

41 437 895

42 801 762

3,3

270

Studentvelferd

309 149

1 065 746

1 094 714

2,7

271

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

178 311

166 569

119 342

–28,4

272

Tiltak for internasjonalisering og høgare utdanning

268 754

711 893

605 775

–14,9

273

Kunnskapssektorens tenesteleverandør – Sikt

223 101

179 008

182 910

2,2

274

Universitetssenteret på Svalbard

40 032

158 265

158 265

0,0

275

Tiltak for høgare utdanning og forsking

514 604

225 363

263 601

17,0

284

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

18 361

19 823

20 119

1,5

285

Noregs forskingsråd

5 141 414

5 141 824

5 229 094

1,7

286

Regionale forskingsfond

194 982

159 012

122 087

–23,2

287

Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

223 756

228 426

234 990

2,9

288

Internasjonale samarbeidstiltak

3 252 420

4 296 520

5 016 256

16,8

289

Vitskaplege prisar

44 969

46 138

46 047

–0,2

Sum kategori 07.6051 259 26853 836 48255 894 9623,8

Utdanningsstøtte

2410

Statens lånekasse for utdanning

50 064 897

50 788 954

54 714 987

7,7

Sum kategori 07.8050 064 89750 788 95454 714 9877,7

Sum programområde 07

119 427 488

122 365 435

129 153 110

5,5

Sum utgifter

119 427 488

122 365 435

129 153 110

5,5

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

01–29

Statens egne driftsutgifter

7 297 000

7 302 903

7 073 612

–3,1

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

202 394

78 647

85 024

8,1

50–89

Overføringar til andre

77 042 385

80 029 017

84 586 288

5,7

90–99

Utlån, statsgjeld o.a.

34 885 709

34 954 868

37 413 186

7,0

Sum under departementet

119 427 488

122 365 435

129 153 110

5,5

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

Administrasjon

3200

Kunnskapsdepartementet

680

0,0

Sum kategori 07.10680

0,0

Grunnopplæringa

3220

Utdanningsdirektoratet

1 846

2 406

2 478

3,0

3222

Statlege skular og fjernundervisningstenester

23 444

21 040

20 986

–0,3

3223

Diamanten skole

685

100,0

3225

Tiltak i grunnopplæringa

6 130

11 201

76 128

579,7

3230

Statleg spesialpedagogisk teneste

31 978

32 295

33 264

3,0

Sum kategori 07.2063 39866 942133 54199,5

Høgare yrkesfagleg utdanning

3242

Noregs grøne fagskule – Vea

8 309

6 449

6 640

3,0

Sum kategori 07.408 3096 4496 6403,0

Kompetansepolitikk og livslang læring

3256

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

3 564

5 220

29 757

470,1

Sum kategori 07.503 5645 22029 757470,1

Høgare utdanning og forsking

3271

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

5 255

4 646

4 785

3,0

3275

Tiltak for høgare utdanning og forsking

10

10

0,0

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

17 367

17 441

16 414

–5,9

Sum kategori 07.6022 62222 09721 209–4,0

Utdanningsstøtte

5310

Statens lånekasse for utdanning

19 217 916

20 191 769

21 421 541

6,1

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

3 260 505

4 795 128

9 714 332

102,6

Sum kategori 07.8022 478 42124 986 89731 135 87324,6

Sum programområde 07

22 576 994

25 087 605

31 327 020

24,9

Sum inntekter

22 576 994

25 087 605

31 327 020

24,9

Inntekter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

01–29

Sal av varer og tenester

118 421

106 828

197 706

85,1

50–89

Overføringar frå andre

3 331 251

4 889 382

9 793 266

100,3

90–99

Tilbakebetalingar o.a.

19 127 322

20 091 395

21 336 048

6,2

Sum under departementet

22 576 994

25 087 605

31 327 020

24,9

Bruk av stikkordet «kan overførast»

Under Kunnskapsdepartementet blir stikkordet «kan overførast» foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30–49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2022

Forslag 2023

220

70

Tilskot til læremiddel o.a.

4 524

76 819

225

63

Tilskot til samisk i grunnopplæringa

3 120

115 074

225

65

Rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg

331 258

226

21

Særskilde driftsutgifter

126 201

1 075 393

231

21

Særskilde driftsutgifter

54 163

788 994

240

61

Utviklingsmidlar til fagskular

6 460

52 038

241

21

Særskilde driftsutgifter

27 099

23 354

257

70

Tilskot

424 933

201 253

258

21

Særskilde driftsutgifter

68 372

129 317

270

75

Tilskot til bygging av studentbustadar

494 738

871 368

272

51

Tiltak for internasjonalisering

145 539

96 547

272

52

Tiltak for høgare utdanning

276 500

263 228

272

71

Tilskot til tiltak for internasjonalisering

125 868

272

72

Tilskot til tiltak for høgare utdanning

120 132

275

21

Særskilde driftsutgifter

23 527

186 077

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Nedanfor er ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Kunnskapsdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2021–2022 og alle vedtak frå tidlegare sesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 141 S (2021–2022) meinte ikkje var følgde opp ferdig (50 stk.).

I kolonnen lengst til høgre i tabell 3.1 er det ført opp om departementet reknar med at rapporteringa om vedtaket no blir avslutta, eller om det vil rapportere konkret om det i budsjettframlegget neste år òg. Ei rapportering som inneber at departementet skal legge fram ei konkret sak for Stortinget, vil normalt først bli avslutta når slikt framlegg er gjort.

Sjølv om det i tabellen er oppgitt at rapporteringa blir avslutta, vil det stundom vere slik at oppfølginga av alle sider av vedtaket ikkje er sluttført. Dette kan til dømes gjelde oppmoding om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, og der oppfølginga vil kunne gå over fleire år. I slike tilfelle blir Stortinget orientert om oppfølginga slik som elles gjennom omtale av det relevante politikkområdet i andre dokument til Stortinget.

Tabell 3.1 Oppmodingsvedtak

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Følgt opp (ja/nei)

2021–2022

35, pkt. 44

Meldeplikt ved overføring av eigedomsrett til barnehage

Nei

2021–2022

35, pkt. 45

Gjeninnføre rett for kommunane til å føre tilsyn med private barnehagar

Nei

2021–2022

35, pkt. 53

Kartlegging av utfordringar for praktisk opplæring i skulen

Nei

2021–2022

374

Styrking av praktisk læring

Nei

2021–2022

494

Konsekvensar av covid-19-pandemien

Ja

2021–2022

526

Følge opp intensjonane om berekraft i læreplanane

Ja

2021–2022

655

Tilbod til ukrainske barn før registrering og/eller busetjing

Ja

2020–2021

16

Gjennomgang av finansieringskategoriane i høgare utdanning

Nei

2020–2021

30

Ordning i Statens lånekasse for utdanning for autorisasjon av helsepersonell

Ja

2020–2021

79

Politiattest for tilsetjing i skular og barnehagar

Nei

2020–2021

182

Greie ut Østfold-modellen for lærekandidatar med tilretteleggingsbehov

Nei

2020–2021

684

Finansiering av studieopphald i utlandet

Ja

2020–2021

685

Auka studiemobilitet for studentar med tilretteleggingsbehov

Ja

2020–2021

687

Betre godkjenningsordningar for utanlandsk utdanning

Ja

2020–2021

832

Skuleskip i Nord-Noreg

Ja

2020–2021

937

Fråfall og forseinkingar i høgare utdanning

Ja

2020–2021

941

Opptrappingsplan for studieplassar i medisin, helsefag, sjukepleie og psykologi

Nei

2020–2021

942

Styrke rådgivings- og rettleiingstenesta i skulen

Nei

2020–2021

943

Krav til minstestandard på teknisk utstyr på yrkesfag

Ja

2020–2021

944

Kunnskap om fagskuleutdanning i rådgivingstenesta

Ja

2020–2021

945

Rekrutteringsstipend for yrkesfaglærarutdanning

Ja

2020–2021

946

Hospiteringsordning for yrkesfaglærarar

Ja

2020–2021

947

Yrkesopplæringa tilpassa arbeidslivet

Ja

2020–2021

948

Prøveforsøk i yrkesfag etter Steigen-modellen

Ja

2020–2021

949

Undervisningsutstyr i tekniske fag i vidaregåande

Ja

2020–2021

950

Auka utstyrsstipend

Ja

2020–2021

971

Tilgang til skulebygg for organisasjonar

Ja

2020–2021

1016

Eksamensoppgåver og skriftspråk

Ja

2020–2021

1017

Opplæringslova, barnehagelova og FNs barnekonvensjon

Nei

2020–2021

1018

Fjernundervisning og opplæringslova

Nei

2020–2021

1069

Rett til innføringsfag i vidaregåande opplæring

Nei

2020–2021

1070

Sluttkompetanse i vidaregåande skule

Nei

2020–2021

1071

Overgangskurs i vidaregåande opplæring

Nei

2020–2021

1072

Overgangstilbod i vidaregåande opplæring

Nei

2020–2021

1073

Vektlegge opplæringstilbod som fører til læreplass

Ja

2020–2021

1074

Tilbod om praksisbrev i vidaregåande opplæring

Nei

2020–2021

1075

Vekslingsmodellar i vidaregåande opplæring

Ja

2020–2021

1076

Forsterka oppfølgingsansvar i vidaregåande opplæring

Nei

2020–2021

1078

Opplæringskontor og lærebedrifter

Nei

2020–2021

1080

Produksjonsskular

Ja

2020–2021

1104

Heilskaplege og koordinerte tenester

Ja

2019–2020

697

Kompetansefunn Digital

Ja

2019–2020

698

Rett til kompetanseheving i arbeidslivet

Nei

2019–2020

699

Finansieringssystem for universitet og høgskular

Nei

2019–2020

700

Studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning

Nei

2019–2020

701

Vaksne utan rett til vidaregåande opplæring

Nei

2018–2019

51

Finansieringssystemet og ideelle barnehagar

Nei

2018–2019

197

Fritak frå skulefag

Nei

2017–2018

461

Vilkår for private barnehagar

Nei

2017–2018

802

Finansieringssystemet for private barnehagar

Nei

2017–2018

887

Rangering av søkarar til høgare utdanning

Nei

2016–2017

67

Hovudmål og målformgrupper på ungdomsskulen

Nei

2016–2017

642

Medlemskap i studentsamskipnad for fagskular

Nei

2016–2017

643

Evaluering av fagskulereforma

Nei

2016–2017

900

Lærarar med fordjuping i spesialpedagogikk

Nei

2016–2017

901

Rett til spesialundervisning av fagpersonar

Nei

2016–2017

903

Spesialundervisning og lærarkompetanse

Nei

2015–2016

796

Krav om norsk og samisk språk i barnehagesektoren

Nei

Oppmodingsvedtak under kunnskapsministeren

Vedtak frå 2021–2022-sesjonen

Vedtak nr. 35, pkt. 44 (2021–2022), 2. desember 2021: Meldeplikt ved overføring av eigedomsrett til barnehage

Stortinget ber regjeringen i forskrift og lovforslag innføre meldeplikt til kommunen når eiendomsrett til barnehage i kommunen blir overført til andre enn staten eller den fylkeskommune der eiendommen ligger, og utrede hvordan det kan innføres en forkjøpsrett for kommuner.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Vedtaket om å innføre meldeplikt til kommunen blei våren 2022 følgt opp i Prop. 82 L (2021–2022) Endringer i barnehageloven (selvstendig rettssubjekt, forbud mot annen virksomhet, meldeplikt m.m.). I proposisjonen blei det foreslått krav om at private barnehagar skal melde frå til kommunen og Utdanningsdirektoratet ved nedlegging, eigarskifte eller andre organisatoriske endringar. Stortinget behandla forslaget 31. mai 2022, jf. Innst. 403 L (2021–2022).

Departementet vil følge opp vedtaket om å greie ut ein forkjøpsrett for kommunane i samband med den varsla gjennomgangen av regelverket for styring og finansiering av private barnehagar.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 35, pkt. 45 (2021–2022), 2. desember 2021: Gjeninnføre rett for kommunane til å føre tilsyn med private barnehagar

Stortinget ber regjeringen fremme nødvendige forslag for å gjeninnføre kommunenes rett til å føre tilsyn med private barnehager, herunder gi kommunene innsyn i alle økonomiske disposisjoner i barnehager i kommunen som mottar tilskudd.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med den varsla gjennomgangen av regelverket for styring og finansiering av private barnehagar.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 35, pkt. 53 (2021–2022), 2. desember 2021: Kartlegging av utfordringar for praktisk opplæring i skulen

Stortinget ber regjeringen kartlegge hva som er de største utfordringene for praktisk opplæring både i de praktiske og estetiske fagene- og andre fag i skolen, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte. Kartleggingen må blant annet vurdere kompetanse, fysiske fasiliteter og utstyrssituasjonen, særlig i de praktiske og estetiske fagene.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Vedtaket vil bli følgt opp i den varsla meldinga om ungdomstid og 5.–10. trinn i grunnskulen.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 374 (2021–2022), 1. februar 2022: Styrking av praktisk læring

Stortinget ber regjeringen i sitt varslede arbeid med en helhetlig ungdomsskolereform vektlegge endringer som skal bidra til å øke elevenes motivasjon, læring og trivsel og styrke den praktiske læringen, og videre at regjeringen inkluderer sektoren tett i arbeidet.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:18 S (2021–2022) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Erna Solberg, Jan Tore Sanner, Kari-Anne Jønnes, Margret Hagerup, Mathilde Tybring-Gjedde og Turid Kristensen, jf. Innst. 129 S (2021–2022).

Vedtaket vil bli følgt opp i den varsla meldinga om ungdomstid og 5.–10. trinn i grunnskulen.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 494 (2021–2022), 26. april 2022: Konsekvensar av covid-19-pandemien

Stortinget ber regjeringen om å ha dialog med kommuner og fylkeskommuner om tiltak for å bøte på negative konsekvenser av pandemien for elever i norsk skole. I dialogen skal anbefalingene frå Parr-rapporten vektlegges.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:131 S (2021–2022) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Ingvild Wetrhus Thorsvik, Abid Raja, Jan Tore Sanner, Kari-Anne Jønnes og Margret Hagerup, jf. Innst. 252 S (2021–2022).

Regjeringa har hatt dialog med kommunesektoren om konsekvensane av covid-19-pandemien. Pandemien har slått ulikt ut, og kommunesektoren har til liks med Parr-rapporten peika på behovet for ulike tiltak ulike stadar. Regjeringa har derfor gitt kommunane og fylkeskommunane stort handlingsrom til å utforme og målrette tiltak etter lokale behov framfor å setje inn nasjonale tiltak. Regjeringa har òg styrkt dei frie inntektene til kommunesektoren med 4,5 mrd. kroner i 2022, jf. Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022) og Innst. 16 S (2021–2022). I revidert budsjett for 2022 løyvde Stortinget 75 mill. kroner til tiltak for å motverke negative konsekvensar av pandemien, jf. Innst. 450 S (2021–2022) og Prop. 115 S (2021–2022) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2022. Midlane er fordelte til kommunar og fylkeskommunar som har hatt strenge smitteverntiltak over tid. Regjeringa jobbar òg for å styrke kunnskapsgrunnlaget om konsekvensane av pandemien for barn og unge, mellom anna gjennom fleire oppdrag til Utdanningsdirektoratet.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 526 (2021–2022), 3. mai 2022: Følge opp intensjonane om berekraft i læreplanane

Stortinget ber regjeringen følge opp at intensjonene i læreplanene om bærekraft, som sirkulærøkonomi og gjenbruk innen demontering og bygg blir fulgt opp i fag- og yrkesopplæringen.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:131 S (2021–2022) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Liv Kari Eskeland, Kari-Anne Jønnes og Mathilde Tybring-Gjedde, jf. Innst. 263 S (2021–2022).

I fagfornyinga er tre tverrfaglege tema valde ut fordi dei handlar om sentrale samfunnsutfordringar. Berekraftig utvikling er det eine. Dei to andre er folkehelse og livsmeistring og demokrati og medborgarskap. Dei tverrfaglege temaa blir spegla i læreplanane og arbeidd med ut frå premissane til dei einskilde faga. Læreplanane er innførte frå skuleåret 2020–21. Hausten 2022 vil dei nye Vg3-planane bli tekne i bruk. Regjeringa legg til grunn at læreplanar og intensjonane bak dei blir følgde. Det er òg mange lærefag som har viktig kompetanse innan gjenvinning og resirkulering. I mars 2022 blei byggmontasjefaget nytt lærefag. Faget handlar om å produsere nye bygningar og konstruksjonar og demontere konstruksjonar for ombruk i nye bygg.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 526 3. mai 2022 med dette er følgt opp.

Vedtak 655 (2021–2022), 3. juni 2022: Tilbod til ukrainske barn før registrering og/eller busetjing

Stortinget ber regjeringen anmode kommunene om å tilby og legge til rette for barnehage, skole og fritidsaktiviteter for ukrainske barn i påvente av registrering og/eller bosetting. Kommunene vil bli fullt ut kompensert for disse kostnadene.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 107 L (2021–2022) Midlertidige endringer i lovverket som følge av ankomst av fordrevne fra Ukraina, jf. Innst. 352 L (2021–2022).

Det er i dag lagt til rette for at barn og unge skal ha eit tilbod om barnehage, skule og fritidsaktivitetar fram til dei er busette i ein kommune.

Det er ei rekke ordningar som kompenserer kommunane fram til asylsøkarane er busette. Kommunar som har asylmottak eller eit omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkarar, får eit vertskommunetilskot. Kommunar som inngår avtale med Utlendingsdirektoratet om mellombels alternativ mottaksplass får eit månadleg tilskot som skal dekke buutgifter og ytingar til livsopphald, og dessutan barnehageplass dersom kommunen tilbyr det. Det blir i tillegg også gitt tilskot til grunnskuleopplæring til barn og unge som søker opphald i Noreg.

Barn som oppheld seg i akuttinnkvarteringar og ordinære mottak, kan få tilbod om heildagsplass i barnehage etter søknad frå mottaka. Frå 2021 blir det gitt tilskot til heildagsplass i barnehage for alle barn i asylmottak frå eitt år og oppover. Tilskotet inkluderer foreldrebetaling og kostpengar. Om barn i asylmottak får tilbod om barnehageplass i den aktuelle kommunen, er avhengig av barnehagekapasiteten i kommunen eller moglegheita for raskt å oppskalere tilbodet. Kunnskapsdepartementet har ikkje inngåande kjennskap til barnehagekapasiteten i dei aktuelle kommunane.

Retten til grunnskuleopplæring skal oppfyllast så raskt som mogleg og seinast innan tre månader etter at barnet har kome til Noreg, jf. Prop 107 L (2021–2022). Fristen gjeld uavhengig av om barnet oppheld seg på asylmottak/omsorgssenter, er i alternativ mottaksplassering eller er busett.

Ved behandlinga av Prop. 78 S (2021–2022) Endringer i statsbudsjettet 2022 under Kunnskapsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Finansdepartementet og Forsvarsdepartementet (økonomiske tiltak som følge av krigen i Ukraina) blei det løyvd 50 mill. kroner som eit mellombels tilskot til frivillige organisasjonar i samband med fordrivne personar frå krigen i Ukraina som er komne til Noreg. Tilskotet skal gå til frivillige organisasjonar som tilbyr aktivitetar for bebuarane i asylmottak og ved busetjing i kommunane. Regjeringa har i møter med KS informert om tilskotet og oppfordra til samarbeid mellom kommunane og dei frivillige organisasjonane i arbeidet med å legge til rette og gjennomføre fritidstilbodet. Mottaka har eit kontraktsfesta ansvar for å legge til rette for at frivillige organisasjonar kan gjennomføre slike aktivitetar og fritidstilbod for bebuarane i mottaka.

Utlendingsdirektoratet forvaltar ei tilskotsordning til aktivitetar for barn og unge i mottak. Aktivitetane som får tilskot, skal vere tilpassa alderen, behova og interessene til barna og bidra til at barna får ein meir meiningsfull kvardag.

Samla sett meiner departementet at det er tiltak som gjeld barnehage, skule og fritidsaktivitetar for ukrainske barn i påvente av registrering og/eller busetjing for at dei skal få eit tilfredsstillande tilbod i tråd med oppmodingsvedtaket. Departementet vil følge med på utviklinga framover.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak frå 2020–2021-sesjonen

Vedtak nr. 79 (2020–2021), 12. november 2020: Politiattest for tilsetjing i skular og barnehagar

Stortinget ber regjeringen om å fremme forslag om nødvendige regelendringer slik at politiattesten gir et fullstendig bilde av søkeren og viser alle relevante lovbrudd i de tilfeller som gjelder ansettelsesforhold i skole, barnehage eller andre steder der kontakt med barn utgjør en viktig del av stillingen.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:113 S (2019–2020) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hanne Dyveke Søttar, Kari Kjønaas Kjos, Silje Hjemdal og Roy Steffensen om nødvendige regelendringer om politiattest for ansettelsesforhold i skoler og barnehager, jf. Innst. 64 S (2020–2021).

Opplæringslovutvalet foreslo i NOU 2019: 3 Ny opplæringslov å utvide kva for straffbare forhold som skal kome fram på ein politiattest i skulen. Utvalet foreslo at ein del valdslovbrot som ikkje kjem fram i dag, fridomsrøving, tvang, kjønnslemlesting, brot på teieplikt og brot på avverjingsplikta, skal vere omfatta. Utgreiinga har vore på offentleg høyring, og departementet har følgt opp forslaget frå utvalet i forslag til ei ny opplæringslov som blei send på høyring 26. august 2021. Regjeringa tek sikte på å legge fram forslag til ny opplæringslov for Stortinget i ein lovproposisjon våren 2023. Dersom det blir gjort endringar i reglane om politiattest på skuleområdet, vil departementet vurdere å gjere tilsvarande endringar i reglane om politiattest på barnehageområdet.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 182, 3. desember 2020: Greie ut Østfold-modellen for lærekandidatar med tilretteleggingsbehov

Stortinget ber regjeringen utrede Østfold-modellen for lærekandidater med tilretteleggingsbehov, som er utarbeidet av ASVL (Arbeidssamvirkenes landsforening), og vurdere om dette kan gjøres til en nasjonal ordning, slik det anbefales i NIFU-rapport 18: 2018.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S Tillegg 1 (2020–2021) Endring av Prop. 1 S (2020–2021) Statsbudsjettet 2021 (saldering), jf. Innst. 2 S (2020–2021).

I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa om lag 460 mill. kroner for å styrke arbeidet for fleire læreplassar, og bidra til kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa. Fylkeskommunane har ansvar for vidaregåande opplæring og er best til å vurdere kva for tiltak som er dei beste for å møte behova i dei ulike fylka. Østfold-modellen kan vere ein god modell for lærekandidatar med behov for tilrettelegging. Tilskotsmidlane til betre læreplassformidling og kvalifisering legg til rette for at fleire fylkeskommunar kan ta i bruk slike modellar.

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 832, 22. april 2021: Skuleskip i Nord-Noreg

Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å etablere et skoleskip i Nord-Norge.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 10 (2020–2021) Grønnere og smartere – morgendagens maritime næring, jf. Innst. 338 S (2020–2021).

Det er fylkeskommunane som har ansvar for vidaregåande opplæring, og som saman med dei vidaregåande skulane i fylket må vurdere om skuleskip er ein måte dei ønsker å organisere opplæringa på. Det er ikkje noko i vegen for slike løysingar så lenge rettane til elevane og anna regelverk blir ivareteke. Fylkeskommunane er finansierte for å gi tilbod til alle med rett til vidaregåande opplæring, og eventuell bruk av skip i opplæringa må derfor finansierast innanfor dei frie inntektene til fylkeskommunen.

Det blir gitt tilskot til landslinjer over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Dersom eit tilbod oppfyller kriteria for ordninga, kan ein fylkeskommune søke Utdanningsdirektoratet om å få tilbodet godkjent som landslinje. Landslinjetilbod blir finansierte med eit trekk i rammetilskota til fylkeskommunane.

I Noreg er det to private vidaregåande skular godkjende etter privatskulelova der elevar kan ta vidaregåande opplæring i maritime fag organisert på skuleskip. Dei to skulane mottek tilskot som private skular og får i tillegg eit fast tilskot som følge av dei ekstrautgiftene som skuledrift på skip fører med seg.

Regjeringa vil satse på den offentlege fellesskulen, og Stortinget har vedteke endringar i privatskulelova, jf. Prop. 98 L (2021–2022) og Innst. 404 L (2021–2022). Det er ikkje lenger grunnlag for å få godkjenning som privatskule etter det som tidlegare var privatskulelova § 2-1 bokstav h (vidaregåande opplæring i yrkesfaglege utdanningsprogram) og bokstav i (særleg profil). Det er framleis mogleg å få godkjenning basert på andre grunnlag i privatskulelova. Departementet legg til grunn av vedtak nr. 832, 22. april 2021 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 942, 20. mai 2021: Styrke rådgivings- og rettleiingstenesta i skulen

Stortinget ber regjeringen styrke rådgivnings- og veiledningstjenesten i skolen gjennom å legge til rette for en tverrfaglig rådgivertjeneste og samarbeid mellom skoleeier, ungdomsskole, rådgivertjenesten, den videregående skolen og arbeidslivet, og gjøre det enklere for yrkesgrupper med erfaring fra annet arbeidsliv å bli ansatt i skolen som rådgivere.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag fra Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 943, 20. mai 2021: Krav til minstestandard på teknisk utstyr på yrkesfag

Stortinget ber regjeringen legge til rette for at det innføres krav til minstestandard på teknisk utstyr på yrkesfag. Minstestandarden skal utvikles i samarbeid mellom skoler og næringsliv.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag frå Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Fylkeskommunane har ansvar for at dei vidaregåande skulane har tilgang til relevant utstyr, slik at undervisninga er i tråd med kompetansemåla i læreplanen. Skulane og lærarane har stor grad av fridom i val av metode, og dei har lokalt handlingsrom innanfor læreplanen i korleis opplæringa blir organisert. Regjeringa vil gjennom tillitsreforma styrke det lokale handlingsrommet, og unngå unødvendige statlege krav og styring. Fylkeskommunar og skular kan, i tråd med det lokale handlingsrommet, utvikle lokale minstestandardar ved behov for å sikre tilstrekkelig utstyr i samarbeid med lokalt næringsliv.

Minstestandardar kan bli oppfatta som ein standard, slik at skular som elles ville hatt betre utstyr, legg seg på minstestandarden. Det er utfordrande å lage nasjonale minstestandardar som varetek at det er stor variasjon mellom fylkeskommunane i kva utdanningsprogram og programområde som er tilbydd. Til dømes kan behova for utstyr i same utdanningsprogram variere mellom ulike delar av landet, basert på det lokale næringslivet. Det vil òg vere krevjande å forvalte og halde ved like ein minstestandard som er oppdatert og relevant. Ulike tilnærmingar til korleis utstyret vert gjort tilgjengeleg for elevane, til dømes gjennom ulik grad av utstyrssamarbeid eller varierande samarbeid med næringslivet, er òg ein faktor som kan gjere det vanskeleg å lage ein nasjonal minstestandard.

Regjeringa gjennomfører eit forsøk med ulike modellar for tilskot til investeringar i utstyr i vidaregåande opplæring som skal bidra til oppdatert og kvalitetssikra utstyr i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Målet er å finne ut kva modell som kan vere berekraftig på sikt, og bidra til stabil finansiering frå fylkeskommunane. Det skal forskast på forsøket, og ein rapport skal vere klar sommaren 2023. Regjeringa vil vurdere kva som bør gjerast vidare på dette området etter at rapporten er klar.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 943, 20. mai 2021 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 944, 20. mai 2021: Kunnskap om fagskuleutdanning i rådgivingstenesta

Stortinget ber regjeringen ta initiativ til å øke kunnskapen om fagskoleutdanning i rådgivningstjenestene i skolen.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag frå Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Departementet har gitt Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i oppdrag å vurdere korleis kunnskapen om fagskulen kan aukast i rettleiingstenesta i skulen og for andre som driv karriererettleiing i vidaregåande opplæring.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 944, 20. mai 2021 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 945, 20. mai 2021: Rekrutteringsstipend for yrkesfaglærarutdanning

Stortinget ber regjeringen styrke ordningen med rekrutteringsstipend for personer utenfor skolesektoren som ønsker å ta en yrkesfaglærerutdanning for å jobbe i skolen.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag frå Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Utdanningsdirektoratet administrerer ordninga med utdannings- og rekrutteringsstipend til kvalifisering av tilsette som har undervisningsstilling, men som manglar godkjend lærarutdanning, og rekruttering av personar som enno ikkje er tilsette i skulen. I 2022 godkjente direktoratet totalt 637 søknader om utdannings- og rekrutteringsstipend, og av desse var det 178 stipend til yrkesfaglærarutdanninga. Ifølge Utdanningsdirektoratet fekk alle skuleeigarar godkjent søknadene sine om den typen stipend som er omtalt i oppmodingsvedtaket. Departementet meiner at dette viser at dekningsgraden for stipendet er god, og at ordninga fungerer godt i dag. Departementet vurderer derfor situasjonen slik at det ikkje er behov for å styrke ordninga no. Departementet vil følge med på dekningsgraden og vurdere tiltak dersom det i framtida viser seg at det blir oversøking når det gjeld stipendet for yrkesfaglærarutdanninga.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 945, 20. mai 2021 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 946, 20. mai 2021: Hospiteringsordning for yrkesfaglærarar

Stortinget ber regjeringen styrke hospiteringsordningen for yrkesfaglærere.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag frå Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Departementet foreslår 100 mill. kroner til Yrkesfaglærarløftet i statsbudsjettet for 2023 over kap. 226, post 21. Midlane til Yrkesfaglærarløftet går mellom anna til tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling i fag- og yrkesopplæringa. Innanfor ordninga skal fylkeskommunane prioritere og planlegge kompetanseutvikling ut frå behova til lærebedrifter og skular lokalt. I 2021 var hospiteringsordninga blant tiltaka som blei mykje brukt i ordninga. Departementet meiner at statlege bidrag til kompetanseutvikling i fag- og yrkesopplæringa bør bygge på behova lokalt. Med satsinga på Yrkesfaglærarløftet er det lagt til rette for auka bruk av ordningar for kompetanseutvikling som hospiteringsordninga.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 946, 20. mai 2021 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 947, 20. mai 2021: Yrkesopplæring tilpassa arbeidslivet

Stortinget ber regjeringen sørge for at det etableres en tettere kobling mellom avgivende skoler og lærebedrifter også gjennom lærlingtiden, slik at innholdet i yrkesopplæringen blir best mulig tilpasset arbeidslivets behov.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag frå Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Yrkesfagleg opplæring er eit samarbeid mellom fylkeskommunane, skulane, verksemder og bedrifter. Det er viktig at alle partar bidreg i utarbeiding av læreplanar og tilbodsstruktur i tillegg til det løpande samarbeidet rundt elevane om kvalifisering og formidling til læreplass. Dette systemet er godt utvikla i dag. Fylkeskommunane har ansvaret for at yrkesfagelevane i Vg1 og Vg2 når kompetansemåla i læreplanane og blir kvalifiserte til læreplass, og lærebedriftene har ansvar for at lærlingen gjennom læretida når kompetansemåla i lærefaget i Vg3.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 947, 20. mai 2021 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 948, 20. mai 2021: Prøveforsøk i yrkesfag etter Steigen-modellen

Stortinget ber regjeringen sørge for at det etableres prøveforsøk i yrkesfag etter Steigen-modellen i alle fylker.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag frå Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Det er fylkeskommunane som har ansvar for å tilby tilpassa opplæring og val av ulike modellar for opplæringa. Opplæringslova og rammefinansieringa av fylkeskommunane gir skuleeigarar fridom til å prøve ut ulike modellar tilpassa lokalt arbeidsliv og behova elevane og lærlingane har for opplæring, som til dømes Steigen-modellen. Det er også mogleg å søke om forsøk for å prøve modellar for opplæring som ikkje ligg innanfor lovverket.

Regjeringa gjennomfører ei kraftig satsing på yrkesfaga. I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa om lag 460 mill. kroner for å styrke arbeidet for fleire læreplassar og bidra til kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa, jf. kap. 225, post 69. Tilskotsmidlane til betre læreplassformidling og kvalifisering legg til rette for at fleire fylkeskommunar kan ta i bruk modellar som Steigen-modellen, der elevane blir utplasserte i bedrift frå første dag. Modellen er særleg relevant for spreiddbygde delar av landet.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 948, 20. mai 2021 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 949, 20. mai 2021: Undervisningsutstyr i tekniske fag i vidaregåande opplæring

Stortinget ber regjeringen tilrettelegge for at det utvikles en bransjestandard med et minimumsnivå for undervisningsutstyr i tekniske fag i videregående skoler. Det er arbeidet med en bransjestandard for Teknikk og industriell produksjon (TIP). En slik standard kan følges opp med en samordning av innkjøp og vedlikehold av utstyret.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag frå Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Departementet viser til omtalen av oppfølginga av vedtak nr. 943, 20. mai 2021. Vurderingane som departementet har presentert i samband med det vedtaket, gjeld òg for vedtak nr. 949, 20. mai 2021.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 949, 20. mai med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 950, 20. mai 2021: Auka utstyrsstipend

Stortinget ber regjeringen øke utstyrsstipendet til de dyreste studieretningene på videregående yrkesfag.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag frå Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Regjeringa er oppteken av fag- og yrkesopplæringa og av at elevane har nødvendig utstyr for å ta del i opplæringa på ein god måte. Utstyrsstipendet som elevane får frå Lånekassen, skal bidra til å dekke utgiftene elevar har til individuelt utstyr. For nokre utdanningsprogram har det ikkje vore godt nok samsvar mellom nivået på stipendet og utgiftene til elevane. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til utstyrsstipendet for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma med om lag 50 mill. kroner, jf. omtale under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 950, 20. mai med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 971, 11. mai 2021: Tilgang til skulebygg for organisasjonar

Stortinget ber regjeringen igjen gå i dialog med KS og Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner med sikte på å sikre barne- og ungdomsorganisasjoner tilgang til skoler og andre offentlige bygninger lokalt og bidra til likebehandling ved utlån.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok 8: 193 S (2020–2021) Representantforslag fra Freddy André Øvstegård, Nicholas Wilkinson, Karin Andersen, Eirik Faret Sakariassen, Kari Elisabeth Kaski og Lars Haltbrekken om å unngå en tapt generasjon for demokratiet, kulturen og idretten, jf. Innst. 423 S (2020–2021).

Våren 2022 blei det utarbeidd eit felles brev frå KS, Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Barne- og familiedepartementet, Kulturdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet til kommunane og fylkeskommunane med oppfordring om å gi frivillige organisasjonar tilgang til kommunale lokale. Brevet blei sendt frå Kunnskapsdepartementet 24. mai 2022.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 1017, 27. mai 2021: Opplæringslova, barnehagelova og FNs barnekonvensjon

Stortinget ber regjeringa sikre at ny opplæringslov og barnehagelov er i tråd med FNs barnekonvensjon sine grunnleggjande rettar for framgangsmåte om barns rett til informasjon, til å uttale seg fritt, barns rett til privatliv og at alle handlingar og avgjerder som omhandlar barn, blir gjorde til barnets beste.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 145 L (2020–2021) Endringar i opplæringslova, friskulelova og barnehagelova (behandling av personopplysningar, fjernundervisning o.a.), jf. Innst. 512 L (2020–2021).

Når det gjeld den delen av oppmodingsvedtaket som gjeld barnehagelova, meiner departementet at dei grunnleggande rettane i FNs barnekonvensjon og prinsippet om barnets beste er tekne vare på gjennom barnehagelova § 3 om barna sin rett til medverknad og omsynet til barnets beste. Føresegna er endra frå 1. januar 2021, jf. Prop. 96 L (2019–2020). Det er no lovfesta at barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på den daglege verksemda i barnehagen og i saker som gjeld dei sjølve, og at det som er best for barnet, skal vere eit grunnleggande omsyn i alle handlingar og avgjerder som gjeld barn i barnehagen. Dei grunnleggande rettane i barnekonvensjonen er òg omtalte fleire stadar i forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver.

Når det gjeld den delen av oppmodingsvedtaket som gjeld opplæringslova, meiner departementet at dette blir følgt opp i forslaget til ny opplæringslov som blei sendt på høyring 26. august 2021. I lovforslaget er det teke inn både ei føresegn om elevane sin rett til informasjon og til å uttale seg fritt og ei føresegn om eleven sitt beste. Regjeringa tek sikte på å legge forslaget fram for Stortinget i ein lovproposisjon våren 2023.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 1018, 20. mai 2021: Fjernundervisning og opplæringslova

Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag om fjernundervisning i lovproposisjonen om ny opplæringslov.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 145 L (2020–2021) Endringar i opplæringslova, friskulelova, og barnehagelova (behandling av personopplysningar, fjernundervisning o.a.), jf. Innst. 512 L (2020–2021).

Forslag om fjernundervisning er innarbeidd i forslaget til ny opplæringslov som blei sendt på høyring 26. august 2021. Regjeringa tek sikte på å legge fram forslag til ny opplæringslov med mellom anna forslag om fjernundervisning for Stortinget i ein lovproposisjon våren 2023.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 1069, 1. juni 2021: Rett til innføringsfag i vidaregåande opplæring

Stortinget ber regjeringen gi elever i videregående opplæring som trenger det, rett til innføringsfag. Språkopplæring i norsk skal være integrert i dette tilbudet, og opplæringen skal integreres i elevens Vg1-løp.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen med opne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 1070, 1. juni 2021: Sluttkompetanse i vidaregåande skule

Stortinget ber regjeringen, i samarbeid med partene, konkretisere nærmere forbedringer av Vg3 i skole som gir elevene en sluttkompetanse som tilfredsstiller arbeidslivets krav og som har tillit i nærings- og arbeidslivet.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Departementet vil i samarbeid med partane betre tilbodet til dei som ikkje får læreplass, og følge opp vedtaket i forslag til forskrift til ny opplæringslov. Forslag til ny opplæringslov blei sendt på høyring hausten 2021, og departementet tek sikte på å fremje ein lovproposisjon for Stortinget våren 2023.

Regjeringa gjennomfører eit løft for yrkesfaga. I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa om lag 460 mill. kroner for å styrke arbeidet for fleire læreplassar og bidra til kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa, jf. kap. 225, post 69. Midlane skal òg kunne brukast på å gi ei god opplæring til elevar som ikkje får læreplass, slik at dei kan fullføre med eit fag- eller sveinebrev som blir verdsett i arbeidslivet.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 1071, 1. juni 2021: Overgangskurs i vidaregåande opplæring

Stortinget ber regjeringen gjennomføre forsøk med obligatorisk overgangskurs for elever med svakt språklig grunnlag for å gjennomføre videregående opplæring.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 1072, 1. juni 2021: Overgangstilbod i vidaregåande opplæring

Stortinget ber regjeringen gjennomføre forsøk med obligatorisk overgangstilbud for elever med svakt faglig grunnlag for å gjennomføre videregående opplæring.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 1073, 1. juni 2021: Vektlegge opplæringstilbod som fører til læreplass

Stortinget ber regjeringen legge bort forslaget om å utvide ordningen for fagbrev som elev utenfor arbeidslivet og lærlingordningen, og heller vektlegge opplæringstilbud som skal lede fram til læreplass og opplæring i arbeidslivet.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet har lagt vekk forslaget om å innføre fagbrev som elev og vil jobbe vidare med at fleire søkarar skal få læreplass. I statsbudsjettet for 2023 foreslår departementet om lag 460 mill. kroner til å styrke arbeidet med å kvalifisere elevar til læreplass, formidle læreplassar og skaffe fleire læreplassar. Satsinga følger opp Samfunnskontakten for læreplassar (2022–2026), som har som mål at alle elevar som er formelt kvalifisert, skal få læreplass.

Departementet meiner at vedtak nr. 1073, 1. juni 2021 er følgt opp.

Vedtak nr. 1074, 1. juni 2021: Tilbod om praksisbrev i vidaregåande opplæring

Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag som sikrer at alle videregående skoler med yrkesfag gir tilbud om praksisbrev eller tilsvarende tilbud for elever som har behov for mer tid og et tilrettelagt opplæringsløp ute i bedrift.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 1075, 1. juni 2021: Vekslingsmodellar i vidaregåande opplæring

Stortinget ber regjeringen gi fylkeskommunene incitamenter til å utvide omfanget av ulike vekslingsmodeller som alternativ til hovedmodellen med 2 år i skole + 2 år i lærebedrift, slik at flere elever får mulighet til å veksle mellom opplæring i skole og bedrift gjennom hele opplæringsløpet.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Det er fylkeskommunane som har ansvar for å tilby tilpassa opplæring og val av ulike modellar for opplæringa. Opplæringslova og rammefinansieringa av fylkeskommunane gir skuleeigarar fridom til å velje modellar som er tilpassa det lokale arbeidslivet og behovet elevar og lærlingar har for opplæring. I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa om lag 460 mill. kroner for å styrke arbeidet for fleire læreplassar, og bidra til kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa, jf. kap. 225, post 69.

Departementet meiner at vedtak nr. 1075, 1. juni 2021 er følgt opp.

Vedtak nr. 1076, 1. juni 2021: Forsterka oppfølgingsansvar i vidaregåande opplæring

Stortinget ber regjeringen forsterke skolenes oppfølgingsansvar for eleven gjennom hele opplæringsløpet, også i den tiden eleven er lærling i en lærebedrift.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 1078, 1. juni 2021: Opplæringskontor og lærebedrifter

Stortinget ber regjeringen videreføre lovfesting av opplæringskontorene og godkjenning som lærebedrift, samt forsterke opplæringskontorenes funksjon som bindeledd mellom skolen og lærebedriftene.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i forslag til ny opplæringslov. Forslag til ny opplæringslov blei sendt på høyring hausten 2021, og departementet tek sikte på å fremje ein lovproposisjon for Stortinget våren 2023.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 1080, 1. juni 2021: Produksjonsskular

Stortinget ber regjeringen legge til rette for etablering av flere produksjonsskoler.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

I revidert budsjett for 2021 blei det løyvd 6 mill. kroner til produksjonsskular, jf. Innst. 600 S (2020–2021). Midlane gjekk til Vestland fylkeskommune. Tilskotet blei vidareført i statsbudsjettet for 2022. Tilskotet blir ikkje vidareført i 2023. Regjeringa gjennomfører ei kraftig satsing på yrkesfaga. I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa om lag 460 mill. kroner for å styrke arbeidet for fleire læreplassar og bidra til kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa, jf. kap. 225, post 69. Fylkeskommunane kan innanfor ramma av tilskotet mellom anna etablere tilbod som produksjonsskular.

Departementet meiner at vedtak nr. 1080, 1. juni 2021 er følgt opp.

Vedtak nr. 1104, 2. juni 2021: Heilskaplege og koordinerte tenester

Stortinget ber regjeringen utrede og fremme en sak for Stortinget med forslag til nødvendige lovendringer for å sikre at barn som trenger det, gis en rett til helhetlige og koordinerte tjenester.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 100 L (2020–2021) Endringer i velferdstjenestelovgivningen (samarbeid, samordning og barnekoordinator), jf. Innst. 581 L (2020–2021).

Departementet har vurdert saka i samarbeid med Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet.

Regjeringa er oppteken av at barn og unge får dei tenestene dei treng, og at tenestene er godt koordinerte. 1. august 2022 tok ei rekke endringar i velferdstenestelovgivinga til å gjelde, jf. Innst. 581 L (2020–2021) og Prop. 100 L (2020–2021). Endringane omfattar 14 lover og inneber mellom anna at reglane om samarbeid og individuell plan er harmoniserte og styrkte, at det er innført ei plikt for kommunen til å samordne tenestetilbodet til den einskilde, og ein rett til barnekoordinator på visse vilkår. Formålet med endringane er å styrke oppfølginga av utsette barn og unge og familiane deira gjennom auka samarbeid mellom velferdstenestene.

Det er viktig at reglane legg til rette for godt samarbeid mellom tenestene. Samstundes er det viktig å arbeide med å skape ein god samarbeidskultur i tenestene, både i kommune, fylkeskommune og stat. Helsedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Utdanningsdirektoratet arbeider med å gi god rettleiing om dei nye reglane til tenestene. Ein felles rettleiar om samarbeid på tvers av velferdstenestene blei publisert hausten 2022.

Regelendringane blir evaluerte av Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Evalueringa skal ha implementeringa av lovendringane som hovudformål. NTNU skal undersøke korleis sentrale aktørar tolkar og set i verk lovendringane. Vidare skal evalueringa fange opp endringar som følger av lovendringane, og om målsetjingane for endringane blir oppfylte. Evalueringa vil halde fram til våren 2027.

Regjeringa vil vente på funn frå evalueringa før ei eventuell utgreiing av behovet for ytterlegare lovendringar for å sikre at barn og unge får heilskaplege og koordinerte tenester.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak frå 2019–2020-sesjonen

Vedtak nr. 701, 15. juni 2020: Vaksne utan rett til vidaregåande opplæring

Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om å utvide retten til realkompetansevurdering til også å gjelde voksne uten rett til videregående opplæring.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, jf. Innst. 370 S (2019–2020).

Forslag til ny opplæringslov blei sendt på høyring 26. august 2021. I høyringa foreslo departementet at retten til vidaregåande opplæring blir utvida, og at retten til realkompetansevurdering blir utvida tilsvarande. I høyringa bad departementet om innspel til behov for ytterlegare utviding av retten til realkompetansevurdering. Departementet tek sikte på å fremje ein lovproposisjon om ny opplæringslov for Stortinget våren 2023.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak frå 2018–2019-sesjonen

Vedtak nr. 51, 22. november 2018: Finansieringssystemet og ideelle barnehagar

Stortinget ber regjeringen gjennomgå finansieringssystemet for private og kommunale barnehager med sikte på å ivareta de små og ideelle barnehagene og en mangfoldig barnehagesektor.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:231 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Bjørnar Moxnes om en mangfoldig barnehagestruktur der pengene går til barnas beste, jf. Innst. 51 S (2018–2019).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med den varsla gjennomgangen av regelverket for styring og finansiering av private barnehagar, jf. òg vedtak nr. 802, 31. mai 2018 om modellar i finansieringssystemet som varetek eit mangfald av barnehagar.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 197, 12. desember 2018: Fritak frå skulefag

Stortinget ber regjeringen sørge for at fritak for skolefag ikke blir gitt dersom dette ikke er i overensstemmelse med elev og foresattes ønsker, at fritaket må være faglig begrunnet, og at konsekvensene av et fritak er gjort godt kjent for eleven og foresatte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2018–2019), jf. Innst. 12 S (2018–2019).

Opplæringslovutvalet har levert NOU 2019: 23 Forslag til ny opplæringslov. NOU-en har vore på offentleg høyring, og departementet vil følge opp forslaget frå utvalet i forslag til ei ny opplæringslov som er sendt på høyring 26. august 2021. Departementet legg i høyringsnotatet til grunn at forslaget til reglar om fritak frå opplæringa, saman med reglane om elevens beste og elevens rett til å bli høyrd, svarar til intensjonen i oppmodingsvedtaket. Departementet tek sikte på å legge forslaget fram for Stortinget i ein lovproposisjon våren 2023.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak frå 2017–2018-sesjonen

Vedtak nr. 461, 13. februar 2018: Vilkår for private barnehagar

Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan det kan sikres at private barnehager har lønns-, arbeids- og pensjonsvilkår minst på linje med ansatte i offentlige barnehager, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:18 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken, Mona Lill Fagerås og Solfrid Lerbrekk om profittfri barnehage, jf. Innst. 114 S (2017–2018).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med den varsla gjennomgangen av regelverket for styring og finansiering av private barnehagar.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 802, 31. mai 2018: Finansieringssystemet for private barnehagar

Stortinget ber regjeringen i sitt videre arbeid med regulering av barnehagesektoren se på modeller i finansieringssystemet som så langt som mulig ivaretar et mangfold av barnehager og barnehageeiere, samt reduserer etterslepet i tilskuddsgrunnlaget overfor private barnehager.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.), jf. Innst. 319 L (2017–2018).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med den varsla gjennomgangen av regelverket for styring og finansiering av private barnehagar, jf. òg vedtak nr. 51, 22. november 2018, om finansieringssystemet for private og kommunale barnehagar.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak frå 2016–2017-sesjonen

Vedtak nr. 67, 22. november 2016: Hovudmål og målformgrupper på ungdomsskulen

Stortinget ber regjeringen utrede en endring av opplæringslova § 2-5 og andre mulige tiltak som kan sikre elever på ungdomsskolen rett til opplæring på hovedmålet og rett til å tilhøre en egen målformgruppe, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:116 S (2015–2016) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe, Liv Signe Navarsete, Magne Rommetveit, Terje Breivik, Geir Sigbjørn Toskedal og Audun Lysbakken om å sikra alle elevar i grunnskulen rett til opplæring på hovudmålet sitt, jf. Innst. 68 S (2016–2017).

Departementet viser til det førebelse overslaget som Stortinget blei orientert om i budsjettproposisjonen for 2019, for kva det vil koste dersom elevar på ungdomstrinnet skal få rett til opplæring på hovudmålet sitt og rett til å høyre til ei eiga målformgruppe slik som elevar på barnetrinnet.

Departementet sende forslag til ei ny opplæringslov på offentleg høyring 26. august 2021 og vurderer no innspel frå høyringa. Departementettek sikte på å legge fram ein lovproposisjon våren 2023.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 900, 13. juni 2017: Lærarar med fordjuping i spesialpedagogikk

Stortinget ber regjeringen i samråd med sektoren se til at alle skoler skal ha tilgang på lærere med fordypning innen spesialpedagogikk.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:132 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Karin Andersen om styrket spesialpedagogisk oppfølging i en inkluderende skole, jf. Innst. 446 S (2016–2017).

Oppmodingsvedtak nr. 900 er omtala i Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO, som blei lagd fram i november 2019. Der blei det varsla at departementet ville vurdere korleis alle barnehagar og skular kan få tilstrekkeleg tilgang til spesialpedagogisk kompetanse.

Utdanningsdirektoratet fekk i oppdrag å greie ut dette nærare og har levert eit svar på oppdraget. Denne utgreiinga inngår i kunnskapsgrunnlaget for moglege regelverksendringar som blir behandla saman med forslaga frå opplæringslovutvalet i oppfølginga av NOU 2019: 23 Ny opplæringslov.

Departementet sende forslag til ny opplæringslov på høyring 26. august 2021. Forslaget bygger mellom anna på opplæringslovutvalets NOU 2019: 23 Ny opplæringslov. Departementet følger no opp høyringa. Forslaget i høyringa inneber at dei som skal gi individuelt tilrettelagd opplæring (spesialundervisning), skal oppfylle krava for å bli tilsett i lærarstilling og krava til relevant kompetanse i undervisningsfaget. Det skal likevel kunne gjerast unntak frå krava til kompetanse for å gi individuelt tilrettelagd opplæring (spesialundervisning), men berre dersom det vil gi elevane betre opplæring. Dette gjeld både for krava til å bli tilsett i lærarstilling og kravet til relevant kompetanse i undervisningsfag. Departementet foreslår at slike unntak berre kan gjerast for personar med ei universitets- eller høgskuleutdanning som gjer dei særleg eigna til å vareta behova til elevane. Unntaket opnar for at til dømes ein barnevernspedagog eller spesialpedagog som har relevant kompetanse, men som ikkje har lærarutdanning, kan ha ansvaret for å planlegge, gjennomføre og følge opp undervisninga når det er fagleg og konkret grunngitt.

Departementet vurderer no innspel frå høyringa og tek sikte på å legge forslag til ny opplæringslov fram for Stortinget i ein lovproposisjon våren 2023.

Departementet viser til at det er sett i gang eit varig kompetanseløft i spesialpedagogikk og inkluderande praksis som skal bidra til at kommunane og fylkeskommunane har tilstrekkeleg kompetanse til å førebygge, fange opp og følge opp alle barn og elevar – inkludert elevar med behov for særskild tilrettelegging – slik at dei får eit inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod i barnehage og skule. I tillegg skal endringane i Statped bidra til meir likeverdige tenester frå Statped over heile landet når det gjeld barn og elevar med varige, omfattande eller særleg komplekse behov.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 901, 13. juni 2017: Rett til spesialundervisning av fagpersonar

Stortinget ber regjeringen sikre at alle elever med behov for spesialundervisning får rett til opplæring av fagpersoner med godkjent relevant utdanning.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:132 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Karin Andersen om styrket spesialpedagogisk oppfølging i en inkluderende skole, jf. Innst. 446 S (2016–2017).

Departementet viser til svaret i omtalen av oppmodingsvedtak nr. 900, 13. juni 2017, og at forslaget vil bli behandla i arbeidet med ny opplæringslov. Regjeringa tek sikte på å legge forslag til ny opplæringslov fram for Stortinget i ein lovproposisjon våren 2023.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 903, 13. juni 2017: Spesialundervisning og lærarkompetanse

Stortinget ber regjeringen legge frem en plan for at alle elever med behov for spesialundervisning får opplæring av fagpersoner med pedagogisk eller spesialpedagogisk kompetanse.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:132 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Karin Andersen om styrket spesialpedagogisk oppfølging i en inkluderende skole, jf. Innst. 446 S (2016–2017).

Departementet viser til svar under oppmodingsvedtak nr. 900, 13. juni 2017, og at forslaget vil bli behandla i arbeidet med ny opplæringslov. Regjeringa tek sikte på å legge forslag til ny opplæringslov fram for Stortinget i ein lovproposisjon våren 2023.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak frå 2015–2016-sesjonen

Vedtak nr. 796, 7. juni 2016: Krav om norsk og samisk språk i barnehagesektoren

Stortinget ber regjeringen utarbeide forslag til endringer i barnehageloven som sikrer at ansatte i offentlige og private barnehager behersker norsk språk, og at ansatte i samiske barnehager behersker samisk språk.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen, jf. Innst. 348 S (2015–2016).

Departementet viser til omtale i Prop. 1 S (2018–2019) om den delen av vedtaket som gjeld norsk språk, og at denne delen er følgd opp gjennom ei lovendring som tok til å gjelde 1. august 2018, jf. barnehagelova § 27.

Når det gjeld den delen av vedtaket som gjeld samisk språk, heng dette saman med oppfølginga av NOU 2016: 18 Hjertespråket. Forslag til lovverk, tiltak og ordningar for samiske språk. Språkutvalet foreslo lovendringar og tiltak på ulike departements ansvarsområde. Som ein del av oppfølginga av rapporten har det dåverande Kommunal- og moderniseringsdepartementet i 2021 hatt eit forslag til endringar i språkreglane i samelova på alminneleg høyring. Sametinget blir konsultert om forslaget. Regjeringa tek sikte på å fremje ein lovproposisjon våren 2023.

Regjeringa har i tillegg bestemt at den neste stortingsmeldinga om samisk språk, kultur og samfunnsliv skal handle om rekruttering og kompetanse. Her vil regjeringa sjå nærare på barnehagar, grunnopplæringa og høgare utdanning.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Oppmodingsvedtak under forskings- og høgare utdanningsministeren

Vedtak frå 2020–2021-sesjonen

Vedtak nr. 16, 6. oktober 2020: Gjennomgang av finansieringskategoriane i høgare utdanning

Stortinget ber regjeringen om en gjennomgang av finansieringskategoriene i høyere utdanning, for å sikre at utdanninger som ingeniørfag, lærerutdanninger og andre utdanninger som er etterspurt i arbeidsmarkedet har riktig finansiering.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med debatten etter Hans Majestet Kongens tale til det 165. stortinget ved opninga og melding om Noregs rikes tilstand og styring (trontaledebatten).

Kunnskapsdepartementet tok 17. mars 2022 imot rapporten frå utvalet leia av Siri Hatlen som var nemnt opp for å gå gjennom finansieringa av universiteta og høgskulane. Rapporten var på høyring fram til 10. juni 2022. Utvalet var særleg bede om å følge opp oppmodingsvedtaka frå Stortinget frå 2020 som dreidde seg om finansieringa av sektoren.

Utvalet tilrår å forenkle systemet for den resultatbaserte utteljinga og i staden legge større vekt på utviklingsavtalane i styringa. Det vil gi ei meir transparent styring som gir institusjonane større reelt handlingsrom og ansvar for budsjettdisponeringa. Utvalet meiner det er eit problem at finansieringskategoriane blir oppfatta som ei styring frå departementet av kostnadene i kvar utdanning. Det foreslår å redusere talet på kategoriar for å gjere det tydelegare at dei ikkje skal ha denne funksjonen, og at regjeringa følger opp oppmodingsvedtaket gjennom i større grad å gjere institusjonane ansvarlege for korleis dei fordeler løyvinga mellom utdanningane, mellom anna i styringsdialogen. Utvalet frårår at departementet i større grad gjennom finansieringskategoriane skal avgjere kva som er dei «riktige» kostnadene for bestemde utdanningar på tvers av institusjonane.

Kunnskapsdepartementet vil i løpet av 2022 greie ut finansieringskategoriane vidare i dialog med sektoren, og vurdere om talet bør reduserast. Regjeringa vil vurdere heilskapen i finansieringssystemet, inkludert moglege endringar i kategoriane, før det blir gjort endringar i systemet. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 30, 13. oktober 2020: Ordning i Statens lånekasse for utdanning for autorisasjon av helsepersonell

Stortinget ber regjeringen ta initiativ til en stipend- og/eller låneordning, for eksempel gjennom Statens lånekasse for utdanning, for å dekke nødvendige kurs og fagprøver for å oppnå autorisasjon for helsepersonell.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 89 L (2019–2020) Lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringsloven), jf. Innst. 389 L (2019–2020).

Nødvendige kurs og fagprøvar for helsepersonell med yrkeskvalifikasjonar frå tredjeland skil seg ut frå den typen utdanning Lånekassen gir utdanningsstøtte til, ettersom dette er ei målgruppe som ikkje har rett til støtte i dag. Denne typen kurs/fagprøvar er òg for korte til å gi rett til utdanningsstøtte for andre studentar. Ei særskild ordning for denne gruppa helsepersonell vil vere kostbart for Lånekassen å administrere, og Kunnskapsdepartementets vurdering er at det ikkje er ei god løysing at dei tek ansvar for ei slik ordning. Oppmodingsvedtaket er sendt til ei tverrdepartemental arbeidsgruppe av representantar frå Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Arbeidsgruppa vil gjere samla vurderingar av fleire tiltak for helsepersonell frå tredjeland og skal ferdigstille arbeidet sitt hausten 2022. Rapporten skal då leggast fram for politisk leiing i Helse- og omsorgsdepartementet, som vil ha ansvar for å følge opp vedtaket.

Departementet meiner at vedtak nr. 30, 13. oktober 2020 er følgt opp.

Vedtak nr. 684, 25. februar 2021: Finansiering av studieopphald i utlandet

Stortinget ber regjeringen sikre gode finansieringsmekanismer for studieopphold i utlandet for å sikre lik tilgang uansett økonomisk bakgrunn – også til høyt rangerte læresteder.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 7 (2020–2021) En verden av muligheter – Internasjonal studentmobilitet i høyere utdanning, jf. Innst. 247 S (2020–2021).

Lånekassen har gode ordningar for finansiering av studieopphald i utlandet. Alle som studerer utanfor Norden, kan få eit basislån, og 40 pst. av lånet kan gjerast om til stipend. Dei som betaler skulepengar, kan få stipend og lån til dekning av dette, opp til eit maksimalt beløp. Lånekassen gir også utdanningsstøtte til reise til og frå utlandet. Nokre lærestadar i utlandet gir i tillegg rett til utvida stipend ved høge utgifter til skulepengar.

I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa å redusere stipenddelen i den ordinære skulepengestøtta ved utdanning utanfor Norden, til 40 pst. Med dette blir stipenddelen den same som for basislånet i Lånekassen. Likviditeten til studentane som er i utdanning, blir ikkje endra med forslaget, men dei vil få noko høgare gjeld etter at utdanninga er ferdig. Sjå nærare omtale under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte

Departementet meiner at vedtak nr. 684, 25. februar 2021 er følgt opp.

Vedtak nr. 685, 25. februar 2021: Auka studiemobilitet for studentar med tilretteleggingsbehov

Stortinget ber regjeringen foreslå virksomme tiltak for økt studiemobilitet blant studenter med et tilretteleggingsbehov.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 7 (2020–2021) En verden av muligheter – Internasjonal studentmobilitet i høyere utdanning, jf. Innst. 247 S (2020–2021).

For å få midlar til studentutveksling gjennom Erasmus+ må universiteta og høgskulane forplikte seg til å legge til rette for personar med spesielle behov eller nedsett funksjonsevne. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) kan ved behov gi ekstra midlar til tilrettelegging. Midlane skal dekke ekstrautgifter som ikkje blir dekte av hjelpemiddel/støtte som personen har krav på å ta med seg frå Noreg.

I 2021 blei den tidlegare pådrivareininga for universell utforming og tilrettelegging, Universell, og Nasjonalkontoret for Erasmus+ samla i det nye direktoratet, HK-dir. Samorganiseringa av dei to einingane har skapt eit fagleg sterkare miljø for internasjonal mobilitet for menneske med tilretteleggingsbehov. Departementet meiner det er lagt til rette for at studentar med behov for tilrettelegging som ønsker å dra på utveksling, kan få betre oppfølging enn det dei har fått før.

Departementet meiner at vedtak nr. 685, 25. februar 2021 er følgt opp.

Vedtak nr. 687, 25. februar 2021: Betre godkjenningsordningar for utanlandsk utdanning

Stortinget ber regjeringen videreutvikle enklere, raskere og mer forutsigbare godkjenningsordninger for utenlandsk utdanning og kompetanse.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 7 (2020–2021) En verden av muligheter – Internasjonal studentmobilitet i høyere utdanning, jf. Innst. 247 S (2020–2021).

Stortinget har vedteke lovendringar som inneber at NOKUT ikkje lenger skal ha ansvar for godkjenning av utanlandsk utdanning etter universitets- og høgskulelova, fagskulelova og opplæringslova, jf. Prop. 74 L (2021–2022) Endringer i opplæringsloven, universitets- og høyskoleloven og fagskoleloven (endring av NOKUTs oppgaver, studentrettigheter mv.) og Innst. 287 L (2021–2022). Som gjort greie for i Prop. 74 L (2021–2022) tek departementet sikte på å delegere desse oppgåvene til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) frå 1. januar 2023. Departementet meiner det vil skape eit endå meir slagkraftig miljø for kunnskap, informasjon og godkjenning av utdanning og yrkeskvalifikasjonar frå utlandet. Det er ein fordel at ansvaret for godkjenning av utanlandsk utdanning blir organisert saman med HK-dirs oppgåver i opptakssamanheng, der utdanning frå utlandet ofte blir vurdert. Behandlinga av Prop. 74 L (2021–2022) følger òg opp Prop. 111 L (2020–2021), jf. Innst. 517 L (2020–2021), der paragrafane om godkjenning av utanlandsk høgare utdanning blei grundig reviderte så det no er heilt tydeleg at dette arbeidet må følge krava i Lisboakonvensjonen.

Vidareutviklinga av godkjenningsordningane blir følgde opp i den ordinære etatsstyringa og resultatrapporteringa, sjå kap. 271, post 01.

Departementet meiner at vedtak nr. 687, 25. februar 2021 er følgt opp.

Vedtak nr. 937, 20. mai 2021: Fråfall og forseinkingar i høgare utdanning

Stortinget ber regjeringen utrede tiltak for å forhindre frafall og forsinkelser i studiene for studenter i høyere utdanning.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandling av Meld. St. 19 (2020–2021) Styring av statlige universiteter og høyskoler, jf. Innst. 425 S (2020–2021).

Prosentdelen studentar som gjennomfører utdanninga på normert tid, er ein styringsparameter for målet om høg kvalitet i utdanning og forsking. Forseinking i utdanning er kostbart både for den einskilde og for samfunnet, og både Kunnskapsdepartementet og universiteta og høgskulane jobbar for at utdanningane skal legge til rette for at studentane skal lykkast. Ein viktig faktor er å bruke og utvikle undervisnings- og vurderingsformer som aktiviserer studentane og som fremjar læring på ein god måte. Vidare står et godt læringsmiljø sentralt. Hovuddelen av departementets arbeid handlar om å skape ein utdanningssektor med høg kvalitet og gode tilbod for studentane der så mange studentar som råd gjennomfører studia.

Dette er eit arbeid som held på heile tida, og som vil halde fram, og departementet meiner at vedtak nr. 937, 20. mai 2021 gjennom dette er følgt opp.

Vedtak nr. 941, 20. mai 2021: Opptrappingsplan for studieplassar innanfor medisin, helsefag, sjukepleie og psykologi

Stortinget ber regjeringen utarbeide en opptrappingsplan for studieplasser innenfor medisin, helsefag og psykologi. Planen skal både inneholde konkrete tiltak for opprettelse av tilstrekkelig med studieplasser ved utdanningsinstitusjonene, og tiltak som sikrer studentene praksisplass i helsesektoren. Planen bør inneholde tiltak som gjør det attraktivt for helsearbeidere å være i sektoren. Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2022 komme tilbake til Stortinget med innledende tiltak for å sikre flere studieplasser innen medisin, helsefag og sykepleie.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga Dok. 8:281 S (2020–2021) Representantforslag om opptrappingsplan for helseutdanningane fra stortingsrepresentantene Åshild Bruun-Gundersen, Bengt Rune Strifeldt, Morten Stordalen, Hanne Dyveke Støttar, Silje Hjemdal, Himanshu Gulati og Roy Steffensen, jf. Innst. 419 S (2020–2021).

Regjeringa vil føre ein ambisiøs og offensiv kunnskapspolitikk og bygge sterke profesjonsutdanningar av høg kvalitet i heile landet. Derfor har regjeringa varsla i Hurdalsplattforma at ho vil trappe opp talet på nye studieplassar, med opptrappingsplanar for område med særleg stort kompetansebehov, som læraryrket, sjukepleie, realfag, IKT og medisin. I 2022 fekk Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT) midlar til 15 fleire studieplassar i medisin, jf. Innst. 2 S (2021–2022) og Prop. 1 S (2021–2022). Regjeringa foreslår midlar til ytterlegare 30 nye studieplassar i medisin ved UiT frå 2023. Kunnskapsdepartementet tildelte midlar til 300 fleire studieplassar i sjukepleiarutdanningane, og elleve statlege universitet og høgskular blei i tillegg bedne om å omprioritere for ytterlegare til saman 200 fleire plassar innanfor uendra rammeløyving, jf. Innst. 119 S (2021–2022) og Prop. 51 S (2021–2022).

Vidare oppfølging av dette oppmodingsvedtaket er under arbeid i samarbeid med relevante departement. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med ei stortingsmelding om profesjonsutdanningane.

Vedtak nr. 1016, 20. mai 2021: Eksamensoppgåver og skriftspråk

Stortinget ber regjeringen i den helhetlige gjennomgangen av universitets- og høyskoleloven komme tilbake med forslag om lovfesting av retten til å få eksamensoppgavene på det norske skriftspråk studentene ønsker.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 111 L (2020–2021) Endringer i universitets- og høyskoleloven, utdanningsstøtteloven, fagskoleloven og yrkeskvalifikasjonsloven mv. (samleproposisjon), jf. Innst. 517 L (2020–2021).

Stortinget har vedteke ei plikt for universitet og høgskular å gi eksamen på det norske skriftspråket som studenten ønsker, jf. Prop. 74 L (2021–2022) Endringer i opplæringsloven, universitets- og høyskoleloven og fagskoleloven (endring av NOKUTs oppgaver, studentrettigheter mv.) og Innst. 287 L (2021–2022). Lovendringa har berre konsekvensar for private lærestadar, sidan statlege lærestadar allereie har plikt til å gi eksamen på begge skriftspråka som hovudregel.

Departementet meiner vedtak nr. 1016, 20. mai 2021 er følgt opp.

Vedtak frå 2019–2020-sesjonen

Vedtak nr. 697, 15. juni 2020: Kompetansefunn Digital

Stortinget ber regjeringen utrede en ny insentivordning, Kompetansefunn Digital for at små og mellomstore bedrifter skal investere i økt digital-/teknologikompetanse for sine ansatte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, jf. Innst. 370 S (2019–2020).

Kunnskapsdepartementet tildelte Oslo Economics eit oppdrag for å få oversikt over insentivordningar som liknar på Kompetansefunn Digital i andre land, og korleis desse ordningane verkar. Oslo Economics leverte i 2021 rapporten Kunnskapsoppsummering som bakgrunn for vurdering av ordninga «Kompetansefunn Digital» (OE-rapport 2021-58). Rapporten summerer opp forsking om effektar av 24 insentivordningar for livslang læring i 17 vestlege land, basert på om lag 60 artiklar og rapportar. Rundt halvparten av ordningane er effektevaluert.

Forskinga tyder på at det er betydelege variasjonar i kor vellykka insentivordningane er. Sjølv om mange ordningar fører til auka deltaking i opplæring, peikar ei overvekt av studiane i retning av at ordningane har låg eller ingen effekt på arbeidsmarknadsutfall. Nokre ordningar har positiv effekt på læringsmotivasjon. I den grad ein finn effektar på arbeidsmarknadsutfall, varierer dei for ulike grupper av tilsette og avheng i stor grad av utforminga av insentivordningane og sjølve opplæringa. Rapporten summerer opp erfaring med tre skattebaserte ordningar og gir ikkje grunnlag for å hevde at skatteordningar fungerer betre enn andre ordningar.

Regjeringa meiner det er tungtvegande tilleggsargument mot tiltak på skattesida: Dei kompliserer skattesystemet og bryt med hovudprinsippa i skattepolitikken om breie grunnlag og låge satsar. Ei ordning som er tematisk avgrensa til digital kompetanse, vil i tillegg ha betydelege administrative kostnader knytte til å ta stilling til kva for opplæringstilbod som blir dekte, og at vilkåra er oppfylte.

Konklusjonen til regjeringa er at det ikkje er gode nok argument for å innføre ei skattebasert insentivordning med formål om å stimulere verksemder til digital kompetanseutvikling for tilsette. Departementet meiner at vedtak nr. 697, 15. juni 2020 er følgt opp.

Vedtak nr. 698, 15. juni 2020: Rett til kompetanseheving i arbeidslivet

Stortinget ber regjeringen nedsette et partssammensatt utvalg for å utrede hvordan arbeidstakere kan opparbeide seg en rett til kompetanseheving gjennom arbeidslivet, og sikre at tillitsvalgte tas med i drøftinger om hvilken kompetanseutvikling virksomheten trenger.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, jf. Innst. 370 S (2019–2020).

Oppmodingsvedtaket er overført frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet, og Kunnskapsdepartementet vil kome tilbake til Stortinget om saka.

Vedtak nr. 699, 15. juni 2020: Finansieringssystem for universitet og høgskular

Stortinget ber regjeringen senest i forbindelse med stortingsmeldingen om styringspolitikken for statlige universiteter og høyskoler om å legge frem forslag til nytt finansieringssystem for universiteter og høyskoler. Forslaget må utarbeides i tett samarbeid med utdanningssektoren og arbeidslivet. Incentiver/faktorer i forslaget til nytt finansieringssystem skal være
  • Relevant arbeid etter endt studium og arbeidslivsrelevans i studiet.

  • Ulike opplegg for etter- og videreutdanning.

  • Opprettelse av mindre og fleksible emner og moduler som arbeidslivet etterspør, og som kan tas i kombinasjon med jobb.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, jf. Innst. 370 S (2019–2020).

Kunnskapsdepartementet tok 17. mars 2022 imot rapporten frå utvalet leia av Siri Hatlen som var nemnt opp for å gå gjennom finansieringa av universiteta og høgskulane. Rapporten var på høyring fram til 10. juni 2022. Utvalet var særleg bede om å følge opp oppmodingsvedtaka frå Stortinget frå 2020 som dreidde seg om finansieringa av sektoren.

Utvalet tilrår å forenkle systemet for den resultatbaserte utteljinga og berre vidareføre indikatorane for gjennomførte studiepoeng og avlagde doktorgradar. Det foreslår samstundes å legge større vekt på utviklingsavtalane i styringa. Det vil gi ei meir transparent styring som gir institusjonane større reelt handlingsrom og ansvar for budsjettdisponeringa. Gjennom å fjerne kandidatindikatoren gjer ein det meir attraktivt for universitet og høgskular å tilby vidareutdanning og mindre og fleksible tilbod. Utvalet frårår tydeleg å innføre ein indikator for arbeidslivsrelevansen i tilboda eller sysselsetjingsgraden for uteksaminerte studentar, og høyringsfråsegnene støtta dette eintydig. I tillegg til dei generelle argumenta for å forenkle systemet bygde tilrådinga på at relevansen for arbeidslivet er svært vanskeleg å måle, mellom anna fordi det er knytt til generiske ferdigheiter, og særleg når det gjeld relevansen for arbeidslivet i framtida. Ein indikator basert på sysselsetjing vil vanskeleg ta høgde for konjunktursvingingar og regionale omsyn.

Kunnskapsdepartementet vil i løpet av 2022 greie ut finansieringskategoriane vidare i dialog med sektoren, og vurdere om talet bør reduserast. Regjeringa vil vurdere heilskapen i finansieringssystemet, inkludert moglege endringar i kategoriane, før det blir gjort endringar i systemet. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 700, 15. juni 2020: Studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning

Stortinget ber regjeringen opprette inntil 1 000 nye studieplasser innen høyere yrkesfaglig utdanning fra høsten 2020, i tillegg til at de 1 000 studieplassene som regjeringen varslet i Prop. 117 S (2019–2020), skal bli permanente, og at det videre utarbeides en forpliktende opptrappingsplan med 1 000 nye studieplasser årlig over fem år.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, jf. Innst. 370 S (2019–2020).

Stortinget har i 2020 og 2021 løyvd midlar til totalt 2 100 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning. Dette er den største kapasitetsveksten i høgare yrkesfagleg utdanning nokon gong. Regjeringa vil at fleire skal ta høgare yrkesfagleg utdanning, og foreslår derfor midlar til 500 nye studieplassar til fagskulane i 2023.

Midlar til nye studieplassar til fagskulane skal fordelast på bakgrunn av lokale, regionale og nasjonale kompetansebehov og kapasitet i fagskulane. Fylkeskommunane søker Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse om midlar til nye studieplassar etter ein gjennomgang av kompetansebehov og kapasitet i fagskulane i eige fylke. Systemet bygger opp under fylkeskommunane som kompetansepolitisk aktør og at fagskulane skal tilby utdanningar som arbeidslivet etterspør. Fordelinga av studieplassar skal skje i eit samspel mellom arbeidsliv, fagskular og styresmakter for å sikre at nye studieplassar treffer kompetansebehova i arbeidslivet best mogleg. Nasjonale styresmakter kan legge føringar for fordelinga av studieplassar for å sikre at det blir teke omsyn til nasjonale behov.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget med vidare oppfølging av oppmodingsvedtaket i dei årlege statsbudsjetta.

Vedtak frå 2017–2018-sesjonen

Vedtak nr. 887, 11. juni 2018: Høgare utdanning

Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av dagens regelverk for rangering av søkere til høyere utdanning, inkludert utdanning som i dag ikkje gir poeng, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:196 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Fredrik Grøvan, Olaug V. Bollestad, Knut Arild Hareide og Steinar Reiten om å gi bibelskoleelever to tilleggspoeng, jf. Innst. 387 S (2017–2018).

Kunnskapsdepartementet har starta arbeidet med ein heilskapleg gjennomgang av regelverket for rangering, inkludert alle kvotar og tilleggspoeng i systemet for opptak. Våren 2021 sette regjeringa ned eit offentleg utval (Opptaksutvalet) som skal sjå på heile systemet for opptak til høgare utdanning. Utvalet skal levere sin rapport i desember 2022. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak frå 2016–2017-sesjonen

Vedtak nr. 642, 2. mai 2017: Medlemskap i studentsamskipnad for fagskular

Stortinget ber regjeringen i forbindelse med evalueringen av de kvalitetshevende tiltakene vurdere om fagskoler etter bestemte kriterier bør ha plikt til medlemskap i studentsamskipnad.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning, jf. Innst. 254 S (2016–2017).

Kunnskapsdepartementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av evaluering av innføring og verknad av tiltaka i fagskulemeldinga, jf. Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden Fagskoleutdanning. Ein midtvegsrapport er levert departementet i 2021. Rapporten gir i hovudsak ein status for innføring av tiltaka. Ein rapport om evaluering av finansieringssystemet for fagskular er levert departementet i 2022. Ein endeleg rapport skal vere klar i 2023 og ta omsyn til evalueringa av finansieringssystemet for fagskulane og funna i midtvegsevalueringa. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 643, 2. mai 2017: Evaluering av fagskulereforma

Stortinget ber regjeringen foreta en midtveisevaluering av fagskolereformen etter 3 år og en full evaluering etter 5 år.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden – Fagskoleutdanning, jf. Innst. 254 S (2016–2017).

Kunnskapsdepartementet har i 2020 sett i gang ei evaluering av innføringa og verknadene av tiltaka i fagskulemeldinga, jf. Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden Fagskoleutdanning. Evalueringa vil innehalde tre leveransar. Ein midtvegsrapport er levert departementet i 2021. Rapporten gir i hovudsak ein status for innføring av tiltaka. Ein rapport om evaluering av finansieringssystemet for fagskular er levert departementet i 2022. Rapporten har vore på høyring. Ein endeleg rapport skal vere klar i 2023 og ta omsyn til evalueringa av finansieringssystemet for fagskulane og funna i midtvegsevalueringa. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Til forsida