Forord
Prop. 1 S (2021–2022) frå Klima- og miljødepartementet er samansett av fire delar:
Del I presenterer hovudutfordringar, resultatområde og nasjonale mål i klima- og miljøpolitikken og hovudprioriteringar innanfor departementet sitt budsjett i 2022. Del I inneheld òg ein oversikt over dei viktigaste resultata av klima- og miljøpolitikken til regjeringa.
Klima- og miljødepartementet er eit sektorovergripande departement med ansvar for å samordne klima- og miljøpolitikken til regjeringa. I del I er det difor gjeve eit oversyn over klima- og miljøsatsingar i andre departement i 2022. I del I er det òg ei oversikt over oppmodingsvedtaka frå Stortinget.
Del II inneheld budsjettframlegget frå Klima- og miljødepartementet fordelt på programkategoriar, kapittel og postar. I tillegg blir det gjort greie for politikken for å nå dei nasjonale måla.
Del III har ein omtale av klima- og miljøpolitikken i dei andre departementa og Klima- og miljødepartementets oppfølging av berekraftsmåla. Del III gjev òg ein omtale av arbeidet miljøforvaltninga gjer innan samfunnstryggleik og beredskap, fornyingsarbeid og likestilling i miljøforvaltninga.
Del IV er rapportering til Stortinget i samsvar med klimalova.