Prop. 1 S (2018–2019)

FOR BUDSJETTÅRET 2019 — Utgiftskapittel: 200–292 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3292, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 1
Oversikt over budsjettforslaget frå Kunnskapsdepartementet

1 Hovudinnleiing

1.1 Kunnskap gir moglegheiter

Kunnskap er nøkkelen til å gi kvart enkelt menneske moglegheit til å skape seg eit godt liv, og til å møte dei utfordringane samfunnet vårt står overfor i åra som kjem. Utdanning, forsking og innovasjon, og samspelet mellom desse, er avgjerande for å lykkast. Derfor har regjeringa høge ambisjonar for utvikling av Noreg som kunnskapsnasjon. Kunnskapspolitikken skal gi alle innsikt og forståing, som gir grunnlag for sjølvstende, fridom og deltaking i samfunnet.

Høg kompetanse i befolkninga er viktig for omstilling og framtidig verdiskaping. Dette vil vere avgjerande for berekrafta til velferdssamfunnet. I tillegg er kunnskap verdifullt for den einskilde. Like moglegheiter til utdanning er ein av dei viktigaste føresetnadene for personleg fridom. Derfor er det viktig med god utdanning for alle og særskilt viktig for god integrering av nye borgarar.

Kunnskapsdepartementet arbeider etter tre overordna mål for kunnskapssektoren:

  • Alle deltar i arbeids- og samfunnsliv.

  • Alle har den kompetansen som dei sjølve og samfunnet treng.

  • Samfunnet har tilgang til oppdatert kunnskap av høg kvalitet.

Dei tre måla utgjer ein del av mandatet og samfunnsoppgåva til Kunnskapsdepartementet. For at alle skal kunne delta i arbeids- og samfunnsliv, må vi ha god og relevant utdanning. Det gir samfunnet tilgang på kunnskap av høg kvalitet. Regjeringa vil legge til rette for at den einskilde får utvikla kompetansen sin, slik at han er tilpassa endra behov i arbeidslivet framover.

Alle deltar i arbeids- og samfunnsliv

Ved at menneske får utnytta evnene og dugleikane sine på ein god måte, vil dei kunne realisere ønska og ambisjonane sine, og bidra til fellesskapet ved å delta i arbeids- og samfunnsliv. Kompetansenivået i Noreg er bra, men det bør bli enda betre og betre tilpassa behova til bedriftene og verksemdene. Ei befolkning med høg kompetanse er ein viktig føresetnad for den høge produktiviteten i Noreg, og for at ein stor del av befolkninga deltar i arbeids- og samfunnslivet.

Nøkkelen til deltaking i samfunnet er kompetanse og arbeid ved at den einskilde deltar i barnehage, skole, utdanning og arbeidsliv, der vi lærer og samhandlar. Den kunnskapen vi får blant anna gjennom desse samfunnsinstitusjonane, er eit viktig grunnlag for nokre av dei verdiane som skaper samfunnet vårt.

Alle barn i barnehage har rett til eit barnehagetilbod av høg kvalitet som gir alle like moglegheiter uavhengig av bakgrunn og føresetnader. Forskinga viser at eit godt barnehagetilbod er særskilt viktig for utsette barn, og at tidleg innsats gir store gevinstar seinare, både for den einskilde og for samfunnet. 91,3 pst. av alle barn i alderen eitt–fem år har plass i barnehage. Delen minoritetsspråklege barn i alderen eitt–fem år som går i barnehage, er 80,4 pst., men har auka jamt i dei seinare åra og er om lag lik som for andre barn når det gjeld fire- og femåringar.

Barnehagen er det første frivillige steget i utdanningsløpet, og det er viktig at alle barn kan få delta i eit barnehagetilbod av høg kvalitet. Retten til barnehageplass har derfor blitt utvida i dei siste åra. Regjeringa har også lagt til rette for at låg familieinntekt ikkje skal vere til hinder for at barna får gå i barnehage.

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt læringsmiljø. Innsatsen mot mobbing og krenkingar har vore svært viktig for regjeringa gjennom mange år. Dette har resultert i mellom anna klargjering av pliktene til dei tilsette i barnehagen, og eit eige lovarbeid om barnehagemiljøet er i gang. Regjeringa satsar på eit trygt og godt skolemiljø, og har mellom anna innført eit nytt regelverk med nulltoleranse for mobbing. I tillegg har regjeringa satsa på kompetansetiltak retta mot skolar, barnehagar og kommunar. Det er dessutan lagt til rette for å etablere fylkesvise mobbeombud i alle fylke.

Omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep mot barn og unge er alvorlege brott som kan ha store konsekvensar for den einskilde, og som er risikofaktorar for fråfall i utdanninga, dårleg helse og uføretrygd på sikt. Dei tilsette i barnehage og skole står i ein unik posisjon til å avdekke omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep. Regjeringa si opptrappingsplan mot vald og overgrep, Prop. 12 S (2016–2017), inneheld tiltak som skal styrke barnehagen og skolen, jf. også omtale i Prop. 1 S (2018–2019) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Noreg har behov for å sikre arbeidskraft for framtida. Vi kan få lågare produktivitet med færre i yrkesaktiv alder og fleire eldre. Da er det viktig å få sysselsett og integrert dei som kjem nye til landet, og inkludere dei som av andre grunnar fell ut av utdanningssystemet. Inkludering og integrering er viktig for å hindre utanforskap og for å sikre eit samfunn med små forskjellar og der det er moglegheiter for alle.

For å få til god integrering er det viktig med ein prosess der styresmaktene gir gode moglegheiter for deltaking i samfunnet og der den einskilde innvandrar må stille opp med eigen innsats. Høg sysselsetting er viktig for samfunnet og for bærekrafta i den norske velferdsmodellen. Sysselsettinga blant innvandrarar er for låg, og regjeringa vil iverksette eit integreringsløft for å sikre at fleire kjem i arbeid og deltar i samfunnslivet. Regjeringa har allereie innført obligatorisk opplæring i norsk og norske verdiar i mottaka, og presisert i lova at arbeidsretta tiltak skal inngå i introduksjonsordninga.

Kvardagsintegrering har å gjere med korleis vi bidrar til integrering gjennom den daglege kontakten og omgangen innvandrarar har med samfunnet dei kjem til. Innvandrarar med norske venner har betre utsikter til å vere i jobb og delta på andre formelle og uformelle samfunnsarenaer. Saman med barnehage, skole og arbeidsplassar er fritidsaktivitetar og frivillige organisasjonar dei viktigaste møteplassane i kvardagen.

Barnehagen og grunnopplæringa skal gi minoritetsspråklege barn og unge eit godt grunnlag for vidare utdanning og deltaking i samfunnet og arbeidslivet som vaksne. Alle må få best mogleg støtte til å lære norsk, noko som vil auke sjansane for den einskilde til å lykkast i utdanningsløpet og vidare i livet. Barnehagen og skolen er viktige integreringsarenaer som gir gode moglegheiter for språkleg og sosial utvikling. Det er derfor eit mål å auke delen barn med minoritetsbakgrunn som går i barnehage.

Regjeringa lanserte i 2017 Retten til å bestemme over eget livhandlingsplan mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlestelse (2017–2020). Planen inneheld 28 tiltak for å styrke rettsvernet, styrke hjelpa til dei som blir ramma, endre praksis og haldningar i aktuelle miljø, og styrke kunnskapen i tenestetilbodet og forskinga på feltet. Blant anna er talet på minoritetsrådgivarar auka og tilskott til det haldningsskapande og førebyggande arbeidet som organisasjonar gjer er styrkt.

Høgre utdanning og etter- og vidareutdanning skal gi den einskilde betre føresetnader for å delta i samfunns- og arbeidslivet. Noreg er prega av høg deltaking i arbeidslivet, låg arbeidsløyse og høg kompetanse blant befolkninga. Likevel er det ein stor del av befolkninga som står eller er i fare for å bli ståande utanfor arbeidslivet. Universiteta og høgskolane har derfor eit viktig samfunnsoppdrag i å utdanne kandidater som samfunnet treng, og utføre forsking til beste for samfunnet. Samstundes har dei ei viktig rolle i å utfordre etablert kunnskap, bidra til kritisk tenking, fornying og utvikling i samfunnet. Ferdig utdanna kandidatar med oppdatert kunnskap vil bidra til innovasjon og verdiskaping i Noreg. Tilsvarande vil samspel mellom utdannings- og forskingsmiljøa og arbeids- og næringslivet bidra til omstillingsevna hos kvarandre.

Alle har den kompetansen som dei sjølve og samfunnet treng

I Jeløya-plattforma trekker regjeringa fram seks store utfordringar som Noreg står overfor. Ei av utfordringane er å omstille norsk økonomi for å skape vekst, nye arbeidsplassar og sikre fleire bein å stå på. Satsing på kompetanse er ein føresetnad for at ny teknologi skal føre til innovasjon og omstilling i norsk økonomi og ikkje til utanforskap. Automatisering i arbeidslivet i form av digitalisering, robotisering og meir omfattande bruk av kunstig intelligens aukar behovet for omstilling og kompetanseutvikling for arbeidstakarar i mange yrke. Regjeringa vil derfor utvikle og sette i gang kompetansereforma Lære heile livet for at ingen skal falle ut av arbeidslivet på grunn av manglande kompetanse. Gjennom reforma vil regjeringa legge betre til rette for etter- og vidareutdanning for arbeidstakarar, i samarbeid med arbeidslivet.

Arbeidslivet er ein sentral læringsarena. I ei tid med stadige endringar og omstilling er det avgjerande at arbeidstakarar kan vidareutvikle kompetansen sin. Den internasjonale undersøkinga Programme for the International Assessment of Adult Competencies (PIAAC) viser at vaksne i Noreg som har vore på arbeidsmarknaden ei tid, har relativt gode dugleikar i lesing, forståing av tal og problemløysing ved hjelp av IKT. Samtidig viser undersøkinga at kompetansenivået til yngre arbeidstakarar (16–24 år) ligg under gjennomsnittet i OECD-landa i lesing og omtrent på snittet i talforståing. Den internasjonale undersøkinga av læringa til vaksne, Adult Education Survey, blei sist gjennomført i 2016. Undersøkinga viser at om lag 55 pst. av vaksne i Noreg deltar i opplæring, som blant anna omfattar kurs og seminar. Av dei 25 landa som er omfatta av undersøkinga, er det berre fire europeiske land som har eit høgre nivå enn oss. Ifølge Lærevilkårsmonitoren til Statistisk sentralbyrå (SSB) har likevel deltakinga falle noko i dei seinare åra. Denne utviklinga vil regjeringa bidra til å endre gjennom kompetansereforma.

Tal frå SSB viser at medan 50 pst. av dei sysselsette i 1981 hadde grunnskole som høgste fullførte utdanning, hadde denne delen falle til under 22 pst. i 2012, jf. figur 1.1. Denne gruppa omfattar òg personar med ikkje oppgitt utdanning, og storleiken på gruppa blir derfor påverka av innvandringa. Utvidinga av EU austover forklarer ein auke i gruppa i fleire år etter 2004, med unntak av eit fall under finanskrisa. Den langsiktige utviklinga viser at ein fallande del av dei sysselsette berre har studieførebuande vidaregåande utdanning. SSB sine framskrivingar av tilbod og etterspørsel etter arbeidskraft fram mot 2035 viser blant anna at det kan bli mangel på personar som har fag- og yrkesopplæring.

Figur 1.1 Sysselsetting etter utdanningsnivå, som del av total arbeidsstyrke

Figur 1.1 Sysselsetting etter utdanningsnivå, som del av total arbeidsstyrke

Figuren viser observerte verdiar på sysselsettinga for åra 1981–2012. Frå 2013 viser figuren framskrivingar av etterspørselen etter arbeidskraft.

Kjelde:  Statistisk sentralbyrå

Kompetanseutvikling er avgjerande for tenesteutvikling på fleire felt. Personalet i barnehagen er viktig for kvaliteten på tilbodet. Både skjerpa pedagognorm og innføring av ei bemanningsnorm hausten 2018 skal medverke til høgre kvalitet. Forskjellen i formell kompetanse har vore stor mellom barnehagane, og det er viktig å løfte dei som ligg lågast. Den reviderte kompetansestrategien for barnehagen, som blei lagd fram hausten 2017, skal bidra til at heile personalgruppa i barnehagen får meir kompetanse.

Regjeringa ønsker å legge til rette for gode overgangar mellom barnehage og skole. Stortinget har lovfesta ei gjensidig plikt for barnehage- og skoleeigarane til å samarbeide om barna sin overgang frå barnehage til skole og SFO. Endringa tredde i kraft 1. august 2018. For dei yngste elevane er det mykje som er nytt, og dei skal lære korleis dei kan lære. Dette krev god kunnskap hos lærarane og høg kvalitet i utdanninga deira når det gjeld begynnaropplæring.

Resultat frå internasjonale undersøkingar tyder på at dei norske skoleelevane lærer meir etter innføringa av Kunnskapsløftet, særleg i starten av grunnskolen. Dei internasjonale undersøkingane PISA og TIMSS (begge 2015) og PIRLS (2016) viser at elevane har hatt framgang både i lesing, matematikk og naturfag. Den siste PISA-undersøkinga frå 2015 viser likevel at nærare 20 pst. av elevane går ut av grunnskolen med så svake dugleikar at dei kan få problem med vidare skolegang og arbeid. Personar med låg formell utdanning eller svake dugleikar er sårbare i arbeidslivet.

Gode lærarar er det viktigaste for at elevane skal lære. Ein nøkkel til å heve læringsutbyttet i skolen er å satse på kompetansen til lærarane. For at læraryrket skal bli attraktivt for fleire, må vi ha ei god og attraktiv lærarutdanning, og gode ordningar for etter- og vidareutdanning for dei lærarane som allereie er i skolen. Det er viktig at lærarutdanninga er relevant for oppgåvene og utfordringane som ein nyutdanna lærar møter i skolen. Ein lærar bør kunne ta i bruk ny kunnskap til å vidareutvikle si eiga undervisning og å bidra til å utvikle skolen.

Regjeringa vil at dagens krav til fagleg fordjuping for nyutdanna lærarar skal gjelde for alle lærarar. Innan 2025 skal lærarar i barneskolen derfor ha minst 30 studiepoeng i faget for å kunne undervise i matematikk, engelsk og norsk, norsk teiknspråk og samisk. I ungdomsskolen må dei ha minst 60 studiepoeng i desse faga. Hausten 2018 tek 7 207 lærarar vidareutdanning; dette er dobbelt så mange som i 2014. Om lag 20 000 lærarar har allereie gjennomført vidareutdanning gjennom satsinga Kompetanse for kvalitet. Det blir òg utvikla nye karrierevegar for lærarar som ønsker profesjonell utvikling i klasserommet, gjennom pilotering av funksjonen som lærarspesialist og spesialistutdanningar.

Gjennom strategien Lærerløftet – på lag for kunnskapsskolen har regjeringa løft grunnskolelærarutdanninga til mastergradsnivå. Våren 2017 lanserte regjeringa strategien Lærerutdanning 2025: nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene. Strategien er retningsgivande for arbeidet med å utvikle lærarutdanningane. Eit hovudgrep i strategien er partnarskap mellom lærarutdanningane og skole- og barnehageeigarar blant anna gjennom å etablere lærarutdanningsskolar og lærarutdanningsbarnehagar. Våren 2018 viste ein auke i talet på søkarar til alle lærarutdanningane.

I tillegg til å satse på gode lærarar ønsker regjeringa fleire lærarar inn i skolen. Som ein del av satsinga på tidleg innsats i skolen har regjeringa sidan 2015 auka lærartettleiken på 1.–4. trinn. Frå hausten 2018 er det innført ei norm for lærartettleik på skolenivå for 1.–10. trinn. Norma slår fast forholdstalet mellom elevar og lærar i den ordinære undervisninga. I skoleåret 2018–2019 skal det maksimalt vere 16 elevar per lærar på 1.–4. trinn og 21 elevar per lærar på 5.–7. trinn og 8.–10. trinn.

Det er behov for å fornye faga i skolen og sikre eit innhald som kan møte nye krav i samfunnet. Arbeidet med fagfornyinga er i gang som ein del av oppfølginga av Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet og Innst. 19 S (2016–2017). Målet er å styrke utviklinga av djupnelæringa og forståinga til elevane. Verdigrunnlaget skal bli løft fram i læreplanane, blant anna gjennom følgande tre tverrfaglege tema: demokrati og medborgarskap, berekraftig utvikling og folkehelse og livsmeistring.

Om lag tre av fire som starta i vidaregåande opplæring i 2012, hadde fullført og bestått innan fem år. I dei siste åra har det vore ein auke i delen som gjennomfører, og delen er no rekordhøg med 8 av 10 elevar som fullfører vidaregåande opplæring innan 10 år. Regjeringa har som mål at innan 2030 skal ni av ti gjennomføre vidaregåande opplæring. Gjennomføringa er særleg låg innanfor yrkesfaga. Regjeringa gjennomfører eit yrkesfagløft i samarbeid med skoleeigarane og partane i arbeidslivet. Lærlingtilskottet har auka reelt med 21 000 kroner per lærekontrakt etter at Solberg-regjeringa tiltredde i 2013. Vidare har krava om bruk av lærlingklausular i utlysingar av offentlege anbod blitt skjerpa. Det er òg etablert ei satsing på yrkesfaglærarane – Yrkesfaglærerløftet. Hausten 2020 vil strukturen i dei yrkesfaglege tilboda i vidaregåande opplæring bli endra, slik at dei blir meir relevante for arbeidslivet.

I 2018 var det ein større del av elevane som søkte seg til yrkesfag enn i 2017. Det er nå nesten like mange søkarar til yrkesfag som til studieførebuande utdanningsprogram. I 2017 fekk 20 800 yrkesfagelevar læreplass i ei bedrift. Dette utgjer 72 pst. av dei som søkte. Det var både det høgste talet på læreplassar og den største delen av søkarane nokon gong. Det er likevel mange som ikkje får læreplass.

Regjeringa har innført fleire endringar som skal gjere fag- og yrkesopplæringa meir tilgjengeleg for ufaglærte. I 2018 er det etablert ei ordning med Fagbrev på jobb, jf. Innst. 290 L (2017–2018) og Prop. 52 L (2017–2018). Ordninga skal gjere det enklare å kombinere arbeid og opplæring. Regjeringa har òg sett i verk forsøk med både modulstrukturert opplæring på grunnskolenivå og forsøk med modulstrukturerte læreplanar i lærefag i vidaregåande opplæring for vaksne.

Regjeringa vil at høgre yrkesfagleg utdanning (fagskoleutdanning) skal styrkast og bli meir tilgjengeleg og synleg som eit utdanningsval etter vidaregåande opplæring, jf. Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning. Fagskolane er òg avgjerande i kompetansereforma til regjeringa.

Offentleg finansiert utdanning, gode ordningar for utdanningsstøtte og gode studentvelferdstilbod gir god tilgang til høgre utdanning i Noreg. Ein godt utbygd universitets- og høgskolesektor med lærestader eller tilbod over store delar av landet gjer også tilgangen god. Stadig fleire søker seg til høgre utdanning. Talet på søkarar, studentar og uteksaminerte kandidatar har auka i fleire år, og auken heldt fram i 2017. Da var det om lag 111 000 kvalifiserte førstevalssøkarar til høgre utdanning, og i haustsemesteret var det rundt 257 000 registrerte studentar som blei finansierte over statsbudsjettet. Talet på kvalifiserte førstevalssøkarar gjennom Samordna opptak har auka år for år sidan 2009. Det gjer at det blir stadig vanskelegare å bli tatt opp til høgre utdanning. Talet på uteksaminerte kandidatar var over 46 000 i 2017, noko som er ein auke på 4,1 pst. frå året før. Det er nødvendig å sikre at studietilboda har god kvalitet og er relevante for arbeidslivet. Regjeringa har satsa på kvalitet i heile kunnskapssektoren og har lagt fram ei rekke meldingar som skal bidra til det. Som ei del av denne satsinga blei Meld. St. 16 (2016-2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning (kvalitetsmeldinga) lagt fram våren 2017. Med kvalitetsmeldinga gir regjeringa universitet og høgskolar fleire verktøy for å betre kvaliteten på dei utdanningane dei tilbyr.

Samfunnet har tilgang til oppdatert kunnskap av høg kvalitet

Kunnskap og evna til å ta han i bruk er den viktigaste faktoren for vår framtidige konkurranseevne. Forsking og utdanning påverkar økonomien ved å heve kvaliteten på arbeidskrafta og gjere det mogleg å ta i bruk og utvikle kunnskap om nye løysingar, produkt og tenester. Ei kunnskapsbasert tilnærming er avgjerande for å møte utfordringane samfunnet står overfor. I tråd med Jeløya-plattforma vil regjeringa auke investeringane i høgre utdanning og forsking og legge til rette for at kunnskapen kan bli tatt i bruk. Regjeringa vil satse på hele breidda av forskingsinstitusjonar og stimulere til betre samspel og samarbeid mellom offentlege og private forskingsaktørar.

Noreg har eit godt utgangspunkt for vidare sosial, økonomisk og kulturell utvikling basert på forsking og høgre utdanning. Utdanningsnivået i befolkninga er blant dei høgste i verda. Kompetansen til dei uteksaminerte kandidatane er som hovudregel godt tilpassa behova til arbeidsmarknaden. Noreg er òg blant landa med høgst forskartettleik, sjølv om vi ligg noko bak våre nordiske naboland. Den vitskaplege publiseringa frå norske forskarar har bevega seg i positiv retning, særleg i dei siste 10–15 åra. Vi er blant landa som publiserer mest per innbyggar, og norske artiklar blir siterte meir enn tidlegare samanlikna med verdsgjennomsnittet. Det betyr at norske forskarar har blitt meir synlege i det internasjonale forskarsamfunnet.

Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning gir retning og ein plan for korleis vi kan styrke dei fagområda som er viktigast for at vi får den nye kunnskapen vi treng. Den første planen har gitt resultat. Alle opptrappingsplanane har blitt innfridde i perioden 2015–18. Satsingane legg til rette for den nødvendige omstillinga som det norske samfunnet og næringslivet må gjennom. I den reviderte langtidsplanen vil regjeringa framleis prioritere satsingar der forsking og høgre utdanning kan medverke vesentleg til å møte dei utfordringane vi står overfor, og der vi har grunnlag for å oppnå særleg høg kvalitet.

Kvaliteten i høgre utdanning blir styrt ikkje berre av mengda forsking, men også av rammevilkåra for forskings- og utdanningsinstitusjonane. Derfor har regjeringa gjennomført ei stor omstrukturering i universitets- og høgskolesektoren for å skape enda sterkare fagmiljø i Noreg. Regjeringa vil framleis prioritere å heve kvaliteten i høgre utdanning og forsking og å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø. Samanslåingane som blei gjennomførte på bakgrunn av Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet: strukturreform i universitets- og høyskolesektoren i 2016 og 2017, legg eit godt grunnlag for meir solide fagmiljø. Også blant dei private høgskolane og i instituttsektoren har det skjedd ei konsolidering i 2018.

Ei sentral forventning til utdanningsinstitusjonane er gjennomgang av studieprogramma for å sikre heilskap og samanheng. Meir bruk av fagfellevurdering for å styrke kvalitetskulturen og utvikling av system for merittering i utdanningane er også forventa. Desse tema blei tatte opp i etatsstyringa med universitet og høgskolar i 2018, og erfaringa er at institusjonane er godt i gang med å følge opp. Nasjonal arena for kvalitet i høgre utdanning er etablert i 2018. Arenaen er administrert av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgre utdanning, og første utlysing har temaet «studentaktiv læring og vurderingsformer». Den nye arenaen omfattar òg eksisterande verkemiddel for kvalitetsutvikling, mellom anna verkemiddel som skal fremme internasjonalisering.

Internasjonalt samarbeid er sentralt for å lykkast med å heve kvaliteten i høgre utdanning og forsking. I ein global arbeidsmarknad er det òg av stor verdi at norske studentar tar heile eller delar av utdanninga i utlandet, og at utanlandske studentar kjem til norske institusjonar. Noregs deltaking i utvekslingsprogrammet til EU, Erasmus+, bidrar til dette. Det er òg nødvendig å delta i internasjonalt forskingssamarbeid når vi skal møte dei store samfunnsutfordringane som til dømes klimaendringane. Slik deltaking gjer det samstundes mogleg å dele kostbar forskingsinfrastruktur.

Regjeringa la i 2014 fram ein strategi for forskings- og innovasjonssamarbeidet med EU som sette som ambisjon at to pst. av dei konkurranseutsette midlane frå forskingssamarbeidet Horisont 2020 skal gå til norske aktørar. Noreg kan vise til god deltaking på fleire område, men vi har òg eit forbetringspotensial på område som framifrå forsking, helse og transport. I mars 2018 nådde Noreg for første gong ambisjonsnivået for deltaking i Horisont 2020 med 2,04 pst. av dei konkurranseutsette midlane. I tida som kjem blir det viktig å halde fram med det gode arbeidet som blir gjort med å søke forskingsprosjekt og samarbeid gjennom deltaking i rammeprogrammet. Berre halvparten av midlane i programmet er lyste ut til no. Deltakinga i rammeprogrammet gir tilgang på ny kunnskap, teknologi, nettverk, marknader og infrastruktur.

Tilgang til forskingsdata og resultat frå forsking er viktig for at fleire forskarar og universitet skal kunne bygge vidare på det som andre har komme fram til. Regjeringa ønsker at dei forskingsresultata som er finansierte av det offentlege, også skal komme fellesskapet til gode gjennom openheit i forskinga. At forskingsresultat og forskingsdata er ope tilgjengelege, kan sikre betre kunnskapsutvikling og meir bruk av kunnskap. I likskap med andre land har Noreg utfordringar knytte til å gjere resultat og data frå offentleg finansiert forsking tilgjengelege. Derfor la regjeringa i 2017 fram nasjonale mål og retningslinjer for open tilgang til vitskaplege artiklar og ein nasjonal strategi for å gjere forskingsdata tilgjengelege og dele dei. Regjeringa har som mål at alle norske vitskaplege artiklar som er finansierte med offentlege midlar, skal vere ope tilgjengelege innan 2024.

Noreg ligg relativt langt framme med tanke på digitalisering av offentlege tenester. Vi veit at det går føre seg ein digital revolusjon som vil endre samfunnet, strukturar og arbeidsoppgåvene mykje framover. Digitalisering handlar om å bruke teknologi til å fornye, forenkle og forbetre tenester. Ho legg til rette for auka verdiskaping og innovasjon, og kan bidra til å betre produktiviteten i næringslivet og offentleg sektor. Samtidig har auka digitalisering medført at samfunnet står overfor nye risikoar og det er viktig at vi handterer dette endra risikobildet på ein god måte. I 2017 la regjeringa fram ein digitaliseringsstrategi for universitets- og høgskolesektoren for perioden 2017–21. Den skal bidra til at norsk høgre utdanning og forsking tar i bruk det potensialet som ligg i digitale teknologiar for betre kvalitet, tilgang og effektivitet. Regjeringa forventar at alle universitet og høgskolar aukar merksemda på digitalisering, og at dei definerer forpliktande mål og tiltak for å kunne sjå nye moglegheiter og møte utfordringar framover.

1.2 Hovudprioriteringar

Barnehage og grunnopplæring

I oppfølginga av Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen og Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen har regjeringa sett i gang ei heilskapleg satsing for å realisere prinsippet om tidleg innsats. Høg kvalitet i det ordinære tilbodet i barnehagen og skolen skal bidra til tidleg innsats for dei som treng det, og førebygging av seinare problem. Rapporten frå ekspertgruppa leia av professor Thomas Nordahl våren 2018 inneheld ei rekke forslag til tiltak for å betre det pedagogiske tilbodet til barn og unge som har behov for særskild tilrettelegging. Derfor satsar regjeringa nå vidare på hovudlinjene frå det tidlegare arbeidet på dette området med ei ny melding til Stortinget hausten 2019 om tidleg innsats, inkludering og tilpassa tilbod i barnehage og skole.

Regjeringa foreslår å løyve 102,8 mill. kroner i 2019 til å betre finansieringa av bemanningsnorma i barnehagane. Dette er ei oppfølging av revidert nasjonalbudsjett for 2018, jf. Innst. 400 S (2017–2018). Om lag 60 mill. kroner av dette skal gå til ei overgangsordning for dei private barnehagane som ligg i kommunar med meir enn 6,0 barn per vaksen i kommunens eigne barnehagar per desember 2017. Overgangsordninga skal ta særleg omsyn til ein berekraftig økonomi i små barnehagar. Om lag 40 mill. kroner av løyvinga skal bli fordelte til kommunane etter tilsvarande kriterium. Regjeringa meiner kommunesektoren og dei private barnehagane er kompenserte for innføringa av bemanningsnorma også utan dette øyremerkte tilskottet.

Regjeringa foreslår å auke maksimalprisen for ein barnehageplass med 50 kroner per månad frå 1. august 2019. Samtidig foreslår regjeringa tiltak for å styrke kvaliteten i barnehagane og for å legge til rette for at barn frå familiar med låg inntekt kan inkluderast i tilbodet. Regjeringa foreslår å løyve 45,7 mill. kroner av auken av maksimalprisen til å utvide ordninga med gratis kjernetid til å omfatte toåringar frå familiar med låg inntekt. Regjeringa foreslår 9 mill. kroner til rekrutteringstiltak til barnehage i utsette byområde. Dette vil bidra til at fleire barn i familiar med låg inntekt kan gå i barnehage, med dei positive effektane dette har for utvikling og læring. Regjeringa fører også vidare det nasjonale minstekravet til redusert foreldrebetaling for familiar med låg inntekt, slik at familiar med låg inntekt er skjerma frå auken i maksimalprisen.

Regjeringa held fram satsinga på kvalitet i barnehagane og foreslår å løyve 10 mill. kroner for å sette i gong nye kull i arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) og tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk (TIB). Dette vil styrke den pedagogiske kompetansen og kvaliteten i barnehagane. I 2019 vil om lag 430 mill. kroner bli nytta til tiltak for å fremme kvaliteten og kompetansen i barnehagane.

Lærarnorma som blei innført hausten 2018 blir trappa opp frå hausten 2019. Målet er at elevane gjennom auka lærartettleik oppnår betre grunnleggande og faglege dugleikar, opplever inkludering og eit godt læringsmiljø, og at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring. I 2018 har kommunane til saman fått om lag 1,4 mrd. kroner øyremerkt til auka lærartettleik og finansiering av lærarnorma. Regjeringa foreslår å vidareføre denne løyvinga i 2019. I tillegg er 200 mill. kroner av veksten i dei frie inntektene til kommunane grunngitt med ei særskild satsing på tidleg innsats i skolen, som mellom anna kan nyttast til fleire lærarårsverk ved opptrappinga av lærarnorma hausten 2019. Både dei 200 mill. kronene av veksten i frie inntekter og om lag 1 mrd. kroner av den øyremerkte løyvinga vert fordelte til kommunane etter grunnskolenøkkelen. Desse midlane gjer det mogleg å auke lærartettleiken også i kommunar som allereie oppfyller kravet i lærarnorma. Kommunar som framleis har eit større årsverksbehov enn det som blir dekka av desse midlane, får om lag 400 mill. kroner etter ei særskild fordeling på same måte som hausten 2018. Samla sett blir kommunesektoren kompensert meir enn fullt ut for innføringa av lærarnorma i 2018 og 2019, og regjeringa meiner at norma er finansiert. Saman med dei 200 mill. kronene av veksten i dei frie midlane, som er fordelte etter grunnskolenøkkelen, meiner regjeringa det er lagt godt til rette for innføring av norma.

Gode lærarar med solid og oppdatert kunnskap er nøkkelen til at elevane skal lære meir. Regjeringa vil styrke satsinga på karrierevegar for lærarar. Regjeringa foreslår ein auke på 52 mill. kroner for å gi fleire skolar tilgang til lærarspesialistar. Tiltaket skal òg bidra til at dyktige lærarar vil halde fram som lærarar i staden for å søke seg vidare til administrative stillingar. Regjeringa held fram med satsinga på vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar og foreslår ei løyving på 1,6 mrd. kroner til tiltaket i 2019.

Dagens system for utvikling og gjennomføring av eksamen og prøver er utdatert, både teknologisk og funksjonelt. Regjeringa foreslår å løyve 49 mill. kroner til utvikling av ny gjennomføringsløysing for eksamen og prøver. Systemet skal mellom anna støtte krava om universell utforming, og vere betre tilgjengeleg for fleire brukargrupper.

Regjeringa foreslår totalt 30 mill. kroner til nye tiltak for å styrke yrkesfaga. Det omfattar 13 mill. kroner til ei satsing på faget yrkesfagleg fordjuping, 12 mill. kroner til etterutdanning innanfor yrkesfaga, inkludert prøvenemndene, og 5 mill. kroner til forsking som skal bidra til auka kvalitet i fag- og yrkesopplæringa.

Innsatsen mot mobbing og for eit godt og inkluderande læringsmiljø held fram i 2019 og regjeringa foreslår totalt ei løyving på om lag 115 mill. kroner i budsjettet for 2019. Mellom anna skal endringane i opplæringslova evaluerast og kompetansetiltaka utvidast.

Kompetansepolitikk og livslang læring

Regjeringa vil gjennomføre ei kompetansereform slik at arbeidstakarar ikkje fell ut av arbeidslivet på grunn av manglande kompetanse. Regjeringa foreslår totalt ein auke på om lag 130 mill. kroner til tiltak som er ein del av kompetansereforma. Det omfattar 37 mill. kroner til å utvikle fleksible vidareutdanningstilbod innanfor teknologi og digitale løysingar og 30 mill. kroner til bransjeprogram retta mot bransjar som er særleg utsette for digitalisering og automatisering og anna omstilling. Vidare foreslår regjeringa 36,3 mill. kroner til å utvide forsøka med modulstrukturert opplæring for vaksne, både på grunnskolenivå og i utvalde lærefag i fag- og yrkesopplæringa. For at fleire skal kunne få opplæring i grunnleggande dugleikar foreslår regjeringa å styrke Kompetansepluss-programmet med 10 mill. kroner. Desse to tiltaka er også ein del av regjeringa sin inkluderingsdugnad. Sjå omtale i Prop. 1 S (2018–2019) for Arbeids- og sosialdepartementet. I tillegg kjem forslaget om 10 mill. kroner til å betre utdanningsstøtta til vaksne som tar vidaregåande opplæring.

Høgre utdanning og forsking

Regjeringas langtidsplan for forsking og høgre utdanning er det viktigaste tiltaket for å sikre at samfunnet får tilgang til oppdatert kunnskap av høg kvalitet. I år er det fire år sidan første langtidsplan blei lagd fram, og regjeringa legg fram ein revidert plan samtidig med årets budsjettproposisjon: Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028. Den reviderte langtidsplanen har framleis eit tiårig perspektiv, samtidig som han konkretiserer mål og innsatsområde for den kommande fireårsperioden. Det er mykje kontinuitet mellom prioriteringane i førre langtidsplan og den nye planen, men nokre av prioriteringane frå sist er løfte som overordna mål som skal gjelde alle prioriteringane. I tillegg er det tatt inn ei ny prioritering: «Samfunnstryggleik og samhøyr i ei globalisert verd», og tre nye opptrappingsplanar: (a) teknologiløft, (b) FoU for fornying og omstilling i næringslivet og (c) kvalitet i høgre utdanning.

Løyvingar over budsjetta til mange departement vil bidra til å følge opp prioriteringane i langtidsplanen. Kunnskapsdepartementet følger opp langtidsplanen med løyvingar over både programkategori 07.60 Høgre utdanning og 07.70 Forsking.

Regjeringa foreslår ein auke på 86 mill. kroner til 161 mill. kroner til teknisk og funksjonell oppgradering av bygg. Ordninga skal møte nye og endra behov i undervisning, samarbeid mellom fagmiljø og behova for meir og sikker digital tilrettelegging i drift, undervisning og forsking. Midlane kan gå til både institusjonar som forvaltar sin eigen bygningsmasse, og institusjonar som leiger areal i staten si husleigeordning. Forslaget er ein del av regjeringa sin plan for utvikling, forvaltning og prioritering av bygg i universitets- og høgskolesektoren som inngår i den reviderte langtidsplanen for forsking og høgre utdanning.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til mogleggjerande og industrielle teknologiar med 65 mill. kroner. Midlane skal mellom anna gå til å styrke grunnleggande forsking innanfor IKT. Vidare foreslår regjeringa å auke løyvingane til IKT-tryggleiks- og kryptologiforsking med 40 mill. kroner.

Regjeringa foreslår ein auke på 15 mill. kroner til programmet FORNY2020 for auka næringsmessig utnytting av offentleg finansierte forskingsresultat i Noreg.

Regjeringa foreslår 25 mill. kroner til styrking av Nasjonal arena for kvalitet i høgre utdanning. Den nasjonale arenaen skal stimulere utdanningsinstitusjonane sitt arbeid med kvalitet gjennom auka bruk av konkurranse og fagfellevurdering, og betre og meir tilgjengeleg kunnskap om kvalitet i utdanninga. Det skal bidra til å gi studentane betre utbytte av læringa og betre gjennomstrøyming i høgre utdanning.

Regjeringa foreslår 10 mill. kroner til ei pilotordning for kommunal praksis i helse- og sosialfagutdanningane. Målet er betre kvalitet i dei kommunale helse- og velferdstenestene gjennom utdanningar som er betre tilpassa kompetansebehova, og som aukar rekrutteringa av desse kandidatane til kommunane.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d med 3 mill. kroner, for å finansiere 14 nye stipendiatstillingar. Av desse skal ti stillingar gå til lærarar.

Sjå nærare omtale av langtidsplanen og regjeringas samla oppfølging av han i del III kap. 5.

I tillegg til satsingane gjennom den reviderte langtidsplanen for forsking og høgre utdanning kjem følgande sentrale endringar:

Regjeringa foreslår 17,5 mill. kroner til eit program for informasjonstryggleik i universitets- og høgskolesektoren. Evalueringar har peikt på veikskapar ved tryggleiken i forskingsnettet og utfordringar med å få på plass tilstrekkeleg styring av informasjonstryggleiken i sektoren.

Regjeringa foreslår totalt 11,3 mill. kroner til vidareføring og opptrapping av studieplassar i sjukepleie for å følge opp revidert nasjonalbudsjett for 2018, jf. Innst. 400 S (2017–2018). I tillegg kjem konsekvensjustering på totalt 214,2 mill. kroner for å føre vidare og kunne ta opp nye kull av øvrige studieplassar som Stortinget har vedtatt i statsbudsjett og reviderte nasjonalbudsjett for 2014–18.

Regjeringa foreslår 103,3 mill. kroner for å føre vidare med heilårseffekt rekrutteringsstillingar som Stortinget vedtok i statsbudsjettet og revidert nasjonalbudsjett for 2018.

Regjeringa foreslår 15 mill. kroner til prosessar for samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåing i universitets- og høgskolesektoren. Det skal bidra til å støtte opp under pågåande strukturprosessar i sektoren sett under eitt.

Studentvelferd og utdanningsstøtte

Regjeringa vil halde fram med satsinga på studentbustader i 2019 med tilsegn om tilskott til 2 200 nye studentbustader. Regjeringa foreslo i revidert nasjonalbudsjett for 2018 å auke tilskottssatsane og kostnadsrammene for bygging av nye studentbustader. Stortinget slutta seg til forslaget. Regjeringa foreslår å føre vidare dei auka satsane og kostnadsrammene og prisjustere dei i 2019.

Regjeringa følger opp planen for å utvide studiestøtteperioden til elleve månader, og foreslår derfor at heiltidsstudentar i høgre utdanning og fagskole skal få betalt ut støtte for ein periode på ti månader og tre veker i undervisningsåret 2018–19. Utvidinga gir ein realvekst i støtta på 2,4 pst., og løyvingsbehovet i 2019 aukar med 164,6 mill. kroner som følge av dette. I tillegg kjem auka utlån.

Som varsla i budsjettproposisjonen for 2018 foreslår regjeringa også ei endring i ordninga med omgjering av lån til stipend (konverteringsordninga), som skal gi studentane i høgre utdanning sterkare insentiv til å gjennomføre heile gradar. Endringa inneber at denne gruppa frå undervisningsåret 2019–20 vil kunne få 25 pst. av basisstøtta omgjorde til stipend på grunnlag av oppnådde studiepoeng, og 15 pst. på grunnlag av oppnådd grad. Løyvingsbehovet i 2019 minkar med 256,4 mill. kroner som følge av dette.

Integrering

Regjeringa er i gang med eit integreringsløft og vil gjennomføre ei reform av integreringsfeltet slik at fleire innvandrarar deltar i arbeids- og samfunnsliv. Mot slutten av 2018 vil regjeringa legge fram ein ny strategi for integreringsarbeidet. Auka deltaking i arbeids- og samfunnsliv vil over tid gi auka inntekter og lågare utgifter totalt sett for samfunnet.

Regjeringa vil mellom anna reformere introduksjonsordninga og stille tydelege krav til resultat. Fleire må få moglegheit til å skaffe seg formell kompetanse som ein del av introduksjonsordninga. Målet etter gjennomført opplæring må vere at alle har tilstrekkelege kunnskapar i norsk. Regjeringa vil òg betre ordningar for godkjenning av den kompetansen den einskilde har med seg, og mobilisere sivilsamfunnet slik at vi lykkast betre med kvardagsintegrering.

Regjeringa foreslår ein meir målretta innsats på integreringsfeltet, og vil fordele midlar til prioriterte tiltak som gir fleire utdanning og kvalifisering, slik at dei kan komme i jobb og bli sjølvforsørgande. Regjeringa foreslår til saman 50,3 mill. kroner for å styrke Jobbsjansen. Løyvinga til Jobbsjansen del B, tilskott til meir grunnskoleopplæring til innvandrarungdom, blir fordobla frå 35 mill. kroner til 70 mill. kroner. Dette legg grunnlag for å gi eit forsterka opplæringstilbod til ungdom med svake grunnleggande dugleikar. Dette vil bidra til betre gjennomføring og mindre fråfall i vidaregåande opplæring for målgruppa. Jobbsjansen del A for innvandrarkvinner skal styrkast med 15,3 mill. kroner. Det blir også opna for eit samarbeid med sosiale entreprenørar om arbeidsretta tiltak for denne gruppa gjennom den nye ordninga for utvikling av kommunale integreringstiltak. Regjeringa foreslår 10 mill. kroner til denne ordninga.

Norskopplæringa styrkast med 16 mill. kroner til kompetanseutvikling for lærarar. Regjeringa foreslår 9 mill. kroner til utvikling av standardiserte element i introduksjonsordninga, for å sikre betre kvalitet i tilbodet.

Vidare foreslår regjeringa å utvide forsøka med modulstrukturert opplæring med 36,3 mill. kroner, noko som også vil gi innvandrarar betre moglegheit for å få nødvendig kompetanse slik at dei kjem i arbeid. Utvidinga omfattar helse- og omsorgsfag og fleire byggfag. I tillegg vil regjeringa styrke forsøka med førebuande vaksenopplæring. Satsinga er ein del av både inkluderingsdugnaden til regjeringa for å få fleire i arbeid og kompetansereforma. For å kvalifisere fleire til arbeid foreslår regjeringa vidare å styrke Kompetansepluss med 10 mill. kroner, slik at fleire kan få opplæring i grunnleggande dugleikar. For nærare omtale, sjå programkategori 07.50. I tillegg foreslår regjeringa fleire konkrete tiltak i 2019 i regjeringa si inkluderingsdugnad, sjå omtale i Prop. 1 S (2018–2019) for Arbeids- og sosialdepartementet.

Områdesatsingane er eit viktig tiltak for å medverke til inkludering og likeverdige levekår i utsette byområde. Innsatsen for betre levekår og bomiljø i utsatte områder styrkast med 12,5 mill. kroner til områdesatsingar i Oslo Sør og Oslo indre aust. Regjeringa foreslår òg 20 mill. kroner til å styrke tilskottsordninga Områdesatsing i byer, sjå Prop. 1 S (2018–2019) til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I tillegg foreslår regjeringa ei styrking på 9 mill. kroner til rekrutteringstiltak i barnehage i utsette byområde, sjå programkategori 07.30.

Regjeringa foreslår vidare ei styrking av bustøtteordninga for barnefamiliar og andre store husstandar med 60 mill. kroner, sjå omtale i Prop. 1 S (2018–2019) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dette er eitt av fleire målretta tiltak mot barnefattigdom for 2019, før ei samla omtale, sjå Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Vidare foreslår departementet 18 mill. kroner til å vidareføre auka i talet på minoritetsrådgivarar, 10 mill. kroner til å styrke tilskott til frivillige organisasjonar, 8 mill. kroner til forsøk med bruk av økonomiske insentiv i introduksjonsprogrammet og 5 mill. kroner til å styrke tilskott til mentor- og traineeordningar. I 2019 foreslår regjeringa ei forenkling av tilskotta til frivillig verksemd på integreringsområdet og ei omlegging av ordninga med kommunale utviklingsmidlar.

Sjå programkategori 07.90 for ei samla oversikt over regjeringa sine prioriterte tiltak for 2019 som kan knyttast til integreringsløftet.

Andre saker

Regjeringa bygger politikken sin på ein effektiv bruk av ressursane til fellesskapet. Det er eit potensial i offentleg forvaltning for å bli meir effektive. Regjeringa fortsett derfor med avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma, og føreset at alle statlege verksemder gjennomfører tiltak for å bli meir effektive. Reforma skaper handlingsrom for prioriteringar i statsbudsjettet. Den årlege effektiviseringa er sett til 0,5 pst. av alle driftsutgifter som blir løyvde over statsbudsjettet. For Kunnskapsdepartementet inneber dette at løyvinga totalt blir redusert med 231 mill. kroner på utgiftssida.

Figur 1.2 Målbilde for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2019

Figur 1.2 Målbilde for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2019

2 Oversikt over forslaget til budsjett for Kunnskapsdepartementet

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

Administrasjon

200

Kunnskapsdepartementet

357 208

379 063

401 654

6,0

201

Analyse og kunnskapsgrunnlag

40 671

Sum kategori 07.10357 208379 063442 32516,7

Grunnopplæringa

220

Utdanningsdirektoratet

526 999

642 727

655 315

2,0

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

14 790

14 810

15 633

5,6

222

Statlege vidaregåande skolar og fjernundervisningstenester

112 454

108 076

110 526

2,3

223

Sametinget

42 551

46 599

-100,0

224

Senter for IKT i utdanninga

96 874

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 561 367

1 250 392

1 271 202

1,7

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

3 914 874

4 324 514

4 470 257

3,4

227

Tilskott til særskilde skolar

158 484

198 703

204 426

2,9

228

Tilskott til frittståande skolar o.a.

4 639 438

4 749 597

5 005 395

5,4

229

Noregs grøne fagskole – Vea

30 610

27 365

28 021

2,4

230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

731 035

758 393

771 276

1,7

Sum kategori 07.2011 829 47612 121 17612 532 0513,4

Barnehagar

231

Barnehagar

657 240

705 770

831 142

17,8

Sum kategori 07.30657 240705 770831 14217,8

Høgre yrkesfagleg utdanning

240

Fagskolar

686 939

767 214

11,7

241

Felles tiltak for fagskolesektoren

32 462

29 599

-8,8

Sum kategori 07.40719 401796 81310,8

Kompetansepolitikk og livslang læring

252

EUs utdannings- og ungdomsprogram

519 433

586 985

656 136

11,8

253

Folkehøgskolar

828 845

853 752

891 530

4,4

254

Tilskott til vaksenopplæring

221 493

221 951

228 388

2,9

255

Tilskott til freds- og menneskerettssenter

107 770

93 220

104 642

12,3

256

Kompetanse Noreg

80 143

74 887

72 842

-2,7

257

Kompetansepluss

167 625

163 025

177 723

9,0

258

Tiltak for livslang læring

131 826

162 009

247 369

52,7

Sum kategori 07.502 057 1352 155 8292 378 63010,3

Høgre utdanning

260

Universitet og høgskolar

34 420 935

35 819 269

37 170 985

3,8

270

Internasjonal mobilitet og sosiale formål for studentar

342 868

851 619

662 779

-22,2

276

Fagskoleutdanning

118 602

280

Felles einingar

605 229

577 013

914 930

58,6

281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

681 674

723 267

505 761

-30,1

Sum kategori 07.6036 169 30837 971 16839 254 4553,4

Forsking

283

Meteorologiformål

439 036

284

Dei nasjonale forskingsetiske komitéane

17 777

18 549

18 962

2,2

285

Noregs forskingsråd

3 623 544

4 641 079

4 878 074

5,1

287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

485 975

516 469

483 789

-6,3

288

Internasjonale samarbeidstiltak

2 605 233

2 612 894

2 675 593

2,4

Sum kategori 07.707 171 5657 788 9918 056 4183,4

Integrering og mangfald

290

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

265 675

241 314

264 480

9,6

291

Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar

15 758 484

15 008 218

11 789 840

-21,4

292

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

2 403 486

2 073 888

1 526 555

-26,4

Sum kategori 07.90

18 427 645

17 323 420

13 580 875

-21,6

Utdanningsstøtte

2410

Statens lånekasse for utdanning

38 508 346

40 128 690

42 114 074

4,9

Sum kategori 07.8038 508 34640 128 69042 114 0744,9

Sum utgifter

115 177 923

119 293 508

119 986 783

0,6

I budsjetta for 2017 og 2018 blei midlane på programkategori 07.90 løyvd over programkategori 06.95 på budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet.

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

01–29

Driftsutgifter

5 635 431

6 296 437

6 962 354

10,6

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

22 960

26 285

130 785

397,6

50–59

Overføringar til andre statsrekneskapar

44 428 002

46 698 123

48 738 848

4,4

60–69

Overføring til kommunesektoren

3 283 077

3 657 705

16 830 520

360,1

70–89

Overføring til private

17 387 875

18 073 468

18 740 172

3,7

90–99

Utlån, avdrag o.a.

25 992 933

27 218 070

28 584 104

5,0

Sum under departementet

96 750 278

101 970 088

119 986 783

17,7

Sum under departementet i 2017 og 2018 inkluderer ikkje programkategori 07.90 Integrering og mangfald. I budsjetta for 2017 og 2018 blei midlane på programkategori 07.90 løyvd over programkategori 06.95 på budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet.

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

Administrasjon

3200

Kunnskapsdepartementet

1 068

Sum kategori 07.101 068

Grunnopplæringa

3220

Utdanningsdirektoratet

25 040

7 121

7 291

2,4

3222

Statlege vidaregåande skolar og fjernundervisningstenester

11 047

7 846

8 033

2,4

3224

Senter for IKT i utdanninga

9 006

3225

Tiltak i grunnopplæringa

77 594

55 119

19 734

-64,2

3229

Noregs grøne fagskole – Vea

6 211

2 982

3 058

2,5

3230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

46 819

56 592

57 942

2,4

Sum kategori 07.20175 717129 66096 058-25,9

Kompetansepolitikk og livslang læring

3256

Kompetanse Noreg

19 081

12 036

8 573

-28,8

Sum kategori 07.5019 08112 0368 573-28,8

Høgre utdanning

3280

Felles einingar

5 019

1 379

611

-55,7

3281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

10

10

0,0

Sum kategori 07.605 0191 389621-55,3

Forsking

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

5 601

6 026

5 698

-5,4

Sum kategori 07.705 6016 0265 698-5,4

Integrering og mangfald

3290

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

2 011

3291

Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar

275 146

321 241

10 875

-96,6

3292

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

36 750

50 505

24 185

-52,1

Sum kategori 07.90

313 907

371 746

35 060

-90,6

Utdanningsstøtte

5310

Statens lånekasse for utdanning

16 421 118

16 728 679

17 916 463

7,1

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

3 977 407

3 880 231

4 857 196

25,2

Sum kategori 07.8020 398 52520 608 91022 773 65910,5

Sum inntekter

20 920 929

21 129 767

22 919 669

8,5

I budsjetta for 2017 og 2018 blei midlane på programkategori 07.90 løyvd over programkategori 06.95 på budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet.

Inntekter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

01–29

Sal av varer og tenester o.a.

247 006

190 027

180 203

-5,2

50–89

Skatter, avgifter og andre overføringar

4 080 338

3 986 099

4 963 441

24,5

90–99

Utlån, avdrag o. a.

16 277 667

16 581 895

17 776 025

7,2

Sum under departementet

20 605 011

20 758 021

22 919 669

10,4

Sum under departementet i 2017 og 2018 inkluderer ikkje programkategori 07.90 Integrering og mangfald. I budsjetta for 2017 og 2018 blei midlane på programkategori 07.90 løyvd over programkategori 06.95 på budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet.

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Nedanfor står ei oversikt over oppfølging av oppmodings- og utgreiingsvedtak under Kunnskapsdepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2017–2018. Alle vedtak frå tidlegare sesjonar der rapporteringa ikkje blei avslutta i samband med behandlinga av enten Prop. 1 S (2017–2018) eller meldinga til Stortinget om oppmodings- og utgreiingsvedtak, er også med i oversikta.

Kolonne 4 i tabell 3.1 opplyser om departementet legg opp til at rapporteringa knytt til oppmodingsvedtaket no er fullført, eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket også i budsjettproposisjonen for 2020. I dei tilfella eit oppmodingsvedtak fører til at departementet skal legge fram ei konkret sak for Stortinget, for eksempel proposisjon, stortingsmelding, utgreiing e.l., blir rapporteringa normalt avslutta først etter at saka er lagd fram for Stortinget.

Sjølv om det står i tabellen at rapporteringa er avslutta, kan det i ein del tilfelle vere at det ikkje er alle sider av vedtaket der oppfølginga er endeleg ferdig. Slik kan det for eksempel vere med vedtak som oppmodar regjeringa om å ta seg av særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, der oppfølginga vil kunne gå over mange år. Stortinget vil i desse tilfella bli halde orientert om den vidare oppfølginga på vanleg måte, gjennom omtale av det relevante politikkområdet i budsjettproposisjonar og andre dokument.

Tabell 3.1 Oppmodingsvedtak

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Kvittert ut (ja/nei)

2014–2015

375

Bygg og infrastruktur i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning

Ja

2015–2016

33

Kvinners deltaking i introduksjonsprogram og norskundervisning under fødselspermisjon

Ja

2015–2016

38

Barnehage: Bemanningsnorm / skjerpa pedagognorm

Ja

2015–2016

439

Auka karenstid for norsk statsborgarskap

Nei

2015–2016

480

Minoritetselevar og deltaking på overnattingsturar

Ja

2015–2016

505

Identitetsavklaringsprogram

Nei

2015–2016

525

Utgreie prinsippet om eitt statsborgarskap

Ja

2015–2016

788

Barnehage: Kommunane sitt tilsyn

Ja

2015–2016

789

Barnehage: Kartlegging i barnehagane

Nei

2015–2016

791

Barnehage: Personopplysningar

Nei

2015–2016

792

Barnehage: Omsorgs- og læringsmiljø

Nei

2015–2016

796

Barnehage: Krav om norsk og samisk språk

Nei

2015–2016

800

Barnehage: Rekruttering av menn

Nei

2015–2016

853

Tiltak mot tvangsekteskap

Nei

2015–2016

1008

Barnehage: Gruppestorleik og retten til å tilhøyre ei gruppe

Ja

2016–2017

11

Styrking av dei praktisk-estetiske faga

Ja

2016–2017

65

Evaluering av skolefritidsordninga

Nei

2016–2017

67

Hovudmål og målformgrupper

Nei

2016–2017

108,25

Offentleg finansierte buløysingar for elevar i vidaregåande opplæring

Ja

2016–2017

108,26

Private høgskoletilbod i dei statlege finansieringsordningane

Nei

2016–2017

462

Folkehøgskole på Svalbard

Ja

2016–2017

477

Rettleiing for nyutdanna nytilsette lærarar

Ja

2016–2017

505

Barnehage og skole: Styrke trafikkunnskapen

Ja

2016–2017

641

Studentsamskipnader og fagskolar

Ja

2016–2017

642

Medlemskap i studentsamskipnad for fagskolar

Nei

2016–2017

643

Evaluering av fagskolereforma

Nei

2016–2017

648

Fri rettshjelp ved tilbakekall av statsborgarskap

Nei

2016–2017

649

Tilbakekall av statsborgarskap

Nei

2016–2017

651

Tilbakekall av statsborgarskap for barn og barnebarn

Nei

2016–2017

671

Tidsfrist for fylkesmannen i mobbesaker

Nei

2016–2017

672

Statlege oppreisingsordningar og mobbing

Nei

2016–2017

681

Barnehage: Etablering og utviding

Nei

2016–2017

685

Kontaktforum/kompetanseorgan for minoritetskvinner og æreskultur

Ja

2016–2017

708

Auka utdanningskapasitet i offentleg planlegging

Ja

2016–2017

767

Informasjon om autorisasjon til studentar i utlandet

Ja

2016–2017

769

Mentorordning i høgre utdanning

Ja

2016–2017

771

Spesialundervisning i friskolar

Ja

2016–2017

772

Rekruttering til lærarutdanningane

Ja

2016–2017

773

Rekruttering til læraryrket

Ja

2016–2017

774Vern av lærartittelenNei

2016–2017

842

Overføring av oppgaver fra IMDi til fylkeskommunene, regionreform.

Ja

2016–2017

843

Overføring av oppgaver fra IMDi til fylkeskommunene, regionreform.

Ja

2016–2017

897

Melding om kulturskole

Ja

2016–2017

900

Lærarar med fordjuping i spesialpedagogikk

Nei

2016–2017

901

Rett til spesialundervisning av fagpersonar

Nei

2016–2017

903

Spesialundervisning og lærarkompetanse

Nei

2016–2017

1113

Tilskott til flyktningar med nedsatt funksjonsevne og/eller atferdsvansker

Ja

2017–2018

60

Lærarnorm

Ja

2017–2018

62

Kortkurs ved folkehøgskolar

Nei

2017–2018

68

Fleire skolebibliotekarar

Ja

2017–2018

106

Sikre elevar på 1.–10. trinn minst éin time fysisk aktivitet kvar dag

Ja

2017–2018

350

Nasjonal ordning for digitale læremiddel

Ja

2017–2018

362

Utgreing om studieplassar i medisin

Ja

2017–2018

374

Etter- og vidareutdanning av yrkesfaglærarar

Ja

2017–2018

375

Senter for etter- og vidareutdanning av yrkesfaglærarar og instruktørar

Ja

2017–2018

376

Kapitalutgifter for friskolar

Ja

2017–2018

377

Noregs grøne fagskole – Vea

Ja

2017–2018

378

Strukturendringar i universitets- og høgskolesektoren

Ja

2017–2018

379

Masterutdanning i luftfart

Ja

2017–2018

380

Bygg og infrastruktur i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning

Ja

2017–2018

381

Kvoteordninga for utenlandsstudentar

Ja

2017–2018

382

Studentbustader

Ja

2017–2018

460

Ideelle og kommersielle barnehagar

Nei

2017–2018

461

Vilkår for private barnehagar

Nei

2017–2018

519

Beredskapsteam mot mobbing

Ja

2017–2018

520

Studentombod

Nei

2017–2018

533

Tap av statsborgarskap

Nei

2017–2018

534

Rask domstolsbehandling, statsborgarskap

Nei

2017–2018

535

Tap av statsborgarskap pga. grunnleggande nasjonale interesser

Nei

2017–2018

553

Opptak til PPU

Ja

2017–2018

583

IKT-tryggleik i ingeniør- og teknologiutdanningene

Ja

2017–2018

584

Etter- og vidareutdanningstilbod innanfor IKT- og datatryggleik

Ja

2017–2018

585

Digitalisering og IKT-tryggleik i den reviderte langtidsplanen

Ja

2017–2018

592Løysingar som skjuler alvorleg skadeleg innhald på nettbrett, PC osv.Ja

2017–2018

600

Seksualundervisning

Ja

2017–2018

601

Spørsmål om seksuell trakassering inn i Elevundersøkinga

Nei

2017–2018

651

Nasjonal rettleiar for skolegudsteneste

Ja

2017–2018

696

Forsterka rekrutteringspolitikk og rekruttering til lærarutdanninga og yrket

Ja

2017–2018

749

Jordmorutdanning

Ja

2017–2018

783

Følge opp elevar som er utsette for negativ sosial kontroll og ikkje møter på skolen

Nei

2017-2018785Fleire sanksjonsmoglegheiter i tilfelle der born etterlatas i utlandet mot si viljeNei

2017–2018

792

Ikkje unødig segregere elevar på bakgrunn av religion eller kjønn

Ja

2017–2018

800

Foreldrerettleiingskurs i introduksjonsprogrammet og innføring i barnehage- og skolesystem og barnevern

Nei

2017–2018

801

Barnehage – gjennomgå regelverket for krav til stedlig leder

Nei

2017–2018

802

Finansieringssystemet for private barnehager

Nei

2017–2018

803

Vikarbruk i kommunale barnehagar

Nei

2017–2018

804

Barnehage: Overgangsregler for bemanningsnorm

Ja

2017–2018

805

Barnehage: Etablere eit uavhengig tilsynssystem for barnehagesektoren

Nei

2017–2018

806

Barnehage: Gi informasjon til Stortinget om innføringen av bemannings- og pedagognorm

Nei

2017–2018

807

Barnehage: Plan for gjennomføring av bemanningsnorm og dekning av meirkostnader

Ja

2017–2018

808

Kunnskapsoversikt om dei yngste barna i skolen

Ja

2017–2018

809

Evaluering av skolestart for seksåringane

Nei

2017–2018

810

Legge til rette for dei yngste barna i skolen

Ja

2017–2018

811

Mentorordning i høgre utdanning

Ja

2017–2018

812

Mentorordning i høgre utdanning

Ja

2017–2018

830

Barnehage: Kartlegging av ansiktsdekkande plagg

Ja

2017–2018

832

Sikre barne- og ungdomsorganisasjonar tilgang til skolar og andre offentlege bygg

Nei

2017–2018

883

Avtalar for tilsetting av skoleleiar/rektor

Nei

2017–2018

884

Handlingsrom for lærarprofesjonen

Ja

2017–2018

885

Redusere dokumentasjonskravet

Ja

2017–2018

886

Nedsette utval for nasjonalt kvalitetsvurderingssystem

Nei

2017–2018

887

Rangering av søkarar til høgre utdanning

Nei

2017–20181005Barnehage: Betre finansiering av bemanningsnormaJa

Oppmodingsvedtak under kunnskaps- og integreringsministeren

Kvinners deltaking i introduksjonsprogram og norskundervisning under fødselspermisjon

Vedtak nr. 33, 17. november 2015

I samband med behandlinga av Prop. 130 L (2014–2015) Endringer i introduksjonsloven (tiltak for økt gjennomføring av plikt til opplæring og kvalifisering) fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 33, 17. november 2015, jf. Innst. 45 L (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til endringer for å redusere fraværet fra introduksjonsprogrammet, og regler som sikrer kvinners deltakelse i introduksjonsprogram og norskundervisning også under fødselspermisjon.»

Departementet reknar vedtaket som følgt opp gjennom forskriftsendring som gjeld frå 1. september 2018. Kommunane vil med endringa få plikt til å gi eit individuelt tilpassa tilbod til personar som er i omsorgspermisjon. Tilbodet skal innehalde norskopplæring. Slik oppfølging skal sikre stadig progresjon i norskopplæringa og hindre fråfall frå introduksjonsordninga.

Barnehage: Bemanningsnorm / skjerpa pedagognorm

Vedtak nr. 38, 24. november 2015

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 38, 24. november 2015, jf. Dokument 8:101 S (2014–2015) Representantforslag fra stortingsrepresentant Audun Lysbakken om kompetanseløft i barnehagen og Innst. 47 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen legge fram en plan for innfasingen av en bemanningsnorm, der det vurderes om krav om 50 pst. barnehagelærere bør være en del av planen.»

Departementet meiner at vedtaket er kvittert ut gjennom innføringa av ei bemanningsnorm og ei skjerpa pedagognorm frå 1. august 2018. Stortinget har vedtatt ei bemanningsnorm i barnehagelova som inneber at barnehagen minst skal ha éin vaksen per tre barn under tre år og éin vaksen per seks barn over tre år, jf. Lovvedtak 64 (2017–2018), Innst. 319 L (2017–2018) og Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.). Regjeringa har fastsett ei skjerpa pedagognorm i Forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehager, som inneber at barnehagen minst skal ha éin pedagogisk leiar per sju barn under tre år og éin pedagogisk leiar per 14 barn over tre år. Regjeringa følger utviklinga i barnehagesektoren tett, blant anna utviklinga i talet på barnehagelærarar som blir utdanna, og som blir i yrket. Regjeringa har ein ambisjon om å skjerpe kompetansekravet ytterlegare.

Auka karenstid for norsk statsborgarskap

Vedtak nr. 439, vedtakspunkt 10, 12. januar 2016

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 439, vedtakspunkt 10, 12. januar 2016, jf. Dokument 8:37 S (2015–2016) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jonas Gahr Støre, Trond Helleland, Harald T. Nesvik, Knut Arild Hareide, Marit Arnstad og Trine Skei Grande om et felles løft for god integrering:

«Stortinget ber regjeringen om å (…) Vurdere å øke karenstiden for mulighet til å fremme søknad om statsborgerskap ved straffbare handlinger.»

Regjeringa hadde i 2017 ute til høyring forslag om auka karenstid for statsborgarskap ved straffbare handlingar. Oppmodingsvedtaket er under behandling. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på høveleg måte.

Minoritetselevar og deltaking på overnattingsturar

Vedtak nr. 480, 11. februar 2016

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 480, 11. februar 2016, jf. Dokument 8:146 S (2014–2015) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Anne Tingelstad Wøien, Torgeir Knag Fylkesnes og Jenny Klinge om å lovfeste elevenes rett til leirskoleopplæring i løpet av grunnskolen og Innst. 155 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen utarbeide tiltak for å hjelpe skolene med å sikre minoritetselevers deltakelse på overnattingsturer i skolens regi.»

Departementet meiner at vedtaket er utkvittert gjennom oppdrag i tildelingsbrevet for 2018 til Utdanningsdirektoratet om å innhente kunnskap om utfordringsbiletet og vurdere tiltak når det gjeld deltakinga til minoritetsspråklege elevar på overnattingsturar i regi av skolen. Det manglar formell rapportering om omfanget av problemet, og det vil derfor bli stilt spørsmål om utfordringsbiletet og behovet for støttemateriell om overnattingsturar i spørjinga til Skole-Noreg hausten 2018. På bakgrunn av kunnskapsinnhentinga skal direktoratet vurdere om det bør bli utarbeidd støttemateriell, eventuelt på fleire språk, for god dialog mellom skole og heim om overnattingsturar.

Identitetsavklaringsprogram

Vedtak nr. 505, 1. mars 2016

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 505, 1. mars 2016, gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:142 S (2014–2015) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Truls Wickholm, Åsmund Aukrust, Marit Nybakk, Marianne Aasen, Eirik Sivertsen og Stine Renate Håheim om et identitetsavklaringsprogram for irakere i Norge, jf. Innst. 157 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om et tidsavgrenset identitetsavklaringsprogram for irakiske statsborgere som har fått avslag på søknad om norsk statsborgerskap på grunnlag av manglende dokumentert identitet. Forslaget omfatter de saker hvor UDI ikke har lagt identitet til grunn som dokumentert, men likevel innvilget oppholdstillatelse.»

Oppfølginga av Stortingets vedtak har vore svært krevjande fordi det har vore manglande moglegheiter til å verifisere mange saker med god kvalitet i Irak. Hausten 2017 og våren 2018 gjennomførte Utlendingsdirektoratet i samarbeid med Politiets utlendingsenhet eit vellykka pilotprosjekt. Politiets utlendingsenhet vurderte at dei vil kunne verifisere fleire hundre saker i løpet av 2018. Pilotprosjektet blei delt i to etappar, og totalt er det verifisert 65 saker. I den første delen av piloten var det sett som føresetnad for deltaking at ein var registrert i Noreg med riktig identitet. Den andre delen av piloten utgjer omlag 120 saker, og det var her ikkje sett som krav for deltaking at ein var registrert i Noreg med riktig identitet. Av desse er det om lag 110 som har oppgitt andre identitetsopplysningar enn det dei er registrerte med i Noreg.

Den ustabile situasjonen i Irak og moglegheita for at verifiseringsløysinga kan gå tapt, tilsa at ein instruks om igangsetting av eit tidsavgrensa identitetsavklaringsprogram burde settast i verk så raskt som mogleg. Kunnskapsdepartementet orienterte Stortinget om saka 15. februar i år, og om korleis departementet vil utforme eit tidsavgrensa identitetsavklaringsprogram.

Personar som har nytta dokument med identitetsopplysningar som ikkje er riktige, risikerer straffeforfølging etter straffelova §§ 361, 362 og 365. Riksadvokaten uttaler på generelt grunnlag i retningslinje av 1.12.2008 (Ra 05-370) Retningslinjer for påtalebehandling av straffbare handlinger som avdekkes i utlendingssaker mv., at det bør reagerast med straff, i tillegg til ein forvaltingsmessig reaksjon, når utlendingar bruker identitet som ikkje er riktig eller falske reisedokument. Det er opp til påtalemyndigheita å vurdere om det er grunnlag for straffeforfølging av deltakerar i verifiseringsprogrammet som er i eige av identitetsdokument med identitetsopplysningar som ikkje er riktige.

Stortinget har ikkje omtalt spørsmålet om straffeansvar i innstillinga til vedtak 505, på grunn av ovannemde forhald.

Fengselsstraff og subsidiær fengselsstraff f.o.m. ti dagar gir karenstid etter statsborgarlova, og den det gjeld, vil kunne bli norsk når karenstida er uthaldt. Eit identitetsavklaringsprogram kan dermed gjennomføras sjølv om deltakarane risikerer straffeforfølging. Rett nok er det risiko for at straffeforfølging vil kunne medføre at færre potensielle deltakarar melder seg til å delta i eit tidsavgrensa identitetsavklaringsprogram.

Spørsmålet om straffereaksjon ovanfor personar som er omfatta av identitetsavklaringsprogrammet har nådd irakiske sjølvstyremyndigheiter og skapt reaksjonar. Det er viktig for eit fortsatt godt samarbeid mellom norske og irakiske sjølvstyremyndigheiter om programmet, og også for seinare bistand til verifisering og retur, å gje god informasjon til irakiske sjølvstyremyndigheiter om straffenivå og konsekvensar ved deltaking i programmet.

Ei identitetsavklaring for gruppa det her er tale om, kan ikkje gjennomførast utan risiko for straff for deltakarane i identitetsprogrammet utan i mellombels føresegn i straffelova eller statsborgarlova om amnesti for straffeforfølging. Regjeringa anbefaler ikkje ei slik løsning, ettersom den kan gje ein uheldig presedens for andre, tilsvarende saker.

Riksadvokaten er gjord kjent med problemstillinga. Riksadvokaten kan etter ei sjølvstendig og uavhengig vurdering gi eit direktiv om at dei nemnde straffeføresegnene ikkje skal handhevast for gruppa det her er tale om, av omsyn til ei formålstenleg gjennomføring av Stortingets vedtak. Riksadvokaten må vurdere nærare om det finst andre omsyn som likevel kan tale mot at det blir gitt eit slikt direktiv. I ei nærare vurdering vil det kunne ha betyding i kva for grad Stortinget legg til grunn at unnlaten straffeforfølging er ein føresetnad for å gjennomføre programmet.

Departementet tar sikte på å gjennomføre identitetsavklaringsprogrammet i tråd med vedtak 505, jf. Innst. 157 S (2015-2016). Departementet vil ikkje iverksette ein instruks før Stortinget har avklara sitt syn på spørsmålet om straffeforfølging av personar som opphalder seg i Noreg på uriktig identitet og har identitetsdokumentar i denne identiteten.

Utgreie prinsippet om eitt statsborgarskap

Vedtak nr. 525, 15. mars 2016

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 525, 15. mars 2016, gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:10 S (2015–2016) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Sveinung Rotevatn, Iselin Nybø, Karin Andersen og Ingunn Gjerstad om å opne for moglegheit til å erverve dobbelt statsborgarskap, jf. Innst. 189 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan hovedregelen om ett statsborgerskap slår ut i praksis i en mer globalisert hverdag, blant annet for arbeidsmuligheter og sikkerhets- og kriminalitetsbildet, og eventuelle behov for endringer i statsborgerloven som følge av dette. Regjeringen bes også vurdere om endringer i andre lover kan avhjelpe situasjonen for dem som i dag opplever ulemper ved prinsippet om ett statsborgerskap, fremfor å endre statsborgerloven. En utredning må også inneholde en vurdering av hvilke konsekvenser en eventuell åpning for dobbelt statsborgerskap vil ha for plikter og rettigheter i Norge.»

Regjeringa har greidd ut korleis hovudregelen om eitt statsborgarskap slår ut i ein meir globalisert kvardag, i Prop. 111 L (2018–2019) Endringer i statsborgerloven (avvikling av prinsippet om ett statsborgerskap). Regjeringa meiner oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Barnehage: Kommunane sitt tilsyn

Vedtak nr. 788, 7. juni 2016

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 788, 7. juni 2016, jf. Prop. 33 L (2015–2016) Endringer i barnehageloven (tilsyn m.m.) og Innst. 344 L (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen sørge for at kommunenes tilsynsansvar evalueres i løpet av en toårsperiode, for å sikre at det fortsatt er en positiv utvikling. Videre forutsettes resultatet fremlagt for Stortinget på egnet måte.»

Regjeringa gav i 2017 Utdanningsdirektoratet i oppdrag med frist innan utgangen av august 2018 å gjere ei vurdering av tilsynsansvaret til kommunane og bruken av heimelen for fylkesmannen til å føre tilsyn med enkeltbarnehagar. Utdanningsdirektoratet leverte rapporten i august 2018.

Direktoratet sitt generelle inntrykk er at dei fleste kommunane har fått auka kompetansen sin om regelverket gjennom tilsyn og rettleiing frå fylkesmannen og andre initiativ. Samtidig er det framleis ganske store variasjonar, og det ser ut til at einskilde kommunar har utfordringar som varer ved, særleg når det gjeld bruken av risikovurdering som grunnlag for tilsyn.

Heimelen som gir fylkesmannen høve til å føre tilsyn med enkeltbarnehagar i særlege tilfelle, tredde i kraft 1. august 2016. Fram til 15. mai 2018 har fylkesmannen gjennomførd fire tilsyn, medan to tilsyn er starta opp. Direktoratet vurderer at det låge talet betyr at fylkesmannen tar på alvor at heimelen berre skal bli brukt i særlege tilfelle. Tema for tilsyna spenner relativt vidt: tilrettelegging for barn som treng ekstra støtte, sikring av eit trygt og godt barnehagemiljø, medvirking for barn og foreldre, bemanning og pedagogisk rettleiing og bruk av offentlege tilskott og foreldrebetaling.

Fylkesmannen har i tillegg vurdert å føre tilsyn direkte med barnehagar i 59 tilfelle, men har ikkje starta opp tilsyn av ulike årsaker. I 35 av tilfella er det vurdert at barnehagemyndigheiten har følgt opp saka godt nok, i ti av sakene er det funne ei anna løysning og i 14 av sakene er det framleis aktuelt for fylkesmannen å føre tilsyn. Av dei 59 sakene gjeld eit stort fleirtal på 44 saker innhaldet i barnehagen, miljø og samarbeid. Dei andre sakene gjeld andre forhold, for eksempel fysiske forhold i barnehagen.

Etter direktoratets vurdering kan ikkje virkninga av heimelen bli målt aleine gjennom talet på dei tilsyna som er gjennomførde. Direktoratet vurderer at heimelen gir ein adgang til ekstra rettleiing og oppfølging av barnehagemyndigheiten som fører til at saker kan bli løyste utan at fylkesmannen opner tilsyn. Direktoratet vurderer at heimelen har bidratt til å styrke rettstryggleiken for barnehagebarn og foreldra deira. Heimelen fungerer også som eit kompetansehevande tiltak for barnehagemyndigheiten.

Departementet har merka seg at Utdanningsdirektoratet vurderer at det har vore ei positiv utvikling når det gjeld tilsynskompetansen til kommunane sjølv om det framleis er utfordringar. Departementet har merka seg at direktoratet vurderer at fylkesmannen sin adgang til å føre tilsyn med enkeltbarnehagar i særlege tilfelle, ser ut til å fungere etter intensjonen, og at heimelen har førd til større rettstryggleik for barnhagebarn og foreldra deira. Departementet meiner at vedtak nr. 788, 7. juni 2016, med dette er utkvittert.

Sjå også omtalen av vedtak nr. 805, 31. mai 2018.

Barnehage: Kartlegging i barnehagane

Vedtak nr. 789, 7. juni 2016

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 789, 7. juni 2016, jf. Prop. 33 L (2015–2016) Endringer i barnehageloven (tilsyn m.m.) og Innst. 344 L (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til ny § 2 første ledd i barnehageloven som ivaretar et eventuelt behov for lovhjemling av barnehagens behandling av personopplysninger, men som på ingen måte legger til rette for mer dokumentasjon, kartlegging og måling av det enkelte barn.»

Den nye personopplysningslova, som gjennomfører forordning (EU) nr. 2016/679 (generell personvernforordning) i Noreg, tredde i kraft 20. juli 2018. Departementet vil i det vidare lovarbeidet vurdere korleis reglane for innsamling, oppbevaring og bruk av personopplysningar om barn i barnehagar bør vere for å ta i vare både personvernet til barnet og kravet om at barnehagen skal gi eit tilrettelagt barnehagetilbod for det einskilde barnet. Tematikken vil inngå i stortingsmeldinga om tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage og skole som regjeringa vil legge fram hausten 2019. Departementet vil komme tilbake til vedtak nr. 789, 7. juni 2016, overfor Stortinget på ein eigna måte.

Barnehage: Personopplysningar

Vedtak nr. 791, 7. juni 2016

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 791, 7. juni 2016, jf. Prop. 33 L (2015–2016) Endringer i barnehageloven (tilsyn m.m.) og Innst. 344 L (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak som klargjør hjemmelsgrunnlaget for innsamling, oppbevaring og bruk av personopplysninger. Det understrekes at det ikke skal legges til rette for mer dokumentasjon, kartlegging og måling av det enkelte barn.»

Den nye personopplysningslova, som gjennomfører forordning (EU) nr. 2016/679 (generell personvernforordning) i Noreg, tredde i kraft 20. juli 2018. Departementet vil i det vidare lovarbeidet vurdere korleis reglane for innsamling, oppbevaring og bruk av personopplysningar om barn i barnehagar bør vere for å ta i vare både personvernet til barnet og kravet om at barnehagen skal gi eit tilrettelagt barnehagetilbod for det einskilde barnet. Tematikken vil inngå i stortingsmeldinga om tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage og skole som regjeringa vil legge fram hausten 2019. Regjeringa vil komme tilbake til vedtak nr. 791, 7. juni 2016, overfor Stortinget på ein eigna måte.

Barnehage: Omsorgs- og læringsmiljø

Vedtak nr. 792, 7. juni 2016

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 792, 7. juni 2016, jf. Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen og Innst. 348 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om egen lovhjemmel om et trygt omsorgs- og læringsmiljø, jf. opplæringsloven § 9a.»

Regjeringa har sett i gang eit eige lovarbeid om barnehagemiljøet og vil komme tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Barnehage: Krav om norsk og samisk språk

Vedtak nr. 796, 7. juni 2016

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 796, 7. juni 2016, jf. Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen og Innst. 348 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen utarbeide forslag til endringer i barnehageloven som sikrer at ansatte i offentlige og private barnehager behersker norsk språk, og at ansatte i samiske barnehager behersker samisk språk.»

Departementet meiner at den delen av vedtaket som gjeld norsk språk, er kvittert ut. I samband med behandlinga av Prop. 170 L (2016–2017) Endringer i barnehageloven (krav til norskspråklig kompetanse) vedtok Stortinget eit krav om norskprøve for å bli tilsett i barnehage, jf. Lovvedtak 28 (2017–2018), Innst. 120 L (2017–2018). Lovendringa inneber at personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må ha avlagt ei norskprøve og oppnådd nivået A2 på delprøva i skriftleg framstilling og nivå B1 på delprøvene i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon. Nivåa A2 og B1 skal svare til dei nivåa som er skildra i det felles europeiske rammeverket for språk. Lovendringa tredde i kraft 1. august 2018.Departementet vil særleg følge med på utviklinga av kapasiteten for norskprøve for innvandrarar, og vurdere om lovkravet med-fører behov for auka løyving, slik at prøvekapasiteten kan bli utvida.

Regjeringa vil komme tilbake til den delen av vedtaket som gjeld samisk språk, på ein eigna måte. Dette heng saman med oppfølginga av NOU 2016: 18 Hjertespråket. Forslag til lovverk, tiltak og ordninger for samiske språk.

Barnehage: Rekruttering av menn

Vedtak nr. 800, 7. juni 2016

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 800, 7. juni 2016, jf. Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen og Innst. 348 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen sikre tiltak som kan rekruttere flere menn til å arbeide i barnehagesektoren.»

Departementet samarbeider med mange relevante aktørar i Nasjonalt forum for lærerutdanning og profesjonsutvikling (NFLP) for å sjå på kva for tiltak som kan vere aktuelle.

I Jeløya-plattforma seier regjeringa at vi vil styrke rekrutteringa av menn til barnehagane, og at vi vil fremme ein strategi for å bidra til ein meir likestilt utdannings- og arbeidsmarknad. Det er særskilt relevant å vurdere tiltak som vil auke rekrutteringa av menn til grunnskole- og barnehagelærarutdanninga. I tillegg er rekruttering av menn til utdanning innanfor helse- og omsorgssektoren relevant. Barne- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i samarbeid prioritere desse innsatsområda i arbeidet med jamnare kjønnsbalanse innanfor utdanningsløpa.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på ein eigna måte.

Tiltak mot tvangsekteskap

Vedtak nr. 853, 10. juni 2016

I behandlinga av Prop. 90 L (2015–2016) Endringer i utlendingsloven mv. (innstramninger II) fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 853, 10. juni 2016, jf. Innst. 391 L (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med ytterligere forslag om tiltak mot tvangsekteskap etter at saken er utfyllende belyst faglig gjennom faktisk dokumentasjon og forskning.»

Vedtaket er delvis gjennomført og blir vidare følgt opp gjennom arbeidet med handlingsplanen Retten til å bestemme over eget liv – handlingsplan mot tvangsekteskap, kjønnslemlestelse og negativ sosial kontroll (2017–2020). Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget om oppfølging av vedtaket på ein eigna måte.

Barnehage: Gruppestorleik og retten til å tilhøyre ei gruppe

Vedtak nr. 1008, 7. juni 2016

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 1008, 7. juni 2016, jf. Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen og Innst. 348 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen vurdere å innføre bestemmelser i barnehageloven om at barn har rett til å tilhøre en barnegruppe og om barnegruppens størrelse.»

Regjeringa har fastsett ei skjerpa pedagognorm i Forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehager som inneber at barnehagen minst skal ha éin pedagogisk leiar per sju barn under tre år og éin pedagogisk leiar per 14 barn over tre år. Vidare har Stortinget vedtatt ei bemanningsnorm i barnehagelova som inneber at barnehagen minst skal ha éin vaksen per tre barn under tre år og éin vaksen per seks barn over tre år, jf. Lovvedtak 64 (2017–2018), Innst. 319 L (2017–2018) og Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.). Både den skjerpa pedagognorma og den nye bemanningsnorma tredde i kraft 1. august 2018.

Regjeringa har vurdert det slik at det er meir gagnleg å innføre ei bemanningsnorm og ei skjerpa pedagognorm som skal gjelde for barnehagen som eit heile, framfor å innføre ei eiga avgjerd om gruppestorleikar. I Prop. 67 L (2017–2018) var regjeringa tydeleg på at bemanningsnorma ikkje skulle regulere gruppestorleikar. I eit brev frå kunnskapsministeren til utdannings- og forskingskomiteen 30. april 2018 står det blant anna: «(…) en bemanningsnorm som gjelder på avdelings- eller barnegruppenivå vil være et sterkt inngrep i den enkelte barnehages frihet til å organisere barnehagen etter barnas behov, ansatte og lokale forhold. Det er også en fare for at en slik bestemmelse vil begrense den fleksibiliteten som muliggjør ulike aktiviteter og utflukter.» Stortinget hadde ikkje merknader til dette, jf. Innst. 319 L (2017–2018). Departementet meiner derfor at vedtak nr. 1008, 7. juni 2018 er kvittert ut.

Styrking av dei praktisk-estetiske faga

Vedtak nr. 11, 11. oktober 2016

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 11, 11. oktober 2016, jf. Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet og Innst. 19 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en plan for hvordan de praktisk-estetiske fagene i skolen kan styrkes på kort og lang sikt. Planen må også omhandle rekruttering av kvalifiserte lærere til de praktisk-estetiske fagene.»

Regjeringa vil legge fram ein strategi for dei praktisk-estetiske faga tidleg i 2019. Strategien skal gi ei oversikt over dei tiltaka som skal bidra til å styrke faga på kortare og lengre sikt. Departementet meiner at vedtaket vil vere oppfylt når strategien er lagd fram.

Evaluering av skolefritidsordninga

Vedtak nr. 65, 22. november 2016

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 65, 22. november 2016, jf. Dokument 8:114 S (2015–2016) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Trine Skei Grande, Iselin Nybø og Abid Q. Raja om å endre skolefritidsordningen til en aktiv fritidsordning og styrke kvaliteten i tilbudet og Innst. 69 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en nasjonal evaluering av skolefritidsordningen (SFO) og følge den opp med en stortingsmelding.»

Utdanningsdirektoratet har sett i gang ei evaluering av SFO for elevar på 1.–4. trinn og SFO for elevar med særskilde behov på 1.–7. trinn. Evalueringa blir gjennomført av NTNU Samfunnsanalyse og skal vere ferdig innan utgangen av 2018. Regjeringa vil følge opp evalueringa i stortingsmeldinga om tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage og skole som regjeringa vil legge fram hausten 2019. Regjeringa vil komme tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Hovudmål og målformgrupper

Vedtak nr. 67, 22. november 2016

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 67, 22. november 2016, jf. Dokument 8:116 S (2015–2016) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe, Liv Signe Navarsete, Magne Rommetveit, Terje Breivik, Geir Sigbjørn Toskedal og Audun Lysbakken om å sikra alle elevar i grunnskulen rett til opplæring på hovudmålet sitt og Innst. 68 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen utrede en endring av opplæringslova § 2-5 og andre mulige tiltak som kan sikre elever på ungdomsskolen rett til opplæring på hovedmålet og rett til å tilhøre en egen målformgruppe, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Regjeringa vil sikre gode bruks- og opplæringsvilkår for dei offisielle språka i Noreg og dei to jamstilte målformene i norsk. Utdanningsdirektoratet har levert eit anslag over utgiftene som følger av å endre opplæringslova § 2-5 fjerde ledd til å gjelde heile grunnskolen. Utrekningane er usikre. I anslaget legg direktoratet til grunn at alle elevar som i dag får opplæring i eiga hovudmålsgruppe på barnetrinnet, vil halde fram med same målforma på ungdomstrinnet. Om kommunane får meirutgifter som følge av at dei rettane som gjeld for barnetrinnet, også blir gjorde gjeldande for ungdomstrinnet, står på ei rekke faktorar, som skolestruktur, skolestorleik og elevsamansetning. Anslaget bygger på ein føresetnad om at større skolar har rom for å organisere opplæringa slik at dei ikkje treng å opprette fleire grupper, og dermed heller ikkje får meirutgifter. Departementet legg til grunn at ei eventuell lovendring vil bli innført som ein rett for elevar som skal starte på ungdomsskolen eit gitt år. Under den føresetnaden har departementet gjort eit kostnadsoverslag for den foreslåtte lovendringa til mellom om lag 12 mill. kroner og 20 mill. kroner for eitt trinn. Departementet strekar under at kostnadsoverslaget er foreløpig. Departementet vil vurdere saka og komme tilbake til Stortinget med ei tilråding i budsjettproposisjonen for 2020.

Offentleg finansierte buløysingar for elevar i vidaregåande opplæring

Vedtak nr. 108, vedtakspunkt 25, 5. desember 2016

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 108.25, 5. desember 2016, gjort i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2017, jf. Innst. 2 S (2016–2017) og Prop. 1 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen utrede behovet for og omfanget av offentlig finansierte boløsninger for elever i videregående opplæring, og eventuelt utrede alternative tiltak, herunder konsekvenser av å innlemme boliger for elever i videregående opplæring i Husbankens tilskuddsordning til studentboliger.»

Utdanningsdirektoratet har på oppdrag frå departementet kartlagt omfanget av offentleg finansierte buløysingar for elevar i vidaregåande opplæring. Kartlegginga syner at minst 1 600 elevar, som truleg utgjer noko over fem pst. av dei som bur utanfor foreldreheimen under skolegangen, er innlosjerte i ei offentleg finansiert buløysing. Til samanlikning bur om lag 15 pst. av studentane i høgre utdanning i offentleg finansierte studentbustader.

Det er store variasjonar mellom fylkeskommunane med omsyn til kor stor del av dei bortebuande elevane som er innlosjerte i offentleg finansierte bustader. Til dømes bur ein langt større del av dei bortebuande elevane i Finnmark i ei fylkeskommunal buløysing enn kva som er tilfellet i Sogn og Fjordane, sjølv om begge desse fylka har ein høg del bortebuande elevar.

På dei fleste skolestadene i landet er hybeltilbodet på den private utleigemarknaden godt nok til å skaffe dei som vil eller må bu utanfor foreldreheimen, ein stad å bu. Faktorar som skolestruktur, busetnadsmønster og tilbodet av private utleigehyblar i nærleiken av skolen vil ha mykje å seie for behovet for elevbustader finansierte av fylkeskommunane.

Opplæringslova § 7-2 slår fast at fylkeskommunen skal hjelpe til med å skaffe losji for elevar som bur slik til at dei ikkje kan nytte dagleg skyss til skolen. Lova seier vidare at fylkeskommunen skal bygge elevheim dersom dette er nødvendig for å løyse utfordringa med å innlosjere bortebuarane. Det finansielle ansvaret for eventuell bygging av fleire elevbustader ligg dermed hos fylkeskommunane. Staten bidrar også finansielt til at bortebuarane skal ha gode vilkår for å gjennomføre vidaregåande opplæring gjennom bustipendordninga til Lånekassen.

Departementet vil halde fast ved gjeldande ansvarsdeling mellom stat og fylkeskommune der fylkeskommunen har ansvaret for å bygge elevbustadene der det er behov for det.

Departementet meiner at vedtaket med dette er følgt opp.

Folkehøgskole på Svalbard

Vedtak nr. 462, 21. februar 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 462, 21. februar 2017, gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:20 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Iselin Nybø, Trine Skei Grande og Pål Farstad om å utvide virkeområdet for folkehøyskoleloven til også å gjelde på Svalbard, jf. Innst. 178 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen igangsette arbeidet med å foreslå endring i folkehøyskoleloven slik at det åpnes opp for å kunne drive folkehøyskole på Svalbard.»

Verkeområdet til folkehøgskolelova er utvida til også å gjelde på Svalbard, jf. Innst. 290 L (2017–2018) og Prop. 52 L (2017–2018). Departementet meiner at vedtaket med dette er følgt opp.

Rettleiing for nyutdanna nytilsette lærarar

Vedtak nr. 477, 23. februar 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 477, 23. februar 2017, jf. Dokument 8:5 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Torgeir Knag Fylkesnes om opptakskrav til lærerutdanningen og nasjonal veiledningsordning og Innst. 182 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen i samarbeid med partene utforme nasjonale rammer for en veiledningsordning for nyutdannede lærere som ivaretar at alle nytilsatte omfattes av ordningen, og som gir rom for lokal tilpasning.»

Departementet har i samarbeid med representantar for lærarar, barnehage- og skoleeigarar, skoleleiarar, pedagogstudentar og universitet og høgskolar komme fram til prinsipp og forpliktingar for rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i barnehage og skole. Dokumentet er ein del av dei nasjonale rammene og skal gjelde i tre år. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å utvikle dei andre delane av dei nasjonale rammene: ein skriftleg fagleg rettleiar og rammer for eit utdanningstilbod for rettleiarar. Departementet meiner at vedtaket er kvittert ut.

Barnehage og skole: Styrke trafikkunnskapen

Vedtak nr. 505, 7. mars 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 505, 7. mars 2017, jf. Meld. St. 40 (2015–2016) Trafikksikkerhetsarbeidet – samordning og organisering og Innst. 193 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen styrke kompetansen om trafikkunnskap og trafikksikkerhet i barnehage og skole.»

Nasjonal transportplan inneheld ei rekke tiltak der Utdanningsdirektoratet er samarbeidspart for blant anna Trygg Trafikk og foreldreutvala for barnehage og grunnopplæring. Tiltaka i planen omfattar utarbeiding av støttemateriell og tilbod om kurs, nettverksmøte og anna oppfølging av tilsette i både barnehage og skole for å gi barn og unge god trafikkopplæring. Departementet vil gi Utdanningsdirektoratet eit særskild oppdrag i tildelingsbrevet for 2019 om å følge opp dei tiltaka i Nasjonal transportplan som gjeld barnehage og skole.

Regjeringa meiner at intensjonen i vedtak nr. 505, 7. mars 2017, er varetatt gjennom oppdraget til direktoratet, og legg til grunn at vedtaket er utkvittert.

Studentsamskipnader og fagskolar

Vedtak nr. 641, 2. mai 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 641, 2. mai 2017, jf. Innst. 254 S (2016–2017) og Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning:

«Stortinget ber regjeringen foreslå en rett til tilknytning til samskipnad for alle fagskoler.»

Stortinget har våren 2018 vedtatt ny lov om høgre yrkesfagleg utdanning (fagskolelova), jf. Innst. 289 L (2017–2018) og Lovvedtak 56 (2017–2018). Med den nye lova har fagskolane fått rett til å knyte seg til ein studentsamskipnad. Den nye lova gjeld frå 1. juli 2018. Oppmodingsvedtaket er med dette følgt opp.

Medlemskap i studentsamskipnad for fagskolar

Vedtak nr. 642, 2. mai 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 642, 2. mai 2017, jf. Innst. 254 S (2016–2017) og Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning:

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med evalueringen av de kvalitetshevende tiltakene vurdere om fagskoler etter bestemte kriterier bør ha plikt til medlemskap i studentsamskipnad.»

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med ei evaluering av dei kvalitetshevande tiltaka i Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Evaluering av fagskolereforma

Vedtak nr. 643, 2. mai 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 643, 2. mai 2017, jf. Innst. 254 S (2016–2017) og Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning:

«Stortinget ber regjeringen foreta en midtveis-evaluering av fagskolereformen etter 3 år og en full evaluering etter 5 år.»

Kunnskapsdepartementet tar sikte på å få gjennomført ei evaluering av tiltaka i Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Fri rettshjelp ved tilbakekall av statsborgarskap

Vedtak nr. 648, 9. mai 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 648, 9. mai 2017, gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:33 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Heikki Eidsvoll Holmås, Karin Andersen, Heidi Greni, Marit Arnstad, Kari Henriksen, Rasmus Hansson, Trine Skei Grande og André N. Skjelstad om domstolsbehandling ved tilbakekallelse av statsborgerskap, jf. Innst. 269 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag til lovendring om fri rettshjelp i saker om tilbakekall av statsborgerskap.»

Departementet vil sende eit lovforslag ut til høyring der det blir sett fram forslag om rett til fri rettshjelp utan behovsprøving og fritak for rettsgebyr i saker om tilbakekall av statsborgarskap. Oppmodingsvedtaket er under behandling, og regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på høveleg måte.

Tilbakekall av statsborgarskap

Vedtak nr. 649, 9. mai 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 649, 9. mai 2017, gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:33 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Heikki Eidsvoll Holmås, Karin Andersen, Heidi Greni, Marit Arnstad, Kari Henriksen, Rasmus Hansson, Trine Skei Grande og André N. Skjelstad om domstolsbehandling ved tilbakekallelse av statsborgerskap, jf. Innst. 269 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å endre statsborgerloven slik at tilbakekallelser av statsborgerskap etter statsborgerloven § 26 annet ledd skal skje ved dom.»

Departementet vil sende eit lovforslag ut til høyring der det blir sett fram eit forslag om endring i statsborgarlova som fastset at saker om tilbakekall av statsborgarskap skal behandlast av domstolen i førsteinstans. Oppmodingsvedtaket er under behandling, og regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på høveleg måte.

Tilbakekall av statsborgarskap for barn og barnebarn

Vedtak nr. 651, 9. mai 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 651, 9. mai 2017, gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:33 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Heikki Eidsvoll Holmås, Karin Andersen, Heidi Greni, Marit Arnstad, Kari Henriksen, Rasmus Hansson, Trine Skei Grande og André N. Skjelstad om domstolsbehandling ved tilbakekallelse av statsborgerskap, jf. Innst. 269 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen foreslå nødvendige lovendringer for å presisere at barn og barnebarn ikke kan miste statsborgerskapet som følge av feil begått av foreldre eller besteforeldre. Eventuelle unntak og avgrensninger med hensyn til umyndige barn må utredes og vurderes nærmere i lovarbeidet.»

Departementet vil sende eit lovforslag ut til høyring der det blir sett fram forslag om at barn og barnebarn som hovudregel ikkje kan miste statsborgarskapet som følge av feil gjorde av foreldre eller besteforeldre. Oppmodingsvedtaket er under behandling, og regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på høveleg måte.

Tidsfrist for fylkesmannen i mobbesaker

Vedtak nr. 671, 22. mai 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 671, 22. mai 2017, jf. Prop. 57 L (2016–2017) Endringer i opplæringslova og friskolelova (skolemiljø) og Innst. 302 L (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen utrede tidsfrister for Fylkesmannens behandling av meldinger og klager i mobbesaker med sikte på å innføre dette.»

Den nye handhevingsordninga for skolemiljøsaker har no verka i drygt eit år. Tal på melde saker til fylkesmannen viser at mange elevar og foreldre bruker ordninga. Omfanget av saker og kompleksiteten i sakene gjer at saksbehandlingstida kan bli lang i einskilde saker. Dette var bakgrunnen for at regjeringa i revidert nasjonalbudsjett for 2018 foreslo å styrke ordninga med 17 mill. kroner. Med vedtaket til Stortinget i saka blir det nytta totalt 34 mill. kroner på handhevingsordninga i 2018. Departementet er i gang med å følge opp oppmodingsvedtaket frå Stortinget. Ei utgreiing av behova for og innretninga av tidsfristar for saksbehandlinga blir gjord i tett kontakt med fylkesmennene og relevante brukargrupper. På bakgrunn av eit breitt utgreiingsgrunnlag vil departementet vurdere korleis reglar om saksbehandlingstid bør innrettast for å gi best effekt. Departementet tar sikte på å komme tilbake til Stortinget med resultata av utgreiinga i Prop. 1 S for 2020 eller i ein eigen lovproposisjon.

Statlege oppreisingsordningar og mobbing

Vedtak nr. 672, 22. mai 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 672, 22. mai 2017, jf. Prop. 57 L (2016–2017) Endringer i opplæringslova og friskolelova (skolemiljø) og Innst. 302 L (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av de statlige oppreisningsordningene med sikte på å innlemme en kompensasjons- og oppreisningsordning for elever som er påført skade eller læringstap som følge av mobbing.»

Departementet følger opp vedtaket gjennom å skaffe oversikt over andre statlege oppreisingsordningar som sikrar individ ein økonomisk kompensasjon for urett og tap dei har lidd fordi det offentlege ikkje har oppfylt pliktene sine. Det blir òg arbeidd med å greie ut ulike problemstillingar og aktuelle tiltak knytte til ei oppreisingsordning for elevar som har lidd på grunn av mobbing. På bakgrunn av dette samla materialet vil departementet vurdere korleis ein best kan innrette ei oppreisingsordning for tap på grunn av mobbing i skolen. Departementet tar sikte på å komme tilbake til Stortinget med resultata av utgreiinga i Prop. 1 S for 2020 eller i ein eigen lovproposisjon.

Barnehage: Etablering og utviding

Vedtak nr. 681, 23. mai 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 681, 23. mai 2017, jf. Dokument 8:43 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken, Torgeir Knag Fylkesnes, Snorre Serigstad Valen og Kirsti Bergstø om profittfri barnehage og Innst. 283 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen vurdere om barnehagers rett til etablering og utvidelse bør endres for å ivareta mangfoldet av aktører, og komme tilbake til Stortinget med dette på egnet måte.»

Regjeringa har sett i gang ein gjennomgang av regelverket for private barnehagar. I denne gjennomgangen vil regjeringa blant anna sjå på problemstillingar som gjeld private barnehagars rett til etablering, og korleis mangfaldet av aktørar kan bli tatt i vare på ein god måte. Regjeringa vil komme tilbake til vedtak nr. 681 overfor Stortinget på ein eigna måte.

Kontaktforum/kompetanseorgan for minoritetskvinner og æreskultur

Vedtak nr. 685, 23. mai 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 685, 23. mai 2017, jf. Dokument 8:62 S (2016–2017) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Trine Skei Grande og Iselin Nybø om nye tiltak for å fremme likestilling og Innst. 277 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen etablere et kontaktforum/kompetanseorgan for minoritetskvinner og æreskultur.»

I saldert budsjett 2018 er det løyvd 5 mill. kroner til Stiftelsen Født Fri. Det skal opprettast ei mentorordning for personar som blir utsette for negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og æresrelatert vald i tråd med tiltak 9 i handlingsplanen Retten til å bestemme over eget liv – handlingsplan mot tvangsekteskap, kjønnslemlestelse og negativ sosial kontroll (2017–2020). Regjeringa har også i 2018 gitt tilskott til frivillige organisasjonar som arbeider haldningsskapande og førebyggande mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og mot negativ sosial kontroll. Mange av desse organisasjonane fungerer som kontaktforum og kompetanseorgan for ulike grupperingar. Departementet meiner oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Spesialundervisning i friskolar

Vedtak nr. 771, 7. juni 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 771, 7. juni 2017, gjort i samband med behandlinga av Prop. 78 L (2016–2017) Endringer i friskolelova, voksenopplæringsloven og folkehøyskoleloven (dekning av utgifter til spesialundervisning i friskoler m.m.), jf. Innst. 367 L (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen utrede grunnlaget for tildeling av ressurser til friskoler for spesialundervisning, samt ansvarsdeling mellom hjemkommune og den enkelte friskole for å sikre en reell likebehandling av elever.»

Friskolelova § 3-6 regulerer spesialundervisning og pedagogisk-psykologisk teneste for elevar i friskolar. Av lova går det mellom anna fram at heimkommunen eller heimfylket til eleven skal sørge for at det blir utarbeidd sakkunnige vurderingar og gjort vedtak om spesialundervisning. Heimkommunen eller heimfylket til eleven skal dekke utgiftene til spesialundervisning i friskolar på lik linje med i offentlege skolar.

Kravet om at kommunar og fylkeskommunar skal behandle friskolar og offentlege skolar likt når det gjeld å dekke utgifter til spesialundervisning, kom inn i lova med verknad frå 1. august 2017, jf. Innst. 367 L (2016–2017) og Prop. 78 L (2016–2017). Utrekning av utgiftene må vere relatert til talet på elevar med spesialundervisning. Det er ikkje lov å nytte tilskottsmodellar som berre tar utgangspunkt i det totale elevtalet ved ein friskole.

Departementet har greidd ut grunnlaget for tildeling av ressursar til friskolar for spesialundervisning, og ansvarsdelinga mellom heimkommune og den einskilde friskole for å sikre lik behandling av elevar. Siktemålet med utgreiinga har vore å finne ut om reguleringa og finansieringa kan gjerast på ein måte som i større grad enn dagens ordning sikrar ei rett dekning av dei utgiftene friskolane har til spesialundervisning, sikrar lik behandling av elevar i friskolar og offentlege skolar, og motverkar uheldige insentivverknader.

Tilskottssatsane til friskolane blir rekna ut på grunnlag av rekneskapstal som kommunar og fylkeskommunar har rapportert inn i KOSTRA. Utgifter til spesialundervisning blir i dag trekte ut av dette tilskottsgrunnlaget.

Eit alternativ som er vurdert, er å innlemme utgiftene til spesialundervisning i tilskottsgrunnlaget, slik at satsane til friskolane dekker utgifter til spesialundervisning. Ettersom kommunane i dag får eit rammetilskott som skal dekke utgifter til spesialundervisning for alle elevar i kommunen, ville dette alternativet krevje eit trekk i rammetilskottet. Departementet har vurdert ulike modellar for å innlemme utgiftene til spesialundervisning i det statlege tilskottet. Utrekningane viser at ingen av modellane blir tilstrekkeleg treffsikre, og dei vil ikkje nødvendigvis gi dei skolane som har elevar som får spesialundervisning, det tilskottet dei treng for å dekke utgiftene. Etter departementets vurdering er derfor ikkje dette ein god modell for tildeling av ressursar.

Eit anna alternativ er å fastsette satsar for refusjon mellom kommunar og friskolar. Ei ulempe ved dette alternativet er at det vil vere vanskeleg å berekne kor høge satsane bør vere, og det vil dermed vere ein risiko både for at kommunen må betale for mykje, og for at friskolen får for lite. Eit slikt alternativ vil føre til ei uheldig forskjellsbehandling mellom offentlege og private skolar. Departementet ønsker derfor ikkje å gå vidare med dette alternativet.

Eit tredje mogleg alternativ kan vere å lovfeste eit krav om likeverdig behandling, liknande det som finst for tildeling av tilskott til private barnehagar. Til forskjell frå barnehagesektoren vil eit eventuelt likeverdsprisipp her berre kunne leggast til grunn for berekning av satsar for spesialundervisning, ikkje for alt tilskottet til friskolar. Kravet om likeverdig behandling inneber at friskolane skal få like mykje midlar som kommunen sjølv bruker til ei tilsvarande oppgåve. Eit slikt krav føreset at det vil vere mogleg å identifisere relevante utgiftspostar for spesialundervisning i budsjetta og rekneskapane til kommunane. Departementet ser at det vil vere krevjande å finne rett grunnlag for berekning av satsar, men òg krevjande for myndigheitene å overprøve berekningane. Departementet vurderer ikkje dette som ei god løysing.

Det er departementets vurdering at dagens ordning bør førast vidare. Dei alternative modellane har vesentlege ulemper. Kravet om at kommunar og fylkeskommunar skal behandle friskolar og offentlege skolar likt når det gjeld å dekke utgifter til spesialundervisning, tok først til å gjelde hausten 2017. Det same gjeld kravet om at utrekninga av ressursane til spesialundervisning må vere basert på talet på elevar som får spesialundervisning. Ein bør sjå effekten av dei nye føresegnene før ein eventuelt vurderer andre tiltak. Departementet meiner at vedtaket med dette er følgt opp.

Rekruttering til lærarutdanningane

Vedtak nr. 772, 7. juni 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 772, 7. juni 2017, jf. Dokument 8:96 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Iselin Nybø, Trine Skei Grande og Sveinung Rotevatn om Lærerløftet 2.0 og Innst. 375 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen vurdere å starte en nasjonal rekrutteringskampanje for å rekruttere de riktige kandidatene som både kan bli gode lærere, trives med å arbeide med barn og unge og har forutsetninger og interesse for å bli gode lærere i skolen.»

Regjeringa arbeider med å sikre rekrutteringa til læraryrket og lærarutdanningane, blant anna gjennom oppfølginga av strategien Lærerutdanning 2025. Som regjeringa viste til i Prop. 1 S (2017–2018) frå Kunnskapsdepartementet, er det skoleeigarane og lærarutdanningsinstitusjonane som har hovudansvaret for å sikre god rekruttering til lærarutdanningane og til læraryrket. Nye tiltak skal derfor bli utvikla i samarbeid med det nyoppretta Nasjonalt forum for lærerutdanning og profesjonsutvikling (NFLP).

Blant tiltaka som er innførte, er sletting av studielån for dei som tek lærarutdanning, middel til tiltak for rekruttering og kvalifisering, primært retta mot 1.–7. trinn i skolen, og middel til pilotering av ordningar for å kvalifisere tilsette i skolen som manglar formelle kvalifikasjonar.

Departementet har vurdert ein nasjonal rekrutteringskampanje, men har konkludert med at dette ikkje er hensiktsmessig. I vurderinga har departementet lagt vekt på at framfor å starte ein generell nasjonal rekrutteringskampanje, er det betre å føre vidare tiltak som har vist seg å ha god effekt. I tillegg kan det eventuelt komme nye, målretta tiltak gjennom arbeidet i NFLP.

Av søkertala kan det sjå ut til at tiltaka byrjar å få effekt: I 2018 er talet på førstevalssøkarar til grunnskolelærarutdanninga dei høgste vi har sett. Til lektorutdanninga har det heile tida vore ei jamn, positiv utvikling i talet på søkarar. Rekrutteringa til barnehagelærarutdanninga er òg god. Regjeringa satsar stort på vidareutdanning av lærarar og på lærarspesialistordninga for å sikre moglegheita for faglege karrierevegar og for vidareutvikling for dei som allereie er i læraryrket.

Departementet meiner at vedtaket er kvittert ut.

Rekruttering til læraryrket

Vedtak nr. 773, 7. juni 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 773, 7. juni 2017, jf. Dokument 8:96 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Iselin Nybø, Trine Skei Grande og Sveinung Rotevatn om Lærerløftet 2.0 og Innst. 375 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen legge fram tiltak for økt rekruttering til læreryrket, inkludert gjennomføringsmål for kvalifiseringsstipend, tiltak for å rekruttere flere lærere fra andre yrker, for å beholde lærere som er i skolen i dag og for å rekruttere lærerutdannede i andre yrker tilbake til arbeid i skolen.»

Regjeringa viser til omtalen av tiltak for lærarrekruttering under vedtak nr. 772, 7. juni 2017 ovanfor. Når det gjeld kvalifiseringsstipend for tilsette i undervisningsstillingar som manglar lærarutdanning, er det bestemt at det skal bli fastsett måltal framover, og Utdanningsdirektoratet er i gang med ei vurdering av dette. Direktoratet er også i gang med utvikling av tiltaket for betre tilpassing til behov og målgruppe.

Regjeringa meiner at vedtaket er kvittert ut.

Vern av lærartittelen

Vedtak nr. 774, 7. juni 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 774, 7. juni 2017, jf. Dokument 8:96 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Iselin Nybø, Trine Skei Grande og Sveinung Rotevatn om Lærerløftet 2.0 og Innst. 375 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen utrede om det er behov for å beskytte lærertittelen.»

Regjeringa meiner det framleis er behov for eit lærarløft og vil blant anna vurdere ei sertifiseringsordning for lærarar og mogleg vern av lærartittelen i løpet av perioden. Departementet viser også til merknaden frå Stortinget i Innst. 275 S (2017–2018) om korleis ein strengare kan regulere bruken av undervisningspersonale som ikkje oppfyller tilsettingsvilkåra i opplæringslova, og andre tiltak for å auke statusen til læraryrket. Departementet vil sjå nærare på spørsmålet om å verne lærartittelen og dei andre tiltaka og komme tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Overføring av oppgaver fra IMDi til fylkeskommunene, regionreform

Vedtak nr. 842, 8. juni 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 842, 8. juni 2017, gjort i samband med behandlinga av Prop. 84 (2016–2017), jf. Innst. 385 S (2016–2017).

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en plan som konkretiserer hvilke oppgaver som kan overføres fra IMDi til de nye fylkeskommunene.»

Departementet viser til regjeringa sitt arbeid med regionreforma, som er omtalt i meldinga som blir lagd fram før 19. oktober, jf. Innst. 393 S (2017–2018) og oppmodingsvedtak nr. 930. Departementet reknar oppmodingsvedtaket for følgt opp.

Overføring av oppgaver fra IMDi til fylkeskommunene, regionreform.

Vedtak nr. 843, 8. juni 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 843, 8. juni 2017, gjort i samband med behandlinga av Prop. 84 (2016–2017), jf. Innst. 385 S (2016–2017).

«Stortinget ber regjeringen vurdere nærmere hvilke oppgaver som kan overføres fra IMDi til de nye fylkeskommunene.»

Departementet viser til regjeringa sitt arbeid med regionreforma, som er omtalt i meldinga som blir lagd fram før 19. oktober, jf. Innst. 393 S (2017–2018). Departementet reknar oppmodingsvedtaket for følgt opp.

Melding om kulturskole

Vedtak nr. 897, 13. juni 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 897, 13. juni 2017, jf. Dokument 8:112 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Sigbjørn Toskedal, Line Henriette Hjemdal, Geir Jørgen Bekkevold og Anders Tyvand om en stortingsmelding om en styrket kulturskole for fremtiden og Innst. 448 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen legge fram en egen stortingsmelding om en styrket kulturskole for framtiden.»

Departementet viser til omtale i Prop. 1 S (2017–2018) om at det er gitt eit oppdrag til Utdanningsdirektoratet om å levere eit kunnskapsgrunnlag om kulturskolane innan september 2019. Dette skal inngå i arbeidet med ei varsla melding om barne- og ungdomskultur som Kulturdepartementet har ansvaret for, jf. punkt om ei slik melding i regjeringsplattforma. Kunnskapsdepartementet vil samarbeide med Kulturdepartementet i arbeidet med meldinga. Dette vil gi ei grundig behandling av kulturskolen samtidig som det kan legge eit betre grunnlag for samanhengen mellom dei ulike satsingane innanfor kulturskolen og barne- og ungdomskulturfeltet. Departementet legg til grunn at det ikkje er behov for ei eiga melding om kulturskolane når temaet vil inngå i meldinga om barne- og ungdomskultur, og at vedtak nr. 897 dermed er utkvittert.

Lærarar med fordjuping i spesialpedagogikk

Vedtak nr. 900, 13. juni 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 900, 13. juni 2017, jf. Dokument 8:132 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Karin Andersen om styrket spesialpedagogisk oppfølging i en inkluderende skole og Innst. 446 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen i samråd med sektoren se til at alle skoler skal ha tilgang på lærere med fordypning innen spesialpedagogikk.»

Regjeringa vil vurdere å innføre krav om at skolane på barnetrinnet skal ha tilstrekkeleg tilgjengelege ressursar med fagleg fordjuping i spesialpedagogikk, jf. regjeringsplattforma og Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen. Ei spørjing til Skole-Noregvåren 2017 viser at dei fleste skolane har lærarar med 30 eller 60 studiepoeng i spesialpedagogikk. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å utvikle nye tilbod om vidareutdanning for lærarar i spesialpedagogikk med oppstart hausten 2019. Direktoratet startar òg arbeidet med å utvikle eit utdanningstilbod for lærarspesialist i spesialpedagogikk som skal sjåast i samanheng med utviklinga av vidareutdanningstilbodet i spesialpedagogikk. Meir omtale av dette vil inngå i ei melding til Stortinget om tidleg innsats og inkluderande fellesskap hausten 2019. Regjeringa vil komme tilbake til vedtak nr. 900, 13. juni 2017 overfor Stortinget på ein eigna måte.

Rett til spesialundervisning av fagpersonar

Vedtak nr. 901, 13. juni 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 901, 13. juni 2017, jf. Dokument 8:132 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Karin Andersen om styrket spesialpedagogisk oppfølging i en inkluderende skole og Innst. 446 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen sikre at alle elever med behov for spesialundervisning får rett til opplæring av fagpersoner med godkjent relevant utdanning.»

Ekspertgruppa for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging (Nordahl-gruppa) kom med rapporten sin Inkluderende fellesskap for barn og unge til Kunnskapsdepartementet våren 2018. I forslaget sitt til eit heilskapleg pedagogisk system legg ekspertgruppa til grunn at alle barn og elevar med behov for særskild tilrettelegging skal møte lærarar med relevant og formell pedagogisk kompetanse. Rapporten har vore ute til brei høyring. Regjeringa vil gjere ei grundig vurdering av forslaga til ekspertgruppa og vurdere korleis ein kan sikre at alle barn og elevar med behov for spesialpedagogiske tiltak kan få eit tilpassa tilbod av fagpersonar med relevant kompetanse. Meir omtale av dette vil inngå i stortingsmeldinga om tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage og skole som regjeringa vil legge fram hausten 2019. Regjeringa vil komme tilbake til vedtak nr. 901, 13. juni 2017 overfor Stortinget på ein eigna måte.

Spesialundervisning og lærarkompetanse

Vedtak nr. 903, 13. juni 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 903, 13. juni 2017, jf. Dokument 8:132 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Karin Andersen om styrket spesialpedagogisk oppfølging i en inkluderende skole og Innst. 446 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen legge frem en plan for at alle elever med behov for spesialundervisning får opplæring av fagpersoner med pedagogisk eller spesialpedagogisk kompetanse.»

Ekspertgruppa for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging (Nordahl-gruppa) kom med rapporten sin Inkluderende fellesskap for barn og unge til Kunnskapsdepartementet våren 2018. I forslaget sitt til eit heilskapleg pedagogisk system legg ekspertgruppa til grunn at alle barn og elevar med behov for særskild tilrettelegging skal møte lærarar med relevant og formell pedagogisk kompetanse. Rapporten har vore ute til brei høyring. Regjeringa vil gjere ei grundig vurdering av forslaga til ekspertgruppa og vurdere korleis ein kan sikre at alle barn og elevar med behov for spesialpedagogiske tiltak kan få eit tilpassa tilbod av fagpersonar med relevant kompetanse. Meir omtale av dette vil inngå i stortingsmeldinga om tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage og skole som regjeringa vil legge fram hausten 2019. Regjeringa vil komme tilbake til vedtak nr. 903, 13. juni 2017 overfor Stortinget på ein eigna måte.

Tilskott for flykninger med nedsatt funksjonsevne og/eller atferdsvansker

Vedtak nr. 1113, 21. juni 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 1113, 21. juni 2017, gjort i samband med behandlinga av Prop. 129 S (2016–2017) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2017, jf. Innst. 401 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen vurdere å endre tilskuddsordningen for flyktninger med nedsatt funksjonsevne og eller atferdsvansker fra å ha en varighet på inntil fem år til å bli en ikke tidsbestemt ordning.»

Departementet har vurdert endring av tilskottet, slik det er foreslått i oppmodingsvedtak frå Stortinget. Tilskottet blei oppretta som eit tillegg til det ordinære integreringstilstilskottet for å bidra til rask busetting av flyktningar med nedsett funksjonsevne eller atferdsvanskar. Flyktningar som får opphald i Noreg og blir busett i ein kommune er innbyggarar på lik linje med alle andre. Alle statlege særtilskott knytt til arbeidet kommunane gjer med busetting og integrering av flyktningar er tidsavgrensa. Perioden for det generelle integreringstilskottet er på fem år. Departementet meiner det ikkje er hensiktsmessig å oppretthalde særtilskott for denne enkeltgruppa ut over perioden for integreringstilskottet.Fem år etter busetting vil mange av flyktningane ha ei butid i Noreg på sju år, og dei kan søke om å bli norske statsborgarar. Det vil vere lite hensiktsmessig å skilje mellom norske borgarar med og utan fluktbakgrunn. Kommunane vil kunne få tilskot til særleg ressurskrevjande helse- og omsorgstenester også til personar med fluktbakgrunn. Departementet si vurdering er at ordninga ikkje bør endrast. Departementet reknar oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Lærarnorm

Vedtak nr. 60, 4. desember 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 60, 4. desember 2017, jf. Prop. 1 S (2017–2018) og Innst. 2 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen innføre en norm for lærertetthet på skolenivå. Målet er at det høsten 2018 skal være 1 lærer per 16 elever i 1.–4. klasse og 1 lærer per 21 elever i 5.–10. klasse, fra høsten 2019 er målet at det skal være 1 lærer per 15 elever i 1.–4. klasse og 1 lærer per 20 elever i 5.–10. klasse. Normen skal evalueres underveis og sees i sammenheng med tiltak for å rekruttere et tilstrekkelig antall kvalifiserte lærere. Dagens lærerutdanning, herunder gjeldende opptakskrav, og regjeringens kompetansekrav skal legges til grunn. Det foretas en kvalitetssikring av kostnader knyttet opp til oppdaterte GSI-tall på skolenivå, slik at ingen kommuner skal tape på innføringen av normen. En justering av de samlede kostnadene legges inn i regjeringens forslag til revidert nasjonalbudsjett for 2018. Videre skal det utredes hvordan innfasingen av en norm kan gjennomføres uten fare for forsterket lærermangel i deler av landet.»

Regjeringa legg til grunn at vedtaket er oppfylt, og viser til følgande:

Frå hausten 2018 er det innført ei norm for lærartettleik på skolenivå for 1.–10. trinn. I skoleåret 2018–19 skal gruppestorleik 2 (det vil seie forholdstalet mellom lærarar og elevar i ordinær undervisning) vere maksimalt 16 elevar på 1.–4. trinn, maksimalt 21 elevar på 5.–7. trinn og maksimalt 21 elevar på 8.–10. trinn. Frå hausten 2019 skal gruppestorleik 2 vere 15 elevar på 1.–4. trinn, 20 elevar på 5.–7. trinn og 20 elevar på 8.–10. trinn. Norma gjeld på kvart hovudtrinn på skolenivå. I revidert nasjonalbudsjett for 2018 seier regjeringa følgande, jf. Prop. 85 S (2017–2018) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2018:

«Delkostnadsnøkkelen for grunnskole revideres for å ta høyde for de nye forskriftene om lærertetthet. Bevilgningen til lærernormen innlemmes i rammetilskuddet til kommunene, og fordeles etter ordinære kriterier i inntektssystemet når ny kostnadsnøkkel foreligger, etter planen i 2020. Frem til innlemming i rammetilskuddet gis kompensasjonen til kommunesektoren for innføring av lærernormen som et øremerket tilskudd. Over tid vil det vere større fleksibilitet til å flytte årsverk mellom hovudtrinn og mellom skolar for å oppfylle krava. En konsekvens av lærernormen er at enkelte skoler vil behøve flere lærere på et eller flere hovedtrinn. Dette vil skolene og kommunene kunne løse enten gjennom nyansettelser eller ved å flytte lærerårsverk mellom hovedtrinn innad på en enkelt skole eller mellom skoler innad i hver enkelt kommune. Høsten 2018 er det bevilget 200 mill. kroner utover det eksisterende tilskuddet til økt lærertetthet på 1.–4. trinn for innføringen av lærernormen. Samlet bevilgning høsten 2018 er 700 mill. kroner. Det legges til grunn for beregningen at kommunene har brukt det øremerkede tilskuddet som ble bevilget i perioden 2015–2018 til flere lærerårsverk. I beregningen benyttes derfor GSI-tall fra skoleåret 2014–2015 for 1.–4. trinn, dvs. årsverkstall fra før innføringen av det øremerkede tilskuddet til økt lærertetthet på 1.–4. trinn, og GSI-tall fra skoleåret 2017–2018 for 5.–10. trinn.»

Stortinget hadde ikkje merknader til forslaget, jf. Innst. 400 S (2017–2018), og regjeringa meiner derfor at vedtaket er utkvittert.

Kortkurs ved folkehøgskolar

Vedtak nr. 62, 4. desember 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 62, 4. desember 2017, gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 2 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen gå i dialog med folkehøyskolene med sikte på å finne en modell for å fase ut tilskudd til kortkurs der grunnbevilgningen i så fall må økes tilsvarende.»

Departementet er i dialog med Folkehøgskolerådet om saka, og vil komme tilbake til Stortinget i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2019.

Fleire skolebibliotekarar

Vedtak nr. 68, 4. desember 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 68, 4. desember 2017, jf. Prop. 1 S (2017–2018) og Innst. 2 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen vurdere en ordning med kompetansetilskudd for å stimulere til ansettelse av flere skolebibliotekarer, etter modell fra Sverige.»

I statsbudsjettet for 2018 blei løyvinga til lesestimulering auka med 14 mill. kroner til totalt 17,5 mill. kroner, jf. Prop. 1 S (2017–2018) og Innst. 12 S (2017–2018). Formålet er å styrke arbeidet med lesestimulering, og Utdanningsdirektoratet fekk i oppdrag å lage kriterium og utlyse midlane våren 2018. Oppdraget omfatta å vurdere evalueringresultata frå Sverige i utforminga av ordninga. Kommunane kan søke om midlar til prosjekt som har som mål å utvikle skolebiblioteket/folkebiblioteket, og midlane skal gå til personalressursar eller kompetanseutvikling for å legge til rette for lesestimulering i regi av skolebiblioteket eller folkebiblioteket der det blir brukt som skolebibliotek. Departementet legg til grunn at det vil bli løyvd midlar til ordninga i perioden 2018–21, og at tiltaket blir evaluert for å sjå om styrkinga har gitt elevane betre tilgang til skolebiblioteket. Departementet meiner at vedtaket er kvittert ut.

Sikre elevar på 1.-10. trinn minst éin time fysisk aktivitet kvar dag

Vedtak nr. 106, 7. desember 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 106, 7. desember 2017, gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:8 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kjersti Toppe, Marit Arnstad, Åslaug Sem-Jacobsen og Marit Knutsdatter Strand om å innføre en ordning som sikrer elever på 1.–10. trinn minst én time fysisk aktivitet hver dag, jf. Innst. 51 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen fremme sak for Stortinget om en ordning som sikrer elever på 1.–10. trinn minst én time fysisk aktivitet hver dag innenfor dagens timeantall.»

Fysisk aktivitet er viktig for barn og unge, både frå eit helseperspektiv og eit utdanningsperspektiv. Departementet strekar under at skolane og lærarane i dag står fritt til å ta i bruk fysisk aktivitet som ein del av undervisninga og skolekvardagen. Verken læreplanane eller kompetansemåla legg i seg sjølve hindringar for dette. Det må likevel skje innanfor rammene av det fastsette timetalet til dei respektive faga, og må ikkje få negative konsekvensar for det faglege læringsutbyttet. Det finst fleire døme på kommunar og skolar som prioriterer fysisk aktivitet som ein sentral del av skolekvardagen, men det ligg så langt ikkje føre ei samla evaluering av dette. Det er ein av grunnane til at Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet samarbeider om eit forskingsprosjekt som skal gi oss kunnskap om tenleg bruk av fysisk aktivitet på ungdomstrinnet. Forskinga skal blant anna gi kunnskap om korleis vi best treff denne elevgruppa, som både er mindre fysisk aktive enn dei yngre elevane og har lengre skoledagar.

I skolen er all regulert tid satt av til opplæring i fag, og all opplæring i fag skal vere etter læreplanane. Fag- og timefordelinga slår fast at elevane har rett til eit samla minstetimetal i faga. Tid til friminutt, matpauser og liknande blir bestemt lokalt. Alle elevar har i gjennomsnitt 70 timer kroppsøving kvart år. Elevar på 5.–7. trinn skal dessutan jamnleg ha fysisk aktivitet utenom kroppsøvingsfaget, jf. forskrift til opplæringslova § 1-1a. Til saman skal dette utgjere 76 timer innanfor desse trinna. Skolane skal sette av eigne timar til denne aktiviteten i tillegg til dei timetala som er sette for faga, men det følger ikkje med ein læreplan med kompetansemål for desse timene.

Departementet tolker ordlyden «innenfor dagens timetall» slik at fysisk aktivitet skal integrerast i opplæringa i skolefaga. Det vil i realiteten innebere eit statleg påbod som set grenser for skolane og lærarane sine metodeval for å nå kompetansemåla i ein stor del av undervisninga. Det er svært viktig at skolane og lærarane har ansvar og fridom til å velge metoder i undervisninga som eignar seg og som er tilpassa behova elevane har og lokale føresetnader. Tilpassa opplæring er ein sentral del av lærarpraksisen. Tilpassa opplæring krev kunnskap om korleis elevar lærer og kva dei kan frå før, og tett oppfølging av kvar einskild elev er ein føresetnad. Eit krav om at fysisk aktivitet skal brukast som metode gjer at lærarane ikkje får det pedagogiske handlingsrommet dei treng til å tilpasse læringsaktivitetane til behova den einskilde eleven har. Dersom fysisk aktivitet blir brukt som metode uavhengig av om det er tenleg eller ikkje, kan det få utilsikta konsekvensar, som mindre motivasjon og læring. Det er heller ikkje gitt at eit rigid nasjonalt pålegg om fysisk aktivitet i skolen gir betre fysisk og psykisk helse i befolkninga.

Det vil vere eit svært stort inngrep i den praksisen som går føre seg i skolen og i klasserommet å kreve at alle skolar, på alle trinn i opplæringsløpet, skal ha 60 minutt fysisk aktivitet kvar einaste dag innanfor dei ordinære timane. Departementet meiner at vedtaket slik det ligg føre er krevjande med omsyn til lærarane si profesjonsutøving, og også med omsyn til det myndet skolane og kommunane har til å organisere skolekvardagen og undervisninga innanfor rammene av regelverket, medrekna læreplanverket, og tilpasse organiseringa til lokale tilhøve.

Det er brei einigheit om at skolen skal vere eit profesjonsfagleg fellesskap der lærarar, leiarar og andre tilsette vidareutviklar praksisen sin, jamfør Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen. I samband med behandlinga av Meld. St. 28 (2016–2017) fatta Stortinget dette vedtaket:

«Stortinget ber regjeringen sikre at det er lærernes ansvar og faglige skjønn som skal avgjøre hvilke metoder og virkemidler som skal tas i bruk i undervisningen for å nå kompetansemål og oppfylle skolens generelle samfunnsmandat».

Vedtaket ligg til grunn for den fornyinga av faga som held på, og det ligg også til grunn for dei overordna styringspremissa for skolen.

I tillegg vil departementet vise til oppmodingsvedtaka nr. 883, 884, 885 og 886, 11. juni 2018, som Stortinget gjorde i samband med behandlinga av representantforslaget om tillit i skolen, jf. Dok 8:194 S (2017–2018) og Innst. 378 S (2017–2018). Her står det blant anna at Stortinget ber regjeringa sørge for å ta i vare det profesjonelle handlingsrommet for lærarprofesjonen i arbeidet med fagfornyinga og revideringa av opplæringslova, dette i tråd med Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen. Departementet meiner at vedtaket om fysisk aktivitet høver dårleg med desse oppmodingsvedtaka.

Ei forskriftsfesting av ei ny obligatorisk ordning med fysisk aktivitet for heile grunnskolen vil kreve at forskrifta gir rom for fleksibilitet og ikkje rammer den pedagogiske handlefridomen som må til for å kunne oppfylle kompetansemåla i læreplanverket. Det kan berre vere tillatt å bruke obligatoriske timar til fag til fysisk aktivitet så langt dette kan gjennomførast utan negative konsekvensar for måloppnåinga i det aktuelle faget. Ei eventuell obligatorisk ordning med fysisk aktivitet bør opne for at dei allereie pålagde timane til kroppsøving og fysisk aktivitet kan reknast med. Vidare bør ei eventuell ordning ikkje pålegge skolane å ha 60 minutt fysisk aktivitet kvar einaste dag. Eit slik pålegg kan gjere det vanskeleg for skolane å prioritere heldagsopplegg, som for eksempel aktivitets- og friluftsdagar.

Sjølv med dei tilpassingane som er gjort greie for, meiner departementet at ei regulering vil ha klare negative sider, som kan sette både skolen og lærarane i ein vanskeleg situasjon. Departementet meiner at rettsleg bindande detaljstyring av bruk av fysisk aktivitet, utan økonomiske løyvinger, kompetanseheving eller auka tidsramme, er uheldig og vil kunne ha negative konsekvensar for læringa og trivselen til elevane.

Slik det kjem fram i stortingsvedtaket, skal kravet om fysisk aktivitet gjennomførast «innenfor dagens timetall». Ein følgje av dette er at skolane ikkje blir kompenserte økonomisk for alle ressursane og all tida som blir brukt til dette, slik dei for eksempel blei da fysisk aktivitet blei innført på 5.–7. trinn. Same korleis skolane vel å oppfylle eit slikt krav, vil det kreve mykje ressursar å legge til rette for, skaffe kompetanse og leie aktivitet på ti skoletrinn i 60 minutt kvar einaste dag. Ressursbruken kan bli illustrert ved å ta utgangspunkt i dei ressursane som i dag går til fysisk aktivitet på 5.–7. trinn:

Med utgangspunkt i tal for skoleåret 2016–2017 er kostnaden ved éin veketime aktivitetstilbod med lærarløn utan for- og etterarbeid på eitt av trinna på barnetrinnet rekna til om lag 95 mill. kroner i heilårseffekt. Dersom det også skulle kompenserast for for- og etterarbeid, vil kostnaden vere om lag 215 mill. kroner i heilårseffekt.

For ungdomstrinnet vil éin veketime utan for- og etterarbeid på eitt av trinna ha ein kostnad på om lag 85 mill. kroner i heilårseffekt. Dersom det skal kompenserast for for- og etterarbeid, vil kostnaden vere om lag 215 mill. kroner i heilårseffekt.

Dersom vi skulle lagt til éin time fysisk aktivitet/kroppsøving kvar dag på barnetrinnet, vil det utgjere 35 veketimar totalt (5 timar i veka per trinn for 7 trinn). Frårekna dagens veketimar til kroppsøving og fysisk aktivitet (14,5), svarar det til 20,5 nye veketimar. På ungdomstrinnet vil éin time fysisk aktivitet kvar dag utgjere 15 veketimar totalt (5 timar i veka per trinn for 3 trinn). Frårekna dagens veketimar til kroppsøving (6), svarar det til 9 nye veketimar.

Den samla kostnaden utan for- og etterarbeid er om lag 2,7 mrd. kroner i heilårseffekt. Med for- og etterarbeid er kostnaden om lag 6,3 mrd. kroner i heilårseffekt. Desse overslaga tar ikkje høgde for dei nye krava til lærartettleik i grunnskolen. Innføringa av ei slik plikt vil pålegge skolane ei arbeidsmengd som svarar til ein verdi på minst 2,7 milliardar kroner, utan at dei blir kompenserte for noko.

På denne bakgrunnen vil departementet ikkje tilrå at det blir innført ei ny obligatorisk ordning i skolen med fysisk aktivitet. Departementet tilrår at det framover heller blir satsa på frivillige tiltak, erfaringsspreiing, dokumentasjon og forsvarleg evaluering av det som skjer ute i skolen. Her viser vi for øvrig til at Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet har fått i oppdrag å samle og systematisere erfaringar slik at desse blir tilgjengelege for heile skole-Noreg. Dersom det kan dokumenterast gode effektar av denne type tiltak som klart er større enn eventuelle negative effektar, er det all grunn til å tru at slike tiltak vil bli meir og meir vanlege. I denne samanhengen vil det også vere mogleg å satse på statlege stimuleringstiltak. Departementet meiner elles at det er viktig å vurdere andre sider ved skolekvardagen til elevane som gjer at det bli unødig lite fysisk aktivitet, for eksempel i friminutta. Om kort tid vil departementet motta resultata frå effektforskingsprosjektet med fysisk aktivitet på ungdomstrinnet. Det vil i den samanhengen vere naturleg å vurdere nye tiltak for auka fysisk aktivitet i skolen.

Nasjonal ordning for digitale læremiddel

Vedtak nr. 350, 18. desember 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 350, 18. desember 2017, gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 16 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak i revidert nasjonalbudsjett for 2018 med en modell for hvordan en nasjonal ordning for digitale læremidler kan innrettes, og på hvilken post midlene skal plasseres.»

Departementet viser til brei omtale av satsinga Den teknologiske skolesekken og den nasjonale ordninga for digitale læremiddel i revidert nasjonalbudsjett for 2018, jf. Prop. 85 S (2017–2018) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2018. Den teknologiske skolesekken inneheld åtte ulike tiltak for digitale læremiddel og programmering i skolen. Mellom anna vil Utdanningsdirektoratet etablere ei tilskottsordning for innkjøp av digitale læremiddel frå 2019 til 2022. I proposisjonen konkluderer regjeringa med følgande:

«Midlene til IKT-grunnopplæring foreslås plassert under kap. 226, post 21, slik at midlene kan sees i sammenheng med tiltakene i Digitaliseringsstrategi for grunnopplæringen. Regjeringen foreslår å øke bevilgningen under kap. 226, post 21 med 50 mill. kroner mot tilsvarende reduksjon under kap. 571, post 60 på Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett. Det vises også til omtale under kap. 571, post 60. Kunnskapsdepartementet anser med dette anmodningsvedtaket som fulgt opp.»

I behandlinga av revidert nasjonalbudsjett sluttar Stortinget seg til forslaget om reduksjon av løyvinga på kap. 571 Rammetilskudd til kommunene, post 60 Innbyggertilskudd og ein tilsvarande auke på kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, post 21 Særskilde driftsutgifter. Det blei dermed avgjort å flytte løyvinga på 50 mill. kroner til IKT-tiltak i grunnopplæringa, jf. Innst. 400 S (2017–2018) s. 98–99.

Departementet legg til grunn at vedtaket er utkvittert.

Etter- og vidareutdanning av yrkesfaglærarar

Vedtak nr. 374, 19. desember 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 374, 19. desember 2017, gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 12 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte med en vurdering av hvordan behovet for videreutdanning av yrkesfaglærere og instruktører i arbeidslivet best kan dekkes.»

Hausten 2015 la regjeringa fram strategien Yrkesfaglærerløftet – for fremtidens fagarbeidere. Bakgrunnen var undersøkingar som viste at dei etter- og vidareutdanningstilboda som universitet og høgskolar hadde, og som ein kunne søke støtte til gjennom den statlege vidareutdanningssatsinga Kompetanse for kvalitet, ikkje møtte behova til yrkesfaglærarane. I tillegg viste ei undersøking frå den daverande Høgskolen i Oslo og Akershus at det vil mangle kvalifiserte yrkesfaglærarar i dei neste åra.

Våren 2016 fekk Utdanningsdirektoratet i oppdrag å utvikle nye og meir relevante etter- og vidareutdanningstilbod for yrkesfaglærarar. Satsinga gjennom Yrkesfaglærerløftet har ført til eit variert kompetansetilbod for yrkesfaglærarar og instruktørar. Det er etablert ordningar for fagleg oppdatering av yrkesfaglærarar i regi av arbeidslivet, og gjennom hospiteringsordninga kan instruktørar og faglege leiarar hospitere på ein skole. Yrkesfaglærarar som underviser i fellesfag, kan søke om vidareutdanning gjennom Kompetanse for kvalitet. For å stimulere til at fleire kvalifiserer seg til å bli lærarar, kan skoleeigarar søke om utdanningsstipend for tilsette som ønsker å ta ei yrkesfaglærarutdanning. For studieåret 2018–19 er det utvikla til saman 29 etter- og vidareutdanningstilbod, der målgruppa er yrkesfaglærarar som underviser i programfag.

Regjeringa meiner det i framtida vil vere eit stort behov for å satse på kompetanseutvikling for yrkesfaglærarar og instruktørar. Den nye tilbodsstrukturen for fag- og yrkesopplæringa, som skal innførast hausten 2020, vil føre til nye kompetansebehov for mange yrkesfaglærarar og instruktørar når dei skal tilpasse seg nye fag og utdanningsprogram.

Regjeringa meiner at den beste strategien for å møte behovet for vidareutdanning av yrkesfaglærarar og instruktørar i arbeidslivet er å satse vidare på Yrkesfaglærerløftet. I budsjettforslaget for 2019 foreslår regjeringa om lag 100 mill. kroner til kompetanseutvikling for yrkesfaglærarar gjennom Yrkesfaglærerløftet, sjå omtale under kap. 226 post 21. Frå 2019 skal også fylkeskommunane inngå i den desentraliserte ordninga for etterutdanning. Midlane til etterutdanning for yrkesfaglærarar (hospitering og fagleg oppdatering i regi av arbeidslivet) skal leggast inn i ein yrkesfagleg del av den desentraliserte ordninga. På den måten vil fylkeskommunane få større fleksibilitet til å bruke midlane i tråd med lokale kompetansebehov. Departementet meiner oppmodingsvedtaket med dette er følgt opp.

Senter for etter- og vidareutdanning av yrkesfaglærarar og instruktørar

Vedtak nr. 375, 19. desember 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 375, 19. desember 2017, gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 12 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen om å inkludere en vurdering av etablering av et senter for etter- og videreutdanning av yrkesfaglærere og instruktører ved Universitetet i Agder, i samarbeid med Høgskolen i Oslo og Akershus, i vurderingen av hvordan behovet for yrkesfaglærere og instruktører i arbeidslivet best kan dekkes.»

For å gjennomføre tiltaka i Yrkesfaglærerløftet er vi avhengige av gode kompetansemiljø i universitets- og høgskolesektoren. Regjeringa er derfor positiv til alle initiativ for betre kvalitet og fagleg utvikling og forsking på yrkesfagområdet, inkludert bidrag til auka kvalitet på kompetanseutviklingstilboda.

OsloMet – storbyuniversitetet har nyleg valt å organisere arbeidet sitt innanfor etter- og vidareutdanning for yrkesfaglærarar gjennom ein sentermodell. Departementet har registrert at dei også har eit samarbeid med Universitetet i Agder om dette. Departementet meiner det er positivt at institusjonane inngår samarbeid innanfor eit fagområde som vi må styrke framover. Som OsloMet står Universitetet i Agder fritt til å velje korleis dei vil organisere arbeidet sitt med yrkesfaglærarutdanning. Departementet meiner vedtaket med dette er følgt opp.

Kapitalutgifter for friskolar

Vedtak nr. 376, 19. desember 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 376, 19. desember 2017, gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 12 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen utrede grundig hvordan kostnader til bygg kan innlemmes i tilskuddsgrunnlaget for friskolene, basert på kostnader tilsvarende det skoler og studieretninger i det offentlige har av kapitalutgifter, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Skolar som er godkjente etter friskolelova, får statstilskott basert på gjennomsnittlege driftsutgifter i offentlege skolar. Løpande utgifter til vedlikehald av skolelokaleer inkluderte i tilskottsgrunnlaget. Det same er avskrivingar på varige driftsmidlar som utstyr. Avskrivingar på skolebygg er ikkje inkluderte i tilskottsgrunnlaget, fordi dette ikkje er driftskostnader, men kapitalkostnader.

Statstilskottet og skolepengane skal komme elevane til gode, gjennom opplæring i samsvar med godkjenninga. Hovudregelen er at statstilskott og skolepengar skal brukast det året tilskottet blir gitt eller skolepengane blir kravde inn. Delar av statstilskottet, totalt inntil 25 pst. av inntektsgrunnlaget til skolen, kan likevel overførast til neste rekneskapsår, jf. økonomiforskrifta til friskolelova.

Det finst inga samla oversikt over kapitalutgiftene til friskolane. Det er truleg stor variasjon mellom skolane, avhengig av kvar i landet dei ligg, og om ein til dømes har overtatt eit skolebygg utan vederlag.

Departementet har greidd ut alternativ til korleis kostnader til bygg kan innlemmast. Eit alternativ som har blitt revurdert, er å inkludere avskrivingar i tilskottsgrunnlaget. Dette alternativet er rekna ut til å ha ein samla budsjetteffekt på 289 mill. kroner. Ei slik løysing er ikkje i samsvar med friskolelova § 6-1 om at det er driftsutgiftene i den offentlege skolen som skal ligge til grunn for tilskottet og utfordrer det grunnleggande prinsippet i friskoleloven om at skolepengar og statstilskott skal komme elevane til gode. Dette alternativet vil derfor krevje lovendring.

Ei anna mogleg innretning av tilskott til bygg er ei ordning der skolane kan søke om tilskott basert på faktiske investeringsutgifter. Dette alternativet vil vere treffsikkert med omsyn til behovet på den einskilde skolen, men løysinga vil vere administrativt ressurskrevjande. Ei tilsvarande vurdering har blitt gjord med omsyn til ei eventuell rentekompensasjonsordning.

Departementet har òg sett på moglegheita for tilskott til bygg tilsvarande som for private barnehagar med satsar som er differensierte etter byggeår. Ein slik tilskottsmodell vil vere svært administrativt krevjande på friskolefeltet, da det ikkje finst noko samla oversikt over byggeår.

Etter ei heilskapleg vurdering har departementet konkludert med at den mest formålstenlege løysinga framleis vil vere å føre vidare ordninga med kapitaltilskott over kap. 228 post 82. Kapitaltilskottet blir fordelt til skolane ut frå elevtal og er ein enkel og målretta måte å kompensere friskolane for kapitalutgifter på. Løyvinga på posten har auka monaleg sidan tilskottet blei oppretta i 2014, og var i 2018 på 62,4 mill. kroner.

Departementet meiner vedtaket med dette er følgt opp.

Noregs grøne fagskole – Vea

Vedtak nr. 377, 19. desember 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 377, 19. desember 2017, gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 12 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen gå i dialog med Norges grønne fagskole – Vea og drøfte mulige løsninger som sikrer skolen drift og gode, forutsigbare rammevilkår.»

I Innst. 12 S (2017–2018) har fleirtalet i utdannings- og forskingskomiteen uttrykt at Noregs grøne fagskole – Vea skal halde fram med å vere eigd av staten. Departementet har derfor ikkje arbeidd vidare med å overføre drifta og eigarskapet til Hedmark fylkeskommune, som varsla i Prop. 1 S (2017–2018). Departementet ser ikkje behov for ytterlegare dialog med Noregs grøne fagskole – Vea om rammevilkåra for vidare drift av fagskolen. Som eigar av verksemda har departementet god dialog med fagskolen om drifta. Departementet meiner oppmodingsvedtaket med dette er følgt opp.

Ideelle og kommersielle barnehagar

Vedtak nr. 460, 13. februar 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 460, 13. februar 2018, jf. Dokument 8:18 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken, Mona Lill Fagerås og Solfrid Lerbrekk om profittfri barnehage og Innst. 114 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen utrede lovendringer som kan gi kommunene mulighet til å skille mellom ideelle og kommersielle private barnehager, samt om det ved et slikt skille kan være formålstjenlig med alternative organisasjonsformer for å drive ideelle barnehager.»

Regjeringa har sett i gang eit lovarbeid om endringar i reguleringa av dei private barnehagane. Regjeringa vil følge opp vedtaket i samband med dette lovarbeidet, og komme tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vilkår for private barnehagar

Vedtak nr. 461, 13. februar 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 461, 13. februar 2018, jf. Dokument 8:18 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken, Mona Lill Fagerås og Solfrid Lerbrekk om profittfri barnehage og Innst. 114 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan det kan sikres at private barnehager har lønns-, arbeids- og pensjonsvilkår minst på linje med ansatte i offentlige barnehager, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Regjeringa vil vurdere dette og komme tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Beredskapsteam mot mobbing

Vedtak nr. 519, 1. mars 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 519, 1. mars 2018, jf. Dokument 8:44 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Martin Henriksen, Jette F. Christensen, Torstein Tvedt Solberg og Nina Sandberg om beredskapsteam for økt innsats mot mobbing og Innst. 121 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en nasjonal veileder som kan lette kommunenes arbeid med å etablere beredskapsteam mot mobbing i skolen selv eller i samarbeid med andre.»

Departementet har i mai 2018 gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å utarbeide ein nasjonal rettleiar om korleis kommunane kan bruke beredskapsteam for å løyse vanskelege mobbesaker. I arbeidet skal direktoratet vurdere erfaringane frå eit prosjekt om beredskapsteam som Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) og KS gjennomførte i 2012–16. Ein premiss er at beredskapsteam skal vere ei frivillig ordning, og at kommunane står fritt når det gjeld organiseringa av slike team, for eksempel som eit samarbeid mellom fleire kommunar. Beredskapsteama skal kunne handtere saker frå både barnehagar og skolar. Regjeringa legg til grunn av vedtaket er utkvittert ved at rettleiaren blei tilgjengeleg for kommunane i september 2018.

Tap av statsborgarskap

Vedtak nr. 533, 15. mars 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 533, 15. mars 2018, gjort i samband med behandlinga av Prop. 146 L (2016–2017) Endringer i statsborgerloven mv. (tap av statsborgerskap ved straffbare forhold eller av hensyn til grunnleggende nasjonale interesser), jf. Innst. 173 L (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag om at tap av statsborgerskap, uavhengig av årsak, skal avgjøres av domstolen.»

Oppmodingsvedtaket er under behandling. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på høveleg måte.

Rask domstolsbehandling, statsborgarskap

Vedtak nr. 534, 15. mars 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 534, 15. mars 2018, gjort i samband med behandlinga av Prop. 146 L (2016–2017) Endringer i statsborgerloven mv. (tap av statsborgerskap ved straffbare forhold eller av hensyn til grunnleggende nasjonale interesser), jf. Innst. 173 L (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen utrede om det kan etableres en ordning med rask domstolbehandling av saker som gjelder tap av statsborgerskap av hensyn til grunnleggende nasjonale interesser.»

Oppmodingsvedtaket er under behandling. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på høveleg måte.

Tap av statsborgarskap pga. grunnleggande nasjonale interesser

Vedtak nr. 535, 15. mars 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 535, 15. mars 2018, gjort i samband med behandlinga av Prop. 146 L (2016–2017) Endringer i statsborgerloven mv. (tap av statsborgerskap ved straffbare forhold eller av hensyn til grunnleggende nasjonale interesser), jf. Innst. 173 L (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag om tap av statsborgerskap av hensyn til grunnleggende nasjonale interesser, og at slikt tap skal avgjøres av domstolen.»

Oppmodingsvedtaket er under behandling. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på høveleg måte.

Etter- og vidareutdanningstilbod innanfor IKT- og datatryggleik

Vedtak nr. 584, 10. april 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 584, 10. april 2018, gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 38 (2016–2017) IKT-sikkerhet – et felles ansvar, jf. Innst. 187 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen sørge for at det stimuleres til bedre etter- og videreutdanningstilbud på fagskoler, universiteter og høyskolen innen IKT- og datasikkerhet.»

I revidert budsjett for 2018 blei det løyvd 10 mill. kroner til utvikling av fleksible vidareutdanningstilbod innanfor teknologi og digitale løysingar, jf. Innst. 400 S (2017–2018). Tilboda skal kunne gjennomførast i kombinasjon med tilnærma full jobb, for eksempel gjennom inndeling i modular, nettbasert opplæring og/eller samlingar. Regjeringa foreslår i 2019-budsjettet å utvide satsinga på desse fleksible vidareutdanningstilboda. Det vil vere aktuelt å lage tilbod innanfor IKT- og datatryggleik.

Satsinga til regjeringa på studieplassar til IKT-relaterte utdanningar i statsbudsjetta for 2016, 2017 og 2018 inneber eit årleg auka opptak på 1 500 studentar. Det vil gradvis føre til ein betydeleg auke av tilgangen på godt kvalifiserte IKT-kandidatar. Vidare melder fleire universitet og høgskolar om at dei utviklar spesialiserte studium eller modular i IKT-tryggleik for å møte etterspurnaden frå arbeidslivet og myndigheitene.

Regjeringa vil hausten 2018 legge fram ein nasjonal strategi for digital tryggleikkompetanse. Strategien skal leggast fram saman med ein overordna strategi for IKT-tryggleik.

Departementet meiner at vedtaket med dette er følgt opp.

Løysingar som skjuler alvorleg skadeleg innhald på nettbrett, PC osv

Vedtak nr. 592, 10. april 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 592, 10. april 2018, jf. Dokument 8:124 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jorunn Gleditsch Lossius, Geir Jørgen Bekkevold, Knut Arild Hareide og Hans Fredrik Grøvan om at det skal være pålagt at nettbrett/PC eller lignende enheter som er tilgjengelig for barn i barnehagen og i småskolen, skal benytte filter som hindrer elever tilgang til alvorlig skadelig innhold på nett og Innst. 191 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen utarbeide nasjonale retningslinjer for barnehage- og skoleeiere, slik at de tar i bruk løsninger som skjuler alvorlig skadelig innhold på nettbrett, PC og lignende digitale enheter som deles ut eller er tilgjengelige for barna.»

Departementet har gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å utarbeide nasjonale retningslinjer for barnehage- og skoleeigarane om skjerming mot alvorleg skadeleg innhald på digitale einingar. Retningslinjene skal ligge føre innan 1. august 2019. Departementet meiner at vedtaket er utkvittert gjennom oppdraget til direktoratet.

Seksualundervisning

Vedtak nr. 600, 12. april 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 600, 12. april 2018, jf. Dokument 8:71 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentant Bjørnar Moxnes om tiltak mot seksuell trakassering og Innst. 208 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen, i forbindelse med pågående fornying av læreplanene, om å sikre at seksualundervisningen i skolen inkluderer grensesetting og respekt for andres grenser.»

Departementet viser til dei tidlegare utkvitterte oppmodingsvedtaka nr. 599, 25. april 2017 og nr. 921, 13. juni 2017 om opplæring om og arbeid med grensesetting i barnehage og grunnopplæring som grunnlag for førebygging av seksuelle overgrep og valdtekt. Departementet har følgt opp desse vedtaka blant anna gjennom eit tilleggsoppdrag i november 2017 til Utdanningsdirektoratet om fagfornyinga. I oppdraget står det:

«Utdanningsdirektoratet skal gjennom fagfornyelsen sikre at temaer knyttet til kropp og respekt for andre sine grenser er en del av opplæringen i barnehage, ungdomsskolen og videregående opplæring for å forebygge seksuelle overgrep, jf. Stortingets anmodningsvedtak nr. 599, 25. april 2017 og oppfølging av regjeringens opptrappingsplan mot vold og seksuelle overgrep.»

Departementet meiner at vedtak nr. 600, 12. april 2018 er utkvittert gjennom dette tilleggsoppdraget.

Departementet viser også til at det i Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen, som legg føringar på fagfornyinga, står at det å kunne sette grenser og respektere andre sin grenser høyrer heime under det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring. Læreplanane skal vere tydelege samtidig som dei opnar for at opplæringa kan bli tilpassa lokale tilhøve og ulike elevgrupper. Dette prinsippet vil også vere utgangspunktet for oppfølginga av vedtaket.

Spørsmål om seksuell trakassering inn i Elevundersøkinga

Vedtak nr. 601, 12. april 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 601, 12. april 2018, jf. Dokument 8:71 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentant Bjørnar Moxnes om tiltak mot seksuell trakassering og Innst. 208 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen avklare hvordan spørsmål om seksuell trakassering skal tas inn i Elevundersøkelsen eller andre relevante undersøkelser i skolen.»

Departementet har gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å følge opp vedtaket. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga på ein eigna måte.

Nasjonal rettleiar for skolegudsteneste

Vedtak nr. 651, 26. april 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 651, 26. april 2018, jf. Dokument 8:63 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Fredrik Grøvan, Olaug V. Bollestad, Steinar Reiten og Kjell Ingolf Ropstad om å gi alle elever i Norge tilbud om skolegudstjeneste før jul og Innst. 192 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen sørge for at det utarbeides en nasjonal veileder for skolene om hvordan det best kan legges til rette for at elevene skal kunne delta på skolegudstjeneste i forbindelse med julehøytiden, og at elever som ønsker fritak, skal ha rett på et pedagogisk alternativ i skolens regi.»

Departementet vil følge opp vedtaket gjennom å utarbeide nasjonalt rettleiingsmateriell. Dette skal gi råd om korleis kommunane best kan legge til rette for at elevane kan delta på gudstenester i skoletida, samtidig som retten til fritak skal respekterast og sikrast. Ein ny rettleiingstekst skal vere klar i god tid før dei fleste skolane startar planlegginga av gudstenester før jul 2018. Rettleiingsteksten skal vere tilgjengeleg på nettsidene til Utdanningsdirektoratet, slik at dei er enkle å finne for både kommunar, skolar, elevar og foreldre. Departementet legg til grunn at vedtaket er tatt i vare gjennom den nye rettleiingsteksten hausten 2018.

Følge opp elevar som er utsette for negativ sosial kontroll og ikkje møter på skolen

Vedtak nr. 783, 29. mai 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 783, 29. mai 2018, jf. Dokument 8:118 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jonas Gahr Støre, Masud Gharahkhani, Lene Vågslid, Siri Gåsemyr Staalesen, Maria-Karine Aasen-Svensrud og Jan Bøhler om tiltak mot sosial kontroll og æresvold og Innst. 260 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen forsterke innsatsen for å sikre at kommuner og fylkeskommuner følger opp elever som utsettes for negativ sosial kontroll og som uteblir fra skolen, og at barnevernet varsles når det er grunnlag for dette.»

I regjeringsplattforma seier regjeringa følgande:

«Negativ sosial kontroll er et alvorlig samfunnsproblem som må bekjempes, og regjeringen vil legge bedre til rette for at hver enkelt får frihet til å bestemme hvordan de vil leve livet sitt. (…) Regjeringen vil oppfordre til tett oppfølging av elever og foreldre, herunder hjemmebesøk, ved mistanke om at barn holdes borte fra skolen.»

Regjeringa viser til handlingsplanen Retten til å bestemme over eget liv. Handlingsplan mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlestelse (2017–2020), som blei lagd fram våren 2017. Tiltak 8 i handlingsplanen går på å sikre oppfølgingssamtale for elevar som skal flytte til utlandet utan foreldra sine:

«Det er skolen som vil ha den beste muligheten til å fange opp situasjoner hvor eleven selv ikke ønsker å flytte, og en rutine eller retningslinje om å ha oppfølgingssamtale vil kunne ha en forebyggende effekt på forekomsten av negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlestelse. Skolen har plikt til å henvende seg til barnevernet hvis det er mistanke om omsorgssvikt.»

Det er Utdanningsdirektoratet som skal følge opp tiltak 8. Direktoratet skal også vurdere om den nåverande statlege rettleiaren om barn som ikkje møter på skolen, er tilstrekkeleg, eller om direktoratet skal lage forslag til justerte rutinar.

Regjeringa vil komme tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Fleire sanksjonsmoglegheiter i tilfelle der born etterlatas i utlandet mot si vilje

Vedtak nr. 785, 29. mai 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 785, 29. mai 2018, jf. Dokument 8:118 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jonas Gahr Støre, Masud Gharahkhani, Lene Vågslid, Siri Gåsemyr Staalesen, Maria-Karine Aasen-Svensrud og Jan Bøhler om tiltak mot sosial kontroll og æresvold og Innst. 260 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen vurdere flere sanksjonsmuligheter i tilfeller der barn etterlates i utlandet mot sin vilje og under uforsvarlige forhold.»

Oppmodingsvedtaket er under behandling. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Ikkje unødig segregere elevar på bakgrunn av religion eller kjønn

Vedtak nr. 792, 29. mai 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 792, 29. mai 2018, jf. Dokument 8:118 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jonas Gahr Støre, Masud Gharahkhani, Lene Vågslid, Siri Gåsemyr Staalesen, Maria-Karine Aasen-Svensrud og Jan Bøhler om tiltak mot sosial kontroll og æresvold og Innst. 260 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen sikre at elever ikke segregeres på bakgrunn av religion eller kjønn i skolen uten at det har et pedagogisk formål, eller er nødvendig av praktiske årsaker.»

Departementet viser til opplæringslova § 8-2, som blant anna seier:

«I opplæringa skal elevane delast i klassar eller basisgrupper som skal vareta deira behov for sosialt tilhør. For delar av opplæringa kan elevane delast i andre grupper etter behov. Til vanleg skal organiseringa ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhør.»

Utdanningsdirektoratet er delegert mynde i forvaltningssaker som gjeld tolking av og rettleiing om opplæringslova, og tilsynsarbeid som følger av opplæringslova. Direktoratet legg stor vekt på å styrke kompetansen i sektoren når det gjeld regelverket og evna til å etterleve det. Fylkesmannen fører tilsyn med kommunane, og ein rapport frå 2015 viser at tilsyna bidrar til å auke etterlevinga av regelverket på grunnopplæringsområdet.

Departementet legg til grunn at intensjonen bak vedtaket er tatt hand om gjennom lovverket, at det ikkje er behov for ytterlegare endringar, og at vedtaket er kvittert ut.

Foreldrerettleiingskurs i introduksjonsprogrammet og innføring i barnehage- og skolesystem og barnevern

Vedtak nr. 800, 31. mai 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 800, 31. mai 2018, gjort i samband med behandlinga av Prop. 45 L (2017–2018), jf. Innst. 327 L (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen sikre at deltakere i introduksjonsprogrammet får foreldreveiledningskurs, samt innføring i norsk barnehage- og skolesystem og barnevern.»

IMDi og Kompetanse Noreg har fått i oppdrag å utarbeide forslag til faglege emne som deltakarane i introduksjonsprogrammet følger i ein avgrensa periode (modul). Som ein del av dette oppdraget skal direktorata komme med eit forslag til korleis kurs i foreldrestøtte kan bli ein del av introduksjonsprogrammet og gjerast obligatorisk. Departementet er i gang med ein heilskapleg gjennomgang av introduksjonsloven som etter planen skal føre fram til eit lovforslag som vil bli sendt ut til offentleg høyring våren 2019. Forslaget om korleis kurs i foreldrestøtte skal bli ein obligatorisk del av introduksjonsprogrammet, vil bli ein del av denne høyringa.

Stortinget har nyleg vedteke (lovvedtak 63 (2017–2018)) at asylsøkarar i mottak får plikt til å delta i opplæring i norsk og opplæring i norsk kultur og norske verdiar. Endringa tredde i kraft 1. september 2018. Under tema 5. «Barns rettigheter og foreldrerollen» i opplæring i norsk kultur og norske verdiar blir det gitt opplæring i norsk barnehage- og skolesystem og barnvern. Deltakarar i introduksjonsprogram som har vore i mottak, har dermed fått innføring i norsk barnehage- og skolesystem og barnevern. Departementet vil greie ut korleis deltakarar i introduksjonsprogrammet som ikkje har vore gjennom mottakssystemet, skal bli gitt den same opplæringa. Regjeringa vil komme tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Barnehage – gjennomgå regelverket for krav til stedlig leiar

Vedtak 801, 31. mai 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 801, 31. mai 2018, jf. Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.) og Innst. 319 L (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå regelverket for krav til stedlig leder i barnehager, og tilse at unntaksbestemmelsen er slik at den ikke benyttes til å redusere kostnader i barnehagesektoren.»

Regjeringa vil vurdere dette og komme tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Finansieringssystemet for private barnehager

Vedtak 802, 31. mai 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 802, 31. mai 2018, jf. Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.) og Innst. 319 L (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen i sitt videre arbeid med regulering av barnehagesektoren se på modeller i finansieringssystemet som så langt som mulig ivaretar et mangfold av barnehager og barnehageeiere, samt reduserer etterslepet i tilskuddsgrunnlaget overfor private barnehager.»

Departementet har bestilt og mottatt to rapportar frå Telemarksforsking og revisjonsfirmaet BDO for å få eit betre kunnskapsgrunnlag. Den eine rapporten omhandlar lønnsemd, marknadssvikt og gevinstrealisering i barnehagesektoren, medan den andre tar for seg om finansieringsmodellen for private barnehagar kan forklare variasjonane i dei økonomiske resultata. Regjeringa har allereie varsla at det er sett i gang eit lovarbeid om endringar i reguleringa av dei private barnehagane. Lovendringane skal bidra til å sikre ein mangfaldig barnehagesektor med regelverk som legg til rette for effektiv barnehagedrift. Endringar i reguleringa må vere tilpassa dei nye eigarstrukturane i sektoren. Regjeringa vil følge opp vedtaket i samband med dette lovarbeidet, og komme tilbake til Stortinget med eventuelle forslag til endringar i barnehagelova og tilhøyrande forskrifter.

Vikarbruk i kommunale barnehager

Vedtak 803, 31. mai 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 803, 31. mai 2018, jf. Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.) og Innst. 319 L (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen tydeliggjøre forventningene til innkalling av vikarer i kommunale barnehager og at alle relevante kostnader til vikarbruk tas med i regnskapet til kommunene.»

Regjeringa vil følge opp vedtaket og komme tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Barnehage: Overgangsregler for bemanningsnorm

Vedtak 804, 31. mai 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 804, 31. mai 2018, jf. Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.) og Innst. 319 L (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen fastsette overgangsregler for bemanningsnorm i barnehagen i forskrift, slik at barnehageeiere har frem til 1. august 2019 til å oppfylle kravet til minimumsbemanning.»

Regjeringa har oppfylt vedtaket gjennom fastsetting av ei overgangsføresegn i forskrift som inneber at barnehageeigarane kan bruke perioden fram til 1. august 2019 til å oppfylle bemanningsnorma, jf. forskrift om overgangsregler til lov 8. juni 2018 nr. 29 om endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.). Forskrifta tredde i kraft 1. august 2018.

Barnehage: Etablere eit uavhengig tilsynssystem for barnehagesektoren

Vedtak 805, 31. mai 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 805, 31. mai 2018, jf. Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.) og Innst. 319 L (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen ved evalueringen av kommunens tilsynsansvar sikre at det etableres et uavhengig tilsynssystem for barnehagesektoren.»

Regjeringa gav i 2017 Utdanningsdirektoratet i oppdrag med frist innan utgangen av august 2018 å gjere ei vurdering av tilsynsansvaret til kommunane og bruken av heimelen for fylkesmannen til å føre tilsyn med enkeltbarnehagar, jf. omtale under vedtak nr. 788, 7. juni 2016. Regjeringa har sett i gang eit lovarbeid om endringar i reguleringa av dei private barnehagane. Regjeringa vil følge opp vedtaket i samband med dette lovarbeidet, og komme tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Barnehage: Gi informasjon til Stortinget om innføringen av bemannings- og pedagognorm

Vedtak 806, 31. mai 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 806, 31. mai 2018, jf. Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.) og Innst. 319 L (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget våren 2019 og våren 2020 med informasjon om hvordan innføringen av bemanningsnormen og skjerpet pedagognorm har påvirket pedagogtettheten og voksentettheten i barnehagene.»

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget i revidert nasjonalbudsjett for 2019 og 2020 med informasjon om utviklinga i pedagogtettleiken og vaksentettleiken i barnehagane basert på offentleg tilgjengeleg statistikk.

Barnehage: Plan for gjennomføring av bemanningsnorm og dekning av meirkostnader

Vedtak 807, 31. mai 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 807, 31. mai 2018, jf. Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.) og Innst. 319 L (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake i statsbudsjettet for 2019 med en plan for gjennomføring av bemanningsnormen som inneholder dekning av merkostnader for både offentlige og private barnehageeiere, og som sikrer at normen oppfylles i alle barnehager i løpet av overgangsordningen med varighet fram til 1. august 2019. Planen skal innrettes med sikte på en rettferdig fordeling mellom kommunene og bærekraftig økonomi i de små private barnehagene ved innføring av normen.»

Regjeringa er opptatt av at alle kommunar og private barnehageeigarar skal ha moglegheit til å innføre bemanningsnorma i barnehagane. Departementet har utarbeidd ei overgangsordning for innføringa av bemanningsnorma. Overgangsordninga vil vere eit viktig bidrag for å sikre ein berekraftig økonomi i små private barnehagar i kommunar der bemanningsnorma ikkje er oppfylt enda. Departementet viser elles til omtale under oppmodingsvedtak nr. 1005, 15. juni 2018 om fordeling av midlar til bemanningsnorma i perioden 2018–20. Departementet vil offentleggjere ei årleg oversikt over endeleg fordeling av midlane til kommunane for 2018, 2019 og 2020. Departementet meiner at dei planlagde tiltaka gjer at vedtak nr. 807 kan reknast som utkvittert.

Kunnskapsoversikt om dei yngste barna i skolen

Vedtak 808, 31. mai 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 808, 31. mai 2018, jf. Dokument 8:149 S (2017–2018) Representantforslag om behovet for evaluering av seksårsreformen med sikte på å innrette skolen slik at den bedre ivaretar behovene til de yngste elevene og Dokument 8:150 S (2017–2018) Representantforslag om evaluering av seksårsreformen og en skolestart på barns premisser og Innst. 317 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en kunnskapsoversikt om forskning på de yngste barna i skolen, slik at den kan tas i bruk i arbeidet med fagfornyelsen, og på egnet måte komme tilbake til Stortinget.»

Regjeringa har våren 2018 gitt Kunnskapssenter for utdanning i oppdrag å utarbeide ei kunnskapsoversikt om forsking på dei yngste barna i skolen med frist oktober 2018. I oversikta skal senteret sjå særleg på arbeidsformene som blir nytta, og korleis barna opplever skolekvardagen sin. Oversikta skal inngå både i kunnskapsgrunnlaget for arbeidet med dei nye læreplanane og som grunnlag for evalueringa av seksårsreforma, jf. omtale nedanfor av vedtak nr. 809, 31. mai 2018. Regjeringa legg til grunn at vedtak nr. 808, 31. mai 2018 er utkvittert.

Evaluering av skolestart for seksåringane

Vedtak 809, 31. mai 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 809, 31. mai 2018, jf. Dokument 8:149 S (2017–2018) Representantforslag om behovet for evaluering av seksårsreformen med sikte på å innrette skolen slik at den bedre ivaretar behovene til de yngste elevene og Dokument 8:150 S (2017–2018) Representantforslag om evaluering av seksårsreformen og en skolestart på barns premisser og Innst. 317 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen igangsette en ekstern evaluering av forholdet mellom intensjonene og prinsippene for skolestart for seksåringene, slik de ble uttrykt i Reform 97, sammenliknet med dagens situasjon for seksåringene i skolen. Som en del av dette arbeidet skal det innhentes mer kunnskap om hvordan seksåringene ivaretas i skolen, som for eksempel lærernes pedagogiske praksis overfor de yngste, overgangen fra barnehage til skole, organisering av skoledagen og læringsmiljøet. Regjeringen bes komme tilbake til Stortinget med resultatene på egnet måte.»

Regjeringa viser til at Kunnskapssenter for utdanning våren 2018 har fått i oppdrag å utarbeide ei kunnskapsoversikt om forsking på dei minste barna i skolen med frist oktober 2018. Oversikta vil danne grunnlag for avgjerda om innrettinga på evalueringa av seksårsreforma. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Legge til rette for dei yngste barna i skolen

Vedtak 810, 31. mai 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 810, 31. mai 2018, jf. Dokument 8:149 S (2017–2018) Representantforslag om behovet for evaluering av seksårsreformen med sikte på å innrette skolen slik at den bedre ivaretar behovene til de yngste elevene og Dokument 8:150 S (2017–2018) Representantforslag om evaluering av seksårsreformen og en skolestart på barns premisser og Innst. 317 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen sørge for at fagfornyelsen tilrettelegger for og ivaretar de yngste barna i skolen og overgangen fra barnehage til skole, og melde tilbake på egnet vis til Stortinget.»

Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa legg vekt på at læring skjer gjennom eit breitt spekter av aktivitetar, frå strukturert og målretta arbeid til spontan leik. Den overordna delen slår fast at for dei minste barna i skolen er leik nødvendig for trivsel og utvikling. I opplæringa gir leik høve til kreativ og meiningsfylt læring. Overordna del forpliktar skolen og lærarane, og han legg føringar på den pågåande fagfornyinga.

I dei nyleg fastsette retningslinjene for utforming av læreplanar står det at læreplangruppene må sikre god samanheng til innhaldet i rammeplanen og ta i vare synet på leik, utforsking, skaparglede og læring slik det kjem fram av Overordna del av læreplanverket. Kompetansemåla, særleg på lågare trinn, må opne for læring gjennom leik, nysgjerrigheit, undring og opplevingar.

I brevet til Utdanningsdirektoratet om fastsetting av kjerneelementa i fagfornyinga har departementet presisert at det er viktig med tidleg innsats gjennom heile skoleløpet, og at læreplanane støttar opp under dette. Departementet ber direktoratet ta i vare at overgangen frå rammeplanen i barnehagen til læreplanane i skolen er formålstenleg. Departementet informerer også om at det blir utarbeidd ei kunnskapsoversikt om forsking på dei minste barna i skolen som kan bli tatt i bruk av læreplangruppene i arbeidet med fagfornyinga.

Regjeringa meiner at dei omtalte føringane for arbeidet med fagfornyinga tar vare på intensjonen bak vedtaket, og at vedtaket kan utkvitterast.

Barnehage: Kartlegging av ansiktsdekkande plagg

Vedtak nr. 830, 5. juni 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 830, 5. juni 2018, jf. Prop. 51 L (2017–2018) Endringar i opplæringslova mv. (forbod mot bruk av ansiktsdekkjande plagg i barnehagar og undervisningssituasjonar) og Innst. 351 L (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen kartlegge omfanget av ansiktsdekkende plagg blant barn i barnehage, og iverksette tiltak dersom dette er en reell problemstilling.»

For å klargjere om dette er ei relevant problemstilling har Utdanningsdirektoratet i 2018 henta inn erfaringar frå barnehagesektoren i utvalde kommunar med høg del innvandrarar i befolkninga. I tillegg viser direktoratet til relevant litteratur på feltet, der hovudpoenget er at bruk av ansiktsdekkjande plagg heng saman med alderen på brukaren, og at det ikkje er støtte for at jenter i barnehagealder brukar plagg som nikab eller burka, sjølv om hijab forekjem. Direktoratet konkluderer med at det ikkje er grunnlag for å vurdere bruk av ansiktsdekkjande plagg blant barn i barnehagen som ei reell problemstilling.

Regjeringa meiner at vedtaket er kvittert ut.

Sikre barne- og ungdomsorganisasjonar tilgang til skolar og andre offentlege bygg

Vedtak nr. 832, 5. juni 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 832, 5. juni 2018, jf. Dokument 8:176 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Fredrik Grøvan, Olaug V. Bollestad, Tore Storehaug og Geir Jørgen Bekkevold om nasjonale retningslinjer for barne- og ungdomsorganisasjoners tilgang til bruk av skoler og andre offentlige rom og Innst. 347 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen gå i dialog med KS og Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner med sikte på å sikre barne- og ungdomsorganisasjoner tilgang til skoler og andre offentlige bygninger lokalt, og unngå at skoleeierne bidrar til usaklig forskjellsbehandling ved utlån.»

Det er gjennomført eit første møte mellom KS og LNU om denne saka. Regjeringa vil følge opp vedtaket og komme tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Avtalar for tilsetting av skoleleiar/rektor

Vedtak nr. 883, 11. juni 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 883, 11. juni 2018, jf. Dokument 8:194 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Martin Henriksen, Torstein Tvedt Solberg, Mani Hussaini, Marit Arnstad, Marit Knutsdatter Strand, Audun Lysbakken, Mona Fagerås og Hadia Tajik om tillitsreform i skolen og Innst. 378 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen undersøke i hvilken grad detaljerte målkrav og indikatorer knyttet til elevresultater benyttes i ansettelsesavtaler med skoleledere og rektorer. Videre ber Stortinget regjeringen vurdere konsekvensene av dette sett i lys av overordnet del av læreplanen og melde tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Departementet vil stille spørsmål om bruk av målkrav og indikatorar knytte til elevresultat i tilsettingsavtale med skoleleiarar i Spørsmål til Skole-Norge, som er ei spørjing til skolar og skoleleiarar. Undersøkinga omfattar grunnskolar, vidaregåande skolar, kommunane og fylkeskommunane. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Handlingsrom for lærarprofesjonen

Vedtak nr. 884, 11. juni 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 884, 11. juni 2018, jf. Dokument 8:194 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Martin Henriksen, Torstein Tvedt Solberg, Mani Hussaini, Marit Arnstad, Marit Knutsdatter Strand, Audun Lysbakken, Mona Fagerås og Hadia Tajik om tillitsreform i skolen og Innst. 378 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen sørge for at arbeidet med fagfornyelsen og revidering av opplæringsloven ivaretar lærerprofesjonens profesjonelle handlingsrom, i tråd med Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen.»

Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen er både ein sjølvstendig del av det fornya læreplanverket og førande for den pågåande fornyinga av fag. Dei nye læreplanane for fag skal framleis vere kompetansebaserte, og det inneber til dømes at lærarprofesjonen framleis skal ha eit profesjonelt handlingsrom til å avgjere kva for metodar og verkemiddel som skal brukast i undervisninga for å nå måla. Departementet har vore særleg opptatt av at prinsippa i Overordna del følgjast opp i arbeidet med å utforme dei nye læreplanane, og har mellom anna presisert at kompetansemåla skal utformast slik at dei gir eit lokalt handlingsrom og moglegheit for tilpassing, samt at den fagspesifikke teksten om vurdering ikkje skal avgrense læraranes handlingsrom til å tilpasse undervisninga og organisere opplæringa.

Overordna del utdjupar verdigrunnlaget i formålsparagrafen og dei overordna prinsippa for grunnopplæringa. I arbeidet med revidering av opplæringslova har regjeringa presisert at formålsparagrafen i opplæringslova skal førast vidare. Målet med arbeidet er eit regelverk som tar i vare måla og prinsippa for grunnopplæringa slik dei er nedfelte i formålsparagrafen og i sentrale styringsdokument, som budsjettproposisjonar og stortingsmeldingar. Det er vidare presisert i mandatet til utvalet at forslaget skal ta omsyn til at opplæringslova både skal heimle og beskytte til rettane og behova til elevane, og samstundes gi profesjonsutøvarane tilstrekkeleg rom for skjønnsutøving.

Regjeringa meiner at vedtaket er utkvittert.

Redusere dokumentasjonskravet

Vedtak nr. 885, 11. juni 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 885, 11. juni 2018, jf. Dokument 8:194 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Martin Henriksen, Torstein Tvedt Solberg, Mani Hussaini, Marit Arnstad, Marit Knutsdatter Strand, Audun Lysbakken, Mona Fagerås og Hadia Tajik om tillitsreform i skolen og Innst. 378 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen fortsette å redusere omfanget av rapportering og dokumentasjon på nasjonalt nivå samt ta initiativ til at kommunene gjennomgår sine lokale planer for rapportering og dokumentasjon når nye læreplaner innføres. En slik gjennomgang bør gjennomføres i samarbeid med partene, lærerutdanningsinstitusjonene, elever, lærerstudenter, skoleeiere og skoleledere, med sikte på å redusere dokumentasjonskravene og styrke det lokale handlingsrommet til skoleeier.»

Regjeringa er svært opptatt av å føre vidare arbeidet med å redusere omfanget av dokumentasjon, rapportering og andre tidstjuvar i skolen. Regjeringa meiner samtidig at dette arbeidet ikkje må vere ei tidsavgrensa utgreiing eller prosjekt, men at det må vere organisert som ein kontinuerleg prosess. Departementet har derfor tatt initiativet til å etablere ei arbeidsgruppe der representantar for partane deltar saman med departementet og Utdanningsdirektoratet. Partane er einige i ei slik tilnærming, og ei arbeidsgruppe startar opp hausten 2018. Mandatet til gruppa skal utarbeidast i samarbeid med partane. Det er vidare semje om at gruppa både skal vurdere nåverande dokumentasjons- og rapporteringskrav og tilsvarande krav som kan komme som følge av nye reformer og tiltak, som fagfornyinga. Gruppa skal òg vurdere både statlege og lokale tidstjuvar, herunder tidstjuvar som kjem frå andre sektorar enn skolesektoren.

Regjeringa meiner at den partssamansette arbeidsgruppa vil sikre at intensjonen med vedtaket blir nådd, og at vedtaket kan reknast som utkvittert.

Nedsette utval for nasjonalt kvalitetsvurderingssystem

Vedtak nr. 886, 11. juni 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 886, 11. juni 2018, jf. Dokument 8:194 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Martin Henriksen, Torstein Tvedt Solberg, Mani Hussaini, Marit Arnstad, Marit Knutsdatter Strand, Audun Lysbakken, Mona Fagerås og Hadia Tajik om tillitsreform i skolen og Innst. 378 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen nedsette et utvalg der partene i skolesektoren er representert, for å gjennomgå Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem i lys av fagfornyelsen og fremme forslag til endringer på egnet måte.»

Kvalitetsvurderingssystemet skal gi eit kunnskapsgrunnlag, både nasjonalt og lokalt, om mellom anna elevanes læringsutbytte. Det viktigaste formålet med systemet er at det skal skape prosessar for å forbetre opplæringa. Når faga i skolen blir fornya, må også kvalitetsvurderingssystemet bli vidareutvikla i samsvar med prinsippa for fagfornyinga. Regjeringa vil invitere partane til ein gjennomgang av kvalitetsvurderingssystemet i lys av fagfornyinga når dei nye læreplanane er klare.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Barnehage: Betre finansiering av bemanningsnorma

Vedtak nr. 1005, 15. juni 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 1005, 15. juni 2018, jf. Meld. St. 2 (2017–2018) Revidert nasjonalbudsjett 2018 og Innst. 400 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen bedre finansieringen av bemanningsnormen i barnehagene gjennom et øremerket tilskudd for 2018 og de to kommende budsjettårene på 100 mill. kroner. De øremerkede midlene fordeles med 60 mill. kroner til en overgangsordning for de private barnehagene som ligger i kommuner som hadde over 6,0 barn per voksen i kommunens egne barnehager per desember 2017. Overgangsordningen skal gjelde fra innføringstidspunktet 1. august 2018 og ut 2020 og må ta særlig hensyn til å bidra til en bærekraftig økonomi i små private barnehager. De resterende 40 mill. kroner fordeles til kommunene etter tilsvarende kriterier som de private.»

Regjeringa har utarbeidd ei overgangsordning i samsvar med instruksane i vedtaket. Overgangsordninga vil vere eit viktig bidrag for å sikre ein berekraftig økonomi i små private barnehagar i kommunar der bemanningsnorma ikkje er oppfylt enda. Departementet vil offentleggjere ei årleg oversikt over endeleg fordeling av midlane til kommunane for 2018, 2019 og 2020. Departementet meiner at vedtaket er utkvittert.

Oppmodingsvedtak under forskings- og høgre utdanningsministeren

Bygg og infrastruktur i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning

Vedtak nr. 375, 3. februar 2015

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 375, 3. februar 2015, jf. Innst. 137 S (2014–2015) og Meld. St. 7 (2014–2015):

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med rulleringen av langtidsplanen i 2018 utarbeide en investeringsplan, køordning for investeringer, og større bygge- og vedlikeholdsprosjekter av bygg i universitets- og høyskolesektoren.»

Regjeringa har følgt opp vedtaket i den reviderte langtidsplanen for forsking og høgre utdanning som blir lagt fram samstundes med statsbudsjettet for 2019, ved å legge fram ein plan for utvikling, forvaltning og prioritering av bygg i universitets- og høgskolesektoren. Formålet med planen er å fastsette rammene for ein heilskapleg politikk for utvikling, forvaltning og prioritering av bygg og campusutvikling. Departementet meiner oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Private høgskoletilbod i dei statlege finansieringsordningane

Vedtak nr. 108, vedtakspunkt 26, 5. desember 2016

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 108.26, 5. desember 2016, jf. Innst. 2 S (2016–2017) og Prop. 1 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen fremme en sak om kriteriene for innlemming av nye akkrediterte private høgskoletilbud i de statlige finansieringsordningene.»

Departementet sette ned ei ekspertgruppe med representantar frå universitets- og høgskolesektoren 1. desember 2016. Ekspertgruppa foreslo mellom anna at institusjonsakkreditering skulle vere eit kriterium for å kunne få statstilskott. Departementet går no gjennom tilrådingane frå ekspertgruppa og vurderer om og i tilfelle korleis dei kan følgast opp. Dersom det skal gjennomførast endringar i lova, vil departementet sende ut forslag til alminneleg høyring.

Auka utdanningskapasitet i offentleg planlegging

Vedtak nr. 708, 29. mai 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 708, 29. mai 2017, jf. Innst. 300 S (2016–2017), Meld. St. 18 (2016–2017) Berekraftige byar og sterke distrikt og Dokument 8:44 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Heidi Greni, Jenny Klinge og Ivar Odnes om utredning av hvordan fordelingen av statlige arbeidsplasser påvirker regionale ulikheter:

«Stortinget ber regjeringen sette i gang et arbeid for å øke utdanningskapasiteten i offentlig planlegging.»

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i 2018 i samarbeid med Forum for utdanning i samfunnsplanlegging (FUS) sett i gang eit arbeid for å kartlegge omfanget av utdanningstilbod som er relevante for offentleg planlegging. Dette arbeidet kan gi ei betre oversikt over utviklinga i søkartal, opptak til og utdanning av kandidatar som tar ei utdanning relatert til offentleg planlegging. Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil dessutan føre vidare tildelinga av midlar til etterutdanning for offentlege planleggarar og tar sikte på å føre vidare forskingsinnsatsen på planfeltet på noverande nivå.

Universiteta og høgskolane har ansvar for å følge opp dei nasjonale sektormåla, der eitt av måla er god tilgang til utdanning, og dei skal sette eigne mål for verksemda og sine eigne styringsparametrar for måloppnåinga si. Institusjonane har i tråd med dette eit ansvar for å dimensjonere studietilboda sine innanfor gjeldande rammeløyvingar. Mange institusjonar har utdanningar som er relevante for arbeid som offentlege planleggarar, og må vurdere vidare kapasitetsbygging på desse områda i tråd med behova i samfunnet. I tillegg vurderer regjeringa det nasjonale kompetansebehovet og mogleg behov for fleire studieplassar i dei årlege budsjettprosessane.

Kunnskapsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Informasjon om autorisasjon til studentar i utlandet

Vedtak nr. 767, 7. juni 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 767, 7. juni 2017, gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning, jf. Innst. 364 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen sørge for at studenter som søker studiestøtte for utdanning i utlandet, blir informert om hvorvidt den aktuelle utdanningen kvalifiserer til autorisasjon eller andre godkjenninger som er nødvendige for å utøve yrket i Norge.»

Det er Helsedirektoratet som stadfester vilkår for autorisasjon ein må få for å arbeide i eit regulert helsefagleg yrke. Lånekassen har på nettstaden sin forbetra informasjonen om vilkår for autorisasjon for slike regulerte yrke. Dette gjeld kva for utdanningar tatte i utlandet som ein kan rekne med gir grunnlag for autorisasjon, og kva for utdanningar som ein ikkje kan vere like sikker på. Lånekassen, Helsedirektoratet og NOKUT har etablert eit samarbeid for å utveksle informasjon om praksis i verksemdene slik at det på eit tidlegare tidspunkt skal vere mogleg å informere om endringar i praksis. Departementet meiner at vedtaket med dette er følgt opp.

Mentorordning i høgre utdanning

Vedtak nr. 769, 7. juni 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 769, 7. juni 2017, jf. Innst. 364 S (2016–2017) og Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning:

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan man trinnvis kan innføre en mentorordning i høyere utdanning.»

For å følge opp vedtaket har Universitetet i Bergen på oppdrag frå departementet levert ei utgreiing om mentorordningar.

Utgreiinga viser at det både nasjonalt og internasjonalt finst mange måtar å organisere mentorordningar i høgre utdanning på og at dei kan ha ulike formål. Ein forskjell er mellom ordningar som fokuserer på integrering i eit fagmiljø, og dei som fokuserer på arbeidslivet. Ordningane kan også ha ulike deltakarar, med mentorar frå dei tilsette, frå arbeidslivet eller frå meir erfarne studentar, og med mentoring éin-til-éin eller i grupper. Mentorordningane kan vere innretta mot ulike stadier i studiet og mot studium på ulike nivå, og ha ulikt omfang. Det varierer òg om mentorane deltar frivillig eller får lønn eller anna kompensasjon.

Utgreiinga viser at mentorordningar kan henge saman med og overlappe med andre verkemiddel som fadderordningar, fagleg rettleiing og tilbakemeldingar på innleveringar og oppgåver, karriererettleiing med meir. Mentorordningane bør derfor sjåast i samanheng med dei andre tilboda til studentane, og vil kunne få ulike verknader på desse tilboda.

  • I første omgang vil departementet i tildelingsbrevet til universiteta og dei statlege høgskolane for 2019 gi melding til kvar institusjon om å starte opp mentorordningar. Departementet forventar at institusjonane startar opp med nye mentorordningar i 2019, avhengig av storleiken og kva ordningar dei allereie har.

  • Departementet vil i neste trinn følge dette opp i etatsstyringa og framtidige tildelingsbrev. Departementet vil ikkje legge føringar på korleis institusjonane organiserer mentorordningane sine, kva studium eller nivå som først blir omfatta og så vidare. Det vil ikkje vere ein modell som er det rette for alle studentar og fag. Institusjonane må sjølv vurdere korleis mentorordningane kan bli organiserte på best mogleg måte.

  • Departementet vil allereie frå 2019 be Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgre utdanning (DIKU) om å fremme arbeidet med mentorordningar gjennom dialog med institusjonane, seminar og erfaringsdeling.

  • I neste trinn av innføringa tar departementet sikte på ei ekstern evaluering av ordningane etter at dei har verka i nokre år. Evalueringa vil vise i kva grad ordningane gir betre gjennomstrøyming og fleire studiepoeng. På bakgrunn av evalueringa vil departementet vurdere neste trinn i styringa, og om bruken av mentorordningar bør bli utvida.

Regjeringa har sett ned eit utval som skal gå gjennom regelverket for universitet og høgskolar. Lovutvalet vil bli bede om å vurdere mentorordningar i tråd med Stortingets vedtak 811, 31. mai 2018 og ta stilling til om mentorordning bør lovfestast og eventuelt korleis det bør gjerast både for statlege og private institusjonar. Denne vurderinga kan bygge på utgreiinga frå Universitetet i Bergen.

Departementet meiner oppmodingsvedtaket med dette er følgt opp.

Utredning studieplasser i medisin

Vedtak 362, 19. desember 2017

Departementet viser til Prop. 1 S (2017–2018) og Innst. 11 S (2017–2018).

«Stortinget ber regjeringen igangsette et arbeid med mål om å øke antall studieplasser innen medisin i Norge, herunder å vurdere å øke antall studiesteder, og komme tilbake til Stortinget med en vurdering i statsbudsjettet for 2019.»

Regjeringa har satt ned ei arbeidsgruppe som skal greie ut ulike modellar for eit studium i klinisk medisin. Gruppa skal vurdere ein modell der studentar som studerer medisin i utlandet, kan ta dei siste åra i Stavanger, gjennom eit samarbeid mellom Stavanger Universitetssjukehus, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Bergen. Gruppa skal komme med ein endeleg rapport innan utgangen av september 2019. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om saka. Ifølge mandatet til arbeidsgruppa skal ho òg hente inn informasjon frå dei fire medisinske fakulteta om det er mogleg å auke talet på studentar innanfor dagens medisinstudium. Ho skal òg hente inn informasjon om dei medisinske fakulteta tar opp det talet på studentar som dei har fått budsjett for, om dei har kapasitet til å ta opp fleire studentar dersom dei blir tildelte midlar til fleire studieplassar, og om dei har tilgang på tilstrekkeleg mange praksisplassar. Departementet meiner oppmodningsvedtaket med dette er følgt opp.

Strukturendringar i universitets- og høgskolesektoren

Vedtak nr. 378, 19. desember 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 378, 19. desember 2017, jf. Innst. 12 S (2017–2018) og Prop. 1 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen igangsette en forskningsbasert evaluering av de strukturendringene som gjennomføres i universitets- og høyskolesektoren.»

Noregs forskingsråd fekk i 2018 i oppgåve av Kunnskapsdepartementet å finansiere ei forskingsbasert evaluering med internasjonal deltaking av strukturreforma i universitets- og høgskolesektoren. Evalueringa har ei ramme på 15 mill. kroner og vil gå føre seg i tre til fem år. Forskingsrådet har lyst ut evalueringa med søknadsfrist i februar 2019. Departementet meiner oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Masterutdanning i luftfart

Vedtak nr. 379, 19. desember 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 379, 19. desember 2017, jf. Innst. 12 S (2017–2018) og Prop. 1 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen vurdere behovet for en masterutdanning innen luftfart ved neste prioritering av studieplasser innen universitets- og høyskolesektoren.»

Universiteta og høgskolane har ansvar for å følge opp dei nasjonale sektormåla, der eitt av måla er god tilgang til utdanning, og dei skal sette eigne mål for verksemda og sine eigne styringsparametrar for måloppnåinga si. Institusjonane har i tråd med dette eit ansvar for å dimensjonere studietilboda sine innanfor gjeldande rammeløyvingar. I tillegg vurderer regjeringa det nasjonale kompetansebehovet og mogleg behov for fleire studieplassar i dei årlege budsjettprosessane. Regjeringa vil i den samanhengen vurdere behovet for ei masterutdanning innanfor luftfart, men samstundes peike på at ein institusjon innanfor si gjeldande ramme står fritt til å opprette masterutdanning innanfor luftfart. Departementet meiner oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Bygg og infrastruktur i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning

Vedtak nr. 380, 19. desember 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 380, 19. desember 2017, jf. Innst. 12 S (2017–2018) og Prop. 1 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen innlemme bygg og infrastruktur i revideringen av langtidsplanen for forskning og høyere utdanning.»

Regjeringa har følgt opp vedtaket i den reviderte langtidsplanen for forsking og høgre utdanning som blir lagt fram samstundes med statsbudsjettet for 2019, ved å legge fram ein plan for utvikling, forvaltning og prioritering av bygg i universitets- og høgskolesektoren. Formålet med planen er å fastsette rammene for ein heilskapleg politikk for utvikling, forvaltning og prioritering av bygg og campusutvikling. Departementet meiner oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Kvoteordningen for utenlandsstudenter

Vedtak nr. 381, 19. desember 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 381, 19. desember 2017, jf. Innst. 12 S (2017–2018) og Prop. 1 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringa evaluere konsekvensane av utfasinga av kvoteordninga for utanlandsstudentar og kome tilbake til Stortinget på eigna måte i løpet av 2018.»

Kvoteordninga var ei stipendordning som innebar at det til ei kvar tid var opp til 1 100 internasjonale studentar som kunne ta høgre utdanning i Noreg. Ordninga eksisterte gjennom fleire tiår. Etter ei evaluering av kvoteordninga i 2013/2014 vedtok Stortinget å avvikle ordninga frå 2016 og erstatte den med to tiltak:

  • delar av midlane som blei frigjorde skulle brukast til eit nytt partnarskapsprogram for samarbeid mellom norske universitet og høgskolar og tilsvarande institusjonar i utviklingsland (NORPART).

  • delar av midlane skulle brukast til tiltak under Panorama, regjeringa sin strategi for forskings- og høgare utdanningssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika.

Kunnskapsdepartementet har bede Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (DIKU), tidlegare Senter for internasjonalisering av utdanning, gjennomføre ei evaluering, i samarbeid med eit eksternt analysebyrå.

Evalueringa viser at stønad til utdanningssamarbeid med utviklingsland i Sør ikkje er blitt mindre sammenlikna med situasjonen under Kvoteordninga. Fordelinga av støtta mellom dei ulike geografiske områda er tilnærma lik det den var under Kvoteordninga, men ressursane blir brukte på ein grunnleggjande annan måte.

Eit viktig mål i NORPART er kvalitetsutvikling av studieprogram i utviklingsland og Noreg, som vil komme til nytte for langt fleire studentar enn dei som kan reise. I 2018, når under halvparten av midla som vil bli frigjorde til NORPART-programmet er tilgjengelege, er det planlagd nesten like mange innreisande studentar per krone som det som var situasjonen for mobiliteten frå utviklingsland i Kvoteordninga. Overgangsfasen mellom dei to ordningane inneber at talet på studentar som får støtte til å komme til Noreg i ein overgangsfase er langt lågare enn under Kvoteordninga. Dette talet vil stige kraftig dei neste åra. Fordi midlar framleis er bundne opp i Kvoteordninga, fungerer NORPART per i dag på under halv maskin. Ca 40 pst. av den ramma NORPART er ment å skulle ha på sikt er per nå tildelt prosjekter, men dette vil auke frå 2019. Ettersom studentane i NORPART kjem på kortare opphald enn det studentane gjorde gjennom Kvoteordninga og det ikkje er planlagd at det skal komme fleire studentar, vil det til ei kvar tid vere vesentleg færre internasjonale studentar frå utviklingsland i Noreg med NORPART-finansiering enn det som var tilfellet gjennom Kvoteordninga.

Statistikk frå SSB viser at det i 2017 kom færre internasjonale studentar til Noreg enn i 2015, dette gjeld også for studentar frå det globale sør. Det er verd å merke seg at 2015 var eit spesielt år når det gjeld talet på internasjonale gradstudentar. Rapporten viser til dømes at når det spesifikt gjeld gradstudentar frå Afrika ved norske institusjonar har talet vore ganske stabilt over ein sjuårsperiode frå 2010 til 2017, på rundt 900 studentar årleg, med eit unnatak på omlag 1 150 studentar i 2015. Det relative forholdet mellom dei verdsdelane studentane opphavleg kjem frå har vore påfallande stabilt i perioden frå 2010 til i dag.

Avviklinga av Kvoteordninga er ein prosess som framleis varer. Det er framleis studentar som studerer i Noreg med støtte gjennom Kvoteordninga og dei ordningane som blei lanserte i samband med avviklinga er framleis i startfasen. Det vil derfor ta noko meir tid før ein kan konkludere endeleg om avviklinga av Kvoteordninga og innføringa av NORPART og erfaringane med Panoramastrategien.

Evalueringa vil bli offentleggjort i etterkant av at Prop. 1 S (2018–2019)er lagt fram. Departementet meiner at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Studentbustader

Vedtak nr. 382, 19. desember 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 382, 19. desember 2017, jf. Innst. 12 S (2017–2018) og Prop. 1 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget i revidert nasjonalbudsjett for 2018 med en vurdering av om kostnadsrammene og tilskuddssatsene er hensiktsmessige for å realisere et tilstrekkelig antall nye studentboliger.»

Husbanken fekk i januar 2018 i oppdrag frå Kunnskapsdepartementet å vurdere gjeldande kostnadsrammer og tilskottssatsar for studentbustadbygging. I rapporten foreslo Husbanken å auke kostnadsrammene noko, i pakt med utviklinga av kostnadsnivået i byggesektoren. Regjeringa foreslo i revidert nasjonalbudsjett for 2018, jf. Innst. 400 S (2017–2018) og Prop. 85 S (2017–2018), å auke kostnadsrammene og tilskottssatsane i tråd med tilrådingane frå Husbanken. Stortinget slutta seg til forslaget. Nye satsar er innførte for tildelingar i 2018. I statsbudsjettet for 2019 foreslår regjeringa å føre vidare nivået på kostnadsrammene og tilskottssatsane frå 2018, og justere med årleg anslag på prisvekst for å sikre betre samsvar mellom kostnadsramma og byggekostnader.

Regjeringa sette i april 2018 ned ei arbeidsgruppe med sakkunnige representantar frå relevante organisasjonar til å gå gjennom ordninga for studentbustadbygging med offentleg støtte. Gruppa er bedt om å levere rapporten sin innan utgangen av 2018. Departementet vil på grunnlag av rapporten vurdere langsiktige endringar både i gjeldande satsar og finansiering og i det vidare systemet for fordeling og iverksetting av bustadprosjekt.

Departementet meiner oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Studentombod

Vedtak nr. 520, 1. mars 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 520, 1. mars 2018, gjort i samband med behandlinga av representantforslag frå stortingsrepresentantane Martin Henriksen, Jette F. Christensen, Torstein Tvedt Solberg og Nina Sandberg om studentombod, jf. Innst. 122 S (2017–2018) og Dokument 8:48 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med ett forslag til lovendring som pålegger alle høyere utdanningsinstitusjoner å etablere et studentombud, enten alene eller i samarbeid med andre institusjoner.»

I slutten av august 2018 blei det sendt ut høyring om endringar i universitets- og høgskoleloven og fagskoleloven som mellom anna dreidde seg om lovfesting av ordning med studentombud. Høyringsfristen er sett til 30. november 2018. Regjeringa tar sikte på å legge fram ein lovproposisjon for Stortinget våren 2019. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Opptak til PPU

Vedtak nr. 553, 20. mars 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 553, 20. mars 2018, jf. Innst. 179 S (2017–2018) og Dokument 8:95 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Martin Henriksen, Leif Audun Sande, Torstein Tvedt Solberg og Nina Sandberg om å innføre den praktiske skolesekken for elever i barne- og ungdomsskolen:

«Stortinget ber regjeringen sikre at bachelor i praktiske og estetiske fag (180 studiepoeng) kvalifiserer for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).»

Frå hausten 2019 må alle som skal ta PPU, ha mastergrad for opptak. I forskrifta er det unntak for søkarar med bachelorgrad i idrettsfag og i utøvande og skapande kunstfag. Stortinget sitt vedtak verkar inn på korleis opptakskravet blir avgrensa, men det må høyrast i sektoren korleis ein skal følge opp vedtaket med omsyn til fortolkingar og moglege verknader. Vedtaket blei sendt ut til høyring 5. juli 2018, med frist 5. oktober. I høyringa ber departementet om at sektoren vurderer følgande:

  • «1. Vedtaket forutsetter en bachelorgrad i praktiske og estetiske fag (180 studiepoeng).

    1. Hvordan skal vi i denne sammenhengen forstå «praktiske og estetiske fag»?

    2. Bør en slik bachelorutdanning være enfaglig, dvs. 180 studiepoeng i ett fag, eller bør den åpne for flere fag?

    3. Hvor mange fag kan eventuelt inngå, og i hvilket omfang?

    4. Bør eventuelt alle fagene i bachelorgraden være praktiske og estetiske?

  • 2. Det er spesielle opptakskrav til norsk lærerutdanning.

    1. Bør det også være spesielle opptakskrav for søkere som tas opp på grunnlag av bachelor i praktiske og estetiske fag?

    2. I så fall, hvilke?

  • 3. Andre hensyn som høringsinstansene ønsker å uttale seg om.»

Departementet tek sikte på å endre forskrifta hausten 2018, slik at institusjonane har tid til å endre studieplanar og informere studiesøkarane sine før opptaket hausten 2019.

Departementet meiner at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

IKT-tryggleik i ingeniør- og teknologiutdanningene

Vedtak nr. 583, 10. april 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 583, 10. april 2018, gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 38 (2016–2017) IKT-sikkerhet – et felles ansvar, jf. Innst. 187 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen sørge for at relevante ingeniør- og teknologiutdanninger har kurs i IKT-sikkerhet.»

Kunnskapsdepartementet har våren 2018 revidert forskrift om rammeplan for ingeniørutdanninga og fastsett ei eiga læringsutbytteskildring for kandidatane om IKT-tryggleik. Institusjonane vil følge opp endringa av rammeplanen i sine lokale fagplanar. Kunnskapsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet har også hatt dialog med Universitets- og høgskolerådet (UHR) ved Nasjonalt Fagråd for IKT om auka vektlegging av IKT-tryggleik i teknologiutdanningane. I revidert nasjonalbudsjett for 2018 vedtok Stortinget å løyve 1 mill. kroner for å stimulere høgre utdanningsinstitusjonar som tilbyr ingeniør- og IKT-utdanning, til å legge meir vekt på IKT-tryggleik i utdanninga. Kunnskapsdepartementet har fordelt midlane til UHR, som skal koordinere eit samarbeid mellom institusjonane. Samarbeidet legg til rette for tiltak som vil auke kvaliteten på og omfanget av IKT-tryggleik i utdanningane. Kunnskapsdepartementet vil også sette av midlar i 2019 til å føre vidare arbeidet til UHR med å styrke tilbodet i IKT-tryggleik i ingeniør- og teknologiutdanningane. Tiltaket vil også bli synleggjort overfor målgruppene i nasjonal strategi for IKT-tryggleik.

Departementet meiner oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Digitalisering og IKT-tryggleik i den reviderte langtidsplanen

Vedtak nr. 585, 10. april 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 585, 10. april 2018, gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 38 (2016–2017) IKT-sikkerhet – et felles ansvar, jf. Innst. 187 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen sørge for at digitalisering og IKT-sikkerhet prioriteres i neste Langtidsplan for forskning og høyere utdanning.»

I den reviderte langtidsplanen for forsking og høgre utdanning er digitalisering og IKT-tryggleik høgt prioriterte, mellom anna i den langsiktige prioriteringa Mogleggjerande og industrielle teknologiar og i den nye langsiktige prioriteringa Samfunnstryggleik og samhøyr i ei globalisert verd. I tillegg inneheld den reviderte langtidsplanen ein opptrappingsplan for teknologi.Departementet meiner oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Forsterka rekrutteringspolitikk og rekruttering til lærarutdanninga og yrket

Vedtak nr. 696, 7. mai 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 696, 7. mai 2018, jf. Dokument 8:115 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Marit Arnstad, Marit Knutsdatter Strand, Steinar Ness og Heidi Greni om lærermangel og Innst. 243 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen sikre nok kvalifiserte lærere gjennom en forsterket rekrutteringspolitikk og nye tiltak som bidrar til økt rekruttering til lærerutdanningen og yrket.»

Regjeringa viser i denne samanhengen til omtale av lærarrekruttering under vedtak nr. 772, 7. juni 2017 og omtale av kvalifiseringsstipend for tilsette i undervisningsstillingar som manglar lærarutdanning, under vedtak nr. 773, 7. juni 2017 ovanfor.

Kunnskapsdepartmentet etablerte i juni 2018 Nasjonalt forum for lærerutdanning og profesjonsutvikling (NFLP), samansett av universitets- og høgskolesektoren og interesseorganisasjonane. Rekruttering er eit viktig tema for samarbeidsforumet.Regjeringa har sett i verk ei rekke tiltak for å sikre tilgang på kvalifiserte lærarar. Ordninga med sletting av studiegjeld for dei som tar lærarutdanning, kjem særleg til gode dei som utdannar seg for 1.–7. trinn og lærarar som tar seg jobb i Nord-Noreg etter avslutta utdanning. Satsinga på vidareutdanning av lærarar og lærarspesialistordninga bidrar til å gjere det attraktivt for dei som allereie er i læraryrket.

I 2017 blei det tildelt til saman 9,5 mill. kroner til tiltak for rekruttering ved lærarutdanningsinstitusjonar, mellom anna for å teste ut ordningar for å kvalifisere tilsette i skolen som manglar formelle kvalifikasjonar for tilsetting i undervisningsstillingar. Av desse gjekk 6,7 mill. kroner til dei tre institusjonane i Nord-Noreg.

I 2018 har Utdanningsdirektoratet fått 7,5 mill. kroner til å greie ut og foreslå tiltak for at tilsette i grunnskolen som ikkje har fullført lærarutdanning, kan fullføre utdanninga. Som ein del av utgreiinga skal Utdanningsdirektoratet vurdere om det kan vere aktuelt å opprette nye studietilbod som kan kvalifisere lærarar som er kvalifiserte for å undervise på 5.–13. trinn til òg å undervise på 1.–4. trinn. I tillegg har direktoratet fått 2,5 mill. kroner for å greie ut ordningar for å rekruttere søkarar til sør- og lulesamisk og kvensk lærarutdanning. I revidert nasjonalbudsjett for 2018 blei det i tillegg løyvd 10 mill. kroner til rekrutteringstiltak. Tiltaka skal primært rette seg mot 1.–7. trinn, der behovet er størst, og bidra til å rekruttere fleire menn og personar med innvandrarbakgrunn.

Departementet meiner at vedtak nr. 696, 7. mai 2018 er utkvittert.

Jordmorutdanning

Vedtak nr. 749, 24. mai 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 749, 24. mai 2018, jf. Innst. 280 S (2017–2018) og Dokument 8:154 S (2017–2018) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe, Geir Pollestad, Marit Arnstad og Åslaug Sem-Jacobsen om tiltak for å sikre mor og barn ei fagleg god barselomsorg og hindre uforsvarlege kutt i liggjetid på sjukehus etter fødsel:

«Stortinget ber regjeringen vurdere å opprette ytterligere en jordmorutdanning, i for eksempel Stavanger, for å møte fremtidens behov for jordmødre, både på sykehus og i kommunehelsetjenesten.»

Fleire regionale helseforetak har peika på auka behov for fleire jordmødre. Helse- og omsorgsdepartementet har inngått avtale med Statistisk sentralbyrå om nye personellframskrivingar. Dette vil gi regjeringa eit betre grunnlag for å vurdere framtidig behov for å styrke utdanningskapasiteten i dei ulike regionane.

Universiteta og høgskolane har ansvar for å følge opp dei nasjonale sektormåla, der eitt av måla er god tilgang til utdanning, og dei skal sette eigne mål for verksemda og sine eigne styringsparametrar for måloppnåinga si. Institusjonane har i tråd med dette eit ansvar for å dimensjonere studietilboda sine innanfor gjeldande rammeløyvingar. Universitet og høgskolar har innanfor si gjeldande ramme og faglege føresetnader moglegheit til å etablere eit nytt tilbod om jordmorutdanning eller å auke opptakskapasiteten til utdanninga. I tillegg vurderer regjeringa det nasjonale kompetansebehovet og mogleg behov for fleire studieplassar i dei årlege budsjettprosessane, og vil i denne samanhengen vurdere moglegheita for å auke utdanningskapasiteten i jordmorutdanning.

Kunnskapsdepartementet meiner oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Mentorordning i høgre utdanning

Vedtak nr. 811, 31. mai 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 811, 31. mai 2018, jf. Prop. 64 L (2017–2018) og Innst. 318 L (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen som del av den helhetlige gjennomgangen av regelverket for universiteter og høyskoler, utrede og foreslå hvordan man trinnvis kan innføre en faglig mentorordning for alle studenter på bachelornivå i høyere utdanning.»

Regjeringa har sett ned eit utval som skal gå gjennom regelverket for universitet og høgskolar. Lovutvalet vil bli bedt om å vurdere mentorordningar i tråd med vedtaket, og ta stilling til om mentorordning bør lovfestast, og eventuelt korleis det bør gjerast, for både statlege og private institusjonar. Departementet meiner oppmodingsvedtaket er følgt opp. Sjå elles forklaring til oppmodingsvedtak nr. 769, 7. juni 2017.

Mentorordning i høgre utdanning

Vedtak nr. 812, 31. mai 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 812, 31. mai 2018, jf. Prop. 64 L (2017–2018) og Innst. 318 L (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget i statsbudsjettet for 2019 med en redegjørelse om oppfølgingen av utredningen av mentorordning i høyere utdanning, samt gi en beskrivelse av hvordan det trinnvis kan innføres en mentorordning for bachelorstudenter og studenter i andre deler av studieløpet.»

Sjå forklaring til oppmodingsvedtak nr. 769, 7. juni 2017. Departementet meiner oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Rangering av søkarar til høgre utdanning

Vedtak nr. 887, 11. juni 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 887, 11. juni 2018, jf. Innst. 387 S (2017–2018) og Dokument 8:196 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av dagens regelverk for rangering av søkere til høyere utdanning, inkludert utdanning som i dag ikke gir poeng, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Kunnskapsdepartementet har starta arbeidet med ein heilhetleg gjennomgang av regelverket for rangering, inkludert alle kvotar og tilleggspoeng i systemet for opptak. Resultatet av gjennomgangen vil tidlegast få effekt for opptaket til studieåret 2020–21.

Til forsida