Del 1
Innleiande del
1 Oversikt over budsjettframlegget på programområde 15 Landbruk og mat
1.1 Status og hovudprioriteringar
Det går godt i Noreg. Den økonomiske veksten er solid på same tid som klimagassutsleppa går ned. Bedriftene investerer meir og stadig fleire kjem i jobb, over heile landet. Regjeringa legg fram eit ansvarleg statsbudsjett som sikrar fortsatt vekstkraft i norsk økonomi.
Omstillinga av norsk økonomi må fortsette slik at vi når klimamåla og får fleire bein å stå på i framtida. Konkurransekrafta må styrkast ved at næringslivet blir grønare, smartare og meir nyskapande. Vi legg til rette for at størstedelen av dei nye arbeidsplassane kjem i private bedrifter. Difor prioriterer regjeringa utbygging av veg og bane i heile landet, forsking, innovasjon og kompetanse.
Den viktigaste oppgåva til landbruks- og matsektoren er å sikre innbyggjarane trygge matvarer av god kvalitet og å bidra til ei optimal utnytting av dei jordbaserte naturressursane. Sektoren er av stor verdi for arbeidsplassar og næringsliv over heile landet. Samstundes er det ei næring i utvikling, og dei løysingane som svarte på tidlegare tiders krav og utfordringar er ikkje alltid dei beste i dag. Det er nødvendig med kontinuerleg omstilling for å sikre konkurransekraft i sektoren.
Viktige delar av dei jordbrukspolitiske verkemidla blir utforma i dei årlege jordbruksforhandlingane. Regjeringa legg vekt på forenkling og målretting av verkemidla slik at dei samla bidreg til auka matproduksjon og verdiskaping. I årets jordbruksoppgjer prioriterte partane produksjonar med marknadsmoglegheiter, korn, poteter, frukt og grønt. Det blei òg lagt vekt på å styrkje område med driftsvanskar, Vestlandet, miljø og klima og velferdsordningane. Små og mellomstore mjølkebruk og produsentane som har fått størst kostnadsauke, og som i hovudsak hentar ein vesentleg del av inntektene frå jordbruket, blei tekne særskilt omsyn til i oppgjeret. Avtalen inneheld tiltak som skal gi grunnlag for betre marknadsbalanse.
Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon. Den norske matproduksjonen har særskilde utfordringar med ein kort vekstsesong, spreidde landbruksareal, eit kaldt klima og eit høgt kostnadsnivå. Landbruks- og matpolitikken må difor leggje til rette for eit meir effektivt landbruk, styrkt konkurransekraft for norske jordbruksprodukt og innovasjon og nyskaping i heile sektoren. Dette er følgt opp i Meld. St. 11 (2016–2017) Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon og Stortingets handsaming av denne.
Den jordbruksbaserte næringsmiddelindustrien foredlar i hovudsak norskproduserte jordbruksråvarer. Industrien er i aukande grad eksponert for internasjonal konkurranse, særleg den delen av industrien som produserer foredla jordbruksvarer. Heimemarknadsdelen for norsk næringsmiddelindustri utanom fiskeribransjen er om lag 80 pst. målt i verdi, mot 88,2 pst. i 2003.
Reindrifta er ei urfolksnæring som er unik i både nasjonal og internasjonal samanheng. Det er ei politisk målsetjing å vidareføre og styrkje arbeidet med å utvikle reindriftsnæringa som ei rasjonell og marknadsorientert næring som er berekraftig i eit langsiktig perspektiv.
Skogbruk og trebasert industri er viktig både som næring og som bidrag til å løyse klimautfordringane. Skog- og trenæringa har potensial til å gi enda større positive nærings-, miljø- og klimabidrag enn i dag. Det er ein ambisjon at mest mogleg av tømmeret blir vidareforedla i Noreg der det er lønsamt.
For å stimulere fleire unge til å velje landbruk og matindustri som yrke, er det behov for å styrkje kompetansen i heile verdikjeda og bidra til at jordbruket og industrien blir attraktive arbeidsplassar for dei unge.
Regjeringa vil bruke matpolitikken til å sikre trygg mat og god dyrehelse. Forvaltninga arbeider for å vere førebudd på hendingar som kan utgjere eit trugsmål mot trygg mat og mot matsikkerheita. God dyrehelse og god dyrevelferd er viktig for produksjon av trygg mat og for omdømmet til norsk matproduksjon. For å halde den gode statusen ved like, blir det lagt vekt på kontinuerleg overvaking slik at tiltak kan setjast inn i tide. Helsesituasjonen i norske husdyrhald er god. Det er svært få tilfelle av salmonellainfeksjon hos norske husdyr samanlikna med mange andre land. Smitte til menneske frå norskprodusert kjøtt og kjøttprodukt er difor uvanleg.
Regjeringa har vedteke ein nasjonal strategi mot antibiotikaresistens for perioden 2015–2020. Dei overordna måla i strategien er mindre bruk av antibiotika, meir kunnskap om kva som driv utvikling og spreiing av resistens, og at Noreg skal vere ein pådrivar internasjonalt for utvikling av nye antibiotika og vaksinar. I strategien er det mål om reduksjon av forbruket av antibiotika til kjæledyr med minst 30 pst. og til matproduserande dyr med minst 10 pst. i perioden frå 2013 til 2020. Det er ein nedgang i forbruket av veterinære antibakterielle middel på 32 pst. til kjæledyr frå 2013. Nedgangen er på 20 pst. når ein reknar med bruk av humane antibakterielle middel, estimert ved bruk av data frå Veterinært legemiddelregister. I perioden 2013–2017 var det ein nedgang i forbruket av antibakterielle veterinærpreparat til dei viktigaste matproduserande landdyra på omlag 9 pst. målt i kilo aktivt stoff.
Regjeringa vil arbeide for å hindre at hjorteviltsjukdommen Chronic Wasting Disease (CWD) får fotfeste i Noreg. Det er etablert vernetiltak mot spreiing innanlands og mot utlandet. Heile den smitta villreinflokken i Nordfjella sone 1 blei teken ut vinteren 2018, og det blir gjennomført omfattande prøveuttak for å kartleggje om sjukdommen finst andre stader. Det er fram til 1. september 2018 undersøkt meir enn 43000 prøver frå ulike artar av hjortedyr. Arbeidet med å planleggje reetablering av villrein i dette området etter ein brakkleggingsperiode på minst fem år er godt i gang. Den omfattande kartlegginga er òg viktig for å sikre at dei dyra som blir nytta til å byggje opp ein ny villreinstamme i Nordfjella, er friske.
Regjeringa vil leggje til rette for betre utnytting av skogressursane. Betre skogsvegnett og tømmerkaier, saman med vidareutvikling av offentlege vegar og jernbane, bidreg vesentleg til reduserte transportkostnader, auka lønsemd og større konkurransekraft i skog- og trenæringa. I perioden 2014–2018 er det løyvd rundt 760 mill. kroner til infrastrukturtiltak i skogbruket, fordelt med om lag 525 mill. kroner til skogsvegar og 235 mill. kroner til tømmerkaier. Regjeringa legg òg i 2019 opp til eit høgt ambisjonsnivå for vidareutvikling av infrastrukturtiltak i skogbruket. Forynging er avgjerande for å sikre dei framtidige skogressursane, og bidreg til større opptak av CO2 i skog. Regjeringa vil leggje vekt på at krava til forynging etter hogst blir overhaldne. Klimatiltaka i skog, slik som tettare planting etter hogst, gjødsling av skog og styrking av skogplanteforedlinga, har vore ei satsing i nokre år, og blir førte vidare i 2019. Desse tiltaka vil bidra til større volumproduksjon og dermed større CO2-opptak, samstundes som dei gir grunnlag for å auke verdiskapinga i skognæringa.
Regjeringa vil styrkje bonden sin rett til fritt å disponere over sin eigen eigedom, jf. Jeløya-plattforma. For å styrkje den private eigedomsretten og forenkle eigedomslovgivinga, har Stortinget etter forslag frå regjeringa vedteke fleire endringar i konsesjonslova, jordlova og odelslova. Desse vedtaka er følgde opp og endringane i lovverket er sett i verk. Stortinget har òg bedt regjeringa greie ut konsekvensane av ei vidare liberalisering av konsesjonsplikta utover dei endringane som er vedtekne for reine skogeigedommar. I samband med handsaminga av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 8 S (2017–2018), uttalte Stortingets næringskomitè at ei utgreiing av eigedomsregelverket i jord- og skogbruk bør ha som siktemål å gjere omsyna bak lova mest mogleg effektive. Fleirtalet i komiteen meinte at det blir feil berre å peike på liberalisering av regelverket, og at utgreiingsarbeidet må få ei breiare tilnærming. Departementet vil komme tilbake til Stortinget med saka, jf. omtale av oppmodingsvedtak nr. 878, 13. juni 2017 i punkt 1.4.
Regjeringa vil satse på alternativ næringsutvikling for å gi grunnlag for ein meir framtidsretta landbruksproduksjon. Regjeringa har dei siste åra følgt opp Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål. Jeløyaplattforma legg opp til framleis satsing på dette feltet, mellom anna på lokal mat og drikke og arbeid for ytterlegare forenklingar i regelverket for foredling på eigen gard. Politikken skal leggje til rette for vekst og utvikling uavhengig av storleiken på gardsbruket, slik at landbruksgründerar kan utnytte det samla ressursgrunnlaget i inn- og utmark utan unødige hinder. Meldinga er òg følgd opp med ein eigen strategi for reiseliv basert på ressursane i landbruket og reindrifta, Opplevingar for ein kvar smak, der hovudmålet er auka verdiskaping for mat- og reiselivsaktørar i landbruket og reindrifta. For å skape vekst og verdiskaping i mat- og drikkenæringa skal matnasjonen Noreg vere ei felles politisk ramme for arbeidet med å sjå mat og reiseliv i samanheng. Regjeringa vil utfordre aktørane i heile næringskjeda, og andre aktørar som kan vere interesserte, til å delta i bygginga av Noreg som ein matnasjon fram mot 2030. Det skal lagast ein handlingsplakat for oppfølgingsarbeidet, og aktørane vil bli utfordra til å forplikte seg på mellom anna desse områda:
kunnskap og kompetanse om norsk mat og drikke
tilgang til/produksjon av norsk mat og drikke
norsk mat og drikke i kultursektoren
norsk mat og drikke i offentleg sektor
norsk mat og drikke i kvardagslivet
stoltheit over norske råvarer, mat og drikke
gastronomi, kultur, mat-og måltidsopplevelser, reiseliv
Regjeringa vil auke verdiskapinga frå haustbare viltressursar. Den samla avsetjinga til Utviklingsprogrammet – landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping under Landbrukets utviklingsfond blir i 2019 tilført midlar mellom anna med sikte på tiltak som bidreg til næringsutvikling og verdiskaping basert på haustbare viltressursar og andre utmarksressursar. Landbruks- og matdepartementet vil i 2019 òg etablere ei ordning for å stimulere barn og unge til forståing og bruk av utmarksressursane.
Regjeringa har ei politisk målsetjing om å utvikle reindriftsnæringa som ei rasjonell og marknadsorientert næring som er berekraftig i eit langsiktig perspektiv. Våren 2017 la regjeringa fram Meld. St. 32 (2016–2017) Reindrift – Lang tradisjon – unike muligheter. I meldinga blir det vist til at økologisk berekraftig drift og auka produksjon dannar grunnlaget for dei unike moglegheitene i reindrifta. I meldinga blir det òg presentert strategiar og tiltak for at næringa betre skal kunne utnytte potensialet sitt i ei rasjonell og marknadsorientert retning. Stortinget handsama meldinga i juni 2017, og slutta seg i all hovudsak til dei forslaga som blei fremja. Regjeringa arbeider no med å følgje opp meldinga. Det gjeld mellom anna arbeid med endringar i reindriftslova og prioritering av tiltak over reindriftsavtalen som støttar opp om måla i meldinga.
Regjeringa vil føreslå eit forbod mot pelsdyrhald. Departementet vil i løpet av 2018 sende på høyring eit forslag til lov som forbyr pelsdyrhald. Det blir lagt opp til ei avviklingstid fram til årsskiftet 2024/2025, dvs. til pelsingsesongen for produksjonsåret 2024 er avslutta. Det blir lagt opp til at den nye lova skal gi heimel til å gi føresegner om kompensasjon for tap av retten til å halde pelsdyr. Høyringsutkastet vil difor òg gi ei overordna omtale av korleis kompensasjonsordninga er tenkt innretta.
Regjeringa vil leggje til rette for eit kunnskapsbasert og innovativt landbruk. Forsking, innovasjon og kompetanse er nødvendig for å nå målet om auka berekraftig produksjon av nok og trygg mat, og for å ta ut potensialet i bioøkonomien. Det ligg mellom anna store moglegheiter i å utvikle ny teknologi og nye produkt frå norske skogressursar. Desse produkta kan erstatte produkt basert på fossilt karbon, og gi viktige bidrag til grøn verdiskaping. I tillegg spelar skogen ei betydeleg rolle i klimasamanheng, både for opptak av CO2 og som karbonlager. Ny kunnskap og tett kopling mellom forsking og næringsliv skal bidra til eit meir lønsamt og klimavennleg landbruk.
Norsk landbruks- og matsektor treng effektive kompetanse- og forskingsmiljø for å vareta store samfunnsbehov og for å utvikle konkurransedyktige produkt og tenester. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er Noregs største tverrfaglege forskingsinstitutt innanfor landbruk og miljø. Instituttet skal bidra til matsikkerheit, berekraftig ressursforvaltning, innovasjon og verdiskaping i verdikjeda for mat, skog og andre biobaserte næringar. Veterinærinstituttet er den viktigaste kunnskapsleverandøren når det gjeld førebygging, oppklaring og handtering av alvorlege smittsame sjukdommar hos fisk og landdyr og sjukdommar som smittar frå dyr til menneske. Viktige oppgåver for institutta er å levere forsking, forvaltningsstøtte og kunnskap til bruk i nasjonal beredskap, forvaltning, næringsliv og samfunnet elles. Institutta har eit omfattande regionalt nærvær og deltek aktivt i internasjonalt forskingssamarbeid.
Landbruk er ei kompetansekrevjande næring. Forventningar om auka produksjon, betre lønsemd og evne til gründerskap krev rett kompetanse. Eit godt tilbod av landbruksfagleg utdanning og etter- og vidareutdanning av god kvalitet er difor svært viktig. Det er behov for fleire i arbeidslivet med den kompetansen som landbrukssektoren etterspør. Dette gjeld kompetanse frå alle utdanningsnivå – både frå yrkesfagleg opplæring, fagskolar og høgskole/universitet.
Rekruttering av kompetente næringsutøvarar til landbruket er viktig. For å styrkje kompetansehevande tiltak i landbruket som sikrar fagleg kvalitet og fleksibel tilrettelegging, har regjeringa frå skoleåret 2018/2019 etablert ein nasjonal modell for Vaksenagronomen, eit tilbod om agronomopplæring for vaksne, i regi av dei fylkeskommunale naturbruksskolane.
Klimatiltak i landbruket skal ha høg prioritet. Regjeringa er i dialog med EU om ei felles oppfylling av klimamåla for 2030, jf. Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030. Ein avtale inneber at det blir sett eit eige mål for skog- og arealsektoren, og jordbrukssektoren blir omfatta av måla for ikkje-kvotepliktig sektor. Noreg vil såleis få dei same reglane for bokføring av opptak og utslepp som EU. Regjeringa vil følgje opp klimaforlika i Stortinget og Stortingets handsaming av mellom anna Meld. St. 11 (2016–2017) og Meld. St. 41 (2016–2017). I jordbrukssektoren vil regjeringa prioritere auka kunnskap om korleis jordbruket kan redusere klimagassutsleppa sine og betre kunnskapen om potensialet for lagring av karbon i jord. Teknisk berekningsutval for klimagassutslepp frå jordbruket, som skal gi råd om korleis ein kan forbetre metodikken for jordbruket i utsleppsrekneskapen, vil avslutte sitt arbeid innan 1.7.2019. Regjeringa har invitert jordbruksorganisasjonane til å inngå ein gjensidig avtale om utsleppsreduksjonar. Det overordna målet er å inngå ein forpliktande avtale om kor mykje jordbrukssektoren skal redusere klimagassutsleppa sine fram mot 2030. Jordbruket skal ha fleksibilitet når det gjeld kva tiltak som kan gjennomførast. Organisasjonane har meldt til regjeringa at dei er klare til å drøfte kva jordbruket kan bidra med for å nå dei internasjonale forpliktingane Noreg har inngått på klimaområdet. Regjeringa vil elles vidareutvikle klimatiltaka i skog og vurdere andre verkemiddel som kan bidra til reduserte utslepp og auka opptak i skog- og arealsektoren. Korleis landbruket må tilpasse seg eit klima i endring vil óg ha høg prioritet. Den langvarige tørken og varmt vêr har sommaren 2018 gitt stor avlingssvikt over store delar av landet. Det er sett i verk ei rekkje tiltak mellom anna for å bøte på fôrmangelen. Den 30. august blei staten og jordbrukets organisasjonar einige om ei avtale som mellom anna inneber ein eingongsutbetaling av tilskott til grovfôrdyr og ein eingongsutbetaling av arealtilskott til grønsaker i 2018. Vidare er erstatningssatsen i avlingsskadeordninga auka og taket for erstatningsutbetaling er dobla frå 750 000 kroner til 1,5 mill. kroner. Avtala er fremma for Stortinget i ein eigen proposisjon med forslag til endringar i løyvinga for 2018. Tørken har óg ført til mange skogbrannar. Verknadene av tørke og skogbrann er svekt skog, som er meir utsett for angrep frå skadegjerarar. Ekstremver kan bli meir vanleg framover, det er difor nødvendig at landbruket førebur seg godt på klimaendringane og verknadene av dei. I normalår er Noreg sjølvforsynt med fleire av vareslaga vi har føresetnader for å produsere. I år der avlingane innanfor èin eller fleire av produksjonane er for små til å dekkje etterspørselen, kan Noreg setje ned tollsatsen for desse varene. Gjennom handel på verdsmarknaden er Noreg dermed sikra tilgang til matvarer og innsatsvarer, også i år der norsk produksjon ikkje strekk til.
Oppdatert jordvernstrategi skal bidra til å ta vare på arealressursane i landbruket. Det er viktig å ta vare på arealressursane for å nå målet om auka matproduksjon. Stortinget har fastsett eit mål for årleg omdisponering av dyrka jord til under 4 000 dekar, og regjeringa har utarbeidd ein eigen strategi for å nå målet. Etter oppmoding frå Stortinget, jf. vedtak 444, 6. februar 2018, har regjeringa utarbeidd ein oppdatert strategi som er lagd ved denne proposisjonen. Den oppdaterte strategien omfattar fleire nye tiltak for å redusere omdisponeringa av dyrka jord.
1.2 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet
Matsikkerheit og beredskap
Sikre forbrukarane trygg mat
Hovudoppgåva til jordbruket er å produsere mat som forbrukarane etterspør. Matsikkerheit inneber at innbyggjarane til kvar tid har fysisk og økonomisk tilgang til nok og trygg mat. Matsikkerheita blir sikra gjennom nasjonal produksjon, handel og varetaking av produksjonsgrunnlaget. Regjeringa har som mål å auke matproduksjonen og styrkje konkurransekrafta til jordbruket. Dei landbrukspolitiske verkemidla skal innrettast slik at dei innanfor økonomiske, miljømessige og handelspolitiske rammer bidreg til auka produksjon der det er moglegheiter og marknad for det.
All mat som blir seld i Noreg skal vere trygg. Produksjonen av trygg mat skaper tillit, sikrar omsetnad av varer og legitimitet for eit levande landbruk og for næringsmiddelindustrien.
Auka matvareberedskap
Dei viktigaste føresetnadene for matsikkerheita i Noreg er kontinuerleg produksjon av mat, varetaking av produksjonsgrunnlaget og eit velfungerande handelsystem. Gjennom handel på verdsmarknaden er Noreg dermed sikra tilgang til matvarer og innsatsvarer, også i år der norsk produksjon ikkje strekk til. Regjeringa vil betre matvareberedskapen gjennom å bidra til auka innanlands produksjon av landbruksvarer i produksjonar med marknadsmoglegheiter, og ved å bidra til å halde ved like forsyning av nødvendige matvarer gjennom import òg i kriser. Matvareberedskapen byggjer på eit samspel mellom departement, myndigheitsorgan og private aktørar.
God dyre- og plantehelse og god dyrevelferd
Noreg har liten førekomst av matboren sjukdom samanlikna med andre land. Regjeringa vil bidra til å halde denne situasjonen ved lag. God plante- og dyrehelse er viktig for mattryggleik, kostnadseffektivitet og berekraftig matproduksjon.
Det er òg gjennomgåande god dyrevelferd i Noreg. Regelverket stiller klare krav til dyrehald, og Mattilsynet prioriterer tilsyn med dyrevelferd. Regjeringa har etablert eit samarbeid mellom Mattilsynet og politiet i form av prøveprosjekt med dyrepoliti. Ei viktig satsing i arbeidet for god dyrevelferd har vore etablering av prøveprosjekt med ei eiga dyrekrimgruppe i politiet (dyrepoliti) som no omfattar fem politidistrikt.
Satse på avl, forsking og utdanning for å auke bruken av dei biologiske ressursane
Systematisk avls- og foredlingsarbeid er viktig for ein berekraftig og klimatilpassa landbruks- og matproduksjon. Noreg ligg langt framme innan avlsarbeid på både storfe og svin. Mange års målretta avlsarbeid i Geno SA er årsaka til at Norsk Raudt Fe er i ferd med å markere seg internasjonalt. Kombinasjonen av stor produksjonskapasitet og særs god fruktbarheit og helse skaper merksemd i mange land. Det blir no arbeidd med å ta inn lågt utslepp av metan som ein ny avlseigenskap, noko som på sikt óg vil styrkje konkurransekrafta til rasen.
Målretta avlsarbeid kan gi viktige bidrag til klimakutt i landbruket, i tillegg til eit plante- og dyremateriale som er godt tilpassa norske forhold, og som gir god avkastning. Forsking og teknologiutvikling står sentralt i vidareutviklinga av avls- og foredlingsarbeidet, og i vidareutviklinga av norsk landbruk for å møte utfordringane i framtida. Ny kunnskap vil òg vere avgjerande for å utvikle nye produksjonsprosessar og produkt frå dei mange biologiske ressursane i landbruket.
Klimaendringar, den raske teknologiutviklinga og krav om større effektivitet og klimakutt i jordbruket gjer at matproduksjonen i framtida må bli endå meir kunnskapsbasert enn i dag. Det er difor viktig å leggje til rette for utdanningstilbod av høg kvalitet på alle nivå, inkludert etter- og vidareutdanning, for å få dekt kompetansebehova i heile verdikjeda.
Landbruk over heile landet
Leggje til rette for bruk av jord- og beiteressursane
Å stimulere til auka bruk av utmarksressursane er eitt av måla i jordbrukspolitikken. Beiting i utmark utnyttar fôrressursane til matproduksjon samstundes som det òg bidreg til vedlikehald av eit ope og artsrikt kulturlandskap. Delen av dyr på beite er svært stabilt. Regjeringa har i dei siste jordbruksoppgjera auka stønaden til utmarksbeite for å styrkje bruken av beiteressursane over heile landet.
Moglegheiter for busetjing og sysselsetjing
Ressursgrunnlaget i Noreg er spreidd, og vilkåra for jord- og skogbruksdrift varierer. Regjeringa arbeider for eit sterkt og konkurransedyktig landbruk i alle delar av landet. Landbruket bidreg med ei rekkje fellesgode og skaper grunnlag for sysselsetjing, verdiskaping, næringsutvikling og vekstkraftige distrikt. Det er difor viktig å bidra til utnytjing av ressursane til landbruksproduksjon over heile landet for å oppretthalde busetjing, sysselsetjing og verdiskapinga i distrikta. Som eit ledd i dette arbeidet har regjeringa som mål å styrkje bonden sin rett til fritt å disponere over eigen eigedom, ved mellom anna å liberalisere eigedomslovgivinga.
Eit mangfaldig landbruk med ein variert bruksstruktur og geografisk produksjonsdeling
Føresetnadene for jordbruksproduksjon varierer mellom dei ulike delane av Noreg. Auka produktivitet og styrkt konkurransekraft vil vere avgjerande for å kunne realisere Stortingets mål om auka produksjon. Dei små og mellomstore mjølkebruka blei prioriterte i årets jordbruksoppgjer gjennom innføringa av eit nytt tilskott for små og mellomstore mjølkebruk. Fleire av tilskotta som er målretta mot område med driftsvanskar og dårleg utvikling i arealbruk, og areal som er krevjande å drive, blei òg styrkt. I tillegg blei områda med svakast utvikling styrkte gjennom ein auke i satsane i fleire ordningar, mellom anna arealtilskott og ein generell auke på fleire ordningar under Landbrukets utviklingsfond.
Leggje til rette for rekruttering i heile landet
Stabil rekruttering av kompetente næringsutøvarar er viktig for å nå måla i landbrukspolitikken. Jordbruksavtalen i heilskap er det viktigaste bidraget frå regjeringa si side til å gi gode rammevilkår og grunnlag for auka lønsemd i landbruket. Avtalen er dermed det viktigaste verktøyet for å leggje til rette for rekruttering i heile landet. Særleg er ordninga med investerings- og bedriftsutviklingsmidlar målretta for å fremje rekruttering til næringa.
For å sikre og utvikle norsk matproduksjon og andre landbaserte næringar har landbruksnæringa, som andre næringar, behov for kunnskap og kompetanse. Det er difor viktig å leggje til rette for eit godt og fleksibelt opplærings- og utdanningssystem i landbruket. Det er vidare avgjerande for landbruket å ha eit godt omdømme i det norske samfunnet og at omdømmet held seg over tid. Landbruket som heilskap og den enkelte næringsutøvaren er dei viktigaste og beste ambassadørane for rekruttering til næringa.
Ei økologisk berekraftig reindrift
Reindrifta er ei urfolksnæring som er unik i både nasjonal og internasjonal samanheng, og ein viktig eksponent for samisk kultur og levesett. Reindrifta forvaltar òg ein sentral nasjonal og samisk kulturarv. Det er ei politisk målsetjing å føre vidare og styrkje arbeidet med å utvikle reindriftsnæringa som ei rasjonell og marknadsorientert næring som er berekraftig i eit langsiktig perspektiv. Tiltak som legg til rette for ei økologisk berekraftig reindrift blir prioritert. Sjølv om innrapporterte tal viser at ein no har eit reintal tilnærma det som er fastsett i bruksreglane, er det likevel nødvendig å halde fram arbeidet slik at reintalet held seg på eit berekraftig nivå. Kontroll av reintalet og tiltak som sikrar eit stabilt reintal, har difor høgaste prioritet òg i 2019.
Auka verdiskaping
Utnytte marknadsbaserte produksjonsmoglegheiter
Regjeringa prioriterer inntektsmoglegheiter i produksjonar med marknadsmoglegheiter. I årets jordbruksoppgjer blei særleg inntektsmoglegheitene i produksjon av korn, frukt og grønsaker styrkt. I desse sektorane er det eit stor potensial for å auke norsk produksjon.
Ei konkurransedyktig og kostnadseffektiv verdikjede for mat
Jordbruket skal vere ei effektiv næring som leverer det forbrukarane etterspør, og som tek omsyn til ein stadig meir krevjande nasjonal og internasjonal marknad. Regjeringa har lagt til rette for at næringa kan utvikle seg og få styrkt konkurransekrafta si gjennom ein enklare verkemiddelstruktur, færre offentlege inngrep i næringsdrifta, auka konkurranse og meir marknadsretting av produksjonen.
Ei effektiv og lønsam utnytting av gardens samla ressursar
Landbruket sine ressursar dannar utgangspunkt for eit mangfald av produkt og tenester. Lokale tradisjonar, kreativitet, innovasjon og gründerskap dannar utgangspunktet for auka verdiskaping og sysselsetjing. Ein liten eigedom kan vere eit like godt utgangspunkt for ein forretningsidè som ein større eigedom. Regjeringa arbeider for at det samla ressursgrunnlaget til landbrukseigedommen skal utnyttast betre, og vil stimulere til auka vekst og verdiskaping innan andre landbruksbaserte næringar enn tradisjonelt landbruk. Regjeringa har sett av betydelege midlar over jordbruksavtalen, og gjennomført fleire forenklingar i regelverket for å stimulere til ei positiv utvikling. Det er jamt over stor pågang etter bedriftsretta verkemiddel. Innsatsen har bidrege til auka profesjonalisering og vekst særskild innan lokalmatområde. Omsetnad av lokalmat gjennom daglegvarehandelen har auka med 63 pst. i perioden 2013–2017. Strategien for reiseliv basert på landbruket og ressurane i reindrifta, «Opplevingar for ein kvar smak», skal bidra til ein meir heilskapleg og målretta innsats på området.
Vidareutvikle Noreg som matnasjon
Noreg skal bli både anerkjend og kjend som matnasjon. For å oppnå dette målet har regjeringa samla seg om ein visjon om at mat i 2030 «…[skal vere] ei kjelde til matglede, stoltheit og fellesskap i heile befolkninga, og eit synleg element i turistlandet Noreg. Noreg er internasjonalt kjend for ein spennande matkultur, sin store sjømateksport og mat- og drikkeopplevingar i verdsklasse.» For å oppnå denne visjonen, vil regjeringa utfordre næringsaktørane og andre relevante aktørar til å bli med i eit forpliktande samarbeid om å vidareutvikle Noreg til matnasjon. Ei breitt offentleg-privat samarbeid må vere botnplanken i ei slik utvikling dersom ein skal nå eit så ambisiøst mål. Aktørane har vore delaktige i utforminga av visjonen og vil no bli utfordra i oppfølginga.
Leggje til rette for bondens inntektsmogelegheiter og evne til å investere i garden
Utviklinga med større jordbruksbedrifter, høgare produktivitet og bruk av ny teknologi krev større investeringar. Nye krav til dyrevelferd, irekna krav om lausdriftsfjøs, gir eit særleg investeringsbehov innan mjølk- og storfeproduksjon. Regjeringa har prioritert verkemiddel som stimulerer til investering og bedriftsutvikling i landbruket. Investerings- og bedriftsutviklingsmidlane er eit viktig risikoavlastande verkemiddel som bidreg både til modernisering og effektivisering innan tradisjonell landbruksproduksjon, og til auka sysselsetjing og utvikling av ny næringsverksemd innan andre landbruksbaserte næringar.
Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder
Regjeringa vil leggje til rette for skogbruk og trebasert industri gjennom gode generelle rammevilkår for næringslivet, mellom anna gjennom satsing på infrastruktur, forsking og utvikling og lågare skatter og avgifter. I tråd med Jeløya-plattforma vil regjeringa styrkje grunnlaget for skogbruket gjennom kostnadsreduserande tiltak, fjerning av flaskehalsar i infrastrukturen og utbygging av skogsbilvegar og tømmerkaier. Ei vidareutvikling av infrastrukturen i skogbruket vil gjere det enklare for dei næringsdrivande å avverke tømmer og plante ny skog. Noreg er langt framme når det gjeld innovativ bruk av tre, mellom anna i bruer og i bygningar. Regjeringa tek sikte på å leggje fram strategiar for ei heilskapleg og styrkt satsing på forsking, utvikling og innovasjon i skog- og trenæringa, og for å stimulere etterspørselen etter grøne, trebaserte produkt i løpet av 2018.
Berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar
Redusert forureining frå landbruket
Reduksjon av vassforureining frå mellom anna avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmiddel er ein viktig del av miljøarbeidet i landbruket. Den samla gjennomføringa av ulike jordarbeidingstiltak, grasdekte areal m.m. i kornområda har redusert erosjonsrisikoen på dei dyrka areala, men ikkje tilsvarande det som har vore den venta verknaden av tiltaka. Undersøkingar NIBIO har gjennomført viser at meir nedbør og ustabile vintrar har gitt avrenning som skjuler verknaden av tiltaka. Miljøprogramsatsinga omfattar viktige verkemiddel for å stimulere til meir miljøvennleg drift. Det er difor viktig å vidareføre denne satsinga.
Reduserte utslepp av klimagassar, auka opptak av CO2 og god klimatilpassing
All matproduksjon startar med fotosyntesen. I utgangspunktet er difor alt jordbruk basert på opptak av CO2. Jordbruksaktivitetar, særleg husdyrhald, er òg opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan (CH4) og lystgass (N2O). Klimagassutsleppa frå jordbruket utgjorde 8,4 pst. av dei samla utsleppa i 2016. Jordbrukspolitikken skal leggjast om i ei meir miljø- og klimavennleg retning. I jordbruksoppgjeret 2018 blei miljø- og klimainnsatsen styrkt ved å prioritere ordningar som skal bidra til å redusere utsleppa per produsert eining og tilpasse produksjonen til eit klima i endring. Lågare utslepp per produsert eining vil bidra til å redusere klimaavtrykket frå den norske matproduksjonen. Det er likevel stor uvisse når det gjeld berekningane av utsleppa frå jordbruket. Regjeringa vil føre vidare tiltak i skogforvaltninga som bidreg til auka opptak av CO2 og lagring av karbon.
Berekraftig bruk og eit sterkt vern av landbrukets areal og ressursgrunnlag
Rett bruk og vern av arealressursane er viktig for å oppnå målet om auka matproduksjon. Både mengda av og kvaliteten på jorda er avgjerande for matproduksjonen. Det er difor viktig å ta vare på gode jordbruksareal og matjord. Samstundes må jordvernet balanserast mot behova storsamfunnet har. Stortinget har fastsett det årlege målet for omdisponeringa av dyrka jord til under 4 000 dekar, og bedt regjeringa om at målet blir nådd gradvis innan 2020. Regjeringa utforma ein eigen strategi for å nå målet, som blei handsama av Stortinget i 2015. I tråd med oppmoding frå Stortinget har Landbruks- og matdepartementet i 2018 arbeidd med ein oppdatering av strategien, og denne oppdateringa ligg ved budsjettproposisjonen.
Klimaendringar og press på ressursgrunnlaget utgjer eit trugsmål mot målet om auka matproduksjon. Desse utfordringane krev gode tilpassingar i landbruket. Dei genetiske ressursane hos husdyr og matvekstar er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for auka matproduksjon. God forvaltning av dei genetiske ressursane gjennom bruk og vern er viktig for god måloppnåing i landbruket.
Ta vare på kulturlandskapet og naturmangfaldet
Jordbrukslandskapet, med det mangfaldet og den kombinasjonen av natur- og kulturverdiar det har, er ein karakteristisk og viktig del av landskapet i Noreg. Variasjonen i kulturlandskapet må haldast ved like, og ei målretta forvaltning kan bidra til målet om å stoppe tapet av biologisk mangfald og ta vare på kulturminne. Det viktigaste bidraget til eit levande kulturlandskap er å halde oppe eit levande, aktivt landbruk. Dei kommunale miljøverkemidla og dei regionale miljøprogramma over jordbruksavtalen, skal bidra til å halde det biologiske mangfaldet og kulturminna i kulturlandskapet ved lag. I tillegg er det viktig at kommunane forvaltar landskapsverdiane i den kommunale planlegginga og utformar planar som kan liggje til grunn for ei god forvaltning.
Ei effektiv landbruks- og matforvaltning
Ei moderne, effektiv og brukarvennleg forvaltning med god kvalitet
Landbruks- og matforvaltninga skal vere effektiv, brukarvennleg og kjenneteikna av god kvalitet i alle ledd. Det krev at heile forvaltninga legg stor vekt på å gjere forbetringar og å effektivisere prosessar i lys av utviklinga i samfunnet og nye krav. Effektiv bruk av ressursane inneber både å utføre oppgåvene rett og å prioritere dei rette formåla. Effektiv drift kan gi gevinstar i form av reduserte utgifter over statsbudsjettet, men effekten kan óg vise seg i høgare kvalitet og betre resultat utan at utgiftene blir endra. Gjennom ei godt optimalisert drift, formålstenleg organisering, modernisering og digitalisering av forvaltninga og tenestene til verksemdene, vil ein kunne oppnå innsparingar og større tilgjengelegheit og meir brukarvennlege tenester.
Gode system for samfunnstryggleik og beredskap
Landbruks- og matdepartementet sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap skal vere sporbart og integrert i planverk, styringssystem og i styringsdialogen med underliggjande verksemder. Viktige element i arbeidet er å sikre personell og kritisk infrastruktur på best mogleg vis slik at departementet og underliggjande verksemder i størst mogleg grad kan drive verksemda vidare, uavhengig av uønskte hendingar og kriser. Ansvaret departementet har for samfunnstryggleik og beredskap i eigen sektor er hovudsakleg knytt til matproduksjon og mattryggleik. For ein nærare omtale av samfunnstryggleik og beredskap knytt til matproduksjon og mattryggleik, sjå del 3.
Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til at hovudmåla i landbruks- og matpolitikken blir nådde
For at vi skal nå dei landbruks- og matpolitiske hovudmåla, må løyvingane til forsking, innovasjon og kompetanse vere så målretta som mogleg. Det er viktig at resultata frå forskinga er tilgjengeleg for næring og forvaltning, og at instituttsektoren er effektiv og solid og har eit godt samspel med andre.
Forsking, innovasjon og teknologiutvikling skal danne grunnlag for effektiv og berekraftig produksjon og utnytting av fornybare biologiske ressursar. Ei tett kopling mellom forsking og næringsliv er sentralt for å utnytte potensialet. Tilsvarande er internasjonalt forskingssamarbeid viktig for å heve kvaliteten på forskinga. Landbruks- og matforskinga må følgjast opp med målretta formidling, slik at ny kunnskap på ein rask og effektiv måte når ut til aktørane som kan ta kunnskapen i bruk. For å lykkast med dette er det nødvendig å sikre eit godt samarbeid mellom dei ulike aktørane i landbruks- og matnæringa.
God rekruttering av fagpersonar med rett kompetanse er viktig for å sikre eit aktivt landbruk, verdiskaping og busetjing i heile landet.
Vareta norske interesser og sikre framgang i internasjonale prosessar
Utviklinga i norsk landbruk og matindustri heng nøye saman med utviklinga internasjonalt. Ei rekkje internasjonale avtalar dekkjer mellom anna handel, plante- og dyrehelse, skog og klima. Mange avtalar blir fornya med jamne mellomrom. Noreg har i fleire av desse særlege nasjonale interesser som må inkluderast i avtaleverket, mellom anna med basis i naturgitte forhold, kostnadsnivå og nasjonale landbruks- og matpolitiske mål.
Regelverket til Verdas handelsorganisasjon (WTO), inkludert landbruksavtalen, legg rammer for utforminga av verkemidla i landbrukspolitikken. Vidare legg EØS-avtala klare føringar på regelverket for mat og innsatsfaktorar i Noreg. Det norske regelverket er harmonisert med regelverket i EU på matområdet. Regjeringa legg vekt på å ta vare på norske interesser ved å bidra tidlegare i prosessar og politikkutforming i EU enn det dei formelle og uformelle foruma EØS-avtalen gir tilgang til. Regjeringa vil innanfor gitte rammer for landbrukspolitikken arbeide for ein friare handel med landbruksvarer. Arbeidet med multilaterale avtalar gjennom WTO og innanfor EØS-avtalen vil bli prioritert. Arbeidet med bilaterale frihandelsavtalar for EFTA-landa vil òg ha høg prioritet.
Noreg deltek òg i ei rekkje andre internasjonale forum på landbruks- og matområdet, både globale og regionale, og både innanfor og utanfor FN-systemet. Departementet deltek aktivt i desse foruma, mellom anna for å bidra til berekraftig utvikling, global matsikkerheit, berekraftig skogforvaltning, bevaring av genetiske ressursar, styrking av landbruket og bøndene si stilling i den tredje verda og auka handel mellom land.
1.3 Hovudtrekk ved budsjettframlegget
mill. kr | |||
---|---|---|---|
Nemning | Saldert budsjett 2018 | Forslag 2019 | Pst. endr. 2018/19 |
Programområde 15 Landbruk og mat | |||
15.00 Administrasjon m.m. | 168,5 | 180,3 | 7,0 |
15.10 Matpolitikk | 1 438,0 | 1 465,4 | 1,9 |
15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling | 839,7 | 820,1 | -2,3 |
15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | 16 133,8 | 17 022,1 | 5,5 |
Sum Landbruks- og matdepartementet | 18 580,0 | 19 487,8 | 4,9 |
Hovudprioriteringane i budsjettframlegget for Landbruks- og matdepartementet:
auka matproduksjon
flytte årsverk i Landbruksdirektoratet frå Oslo til Steinkjer
forsking på skogen sitt bidrag i klimasamanheng
Innretninga av verkemidla over jordbruksavtalen skal bidra til auka matproduksjon. Som følgje av jordbruksavtalen for 2018–2019 blir det gjort framlegg om 770 mill. kroner i auka budsjettstøtte samanlikna med forrige jordbruksavtale. Avtalen gir grunnlag for ein inntektsvekst for jordbruket på 3,5 pst. per årsverk frå 2018, før avtale, til 2019, føresatt forbetring i marknadsbalansen. Avtalen inneber mellom anna ei vesentleg betring av økonomien i kornproduksjonen og frukt- og grøntsektoren, og betre moglegheiter for marknadsregulering.
Landbruksdirektoratet skal flytte 30 årsverk frå Oslo til Steinkjer. Regjeringa gjer framlegg om å auke Landbruksdirektoratet sitt budsjett for å handtere dei auka kostnadene dette vil medføre.
Regjeringa gjer framlegg om å løyve 25 mill. kroner til forsking på auka klimabidrag frå skogen. Målet med satsinga er å auke verdiskapinga basert på fornybart skogsråstoff og gi meir kunnskap om forvaltning av skogsareala for størst mogleg klimagevinst.
1.4 Oversiktstabellar
Utgifter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2017 | Saldert budsjett 2018 | Forslag 2019 | Pst. endr. 2018/19 |
01–24 | Driftsutgifter | 1 794 557 | 1 741 625 | 1 850 731 | 6,3 |
30–49 | Investeringar | 19 532 | 4 032 | 9 032 | 124,0 |
50–59 | Overføringar til andre statsrekneskap | 2 274 070 | 2 093 351 | 2 090 663 | -0,1 |
60–69 | Overføringar til kommunesektoren | 142 660 | 146 373 | 150 471 | 2,8 |
70–89 | Overføringar til private | 14 052 203 | 14 594 576 | 15 386 931 | 5,4 |
Sum under departementet | 18 283 022 | 18 579 957 | 19 487 828 | 4,9 |
Utgifter fordelte på programkategoriar
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kat. | Nemning | Rekneskap 2017 | Saldert budsjett 2018 | Budsjettet si stilling per 1. halvår | Forslag 2019 |
15.00 | Administrasjon m.m. | 192 385 | 168 517 | 168 517 | 180 259 |
15.10 | Matpolitikk | 1 472 320 | 1 437 965 | 1 437 965 | 1 465 422 |
15.20 | Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling | 859 746 | 839 687 | 839 687 | 820 056 |
15.30 | Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | 15 758 571 | 16 133 788 | 16 133 788 | 17 022 091 |
Sum programområde 15 | 18 283 022 | 18 579 957 | 18 579 957 | 19 487 828 |
Inntekter fordelte på programkategoriar
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kat. | Nemning | Rekneskap 2017 | Saldert budsjett 2018 | Budsjettet si stilling per 1. halvår | Forslag 2019 |
15.00 | Administrasjon m.m. | 2 599 | 1 046 | 1 046 | 1 071 |
15.10 | Matpolitikk | 189 611 | 201 575 | 201 575 | 204 578 |
15.20 | Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling | 20 286 | 20 643 | 20 643 | 18 081 |
15.30 | Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | 444 494 | 226 896 | 226 896 | 301 654 |
15.40 | Forretningsdrift | 55 370 | 26 630 | 26 630 | 24 750 |
Sum programområde 15 | 712 360 | 476 790 | 476 790 | 550 134 |
Utgifter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2017 | Saldert budsjett 2018 | Forslag 2019 | Pst. endr. 2018/19 |
Administrasjon m.m. | |||||
1100 | Landbruks- og matdepartementet | 192 385 | 168 517 | 180 259 | 7,0 |
Sum kategori 15.00 | 192 385 | 168 517 | 180 259 | 7,0 | |
Matpolitikk | |||||
1112 | Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet | 95 661 | 97 061 | 97 976 | 0,9 |
1115 | Mattilsynet | 1 376 659 | 1 340 904 | 1 367 446 | 2,0 |
Sum kategori 15.10 | 1 472 320 | 1 437 965 | 1 465 422 | 1,9 | |
Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling | |||||
1136 | Kunnskapsutvikling m.m. | 227 979 | 235 465 | 227 909 | -3,2 |
1137 | Forsking og innovasjon | 631 767 | 604 222 | 592 147 | -2,0 |
Sum kategori 15.20 | 859 746 | 839 687 | 820 056 | -2,3 | |
Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | |||||
1138 | Støtte til organisasjonar m.m. | 37 019 | 40 836 | 40 873 | 0,1 |
1139 | Genressursar, miljø- og ressursregistreringar | 20 037 | 26 096 | 29 059 | 11,4 |
1140 | Haustbare viltressursar | 95 791 | |||
1142 | Landbruksdirektoratet | 470 502 | 440 084 | 471 105 | 7,0 |
1148 | Naturskade – erstatningar | 91 104 | 156 000 | 182 600 | 17,1 |
1149 | Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket | 146 540 | 219 722 | 134 705 | -38,7 |
1150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 14 852 285 | 15 107 993 | 15 920 523 | 5,4 |
1151 | Til gjennomføring av reindriftsavtalen | 116 785 | 118 600 | 123 100 | 3,8 |
1161 | Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn | 24 299 | 24 457 | 24 335 | -0,5 |
Sum kategori 15.30 | 15 758 571 | 16 133 788 | 17 022 091 | 5,5 | |
Sum utgifter | 18 283 022 | 18 579 957 | 19 487 828 | 4,9 |
Inntekter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2017 | Saldert budsjett 2018 | Forslag 2019 | Pst. endr. 2018/19 |
Administrasjon m.m. | |||||
4100 | Landbruks- og matdepartementet | 2 599 | 1 046 | 1 071 | 2,4 |
Sum kategori 15.00 | 2 599 | 1 046 | 1 071 | 2,4 | |
Matpolitikk | |||||
4115 | Mattilsynet | 189 611 | 201 575 | 204 578 | 1,5 |
Sum kategori 15.10 | 189 611 | 201 575 | 204 578 | 1,5 | |
Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling | |||||
4136 | Kunnskapsutvikling m.m. | 20 286 | 20 643 | 18 081 | -12,4 |
Sum kategori 15.20 | 20 286 | 20 643 | 18 081 | -12,4 | |
Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | |||||
4140 | Haustbare viltressursar | 4 500 | |||
4142 | Landbruksdirektoratet | 50 737 | 42 196 | 43 203 | 2,4 |
4150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 1 278 | 50 | ||
4162 | Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap | 75 000 | 25 000 | -100,0 | |
5576 | Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet | 317 479 | 159 700 | 253 901 | 59,0 |
Sum kategori 15.30 | 444 494 | 226 896 | 301 654 | 32,9 | |
Forretningsdrift | |||||
5651 | Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet | 204 | |||
5652 | Statskog SF – renter og utbytte | 55 166 | 26 630 | 24 750 | -7,1 |
Sum kategori 15.40 | 55 370 | 26 630 | 24 750 | -7,1 | |
Sum inntekter | 712 360 | 476 790 | 550 134 | 15,4 |
1.5 Oppfølging av oppmodings- og utgreiingsvedtak
Tabell 1.1 nedanfor viser ei oversikt over oppfølging av oppmodings- og utgreiingsvedtak under Landbruks- og matdepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2017–2018 og alle vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar der rapporteringa ikkje blei avslutta i samband med handsaminga av Prop. 1 S (2017–2018) eller eventuelt i samband med handsaminga av meldinga til Stortinget om oppmodings- og utgreiingsvedtak. I enkelte tilfelle kan oppfølginga av vedtaka vere meir omfattande forklart under det aktuelle programområdet i proposisjonen. Det vil i desse tilfella vere ei henvising til kvar denne teksten er å finne.
I kolonne 4 i tabell 1.1 går det fram om departementet planlegg at rapporteringa knytt til oppmodingsvedtaket no blir avslutta eller om departementet òg vil rapportere konkret på vedtaket i budsjettproposisjonen for neste år. Rapporteringa på vedtak som inneber at departementet skal leggje fram ei konkret sak for Stortinget, til dømes proposisjon, stortingsmelding, utgreiing eller liknande, vil normalt først bli avslutta når saka er lagt fram for Stortinget.
Sjølv om det i tabellen står at rapporteringa blir avslutta, vil det i ein del tilfeller kunne vere slik at oppfølgjinga av alle sider av vedtaket ikkje er endeleg avslutta. Dette kan til dømes gjelde vedtak med oppmoding til regjeringa om å ta hand om særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, der oppfølgjinga vil kunne gå over mange år. Stortinget vil i desse tilfella bli halde orientert om den vidare oppfølginga på ordinær måte, gjennom omtale av det relevante politikkområdet i budsjettproposisjonar og andre dokument.
Tabell 1.1 Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer
Sesjon | Vedtak nr. | Stikkord | Rapportering blir avslutta (Ja/Nei) |
---|---|---|---|
2017–2018 | 140 | Sikring og finansiering av opplysningsverksemda i landbruket | Nei |
2017–2018 | 141 | Framlegging av endringar i verkemidla for marknadsbalansering | Nei |
2017–2018 | 444 | Oppdatering av jordvernstrategi | Ja |
2017–2018 | 445 | Om etablering av nasjonale beredskapslager av korn | Nei |
2016–2017 | 108 | Forslag om forbod mot nydyrking av myr | Nei |
2016–2017 | 443 | Offentleg geografisk miljø- og ressursinformasjon | Ja |
2016–2017 | 445 | Etterspørsel etter grøne, trebaserte produkt | Nei |
2016–2017 | 448 | Forsking, utvikling og innovasjon i skog- og trenæringa | Nei |
2016–2017 | 449 | Beredskapsplanar i skogbruket | Ja |
2016–2017 | 837 | Fjellova i Nordland og Troms | Nei |
2016–2017 | 878 | Konsekvensar av liberalisering av konsesjonsplikta | Nei |
2015–2016 | 510 | Om nasjonal strategi for å sikre fortsatt mangfald av villbier og andre pollinerande insekter | Ja |
Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2017–2018
Sikring og finansiering av opplysningsverksemda i landbruket
Vedtak nr. 140, 11. desember 2017:
«Stortinget ber regjeringen sikre opplysningsvirksomheten i landbruket og finansieringen av denne frem til Omsetningsrådet har foretatt den varslede gjennomgangen av virkemiddelbruken.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av budsjettet til Landbruks- og matdepartementet for 2018 (Innst. 8 S (2017–2018). Næringskomiteen seier i innstillinga:
«Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet , Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, viser til Innst. 251 S (2016–2017), der et flertall viser til at virkemiddelpakken for markedsregulering over tid har blitt mindre. Flertallet mener det er svært viktig å videreføre alle gode balanseringsinstrumenter, og at det fortsatt skal være mulig å benytte omsetningsavgift til «Reklame og salgsfremmende tiltak». Flertallet viser videre til at omsetningsrådet med grunnlag i Meld. St. 11 (2016–2017) og tilhørende Innst. 251 S (2016–2017) har fått i oppdrag å gjennomgå markedsbalanseringen i landbruket. Flertallet mener det er naturlig at opplysningskontorenes rolle og finansiering inngår i dette arbeidet, og at eventuelle endringer i opplysningskontorenes virksomhet skjer som en oppfølging av Omsetningsrådets gjennomgang.»
Omsetningsrådet har i brev til departementet av 19. mars 2018 informert om at dei legg opp til ein endeleg gjennomgang av regelverk og ordningar innan 31. desember 2019. I påvente av gjennomgangen til Omsetningsrådet er det ikkje gjort endringar i opplysingsverksemda eller finansieringa av denne.
Framlegging av endringar i verkemidla for marknadsbalansering
Vedtak nr. 141, 11. desember 2017:
«Stortinget ber om at endringer i virkemidlene for markedsbalansering som ikke er i tråd med Omsetningsrådets anbefalinger, legges frem for Stortinget.»
Omsetningsrådet har i brev til departementet av 19. mars 2018 informert om at dei legg opp til ein endeleg gjennomgang av regelverk og ordningar innan 31. desember 2019. Departementet har bedt om at Omsetningsrådet gir tilbakemelding på områda informasjonsplikt og dobbel mottaksplikt på kjøtt raskare enn den fristen som er sett opp.
Departementet vil komme tilbake til Stortinget ved behov.
Oppdatering av jordvernstrategi
Vedtak nr. 444, 6. februar 2018:
«Stortinget ber regjeringen fremme en oppdatert jordvernstrategi i forbindelse med fremleggelsen av statsbudsjettet for 2019.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaming av Dokument 8:33 S (2017–2018) og Dokument 8:41 S (2017–2018), jf. Innst. 112 S (2017–2018).
Oppdatert jordvernstrategi er lagt ved denne proposisjonen.
Etablering av nasjonale beredskapslagre av korn
Vedtak nr. 445, 6. februar 2018:
«Stortinget ber regjeringen fremme en egen sak for Stortinget i løpet av 2019 om etablering av nasjonale beredskapslagre av korn.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaming av Dokument 8:33 S (2017–2018) og Dokument 8:41 S (2017–2018), jf. Innst. 112 S (2017–2018).
Departementet vil følgje opp vedtaket og komme tilbake til Stortinget på eigna måte i løpet av 2019.
Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2016–2017
Forslag om forbod mot nydyrking av myr
Vedtak nr. 108, pkt. 17, 5. desember 2016:
«Fremme forslag om forbud mot nydyrking av myr.»
Grunnlaget for vedtaket er innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2017 og forslag til statsbudsjett for 2017, jf. Innst. 2 S (2016–2017).
Landbruks- og matdepartementet sende forslag om endring av reglane om nydyrking på høyring i 2017. I høyringa var endring av jordlova og eit forslag om å innføre eit forbod mot nydyrking av myr i forskrift om nydyrking det mest sentrale. Ein proposisjon om endring av jordlova og endring av forskrifta om nydyrking er no under arbeid i Landbruks- og matdepartementet.
Offentleg geografisk miljø- og ressursinformasjon
Vedtak nr. 443, 31. januar 2017:
«Stortinget ber regjeringen sørge for at relevant offentlig geografisk miljø- og ressursinformasjon gjøres tilgjengelig og oppdateres, og rapportere tilbake om dette arbeidet i statsbudsjettet for 2018. Stortinget ber videre regjeringen legge til rette for at Skogportalen i NIBIO gir oppdatert og relevant miljøinformasjon til skogbruket.»
Grunnlaget for vedtaket er Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og tre-næring, jf. Innst. 162 S (2016–2017). Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for oppfølging av siste setningen i vedtak nr. 443. For oppfølging av første setning, sjå Klima- og miljødepartementets budsjettproposisjon.
Oppfølging av vedtaket er omtalt i Meld. St. 7 (2017–2018). Både Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet følgjer opp vedtaket, gjennom mellom anna utvikling av kart- og innsynsløysningar. I samband med handsaminga av Prop. 1 S (2017–2018) frå Landbruks- og matdepartementet, jf. Innst. 8 S (2017–2018), viste Næringskomiteen til regjeringa si omtale i budsjettproposisjonen, og streka under behovet for at Skogportalen til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) gir oppdatert og relevant miljøinformasjon til skogbruket.
Skogportalen ved NIBIO viser informasjon som regelverk og skogsertifisering krev ved planlegging og gjennomføring av hogst, bygging av skogsbilvegar og andre skogbrukstiltak der det må takast omsyn til miljøverdiar. Det er ein stor gevinst at både næringa og forvaltninga får tilgang på same informasjon og får eit felles grunnlag for vurderingar og avgjerder. Etter oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet blir no Skogportalen utvikla vidare av NIBIO, i tett samarbeid med Landbruksdirektoratet, PEFC-Norge, skogforvaltninga og næringa. Artsdatabanken og Miljødirektoratet er bedte om å bidra med tilrettelegging og leveranse av data frå sine databasar. Utviklingsarbeidet på dette området er ei kontinuerleg oppgåve. Landbruks- og matdepartementet legg til grunn at nødvendige tiltak for vidare utvikling av Skogportalen er sett i verk, og at oppmodingsvedtaket med dette er følgt opp. Vidare informasjon til Stortinget kan skje gjennom dei årlege budsjettproposisjonane.
Etterspørsel etter grøne, trebaserte produkt
Vedtak nr. 445, 31. januar 2017:
«Stortinget ber regjeringen utarbeide en strategi som stimulerer etterspørselen etter grønne trebaserte produkter, og komme tilbake med denne i løpet av 2017.»
Grunnlaget for vedtaket er Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og tre-næring, jf. Innst. 162 S (2016–2017).
Strategien blir sett i samanheng med strategien omtalt under vedtak nr. 448, og vil etter planen bli lagt fram i løpet av 2018.
Forsking, utvikling og innovasjon i skog- og trenæringa
Vedtak nr. 448, 31. januar 2017:
«Stortinget ber regjeringen om å utarbeide en strategi for en helhetlig og styrket satsning på forsking, utvikling og innovasjon i skog- og trenæringen.»
Grunnlaget for vedtaket er Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – konkurransedyktig skog- og trenæring, jf. Innst. 162 S (2016–2017.
Strategien blir sett i samanheng med strategien omtalt under vedtak nr. 445, og vil etter planen bli lagt fram i løpet av 2018.
Beredskapsplanar i skogbruket
Vedtak nr. 449, 31. januar 2017:
«Stortinget ber regjeringen arbeide for tilstrekkelige beredskapsplaner i skogbruket, i samarbeid med relevante organisasjoner og skogeiere.»
Grunnlaget for vedtaket er Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring, jf. Innst. 162 S (2016–2017).
Naturhendingar som skogbrann og ekstremvêr kan ha store konsekvensar for samfunnet. Den akutte beredskapen ved slike hendingar sorterer under Justis- og beredskapsdepartementet. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har eit utøvande ansvar. Sommaren 2018 har vist at beredskapen på skogbrannområdet har vore god, og at skadeomfanget er avgrensa. Tørke over lang tid kan svekkje skogen og gjere den meir sårbar for ekstremvêr og ulike skadegjerarar, mellom anna barkbiller. Landbruks- og matdepartementet har bedt Norsk institutt for bioøkonomi sette saman kunnskap som kan gi grunnlag for betre beredskapstiltak i skogbruket. Landbruks- og matdepartementet vil framover arbeide for å finne fram til gode samrådsfunksjonar mellom forvaltninga og organisasjonane.
Fjellova i Nordland og Troms
Vedtak nr. 837, 8. juni 2017:
«Stortinget ber regjeringen utrede å gi fjelloven samme anvendelse i Nordland og Troms som sør for Nordland grense. Utredningen skal legge til grunn at Statskog fortsatt skal beholde ansvaret for skogressursene. Utredningen skal videre legge til grunn at gjeldende finnmarkslov videreføres innenfor dagens fylkesgrense for Finnmark, men ikke utvides til nye geografiske områder.»
Vedtaket blei gjort i samband med Stortingets handsaming av Prop. 84 S (2016–2017) Ny inndeling av regionalt folkevalt nivå, jf. Innst. 385 S (2016–2017).
Regjeringa arbeider med å greie ut spørsmålet i tråd med vedtaket frå Stortinget, og vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Konsekvensar av liberalisering av konsesjonsplikta
Vedtak nr. 878, 13. juni 2017:
«Stortinget ber regjeringen utrede konsekvensen av en videre liberalisering av konsesjonsplikten utover de lovmessige endringer som nå vedtas for rene skogeiendommer.»
Vedtaket blei gjort i samband med Stortingets handsaming av Prop. 92 L (2016–2017) Endringer i konsesjonsloven, jordloven og odelsloven mv. (konsesjonsplikt, odlingsjord, priskontroll, deling og driveplikt mv.), jf. Innst. 427 L (2016–2017). I samband med handsaminga av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 8 S (2017–2018), uttalte Næringskomiteen i Stortinget at utgreiing av eigedomsregelverket i jord- og skogbruk bør ha som siktemål å gjere omsyna bak lova mest mogleg effektive. Komiteen meinte at det blir feil utelukkande å peike på liberalisering av regelverket, og at utredningsarbeidet må få ei brei tilnærming.
Departementet vil komme tilbake til Stortinget med oppfølging av saka.
Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2015–2016
Om nasjonal strategi for å sikre fortsatt mangfald av villbier og andre pollinerande insekt
Vedtak nr. 510, 1. mars 2016:
«Stortinget ber regjeringen på egnet måte fremme en sak om nasjonal strategi for å sikre fortsatt mangfold av villbier og andre pollinerende insekter.»
Vedtaket blei gjort i samband med Stortingets handsaming av Dok 8:6 S (2015–2016), jf. Innst. 172 S (2015–2016). Regjeringa la i juni 2018 fram Nasjonal Pollinatorstrategi – Ein strategi for levedyktige bestandar av villbier og andre pollinerande insekt. Eit viktig formål med strategien er å etablere felles mål og innsatsområde for ein koordinert nasjonal innsats som byggjer vidare på det som allereie er sett i verk i privat og offentleg sektor. Fleire sektorar (landbruk, miljø, kommunal, samferdsel, forsvar, kunnskap og energi) har bidrege i arbeidet, og vil følgje opp strategien på sine område.
1.6 Bruk av stikkordet «kan overførast»
Under Landbruks- og matdepartementet blir stikkordet foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30–49
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2018 | Forslag 2019 |
1100 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 4 498 | 15 836 |
1137 | 70 | Innovasjonsaktivitet mv. | 3 500 | |
1137 | 71 | Bioøkonomiordninga | 5 013 | 2 832 |
1138 | 71 | Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar | 662 | 1 305 |
1139 | 71 | Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak | 10 385 | 29 059 |
1140 | 23 | Jegerprøve m.m. | 4 500 | |
1140 | 71 | Tilskott til viltformål | 46 289 | |
1142 | 71 | Omstillingstiltak i Indre Finnmark | 7 165 | 4 524 |
1142 | 80 | Radioaktivitetstiltak | 1 000 | 500 |
1148 | 22 | Naturskade, administrasjon | 743 | |
1149 | 71 | Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket | 13 731 | 92 300 |
1149 | 73 | Tilskott til skog-, klima- og energitiltak | 12 903 | 38 899 |
1150 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 7 304 | 24 033 |
1150 | 70 | Marknadsregulering | 302 062 | |
1150 | 74 | Direkte tilskott | 9 024 159 | |
1150 | 77 | Utviklingstiltak | 264 280 | |
1150 | 78 | Velferdsordningar | 1 518 391 | |
1151 | 75 | Kostnadssenkande og direkte tilskott | 1 113 | 79 100 |
1151 | 79 | Velferdsordningar | 231 | 2 600 |