3 Endringar i lov 19. februar 2010 nr. 5 om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor (AFP-tilskottsloven)
3.1 Grunnlag for ny AFP for år med uførepensjon - § 6 første ledd
Pensjonsreforma krev at regelverket for avtalefesta pensjon (AFP) blir tilpassa, og partane i arbeidslivet i privat sektor avtalte i lønnsoppgjeret i 2008 ein ny AFP tilpassa den nye alderspensjonen i folketrygda. Ved lov 19. februar 2010 nr. 5 om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor, jf. Prop. 17 L (2009–2010) og Ot.prp. nr. 111 (2008–2009), er den gjeldande tilskottslova for AFP erstatta med ei ny lov tilpassa ny AFP. Den nye lova får verknad for pensjon som blir betalt ut i 2011 og seinare.
Av punkt 3.1 i avtala mellom LO og NHO i 2008 går det fram at
«Opptjeningsreglene for AFP skal være lik opptjeningsreglene for inntektspensjon i folketrygden, men stopper ved fylte 62 år».
Grunnlaget for utrekning av ny AFP er fastsett i AFP-tilskottslova § 6. I tillegg til pensjonsgjevande inntekt, viser paragrafen mellom anna til at reglane for opptening av inntektspensjon i folketrygdlova §§ 20-6 til 20-8 gjeld tilsvarande for AFP.
Ved lov 4. juni 2010 nr. 17, jf. Prop. 82 L (2009–2010) kapittel 4, er det i ein ny § 20-7 a i folketrygdlova fastsett reglar om korleis uførepensjonistar skal tene opp inntektspensjon frå og med 2010. Departementet foreslår såleis at ein viser til § 20-7 a òg i AFP-tilskottslova § 6. Fordi ein på uttakstidspunktet for AFP må vere i arbeid for å oppfylle vilkåra for å ha rett til AFP, vil dette i hovudsak kunne påverke AFP for personar som har motteke gradert uførepensjon i år frå og med 2010.
Ein viser elles til at reglane for grunnlaget for AFP i periodar med mottak av uførepensjon før 2010 alt er fastsette i AFP-tilskottslova § 6, og tilsvarar dei reglane som ved lov 4. juni 2010 nr. 17 er fastsette i folketrygdlova § 20-21 for år før 2010. Departementet foreslår likevel nokre mindre endringar i ordlyden slik at formuleringa i AFP-tilskottslova blir meir i samsvar med formuleringa i folketrygdlova.
Departementet viser til forslaget til § 6 første ledd i AFP-tilskottslova.
3.2 Regulering av grunnlaget for ny AFP i 2010 - § 6 tredje ledd
Ny regulering av grunnbeløpet og dagens alderspensjon frå folketrygda skal setjast iverk i 2011. Dette vart vedteke ved lov 5. juni 2009 nr. 32, jf. Ot.prp. nr. 37 (2008–2009). I motsetnad til det som var intensjonen, trådte likevel reglane om at opptening i ny alderspensjon skal regulerast etter folketrygdlova § 20-18 i kraft 1. januar 2010 samstundes med resten av kapittel 20. Intensjonen var at all ny regulering skulle tre i kraft i 2011, og at oppteninga skulle regulerast etter dagens reglar for alderspensjon i 2010, det vil seie i samsvar med den endringa i grunnbeløpet Stortinget vedtek i samband med trygdeoppgjeret. Dette vart for alderspensjonen retta opp ved lov 4. juni 2010 nr. 17, jf. Prop. 82 L (2009–2010).
Som skildra i avsnitt 3.1, skal reglane for AFP-grunnlaget svare til oppteningsreglane for inntektspensjonen i ny alderspensjon. Tilsvarande oppretting må derfor gjerast i reglane om å oppjustere (regulere) grunnlaget for ny AFP i 2010.
Departementet viser til forslaget til § 6 tredje ledd i AFP-tilskottslova.
3.3 Presisering av 70-prosentsregelen for gammal AFP - § 14
Den samla utbetalinga av AFP, inkludert vedtektsfesta tillegg (AFP-tillegget), kan i dag ikkje vere høgare enn 70 prosent av tidlegare inntekt. Bakgrunnen for dette er at ein ikkje bør leggje opp til eit system som fører til at ein, under visse føresetnader, kan auke inntekta si ved å ikkje arbeide.
Dei gjeldande reglane skal vidareførast frå 2011 for personar som tek ut AFP før 1. januar 2011. 70-prosentsregelen for gammal AFP er fastsett i AFP-tilskottslova § 14 andre ledd. I Prop. 17 L (2009–2010) vart det foreslått å ta inn at 70-prosentsregelen skal gjelde «på uttakstidspunktet», som ei (rekneteknisk) klargjering av utrekningsmetoden når AFP frå 2011 skal regulerast med lønnsveksten og deretter trekkast frå 0,75 prosent, det vil seie regulerast som alderspensjon.
Etter ei ny vurdering foreslår departementet at orda «på uttakstidspunktet» blir tekne ut igjen av paragrafen. Mellom anna kan det vere nødvendig å avgrense pensjonen på nytt dersom sivilstanden endrar seg etter uttakstidspunktet. Dei detaljerte reglane, som fører vidare gjeldande rett teknisk tilpassa til ny regulering, vil gå fram av forskrifter gjevne med heimel i AFP-tilskottslova § 30 bokstav d.
Departementet viser til forslaget til § 14 andre ledd i AFP-tilskottslova.
70-prosentsregelen viser til pensjon etter første ledd, der forsørgingstillegg òg er omtalt. Personar med AFP etter gamle reglar kan få forsørgingstillegg (ektefelletillegg) dersom dei forsørgjer ektefelle over 60 år.
Departementet foreslår ei lovteknisk endring for å gjere det meir klart at eit eventuelt ektefelletillegg – som i dag – skal haldast utanom når ein vurderer om pensjonen er høgare enn 70 prosent av tidlegare inntekt. Dette blir presisert ved å flytte reglane om forsørgingstillegg frå første ledd til eit nytt femte ledd. Samstundes er det da ikkje lenger naudsynt å presisere i tredje ledd at forsørgingstillegget blir regulert på annan måte enn resten av pensjonen omtalt tidlegare i paragrafen. Dette vil følgje automatisk av at ektefelletillegget blir fastsett ut frå gjeldande minste pensjonsnivå, jf. folketrygdlova § 3-24 slik ho vil lyde frå 1. januar 2011. Føresegna om korleis forsørgingstillegg skal regulerast blir derfor teken ut frå tredje ledd.
Departementet viser til forslaget til § 14 første, tredje og nytt femte ledd i AFP-tilskottslova.
3.4 Oppretting av reglane for gammal AFP ved institusjonsopphald - § 16
Folketrygdlova §§ 3-27 til 3-29 gjev reglar for å setje ned pensjon ved enkelte langvarige institusjonsopphald, mellom dette fengselsopphald. Av AFP-tilskottslova § 16 andre ledd går det fram at tilsvarande reglar skal gjelde for gammal AFP i privat sektor òg. Gammal AFP gjeld personar som har teke ut AFP med verknad før 1. januar 2011.
Reglane for AFP ved institusjonsopphald er ikkje presiserte i den gamle tilskottslova for AFP. Slik det går fram av Ot.prp. nr. 111 (2008–2009) avsnitt 4.3 og lovmerknaden til paragrafen, var § 16 andre ledd i den nye AFP-tilskottslova meint som ei lovfesting av gjeldande rett.
Det er i dag tre AFP-ordningar i privat sektor. Av desse er LO/NHO-ordninga den klart største. Reglane for utrekning av pensjonen er i det alt vesentlege felles for dei tre ordningane, men departementet er etter lovvedtaket gjort merksam på at regelen for AFP ved institusjonsopphald i dag berre gjeld for AFP i LO/NHO-området. Han er der fastsett i § 11 nr. 6 i vedtektene. AFP-ordningane i Spekter og finansnæringa har ingen slik regel.
Dersom § 16 andre ledd blir ståande i lova, fører dette til at denne regelen for AFP ved institusjonsopphald vil gjelde for alle dei tre gamle ordningane. I tråd med at intensjonen ikkje var å endre på dei gjeldande reglane, foreslår departementet å oppheve leddet. Regelen vil da bli avgrensa til LO/NHO-ordninga, som i dag, sidan han for denne ordninga er fastsett i vedtektene. AFP-tilskottslova får først verknad for utbetalingar i 2011 og seinare, og har såleis ikkje påverka dei pensjonane som er betalte ut fram til no.
Departementet viser til forslaget om å oppheve § 16 andre ledd i AFP-tilskottslova.