1 Innleiing
Den 20. februar 2013 blei ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Republikken Botswana om opplysningar i skattesaker underskriven i Paris. Samtykke til underskriving blei gitt ved kongeleg resolusjon av 11. januar 2013. Overeinskomsten ble på vegne av Noreg underskriven av chargé d’affaires Vegar Brynildsen og på vegne av Republikken Botswana av ambassadør Lameck Nthekela. Overeinskomsten vil tre i kraft 30 dagar etter at begge partane har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtala kan tre i kraft. Avtala får verknad for straffbare skattesaker frå denne dato og for andre saker frå og med det skatteår som byrjar på eller etter 1. januar i det kalenderåret som fylgjer etter det året da avtala trer i kraft.