Prop. 1 S (2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4162, 5576, 5651 og 5652

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Oversikt over budsjettframlegget på programområde 15 Landbruk og mat

1.1 Status og hovudprioriteringar

Arbeidet med landbruks- og matpolitikken er forankra i Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken og Soria Moria-erklæringa. Landbruks- og matmeldinga er ei melding for ein framtidsretta landbruks- og matpolitikk i Noreg. Meldinga legg til grunn fire overordna mål; matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk. Gjennom behandlinga av meldinga slutta Stortinget seg til desse måla.

For regjeringa er det svært viktig å ha eit norsk landbruk som produserer nok og trygg mat for innbyggjarane på ein berekraftig måte. For den norske matproduksjonen er det særskilte utfordringar knytt til ein kort vekstsesong, spreidde landbruksareal og eit kaldt klima. I tillegg er det eit høgt kostnadsnivå og høg konkurranse om arbeidskrafta i Noreg samanlikna med dei fleste andre land. Trass i desse krevjande rammevilkåra, har produksjonen av mat auka dei siste tiåra, blant anna fordi regjeringa har bruka tollvernet aktivt, auka målprisane og auka overføringane til jordbruket. For at denne utviklinga skal halde fram, må det satsast på utvikling av kompetanse i heile verdikjeda. Landbruket må vere ein attraktiv arbeidsplass, både for å sikre eksisterande arbeidsplassar og for å gje grunnlag for ny rekruttering.

Statistikken frå FN sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) viser at ei aukande folkemengde krev meir produksjon av mat. For å ha nok mat til 9 mrd. menneske er det nødvendig at matproduksjonen aukar med omkring 70 pst. på verdsbasis innan 2050. Dette er ei stor utfordring.

I følgje Statistisk sentralbyrå (SSB) vil det i 2030 vere om lag ein million fleire innbyggjarar i Noreg enn det er i dag. Landbruks- og matpolitikken vil difor, der det er eit naturleg grunnlag for det, leggje til rette for meir matproduksjon som dekkjer auka etterspørsel. Matproduksjon frå land og sjø, basert på berekraftig bruk av nasjonale ressursar, er eit fundament for matsikkerheita. Nasjonal matsikkerheit er avhengig av kontinuerleg produksjon av mat, ivaretaking av produksjonsgrunnlaget og eit velfungerande handelssystem. Globale utfordringar med spesielle vêrforhold har ført til auka ustabilitet i den globale kornmarknaden. Avlingsnivå og kvalitet på det norske matkornet har også vist auka ustabilitet dei siste åra og gjort Noreg meir avhengig av import. For å gje auka tryggleik i forsyninga av matkorn til den norske marknaden, gjer regjeringa framlegg om å etablere ei ordning med beredskapslagring av matkorn.

Evna til å produsere nok mat er avhengig av sentrale rammevilkår. Klimaendringane, som bidreg til temperaturauke, endring i nedbørsmengder og ustabilt vêr, skapar både utfordringar og moglegheiter for landbruket. Dette er nærare omtalt i St.meld. nr. 39 (2008–2009); Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen. Regjeringa vil bidra til at landbrukssektoren kan utvikle betre og fleire tiltak for å redusere utsleppa av klimagassar og forsterke dei positive klimabidraga som sektoren allereie gjev gjennom lagring av karbon i skog og jordsmonn. Samanhengane mellom klimautfordringane og sikker tilgang til nok og trygg mat står sentralt her. Målet er å produsere mat med lågast mogleg klimagassutslepp, og å utnytte fornybare ressursar på ein måte som bidreg til så store kutt i klimagassutsleppa som mogleg. Landbruks- og matpolitikken skal bidra til eit meir miljøvennleg landbruk. Av Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk, går det fram at regjeringa legg vekt på å fremje og forsterke gode klimatiltak i landbruket.

Regjeringa vil sikre utøvarane i landbruket ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på line med andre grupper. Regjeringa vil difor vidareutvikle inntekts- og velferdspolitikken i landbruket med utgangspunkt i den landbrukspolitikken som er ført etter 2005. Forskingsbasert kunnskap og høg innovasjonsevne er nødvendig for å nå dei landbruks- og matpolitiske måla. Dette er også ein føresetnad for konkurranseevne i verdikjeda for jordbruk, reindrift, skog og innanfor dei mange bygdenæringane. Regjeringa vil difor leggje til rette for å vidareutvikle ein målretta og langsiktig forskings- og innovasjonspolitikk som omfattar heile breidda i norsk landbruks- og matsektor, frå primærledd til industri. Den skal samtidig dekkje spennet frå volumproduksjon av mat og fiber til produksjon av andre varer og tenester basert på dei samla ressursane i landbruket.

Norsk landbruk har gjennomgått store endringar, drive fram av endra rammevilkår, teknologisk utvikling og ny kunnskap. Alt tilseier at det også framover vil vere moglegheiter for vekst i sektoren som resultat av nye produkt og tenester, nye måtar å samhandle på, nye måtar å organisere næringsverksemd på m.m.

Verdikjedene i landbruket er blant dei mest komplette verdikjedene i norsk næringsliv, og omfattar alt frå forsking, produksjon av innsatsvarer, næringsmiddelindustri til forbrukar. Jordbruket sysselsette i 2011 om lag 49 400 årsverk. Matindustrien er den nest største industribransjen i Noreg. Inkludert fisk hadde matindustrien i 2012 ein brutto produksjonsverdi på om lag 161 mrd. kroner, og ei sysselsetjing på om lag 47 500 personar. Ein stor del av matindustrien er avhengig av norske råvarer i produksjonen. Skogbruk og trebasert industri sysselsette i 2011 om lag 24 600 personar. Trebasert industri hadde i 2011 ein brutto produksjonsverdi på om lag 41,9 mrd. kroner, og eksporterte for om lag 12 mrd. kroner. Førstehandsverdien av tømmeret som blei omsett var på om lag 3,1 mrd. kroner.

Skog- og tresektoren står overfor store utfordringar. Låg økonomisk vekst som følgje av den globale finanskrisa, redusert konkurranseevne og lågare etterspørsel etter trykkpapir har ført til mindre etterspørsel etter trebaserte produkt, særleg papir og cellulose. Produksjonen på ei av dei største treforedlingsbedriftene i landet, Södra Cell Tofte AS, blei lagt ned i august 2013. Dette har ført til press på avsetning og pris på store mengder massevirke og auka transportkostnadar, med konsekvensar for lønsemd og konkurranseevne også til sagbruk og annan tremekanisk industri. Lønsam skogindustri i Noreg er viktig for verdiskapinga frå tømmer, for aktiviteten i skogen og bygdene, og for skogen sine positive energi- og klimabidrag. Regjeringa vil føre vidare arbeidet med å leggje til rette rammevilkår og satsing på omstilling og lønsam utvikling i sektoren. For å leggje til rette for styrkt konkurransekraft i skogsektoren, vil regjeringa setje ned eit utval som skal utarbeide ein strategi for forsking, utvikling, innovasjon og kunnskapsformidling – Skog22.

Landbruks- og matsektoren har eit breitt samfunnsansvar, og spelar ei viktig rolle for folk og næringsliv over heile landet. Jordbruk, skogbruk, reindrift og andre aktivitetar basert på landbrukets ressursar er viktig for økonomisk aktivitet og for å halde oppe hovudtrekka i busetjingsmønsteret og å utvikle lokalsamfunna. Landbruket skal vere produsent både av råvarer og tenester og av ulike fellesgode, som matsikkerheit, busetjing, ulike miljøgode, kulturlandskap og karbonlager i skogen og jorda. Eit aktivt landbruk er også eit vilkår for å oppretthalde viktige verdiar, som trygg og lokal mat, vakre kulturlandskap, friluftsliv, jakt og fiske, hagestell og parkanlegg, reiselivsopplevingar og nærleik til sports- og kjæledyr. For å sikre god utnytting av ressursane, er det viktig å ta heile landet i bruk.

Eit gjennomgåande utviklingstrekk er at forbrukarane ønskjer større utval av norske varer. For nokre varetypar gjev dette tilbakegang, mens for andre varetypar gjev dette vekst og nye moglegheiter. Maten er også knytt til kultur, historie og identitet, og er ein del av ein felles kulturarv. Det er til dømes aukande etterspørsel etter mat med lokal forankring, noko som kan gje høve for innovasjon og nyskaping i landbruks- og matsektoren. Det er difor viktig å stimulere til utvikling av matmangfald og matkultur og til god informasjon om dei produkta forbrukarane kjøper.

Samfunnstryggleik og beredskap er eit viktig område innanfor landbruks- og matsektoren. Matpolitikken til regjeringa er basert på at maten skal vere trygg, og forvaltninga arbeider difor kontinuerleg for å vere budd på hendingar som kan utgjere eit trugsmål mot trygg mat og matsikkerheita. Det blir gjennomført tilsyn, kartlegging og overvaking i matproduksjonskjeda, og det blir jamleg gjennomført beredskapsøvingar i landbruks- og matsektoren.

1.2 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle mål- og resultatstyring som styringssystem for landbruks- og matpolitikken. Det har vore eit behov for i større grad å spesifisere dei måla regjeringa ønskjer å nå. I tillegg har det vore eit behov for å utvikle system som gjer det enklare å vurdere samanhengen mellom mål og faktiske resultat, jf. også Dokument 3:12 (2009–2010) Riksrevisjonens undersøkelse av måloppnåelse og styring i jordbruket. Under blir hovudtrekka i målstrukturen med overordna mål og resultatområde kort presentert. Ei meir detaljert rapportering på delmåla går fram av del III i proposisjonen.

Figur 1.1 Overordna målstruktur for Landbruks- og matdepartementet

Figur 1.1 Overordna målstruktur for Landbruks- og matdepartementet

Forsking og innovasjon og ei omstillingsdyktig, effektiv og robust forvaltning er tverrgåande verkemiddel, og skal bidra til at dei fire overordna måla blir nådd.

Matsikkerheit

Auka berekraftig matproduksjon

Den viktigaste oppgåva for landbruket er å produsere nok, variert og trygg mat av god kvalitet. Regjeringa vil difor, innanfor dei gitte handelspolitiske rammene, leggje til rette for auka produksjon av jordbruksvarer som det er naturleg grunnlag for og som marknaden etterspør, slik at sjølvforsyningsgraden kan oppretthaldast om lag på nivået i dag. Tal frå SSB viser at folkemengda i Noreg vil auke med om lag 20 pst. innan 2030. Det er difor viktig å ta heile landet i bruk og leggje til rette for ein variert bruksstruktur med innslag av både små og store bruk. Her er særleg nasjonale ressursar som grovfôr og beite viktige. I tillegg er importvernet nødvendig for å sikre avsetning for norske jordbruksvarer, og for å kunne gje eit grunnlag for at bøndene skal ha gode inntektsforhold. Sjølvforsyningsgraden viser kor stor del av matvareforbruket på engrosnivå, rekna på energibasis, som kjem frå norsk produksjon av jordbruksprodukt. I 2012 var sjølvforsyningsgraden for jordbruksvarer på 48 pst. målt i energi. Eit anna mål er heimemarknadsdelen som vil seie produksjon for heimemarknaden som del av totalmarknaden målt i kroner (verdi). I dag ligg heimemarknadsdelen for matindustrien på 80 pst. For sentrale produkt som kjøtt, potet og meierivarer er heimemarknadsandelen nær 100 pst. Produksjonen av mat har også ein eigenverdi utover det å ivareta etterspørselen i marknaden, gjennom å gje fellesgode som matsikkerheit, busetjing, kulturlandskap og karbonlager i jord og skog.

Trygg mat og fullverdig kosthald

All mat som blir omsett i Noreg skal vere trygg, utan farlege smittestoff og framandstoff. Det gjeld enten maten er framstilt i Noreg eller utanlands. Det er verksemdene i matproduksjonskjeda som sit med ansvaret for at maten er trygg. Samanlikna med andre land, har Noreg sjeldne førekomstar av matboren sjukdom. Førekomsten av smittestoff i mat er relativt låg. Norsk dyrehelse er i verdstoppen. Det er difor stabil og avgrensa førekomst av sjukdommar hos husdyr som kan overførast til menneske, direkte eller gjennom mat. Antibiotikabruken i norsk husdyrhald er lågare, og til dels svært mykje lågare, enn i andre europeiske land. For å oppretthalde denne gunstige situasjonen er det viktig å sikre gode rutinar og god hygiene i heile matproduksjonskjeda. Det er også viktig med gode førebyggjande tiltak og beredskap. Ernæring og kosthald er viktig i det nasjonale folkehelsearbeidet.

Ivareta forbrukarinteresser

Regjeringa skal styrkje rettane, interessene og tryggleiken til forbrukarane. Difor spelar forbrukarane ei viktig rolle i landbruks- og matpolitikken ved at synspunkt frå forbrukarane og forbrukaromsyn skal kome til uttrykk i den faktiske utforminga av politikken. Det gjeld til dømes faktorar som kvalitet, pris og vareutval. Forbrukarane, matbransjen og styresmaktene har også merksemd på merking av mat. Det er sentralt at forbrukarane har god og rett informasjon om produkta dei kjøper slik at dei kan gjere informerte val. Økologisk landbruk er viktig for matmangfaldet og kan bidra til å fremje eit meir miljøvennleg jordbruk.

Etisk forsvarleg hald av dyr

God dyrevelferd er viktig for dyra, eit kollektivt gode for samfunnet og eit konkurransefortrinn for norsk landbruk.

Ansvaret for dyrevelferda ligg på den som har den daglege omsorgen for dyret. Ei ny og modernisert lov om dyrevelferd blei sett i kraft frå 1. januar 2010. Gjennom denne lova er det lagt til rette for lettare å kunne fange opp alvorleg omsorgssvikt for dyr, samstundes som Mattilsynet har fått fleire nye verkemiddel for effektiv å kunne følgje opp brot på regelverket. God dyrehelse er eit viktig grunnlag for god dyrevelferd. Det er både faglege og ressursmessige synergiar i at Mattilsynet har ansvaret for tilsyn med begge desse områda.

Dyrevelferda er gjennomgåande god i Noreg, sjølv om det er utfordringar både i enkelte produksjonar og hos enkeltprodusentar. Tap av dyr på utmarksbeite er eit viktig problem for dyrevelferda. Rovviltforliket i Stortinget 2011 legg til rette for reduserte tap. Likevel er beitedyr som blir drepne av rovvilt innanfor område som er prioriterte til beitebruk, framleis ei stor utfordring.

Regjeringa vil sette ned eit eige utval som skal gjennomgå pelsdyrnæringa med sikte på å gje føreseielege rammevilkår for næringa. Utvalet skal greie ut både eit alternativ med berekraftig utvikling og eit alternativ med styrt avvikling.

Noreg som aktiv internasjonal aktør

Regjeringa legg vekt på at Noreg skal spele ei viktig rolle som konstruktiv internasjonal aktør. Matsikkerheit, under dette også bidrag frå nasjonal produksjon, står høgt på den internasjonale dagsorden.

Noreg deltek aktivt i ulike typar forhandlingar, til dømes i WTO-systemet, der ei viktig oppgåve for Noreg er å sikre framtidig handlingsrom for ein offensiv nasjonal landbrukspolitikk. I tillegg legg EØS-avtalen sentrale føringar på regelverk for mat og innsatsfaktorar i Noreg. Det norske regelverket er harmonisert med regelverk i EU-systemet på matområdet. Regjeringa legg vekt på ein aktiv, open og tydeleg europapolitikk.

Regjeringa vil auke støtta til landbruket i utviklingsland, både bilateralt og multilateralt. Dette er eit viktig bidrag til auka matsikkerheit. Klimaendringar skapar også utfordringar for matsikkerheita internasjonalt. Eit sterkt internasjonalt samarbeid for å stoppe tap av genetisk variasjon står difor sentralt. I tillegg er det viktig å følgje det internasjonale samarbeidet om eit meir klimavennleg og berekraftig jord- og skogbruk. Departementet vil prioritere deltaking i dei internasjonale klimaforhandlingane som gjeld skog i arbeidet med ein heilskapelig klimaavtale, i tillegg til andre prioriterte internasjonale prosesser som skal bidra til berekraftig skogforvaltning.

Vidareutvikle Noreg som matnasjon

Satsing på produksjon av mat med lokal identitet er viktig for næringsutvikling og verdiskaping i heile landet. For stadig fleire bønder er produksjon av lokal mat ein viktig måte å få nytta ressursgrunnlaget på garden, og på den måten få fleire bein å stå på. Frå 2013 blei Utviklingsprogrammet for lokalmat og Utviklingsprogrammet for grønt reiseliv slått saman for å samkjøre tiltaka knytt til matkultur, reiseliv og unike opplevingar.

Landbruk over heile landet

Sikre bruk av landbruksareal

Eit viktig mål i landbruks- og matpolitikken er å leggje til rette for landbruk over heile landet. Landbruket omfattar jordbruk, skogbruk, reindrift og bygdenæringar. Jordbruksarealet er ein avgrensa ressurs. Knappe 3 pst. av norsk areal er jordbruksareal, og under 1/3 av dette er kornareal. Det er difor viktig å utnytte jordbruksarealet og ta vare på avgrensa ressursar på ein god måte med sikte på busetjing, verdiskaping, sysselsetjing og ivaretaking av kulturlandskapet.

Gjennom beitebruk i utilgjengelege fjellområde og utmark bidreg småfe- og reindriftsnæringa til å utnytte norske arealressursar. Den geografiske produksjonsfordelinga må vidareførast for å sikre god utnytting av arealressursane. Regjeringa legg vekt på bruk av nasjonale ressursar som grovfôr og beite. I yngleområda for store rovvilt kan beiteressursane i liten grad nyttast til tradisjonelt utmarksbeite. Skog dekkjer i følgje SSB rundt 40 pst. av landarealet eller 26 pst. dersom ein reknar på den produktive skogen. Skogbruk er difor viktig for verdiskapinga i store delar av landet, både i kombinasjon med jordbruk og som reine skogeigedommar. I klimasamanheng vil regjeringa auke det produktive skogarealet gjennom tilplanting av nye areal for å utnytte skogens evne til opptak av karbon betre. Det er også eit mål å forvalte eksisterande areal meir optimalt i eit klimaperspektiv, mellom anna gjennom tettare planting, målretta gjødsling av skog og styrkja innsats innan skogplanteforedling.

Styrkje og bidra til sysselsetjing og busetjing

Landbruks- og matpolitikken er viktig for å nå regjeringa sitt mål om å ta heile landet i bruk. Regjeringa vil leggje til rette for å utløyse verdiskapingspotensialet knytt til bredda av landbrukets ressursar, og mobilisere til ny aktivitet og engasjement som kan styrkje utviklinga av dei enkelte lokalsamfunna. Dei om lag 154 100 landbrukseigedommane i Noreg med bustadhus utgjer eit viktig grunnlag for busetjing og sysselsetjing, og for utvikling og produksjon av varer og tenester med utgangspunkt i landbruket.

For å kunne utnytte landbruksressursane på ein betre måte har regjeringa dei siste åra fått gjennomført store endringar i eigedomslovgjevinga. Seinast i 2013 vedtok Stortinget etter forslag frå regjeringa ny jordskiftelov og endringar i odelslova og i delingsføresegna i jordlova. Endringane i jordlova legg til rette for å styrkje busetjinga i distrikta og for å kunne redusere delen leigejord.

Samspel mellom landbruket og andre næringar og sektorar vil også vere viktig for auka utnytting av landbrukets ressursar til sysselsetjing og busetjing.

Politikk tilpassa regionale vilkår og utfordringar

For å fange opp regionale skilnader i moglegheiter og utfordringar, vil regjeringa utforme ein meir regionalt tilpassa landbruks- og matpolitikk. Dei nasjonale ordningane skal ha ein sterk distriktsprofil, det skal bli større rom for å utvikle ein politikk tilpassa regionale føresetnader, og landbruksavhengige kommunar skal ha særskild merksemd på framtidig prioritering av verkemiddel og innsats. Gjennom oppretting av regionale bygdeutviklingsprogram frå 2013 blir ein større del av verkemidla forvalta regionalt. Ved å styrkje det regionale ansvaret er målsetjinga å samordne det regionale miljø- og næringsarbeidet, bidra til auka mobilisering av lokale ressursar og byggje opp under den lokale vekstkrafta. For å styrkje og vidareutvikle landbruket i nordområda og fjellområda, er det sett i verk ei satsing på arktisk landbruk frå 2013, og ei satsing på fjellandbruket kjem i gang frå 2014.

Auka verdiskaping

Konkurransedyktige verdikjeder og robuste einingar

Verdiskaping er viktig for å nå måla om auka matproduksjon og å ha eit landbruk over heile landet. Konkurransedyktige verdikjeder og robuste einingar står difor sentralt i norsk landbruks- og matpolitikk. Norsk landbruks- og matsektor er samansett av mange ulike verdikjeder. I alle ledda i desse verdikjedene er det sjølvstendig næringsdrivande som må vere konkurransedyktige. Dette gjev utfordringar, men også grunnlag for innovasjon og vekst. Regjeringa ønskjer også eit løft for bygdenæringar gjennom å leggje til rette for ei vidareutvikling av lønsame bygdenæringar, gjerne i kombinasjon med tradisjonell produksjon. Her er det eit potensial for utvikling av nye produkt som kan gje potensial for auka verdiskaping. Etterspørsel etter nye produkt gjev moglegheiter for å styrkje inntektsgrunnlaget.

Regjeringa har følgd opp fleire av tiltaka som Matkjedeutvalet tilrådde i si innstilling, NOU 2011: 4 Mat, makt og avmakt. I oktober 2012 oppnemnde regjeringa eit ekspertutval som har greidd ut om korleis prinsippet om god handelsskikk i daglegvarebransjen og omsynet til forbrukarane kan integrerast i lovgjevinga. Eit samstemd lovutval foreslår ei lov om god handelsskikk som vil leie til samfunnsøkonomisk effektive løysingar og som tek vare på viktige forbrukaromsyn som lågare prisar, betre utval, tilgjenge og kvalitet.

Skogressursane er fornybare, og skogbruket er ei viktig næring nasjonalt, regionalt og lokalt. Det er innanlandsk foredling og bruk av skogen som gjer skogen viktig for sysselsetjing og verdiskaping i Noreg. Den tradisjonelle treforedlingsindustrien møter auka utfordringar i marknaden. Framtidig vekst i denne industrien vil truleg måtte komme frå nye produkt og nye produksjonsprosessar. Mykje av det som no blir laga av olje kan også bli laga av tre. Det ligg eit stort potensial i å utnytte dei miljømessige fortrinna til trevirket til nye produkt og auka verdiskaping.

Gode kompetansemiljø

God rekruttering og høg kompetanse er sentralt for å nå måla i landbruks- og matpolitikken. Kompetent arbeidskraft og høg kompetanse i heile verdikjeda er ein føresetnad for ein konkurransekraftig landbruks- og matsektor. Regjeringa vil leggje til rette for dette gjennom å ivareta og utvikle utdanningssystemet og satse på forsking og innovasjon som grunnlag for nye produkt, produksjonsmetodar, nye tenester og betre effektivitet. God formidling av kunnskap mellom dei ulike aktørane i utdanningsmiljøa og næringa er viktig slik at sektoren kan ta i bruk ny kunnskap. Regjeringa vil styrkje kompetansen og rekrutteringa til landbruksyrka og industri som baserer seg på landbrukets ressursar.

I tillegg til å vidareutvikle det nye universitetet på Ås, vil Regjeringa vidareføre arbeidet med styrking av Høgskolen i Hedmark (HH) og Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT) som viktige kompetanse- og kunnskapsmiljø for norsk landbruk og for utviklinga av regionalt næringsliv. Det er inngått ein intensjonsavtale mellom Landbruks- og matdepartementet, Nord-Trøndelag fylkeskommune, Steinkjer kommune og HiNT om å vidareutvikle eit robust kompetansemiljø innan agronomi og husdyrbruk. Arbeidet skal styrkjast ytterlegare i 2014. Tilsvarande intensjonsavtale er inngått mellom Landbruks- og matdepartementet, Hedmark fylkeskommune, Hamar kommune og HH om å vidareutvikle deira kompetanse innan agronomi og landbruksteknikk. Vidare gjer departementet framlegg om å styrkje kunnskapsmiljøa innan landbruk og anvendt bioteknologi på Hamar. Målsetjinga er å utvikle eit sterkt miljø som grunnlag for kunnskapsproduksjon og etablering av arbeidsplassar innan dei biobaserte næringane i regionen, jf. nærare omtale i kap. 1137.

Konkurransedyktige inntekter

Eit levedyktig landbruk er avhengig av nyrekruttering og at godt kvalifisert arbeidskraft ønskjer å fortsetje i landbruks- og matsektoren. Eit vilkår for dette er konkurransedyktige inntekter. Ei rekkje rammevilkår har innverknad på inntektsnivået i jordbruket, nokon er innanfor mens andre er utanfor verkeområdet til landbruks- og matpolitikken. Frå 1. januar 2013 blei tollsatsane for ost og kjøtt av storfe og lam lagt om frå kronetoll til prosenttoll, noko som gjev sterkare vern mot import. Regjeringa har på denne måten lagt til rette for auka produsentprisar og inntektsmoglegheiter i landbruket. Regjeringa ønskjer å sikre utøvarane i landbruket ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på line med andre grupper. Regjeringa vil difor vidareføre inntekts- og velferdspolitikken i landbruket med utgangspunkt i den landbrukspolitikken som er ført etter 2005.

Berekraftig landbruk

Beskytte arealressursane

Rett vern og bruk av arealressursane er ein føresetnad for å kunne auke matproduksjonen, ivareta eit aktivt landbruk over heile landet og sikre at norsk matproduksjon så langt som mogleg er basert på norske ressursar. Både mengd og kvalitet på jord er avgjerande for landbruket og måloppnåinga i landbruket. Regjeringa legg vekt på ei styrking av jordvernet i heile landet og ein politikk som sikrar god utnytting av jordbruksareala. Det er viktig å unngå nedbygging av dyrka mark. Difor er det eit mål å avgrense omdisponeringa til under 6 000 dekar dyrka mark per år. Eit langsiktig perspektiv er nødvendig for å nå målet om eit berekraftig landbruk. Klimaendringar og press på ressursgrunnlaget utgjer også eit trugsmål mot målet om ein auke i matproduksjonen.

God agronomi er sentralt for å kunne auke produksjonen, sikre god produktivitet og ha ei best mogleg utnytting av jordbruksareala. Regjeringa har innført eit tilskott til grøfting innan SMIL-ordninga i 2013. Gjennom jordbruksoppgjeret 2013 blir rettleiingstenesta i landbruket styrkt og samordna. Norsk landbruksrådgivning (NLR) får ei auka løyving. NLR får i tillegg overført rettleiingsoppgåver innanfor økologisk jordbruk, og det blir lagt til rette for samanslåing med Landbrukets HMS-teneste.

Samisk reindrift bidreg til eit levande landbruk. Oppfølging av dei siidaandelane som har eit for høgt reintal, har høg prioritet i 2014. Ut frå bruksreglane som er etablert er det nødvendig å redusere talet på rein med om lag 40 000 over ein periode på inntil 3 år. Denne reduksjonen skal i all hovudsak gjennomførast i Aust- og Vest-Finnmark reinbeiteområde.

Produksjon av miljøgode

Landbruket er ein viktig produsent av miljøgode, spesielt viktig er skogen og jordas rolle som karbonlager i klimasamanheng, bevaring av biologisk mangfald og pleie av kulturlandskap. Aktivt landbruk i heile landet er svært viktig for bevaring av kulturlandskapa. Slike kulturlandskap er sentrale miljøgode, både for dei som bur i lokalmiljøet og for turistar, og sikrar at ei rekkje sårbare og truga artar får gode levevilkår. Produksjon av miljøgode er ein viktig målsetnad for verkemiddelbruken i landbrukspolitikken.

I Noreg er det om lag 1 000 trua artar knytte til landbrukets kulturlandskap. Aktiv jord- og beitebruk er viktig for å ivareta naturtypar og artar.

Klimautfordringane – landbruket ein del av løysinga

Klimaendringar har innverknad på landbruket. Landbruket har også innverknad på klimaet, både gjennom utslepp, men også gjennom opptak av klimagassar. Landbruket spelar ei viktig rolle i løysinga av klimautfordringane, noko som er presentert i St.meld. nr. 39 (2008–2009). Auka karbonlagring i skog og jord og produksjon av fornybar energi til erstatning for fossile kjelder vil vere viktige bidrag for å redusere dei samla klimagassutsleppa. Skogen er særleg viktig for opptak og lagring av karbon. Eit aktivt skogbruk er ein viktig del av klimapolitikken til regjeringa jf. Meld. St. 21 (2011–2012). Aktuelle tiltak for å styrkje skogens rolle er auka skogplanting og andre skogkulturtiltak og bruk av tre til byggematerialer og fornybar energi. Regjeringa legg vekt på energieffektivisering og produksjon av fornybar energi som ein del av løysinga. Difor har regjeringa eit mål om å auke utbygginga av bioenergi med inntil 14 TWh innan 2020. Sidan all matvareproduksjon fører til klimagassutslepp, er det ei utfordring å auke matproduksjonen samstundes med reduksjon i klimagassutsleppa. Løysinga for landbruket er å redusere eigne utslepp gjennom meir effektiv produksjon.

Redusere forureininga frå jordbruket

Næringsstoffavrenning frå jordbruksareal er ei utfordring for vasskvaliteten i utsette vassdrag og kystområde. Mildare vintrar med kortare frostperiodar har bidrege til å auke utfordringa med avrenning, og har i enkelte tilfelle ført til at avrenninga er stor trass i at fleire tiltak er utførte. I enkelte andre område er det høg tettleik av husdyr. Det kan gje utfordringar med fosforavrenning og ammoniakktap frå husdyrgjødsel dersom gjødsla ikkje handterast på rett måte.

Kjemiske plantevernmiddel er innsatsvarer for å kontrollere skadegjerarar som samstundes kan ha uønskte effektar på helse og miljø.

Utfordringane med forureining frå jordbruket blir handterte gjennom ein kombinasjon av juridiske og økonomiske verkemiddel og informasjonstiltak. Landbruks- og matdepartementet har mellom anna starta ei revidering av regelverket for husdyrgjødsel. Dei regionale miljøprogramma er nyleg reviderte. Auka målretting av midla til tiltak som gjer mest miljønytte har vore sentralt i arbeidet.

Forsking og innovasjon skal bidra til at dei overordna landbruks- og matpolitiske måla blir nådde

Befolkningsvekst og klimaendringar inneber store utfordringar, men også betydelege moglegheiter for landbruks- og matsektoren. Høg kunnskapsproduksjon og ein omfattande forskingsinnsats er nødvendig for å nå dei overordna landbruks- og matpolitiske måla i Meld. St. 9 (2011–2012). Landbruks- og matdepartementet legg vekt på forsking for auka berekraftig produksjon av nok og trygg mat. Forskingsløyvingane til betre agronomi, klimatilpassingar og miljøomsyn er auka. I tillegg har to ekspertgrupper vurdert forskingsbehov knytt til auka korn- og storfekjøttproduksjon i Noreg.

Departementet legg vekt på å leggje til rette for auka innovasjon og konkurransekraft i næringsmiddelindustrien. Dette blir følgt opp gjennom løyvingar til næringsretta programaktivitet i Noregs forskingsråd.

Landbruks- og matforskinga må følgjast opp med målretta formidling slik at ny kunnskap på ein rask og effektiv måte når ut til aktørane som kan ta kunnskapen i bruk. For å lukkast med dette er det nødvendig å sikre eit godt samarbeid mellom dei ulike aktørane i landbruks- og matnæringa.

Norsk deltaking i internasjonal forsking på landbruks- og matområdet er nødvendig for å løyse felles utfordringar, fornye norsk forsking og for å kunne forstå og utnytte forskingsresultat frå andre land. Dette krev internasjonal spisskompetanse i forskingsmiljøa. Noreg bør difor oppretthalde høg nasjonal aktivitet innanfor dei områda av landbruks- og matforskinga vi har størst moglegheit til å hevde oss internasjonalt.

Regjeringa har varsla at Noreg skal gå inn som fullt medlem av EU sitt nye forskings- og innovasjonsprogram, Horisont 2020. Programmet samsvarer godt med dei norske forskingspolitiske prioriteringane på landbruks- og matområdet, og det er difor grunn til å tru at kommisjonen sitt forslag til rammeprogram opnar for auka deltaking frå norske landbruks- og matforskingsmiljø.

I tillegg til ei styrking av dei landbruksfaglege og bioteknologiske kunnskapsmiljøa i Hamarregionen, vil vidare utgreiing om moglegheitene for eit innovasjonssenter på Ås vere sentralt for å styrkje grunnlaget for auka næringslivssamarbeid og kommersialisering av forsking. Departementet vil følgje opp dette arbeidet.

Ei omstillingsdyktig, effektiv og robust forvaltning

Ei velfungerande og omstillingsdyktig landbruks- og matforvaltning er avgjerande for å gjennomføre regjeringas mål for landbruks- og matpolitikken. Dei overordna måla for landbruks- og matpolitikken gjer det nødvendig med eit omfattande verkemiddelapparat. Samtidig må måla realiserast mest mogleg effektivt. Det er viktig at dei landbruks- og matpolitiske virkemidla blir utvikla vidare slik at det blir enklare for dei næringsdrivande, forvaltninga og samfunnet elles.

Landbruks- og matdepartementet vil vidareutvikle landbruks- og matforvaltninga som ei omstillingsdyktig, effektiv og robust forvaltning som gjennom dialog med andre styresmakter, organisasjonar og brukarar må evne å endre seg i takt med samfunnsutviklinga. Departementet vil også arbeide for at digitale tenester som forvaltninga og instituttsektoren tilbyr skal vere effektive, moderne, framtidsretta og tilpassa både brukarar og offentleg sektor. Mål- og resultatstyring skal utviklast vidare som eit grunnleggjande prinsipp for departementet si styring, oppfølging og kontroll av landbruks- og matforvaltninga.

Samfunnstryggleik og beredskap

Landbruks- og matdepartementet har eit sektoransvar for samfunnstryggleik og beredskap. Ansvaret er i hovudsak knytt til produksjon av mat og mattryggleik og er eit viktig moment i styringa av dei underliggjande verksemdene. Systematisk tilnærming, høg leiarmerksemd og overordna forståing av risiko og sårbarheit er viktige element i departementet sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Mattilsynet har ei viktig rolle både i å førebyggje og handtere hendingar som utbrot av alvorlege smittsame dyresjukdommar og tilfelle med utrygg mat på marknaden. Tilsynet legg stor vekt på øvingar for å lære og samstundes vere budd på slike hendingar.

 

mill. kr

Nemning

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

Programområde 15 Landbruk og mat

15.00 Administrasjon m.m.

147,6

150,5

2,0

15.10 Matpolitikk

1 376,8

1 413,2

2,6

15.20 Forsking og innovasjon

425,9

448,1

5,2

15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

15 149,9

15 479,7

2,2

Sum Landbruks- og matdepartementet

17 100,2

17 491,5

2,3

På Landbruks- og matdepartementet sitt budsjettområde er det gjort framlegg om ein auke på 391 mill. kroner, eller 2,3 pst. samanlikna med saldert budsjett 2013. Hovuddelen av løyvingane over departementet sitt budsjettframlegg går til gjennomføring av næringsavtalane for jordbruk og reindrift. Til saman 14,525 mrd. kroner er foreslått løyvd over næringsavtalane. Dette svarar til om lag 83 pst. av Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett.

Hovudprioriteringane i budsjettforslaget for Landbruks- og matdepartementet i 2014 er, i tråd med Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken:

  • Vidareføre arbeidet for sikker og trygg mat

  • Auke løyvingane over jordbruksavtalen med prioritering av storfekjøtt, korn og grøntsektoren

  • Auke satsinga på forsking og innovasjon innan landbruks- og matsektoren

  • Tiltak for skog- og trenæringa

Regjeringa gjer framlegg om løyvingar under kategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak på 15 479,7 mill. kroner. Dette svarer til ei auke på 329,8 mill. kroner frå saldert budsjett 2013. Jordbruksavtalen i 2013 gjev ein auke i løyvingane i 2014, jf. Prop. 164 S (2012–2013) Jordbruksoppgjøret 2013, på 500 mill. kroner når ein ser bort frå den ekstraordinære eingongsløyvinga på 275 mill. kroner til Landbrukets utviklingsfond i 2013. I jordbruksoppgjeret blei det også lagt til grunn auka målprisar. Verkemidla under jordbruksavtalen bidreg til å gje næringa eit betydeleg inntektsløft.

Regjeringa gjer framlegg om eit budsjett under programkategori 15.10 Matpolitikk på 1 413,2 mill. kroner. Dette er ein auke på 36,4 mill. kroner. Arbeidet med å sikre trygg mat i heile matproduksjonskjeda held fram. Gjennom budsjettforslaget legg Landbruks- og matdepartementet opp til at det laupande arbeidet med effektivisering, omstilling og forenkling blir ført vidare.

Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 448,1 mill. kroner under programkategori 15.20 Forsking og innovasjon. Den samla aktiviteten under programkategorien blir dermed auka med 22,2 mill. kroner. Det blir lagt opp til ei satsing på klimatilpassa matproduksjon og forsking som fremjar auka konkurranseevne i næringsmiddelindustrien. Regjeringa vil vidareføre forskingssatsinga på fornybar energi og klima på same høge nivå. Det same gjeld forsking som bidreg til berekraftig skogbruk og auka bruk av trevirke for å erstatte materiale som gjev meir klimautslepp.

1.3 Oversiktstabellar

Utgifter fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

01-24

Driftsutgifter

1 621 214

1 584 498

1 620 839

2,3

30-49

Investeringar

19 579

9 773

10 215

4,5

50-59

Overføringar til andre statsrekneskap

1 901 614

2 182 293

1 970 951

-9,7

60-69

Overføringar til kommunesektoren

125 339

130 154

134 449

3,3

70-89

Overføringar til private

12 947 351

13 193 473

13 755 079

4,3

Sum under departementet

16 615 098

17 100 191

17 491 533

2,3

Utgifter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

Administrasjon m.m.

1100

Landbruks- og matdepartementet

154 161

147 614

150 544

2,0

Sum kategori 15.00

154 161

147 614

150 544

2,0

Matpolitikk

1112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

167 763

162 990

168 694

3,5

1115

Mattilsynet

1 253 681

1 213 819

1 244 473

2,5

Sum kategori 15.10

1 421 444

1 376 809

1 413 167

2,6

Forsking og innovasjon

1137

Forsking og innovasjon

409 514

425 898

448 104

5,2

Sum kategori 15.20

409 514

425 898

448 104

5,2

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

1138

Støtte til organisasjonar m.m.

29 456

30 087

29 640

-1,5

1139

Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

39 116

38 913

39 925

2,6

1141

Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket

118 112

122 010

126 631

3,8

1143

Statens landbruksforvaltning

354 843

357 850

372 627

4,1

1144

Regionale og lokale tiltak i landbruket

5 574

6 810

7 048

3,5

1147

Statens reindriftsforvaltning

58 855

63 744

64 899

1,8

1148

Naturskade – erstatningar

247 603

117 200

185 700

58,4

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket

97 117

75 665

104 813

38,5

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

13 559 790

14 210 397

14 415 447

1,4

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen

97 546

104 500

109 500

4,8

1161

Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn

21 969

22 694

23 488

3,5

Sum kategori 15.30

14 629 979

15 149 870

15 479 718

2,2

Sum utgifter

16 615 098

17 100 191

17 491 533

2,3

Inntekter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

Administrasjon m.m.

4100

Landbruks- og matdepartementet

19 864

106

110

3,8

Sum kategori 15.00

19 864

106

110

3,8

Matpolitikk

4112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

18 850

18 893

19 180

1,5

4115

Mattilsynet

135 672

129 945

115 362

-11,2

Sum kategori 15.10

154 522

148 838

134 542

-9,6

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

4143

Statens landbruksforvaltning

47 977

37 718

38 625

2,4

4147

Statens reindriftsforvaltning

1 670

38

39

2,6

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

40 654

59 520

59 520

0,0

4162

Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap

100 000

50 000

50 000

0,0

5576

Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

301 149

125 000

125 000

0,0

Sum kategori 15.30

491 450

272 276

273 184

0,3

Forretningsdrift

5651

Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet

4 590

5 000

5 000

0,0

5652

Statskog SF – Renter og utbytte

63 112

49 800

125 700

152,4

Sum kategori 15.40

67 702

54 800

130 700

138,5

Sum inntekter

733 537

476 020

538 536

13,1

1.4 Oppmodingsvedtak

Det er ingen oppmodingsvedtak på Landbruks- og matdepartementet sitt budsjettområde.

1.5 Oversikt over stikkordet «kan overførast»

**Under Landbruks- og matdepartementet blir stikkordet foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30–49

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2013

Forslag 2014

1100

21

Spesielle driftsutgifter

50

1 069

1138

70

Støtte til organisasjonar

25 603

1138

71

Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar

3 582

4 037

1139

70

Tilskott til miljø- og ressurstiltak

432

17 898

1139

71

Tilskott til genressursforvaltning

4 140

22 027

1143

70

Tilskott til beredskap i kornsektoren

722

5 386

1144

77

Regionale og lokale tiltak i landbruket

2 608

7 048

1147

71

Omstillingstiltak i Indre Finnmark

2 814

9 520

1147

82

Radioaktivitetstiltak

1 354

2 500

1149

71

Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket

49 157

23 866

1149

72

Tilskott til auka bruk av tre

44 336

28 980

1149

73

Tilskott til skog-, klima- og energitiltak

17 412

43 470

1149

74

Tiltak for industriell bruk av trevirke

5 000

1150

70

Marknadsregulering

13 576

290 800

1150

74

Direkte tilskott

10 849

8 442 400

1150

77

Utviklingstiltak

8 436

275 790

1150

78

Velferdsordningar

18 652

1 601 754

1151

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott

13 687

67 700

1151

79

Velferdsordningar

113

2 600