Del 1
Innleiing
1 Oversyn
1.1 Område
I denne proposisjonen kjem departementet med framlegg om utgifter og inntekter under programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar, programområde 23 Finansadministrasjon, medrekna skatte- og avgiftsadministrasjonen, og programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m. Ansvaret for løyvingane, medrekna rekneskapsavlegging, under programkategoriane 00.30 Regjeringa og 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar ligg til høvesvis Statsministerens kontor og Stortinget sine eigne institusjonar. Av praktiske grunnar vert desse programkategoriane førte opp i Finansdepartementet sin proposisjon, og beløpa er tekne med i oversikter over løyvingar på Finansdepartementet sitt område. Framlegg under programkategori 00.40 er i samsvar med framlegget frå stortingsadministrasjonen.
1.2 Hovudoppgåver og organisering
Finansdepartementet med underliggjande etatar har ansvar for m.a. å
medverka til eit høveleg grunnlag for vedtak i den økonomiske politikken og i budsjettarbeidet
sikra finansieringa av den offentlege verksemda gjennom skattar og avgifter
samordna arbeidet med statsbudsjettet og økonomistyringa i staten
forvalta statleg formue og gjeld
medverka til eit offisielt statistikk- og datagrunnlag til bruk i offentleg og privat verksemd
medverka til velfungerande finansmarknader
Politikken på dei ovannemnde områda er omtalt i Meld. St. 1 (2013–2014) Nasjonalbudsjettet 2014, Prop. 1 S (2013–2014) Statsbudsjettet for budsjettåret 2014 og Prop. 1 LS (2013–2014) Skatter, avgifter og toll 2014. Proposisjonen her omfattar i fyrste rekkje forvaltninga og administrasjonen på desse områda.
Nedanfor er eit oversyn over verksemder på Finansdepartementet sitt område.
1.3 Oversyn over budsjettframlegget for Finansdepartementet
1.3.1 Samla utgifter
Programområde under departementet
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 | |
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar | 1 945 670 | 1 995 500 | 2 103 600 | 5,4 | |
Programområde 23 Finansadministrasjon | 25 354 596 | 29 494 600 | 30 886 700 | 4,7 | |
Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m. | 12 848 603 | 79 380 900 | 10 178 600 | -87,2 | |
Sum utgifter | 40 148 869 | 110 871 000 | 43 168 900 | -61,1 |
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar omfattar regjeringa og Stortinget med underliggjande institusjonar. Framlegg til løyving for 2014 under dette programområdet utgjer 2 103,6 mill. kroner. Av auken på 108,1 mill. kroner frå saldert budsjett 2013 gjeld 88,9 mill. kroner kap. 41 Stortinget. Mykje av auken kjem av sikringstiltak og større vedlikehald på stortingsbygningane.
Framlegget under programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar er i samsvar med framlegget frå stortingsadministrasjonen.
Programområde 23 Finansadministrasjon
Programområde 23 Finansadministrasjon omfattar skatte- og avgiftsadministrasjon, offisiell statistikk, finansadministrasjon og nokre andre føremål. Det samla framlegget til løyving for 2014 under dette programområdet utgjer 30 886,7 mill. kroner. Det er ein auke på 1 392,1 mill. kroner frå saldert budsjett 2013. Det meste av auken gjeld meirverdiavgiftskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar og til private og ideelle verksemder. Departementet rår til å auka denne løyvinga med 1 320,1 mill. kroner frå saldert budsjett 2013. Til kjøp av klimakvotar i samsvar med Kyoto-avtalen gjer departementet framlegg om ein reduksjon på 108 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om å auka løyvingane til skatte- og avgiftsadministrasjon med 157 mill. kroner. Framlegget inneber at Skatteetaten og Toll- og avgiftsetaten kan halda fram med å førebyggja og avdekkja svart økonomi og skatte- og avgiftsunndragingar. Skatteetaten vil i samarbeid med Arbeids- og velferdsetaten og Statistisk sentralbyrå føra vidare arbeidet med ei sams ordning for innrapportering av tilsetjings- og inntektstilhøve m.m. frå arbeidsgjevarane. Målet er å gjera det lettare for arbeidsgjevarane å oppfylla opplysningsplikta si. Arbeidet med å modernisera Skatteetaten sitt system for innhenting av grunnlagsdata frå næringslivet og offentleg forvaltning held fram. Det vil m.a. gje sikrare produksjon av den førehandsutfylte sjølvmeldinga. Eit fleirårig prosjekt for modernisering av systema for skatteberekning vert starta i 2014. Blant måla er raskare oppgjer, færre feil og rettare proveny. I 2014 vil etaten òg arbeida med å utvikla fleire nye løysingar for elektroniske tenester for publikum. For å effektivisera Toll- og avgiftsetaten sin grensekontroll er det sett av midlar til utskifting av skannar, meir kameraovervaking ved grensa og forsøk med elektroniske apparat som kan avsløra ulovlege eller farlege stoff.
Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.
Programområdet omfattar utgifter til renter og avdrag på den innanlandske statsgjelda og på statskassa sine krav. Departementet sine renter og avdrag på statsgjeld er budsjetterte til 10 145,6 mill. kroner. Hovudgrunnen til reduksjonen på 69 202,3 mill. kroner frå saldert budsjett 2013 er at eit stort obligasjonslån har forfall i 2013, medan det for 2014 ikkje er rekna med nokon avdrag.
Utgifter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
01-23 | Driftsutgifter | 10 259 532 | 10 778 000 | 10 927 700 | 1,4 |
30-49 | Nybygg, anlegg m.m. | 426 159 | 384 000 | 409 100 | 6,5 |
60-69 | Overføringar til kommunar | 14 893 027 | 18 500 000 | 19 800 000 | 7,0 |
70-89 | Overføringar til private | 14 570 151 | 14 665 000 | 12 032 100 | -18,0 |
90-99 | Utlån, avdrag m.m. | 66 544 000 | -100,0 | ||
Sum under departementet | 40 148 869 | 110 871 000 | 43 168 900 | -61,1 |
Utgifter under programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar og programområde 23 Finansadministrasjon er stort sett administrasjonsutgifter. Av dei samla utgiftene utgjer driftsutgiftene 82,9 pst. under programområde 00 og 88,6 pst. under programområde 23, utanom kap. 1632 Kompensasjon for meirverdiavgift. Renteutgiftene er førte over postgruppe 70–89 og utgjer 84,3 pst. av framlegget for den postgruppa.
1.3.2 Samla inntekter
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 | |
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar | 43 275 | 45 650 | 130 250 | 185,3 | |
Programområde 23 Finansadministrasjon | 3 580 575 | 3 154 600 | 3 174 100 | 0,6 | |
Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m. | 6 973 049 | 11 682 800 | 3 078 700 | -73,6 | |
Sum inntekter | 10 596 899 | 14 883 050 | 6 383 050 | -57,1 |
Samla inntekter, utanom skattar og avgifter, utgjer 6 383,1 mill. kroner. Av det er 3 078,4 mill. kroner utbyter og rente- og provisjonsinntekter. Statens renteinntekter av foliokontoen i Noregs Bank og andre krav i 2014 er omtalte i kap. 5605 Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar. Det er gjort greie for skattar og avgifter i ein særskild proposisjon – Prop. 1 LS (2013–2014) Skatter, avgifter og toll 2014.
2 Nokre viktige oppgåver i 2014
Nedanfor er det gjort greie for nokre av dei viktige oppgåvene Finansdepartementet i 2014 skal utføra i tillegg til å samordna den økonomiske politikken:
2.1 Statens pensjonsfond
Stortinget har i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond gjeve Finansdepartementet ansvaret for forvaltinga av fondet. Den operasjonelle forvaltinga av Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN) er det høvesvis Noregs Bank og Folketrygdfondet som tek hand om, jf. § 2 i lova. Departementet har fastsett føresegner for forvaltinga i særskilde mandat for Noregs Bank og Folketrygdfondet. Her er det gjort greie for referanseindeksar og rammer for forvaltinga, og ein finn føresegner om risikostyring, rapportering og ansvarleg investeringspraksis. Mandata er prinsippbaserte, og dei føreset at Noregs Bank og Folketrygdfondet fastset meir detaljerte interne reglar.
Den samla marknadsverdien av Statens pensjonsfond var 4 548 mrd. kroner ved inngangen til andre halvår 2013. Av dette var 4 397 mrd. kroner i SPU og 151 mrd. kroner i SPN. Det er venta at fondet vil veksa i tida som kjem. Langsiktig og god forvalting av denne fellesformuen er ei viktig oppgåve.
Finansdepartementet fastset investeringsstrategien for fondet med retningsliner for ansvarlege investeringar og følgjer opp forvaltinga. I 2014 skal det arbeidast med prioriterte oppgåver som gjeld denne strategien.
Arbeidet med Statens pensjonsfond er nærare omtalt i Meld. St. 27 (2012–2013) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2012 og i Meld. St. 1 (2013–2014) Nasjonalbudsjettet 2014.
2.2 Regelverksarbeid på finansmarknadsområdet
På finansmarknadsområdet har det gjennom fleire år vore arbeidd mykje med å utvikla og tilpassa rammevilkåra for finansnæringa gjennom føremålstenlege lover og forskrifter. Regelverket skal medverka til at finansmarknadene og finansinstitusjonane er effektive. Samtidig skal det fremja sikkerhet, soliditet og stabilitet i finansmarknaden. Det er lagt stor vekt på at reguleringa skjer på ein konsistent måte for dei ulike typar finansinstitusjonar, med lik regulering av lik type risiko, uavhengig av kva slags finansinstitusjon som tek risikoen. Kundane sine interesser skal òg takast vare på. Regelverksarbeidet på finansmarknadsområdet følgjer dels av EØS-plikter og er dels ei modernisering. Prioriterte regelverksoppgåver er omtalte i del II av proposisjonen under kap. 1600 Finansdepartementet.
Arbeidet med finansiell stabilitet er delt mellom Finansdepartementet, Finanstilsynet og Noregs Bank. Finansdepartementet arbeider særleg med rammevilkåra for finanssektoren. Ein omtale av dette området og av stoda i dei internasjonale finansmarknadene er gjeven i Meld. St. 1 (2013–2014) Nasjonalbudsjettet 2014 og i den årlege finansmarknadsmeldinga som har meir utførleg informasjon om utviklinga i finansmarknadene, utsiktene for finansiell stabilitet og omtale av finansmarknadsreguleringa. Meld. St. 30 (2012–2013) Finansmarknadsmeldinga 2012 vart lagt fram i april 2013 og drøfta då Stortinget behandla Innst. 423 S (2012–2013).
Som følgje av den internasjonale finanskrisa i 2008–2009 er det satt i gang omfattande internasjonale prosessar for å få på plass nye og betre reguleringar av finansmarknadene, jf. arbeidet til G 20, Basel-komiteen og EU (det såkalla CRD IV-regelverket).
Regelverksutviklinga i Noreg speglar i stor mon arbeidet med dei nye reglane i EU.
CRD IV-regelverket er no endeleg vedteke i EU, jf. pressemelding frå Rådet for 20. juni 2013. EUs gjeldande kapitalkravsdirektiv vert med dette erstatta av ei forordning med krav til soliditet og likviditetsstyring m.m. i institusjonane og av eit nytt direktiv som frå 1. januar 2014 skal regulera både retten til å drive verksemd som kredittinstitusjon og tilsynet med kredittinstitusjonar og verdipapirføretak. Rettsaktene er EØS-relevante.
Lovendringar om nye kapitalkrav foreslått av Finansdepartementet i Prop. 96 L (2012–2013), vart vedtekne av Stortinget 10. juni 2013 og sette i verk frå 1. juli 2013. Lovendringane byggjer på Basel III og det nye CRD IV-regelverket. Departementet tek sikte på å koma med eit framlegg om gjennomføring av dei andre delane av CRR/CRD IV-pakka. Framlegget vil byggja på utgreiinga frå Banklovkommisjonen og vert lagt fram i samband med ein proposisjon om ny finansføretakslov.
2.3 Arbeidet med å verna om skattegrunnlaget.
For å kunna halda ein velferdsstat ved lag er det avgjerande å ha eit godt og robust skattesystem som gjev stabile og høge inntekter over lang tid. Det er difor ein viktig del av departementet sitt arbeid å hindra svekking av skatte- og avgiftsgrunnlaga. Auka globalisering med tettare integrerte marknader set skattesystemet på prøve. Mange land har dei siste åra endra skattereglane for å trekkja til seg verksemd og verna sitt eige skattegrunnlag. Den internasjonale trenden har vore lågare selskapsskattesatsar og tiltak for å demma opp for uønska tilpassingar over landegrensene. Tiltak mot skattetilpassing på tvers av landegrensene står høgt på den internasjonale dagsordenen. Mellom anna la OECD i juli 2013 fram ein handlingsplan mot den slags tilpassingar frå fleirnasjonale selskap.
Regjeringa følgjer den internasjonale utviklinga tett. For 2014 gjer Regjeringa framlegg om å avgrensa rentefrådrag for selskap i interessefellesskap. Framlegget vil motverka at fleirnasjonale konsern flyttar overskot ut av landet og på den måten reduserer skatten til Noreg. Framlegget vil også styrkja rammevilkåra for bedrifter som konkurrerer med fleirnasjonale selskap som driv omfattande skattetilpassing.
Samstundes føreslår Regjeringa å redusera skattesatsen på alminneleg inntekt for upersonlege skattytarar (aksjeselskap m.m.) frå gjeldande sats på 28 pst., til 27 pst. Redusert skattesats vil føra til at fleire investeringar vert lønsame og dermed stimulera til auka investeringar. Tiltaket vil også redusera gevinsten av skattemessige tilpassingar over landegrensene.
Regjeringa tek med dette eit fyrste skritt i ei større omlegging av skattlegginga av bedrifter, med reduserte satsar og meir robuste grunnlag. Skatteutvalet (Scheel-utvalet) som vart sett ned i mars 2013, vil vurdera selskapsskatten i lys av den internasjonale utviklinga og skattesystemet elles. Utvalet vil mellom anna vurdera selskapsskatten og greia ut tiltak som kan verna det norske selskapsskattegrunnlaget. Utvalet skal levera innstillinga si i oktober 2014.
2.4 Arbeidet med berekraftig utvikling og klima
Regjeringa sin økonomiske politikk byggjer på prinsippet om berekraftig utvikling. Finansdepartementet har ansvaret for å samordna regjeringa sin politikk for berekraftig utvikling. Det vert rapportert årleg om arbeidet i eit særskilt kapittel i nasjonalbudsjettet. Det er utvikla 17 indikatorar for å følgja utviklinga systematisk.
Finansdepartementet deltek i dei internasjonale klimamøta som ein del av den norske forhandlingsdelegasjonen under leiing av Miljøverndepartementet.
På klimakonferansen i Doha i 2012 vart det vedteke å forlenga Kyotoprotokollen fram til 2020. Noreg, EU og nokre få andre land har teke på seg utsleppsskyldnader for perioden 2013–2020. For Noreg inneber det at dei gjennomsnittlege årlege utsleppa av klimagassar ikkje skal overstiga 84 pst. av utsleppa i 1990. Dette er i tråd med målet om å redusera utsleppa med 30 pst. i 2020 jamført med nivået i 1990. På klimakonferansen starta òg forhandlingane om ein ny internasjonal klimaavtale i 2015.
Finansdepartementet har eit ansvar for innretting av avgifter i miljøpolitikken og analyserer økonomiske sider ved miljøpolitikken.
3 Oppfølging av oppmodingsvedtak
3.1 Vedtak nr. 328 (2012–2013) 17. desember 2012
«Stortinget ber regjeringen endre det generelle bruksfradraget slik at det blir en avgiftsmessig nedtrapping av engangsavgiften for import av bruktbiler som er mellom 15 og 30 år gamle.»
Toll- og avgiftsdirektoratet sende eit framlegg til endringar i eingongsavgifta på høyring 28. august 2013. Der vart det mellom anna foreslått å utvida avtrappinga i gjeldande bruksfrådrag for kjøretøy som er mellom 15 og 30 år gamle. Ein tek sikte på å gjennomføra endringa frå 1. januar 2014. Endringa gjerast gjennom ei forskriftsendring.
3.2 Vedtak nr. 492 (2012–2013) 3. juni 2013
«Stortinget ber regjeringen innen 1. oktober 2013 endre reglene om skattemessig klassifisering av reiser slik at reiser der stortingsrepresentanter av hensyn til stortingsvervet må bo utenfor hjemmet, anses som en yrkesreise, uten avgrensing mot besøksreiser.»
Vedtaket er følgt opp med naudsynte forskriftsendringar med verknad frå og med 1. oktober 2013.
4 Oversynstabellar for budsjettet
4.1 Utgifter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
Regjeringa | |||||
20 | Statsministerens kontor | 128 517 | 91 450 | 95 600 | 4,5 |
21 | Statsrådet | 150 794 | 147 800 | 151 300 | 2,4 |
24 | Regjeringsadvokaten | 72 857 | 71 700 | 79 000 | 10,2 |
Sum kategori 00.30 | 352 168 | 310 950 | 325 900 | 4,8 | |
Stortinget og underliggjande institusjonar | |||||
41 | Stortinget | 1 062 414 | 1 131 900 | 1 220 800 | 7,9 |
42 | Ombodsmannsnemnda for Forsvaret | 6 250 | 6 600 | 6 800 | 3,0 |
43 | Stortingets ombodsmann for forvaltninga | 52 040 | 54 350 | 63 300 | 16,5 |
44 | Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste | 9 101 | 10 100 | 10 400 | 3,0 |
51 | Riksrevisjonen | 463 697 | 481 600 | 476 400 | -1,1 |
Sum kategori 00.40 | 1 593 502 | 1 684 550 | 1 777 700 | 5,5 | |
Sum programområde 00 | 1 945 670 | 1 995 500 | 2 103 600 | 5,4 | |
Finansadministrasjon | |||||
1600 | Finansdepartementet | 369 854 | 376 900 | 393 000 | 4,3 |
1602 | Finanstilsynet | 325 569 | 333 800 | 339 800 | 1,8 |
1605 | Direktoratet for økonomistyring | 389 055 | 378 400 | 366 500 | -3,1 |
1608 | Tiltak for å styrkja statleg økonomi- og prosjektstyring | 16 200 | 16 400 | 17 000 | 3,7 |
Sum kategori 23.10 | 1 100 678 | 1 105 500 | 1 116 300 | 1,0 | |
Skatte- og avgiftsadministrasjon | |||||
1610 | Toll- og avgiftsetaten | 1 526 036 | 1 533 800 | 1 572 400 | 2,5 |
1618 | Skatteetaten | 4 971 630 | 5 009 000 | 5 127 400 | 2,4 |
Sum kategori 23.20 | 6 497 666 | 6 542 800 | 6 699 800 | 2,4 | |
Offisiell statistikk | |||||
1620 | Statistisk sentralbyrå | 763 491 | 732 800 | 745 900 | 1,8 |
Sum kategori 23.30 | 763 491 | 732 800 | 745 900 | 1,8 | |
Andre føremål | |||||
1632 | Kompensasjon for meirverdiavgift | 16 464 779 | 20 170 000 | 21 490 000 | 6,5 |
1634 | Statens innkrevjingssentral | 313 728 | 294 200 | 301 000 | 2,3 |
1637 | EU-opplysning | 5 000 | |||
1638 | Kjøp av klimakvotar | 207 254 | 638 700 | 530 700 | -16,9 |
1645 | Statens finansfond | 2 000 | 10 600 | 3 000 | -71,7 |
Sum kategori 23.40 | 16 992 761 | 21 113 500 | 22 324 700 | 5,7 | |
Sum programområde 23 | 25 354 596 | 29 494 600 | 30 886 700 | 4,7 | |
Statsgjeld, renter og avdrag m.m. | |||||
1650 | Statsgjeld, renter m.m. | 12 848 603 | 12 836 900 | 10 178 600 | -20,7 |
1651 | Statsgjeld, avdrag og innløysing | 66 544 000 | -100,0 | ||
Sum kategori 24.10 | 12 848 603 | 79 380 900 | 10 178 600 | -87,2 | |
Sum programområde 24 | 12 848 603 | 79 380 900 | 10 178 600 | -87,2 | |
Sum utgifter | 40 148 869 | 110 871 000 | 43 168 900 | -61,1 |
4.2 Inntekter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
Regjeringa | |||||
3020 | Statsministerens kontor | 1 575 | |||
3021 | Statsrådet | 1 827 | 300 | 300 | 0,0 |
3024 | Regjeringsadvokaten | 16 226 | 13 400 | 13 900 | 3,7 |
Sum kategori 00.30 | 19 628 | 13 700 | 14 200 | 3,6 | |
Stortinget og underliggjande institusjonar | |||||
3041 | Stortinget | 10 400 | 29 200 | 113 600 | 289,0 |
3043 | Stortingets ombodsmann for forvaltninga | 637 | |||
3044 | Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste | 287 | |||
3051 | Riksrevisjonen | 12 323 | 2 750 | 2 450 | -10,9 |
Sum kategori 00.40 | 23 647 | 31 950 | 116 050 | 263,2 | |
Sum programområde 00 | 43 275 | 45 650 | 130 250 | 185,3 | |
Finansadministrasjon | |||||
4600 | Finansdepartementet | 21 421 | 216 100 | 1 000 | -99,5 |
4602 | Finanstilsynet | 14 130 | 10 500 | 10 500 | 0,0 |
4605 | Direktoratet for økonomistyring | 54 610 | 44 900 | 45 900 | 2,2 |
5580 | Sektoravgifter under Finansdepartementet | 292 872 | 323 800 | 329 800 | 1,9 |
Sum kategori 23.10 | 383 033 | 595 300 | 387 200 | -35,0 | |
Skatte- og avgiftsadministrasjon | |||||
4610 | Toll- og avgiftsetaten | 239 693 | 51 000 | 39 900 | -21,8 |
4618 | Skatteetaten | 273 402 | 106 100 | 137 400 | 29,5 |
Sum kategori 23.20 | 513 095 | 157 100 | 177 300 | 12,9 | |
Offisiell statistikk | |||||
4620 | Statistisk sentralbyrå | 237 731 | 211 500 | 218 600 | 3,4 |
Sum kategori 23.30 | 237 731 | 211 500 | 218 600 | 3,4 | |
Andre føremål | |||||
4634 | Statens innkrevjingssentral | 1 915 926 | 1 845 700 | 1 851 400 | 0,3 |
4638 | Sal av klimakvotar | 530 790 | 345 000 | 539 600 | 56,4 |
Sum kategori 23.40 | 2 446 716 | 2 190 700 | 2 391 000 | 9,1 | |
Sum programområde 23 | 3 580 575 | 3 154 600 | 3 174 100 | 0,6 | |
Statlege fordringar, avsetningar m.m. | |||||
5341 | Avdrag på uteståande fordringar | 3 404 | 6 000 200 | 300 | -100,0 |
5605 | Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar | 6 968 658 | 5 681 700 | 3 000 100 | -47,2 |
5692 | Utbyte av statens kapital i Den nordiske investeringsbanken | 77 200 | |||
5693 | Utbyte av aksjer i ymse selskap m.m. | 987 | 900 | 1 100 | 22,2 |
Sum kategori 24.20 | 6 973 049 | 11 682 800 | 3 078 700 | -73,6 | |
Sum programområde 24 | 6 973 049 | 11 682 800 | 3 078 700 | -73,6 | |
Sum inntekter | 10 596 899 | 14 883 050 | 6 383 050 | -57,1 |
4.3 Bruk av stikkordet «kan overførast»
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2013 | Framlegg 2014 |
1600 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 23 851 | 58 600 |
1605 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 4 832 | 8 400 |
1608 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 2 664 | 17 000 |
1618 | 22 | Større IT-prosjekt | 265 719 | 298 800 |
1620 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 31 746 | 208 300 |
1638 | 01 | Driftsutgifter | 2 333 | 9 200 |
1638 | 21 | Kvotekjøp, generell ordning | 411 928 | 520 000 |
1638 | 22 | Kvotekjøp, flyreiser for tilsette i staten | 1 695 | 1 500 |
Overførbare løyvingar på Finansdepartementet sitt område er knytte til prosjekt og ordningar som går over fleire år, og der det kan vera noko uvisse om framdrifta. Oversynet gjeld ikkje postgruppa 30–49 Nybygg, anlegg m.m.
4.4 Årsverksoverslag per 1. mars 2013 på Finansdepartementet sitt område
Kap. | Nemning | Per 1. mars 2012 | Per 1. mars 2013 |
---|---|---|---|
20 | Statsministerens kontor | 79 | 77 |
21 | Statsrådet | 84 | 86 |
24 | Regjeringsadvokaten | 50 | 51 |
Sum | Regjeringa | 213 | 214 |
41 | Stortinget | 430 | 446 |
42 | Ombodsmannsnemnda for Forsvaret | 3 | 4 |
43 | Stortingets ombodsmann for forvaltninga | 47 | 51 |
44 | Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste | 6 | 8 |
51 | Riksrevisjonen | 495 | 478 |
Sum | Stortinget og underliggjande institusjonar | 981 | 987 |
1600 | Finansdepartementet | 291 | 303 |
1602 | Finanstilsynet | 266 | 265 |
1605 | Direktoratet for økonomistyring | 347 | 352 |
1610 | Toll- og avgiftsetaten | 1 844 | 1 841 |
1618 | Skatteetaten | 5 955 | 5 926 |
1620 | Statistisk sentralbyrå | 917 | 891 |
1634 | Statens innkrevjingssentral | 347 | 339 |
Sum | Finansadministrasjon | 9 967 | 9 917 |
Totalsum | Regjeringa, Stortinget og underliggjande institusjonar og Finansadministrasjon | 11 161 | 11 118 |