Del 1
Innleiing
1 Miljøutfordringane
Menneska lever i og av naturen. Naturens mangfald gir oss råstoff til mat, medisinar og klede og mykje anna. Naturen har òg stor verdi som kjelde til glede og opplevingar. Men måten vi lever på og dei samfunna vi har skapt, påfører naturen så store belastningar at vi ikkje lenger kan vere sikre på naturen si evne til å gi oss alt vi treng eller det vi ønskjer. Skal vi få til ei berekraftig utvikling må vi sikre ein levande natur med produktive økosystem.
Vi lever i eit land med mykje natur. Vi hentar vårt næringsgrunnlag frå naturressursar i form av fisk og skog, vasskraft og olje, men òg frå turisme, reiseliv og naturopplevingar. For mange menneske i andre land betyr Noreg vakker og urørd natur i ulike former.
Både naturens verdi i seg sjølv og naturens nytteverdi gir oss eit ansvar for og å ta vare på naturen. Tap av natur kan medføre både eit økonomisk tap og eit velferdstap. Vern av natur kan på same måten sjåast som både eit økonomisk vern og eit velferdsvern. Vi må bruke naturen og naturressursane, men ikkje øydeleggje eller utarme dei. Berre med varsam bruk kan vi sikre varig bruk av naturen.
Naturen og økosystema har aldri stått i ro. Naturen er i seg sjølv dynamisk og endrar og fornyar seg heile tida. Naturens eige tempo er likevel som regel langsamt og knapt nok synleg for menneska. Fleire av dei endringane vi ser i dag og som vi er bekymra for, går derimot raskt og er neppe av det «naturlege» slaget. Forskingsresultata gir oss stadig sterkare grunn til å tru at menneskeleg aktivitet er ein viktig del av forklaringa. Det er særleg to tilhøve som gjer utviklinga dramatisk: For det første kan grenser eller tersklar bli overskridne slik at endringane ikkje kan stoppast, og dei kan i sin tur utløyse andre prosessar som vi ikkje kan kontrollere. Svekkinga av havisen i Arktis gir her grunn til stor uro. For det andre er endringane globale, med følgjer for heile livsmiljøet på jorda. Klima er ei sak som inneheld begge desse elementa. I det siste har vi òg fått meir kunnskap om korleis klimagassar blir tekne opp i havet og endrar levevilkåra for mange arter. Fortsatt er det mykje vi ikkje veit om samanhengane i økosystema og om korleis menneskeleg aktivitet vil påverke dei. Men vi veit nok til å handle. Manglande kunnskap kan ikkje vere grunn til manglande handling.
Dei endringane i naturen som vi no ser, må føre til ei erkjenning av alvoret i miljøsituasjonen. Ei slik erkjenning må styrkje viljen og evna til å finne løysingar. Og til sjuande og sist trengst det mot og kraft til å gjennomføre naudsynte tiltak. Dette er både nasjonale og internasjonale utfordringar. På nasjonalt plan må vi setje oss ambisiøse mål og finne dei beste verkemidla for å nå måla. Internasjonalt må vi leve opp til internasjonale avtaler og konvensjonar og arbeide for å styrkje samarbeidet mellom landa.
Klimaendringar og global oppvarming er den største utfordringa vi står overfor. Både i Noreg og i andre land har vi dei siste åra fått føling med fleire stormar og kraftigare flaumar og skred som kan ha samanheng med klimaendringane. I andre delar av verda slit dei med tørke og nedbørmangel. Vi kan vente oss meir av alt dette i framtida. Problema er internasjonale, men løysingane må finnast både på nasjonalt og internasjonalt plan. Klimameldinga som vart lagt fram i april i år, viser kva verkemiddel Regjeringa vil ta i bruk for å motverke utviklinga. Klimaendringane som uansett kjem, må møtast med ei rad tilpassingstiltak, mellom anna når det gjeld offentleg infrastruktur. Noreg har betre føresetnader for å tilpasse seg konsekvensar av klimaendringar enn mange andre land. Stern-rapporten peikar på at klimaendringane også er ei global økonomisk utfordring. Kostnadseffektiv og ambisiøs handling no er samfunnsøkonomisk lønsamt, samanlikna med å ta kostnadane seinare. Ei tilleggsutfordring frå klimaendringane er at det blir lettare å drive økonomisk aktivitet i Arktis. Når isen trekkjer seg tilbake vil nye sjøruter kunne opnast og nye naturressursar hentast ut. Fleire land og kommersielle aktørar vil på denne måten få interesser i nord. Tunge økonomiske aktivitetar i desse barske områda vil vere både teknologisk kompliserte og økonomisk usikre, men framfor alt er det store og alvorlege miljøutfordringar knytte til ei slik utvikling. Noreg, som har lang historie og eit forvaltaransvar i nord, vil møte ei rad nye problemstillingar. For oss må det vere eit overordna omsyn å hindre negative miljøkonsekvensar av den nye interessa for Arktis. Noreg skal vere ein langsiktig og truverdig forvaltar av miljøverdiane i nord. I dette ligg òg at vi vil styrkje det internasjonale samarbeidet om desse spørsmåla, mellom anna innanfor Arktisk råd.
Naturmangfald. I vår rike og varierte natur er om lag 2500 arter rekna som truga på Norsk Rødliste for arter 2010. Arealbruksendringar er den viktigaste årsaka til tapet av naturmangfald. Mange arter vil òg vere sterkt utsette for endringar i temperatur og klima. I Arktis vil eit mildare klima og mindre is endre livsvilkåra for fleire arter og økosystem. På same tid vil klimaendringane òg føre til at arter og organismar spreier seg til nye område. Langs kysten vår har tareskogen forsvunne i høgt tempo, utan at vi heilt kjenner årsakene til dette. Klimagassen karbondioksid gjer havet surare, noko som trugar ei rekkje livsformer og dermed produksjonen av mat frå havet. Dette viser òg at miljøutfordringar heng saman og må løysast saman. Prosjektet The Economics of Ecosystems and Biodiversity (TEEB-prosjektet) legg vekt på at økosystema har stor økonomisk verdi, og at dette må integrerast i ramme-vilkåra for næringsliv og forbrukarar.
Helse- og miljøfarlege kjemikaliar utgjer ei stor utfordring både nasjonalt og internasjonalt. Dei farlegaste kjemikaliane, miljøgiftene, blir sakte brotne ned i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Miljøgiftene er derfor eit alvorleg trugsmål mot mangfaldet i naturen og mot matforsyning og helse for kommande generasjonar. Kjemikaliar finst i produkt og inngår i dei fleste industriprosessane. Helse- og miljøverknadene av mange kjemikaliar på marknaden er ukjende. Det trengst derfor meir kunnskap på dette feltet.
Miljøvern der folk bur og arbeider. Mange store miljøutfordringar finn vi i og omkring dei større byane, mellom anna knytt til transport og luftkvalitet, bu- og bustadmiljø og område for rekreasjon og friluftsliv. Med den sterke folkeauken som no skjer, og den utviklinga vi kan sjå for oss, blir det svært viktig å utforme ein politikk som tek tak i desse utfordringane. Byutvikling, bustadbygging og arealbruk blir i aukande grad eit nasjonalt politikkområde og heilt sentralt i miljøpolitikken, både fordi fleire og fleire bur og arbeider i byane, og fordi så mange miljøutfordringar møtest her. Då er det òg viktig med samordna løysingar, som til dømes at byutvikling og bustadbygging skjer i tilknyting til miljøvennleg, skinnegåande transport. Vi må syte for at byutviklinga skjer på ein måte som sikrar gode bumiljø, som løyser transportutfordringane gjennom meir og betre kollektivtrafikk og som ikkje går på kostnad av friluftsområde, parkar, opne strandlinjer og liknande. Her er det gjort mykje godt arbeid innanfor prosjektet «Framtidas byar». Vi må byggje vidare på erfaringane herifrå.
Kulturminna og kulturmiljøa viser spora etter menneskeleg aktivitet frå lang tid tilbake. Kulturminna gir identitet og viser samanheng i historia og er viktig bakgrunn for vegen vidare. Kulturarven må derfor sikrast til beste for både dagens og framtidas generasjonar. På viktige område er situasjoenen likevel prega av eit aukande etterslep i istandsetjing- og vedlikehaldasarbeidet. Dette gjøres gjennom vedlikehald og istandsetjing av freda og verneverdige kulturminne
Norsk miljøpolitikk skal byggje på «føre var-prinsippet» som inneber at tvil skal komme naturen til gode, på prinsippet om at forureinaren skal betale, og på prinsippet om samla belastning, som står sentralt i økosystemtilnærminga. Prinsippet om samla belastning inneber at ein skal leggje vekt på summen av påverknad på naturmiljøet, både økosystem og arter, når planar skal utformast og vedtak skal fattast. Både forvaltningsplanane for havområda og forvaltningsplanane etter vassforskrifta er viktige reiskapar for å sjå belastningar i samanheng.
Miljøproblem må møtast på brei front og med fleire verkemiddel: Miljøpolitikken skal vere forankra i solid fagleg kunnskap. Vi skal nytte den beste og mest miljøvennlege teknologien, og vi skal utforme skattar og avgifter slik at dei stimulerer til miljøvennleg åtferd og ressursbruk.
Miljøproblema oppstår i dei ulike økonomiske sektorane i samfunnet: i transportsektoren, i landbruket, i industrien, i offshoresektoren, for å nemne dei viktigaste. Det betyr at det er i dei same sektorane løysingane må finnast. Ansvarleg drift inneber at ein tek miljøutfordringane på eige felt på alvor og søkjer å løyse dei, eller aller helst å førebyggje dei. Både næringslivet og andre sektorar har på denne måten eit sjølvstendig ansvar.
Mange miljøproblem kan løysast lokalt. Frivillige og ideelle organisasjonar er viktige støttespelarar, som i mange tilfelle har sett miljøproblem på dagsorden. Det er viktig med eit godt samarbeid mellom miljøstyresmaktene, næringslivet og miljøorganisasjonane. Gjennom den offentlege miljøpolitikken gir vi miljøinnsatsen mål og verkemiddel.
Vi har ein levande miljødebatt i landet vårt. Det er stor merksemd om miljøsaker og eit breitt engasjement. Miljøpolitikken er ein sentral del av det politiske ordskiftet. Slik skal det framleis vere. Miljøinnsatsen må vidareutviklast gjennom ein opplyst debatt og fortløpande arbeid for å finne løysingar som kan samle oppslutnad og allmenn aksept. Mange er utålmodige og synest at miljøarbeidet går for seint på denne måten. Nokre meiner at det trengs sterkare styringsgrep for å løyse miljøproblema. Men det går ingen farbar veg utanom dei demokratiske prosessane.
Nokre gonger kan det oppstå konflikter mellom klimapolitikk og naturomsyn, særleg knytt til utbygging av fornybar energi. Vi har rike energiressursar i Noreg, og dermed kan vi byggje ut kraft på ein slik måte at klimapolitikk og sentrale naturverdiar ikkje vert sett opp mot kvarandre.
Eit miljøvennleg samfunn er eit betre samfunn: Mindre forureining av luft og vatn gir betre folkehelse. Ein meir effektiv og miljøvennleg kollektivtransport gir enklare og lettare arbeidsreiser. Mindre biltrafikk i byane gir meir innbydande fysiske omgivnader. Initiativ for ein grøn økonomi og grøn vekst viser korleis ei omlegging til eit meir miljøvennleg («grønt») samfunn kan skape framtidig vekst og velferd og medverke til nye og miljøvennlege arbeidsplassar. Det er viktig å understreke at natur som er verna òg er natur som skal brukast. Rein og urørd natur blir stadig meir etterspurd, og er ein god ressurs for mange lokalsamfunn. Men vi kan bli betre på å nytte naturen som grunnlag for både livskvalitet og verdiskaping, utan å gjere skade på naturverdiane.
Ei omtale av miljøutfordringane i Noreg er ikkje fullstendig utan å vise kva som er oppnådd. Forureininga av luft og vatn er redusert, og vi har klart å få ned bruken av fleire farlege miljøgifter. Vi er godt i gang med å rydde opp i forureina grunn og sjøbotn. Gjennom internasjonalt samarbeid har vi klart å redusere tilførsla av sur nedbør og ei rekkje miljøgifter til Noreg. Nasjonalparkar og andre typar verneområde dekkjer nesten 17 prosent av Noregs landareal. Naturmangfaldlova, kulturminnelova og plan- og bygningslova er gode reiskapar for å sikre og forvalte norsk natur, kulturminne og kulturlandskap for framtida.
Internasjonalt samarbeid og ansvar
Dei største miljøproblema i vår tid er globale og må løysast gjennom internasjonalt samarbeid. Som eit rikt og velutvikla land skal Noreg vere ein pådrivar og arbeide for ambisiøse og forpliktande internasjonale miljøavtaler. Internasjonalt samarbeid og betre teknologi har medverka til at vi har klart å redusere tilførslene av sur nedbør og utslepp av ozonskadelege gassar. Fleire av dei største miljøproblema, slik som klimaendringane, har opphav i den rike og industrialiserte del av verda, som Noreg er ein del av. Våre land har derfor eit særskilt ansvar for å finne gode løysingar og effektive verkemiddel.
Men slik dei internasjonale klimaforhandlingane har vist, er det vanskeleg å kome fram til effektive felles tiltak når alle land først må bli einige. Derfor må vi òg kunne prøve andre måtar å samarbeide på mellom land og organisasjonar som kan og vil gå saman om å finne løysingar. Vi kan ikkje la etternølarane fastsetje tempoet i det internasjonale miljøarbeidet. Vi må vise at rike industriland kan omstille seg til grøne økonomiar, med høg livskvalitet og auka velferd innanfor naturens tolegrenser, slik at andre land lettare kan følgje etter. EUs satsing på ressurseffektivitet er eit forsøk på å realisere dette. Vi må samarbeide med utviklingslanda og støtte dei i deira arbeid for å løyse miljøutfordringane og setje dei i stand til å møte endringane som kjem. Det norske klima- og skoginitiativet er eit døme på slikt samarbeid, saman med det breiare miljøsamarbeidet med India, Kina, Sør-Afrika og Brasil. Oppfølging av vedtaka frå Rio+20-konferansen handlar om å løyse desse utfordringene. FNs miljøprogram har ei sentral rolle.
Noreg har eit særleg ansvar som miljøforvaltar i nordområda og på Svalbard. Aktivitetane i nord må tilpassast det naturen kan tole og ta omsyn til at naturen i Arktis kjem under stadig sterkare press, mellom anna som følgje av klimaendringar. Arbeidet med å hente inn meir og betre kunnskap om tilhøva i nord er eit viktig bidrag til det internasjonale klimaarbeidet. Dei globale miljøutfordringane krev at miljøomsyn blir innarbeidde òg i andre delar av det internasjonale samarbeidet, til dømes internasjonal handel.
2 Hovudprioriteringar i Miljøverndepartementet sitt budsjett for 2013
Regjeringa styrkjer miljøsatsinga i 2013. Det er Regjeringas ambisjon at også neste års budsjett skal medverke til å nå dei ambisiøse miljø- og klimamåla i Soria Moria-erklæringa, i Klimameldinga som vart lagt fram i april i år og i Klimaforliket i Stortinget. Prioriteringane i Miljøverndepartementets budsjett for 2013 avspeglar dette. I tillegg til den sterke miljøsatsinga over Miljøverndepartementets eige budsjett, er det mange og viktige miljøtiltak på budsjetta til andre departement. Regjeringas miljøpolitikk vert såleis gjennomført på brei front, i tråd med prinsippet om sektorane sitt ansvar for å medverke til at miljømåla kan bli nådd, jf. kapittel 3.
Miljøverndepartementets samla budsjettforslag for 2013 er på 5 453,7 mill. kroner, mot 4 893,5 mill. kroner i 2012. Dette er ein auke på 11,4 prosent. Veksten på Miljøverndepartementets budsjett i 2013 kan vi sjå igjen mellom anna i arbeidet med å sikre naturmangfaldet, vern av kulturminne og kulturmiljø, klimatiltak og kart og geodata. Det blir òg auka innsats for planarbeid i byområda.
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving i 2013 på 1 809,1 mill. kroner til programområdet Naturmangfald og friluftsliv. Dette er ein auke på 218,3 mill. kroner, eller 13,7 prosent samanlikna med saldert budsjett 2012. Regjeringa føreslår å auke løyvinga til nytt skogvern med 111,1 mill. kroner, til 231,1 mill. kroner. Satsinga gjer det mogleg å fatte vernevedtak for mange område der det alt er inngått avtaler om frivillig vern. Løyvinga til nasjonalparkar aukar med 67,9 mill. kroner. Vidare gjer regjeringa framlegg om at løyvingane til lokal forvaltning i verneområde vert auka med 14 mill. kroner. Målet er å sluttføre innføringa av den nye forvaltningsmodellen og styrkje forvaltninga av verneområda, mellom anna gjennom betre lokal forankring. I tillegg er det føreslått om lag 200 mill. kroner til naturmangfald og friluftsliv på andre programkategoriar.
Det blir gjort framlegg om auka løyvingar på til saman 22 mill. kroner til oppfølging av rovdyrforliket. Midla skal mellom anna gå til Statens naturoppsyn for å styrkje ressursane ved felling av rovvilt samt naturrettleiing knytt til rovvilt, til auka kompensasjon for kommunale fellingslag, til styrking av rovdyrovervakinga gjennom Rovdata og til ei beredskapsordning hos Fylkesmannen for å redusere responstida ved handsaming av rovdyrsaker. I tillegg skal noko av midla gå til eit forskingsprosjekt om sørsamisk reindrift.
Vidare er det føreslått ei breiare satsing på friluftsliv og folkehelse med 20 mill. kroner. Ein aktiv friluftslivspolitikk er den beste investeringa i ei god folkehelse. Det er særs viktig å nå barn og ungdom og å leggje til rette for lavterskeltilbod for grupper som ikkje alt er aktive i friluftsliv.
Miljøpolitikken må byggje på kunnskap om naturtilstanden og om kjeldene for miljøproblema. Regjeringa satsar vidare på miljøforsking og på kunnskaps- og datainnhenting. Regjeringa føreslår at dei samla løyvingane til miljøforsking og miljøovervaking vert auka til 621,2 mill. kroner i 2013. Mellom anna vert det føreslått ein auke på 10 mill. kroner til klimaforsking.
Regjeringa føreslår vidare ei ny satsing retta mot dei store byane som skal medverke til framtidsretta byplanlegging, betre bymiljø og tilrettelegging for auka bustadbygging. Planlegging og tilrettelegging av bustadområde er ei viktig oppgåve for kommunane. Viktige grep i satsinga er å styrkje kompetanse og kapasitet, og meir samarbeid på tvers av sektor- og kommunegrensene. Regjeringa gjer framlegg om 30 mill. kroner til satsinga. Løyvinga vil hovudsakeleg vere ei tilskotsordning. Ein vil støtte kommunar som aktivt vil følgje opp måla for ein berekraftig by- og bustadpolitikk.
Regjeringa føreslår å auke innsatsen på programområdet Kulturminne og kulturmiljø til 570,5 mill. kroner i 2013. Dette er ein auke på om lag 62 mill. kroner, eller 12 prosent frå 2012. Det blir gjort framlegg om ein auke på 18 mill. kroner til tekniske og industrielle kulturminne. Denne auken omfatter Odda, Atlungstad Brenneri og Haldenkanalen. Det er òg føreslått 22 mill. kroner til vern og sikring av freda kulturminne og kulturmiljø. I tillegg er det budsjettert med om lag 11 mill. kroner til kulturminne og kulturmiljø på andre programkategoriar.
Til området Kart, geodata og eigedomsinformasjon føreslår regjeringa 733 mill. kroner i 2013. Dette er ein auke på 90 mill. kroner, eller om lag 14 prosent frå 2012. Til jordobservatoriet i Ny-Ålesund føreslår regjeringa ei løyving på 45,6 mill. kroner. Regjeringa gjer òg framlegg om 25,8 mill. kroner til drift av tinglysingssystemet Regina .
Løyvinga til vrakpantordninga føreslår Regjeringa vert fastsett til 281 mill. kroner neste år. Dette er ein auke på 60 mill. kroner. Til oppbygging og forvaltning av den nye CO2-kompensasjonsordninga føreslår regjeringa ei løyving på 20 mill. kroner.
Store miljørelaterte løyvingar som til dømes karbonfangst og lagring ligg på budsjettet til Olje- og energidepartementet. Dei store løyvingane til jernbane og annan kollektivtrafikk ligg på Samferdselsdepartementets budsjett. Løyvinga til skog- og klimatiltak på Utanriksdepartementets budsjett er eit anna døme. Løyvinga til statlege kjøp av klimakvotar ligg på Finansdepartementets budsjett. Framlegg til endring i dei miljørelaterte avgiftene blir presenterte av Finansdepartementet i skatte- og avgiftsproposisjonen.
Gebyra ved ulike former for tinglysing er samla sett sterkt overprisa. Regjeringa gjer derfor framlegg om å redusere tinglysingsgebyr for fast eigedom, slik at inntektene vert redusert med 385 mill. kroner til 604 mill. kroner.
3 Miljøpolitiske satsingar på andre departement sine område
Sektoransvaret ligg til grunn for Regjeringas miljøpolitikk
Regjeringas miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har et sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for sine aktivitetar og for å medverke til at dei nasjonale miljøpolitiske måla kan bli nådde. Forureinar betalar-prinsippet er ein viktig del av sektoransvaret. Både miljøvern- og sektorstyresmaktene på sentralt hald, fylkeskommunalt og kommunalt nivå i tillegg til private aktørar skal medverke til at miljøomsyn blir tekne vare på.
Vidare har sektorstyresmaktene ansvar for å gjennomføre tiltak innanfor eige område som trengst for å kunne nå måla i miljøpolitikken. Dei har òg ansvar for å rapportere om miljøutviklinga i sektoren og om resultat av og kostnader ved verkemiddelbruk og gjennomførde miljøtiltak.
Sektoransvaret medfører eit krav til alle departementa at dei skal ta miljøomsyn når dei utformar planar og politikk på sine ansvarsområde. Dette gjeld både den økonomiske politikken generelt og politikken i dei einskilde sektorane. Miljøomsyn inneber både å førebyggje miljøbelastningar og å rydde opp der ein har skada miljøet.
Dette kapitlet omtalar Regjeringas samla miljøpolitiske satsingar slik dei kjem til uttrykk i departementa sine budsjett, sjå tabellen på neste side. Det er ikkje alltid enkelt å avgrense miljøtiltak eller utgifter til slike tiltak på ein god måte. Mange tiltak kan grunngjevast på fleire måtar og skal medverke til å nå ulike mål. Miljøtiltaka er òg svært ulike; her finn ein både førebyggjande tiltak i form av til dømes kystvaktoppgåver, klassisk naturvern slik som etablering av verneområde, opprydding i forureina grunn og satsingar som gir størst effekt saman med andre typar tiltak, slik som jernbaneutbygging og støtte til kollektivtrafikk. Nokre tiltak er langsiktige, slik som forsking, mens andre har meir direkte verknader. Endra definisjonar eller endringar i arbeidsdelinga mellom departementa vil òg kunne føre til at nokre tal ikkje fullt ut kan jamførast frå eitt år til det neste. Tabellen må derfor tolkast med varsemd.
Miljøtiltak er her definerte og avgrensa slik:
utgiftene må fullt ut nyttast til miljøforbetringar, eller
miljøomsynet må vere avgjerande for at tiltaket/prosjektet blir gjennomført, eller
utgiftene skal motverke negative miljøeffektar av sektorpolitiske tiltak elles (førebyggjande tiltak)
Dei miljøpolitiske løyvingane i 2013
I 2013 er dei samla miljøpolitiske løyvingane berekna å utgjere til saman 44,3 mrd. kroner, som er ein auke på om lag 2,9 mrd. kroner frå 2012. I denne summen inngår kjøp av klimakvotar på 630 mill. kroner. Blant miljøtiltaka som blir førde vidare og prioriterte i 2013 er:
tiltak mot avskoging og øydelegging av skog i utviklingsland
kollektivtrafikk og jernbaneutbygging
fornybar energi og energieffektivisering
Tabell 3.1 Miljøtiltak i statsbudsjettet for 2013 (i mill. kroner)
Departement | 20121 | Forslag 2013 |
---|---|---|
Arbeidsdepartementet2 | - | - |
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet | 6,8 | 6,2 |
Finansdepartementet3 | 515,5 | 632,0 |
Fiskeri- og kystdepartementet | 1 463,1 | 1530,1 |
Forsvarsdepartementet | 1280,2 | 1149,4 |
Helse- og omsorgsdepartementet 4 | - | - |
Justis- og beredskapsdepartementet | 95,2 | 113,0 |
Kommunal- og regionaldepartementet | 80,0 | 95,0 |
Kunnskapsdepartementet | 305,0 | 300,0 |
Kulturdepartementet | 1001,0 | |
Landbruks- og matdepartementet | 5313,4 | 5493,2 |
Miljøverndepartementet5 | 4 550,5 | 5 122,7 |
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet6 | 173,0 | 212,1 |
Nærings- og handelsdepartementet | 734,4 | 762,7 |
Olje- og energidepartementet | 4 465,0 | 4 950,0 |
Samferdselsdepartementet | 13 600,0 | 15 595,1 |
Utanriksdepartementet7 | 7 800,0 | 7 300,0 |
Sum alle departementa | 41 383,1 | 44 329,3 |
1 Denne kolonnen inneheld tal både frå budsjettproposisjonen 2012 og frå saldert budsjett. Alle 2012-tala er såleis ikkje berekna på same måten. Dette må ein ta omsyn til ved samanlikning av tala frå 2012 med budsjettframlegget for 2013.
2 Arbeidsdepartementet har ikkje budsjettpostar som fell inn under miljøomgrepet slik det her er definert.
3 Løyving til kjøp av klimakvotar er inkludert her.
4 Helse- og omsorgsdepartementets miljørelaterte tiltak går ikkje direkte fram av budsjettoppstillingane. Budsjettal er derfor utelatne her.
5 Miljøverndepartementets budsjettal her omfattar berre om lag halvdelen av utgiftene til Statens Kartverk. Årsaka til dette er at denne etaten tener ei rekkje føremål i tillegg til dei miljøfaglege.
6 Denne posten omfattar i hovudsak utgifter til Fylkesmannens miljøvernavdeling og er basert på ressursrapportering i ettertid. Det oppgitte budsjettalet er derfor eit overslag og svært usikkert.
7 Norsk bistandspolitikk byggjer på standardar som er fastsette i OECD/DAC. Definisjonen av miljøtiltak avvik noko frå Miljøverndepartementets definisjon.
Tabellen over viser at mange departement nyttar store økonomiske midlar til miljøbegrunna tiltak, i tråd med sektoransvarsprinsippet. Miljøverndepartementets budsjett utgjer ein viktig, men avgrensa del av dei samla miljøløyvingane, slik desse er definerte her.
Det er òg viktig å vere klar over at miljøpolitikk ikkje først og fremst handlar om løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar òg avgjerder som ikkje har direkte budsjettkonsekvensar. Til dømes vil planlegging av arealbruk vere viktig, det same er skattar og avgifter på miljøskadeleg produksjon og forbruk o.a.
Nedanfor er nokre av departementa sine miljørelaterte tiltak kort omtalte. Ein viser elles til departementa sine eigne budsjettproposisjonar for ein nærare gjennomgang.
På Olje- og energidepartementet sitt budsjett vert det føreslått 4 950 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2013, mot 4 465 mill. kroner i 2012. Regjeringa si satsing på energiomlegging gjennom Enova og Energifondet vert ført vidare. Samla framlegg til løyving til energiomlegging i 2013 er på vel 1 mrd. kroner, under dette Energifondet og deltaking i ulike internasjonale program og aktivitetar innanfor fornybar energi og energibruk. I tillegg skal Enova forvalte Regjeringas nye satsing på klimateknologi. Det er i den forbindelse vedteke å opprette eit nytt fond for klima, fornybar energi og energiomlegging med utgangspunkt i Grunnfond for fornybar energi og energieffektivisering. Det er føreslått å auke kapitalen i fondet med 10 mrd. kroner i 2013. Dette gir ein samla fondskapital på 35 mrd. kroner og vil auke overføringane til Energifondet frå 2014. Til forsking på miljørelevant teknologi (i energisektoren, i petroleumssektoren og til Carbon Capture and Storage – CCS) blir det gjort framlegg på om lag 428 mill. kroner over Noregs forskingsråds budsjett. I denne summen inngår òg 234 mill. kroner til forskingsprogrammet RENERGI, som mellom anna stør forsking og utvikling knytt til effektivog fornybar energiteknologi. Til satsing og oppfølging av CO2-handteringsprosjekta (Mongstad fullskala, transport og lagring av CO2 frå Mongstad, teknologisenteret på Mongstad og CCS moglegheitsstudie utover Mongstad) er det samla føreslått om lag 3,2 mrd. kroner. Vidare er det føreslått om lag 171 mill. kroner til forskning, utvikling og demonstrasjon av teknologiar knytte til fangst og lagring av CO2 (CLIMIT), og 7 mill. kroner til internasjonalt CCS-arbeid.
Samferdselsdepartementets oppgåver omfattar både tiltak for å endre transportstrukturen i miljøvennleg retning og tiltak som i seg sjølve kan ha negative miljøkonsekvensar som må reduserast. Det er eit hovudmål i Norsk Transportplan 2010-2019 at transportpolitikken skal medverke til å avgrense klimagassutsleppa, redusere miljøskadelege verknader frå transport og medverke til å nå nasjonale mål og innfri internasjonale plikter Noreg har på miljøområdet. Samferdselsdepartementet legg opp til å nytte om lag 15,6 mrd. kroner til miljørelaterte tiltak i 2013, mot 13,6 mrd. kroner i 2012. Til investeringar, vedlikehald og drift i jernbanenettet vil det bli løyvd 11 372,7 mill. kr, mot 9 948,2 mill. kroner i saldert budsjett 2012. Desse tiltaka skal betre kapasiteten og regulariteten i trafikkavviklinga og gi rom for å føre over meir gods- og persontransport til jernbane. 2013 vil mellom anna bli prega av to store nybyggingsprosjekt på Vestfoldbanen: Det om lag 14 kilometer lange dobbeltsporanlegget Holm-Nykirke med ny Holmestrand stasjon inne i fjellet, og arbeidet med det 23 km lange dobbeltsporanlegget Farriseidet (Larvik) – Porsgrunn, som startar opp i haust. Fellesprosjektet E6-Dovrebanen, med dobbeltspor for jernbana frå Minnesund og 17 km nordover langs Mjøsa, vil gå for fullt i 2013. Ei rad infrastrukturtiltak for å gjennomføre eit nytt og betre togtilbod på Austlandet held fram, med sikte på ruteendringa i desember 2014. Planlegginga av nytt dobbeltspor Oslo S-Ski (Follobanen) held fram neste år. Det blir òg vurdert å starte opp to nye jernbaneprosjekt i 2013: Ny Ulriken tunnel mellom Bergen og Arna og Hell-Værnes mellom Trondheim og Stjørdal. Løyvinga til persontransport med tog aukar med om lag 400 mill. kroner til 2 921 mill. kroner. Det er vidare ei løyving på 351,2 mill. kroner (427,8 inkl. ny mva.) til gang- og sykkeltiltak langs riksvegnettet, 119,6 mill. kroner (139,9 mill. kroner inkl. ny mva.) til miljø-, og servicetiltak og 105,6 mill. kroner (135,4 mill. kroner inkl. ny mva.) til kollektivtiltak. Belønningsordninga for auka kollektivtrafikk i dei større byområda får ei løyving på 673,1 mill. kroner, eller ein auke på 262,1 mill. kroner.
Det er berekna at Justis- og beredskapsdepartementet vil nytte 113 mill. kroner til ulike miljørelaterte tiltak i 2013. For departementet er det ei prioritert oppgåve å motverke miljøkriminalitet. I følgje ei trusselvurdering frå Økokrim, er forureiningskriminalitet i form av utslepp eller nedgrave avfall den største miljøtrusselen mot samfunnet. I Økokrim blir miljøkriminalitet følgt opp av eit eige miljøteam og av eigne miljøkoordinatorar i politidistrikta. Justis- og beredskapsdepartementet har òg det administrative ansvaret for Sysselmannen på Svalbard. Den faglege styringa på miljøområdet skjer direkte frå Miljøverndepartementet. Sysselmannen sine oppgåver endrar seg som følgje av veksande aktivitet på øygruppa og fordi Longyearbyen blir meir likt eit vanleg lokalsamfunn. Det blir større behov for å handheve regelverk, mellom anna Svalbardmiljølova, og for å føre tilsyn. Sysselmannen prioriterer derfor førebygging, informasjonsarbeid, rettleiing og tilsyn med ferdsel og anna verksemd. I svalbardbudsjettet for 2012 vart det vedteke å byggje reinseanlegg ved kolkraftverket i Longyearbyen. Reinseanlegget skal etter planen stå ferdig i 2014.
På Fiskeri- og kystdepartementets budsjett blir det gjort framlegg om 1 530 mill. kroner til ulike miljøtiltak i 2013, mot 1 463 mill. kroner i 2012. Departementet sine budsjettmidlar som i hovudsak er grunngitt med miljøomsyn, omfattar mellom anna: Ressursforsking og forvaltning for berekraftig forvaltning av fiskeressursane, tiltak for berekraftig havbruk, kartlegging av biologisk mangfald, og beredskap mot akutt forureining.
I 2013 blir det gjort framlegg om å auke løyvinga til klimaforsking på Fiskeri- og kystdepartementets budsjett med 3,5 mill. kroner. Ein vil òg auke løyvinga til Fiskeridirektoratet med 10 mill. kroner for å styrkje havbrukstilsynet. Det operative risikobaserte tilsynet skal styrkjast, særleg på områda biomassekontroll og rømming. Innanfor den føreslåtte løyvinga til sluttføringa av eit nytt multifunksjonsfartøy for Kystverket er det sett av 17 mill. kroner til oljevernutstyr for fartøyet.
På Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett er det føreslått 95,0 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2013, i hovudsak knytt til bustadar, bumiljø og bygg. Dette er ein auke på 15 mill. kroner samanlikna med 2012 og skuldast mellom anna ei styrking av Direktoratet for byggkvalitet sin post for kunnskapsutvikling og informasjonsformidling og ei overføring av midlar til tilskudd til Lågenergiprogrammet frå Olje- og energidepartementet. I klimameldinga som vart ei lagd fram i april i år, går det fram at Regjeringa vil skjerpe energikrava i byggteknisk forskrift til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020. Oppfølging av desse to meldingane vil vere viktige oppgåver framover. Departementet vil arbeide for bruk av fleire miljøvennlege byggjeløysingar, lågare energibruk og reduserte klimagassutslepp frå bygningar. Kommunal- og regionaldepartementet vil medverke i samarbeidsprogramma Framtidas byar og FutureBuilt også i 2013. Samarbeidet med Lågenergiprogrammet for å spreie kompetanse om energikrav og passivhus blir ført vidare og styrkt. Frå og med 2013 vil Kommunal- og regionaldepartementet ha det statlege finansieringsansvaret for Lågenergiprogrammet.
Framlegget til statsbudsjett inneber at Utanriksdepartementet vil nytte om lag 7 300 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2013. Dette er eit overslag, og tala er noko usikre.
Noreg skal vere ein langsiktig og truverdig forvaltar av miljøverdiane i nordområda. Noreg har eit omfattande tosidig samarbeid med Russland for å møte felles miljøutfordringar, for kompetanseheving i miljøforvaltninga og for å fremje russisk deltaking i internasjonale miljøvernavtaler. Arbeidet vil bli ført vidare i eit nytt treårig samarbeidsprogram med særleg vekt på vern av havmiljøet, samarbeid i grenseområda, naturmangfald og tiltak mot forureining. Atomtryggleikssamarbeidet med Russland skal blant anna medverke til å redusere risikoen for ulukker og forureining, hindre at radioaktivt materiale kjem bort, og styrkje russisk forvaltning på området. Hovudprioriteringar i 2013 vil framleis vere å sikre og å fjerne brukt kjernebrensel frå den nedlagde marinebasen i Andrejevbukta, 60 kilometer frå norskegrensa. Vidare vil vi styrkje myndigheitssamarbeidet om tilsyn, varsling, beredskap og miljøovervaking. Prosjekt for auka tryggleik ved russiske kjernekraftverk går vidare. Det norske engasjementet på dette viktige miljøfeltet har eit langsiktig perspektiv.
Regjeringa aukar innsatsen mot avskoging og øydelegging av skog i utviklingsland, til om lag 3 mrd. kroner i 2013, som er ein auke på om lag 400 mill. kroner frå saldert budsjett 2012. Innsatsen for rein energi og klimatilpassing med særlig vekt på matsikkerhet aukar. Satsinga på klima i utviklingssamarbeidet skal både medverke til å redusere klimaskadelege utslepp og å lette dei fattige landa si tilpassing til klimaendringane. Noreg prioriterer òg å hjelpe utviklingslanda med å utnytte fornybare energiressursar (vasskraft, sol og vind) i staden for å auke bruken av fossile energikjelder. Det norske initiativet Rein energi for utvikling og det internasjonale energi- og klimainitiativet Energy+ utgjer sentrale delar av den samla norske politikken på klima- og energiområdet. I tillegg til klima- og miljøsatsinga innanfor bistandsbudsjettet, vil Regjeringa gjennom EØS-midlane 2009-2014 styrkje arbeidet med miljø, klima og karbonfangst og lagring. EØS-midlane er totalt på 1 788, 5 mill. euro. I kvart mottakarland skal minst 30 prosent under EØS-ordninga nyttast til miljøvern og tiltak mot klimaendringar. Totalt utgjer dette om lag 361,8 mill. euro. I tillegg skal minst 20 prosent av den norske ordninga nyttast til karbonfangst og –lagring.
På Forsvarsdepartementets budsjett er det rekna at vel 1 149 mill. kroner går til ulike miljøtiltak i 2013. Kystvaktas oppgåver i samband med miljø- og ressursovervaking utgjer om lag halvdelen av denne summen. Gjennom mange år har Forsvarets skyte- og øvingsaktivitetar medført belastningar på naturmiljøet. Opprydding i tidlegare skyte- og øvingsfelt og andre eigedommar som blir avhenda, mellom anna det store Hjerkinn skytefelt på Dovrefjell, blir ført vidare i 2013. Prosjektet for tilbakeføring av Hjerkinn skytefelt til sivile formål vil venteleg vare til 2020, og området skal då kunne tilfredsstille krava til vern etter naturmangfaldlova og bli ein del av tilgrensande verneområde. Tidlegare forsvarsområde blir mange stader tekne i bruk til friluftsliv.
På Landbruks- og matdepartementets område vert det gjort framlegg om 5 493,2 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2013. Den langt største delen av desse midlane (90 prosent) går over Jordbruksavtala. Innanfor Jordbruksavtala får midlane til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL-ordninga) ei auka løyving på 100 mill. kroner.
På Nærings- og handelsdepartementets område vert det gjort framlegg om 762,7 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2013, mot om lag 734 mill. kroner i 2012. Hovuddelen av denne summen går til ulike tiltak innanfor området forsking, nyskaping og internasjonalisering. Noreg deltek mellom anna i det europeiske jordobservasjonsprogrammet GMES (Global Monitoring for Environment and Security). Frå 2013 vil det i regi av dette programmet bli skote opp ei rad miljø- og klimaovervakingssatellittar som vil ha god dekning i nordområda. I framtida vil slik overvaking gi viktig informasjon om klimaendringar og naturkatastrofar. Den nasjonale miljøteknologistrategien som vart lansert i 2011 blir foreslått vidareført i 2013, med ei løyving på Nærings- og handelsdepartementets budsjett på 127 mill. kroner .
Finansdepartementet har ansvar for å leggje grunnlaget for effektiv ressursforvaltning. Gjennom arbeidet med den økonomiske politikken vil Finansdepartementet medverke til at den økonomiske utviklinga skjer på eit miljømessig forsvarleg grunnlag. Direkte miljørelaterte løyvingar over departementet sitt driftsbudsjett i 2013 er rekna til 2 mill. kroner og gjeld mellom anna finansiering av klimarelatert økonomisk forsking og utgreiing og arbeid i tilknyting til dei internasjonale klimaforhandlingane. Handel med klimakvotar er omtalt nedanfor.
Handel med klimakvotar
På FNs klimakonferanse i Durban i 2011 vart det einigheit om å etablere ein ny periode under Kyoto-protokollen som skal gjelde frå 2013. Planen er at Partsmøtet under Protokollen skal fatte vedtak om innhaldet i ei ny avtale i desember 2012. Førebels er det berre EU, Sveits, Noreg, Island, Liechtenstein, Kroatia, Ukraina og Kviterussland som har signalisert at dei vil ha utsleppspliktingar i den neste perioden for forpliktingar. Australia og New Zealand vurderar dette fram til klimamøtet i Doha. Ein ny plikting under Kyoto-protokollen der Noreg er med, gir behov for statlege kvotekjøp. Størrelsen på slike kjøp er usikker, mellom anna fordi korkje Norges utsleppsplikting eller lengden på den neste Kyoto-perioden er avklart.
For 2013 føreslår regjeringa ei løyving på 630 mill. kroner til kjøp av klimakvoter og ein fullmakt til å inngå avtaler om kjøp av utslippskvotar innanfor ei samla ramme på 1 000 mill. kroner.
Som nemnt over er miljøtiltak på andre departement sine område nærare omtalte i budsjettproposisjonane frå dei einskilde departementa. Her finn ein òg ei omtale av:
utfordringar knytte til miljø- og ressursforvaltning på departementa sine ansvarsområde
mål for departementa sitt arbeid med desse utfordringane
oppnådde resultat i 2011
ressurs- og miljøtiltak i budsjettforslaget for 2013.
4 Oversiktstabellar
4.1 Merknader til budsjettframlegget
Regjeringa foreslår ei samla løyving til Miljøverndepartementet på 5 453,7 mill. kroner på utgiftssida og 2 346,4 mill. kroner på inntektssida.
4.2 Utgifter
Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
1400 | Miljøverndepartementet | 583 520 | 575 497 | 597 332 | 3,8 |
1410 | Miljøvernforsking og miljøovervaking | 521 258 | 548 291 | 621 253 | 13,3 |
Sum kategori 12.10 | 1 104 778 | 1 123 788 | 1 218 585 | 8,4 |
Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
1425 | Vilt- og fisketiltak | 82 376 | 79 900 | 85 400 | 6,9 |
1426 | Statens naturoppsyn | 216 734 | 218 691 | 209 197 | -4,3 |
1427 | Direktoratet for naturforvaltning | 1 190 288 | 1 292 179 | 1 514 492 | 17,2 |
Sum kategori 12.20 | 1 489 398 | 1 590 770 | 1 809 089 | 13,7 |
Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
1429 | Riksantikvaren | 439 034 | 448 897 | 509 050 | 13,4 |
1432 | Norsk kulturminnefond | 62 406 | 59 480 | 61 440 | 3,3 |
Sum kategori 12.30 | 501 440 | 508 377 | 570 490 | 12,2 |
Utgifter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
1441 | Klima- og forureiningsdirektoratet | 675 854 | 699 154 | 784 969 | 12,3 |
1445 | Miljøvennleg skipsfart | 4 138 | 4 000 | 4 132 | 3,3 |
1447 | Miljøomsyn i offentlege innkjøp | 16 476 | 18 000 | 14 000 | -22,2 |
1448 | Radioaktiv forureining i det ytre miljø | 11 000 | 11 214 | 12 512 | 11,6 |
Sum kategori 12.40 | 707 468 | 732 368 | 815 613 | 11,4 |
Utgifter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
1465 | Statens kartverk, arbeid med tinglysing og nasjonal geografisk infrastruktur | 644 772 | 630 917 | 720 994 | 14,3 |
2465 | Statens kartverk | 12 736 | 12 000 | 12 000 | 0,0 |
Sum kategori 12.50 | 657 508 | 642 917 | 732 994 | 14,0 |
Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
1471 | Norsk Polarinstitutt | 260 422 | 246 414 | 257 334 | 4,4 |
1472 | Svalbard miljøvernfond | 12 674 | 11 730 | 12 320 | 5,0 |
1474 | Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforskning | 34 573 | 37 099 | 37 253 | 0,4 |
Sum kategori 12.60 | 307 669 | 295 243 | 306 907 | 4,0 |
4.3 Inntekter
Inntekter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
4400 | Miljøverndepartementet | 6 366 | 1 832 | 1 893 | 3,3 |
Sum kategori 12.10 | 6 366 | 1 832 | 1 893 | 3,3 |
Inntekter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
4426 | Statens naturoppsyn | 527 | 256 | 664 | 159,4 |
4427 | Direktoratet for naturforvaltning | 18 861 | 15 422 | 18 190 | 17,9 |
5578 | Sektoravgifter under Miljøverndepartementet | 88 600 | 88 400 | 93 900 | 6,2 |
Sum kategori 12.20 | 107 988 | 104 078 | 112 754 | 8,3 |
Inntekter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
4429 | Riksantikvaren | 6 937 | 5 550 | 4 800 | -13,5 |
4432 | Norsk kulturminnefond | 62 406 | 59 480 | 1 400 000 | 2 253,7 |
Sum kategori 12.30 | 69 343 | 65 030 | 1 404 800 | 2 060,2 |
Inntekter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
4441 | Klima- og forureiningsdirektoratet | 79 786 | 81 821 | 76 529 | -6,5 |
Sum kategori 12.40 | 79 786 | 81 821 | 76 529 | -6,5 |
Inntekter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
4465 | Statens kartverk, arbeid med tinglysing og nasjonal geografisk infrastruktur | 1 085 178 | 1 048 000 | 663 000 | -36,7 |
Sum kategori 12.50 | 1 085 178 | 1 048 000 | 663 000 | -36,7 |
Inntekter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
4471 | Norsk Polarinstitutt | 77 605 | 72 696 | 75 095 | 3,3 |
4472 | Svalbard miljøvernfond | 4 | |||
5578 | Sektoravgifter under Miljøverndepartementet | 12 670 | 11 705 | 12 320 | 5,3 |
Sum kategori 12.60 | 90 279 | 84 401 | 87 415 | 3,6 |
Utgifter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
01-01 | Driftsutgifter | 1 415 811 | 1 438 276 | 1 550 913 | 7,8 |
11-23 | Varer og tenester | 1 270 804 | 1 203 169 | 1 254 177 | 4,2 |
30-49 | Nybygg, anlegg m.v. | 444 544 | 515 284 | 647 226 | 25,6 |
50-59 | Overføringar til andre statsrekneskaper | 422 951 | 420 626 | 488 733 | 16,2 |
60-69 | Overføringar til kommunar | 6 000 | 6 000 | 104 750 | 1 645,8 |
70-89 | Overføringar til private | 1 208 151 | 1 310 108 | 1 407 879 | 7,5 |
Sum under departementet | 4 768 261 | 4 893 463 | 5 453 678 | 11,4 |
Inntekter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
01-29 | Sal av varer og tenester m.v. | 1 272 095 | 1 221 279 | 835 873 | -31,6 |
50-91 | Skattar, avgifter og andre overføringar | 166 845 | 163 883 | 1 510 518 | 821,7 |
Sum under departementet | 1 438 940 | 1 385 162 | 2 346 391 | 69,4 |
Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførast»
**Under Miljøverndepartementet blir stikkordet foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30-49
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2012 | Forslag 2013 |
1400 | 22 | Spesielle driftsutgifter knytte til lokalt miljøvern og universell utforming | 1 557 | |
1400 | 61 | Framtidas byar og berekraftig byutvikling | 37 000 | |
1400 | 65 | Groruddalen | 32 000 | |
1400 | 74 | Tilskot til AMAP | 4 000 | |
1400 | 75 | Miljøvennleg byutvikling | 1 031 | |
1400 | 76 | Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak | 3 445 | 31 150 |
1400 | 80 | Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle | 200 | |
1400 | 81 | Tilskot til byutvikling og lokalt miljøvern | 13 289 | 14 557 |
1425 | 70 | Tilskot til fiskeformål | 19 | 9 800 |
1425 | 71 | Tilskot til viltformål | 6 841 | 28 500 |
1427 | 70 | Tilskot til vassmiljøtiltak | 1 241 | 30 500 |
1427 | 71 | Forvaltningstiltak i verdsarvsområde | 23 | 16 600 |
1427 | 73 | Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga | 3 943 | 64 600 |
1427 | 74 | Tilskot til friluftslivstiltak | 850 | 21 693 |
1427 | 76 | Nasjonalparksentra og andre naturinformasjonssentra | 3 048 | 43 700 |
1427 | 78 | Friluftsområde, interkommunale friluftsråd og landsomfattande samarbeidsorgan for friluftsliv | 66 595 | |
1427 | 81 | Verdiskapingsprogram for naturarven | 509 | 15 330 |
1427 | 82 | Tilskot til prioriterte arter og utvalde naturtypar | 1 214 | 33 089 |
1429 | 72 | Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø | 57 875 | 270 362 |
1429 | 73 | Brannsikring og beredskapstiltak | 1 | 10 953 |
1429 | 74 | Fartøyvern | 43 712 | |
1429 | 75 | Internasjonalt samarbeid | 1 100 | |
1429 | 77 | Verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet | 941 | 8 264 |
1429 | 78 | Tilskot til sikring og forvaltning av arkeologiske kulturminner | 238 | 8 500 |
1441 | 69 | Oppryddingstiltak | 26 250 | |
1441 | 79 | Oppryddingstiltak | 14 837 | |
1465 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 6 376 | 450 890 |
1471 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 3 019 | 61 124 |
1474 | 50 | Tilskot til statlege mottakarar | 20 000 | |
1474 | 70 | Tilskot til private mottakarar | 5 916 | 13 000 |
5 Om oppfølging av oppmodingsvedtak frå Stortinget
Vedtak nr. 639, 15. juni 2011
«Stortinget har den 15. juni 2011 vedtatt en anmodning til Regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2013 å foreta en gjennomgang av friluftsloven og andre tilstøtende lover og regelverk med formål å fjerne restriksjoner mot nye friluftsformer i norsk natur og åpne naturen for nye brukergrupper innenfor økologisk bærekraftige rammer.
Anmodningen oversendes Miljøverndepartementet for oppfølging.
Miljøverndepartementet uttaler i brev 18. august 2011:
«Miljøverndepartementet vil igangsette et arbeid med en gjennomgang av friluftsloven og andre tilstøtende regelverk for å klargjøre hvilke restriksjoner som gjelder for nye friluftsformer. Gjennomgangen vil bli lagt frem for Stortinget i Prop. 1 S (2012-2013) for Miljøverndepartementet».
Miljøverndepartementet har i tråd med Stortingets føringar i Innst. 84 S (2011-2012) gjort greie for arbeidet i Del III, omtale av resultatområde 5 Storslått fjellandskap.
Vedtak nr. 561, 11. juni 2012
«Stortinget ber regjeringen opprette et nytt fond for klima, fornybar energi og energiomlegging med utgangspunkt i Enovas Grunnfond som i dag er på 25 mrd. kroner. Fondskapitalen skal utgjøre 50 mrd. kroner i 2016, med en økning på 10 mrd. kroner i 2013, 5 mrd. kroner i 2014, 5 mrd. kroner i 2015 og 5 mrd. kroner i 2016.»
Miljøverndepartementet uttaler i brev 22. august 2012:
«Regjeringen vil komme tilbake til dette ved behandlingen av de årlige statsbudsjettene»
Vedtak nr. 562, 11. juni 2012
«Stortinget ber regjeringen legge frem en vurdering av mulighetene for å utvikle en verdikjede for CO2 i Norge, der fanget CO2 kan brukes til kommersielle formål.»
Miljøverndepartementet uttaler i brev 22. august 2012:
«Det vil gjøres rede for oppfølgingen av vedtaket i Prop 1 S (2012-2013) for Olje- og energidepartementet.»
Vedtak nr. 563, 11. juni 2012
«Stortinget ber regjeringen innføre forbud mot fyring med fossil olje i husholdninger og til grunnlast i øvrige bygg i 2020. Dette forutsetter støtteordninger fra 2013 og øvrige virkemidler i en overgangsperiode. Forbudet og utfasingen må utformes med nødvendige unntak og slik at forsyningssikkerheten ivaretas. Unntakene utredes nærmere før forbudet endelig vedtas.»
Miljøverndepartementet uttaler i brev 22. august 2012:
«Utformingen av et forbud og eventuelt behovet for unntak vil bli utredet nærmere, og et forslag vil bli sendt på offentlig høring. Miljøverndepartementet vil ta initiativ til et samarbeid mellom berørte departementer om nødvendige utredninger. Den delen av vedtaket som går på støtteordninger er fulgt opp i ny avtale med Enova, som ble inngått 28. juni 2012. I avtalens punkt 9 står det: «Fondsmidlene kan finansiere en særskilt ordning for konvertering av fossile energibærere i husholdninger, og til grunnlast».
Vedtak nr. 564, 11. juni 2012
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med et mål for energieffektivisering i bygg i løpet av 2012.»
Miljøverndepartementet uttaler i brev 22. august 2012:
«Vedtaket vil bli fulgt opp høsten 2012 og presenteres for Stortinget på egnet måte innen utgangen av året.»
Vedtak nr. 565, 11. juni 2012
«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag for Stortinget med virkemidler som bidrar til å utløse betydelig energieffektivisering og energiomlegging fra fossile til miljøvennlige kilder i private husholdninger.»
Miljøverndepartementet uttaler i brev 22. august 2012:
«Regjeringen tar sikte på å komme tilbake til saken i Prop. 1 S (2013-2014) for Olje- og energidepartementet.»
Vedtak nr. 570, 11. juni 2012
«Stortinget ber regjeringen i de kommende statsbudsjett øke bevilgningene til FME-sentrene og at det opprettes et FME-senter for geotermisk energi.»
Miljøverndepartementet uttaler i brev 22. august 2012:
«Regjeringen vil komme tilbake til dette ved behandlingen av de årlige statsbudsjettene.»
Vedtak nr. 571, 11. juni 2012
«Stortinget ber regjeringen evaluere det beregningsrelevante forbruket for elsertifikatordningen.»
Miljøverndepartementet uttaler i brev 22. august 2012:
«Vedtaket vil bli fulgt opp i forbindelse med den første kontrollstasjonen under elsertifikatordningen, som skal finne sted senest innen utgangen av 2015.»
Vedtak nr. 572, 11. juni 2012
«Stortinget ber regjeringen vurdere potensialet for å redusere klimagassutslippene i Norge ved bruk av IKT.»
Miljøverndepartementet uttaler i brev 22. august 2012:
«Regjeringen planlegger å legge frem en stortingsmelding om vekst og verdiskaping med IKT – «Digital Agenda for Norge» – i løpet av stortingsåret 2012/2013. Stortingsmeldingen vil blant annet se på samfunnsutfordringer hvor IKT vil spille en viktig rolle framover, og bruk av IKT for å redusere utslipp av klimagasser er et slikt område.»
Vedtak nr. 573, 11. juni 2012
«Stortinget ber regjeringen legge flertallets merknader i denne innstillingen til grunn for klimapolitikken.»
Miljøverndepartementet uttaler i brev 22. august 2012:
«Regjeringen bekrefter at den vil legge flertallets merknader i denne innstillingen til grunn for klimapolitikken.»