Del 1
Innleiande del
1 Hovudmål og politiske prioriteringar
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) har eit overordna sektoransvar for familie og samliv, kjønnslikestilling, ikkje-diskriminering, barn og unges oppvekst og levekår, forbrukarinteresser og integrering av innvandrarar.
Noreg er ein del av den globale migrasjonen og den globale arbeidsmarknaden. Migrasjon gjer Noreg til eit meir mangfaldig samfunn.
Alle som bur i Noreg, skal ha dei same rettane, pliktene og moglegheitene til å bidra og delta i fellesskapet. Regjeringa vil hindre at det utviklar seg eit samfunn der innvandrarar og barna deira har dårlegare levekår enn andre. Regjeringa vil arbeide for like moglegheiter og deltaking for alle.
Målet for regjeringas politikk på barne- og ungdomsområdet er å sikre alle barn og unge likeverdige tilbod og å leggje til rette for at alle barn og unge har like gode moglegheiter til å utvikle seg, utan omsyn til foreldra sin bakgrunn og livssituasjon og kvar i landet dei bur.
Der familien ikkje strekk til, har samfunnet ei plikt til å sikre barn og unge gode omsorgstilbod og oppvekstvilkår. Det er eit viktig mål for regjeringa at barnevernet over heile landet skal kunne gi rett hjelp til utsette barn og unge tidleg. Barn og unges rettar, slik dei kjem til utrykk i FNs konvensjon om barnerettane, skal liggje til grunn for utforminga av politikken på området.
Regjeringa skal arbeide for full likestilling mellom kvinner og menn, eit likestilt foreldreskap og gode vilkår for barnefamiliane. Regjeringa har som mål å hindre diskriminering på grunnlag av mellom anna kjønn, seksuell orientering, etnisitet og funksjonsevne. Vald og overgrep i nære relasjonar er eit alvorleg samfunnsproblem, og BLD arbeider både for å førebyggje valden og for å sikre gode tilbod til personar som er utsette for vald.
I forbrukarpolitikken vil regjeringa sikre forbrukarane ei sterk stilling og gjere det enklare for forbrukarane å ta etiske og miljøvennlege val, og slik medverke til eit meir etisk og miljøforsvarleg forbruk.
Politikken til regjeringa skal bidra til tillit innbyggjarar imellom og til institusjonar i samfunnet. Slik tillit er viktig for å støtte opp under ordningar i velferdsamfunnet og styrkje fellesskap og samhald. Alle innbyggjarar i Noreg skal ha like moglegheiter til å engasjere seg, og frivillige organisasjonar er viktige aktørar i eit demokratisk og inkluderande samfunn.
Forslaget til statsbudsjett for 2013 for BLD omfattar programområde 11 Barn, likestilling og inkludering og programområde 28 Foreldrepengar.
BLD har desse hovudmåla for politikkområda sine:
God og open forvalting
Like moglegheiter, rettar og plikter for innvandrarar og barna deira til å delta og bidra i arbeids- og samfunnsliv
Likestilling mellom kvinner og menn i familie-, arbeids- og samfunnsliv
Eit ikkje-diskriminerande samfunn for alle uavhengig av mellom anna kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og etnisitet
Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom
Eit barnevern som gir barn og unge omsorg og vern slik at dei meistrar liva sine og utviklar evnene sine
Ei sterk stilling for forbrukarane
Eit etisk og miljøforsvarleg forbruk
1.1 God og open forvalting
Departementet vil sikre ei effektiv og open forvalting med god kvalitet gjennom styring, organisering og drift av sektoren.
Gode og effektive etatar er viktige for å nå måla for sektoren. Departementet vidarefører ei måletta styring og oppfølging av tilknytte verksemder og underliggjande etatar for å medverke til dette.
BLD har ikkje sektoransvar for samfunnskritisk infrastruktur og har heller ikkje, slik Nasjonal sikkerhetsmyndighet vurderer det, ansvar for objekt det er samfunnskritisk å sikre. Det er likevel slik at BLD har sektoransvar for område det er viktig å sjå til at er budd på kriser. Dette gjeld særskilt barnevernsområdet, inkluderingsområdet og utbetalingar i NAVsystemet. BLD har og pådrivaransvar for område som er viktige for andre sektorar sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, til dømes universell utforming og informasjon til innvandrarbefolkninga. Arbeidet i BLD med samfunnstryggleik og beredskap må sjåast i samanheng med styringsskilnadene mellom områda, og med utfordringane som finst innanfor kvart område. Til dømes har BLD ansvar for store utbetalingar til ulike brukargrupper hos NAV, medan Arbeidsdepartementet har etatsstyringsansvaret for NAV. Hovudmålet til BLD for beredskapsarbeidet er å førebyggje uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom slike hendingar skulle oppstå.
BLD har sidan 2011 arbeidd med tilpassing og forbetring av beredskapsplanverk for departementet. Det er oppretta ei beredskapsgruppe på leiarnivå, som skal sjå til at arbeidet med tryggleik og beredskap får meir vekt i departementet og i dialogen og styringa av tilknytta verksemder. Gruppa har ansvar for at operative beredskap i departementet er godt førebudd. I arbeidet vidare vil det bli lagt vekt på varslingsrutinar og samhandling med underliggjande etatar og tilknytta verksemder.
Som tiltak for å bu oss på kritiske hendingar i framtida vil BLD i 2013:
sjå til at planverket for sentrale risikoområde er koordinert med planverket i sektoren, slik at det sikrar ei god krisehandtering og styrkjer evna til å handtere kriser i organisasjonen og sektoren
trekke leiarar frå alle einingar i departementet inn i beredskapsarbeidet
halde øving både i departementet og saman med underliggjande etatar og tilnytta verksemder i 2013, for å teste eigen beredskap
gjennomgå erfaringer etter øvingar med sikte på læring og forbetring i planverket i eiga og tilknytta verksemder
BLD vil i arbeidet med beredskap i 2013 leggje vekt på å følgje opp tilrådingar i NOU 2012: 14 Rapport fra 22. juli-kommisjonen, og på å ha god oversikt over risiko og sårbarheit i sektoren.
BLD med underliggjande etatar og fylkesmenn utbetalte tilskot for om lag 8 mrd. kroner i 2011. BLD har på bakgrunn av tilskotsgjennomgangen for 2011 sett i verk tiltak for å sikre at tilskotsforvaltinga frå 2012 er i samsvar med økonomiregelverket. Det blei i Prop. 111 S (2011-2012) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2012 gitt ei orientering til Stortinget om mottakarar som vil motta tilskot i 2012 utover dei som framgår av Prop. 1 S (2011-2012). Det blei òg oppretta tre nye tilskotsordningar i 2012, som er tilskot til stemmerettsjubileet, universell utforming og forbrukarretta tiltak. Desse blei kunngjort på nettsidene til departementet. Tilskotsordningane vil bli vidareførte i 2013.
BLD har for statsbudsjettet 2013 arbeidd med ytterlegare endringar i tilskotsforvaltinga. Utgangspunktet for endringane har vore å sikre at ein gjennom ei open og effektiv forvalting når politiske mål og samstundes legg til rette for likebehandling av mogelege tilskotsmottakarar. BLD vil leggje meir av tilskotsforvaltinga til tilskotsordningar framfor enkeltståande tilskot. Dette arbeidet har resultert i ei oppretting av fire nye tilskotsordningar med utgangspunkt i eksisterande tilskotsforvalting. Departementet føreslår òg ein justering av mål og kriterium for tildeling for ordninga tilskot til valdsførebyggjande tiltak (programkategori 11.10). I tillegg blir resultattilskotet til kommunane i norskopplæringa for innvandrarar foreslått avvikla. Midlane blir blant anna foreslått nytta til å etablere ei ny tilskotsordning med utviklingsmidlar til kommunane. BLDs nye ordningar for 2013 er følgjande:
Tilskot til organisasjonar og tiltak for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt) (programkategori 11.10)
Tilskot til tiltak for personar med nedsett funksjonsevne (programkategori 11.10)
Tilskot til organisasjonar i barne- og ungdomsvernet (programkategori 11.20)
Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt innafor barne- og ungdomsvernet (programkategori 11.20)
Tilskot til utviklingsmidlar til kommunane sitt integreringsarbeid (programkategori 11.05)
Tilskotsordningane er nærmare omtalt under dei respektive programkategoriane i del II i denne proposisjonen. BLD har også foreslått flyttingar av midlar i statsbudsjettet for 2013 for å sikre korrekt postbruk.
Det vil framleis vere behov for å øyremerke ein del av tilskotsmidlane. BLD har derfor namngitt mottakarar av tilskot utanfor tilskotsordningane under dei aktuelle postomtalane i del II i denne proposisjonen.
BLDs underliggjande etatar forvaltar størstedelen av tilskotsmidlane på BLDs område. BLD har pålagt desse etatane å gjennomgå tilskotsforvaltinga si.
Endringane i tilskotsforvaltinga for 2013 vil, etter departementets syn, resultere i ei betre forvalting med vekt på openheit og effektivitet. Det kan vere behov for ytterlegare endringar i tilskotsforvaltinga. Departementet arbeider derfor med å vidareutvikle tilskotsforvaltinga for 2014.
1.2 Like moglegheiter, rettar og plikter for innvandrarar og barna deira til å delta og bidra i arbeids- og samfunnsliv
Migrasjon har alltid vore ein del av samfunnsutviklinga i Noreg. Landet har dei siste tiåra i større grad blitt eit innvandringsland. Global utvikling har medverka til at befolkninga i Noreg er mangfaldig. Verdiar som likestilling og likeverd, ytringsfridom og trus- og livssynsfridom, solidaritet og toleranse skal liggje til grunn for politikken for eit mangfaldig samfunn. Regjeringa ønskjer at Noreg skal vere eit samfunn der alle er del av fellesskapet, og der alle bidreg.
Regjeringas mål for integreringspolitikken er like rettar og plikter for innvandrarar og barna deira til å delta og bidra i samfunnet. Regjeringa vil hindre at det utviklar seg eit klassedelt samfunn der innvandrarar og barna deira har dårlegare levekår enn andre. Dette føreset eit ope og inkluderande samfunn. Fellesskapet skal ha rom for mangfald.
Høg sysselsetjing og verdiskaping dannar grunnlaget for utvikling av velferdssamfunnet. Arbeid gir den enkelte økonomisk sjølvstende, motverkar fattigdom, jamnar ut sosiale skilnader og fremmer likestilling mellom kvinner og menn. Regjeringa ønskjer å sikre at innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre får nytta ressursane sine.
Integreringspolitikken femner om alle samfunnsområde. BLD har det overordna ansvaret for samordning av politikken, medan den enkelte fagstyresmakta har ansvar for tenestetilbodet til alle, medrekna innvandrarar og barna deira. BLD har også eit eige sektoransvar for mellom anna busetjing av flyktningar og forvaltinga av introduksjonslova og statsborgarlova. Regjeringas Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga skal bidra til å måle effektar av politikken over tid på dei ulike samfunnsområda og vere ein del av eit grunnlag for å vurdere resultata av det arbeidet styresmaktene gjer. Sjå kap. 8 i del III for rapporteringa på måla.
Kvar åttande person i Noreg i dag er sjølv innvandrar eller har to foreldre med innvandrarbakgrunn – samanlikna med kvar 25. person for 20 år sidan. Av desse har om lag 550 000 personar sjølve innvandra, og om lag 110 000 er fødde i Noreg av to innvandrarforeldre.
Det bur innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn i alle kommunar i Noreg. Størst del er det i Oslo med 139 000 personar, tilsvarande 23 prosent av innbyggjarane.
Innvandrarane kjem frå over 200 forskjellige land, og dei har kome til landet av forskjellige grunnar. Arbeid er den vanlegaste innvandringsgrunnen, og 64 prosent av dei som innvandra til Noreg i 2011, hadde eit anna europeisk statsborgarskap. Det er elles store variasjonar i kven det er som vandrar inn, årsakene til innvandringa, om dei kjem aleine eller saman med familie, og kor lenge dei har vore i landet. Desse variasjonane har mykje å seie for livsløpa deira i Noreg.
Langt dei fleste innvandrarane i Noreg er aktive deltakarar i arbeidsliv og i utdanning, er økonomisk sjølvstendige, snakkar norsk og deltek og bidreg på ulike arenaer i samfunnet. På viktige område er det likevel systematiske skilnader mellom befolkninga generelt og innvandrarar som gruppe. Dette gjeld område som arbeid, utdanning og helse. På fleire av desse områda er skilnadene langt mindre for norskfødde med innvandrarforeldre.
SSB gjennomfører årleg ei undersøking om haldningar til innvandrarar og innvandring. Undersøkinga i 2011 viser at mellom anna tre av fire meiner at innvandrarar gjer ein nyttig innsats i norsk arbeidsliv, og at dei gjer det kulturelle livet i Noreg rikare. Ni av ti meiner at innvandrarar bør ha dei same moglegheitene til arbeid som andre, og sju av ti seier seg einige i at arbeidsinnvandring frå land utanfor Norden bidreg positivt til norsk økonomi. Innbyggjarane deler seg omtrent på midten når det gjeld haldningar til å ta imot flyktningar.
Utgreiinga til Velferds- og migrasjonsutvalet (NOU 2011: 7) gav eit viktig kunnskapsgrunnlag på området. Utvalet drøfta elementa i den norske velferdsmodellen som påverkar og blir påverka av aukande migrasjon, og gir ei vurdering av berekrafta i velferdsstaten i lys av føresetnader for framtidig migrasjon. Inkluderingsutvalet (NOU 2011: 14) bidrog same året med råd om korleis integreringspolitikken bør innrettast slik at ein får meir like resultat.
Regjeringa ønskjer å presentere ein heilskapleg politikk på integreringsområdet og vil i 2012 leggje fram ei melding for Stortinget om integreringspolitikken. Meldinga vil mellom anna basere seg på kunnskapen frå dei to NOU-ane, og presenterer prinsipp og rammer for integreringspolititikken. Integreringspolitikken skal innehalde ein målretta innsats for å motverke skilnader i sysselsetjing og levekår og for å byggje eit fellesskap med rom for mangfald.
Dette er hovudsatsingar på integreringsområdet i statsbudsjettet for 2013:
Regjeringa sett av nye 30 mill. kroner til å innføre tiltaket Jobbsjansen frå sommaren 2013. Målsettinga med tiltaket er å auke sysselsetjinga blant innvandrarar som står langt frå arbeidsmarknaden og som ikkje fangast opp av andre ordningar. Forsøksordninga Ny sjanse blir ein del av Jobbsjansen.
For å sikre god kvalifisering av nykomne innvandrarar vil regjeringa omprioritere 32 mill. kroner til tilskot som kommunane kan søkje på til tiltak for å betre kvaliteten og resultata introduksjonsprogrammet og opplæringa i norsk og samfunnskunnskap.
Regjeringa føreslår å omprioritere 5,5 mill. kroner til fornying av IKT-systemane i IMDi, noko som er sentralt for god gjennomføring i dei store ordningane og dialogen med kommunane.
1.3 Likestilling mellom kvinner og menn i familie-, arbeids- og samfunnsliv
Regjeringa fører ein politikk som byggjer på likeverd og likestilling mellom kvinner og menn. Målet er å leggje til rette for at kvinner og menn skal ha like moglegheiter i arbeidslivet og kunne dele på omsorgsoppgåvene i heimen. For å nå målet er det nødvendig å sjå familie-, likestillings- og arbeidslivspolitikken i samanheng.
Ein målretta likestillingspolitikk er òg god økonomisk politikk. Høg yrkesdeltaking blant begge kjønn bidreg vesentleg til utvikling av velferdsstaten. Den gode økonomiske utviklinga i Noreg er mellom anna eit resultat av målretta satsing på ordningar som gjer det mogleg for både menn og kvinner å kombinere yrkesliv og familieliv og oppretthalde tilknytinga til arbeidslivet i småbarnsfasen.
Noreg har ei rekkje ordningar retta mot familien som har til formål å styrkje fedrane si omsorgsrolle og kvinnene si deltaking i yrkeslivet. Ei fleksibel foreldrepengeordning som fremmer likestilling mellom foreldra, og gode barnehagar for alle er viktige verkemiddel.
Regjeringa har dei siste åra gjort fleire endringar i foreldrepengeordninga som gjer rettane til fedrar betre og legg til rette for auka fedreuttak. Samstundes har ein òg auka den totale stønadsperioden for foreldrepengar. Fedrekvoten er eit av dei viktigaste tiltaka for å styrkje fedre si omsorgsrolle og leggje til rette for eit meir likestilt foreldreskap. Regjeringa føreslår ei ytterlegare utviding av stønadsperioden med to veker frå 1. juli 2013. Dei to nye vekene blir øyremerka for far slik at fedrekvoten blir 14 veker. Frå 1. juli 2013 blir også tredeling av foreldrepengeperioden sett i verk. Kvar av foreldra får ein like lang øyremerkt periode etter fødselen – mødrekvote og fedrekvote, som kvar blir på 14 veker. Ein noko lengre fellesdel må foreldra fordele seg imellom. Departementet vil i samråd med Arbeids- og velferdsetaten halde fram arbeidet for god informasjon til fedrar om rettane deira, søknadsfristar mv..
Den 1. august 2012 blei kontantstøtta for toåringar avvikla, graderingsreglane for eittåringar blei endra, og aldersdifferensierte satsar blei innførte. Det er eit mål for regjeringa å sikre høg deltaking i arbeidslivet, også blant småbarnforeldre. Omlegginga av kontantstøtta skal medverke til at kvinner i mindre grad trekkjer seg ut av arbeidslivet i småbarnsfasen, og til at fleire barn vil bruke barnehage. Dette kan i mange tilfelle vere positivt for barn og kvinner si integrering og barn si språkutvikling.
Eit forslag om lovfesta rett til inntil ein time ammefri per dag med lønn frå arbeidsgivar har vore på offentleg høyring sommaren 2012. Formålet med forslaget er å leggje til rette for at kvinner kan gå tidlegare attende til arbeidet etter fødsel, og dermed stimulere til ei jamnare deling av foreldrepermisjon og omsorgsoppgåver mellom far og mor. Det er viktig at kvinnenes rettar ikkje blir svekte i samband med graviditet, svangerskap og foreldrepermisjon. Regjeringa har derfor lagt fram eit forslag for Stortinget om lovfesting av rettar under og etter foreldrepermisjon.
Lik lønn for arbeid av lik verdi er òg eit viktig mål for regjeringas likestillingspolitikk. Som eit ledd i dette arbeidet har regjeringa sendt på høyring eit forslag om openheit omkring lønn.
Regjeringa vil òg styrkje rettstryggleiken til barn som er utsette for vald og overgrep i saker etter barnelova, og tek sikte på å sende lovforslag på høyring hausten 2012.
Familievernkontora har som ei sentral målsetjing å styrkje parforholda og førebyggje samlivsbrot. Tidleg hjelp kan minske pågangen i helsetenestene, barnevernet, rettsstellet og NAV. Vidare er det eit viktig mål at foreldre med høgt konfliktnivå får hjelp til å samarbeide og at barna i desse familiane får god hjelp. God måloppnåing i meklingsordninga står òg sentralt.
Regjeringa føreslår å auke løyvinga til familievernet. Familievernet sitt tilbod til valdsutsette barn og familiane deira skal styrkas. Det vil mellom anna innebere auka satsing på samtalegrupper og andre behandlingstilbod til utsette barn.
Likestillingspolitikken må vere i framkant og i stadig utvikling for å prege samfunnet, og politikken må vere basert på solid kunnskap. Det er eit satsingsområde for regjeringa å styrkje kunnskapen om norsk likestillingspolitikk og om dei utfordringane vi står overfor på dette feltet. Likestillingsutvalet, som hadde i mandat å greie ut norsk likestillingspolitikk med utgangspunkt i livsløp, etnisitet og klasse, leverte utgreiinga si til BLD i september 2012. Ei delutgreiing om likestillingsapparatet låg føre seinhaustes 2011.
Regjeringa vil utarbeide ei stortingsmelding om likestilling mellom kjønna i eit livsløps-, etnisitets- og klasseperspektiv. Meldinga vil etter planen bli lagt fram våren 2013. Meldinga vil mellom anna følgje opp dei to utgreiingane frå Likestillingsutvalet.
For å tydeleggjere politikken på likestillingsfeltet la regjeringa hausten 2011 fram ein handlingsplan for kjønnslikestilling, Likestilling 2014,som skal gjelde for perioden 2011–2014. Planen inneheld mellom anna indikatorar for å kunne vurdere måloppnåinga og vil bli oppdatert etter handsaming av ny stortingsmelding om likestilling mellom kjønna.
I 2013 vil regjeringa feire at det er hundre år sidan allmenn stemmerett (kvinnestemmeretten) blei innført i Noreg. Ein komité er oppnemnd og den arbeider med ulike arrangement og tiltak lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Stemmerettskomiteen legg opp til fire større arrangement: Åpningsforestilling 8. mars, Stemmerettsveka 11.-20. juni, Stemmerettskampanjen før valet 2013 og ein internasjonal konferanse 14.-15. november. Det er sett av midlar til lokale arrangement over heile landet. Målet er ei feiring for og med alle, med særskilt vekt på demokratiske verdiar som stemmerett, likestilling, representasjon og deltaking.
1.4 Eit ikkje-diskriminerande samfunn for alle uavhengig av m.a. kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og etnisitet
Regjeringa vil føre vidare arbeidet for eit samfunn med likestilling og fråvære av diskriminering for alle. Diskriminering er eit brot på menneskerettane som rammer både den enkelte og heile samfunnet. Likestilling er òg ein føresetnad for økonomisk utvikling av eit samfunn. Likestilling vil seie at alle skal ha like rettar, plikter og moglegheiter på alle område i livet, uavhengig av mellom anna kjønn, alder, etnisitet, religion, seksuell orientering og funksjonsevne. BLD har ei pådrivar- og rettleiingsrolle overfor dei andre departementa når det gjeld å fremme likestilling og hindre diskriminering på ulike grunnlag, og koordinerer regjeringas arbeid på dette området.
Departementet vil leggje fram forslag om endringar i diskrimineringslovgivinga, mellom anna med ei ny lov om forbod mot diskriminering på grunn av seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Regjeringa sin handlingsplan Betre livskvaliet blant lesbiske, homofile, bifile og transpersonar er ei tydeleggjering av staten sitt ansvar overfor lhbt-gruppene på ei rekkje område. For BLD er handlingsplanen eit godt verktøy for å koordinere og styrke politikken overfor lhbt-personar.
Regjeringa sin Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering går ut i 2012.Eit av hovudmåla med planen er å bidra til ei god implementering av aktivitets- og rapporteringspliktene i diskrimineringslova og diskriminerings- og tilgjengelova. Eit anna hovudmål er å auke kunnskapen om arten av, omfanget av og årsakene til diskriminering for å kunne setje i verk meir treffsikre tiltak. Planperioden vil bli forlengd ut 2013.
Det er eit mål å fremme deltaking og likestilling for personar med nedsett funksjonsevne. Regjeringa har ein visjon om at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025. Eit viktig verkemiddel på området er oppfølging av Handlingsplanen for universell utforming og auka tilgjenge (2009–2013), som skal støtte opp under implementeringa av diskriminerings- og tilgjengelova, ny plan- og bygningslov og lovgiving om universell utforming mellom anna på områda utdanning, transport og IKT. Ei ekstern evaluering av sentrale tiltaksområde i handlingsplanen vil liggje føre våren 2013. Evalueringa vil danne grunnlag for å vurdere behovet for nye tiltak etter 2013.
Menneske med utviklingshemming har rett til eit sjølvstendig liv og skal ha den same valfridommen som andre. BLD tek, i samarbeid med fleire departement, sikte på fremme ei stortingsmelding om levekåra for menneske med utviklingshemming i 2013.
Regjeringa vil arbeide vidare med å førebu iverksetjing av ny verjemålslov. Ein tek sikte på at lova kan tre i kraft 1. juli 2013. Regjeringa har føreslått å ratifisere FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD), slik at Noreg blir bunde av konvensjonen så snart den nye verjemålslova er på plass.
Løyvinga til Likestillings- og diskrimeringsnemnda blei auka i revidert nasjonalbudsjett 2012 for å styrkje nemnda sitt arbeid med å handheve reglar om diskriminering. Denne styrkinga blir ført vidare.
Departementet foreslår at ein vesentleg del av oppgåvene som blei lagt til LDO ved innlemminga av dokumentasjonssenteret blir flytta frå LDO til Bufdir frå 2013.
1.5 Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom
Måla for barne- og ungdomspolitikken skal ha utgangspunktet sitt i likeverd, respekt for mangfald og ulikskap, solidaritet og medansvar for fellesskapet og omsyn til menneskeverdet. Det er særs viktig å leggje til rette for aktiv medverknad frå barn og unge tidleg, slik at vi sikrar eit kritisk, levande demokrati for framtida òg. Målretta innsats og gode fellesskapsløysingar er avgjerande for utvikling av eit godt og inkluderande oppvekstmiljø.
BLD har eit ansvar for samordninga av den statlege politikken på barne- og ungdomsområdet. Samarbeidet mellom ulike departement om ein gjennomgåande politikk for barn og unge vil bli ført vidare. Dette skjer mellom anna gjennom samarbeid om handlingsplanar, felles strategiar, forsøks- og utviklingsarbeid og konferansar.
Arbeidet med å følgje opp FNs konvensjon om barnerettane og tilrådingane frå FNs barnekomité vil halde fram i 2013. Departementet legg vekt på å gjere dette i dialog med andre departement og frivillige organisasjonar.
BLD ser det som viktig at barn og unge blir sikra høve til deltaking og innverknad, både i samfunnet og i eigne liv. Departementet vil i 2013 fortsette å arbeide med forslag frå eit offentleg utval som i 2011 leverte ei utgreiing om ungdom si makt og deltaking. Utgreiinga (NOU 2011: 20 Ungdom, makt og medvirkning) har vore på brei, offentleg høyring. Forslaga frå utvalet vil bli vurdert av BLD i samråd med andre departement. Departementet vil òg stimulere til at enda fleire kommunar arbeider for brei medverknad frå barn og unge. Departementet vil bidra til utveksling av idear og røynsler, mellom anna ved at temaet blir diskutert på konferansar og samlingar.
Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige aktørar i barne- og ungdomspolitikken, og BLD støttar det lokale, nasjonale og internasjonale arbeidet til organisasjonane. Støtta er eit viktig verkemiddel for å sikre barn og unges deltaking og engasjement.
BLD vil bidra til at barn og unge i område med levekårsproblem kan få høve til deltaking på lik linje med andre. Tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn blir ført vidare og vil i 2013 omfatte 23 bykommunar. Ordninga har barn og unge som målgruppe. Ordninga er delt i ei satsing retta mot utsette barne- og ungdomsgrupper og ei satsing retta mot barn, ungdom og familiar råka av fattigdomsproblem.
BLD vil føre vidare den særskilde innsatsen retta mot ungdom som står i fare for å falle utanfor opplæring og arbeidsliv gjennom Losprosjektet. Femten kommunar frå åtte fylke deltek i prosjektet. Formålet med Losprosjektet er å betre tilknytinga til skole og arbeid blant særleg risikoutsette unge i alderen 14–23 år.
1.6 Eit barnevern som gir barn og ungdom omsorg og vern slik at dei meistrar liva sine og utviklar evnene sine
Barnevernet skal vere eit tryggleiksnett for barn og unge når foreldra av ulike grunnar ikkje greier å gi barna sine den omsorga dei treng. Frå forsking veit vi at barn i barnevernet har større risiko enn andre barn for å falle utanfor utdanning og arbeid, og at dei har større helseutfordringar enn andre. Departementet vil derfor utvikle barnevernet til det beste for dei barna det gjeld. Å styrkje kvaliteten i barnevernet sine tiltak, enten det gjeld hjelp i heimen eller plassering utanfor heimen, står sentralt. Statleg og kommunalt barnevern må tilby hjelp som er tilpassa barna sine behov. God rettstryggleik og medverknad er òg viktig. Systematisk satsing på forsking og forskingsformidling står òg sentralt.
Talet på barn som får hjelp frå barnevernet, har auka kvart år over lang tid. Sjølv om kommunane har sett i verk førebyggjande tiltak og auka ressursbruken i barnevernet, har veksten i saksmengda vore større enn veksten i talet på stillingar. I tillegg viser rapportar frå fylkesmennenes tilsyn at mange av kommunane ikkje oppfyller alle lovkrava. For å sikre at alle utsette barn og unge får riktig hjelp til riktig tid, er det viktig å rette ein innsats mot sviktområda. Departementet vil ha god kvalitet på tiltaka i barnevernet, slik at barn og familiar som treng det, får verksam hjelp. Det betyr mellom anna at hjelpa må tilpassast behova til det enkelte barnet, anten det gjeld hjelp i heimen (hjelpetiltak) eller hjelp for dei som må bu i fosterheim eller på institusjon. På fosterheimsområdet blir det mellom anna satsa på å rekruttere fleire fosterheimar. Samtidig er det viktig at fosterforeldre får god rettleiing og oppfølging.
Den statlege finansieringa av dei kommunale barnevernstenestene skjer gjennom dei frie inntektene til kommunane. I 2010 auka regjeringa dei frie inntektene til kommunane og la til grunn at denne veksten mellom anna la grunnlag for at den kommunale barneverntenesta kunne styrkast med 400 årsverk. Veksten frå 2009 til 2010 blei berre på 110 årsverk. For å sikre at det vart satsa på utviklinga i barnevernet i kommunane, har det i 2011 og 2012 blitt øyremerka midlar til kommunalt barnevern. I 2011 vart det oppretta 400 nye stillingar til det kommunale barnevernet. I 2012 vart desse 400 stillingane vidareført. I tillegg vart det oppretta 70 nye stillingar. Auken sidan 2011 utgjer 470 stillingar som direkte følgje av regjeringas satsing. I tillegg oppretta kommunane 110 stillingar med sine frie inntekter i 2010. Tall frå første halvår 2012 viser ein auke på totalt 733 stillingar sidan 2009, medrekna stillingar som kommunane har oppretta med sine frie inntekter.
Rapporteringar for 2011 viser for første gang på mange år ei lita, men positiv utvikling i sentrale indikatorar. Delen fristoversitjingar i undersøkingssaker har gått noko ned. Delen barn og unge med tiltaksplan og omsorgsplan har auka, og delen barn i fosterheim med tilsynsførar har auka. Departementet legg til grunn at dette kan vere ein indikasjon på at satsinga har den ønskte effekten og er i ferd med å snu ei negativ utvikling. Regjeringa føreslår derfor å styrkje det kommunale barnevernet med ytterlegare 205 mill. kroner i 2013. Kommunane skal kunne søke om midlar til stillingar og kompetanse- og samhandlingstiltak. I tillegg vil tilsynet styrkast. Dette vil gi eit betre grunnlag for tilsyn med prioriterte område som kommunale fosterheimar. Saman med satsinga på 240 mill. kroner frå 2011 og 50 mill. kroner frå 2012 vil om lag 500 mill. kroner vere øyremerkte det kommunale barnevernet i 2013. Dette er det største barnevernløftet på 20 år.
I 2004 tok staten over dei fylkeskommunale oppgåvene på barnevernsområdet. Denne reforma er evaluert. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ein lovproposisjon for Stortinget i løpet av 2013, der mellom anna endringar i ansvarstilhøva mellom stat og kommune blir vurderte på bakgrunn av evalueringa.
Regjeringa legg til grunn at den kraftige satsinga på det kommunale barnevernet vil bidra til ei ønska utvikling der ein større del av omsorga for barn, både gjennom førebyggjande arbeid og gjennom konkrete tiltak for det einskilde barn, skjer i barnet sitt nærmiljø og i regi av det kommunale tiltaksapparatet. Gjennom satsinga vil kommunane i langt større grad ha mogelegheit til å ta tak i og å løyse utfordringane lokalt allereie i 2013. Regjeringa føreslår i sitt høyringsnotat om endringar i barnevernlova å justere kommunen sine eigendelar ved plassering i statlege tiltak, og eventuelle justeringar i satsane vil forsterke denne utviklinga i åra framover.
Stortinget vedtok i revidert nasjonalbudsjett 2012 ein auke i løyvinga til det statlege barnevernet. Regjeringa foreslår å føre vidare utgiftsnivået og delar av det reduserte inntektskravet og foreslår derfor å auke løyvinga med netto 65 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2012. Budsjettrammane føreset gjennomføring av omstillingstiltak samanlikna med revidert nasjonalbudsjett 2012. Etaten må leggje auka vekt på å redusere utgifter gjennom effektiviseringstiltak. Dei administrative kostnadene skal reduserast. Regjeringa legg til grunn at det statlege barnevernet i liten grad skal finansiere ikkje- lovpålagte oppgåver. Delen barn med behov for plass i fosterheim har gjennom mange år auka meir enn for institusjon. Departementet føreset at denne utviklinga vil halde fram, sjølv om det er kommunane og fylkesnemnda som styrer inntak og val av tiltak i det statlege barnevernet. For å nytta ressursane best mogeleg er det er avgjerande å betre utnyttinga av kapasiteten i eige tiltaksapparat. I dette arbeidet skal det statlige barnevernet framleis tilby tenester av høg kvalitet som er tilpassa barna sine behov. Høg kvalitet betyr i denne samanheng òg god rettstryggleik og medverknad for barn som må bli høyrt om sin eigen situasjon. Når barn blir høyrde om sin eigen situasjon, kan det vere med på å hindre utilsikta flyttingar i forsterheim og institusjon.
Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker har avgjerdsrett i dei såkalla tvangssakene etter barnevernlova, og avgjer mellom anna saker om omsorgsovertaking. Det har vore ein auke på 18 prosent i saker til handsaming i første kvartal av 2012 samanlikna med den same perioden i 2011. Det er avgjerande for rettstryggleiken og for eit velfungerande barnevern at fylkesnemndene har tilstrekkeleg kapasitet og arbeider effektivt. Regjeringa føreslår ei kraftig styrking av fylkesnemndene med 20 mill. kroner til å handsama fleire saker gjennom å auke kapasiteten og å betre styringa, for med dette å redusere handsamingstida i fylkesnemnda. Når det blir handsama fleire saker i fylkesnemndene fører dette med seg auka utgifter til fri rettshjelp, og regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til fri rettshjelp på Justis- og beredskapsdepartementet sitt budsjett med 20 mill. kroner.
Departementet vil styrkje innsatsen for å førebyggje og avdekkje vald og overgrep mot barn og unge, og for at dei som blir utsette for vald og overgrep, skal få god hjelp og behandling. Samarbeidet om barn som treng hjelp, må bli betre.
Departementet går no gjennom høyringssvara til NOU 2012: 5 Bedre beskyttelse av barns utvikling. Eit utval har greidd ut vanskelege problemstillingar i barnevernet sitt arbeid som tersklar for overtaking av omsorg, tilbakeføring til foreldre, samvære når barnet er plassert utanfor heimen, og kriterium for og evaluering av tiltak for betring av omsorgskompetanse hos foreldre. Rapporten blei send på ei brei høyring våren 2012.
Grunna aukande migrasjon har stadig fleire barn og familiar med utanlandsk statsborgarskap kontakt med barnevernet. Det er derfor behov for informasjon om barnevernet til mellom anna styresmaktene i andre land. Slike saker kan vere særs utfordrande for dei lokale tenestene. Dette gjeld til dømes saker i skjeringspunktet mellom barnevern- og utlendingslovgivinga. Kommunane treng råd om korleis dei kan handsame slike saker. Departementet har derfor sett i verk eit arbeid for å lage ei rettleiing til kommunane.
Bufetat har ansvaret for omsorgssentera for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar under 15 år. Etaten vil i 2013 redusere kapasiteten i dei statlege sentera som følgje av lågare prognosar for einslege mindreårige asylsøkjarar enn tidlegare. Barnevernet har hatt ansvaret for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar under 15 år sidan desember 2007, og det er viktig å få kunnskap om korleis reforma har verka. Departementet vil derfor evaluere omsorgsreforma i 2013.
Departementet vil utvikle eit kunnskapsbasert barnevern. Målet er at barn og foreldre møter ei teneste med høg kvalitet, slik at dei får verksam hjelp i alle tiltaka frå barnevernet. Gjennom konkrete FoU-prosjekt vil departementet i 2013 arbeide vidare med å nå dette målet. BLD vil i tillegg etablere ei vidareutdanning i rettleiing for røynd barnevernspersonell. Vidareutdanninga vil bli tilbydd i 2013. BLD jobbar no, i samarbeid med universitets- og høgskular, om å utvikle tilbodet. Målet med vidareutdanninga er å sikre at nyutdanna personell skal få god rettleiing når dei kjem til tenesta.
Regjeringa arbeider for at barnevernet skal ha ei aktiv rolle i oppfølginga av unge lovbrytarar. Målet til regjeringa er at ungdom ikkje skal i fengsel, både fordi det er skadeleg for dei, og fordi mange av dei som har vore fengsla, gjer seg skuldige i ny kriminalitet. I sjeldne tilfelle vil det likevel kunne vere nødvendig å fengsle mindreårige, ut frå eit ønske om å verne samfunnet.
Hovudsatsingane er desse:
Å styrkje den øyremerkte løyvinga til kommunalt barnevern med 205 mill. kroner, som skal nyttast til stillingar, kompetanseauke, samhandlingstiltak og auka rettstryggleik gjennom styrkt tilsyn
Å styrkje løyvinga samanlikna med saldert budsjett 2012 til det statlege barnevernet med netto 65 mill. kroner som følgje av at fleire barn får hjelp
Å auke kapasiteten i fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker med 20 mill. kroner for å redusere sakshandsamingstida
1.7 Ei sterk stilling for forbrukarane
Det er viktig at forbrukarane ikkje berre har god informasjon om varene og tenestene dei kjøper, men òg kjenner rettane og pliktene dei har i samband med kjøpa. I tillegg er det viktig at det finst gode ordningar for å løyse konfliktar mellom kjøparar og seljarar. Lover og reglar må ta omsyn til forbrukarinteressene på ein god og balansert måte.
Forbrukarrådet hadde i 2011 omfattande kontakt med forbrukarane gjennom telefonsamtalar, e-postar og besøk på heimesida (forbrukerrådet.no). Mange nytta òg Finansportalen (finansportalen.no), som er oppretta for å gi forbrukarane betre informasjon om ulike finansielle tenester.
I Noreg er det etablert gode ordningar for handsaming av konfliktar som kan oppstå mellom kjøparar og seljarar. Handsamingstida for sakene til Forbrukartvistutvalet gjekk ned i 2011, sjølv om talet på saker til handsaming auka. BLD vil i 2013 arbeide vidare med forslag som kan styrkje og forbetre det utanrettslege tilbodet for handsaming av forbrukartvistar.
Mange forbrukarar er godt kjende med kva rettar og plikter dei har i samband med kjøpa sine. Ei undersøking i 2011 viste at norske forbrukarar er blant dei mest opplyste i Europa, og i større grad klagar når dei meiner det er manglar ved varer eller tenester. Dei er noko mindre prismedvitne enn forbrukarar elles i Europa.
Det er likevel eit stort behov for informasjon og rettleiing til forbrukarane. Regjeringa vil i 2013 arbeide vidare med å gjere informasjon og tenester tilgjengelege på Internett. Ein arbeider mellom anna med å greie ut ei løysing for informasjon om daglegvarer på nettet som ledd i oppfølginga av Matkjedeutvalet (NOU 2011: 4).
Det er lagt store ressursar i å greie ut og klargjere stillinga til forbrukarane på til dømes marknadene for finansielle tenester og på bustadområdet. Mange forbrukarar kjenner seg svært utrygge i marknaden for kjøp og sal av bustader. Det blir derfor arbeidd med å styrkje rettane til bustadkjøparar og å sikre desse betre informasjon. Departementet arbeider òg for å gi forbrukarane større tryggleik ved kjøp av handverkartenester.
Saksmengda etter gjeldsordningslova har auka dei seinaste åra. Nokre personar kan ha problem med å oppfylle krava i lova før dei kan søkje om og gjennomføre ei gjeldsordning. Betalingsproblem ser ut til å råke nye grupper, som unge vaksne. Det er òg utfordringar knytte til at mange ikkje har eller vil gi oversikt over kor stor gjeld dei har når dei søkjer om lån eller kreditt.
Satsane for livsopphald i gjeldsordningssaker har auka over tid, samtidig som det ved lønnstrekk ikkje er utarbeidd satsar frå sentralt hald. Dette fører til store ulikskapar i kor mykje skyldnarane får behalde til eige underhald.
For å førebyggje gjelds- og betalingsproblem vil departementet mellom anna arbeide vidare med betalingsproblema blant unge vaksne, innhaldet i forbrukarundervisinga og spørsmålet om det bør opprettast eit gjeldsregister. Det vil òg bli arbeidd med endringar i gjeldsordningslova og etablering av standardiserte satsar både for dei som har gjeldsordning og dei som har lønnstrekk.
1.8 Eit etisk og miljøforsvarleg forbruk
Regjeringa vil setje søkjelyset på dei miljømessige og etiske utfordringane som følgjer av eit høgt forbruk. Gjennom ein aktiv forbrukarpolitikk vil regjeringa arbeide for at det samla forbruket blir meir berekraftig. Skal ein lykkast med å få til eit meir etisk og miljøforsvarleg forbruk, må det vere enkelt for forbrukarane å ta etiske og miljøforsvarlege val i kvardagen. Forbrukarane har rett til å vite om produkt til dømes er tilverka av underbetalte arbeidarar eller har skadelege konsekvensar for miljøet og helsa.
Ei undersøking i 2011 synte at kjennskapen til miljømerket Svana var på 93 prosent, som er om lag det same som i 2010. I 2011 var det ein nettoauke i talet på lisensar og registreringar knytte til miljømerket Svana. Auken inneber at det er blitt enklare for norske forbrukarar å finne produkt som er gode for miljøet og medverkar til etisk forbruk.
Ei viktig utfordring framover er å skape grunnlag for eit forbruksmønster der forbrukarane i større grad medvite vel bort varer som har uheldige konsekvensar for mellom anna miljøet og dei som tilverkar dei. Dette krev meir openheit i alle delar av produksjonskjedene. I tillegg må informasjon om konsekvensane nå fram til og bli oppfatta av forbrukarane på ein korrekt måte.
BLD vil i 2013 byggje opp under tiltak som kan gi forbrukarane tilgang på fleire varer som er tilverka under høvelege miljø- og arbeidsforhold. Departementet vil òg medverke til at det i større grad skal bli teke omsyn til etikk og samfunnsansvar i offentlege innkjøp.
2 Oversikt over budsjettforslaget for BLD
2.1 Forslag til utgifter og inntekter fordelte på kapittel og postgrupper
Utgifter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
Administrasjon | |||||
800 | Barne-, likestillings og inkluderingsdepartementet | 166 076 | 163 477 | 168 632 | 3,2 |
Sum kategori 11.00 | 166 076 | 163 477 | 168 632 | 3,2 | |
Integrering og mangfald | |||||
820 | Integrerings- og mangfaldsdirektoratet | 188 161 | 186 554 | 179 187 | -3,9 |
821 | Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar | 4 735 438 | 5 118 994 | 5 698 836 | 11,3 |
822 | Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar | 1 616 991 | 1 727 031 | 1 689 701 | -2,2 |
823 | Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene | 6 682 | 6 441 | 6 644 | 3,2 |
Sum kategori 11.05 | 6 547 272 | 7 039 020 | 7 574 368 | 7,6 | |
Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering | |||||
840 | Krisetiltak | 112 371 | 107 237 | 110 706 | 3,2 |
841 | Samliv og konfliktløysing | 30 800 | 33 179 | 28 676 | -13,6 |
842 | Familievern | 345 126 | 349 026 | 369 745 | 5,9 |
843 | Likestillings- og diskrimineringsnemnda | 2 290 | 3 409 | 4 519 | 32,6 |
844 | Kontantstøtte | 1 347 393 | 1 223 000 | 878 000 | -28,2 |
845 | Barnetrygd | 14 883 109 | 15 030 000 | 14 985 000 | -0,3 |
846 | Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv. | 66 683 | 72 338 | 81 787 | 13,1 |
847 | Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne | 213 919 | 218 310 | 221 638 | 1,5 |
849 | Likestillings- og diskrimineringsombodet | 52 713 | 54 347 | 54 140 | -0,4 |
Sum kategori 11.10 | 17 054 404 | 17 090 846 | 16 734 211 | -2,1 | |
Tiltak for barn og ungdom | |||||
850 | Barneombodet | 13 555 | 13 672 | 13 625 | -0,3 |
852 | Adopsjonsstønad | 11 828 | 15 358 | 15 865 | 3,3 |
853 | Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker | 132 730 | 137 448 | 162 500 | 18,2 |
854 | Tiltak i barne- og ungdomsvernet | 1 065 854 | 988 773 | 1 776 247 | 79,6 |
855 | Statleg forvalting av barnevernet | 5 488 969 | 5 321 704 | 5 557 187 | 4,4 |
856 | Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar | 322 564 | 243 214 | 197 703 | -18,7 |
857 | Barne- og ungdomstiltak | 207 686 | 219 034 | 222 525 | 1,6 |
858 | Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet | 264 506 | 268 570 | 275 615 | 2,6 |
859 | EUs ungdomsprogram | 9 360 | 7 422 | 7 702 | 3,8 |
Sum kategori 11.20 | 7 517 052 | 7 215 195 | 8 228 969 | 14,1 | |
Forbrukarpolitikk | |||||
860 | Forbrukarrådet | 108 760 | 114 131 | 117 897 | 3,3 |
862 | Positiv miljømerking | 5 822 | 6 002 | 6 200 | 3,3 |
865 | Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid | 12 741 | 13 848 | 14 385 | 3,9 |
866 | Statens institutt for forbruksforsking | 27 041 | 27 879 | 28 799 | 3,3 |
867 | Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet | 7 410 | 7 913 | 8 199 | 3,6 |
868 | Forbrukarombodet | 23 160 | 21 927 | 23 703 | 8,1 |
Sum kategori 11.30 | 184 934 | 191 700 | 199 183 | 3,9 | |
Sum programområde 11 | 31 469 738 | 31 700 238 | 32 905 363 | 3,8 | |
Sum utgifter | 47 253 012 | 48 164 938 | 50 968 563 | 5,8 |
Utgifter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
Stønad ved fødsel og adopsjon | |||||
2530 | Foreldrepengar | 15 783 274 | 16 464 700 | 18 063 200 | 9,7 |
Sum kategori 28.50 | 15 783 274 | 16 464 700 | 18 063 200 | 9,7 | |
Sum programområde 28 | 15 783 274 | 16 464 700 | 18 063 200 | 9,7 | |
Sum utgifter | 47 253 012 | 48 164 938 | 50 968 563 | 5,8 |
Inntekter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
Administrasjon | |||||
3800 | Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet | 6 781 | |||
Sum kategori 11.00 | 6 781 | ||||
Integrering og mangfald | |||||
3820 | Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet | 5 936 | |||
3821 | Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar | 93 089 | 95 224 | 106 496 | 11,8 |
3822 | Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar | 100 654 | 116 614 | 96 567 | -17,2 |
3823 | Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene | 408 | |||
Sum kategori 11.05 | 200 087 | 211 838 | 203 063 | -4,1 | |
Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering | |||||
3842 | Familievern | 6 119 | 595 | 615 | 3,4 |
3846 | Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv. | 500 | 517 | 3,4 | |
Sum kategori 11.10 | 6 119 | 1 095 | 1 132 | 3,4 | |
Tiltak for barn og ungdom | |||||
3850 | Barneombodet | 305 | |||
3853 | Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker | 1 205 | |||
3854 | Tiltak i barne- og ungdomsvernet | 107 | |||
3855 | Statleg forvalting av barnevernet | 1 014 303 | 930 439 | 945 243 | 1,6 |
3856 | Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar | 194 900 | 173 160 | 104 874 | -39,4 |
3858 | Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet | 11 160 | 433 | 433 | 0,0 |
3859 | EUs ungdomsprogram | 3 933 | 2 300 | 2 300 | 0,0 |
Sum kategori 11.20 | 1 225 913 | 1 106 332 | 1 052 850 | -4,8 | |
Forbrukarpolitikk | |||||
3867 | Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet | 10 | |||
3868 | Forbrukarombodet | 1 968 | |||
Sum kategori 11.30 | 1 978 | ||||
Sum programområde 11 | 1 440 878 | 1 319 265 | 1 257 045 | -4,7 | |
Sum inntekter | 1 440 878 | 1 319 265 | 1 257 045 | -4,7 |
Utgifter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
01-23 | Drift | 6 786 213 | 6 615 787 | 6 898 795 | 4,3 |
30-49 | Nybygg og anlegg | 33 571 | 67 955 | 10 500 | -84,5 |
50-59 | Overføringer til andre statsrekneskapar | 215 914 | 224 607 | 235 423 | 4,8 |
60-69 | Overføringar til kommunar | 7 574 497 | 7 833 576 | 9 142 360 | 16,7 |
70-98 | Overføringar til private | 32 642 817 | 33 423 013 | 34 681 485 | 3,8 |
Sum under departementet | 47 253 012 | 48 164 938 | 50 968 563 | 5,8 |
2.2 Postar med stikkordet kan overførast
Under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet blir stikkordet føreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30-49
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2012 | Forslag 2013 |
821 | 21 | Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling | 5 764 | 46 273 |
821 | 60 | Integreringstilskot | 36 945 | 5 090 852 |
822 | 21 | Spesielle driftsutgifter, opplæring i norsk og samfunnskunnskap | 1 560 | 28 092 |
846 | 79 | Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid | 6 267 | 7 966 |
847 | 71 | Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming | 7 108 | 20 229 |
857 | 60 | Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn | 13 899 | 64 333 |
857 | 79 | Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv. | 4 276 | 34 499 |
859 | 01 | Driftsutgifter | 13 | 7 702 |
865 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 1 773 | 7 571 |
865 | 79 | Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk | 1 621 | 4 814 |
2.3 Meirinntektsfullmakter
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet føreslår at departementet i 2013 kan:
overskride løyvinga på | mot tilsvarande meirinntekter under |
---|---|
kap. 820 post 01 | kap. 3820 post 01 |
kap. 823 post 01 | kap. 3823 post 01 |
kap. 842 post 01 | kap. 3842 post 01 |
kap. 855 post 01 | kap. 3855 postane 01, 02 og 60 |
kap. 856 post 01 | kap. 3856 post 01 |
kap. 858 post 01 | kap. 3858 post 01 |
kap. 859 post 01 | kap. 3859 post 01 |
kap. 868 post 01 | kap. 3868 post 01 |