Prop. 1 S 2011–2012

FOR BUDSJETTÅRET 2012 — Utgiftskapittel: 800–868, 2530 Inntektskapittel: 3821, 3822, 3842, 3846, 3855, 3856, 3858, 3859

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Hovudmål og politiske prioriteringar

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) har eit overordna sektoransvar for familie og samliv, kjønnslikestilling, ikkje-diskriminering, barn og unges oppvekst og levekår, forbrukarinteresser og integrering og inkludering av innvandrarar.

Alle som bur i Noreg, skal ha dei same pliktene, rettane og moglegheitene til å bidra og delta i fellesskapet. Politikken til regjeringa er tufta på likeverd, solidaritet og rettferd. Terroråtaket 22. juli 2011 var eit åtak på desse verdiane.

Ein heilskapleg og langsiktig politikk skal bidra til ei stabil og berekraftig samfunnsutvikling. Han skal også bidra til at samfunnet kan møte ein meir internasjonal arbeidsmarknad og auka migrasjon.

For å hindre at det utviklar seg eit klassedelt samfunn der innvandrarar og barna deira har dårlegare levekår enn andre, vil regjeringa arbeide for like moglegheiter og deltaking for alle.

Målet for regjeringas politikk på barne- og ungdomsområdet er å sikre alle barn og unge likeverdige tilbod og å leggje til rette for at alle barn og unge har like gode moglegheiter til å utvikle seg, utan omsyn til foreldra sin bakgrunn og livssituasjon og kvar i landet dei bur.

Der familien ikkje strekk til, har samfunnet ei plikt til å sikre barn og unge gode omsorgstilbod og oppvekstvilkår. Det er eit viktig mål for regjeringa at barnevernet over heile landet skal kunne gi rett hjelp til utsette barn og unge tidleg. Barn og unges rettar, slik dei kjem til utrykk i FNs konvensjon om barnerettane, skal liggje til grunn for utforminga av politikken på området.

Regjeringa skal arbeide for full likestilling mellom kvinner og menn, eit likestilt foreldreskap og gode vilkår for barnefamiliane. Det er viktig å hindre diskriminering på grunnlag av mellom anna kjønn, seksuell orientering, etnisitet og funksjonsevne. Vald og overgrep i nære relasjonar er eit alvorleg samfunnsproblem, og BLD arbeider både for å førebyggje valden og for å sikre gode tilbod til personar som er utsette for vald.

I forbrukarpolitikken vil regjeringa sikre forbrukarane ei sterk stilling og gjere det enklare for forbrukarane å ta etiske og miljøvennlege val, og slik medverke til eit meir etisk og miljøforsvarleg forbruk.

Politikken skal bidra til tillit til institusjonar i samfunnet og innbyggjarar imellom. Slik tillit er viktig for å støtte opp under ordningar i velferdsamfunnet og styrkje fellesskap og samhald. Alle innbyggjarar i Noreg skal ha like moglegheiter til å engasjere seg og frivillige organisasjonar er viktige aktørar i eit demokratisk og inkluderande samfunn.

Forslaget til statsbudsjett for 2012 for BLD omfattar programområde 11 Barn, likestilling og inkludering og programområde 28 Foreldrepengar.

BLD har desse hovudmåla for politikkområda sine:

  1. God og open forvalting

  2. Like moglegheiter, rettar og plikter for innvandrarar og barna deira til å delta og bidra i arbeids- og samfunnsliv

  3. Likestilling mellom kvinner og menn i familie-, arbeids- og samfunnsliv

  4. Eit ikkje-diskriminerande samfunn for alle uavhengig av mellom anna kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og etnisitet

  5. Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom

  6. Eit barnevern som gir barn og unge omsorg og vern slik at dei meistrar liva sine og utviklar evnene sine

  7. Ei sterk stilling for forbrukarane

  8. Eit etisk og miljøforsvarleg forbruk

1.1 God og open forvalting

Departementet vil sikre ei kvalitetsmedviten, effektiv og open forvalting gjennom effektiv styring, organisering og drift av sektoren.

Gode etatar er viktige for å nå måla for sektoren. Departementet vil føre vidare arbeidet med å få til ei god mål- og resultatstyring av verksemdene.

1.2 Like moglegheiter, rettar og plikter for innvandrarar og barna deira til å delta og bidra i arbeids- og samfunnsliv

Innvandrarar er omfatta av dei rettane og pliktene som gjeld for alle. I tillegg kjem særskilde rettar og plikter for nykomne innvandrarar. Desse er godt grunngitte og avgrensa til den første tida i Noreg, men er nødvendige for å få til god integrering. Introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap er sentrale tiltak retta mot nykomne innvandrarar.

Etter ein periode med open arbeidsinnvandring fram til 1975 har innvandringa til Noreg frå land utanfor Norden i hovudsak vore humanitær, det vil seie flyktninginnvandring og familieinnvandring. Ei endring kom med EØS-utvidinga i 2004, og i 2006 blei arbeid på nytt den viktigaste innvandringsårsaka med den store auken av arbeidsinnvandrarar frå dei nye medlemslanda i Sentral- og Aust-Europa.

Høg sysselsetjing og verdiskaping dannar grunnlaget for utvikling av velferdssamfunnet. Arbeid gir den enkelte økonomisk sjølvstende, motverker fattigdom, jamnar ut sosiale skilnader og fremmer likestilling mellom kvinner og menn. Arbeidsplassen er ein viktig møteplass. Regjeringa ønskjer å sikre betre bruk av den ressursen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre representerer, og å leggje til rette for at næringslivet tek denne ressursen i bruk.

BLD har eit overordna ansvar for samordning av politikken og tiltak på feltet og for å sikre samanheng mellom integrerings- og inkluderingspolitikken og andre politikkområde. Departementet skal sørgje for at politikken på integrerings- og inkluderingsområdet blir sett i verk. Kommunane spelar her ei vesentleg rolle. Departementet har òg eit sektoransvar for mellom anna forvalting av introduksjonslova og statsborgarlova.

Den enkelte fagstyresmakta har ansvar for tenestetilbodet til alle som bur i Noreg. I tråd med dette skal dei enkelte fagstyresmaktene følgje opp og vurdere situasjonen også for personar med innvandrarbakgrunn på sine ansvarsområde.

Regjeringas Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga skal bidra til å måle effektar av inkluderingspolitikken over tid på dei ulike samfunnsområda og vere eit grunnlag for å vurdere resultata av det arbeidet styresmaktene gjer. Sjå Del III for rapporteringa på måla.

Delen personar med innvandrarbakgrunn i Noreg har auka frå 1,5 prosent i 1970 til 12,2 prosent i 2011. 40 prosent har kortare butid i Noreg enn fire år. Per i dag bur det om lag 600 000 personar i Noreg som anten har innvandra sjølve, eller som er fødde i Noreg av to innvandrarforeldre. Av desse har om lag 500 000 innvandra til Noreg sjølve, medan om lag 100 000 er fødde her i landet. Det bur innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn i alle kommunane i Noreg. Størst del er det i Oslo med 170 000 personar, tilsvarande 28 prosent av befolkninga.

Langt dei fleste innvandrarane i Noreg er aktive deltakarar i arbeidsliv og i utdanning, er økonomisk sjølvstendige, snakkar norsk og deltek og bidreg på ulike arenaer i samfunnet. På viktige område er det likevel systematiske skilnader mellom befolkninga generelt og eit mindretal av innvandrarane. Dette gjeld område som arbeid, utdanning, helse og deltaking i val. På fleire av desse områda er skilnadene langt mindre for norskfødde med innvandrarforeldre.

SSB gjennomfører årleg ei undersøking om haldningar til innvandrarar og innvandring. Undersøkinga i 2010 viser mellom anna at den delen som er heilt eller nokså einig i at Innvandrarar flest gjer ein nyttig innsats i norsk arbeidsliv har auka. Samstundes er det fleire enn tidlegare som meiner at innvandrarar bør prøve å bli så like nordmenn som mogleg.

Velferds- og migrasjonsutvalet, under leiing av professor Grete Brochmann, leverte utgreiinga si, NOU 2011:7 Velferd og migrasjon, 10. mai 2011. Utvalet drøftar elementa i den norske velferdsmodellen som påverkar og blir påverka av aukande migrasjon, og gir ei vurdering av berekrafta i velferdsstaten i lys av føresetnader for framtidig migrasjon. Innstillinga til utvalet inneheld hovudområda migrasjonspolitikk, velferdspolitikk og arbeidslivs- og integreringspolitikk. Forslaga spenner over fleire departement sine ansvarsområde. Storparten av forslaga til utvalet ligg innanfor arbeidslivs- og integreringspolitikk. Utvalet legg stor vekt på aktivisering i velferdsytingane og arbeidsretting innanfor kvalifisering av innvandrarar som nett har innvandra. Utgreiinga er sendt på ei brei høyring.

Inkluderingsutvalet, under leiing av rådmann Osmund Kaldheim, leverte innstillinga si 14. juni 2011. Utvalet drøftar korleis integreringa utviklar seg på følgjande område: levekår i innvandrarbefolkninga, bruk av kompetanse innvandrarar har med seg, vaksenopplæring og grunnleggjande kvalifisering, arbeid og sysselsetjing, utdanning, demokrati og deltaking, fellesskap og konsentrasjon av innvandrarar i byområde. Utvalet har gått gjennom kunnskap på dei ulike områda og drive eit omfattande arbeid med dialog for å få synspunkt frå ulike grupper i befolkninga. Utvalet gir råd om ein heilskapleg strategi der ein legg vekt på konkrete resultat. Dei viktigaste tilrådingane er ein strategi for auka sysselsetjing, ein strategi for heilskapleg innsats når det gjeld utdanning, ei gjennomarbeiding av heile vaksenopplæringa, rett til godkjenning av kompetanse ein har med seg, og ein forsterka innsats på område med store utfordringar når det gjeld levekår. Utgreiinga er send på ei brei høyring.

Departementet arbeider med ei stortingsmelding om integrerings- og inkluderingspolitikken som skal fremmast i 2012. Meldinga vil mellom anna ta utgangspunkt i innstillingane til Velferds- og migrasjonsutvalet og Inkluderingsutvalet og drøfte fleire av problemstillingane og tiltaka som er fremma der.

1.3 Likestilling mellom kvinner og menn i familie-, arbeids- og samfunnsliv

Regjeringa fører ein politikk som byggjer på likeverd og likestilling mellom kvinner og menn. Regjeringas mål er å leggje til rette for at kvinner og menn skal ha like moglegheiter i arbeidslivet. Likelønn og utjamning av lønnsskilnader er viktige mål for inntektspolitikken. Kvinner og menn skal kunne dele ansvar og omsorg for barna i familien på like fot.

Ein målretta likestillingspolitikk er òg god økonomisk politikk. Høg yrkesdeltaking blant begge kjønn bidreg vesentleg til utvikling av velferdsstaten. Den gode økonomiske utviklinga i Noreg er mellom anna eit resultat av målretta satsing på ordningar som gjer det mogleg for både menn og kvinner å kombinere yrkesliv og familieliv og oppretthalde tilknytinga til arbeidslivet i småbarnsfasen. Likestillingspolitikken må vere i forkant og i stadig utvikling for å prege utviklinga i samfunnet, og politikken må vere basert på solid kunnskap. Makt og ressursar er framleis skeivt fordelte mellom kjønna. Det er eit satsingsområde for regjeringa å styrkje kunnskapen om norsk likestillingspolitikk og om dei utfordringane vi står overfor på dette feltet.

Regjeringa la i 2010 fram ei stortingsmelding som handlar om likelønn og kvinners stilling på arbeidsmarknaden jf. Meld. St. 6(2010-2011) Likestilling for likelønn. Meldinga drøftar årsakene til lønnsskilnadene mellom kvinner og menn og viser korleis familie- og likestillingspolitikken kan bidra til å minske lønnsgapet.

For å nå målet om at kvinner og menn skal ha like moglegheiter i arbeidslivet, er det nødvendig å sjå familie-, likestillings- og arbeidslivspolitikken i samanheng. Noreg har ei rekkje ordningar for familien som har til formål å styrkje fedrane si omsorgsrolle og kvinnene si deltaking i yrkeslivet og gjere det mogleg for begge foreldra å halde ved lag tilknytinga til arbeidslivet i småbarnsfasen. Gode barnehagar for alle er eit viktig verkemiddel.

Kontantstøtta kan bidra til at kvinner trekkjer seg ut av arbeidslivet for ein periode, og at barn ikkje kjem i barnehage. Dette kan vere uheldig, mellom anna for barn og kvinner si integrering og barn si språkutvikling. Fleire offentlege utval (mellom anna NOU 2011:7 Velferd og migrasjon og NOU 2011:14 Bedre integrering) har anbefalt at kontantstøtta blir fasa ut. Det er innført rett til barnehageplass ved at barn som fyller eitt år innan utgangen av august månad, har rett til barnehageplass frå august same året. Alle barn vil ha fått rett til barnehageplass innan dei fyller to år. Regjeringa føreslår på denne bakgrunnen å avvikle kontantstøtta for toåringar.

Regjeringa vil behalde kontantstøtta for eittåringane. Regjeringa vil òg styrkje ordninga for dei yngste barna fordi ein vurderer at behovet for kontantstøtte er størst for denne gruppa. For dei yngste eittåringane kan kontantstøtta fungere som ei overgangsordning for tida mellom foreldrepengeperioden og oppstart i barnehage. Heil kontantstøtte utgjer i dag 3 303 kroner per månad. Regjeringa vil styrkje kontantstøtta for barn i alderen 13–18 månader ved å auke kontantstøttesatsen til 5 000 kroner per månad. For barn i alderen 19–23 månader føreslår ein å behalde dagens sats på 3 303 kroner per månad.

Regjeringa føreslår å forenkle satsane for barn med deltidsopphald i barnehage ved at det berre skal vere to satsar for kontantstøtte; heil og halv sats. Dersom barnet ikkje har plass i barnehage, blir det gitt full kontantstøtte. Dersom barnet har ei avtalt opphaldstid i barnehage på inntil 20 timer i veka, blir det utbetalt 50 prosent kontantstøtte. Sjå nærmare omtale under programkategori 11.10.

Når kontantstøtta blir avvikla for toåringane, vil etterspurnaden etter barnehageplassar auke. Kommunane vil få kompensert for forventa auke i kostnadane til barnehagesektoren.

Foreldre og kommunar må få tid til å innrette seg etter endringane. BLD føreslår derfor at endringane trer i kraft 1. august 2012, og vil fremme ein proposisjon for Stortinget med forslag til nødvendige lovendringar.

Ei god og fleksibel foreldrepengeordning er viktig. Regjeringa har dei siste åra gjort fleire endringar i foreldrepengeordninga som gjer rettane til fedrar betre og legg til rette for auka fedreuttak. Samstundes har ein òg auka den totale stønadsperioden for foreldrepengar. Departementet vil, i samråd med Arbeids- og velferdsetaten, arbeide for god informasjon til fedrar om rettane deira, søknadsfristar mv.

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval, Likestillingsutvalet, som har fått i mandat å greie ut norsk likestillingspolitikk med utgangspunkt i livsløp, etnisitet og klasse. Målet med utgreiinga er å leggje grunnlaget for ein heilskapleg og kunnskapsbasert likestillingspolitikk for framtida. Utvalet skal levere utgreiinga si til BLD innan 1. august 2012. Ei delutgreiing om likestillingsapparatet skal liggje føre seinhaustes 2011.

For å tydeleggjere politikken på likestillingsfeltet legg regjeringa fram ein handlingsplan for kjønnslikestilling, Likestilling 2014. Planen skal gjelde for perioden 2011–2014. Handlingsplanen skal mellom anna stimulere til integrering av eit likestillingsperspektiv i all offentleg politikk.

Familievernkontora har som ei sentral målsetjing å styrkje parforholda og førebyggje samlivsbrot. Tidleg hjelp kan minske pågangen i helsetenestene, barnevernet, rettsstellet og NAV. Vidare er det ei viktig målsetjing at foreldre med eit høgt konfliktnivå får hjelp til å samarbeide om barna, både før og etter samlivsbrot. Regjeringa vil føre vidare arbeidet med å sikre eit likeverdig tenestetilbod til brukarane, høg kvalitet på det faglege arbeidet og effektiv ressursutnytting.

Lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova), jf. Ot.prp. nr. 96 (2008–2009), blei sett i kraft 1. januar 2010. Krisesenterlova inneber at kommunane har plikt til å sikre at personar som er utsette for vald eller trugsmål om vald i nære relasjonar, får vern, hjelp og oppfølging. Frå 2011 blei statstilskotet til krisesentertilbodet lagt inn i rammetilskotet til kommunane. Det blei i tillegg tildelt 15 mill. kroner som eit ekstra tilskot til kommunar med ekstra store omstillingsutfordringar som følgje av ny finansieringsordning. I samband med budsjetthandsaminga blei det understreka at dette var ei eittårig overgangsordning. Løysinga skulle gi dei aktuelle kommunane tilstrekkeleg tid til å tilpasse seg den nye ordninga.

Regjeringa har vedteke å feire 100-årsjubileet for at Stortinget 11. juni 1913 vedtok å innføre allmenn røysterett (kvinnestemmeretten). Dei sentrale fellesverdiane demokratiet vårt byggjer på, som stemmerett, likestilling, deltaking og representasjon, skal danne ramma rundt feiringa.

1.4 Eit ikkje-diskriminerande samfunn for alle uavhengig av m.a. kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og etnisitet

Regjeringa vil føre vidare arbeidet for eit samfunn med likestilling og fråvær av diskriminering for alle. Diskriminering er eit brot på menneskerettane som råkar både den enkelte og heile samfunnet. Likestilling vil seie at alle skal ha like rettar, plikter og moglegheiter på alle område i livet, uavhengig av mellom anna kjønn, alder, etnisitet, religion, seksuell orientering og funksjonsevne. BLD har ei pådrivar- og rettleiingsrolle for å fremme likestilling og hindre diskriminering på ulike grunnlag overfor andre departement.

BLD arbeider med ei heilt ny lov som skal gi eit generelt vern mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Det er òg viktig å sikre at aktivitets- og rapporteringspliktene i likestillingslova, diskrimineringslova og diskriminerings- og tilgjengelova blir følgde opp av aktørane som er omfatta av pliktene.

Innsatsen for å sikre rettane til lesbiske homofile, bifile og transpersonar (lhbt) og støtte dei i å leve ope og aktivt motarbeide diskriminering blir ført vidare i 2012. Regjeringa sin Handlingsplan for betre livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (2009–2012) er det viktigaste grunnlaget for innsatsen i perioden.

For å støtte dei ulike sektorane i deira arbeid for lhbt- personar blei det i 2011 oppretta eit nasjonalt lhbt-ressurssenter. Målet er at senteret skal bli eit slagkraftig fagmiljø til nytte både for ulike fagstyresmakter, for kommunar og for lhbt-organisasjonane. For å styrkje dette arbeidet ytterligare føreslår regjeringa ein auke i løyvinga til lhbt-senteret med 2 mill. kroner i 2012.

Departementet føreslår òg å auke løyvinga til Likestillings- og diskrimeringsnemnda med 1 mill. kroner til arbeidet med å handheve reglar om diskriminering.

Innsatsen for å fremme likestilling og hindre diskriminering, særleg retta mot samar, nasjonale minoritetar og innvandrarar og barna deira, blir ført vidare i 2012. Regjeringa sin Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering (2009–2012) er det viktigaste verkemiddelet på dette feltet i perioden. BLD koordinerer arbeidet med å følgje opp planen og samarbeider med hovudorganisasjonane i arbeidslivet om felles tiltak for å hindre diskriminering i arbeidslivet.

Det er eit mål å fremme deltaking og likestilling for personar med nedsett funksjonsevne. Regjeringa sin visjon er at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025. Eit viktig verkemiddel på området er oppfølging av Handlingsplanen for universell utforming og auka tilgjenge (2009–2013), som skal støtte opp under implementeringa av diskriminerings- og tilgjengelova, ny plan- og bygningslov og anna ny lovgiving som handlar om universell utforming mellom anna på områda utdanning, transport og IKT.

Regjeringa vil følgje opp informasjons- og utviklingsprogrammet om politikken for utviklingshemma (2010–2013) og gjennomgåinga av strategiplanen for familiar med barn som har nedsett funksjonsevne. Arbeidet med å fremme likestilling og hindre diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne i alle aldersgrupper må sjåast i samanheng med andre diskrimineringsgrunnlag som kjønn, seksuell legning og etnisk bakgrunn.

Regjeringa vil gjennom ein eigen strategi leggje til rette for at personar med nedsett funksjonsevne kjem i arbeid. Hovudmålgruppa er personar under 30 år, med nedsett funksjonsevne, som har behov for arbeidsretta hjelp for å kome i jobb. Ei nærmare omtale av Jobbstrategi for personer med nedsatt funksjonsevne er gitt i særskilt vedlegg til Prop. 1 S (2011–2012) for Arbeidsdepartementet.

1.5 Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom

Måla for barne- og ungdomspolitikken skal ha utgangspunktet sitt i likeverd, respekt for mangfald og ulikskap, solidaritet og medansvar for fellesskapet og omsyn til menneskeverdet. Det er særs viktig å leggje til rette for aktiv medverknad frå barn og unge tidleg, slik at vi òg for framtida sikrar eit kritisk, levande demokrati. Målretta innsats og gode fellesskapsløysingar er avgjerande for utvikling av eit godt og inkluderande oppvekstmiljø.

BLD har eit ansvar for samordninga av den statlege politikken på barne- og ungdomsområdet. Samarbeidet mellom ulike departement om ein gjennomgåande politikk for barn og unge vil bli ført vidare. Dette skjer mellom anna gjennom samarbeid om handlingsplanar, felles strategiar, forsøks- og utviklingsarbeid og konferansar.

Arbeidet med å følgje opp FNs konvensjon om barnerettane og tilrådingane frå FNs barnekomité vil halde fram i 2012. Departementet legg vekt på å følgje dette opp i dialog med dei frivillige organisasjonane.

BLD ser det som viktig at barn og unge blir sikra høve til deltaking og innverknad, både i samfunnet og i eigne liv. Departementet vil i 2012 vurdere forslag frå eit offentleg utval som ser på unges makt og deltaking (Ungdommens maktutredning). Utvalet, som blei sett ned hausten 2010, skal ha eit breitt perspektiv på arbeidet og greie ut høve og barrierar for makt og deltaking for ulike grupper. Det skal vurdere ulike forslag som kan bidra til å auke unges makt og deltaking på ulike arenaer. Dessutan skal utvalet greie ut unges makt over og høve til å meistre eigen livssituasjon, forhold knytt til unges makt som forbrukarar og som brukarar av offentlege tenester. Departementet vil òg stimulere til at enda fleire kommunar arbeider for brei medverknad frå barn og unge. Departementet vil bidra til utveksling av idear og røynsler, mellom anna gjennom kåring av Årets barne- og ungdomskommune og ved at temaet blir diskutert på konferansar og samlingar.

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige aktørar i barne- og ungdomspolitikken, og BLD støttar det lokale, nasjonale og internasjonale arbeidet til organisasjonane. Støtta er eit viktig verkemiddel for å sikre barn og unges deltaking og engasjement. Departementet føreslår å auke løyvinga til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane med 5 mill. kroner.

BLD vil bidra til at barn og unge i område med levekårsproblem kan få høve til deltaking på lik linje med andre. Tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn blir ført vidare og vil i 2011 omfatte 23 bykommunar. Ordninga er todelt, med ei særskild satsing retta mot ungdom og ei særskild satsing retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem. Gjennom fattigdomssatsinga blir det gitt stønad til ferie- og fritidstiltak og til tiltak som kan bidra til betre tilknyting til arbeidslivet for unge med lite eller mangelfull utdanning, og stønad til meir langsiktige og samordna tiltak som skal motverke utstøyting av barn og unge som er råka av fattigdomsproblem.

BLD vil styrkje den særskilde innsatsen retta mot ungdom som står i fare for å falle utanfor opplæring og arbeidsliv gjennom Losprosjektet med 1 mill. kroner. Eit utval kommunar frå åtte fylke deltek i prosjektet. Formålet med Losprosjektet er å betre tilknytinga til skole og arbeid blant særleg risikoutsette unge i alderen 14–23 år. Gjennom Losprosjektet skal ungdom få ein kontaktperson – ein los – som skal følgje opp ungdommen og hjelpe dei med å gjere seg nytte av tilbod frå ulike hjelpetenester.

1.6 Eit barnevern som gir barn og ungdom omsorg og vern slik at dei meistrar liva sine og utviklar evnene sine

BLD har det generelle overordna ansvaret for barnevernet. Departementet har forvaltingsansvaret for barnevernlova og adopsjonslova og følgjer med på at lov og regelverk blir brukt riktig. Departementet sørgjer for at ein evaluerer erfaringar med lova og gjer nødvendige endringar. Departementet har òg ansvar for å gi retningslinjer og instruksar, setje i gang forsking og utviklingsarbeid på området, utvikle den generelle barnevernspolitikken og leggje til rette for at informasjon om barnevernet er tilgjengeleg.

I 2004 tok staten over fylkeskommunane sine oppgåver for barnevernet. Denne endringa blir no evaluert. Regjeringa vil vurdere å leggje fram ein lovproposisjon for Stortinget der endringar i ansvarstilhøva mellom stat og kommune blir vurdert på bakgrunn av evalueringa.

Regjeringas mål for barnevernet er at tenesta skal sikre alle barn og unge ein trygg og god oppvekst, anten dei veks opp med hjelp i familien eller gjennom aktiv hjelp utanfor heimen i tilfelle der foreldra ikkje maktar å gi barna nødvendig omsorg og gode nok høve til å utvikle seg. Politikken på barnevernsområdet heng saman med korleis den generelle oppvekst- og familiepolitikken blir forma, men tek først og fremst utgangspunkt i dei behova det enkelte barnet og den enkelte ungdommen har for hjelp, støtte og endring i kvardagen.

I 2010 fekk nær 50 000 barn og unge bistand frå barnevernet. Sjølv om kommunane har sette i verk førebyggande tiltak og i betydeleg grad auka ressursbruken i barnevernet, har veksten i saksmengda overgått veksten i tal på stillingar. I tillegg viser rapportar frå fylkesmennenes tilsyn at det i mange av landets kommunar er problem med å oppfylle alle lovkrav. For å sikre at alle utsette barn og unge får riktig hjelp til riktig tid, er det viktig å rette ein innsats mot sviktområda. Den statlege finansieringa av dei kommunale barneverntenestene skjer gjennom kommunanes frie inntekter. I budsjettet for 2011 blei dei frie inntektene supplert med ei øyremerka løyving på 240 mill. kroner mellom anna for å auke talet på stillingar i det kommunale barnevernet. Dette arbeidet blir ført vidare i 2012. Regjeringa føreslår å styrkje det kommunale barnevernet med ytterlegare 50 mill. kroner. Midlane blir øyremerkte stillingar, rettleidd praksis og kompetansetiltak for å styrkje barnevernet i enkelte kommunar med særskilde behov. Øyremerka løyvingar til kommunalt barnevern vil for 2012 utgjere vel 290 mill. kroner der 240 mill. kroner blir førte vidare frå 2011. Regjeringa legg opp til å foreslå at midlane blir vidareførte også utover 2012.

Barn som er utsette for menneskehandel, er offer for alvorleg kriminalitet. Barna dette gjeld, er i ein svært sårbar situasjon og treng særskilt vern og oppfølging. Dagens barnevernlov er ikkje direkte utforma med tanke på å kunne plassere barn som er utsette for menneskehandel. Lova tek derfor ikkje godt nok omsyn til situasjonen som desse barna er i. Det vil bli lagt fram eit forslag til nye reglar i barnevernlova om mellombels plassering av barn som er utsette for menneskehandel utan samtykkje. Departementet meiner det er nødvendig å byggje opp eit særleg tilrettelagt institusjonstilbod som tek omsyn til barnas behov for omsorg og vern mot menneskehandel. BLD vil styrkje tilbodet til desse barna med 17 mill. kroner.

Departementet sette i 2011 ned eit offentleg utval som skal greie ut det biologiske prinsippet i barnevernet, det vil seie den grunnleggjande forståinga av at barn primært skal vekse opp hos sine biologiske foreldre, og at det er viktig å kjenne sitt biologiske opphav. Prinsippet er særs viktig i vurderingar av om familien skal få hjelp medan barnet bur heime, eller om det er best for barnet å bu utanfor heimen for ein førebels eller varig periode. Målet er å kaste lys over vanskelege problemstillingar i barnevernet og skaffe fram eit oppdatert fagleg grunnlag til bruk for politikkutvikling. Utvalet skal leggje fram ei offentleg utgreiing 1. februar 2012.

Barnevernstenesta må løyse samansette og krevjande saker. I NOU 2009:8 Kompetanseutvikling i barnevernet. Kvalifisering til arbeid i barnevernet gjennom praksisnær og forskningsbasert utdanning fremma ekspertutvalet ei rekkje tilrådingar for styrkt kvalitet i utdanningane som kvalifiserer til arbeid i barnevernet. Departementet samarbeider med Kunnskapsdepartementet om å følgje opp tilrådingane frå utvalet. Departementet arbeider òg med oppfølging av utvalets tilrådingar gjennom dei øyremerkte midlane til å styrkje det kommunale barnevernet. Det er mellom anna viktig å sørgje for nødvendig rettleiing av nytilsette i barnevernet. I 2012 vil det bli oppretta eit vidareutdanningstilbod som vil kvalifisere erfarne tilsette i barnevernet til å gi profesjonell rettleiing til nyutdanna og nytilsette kollegaer. På landsbasis vil om lag 175 tilsette per år kunne fullføre denne utdanninga.

NOU 2009:22 Det du gjør, gjør det helt. Om bedre samordning av tjenester for utsatte barn og unge (Flatø-utvalet) fremma 15 tiltak som kan vere med på å styrkje samarbeidet om utsette barn og unge. Departementet vil sjå på tiltaka og eventuelt vurdere vidare oppfølging av desse i lys av den pågåande evalueringa av statleg barnevern og eventuelle endringar i dagens organisering av det statlege barnevernet.

Utvalet, som blei sett ned for å gjere ei brei undersøking av adopsjonsfeltet, la fram utgreiinga si i NOU 2009:21 Adopsjon – til barnets beste. Utgreiinga har vore på offentleg høyring. Departementet er i ferd med å vurdere anbefalingane frå utvalet i lys av fråsegnene frå høyringsinstansane.

BLD vil i samarbeid med andre departement styrkje innsatsen for å førebyggje og avdekkje vald og overgrep mot barn og unge, og for at dei utsette skal få god hjelp og behandling. Departementet vil mellom anna setje i verk tiltak i ny Handlingsplan mot vald i nære relasjonar. Handlingsplanen er òg omtalt under programkategori 11.10 Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering.

For å styrkje den kultursensitive kompetansen i barnevernet vil departementet ta initiativ overfor utdanningsinstitusjonane for at etterutdanninga i kultursensitivt barnevern for tilsette i barnevernet skal halde fram. Ei rekkje førespurnader til departementet frå ambassadar og minoritetsgrupper viser òg at det er eit behov for informasjon og dialog om barnevernet. BLD har hatt fleire møte med ulike minoritetsmiljø og styresmaktene i andre land for å orientere om barnevernlova og korleis det norske barnevernet fungerer. BLD vil halde fram med å utvikle dette viktige arbeidet vidare.

I 2012 vil regjeringa arbeide for at barnevernet får ei aktiv rolle i oppfølginga av unge lovbrytarar. Målet til regjeringa er at ungdom ikkje skal i fengsel, både fordi det er skadeleg for dei, og fordi mange av dei som har vore fengsla, gjer seg skuldige i ny kriminalitet. I sjeldne tilfelle vil det likevel kunne vere nødvendig å fengsle mindreårige, ut frå eit ønske om å verne samfunnet.

Regjeringa har lagt fram forslag om at politiet skal ha ei plikt til å varsle barnevernstenesta i kommunen dersom det er aktuelt å krevje fengsling av ein person under 18 år. Barnevernstenesta vil da få plikt til å delta i fengslingsmøte og følgje opp ved behov.

Bergen kommune har kome med forslag om eit lågterskeltilbod for rusførebygging og behandling retta mot barn ned til 10 år og familiane deira. BLD vil i dialog med Justisdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet vurdere forslaga til tidleg hjelp til ungdom som rusar seg.

I september 2011 gav ei arbeidsgruppe sin rapport om korleis rammevilkåra for dei kommunale fosterheimane kan styrkjast. Arbeidsgruppa har hatt eit breitt mandat og har mellom anna kome med forslag til korleis barnevernstenesta kan følgje opp fosterforeldra på ein betre måte. BLD vil sjå på tilrådingane frå arbeidsgruppa. Innsatsen for å rekruttere fleire fosterheimar vil halde fram, og departementet og direktoratet vil styrkje arbeidet sitt med å skaffe ein fosterheim til alle barn som treng det. Departementet har bede barnevernstenestene ha eit særleg fokus på fosterbarn og utdanning, og arbeidet med å styrkje fosterbarn sine skoleresultat skal halde fram.

Departementet fekk Barnevernpanelet sin rapport i september 2011. Panelet sitt arbeid gir viktige innspel til utviklinga av barnevernet.

I 2012 ventar ein framleis ein auke i talet på opphaldsdagar i det statlege barnevernet. Samstundes er det ei vriding frå bruk av institusjon til hjelpetiltak i heimen og bruk av fosterheim. Denne vridinga, som gjerast fordi det for dei fleste barn er betre å bu i ein familie enn på institusjon, gjer at fleire barn og unge kan få eit tiltak i det statlege barnevernet utan at utgiftene aukar tilsvarande. Regjeringa føreslår å vidareføre utgiftsnivået frå RNB 2011 reelt.

Bufetat har ansvaret for omsorgssentra for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar under 15 år. Etaten vil i 2012 tilpasse kapasiteten i dei statlege sentra til færre einslege mindreårige asylsøkjarar enn det ein har hatt tilbod til tidlegare. Barnevernet har hatt ansvaret for dei einslege mindreårige under 15 år sidan desember 2007, og det er viktig å få kunnskap om korleis reforma har virke. Departementet ønskjer derfor å evaluere omsorgsreforma i 2011/2012.

Statens helsetilsyn har det overordna faglege tilsynet med barnevernet i kommunane og med barnevernsinstitusjonar, senter for foreldre og barn og omsorgssenter for mindreårige. Fylkesmannen er statleg barnevernsstyresmakt på fylkesnivå. Fylkesmannen skal føre tilsyn med barnevernstenesta i den enkelte kommunen og er klageinstans for dei enkeltvedtaka barnevernstenesta gjer som ikkje høyrer inn under styringsområdet til fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Fylkesmannen fører òg tilsyn med institusjonane og er klageinstans for enkeltvedtak som blir gjorde der.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker har avgjerdsrett i dei såkalla tvangssakene etter barnevernlova og avgjer mellom anna saker om omsorgsovertaking. Det er avgjerande for rettstryggleiken og for eit velfungerande barnevern at fylkesnemndene har tilstrekkeleg kapasitet og arbeider effektivt. Departementet føreslår å auke løyvinga med 2,35 mill. kroner.

1.7 Ei sterk stilling for forbrukarane

Det er viktig at forbrukarane ikkje berre har god informasjon om varene og tenestene dei kjøper, men også kjenner rettane og pliktene dei har i samband med kjøpa. I tillegg er det viktig at det finst gode ordningar for å løyse konfliktar mellom kjøparar og seljarar. Lover og reglar må ta omsyn til forbrukarinteressene på ein god og balansert måte.

Samanlikna med mange andre land har Noreg sterke forbrukarrettar. Det blei også i 2010 gjennomført regelendringar som gir betre vern av forbrukarane.

Forbrukarrådet hadde i 2010 omfattande kontakt med forbrukarane gjennom telefonsamtalar, e-postar og besøk på Forbrukarportalen (forbrukarportalen.no). Mange nytta seg også til dømes av Finansportalen (finansportalen.no), som er oppretta for å gi forbrukarane betre informasjon om ulike finansielle tenester.

I Noreg er det etablert gode ordningar for handsaming av konfliktar som kan oppstå mellom kjøparar og seljarar. Handsamingstida for sakene til Forbrukartvistutvalet blei redusert i 2010, sjølv om talet på saker til handsaming var høgt og omtrent uendra.

Mange forbrukarar er godt kjende med kva rettar og plikter dei har i samband med kjøpa sine. Ei undersøking i 2011 viste at norske forbrukarar er blant dei mest opplyste i Europa, og i større grad klagar når dei meiner det er manglar ved varer eller tenester. Dei er noko mindre prisbevisste enn elles i Europa.

Det er likevel eit stort behov for informasjon og rettleiing til forbrukarane. Regjeringa vil i 2012 arbeide vidare med å leggje til rette informasjon og tenester på Internett. Mellom anna er løyvinga til Forbrukarrådet føreslått styrkt med 2 mill. kroner frå Helse- og omsorgsdepartementet for å drifte ein ny tannhelseportal. BLD vil også arbeide med forslag som kan styrkje og forbetre det utanrettslege tilbodet for handsaming av forbrukartvistar.

Det er lagt store ressursar i å greie ut og klargjere stillinga til forbrukarane på til dømes marknadene for finansielle tenester og på bustadområdet. Mange forbrukarar kjenner stor utryggleik i marknaden for kjøp og sal av bustader. Det blir derfor arbeidd med å styrkje rettane til bustadkjøparar og å sikre desse betre informasjon. Departementet vil også vurdere tiltak som kan gi større tryggleik ved kjøp av handverkartenester. Betre informasjon på til dømes Internett om kvalifikasjonar, avtalevilkår, miljømessige og etiske standardar, kan gjere det enklare for forbrukarane å finne fram til seriøse aktørar.

Saksmengda etter gjeldsordningslova har auka dei seinaste åra. Nokre personar kan ha problem med å oppfylle krava i lova før dei kan søkje om og gjennomføre ei gjeldsordning. Betalingsproblem ser ut til å råke nye grupper, som unge vaksne. Det er også utfordringar knytt til at mange ikkje har eller vil gi oversikt over kor stor gjeld dei har når dei søkjer om lån eller kreditt.

Satsane for livsopphald i gjeldsordningssaker har over tid blitt auka, samtidig som det ved lønnstrekk ikkje er utarbeidd satsar frå sentralt hald. Dette fører til store ulikskapar i kor mykje skyldnarane får behalde til eige underhald.

For å førebygge gjelds- og betalingsproblem vil departementet mellom anna arbeide vidare med betalingsproblema blant unge vaksne, innhaldet i forbrukarundervisinga og spørsmålet om det bør opprettast eit gjeldsregister. Regjeringa vil også vurdere endringar i gjeldsordningslova og om det bør utarbeidast standardiserte satsar både for dei som har gjeldsordning og dei som har lønnstrekk.

1.8 Eit etisk og miljøforsvarleg forbruk

Regjeringa vil setje fokus på dei miljømessige og etiske utfordringane som følgjer av eit høgt forbruk. Gjennom ein aktiv forbrukarpolitikk vil regjeringa arbeide for at det samla forbruket blir meir berekraftig. Skal ein lykkast med å få til eit meir etisk og miljøforsvarleg forbruk, må det vere enkelt for forbrukarane å ta etiske og miljøforsvarlege val i kvardagen. Forbrukarane har rett til å få kjenne til om produkt til dømes er tilverka av underbetalte arbeidarar eller har skadelege konsekvensar for miljøet og helsa.

I 2010 var det ein nettoauke i talet på lisensar og registreringar knytte til miljømerket Svanen. Auken inneber at det er blitt enklare for norske forbrukarar å finne produkt som er gode for miljøet og medverkar til etisk forbruk. Ei undersøking synte at kjennskapen til miljømerket Svanen var på rundt 95 prosent, som er noko meir enn i 2009. Nettsida eletikk.no blei også lansert i 2010, etter at BLD støtta arbeidet som elektronikkbransjen sjølv sette i gang for å betre informasjonen om dei etiske, sosiale og miljømessige sidene ved produksjon og resirkulering av mobiltelefonar.

Ei viktig utfordring framover er å skape grunnlag for eit forbruksmønster der forbrukarane i større grad medvite vel bort varer som har uheldige konsekvensar for mellom anna miljøet og dei som tilverkar dei. Dette føreset større grad av openheit i alle delar av produksjonskjedene. Dessutan må informasjon om konsekvensane nå fram til og bli oppfatta av forbrukarane på ein korrekt måte.

BLD vil i 2012 medverke til å styrkje og utvikle dei offisielle miljømerka Svanen og Blomen og byggje opp under tiltak som kan gi forbrukarar tilgang på fleire varer som er tilverka under høvelege miljø- og arbeidsforhold. Departementet vil også medverke til at det i større grad skal bli teke omsyn til etikk og samfunnsansvar i offentlege innkjøp.

2 Oversikt over budsjettforslaget for BLD

2.1 Forslag til utgifter og inntekter fordelte på kapittel og postgrupper

Utgifter fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

Administrasjon

800

Barne-, likestillings og inkluderingsdepartementet

151 043

161 042

163 477

1,5

Sum kategori 11.00151 043161 042163 4771,5

Integrering og mangfald

820

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

178 038

179 939

186 554

3,7

821

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

4 102 165

4 781 244

5 118 994

7,1

822

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

1 479 775

1 664 649

1 727 031

3,7

823

Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene

6 192

6 312

6 441

2,0

Sum kategori 11.055 766 1706 632 1447 039 0206,1

Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering

840

Krisetiltak

330 853

114 000

107 237

-5,9

841

Samliv og konfliktløysing

31 469

33 476

33 179

-0,9

842

Familievern

335 039

339 730

348 026

2,4

843

Likestillings- og diskrimineringsnemnda

2 283

2 363

3 409

44,3

844

Kontantstøtte

1 401 455

1 437 000

1 223 000

-14,9

845

Barnetrygd

14 849 462

14 950 000

15 030 000

0,5

846

Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

59 239

69 556

72 338

4,0

847

Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne

207 908

213 613

218 310

2,2

849

Likestillings- og diskrimineringsombodet

51 128

52 713

54 347

3,1

Sum kategori 11.1017 268 83617 212 45117 089 846-0,7

Tiltak for barn og ungdom

850

Barneombodet

14 054

12 912

13 672

5,9

852

Adopsjonsstønad

15 157

14 896

15 358

3,1

853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

122 020

132 448

137 448

3,8

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

843 034

813 184

988 773

21,6

855

Statleg forvalting av barnevernet

5 233 593

5 280 933

5 321 704

0,8

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

451 644

229 077

243 214

6,2

857

Barne- og ungdomstiltak

201 921

202 506

211 534

4,5

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

227 107

252 569

268 570

6,3

859

EUs ungdomsprogram

10 233

7 274

7 422

2,0

Sum kategori 11.207 118 7636 945 7997 207 6953,8

Forbrukarpolitikk

860

Forbrukarrådet

105 449

108 760

114 131

4,9

862

Positiv miljømerking

4 677

5 822

6 002

3,1

865

Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

15 454

13 432

13 848

3,1

866

Statens institutt for forbruksforsking

26 481

27 041

27 879

3,1

867

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

7 635

7 752

7 913

2,1

868

Forbrukarombodet

23 494

21 495

21 927

2,0

Sum kategori 11.30

183 190

184 302

191 700

4,0

Sum programområde 11

30 488 002

31 135 738

31 691 738

1,8

Sum utgifter

45 301 928

46 218 738

48 156 438

4,2

Utgifter fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

01-23

Drift

6 593 064

6 522 143

6 615 787

1,4

30-49

Nybygg og anlegg

26 408

66 427

67 955

2,3

50-59

Overføringar til andre stats- reknskaper

221 837

215 914

224 607

4,0

60-69

Overføringar til kommunar

6 716 895

7 298 266

7 826 076

7,2

70-98

Overføringar til private

31 743 724

32 115 988

33 422 013

4,1

Sum under departementet

45 301 928

46 218 738

48 156 438

4,2

Inntekter fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

Administrasjon

3800

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

4 127

Sum kategori 11.004 127

Integrering og mangfald

3820

Inkluderings- og mangfalds- direktoratet

5 780

3821

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

77 670

101 334

95 224

-6,0

3822

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

82 872

94 320

116 614

23,6

3823

Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene

176

Sum kategori 11.05166 498195 654211 8388,3

Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering

3842

Familievern

4 664

577

595

3,1

3846

Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

436

500

Sum kategori 11.105 1005771 09589,8

Tiltak for barn og ungdom

3850

Barneombodet

1 417

3853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

865

3854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

44 593

3855

Statleg forvalting av barnevernet

1 100 582

953 795

930 439

-2,4

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

283 395

136 900

173 160

26,5

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

7 527

433

433

0,0

3859

EUs ungdomsprogram

3 778

2 300

2 300

0,0

Sum kategori 11.201 442 1571 093 4281 106 3321,2

Forbrukarpolitikk

3867

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

271

3868

Forbrukarombodet

1 987

Sum kategori 11.30

2 258

Sum programområde 11

1 620 140

1 289 659

1 319 265

2,3

Sum inntekter

1 620 140

1 289 659

1 319 265

2,3

2.2 Postar med stikkordet kan overførast

Under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet blir stikkordet foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30-49

       

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2011

Forslag 2012

821

21

Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling

2 248

49 020

821

60

Integreringstilskot

24 970

4 563 218

822

21

Spesielle driftsutgifter, opplæring i norsk og samfunnskunnskap

572

22 354

846

79

Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid

4 141

7 712

847

71

Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming

8 242

19 583

857

60

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn

13 526

49 993

857

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv.

4 758

33 397

859

01

Driftsutgifter

407

7 422

865

21

Spesielle driftsutgifter

1 583

9 188

865

79

Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk

1 120

4 660

2.3 Meirinntektsfullmakter

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet føreslår at departementet i 2012 kan:

overskride løyvinga på

mot tilsvarande meirinntekter under

kap. 820 post 01

kap. 3820 post 01

kap. 823 post 01

kap. 3823 post 01

kap. 842 post 01

kap. 3842 post 01

kap. 855 post 01

kap. 3855 postane 01, 02 og 60

kap. 856 post 01

kap. 3856 post 01

kap. 858 post 01

kap. 3858 post 01

kap. 859 post 01

kap. 3859 post 01

kap. 868 post 01

kap. 3868 post 01

Til forsida