Del 3
Nærare om system, enkelte sakstypar, o.a.
12 Geodetisk grunnlag, fastmerkeregister og retten til å utføre oppmålingsarbeid
12.1 Arbeidsgruppa sitt forslag
Forslag til revisjon av signallova er reist av ei arbeidsgruppe under leiing av Statens kartverk, sjå kapittel 2.4 og 5.2. Forslaget var på høyring saman med NOU 1999: 1 Lov om eiendomsregistrering.
Arbeidsgruppa foreslår å gjere signallova gjeldande både for private og offentlege utøvarar som står for oppmålingsarbeid av offentleg interesse. Oppmålingsmerke og signal som blir sette ned i samband med slikt arbeid utgjer eit felles målegrunnlag (fastmerkenett) for alt oppmålingsarbeid. Det er i samfunnet si interesse at dette målegrunnlaget tilfredsstiller moderne krav til kvalitet og innhald. Gruppa foreslår å lovfeste gjeldande ansvar for målegrunnlaget, der Statens kartverk har ansvaret for det felles nasjonale grunnlaget, og kommunane for detaljeringa av dette. Gruppa foreslår at kommunen får eit lovfest ansvar for å føre standardisert register over alle fastmerke i kommunen som skal vere tilgjengelege for alle private og offentlege brukarar av målegrunnlaget.
12.2 Merknader frå høyringsinstansane
Eit tjuetal kommunar, Statens kartverk, Noregs Bondelag, Olje- og energidepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet gir på forskjellige måtar uttrykk for at dei er positive til hovudtrekka i lovforslaget. Fleire av desse uttrykkjer at det er positivt at ansvar og registerrutinar for fastmerke blir formaliserte.
Statens kartverk uttaler:
«Fastmerker, bolter og signaler har i stor grad blitt ødelagt eller bygd ned uten varsel i vei- og byggeanlegg. Dette er et betydelig problem for Kartverket og kommunene. Ny lovhjemmel vil bidra til en bedre kommunikasjon, og viktige merker kan flyttes til en ny plassering før de blir ødelagt.»
Oslo kommune og Kommunal- og regionaldepartementet meiner rekkevidda av det kommunale forvaltaransvaret ikkje er godt nok utgreidd.
16 kommunar gir forslaget generell tilslutning, men poengterer at kommunen må få dekt kostnader til drift og distribusjon.
Jernbaneverket uttaler:
«Vi er positiv til en revisjon av signalloven, særlig med tanke på at ansvar og eierskap til fastmerker blir lovfestet og at det blir opprettet kun ett offisielt fastmerkeregister i hver kommune. Kommunen kan av bl.a. praktiske hensyn, ikke ha det forvaltningsmessige ansvaret for fastmerkenett som eies av annet offentlig organ/etat. Det bør derfor presiseres at kommunen kun har ansvaret for fastmerkeregisteret.... Jernbaneverket har erfart at landmålere oppholder seg ulovlig på jernbanens grunn. Det bør derfor presiseres i lovteksten at tilgang til offentlig grunn kan være begrenset/regulert i annen lov. Vi foreslår her en henvisning til jernbanelovens § 9.»
Statens vegvesen meiner at forslaget til revisjon av signallova ikkje er godt nok gjennomarbeidd, og har m.a. merknader til verkeområdet for lova og ansvars- og kostnadsfordelinga.
Bærum kommune ser det som positivt at ansvar og registerrutinar for fastmerke blir formaliserte, og at det er logisk at landmålarar får tilgang til offentleg og privat grunn på linje med det offentlege, sett på bakgrunn av forslaget til lov om eigedomsregistrering. Bærum kommune uttaler:
«Vi vil imidlertid stille spørsmål om ikke lovforslaget i praksis innebærer en innskrenkning av adgangsrettigheter i forhold til dagens lov. I dag gir § 1 offentlige tjenestemenn generell adgang til offentlig og privat grunn for målearbeider. I det nye forslaget forutsettes det at det må foreligge et lovregulert tiltak eller offentlig beslutning som grunnlag for oppmålingen. Dette betyr vel at dersom det ikke foreligger en offentlig regulering eller et delingsvedtak, så vil ikke en landmåler ha adgang til privat grunn i forbindelse med eiendomsmåling. Dette vil i så fall ramme både ordinær grensepåvisning, oppmåling av tidligere uoppmålt eiendom og oppmåling forut for søknad om deling, som alle forutsettes å kunne bestilles av grunneier uten at det offentlige har vært engasjert i saken på forhånd.»
Geoforum og Statens vegvesen uttaler at det er uklart om ferdselsretten som er foreslått knytt til «offentlige beslutninger», inneber ei utviding eller innskrenking i forhold til lova i dag. Dei ber om at dette må klargjerast.
Fylkesmannen i Telemark har ut frå naturvernomsyn kritiske merknader til ein uavgrensa ferdselsrett.
12.3 Departementet si vurdering
12.3.1 Innleiing
Forslaget frå departementet til føresegner om geodetisk grunnlag er gitt i lovforslaget kapittel 8, jf. definisjonar § 3 bokstav k til n. Det gjeld føresegner om nasjonalt geodetisk grunnlag i § 39, om fastmerkeregister i § 40, om rett til å utføre oppmålingsarbeid i § 41, om fjerning av fastmerke og signal i § 42, om varsling i § 43, om ekspropriasjon i § 44 og om skjønn i § 45. Føresegner om klage, sanksjonar o.a. er nærare omtalt i kapittel 25. Føresegnene er gitt i lovforslaget kapittel 9. Det gjeld føresegner om klage i § 46, om tvist som gjeld oppmålingsarbeid i § 47 og om skadeverk på fastmerke i § 49.
12.3.2 Geodetisk grunnlag
Geodetisk grunnlag er den referanseramma som gjer det mogleg å bestemme eintydige geodetisk relaterte koordinatar. Det er ein teknisk føresetnad for all kart- og oppmålingsverksemd og ei rekkje andre oppgåver som direkte eller indirekte nyttar koordinatar for å angi posisjon på jorda. Grunnlaget består av nøyaktig målte punkt (fastmerke) med tilhøyrande koordinatverdiar, saman med visse matematiske og fysiske parameter.
Det nasjonale geodetiske grunnlaget har tradisjonelt vore bygd opp av eit trigonometrisk bestemt fastmerkenett av ca. 50 000 fastmerke. Eit meir moderne grunnlag er under etablering. Av tekniske grunnar kan dette etablerast med langt færre fastmerke enn tidlegare. Etableringa skjer med praktisk og finansiell deltaking frå kommunane og andre store brukarar.
Geodetisk grunnlag omfattar etter den definisjonen som er nytta her, både dei opphavlege fastmerka som fastsette referanseramma då grunnlaget blei bestemt, og nye fastmerke som er lagt til etter kvart for å gjere grunnlaget lettare tilgjengeleg. Også tekniske innretningar som f.eks. satellittar, geodetiske stasjonar og vasstandsmålarar saman med tenester som leverer data om det geodetiske grunnlaget til brukarane, kan direkte eller indirekte inngå i grunnlaget.
Tradisjonelt er det eigedomsoppmålinga som gjennomgåande har stilt dei største krava til eit nøyaktig geodetisk grunnlag. Moderne satellittbaserte metodar for oppmåling har effektivisert kart- og oppmålingsverksemda og gitt brukarar utan geodetisk spesialkunnskap høve til å bestemme nøyaktige posisjonar. Moderne satellittbaserte metodar, særleg baserte på det amerikanske systemet Global Positioning System (GPS), er tekne i bruk i ei rekkje nye samanhengar, f.eks. navigasjon av skip, innsynkingskontroll på oljeplattformer, hjelpemiddel i drosjesentral for å finne næraste ledige drosje, nøyaktig dosering av kunstgjødsel i landbruket, m.m.
Statens kartverk har som statens geodetiske fagorgan ansvaret for å etablere og halde ved like eit nasjonalt geodetisk grunnlag for heile landet. Departementet er samd med arbeidsgruppa i at dette bør gå fram av lova.
12.3.3 Fastmerkeregister
Brukarane har behov for tilgang til opplysningar om aktuelle fastmerke. Etablering og vedlikehald av lokale fastmerkenett er i dag ei kommunal oppgåve. Kommunen vil også i åra framover vere den største enkeltbrukaren av fastmerkenettet. Departementet er derfor samd i at kommunen bør ha ansvaret for å etablere og halde ved like eit register med opplysningar om alle fastmerke innanfor kommunen. Det blir presisert at det framleis er det organ som har etablert signalet eller merket som eig det.
Alle brukarar skal ha tilgang til opplysningar som ligg føre om fastmerka, uavhengig av kven som måtte ha etablert desse. Kommunen skal halde registeret oppdatert. Av den grunn pliktar alle brukarar, private som offentlege, å rapportere til registeret. Dei skal rapportere om nyetablering av fastmerke, og forhold som dei oppdagar og som kan ha innverknad på bruken av fastmerka. I denne samanhengen skal dei vederlagsfritt gi all informasjon som er nødvendig for å føre registeret. Til gjengjeld får brukarane vederlagsfri tilgang til opplysningane i registeret.
Kommunane får rett til å setje i verk tiltak som kan hindre forveksling mellom nærståande merke, m.a. fjerne merke (eitt eller fleire) uavhengig av kven som er eigar av merket, med basis i nærare bestemte kriterium.
Krav om fastmerkeregister inneber inga realitetsendring i dei kommunale oppgåvene. Forslaget inneber i seg sjølv ingen auka kostnader for kommunane. Departementet har valt å ikkje lovfeste krav om innføring av eit bestemt standardisert register. Meir enn 250 kommunar har allereie etablert digitalt fastmerkeregister i samsvar med standard anbefalt av Statens kartverk.
12.3.4 Retten til å utføre oppmålingsarbeid
Departementet er samd i innvendingane som er reiste mot arbeidsgruppa sine forslag til verkeområde. Departementet foreslår å definere verkeområdet på følgjande måte:
Retten for kommune og stat til å utføre oppmålingsarbeid blir ført vidare som i noverande signallov,
Same rett skal gjelde når andre utfører målearbeida på vegner av stat eller kommune, eller under rettleiing av kommunen eller Statens kartverk,
Dessutan skal same rett gjelde for alt oppmålingsarbeid etter denne lova, plan- og bygningslova og lov om eigarseksjonering uavhengig av kven som utfører arbeidet og kven som står som oppdragsgivar. Etter forskrift kan same rett gjerast gjeldande for målearbeid som er utført i samband med andre lover. Departementet føreset at dette m.a. blir gjort gjeldande for arbeid etter jordskiftelova.
Så langt formålet gjer det mogleg, skal arbeidet skje utan å medføre ulempe for grunneigaren eller andre interesser. Dei aller fleste oppmålingsarbeid inneber ingen eller små ulemper. I tilfelle arbeidet medfører skade eller ulempe ut over det som ein ut frå rimelege vurderingar må finne seg i, kan det etter forslaget krevjast erstatning.
På bakgrunn av uttala frå Jernbaneverket blir det i lovforslaget no presisert § 44 (i motsetning til signallova § 6) kven som har rett til ekspropriasjon for gjennomføring og sikring av tiltak og innretningar. Det skal vere stat eller kommune som fattar slikt vedtak. Elles gjeld føresegnene i oreigningslova så langt dei passar.
Departementet foreslår å forenkle føresegnene om kunngjering av grunnlagsmåling ved at departementet eller anna styresmakt i forskrift regulerer nærare når og på kva måte det skal varslast.
Arbeid med det nasjonale geodetiske grunnlaget
Ferdsel i samband med etablering, kontroll og vedlikehald av det nasjonale geodetiske grunnlaget, og ved oppmåling av administrative grenser, må i større grad enn anna oppmålingsarbeid utførast i utmark og naturområde. Det er derfor behov for å presisere ein utvida ferdselsrett i samband med slikt arbeid. Det blir understreka at slikt arbeid totalt sett har eit svært avgrensa omfang, og ikkje representerer ei vesentleg belastning for plante- og dyreliv og naturen generelt. Arbeidet blir utført av Statens kartverk eller under leiing av Kartverket. Av og til krev arbeidet bruk av motorisert transport. Departementet foreslår at retten til motorisert ferdsel blir avgrensa til denne typen arbeid.
13 Matrikkelsystemet - overordna rammeverk
13.1 Forslaget frå utvalet
Utvalet viser til ein aukande etterspørsel etter eigedomsinformasjon og til ønske om effektiv tilgang på slik informasjon. Vidare at eit stort tal brukarar har behov for samla tilgang til data både frå matrikkel og grunnbok, og at kartdata vil vere eit viktig element i den samanhengen.
Utvalet stiller opp følgjande generelle krav til informasjonssystemet (NOU 1999: 1 kap. 12):
Informasjon som er hyppig etterspurt må vere tilgjengeleg elektronisk for oppslag frå dataterminal hos sluttbrukar.
Sluttbrukar må sikrast effektiv samla tilgang til viktige eigedomsopplysningar, sjølv om opplysningane ligg i ulike register. Det inneber m.a. at opplysningar må vere søkbare på tvers av kommunegrenser.
Kart og tekstinformasjon må kunne nåast i eit felles oppslag som er lett tilgjengeleg.
Utvalet foreslår at Statens kartverk som sentral matrikkelstyresmakt får ansvar og fullmakter til å realisere matrikkelsystemet.
Utvalet føreset at endeleg datamodell vil bli utarbeidd i samband med systemutviklinga, men peiker likevel på ein del forhold som i den samanhengen er sett på som viktige:
Matrikkeleiningane (grunneigedom, festegrunn, anleggseigedom, eigarseksjon og jordsameige) vil vere basis databerarar.
I tillegg vil det vere informasjon knytt til særskilt identifiserte bygningar, husvære, adresser, o.a.
Det er ønskjeleg at matrikkelen angir både dei juridiske eigedomseiningane (matrikkeleiningane), dei økonomiske eigedomseiningane (samla fast eigedom) og dei fysiske eigedomseiningane (teig).
Matrikkelen vil gjennom eit samspel med andre register utgjere den nasjonale infrastrukturen for eigedomsinformasjon - det norske eigedomsinformasjonssystemet. Felles distribusjon av opplysningar frå grunnboka og GAB må førast vidare i ei integrert løysing som i dag.
Matrikkelen må utformast slik at den står fram som eit einsarta landsomfattande register.
Både matrikkelkartet og matrikkelboka må spele effektivt saman med relevante kommunale databasar.
Kommunen bør i utgangspunktet ikkje ha behov for andre eigedomsregister enn matrikkelen.
Det blir lagt til grunn at all oppdatering skal skje elektronisk, med unnatak for svært små kommunar.
I første omgang ligg det til rette for å etablere matrikkelen som ein sentral database, men under visse føresetnader bør det kunne opnast for at kommunar med kompetanse og kapasitet kan drifte det offisielle matrikkelkartet lokalt.
Datainnhaldet i matrikkelen må kunne justerast i takt med nye behov.
13.2 Merknader frå høyringsinstansane
Departementet konstaterer at ingen av høyringsinstansane har hatt prinsipielle innvendingar mot at systemutviklinga skal skje med basis i GAB-registeret i dag og at ein ny hovuddel i registert bør vere eit digitalt eigedomskart. I det alt vesentlege er forslaget frå utvalet til nytt matrikkelsystem honorert av høyringsinstansane.
Fleire høyringsinstansar tek til orde for ei tettare samordning mellom matrikkelen og grunnboka.
Norske sivilingeniørers forening, Norges ingeniørorganisasjon og Norske oppmålingskontorers forening, Landbruksdepartementet, Statens kartverk og eit mindre tal kommunar uttaler at det er behov for eit nasjonalt saumlaust og einsarta digitalt eigedomskart. Eit noko større tal kommunar, Noregs landbrukshøgskule, Samferdselsdepartementet, Landbruksdepartementet, Fylkesmannen i Hedmark, Statsbygg og Skattedirektoratet uttaler at det er positivt med eit betra eigedomsregister med tilhøyrande digitalt eigedomskart. Norsk Eiendomsinformasjon, Statistisk Sentralbyrå, Statens kartverk uttaler også dette, og meiner dessutan at GAB og DEK bør smelte saman i ei nasjonal løysing.
Landbruksdepartementet:
«ser det som hensiktsmessig at det nasjonale registeret skal inneholde digitale eiendomskart som viser eiendommens beliggenhet, størrelse og form kombinert med en verbal beskrivelse som bygger på GAB-registeret.»
Statistisk sentralbyrå uttaler:
«Utvalget forutsetter at nåværende felles avgivelse av opplysninger fra grunnboka og GAB i en integrert løsning opprettholdes. Denne løsningen er viktig for byråets statistikk over tinglyst omsetning av fast eiendom, og Statistisk sentralbyrå støtter derfor dette.»
Statens kartverk uttaler:
«Dagens eiendomsregister med manglende korresponderende kartdel er ikke tilfredsstillende i alle sammenhenger. Det er derfor viktig å få gjort grafisk presentasjon og registerdel tilgjengelig for brukerne som et samlet tilbud. Dagens regelverk (delingsloven) og organisering legger ikke til rette for at et slikt tilbud blir gitt.»
Statens kartverk uttaler vidare:
«Kartverket støtter fullt ut forslaget om at matrikkelen skal være ensartet, pålitelig og landsomfattende, og de nevnte begreper er helt sentrale for å få etablert informasjonssystem som tjener brukerne.»
Norske Sivilingeniørers Forening uttaler:
«Når dagens GAB-system blir integrert med et eiendomskart, og dermed også andre typer kart, vil tilgjengelighet og forståelse av denne type informasjon kunne bli dramatisk forbedret for absolutt hele samfunnet. Dette gjelder både organisasjoner, bedrifter og privatpersoner.»
Geoforum uttaler:
«Vi støtter forslaget om en landsdekkende og ensartet matrikkel med utgangspunkt i GAB og DEK.»
Norges ingeniørforening (NITO) uttaler:
«Vi støtter intensjonene om en bedre matrikkel og et fullstendig eiendomskartverk. Vi ser behovet for å forsere arbeidet med et forbedret DEK (digitalt eiendomskartverk) - uavhengig av realiseringen av en ny Lov om eiendomsregistrering.»
Statens kartverk uttaler:
«Det er svært positivt at matrikkelen skal omfatte kart som viser grensene for matrikkelenhetene. Dette gir et større brukerpotensiale og er et vesentlig skritt framover i utviklingen av eiendomsinformasjonssytemet. Kartverket stiller seg positiv til forslaget om at matrikkelen også skal inneholde et matrikkelkart. Etter Kartverkets syn vil dette forbedre tilgangen på grafisk eiendomsinformasjon til en rekke brukere. Matrikkelkartet vil være et nyttig hjelpemiddel for å utføre både offentlige og private gjøremål. I forhold til dagens organisering og datatilgang, vil gjennomføring av dette tiltaket medvirke til en vesentlig forbedring av eiendomsinformasjonssystemet.»
Regionrådet for Nordhordland og Gulen uttaler:
«For våre kommunar er dagens digitale eigedomskart, med alle sine manglar og feil, ein viktig del av matrikkelen. Våre fagfolk ser positivt på å få samordna og tenlege reglar for denne delen av matrikkelen.»
Drammen og Stavanger kommune, Norske oppmålingskontorers forening, Statistisk sentralbyrå og Fylkesmannen i Hedmark uttaler at matrikkelsystemet lett må kunne late seg kople til andre system, m.a. kommunale system og samordning til saksbehandling og kontroll i byggjesaker. Som døme kan nemnast byggjesak, plansystem, leidningsinformasjon og kontorstøttesystem.
Fleire kommunar etterlyser ein overordna datamodell for det nasjonale eigedomsinformasjonssystemet tilpassa breidda i forvaltningsbehov og forvaltningsverktøy for kommunane.
Vinje kommune uttaler at dei ønskjer ei distribuert samordna systemløysing der data blir lagra der dei blir produserte. Dette meiner dei vil føre til betre kvalitetssikring og redusert rapporteringsarbeid. Dessutan er det positiv distriktspolitikk ved at det genererer arbeidsplassar innan IT.
Fleire høyringsinstansar, spesielt frå kommunesektoren, har prinsipielle motførestellingar til utgreiinga som tilstrekkeleg grunnlag for å realisere eit overordna nasjonalt eigedomsinformasjonssystem. Storkommunegruppa for kart og oppmåling tek opp ei rekkje tema som den meiner bør utgreiast ytterlegare og ein del forhold som bør vere realiserte før det blir etablert eit fullstendig nasjonalt system. Den uttaler i tilknyting til prosessen vidare:
«Det er til dels store mangler ved basisregisterne som forutsettes å inngå i et framtidig eiendomsregistersystem. Parallelt med en videre utredning er det en betydelig oppgave å heve kvaliteten på disse. Dette arbeidet vil ha et slikt omfang at Storkommunegruppen anbefaler å vurdere om realiseringen av et eiendomsinformasjonssystem bør skje i to faser:
Fase 1: Etablering av et kvalitetssikret nasjonalt grunneiendomsregister i betydningen «G-delen» i GAB og nasjonalt eiendomskart
Fase 2: Etablering av et fullstendig nasjonalt system for informasjon som er knyttet til grunneiendom.
Storkommunegruppen mener at foreliggende lovforslag med relativt små endringer kunne danne grunnlag for fase 1.»
13.3 Departementet si vurdering
13.3.1 Generelle krav til matrikkelsystemet
Departementet er i hovudsak samd i forslaget frå utvalet om det nye matrikkelsystemet, men ønskjer å presisere følgjande forhold:
Fleksibelt system
Innhaldet i matrikkelen er omtalt i kapittel 8. Ved utforming av matrikkelsystemet blir det lagt til grunn at innhaldet vil kunne endre seg over tid ved at systemet blir utvida eller redusert med objekt og eigenskapar etter dei behov fellesskapet har. Det er derfor eit grunnleggjande trekk at matrikkelsystemet har ein ryddig struktur med stor evne til fleksibilitet og tilpassingar over tid.
Døgnopa forvaltning
Matrikkelsystemet skal vere i stand til å handtere eit stort tal samtidige brukarar både i offentleg og privat sektor. Eigedomsinformasjonen skal kunne nyttast i dagleg saksbehandling, forvaltning og drift. Departementet ser det derfor som sterkt ønskjeleg at matrikkelsystemet skal vere tilgjengeleg for brukarane heile døgnet også utanfor alminneleg kontortid. Realisering av matrikkelen er eit viktig steg i retning av ei døgnopa forvaltning.
Landsdekkjande
Matrikkelsystemet skal kunne tilby data for heile landet. Det skal vere tilrettelagt for samtidig bruk av data for fleire kommunar eller fylke.
13.3.2 Hovudstrukturar i matrikkelsystemet
Matrikkelen skal innehalde det fullstendige registret over offisielle nemningar for matrikkeleiningar, adresser og bygningar, og dei offisielle nemningane skal nyttast i andre offentlege register. Vidare vil matrikkelen innehalde ein rekkje opplysningar (eigenskapar) om desse objekta.
Hovudstrukturane i matrikkelsystemet er vist i figur 13.1.
13.3.3 Funksjonalitet og produkt
Med ein hovudstruktur som vist ovanfor legg departementet til grunn at det kan utviklast eit system som imøtekjem behova til brukarane på ein rasjonell måte. Matrikkelsystemet bør m.a. kunne utføre følgjande, ikkje uttømmande, opplisting av funksjonar:
Oppslag i systemet via identifikasjon av matrikkeleining, eigar, adresser eller ved å peike i kart
Vise type matrikkeleining
Gi oversikt over alle teigar som høyrer til ei matrikkeleining
Vise kva slag matrikkeleining ein teig høyrer til
Vise alle matrikkeleiningar med same eigar
Vise alle naboeigedommar til ei matrikkeleining
Oppgi registrerte og utrekna areal for matrikkeleiningane
Vise etterspurde data med eller utan bakgrunnskart etter brukaren sitt ønske
Presentere oversiktskart for eigedomsinformasjonen
Gi oversikt over og informasjon om samla fast eigedom
Gi oversikt over forretningsdata om ei matrikkeleining så langt slike data er registrerte
Gi oversikt over pålegg som gjeld bruk av grunn eller bygningar, så langt desse er registrerte
Ved oppslag på matrikkeleining få fram om det er registrert kulturminne eller forureiningar på ei matrikkeleining og kvar desse er lokaliserte
Produsere matrikkelbrev
Presentere bygningsdata og adressedata, for seg eller i kombinasjon med anna datainnhald
Levere rapportar
Desse eksempla skulle illustrere det forholdet som mange av høyringsinstansane har vore opptekne av, nemleg at innføring av kartdata som ein integrert del av matrikkelen vil gi høve til utvida bruk med større nytte.
13.3.4 Utvikling, drift og bruk
Med bakgrunn i at matrikkelen vil vere eit statleg register, vil det vere ei statleg oppgåve å syte for utvikling av det nye matrikkelsystemet. Utviklings- og vedlikehaldskostnader fell på staten, og det vil vere staten som tek avgjerder i tilknyting til utviklinga av systemet. For å få eit best mogleg resultat er det viktig med dialog med kommunane i dette arbeidet, og departementet konstaterer at dette skjer i det arbeidet som er i gang med utarbeiding av nytt system.
Etter lovforslaget skal kommunane føre innhaldet i matrikkelen. Dette medfører at staten må utvikle og stille til disposisjon programvare for vedlikehald av registeret. Det vil samtidig òg kunne vere ein marknad for private leverandørar av programvare i tilknyting til den nye matrikkelen. Særleg interessant vil det vere å få fram løysingar som utnyttar rasjonaliseringspotensialet mellom matrikkelen, saksbehandlingssystem, geografiske informasjonssystem og kontorstøttesystem. Staten vil medverke til slike løysingar ved å beskrive eit klart definert grensesnitt i matrikkelsystemet ut mot andre system. Det vil heller ikkje vere noko i vegen for at kommunar som ønskjer det kan nytte anna programvare for føring av matrikkelen dersom det synest mest formålstenleg. For å sikre kvaliteten til matrikkelen må slik programvare godkjennast av den sentrale matrikkelstyresmakta.
Eit grunnleggjande trekk ved matrikkelen er at den skal vere eit einsarta og landsdekkjande register. Dette utelukkar at matrikkelen kan vere samansett av ulike løysingar frå kommune til kommune. Det har vore reist spørsmål ved om den felles løysinga kunne tenkjast drifta i den enkelte kommune, altså ei desentralisert løysing basert på å knyte databasar saman i nett. Det overordna funksjonskravet til matrikkelen er at denne blir homogen og landsdekkjande. Matrikkelen skal vere eit nasjonalt elektronisk register som held same standard for heile landet, og som ein kan søkje i uavhengig av kommunegrenser. På linje med grunnboka og eksisterande GAB skal også matrikkelen bli realisert som éin sentral database. Departementet har prinsipielle innvendingar mot å la originalversjonen av delar av matrikkelen liggje ute i enkelte kommunar.
Departementet legg vekt på at kommunane får gode løysingar. Kommunane bør normalt kunne nytte matrikkelen i den daglege forvaltninga ved å operere direkte mot den sentrale databasen. Dersom ein del kommunar i tillegg vil ønskje å ha data tilgjengeleg lokalt, bør desse kommunane på eigen kostnad kunne etablere lokale kopiar som blir haldne ved like med endringsdata frå den sentrale databasen. Matrikkelen må i alle høve stå fram som eit rasjonelt forvaltningsverktøy og ei oppdatert informasjonskjelde for saksbehandling i dei ulike sektorane i kommunen.
Føresegnene i arkivlova vil gjelde for matrikkelen. I medhald av desse føresegnene skal det leverast bevaringsverdige uttrekk frå matrikkelen til Arkivverket for langtidslagring. Departementet viser til Riksarkivaren som i si høyringsuttale peiker på at det må etablerast løysingar som sikrar historisk informasjon, i ei form slik at materialet er tilgjengeleg og leseleg for ettertida.
13.3.5 Forholdet til andre register
Matrikkelsystemet vil måtte kommunisere med ei rekkje andre sentrale register både for å hente og levere data. Desse registra er for tida:
Grunnboka (tinglysinga)
Det sentrale folkeregisteret
Einingsregisteret (Brønnøysundregistra)
Postadresseregisteret
Grunnforureiningsregisteret (SFT)
Kulturminneregisteret (Riksantikvaren)
Data som er førte inn i matrikkelen er å sjå på som matrikkelopplysningar utan omsyn til om dei er førte direkte inn, f.eks. ved matrikkelføring av oppmålingsforretning, eller henta inn frå eller kontrollert mot anna register.
Departementet går ikkje inn for å utvikle eit felles system av matrikkel og grunnbok slik enkelte høyringsinstansar har vore inne på. Det er i seg sjølv ei stor oppgåve å etablere matrikkelen. Utfordringa er å få desse to sentrale registra til å spele best mogleg saman. På den måten kan ein innfri dei behova brukarane har for data frå dei to informasjonssystema. Det må framleis leggjast til rette for felles levering av data frå grunnboka og matrikkelen tilsvarande eksisterande løysingar.
Departementet legg elles til grunn at matrikkelen vil bli nytta i sambruk med mange andre informasjonssamlingar, både sentralt og lokalt, og at dette vil medverke til effektive og formålstenlege løysingar. Det er derfor viktig at informasjon frå matrikkelen kan koplast opp mot opplysningar i kommunale register og mot andre statlege databasar. Departementet viser til kapittel 8.6 om matrikkelen si rolle.
Lovforslaget er harmonisert med føresegnene i plan- og bygningslova for saksbehandling og kontroll i byggjesaker. Dette gir eit godt utgangspunkt for utvikling av eit EDB-konsept som set rapportering av informasjon frå kommunal saksbehandling inn i eit automatisert system. Plan- og bygningslova, og den sektorovergripande funksjonen denne har, genererer viktig informasjon til matrikkelen. Matrikkelen skal innehalde basisinformasjon som kommunane har nytte av i oppgåveløysing og forvaltning.
14 Rettar til datagrunnlaget
14.1 Forslaget frå utvalet
Utvalet føreset at matrikkelen skal omfatte kartdata som i dag ligg på eigedomskarta eller i kartdatabasen til kommunen (NOU 1999: 1 kap. 12.6 og 17.5). Utvalet legg til grunn at matrikkelen, inkludert matrikkelkartet, blir utforma slik at kommunane ikkje skal ha behov for eigne eigedomskart eller eigedomsdatabasar i tillegg. Utvalet føreset at kommunar som ønskjer det, kan ha kopi av matrikkelen for eigen kommune på eige dataanlegg.
Utvalet innser at mange kommunar har hatt monalege utgifter med å byggje opp og halde ved like eigedomskart eller tilsvarande kartdatabasar. På den andre sida har kommunane motteke monalege kart- og datatenester frå staten, under dette økonomisk kartverk, kart i mindre målestokk og nasjonalt geodetisk grunnlag. Kommunane har i varierande grad inntekter frå sal av kartdata, men så vidt utvalet kjenner til dreier det seg ikkje om store netto inntekter i nokon kommune. I samband med dette har utvalet drøfta om opplysningane som skal kopierast over i matrikkelen er å sjå på som kommunal eigedom, og om det eventuelt må betalast kompensasjon frå staten til kommunane. Ein eventuell økonomisk kompensasjon måtte etter utvalet sitt syn knyte seg til eit eventuelt bortfall av inntekter ved at mange brukarar i framtida vil hente kartdata frå matrikkelen i staden for frå den enkelte kommunen.
Utvalet legg til grunn at det står Stortinget fritt å avgjere om ei oppgåve skal utførast av staten eller kommunane, at kommunane ikkje kan motsetje seg å utlevere data til matrikkelen når det er heimla i lov, og at kommunane heller ikkje har eit absolutt krav på økonomisk kompensasjon. På den andre sida er det avgjerande for datakvaliteten at alle kommunar har ei positiv haldning til at matrikkelen blir oppretta. Statens kartverk må ha eit nært samarbeid med kommunesektoren om etablering og utforming av matrikkelen. I denne samanhengen kan også spørsmålet om økonomisk kompensasjon for eventuelt bortfall av inntekter frå sal av data takast opp.
Utvalet går ut frå at opplysningar i GAB og digitale eigedomskartdata (DEK) frå kartdatabasen hos Kartverket kan overførast til matrikkelen utan vesentleg manuell innsats, på same måte som når det elles er nødvendig å konvertere data ved innføring av nye versjonar av datasystem. Konvertering frå GAB og DEK til matrikkelen kan baserast på administrativt vedtak i Statens kartverk, og det er ikkje nødvendig å gi lovreglar om denne overføringa.
14.2 Merknader frå høyringsinstansane
Eit tital kommunar uttaler at avlevering av data til Statens kartverk føreset kompensasjon og at lovforslaget reiser tvil om dette. Dei motset seg, eller er kritiske til, den fullmakta om utlevering av data som Statens kartverk er foreslått å skulle få.
Norske oppmålingskontorers forening og Norsk Eigedomsinformasjon uttaler at tilgjenge og kvalitet er viktig. Det må definerast pengestraumar frå brukar til datakjelda slik at ein får vederlag for informasjon, m.a. vederlag for den kvaliteten ein tilbyr. Eit tital kommunar og Kommunanes Sentralforbund uttaler at kommunane må få full kompensasjon for dei kostnadene som oppstår som følgje av auka krav til kvalitet og omfang.
Storkommunegruppa for kart og oppmåling uttaler:
«Det følger av legalitetsprinsippet at hjemmelskravet er strengere jo mer omfattende plikter som kan pålegges. Bestemmelsen innebærer etter Storkommunegruppens mening en så vid fullmakt til Statens Kartverk at grensene burde angis klarere. Storkommunegruppen mener også det er tvilsomt om det er hjemmel for en slik regulering. Kommunenes rettigheter til sine informasjonssamlinger er beskyttet ved norsk lov vedtatt for å oppfylle Norges forpliktelser i henhold til EØS-avtalen.»
Norske Sivilingeniørers Forening uttaler:
«Det har helt siden GAB ble etablert eksistert en strid mellom staten og en del kommuner om eiendomsretten til dataene i GAB. Det må nå legges til rette for at denne striden avsluttes gjennom det vedtak som blir fattet i Stortinget. Stat og kommunesektor må samles om Matrikkelen som et felles system, til beste for hele samfunnet. Her vil vi imidlertid påpeke at den «tvangsinndriving» av kommunalt eiendomskartverk til Matrikkelen som det legges opp til i lovforslaget, neppe er et særlig godt utgangspunkt for et framtidig godt samarbeid mellom stat og kommune, uten at det gies det som fra kommunenes side vil bli oppfattet som en rimelig kompensasjon for det arbeidet som er lagt ned i å etablere dette datagrunnlaget.»
Bærum kommune uttaler:
«Vi vil i denne sammenheng påpeke at matrikkelinformasjon i stor utstrekning er opphavsrettslig beskyttet kommunal eiendom, som staten ikke med hjemmel i lov kan inkludere vederlagsfritt i en statlig database. Før matrikkelen etableres må forholdet til de kommunale rettigheter avklares og kompenseres.»
Fredrikstad kommune uttaler:
«Ved lov om eiendomsregistrering foreslås opprettet et statlig register for matrikkelinformasjon basert på kommunale GAB- og DEK-registre. Kommunen vil i utgangspunktet ikke motsette seg en slik etablering, forutsatt at kommunale interesser ivaretas. Kommunen har de immaterielle rettigheter til de lokale GAB- og DEK-registrene etter Åvl. § 43. Det forhold at Miljøverndepartementet ved SK oppretter sentrale registre basert på de kommunale kataloger eller databaser, berører i utgangspunktet ikke kommunenes rettigheter. Skal SK utnytte matrikkelen som forutsatt, må først forholdet til de kommunale rettigheter avklares, ved at det inngås lisens- eller royaltyavtaler. Kommunen forutsetter at de kommunale rettigheter ivaretas i det videre utrednings- og lovgivningsarbeid, og legger til grunn at det etableres et nært samarbeide med kommunene om dette.»
Stavanger kommune uttaler:
«Stavanger kommune har brukt store ressurser på å samle inn og legge til rette informasjon. I et informasjonssamfunn representerer dette store verdier. Som selvstendig rettssubjekt, har kommunen alle rettigheter til de kommunale dataene som er tenkt inkludert i den nasjonale matrikkelen. Det forhold at Staten ønsker å opprette et sentralt register basert på kommunale databaser, berører ikke disse rettighetene. Stavanger kommune vil med utgangspunkt i en slik lovforståelse ikke motsette seg at kommunens data trekkes inn i et nasjonalt register, men forutsetter at kommunens interesser i dem blir ivaretatt på en betryggende måte. Det er helt uakseptabelt for Stavanger kommune å bli trukket inn i etablering og drift av et system hvor det ikke er klart hvordan kostnadene skal dekkes inn, herunder hvilken andel som vil falle på kommunene.»
Storkommunegruppa for kart og oppmåling la i samband med dette fram ei eiga juridisk utgreiing med utgangspunkt i reglane i åndsverklova om rettar til den som bringar fram ein database eller liknande som samanstiller eit større tal opplysningar, jf. åndsverklova § 43, og EU-direktiv om rettsleg vern av databasar (96/9/EF) som reglane i åndsverklova byggjer på. I denne utgreiinga blir det hevda at:
«Kommunene har etter Åvl. § 43 enerett til eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring. I praksis innebærer dette at kommunene i utgangspunktet kan nekte andre å foreta noen praktisk eller økonomisk utnyttelse av KomGAB og DEK-registrene.
Disse eksklusive rettighetene gjelder «hele eller vesentlige deler av»databasens innhold. Det betyr at det ikke er nødvendig at absolutt alle opplysningene i databasen kopieres eller publiseres før kommunene kan gjøre sin rett gjeldende.» (...)
«enhver praktisk form for kommersiell utnyttelse av RiksGAB eller en sentral matrikkel, vil innebære en tilnærmet fullstendig uthuling av kommunenes rettigheter til de kommunale registre som det sentrale register bygger på, i strid med Åvl. § 43.
Denne uthulingen kan ikke hjemles i lov.»
Utgreiinga legg i denne samanhengen vekt på at databaserettane er heimla i EØS-retten, og at staten derfor ikkje kan omgå denne reguleringa ved vanleg lov, men legg til at:
«Uansett vil ekspropriasjonsrettslige prinsipper måtte slå igjennom. Opprettelsen av en sentral matrikkel ved lov som gjør de kommunale rettigheter uvirksomme, vil være et inngrep i allerede bestående rettigheter som vanskelig lar seg forene med de ekspropriasjonsrettslige grunnsetninger om at enhver som må avstå sin eiendom til staten har krav på full erstatning, jfr. Grunnlovens § 105.»
Utgreiinga konkluderer med at:
«Skal SK kunne utnytte matrikkelen som forutsatt, må først forholdet til de kommunale rettigheter avklares, ved at det inngås lisens- eller royaltyavtaler.»
14.3 Departementet si vurdering
14.3.1 Dagens situasjon
Forslaget om å opprette GAB er omtalt i St. meld. nr. 25 (1977-78) Om regional planlegging og forvaltning av naturressursene. Der går det fram at GAB var føresett å vere eit fellessystem for alle offentlege organ på alle forvaltningsnivå, m.a. for å unngå dobbeltregistreringar, forenkle eksisterande rapporteringsrutinar og sleppe nye rapporteringsordningar. GAB var føresett å vere statleg eigedom. GAB er bygd opp gjennom ei rekkje større prosjekt finansierte av staten. Lovheimelen for etablering, føring og rapportering til GAB er gitt i delingslova. Kommunane er hovudkjelda for oppdateringa av GAB, ved sida av opplysningane om heimelshavar som kjem frå tinglysinga. Dei fleste kommunane oppdaterer i dag GAB online. Nokre kommunar fører i tillegg eigne kommunale eigedomsregister for å løyse spesielle kommunale behov.
Ansvaret for kartlegginga av eigedommar er delt mellom kommunane og staten, tradisjonelt slik at kommunane har kartlagt tettbygd område, mens staten har kartlagt områda utanfor. Moderne edb-teknologi legg til rette for samarbeid om felles kartdatabasar. Statens kartverk og dei fleste kommunane samarbeider derfor om etablering og vedlikehald av felles kartdatabasar, under dette digitale eigedomskart (DEK). Samarbeidet involverer også store geodatabrukarar som Statens vegvesen, energiverka, mfl.
Statleg og kommunalt ansvar for kartgrunnlaget er regulert i plan- og bygningslova § 5, der første ledd lyder:
«Kommunen skal sørge for at det foreligger et oppdatert offentlig kartgrunnlag for de formål som omhandles i loven, bl.a. for å utarbeide kommuneplanens arealdel, reguleringsplaner og situasjonsplaner. Staten skal stille til rådighet nasjonale kartdata for alle kommuner.»
Kommunalt ansvar for eigedomskartlegginga er regulert i forskrift til delingslova. Nokre få store kommunar i sentrale strøk har valt å etablere digitale kartdatabasar, m.a. digitalt eigedomskartverk, uavhengig av Statens kartverk.
Ansvaret for kart og stadfest informasjon er drøfta nærare i Ot.prp. nr. 113 (2001-2002) kapittel 3, og i St. meld. nr. 30 (2002-2003) «Norge digitalt» - et felles fundament for verdiskaping.
Departementet legg til grunn at verken GAB, digitalt eigedomskartverk eller databasar over grunnkart er å forstå som saksdokument slik det er definert i offentleglova. Desse databasane er dessutan å rekne som faktadatabasar som etter departementet si vurdering ikkje fell inn under det unnataket frå vern som åndsverklova § 9 gjer for«lover, forskrifter, rettsavgjørelser og andre vedtak av offentlig myndighet».
Dette inneber at den som må kunne seiast å frambringe desse databasane, har einerett til desse etter åndsverklova § 43, jf. første og andre ledd som lyder:
«Den som frembringer et formular, en katalog, en tabell, et program, en database eller lignende arbeid som sammenstiller et større antall opplysninger, eller som er resultatet av en vesentlig investering, har enerett til å råde over hele eller vesentlige deler av arbeidets innhold ved å fremstille eksemplar av det og ved å gjøre det tilgjengelig for allmennheten.
Eneretten etter første ledd gjelder tilsvarende ved gjentatt og systematisk eksemplarfremstilling eller tilgjengeliggjøring for allmennheten av uvesentlige deler av arbeid som nevnt, dersom dette utgjør handlinger som skader den normale utnyttelse av arbeidet eller urimelig tilsidesetter frembringerens legitime interesser.»
Enkelte kommunar har hevda at rapporteringa av enkeltopplysningar som skjer til GAB, gir kommunen rettar til GAB. Departementet vil i samband med dette peike på at eineretten etter § 43 ikkje inneber eit vern av sjølve innhaldet i databasen. Eineretten gjeld arbeidet i seg sjølv, og vernar ikkje dei enkelte opplysningane som ligg i samanstillinga. Departementet meiner at kommunen må sjåast på som ein underleverandør til det sentrale GAB-registeret. Staten tek initiativ til og ber hovudansvaret for å etablere databasen, og pålegg ved lov kommunal rapportering av enkeltopplysningar til denne. Kommunen har derfor ingen rettar til det sentrale GAB-registeret. Etter vurderinga i departementet er staten den som rettsleg sett bringer fram GAB og dermed er rettshavar til registeret.
Når det gjeld digitalt eigedomskartverk og andre grunnkartdatabasar, kan det òg vere kommunen som i fleire konkrete tilfelle er den som har brakt fram databasen. I desse tilfella vil det vere vedkommande kommune som har dei immaterielle rettane til databasen etter åndsverklova. Sjølv om Statens kartverk i dei fleste område av landet gjennom avtaler eller eige arbeid vil ha nødvendige rettar til datagrunnlaget, må staten i andre område i prinsippet tileigne seg dei nødvendige rettane for å kunne etablere matrikkelen som føresett.
14.3.2 Utlevering av opplysningar frå kommunale register
Det er generelt ikkje mogleg å trekkje eit skarpt skilje mellom statlege, kommunale og fylkeskommunale oppgåver, sjølv om dei enkelte funksjonane prinsipielt er definerte som «statlege», «fylkeskommunale» eller «kommunale». Kommunar og fylkeskommunar verkar ikkje som isolerte einingar ved sida av det statlege forvaltningsapparatet, men som delar av den samla offentlege forvaltninga.
Sjølv om kommunane er eigne rettssubjekt inneber ikkje dette autonomi i alle aspekt. Det grunnleggjande trekket ved kommuneinstitusjonen er at den både er sjølvstendig politisk organ og forvaltningsorgan. Som forvaltningsorgan er kommunesektoren konstitusjonelt ein del av den samla forvaltningsverksemda som Kongen har det overordna ansvaret for. Staten med Stortinget som det øvste politiske organet, har såleis det overordna ansvaret for korleis heile den offentlege sektoren skal fungere og organiserast. Dette er det sist gjort greie for i NOU 2000: 22 Om oppgavefordelingen mellom stat, region og kommune. Departementet legg til grunn at Noregs tilslutning til EØS ikkje medfører endringar i desse forholda.
Einerett etter åndsverklova til kart eller kartdatabasar er ei form for formuesposisjon. Det rettslege grunnlaget for statleg overtaking av kommunale formueposisjonar ved endringar i oppgåvefordelinga mellom kommune og stat, og i kva grad kommunane kan krevje vederlag i samanheng med dette, blei inngåande drøfta i samband med at staten overtok sjukehusa, jf. Ot.prp. nr. 66 (2000-2001) Om lov om helseforetak m.m.kapittel 4.22.2. Sosial- og helsedepartementet konkluderte i den samanhengen med at:
«staten ved lov, og uten hinder av Grunnloven § 105, kan overta fylkeskommunens aktiva knyttet til spesialisthelsetjenesten, i alle fall dersom den samtidig overtar den andel av fylkeskommunens gjeld som er tilknyttet virksomheten. Dette gjelder uten hensyn til om fylkeskommunen kan påvise et økonomisk tap som følge av overtakelsen.»
Stortinget slutta seg til dette, men føresette at overtakinga ikkje skulle skje på ein slik måte at den svekte føresetnadene for fylkeskommunen til å gjennomføre dei oppgåvene den hadde igjen, jf. Innst. O. nr. 118 (2000-2001). Det kan også nemnast at staten i 1965 overtok føringa av folkeregistra frå kommunen gjennom ei liknande lovendring, jf. Innst. O XXIII (1962-63).
Departementet legg til grunn at staten på same måten ved lov utan vederlag kan få utlevert opplysningar frå kommunale databasar som er nødvendige for å etablere matrikkelen, og krevje at kommunane stiller dei opplysningane frå kartdatabasane til disposisjon for staten som er nødvendige for å sikre publikum innsyn i matrikkelen, og til bruk i oppmålingsforretningar. Departementet legg til grunn at staten stiller nødvendig programvare til disposisjon for kommunane slik at dataoverføring kan skje utan vesentlege kostnader for kommunane. Overføring av eigedomsdata frå kommunane til staten er slått fast i forslag til § 51 femte ledd. Kommunane si plikt til å stille data frå kartverket i kommunen til disposisjon for innsyn i matrikkelen og bruk i oppmålingsforretningar, går fram av forslag til § 31 andre ledd.
15 Tiltak for å få betre oversikt over eksisterande eigedomsforhold
15.1 Innleiing
Datagrunnlaget er av varierande kvalitet, jf. NOU 1999: 1 kap. 26. Ein god del grenser mellom eigedommar er ikkje merkte, målte og kartfeste. I mange tilfelle er formell heimelshavar død, og det kan by på store praktiske problem å spore opp alle faktiske eigarar. Det som til dagleg er oppfatta som éin eigedom, kan omfatte fleire grunneigedommar som grensar til kvarandre, der grensene mellom desse er ukjente eller uklare, eller mindre tilleggsparsellar har «mist» tilknytinga til hovudeigedommen. Dette kapitlet drøftar tiltak for å få betre oversikt over eksisterande eigedomsforhold, særleg samanføyingsinstituttet og om grenser bør vere klarlagt ved heimelsovergang.
15.2 Gjeldande rett
Samanføying
Delingslova § 4-3 gir høve til å føye saman fleire bruksnummer til eitt. Samanføying føreset at bruksnumra ligg i same kommune og har same heimelshavar. Eigedommen som er føydd saman skal som hovudregel bli eit samanhengande areal. Føresegnene om samanføying gjeld også festegrunn. Eigar eller festar kan krevje samanføying dersom festekontraktane for stykka av grunnen er likelydande og festerettane ligg på same grunneigedom. To eller fleire eigarseksjonar kan slåast saman ved reseksjonering, jf. eigarseksjonslova § 12 første ledd andre punktum.
Etter plan- og bygningslova § 95 nr. 5 kan kommunen, for tiltak som krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova § 93, stille som vilkår samanføying av eigedommar som har same eigar og som skal nyttast under eitt. Men elles er samanføying i det alt vesentlege ei frivillig sak, og det blir kravd svært få samanføyingar. Utvalet uttaler (NOU 1999: 1 s. 197):
«I praksis har derfor utviklingen ført til at det er unødvendig mange registerenheter i GAB og grunnboka. Utvalget mener at dette er en betydelig ulempe. Det fører til økte kostnader for å vedlikeholde register og kart, og det reduserer registersystemets verdi som informasjonskilde. Det kan også føre til problemer for eiere av slike eiendommer, og for det offentlige. I landbruket er det eksempelvis svært vanlig at en driftsenhet består av flere bruk. De forskjellige brukene er gjerne oppstått til forskjellig tid, og grensebeskrivelsene er til dels svært dårlige. Ofte er det ikke mulig å identifisere de enkelte grunneiendommer som driftsenheten består av. Ved overdragelse av eiendommen hender det at skjøtet bare angir én av grunneiendommene, mens de andre grunneiendommene som driftsenheten består av, formelt sett ikke blir overdratt. Dette har resultert i at en rekke eiendommer er registrert med annen hjemmelshaver enn den som er reell eier. Ofte er den formelle hjemmelshaveren død.»
Klarlegging av eigedomsgrenser ved heimelsovergang
For å få betre oversikt over eigedomsforholda, var det både i bygningslova frå 1924 og 1965 reglar om måleplikt ved omsetning av eksisterande eigedom. I bygningslova av 18. juni 1965 var dette regulert i § 62, der det heitte:
«I tettbygde strøk og i områder hvor det er fastsatt ved vedtekt, skal oppmåling og kartlegging av grunnen være foretatt før eiendom avhendes. ... Plikt til å foreta oppmåling og kartlegging gjelder ikke ved avhending .... av større sammenhengende eiendommer så lenge utstykking ikke finner sted.»
For dei eigedommane det gjaldt, var det tilstrekkeleg at det på omsetningstidspunktet låg føre attest for at oppmåling var rekvirert. På grunn av kapasitetsproblem klarte ein etter kvart ikkje å ta hand om alle desse oppmålingsforretningane. Føresegna om måleplikt ved heimelsovergang blei ikkje ført vidare i delingslova, med den grunngivinga at dette ville vere ei uoverkommeleg oppgåve også i framtida (jf. NOU 1973: 31 s. 20).
15.3 Forslaget frå utvalet
Samanføying
Utvalet har vurdert fleire ordningar for å få til meir samanføying (NOU 1999: 1 s. 197) og uttaler m.a.:
«Det synes hovedsakelig å være to veger å gå; å gi det offentlige utvidet adgang til å kreve sammenføying, eller å etablere indirekte virkemidler som gjør hjemmelshaverene mer motivert. Det mest effektive virkemiddelet ville trolig vært en eller annen form for økonomisk ulempe av å ha mange matrikkelenheter, for eksempel at kommunale avgifter ble knyttet til matrikkelenhet. Utvalget har vurdert denne muligheten, men fremmer ingen slike forslag.
Utvalget har vurdert hvorvidt jordskifteretten burde få en generell hjemmel til å kreve sammenføying for bruk som ligger under jordskifte, men er kommet til at dette ikke bør gis, jf. diskusjonen i kapittel 18.3.4.
Utvalget foreslår heller ingen generell hjemmel for kommunene til å kreve sammenføying. Utvalget legger vekt på at en slik hjemmel vil føre til et omfattende og komplisert regelverk. Matrikkelen skal angi de eiendommer som inngår i «samlet fast eiendom», jf. kapittel 10.6.3, og utvalget mener at dette vil bøte på problemene.»
Etter plan- og bygningslova § 95 nr. 5 kan kommunen stille som vilkår for å gi byggjeløyve at eigedommar som har same eigar og som skal nyttast under eitt blir samanføydde. Føresegna tek sikte på at det i saker der eigedomsgrenser vil gå gjennom bygningar kan vere formålstenleg å krevje samanføying av grunneigedommane som vilkår for byggjeløyvet. Ut frå omsynet til å ha klare rettsforhold for dei areala eit byggjetiltak gjeld, fremjar utvalet forslag om å utvide denne føresegna til også å omfatte tilfelle der dei aktuelle eigedommane har forskjellige eigarar, sjå kapittel 27.5.
Klarlegging av eigedomsgrenser ved heimelsovergang
Utvalet har vurdert å ta opp igjen kravet om måleplikt ved omsetning av eigedom i dei tilfella der grensene for eigedommen ikkje er nøyaktig målte og kartfeste. Utvalet peiker på at det oppstår ein del konfliktar ved at det blir selt eigedommar med uklare grensedragingar (NOU 1999: 1 s. 198):
«Å knytte måleplikt til salgstidspunktet sikrer at selger, som vanligvis kjenner forholdene bedre enn kjøper, sørger for at grensene er klarlagt. Det må antas at et slikt forslag vil bidra til at domstolene får færre grensetvister til behandling i framtiden. En pliktregel vil innebære en harmonisering med eiendomsmeglerloven § 3-6, nr. 5, om at kjøper har krav på opplysninger om «grunnareal». Plikt til å måle opp vil gi bedre sikkerhet for de som kjøper eiendommer med støtte i avhendingsloven, uten å benytte eiendomsmegler. Avvik i areal er omhandlet i avhendingsloven § 3-3, hvor det regnes som mangel ved eiendommen dersom arealet er «vesentlig mindre» enn selgeren har opplyst. Og endelig vil måleplikt ved omsetning bidra til at matrikkelen over en generasjons tid blir kraftig forbedret.»
Utvalet foreslår likevel ikkje å gjeninnføre plikt til å halde oppmålingsforretning ved overdraging av eigedom, og viser til at det reiser ein del problem å tvinge partane til å avklare grenser som dei sjølve ikkje ser behov for å avklare. Utvalet meiner at det under alle omstende ikkje kan innførast måleplikt før det er etablert eit tilfredsstillande tal private landmålarar.
Oppført heimelshavar i grunnboka er død
Det kan skape vanskar for brukarar av eigedomsinformasjon dersom heimelshavar som står oppført i matrikkel og grunnbok, er død, og reelle eigarar ikkje er kjende. Utvalet peiker på at det i delar av landet er eit aukande problem at dødsbu som omfattar fast eigedom ikkje blir gjort fullstendig opp med overføring av heimel til bestemte arvingar. Utvalet ser likevel ikkje på dette som ein del av revisjonsarbeidet, og har ikkje vurdert ordningar som kan bøte på desse problema.
15.4 Merknader frå høyringsinstansane
Samanføying
Det er berre Jernbaneverket som har uttalt seg om forslaget frå utvalet til føresegner for samanføying. Jernbaneverket støttar utvalet i vurderinga av at samanføying bør vere gebyrfritt. Jernbaneverket er imot å utvide høvet for kommunen til å krevje samanføying utanom byggjesaker, og uttaler:
«Jernbaneverket foretar sammenføyning som er tilpasset vår interne eiendomsforvaltning. Dette er ikke alltid sammenfallende med kommunale rasjonaliseringsønsker. Jernbaneverket ønsker ikke en vilkårlig håndtering av dette spørsmål fra kommunene.»
Klarlegging av eigedomsgrenser ved heimelsovergang
Regionrådet for Valdres viser til at det største problemet for Valdres-kommunane når det gjeld oppgåver innan arealforvaltning er alle eigedommane som aldri har blitt målte opp.
Geoforum Møre og Romsdal peiker på at lovutkastet ikkje gir ei løysing på problemet med den store mengda eigedomsgrenser som ikkje er kartlagt og der skylddelingsforretning vanlegvis er grensedokumentet. Dei meiner dette er ein vesentleg mangel ved lovutkastet, og at det vil føre til at det vil gå svært lang tid før matrikkelen får den tiltenkte funksjonen. Dei viser til det teknologiske spranget som satellitteknologien representerer, og peiker på at:
«Vi kan for første gang i historien registrere eiendomsgrenser på en måte som sikrer dataene i all overskuelig framtid. Dette må vi vite å utnytte.»
(...)
«Det er en del åpenbare fordeler ved å innføre måleplikt ved hjemmelsovergang. Den som vil avhende en eiendom vil ved å få gjennomført oppmåling få et «varefakta» som vil være svært positivt i salgsprosessen. Fordelen for den som skal erverve vil om mulig være enda større. For en familie som gjør sitt livs største investering vil det være betryggende at eiendommen er godt definert. Mange kjøper eiendom og oppdager i ettertid å ha fått en nabotvist på kjøpet. Vi tror at tvist om nabogrense ofte ikke kommer ny eier til kunnskap.»
Også Regionrådet for Nordhordland og Gulen ønskjer å få tilbake den gamle regelen om måleplikt ved heimelsovergang.
Oppført heimelshavar i grunnboka er død
Landbruksdepartementet uttaler at det ikkje er uvanleg at avdøde står oppført som heimelshavar i grunnboka i lang tid og at overføring til arvingane ikkje blir gjennomført. Om dette uttaler Landbruksdepartementet m.a. følgjande:
«Behovet for å vite hvem som faktisk er blitt eier, er bl a tilstede i forbindelse med den kontroll fylkesmannen/fylkeslandbruksstyret og kommunen skal utøve etter konsesjonsloven 1 § 24 og odelsloven § 29. I praksis brukes mye tid på å finne frem til nye eiere og finne ut om disse overholder bo- og driveplikten. Likeså er det nødvendig å vite hvem som er eiere i forbindelse med etablering av fellestiltak, gjennomføring av jordskiftesaker o.a. Landbruksdepartementet ser det som hensiktsmessig at de som har eierrådighet over eiendommene blir registrert i matrikkelen. Dette vil også harmonere med forslaget om at matrikkelen ikke skal ha rettslig troverdighet på linje med grunnboka og kunne gi et utgangspunkt for å ajourføre grunnboka. En går ellers ut fra at kommuner og andre offentlige organer har tilsvarende behov.»
Utvida tilgang for det offentlege til å krevje grensegang for jordskifteretten
Geoforum Møre- og Romsdal ønskjer at kommune og stat skal kunne krevje grensegang for jordskifteretten for heile kommunar eller nærare avgrensa delar, med det formål å skape ei fullt ut dekkjande eigedomsoversikt. Uttalen er referert i kapittel 26.3.
15.5 Departementet si vurdering
Samanføying
Departementet meiner at det ideelt sett er ønskjeleg med ordningar som i sterkare grad initierer til samanføying når forholda ligg til rette for dette. Men til liks med utvalet kan ikkje departementet sjå at det finst formålstenlege ordningar for å få til dette, verken ved at det offentlege får utvida tilgang til å krevje samanføying (ut over forslaget til endring i plan- og bygningslova § 95 nr. 5), eller ved at det blir etablert indirekte verkemiddel som motiverer eigar til å søkje samanføying. Gjeldande føresegner for samanføying er førte vidare i lovforslaget § 18.
Departementet meiner at innføring av samla fast eigedom vil redusere problema som følgjer av at det ikkje blir utført samanføying.
Klarlegging av eigedomsgrenser ved heimelsovergang
Departementet er samd med utvalet og høyringsinstansane i at det er ei rekkje fordelar for den enkelte og for samfunnet i at eigedomsgrensene er tilfredsstillande merkte og dokumenterte. Måleplikt ved heimelsovergang for dei eigedommane som manglar tilfredsstillande oppmåling er, ved sida av eventuelle særskilde kartleggingsprogram finansierte av stat eller kommune, det einaste tiltaket som kan rette på manglande oppmåling av desse eigedommane på ein nokolunde systematisk måte.
Ved sal av eigedommar der grensene ikkje er tilfredsstillande merkte, målte og kartfeste, vil uklare punkt og latente tvistar mellom framtidige nye eigarar kunne forsterkast. Ved å innføre måleplikt i slike tilfelle vil ein i større grad ta vare på dei kunnskapane seljaren har før denne er ute av biletet. Det vil kunne spare framtidige eigarar, naboar og samfunnet for tid og kostnader. Nøyaktig merking, måling og kartfesting vil vere nyttig i den daglege bruken og forvaltninga av eigedommar, sett frå både privat og offentleg synsstad. Regionrådet for Valdres peiker på at eigedommar som aldri er blitt målte opp, er eit problem i samband med dei kommunale oppgåvene innan arealforvaltning. Dessutan reduserer dette faren for framtidige grensetvistar og mogleg domstolsbehandling.
Oppmåling og kartfesting ved heimelsovergang vil innebere ei harmonisering med eigedomsmeklingslova § 3-6 nr. 5 om at kjøpar har krav på opplysningar om «grunnareal». Det vil også gi større tryggleik ved omsetning av eigedommar utan bruk av eigedomsmeklar. Det blir rekna som ein mangel ved eigedommen dersom arealet er vesentleg mindre enn seljaren har opplyst, jf. avhendingslova § 3-3.
Departementet foreslår derfor å setje krav om klarlagde grenser ved heimelsovergang og transport av festerett, jf. lovforslaget § 7. Samstundes må samfunnet ikkje komme i ein situasjon der omsetning av fast eigedom blir nemneverdig seinka. Departementet meiner derfor at slikt krav ikkje kan innførast før det er etablert eit stort nok tal landmålarføretak på landsbasis til å ta unna saksomfanget på ein rasjonell måte. Departementet foreslår derfor utsett iverksetjing med minst fire år, jf. lovforslaget § 50 andre ledd.
Departementet understrekar at forslaget berre vil krevje oppmåling ved eit avgrensa tal heimelsovergangar. Eit klart fleirtal av eigedommane og festegrunnane i landet er allereie tilfredsstillande kartlagt gjennom kart- og delingsforretning etter delingslova eller tilsvarande forretning etter eldre bygningslover. Derimot vil skylddeling utan måling og kartfesting etter skylddelingslova ikkje vere tilfredsstillande. Når ein eldre eigedom først er oppmålt, vil kravet vere oppfylt ein gong for alle. Nye eigedommar vil i utgangspunktet alltid vere tilfredsstillande oppmålt ved danninga. Dette er såleis ikkje noko ein må gjere på nytt for kvar ny heimelsovergang.
Dersom det oppstår tvist om grensedraginga, vil ikkje landmålaren kunne ta stilling til denne. For å få klargjort ei slik grense, må saka førast inn for jordskifteretten eller dei ordinære domstolane, jf. kapittel 24. Det vil ikkje landmålarføretaket eller kommunen kunne gjere på sjølvstendig grunnlag. Dette må partane sjølve ta stilling til. Departementet meiner at ein ikkje skal tvinge partane inn i ei slik tvisteløysing. Rekkevidda av § 7 må derfor sjåast i samanheng med § 10 fjerde ledd som gir unnatak frå kravet om måling og merking for tilfelle der ei eller fleire grenser er omstridde.
Kravet om å klarleggje grenser knyter seg som hovudregel berre til heimelsovergang som ledd i frivillig sal eller gåve. Det er gjort unnatak for tvangssal, som er vanleg i medhald av tvangsfullføringslova og konkurslova. Det same gjeld ved arv eller skifte. I slike saker er det gjerne oppstått ein pressa situasjon, i motsetning til frivillig sal der grunneigarar som planlegg å selje eigedommen sin kan la oppmålingsforretning bli gjennomført i god tid på førehand. Også andre hendingar og forhold kan gi grunnlag for unnatak frå kravet. Dette blir å fastsetje nærare i forskrift.
Departementet foreslår at kravet ikkje skal gjelde einingar som er så store at det er urimeleg å krevje oppmåling av alle grensene, eller når det av andre grunnar ikkje er formålstenleg å krevje at alle grensene blir klarlagt. Nærare reglar blir å fastsetje i forskrift. Det kan f.eks. vere aktuelt å setje ei fast øvre arealgrense med utgangspunkt i konsesjonslova. Departementet har vurdert om måleplikta berre burde gjelde i tettbygd strøk, men kan ikkje tilrå dette. Ei slik avgrensing vil vere vanskeleg å handtere i praksis, og mange av dei eigedommane som treng å få klarlagt grensene, ligg ikkje i typiske tettbygde strøk.
Oppført heimelshavar i grunnboka er død
Departementet er samd med Landbruksdepartementet i at det er behov for å sjå nærare på reglar som kan medverke til ei betre registrering av dei reelle eigarforholda. Berre blant dei eigarane som er registrerte med fullt fødselsnummer, er til dømes ca. 84.000 døde personar. Departementet meiner likevel at det primært er grunnboka si oppgåve å gi opplysningar om eigarforholda, og er samd med utvalet i at dette er eit problem som vanskeleg kan løysast i tilknyting til matrikkelen. Departementet viser til at det blir arbeidd med denne problemstillinga i samband med utviklinga av nytt tinglysingssystem.
16 Tildeling av offisiell adresse og bruksnamn
16.1 Gjeldande rett
Utvalet drøftar tildeling av offisiell adresse og bruksnamn i NOU 1999: 1 kap. 29.
Offisiell adresse
Kommunen fastset offisiell adresse med heimel i delingslova. Oversikt over offisielle adresser blir ført i GAB. Offisiell adresse består av gatenamn, vegnamn, e.l., og hus- eller oppgangsnummer, og eventuelt eit eige bustadnummer. Kommunen har ansvaret for å skilte gatenamn. Eigar kan påleggjast å setje opp og betale for utvendig skilt for husnummer eller oppgang. Den enkelte bustaden blir berre merkt innvendig, for at bebuarane på ein enkel måte skal kunne sende eventuell flyttemelding. Kommunen bestemmer val av gatenamn, og fastset skrivemåten med heimel i lov om stadnamn.
I område der kommunen enno ikkje har tildelt gatenamn e.l. nyttar ein matrikkelnummeret (gards- og bruksnummeret) som adresseidentifikasjon i staden for gatenamn. Offisiell adresse opptrer såleis i to former, gateadresse og matrikkeladresse. Dette blei presisert i form av forskrift i samband med folke- og bustadteljinga i 2001. Då lovutvalet la fram innstillinga si, var det vanleg å nemne berre gateadresseforma som «offisiell adresse», sjølv om matrikkeladresseforma har vore i bruk som alternativ form i registersamanheng sidan GAB blei oppretta. Av dei ca. 2,8 millionar eigedommane i landet er ca. 1,2 millionar tildelt offisiell adresse i form av gateadresse.
Tilgang til eit einsarta adressesystem, kombinert med skilting og kartfesting, er viktig for ei rekkje samfunnsformål.
Bruksnamn
Delingslova gir i § 5-3 eigaren høve til å få notert i GAB eit namn på vedkommande eigedom (bruksnamn). Dersom namnet allereie er i bruk som slektsnamn og ikkje høyrer til dei meir vanlege, kan namnet berre veljast dersom eigaren dokumenterer at det har gammal, nedarva tilknyting til eigedommen.
Bruksnamnet blir notert i tilknyting til eigedomsidentifikasjonen, og er ikkje ein del av adressa.
16.2 Forslaget frå utvalet
Utvalet foreslår at bruksnamn ikkje skal noterast i matrikkelen.
Når det gjeld offisielle adresser, foreslår utvalet i hovudsak å føre vidare gjeldande ordningar. Utvalet foreslår likevel at det i bestemte tilfelle bør vere høve til å leggje til bruksnamn som ein del av den offisielle adressa, og peiker på følgjande (NOU 1999: 1 s. 209):
«Utvalget foreslår ... at eier skal kunne kreve at bruksnavn innføres i matrikkelen som en del av den offisielle adressen. Bruksnavn er navn på eiendom, og er registrert i GAB. Etter ikrafttreden av [matrikkelloven] er det ikke lenger anledning til å tildele nye bruksnavn. Utvalget mener imidlertid at det ikke er hensiktsmessig å åpne for at hvilket som helst bruksnavn skal inngå i adressene, fordi det innebærer kostnader å registerføre, vedlikeholde og bruke lange adresser. Utvalget mener at adgangen til å kreve navn registrert som del av adressen bør begrenses til bruksnavn som har kulturhistorisk verdi. En foreslår derfor at bare bruksnavn som faller inn under bestemmelsen i § 5 andre ledd i lov om stadnamn skal kunne kreves registrert som del av den offisielle adressen. Dette er navn som språklig og geografisk faller sammen med nedarvede stedsnavn. Etter denne bestemmelsen vil det være Statens kartverk som i medhold av lov om stadnamn fastsetter om det er et slikt navn som kan kreves tatt inn i adressen, og skrivemåten.
Utvalget foreslår at også andre navn, herunder navn som ikke er bruksnavn, kan registreres som del av adressen, men bare når kommunen bestemmer det. En tenker her spesielt på navn på institusjoner og lignende som det er naturlig å bruke som del av adressen.»
Utvalet foreslår dessutan at nokre føresegner som i dag står i forskriftene, blir gitt i form av lov, m.a. at eigedom og bygning skal ha adresse til den vegen eller gata som eigedommen eller bygningen har hovudtilkomst frå, jf. lovutkastet § 41 første ledd.
Utvalet foreslår at involverte får høve til å uttale seg før kommunen fattar endeleg vedtak om tildeling av offisiell adresse. Dette er eit skjerpa krav i forhold til i dag, då dette berre gjeld adresseendring. I kommentaren til lovutkastet understrekar utvalet at dette ikkje gjeld for fastsetjing av gate- og vegnamn, men for vedtak om kva gate eller veg eigedommen skal ha adresse til, og for tildeling av husnummer. Utvalet peiker på at part vanlegvis vil vere heimelshavar, men at brukar eller leigetakar ut frå forholda på staden også må kunne reknast som part i denne samanhengen.
Utvalet understrekar at det er viktig og formålstenleg at offentlege register brukar den adressa som er registrert i matrikkelen, og foreslår ein slik pliktregel, jf. lovutkastet § 42.
16.3 Merknader frå høyringsinstansane
Berre få høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget frå utvalet om tildeling av offisiell adresse.
Oppegård kommune er ikkje samd i det utvida høvet til å uttale seg før kommunen fattar endeleg vedtak om tildeling av offisiell adresse, og peiker på følgjande:
«Etter vår oppfatning vil de skjerpede reglene gjøre det vanlige adresseringsarbeidet unødvendig omfattende. Vi anser det som tilstrekkelig at krav om uttalelse gjøres gjeldende når saken gjelder adresseendring, og der berørte parter kan anse dette for en stor ulempe.»
Storkommunegruppa for kart og oppmåling uttaler:
«For å få til et godt adressesystem er det helt avgjørende at tildeling av adresse til den enkelte adresseenhet ses i sammenheng med hele adressesystemet. Den enkelte eier/beboer vil normalt ha lite å bidra med når det gjelder kvaliteten på adressesystemet. Innføring av en generell regel om anledning til å uttale seg vil derfor gjøre adresseringsarbeidet unødvendig tungvint. I saker om adresseendring stiller det seg litt annerledes siden adresseinnehaveren i slike tilfeller kan bli påført visse ulemper. Det kan derfor være grunn til å slå fast som en regel at de som blir berørt av en adresseendring skal gis anledning til å uttale seg på forhånd.»
Det har berre komme tre uttaler til forslaget om at det skal vere høve til å føre inn bruksnamn som del av den offisielle adressa, i tillegg til gate- eller vegnamn. Noregs Bondelag peiker på at fleire lokallag og medlemmer har vendt seg til dei når det gjeld bruk av gardsnamn som offisiell adresse, og meiner det er svært positivt at dette spørsmålet no blir regulert i lova. Motsett meiner kommunane Inderøy, Levanger, Mosvik, Steinkjer og Verdal i ein fellesuttale at bruksnamn eller andre namn som ein del av den offisielle adressa er til hinder for eintydig adressering.
Statens kartverk uttaler at bruksnamn som del av adresse bør behandlast som adressenamn elles. Det bør derfor vere opp til adressestyresmakta (kommunen) å avgjere om bruksnamn skal takast inn i den offisielle adressa i tillegg til gate- eller vegnamn. Kartverket understrekar at kommunen bør ha rett til å gjere vedtak om skrivemåten av bruksnamn brukt som adressenamn, som for adressenamn elles.
Det er berre Statens kartverk som har uttalt seg om tildeling av bruksnamn. Kartverket konstaterer at § 5-3 om bruksnamn i delingslova ikkje blir ført vidare i utvalet sitt lovutkast, og uttaler:
«Kartverket mener at bruksnamn av kulturhistoriske årsaker må tas vare på og i nødvendig grad lovmessig forankres. Den mest nærliggende løsning synes å være at innholdet i delingsloven § 5-3 overføres til lov om stadnamn. Dette vil også kunne gi nødvendig lovhjemmel for endring av eksisterende bruksnamn, så vel som tildeling av bruksnamn til nye eiendommer, dersom dette skulle være ønskelig å videreføre.
Arbeidsgruppa for evaluering av lov om stadnamn har også vurdert dette forholdet (at § 5-3 i delingsloven eventuelt ikke videreføres), og fremmer forslag om at hjemmelen for tildeling av bruksnamn tas inn i ny § 3 i navneloven.
Som en konsekvens av dette bør det være aktuelt at bruksnavn tas ut fra matrikkelen og bare registreres i Sentralt stedsnavnregister (SSR).»
16.4 Departementet si vurdering
Tildeling og endring av offisiell adresse er regulert i lovforslaget § 21.
Departementet er samd med utvalet når dette understrekar kor viktig det er at offentleg administrasjon nyttar offisielle adresser frå matrikkelen, så vel som dei andre offisielle nemningane i matrikkelen. Departementet vil arbeide for nødvendig harmonisering av reglane for å oppnå dette. Departementet er kjent med overslag som viser at samfunnet kan spare monalege ressursar med ei meir einsarta adressehandtering.
Det er i den samanhengen viktig å få på plass eit eintydig adressesystem basert på gateadresseforma for alle adresseverdige eigedommar og bygg. Som eksempel på brukarar kan nemnast AMK-sentralane (akutt medisinsk kommunikasjonssentral). Desse dekkjer som oftast fleire kommunar. Elektroniske kart der alle adresser er eintydig identifiserte og geografisk fastlagt er eit viktig hjelpemiddel for sikker og effektiv fordeling og rettleiing av utrykkingseiningane.
Departementet er derfor samd med Statens kartverk som ønskjer ei intensivering av arbeidet med tildeling av offisielle adresser i form av gateadresser. Tildeling av adresser må utførast av den enkelte kommunen, og involverer gjerne politiske utval (namnesaker) i tillegg til arbeidet i administrasjonen. Departementet foreslår derfor ikkje ei samla gjennomføring no, sjølv om arbeidet ikkje inneber særleg store kostnader. Departementet føreset likevel at matrikkelnummer etter kvart går ut og at gateadresseforma blir innført som felles adresseform for heile landet. Statens kartverk må som sentral matrikkelstyresmakt aktivt rettleie kommunane om prosedyrar og metodar for slik adressetildeling, og på ein positiv måte fungere som pådrivar i arbeidet. Det kan bli aktuelt med ein samla overgang på eit seinare tidspunkt. Om lag 900 000 eigedommar manglar framleis ei fullverdig adresse i form av gateadresse eller tilsvarande.
Departementet er samd i at dei som er involverte skal få høve til å uttale seg før kommunen fattar endeleg vedtak om tildeling av offisiell adresse, og har teke dette inn i lovforslaget. Departementet meiner at ein slik uttalerett er eit naturleg ledd i den demokratiske prosessen. Ein slik uttalerett, som reint faktisk kan likestillast med ei høyring, kan gi positive effektar i forhold til å sikre lokal identitet. Departementet presiserer at dette er ein uttalerett, og såleis ikkje noko krav om at det skal hentast inn samtykke frå den enkelte.
Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår i Ot.prp. nr. 42 (2004-2005) om lov om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn m.m. at eigar eller festar med visse unnatak kan fastsetje namn på eige bruk. Bruksnamn vil etter dette bli notert i det sentrale stadnamnregisteret, og ikkje i matrikkelen. Forslaget er i tråd med uttalen frå Statens kartverk referert ovanfor.
Miljøverndepartementet foreslår at eigar skal ha rett til å få registrert bruksnamn som språkleg og geografisk fell saman med nedarva stadnamn som del av den offisielle adressa.
Departementet foreslår vidare at kommunen etter oppmoding frå eigaren også kan tildele slikt adressenamn til spesielle institusjonsbygningar eller andre særskilt kjende bygningar når det etter kommunen si vurdering vil vere spesielt nyttig for omverda at adressa omfattar eit slikt namn, f.eks. «Rådhuset». Sjå merknadene til § 21.
Departementet foreslår at nærare reglar om adressetildeling blir fastsette i forskrift slik som i dag.
17 Oppretting av anleggseigedom
17.1 Forslaget frå utvalet
Utvalet foreslår at anleggseigedommar kan opprettast som eigne matrikkeleiningar, jf. NOU 1999: 1 kap. 21.3.6. Nedanfor er referert hovudpunkta i utvalet sine vurderingar og forslag:
Det må liggje føre løyve etter plan- og bygningslova § 93 bokstav h for å kunne opprette anleggseigedom. Kommunen tek stilling til om det skal kunne opprettast anleggseigedom ved behandlinga av delingssøknaden.
Bygningar og konstruksjonar som heilt ut ligg over eller under jordoverflata kan opprettast som anleggseigedom. Også anlegg i sjø skal kunne opprettast som anleggseigedom, dersom dei er fast og varig knytte til grunnen på staden.
Den aktuelle bygningen eller konstruksjonen står fram som ein sjølvstendig bygning eller konstruksjon, som er klart og varig skilt frå den eller dei grunneigedommane den er ønskt utskilt frå. Tilkomst i form av innkøyringstunnel, rampe, trapper eller heisar kan likevel vere lagt på tilgrensande grunneigedom(mar). Også søyler, avløp og liknande kan vere lagt på tilgrensande grunneigedom(mar).
Mindre vesentlege tilbygg over eller under jordoverflata, for eksempel ein veranda som strekkjer seg inn over tilgrensande grunneigedom, kan og bør framleis etablerast som ein tinglyst bruksrett på naboeigedommen, som etter gjeldande praksis.
Grensene for ein anleggseigedom skal som hovudregel svare til den ytre avgrensinga av bygningen eller konstruksjonen, med dei tilpassingane som kommunen fastset, m.a. nødvendig sikringssone for anleggseigedom i undergrunnen.
Ein anleggseigedom skal ikkje kunne opprettast for ein bygning eller konstruksjon som står direkte på grunnen. Anleggseigedom som ligg over bakkenivå må derfor knyte seg til bygning eller konstruksjon som ligg ovanpå andre bygningar, eller som står på søyler, slik at sjølve jordoverflata framleis kan utnyttast av grunneigedommen.
Anleggseigedom skal ikkje kunne opprettast på festegrunn. Retten til å utnytte anleggseigedommen kan likevel vere basert på festekontrakt.
Utvalet legg til grunn at konsesjonsføresegnene skal gjelde på vanleg måte, ved at arealet til ein anleggseigedom blir rekna som arealet av projeksjonen på jordoverflata.
Oppretting av anleggseigedom bør vere ei subsidiær løysing som er tilgjengeleg i visse tilfelle. Utvalet understrekar at det ikkje bør opprettast anleggseigedom i tilfelle der det er meir formålstenleg å opprette eigarseksjonar. Det er gjort nærare greie for behovet for å kunne opprette anleggseigedom ovanfor i kapittel 7.3.
17.2 Departementet si vurdering med merknader frå høyringsinstansane
17.2.1 Innleiing
Forslaget frå departementet avvik på nokre punkt i forhold til forslaget frå utvalet. Departementet legg vekt på at den enkelte matrikkeleininga skal kunne stå fram som ei samla funksjonell eining. Departementet sitt forslag ligg noko nærare «Oslo-modellen» enn forslaget frå utvalet, jf. NOU 1999: 1 kap. 10.5.2. Vilkåra for å opprette anleggseigedom er regulerte i lovforslaget § 11.
Det har komme få merknader til vilkåra for å opprette anleggseigedom. Desse blir drøfta i samband med departementet sine vurderingar under.
Statens vegvesen gir uttrykk for at slik formålsparagrafen i lovutkastet er formulert, kan den tolkast i retning av at det er ei generell plikt å opprette anleggseigedom for bygningar og konstruksjonar som oppfyller vilkåra for dette. Departementet finn ikkje noko i lovforslaget som gir grunnlag for ei slik tolking. Det er ikkje noko krav om å opprette anleggseigedom med mindre grunneigar har behov for dette og søkjer om løyve etter plan- og bygningslova.
17.2.2 Anleggseigedom som funksjonell eining
Forslaget frå utvalet går ut på at det berre er dei delane av ein bygning eller konstruksjon på ein grunneigedom som går inn over (eller under) ein naboeigedom som skal kunne opprettast som anleggseigedom. Det som i mange samanhengar blir sett på som éin eigedom, for eksempel i samband med omsetning, skattetaksering og pantsetjing, vil etter forslaget frå utvalet kunne komme til å bestå av fleire matrikkeleiningar. Departementet finn dette lite formålstenleg. Anleggseigedommar bør på same måte som andre matrikkeleiningar vere uavhengige og funksjonelle einingar. Det bør i utgangspunktet vere samsvar mellom matrikkeleining og det som til dagleg blir oppfatta som éin eigedom.
Departementet foreslår derfor at det som utgjer ei samla bygnings- eller konstruksjonsvis eining skal kunne matrikulerast som éin anleggseigedom, uavhengig av eigedommar som ligg over eller under anleggseigedommen. Dessutan bør ein anleggseigedom som i realiteten disponerer luftrommet som ligg over, matrikulerast slik at den strekkjer seg så langt oppover i lufta som privat eigedomsrett når etter alminnelege reglar, utan at dei øvre grensene for anleggseigedommen er endeleg fastlagt. Det vil f.eks. vere lite formålstenleg om ein underliggjande opphavleg grunneigedom framleis skal ha eigedomsrett til luftrommet over ein anleggseigedom som i realiteten «disponerer» lufta dersom denne er bygd opp med ein ordinær takkonstruksjon med piper, luftekanalar, antenner, takterrasse, o.l. Tilsvarande må gjelde nedover i grunnen for ein anleggseigedom som ligg under andre eigedommar. Uavhengig av utstrekninga av eigedomsretten oppover og nedover, legg departementet vekt på at reglane for dokumentasjon og oppmåling blir utforma slik at relevante fysiske avgrensingar blir målte og lagt inn på kart.
Departementets forslag inneber at ein anleggseigedom kan leggje beslag på ein del av arealet på jordoverflata gjennom å disponere både luftrom og undergrunn for ein del av grunnrisset til bygningen. Eit slikt areal vil i realiteten vere delt frå den opphavlege grunneigedommen på ein måte som gjer at grunneigedommen blir fullstendig fortrengt frå det aktuelle arealet, jf. merknadene til § 11.
I samsvar med forslaget frå utvalet skal grunneigedommen som anleggseigedommen strekkjer seg over eller under, vere intakt i den forstand at den framleis kan utnyttast til eit sjølvstendig formål. Dersom f.eks. behovet for fundamentering eller undergraving blir så massivt at det ikkje kan tenkjast noko form for sjølvstendig utnytting av den delen av grunneigedommen som ligg over eller under anleggseigedommen, vil anlegget bli å sjå på som ein ordinær bygning eller konstruksjon på grunneigedommen, og såleis som ledd i byggjesaka bli møtt med krav om frådeling og samanføying, eventuelt arealoverføring eller grensejustering.
Departementet er samd i forslaget frå utvalet om at det som hovudregel ikkje skal kunne opprettast anleggseigedom for ein del av ein bygning. Kommunen må ut frå beste skjønn avgjere om eit anlegg skal oppfattast som ein del av ein bygning eller som ei sjølvstendig funksjonell eining. Departementet legg til grunn at å opprette anleggseigedom skal vere ei subsidiær løysing i forhold til å opprette grunneigedom eller eigarseksjon. Anleggseigedom skal til dømes ikkje kunne opprettast når det er meir formålstenleg å opprette eigarseksjonar.
For dei tilfella der eit anlegg delvis blir matrikulert som ein grunneigedom og delvis som ein anleggseigedom, må det liggje føre ei erklæring om at anleggseigedom eller grunneigedom ikkje kan avhendast eller pantsetjast kvar for seg. Det er derfor nødvendig at det på tidspunktet for etablering blir tinglyst slik erklæring både på grunneigedommen og anleggseigedommen.
Utvalet foreslår inga avgrensing når det gjeld talet på nivå ved oppretting av anleggseigedom, slik at det kan liggje to eller fleire anleggseigedommar over kvarandre. Oslo kommune ønskjer at dette blir tydeleg presisert. Departementet meiner dette er formålstenleg handtert i lovforslaget, ved at nye anleggseigedommar kan opprettast, også over eller under eksisterande anleggseigedom(mar), så lenge vilkåra for å opprette eigedommen elles er oppfylte. Det vil også kunne skiljast ut og opprettast ny anleggseigedom for ein del av ein eksisterande anleggseigedom, dersom vilkåra elles er oppfylte.
Justisdepartementet meiner at anleggseigedom i undergrunnen utanfor grensa for privat eigedomsrett, det dei omtaler som «eierløst» område, må kunne opprettast utan at dette blir sett på som ei utskiljing frå eigedommen eller eigedommane på jordoverflata. Departementet støttar Justisdepartementet sitt syn på dette punktet. I eigarlaust område skal anleggseigedom kunne opprettast utan at det må hentast inn samtykke frå overflategrunneigar. Lovforslaget opnar derfor for at anleggseigedom i eigarlaust område skal kunne opprettast utan at det skjer ei formell frådeling, og då etter reglane for matrikulering av umatrikulert grunn, jf. kapittel 20. Dette vil ikkje berre gjelde eksisterande «volum» når lova trer i kraft, men også nye «volum» som blir etablerte på eit seinare tidspunkt.
Departementet tek ikkje her stilling til kor langt eigedomsretten strekkjer seg nedover i undergrunnen. Utstrekninga av eigedomsretten nedover i undergrunnen og oppover i luftrommet er ikkje eintydig bestemt, verken i lovgivinga eller i rettspraksis. Justisdepartementet meiner at det for å opprette anleggseigedom i undergrunnen ikkje bør vere eit vilkår for matrikulering at det er sannsynleggjort eller klart at grunneigar på jordoverflata ikkje kan forby at konstruksjonen blir etablert. Departementet er samd i denne vurderinga. Dei allmenne tingsrettslege reglane gir grunneigar på jordoverflata høve til å ta hand om sine privatrettslege interesser gjennom privat søksmål i høve til den personen som har eller vil etablere anleggseigedommen.
Figur 17.1 til 17.4 viser ulike måtar for å opprette anleggseigedom. Figurane korresponderer med tilsvarande figurar i NOU 1999: 1 s. 174-175, men er omarbeidde i samsvar med forslaget til departementet.
17.2.3 Anleggseigedom i sjø
Anlegg i sjø som er forbunde med land, eller sjøgrunnen rett utanfor, dvs. innanfor områda for den ordinære eigedomsretten til grunn, kan etablerast som anleggseigedom etter same kriterium som gjeld for anleggseigedom på land. Også anlegg i sjøen som er fast og varig knytte til eigarlaus sjøgrunn, dvs. utanfor områda for den ordinære eigedomsretten til grunn, kan etablerast som anleggseigedom. Dette kan f.eks. vere ei fast plassert plattform eller ein konstruksjon som skaper ei kunstig øy. Flytande eller flyttbare innretningar, for eksempel for oppdrettsnæringa, vil falle utanfor denne registreringsordninga.
Moloar vil som regel liggje på grunneigedom og leggje beslag på grunnen på ein slik måte at det ikkje vil liggje til rette for å opprette moloanlegget som eigen anleggseigedom. Bryggjer, kaiar og kaianlegg vil på den andre sida kunne strekkje seg utover annan eigedom eller (eventuelt tidlegare) eigarlaus sjøgrunn på ein slik måte at det vil kunne vere formålstenleg å registrere slike anlegg som anleggseigedom.
Mange innretningar for petroleumsverksemda, f.eks. produksjonsplattformer fast plasserte på sjøbotnen eller rørleidningar, jf. petroleumslova §§ 4-2 og 4-3, tilfredsstiller i utgangspunktet vilkåra for anleggseigedom. Rettar i slike innretningar vil likevel kunne pantsetjast gjennom registrering og pantsetjing av utvinningsløyvet i petroleumsregisteret etter petroleumslova kapittel 6. For å unngå uheldig dobbeltregistrering, foreslår departementet at slike innretningar i utgangspunktet ikkje skal kunne opprettast som anleggseigedom. Departementet foreslår å regulere dette i forskrift til lov om eigedomsregistrering.
Registrering av anleggseigedom i eigarlause sjøområde er ikkje i seg sjølv avgjerande for spørsmålet om eigedomsrett, fordi spørsmålet om eigedomsrett må vurderast ut frå allmenne tingsrettslege reglar. Etter desse reglane vil den som gjer ei lovleg utfylling frå landeigedommen sin ut over eigarlaus sjøgrunn, normalt også få eigedomsretten til sjøgrunnen etter dei ulovfesta reglane om okkupasjon av eigarlaus grunn. Departementet føreset at registrering berre kan skje der dei nødvendige løyva til plassering av anlegget er innhenta.
Figur 17.5 viser ulike måtar for å opprette anleggseigedom i sjø.
17.2.4 Tidspunkt for når anleggseigedom kan opprettast o.a.
Departementet legg vekt på at anleggseigedom blir knytt til ein faktisk konstruksjon, og at matrikkelen slik speglar dei fysiske forholda. Regelverket bør ikkje opne for å matrikulere anleggseigedommar som det er stor sjanse for at ikkje blir realiserte etter føresetnadane. Departementet anbefaler derfor at matrikulering ikkje kan skje før det er gitt løyve om igangsetting, jf. plan- og bygningslova § 95a nr. 2, sjølv om det ut frå reine panteomsyn kunne vere ønskeleg å opprette anleggseigedom før det er gitt byggjeløyve.
Prøving i forhold til plan- og bygningslova kan avsluttast samstundes med at kommunen gir rammeløyve for tiltaket. Forhold kommunen tek stilling til i rammeløyvet er m.a. krav knytte til plassering av bygg mot nabogrense, noko kommunen tek stilling til ved rammeløyve, jf. plan- og bygningslova § 70. Oppretting av anleggseigedom er først og fremst eit verkemiddel for tiltakshavarar som har behov for å byggje seg inn under eller over tilstøytande naboeigedom. Plan- og bygningslova § 70 set forbod mot å byggje på tvers av eigedomsgrenser med mindre det aktuelle tiltaket samtidig blir oppretta som anleggseigedom. Dette og andre materielle vilkår i plan- og bygningslova inneber at kommunen må ta endeleg stilling til behovet og vilkåra for oppretting av anleggseigedom allereie ved tidspunktet for rammeløyve.
Visse tiltak som går ut på oppretting av anleggseigedom vil etter plan- og bygningslova § 93 andre ledd vere unnatekne frå kravet om løyve. Nokre er unnatekne frå kravet om løyve i forskrift til plan- og bygningslova, og nokre er definerte som meldepliktige. Dei som er unnatekne i forskrift til plan- og bygningslova, kan setjast i gang direkte på grunnlag av rettsleg bindande plan etter plan- og bygningslova og etter vedtak av andre styresmaktar i medhald av særlov, utan at kommunen skal gi byggjeløyve. Etter gjeldande forskrift gjeld dette m.a. offentlege veg- og jernbaneanlegg. For desse tiltaka gjeld eit krav om at kommunen skal underrettast om tidspunkt for igangsetting og om løyvet som er gitt etter særlov. Når slik underretning er motteken, kan matrikulering skje. Når det gjeld meldepliktige tiltak, kan desse setjast i gang når meldinga er behandla av kommunen eller når fristen for kommunen si behandling er ute. Desse tiltaka kan derfor matrikulerast når kommunen har motteke meldinga om tiltaket. Utvalet foreslår at anleggseigedommen skal opphøyre å eksistere og falle tilbake til den eller dei grunneigedommane den ligg over eller under, dersom:
eit tiltak ikkje er sett i gang seinast tre år etter at løyvet er gitt,
tiltaket blir innstilt i lenger tid enn to år, eller
ein bygning eller konstruksjon som er oppretta som anleggseigedom, blir fullstendig riven eller øydelagt og ikkje oppført på nytt innan tre år.
Departementet er ikkje samd i dette. Dersom ein anleggseigedom først er etablert, kan det vere påhefta rettar og pant på denne eininga som gjer at den ikkje utan vidare kan opphøyre. Tilsvarande gjeld allereie for eigarseksjonar: Er den først etablert, «fangar bordet». For å fjerne ein anleggseigedom må det skje ei ordinær samanføying med den grunneigedommen anleggseigedommen ligg direkte over eller under. Dette er det opp til partane sjølve å initiere. Det skal i utgangspunktet gå fram av bygningsopplysningane i matrikkelen om anlegget er påbegynt, ferdigstilt eller eventuelt rive.
Departementet støttar forslaget frå utvalet om at eksisterande bygningar og konstruksjonar ikkje utan vidare skal kunne registrerast som anleggseigedom, men at ein også for desse skal søkje om løyve etter plan- og bygningslova § 93 bokstav h. Eit spesielt forhold oppstår likevel i forhold til veg- og jernbanegrunn. Etter lovforslaget § 24 fjerde ledd kan stat, fylkeskommune og kommune stadfeste eigedomsforholdet til veg- og jernbaneformål ved eigenerklæring, jf. kapittel 19. Dette vil gjelde tilsvarande for veg- og jernbanegrunn som ein ønskjer oppretta som anleggseigedom.
Departementet foreslår, i motsetning til utvalet, at det skal kunne gjerast grensejustering og arealoverføring for anleggseigedom. Straks ser vi at sjølve omgrepet «arealoverføring» passar dårleg i forhold til slike tredimensjonale eigedomseiningar som anleggseigedom er. Det er likevel ikkje vanskeleg å sjå for seg at det kan oppstå behov for å justere grensene mellom to eigedommar også når ein eller begge eigedommane er anleggseigedom. Tilsvarande kan det også tenkjast behov for å overføre delar mellom tilgrensande eigedommar, der ordninga med arealoverføring kan representere rasjonelle og formålstenlege løysingar. F.eks. vil det for anleggseigedom i undergrunnen kunne oppstå behov for å få tilført delar av ein tilgrensande anleggseigedom, eller delar av grunneigedom som ligg over. Bruken av grensejustering og arealoverføring som involverer anleggseigedom («volumoverføring»), må regulerast nærare i forskrift.
17.2.5 Krav om løyve etter plan- og bygningslova, konsesjon
Å opprette anleggseigedom krev alltid løyve etter plan- og bygningslova § 93 bokstav h. I tillegg er anleggseigedom også fysisk sett ein bygning eller konstruksjon som det normalt krevst løyve etter plan- og bygningslova § 93 bokstav a for å føre opp, på linje med oppføring av alle slag bygningar eller konstruksjonar.
Høvet til å matrikulere eksisterande anlegg som anleggseigedom kan vere hindra av påbod som gjeld anlegget, og som tidlegare er gitt anten etter plan og bygningslov eller etter særlov. F.eks. kan det vere sett krav om at eit underjordisk anlegg skal stengjast grunna miljøforhold eller at bruken av anlegget kan medføre fare eller særleg ulempe jf. plan- og bygningslova §§ 68 og 80.
Vilkåra for å opprette anleggseigedom i lovforslaget § 11 må vere oppfylte før løyve kan givast etter plan- og bygningslova § 93 bokstav h, jf. plan- og bygningslova § 63. Ein anleggseigedom skal ikkje stride mot lov, forskrift, vedtekt eller rettsleg bindande plan. Dessutan føreset plan- og bygningslova § 95a nr. 2 at løyve til igangsetjing ikkje kan givast før eventuelle løyve frå andre styresmakter ligg føre. Kommunen må følgjeleg sjå til at alle dei styresmaktene som er nemnde i plan- og bygningslova § 95 nr. 2, har gitt sitt samtykke før det blir gitt løyve til igangsetting.
Departementet ser at det i samband med etablering av anleggseigedom i visse saker kan vere behov for tredimensjonale reguleringsplanar. Slike planar kan bli framstilte som eit vertikalt tverrsnitt av den eller dei eigedommane som det skal byggjast på. Dette på grunn av behovet for å fastsetje eitt eller fleire reguleringsformål angitt med ein avgrensing oppover i lufta eller nedover i undergrunnen. Dette kjem i tillegg til den geografiske avgrensinga som må gjerast på jordoverflata. Departementet har ikkje sett behov for å utvide heimelsgrunnlaget for rettsleg bindande planar etter plan- og bygningslova for å dekkje reguleringsformål angitt i eit 3-dimensjonalt perspektiv. Alle reguleringsformål som er angitt som «flate» i eit reguleringskart, vil normalt gjelde eit bestemt eller ubestemt volum som strekkjer seg eit stykke oppover i lufta og nedover i grunnen.
Lovavdelinga i Justisdepartementet har i uttale 18. september 1987 konkludert med at konsesjonslova i prinsippet også gjeld ved tileigning av undergrunn. Dei nærare kriteria for når konsesjonsplikt blir utløyst er likevel ikkje utgreidde pr. i dag. Det kan derfor ikkje utan vidare, slik utvalet gjer, takast utgangspunkt i arealet av projeksjonen på jordoverflata når konsesjonsgrensene for ein anleggseigedom skal fastsetjast. Konsesjonsgrensene må avgjerast av konsesjonsstyresmaktene ut frå den enkelte saka.
18 Matrikulering av festegrunn
18.1 Innleiing
Omgrepet «festegrunn» er etter definisjonen i lovforslaget § 5 bokstav e del av grunneigedom eller jordsameige som nokon har festerett til eller som kan bli fest bort, eller som nokon har ein tilsvarande eksklusiv og langvarig bruksrett til. Omgrepet «festegrunn» føreset at det dreier seg om del av grunneigedom, men ikkje at det ligg føre ein festekontrakt. Omgrepet «festerett» blir på den andre sida nytta når nokon har kontraktfesta rett til å feste grunn både når leigeforholdet gjeld heil grunneigedom eller «festegrunn».
Departementet sluttar seg til utvalet si utgreiing om gjeldande rettstilstand i NOU 1999: 1 kap. 22.
18.2 Forslaget frå utvalet
Utvalet foreslår å innføre matrikuleringsplikt for feste av tomt til bustad, fritidshus eller næringsbygg. Vidare blir det foreslått å etablere matrikuleringsrett for leige av grunn til anna formål dersom leigeavtala varer 10 år eller meir.
Utvalet foreslår plikt til å halde oppmålingsforretning ved innløysing av festerett, når det samtidig skal opprettast ny grunneigedom. Det skal etter forslaget ikkje krevjast ny grensemerking eller måling, dersom det ligg føre målebrev (eller tilsvarande) for festegrunnen. Vidare foreslår utvalet matrikuleringsplikt ved fornying av festekontrakt som gjeld areal som ikkje tidlegare er matrikulert.
Utvalet meiner lova bør få utfyllande forskrifter som fastset differensierte krav til merking og måling, avhengig av omfang og karakter på festeforholdet. Kommunen skal få høve til å krevje at grensene for festerett blir fastlagt når det er klart at festeretten skal gjelde eit bestemt areal.
Det skal i alle tilfelle liggje føre løyve etter plan- og bygningslova før det kan opprettast ny festegrunn. Utvalet foreslår at kommunane framleis kan krevje at areal blir frådelt som grunneigedom i staden for å bli oppretta som festegrunn.
18.3 Merknader frå høyringsinstansane
Eit tjuetal kommunar ser ikkje nokon grunn til å føre vidare ordninga i dag med festegrunn som eigen type matrikkeleining. Storkommunegruppa for kart og oppmåling er mellom dei som meiner dette:
«Om det i tillegg til eiendomsrett også knyttes festerett til eiendom, vil dette framgå av grunnboken. (et annet forhold er om en gjennom matrikkelen ønsker å stedfeste rettigheter i sin alminnelighet. Det er imidlertid et spørsmål om oppmålingsplikt). Storkommunegruppen vil i denne forbindelse minne om at det ikke er noe til hinder for å feste bort hele grunneiendommer. Allerede ved delingsloven ble det reist spørsmål om å fjerne festegrunn (i betydning festenummer) som egen matrikkelenhet. Storkommunegruppen vil derfor tilrå at areal som festes bort som total bruksrett mest tjenlig kan etableres gjennom deling og registrering som grunneiendom.»
Nokre høyringsinstansar har peikt på behovet for unnatak frå kravet om oppmålingsforretning for visse spesielle anlegg og innretningar. Direktoratet for naturforvaltning har peikt på behov for unnatak når det gjeld avtaler om bruksrett i samband med bruk av grunn til friluftsformål. På slike areal blir oppført enkle innretningar som buer, leskur, gapahukar, ljørbuer eller liknande. Direktoratet uttaler:
«I praksis har det vist seg at slike bruksrettsavtaler har blitt nektet tinglysning under henvisning til delingslovens § 2-1 med krav om kartforretning av festeforhold med varighet over 10 år. Dette kan skape betydelige problemer for oppretting av slike bruksrettsavtaler fordi kartforretning kan bli en dyr affære for tiltakshaver. Det kan i denne sammenheng også nevnes at det stilles vilkår om tinglysing av slike avtaler for tildeling av statlige tildelingsmidler.»
Det har elles ikkje komme inn avgjerande merknader frå høyringsinstansane si side.
18.4 Departementet si vurdering
18.4.1 Spørsmålet om delingsplikt for festegrunn
Departementet har vurdert om det bør innførast ei generell plikt til å opprette grunneigedom (krav om ordinær frådeling) for areal som skal festast bort. Etter plan- og bygningslova § 95 nr. 5 kan kommunen ved bortfeste av eining for meir enn 10 år setje som vilkår for løyvet at festeeininga blir oppretta som eigen grunneigedom. Denne ordninga er praktisert i fleire kommunar. Ein fordel med dette er at det ikkje må opprettast ny grunneigedom dersom festaren kjøper eller løyser inn festegrunnen. Vidare oppnår ein eit meir konsist og oversiktleg register og eigedomskart. Departementet har til liks med utvalet komme til at det ikkje finst tilstrekkeleg grunn til å innføre ei generell delingsplikt, m.a. fordi det allereie eksisterer eit monaleg tal festegrunnar med eige festenummer, som uansett må handterast i kart og registersamanheng. Utvalet viser til ordninga med punktfeste som vanskeleg kan opprettast som eigen grunneigedom. Det kan også vere formålstenleg å opprette festegrunn, framfor grunneigedom, når det er viktig å understreke at festegrunnen skal høyre til grunneigedommen som eit varig utleigeobjekt og inntektsgrunnlag. Det er også døme på at sameige nyttar festeforma når den enkelte sameigar skal ha eksklusiv rett til delar av sameiget. Ved å nytte festenummer framfor eige bruksnummer blir det klarare for brukarane av matrikkelen kva grunneigedom festegrunnen «høyrer til».
Det er lagt til grunn at ein framleis må søkje om løyve etter plan- og bygningslova for å gjere om festegrunn til grunneigedom. Dette vil ofte vere kurante saker. Når festeforholdet er slik at arealet ikkje lengre kan seiast å vere del av ein bestemt grunneigedom, bør arealet normalt skiljast ut som eigen grunneigedom og få eige bruksnummer.
18.4.2 Matrikuleringsplikta
Utvalet foreslår å avgrense plikta til oppmålingsforretning og matrikulering til berre å gjelde feste av tomt til bustad, fritidshus og næringsbygg. Siktemålet har vore å innføre ein avgrensing av «feste» som er samanfallande med tomtefestelova og plan- og bygningslova.
Forslaget var meint å fange opp dei festeforholda som har ein viss rettsverknad, dvs. dei festeforholda der festar er sikra varig og eksklusiv disposisjonsrett, og der det offentlege har behov for å registrere forholdet m.a. med tanke på innkrevjing av kommunale avgifter, eigedomsskatt, varsling om tiltak, osv.
Departementet er ikkje samd i forslaget frå utvalet om avgrensing av matrikuleringsplikta. Det er for eksempel vanskeleg å føre «bygning for offentleg verksemd» inn under omgrepet «næring». Ei opprekning av omgrep eller formål er neppe eigna til å klargjere matrikuleringsplikta, m.a. plikta til å halde oppmålingsforretning. Sjølv om ein eventuelt føyer til «bygning for offentleg verksemd» i lovteksten er det framleis lett å finne eksempel på einingar som fell utanfor, samstundes som det er behov for oppmålingsforretning og matrikkelføring.
Etter departementet si vurdering har «10-årsregelen» i delingslova og plan- og bygningslova regulert dette forholdet på ein klar måte. Nærare bestemt fastset delingslova i § 2-1 andre ledd kartforretningsplikt «før del av grunneiendom festes bort for mer enn 10 år». Tilsvarande fastset plan- og bygningslova § 93 bokstav h søknadsplikt «ved opprettelse av enhet som kan festes bort i mer enn 10 år». Departementet er klar over at det, særleg rett etter at delingslova blei sett i verk, i praksis var noko tvil om skjeringspunktet for 10-årsregelen. Den nye ordlyden (kan gjelde i meir enn 10 år) som heretter blir gjennomgåande i både plan- og bygningslova, tomtefestelova og dette lovforslaget, gjer det klart at all oppretting av festegrunn for meir enn 10 år, inklusive forlenging av festeforhold som etter sitt grunnlag kan bli fest bort i meir enn 10 år, skal førast i matrikkelen etter føregåande oppmålingsforretning.
I tillegg har unnataksføresegna i forskrift til delingslova §§ 2-1 og 3-1 skapt noko tvil, jf. forskrifta punkt 1.4 der følgjande er unnateke frå plikta til å halde kartforretning: «forpaktningsavtale, leie av grunn for oppsetting av transformatorer eller lignende tekniske innretninger, [og] leie av grunn for oppføring av enkle bygninger for oppbevaring av fôr eller redskap, eller for midlertidig opphold i forbindelse med ervervsmessig fiske, fangst, reindrift, jord- eller skogbruk.»
I utgangspunktet er det vanskeleg å finne andre metodar for å regulere unnatak enn å liste desse opp, sjølv om det i praksis lett kan oppstå tilfelle som reint faktisk kan likestillast, men som fell utanfor opprekninga. Departementet anbefaler å regulere dette gjennom forskrift til lova. I forskriftsarbeidet vil det m.a. måtte vurderast om det kan gjerast unnatak for slike avtaler om bruksrett som Direktoratet for naturforvaltning nemner. Departementet vil leggje vekt på behovet for å få registrert og kartfest anlegg og tiltak av varig karakter.
18.4.3 Matrikuleringsretten
Departementet foreslår at leigeforhold for kortare tid enn ti år ikkje skal kunne matrikulerast. Ut over dette har departementet ikkje sett behov for å avgrense retten til å matrikulere festeforhold. Festeforhold skal framleis ikkje kunne matrikulerast utan at det ligg føre løyve etter plan- og bygningslova § 93 bokstav h, og at det er halde oppmålingsforretning.
Departementet meiner at bruksrett til areal som varer like lenge og har same karakter som festerett bør kunne matrikulerast uavhengig av om det er inngått festekontrakt eller ikkje. Dette vil truleg berre gjelde for eksisterande forhold som fell inn under føresegna i § 13 om matrikulering av umatrikulert grunneigedom og festegrunn. Det er som nemnt ikkje stilt vilkår om at det skal liggje føre festekontrakt på det tidspunktet då festegrunnen blir oppretta i matrikkelen eller får eige blad i grunnboka.
18.4.4 Festar sin rett til å krevje matrikkelføring
Departementet har tolka føresegna i delingslova § 2-1 slik at ein festar ikkje utan fullmakt frå grunneigaren kan krevje kartforretning over del av festetomt, og såleis åleine opprette ei ny festetomt for framfeste. Lova er likevel ikkje tydeleg på dette, og i praksis blir spørsmålet behandla ulikt. M.a. finst det eksempel på at grunneigar ikkje er blitt innkalla til forretninga. Dette har ført til at det er oppretta ny festegrunn i grunnboka som grunneigaren står som eigar av, men utan at han er gjort kjent med forholdet.
Departementet si forståing av delingslova på dette punktet blir presisert og ført vidare, jf. lovforslaget § 17 første ledd, bokstav b. Festar kan berre krevje matrikkelføring av oppmålingsforretning over dei eksisterande grensene, men ikkje andre typar oppmålingsforretning.
18.4.5 Innløysing av festegrunn og fornying av festekontrakt
Departementet meiner til liks med utvalet at det alltid bør haldast oppmålingsforretning ved innløysing av festegrunn. Det synest ikkje formålstenleg at matrikkelførar registrerer ny grunneigedom, som innløysing inneber, utan at forholdet har vore vurdert av eit landmålarføretak. Det er likevel ikkje nødvendig å merkje og måle grensene på nytt dersom dei er nøyaktig fastlagt frå før. I slike tilfelle krevst det at føretaket godtgjer at grensene for den nye grunneigedommen er i samsvar med tidlegare målebrev. Det er ikkje nødvendig med oppmålingsforretning ved innløysing av feste som gjeld heil grunneigedom som er målt opp i tidlegare oppmålingsforretning eller tilsvarande forretning etter anna eller tidlegare lovgiving.
Til liks med utvalet erkjenner departementet at ein god del festetomter, særleg for hytter, ikkje er matrikulerte, men f.eks. berre tinglyste som hefte på vedkommande grunneigedom. Departementet foreslår derfor, som utvalet, at det blir innført matrikuleringsplikt ved forlenging for meir enn 10 år av festekontrakt til umatrikulert festegrunn, jf. lovforslaget § 12, jf. også § 13. Matrikulering vil normalt også vere ein fordel for festar og grunneigar. Matrikulering er m.a. ein føresetnad for å få eige grunnboksblad for festegrunnen.
18.4.6 Punktfeste
Punktfeste inngår i omgrepet festegrunn. Feste av grunn til bustad eller hytte i form av punktfeste gir berre eksklusiv bruksrett til grunnen under husa, og ikkje til ytterlegare areal. Dersom ein i ettertid ønskjer å feste ubygd areal, må dette behandlast på ordinær måte med løyve frå kommunen etter plan- og bygningslova, og med oppmålingsforretning for grensene. Slikt løyve med etterfølgjande oppmålingsforretning er også nødvendig når eit punktfeste skal løysast inn.
All rett til eksklusiv bruk av eit bestemt areal, medfører behov for å registrere grensene på ordinær måte. Departementet foreslår derfor ei føresegn i plan- og bygningslova § 95 nr. 5, om at kommunen kan stille som vilkår for å kunne opprette ny eining at grensene blir fastlagt i oppmålingsforretning. Punktfeste har pr. definisjon ingen grenser, og eventuelle avtaler mellom grunneigar og festar som beskriver grenser for eininga, kan derfor ikkje refererast i matrikkelen og dermed heller ikkje tinglysast, jf. forslag til § 19. Tomtefestelova gir ein avgrensa rett knytt til fjerning av tre innafor eit areal på eitt dekar «medrekna der huset står og høvelig avrunda etter tilhøva på staden», jf. tomtefestelova § 16 første ledd, utan at dette medfører behov for å fastsetje grenser.
19 Offentleg veg- og jernbanegrunn
19.1 Forslaget frå utvalet
Utvalet går i det alt vesentlege inn for å føre vidare gjeldande ordningar for forretning og registrering av grunn til offentleg veg og jernbane, med nokre justeringar. Grunn til offentleg veg- og jernbaneformål skal vanlegvis berre registrerast i matrikkelen. Behovet for tinglysing meiner utvalet bør vurderast i det enkelte tilfelle, og berre gjerast dersom vedkommande styresmakt sjølv ønskjer det. Ordninga med eigenerklæring for eigedomsrett blir ført vidare både for registrering i matrikkelen og ved tinglysing. Ordninga med automatisk pantefråfall i areal som inngår i offentleg veg- eller jernbanegrunn blir ført vidare. Statens vegvesen og Jernbaneverket skal kunne utføre oppmålingsforretningar med eige personale, men berre dersom dei har løyve. Kravet i delingslova om at dette skal vere avtalt med den enkelte kommune blir opphevd. Sjå elles NOU 1999: 1 kap. 23.
19.2 Merknader frå høyringsinstansane
Jernbaneverket er samd i at spesialordninga har fungert bra og at den bør førast vidare og utvidast til også å gjelde anleggseigedom. Statens vegvesen har heller ikkje merknader til gjeldande ordning.
Luftfartsverket har i sin høyringsuttale teke til orde for at desse omsyna også gjer seg gjeldande i forhold til deira trafikkområde. Dei uttaler at også deira areal er offentlege trafikkområde, og at desse areala etter deira oppfatning bør behandlast på like fot med trafikkområde knytte til veg og jernbane.
19.3 Departementet si vurdering
Statens vegvesen og Jernbaneverket inngår avtaler om kjøp av grunn frå eit monaleg tal eigedommar i løpet av eit år. Sakene er særprega ved at dei ofte får verknad på mange eigedommar, anten det er nyanlegg, utviding av eksisterande veg og jernbaneanlegg, eller grunn til gang- og sykkelvegar.
Departementet går inn for at grunn til offentleg veg og jernbane berre skal registrerast i matrikkelen, unnateke når styresmaktene sjølve har behov for å opprette eige blad i grunnboka for bestemte areal, jf. forslag til § 24 fjerde ledd. Registrering i matrikkelen gir tilfredsstillande opplysning om eigedomsretten, og veg- og jernbaneverka har sjeldan behov for å tinglyse pant eller andre rettar i sine eigedommar. Private og andre som har behov for opplysningar om slike eigedommar, vil ha tilfredsstillande innsyn ved tilgang til matrikkelen.
Omsynet til publisitet og ettervising synest å vere godt nok teke vare på ved registrering i matrikkelen. Også administrative omsyn tilseier at tinglysinga ikkje bør påleggjast slike saker.
Departementet er ikkje samd i å la spesialordninga for veg og jernbane gjelde også for lufthamner. Anlegg for luftfart må samanliknast med andre utbyggingstiltak som brer seg utover i form av større flater, og ikkje langstrekte anlegg som veg og jernbane. Vidare driv ikkje Luftfartsverket systematisk tileigning av grunn så ofte som særleg Statens vegvesen gjer det. Blir anlegg for luftfart tekne med i særordninga vil nettopp omsynet til likebehandling gjere det vanskeleg å avgrense særordninga i forhold til andre sektorar. I tillegg kjem at Luftfartsverket frå 1. januar 2003 er gjort om til statleg aksjeselskap under namnet Avinor AS.
Departementet meiner grunn som ikkje inngår i offentleg veg- eller jernbanegrunn, bør behandlast etter dei ordinære reglane for eigedomsregistrering og tinglysing. Det gjeld for eksempel når vegstyresmaktene tileignar seg grunn til bygningar, tekniske anlegg, bussterminalar, areal for lager, garasjeanlegg osv. som ikkje er ein del av det ordinære veganlegget. Busslomme, parkeringsplass, rasteplass, plass for vektkontroll, snuplass og liknande høyrer likevel til veganlegget. Departementet understrekar at det berre er grunn som skal eigast av Jernbaneverket som kan reknast som offentleg jernbanegrunn og som dermed kan behandlast etter dei spesielle reglane. Areal overført til NSB BA må normalt behandlast etter dei generelle reglane i lova.
Ved tileigning av grunn til utviding av eksisterande veg eller jernbane kan vedkommande styresmakt også bruke ordninga med grensejustering eller arealoverføring, men i begge tilfelle skal forretninga berre noterast i matrikkelen.
Departementet går inn for å føre vidare ordninga med bruk av eigenerklæring for eigedomsrett ved registrering i matrikkelen. Føresegn om dette er innarbeidd i lovforslaget § 24 fjerde ledd. For bruk av eigenerklæring ved tinglysing gjeld tinglysingslova § 38b som før.
Departementet foreslår at ordninga som er heimla i pantelova § 1-11 om at pant fell bort i grunn som stat, fylkeskommune eller kommune tileignar seg til offentleg veg eller jernbane, blir ført vidare.
Som nemnt ovanfor har Statens vegvesen i monaleg omfang sjølv utført kartforretningar i samband med tileigning av grunn til riks- og fylkesveg. Dette er i dag basert på avtale med den enkelte kommunen. I kommunar som fører vidare ordninga med oppmålingsforretningar som kommunalt eineansvar etter § 38 femte ledd, vil dette framleis skje på vegner av kommunen og må baserast på avtale med kommunen som i dag. Lovforslaget opnar for at alle organ, statlege eller fylkeskommunale, heretter kan nytte private føretak eller etablere eigne føretak til å utføre oppmålingsforretningar. I kommunar med fritt landmålarval kan dette skje uavhengig av særskilt avtale med den enkelte kommunen.
Avståing av grunn til veg og jernbane skal skrivast inn i matrikkelen så snart det er halde oppmålingsforretning. Departementet vil i tillegg vurdere om omsynet til publisitet krev at slik avståing skal registrerast i matrikkelen allereie når vedtak om avståing får verknad eller når tileigning av grunnen er gjennomført. Ofte tek det fleire år frå tileigning av grunnen eller vedtak om dette finn stad, og fram til den tid veg- eller jernbaneanlegget står ferdig. I mellomtida kan eigedommen skifte eigar utan at det kjem fram i noko register at eigedommen har minka i arealomfang, og utan at det heller er synleg i marka. Slik førehands-registrering treng likevel ikkje vere særleg utfyllande, korkje med omsyn til nøyaktig kartfesting eller arealomfang. Føresegner om slik førehands registrering av grunn til veg eller jernbane, kan eventuelt givast med heimel i §§ 15, 16, 22 eller 25.
20 Matrikulering av umatrikulert grunn
20.1 Innleiing
Med umatrikulert grunn er det sikta til eksisterande einingar som av forskjellige grunnar ikkje er blitt tildelte registernummer og såleis ikkje er registrerte i GAB-registeret, og med det heller ikkje i grunnboka. Det største talet er offentlege vegar, parkar, kyrkjegardar, fjellområde, og annan grunn i offentleg eige. Men det finst umatrikulert grunn i privat eige òg.
Etter delingslova § 4-1 andre ledd kan eksisterande uregistrert grunneigedom eller festegrunn få tildelt registernemning.
20.2 Forslaget frå utvalet
Utvalet går inn for at gjeldande ordningar i det alt vesentlege blir førte vidare og foreslår ei eiga føresegn i lovutkastet § 20 (jf. lovforslaget § 13). Utvalet meiner det er ein fordel at alle grunneigedommar og festegrunnar er matrikulerte, og peiker på følgjande (NOU 1999: 1 s. 186):
«Behovet for matrikulering oppstår for eksempel ved eierskifte, eller når vedkommende eier eller fester vil oppta lån mot tinglyst pant i eiendommen. Kommunene har av flere grunner behov for oversikt over alle grunneiendommer og festegrunner, blant annet for å kunne varsle om ulike tiltak, og for innkreving av kommunale avgifter. Matrikulering av uregistrerte festegrunner for hytter har ofte blitt utløst i forbindelse med innføring av tvungen renovasjon i hytteområder. For utlikningen av skatt på boliger og hytter er det en fordel at disse er nummerert i det ordinære systemet.
Det stiller seg imidlertid noe annerledes når det gjelder veger og andre arealer i offentlig eie, der eieren til vanlig ikke har behov for å beskytte eiendomsretten gjennom tinglysing av hjemmel, ikke har behov for å tinglyse pant eller andre rettigheter i enheten, og eiendommene heller ikke belastes med offentlige avgifter eller skatt. Det er imidlertid hensiktsmessig at også disse arealene er tildelt ordinære matrikkelnummer og vist i eiendomskartet, både for den interne forvaltningen av egne eiendommer, og for informasjon utad.
Innføring av kart som del av matrikkelsystemet medfører et eget behov for at alle eiendomsenheter er identifisert. Det er ofte hensiktsmessig å søke seg frem til data ved å peke på bestemte arealer i kartet.»
Utvalet går inn for at anleggseigedom ikkje kan matrikulerast etter regelen i lovutkastet § 20, og peiker på følgjande (NOU 1999:1 s. 188):
«En legger her til grunn at det i prinsippet ikke skal finnes eksisterende uregistrert anleggseiendom. Muligheten for å skape slike eiendommer etableres først gjennom matrikkelloven. Dersom det ønskes opprettet anleggseiendom for en eksisterende konstruksjon, må det søkes om tillatelse etter § 93 bokstav h i plan- og bygningsloven, som for opprettelse av ny eiendom.»
Utvalet føreset at grunneigedommar og festgrunnar som blir matrikulerte etter lovutkastet § 20 får tildelt ordinære matrikkelnummer innanfor det gards- og bruksnummeret arealet ligg, eventuelt at det for veg- og jernbanegrunn blir tildelt nytt gardsnummer. Føresegner om nummerering blir nærare fastlagt i forskrift, men utan at noverande praksis blir vesentleg endra.
20.3 Merknader frå høyringsinstansane
Bortsett frå Jernbaneverket er det ingen høyringsinstansar som uttaler seg om forslaget frå utvalet til matrikulering av umatrikulert grunneigedom og festegrunn.
Jernbaneverket er samd med utvalet i at det er tilstrekkeleg at grensene for desse einingane blir angitt på tilfredsstillande kart, og meiner at strengare krav kan føre til at matrikulering ikkje blir gjennomført på grunn av kostnadene.
20.4 Departementet si vurdering
Departementet støttar forslaga og vurderingane frå utvalet når det gjeld matrikulering av umatrikulert grunneigedom og festegrunn.
For anleggseigedom har departementet vurdert nærare om føresegnene for matrikulering av umatrikulert grunn også bør gjelde eventuelle eksisterande umatrikulerte anlegg som ligg i såkalla «eigarlaust» område. I slike tilfelle vil det m.a. vere funksjonelle og tekniske krav som må prøvast, slike som vegutløysing, vassforsyning og avløp. Etter ei samla vurdering bør derfor søknadsplikta i medhald av plan- og bygningslova § 93 bokstav h gjelde.
Etter lovforslaget § 6 første ledd bokstav b skal det alltid haldast oppmålingsforretning før matrikulering av grunneigedom eller festegrunn kan skje. Departementet legg vekt på at oppmålingsforretning for umatrikulert grunneigedom eller festegrunn ikkje skal vere omfattande og foreslår at det er tilstrekkeleg at grensene blir oppteikna på særskilt kart godkjent for slik bruk (jf. lovforslaget § 34 tredje ledd), dvs. utan at dei blir klarlagt i detalj og målt opp.
Kravet om oppmålingsforretning inneber elles at slike saker får ei meir formalisert og grundig behandling enn kva som er tilfelle etter gjeldande føresegner. Det blir m.a. vist til at krav om varsling av partar til forretninga, at forretninga ikkje kan gjennomførast utan at partane aksepterer resultatet av den, og at kommunen skal sende kopi av matrikkelbrevet til naboar og andre aktuelle partar, også gjeld i samband med matrikulering av umatrikulert grunneigedom og festegrunn.
Etter lovforslaget § 9 bokstav i må den som sett fram krav om matrikulering av umatrikulert grunneigedom eller festegrunn kunne gjere det sannsynleg at vedkommande eig eller fester vedkommande areal aleine eller saman med andre.
Departementet foreslår i same føresegna å presisere at staten, fylkeskommunen og kommunen har generell heimel til å setje fram krav om matrikulering av umatrikulert grunneigedom eller festegrunn. Utvalet går ut frå at det offentlege har slik heimel også i dag. Departementet nøyer seg med å vise til den sikre heimelen kommunen har til å få registrert umatrikulert eigedom, jf. delingslova § 4-1 andre ledd. Vedkommande offentlege etat må dekkje kostnadane med slike matrikuleringar, inklusive tilhøyrande oppmålingsforretningar.
Departementet foreslår å forenkle reglane for kunngjering. Dei generelle reglane for prosedyre ved oppmålingsforretning vil gi tilfredsstillande informasjon til dei som eventuelt måtte ha innvendingar til matrikuleringa. Lovforslaget § 13 inneber at eining berre kan førast inn i matrikkelen, og at tinglysing berre kan skje, dersom vedkommande eining er lovleg oppretta og eigar- og eventuelt festarforhold er avklart.
21 Registrering av jordsameige
21.1 Gjeldande rett og praksis
Med jordsameige er meint grunnareal som ligg i sameige mellom fleire grunneigedommar, og der sameigedelane inngår i grunneigedommane (NOU 1999: 1 kap. 25). Jordsameige er etter gjeldande rett ikkje definerte som eigne registereiningar, og stort sett heller ikkje behandla slik i praksis. Den registreringa som har gått føre seg, har vore ueinsarta og for så vidt på sida av systemet, jf. også NOU 1999: 1 kap. 10.5.3.
På kart blir jordsameige identifiserte på ulike måtar, f.eks. «sameige for gnr. bnr. mfl.». Likevel er karta generelt ufullstendige for område over barskoggrensa, der ein stor del av sameigeareala ligg. For jordsameige behandla av jordskifteretten vil det likevel ofte liggje føre kart.
Regelverket føreset på mange vis at alle areal er særskilt registrerte. Når eit jordsameige ikkje er det, fell transaksjonar i tilknyting til desse areala i enkelte tilfelle heilt eller delvis utanfor det systemet som er meint å skulle ta seg av dette. Det kan ha uheldige konsekvensar. Til dømes vil ein bruksrettshavar i eit jordsameige som vil tryggje retten sin gjennom tinglysing, måtte påføre dette på grunnboksblada til alle dei eigedommane som har del i sameiget. Frådeling og nummerering av for eksempel hyttetomter, som grunneigedom eller festegrunn, i jordsameige skjer også etter ein ueinsarta praksis, og er problematisk.
Del i jordsameige vil vere pantsett saman med den grunneigedommen som har delen. Vidare kan delen ikkje bli skilt frå grunneigedommen utan at det skjer ei formell frådeling. Eit jordsameige kan derfor seiast å vere matrikulert sjølv om det ikkje er tildelt eige matrikkelnummer, ved at det inngår i eigedommar som har del i det og som kvar for seg er særskilt matrikulerte.
21.2 Forslaget frå utvalet
21.2.1 Innleiing
Utvalet legg til grunn at det dreier seg om å registrere eksisterande sameige, og at det er lite aktuelt å opprette nye jordsameige. Nye sameige der delane skal vere varig knytte til andre eigedommar, bør etter utvalet si meining opprettast som særskilt matrikulert grunneigedom, der tilknytinga til andre eigedommar blir sikra gjennom tinglysing. Utvalet utelukkar likevel ikkje heilt at det kan vere aktuelt å lage nye jordsameige, for eksempel i samband med jordskifte.
Ved at jordsameige blir registrerte i matrikkelen vil dei fleste behov bli dekte, utan at det alltid vil vere nødvendig å opprette grunnboksblad. Utvalet foreslår derfor at det ikkje skal vere plikt til å opprette grunnboksblad for jordsameige som er registrerte i matrikkelen. I tråd med dette foreslår utvalet å skilje mellom krav for innføring i matrikkelen og grunnboka. For å stimulere til at jordsameige blir registrerte i matrikkelen, foreslår utvalet at kommunen ikkje skal kunne krevje gebyr for matrikkelføring av jordsameige (jf. lovutkastet § 43 første ledd).
Utvalet understrekar at forslaget ikkje inneber ei realitetsendring med omsyn til rettsforholda. Gjeldande avgrensingar, for eksempel med omsyn til pantsetjing og omsetning, vil gjelde framleis, sjølv om jordsameiga blir registrerte som eigne einingar i matrikkelen og grunnboka.
Utvalet legg fram forslag til føresegner om registrering av jordsameige i lovutkastet § 21. Utvalet foreslår at departementet skal kunne gi nærare forskrifter.
21.2.2 Registrering i matrikkelen
Utvalet meiner det er tilstrekkeleg at éin av dei påståtte deleigarane står bak kravet om registrering av jordsameige i matrikkelen. Med den grunngivinga at det offentlege har ei klar interesse i å få jordsameige registrerte i matrikkelen, foreslår utvalet at også staten, fylkeskommunen og kommunen skal kunne ta slikt initiativ.
Før jordsameige skal kunne registrerast i matrikkelen, går utvalet inn for at det skal haldast oppmålingsforretning eller sak for jordskifteretten. Når det gjeld kva krav som bør gjelde til klarlegging av grensene under ei slik oppmålingsforretning, uttaler utvalet følgjande (NOU 1999: 1 s. 193):
«Siden det ofte er store arealer vil et krav om full klarlegging, merking og måling i mange tilfeller bli så dyrt at registrering ikke vil bli krevd. Utvalget mener at det er viktig å få registrert jordsameiene, og at det for de fleste formål vil være tilstrekkelig at jordsameier blir angitt på tilfredsstillende kart. Utvalget går derfor inn for at oppmålingsforretning for registrering av jordsameie kan gjennomføres uten merking og måling av grensene (lovforslaget § 8, første ledd).»
Utvalet foreslår at jordsameige skal kunne registrerast i matrikkelen utan at det er fullstendig avklart kven som har del i det, og at det skal vere tilstrekkeleg at det er sannsynleggjort at eininga er eit jordsameige. Landmålar skal likevel så langt råd er klarleggje kven som har del i det og kor store delane er.
Utvalet kan ikkje sjå at registrering i matrikkelen vil føre til at nokon mister rettar, og uttaler (NOU 1999: 1 s. 193 nedst):
«Tvert om vil registrering føre til en mer betryggende oversikt over forholdene, både arealmessig og med hensyn til eierforhold. Registrering i matrikkelen hindrer ikke at parter når som helst tar opp spørsmålet om andel, for eksempel ved å kreve rettsutgreiing for jordskifteretten. En viser også til lovforslaget § 30 om partenes adgang til å kreve retting av matrikkelen.»
Dersom det er tvist om det er eit jordsameige eller ikkje, meiner utvalet at forretninga må avsluttast utan innføring i matrikkelen. Utvalet foreslår at landmålar som vilkår for registrering av jordsameige skal erklære at ingen har motsett seg dette.
21.2.3 Tinglysing
Når det gjeld truverdet til grunnboka, skal ein tredjemann kunne stole på at den som står oppført med heimel er den som har den rettslege disposisjonsretten over eininga (positivt truverde). Den andre sida av dette er at ein ikkje treng å halde seg til andre eigarar enn dei som er oppførte i grunnboka (negativt truverde).
Utvalet har vurdert kor vidt det bør krevjast ei fullstendig avklaring av heimelsforholda i samband med registrering av jordsameige i grunnboka, og uttaler (NOU 1999: 1 s. 149):
«I en god del tilfeller vil det ikke uten videre være klart hvem som har andel i et jordsameie. En fullstendig liste vil kanskje ikke være mulig å lage uten å gå vegen om en eller flere langvarige rettssaker. På denne bakgrunn kunne en tenke seg et alternativ der grunnboka ikke gis negativ troverdighet med henhold til hjemmelsforhold for jordsameier. Utvalget har imidlertid kommet til at det vil være uheldig og forvirrende om grunnboka gis ulik troverdighet for ulike matrikkelenheter, og mener det må kreves en fullstendig og betryggende avklaring av hjemmelsforholdene i forbindelse med en registrering i grunnboka, slik at både positiv og negativ troverdighet opprettholdes.»
Under ei oppmålingsforretning vil ikkje eigarforholda kunne avklarast med bindande verknad. Før det kan opprettast eit eige grunnboksblad for eit jordsameige, peiker utvalet på at heimelsforholda må ordnast etter reglane i tinglysingslova § 38a.
21.3 Merknader frå høyringsinstansane
Det er svært få høyringsinstansar som uttaler seg om forslaget frå utvalet til registrering av jordsameige. Norske Sivilingeniørers Forening uttaler:
«Utvalget kan ikke se at registrering i Matrikkelen vil føre til at noen mister sin rett. I teorien er dette rett. I praksis vil det nok være en del som fester sin lit til Matrikkelen. Det at en andelshaver ikke kommer med i registreringen vil på lengre sikt åpne for at en motpart i en senere hevdsak vil være i aktsom god tro. En kan også komme til å se at andelshavere slår fra seg en rett fordi de finner ut at den ikke er registrert i registeret. Vi vil be om at det vurderes på nytt om jordsameier først skal registreres dersom det foreligger en rettskraftig jordskiftesak på eller dersom det av andre grunner er klart hvilke bruk som er andelshavere.»
21.4 Departementet si vurdering
Departementet støttar forslaget frå utvalet om at jordsameige skal kunne registrerast som eigne einingar i matrikkelen, jf. forslag til § 14. Til liks med umatrikulert grunn er uregistrerte jordsameige areal som ikkje er tildelt eigne registernemningar. Det er derfor naturleg at enkelte prosedyrar for registrering av jordsameige i matrikkelen er samanfallande med matrikulering av umatrikulert grunn. Som for matrikulering av umatrikulert grunn, støttar derfor departementet forslaget frå utvalet om at også det offentlege skal kunne ta initiativ til registrering av jordsameige i matrikkelen. Vidare at det er tilstrekkeleg at jordsameige under oppmålingsforretninga blir teikna inn på tilfredsstillande kart, dvs. utan at det blir gjennomført merking og måling av grensene. Også kravet om at det skal sannsynleggjerast at det er eit jordsameige før det kan registrerast i matrikkelen er ein parallell til vilkår for matrikulering av umatrikulert grunn.
I lovforslaget § 5 første ledd, bokstav d, er jordsameige definert som grunnareal som ligg i sameige mellom fleire grunneigedommar, og der sameigedelane inngår i grunneigedommane. Vilkåret om at delane i sameiget «inngår» i grunneigedommane er ikkje til hinder for matrikulering som jordsameige, sjølv om ein eller fleire sameigedelar er lausrivne eller delte frå sjølve grunneigedommen. Det blir vist til sameigelova § 10 andre ledd som gir eit snevert høve til særskilt avhending av sameigedel.
Departementet er samd med utvalet i at jordsameige må kunne registrerast i matrikkelen utan at det er skjedd ei fullstendig avklaring av kven som har delar i sameiget. Registrering i matrikkelen vil i seg sjølv ikkje føre til at nokon mister rettar. Det vil derimot føre til betre oversikt, både med tanke på areal og eigarforhold. Partane vil dessutan når som helst kunne ta opp spørsmålet om del, for eksempel ved å krevje rettsutgreiing ved jordskifteretten, og ved at dei får høve til å krevje retting av matrikkelen. Departementet innser likevel at ei ufullstendig registrering i matrikkelen av kven som har delar i sameige, over tid kan vere med å sementere rettsforhold, så lenge det ikkje finst annan informasjon. Men dette har også skjedd i samband med økonomisk kartlegging, og departementet kan ikkje sjå at dette er eit avgjerande moment mot å registrere jordsameige i matrikkelen. Ei fullstendig avklaring kan bli både tidkrevjande, kostbar og konfliktfylt. Departementet finn det likevel nødvendig å gi nærare reglar gjennom forskrift for å formalisere prosedyrar for registrering av jordsameige, og dermed oppnå betre kvalitet i registreringa.
Departementet er samd med utvalet i at det ikkje skal vere noka plikt til å opprette grunnboksblad for jordsameige som er registrerte i matrikkelen.
Utvalet har vurdert som alternativ at grunnboka ikkje blir gitt negativt truverde med tanke på heimelsforhold for jordsameige. Som utvalet er departementet av den oppfatninga at det vil vere uheldig og forvirrande om grunnboka får ulikt truverde for ulike matrikkeleiningar. Departementet meiner det må krevjast ei fullstendig og trygg avklaring av heimelsforholda i samband med ei registrering i grunnboka, slik at både positivt og negativt truverde blir halde ved lag.
Til liks med utvalet meiner departementet at det er nok at éin av dei som hevdar dei har del i sameiget, eventuelt kommune, fylke eller stat, står bak eit krav om registrering av jordsameige i matrikkelen. Utvalet har derimot ikkje sagt noko om kven som skal kunne krevje innføring i grunnboka. I motsetning til krav om registrering i matrikkelen som skal kunne setjast fram av det offentlege, meiner departementet at krav om innføring i grunnboka må komme frå alle dei som har del i sameiget.
Departementet støttar forslaget frå utvalet om at før det kan opprettast eige grunnboksblad må heimelsforholda ordnast etter reglane i tinglysingslova § 38a. Dette inneber at tinglysingsstyresmakta må kunngjere ei oppmoding til moglege eigarar om å melde seg.
Tinglysingslova § 38a tek sikte på å løyse heimelsforholda i kurante saker. Det inneber at dommaren må vurdere kor haldbar den dokumentasjonen er som blir lagt fram av den som krev heimel, før dommaren kunngjer ei oppfordring om moglege eigarar til å melde seg innan den fastsette fristen. Departementet meiner som utvalet at landmålaren, som eit ledd i oppmålingsforretninga, så langt råd er skal klarleggje kven som har del og kor store delane er. Dette vil vere den dokumentasjonen som vil måtte leggjast fram for tinglysingsstyresmakta i samband med ei heimelsavklaring etter tinglysingslova § 38a. Krav om innføring i grunnboka må innehalde ein påstand om kva slag eigedommar som har del i sameiget, og vere underskrive av alle sameigarane. Dersom landmålarføretaket i samband med oppmålingsforretninga ikkje klarer å skaffe fram ei fullgod liste over dei eigedommane som har del i sameiget, vil ikkje heimel kunne avklarast etter tinglysingslova § 38a. Metoden for å registrere slike jordsameige i grunnboka vil då vere først å halde rettsutgreiing ved jordskifteretten, eventuelt å bringe saka inn for dei ordinære domstolane.
Framgangsmåten etter tinglysingslova § 38a skal sikre at det positive og negative truverdet til grunnboka blir halde ved lag. Men slik innføring i grunnboka inneber ikkje at eigedomsretten er avklart med bindande verknad. Tinglysing inneber inga realitetsendring med omsyn til rettsforholda. Likevel kan dei som står oppførte med heimel disponere som eigarar så lenge ikkje nokon har teke til motmæle mot dette. Skulle det i ettertid melde seg nye personar som gjer krav på delar av sameiget, vil det kunne haldast ei ny kunngjering etter tinglysingslova § 38a.
Departementet støttar forslaget frå utvalet om at det må gå klart fram både av matrikkelen og av dokument som skal nyttast for registrering i grunnboka, at eininga er eit jordsameige. Dette er viktig for å unngå at det skjer rettslege disposisjonar som er i strid med dei spesielle forholda som gjeld for jordsameige.
22 Grensejustering og arealoverføring
22.1 Gjeldande rett
Etter gjeldande rett er det mogleg å overføre areal mellom tilgrensande eigedommar etter forenkla prosedyrar, ved såkalla «grensejustering» (NOU 1999: 1 kap. 27). Dette skal i hovudsak nyttast for å få meir formålstenlege grenser. Det kan skje ved makeskifte, ved at ein gir og tek like mykje frå alle dei aktuelle eigedommane. Men grensejustering kan også gå ut på einsidig overføring av areal, jf. delingslova § 2-3.
Grensejustering inneber ein langt enklare prosess enn å gå den ordinære vegen om søknad etter plan- og bygningslova, delingsforretning, tinglysing av skøyte, pantefråfall og samanføying. Ved grensejustering skjer dette i éi og same forretning. I tillegg til den forenkla saksbehandlinga er det ofte gebyrforskjell mellom delingsforretning og grensejustering.
Det går fram av Ot.prp. nr. 50 (1977 - 78) s. 18 at departementet vurderte å setje ei bestemt øvre arealgrense for grensejustering, men at ein fann dette upraktisk då lengda av dei grenselinjene det gjeld kan variere svært. Etter delingslova § 2-3 heiter det at mindre areal kan overførast mellom aktuelle eigedommar ved grensejustering. I Ot.prp. nr. 48 (1980 - 81) s. 7 blir det uttalt at det i tilknyting til einsidig overføring høgst kan dreie seg om få kvadratmeter i tettbygd strøk. Også uttrykket «svært lite» er brukt i denne proposisjonen om kor store areal det er meininga at ein skal kunne overdra ved einsidig grensejustering. Det er overlate til styraren sitt skjønn ut frå ei heilskapsvurdering å ta standpunkt til når grensejustering kan nyttast, og når det eventuelt må krevjast delingsforretning.
Eit viktig moment i avveginga av om det skal kunne nyttast grensejustering er omsynet til tryggleiken for panthavaren. Verdiendringa må ikkje vere så stor at enkelte av panthavarane risikerer å lide tap. Ved grensejustering fell panterett bort i areal som blir avstått frå ein eigedom, mens panterett i eigedom som får tillagt slikt areal blir utvida til også å omfatte dette.
Ved grensejustering er det ikkje nødvendig med løyve etter plan- og bygningslova. Men justeringa må ikkje vere i strid med rettsleg bindande planar etter plan- og bygningslova.
22.2 Forslaget frå utvalet
22.2.1 Grensejustering
Utvalet meiner grensejustering er ei praktisk ordning som bør førast vidare, men peiker på følgjande (NOU 1999: 1 s. 199):
«... siden delingsloven trådte i kraft [har det] utviklet seg en praksis der til dels betydelige arealer har blitt solgt og overført til naboeiendom etter de enkle reglene for grensejustering. Mange grensejusteringer er neppe begrunnet i uhensiktsmessige grenser, men er kjøp av tilleggsarealer.
Utvalget har vurdert og kommet til at det er behov for klarere regler for grensejustering. Grensejustering skal ikke brukes til å overføre større arealer, fordi disse bør vurderes i henhold til planbestemmelser, panteheftelser, dokumentavgift, mv. Samtidig er utvalget opptatt av å utforme enklest mulige regler og prosedyrer for overføring av areal mellom tilstøtende eiendommer.»
Utvalet legg vekt på at grensejustering skal vere ei enkel ordning, både i forhold til panthavarar, behandling etter plan- og bygningslova, tinglysing, dokumentavgift og melding til skattestyresmaktene.
Med dei erfaringane som er gjort frå delingslova, meiner utvalet at det må vere ei klar grense for kor store areal som skal tillatast overført ved grensejustering (NOU 1999: 1 s. 201 f.):
«Utvalget har kommet til at det er mest hensiktsmessig å bruke en kombinasjon av areal og verdi som kriterium for arealoverføring ved grensejustering. I lovforslagets § 13 andre ledd foreslås en arealgrense som tillater at inntil 5% av arealet på avgivereiendommen skal kunne overføres ved grensejustering. Lovforslaget innebærer dessuten at mottakereiendommen heller ikke kan få øket sitt areal med mer enn 5%.
Med så små arealer mener utvalget at det er ubetenkelig at det ikke søkes om tillatelse etter plan- og bygningsloven. I noen tilfeller vil en grensejustering likevel kunne foranledige krav om reguleringsendring eller dispensasjon fra en reguleringsplan. Utvalget foreslår at landmåleren skal vurdere om justeringen er i strid med gjeldende arealplan. I så fall må han innhente nødvendige tillatelser. Bestemmelse om dette er tatt inn i lovforslaget § 10 k, hvor det heter at følgende dokumentasjon skal inngå i kravet om matrikkelføring av grensejustering: «Erklæring fra landmåler om at grensejusteringen ikke er i strid med gjeldende arealplan, og ikke krever offentlige tillatelser.»
Utvalget foreslår dertil at det settes en verdigrense slik at avgivereiendommen maksimalt kan gi fra seg arealer til en verdi av en halv gang folketrygdens grunnbeløp (0.5 G). Folketrygdens grunnbeløp er pr. november 1998 45370 kr, men dette reguleres ved endringer i pris- og inntektsnivået i samfunnet. Med «verdi» i denne forbindelse menes den alminnelige markedsverdien. Landmåleren vil måtte legge ved en erklæring med kravet om matrikkelføring om at det overførte arealet ikke er mer verdt enn 0.5 G. Med en så lav verdigrense mener utvalget at det normalt ikke skal være nødvendig å innhente erklæringer om pantefrafall. Utvalget mener at det er en hensiktsmessig regel at panterett faller bort i areal som avstås fra en eiendom ved grensejustering, samt at panterett i eiendom som får tillagt slikt areal utvides til også å omfatte dette.» 2
I tilfelle der det er ønskjeleg å overføre fleire areal som er skilde frå kvarandre, må ikkje summen av dei areala som ein vil overføre frå ei matrikkeleining til ei anna overstige areal- eller verdigrensa. Arealbyte av større arealstykke enn areal- og verdigrensa, men der nettoresultatet ligg innanfor 5 %-regelen og ½ G, vil heller ikkje kunne gjennomførast som grensejustering.
Forslaget om at pant fell bort i areal som blir avstått frå ein eigedom og utvida i eigedom som får tillagt arealet, vil etter utvalet sitt lovutkast gjelde tilsvarande for andre rettar så langt det høver.
Utvalet meiner at justeringar av grenser ikkje skal kunne skje uavhengig av føresegnene i jordlova om deling av eigedom. Landmålaren skal derfor ha eit ansvar for kontakt med styresmaktene for jordlova, slik at grensejusteringa ikkje kjem i konflikt med føresegnene i jordlova.
Utvalet har vurdert forholdet til føresegnene i konsesjonslova, og komme til at desse bør gjelde på vanleg måte ved grensejustering. Det inneber at dersom overføring av areal ved grensejustering ikkje kjem inn under unnataka i eller skjer i medhald av konsesjonslova, skal landmålaren syte for at det blir innhenta løyve frå konsesjonsstyresmaktene.
Utvalet har komme til at det ikkje er nødvendig å utarbeide eit eige dokument for overdraging av eigedomsrett ved grensejustering, men at det med krav om matrikkelføring skal leggjast ved ei erklæring underteikna av eigarane om at dei har godteke dei nye grensene.
Utvalet har vurdert kor vidt grensejusteringar bør tinglysast, men foreslår at dei berre skal registrerast i matrikkelen. Dette grunngir utvalet med følgjande (NOU 1999: 1 s. 202 nedst):
«Grunnbøkene gir ingen rettslig troverdighet for grenser eller areal. Opplysning om endringen av grenser og areal som følge av en grensejustering hører derfor ikke hjemme i grunnboka. Det er eventuelt i første rekke forholdet til panthavere som kan begrunne tinglysing. Men etter utvalgets vurdering er det snakk om såpass små verdier at det ikke synes nødvendig å tinglyse grensejusteringer.»
For dokument som gjeld overføring av heimel til fast eigedom skal det i samband med tinglysinga betalast dokumentavgift til statskassen. Som følgje av forslaget om at grensejusteringar ikkje skal tinglysast, vil overdragingar av eigedom ved grensejustering vere unnatekne frå dokumentavgift. Utvalet meiner at dette er uproblematisk i og med at det er foreslått ei verdigrense på ½ G.
Utvalet meiner at det ikkje bør setjast ei absolutt sperre mot å halde nye grensejusteringar for eigedommar der det tidlegare er gjennomført ei grensejustering. Etter lovutkastet har landmålaren eit særskilt ansvar for å sjå til at ordninga med grensejustering ikkje blir misbrukt til å unngå vurderingar etter plan- og bygningslova og andre lover som gjeld oppdeling og omsetning av fast eigedom.
22.2.2 Arealoverføring
Utvalet foreslår å innføre ein ny sakstype, kalla» arealoverføring», som skal kunne brukast generelt når det blir avstått grunn til ein tilgrensande eigedom. Utvalet har m.a. følgjande grunngiving for å innføre arealoverføring som ein ny sakstype (NOU 1999: 1 s. 203):
«Det innebærer at en unngår å opprette ny grunneiendom, tinglyse skjøte og foreta sammenføying. Utvalget legger vekt på at det ikke bør opprettes egen grunneiendom for areal som faktisk skal brukes som en integrert del av annen eiendom. I dag skjer det ikke sjelden at det opprettes egen grunneiendom for tilleggsareal uten at dette blir fulgt opp med sammenføying. Med arealoverføring som en egen sakstype får man tilleggsarealet direkte lagt til den aktuelle eiendommen.»
Føresegnene om arealoverføring er regulerte i lovutkastet § 19, og kan nyttast for overføring av areal mellom tilgrensande eigedommar når vilkåra for grensejustering ikkje lenger er til stades. Lovutkastet inneber at arealoverføring skal gjelde utan avgrensingar når det gjeld areal eller verdi.
Utvalet understrekar at andre føresegner som gjeld for å opprette ny matrikkeleining, skal gjelde ved arealoverføring. Dette inneber m.a. at det må hentast inn offentlege løyve som for oppretting av ny matrikkeleining. Arealoverføring vil derfor vere eit tiltak som krev søknad i medhald av plan- og bygningslova § 93 bokstav h. Det må om nødvendig også hentast inn konsesjon for overdraging av arealet, og løyve etter jordlova.
For pantehefte vil det etter utvalet si vurdering alltid vere nødvendig med ei erklæring frå rettshavaren om at heftet blir fråfalle for det arealet som er kravd overført. Når det gjeld pantehefte på den eigedommen som overtek det overførte arealet, inneber lovutkastet at desse blir utvida til å omfatte heile den nye eigedommen.
Utvalet foreslår at arealoverføring skal tinglysast for å sikre eigedomsoverdraginga i forhold til tredjeperson. Utvalet uttaler vidare (NOU 1999: 1 s. 204):
«Tinglysing er også viktig av hensyn til tinglysingsmyndighetens kontrollansvar, blant annet i forhold til panteheftelser. Utvalget har vurdert om det bør stilles krav om at det utferdiges et særskilt dokument (skjøte e.l.) for det areal som overdras ved arealoverføring. Utvalget har imidlertid kommet til at det er tilstrekkelig at det i selve dokumentet vedrørende arealoverføring inntas en erklæring om eiendomsoverdragelse (lovforslaget § 10 bokstav l). Begrunnelsen for dette er å begrense antallet dokumenter som må tinglyses.»
Arealoverføring av grunn som skal nyttast til offentleg veg eller jernbane, skal likevel berre registrerast i matrikkelen, jf. lovutkastet § 14.
Utvalet foreslår at det skal betalast dokumentavgift for overdraging av eigedom som blir utført som arealoverføring, m.a. for å sikre at partane velgjer den mest praktiske ordninga utan omsyn til transaksjonskostnadane. Utvalet peiker på at det i enkelte tilfelle kan vere meir naturleg å opprette ny eigedom for det aktuelle arealet, med etterfølgjande ordinær overskøyting.
Erklæring om overdraging av eigedom ved arealoverføring skal innehalde opplysningar om kjøpesum eller verdi som trengst for å rekne ut dokumentavgifta.
Utvalet foreslår at overdraging av eigedom ved arealoverføring skal rapporterast til skattestyresmaktene på linje med anna eigedomsoverdraging.
22.3 Merknader frå høyringsinstansane
22.3.1 Grensejustering
Det har komme mange merknader til forslaget frå utvalet vedkommande grensejustering og arealoverføring.
Ingen høyringsinstansar går imot forslaget om å halde ved lag grensejustering som ein eigen sakstype for overføring av små areal mellom tilgrensande eigedommar. Ei rekkje høyringsinstansar gir tvert imot positivt uttrykk for at grensejustering må haldast ved lag som eigen sakstype. Enkelte høyringsinstansar meiner at ordninga i dag fungerer framifrå, og at denne er meir smidig og publikumsvennleg enn det som er foreslått i lovutkastet. Andre meiner at forslaget frå utvalet er betre.
Ein del kommunar peiker på at dei ikkje kjenner seg igjen i det biletet utgreiinga gir av misbruk av grensejusteringsinstituttet. Landbruksdepartementet er likevel samd med utvalet, og meiner at det bør strammast inn på den praksisen som har utvikla seg med at relativt store areal blir overførte som grensejustering.
Ein del høyringsinstansar er positive til at det blir fastsett klare grenser for kor store areal som kan overførast ved grensejustering. Fleire kommunar meiner likevel at arealgrensa på 5 % er for låg og meiner at 10 % vil vere ei meir passende arealgrense. Stange kommune argumenterer for at ein slik auke ikkje vil påverke tryggleiken for pantet i vesentleg grad, så lenge verdien ikkje overstig halvparten av grunnbeløpet i folketrygda. Enkelte høyringsinstansar meiner dessutan at den verdigrensa som er foreslått, er for låg.
Jernbaneverket på si side ønskjer ikkje å bruke verdi som kriterium for å tillate grensejustering i det heile teke, og uttaler:
«Bestemmelsen om fastsetting av markedsverdi ved arealoverføring vil være svært upraktisk og antagelig skape flere problemer enn det løser. Markedsverdi bør sløyfes som kriterium for å tillate grensejustering.»
I ei spørjeundersøking gjort av Geoforum Hedmark og Oppland meiner 19 kommunar at det er naturleg at verdien av eit areal er avgjerande for behandlinga, mens 17 kommunar meiner at det ikkje er det.
Andre høyringsinstansar meiner at det ikkje er behov for heilt eksakte grenser i det heile teke. Norske Sivilingeniørers Forening (NIF) uttaler m.a.:
«Grensejustering har gjennom lang praksis vist seg å være et tjenlig instrument. Slike justeringer sikrer en fleksibel og lite byråkratisk tilpasning av eiendommenes grenser. Så lenge justeringen ikke berører pantesikkerheten eller justeringen er «taktisk» for å unngå dokumentavgift, må en grensejustering kunne gjennomføres etter landmålerens beste skjønn. Det er derfor vårt syn at det ikke er formålstjenlig med en 5% regel. Den kan føre til at fornuftige justeringer ikke kan gjennomføres og fordi at en litt romslig bruk av regelen kan gi grunnlag for unødige klager. Unødvendige regler kan skape unødvendige problemer.»
Forslaget frå utvalet inneber at grensejustering berre skal registrerast i matrikkelen. Ein del kommunar er ikkje samde i dette og meiner grensejustering bør tinglysast.
Ein god del kommunar peiker på at dei kostnadene partane har ved grensejustering truleg vil bli høgare når privat landmålar skal utføre arbeidet i staden for kommunen, og meiner dette vil få uheldige konsekvensar. Geoforum Hedmark og Oppland viser til at 46 av 51 spurte kommunar meiner det vil vere samfunnsøkonomisk riktig å halde fram med subsidiering av grensejusteringar, for å sikre at partane rekvirerer oppmåling og at eigedomskartet blir komplettert.
22.3.2 Arealoverføring
Det er ulike syn blant høyringsinstansane når det gjeld forslaget frå utvalet om å innføre arealoverføring som ein ny sakstype for overføring av areal mellom tilgrensande eigedommar.
Ein del høyringsinstansar uttrykkjer støtte til forslaget. Jernbaneverket seier m.a.:
«Jernbaneverket er positiv til at det er foreslått å opprette en ny kategori, arealoverføring, som stiller enklere krav til saksbehandling enn ved ordinær fradeling. Jernbaneverket antar at alternativet med arealoverføring i stor grad vil bli benyttet.»
Enkelte høyringsinstansar går imot forslaget frå utvalet om at arealoverføring skal bli ein eigen sakstype. Regionrådet for Valdres uttaler:
«Vi foreslår at ein i staden får ei presisering av framgangsmåten i grensejusteringssaker. Det viktige i disse sakene er at dei blir handsame etter jordlov og plan- og bygningslov, og at ein må vere varsam i høve til panthavarane i avgjevareigedomen. Det er svært viktig at disse sakene ikkje blir for dyre eller for innvikla, for då vil mange som bør grensejustere ikkje gjera det. Forskjellen mellom «arealoverføring» og «frådeling» er ikkje verd ei eigen sakstype.»
Geoforum Hedmark og Oppland og NITO tek opp forslaget frå utvalet om at erklæring av eigedomsoverdraging ved arealoverføring skal innehalde opplysningar om kjøpesum eller verdi som trengst for å rekne ut dokumentavgifta. NITO uttaler:
«Etter dagens Delingslov er overskjøting/kjøpesum en sak mellom partene. Etter opplegget for arealoverføring skal kjøpesummen påføres matrikkelbrevet og må følgelig være et forhold den partsengasjerte landmåleren skal avklare/registrere. Dette bringer inn forhold som har lite med klarlegging av grenseforløp og rettigheter å gjøre.»
22.4 Departementet si vurdering
Departementet er samd med utvalet i å halde ved lag grensejustering som eigen sakstype, og regulerer dette i lovforslaget § 16. Dessutan støttar departementet forslaget frå utvalet om å innføre arealoverføring som eigen sakstype, jf. lovforslaget § 15.
Departementet legg vekt på at grensejustering skal vere ein enkel sakstype for reine justeringar av eksisterande grense. Justeringane må ikkje endre tryggleiken for panthavar eller andre med rettar i eigedommen, eller ha innverknad på offentlege forhold. Departementet er samd med utvalet i at erfaringane frå delingslova tilseier at det må fastsetjast klare grenser for kor store areal som skal tillatast overført ved grensejustering. Departementet er samd med utvalet i at mindre grenseendringar som går ut over reine justeringar, men også større arealbyte, kan løysast rasjonelt med den nye sakstypen arealoverføring.
Departementet ser det som mest formålstenleg å fastsetje areal og verdikriterium for grensejustering i forskrift til lova.
Utvalet har funne det mest formålstenleg å bruke ein kombinasjon av ei øvre arealgrense i prosent av storleiken på matrikkeleiningane og ei øvre verdigrense som kriterium for når grensejustering kan nyttast. Jernbaneverket gir uttrykk for at verdi vil vere upraktisk og ikkje bør nyttast som kriterium. Departementet peiker likevel på at det vil vere store variasjonar i verdi på dei areala som kan tenkjast overført; frå relativt verdilause utmarksareal til svært verdifulle areal i byar. Konsekvensen av å ta bort verdi som kriterium, og berre halde på ei øvre arealgrense, kan bli at verdien på dei areala som blir overførte ved grensejustering blir svært store i område med høg grunnverdi. Dette vil bryte med hovudprinsippet om at grensejustering skal vere ein svært enkel sakstype, og skal gjelde areal med ei så låg verdigrense at det ikkje vil vere nødvendig å innhente erklæringar om pantefråfall. For å omgå dette problemet kan ein sjølvsagt setje ei svært låg arealgrense. Men då vil grensejustering kunne risikere berre å gjelde så små areal at det blir ein upraktisk sakstype. Departementet er derfor samd med utvalet i at det må setjast både ei verdigrense og ei arealgrense.
Etter lovutkastet kan grensejustering berre nyttast når arealet som blir overført er mindre enn 5 % av arealet til nokon av dei aktuelle matrikkeleiningane, og ikkje reduserer verdien på nokon av dei aktuelle einingane med meir enn halvparten av grunnbeløpet i folketrygda (G) (lovutkastet § 13 andre ledd). Departementet vil i samband med utarbeidinga av forskriftene vurdere om storleiken kan hevast noko, men ei dobling til 10 % arealgrense og 1 G verdigrense som nokre høringsinstansar har foreslått, vil lett komme i strid med føresetnadene for dei enkle prosedyrane som skal liggje til grunn for grensejustering som sakstype. Departementet viser til at den nye sakstypa arealoverføring vil løyse behovet for å kunne bytte større areal.
Departementet foreslår i utgangspunktet inga absolutt sperre mot å halde ny justering for eigedom der det tidlegare er gjennomført grensejustering. For å unngå at enkelte prøver å omgå føresegner som gjeld oppdeling og omsetning av fast eigedom ved å krevje fleire grensejusteringar, kan det bli aktuelt å gi forskrifter som hindrar kumulative grensejusteringar innanfor ein viss tidsperiode, for eksempel 10 år. Det kan i tillegg vere aktuelt å setje ei absolutt øvre arealgrense for einsidig arealoverføring ved grensejustering, f.eks. 2 dekar.
Stange kommune meiner det bør vurderast om ikkje arealdifferansen kan leggjast til grunn ved overføring av areal ved grensejustering, i staden for å ta utgangspunkt i bruttoendringa til kvar enkel matrikkeleining. Departementet er ikkje samd i dette, då det kan opne for at store areal kan overførast med grensejustering, så lenge arealdifferansen ligg innanfor dei kriteria som er foreslått.
Departementet støttar heller ikkje Porsgrunn kommune som foreslår at arealet berre skal reknast ut frå storleiken på den eigedommen som gir frå seg og ikkje i forhold til den eigedommen som tek imot areal. Dersom for eksempel avgivareigedommen er ein stor eigedom og den som tek imot er ein liten eigedom, vil dette opne for at mottakareigedommen kan bli vesentleg endra som følgje av ei grensejustering. Departementet legg som nemnt til grunn at det ikkje bør skje slike vesentlege endringar med den enkelte matrikkeleininga, og at overføring av areal ved grensejustering derfor også må vurderast i forhold til mottakareigedommen.
Forslaget om å innføre arealoverføring som ny sakstype, vil løyse fleire av dei problema som er knytte til den lite tilrådelege praksisen som i ein del tilfelle har utvikla seg for grensejustering. Departementet meiner til liks med utvalet at det er unødvendig tungvint å opprette eigen grunneigedom for areal som skal nyttast som ein integrert del av ein annan eigedom. Ved arealoverføring slepp ein å opprette ny grunneigedom, tinglyse skøyte og utføre samanføying. Tilleggsarealet skal kunne leggjast direkte til den aktuelle eigedommen, i ein og same operasjon.
Storkommunegruppa for kart og oppmåling uttrykkjer bekymring for at arealoverføring kan medføre ein kvalitetsrisiko med omsyn til kva areal og rettsforhold som blir overførte. Departementet presiserer at arealoverføring i så måte skal fungere på same måten som ordinær frådeling og samanføying. Etter departementet si vurdering er bekymringa til storkommunegruppa derimot høgst relevant i forhold til enkelte tilfelle av noverande «liberal» praktisering av instituttet for grensejustering.
Etter forslaget frå utvalet skal grensejustering berre registrerast i matrikkelen. Dessutan skal avståing av grunn til offentleg veg og jernbane kunne foregå som arealoverføring utan plikt til tinglysing. Landbruksdepartementet uttaler at ei slik ordning, utan tinglysing, harmoniserer dårleg med systemet i konsesjonslova. Det blir vist til at tinglysingsstyresmakta med dette ikkje kan føre kontroll med at det er sytt for eventuelle nødvendige løyve i medhald av konsesjonslova.
Departementet legg for sin del vekt på at kriteria for grensejustering må vere klare. Departementet foreslår derfor at oppmålingsforretninga ikkje bør behandlast som grensejustering dersom denne krev løyve etter jordlov, konsesjonslov eller plan- og bygningslov. Forretninga må i så fall behandlast etter reglane for arealoverføring. Det same kan gjelde dersom det er knytta rettar til det arealet som skal overførast.
Landmålarføretaket skal sjå til at ordninga med grensejustering ikkje blir misbrukt til å unngå vurderingar etter plan- og bygningslova og andre lover som gjeld oppdeling og omsetning av fast eigedom. Dessutan skal kommunen på sjølvstendig grunnlag kontrollere at riktig sakstype blir nytta. Dette kan for eksempel innebere at eit krav om matrikkelføring av grensejustering må behandlast etter reglane for arealoverføring dersom arealomfanget overstig konsesjonsgrensa. For å understreke den plikta kommunen har til å sjå til at konsesjonsreglane blir følgde er det foreslått ei tilføying om dette i konsesjonslova § 15.
Enkelte høyringsinstansar meiner på eit meir generelt grunnlag at grensejusteringar og arealoverføringar til veg og jernbanegrunn må tinglysast. Departementet meiner det må leggjast vekt på at grunnboka skal vere eit rettsregister, som gir opplysningar om rettar og plikter knytte til registereiningar. Grunnbøkene har ikkje rettsleg truverde for grenser eller areal. Opplysning om endring av grenser og areal som følgje av ei grensejustering, høyrer med andre ord ikkje heime i grunnboka. Det ville eventuelt i første rekkje ha vore forholdet til panthavarar som kunne ha gitt grunn for tinglysing, men departementet meiner det er snakk om såpass små verdiar at det ikkje synest nødvendig å tinglyse grensejusteringar.
Når det derimot gjeld arealoverføring, er departementet samd med utvalet i at dette kan omfatte såpass store verdiar at det bør tinglysast. Det blir derfor her gjort eit unnatak frå hovudprinsippet om at endringar av grenser og areal ikkje høyrer heime i grunnboka. Departementet er likevel samd med utvalet i at plikta til tinglysing ikkje skal gjelde arealoverføring til veg- eller jernbanegrunn, ettersom ordninga etter gjeldande rett om automatisk fråfall av pant for areal som inngår i veg- eller jernbanegrunn er foreslått ført vidare.
23 Avtale om eksisterande grense
23.1 Forslaget frå utvalet
Utvalet foreslår at det framleis skal vere mogleg for private på eiga hand å friske opp eksisterande grenselinjer. Men dersom grensene skal endrast, må dette skje som grensejustering eller arealoverføring, eller som sak for jordskifteretten.
Utvalet uttaler i denne samanhengen (NOU 1999: 1 kap. 28 s. 206):
«Det er både i det offentlige og de privates interesse at det blir færre uklarheter og grensetvister. Grunneiere har selv et ansvar for å ta vare på eksisterende grensemerker, og om nødvendig friske opp eksisterende grenselinjer og grensemerker, og utvalget mener det er viktig å stimulere til at det skjer.
... Et forbud mot dette, slik at partene måtte kreve oppmålingsforretning eller jordskiftesak, faller såvidt kostbart at det vil føre til at bare et fåtall eksisterende grenser blir merket og målt på nytt.»
Slike private grensebeskrivingar skal etter forslag frå utvalet framleis kunne tinglysast, men utvalet meiner det er like viktig at grensebeskrivinga blir registrert i matrikkelen.
Utvalet foreslår at dei som har heimel til dei eigedommane som grensar til kvarandre, skal kunne krevje at avtale om eksisterande grense blir notert i matrikkelen når grensa ikkje tidlegare er nøyaktig målt og kartfest, f.eks. i samband med sak for jordskifteretten eller i forretning etter delingslova eller forretningar etter tidlegare bygningslover.
Før privat avtale blir notert i matrikkelen, må kommunen så langt råd er kontrollere at den beskriv ei eksisterande grense, og ikkje inneheld ei løynd eigedomsoverdraging eller flytting av ei eksisterande grense. Kommunen kan krevje at det blir vist til skylddeling, til økonomisk kartverk eller anna kartverk der grensene er omtalte. Kor vidt avtala kan førast inn i matrikkelen må kommunen ta stilling til gjennom eit lovbunde skjønn. Dersom det ikkje er «tilfredsstillande godtgjort» at avtala gjeld ei eksisterande grense, kan kommunen avvise å notere ei slik avtale i matrikkelen. Utvalet føreset at det skal gå fram av matrikkelkartet at grensa er ført inn på grunnlag av ei privat oppfrisking av grensa.
Utvalet har komme til at private grenseavtaler berre bør kunne tinglysast dersom dei først er innskrivne i matrikkelen.
23.2 Merknader frå høyringsinstansane
Det har komme få uttaler om forslaget frå utvalet når det gjeld privat oppfrisking av grenser.
Regionrådet for Nordhordland og Gulen støttar forslaget frå utvalet. Det same gjer Noregs skogeigarforbund som gir uttrykk for følgjande:
«Det er stort behov for å holde grensemerking vedlike og avklare mindre usikkerheter. Det er svært ønskelig at private parter får bedret adgang til selv å utføre slikt arbeid inkludert formalisering via innføring i matrikkelen og adgang til tinglysing. Oppmålingsmyndighetene og Jordskifteverkets manglende kapasitet og forhøyede kostnadsnivå tilsier også at det er nødvendig med forenkling for å motivere til ryddig ajourhold av grensene. Resultatet kan i motsatt fall bli gradvis forverrede forhold med økende uklarhet.»
Oppegård kommune meiner likevel at lovutkastet legg opp til å svekkje det faktiske truverdet til matrikkelen, ved at det blir tillate med private avtaler om grensedragingar utan oppmålingsforretning og matrikkelføring. Også Geoforum Vestfold uttrykkjer skepsis til forslaget frå utvalet og uttaler:
«Vi kan ikke sterkt nok understreke hvor viktig det er med klare begrensninger på mulighetene til å merke grenser uten landmålers medvirkning. Hvordan i all verden skal kommunen, fra rådhuset, kunne kontrollere at oppfrisking ikke skjuler en eiendomsoverdragelse? Hvordan mener utvalget at koordinatfestede grenser skal kunne friskes opp uten faglig hjelp og med egnet utstyr? Vi vil også minne om hvor viktig det må være for panthavere at grensene ligger fast og at eventuelle justeringer foretas i kontrollerte former. Vi forslår derfor følgende tekst til § 40: «Grunneiere kan i fellesskap friske opp eksisterende grenser, herunder sette ned nye avmerkinger i marka, hvis ingen av berørte eiendommer har målebrev med koordinater og at grensen er mellom landbrukseiendommer.»»
23.3 Departementet si vurdering
Departementet er samd med utvalet i at private partar sjølve skal kunne friske opp gamle grenser som ikkje tidlegare er nøyaktig målt og kartfest, utan medverknad frå det offentlege, jf. forslag til § 19. Departementet legg til grunn at det dreier seg om ei oppfrisking og ikkje nymerking. Det må såleis ikkje setjast ned nye merke som kan forvekslast med dei godkjente merkene som blir brukte ved offisielle oppmålingsforretningar. Faren for at enkelte går til det steget å etablere uregistrerte og fiktive grensedragingar vil truleg vere den same, uavhengig av om ein heimlar i lov eit avgrensa høve til å få registrert slike avtaler i matrikkelen. Det er berre høvet til å få registrert slike avtaler i matrikkelen som rettsleg sett representerer noko nytt. Det å inngå avtaler i seg sjølv knytte til eksisterande grense har alltid vore del av den alminnelege avtalefridommen. Slike avtaler er elles «anerkjennelse» (jf. tinglysingslova § 12) av eit eksisterande forhold som det til no har vore høve til å tinglyse utan avgrensing av noko slag.
Departementet foreslår å erstatte utvalet sin bruk av omgrepet «anmerket i matrikkelen» i lovutkastet § 40 med uttrykket «får ein referanse i matrikkelen», for å gjere det endå klarare at matrikkelen ikkje gir ei slik avtale ein meir offisiell status enn det den elles har på reint privatrettsleg grunnlag.
Kommunen skal med dei avgrensingar som følgjer nedanfor, arkivere avtala med eventuelle kartvedlegg. Referansen i matrikkelen kan vere alt frå ei kort verbal tilvising med arkivkode, til det å faktisk leggje grenselinjene inn på matrikkelkartet. Kommunen avgjer dette etter skjønn i det enkelte tilfellet. Dersom grenseinformasjonen i avtala er betre og samtidig synest meir påliteleg enn den informasjonen kommunen allereie har, kan det vere grunnlag for å leggje grensene inn på matrikkelkartet, men då med den reservasjonen at grenselinja blir koda som basert på privat avtale.
Før avtale om eksisterande grense kan få ein referanse i matrikkelen skal kommunen finne det godtgjort at den faktisk beskriv ei eksisterande grense, og ikkje inneheld ei skjult overdraging av eigedom eller flytting av eksisterande grense. Kommunen kan krevje dokumentasjon for at det dreier seg om eksisterande grense, for eksempel med bakgrunn i skylddeling, i økonomisk kartverk eller i anna offisielt grunnlag med beskriving av grensene.
Avtaler i tilknyting til grenser som allereie er fastlagt i oppmålingsforretning eller anna tilsvarande forretning, skal ikkje kunne få ein referanse i matrikkelen. Slike grenser vil alltid vere betre og tryggare dokumentert gjennom den offisielle oppmålingsforretninga enn det einskildpartar sjølve kan få i stand, også om eitt eller fleire av grensemerka med tida skulle ha komme bort.
Det blir presisert at kommunal prøving ikkje inneber ei godkjenning frå styresmaktene si side av innhaldet i avtala. Den er berre meint som ei forenkla kontrollordning basert på framlagt dokumentasjon, med tanke på å kunne avvise avtaler som heilt klart verkar fiktive. Partar som har inngått slik avtale har ikkje noko rettskrav på å få knytt ein referanse til denne i matrikkelen.
Sett frå det offentlege si side representerer gamle avtaler om eksisterande grenser som ikkje er offentleg dokumenterte gjennom kartforretning eller sak for jordskifteretten, nyttig grenseinformasjon, og det er viktig at semje mellom partane og deira forståing av slike grenser blir teke vare på.
Departementet er samd i at private avtaler om eksisterande grense berre skal kunne tinglysast dersom dei først er gitt ein referanse i matrikkelen. Høve til å tinglyse slike avtaler direkte vil innebere at kommunen ikkje får kontrollert om det faktisk dreier seg om ei eksisterande grense, og ikkje ei løynt overdraging av eigedom. Slike avtaler er altså framleis å forstå som «anerkjennelse» av eit eksisterande forhold som kan tinglysast etter tinglysingslova § 12, men med dei avgrensingane som følgjer av dette lovforslaget.
24 Merking, innmåling og matrikkelføring av grenser som blir fastsette av domstolane
24.1 Gjeldande rett
Tvist om grenser kan bringast inn for dei ordinære domstolane (NOU 1999: 1 kap. 30). Forliksrådet kan felle dom i ein del tilfelle (tvistemålslova § 1), men oftast går saka vidare til tingretten (tvistemålslova § 2). Forutan dei ordinære domstolane kan jordskifteretten avgjere grensetvistar. Partane har fritt val mellom å bringe ein grensetvist inn for jordskifteretten eller dei ordinære domstolane.
I tillegg er det oppretta ein særdomstol, Utmarkskommisjonen, som kan fastsetje grensene mellom statsgrunn og andre grunneigedommar i høgfjellsområde og andre utmarksområde i Nordland og Troms.
Avgjerder ved jordskifteretten
Jordskifteretten kan, jf. jordskiftelova §§ 88 og 89, i særskilt sak (grensegangssak)
«klarleggje, merkje av og beskrive eigedomsgrenser, grenser for alltidvarande bruksrett eller grenser for offentleg regulering av eigarrådvelde».
Det som særkjenner grensegangssakene for jordskifteretten, samanlikna med saker for dei ordinære domstolane, er for det første at det ikkje treng å vere tvist om grensa. Det kan vere ei rein landmålingsteknisk oppgåve som går ut på å rekonstruere grensene. Det andre er at jordskifteretten syter for merking og måling av grensene.
I jordskiftelovgivinga fram til 1984 var hovudregelen at oppmåling og utsetjing av grensemerke skulle skje før saka blei avslutta. I 1984 blei det i jordskiftelova § 58 innført heimel for å utsetje grensemerkinga til jordskiftet blei rettskraftig, når «særlege grunnar talar for det.»
Avgjerder av Utmarkskommisjonen for Nordland og Troms
Ved lov 7. juni 1985 nr. 51 blei det oppretta ein dømmande kommisjon for å ordne rettsforholda mellom staten og andre for høgfjellsområde og andre utmarksområde i Nordland og Troms. Oppdraget gjeld også fastsetjing av grensene mellom statleg grunn og tilgrensande grunneigedommar.
Av utmarkskommisjonslova § 18a og jordskiftelova § 89a følgjer det at når ein dom er rettskraftig skal kommisjonen sende saka over til jordskifteretten, som då har plikt til å ta saka under behandling. Oppgåva er merking i terrenget, innmåling og kartlegging av grensene. Strekkjer grensene seg over fleire jordskiftesokn, blir saka oversendt alle aktuelle jordskifterettar.
Grenser som blir fastsette av dei ordinære domstolane
I motsetning til jordskifteretten merkjer og måler ikkje dei ordinære domstolane grensene. Partane kan krevje kartforretning etter delingslova, men det er ikkje reglar i eksisterande lovverk for at dette må gjerast. Ein går likevel ut frå at jordskiftelova § 88 gir heimel for at ein grunneigar med dom frå dei ordinære domstolane kan krevje at jordskifteretten skal «merkje av og beskrive eigedomsgrenser».
24.2 Forslaget frå utvalet
Utvalet konkluderer med at det ikkje er behov for endringar i regelverket for fastsetjing av grenser ved jordskifteretten eller av Utmarkskommisjonen for Nordland og Troms, jf. NOU 1999: 1 kap. 30.2 og 30.3.
Utvalet si vurdering når det gjeld rapportering frå jordskifteretten til matrikkelen, er referert sist i kapittel 26.2.
Utvalet meiner at ordninga i dag for grenser som blir fastsette av dei ordinære domstolane ikkje er tilfredsstillande og uttaler (NOU 1999: 1 s. 211 f.):
«Dagens ordning, uten krav til merking og innmåling, innebærer at man etter en tid kan komme i en situasjon hvor det igjen hersker uklarhet eller uenighet om hvor grensene går. Etter gjeldende rett er det heller ikke rutiner for at det vil gå informasjon om grensefastsettelsen til matrikkelen. Utvalget mener dette er lite tilfredsstillende.
Utvalget har drøftet om partene skal pålegges å kreve oppmålingsforretning med påfølgende registrering i matrikkelen, men kommet til at dette ikke vil være noen hensiktsmessig løsning, blant annet fordi det vanskelig kan settes inn sanksjoner mot parter som ikke rekvirerer oppmåling.
Utvalget har også vurdert om grensetvister burde behandles av jordskifteretten som førsteinstans. Utvalget mener imidlertid at heller ikke dette er noen tjenlig løsning. En bør ikke frata borgerne adgangen til å velge mellom jordskifteretten og de ordinære domstolene.
Utvalget har drøftet muligheten for å etablere en tilsvarende ordning som den som gjelder for Utmarkskommisjonen. Reglene kunne da bli: Så snart den sivile dommen er rettskraftig har domstolen plikt til å sende den over til vedkommende jordskifterett, som i sin tur hadde plikt til å sette ut grensene og foreta de nødvendige tekniske arbeidene. Dette arbeidet kunne være judisielt, men med jordskiftedommeren alene. Resultatet kunne da påankes på vanlig måte. Totalt sett kan kostnadene for en slik løsning bli store. Etter en grundig avveining har utvalget konkludert med at det ikke vil foreslå en ordning tilsvarende reglene for Utmarkskommisjonen.
Utvalget har også drøftet muligheten for å endre tvistemålslovens regler, slik at dom om grenseforløp ikke ble rettskraftig før grensene er merket og eventuelt målt. Retten måtte da engasjere landmåler som sakkyndig konsulent, som merker grensen før dommen gjøres rettskraftig. Utvalget er imidlertid kommet til at dette vil være vanskelig. Rettskraft og rettskraftvirkninger er et stort og sentralt tema i sivilprosessen. En endring av reglene krever en grundig gjennomgang av hele saksområdet. Utvalget mener imidlertid at ved en eventuell revisjon av tvistemålsloven bør dette ses nærmere på.
Endelig har utvalget vurdert å innføre en rapporteringsplikt fra de ordinære domstolene til matrikkelen, på linje med det som gjelder for jordskifteretten. Utvalget mener at det bør innføres en slik rapporteringsordning, men at det ikke er nødvendig å lovfeste det. Utvalget legger til grunn at dette kan sikres gjennom administrativt pålegg fra Justisdepartementet.»
24.3 Merknader frå høyringsinstansane
Det har ikkje komme nokon uttale når det gjeld utvalet sitt syn om at det ikkje er behov for endringar i regelverket for å fastsetje grenser ved jordskifteretten eller av Utmarkskommisjonen for Nordland og Troms.
6 høyringsinstansar har uttalt seg om utvalet sitt syn på grenser som blir fastsette av dei ordinære domstolane.
Storkommunegruppa for kart og oppmåling meiner det er behov for at avgjerdene i domstolane blir stadfeste. Regionrådet for Nordhordland og Gulen uttaler det same og peiker på følgjande:
«Vi har fleire gonger fått problem med manglande opplysingar om grenser som er fastsett av domstolane og at det ikkje er plikt til merking og kartfesting av kvar fastsett grense går. (...) Plikta om merking og kartfesting bør gjelda ubunde av kva for domstol som har fastsett ei matrikkelgrense. Tilleggskostnadene vil normalt vera bagatellmessige i høve til rettskostnadene.»
Høyringsinstansane støttar dessutan forslaget om at det ved inngått forlik eller dom om ei grensedraging bør innførast rapporteringsplikt frå dei ordinære domstolane til matrikkelen, på linje med det som skal gjelde for jordskifteretten. Utvalet legg til grunn at dette kan sikrast gjennom administrativt pålegg frå Justisdepartementet. Det er ingen merknader til dette bortsett frå Noregs Bondelag som meiner at det bør heimlast direkte i lova.
24.4 Departementet si vurdering
Departementet meiner til liks med utvalet at det ikkje er behov for endringar i regelverket for å fastsetje grenser ved jordskifteretten og av Utmarkskommisjonen for Nordland og Troms.
Departementet er samd i vurderinga til utvalet kring behovet for rapportering til matrikkelen om grensefastsetjing gjort ved dei ordinære domstolane. Slik grensefastsetjing ved forlik eller dom bør vere registrert i tilknyting til dei aktuelle einingane i matrikkelen, uavhengig av om partane bestemmer seg for å følgje opp dommen gjennom etterfølgjande oppmålingsforretning og krav om matrikkelføring.
For grenser fastsette av dei ordinære domstolane meiner departementet at det ideelt sett burde vere dei same krava til merking og innmåling som hos jordskifteretten og Utmarkskommisjonen. Departementet fremjar likevel ikkje eit konkret lovforslag om dette. Departementet meiner praksis i slike saker kan betrast gjennom administrativ instruks frå Justisdepartementet. Gjennom slik instruks kan ein m.a. sikre nemnde rapporteringsordning, gjennom for eksempel at ein kopi av rettsboka som rutine blir oversend kommunen. Det er vidare grunn til å presisere overfor domstolane at dei legg vekt på å utforme premissar og domsslutningar i slike saker om grensefastsetjing på ein slik måte at det er kurant for eit landmålarføretak i etterhand å merkje og måle desse med tanke på matrikkelføring. Departementet viser til Ot.prp. nr. 51 (2004-2005) Om lov om mekling og rettergang i sivile tvister (tvisteloven)forslag til § 19-6 sjuande ledd som lyder «Dommer og kjennelser skal inneholde en slutning som nøyaktig angir resultatet for de avgjørelser som treffes». Eit godt alternativ var om domstolane som rutine fekk hjelp av ein kvalifisert landmålar i eigenskap av sakkunnig under rettssaka, og som under rettsleg synfaring i marka utfører nødvendige fagmessige målingar.
25 Klage, retting, sanksjonar o.a.
25.1 Innleiing
Delingslova har eit felles klagesystem for utføring av forretningar og registerføring. Både den tekniske utføringa og kommunalt vedtak kan klagast inn til fylkesmannen.
Innføring av skilje mellom oppmålingsforretning som tenesteproduksjon og matrikkelføring som styresmaktoppgåve inneber at også klageordninga må delast i to. Administrativ klagebehandling etter forvaltningslova vil heretter berre gjelde forhold som kan knytast til matrikkelføringa, og eventuelle enkeltvedtak kommunen gjer som styresmakt. Forhold som kan knytast til utføring og dokumentasjon frå landmålar si side, må i utgangspunktet visast til eksisterande ordningar for forbrukarklager eller dei ordinære domstolane.
25.2 Forslaget frå utvalet
Utvalet meiner at det vil vere ein fordel å få klarare reglar om kva som kan klagast på (NOU 1999: 1 kap. 19). Det er ikkje naturleg at dei delane av ei kartforretning som har karakter av teknisk teneste skal behandlast som forvaltningsklage. På den andre sida er det ønskjeleg å få klargjort kva vedtak som etter sin karakter ligg under forvaltninga, og som bør kunne behandlast som forvaltningsklage.
Utvalet går inn for at:
Ordninga i delingslova med fylkesmannen som klageinstans blir ført vidare for klager over kommunale vedtak.
Departementet blir klageinstans for vedtak fatta av Statens kartverk som sentral matrikkelstyresmakt.
Klage over arbeidet til landmålar blir behandla etter vanlege sivilrettslege reglar. Dette omfattar domstolane, forbrukarorgan og prisstyresmaktene.
Reglane i delingslova for klage på adressetildeling blir ført vidare, slik at det kan klagast på tildeling av adresse, m.a. kva veg eller gate eigedommen skal ha adresse til, og på tildeling av husnummer.
Kommunale vedtak om veg- og gatenamn kan ikkje klagast på.
Utvalet har drøfta om det ligg til rette for at Statens kartverk overtek klagesaker som spring ut av matrikkelføringa. Utvalet foreslår at fylkesmannen framleis skal vere klageinstans, på same måte som for dei fleste andre kommunale vedtak som det er naturleg å samanlikne med, for eksempel byggjesaker.
25.3 Merknader frå høyringsinstansane
Nokre få kommunar har nemnt at den administrative klageordninga slik den gjeld for saker etter delingslova, representerer ein viktig garanti for rettstryggleik for partane. Dei meiner det er uheldig at partane blir fråtekne høvet til administrativ klage på forhold som blir tilskrivne landmålar. Vidare at det i visse tilfelle kan vere vanskeleg for partane å ta stilling til om eit forhold som ein vil klage på gjeld landmålar eller kommune.
Kvitseid kommune uttaler:
«Utvalet si grunngjeving for kva som er myndighetsutøving og kva som er tenesteproduksjon er uklar. Sjølvsagt er omsynet til partane sin rettstryggleik tungtvegande. Retten til å få overprøva ei sak av ein overordna instans er ein sentral rettstryggleiksgaranti. Etter delingslova er ei kartforretning med kommunal bestyrar myndighetsutøving og klage går til fylkesmannen som forvaltningsklage. Det er vel neppe tvil om at ein slik klageadgang stettar rettstryggleiken betre enn ei forbrukarklage. Med det innhaldet og omfanget som ligg i ei kartforretning er det naturleg å definere det som myndighetsutøving og ikkje tenesteproduksjon. Landmåler får nå eit utvida ansvar i høve delingslova på den judisielle delen».
Eidsvoll kommune uttaler:
«Klageinstans for klager på landmålers arbeid skal nå behandles etter vanlige sivilrettslige regler som omfatter domstolene, forbrukermyndighetene og prismyndighetene. Dette vil føre til at terskelen for å anke blir høyere for forbruker.»
Justisdepartementet uttaler:
«Forvaltningsloven vil gjelde for den myndighetsutøving som kommunen foretar etter loven. Det er imidlertid grunn til å klargjøre hvilke avgjørelser som skal regnes som enkeltvedtak. Det vil særlig være aktuelt å trekke grensen i forhold til prosessledende beslutninger. Først og fremst er det avslag på krav om matrikkelføring som vil kunne påklages. Proposisjonen bør gi en oversikt over hvilke andre avgjørelser av kommunen som skal kunne påklages særskilt. Justisdepartementet er enig i at fylkesmannen bør være klageinstans fremfor en særskilt kommunal klagenemnd».
25.4 Departementet si vurdering
25.4.1 Innleiing
Rettstryggleiken for partane veg tungt. Departementet er samd med dei høyringsinstansane som uttaler at eksisterande klageordning har teke rettstryggleiken for partane godt i vare. Dersom partane har funne grunn til å klage, har dei kunna gå til ein offentleg instans uavhengig av om dei har vore i stand til å vurdere kvar i prosessen det er gjort feil, anten det er faktiske feil, feil rettsbruk eller saksbehandlingsfeil. Skulle det vise seg at dei har klaga på forhold som ikkje kan klagast på og at klagen derfor blir avvist, har dei kunne vore sikre på at eit offentleg organ har vurdert dette.
Trass i dette har publikum i praksis hatt vanskar med å orientere seg om kva ein kan klage på og i kva mon omgrepa «enkeltvedtak» og «part» i forvaltningslova er relevante i høve til klagebehandling etter delingslova.
Departementet presiserer i lovforslaget § 46 første ledd at forvaltningslova sine generelle reglar om klage over enkeltvedtak gjeld. Forvaltningslova har m.a. reglar om grunngiving for vedtaket og underretting om klagerett. Forslag til § 46 gir også ei opprekning av kva slag vedtak som alltid kan klagast over. Dette er gjort for å klargjere kva for vedtak det kan klagast på. Opprekninga omfattar også vedtak som ikkje utan vidare kan reknast som enkeltvedtak, men som departementet meiner bør kunne klagast på under alle omstende.
Av omsyn til framdrift og effektivitet i saksbehandlinga meiner departementet at partane ikkje skal kunne klage over alle avgjerder i alle fasar av saka. Opprekninga gir derfor også ei retningslinje om kvar i prosessen ein kan klage, og eit grunnlag for å stille klager i ro inntil prosessen er kommen til eit av dei særskilt nemnde vedtaka i § 46 første ledd. Vedtak som ikkje er nemnt kan likevel klagast på dersom det etter ei konkret vurdering er eit sjølvstendig enkeltvedtak etter forvaltningslova.
Departementet legg som utvalet vekt på å få fram at verken kommune eller landmålarføretak fattar vedtak om kvar eksisterande grenser går. Usemje mellom partane om kvar eksisterande grenser går kan ikkje fremjast som klagesak, og må visast til jordskifteretten eller dei ordinære domstolane.
På den andre sida er det kommunen som fattar vedtak om kvar nye grenser skal gå, og då med heimel i plan- og bygningslova. Eventuell klage på kommunalt vedtak om dette fell inn under klageføresegnene i plan- og bygningslova.
Departementet legg til grunn at Statens kartverk utarbeider relevant rettleiing om klage på oppmålingsforretningar og matrikkelføring i samband med at lova blir sett i verk.
25.4.2 Klage på enkeltvedtak
25.4.2.1 Kva som kan klagast på
Departementet har lagt definisjonen av «enkeltvedtak» i forvaltningslova til grunn for kva slag avgjerder som bør kunne klagast på. Departementet meiner det er formålstenleg at alle enkeltvedtak som blir gjort etter lov om eigedomsregistrering følgjer reglane for klagebehandling i forvaltningslova.
I mange tilfelle vil matrikkelføring berre innebere ei publisering av vedtak. Det er sjølve vedtaket det kan klagast på, ikkje publiseringa av det. Når kommunen eller Statens forureiningstilsyn til dømes gjer vedtak om pålegg som legg bindingar på bruk av grunn og bygningar, er det sjølve pålegget som er enkeltvedtak og som kan klagast på. Det at opplysningar om pålegget blir matrikkelførte, vil her berre innebere ei publisering av at det på eigedommen kviler eit pålegg. Det er såleis ikkje noko som på sjølvstendig grunnlag vedkjem rettar og plikter, og matrikkelføringa kan då heller ikkje klagast over.
I mange tilfelle vil retting av matrikkelen vere ein del av administrasjonen av registeret og ikkje eit vedtak som vedkjem enkeltpersonar. Dette kan vere omnummerering av eigedommar eller bygningar etter ei endring av det generelle nummersystemet, tilføring av informasjon frå andre offentlege register, m.m.
Når det gjeld matrikkelføring av oppmålingsforretningar utført av landmålarføretak, skal kommunen ta stilling til om lovbestemt dokumentasjon ligg føre, men i avgrensa grad kontrollere om innhaldet i dokumentasjonen er korrekt. Det kan såleis klagast over at kommunen f.eks. har matrikulert ein ny eigedom utan tilstrekkeleg dokumentasjon, men ikkje at dokumentasjonen inneheld feil som kommunen er ute av stand til å kontrollere utan etterprøving i marka og i forhold til partane. Partane må i så fall ta opp saka med landmålarføretaket og krevje at dette utgreier saka på nytt og eventuelt kallar saman til ny oppmålingsforretning. Ein part vil alltid kunne klage på matrikkelføring av ei forretning som parten ikkje blei innkalla til.
Sjølv om all lovbestemt dokumentasjon ligg føre, kan det likevel hende at dette ikkje er tilstrekkeleg dokumentasjon, dersom det er andre forhold som heilt klart er relevante og som krev tilleggsinformasjon. Departementet viser i denne samanhengen til forvaltningslova § 17 og praksis rundt denne.
Partane har, som i alle andre sivile saker, råderetten over saka. Kjem landmålarføretaket fram med ny eller ytterlegare dokumentasjon må kommunen bøye av for dette og rette opp tidlegare matrikkelførte opplysningar. Sjå nærare om dette i kapittel 25.4.3 nedanfor. Det same gjeld når kommunen utfører oppmålingsforretninga.
Dersom klaga går ut på at ein part meiner grensa skulle vore lagt ein annan stad, kan dette ikkje klagast på i seg sjølv. Derimot vil det kunne klagast over at ei grense er matrikkelført feil i forhold til offentlege løyve.
Departementet legg til grunn at reglane i forvaltningslova om klagefristar skal nyttast ved klage etter lovforslaget. I medhald av forvaltningslova § 29 er fristen for å klage «3 uker fra det tidspunkt underretning om vedtaket er kommet frem til vedkommende part». For det tilfellet at ein som har rett til å klage ikkje har motteke særskilt underretning går fristen frå det tidspunktet han «burde ha skaffet seg kunnskap om» vedtaket. Partar som har fått tilsendt matrikkelbrev må ein rekne med har fått underretning gjennom dette. I andre tilfelle må kommunen vurdere konkret når parten burde ha skaffa seg kunnskap om forholdet.
25.4.2.2 Særskilt om klage på adressetildeling
Departementet meiner til liks med utvalet at kommunalt vedtak om kva adresse den enkelte eigedommen eller bygningen skal ha, m.a. kva veg eller gate den skal ha adresse til, må reknast som enkeltvedtak som det kan klagast på.
Eit spørsmål er om det er rimeleg å rekne tildeling av husnummer som enkeltvedtak, og om det kan vere aktuelt å skilje mellom tildeling første gong og omnummerering. Omnummerering kan ha økonomiske konsekvensar, for eksempel for verksemder som har nummeret som del av namnet på bedrifta, eller for partar som har kosta på nummer i inngangsport, på opplyst skilt, eller liknande. Utvalet kom til at det framleis bør vere høve til å klage på vedtak om omnummerering, og at det ikkje er formålstenleg å skilje mellom tildeling første gongen og omnummerering. Departementet støttar utvalet sitt syn på dette punktet. Tildeling av andre adressenummer skal framleis ikkje kunne klagast på, m.a. bruk av gards- og bruksnummer som adresseidentifikasjon (matrikkeladresse) og tildeling av særskilt nummer til kvar enkelt bustad i bygningar med fleire bustader (bustadnummer).
Kommunen fastset namn på gate, veg eller område som skal inngå i offisiell adresse. Departementet meiner at det som i dag ikkje skal vere høve til å klage på kommunalt vedtak om veg- og gatenamn, jf. § 46 bokstav g.
Fastsetjing av og klage over skrivemåten for stadnamn skjer etter lov om stadnamn av 18. mai 1990 nr. 11. Grunneigar har ikkje formalisert høve til å klage på skrivemåten av adressenamn der bruksnamnet inngår som ein del av veg- eller gatenamn. Vedkommande kan likevel ta opp sak og få fastsett skrivemåten av bruksnamnet, og deretter be om at denne skrivemåten blir nytta konsekvent, jf. lov om stadnamn § 4 andre ledd 3. Det same gjeld i utgangspunktet dersom grunneigar ønskjer å tilføye eit eige namn som del av den offisielle adressa, jf. kapittel 16.4.
Departementet har likevel føresett at eigar skal ha krav på å få tilføydd bruksnamn som språkleg og geografisk fell saman med nedarva stadnamn. Departementet legg derfor til grunn at eigar har klagerett ved avslag på søknad om å få føye til adressa eit bruksnamn som språkleg og geografisk fell saman med nedarva stadnamn.
Reglar for tildeling av adressenamn og tilhøyrande reglar for klage vil bli gitt i forskrift.
25.4.2.3 Klagebehandlinga
Departementet støttar utvalet sitt syn om at ordninga med fylkesmannen som klageinstans etter delingslova fungerer tilfredsstillande i dag. Departementet vil vurdere om fylkesmannen framleis skal kunne be om uttale eller hjelp i saksførebuinga hos Statens kartverk.
Den avgjerda fylkesmannen tek i klagesak kan ikkje klagast på, jf. forvaltningslova § 28 første ledd siste punktum. Dersom fylkesmannen finn at det ligg føre ein feil ved matrikkelføringa, kan han gjennom si avgjerd i klagesaka vedta at matrikkelføringa skal opphevast heilt eller delvis. Dersom det ligg føre saksbehandlingsfeil, for eksempel at det ikkje er dokumentert at ein part er varsla, må det vurderast om dette kan ha påverka resultatet. Eventuelt kan matrikkelføringa opphevast for dei forhold som gjeld denne parten.
Dersom kommunen meiner at klagar bør få medhald, skal kommunen oppheve matrikkelføringa, så sant dette er mogleg sett i forhold til kva som har materialisert seg i marka. Det kan hende at eigedommen allereie er bygd på og utnytta på ein slik måte at det i praksis ikkje er mogleg å rette opp feilen. Tap og skade valda ved dette kan eventuelt krevjast erstatta av landmålarføretaket.
25.4.2.4 Rettsleg klageinteresse
For å ha klagerett må klagaren anten vere part eller ha rettsleg klageinteresse, jf. forvaltningslova § 28. Rettsleg klageinteresse må vurderast konkret i det enkelte tilfellet. Det ligg føre omfattande rettspraksis og annan praksis etter både tvistemålslova og forvaltningslova.
Eit spørsmål er kor vidt landmålarføretaket kan ha rettsleg klageinteresse. Oppdragsgivaren til landmålar har klagerett. Utvalet foreslår at kommunen i dette tilfellet også skal kunne vende seg til landmålaren, og ikkje til oppdragsgivaren. Dette er det mest rasjonelle, og er også den ordninga som er praktisert i Danmark.
I bestillinga av ei oppmålingsforretning, jf. lovforslaget § 35, kan det takast inn ei fullmakt frå oppdragsgivaren til føretaket om å kunne klage på kommunale avgjerder. Denne fullmakta bør særleg omfatte klage på forhold av teknisk art, for eksempel dersom kommunen avviser matrikkelføringa med den grunngivinga at det oppmålingstekniske ikkje held mål. Vedkommande landmålarføretak har dei beste føresetnadene for å vurdere om det bør klagast i slike tilfelle.
Dersom oppdragsgivaren meiner at landmålarføretaket har klaga unødig, blir dette eit forhold av privatrettsleg art mellom oppdragsgivar og føretak. Kommunen bør kunne halde seg til føretaket på same måte som domstolane kan halde seg til prosessfullmakta til ein advokat. Oppdragsgivar kan sjølvsagt klage på eiga hand, sjølv om føretaket ikkje ønskjer å gjere det.
Spørsmålet om kor vidt landmålarføretaket har rettsleg klageinteresse, kjem i ei anna stilling når kommunen utfører oppmålingsforretninga utan å ha organisert verksemda i eige selskap. Departementet vil vurdere å gi eigne regler for dette i forskrift for å sikre omsynet til habilitet.
Panthavarar kan ha klagerett dersom pantefråfall ikkje har skjedd ved arealoverføring, men dette vil vanlegvis komme opp som ei tinglysingsklage dersom arealoverføringa er tinglyst utan nødvendige pantefråfall.
Panthavarar vil kunne klage over ei grensejustering dersom denne venteleg vil vedkomme rettane til panthavar. I ei slik klagesak kan resultatet bli at justeringa må opphevast, eventuelt utførast på nytt, eller at panthavar får erstatning. Dersom landmålarføretaket har gjennomført grensejustering i strid med dei areal- og verdigrensene som gjeld for grensejustering, kan føretaket gjerast erstatningspliktig.
25.4.3 Høve til å krevje retting av opplysningar i matrikkelen
Lovforslaget § 26 regulerer det høvet partane har til å få retta opplysningar i matrikkelen. Same føresegn regulerer også når kommunen av eige tiltak kan utføre rettingar i matrikkelen.
Når kommunen eller annan instans som fører matrikkelen, får krav om å rette opplysningar i matrikkelen, må den vurdere konkret om det ligg føre ein feil, og om det ligg føre tilstrekkeleg dokumentasjon som grunn for kravet. Kravet til dokumentasjon vil vere forskjellig, avhengig av kva slag opplysningar det gjeld og korleis opplysningane opphavleg er henta inn.
Endring av grenser i matrikkelkartet kjem i ei spesiell stilling. Hovudregelen er at matrikkelkartet berre kan endrast ved at det blir utført ny oppmålingsforretning. Dersom det f.eks. ligg føre rettskraftig avgjerd ved domstolane for at ei grense skal gå på ein annan stad enn angitt i matrikkelen, skal matrikkelen endrast i samsvar med dette. Det kan likevel vere behov for å halde oppmålingsforretning, for å få eit teknisk eigna grunnlag for å utføre retting på kartet.
Dersom ein part kan dokumentere at ei grense, som tidlegare ikkje er klarlagt i oppmålingsforretning eller tilsvarande, går ein annan stad enn angitt i matrikkelkartet, kan kommunen etter forholda rette matrikkelkartet utan å krevje oppmålingsforretning. Retting må i slike tilfeller som regel gjerast ved å føye til dei nye opplysningane uten å slette dei gamle. Kommunen må underrette alle parter i saka og gi dei høve til å ta stilling, før kommunen gjennomfører rettinga.
Avslag på krav om retting kan klagast på, jf. § 46 første ledd bokstav i. Kommunen må også i slike saker følgje saksbehandlingsreglane i forvaltningslova. Dette inneber at alle som blir direkte involverte skal få beskjed og få høve til å uttale seg. Det same gjeld dersom kommunen av eige tiltak rettar matrikkelen, og vedkommande retting må sjåast som eit enkeltvedtak.
25.4.4 Klage på vedtak om tildeling eller inndraging av godkjenning
Utvalet har foreslått at søknad om autorisasjon og løyve for landmålarar og landmålarføretak skal behandlast av ei sentral nemnd oppnemnt av departementet, jf. lovutkastet § 3 femte ledd. Denne særskilde nemnda skulle også behandle søknader om dispensasjon frå dei ordinære vilkåra for å få løyve og autorisasjon. Nemnda skulle også ta stilling til eventuell inndraging av autorisasjon eller løyve, og kunne gi pålegg til dei som har bevilling om å rette forhold som er i strid med kravet for å få løyve.
Utvalet drøfta i denne samanhengen spørsmålet om klageordning for dei vedtaka nemnda fattar. Utvalet kom til at det er mest formålstenleg å innføre ei ordning med ei særskilt klagenemnd med ei lovbestemt samansetjing. Grunnen til dette er at det i slike klagesaker er behov for spesiell innsikt i kva forhold som inneber brot på lover og forskrifter og på normer for god landmålarskikk.
Departementet følgjer i kapittel 11 ikkje forslaget frå utvalet om ei godkjenningsordning basert på personleg autorisasjon og føretaksbevilling, men foreslår ei rein føretaksgodkjenning meir etter mønster av sentral godkjenning etter plan- og bygningslova. Departementet har vurdert om den sentrale nemnda for godkjenning av føretak for ansvarsrett i medhald av plan- og bygningslova også kunne behandle klager som gjeld godkjenning av landmålarføretak etter lov om eigedomsregistrering. Kommunaldepartementet viser på si side til at nemnda har ei samansetjing som i lita grad er tilpassa saker etter lov om eigedomsregistrering, og at det av omsyn til saksbehandlinga elles i nemnda ligg dårleg til rette for å endre denne samansetjinga. Miljøverndepartementet tek derfor sikte på å opprette ei eiga klagenemnd som vil få delegert departementet sin kompetanse til å behandle klagesaker etter lov om eigedomsregistrering.
25.4.5 Klage på landmålar
Utvalet har ikkje foreslått reglar for klage på landmålar. Her bør ein etter utvalet si meining følgje dei alminnelege rettsreglane for privatrettslege forhold, på linje med det som gjeld for andre konsulenttenester. Det vil normalt ikkje vere snakk om klagebehandling, men bruk av Forbrukarrådet, prisstyresmaktene, domstolsapparatet, osv.
Departementet støttar utvalet sitt syn på dette punktet. Ein part som meiner at grensene skal gå ein annan stad enn slik dei er dokumenterte i forretninga, vil måtte krevje ny forretning eller føre saka inn for domstolane. Part som er misnøgd med prisen til landmålarføretaket eller liknande, må eventuelt klage til forbrukarstyresmaktene.
Departementet vil til liks med utvalet oppfordre til at det blir etablert ei bransjenemnd for landmålarar. Dette finst i ei rekkje andre bransjar, for eigedomsmeklarar, advokatar mfl., og for landmålarverksemd i andre land.
Dersom bransjen går i gang med å opprette ei særskilt klagenemnd i tilknyting til korleis landmålar utfører oppmålingsforretning, vil departementet oppmode om følgjande: Dersom ein part bringer ei klage inn for kommunen som viser seg å vere kommunen uvedkommande, bør fristen for klage i forhold til den særskilte nemnda reknast frå det tidspunktet det kommunale avvisingsvedtaket er blitt kjent for partane. Departementet ønskjer at partane framleis skal ha den garantien for rettstryggleik som ligg i å gi eit offentleg organ høve til å vurdere grunnlaget for klage og kven klaga bør rettast til.
Vidare er det eit ønske at eventuelle standardavtaler for landmålaroppdrag baserer sluttoppgjeret på det tidspunktet då klagefristen i tilknyting til utferding av matrikkelbrev går ut.
Oppmålingsforretningar som kommunen utfører, kjem i same stilling som andre oppmålingsforretningar. Innhaldet i desse forretningane er det same som i andre forretningar. Det er også her tale om tenesteproduksjon utan utøving av avgjerdsmakt. Desse forretningane kjem derfor i same stilling som andre tenester kommunen yter borgarane. Dette gjeld også når kommunen utfører forretningar med eineansvar etter § 38 femte ledd eller som kommunal oppgåve etter overgangsreglane i § 51 andre ledd. Departementet foreslår derfor at det heller ikkje her skal vere høve til å fremje forvaltningsklage. I den grad kommunen gjer enkeltvedtak i samband med forretninga, f.eks. etter plan- og bygningslova, vil det alltid vere høve til å fremje eiga forvaltningsklage på slike vedtak. Når kommunen utfører oppmålingsforretninga etter § 38 femte ledd, bør det likevel vere høve til å fremje forvaltningsklage på avslag om å utføre oppmålingsforretning og fastsetjing av gebyr for forretninga. Departementet foreslår å presisere dette, jf. forslag til § 46 bokstav m. Også avslag om å utføre oppmålingsforretning etter overgangsordninga § 51 andre ledd bør det vere høve til å klage på. Dette foreslår departementet blir presisert i forskrift saman med andre reglar om overgangsordninga.
25.4.6 Tvangsmiddel, straff og erstatning
Lovforslaget § 48 gir høve til å gi tvangsmulkt for å få gjennomført vedtak etter lova. Ei slik føresegn er ikkje foreslått eller vurdert av utvalet.
Rettsleg sett må det vurderast som riktig å ha sanksjonsføresegner i tilknyting til eit lovforslag som omfattar pliktreglar og som gir heimel for vedtak som medfører handlingsplikter for enkeltpersonar, sjølv om erfaringane med delingslova ikkje har påvist noko stort behov for ei slik føresegn.
For at tvangsmulkt skal kunne nyttast, må vedtaket vere av ein slik art at det kan setjast ein tidsfrist for gjennomføringa. Dette er av omsyn til rettstryggleiken til partane. Dersom tidsfrist ikkje er sett i vedtaket, må det gjerast nytt vedtak med tidsfrist før tvangsmulkt kan påleggjast.
Vedtak om tvangsmulkt skal vise til vedtaket som skal gjennomførast, tidsfristen for dette og gi ein høveleg frist for å oppfylle vedtaket. Mulkt kan givast som dagsbøter eller som eingongsbeløp, eller som kombinasjon av desse.
Lovforslaget § 49 første ledd fører vidare innhaldet i signallova § 13 om straff og erstatning for den som øydelegg eller endrar fastmerke, signal, e.l. Departementet har ikkje funne grunnlag for å endre strafferamma.
Straffesanksjonen knyter seg til fastmerke, signal og tilsvarande fysiske innretningar som tidlegare er etablerte i medhald av signallova og som i framtida blir etablerte i samband med grunnlagsmåling i medhald av lovforslaget kapittel 8.
I § 49 andre ledd har departementet teke inn ei ny føresegn som presiserer at det også kan vere aktuelt å krevje erstatning ved slikt skadeverk, særleg med tanke på dei kostnader som kan vere knytte til å etablere nytt fastmerke, signal eller liknande når dette er nødvendig.
Fotnotar
Svarar til § 17 i nå gjeldande konsesjonslov, jf. Ot.prp.nr.79 (2002-2003) om lov om konsesjon ved erverv av fast eiendom (konsesjonsloven) mv.
Frå 1. mai 2004 er 1 G kr 58778.
Føresegna er foreslått endra i Ot.prp. nr. 42 (2004-2005) utan at det får noko å seie i denne samanhengen.