1 Innleiing
Finansdepartementet gjer med dette framlegg til lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.
I proposisjonen inngår:
framlegg om heimel i skattelova for frådrag for tap ved negativ avkastning på livrenter og kapitalforsikringar utan garantert avkastning, og nokre klargjeringar og justeringar av regelverket for slike produkt
framlegg om visse endringar i skattelova for å gjere likninga av samskattlagde skattytarar meir rasjonell
framlegg om innføring av skattefritak for utbetalingar frå statleg kompensasjons- og oppreisingsordning for pionerdykkarar
framlegg om endring i reglane om frådrag for inngåande meirverdiavgift på kjøp og drift o.a. av varebil klasse 1
framlegg om endring av meirverdiavgiftsreglane for kjøp av tenester frå Svalbard og Jan Mayen
framlegg om presisering av reglane om frådrag for inngående meirverdiavgift ved kjøp av personkjøretøy
framlegg om visse endringar i lova om kompensasjon av meirverdiavgift for kommunar, fylkeskommunar mv.
framlegg om at inntekt frå produksjon av biomasse til energiformål kan gå inn i jordbruksinntekta og dermed gi grunnlag for utrekning av jordbruksfrådrag
framlegg om tilpassing av reglar i skattebetalingslova, likningslova og skattelova som følgje av endringar i reglane om offentleggjering av skattelistene
framlegg om retting og presisering av lovtekst i likningslova, svalbardskattelova og skattelova