Ot.prp. nr. 13 (2008-2009)

Om lov om endringar i straffeprosessloven mv. (tingretten si handsaming av saker om ikkje vedtekne førelegg mv.)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for framlegget om endring i straffeprosessloven

2.1 Det ålmenne arbeidet med lovendringar for å gjere straffesakshandsaminga meir effektiv

2.1.1 Innleiing

Skal straffa kunne verke som lovgjevaren har tenkt, må det ikkje gå for lang tid mellom den strafflagde handlinga og reaksjonen frå samfunnet. Ei grundig, men rask handsaming er også det beste utgangspunktet for å få eit godt samsvar mellom lovbrot og reaksjon. Det går fram av regjeringa si politiske plattform (Soria Moria-fråsegna) at regjeringa ønskjer eit aktivt, heilskapleg arbeid mot kriminalitet. Målet er å førebyggje betre, oppklåre meir, reagere raskare og rehabilitere betre, og regjeringa ønskjer å skunde på straffesakshandsaminga i domstolane for å få balanse i straffesakkjeda. Departementet har i lang tid vore opptatt av å sikre at straffesakene ikkje skal ta lengre tid enn det omsynet til forsvarleg handsaming krev.

2.1.2 Høyringsnotat september 2006 om snøggare handsaming av straffesaker

Stortinget bad i oppmodingsvedtak nr. 395 (2003-2004) regjeringa om å utarbeide ei samla tiltakspakke for å korte ned på tida som går med til å handsame ei straffesak. Mellom anna etter dette oppmodingsvedtaket sende departementet i september 2006 på høyring ei rekkje forslag til lovendringar. Somme av dei skriv seg frå ulike arbeidsgrupper mv. som har vore i arbeid i løpet av det siste tiåret, og som har vurdert korleis straffesakhandsaminga kan verte meir effektiv. Høyringsnotatet hadde med forslag om mellom anna:

  • ei viss innskrenking i bruken av jury (lagrette) i straffesaker for lagmannsretten, ved å setje som vilkår for pådømming med jury at tingretten har idømt, eller påtalemakta vil påstå, fengsel i meir enn fire år, forvaring eller særreaksjonar

  • einskilde andre endringar i juryordninga, mellom anna at saker om grov korrupsjon ikkje skal gå for jury, og oppheving av regelen om utskyting av lagrettemedlemmar

  • noko utvida ankesiling etter straffeprosessloven § 321, slik at den automatiske retten til ankehandsaming etter tredje ledd i paragrafen berre skal gjelde saker der det er idømt eller påstått fengsel i minst så mange år som vert fastsett i lova

  • forenkling av tingretten si handsaming av føreleggssaker, mellom anna ved at meddommarar ikkje treng vere med i visse saker om førelegg som ikkje er vedtekne.

Høyringsnotatet vart sendt til:

Departementa

Høgsterett

Lagmannsrettane

Bergen tingrett

Nord-Troms tingrett

Oslo tingrett

Stavanger tingrett

Trondheim tingrett

Domstoladministrasjonen

Riksadvokaten

Statsadvokatane

ØKOKRIM

Politidirektoratet

Politiets tryggingsteneste

Kommisjonen for oppattaking av straffesaker

Sivilombodsmannen

Regjeringsadvokaten

Datatilsynet

Kriminalomsorgas utdanningssenter (KRUS)

Barneombodet

Kredittilsynet

Alternativ til Vold

Amnesty International (norsk avdeling)

Bergen forsvarerforening

Datakrimutvalget

Den Norske Advokatforening

Den norske Dommerforening

Den norske Revisorforening

Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen

Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo

Det juridiske fakultet ved Universitetet i Tromsø

Det kriminalitetsførebyggjande rådet (KRÅD)

Det norske Menneskerettighetshuset

Etterutdanningsrådet for dommere

Finansforbundet

Finansieringsselskapenes Forening

Foreningen for voldsofre

Forsvarergruppen av 1977

Incestsenteret for menn (IFM)

Institutt for menneskerettar, Universitetet i Oslo

Juridisk rådgivning for kvinner - JURK

Jusshjelpa i Nord-Norge

Juss-Buss

Politiets Fellesforbund

Rettspolitisk forening

Statsadvokatenes forening

Stine Jussformidlingen i Bergen

Kirkens Ressurssenter mot vald og seksuelle overgrep

Kompetansesenter for likestillingsarbeid

Kontoret for valdsoffererstatning

Krisesentersekretariatet

Kvinneuniversitetet i Nord

Kvinneuniversitetet på Løten

Landsforeningen for voldsofre og motarbeiding av vold

Landsforeningen rettferd for taperne

Landsorganisasjonen i Norge

Lensmannsetatens landslag

Likestillings- og diskrimineringsombodet

Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress

Nasjonalt ressurssenter for seksuelt misbrukte barn

Norges politisjefforening

Norges Forsvarerforening

Norges Kvinne- og familieforbund

Norges Juristforbund

Norges Lensmannslag

Norsk fengsels- og friomsorgsforbund

Norsk forening for kriminalreform - KROM

Norsk forbund for voldsofre

Norsk krisesenterforbund

Norsk Kvinnesaksforening

Norske kvinnelige juristers forening

Politiembetsmennenes Landsforening

Stine Sofies Stiftelse

Straffedes organisasjon i Norge (SON)

Straffelovrådet

Støttesenter for fornærmede i straffesaker

Støtteforeningen for seksuelt misbrukte barn

Departementet har mottatt høyringsfråsegner frå:

Agder lagmannsrett

Agder statsadvokatembeter

Barneombodet

Borgarting lagmannsrett

Den Norske Advokatforening

Den norske Dommerforening

Domstoladministrasjonen

Finansdepartementet

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Forsvarergruppen av 1977

Frostating lagmannsrett

Gulating lagmannsrett

Hedmark og Oppland statsadvokatembete

Hordaland statsadvokatembete

Høgsterett

Hålogaland lagmannsrett

Institutt for kriminologi og rettssosiologi

Kommisjonen for oppattaking av straffesaker

Kredittilsynet

Landsorganisasjonen i Norge

Likestillings- og diskrimineringsombodet

Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane statsadvokatembete

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress

Nordland statsadvokatembete

Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund

Norsk forening for kriminalreform

Oslo statsadvokatembete

Oslo tingrett

Politidirektoratet

Politiets fellesforbund

Politiets tryggingsteneste

Riksadvokaten

Samferdselsdepartementet

Stine Sofies Stiftelse

Trøndelag statsadvokatembete

I tillegg har nokre einskilde kome med skriftlege merknader til høyringsnotatet, mellom dei tingrettsdommar Knut Petterson og høgsterettsadvokat Terje Herrem.

Høyringsnotatet september 2006 har, som det går fram ovanfor, med forslag til lovendringar som kan forenkle tingretten si handsaming av saker om ikkje vedtekne førelegg. Proposisjonen her tek berre opp dette spørsmålet. Desse høyringsinstansane har hatt merknader til denne delen av høyringsnotatet:

Riksadvokaten

Domstoladministrasjonen

Politidirektoratet

Den norske Dommerforening

Agder lagmannsrett

Forsvarergruppen av 1977

Den Norske Advokatforening

Hordaland statsadvokatembete

Likestillings- og diskrimineringsombodet

Nordland statsadvokatembete

Norsk forening for kriminalreform (KROM)

Oslo statsadvokatembete

Oslo tingrett

Trøndelag statsadvokatembete

2.2 Korleis høyringa blir følgd opp. Nærmare om einskilde forslag som gjeld anna enn handsaminga av føreleggssaker i tingretten

Med denne proposisjonen følgjer departementet opp høyringsnotatet punkt 14 om forenkling av tingretten si handsaming av føreleggssaker. Dei andre spørsmåla som høyringsnotatet tok opp, kjem departementet attende til i ein seinare proposisjon.

Høyringsnotatet har ei rekkje forslag om ulike sider ved juryordninga. Jamvel om høyringsnotatet ikkje la beinveges opp til det, har mange av høyringsinstansane nytta høvet til å gje uttrykk for sitt syn på juryordninga i det heile. Somme rår til at juryordninga vert avskipa, medan nokre andre meiner ho bør stå ved lag (utan nye innskrenkingar). Attåt dette har høyringa fått fram opplysningar som tyder på at nokre lagmannsrettar vil få etter måten få jurysaker til handsaming dersom det vert sett ein «nedre terskel» for juryhandsaming på fengsel i fire år, forvaring eller særreaksjoner, i samsvar med det som var eitt av dei føreslegne alternativa i høyringsnotatet. Departementet ser det som verdfullt med eit ordskifte om juryordninga som ein sentral del av straffeprosessen. Høyringa har fått fram synspunkt, opplysningar og røynsler som til saman styrkjer grunnlaget for å vurdere om ein bør gjere framlegg til lovendringar. Departementet arbeider vidare med saka med sikte på eit mogeleg framlegg for Stortinget seinare.

Høyringsnotatet punkt 7 har forslag til endring av straffeprosessloven § 321 som går ut på å føye til i tredje stykket i paragrafen at den vilkårslause retten til ankehandsaming berre gjeld der det er idømt eller påstått fengsel i fleire år enn ei grense fastsett i lova, forvaring eller særreaksjonar. I høyringsnotatet peika departementet samstundes på motførestellingar mot å gå lenger i å innskrenke den vilkårslause retten til ankehandsaming. Høyringsinstansane er delte i synet på forslaget. Etter høyringa har FNs menneskerettskomité i ei klagesak uttalt at Noreg krenkte FN-konvensjonen om sosiale og politiske rettigheter artikkel 14 nr. 5 om rett til overprøving, av di ei ankenekting etter straffeprosessloven § 321 andre stykket ikkje var grunngjeven (fråsegn 17. juli 2008 i den såkalla «restauratørsaka»). Departementet har gjort fråsegna kjend for domstolane og påtalemakta gjennom Domstoladministrasjonen og Riksadvokaten, og vil vurdere oppfølgjing ut over dette når Høgsterett har sagt dom i saker om spørsmålet som er viste til førehaving i storkammar i november 2008.

Fråsegna frå Menneskerettskomiteen gjeld som nemnt straffeprosessloven § 321 andre stykket, og ikkje den vilkårslause retten til ankehandsaming etter tredje stykket i paragrafen. Departementet nyttar likevel høvet til å gjere det klart at det ikkje no vil fremje det forslaget til å utvide området for ankesiling etter § 321 andre stykket som låg i høyringsnotatet.

Til forsida