2 Arbeidet med berekraftsmåla
Oppfølginga av berekraftsmåla er ein del av det ordinære politiske arbeidet til regjeringa. Kvart departement rapporterer om oppfølginga av måla i budsjettdokumenta sine.
Mål 1: Utrydde alle former for fattigdom i heile verda
I Noreg er det mindre ulikskap og fattigdom samanlikna med andre land. Økonomisk vekst, høg sysselsetjing både blant kvinner og menn og breie velferdsordningar bidrar til dette. Tilgang til barnehage, utdanning og helsetenester bidrar til likskap i moglegheiter, og til å redusere skilnader i levekår.
Det store fleirtalet i den norske befolkninga har høg levestandard og gode levekår. Ein liten del av innbyggjarane har likevel så låg inntekt at det avgrensar moglegheitene deira for fullverdig deltaking i samfunnet. Som indikator på omfanget av personar med auka risiko for fattigdom tar vi utgangspunkt i såkalla vedvarande låginntekt. Dette blir målt som gjennomsnittsinntekt under 60 prosent av medianinntekta over ein treårsperiode. Delen med vedvarande låginntekt var relativt stabil på 2000-talet, men auka noko etter 2010. Etter ein topp i 2018–2020 har delen med vedvarande låginntekt gått noko ned. I perioden 2020–2022 hadde 9,5 prosent av innbyggjarane vedvarande låginntekt (studentar er haldne utanfor). Over tid har det vore vekst i gjennomsnittleg inntekt i låginntektsgruppa, men den generelle inntektsveksten har vore noko høgare.
Det har over tid vore ein auke i kor stor del barn som lever i hushald med vedvarande låginntekt. Fleire barnefamiliar med innvandrarbakgrunn og svak yrkestilknyting har bidratt til auken. Etter ein topp i 2018–2020 (11,7 prosent) har det dei siste åra blitt færre barn som lever i familiar med vedvarande låginntekt. I perioden 2020–2022 var talet 10,6 prosent (102 600 barn). Dette er dei lågaste tala sidan 2016. Færre barn i befolkninga og auka barnetrygd for dei yngste barna kan forklare nedgangen. Samstundes har auka levekostnadar dei siste åra særleg ramma dei familiane som har minst frå før, noko som kan gå ut over barna. Seks av ti barn som veks opp i hushald med vedvarande låginntekt har innvandrarbakgrunn, òg barn av einslege forsørgjarar, er overrepresenterte.
Samstundes har prosentdelen med låginntekt i andre grupper, mellom anna blant alderspensjonistar, gått ned. Pensjonistar har hatt relativt høg inntektsvekst, som følgje av auka yrkesaktivitet blant eldre og nye pensjonistkull med høgare pensjonsgrunnlag. Pensjonen for einslege minstepensjonistar er òg auka dei siste åra. Det er små skilnader i låginntekt mellom kvinner og menn, med unntak av dei eldste, der fleirtalet av minstepensjonistane er kvinner.
Høg sysselsetjing er avgjerande for den sosiale og økonomiske berekrafta i samfunnet, samstundes som deltaking i arbeidslivet har mykje å seie for inntekta til den enkelte. Innsatsen for ein velfungerande arbeidsmarknad, eit sikkert og seriøst arbeidsliv og for inkludering av fleire i arbeid er viktig for å førebygge og redusere fattigdom. Arbeids- og velferdsetaten forvaltar ei rekkje verkemiddel som skal hjelpe dei som står utanfor arbeidslivet til å kome i arbeid, mellom anna arbeidsmarknadstiltak.
Det er alvorleg når nokon blir ståande utanfor arbeid og utdanning alt frå ung alder. For å styrkje innsatsen for unge har regjeringa frå 1. juli 2023 innført ein ungdomsgaranti i Arbeids- og velferdsetaten. Ungdomsgarantien skal sikre unge mellom 16 og 30 år som treng hjelp til å kome i ordinært arbeid får tidleg innsats, ein fast kontaktperson og tett individuelt tilpassa oppfølging så lenge det er nødvendig. Målet er at fleire skal fullføre utdanning og kome i jobb.
Regjeringa la i september 2024 fram ei melding til Stortinget om arbeidsmarknadspolitikk. I denne meldinga foreslår regjeringa mellom anna nye tiltak utover ungdomsgarantien for å vidareutvikle og styrkje innsatsen overfor unge. Regjeringa ønsker i denne samanheng å setje i verk eit forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram, med rett til ein stateleg inntektssikring, kor nedsett helsetilstand ikkje er eit inngangsvilkår.
Mange nykomne flyktningar har svak tilknyting til arbeidsmarknaden. Nokre innvandrargrupper har låg inntekt òg etter å ha budd lenge i Noreg. Integreringslova legg til rette for at fleire nykomne flyktningar kan ta formell utdanning innanfor ramma av introduksjonsprogrammet, og set tydlegare krav til norskkunnskapar. Kvalifisering, utdanning og arbeid er viktige innsatsområde. Når det gjeld flyktningane frå Ukraina, vidareførte Stortinget i juni 2024 mellombelse endringar i fleire lovar med enkelte justeringar. Dette skal bidra til at flest mogleg kjem raskt ut i arbeid, gjere det enklare for kommunane å busette raskt, og til at kommunar og fylkeskommunar kan handtere situasjonen og tilpasse tenestetilbodet sitt. Regjeringa satsar vidare på tilskotsordninga Jobbsjansen slik at fleire kvinner med innvandrarbakgrunn kan få kvalifisering for å kome ut i arbeid.
Regjeringa la våren 2024 fram Meld. St. 17 (2023–2024) Om integreringspolitikken: Stille krav og stille opp. Målet er at fleire innvandrarar skal få ei stabil tilknyting til det seriøse arbeidslivet og at fleire skal delta i små og store fellesskap. Gjennom integreringsmeldinga vil regjeringa bidra til å styrkja innsatsen for at fleire blir integrerte i det norske samfunnet. Auka sysselsetjing og deltaking på andre samfunnsområde vil betre levekåra og redusere utanforskap blant innvandrarar.
Barnehagar og skular som løftar alle barn, uavhengig av bakgrunnen til foreldra, er viktig for å skape like moglegheiter for alle. Regjeringa har gjennomført ei rekkje tiltak for å fjerne økonomiske hindringar for bruk av barnehage og skulefritidsordning (SFO), mellom anna er maksimalprisen i barnehage redusert. Sjå nærare om tiltak under mål 4.
Barnetrygda for barn over 6 år og einslege forsørgjarar er styrkt. Ei endring i sosialtenestelova i 2022 slår fast at barnetrygda skal bli halden utanfor ved berekninga av økonomisk sosialhjelp. Målet er å betre økonomien til mottakarar av økonomisk sosialhjelp. Frå 1. juli 2023 vart dei statlege rettleiande satsane for økonomisk sosialhjelp oppjusterte. Regjeringa har òg auka tilskotet til ordningar som tilbyr gratis aktivitetar og dekker utgifter til fritidsaktivitetar for barn og unge.
Samarbeidsstrategi for barn og ungdom i lavinntektsfamilier – Like muligheter i oppveksten(2020–2023) er vidareført i 2024. Regjeringa la våren 2024 fram ein handlingsplan med 43 tiltak for å gi alle barn like moglegheiter til deltaking i kultur, idrett og friluftsliv.
Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om sosial mobilitet og sosial utjamning for barn og unge og deira familiar. Formålet er å forsterke politikken for å redusere sosiale skilnader og motverke at dårlege levekår går i arv. Ulikskap og vanskelege oppvekstvilkår påverkar framtida til barn på eit tidleg stadium. Meldinga skal mellom anna sjå på betydninga av dei første leveåra til barnet, inkludert svangerskapet, og overgangar frå barn til ungdoms- og vaksenliv, utdanning og arbeid. Stortingsmeldinga blir lagt fram våren 2025. Meldinga skal mellom anna følgje opp rapport frå ekspertgruppa om barn i fattige familiar, som leverte sin rapport hausten 2023 (Rege-rapporten), og rapport våren 2024 frå ekspertgruppa som har sett på betydninga av barnehage, skule og SFO for sosial utjamning og sosial mobilitet (Løken-rapporten).
Dei med låginntekt er særleg utsette på bustadmarknaden. Regjeringa la fram Meld. St. 13 (2023–2024) Bustadmeldinga— Ein heilskapleg og aktiv bustadpolitikk for heile landet våren 2024. Det er òg viktig med tiltak for å hjelpe dei som slit med rus eller har utfordringar med psykisk helse. Regjeringa la fram ein opptrappingsplan for psykisk helse i 2023 og tek sikte på å leggje fram stortingsmeldinga om førebyggings- og behandlingsreforma for rusfeltet i 2024.
Kommunane har, gjennom ansvaret for grunnleggjande velferdstenester, ei sentral rolle i å førebyggje fattigdom. Regjeringa har lagt fram Meld. St. 28 (2022–2023) Gode bysamfunn med små skilnader. I enkelte byar og område med konsentrasjon av levekårsutfordringar har staten og kommunane eit avtalebasert samarbeid om felles ekstra innsats. Områdesatsingane er eit verkemiddel for å medverke til inkludering og likeverdige levekår i utsette byområde.
Frivillige organisasjonar bidrar til å redusere utanforskap og skape eit inkluderande samfunn.
Internasjonalt er det overordna målet for norsk utviklingspolitikk å bidra til fattigdomsreduksjon og økonomisk vekst og velferd i utviklingsland. Sosioøkonomiske konsekvensar av pandemien gjorde at ekstrem fattigdom auka i 2020, for fyste gong i dette hundreåret. No går fattigdomen igjen nedover, men utviklinga er ujamn, og dei fattigaste landa heng etter. Ringverknadene av krigen i Ukraina, fleire konfliktar i verda og auka konsekvensar av miljø- og klimaendringane gjer det krevjande å oppnå like stor fattigdomsreduksjon som tidlegare. Den offisielle utviklingsbistanden frå Noreg (ODA) auka frå 49,6 milliardar kroner i 2022 til rekordhøge 58,6 milliardar kroner i 2023. Delen av BNI låg på 1,09 prosent. Noreg var det einaste landet i utviklingskomiteen i OECD som nådde over 1 prosent.
Mål 2: Utrydde svolt, oppnå mattryggleik og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk
Mattryggleik inneber å ha tilgang til nok, trygg og sunn mat som møter ernæringsmessige behov og preferansar. Noreg har god mattryggleik. Vi er i stor grad sjølvforsynte med kjøt, meieriprodukt, fisk og sjømat, medan vi i større grad er avhengige av import av planteprodukt. Vi har rammeverk og forvaltningsinstitusjonar som sikrar at maten vi blir tilbodne, er trygg å ete.
Landbruks- og matpolitikken har fire overordna mål: mattryggleik, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. I dei årlege jordbruksoppgjera forhandlar regjeringa og næringa om rammene for jordbruks- og matpolitikken for det følgjande året, og mellom anna om den konkrete oppfølginga av både nasjonale og internasjonale forpliktingar. Eit berekraftig landbruk skal medverke til økonomisk vekst og verdiskaping i heile landet, til at det blir tatt miljøomsyn og til at matproduksjonen er godt rusta mot klimaendringar.
I ein situasjon med uro i internasjonale marknader for mat og energi, og sterkt aukande prisar på viktige matvarer internasjonalt, har regjeringa lagt vekt på å sikre nasjonal matproduksjon. Jordbruksavtalen i 2024 bidrar til å trygge matproduksjonen over heile landet, mattryggleik og auka sjølvforsyning. I avtalen er klima og miljø høgt prioritert saman med mjølkeproduksjon. I tillegg har rekruttering og unge bønder, velferdsordningar og landbruk i Nord-Noreg blitt prioritert.
Dei samla jordbruksareala i drift er nokså stabile. Husdyrhald bidrar til å halde oppe landbruk over heile landet. Reindrifta utnyttar tilgjengelege ressursar i marginale fjell- og utmarksområde, bidrar til næringsmessig mangfald og er ein sentral berar av samisk kultur.
Ein aktiv bruk av og eit sterkt vern om arealressursane er ein føresetnad for å nå produksjonsmålet i landbruket. Oppdatert nasjonal jordvernsstrategi handlar om vern av areal med dyrka og dyrkbar mark, og av jordsmonnet som substans. Regjeringa har satt eit nytt langsiktig jordvernmål om maksimal omdisponering på 2000 dekar dyrka mark årleg som Stortinget slutta seg til i 2023. Nasjonalt miljøprogram for jordbruket er innretta for å følgje opp målet om eit berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. I nytt nasjonalt miljøprogram er jord og jordhelse inkludert som eit eige miljøtema. Det blir arbeidd med å utvikle og breie ut gode løysingar for jord som eignar seg i praktisk jordbruk.
Når det gjeld mat frå havet og mattryggleik så handlar «nok sjømat» om å sikre rike hav, berekraftig hausting og produksjon, berekraftig fôr, auka ressursutnytting, redusert matsvinn og klimatilpassing. «Trygg, sunn sjømat og ernæringsmessige behov» handlar om reine hav, hygiene, overvaking av framandstoff og næringsstoff, nytte-risiko vurderingar og sjømatens plass i eit sunt kosthald. «Matpreferansar» handlar om marknadens og forbrukarane sine preferanser og avgjer om sjømaten blir solgt og spist. Det handlar om faktorene over og om sjømatens omdømme – kvalitet, produktutvikling, smak, kunnskap, kultur og vaner, etikk, berekraft, klimaspor, dyrevelferd og produksjonsforhold. «Tilgang» til sjømaten handlar mellom anna om jamn råstofftilgang, driftsformer, transport, logistikk og infrastruktur, matforsyning, råvarekunnskap og handel. Vårt arbeid med mat frå havet handlar om kunnskapsbasert politikk og handling – frå sunne hav, gjennom verdikjeda fram til sunne og fornøgde forbrukere og markeder. Norsk fiskeri- og akvakulturpolitikk er tufta på berekraftig forvaltning- og produksjon og sunn og trygg sjømat frå både fiske, fangst og oppdrett. Viltlevande marine ressursar blir forvalta gjennom kvotereguleringar, tekniske reglar for fiske, strukturtiltak og internasjonalt samarbeid. Krav om løyve og regelverk for drift av akvakulturverksemd står sentralt i forvaltning av akvakulturnæringa. Gjennom god forvaltning, regulering og overvaking legg regjeringa til rette for at det blir produsert sunn og trygg sjømat innanfor berekraftige rammer.
Eit overordna mål for ernæringsarbeidet er eit sunt og variert kosthald blant alle innbyggjarane. Generelt er det god ernæringsstatus i Noreg, men usunt kosthald og feilernæring er ein risikofaktor for sjukdom og tidleg død. Det er utfordringar med for høgt inntak av salt, tilsett sukker og metta feitt, og for lågt inntak av frukt, bær, grønsaker, grove kornprodukt og fisk. Den årlege rapporten om utvikling i norsk kosthald viser at forbruket av frukt og bær har gått ned dei siste åra, forbruket av grønsaker har auka litt. Engrosforbruket av kjøt totalt (inkludert kjøtbiprodukt) auka i perioden 1959–2008, mens forbruket frå 2015–2022 har variert noko. Forbruket av fisk og sjømat har gått ned med 13 prosent (rekna som heil ureinsa fisk) sidan 2015 til 2022.
Regjeringa følgjer opp kosthaldsarbeidet gjennom Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga 2023 – nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar. Tiltak som skal bidra til betre kostvanar og sosial utjamning i kosthald er mellom anna samarbeid med matvarebransjen og innsats for gode måltid i barnehagar, skular og skulefritidsordningar. Helsedirektoratet lanserte nye nasjonale kostråd i august. Råda er utvikla basert på samanhengane mellom kosthald og helse. Det nasjonale kosthaldsprogrammet Fiskesprell skal bidra til auka konsum av fisk hos barn og unge. Aktivitetsprogrammet Matjungelen, har som målsetting at barn kan utforske mat som både er bra for kropp og klode, og oppleve matglede i fellesskap.
Deretter skal ein vurdere korleis landbrukssektorens verkemiddel kan nyttast for å leggje til rette for klimatilpassing og klimarobuste driftsformer. Staten har inngått ein klimaavtale med jordbruksnæringa, som skal bidra til at Noreg når dei internasjonale forpliktingane om lågare klimagassutslepp. Opprettinga av Bionova i 2023 er eit viktig verktøy for grøn omstilling i landbruket og for omstilling til ein meir sirkulær bioøkonomi innan blå og grøn sektor.
Bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk er avgjerande for å tilpasse matproduksjonen til endra klima, nye plantesjukdommar og skadegjerarar. I 2019 fastsette Landbruks- og matdepartementet strategien Forråd av gener – muligheter og beredskap for framtidas landbruk, og ein tiltaksplan for 2024–2028 er utarbeidd. Frøformeira planter blir lagra i ein felles nordisk genbank, medan vegetativt formeira planter blir bevart i nasjonale klonarkiv. Gjennom drifta av Svalbard globale frøkvelv bidrar Noreg til langtidslagring av frø frå heile verda i tråd med internasjonal standard for genbankar. Årleg gir Noreg eit bidrag til FN-fondet for plantegenetiske ressursar på 0,1 prosent av norsk såvareomsetnad. I 2022 ga Noreg 40 millionar ekstra til fondet for å støtte småbønder i utviklingsland. I Noreg er 16 av dei nasjonale småfe-, storfe- og hesterasane i landbruket rekna som bevaringsverdige og definerte som truga. I 2024 er ingen raser av dei bevaringsverdige storferasane lenger kategoriserte som kritisk trua.
Internasjonalt er innsatsen for auka berekraftig matproduksjon og god ernæring styrkt dei seinare åra. Mattryggleik er ei hovudprioritering i utviklingspolitikken, med følgje særskilt fokus òg på akvatisk mat. Den globale mattryggleiken er blitt verre for kvart år sidan 2014. FN har rekna ut at rundt 900 millionar menneske opplevde vedvarande usikker mattilgang i 2023. Væpna konfliktar, fattigdom og klimaendringar er dei viktigaste årsakene til matmangel og svolt. Sårbarheitene i dei globale matsystema var ekstra synlege under pandemien og etter den russiske invasjonen av Ukraina. Regjeringa fører vidare strategien Kraftsamling mot svolt – ein politikk for auka sjølvforsyning. Strategien er ein spissa innsats for å endre matsystema i utviklingsland og vektlegg tiltak for å styrkje småskalaprodusentars verdikjeder og klimarobust matproduksjon. Hovudprioriteringane er betre produktivitet, redusert produksjonstap, velfungerande lokale verdikjeder og marknader, betre tilgang på sunn, variert og trygg mat og førebygging og rask heilskapleg innsats. Regjeringa fører òg vidare Strategi for klimatilpasning, forebygging av klimarelaterte katastrofer og sultbekjempelse.
Samla norsk bistand til landbruk, fiskeri og mattryggleik auka frå 3,6 milliardar kroner i 2022 til 4,4 milliardar kroner i 2023. Stortinget vedtok i 2023 ei ekstraordinær løyving retta mot utviklingsland for å handtere ringverknadene av krigen i Ukraina. Løyvinga var fordelt likt mellom humanitær bistand og mattryggleik.
Berekraftig forvaltning av natur er grunnleggjande for å sikre og styrkje mattryggleiken. Gjennom Klima- og skoginitiativet bidrar Noreg til å kjempe mot avskoging og skogdegradering, for vern og restaurering av karbonrike myrar og mangroveskogar, fremje god arealplanlegging i land med tropisk skog og styrkje dei tradisjonelle matsystema til urfolk. Noreg bidrar aktivt i FN-organisasjonane med mandat innanfor mattryggleik, ernæring og langsiktig utvikling av landbruk, fiskeri og akvakultur og i det globale programmet for landbruk og mattryggleik frå Verdsbanken. Noreg deltok òg aktivt i dei internasjonale forhandlingane om naturmangfald. Det globale Kunming-Montreal-rammeverket for naturmangfald, som vart vedtatt i desember 2022, inneheld ei rekkje mål knytte til berekraftig matproduksjon. Noreg leiar òg eit globalt handlingsnettverk på berekraftig mat frå hav og innlandsvatn for mattryggleik og ernæring under paraplyen til FNs ernæringstiår.
Det er aukande merksemd om behovet for ei meir tverrsektoriell tilnærming til berekraft på matområdet. Matsystem bind faktorar som klima, miljø, infrastruktur og institusjonar saman med verdikjeda for mat. Noreg tek aktivt del i det globale arbeidet med berekraftige matsystem. Som eit ledd i oppfølginga av FNs mattoppmøte i 2021 vart ein nasjonal dialog om berekraftige matsystem halde hausten 2023 med aktørar frå heile matsystemet. Det er utarbeidd ein rapport frå dialogen. Som ei oppfølging av Stortinget sitt vedtak nr 560 av 18. april 2024 vil regjeringa setje ned eit offentleg utval om framtidas matsystem. Vedtaket vart fatta i samband med Stortinget si handsaming av Meld. St. 11 (2023–2024) om strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer m.m. jf. Innst. 258 S (2023–2024).
Mål 3: Sikre god helse og fremje livskvalitet for alle, uansett alder
Eit systematisk folkehelsearbeid og ei velfungerande og tilgjengeleg helse- og omsorgsteneste legg grunnlaget for at nordmenn flest har god helse og god livskvalitet. Folkehelsa i Noreg er generelt god og den forventa levealderen er blant dei høgaste i verda, men det er framleis store sosiale helseforskjellar. I 2023 var forventa levealder 84,6 år for kvinner og 81,4 år for menn. Dette er ein oppgang frå 2022, etter ein liten nedgang i 2021, grunna koronapandemien. Forventa levealder var i perioden 2014–2020 høgast for dei med høgare utdanning og lågast for menn med grunnskule som høgast fullførte utdanning. Med høgare levealder aukar både talet på eldre i befolkninga og kor stor prosentdel dei utgjer. Fleire vil leve med kroniske sjukdommar og demens. Samstundes lever mange eldre lenger med god helse og funksjonsevne og har aktive liv, sjølv med kronisk sjukdom.
Folkehelsepolitikken, særleg arbeidet med å jamne ut sosiale forskjellar i helse og livskvalitet, skal bidra til å styrkje den sosiale berekrafta i samfunnet. Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga – Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar, vart lagd fram våren 2023 og er ein nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar. Tiltaka i meldinga er innretta slik at dei er best for dei som treng det mest, men samstundes er bra for alle. Folkehelsepolitikken skal bidra til å redusere sårbarheita og auke motstandskrafta i samfunnet. God helse og livskvalitet gir i seg sjølv styrkje, og ei effektiv organisering av arbeidet med å verne og fremje folkehelsa på tvers av sektorar bidrar til betre evne til å handtere kriser.
Arbeidet med å fremje helse og livskvalitet blir følgt opp gjennom ei rekkje meldingar, nasjonale strategiar og handlingsplanar, mellom anna på levevaneområdet. Regjeringa har lagt fram ein Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024–2027 som ei melding til Stortinget. Saman med Folkehelsemeldinga og Helseberedskapsmeldinga utgjer planen dei overordna rammene for helse- og omsorgspolitikken til regjeringa. Målet er betre helse og meistring i befolkninga, betre ressursbruk og betre pasient- og brukaropplevingar.
Det er fleire folkehelseutfordringar som gjeld den samiske befolkninga. Kvinner og menn med samisk bakgrunn rapporterer om meir psykiske plagar enn befolkninga elles, og samar opplever òg meir hets og diskriminering. Personar med samisk bakgrunn er og i større grad utsette for emosjonell, fysisk og/eller seksuell vald enn majoritetsbefolkninga. Regjeringa la derfor i mars 2024 fram Meld. St. 12 (2023–2024) Samisk språk, kultur og samfunnsliv, folkehelse og levekår i den samiske befolkningen.
Regjeringa vil leggje fram ein strategi for kvinners helse for å fremje likeverdig tilgang til helse. Kvinnehelseutvalet legg til grunn at kjønn har betydning for helsa vår. Utvalet meiner at det ikkje er tatt tilstrekkeleg omsyn til ulikskapar mellom kjønna i helse- og omsorgstenestene, i helsepolitikken og i medisinsk og helsefagleg forsking. Regjeringa vil i strategien mellom anna bidra til eit kunnskapsløft på kvinnehelse, kjempe mot ulikskap i helse og styrkje kvinner si eigenmestring og helsekompetanse.
Når det gjeld smittsame sjukdomar vart det i 2023 meldt 332 hiv-tilfelle, mot 245 i 2022. Auka heng saman med at fleire hiv-positive personar kom til Noreg. 82 prosent var smitta før dei kom til Noreg. Folkehelseinstituttet antar at langtidstrenden med nedgang i talet på hiv-tilfelle i den norske populasjonen held fram. Mest utsett for hiv-smitte er framleis menn som har sex med menn og heteroseksuelle menn på reise i utlandet, særleg til Søraust-Asia. Nasjonal strategi for arbeidet mot virale leverbetennelser (hepatitter) er evaluert og gjeld framleis. Innvandrarar frå land med høg førekomst av hepatitt B er den viktigaste risikogruppa i Noreg. Det var berre 23 tilfelle diagnostisert med kronisk hepatitt B i 2023 som var antatt smitta i Noreg. I 2024 synest det så langt å vere same overordna tendens som i 2023 når det gjeld førekomst av både hiv, hepatitt B og hepatitt C. Det er god tilgang på nødvendig behandling, og vi er godt på vei til å eliminere hepatitt C som eit folkehelseproblem.
Psykisk helse er ei stor folkehelseutfordring og eit av dei viktigaste satsingsområda til regjeringa. Folkehelsemeldinga har brei omtale av korleis psykisk helse og livskvalitet kan fremjast gjennom godt folkehelsearbeid. Det er i gang eit omfattande program for folkehelsearbeid, der målet er å utvikle tiltak som kommunane kan bruke for å førebyggje psykiske plager og lidingar, fremje lokalt rusførebyggjande arbeid og fremje god psykisk helse og livskvalitet. Regjeringa vil setje i gang tiltak for å auke den psykiske helsekompetansen i befolkninga, mellom anna gjennom innbyggjarkampanjen ABC for god psykisk helse. Trøndelag fylkeskommune gjennomfører ein pilot 2022–2024 som skal danne grunnlaget for ein nasjonal kampanje.
Våren 2023 la regjeringa fram ein 10-årig opptrappingsplan for psykisk helse. Hovudområda er det helsefremjande og førebyggjande psykiske helsearbeidet, gode tenester der folk bur og tilbodet til dei med langvarige og samansette behov. Målet er at fleire skal oppleve god psykisk helse og livskvalitet, og at dei som har psykiske plager og lidingar, skal få god og lett tilgjengeleg hjelp. Regjeringa vil leggje fram ein nasjonal livskvalitetsstrategi i 2024 for å utvikle mål og verkemiddel for å sikre ei samfunnsutvikling som utjamnar sosiale forskjellar i livskvalitet og som òg speglar av befolkninga si oppleving av kva som er viktig for eit godt liv. SSB har på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet utvikla forslag til eit indikatorrammeverk som kan nyttast til å følgje utviklinga av livskvalitet og til politikkutforming. SSB gjennomfører i tillegg regelmessige målingar av livskvalitet i befolkninga.
Regjeringa arbeider for å førebyggja sjølvmord og følgjer opp tiltak i Handlingsplan for førebygging av sjølvmord 2020–2025 – Ingen å miste, m.a. med å greie ut korleis alle sider ved kvart enkelt sjølvmord både innanfor og utanfor helsetenesta kan kartleggjast. I planen vart nullvisjon for sjølvmord i Noreg etablert. Sjølvmord er blant dei viktigaste årsakene til for tidleg død, særleg blant menn. I 2023 var det 693 registrerte sjølvmord, 70 fleire enn i 2022. Justert for befolkningssamansetning og alder er dødelegheitsrata for sjølvmord tilbake på nivå med 2018. Handlingsplanen går ut 2025, og det vert no vurdert korleis arbeidet med å førebyggje sjølvmord kan styrkast etter at planperioden er over.
Regjeringa arbeider med ei førebyggings- og behandlingsreform for rusfeltet og tek sikte på å leggje ho fram i 2024. Reforma omfattar eit nasjonalt program for rusførebyggjande arbeid retta mot barn og unge og Helsedirektoratet har fått i oppdrag å utvikle og implementere programmet. Det er òg iverksett eit tverrsektorielt rusførebyggjande arbeid i underliggjande etatar der formålet er betre samordning av det rusførebyggjande arbeidet. Føremålet med reforma er mellom anna å førebyggje og redusere negative konsekvensar av rusmiddelbruk for enkeltpersonar og for samfunnet. Dette inneber å halde rusmiddelbruken i samfunnet på eit lågt nivå og førebyggje bruk av alle typar rusmiddel, både alkohol, vanedannande legemidlar, dopingmidlar og narkotika, særleg blant barn og unge.
Narkotikautløyste dødsfall er den tredje hyppigaste dødsårsaka blant personar under 50 år. Dødsårsaksregisterets tal viser at det i 2023 var 363 narkotikautløyste dødsfall. Dette er det høgste talet for slike dødsfall sidan 2001. I 2024 fekk Helsedirektoratet oppdrag om ein ny heilskapleg plan for arbeidet mot overdosar, monitorering av rusmiddelsituasjonen og innføring av beredskapstenking på rusmiddelområdet.
Noreg har slutta seg til WHOs mål om å redusere talet på personar som døyr tidleg av ikkje-smittsame sjukdommar (NCD-sjukdommar) med ein tredjedel innan 2030, med utgangspunkt i tala frå 2015. Målet er forankra i berekraftsmål 3.4 og er ei vidareføring av mål som vart sette i WHOs handlingsplan for førebygging og kontroll av NCD-sjukdommar 2013–2020, som er forlenga til 2030. Regjeringa vil leggje fram ein heilskapleg NCD-strategi mot 2030 som viser retninga og satsingsområda innan folkehelsearbeidet og i helse- og omsorgstenesta. Strategien vil bygge på politikk frå mellom anna Folkehelsemeldinga og Nasjonal helse- og samhandlingsplan.
Folkehelsemeldinga legg eit godt grunnlag for å fremje fysisk aktivitet både blant barn og unge og blant vaksne og eldre, m.a. gjennom aktivitetsfremjande innsats i lokalsamfunn og nærmiljø og gjennom oppfølginga av Handlingsplan for fysisk aktivitet 2020–2029. Helsedirektoratet la i april 2024 fram ein rapport som viser at det er store helsegevinstar å hente både på samfunns- og individnivå, dersom fleire er fysisk aktive i tråd med nasjonale råd. Fysisk inaktivitet er ein risikofaktor for utvikling av NCD-sjukdommar, og Noreg ligg framleis langt unna å nå målet om 15 prosent nedgang i fysisk inaktivitet innan 2030 samanlikna med 2015. Særleg gjeld dette blant barn og unge.
Usunt kosthald er ein av dei viktigaste risikofaktorane for utvikling av NCD-sjukdommar og for tidleg død. Regjeringa fekk i januar 2024 ein rapport med forslag til dei mest kostnadseffektive tiltaka for eit sunnare kosthald og som òg kan redusere sosial skilnad i kosthaldet. For å avgrense inntaket av usunn mat og drikke blant barn, er det igangsett eit utredningsarbeid for å finne tiltak som betre beskytte barn og unge mot marknadsføring av slike produkt. Se òg omtale av kosthaldsarbeidet under mål 2.
I Folkehelsemeldinga vart det stadfesta at nasjonal alkoholstrategi skal vidareførast fram mot år 2030 med mål om 20 prosent reduksjon i skadeleg bruk av alkohol samanlikna med 2010, i tråd med målsettinga til WHO. Det vart vidare slått fast at hovudprioriteringane i alkoholstrategien skal vidareførast. Frå og med 2022 har det vore ei positiv utvikling med nedgang i registrert sal av alkohol, og i 2023 ende det på 6,37 liter rein alkohol per innbyggar over 15 år, ein nedgang på 2,4 prosent samanlikna med 2022. For å nå målet om 20 prosent reduksjon i skadeleg bruk av alkohol innan 2030 er det nødvendig å vektlegge omsynet til folkehelsa og verne om dei mest effektive alkoholpolitiske verkemidla, som mellom anna monopolordninga, som er ein viktig del av norsk alkoholpolitikk.
Røyking er framleis den enkeltfaktoren som bidrar mest til sjukdom og for tidleg død, og som òg særleg bidrar til sosial ulikskap i helse. Tal for 2023 viser at 16 prosent av innbyggjarane (16–74 år) røykjer, av dei sju prosent dagleg. 20 prosent brukar snus,16 prosent dagleg. Regjeringa har som del av Folkehelsemeldinga lansert ein tobakksstrategi mellom anna med mål om at delen daglege røykarar og snusbrukarar skal vere under fem prosent i alle alders- og utdanningsgrupper. Det overordna målet er ein tobakks- og nikotinfri generasjon.
Delen eldre vil auke vesentleg i åra som kjem. Regjeringa vil bidra til ei meir berekraftig helse- og omsorgsteneste i kommunane, mellom anna ved hjelp av digitalisering, innovasjon og ny teknologi, førebygging, betre tilgang til personell og kompetanse og betre måtar å organisere oppgåver, ansvar og tenester på. Regjeringa har etablert ei helseteknologiordning som skal støtte det lokale ansvaret for digitalisering. Ordninga består av eit breitt sett med verkemiddel som skal forenkle og intensivere kommunane sitt arbeid med digitalisering. Regjeringa har lagt fram Meld. St. 24 (2022–2023) Fellesskap og meistring – bu trygt heime. Dei overordna måla med reforma er å bidra til at eldre kan bu trygt heime, og at behovet for helse- og omsorgstenester blir utsett gjennom ei betre aldersvennleg planlegging, styrkt førebygging og meir målretta tenester. Vidare vil regjeringa sikre betre bruk av personell og dei samla ressursane, og gjennom dette bidra til at alle som treng det får tilgang på gode og trygge tenester. For å nå målet om at eldre skal kunne bu i eigen bustad lengst mogleg dersom dei kan og vil, legg Bu trygt heime-reforma til grunn ei tverrsektoriell tilnærming til aldersvennleg samfunnsutvikling for å bidra til ei aktiv og sjølvstendig alderdom.
Det nasjonale nettverket for aldersvennlege kommunar er knytt til Verdas helseorganisasjon (WHO) sitt Globale netverk for aldersvennlege byar og lokalsamfunn, og skal bidra i FN sitt Decade of Healthy Ageing.
Menneske kan bli utsette for miljøgifter frå produkt dei omgir seg med, og via drikkevatn, mat, byluft, støv og inneluft. Noreg ligg langt framme når det gjeld nedkjemping av vassborne sjukdommar. Noreg er eit av dei landa i Europa der det er lågast risiko for tidleg død på grunn av lokal luftforureining frå vegtrafikk og andre kjelder. Utslepp frå vegtrafikk og vedfyring er dei viktigaste lokale kjeldene til luftforureining i Noreg. Luftkvaliteten blir påverka av meteorologiske høve, variasjonar i lokale utslepp, langtransportert luftforureining, og kva for tiltak som blir gjennomført. Svevestøv og nitrogendioksid (NO2) står for det meste av lokal luftforureining i Noreg, men det har i dei siste åra vore ein vesentleg nedgang i nivåa av NO2 som følgje av reduserte utslepp frå køyretøyparken. Frå 1. januar 2022 vart grenseverdiane for kor mykje svevestøv som er tillate i utandørs luft, stramma inn.
Trafikktryggleiksarbeidet byggjer på ein visjon om at det ikkje skal finnast ulykker med drepne eller hardt skadde i transportsektoren – nullvisjonen. I ny Nasjonal Transportplan 2025–2036 blir nullvisjonen vidareført som eit av fem hovudmål, og forsterka gjennom talfesta mål: innan 2030 skal det maksimalt vere 350 drepne og hardt skadde i vegtrafikken, av desse maksimalt 50 drepne. Ingen skal omkome i vegtrafikken i 2050. Med unnatak av pandemiåra 2020–2021 då høvesvis 93 og 80 personar miste livet, har utviklinga i tal på drepne i trafikken stagnert etter 2017. 116 personar omkom i trafikkulykker i 2022, og i 2023 vart 110 menneske drepne i vegtrafikken.
Regjeringa la hausten 2023 fram ei stortingsmelding med politisk og strategisk retning for norsk helseberedskap, Meld. St. 5 (2023–2024). Bakteppet er eit meir samansett og krevjande trusselbilete. Beredskap må ha auka prioritet. Med utgangspunkt i våre sårbarheiter vil regjeringa sikre ein motstandsdyktig helseberedskap med føremål om å vareta liv og helse.
Internasjonalt arbeid for å oppnå bærekraftsmål 3 prioriteres høgt av Noreg. Noreg bidrar til betre helsedekning, helsefremjande arbeid og helsetryggleik i låginntektsland, til styrking av seksuell og reproduktiv helse, til å fremje mødre- og barnehelse, og til globalt samarbeid om pandemiberedskap, førebygging og respons.
Ikkje-smittsame sjukdommar utgjer den største sjukdomsbyrda globalt. Noreg bidrar til å styrkje primærhelsetenesta i fleire låginntektsland med førebygging, diagnostisering og behandling av desse sjukdommane. Regjeringa held ved lag satsinga på global helseforsking gjennom Noregs forskningsråd for å bidra til varige forbetringar i helsetilstanden til sårbare grupper i låg- og mellominntektsland. Norsk bistand legg vekt på institusjonssamarbeid som eit ledd i arbeidet med å sikre universell helsedekning.
Helseberedskapen i Noreg er avhengig av velfungerande internasjonale system og global deling av kunnskap og informasjon. Det er derfor avgjerande at òg andre land har god evne til å førebyggje, oppdage og handtere utbrot av smittsame sjukdommar, og at regionalt og globalt samarbeid er velfungerande. WHO er viktig for å fremje norske helsepolitiske interesser og er ein viktig kanal for norsk helsebistand, òg i humanitære situasjoner. Noreg arbeider for å betre måten WHO styres og finansieres på. Innsats rettes spesielt mot eit meir effektivt styresett, betre organisasjonskultur og meir berekraftig finansiering, slik at organisasjonen på best mogleg måte kan gjennomføre sine mål og oppfylle sitt mandat som normativ-, global samhandlings-, utviklings- og humanitær aktør. Noreg er medlem av WHO sitt styre i perioden 2024–2027.
Noreg har òg vore leiande i prosessen som etablerte Lusaka-agendaen. Agendaen har mellom anna som mål å få dei store globale helse-initiativa (som f.eks. vaksinealliansen GAVI, Det globale fondet for bekjemping av AIDS, tuberkulose og malaria, Global Financing Facility m.fl.) til å jobbe betre saman, slik at dei meir effektivt kan styrkje helsesystema i landa dei verkar i.
Noreg deltar aktivt og bredt i europeisk samarbeid. EUs helseunion vil bidra til betre helse og motstandsdugleik i Europa. Noreg søkjer deltaking i helseunionen på så like vilkår som EUs medlemsland som mogeleg. Europeisk samarbeid er avgjerande for å handtere grensekryssande helsetruslar.
Noreg deltek òg i forskings- og innovasjonsprogrammet Horisont Europa og helseprogrammet EU4Health. Gjennom EØS-midla bidrar Noreg til å støtte målet om god helse i sju land i EØS. Støtta er primært retta mot å utvikle eit meir robust, effektivt og inkluderande helsevesen.
Mål 4: Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje moglegheiter for livslang læring for alle
Noreg har eit høgt utdanningsnivå. I 2023 gjekk 97,2 prosent av alle barn mellom 3 og 5 år i barnehage. Alle barn har rett og plikt til grunnskuleopplæring frå det året dei fyller 6 år, og til dei har fullført tiande trinn. I 2022 gjekk 98 prosent av elevane vidare til vidaregåande opplæring, og andelen har halde seg stabil dei siste åra.
Barnehagen skal vareta barnas behov for omsorg og leik og fremje læring og danning, og barna skal møte trygge vaksne med god og rett kompetanse. Dei fleste barn går i barnehage, men barn i familiar med låg inntekt er underrepresenterte.
Regjeringa ønskjer at barnehage skal vere billegare for alle. Frå august 2022 vart maksimalprisen redusert til prisnivået frå barnehageforliket i 2003, og er sidan redusert ytterlegare. Frå august 2023 er barnehage gratis for det tredje barnet i same familie som går i barnehage samstundes, og for alle barn i tiltakssona i Nord-Troms og Finnmark. Frå 1. august 2024 vart maksimalprisen satt ned til 2 000 kroner per månad i kommunar med sentralitetsindeks 1–4 og 1 500 kroner per månad i kommunar med sentralitetsindeks 5–6. Regjeringa foreslår å vidareføre makismalprisen på 2 000 kroner og 1 500 kroner per månad i 2025.
Grunnopplæringa skal sikre inkludering, meistring og kvalifisering. Den norske fellesskulen skal gi elevane gode fagkunnskapar, ferdigheiter og eit breitt grunnlag for vidare utdanning, arbeid og deltaking i samfunnslivet. Regjeringa vil ha ein fellesskule som er så variert og god at alle elevar kan trivest, lære og utvikle seg. Regjeringa har lagt fram ei melding om 5.–10. trinn som har som hovudmål å styrkje elevane sin motivasjon, meistring, læring og utvikling, mellom anna gjennom å leggje betre til rette for at elevane skal oppleve ein meir praktisk og variert skule.
Kompetansen til dei tilsette er avgjerande for kvaliteten i tilbodet i barnehage og skole. Regjeringa vil arbeide for å rekruttere, utdanne og behalde fleire lærarar. Vi treng eit større studentmangfald i lærarutdanningane. Nasjonalt prosjekt for lærerrekruttering har som ein del av sitt oppdrag å arbeide for meir mangfaldig rekruttering til læreryrket.
Regjeringa er i gang med å utvikle eit system for kompetanse- og karriereutvikling for lærarar og andre tilsette i barnehage og grunnopplæring. Utgangspunktet for arbeidet er forslaga til utvalet for etter- og vidareutdanning i NOU 2022: 13 Med videre betydning og høyringa til denne. Systemet skal etter planen starta opp hausten 2025 med vidare planer for oppbygging. Det overordna målet er at alle barn og elevar skal få eit best mogleg grunnlag for utvikling, læring og trivsel i barnehage og skule. Systemet skal bidra til å gjere læraryrket meir attraktivt, slik at fleire blir i yrket og rekrutteringa til lærarutdanning og læraryrket aukar.
Læreplanverket definerer tre tverrfaglege tema: folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling. Alle elevar skal tileigne seg kompetanse som er nødvendig for å fremje berekraftig utvikling. Det nye læreplanverket blir evaluert i perioden 2020–2025. Eit uavhengig programstyre leier arbeidet.
Regjeringa har sett ned eit partssamansett utval som har gått gjennom kvalitetsvurderingssystemet i skulen og foreslått endringar. Utvalet leverte i november 2023 hovudinnstillinga NOU 2023: 27 Et nytt system for kvalitetsutvikling – for elevenes læring og trivsel. Rapporten har vore på høyring og Kunnskapsdepartementet har arrangert tre høyringskonferansar. Tilrådingane frå utvalet er tema i Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole. Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn som regjeringa la fram i september 2024.
Tidleg innsats og inkluderande fellesskap er viktig for å motverke kjønnsforskjellane i skulen. God kompetanse hos lærarane vil vere eit viktig bidrag for å tilpasse opplæringa til elevane ut frå føresetnadene deira. Likeverd og likestilling er verdiar som skulen skal formidle og skulen skal fremje haldningar som sikrar desse verdiane. Kompetanse om likestilling og kjønn er ein del av kva elevane skal lære i faga.
Aldri før har fleire fullført vidaregåande opplæring. 82,2 prosent av elevane som starta vidaregåande opplæring i 2017 fullførte, ein auke på 1.2 prosent frå kullet før. Gutar fullfører i mindre grad enn jenter. På yrkesfag er det 71 prosent som fullfører, mot 91 prosent på studieførebuande utdanningsprogram. Regjeringa har som mål at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring, og at alle får høve til å lære heile livet.
Regjeringa er oppteken av å løfte kompetansen i heile arbeidslivet og har lagt fram ei melding til Stortinget om kompetansebehovet i arbeidslivet på kort og lang sikt. Lokale studiesenter får eit særleg ansvar for å leggje til rette for utdanning der folk bur, basert på lokale kompetansebehov. Regjeringa har sett ned eit partssamansett utval for ein kompetansereform for arbeidslivet. Utvalet skal mellom anna greie ut korleis det kan leggjast enda betre til rette for læring i arbeidslivet og korleis stimulere til meir etter- og vidareutdanning. Regjeringa har oppretta nye bransjeprogram for finansnæringa og IKT og informasjonssikkerheit. Trepartssamarbeidet gir eit godt grunnlag for å oppnå felles mål. Regjeringa har ført vidare Kompetansepolitisk råd og vil følgje opp kompetansereformutvalets anbefalingar i samarbeid med partane i arbeidslivet.
Fagskulane speler ei sentral rolle for å tilby spesialisert kompetanse til folk i alle aldrar over heile landet. Regjeringa tildelte derfor 150 millionar til desentraliserte studietilbod i både høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning i 2023. I tillegg vart 50 millionar i driftsstøtte tildelt studiesenter over heile landet, som skal bidra til å gjere studiar meir tilgjengeleg uavhengig av bustad. Regjeringa vil òg leggje fram ei melding til Stortinget om høgare yrkesfagleg utdanning i 2025.
Det vart i 2023 registrert 31 400 studentar i høgare yrkesfagleg utdanning. Det er 3 400 fleire fagskulestudentar enn året før. Veksten har tatt seg opp igjen sidan utflatinga i 2022, og samla sett har studenttalet dobla seg sidan 2017. Det har vore ein markant oppgang i talet på uteksaminerte kandidatar i 2023, i hovudsak i tekniske utdanningar og på kortare utdanningstilbod. Fullføringsgraden går noko ned i 2023. Dei siste sju åra er over 80 prosent av alle forventa studiepoeng avlagte kvart år. Fagskuleutdanning har gått frå å vere mannsdominert til å nærme seg kjønnsbalanse, samstundes som det er ei sterk kjønnssegregering mellom utdanningskategoriar. Stadig fleire med innvandrarbakgrunn tar òg fagskuleutdanning, og det er ein vekst på om lag ti prosent det siste tiåret.
Berekraftsmåla spelar ei stadig viktigare rolle i det norske forskings- og innovasjonssystemet, og universiteta og høgskulane er sentrale i arbeidet med å nå berekraftsmåla. Noreg treng både verdsleiande fagmiljø og høg kvalitet i heile breidda av forsking og høgare utdanning for å utvikle og ta i bruk ny kunnskap for verdiskaping, omstilling og berekraft. Berekraftsagendaen er tatt inn i måla i den nye langtidsplanen for forsking og høgare utdanning (2023–2032) og set tydeleg preg på dei tematiske prioriteringane, mellom anna klima, miljø og energi.
I 2023 var det om lag 299 000 registrerte studentar i høgare utdanning. Ved søknadsfristen til høgare utdanning i april 2024 til studieåret 2024/2025, var det 142 416 søkarar. Om ein ser bort ifrå pandemiåra, er dette det høgaste talet på søkarar nokon gong. I 2024 er det om lag 64 000 planlagde studieplassar, noko som òg er det høgaste talet nokon gang.
Internasjonalt er god og relevant utdanning avgjerande for høg sysselsetjing, berekraftig økonomisk vekst, sosial utjamning og kampen mot fattigdom. Dei fleste av ungane i verda får grunnutdanning, òg i fattige land, men det er likevel om lag 250 millionar barn og unge som ikkje går på skule. Over halvparten av alle barn som ikkje går på skule, bur i land prega av krise og konflikt. Utdanning av jenter reduserer risikoen for barneekteskap og tidleg graviditet. Jenter er framleis underrepresenterte i utdanning i utviklingsland. Kvaliteten på utdanninga er svært låg i mange land. Meir enn 600 millionar barn og unge i verda er ikkje i stand til å tileigne seg grunnleggande ferdigheiter i lesing og matematikk, sjølv om to tredjedelar av dei går på skulen.
Utdanningsstøtta blir ført vidare på eit høgt nivå. Det blir særleg lagt vekt på utdanning i krise og konflikt, utdanning for jenter og seksualitetsundervisning, utdanning og klima, skulemat og yrkesopplæring i sentrale næringar som klimasmart landbruk, rein energi og mattryggleik. Ein stor del av utdanningsbistanden blir kanalisert gjennom multilaterale organisasjonar og fond som UNICEF, UNESCO, Det globale partnarskapet for utdanning og det globale fondet Education Cannot Wait. Norske og lokale sivilsamfunnsorganisasjonar og styresmakter i partnarland er òg viktige kanalar for norsk støtte.
Gjennom EØS-midla bidrar Noreg til å støtte målet om god utdanning i sju land i EØS. Støtta er primært retta mot utdanning, stipend, lærlingordningar og ungt entreprenørskap.
Mål 5: Oppnå likestilling og styrkje stillinga for jenter og kvinner i samfunnet
I World Economic Forum sin Gender Gap Report 2024 er Noreg nr. tre i likestilling av 146 vurderte land, ned ein plass frå 2023. Rangeringa er basert på dei fire hovudområda yrkesdeltaking, utdanning, helse og politisk gjennomslag. Noreg har forbetra sin score med 7,6 prosentpoeng samanlikna med 2006. Nedgangen frå 2023 skuldast marginale endringar i yrkesdeltaking og økonomi og politisk deltakelse.
Sjølv om Noreg ligg på toppen av statistikken over likestilte land, og dei fleste andre ser til oss, vil regjeringa oppnå meir. Regjeringa vil ha ein forsterka innsats i likestillingspolitikken gjennom ein strategi for likestilling mellom kvinner og menn. Likestillingsstrategien har seks hovudprioriteringar: Økonomisk sjølvstende og eit likestilt arbeidsliv, færre kjønnsdelte utdanningsval, eit samfunn utan vald, valdtekt, seksuell trakassering og netthets, fridom frå negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, betre helse for kvinner og menn og eit godt verkemiddelapparat for likestilling.
Norske kvinner tar i stor grad del i arbeidslivet. Skilnaden mellom sysselsetjingsgraden til menn og kvinner er blant dei minste i OECD, men arbeidsmarknaden er kjønnsdelt. Kvinner og menn jobbar i ulike delar av arbeidsmarknaden, i ulike yrke, næringar og sektorar. 85 prosent av arbeidstakarar i Noreg jobbar i eit kvinne- eller mannsdominert yrke. Langt fleire kvinner enn menn jobbar deltid. Deltid er med på å halde oppe kjønnsforskjellane i arbeidslivet. Heiltidskultur er viktig i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Det er viktig for å sikre økonomisk fridom og sentralt for medverknaden, tryggleiken og føreseielegheita til arbeidstakarane. Regjeringa vil derfor sikre ei heiltidsnorm i arbeidslivet. Heiltidspotten er ei treårig satsing for perioden 2023–2025. 17 verksemder innanfor både privat og offentleg sektor har fått midlar for å gjennomføre forsøk for å redusere bruken av deltid og auke bruken av heiltid.
I 2023 tente kvinner i gjennomsnitt 88,3 prosent av løna til menn, mot 87,6 prosent året før. Ser ein berre på heiltidstilsette har òg lønsforskjellane blitt mindre det siste året og heiltidstilsette kvinner tener nå i gjennomsnitt 90,2 prosent av løna til menn. Over tid har lønsforskjellane minka. Tar ein omsyn til at kvinner og menn er fordelte ulikt i arbeidsmarknaden, blir lønsforskjellane ifølgje TBU reduserte til under 5,4 prosent. Frå 2020 er det innført nye reglar om lønskartlegging fordelt på kjønn for arbeidsgivarar. Opplysningane skal kome fram av årsrapporten eller eit anna offentleg dokument. Lønskartlegginga gir arbeidsgivarar grunnlag for å vurdere om det er lønsskilnader mellom kvinner og menn, slik at dei kan setje inn tiltak. Dei tilsette får høve til å samanlikne løna si med gjennomsnittet for eiga stillingsgruppe. CORE – Senter for likestillingsforsking har gjennomført eit prosjekt om korleis plikta til lønnskartlegging fungerer i praksis.
Det er langt færre kvinner enn menn i toppen av norsk næringsliv. Ifølgje CORE Topplederbarometer 2024 er nesten alle øvste leiarar, administrerande direktør, i dei 200 største norske selskapa, menn. Delen menn er 82,5 prosent. Når det gjeld toppleiargruppene, er færre enn 3 av 10 kvinner. I styra er det òg stor overvekt av menn; 7 av 10 er menn. Kvinner fyller omlag 20 prosent av styreverva i aksjeselskap. Regjeringa vil arbeide for meir kjønnsbalanse på toppen av det private næringslivet. Kravet til samansetjinga av kjønn i styrer i mellom anna aksjeselskap med fleire enn 30 tilsette eller med drifts- og finansinntekter over 50 millionar kroner, vil bli innført trinnvis fram til 1. juli 2028.
Ser ein på alle føretak (private og offentlege eigde) og ikkje berre dei 200 største, har andel kvinnelege administrerande direktørar i privat sektor ifølgje TBU auka frå 19 prosent i 2016 til 23 prosent i 2023. I offentleg forvaltning var andelen kvinnelege toppleiarar 46 prosent i 2023.
Seksuelle overgrep og vald i nære relasjonar er alvorleg kriminalitet som skal prioriterast høgare i heile straffesakskjeda – frå førebygging til straffegjennomføring. Kvinner blir i større grad enn menn utsette for vald i nære relasjonar, seksuell trakassering, valdtekt, negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, kjønnslemlesting og tvangsekteskap. Når det gjeld negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting, blir dette følgt opp gjennom handlingsplanen Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021–2024). Viktige innsatsområde er kompetanseheving av tilsette i hjelpetenestene og styrking av rettsvernet for utsette personar. I juni 2024 vart det lagt fram ein NOU der eit lovutvalg har gjennomført ein heilskapleg juridisk utgreiing av problemstillingar i saker som omhandlar negativ sosial kontroll, tvangsekteskap, kjønnslemlestelse og psykisk vald. NOUen er sendt på høyring. I februar 2023 vart det utnemnt eit offentleg utval som skal greie ut problemstillingar knyt til valdtekt. Utvalet leverte sin rapport 8. mars 2024, NOU 2024: 4 Voldtekt – et uløst samfunnsproblem.
Regjeringa la i desember 2023 fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. Planen omfattar òg negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting i tillegg til overgrep på internett. Planen skal mellom anna bidra til den norske gjennomføringa av Europarådskonvensjonen for å førebyggje og kjempe mot vald mot kvinner og vald i nære relasjonar (Istanbulkonvensjonen) og Europarådskonvensjonen om vern av barn mot seksuell utnytting og seksuelt misbruk (Lanzarotekonvensjonen). Krisesentertilbodet er eit av dei viktigaste hjelpetilboda for utsette for vald i nære relasjonar. Regjeringa greier ut lovendringar og vurdere tiltak for å styrkje kvaliteten i krisesentertilbodet. Eit høyringsnotat med forslag til endringar i krisesenterlova vart sendt på høyring i juni 2024.
Regjeringa er imot søskenbarnekteskap og har fremma ein lovproposisjon for Stortinget med forslag til endringar i ekteskapslova med forbod mot ekteskap mellom nære slektningar. Stortinget vedtok lovframlegget i juni 2024. Forbodet vil gjelde ekteskap mellom søskenbarn, og mellom onkel eller tante og niese eller nevø, som er nærare slektningar enn søskenbarn. Grunngjevinga for forbodet er å unngå helseskadar hos barn, men eit forbod kan òg ha positive verknadar når det gjeld å motverke tvangsekteskap og negativ sosial kontroll. Regjeringa arbeider med sikte på at forbodet skal kunne tre i kraft 1.1.2025. I Hurdalsplattforma har regjeringa varsla at arbeidet mot seksuell trakassering skal styrkjast, og at ILO-konvensjon nr. 190 om avskaffing av vald og trakassering i arbeidslivet skal ratifiserast. Konvensjonen vart vedtatt på ILOs arbeidskonferanse i 2019 og vart sett i kraft i juni 2021. Konvensjonen er den første internasjonale avtalen som anerkjenner at alle har rett til eit arbeidsliv fritt for vald og trakassering. Stortinget ga i juni 2023 sitt samtykke til å ratifisere konvensjonen, og vedtok lovendringar som gjer vernet mot trakassering i arbeidsmiljølova tydlegare.
Regjeringa tar sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om seksuell trakassering i 2024. Meldinga skal kartlegge omfanget av seksuell trakassering og foreslå førebyggjande tiltak i arbeidsliv, i opplæringssektoren, på kultur- og fritidsarenaer og på internett.
Forsvaret arbeider systematisk med likestilling og mangfald og med å førebyggje seksuell trakassering. Sakene om mobbing og seksuell trakassering som har kome fram i media, er døme på at oppfølginga av denne typen saker ikkje har vore god nok. Forsvarssjefen skal ha ei heilskapleg og systematisk tilnærming til tiltak som senkar risikoen for uønskte hendingar og ivaretar handteringa av varselsaker. Forsvaret skal mellom anna implementere ei ny sentral eining for handtering av varsel, ein ny varslingsprosedyre og oppdaterte fagplanar for utdanning og opplæring i arbeidsgivarrolla.
Internasjonalt er Noreg tydeleg i forsvaret for likestilling og rettar for jenter og kvinner. Regjeringa la fram ein ny handlingsplan for kvinners rettar og kjønnslikestilling i utanriks- og utviklingspolitikken i oktober 2023. Noreg prioriterer særleg støtte til seksuell og reproduktiv helse og rettar, inkludert familieplanlegging, prevensjon og trygge abortar. Å motverka vald mot kvinner, å styrkje deira økonomiske og politiske deltaking og å styrkje rolla til kvinner i arbeidet med klima, energi og mattryggleik er andre prioriterte innsatsar i planen.
Noregs gjennomføring av Tryggjingsrådsresolusjon 1325, slår fast at kvinner er essensielle for global fred og tryggleik. Tilhøyrande resolusjonar er styrkt gjennom den femte handlingsplanen til regjeringa for kvinner, fred og tryggleik, som vart lansert i 2023. Justis og beredskapsdepartementet, forsvarsdepartementet og utanriksdepartementet utarbeider eigne oppfølgingsplanar for handlingsplanen. I lys av tryggingssituasjonen i Europa, er det lagt større vekt på nasjonale målsetjingar og samspel mellom nasjonal og internasjonal innsats. Dessutan er klima, fred og tryggleik inkludert. Noreg sin høge prioritet av inkludering av kvinner i fred og tryggingsarbeid gjennom tryggingsrådsperioden er vidareført gjennom co-chair rolla i Women, Peace and Security – Humanitarian Action Compact.
FN-organisasjonen for kvinnerettar og likestilling (UN Women) og FNs befolkningsfond (UNFPA) er sentrale samarbeidspartnarar i arbeidet for kvinnerettar, inkludert at kvinner har rett til å bestemme over eigen kropp. Regjeringa har òg tett samarbeid med sivilsamfunnsaktørar i arbeidet for internasjonal likestilling, inkludert FOKUS, CARE, Plan og Sex og Politikk.
Kjønnsperspektivet ligg til grunn for norsk humanitær innsats. Kvinners deltaking i planlegging og gjennomføring av humanitær innsats er prioritert. Noreg har vidareført internasjonalt leiarskap i kampen mot seksualisert og kjønnsbasert vald og i å betre tilgangen til seksuelle og reproduktive helsetenester i humanitære kriser. Dette blir mellom anna gjort gjennom støtte til UNFPA, Den internasjonale Raude Kross-komiteen (ICRC), Kirkens Nødhjelp og FN-kontoret for konfliktrelatert seksualisert vald. Under den internasjonale konferansen om beskyttelse av barn i væpna konflikt som vart halde i Oslo i juni 2023, sette Noreg beskyttelse av barn mot seksualisert og kjønnsbasert vald på den internasjonale agendaen.
Gjennom EØS-midlane bidrar Noreg til å støtte målet om likestilling mellom kjønna i fem land i EØS. Støtta er primært retta mot å førebyggje vald i nære relasjonar og til kvinneleg entreprenørskap.
Regjeringa har som mål at minst 50 prosent av all bilateral bistand skal ha likestilling som hovud- eller delmål. Beløpet auka frå 2022 til 2023, men grunna store løyvingar til Ukraina og til flyktningar i Noreg held prosentdelen seg på 34 prosent.
Mål 6: Sikre berekraftig vassforvaltning og tilgang til vatn og gode sanitærforhold for alle
Noreg har tilfredsstillande sanitærforhold og god tilgang på reint drikkevatn. Om lag 89 prosent av innbyggjarane i landet får vatn frå rapporteringspliktige vassforsyningssystem. Over 99 prosent av desse innbyggjarane har drikkevatn med tilfredsstillande hygienisk kvalitet. Likevel er det behov for tiltak for å hindre framtidige problem. Det kommunale leidningsnettet er generelt i dårleg stand, og lekkasjegraden er høg. I gjennomsnitt lek 29 prosent av produsert og reinsa drikkevatn ut før det når forbrukaren. Ei anna utfordring er at vassforsyningssystema kan vere sårbare for uønskte hendingar. Alle vassforsyningssystem skal ha beredskapsplanar slik at det òg under kriser, katastrofar eller ved konfliktsituasjonar kan leverast nok trygt drikkevatn.
Noreg har fastsett nasjonale mål og sett i verk ei rekkje tiltak i tråd med WHO-/UNECE-protokollen for vatn og helse. For å møte utfordringane på vass- og avløpsområdet på ein heilskapleg måte, lanserte regjeringa nye nasjonale mål for vatn og helse med gjennomføringsplan i februar 2024. Drikkevassforskrifta frå 2017 har krav til drift og vedlikehald av leidningsnettet, beredskap, leveringstryggleik og vern av drikkevasskjelder. Endringar i denne forskrifta i samsvar med EU sitt nye drikkevassdirektiv vil bli iverksett når direktivet vert ein del av EØS-avtala.
Utslepp av kjemikaliar og materiale som kan påverke vasskvaliteten og drikkevatnet er strengt regulerte. Majoriteten av befolkninga er knytt til kommunale reinseanlegg. Om lag 60 prosent av befolkninga er knytte til reinseanlegg der avløpsvatnet blir reinsa biologisk eller kjemisk. Ein stor del av det kommunale leidningsnettet er gamalt og/eller dårleg, og mange avløpsreinseanlegg oppfyller ikkje reinsekrava i forureiningsregelverket. Dette fører til utslepp av ureinsa og dårleg reinsa avløpsvatn.
For langsam fornying av både drikkevass- og avløpsnettet fører til risiko for spreiing av ureinsa avløpsvatn til vassførekomstar og drikkevassnettet, og dermed fare for spreiing av smittsame sjukdommar. Å tilpasse vass- og sanitærsystema til forventa klimaendringar vil vere ei utfordring i ein del kommunar.
For å styrkje og samordne samfunnstryggleiken innanfor vassområdet på grunn av endra risikobilete, forventa klimaendringar og stort vedlikehaldsetterslep, har regjeringa oppretta eit interdepartementalt samarbeidsforum for vatn og avløp med deltaking på departementsrådsnivå frå Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Energidepartementet. Oppfølging av dei nye nasjonale måla for vatn og helse med gjennomføringsplan vil vere sentralt i arbeidet framover.
I oktober 2022 la EU-kommisjonen fram forslag til revidert avløpsdirektiv. Noreg har gjennomført gjeldande direktiv i forureiningsforskrifta. Forslaget til revidert direktiv har som føremål å trygge menneske og økosystem frå utilstrekkeleg reinsa avløpsvatn, og å gi eit føreseieleg rammeverk, betre transparens og styring av avløpssektoren. I tillegg skal direktivet bidra til å nå måla i den grøne given, oppnå klimanøytralitet og nullforureining i 2050 og overgang til ein sirkulær økonomi, òg støtte arbeid med folkehelse og berekraftsmål 6. Dette gjer forslaget til revidert direktiv betydeleg meir ambisiøst enn dagens direktiv. Kommisjonen foreslår mellom anna nye reinsekrav for å redusere utsleppa av mikroforureining som bakteriar og virus, mikroplast, legemiddelrestar og miljøgifter som kan transporterast med havstraumane. Direktivforslaget vil krevje endringar i norsk rett dersom det blir vedtatt og innlemma i EØS-avtalen. Europaparlamentet og Rådet vart politisk samd om revidert avløpsdirektiv i januar 2024. Det er forventa at eit revidert direktiv blir vedteke i 2024. Klima- og miljødepartementet følgjer den politiske behandlinga av forslaget i EU tett.
Regjeringa arbeider òg med oppfølging av forslaget frå overvassutvalet om verkemiddel i NOU 2015: 16 Overvann i byer og tettsteder – som problem og ressurs. Endringar i plan- og bygningslova om handtering av overvatn trådde i kraft 1. januar 2024. Forslag til endringar i vass- og avløpsanlegglova og forureiningslova var på høyring i 2020 og er til behandling i Klima- og miljødepartementet. Regjeringa følgjer opp Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn der overvatn er eit sentralt tema. Regjeringa vil mellom anna vurdere fordelar og ulemper ved å innføre eit eige gebyr for overvatn og greie ut ulike gebyrmodellar. Regjeringa vil òg sende forslag til nytt kapittel i forureiningsforskrifta med krav til etablering, tømming og vedlikehald av sandfang, på høyring og greie ut behov for endringar i forureiningslova om ansvar for skade forårsaka av avløpsanlegg.
Noreg forvaltar nasjonale og grenseoverskridande vassressursar, og vernar og restaurerer vassrelaterte økosystem på ein god måte. Vassdirektivet til EU blir gjennomført gjennom nasjonal lovgiving. I tråd med vassforvaltningsplanane blir det sett i verk tiltak for å oppnå dei økologiske og kjemiske måla for vassførekomstar innan 2033. Planane skal revurderast og om nødvendig oppdaterast kvart sjette år for å sikre ei meir målretta og betre prioritering av innsatsen. Den første oppdateringa av planane vart gjort i oktober 2022. Måloppnåinga auka i planperioden og er forventa å auke ytterlegare som eit resultat av tiltaka som er gjennomførte i den førre og den noverande planperioden. I naturlege vassførekomstar oppnår over 74 prosent i dag god eller særs god økologisk tilstand. For at meir av vatnet skal nå målet, er det behov for miljøforbetrande tiltak. Innanfor jordbrukssektoren blir det mellom anna arbeidd med strengare krav til lagring og bruk av gjødsel. For vasskrafta blir revisjon av miljøvilkåra i konsesjonar nytta i større grad. Den økologiske tilstanden i våtmark er middels. Naturstrategi for våtmark frå juni 2021 har som mål å bremse nedbyggingstakta vi ser i dag, og betre den økologiske tilstanden i våtmark. Fleire av tiltaka i strategien er godt i gang. I nye nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging, forventar regjeringa at omdisponering og nedbygging av karbonrike areal, inkludert myr, tidevass-sump og andre typar våtmark og skog blir unngått så langt som mogleg i kommunale og regionale planar. Restaurering av våtmark held fram etter anna Plan for restaurering av våtmark i Norge (2021–2025), vassforvaltningsplanar, Nasjonal strategi for restaurering av vassdrag 2021–2030 og Oppfølgingsplan for trua natur. I 2023 vart det brukt 35 millionar kroner på restaurering av myr og anna våtmark og gitt tilskot til 77 vassmiljøtiltak i vassdrag.
Det er eit godt samarbeid med nabolanda om grenseoverskridande vassdrag. Noreg har inngått ei rekkje bilaterale avtalar med Finland, Russland og Sverige. Enkelte av desse avtalane er knytte til oppnåing av krava i vassdirektivet, medan andre regulerer konkret bruk av vassdraget til vasskraft eller fiske.
Internasjonalt er Noreg sin innsats for berekraftsmål 6 knytt til helse, utdanning, utvikling på landsbygda, mattryggleik og humanitær bistand. Om lag 2,2 milliardar menneske manglar tilgang til trygt drikkevatn og 3,4 milliardar har ikkje tilgang til gode sanitærløysingar. Dei utviklingsmessige konsekvensane av dette er omfattande. Noreg støttar arbeid med kartlegging av djupt grunnvatn i Somalia. Kirkens Nødhjelp er den viktigaste samarbeidspartnaren når det gjeld vatn, sanitær og hygiene (WASH). Under bistandsprogrammet mot marin forsøpling vert det arbeidd for å redusere utslepp av plastavfall til vassdrag i utviklingsland.
Mål 7: Sikre tilgang til påliteleg, berekraftig og moderne energi til ein overkomeleg pris
I Noreg er praktisk talt alle sikra tilgang til energi. Vi har ei høg elektrifiseringsgrad og god forsyningstryggleik. Det gjer at kraft og tilgangen på elektrisitet er avgjerande for det norske samfunnet. Fornybardelen i kraftproduksjonen var 98 prosent i 2023, der vasskrafta utgjorde om lag 89 prosent av total produksjon. Dette er høgt i internasjonal samanheng. Energisystemet vårt sørger for at ressursane blir utnytta effektivt, at forsyningstryggleiken er ivareteke og at krafta ikkje blir dyrare enn nødvendig.
Energimarknadene globalt og i Europa står overfor store endringar, mellom anna som følgje av ny teknologi, skjerpa klimapolitikk og aukande energietterspørsel. I åra framover er bruken av elektrisitet i Noreg venta å stige i fleire sektorar og på nye område, særleg på grunn av elektrifisering av industri, transport, petroleumsinstallasjonar på norsk kontinentalsokkel og ny kraftkrevjande næringsverksemd.
Energimarknaden i Europa har vore i ein ekstraordinær situasjon sidan hausten 2021. Regjeringa innførte derfor ei rekkje mellombelse støtteordningar som hjelp til å handtere dei rekordhøge straumprisane, med auka bustønad, straumstipend til studentar og ei straumstøtteordning for hushalda. På bakgrunn av oppdaterte vurderingar av kraftsituasjonen framover er den mellombelse straumstøtteordninga for hushalda forlenga og forbetra fleire gonger.
Regjeringa har òg nedsett eit ekspertutval som skal vurdere dagens system for å fastsetja straumprisen. Utvalet skal vurdere kva tiltak som på kort og lang sikt kan sikre straumbrukarar lågare og meir føreseielege prisar, innanfor handlingsrommet i EØS-avtalen. Utvalet leverte sin rapport, «Balansekunst», 12. oktober 2023. Utvalets overordna vurdering var at dagens marknadsbaserte, desentraliserte engrosmarknad for kraft bør bestå. I eit kraftsystem med eit stadig større innslag av uregulerbar og vêravhengig kraftproduksjon, blir prissignala stadig viktigare ved at det i større grad er forbruket som må tilpassast produksjonen. Prissignala bidrar i tillegg til best mogleg ressursbruk og dermed lågare straumpris for samfunnet samla sett. Utvalet vurderte at alternativ til dagens modell ikkje ser ut til å gi betre ressursbruk eller større samfunnsøkonomisk overskot.
Noreg har overskot av kraft i eit normalår. I åra framover er det venta at overskotet blir mindre. Auka vekst i kraftforbruket, men og mindre ny produksjon i åra fram til 2030 er årsaka til dette.
Vasskrafta utgjer ein viktig del av den norske kraftforsyninga, men potensialet for ny vasskraft er avgrensa. Verneplan for vassdrag ligg i hovudsak fast. Sjølv om det største potensialet er realisert, vil vasskrafta framleis stå for størsteparten av den norske kraftforsyninga i tida framover.
Dei siste åra er det særleg vindkraft på land som har bidratt med ny fornybar kraftproduksjon i Noreg. Produksjon av vindkraft er klimavenleg, som annan fornybar energi, men utbygginga må skje slik at det ikkje gir uakseptable verknader for lokalsamfunn og viktige miljø- og samfunnsinteresser. Etter ei pause på tre år opna regjeringa frå april 2022 for konsesjonsbehandling av vindkraft på land. Behandlinga av nye prosjekt skjer på bakgrunn av vindkraftmeldinga (Meld. St. 28 (2019–2020)) og stortingsbehandlinga av denne. I juni 2023 slutta òg Stortinget seg til regjeringa sitt forslag om endringar i energilova og plan- og bygningslova knytt til vindkraft på land, jf. Prop. 111 L (2022–2023). Det skal framover vere ei overordna kommunal områderegulering før eit konsesjonsvedtak. Dette skal gi betre lokal forankring og styrkje kommunane si rolle i prosessen når det gjeld vindkraft på land.
Regjeringa har ein ambisjon om innan 2040 å tildele areal tilsvarande 30 GW havvind. Dette er nesten like mykje som heile det norske vasskraftsystemet. To område er opna for havvind: Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord. I mars 2024 vart det gjennomført auksjon for prosjektområde i Sørlige Nordsjø II. Ventyr vann auksjonen, og fekk med det ein einerett til å gjennomføre konsekvensutgreiing og søkje om konsesjon. For Utsira Nord arbeider Energidepartementet med å notifisere statsstøtte til ESA. Når ESA har godkjent støtteordninga, vil departementet lyse ut konkurranse om prosjektområder i Utsira Nord. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har, saman med ei direktoratsgruppe, identifisert 20 nye område som kan eigne seg for havvind. Dei nye områda skal gjennom ei strategisk konsekvensutgreiing før dei eventuelt blir opna. Det er ikkje avklart kor store delar av krafta som vil gå inn i det norske kraftsystemet, og kor store delar som vil bli eksportert til Europa. I 2023 vart Hywind Tampen satt i drift. Dette er den største flytande havvindparken i verda med ein kapasitet på 88 MW. Havvindparken dekker delar av kraftbehovet på petroleumsfelta Snorre og Gullfaks.
Regjeringa har ein ambisjon om å bidra til å bygge opp ei samanhengande verdikjede for hydrogen produsert med låge eller ingen utslepp, der produksjon, distribusjon og bruk blir utvikla parallelt. For at hydrogen skal vere ei klimaløysing, må vi produsere det med svært låge eller heilt utan utslepp, og det må vere tilgjengeleg, konkurransedyktig og sikkert. Noreg har gode føresetnader for å ta del i ein eventuell framtidig hydrogenmarknad, men det er stor uvisse om og eventuelt når ein hydrogenmarknad vil få ein viss storleik, og i kva segment hydrogen eventuelt vil vinne fram. Ei utgreiing gjennomført av Oslo Economics i 2023 er ein viktig del av det faglege grunnlaget for dette arbeidet. Enova har oppretta nye støtteprogram for bruk og produksjon av hydrogen med rom for å gi høgare støtte enn tidlegare, som vil bidra til å skape ein større marknad for hydrogen og ammoniakk. EU sitt innovasjonsfond har oppretta Hydrogenbanken, som eit verkemiddel for fornybar hydrogenproduksjon, og allereie har eit norsk selskap (Fuella) lukkast med si søknad om tilskot frå ordninga. Ordninga er godt egna til å bygge opp samanhengande verdikjeder for hydrogen. Regjeringa vil medverke til utviklinga av ein marknad for hydrogen i Europa mellom anna ved å delta i relevante samarbeidsforum og program for hydrogen, regelverksutforming i Europa, forskingssamarbeid og bilateralt samarbeid.
Elektrifiseringa av samfunnet og etablering av ny grøn industri vil auke kraftbehovet og føre til ein meir krevjande kraftbalanse i tiden framover. Energieffektivisering kan bidra til betre kraftbalanse, og eit redusert behov for auka kraftproduksjon, effektutvidingar og meir straumnett, og dermed reduserte areal- og miljøinngrep og konfliktnivå i slike saker. Verknaden av energieffektivisering er òg ofte størst om vinteren, når presset på kraftsystemet er størst og prisane er høgast. Noreg har eit nasjonalt mål om å forbetre energiintensiteten med 30 prosent frå 2015 til 2030. Energiintensiteten viser kor effektivt vi som samfunn bruker energien. Frå 2015 til 2023 har det innanlandske energiforbruket auka med 1,2 prosent. I same periode har BNP for Fastlands-Noreg auka med 22,4 prosent, noko som har gitt ei forbetring i energiintensiteten på rundt 17 prosent sidan 2015. Regjeringas handlingsplan for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi, som vart lagd fram i 2023, inneheld viktige grep for auka energieffektivisering og legg grunnlaget for ei styrkt satsing på energieffektivitet.
Internasjonalt bidrar bistandsbudsjettet til auka utbygging av fornybar energi og auka tilgang til elektrisitet og reinare kokeløysingar. Omtrent 700 millionar menneske manglar tilgang til elektrisitet og 2,1 milliardar har ikkje tilgang til reine kokeløysingar. Utfordringane er størst i Afrika der nesten 600 millionar menneske manglar tilgang til elektrisitet. Mindre enn ein prosent av dei globale energiinvesteringane skjer i dei minst utvikla landa.
For å nå klima- og berekraftsmåla må den globale innsatsen styrkast og investeringane må minst firedoblast fram mot 2030. Regjeringa støttar internasjonale initiativ som bidrar til varig energiomlegging og utfasing av kolkraft i utviklingsland. Noreg er partnar til større internasjonale program leia av G7-landa for rettferdig omstilling av energisektoren og utfasing av kolkraftverk i Indonesia og Vietnam. Statsministeren leiar alliansen «Global Energy Alliance for People and Planet» (GEAPP). Alliansen bidrar til å mobilisere privat og offentleg kapital til investeringar i fornybar energi i utviklingsland. Gjennom kjernestøtte til Verdsbanken og den afrikanske utviklingsbanken, støttar Noreg opp om målsetjinga til bankane om å sikre 300 millionar menneske i Afrika tilgang til energi innan 2030.
Norfund, som er Noreg sitt hovudinstrument for utbygging av fornybar energi i utviklingsland, forplikta i 2023 1,4 milliardar kroner til investeringar i fornybar energi (innanfor utviklingsmandatet). Investeringane vil gi 0,56 GW i auka produksjonskapasitet. Klimainvesteringsfondet vart operativt i 2022. Norfund har gjennom dette forplikta 3,8 mrd. kroner til investeringar i prosjekt i særleg Sør-Afrika og India. For 2023 bidrog Norfunds forplikta midlar til finansiering av 4,2 GW fornybar energi og til forventa unngåtte klimagassutslepp på 8,5 millionar tonn CO2 ekvivalenter. Fondet får ein årleg kapitaltilførsel på 1 milliard kroner frå statsbudsjettet og 1 milliard kroner frå Norfund.
Regjeringa vidareførte i 2023 støtta til garantiinstrument gjennom internasjonale organisasjonar (MIGA – Multilateral Investment Guarantee Agency og ATI – African Trade Insurance Agency). Kunnskapsprogrammet Energi for utvikling vart òg lansert. Løyvinga til fornybar energi dekker tiltak som forbetrar investeringsklimaet, betrar energiforvaltninga i samarbeidslanda, byggjer ut straumnettet, støttar lokale straumløysingar, bidrar til auka bruk av reine kokeomnar, energieffektivisering og til utfasing av kol. Innsatsen er særleg retta mot partnarland i Afrika.
Gjennom EØS-midla bidrar Noreg til å støtte målet om rein energi til alle i sju av EØS-landa. Støtta er primært retta mot fornybar energi, energieffektivisering og energitryggleik.
Mål 8: Fremje varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetjing og anstendig arbeid for alle
Det høge velstandsnivået i Noreg kjem i stor grad av høg sysselsetjing og effektiv ressursbruk. Eit vanleg mål på effektivitet i økonomien er arbeidsproduktivitet, som måler kor mykje produksjonen aukar for kvar arbeidstime som blir lagd inn. Auka produktivitet inneber at vi får fleire og betre varer og tenester ut av ressursane, og det er over tid den klart viktigaste årsaka til velstandsauke. På sikt vil òg tilveksten av nye verksemder spele ei viktig rolle for produktivitet og sysselsetjing. Bidraget frå andre faktorar, som auka petroleumsprisar, har historisk hatt langt mindre betyding.
Berekraftig økonomisk vekst og full sysselsetjing blir best oppnådd med openheit mot andre økonomiar, sterk konkurranse, gode og stabile rammevilkår for næringslivet og insentiv til å arbeide, investere og til å ta utdanning. Fri handel med varer og tenester gir land høve til å utnytte relative fortrinn og er ei viktig drivkraft for vekst i inntekter og levestandard. Sterk konkurranse, både mellom nasjonale og internasjonale aktørar, fremjar høg produktivitet og god utnytting av ressursar. Universelle stønadsordningar fangar opp dei som fell utanfor, og må formast ut slik at dei ikkje undergrev insentiv til utdanning og arbeid.
Berekraftig vekst fordrar at så mange som mogleg deltek i arbeidslivet. Ein aktiv arbeids- og velferdspolitikk legg til rette for dette. I tillegg er særskilde innsatsar, som den nye integreringslova som vart innført i januar 2021 og den nye ungdomsgarantien som vart innført i juli 2023, viktige for å bidra til at fleire kan delta i arbeidslivet.
Integreringslova skal bidra til at innvandrarar får gode norskkunnskapar, kunnskap om norsk samfunnsliv, formelle kvalifikasjonar og ei varig tilknyting til arbeidslivet. Lova set tydelegare krav til norskkunnskapar.
Berekraftsmål 8.4 handlar mellom anna om å bryte koplinga mellom økonomisk vekst og miljøskadar. Noreg har gjennomgåande effektive verkemiddel for å redusere miljøproblem som er knytt til økonomisk aktivitet. For andre miljøproblem enn utslepp av klimagassar blir det ofte nytta ulike typar direkte reguleringar. For dei fleste miljøproblema er utfordringane mindre i Noreg enn i dei fleste andre industriland, men vi har utfordringar med tap av naturmangfald, klimagassutslepp og eit høgt materielt forbruk.
Petroleumsverksemda vil spele ei viktig rolle i norsk økonomi i lang tid framover. Ho vil framleis vere den største næringa i landet, men er ikkje venta å bli ein like stor vekstmotor fram mot og forbi 2030. Grunnlaget for vidare vekst må kome frå andre næringar. Vi kan ikkje forvente at éi ny enkeltnæring vil ta over som vekstmotor etter petroleumssektoren.
Reiseliv er ei framtidsnæring som skal bidra til å sikre verdiskaping og arbeidsplassar i heile landet. Regjeringa vil bidra til å gjere næringa meir berekraftig og sikre fleire heilårs arbeidsplassar. Destinasjonsselskap og regionalt samarbeid skal sikre grunnlaget for dei lokalt forankra reiselivsverksemdene. NOU 2023: 10 Leve og oppleve – Reisemål for en bærekraftig fremtid vart lagt fram i mars 2023. Utredninga har vore på høyring og handsamast no i Nærings- og fiskeridepartementet.
Ein fleksibel arbeidsmarknad, god makroøkonomisk styring og samarbeid med partane i arbeidslivet støttar opp under berekraftsmåla om full sysselsetjing, anstendig arbeid for alle, lik løn for likt arbeid, ungdomssysselsetjing og arbeidstakarrettar. Den norske arbeidslivsmodellen vernar arbeidstakarrettar og fremjar eit trygt arbeidsmiljø for alle. Partane i arbeidslivet spelar ei sentral rolle i å bidra til ei stabil utvikling i norsk økonomi. Samarbeidet mellom partane bidrar til at relativt få årsverk går tapt gjennom arbeidskonfliktar.
Etter ønske frå partane i arbeidslivet sette regjeringa ned eit utval for å sjå på utfordringar for den tradisjonelle norske lønsdanninga. Utvalet la fram utgreiinga NOU 2023: 30 Utfordringer for lønnsdannelsen og norsk økonomi 15. desember 2023.
I mars 2023 sette regjeringa ned eit utval som skal sjå på omfang og utvikling av låge løningar. Utvalet skulle mellom anna sjå på kjenneteikn ved låglønte. Utvalet skulle òg vurdera eksisterande verkemiddel og institusjonelle forhold med betyding for omfanget av lågløn og eventuelt foreslå endringar i dei. Utvalet la fram utgreiinga si, NOU 2024: 11 Lavlønn i Norge 17. juni 2024.
Regjeringa har sett ned eit utval som skal gi meir kunnskap og foreslå tiltak for å betra kvinners arbeidshelse og tilknyting til arbeidslivet. Målet er at fleire har gode arbeidsforhold, og at færre fell utanfor arbeidslivet i periodar eller for godt. Betre arbeidshelse blir viktig i lys av ei aldrande befolkning og det store behovet for arbeidskraft i åra framover. Derfor har vi mykje å henta på førebygging og utvikling i kvinners arbeidsmiljø.
I nokre delar av arbeidslivet er det utfordringar med useriøsitet, med mellom anna sosial dumping, arbeidslivskriminalitet og svart arbeid. Utanlandske arbeidstakarar, med avgrensa språkkunnskapar og manglande kunnskap om rettar og plikter i det norske arbeidslivet, har større risiko for å bli utnytta. Det er òg risiko for at kriminelle aktørar nyttar arbeidslivet som arena for å få økonomisk vinning. Regjeringa har styrkt innsatsen mot dei useriøse aktørane i arbeidslivet, og det er etablert eit omfattande samarbeid mellom offentlege etatar om å førebyggje og kjempe mot arbeidslivskriminalitet.
Regjeringa la i oktober 2022 fram ein handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Det vart òg lagt fram ein handlingsplan mot sosial dumping i transportsektoren. Det offentlege har ei viktig rolle som innkjøpar og kan stille krav til leverandørar om at regelverk for etisk, sosial og grøn handel blir etterlevd. Regjeringa arbeider med forslag om nasjonale seriøsitetskrav for alle offentlege innkjøp («Noregsmodellen») som skal bidra til å få bukt med arbeidslivskriminalitet og sosial dumping. Frå 1. januar 2024 fekk oppdragsgivar plikt til å stille fleire krav i kontraktar med leverandørar innanfor bygg, anlegg og reinhald. I neste etappe er fokus retta mot å effektivisere kontraktsoppfølging.
Regjeringa vil styrkje arbeidstakarrettar og leggje til rette for at heile og faste stillingar skal vere hovudregelen i arbeidslivet. Det er vedteke å fjerne tilgangen til generelle mellombelse tilsetjingar, gjeninnføre søksmålsretten til fagforeiningar ved ulovleg innleige, styrkje retten til heiltidsstillingar og avgrense tilgangen til bruk av innleige frå bemanningsføretak. Det er òg vedteke lovendringar som skal gjere det tydeleg kven som skal reknast som arbeidstakarar, og endringar knytt til arbeidsgivaransvar i konsern.
Unge under 30 år blir prioriterte i tenestetilbodet til Arbeids- og velferdsetaten, både ved oppfølging og ved tildeling av arbeidsmarknadstiltak. Regjeringa innførte frå juli 2023 ein ny ungdomsgaranti som inneber at unge under 30 år som har behov for arbeidsretta bistand, skal få ei tettare oppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten. I den nye meldinga frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet om arbeidsmarknadspolitikk, foreslår regjeringa å setje i verk ytterlegere tiltak for ungdom mellom anna ved å setje i gang eit forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram, med rett til ein stateleg inntektssikring, kor nedsett helsetilstand ikkje behøver å vere eit inngangsvilkår.
Internasjonalt arbeider Noreg for berekraftig økonomisk vekst og full sysselsetjing mellom anna ved å fremje fri internasjonal handel. Handelsretta utviklingssamarbeid skal bidra til at utviklingsland står betre rusta til å bruke internasjonal handel som ei kjelde til utvikling. Noreg bidrar til fleire multilaterale fond oppretta for dette føremålet, mellom anna som ein av dei viktigaste bidragsytarane til programmet Enhanced Integrated Framework (jf. Berekraftsmål 8.a).
Mange fattige land lir under svakt utbygd rettssystem, mangelfullt vern av privat eigedomsrett, svakt utbygd infrastruktur, utbreidd korrupsjon, eit lite effektivt system for å drive inn skattar og låg produktivitet i offentleg forvaltning. Omtrent halvparten av folka i verda tener så lite at dei ikkje kan leve av løna si. Å skape anstendige arbeidsplassar fram mot 2030 er ei stor utfordring for alle land.Ein lønsam privat sektor som bidrar til verdiskaping, sysselsetjing og skatteinntekter er nøkkelen til berekraftig vekst og fattigdomsreduksjon. Tilgang til marknader og finansiering, betre rammetilhøve og tilgang til energi er viktige føresetnader for at næringslivet i utviklingsland kan få inntekter og skape arbeidsplassar.
Investeringsfondet til staten for næringsverksemd i utviklingsland (Norfund) er det viktigaste norske verktøyet for å fremje berekraftig næringsutvikling i fattige land. Gjennom investeringar, lån og garantiar bidrar Norfund til å utvikle levedyktig, lønsam verksemd som elles ikkje ville ha blitt sett i gang som følgje av høg risiko. Norfund vart tilført 2,68 milliardar kroner over statsbudsjettet i 2023 og i 2024. Av desse midla var 1 milliard kroner årleg øyremerka til Klimainvesteringsfondet under Norfund.
Noreg støttar ei rekkje bistandsprogram i regi av FNs særorganisasjon for arbeidslivet (ILO) der hovudmålet er å skape berekraftige, anstendige arbeidsplassar, òg å fremje arbeidstakarane sine rettar.
Gjennom EØS-midla bidrar Noreg til å støtte målet om anstendig arbeid og økonomisk vekst i 13 EØS-land. Støtta er primært retta mot trepartssamarbeid.
Mål 9: Byggje solid infrastruktur og fremje inkluderande og berekraftig industrialisering og innovasjon
Noreg har gjennomgåande godt utbygd infrastruktur for transport, tilgang til energi og vatn og digitale nettverkstenester. Dette har mykje å seie for eit velfungerande samfunn og eit konkurransedyktig næringsliv. Regjeringa vil halde fram med å vedlikehalde og byggje ut infrastruktur. I tillegg vil regjeringa fremje utvikling av ny teknologi og nødvendig omstilling, slik som ytterlegare elektrifisering av transportsektoren. Regjeringa la fram ein ny nasjonal transportplan våren 2024 for perioden 2025–2036, jf. Meld. St. 14 (2023–2024) Nasjonal transportplan 2025–2036. I meldinga har regjeringa prioritert ei auka satsing på drift, vedlikehald og mindre investeringstiltak. Hovudstrategien i meldinga er å ta betre vare på infrastrukturen og transporttilbodet som allereie finst, utbetre der ein kan, og bygge nytt der ein må. Ei slik dreiing av ressursbruken frå store investeringar til drift, vedlikehald og mindre tiltak er naudsynt m.a. for å gi betre driftsstabilitet på jernbanen, auka trafikktryggleik, og for å gjere infrastrukturen motstandsdyktig mot meir ekstremvêr.
Noreg har god infrastruktur for elektroniske tenester, inkludert finanstenester og andre tenester som blir leverte over mobil- og breibandnett. Utvikling av slike tenester og utbygging av nødvendig digital infrastruktur skjer kontinuerleg. Om lag 95 prosent av husstandane i landet har dekning frå 5G-nett. Utbygginga av fast breiband med høg fart går raskt i heile landet. Om lag 97 prosent av husstandane har tilbod om høghastigheitsbreiband i dag. Målet til regjeringa er at alle husstandar og verksemder skal ha tilbod om høghastigheitsbreiband med minst 100 Mbit/s nedlastingsfart innan utgangen av 2025. Sjølv om dekninga for breiband generelt sett er god i Noreg, er det enkelte stader som har for dårleg dekning. Derfor er det over fleire år gitt tilskot til utbygging av breiband i område der det manglar kommersielt grunnlag for utbygging.
Tilgang til kapital og velfungerande kapitalmarknader er ein føresetnad for berekraftig vekst, omstilling og innovasjon. I Noreg fungerer kapitalmarknadene i hovudsak godt, og finansføretaka er solide og likvide. Det kan likevel vere utfordrande for enkelte vekstverksemder å finne finansiering i tidleg utviklingsfase. Særleg gjeld dette verksemder med eit lengre utviklingsløp. For å bøte på desse utfordringane finst det offentlege verkemiddel som stimulerer til auka investeringar i vekstverksemder over heile landet.
Industrien i Noreg står for rundt 25 prosent av Noregs overordna utslepp, der ein betydeleg andel kjem frå punktutslepp. Regjeringa arbeider kontinuerlig med å omstille industrien til å bli meir berekraftig i tråd med Hurdalsplattformen. Eksempler på regjeringa sin politikk for å kutte utslepp i industrien er Enovas punktutsleppsprogram, CO2-kompensasjonsordninga der 40 % av støtten skal gå til energi- og klimatiltak i Noreg, leggje til rette for auka kraftproduksjon og nettkapasitet mellom anna for å leggje til rette for elektrifisering, samt verkemiddel for å støtte utviklingen av lågutsleppsteknologiar med potensial for kutt i industrien – til dømes hydrogen og CO2-handtering. Andelen elbilar er meir enn dobla i perioden 2020–2023. Frå personbiltrafikken har utsleppa falle med 3,75% (2022-tal). Utsleppa for transportsektoren auka i starten av perioden, men er i 2023 tilbake på 2020-nivå (viser foreløpige tal frå SSB).
Samhandlingsforumet Prosess21 skal gi råd og tilrådingar til både regjeringa og industrien om korleis Noreg best kan redusere klimagassutslepp frå prosessindustrien fram til 2050 og samstundes leggje til rette for berekraftig omstilling, vekst og verdiskaping. Eit sentralt utgangspunkt for Prosess21 er at utsleppsreduksjonar ikkje skal skje som følgje av at utslepp flyttast til land med mindre ambisiøs klimapolitikk. Prosess21 er ført vidare, ut 2026.
Regjeringa har gjennom satsinga på eit grønt industriløft lagt eit løp for korleis heile regjeringa kan bidra til å få fart på nye grøne industriprosjekt, samstundes som vi kuttar klimagassutslepp og bidrar til nye, lønsame jobbar i heile landet. Målet til regjeringa er at Noreg skal halde fram med å vere ein viktig energiprodusent og ei industriell drivkraft òg i framtida. Regjeringa har lagt fram eit vegkart som viser korleis vi saman vil arbeide for å realisere ambisjonane for eit grønt industriløft. Særlege innsatsområde er hydrogen, havvind, CO2-handtering, batteri, prosessindustri, skog- og trenæringa og annan bioøkonomi, og den maritime verdikjeda. Regjeringa har lagt frem eit vegkart 2.0 grønt industriløft der to nye innsatsområde inkluderast; manufacturing og solindustri.
Kvaliteten i forsking og høgare utdanning er avgjerande for kor godt Noreg lykkast med å utvikle og ta i bruk ny kunnskap til å skape verdiar og å løyse samfunnsutfordringar nasjonalt og globalt. Regjeringa vil styrkje norsk forsking, mellom anna ved å vidareføre treprosentmålet i forskingspolitikken, og har lagt fram ein strategi for å auke næringslivets investeringar i forsking og utvikling. Regjeringa vil òg auke forskingsdelen i departementa og sikre betre samordning av forskingspolitikken.
Berekraftsmåla spelar ei stadig viktigare rolle i det norske forskings- og innovasjonssystemet. Noreg treng både verdsleiande fagmiljø og høg kvalitet i heile breidda av forsking og høgare utdanning for å utvikle og ta i bruk ny kunnskap for verdiskaping, omstilling og berekraft. Regjeringa prioriterer forsking for omstilling til lågutsleppssamfunnet og utvikling av teknologi og løysingar for grøn omstilling. Regjeringa vil styrkje kunnskapsgrunnlaget for berekraftig vekst, og dette vert spegla i den nye langtidsplanen for forsking og høgare utdanning (2023–2032).
Noreg har eit verkemiddelapparat for næringsutvikling som skal fremje forsking, utvikling og innovasjon i næringslivet innafor berekraftige rammer. Regjeringa har innført eit hovudprinsipp om at prosjekt som mottar støtte gjennom det næringsretta verkemiddelapparatet, skal ha ein plass på vegen mot forpliktingane til Noreg under Parisavtalen og lågutsleppsamfunnet i 2050. Prinsippet famnar både prosjekt med nøytral effekt og prosjekt med positiv effekt på grøn omstilling og er til dømes ikkje til hinder for å støtte gode prosjekt i petroleumsnæringa. Berekraft blir vektlagt i generelle ordningar og gjennom målretta verkemiddel for klima- og miljøvennlege løysingar. Forskingsrådet, Innovasjon Noreg, Enova, Gassnova, Siva og Nysnø er nokre av aktørane som har verkemiddel som bidrar til grøn omstilling. Verkemiddelapparat skal mobilisere gode prosjekt som bidrar til grøn omstilling eller svarer til andre viktige føremål, mellom anna knytt til område som er peikt ut i regjeringas vegkart for grønt industriløft.
Internasjonalt har Noreg ei viktig rolle i arbeidet med å fremje globale digitale fellesgode og open kjeldekode, opne data og opne modellar for kunstig intelligens som fundament for berekraftig utvikling. Tilnærminga med å fritt gjere tilgjengeleg havdata, skogdata, vêrdata, helseinformasjonssystem og ID-system mv., har gitt utviklingsland tilgang til tidlegare svært kostbar digital infrastruktur og ressursar. Gjennom programmet Visjon 2030 samarbeider næringsliv, forsking og sivilsamfunn om å fremje fattigdomsreduksjon i land som mottar norsk bistand. Noreg har konkrete innsatsar inn mot mellom anna auka digitale ferdigheiter hos unge, støtte til inkubatorar og innovasjonssenter for unge entreprenørar, inkludert personar med funksjonsnedsetjingar. Noreg har bidratt til auka mobilisering av finansiering og teknologiar frå partnarar for grunnleggjande, digital infrastruktur gjennom leiarskapet i Alliansen for digitale fellesgode. Gjennom kjernestøtte til dei multilaterale utviklingsbankane, inkludert Verdsbanken, bidrar Noreg til å støtte store investeringar i infrastruktur, innan både energi, transport og digitalisering.
Gjennom EØS-midla bidrar Noreg til å støtte målet om innovasjon og infrastruktur i 11 land i EØS. Støtta er primært retta mot næringsutvikling og innovasjon for små og mellomstore verksemder, og dessutan forsking.
Mål 10: Redusere ulikskap i og mellom land
Noreg er blant dei landa i verda som har minst ulikskap. Dette gjeld både fordelinga av inntekt og fordelinga av levekår og livskvalitet. Låg ulikskap er eit sentralt rettferdsprinsipp som òg blir knytt til høg mellommenneskeleg tillit og tiltru til styresmaktene. I Noreg, som i dei fleste andre land, har inntektsulikskapen auka noko dei siste 30 åra. Ulikskapen i formue er høg og aukande. Det har over tid blitt ein større del personar som lever i hushald med vedvarande låginntekt, og fleire barn i låginntektshushald. Etter ein topp i perioden 2018–2020 har delen med vedvarande låginntekt, òg blant barn, gått noko ned.
Fordelinga av inntekt og andre økonomiske ressursar blir bestemt av ei rekkje faktorar, mellom anna internasjonale drivkrefter som digitalisering, globalisering, konjunkturar og demografiske endringar. Regjeringa vil føre ein økonomisk politikk som reduserer dei økonomiske, sosiale og geografiske skilnadene i samfunnet. Det påverkar ei rekkje politikkområde som utdanning, arbeid, helse, bustad, skatt og avgift.
Mens bustadprisveksten har bidratt til velstandsvekst for mange, er utviklinga òg kjelde til auka ulikskap. Det er i dag store sosiale og geografiske forskjellar i bustadmarknaden. Husbanken samarbeider med kommunane om at fleire skal bli bustadeigarar, mellom anna gjennom startlån.
Regjeringa ser at dei med låginntekt er særleg utsette på bustadmarknaden, og især på leigemarknaden. Bustøtta skal sikre at husstandar med låge inntekter og høge buutgifter kan bu i ein trygg og god bustad. I 2023 fekk i snitt 106 000 husstandar bustøtte kvar månad. Opp mot ni av ti av dei som mottar bustøtte, leiger bustaden dei bur i. Ordninga har hatt mellombelse reglar i 2022, 2023 og delar av 2024, slik at langt fleire enn normalt har hatt høve til å få bustøtte. Dei som har fått bustøtte, har òg fått ekstra utbetalingar i fleire periodar for å avhjelpe situasjonen med høge straumprisar. Regjeringa meiner det er viktig med ei god bustøtteordning, og vil forbetre og forenkle ordninga.
Auka sysselsetjing er eit viktig verkemiddel for å førebyggje langvarig låginntekt og auke inntektene i låginntektsgruppene. Sysselsetjing sikrar kvar enkelt inntekt og er òg ein føresetnad for finansiering av velferdsordningar, som saman med progressiviteten i skattesystemet bidrar til å jamne ut skilnader. Det inntektspolitiske samarbeidet bidrar til at lønsdanninga fungerer godt og fordeler gevinstar og tap mellom arbeidstakarar og kapitaleigarar.
Brei deltaking i arbeidslivet er avgjerande for ei jamn inntektsfordeling, og er eit mål for regjeringa. Arbeidsmarknadspolitikken skal leggje til rette for at arbeidssøkjarar kan kome i jobb og gi inntektssikring til personar som mellombels er utan arbeidsinntekt. IA-avtalen skal bidra til å førebyggje og redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet. Arbeids- og velferdsetaten forvaltar ulike verkemidlar som skal hjelpa dei som står utanfor arbeidslivet til å kome i arbeid, mellom anna arbeidsmarknadstiltak som skal styrkje deltakaranes høve til å skaffe seg eller halde på inntektsgivande arbeid. Integreringslova og ny ungdomsgaranti er døme på innsatsar som skal bidra til at utsette grupper blir inkluderte i arbeidsmarknaden.
Noreg har dei siste tiåra hatt høg innvandring frå låginntektsland. Mange av dei nykomne har lågare yrkesdeltaking enn innbyggjarane elles, særleg flyktningar og deira familiegjenforente, mellom anna som følgje av manglande utdanning og svakare norskkunnskapar. Dette gir tilstrøyming til låginntektsgruppene. Det kan òg bidra til press nedover på løningar for personar med låg utdanning. For å motverke auka inntektsskilnader er det særleg viktig at innvandrarar oppnår formell kompetanse. Det er lagt til rette for at fleire innvandrarar kjem i jobb ved å styrkje verkemidla for kvalifisering av nykomne.
God utdanning gir sjølvstende og høve til å forsørgje seg sjølv, og er eit kraftfullt verktøy for sosial mobilitet og utjamning. Dei første leveåra er avgjerande for utvikling og læring seinare i livet, og regjeringa vil styrkje arbeidet med ein meir samordna og tidlegare innsats for alle barn og unge. Sjå mål 4 for nærare omtale av dette.
I gjennomsnitt har grupper med høg utdanning og inntekt best helse. Regjeringa har lagt fram ein nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar, som ein del av Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga – Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar. Tiltak som inngår i meldinga er innretta slik at dei verker best for dei som treng det mest, og fordelingsperspektivet skal vektleggjast meir i det systematiske folkehelsearbeidet.
Skattesystemet er eit sentralt verktøy for omfordeling. Personskattlegginga er progressiv. Skattar og overføringar bidrar til å redusere den målte inntektsulikskapen direkte med nærare 40 prosent. Skattesystemet påverkar òg fordelinga av økonomiske ressursar ved å skaffe staten inntekter som finansierer offentlege tenester, og ved å påverke økonomisk aktivitet. I eit fordelingsperspektiv er det viktig at skattesystemet støttar opp om høg deltaking i arbeidslivet og skaffar staten inntekter på ein måte som er lite skadeleg for økonomien. Regjeringa ønskjer eit skatte- og avgiftssystem som bidrar til sterkare sosial og geografisk omfordeling. I tråd med Hurdalsplattforma er det gjennomført endringar for å redusere inntektsskatten for dei med lave og middels inntekter og auka skatt for store formuar og inntekter.
Berekraftsmål 10 forpliktar Noreg til å jobbe for å sikre like moglegheiter og redusere skilnader i levekår, mellom anna ved å avskaffe diskriminerande lover, politikk og praksis og ved å fremje lovgiving og tiltak som er eigna til å nå dette målet. Det er eit lovfesta forbod mot diskriminering på grunn av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgåver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. I arbeidslivet er det òg forbod mot diskriminering på bakgrunn av politisk syn og medlemskap i arbeidstakarorganisasjon.
Regjeringa har sette i gang eit arbeid med ei stortingsmelding om sosial utjamning og sosial mobilitet blant barn og unge og foreldra deira. Rapportar frå to ekspertgrupper, om barn i fattige familiar og om kva innverknad barnehagen, skulen og skulefritidsordninga har på sosial utjamning og sosial mobilitet, vil vere viktige grunnlag for stortingsmeldinga. Sjå nærare omtale under mål 1.
Regjeringa vil føre ein politikk som gjer at alle blir inkluderte i arbeidslivet og samfunnet. Regjeringa arbeider for auka mangfald i arbeidslivet og for betre kjønnsbalanse i dei kjønnsskeive bransjane. Det er eit mål for regjeringa å styrkje den universelle utforminga av samfunnet. Regjeringa har styrkt innsatsen mot rasisme og diskriminering gjennom fleire handlingsplanar. Handlingsplan mot rasisme og diskriminering – Ny innsats 2024–2027 – rettar ein særleg innsats mot vegen inn i og oppover i arbeidslivet, og mot rasisme og diskriminering som ungdom opplever.
Regjeringa har auka støtta til dei regionale likestillingssentera med 11 millionar kroner i 2024 for mellom anna å etablere ein landsdekkande struktur for likestillingsarbeidet i Noreg. I dette inngår etableringa av eit femte likestillingssenter. Tilskotsordninga for familie- og likestillingspolitiske tiltak vart styrka med 4 millionar kroner i 2024. Regjeringa har styrkt Diskrimineringsnemnda sitt budsjett med 3,5 millionar kroner i 2024 og har gjennomført ein ekstern gjennomgang av Likestillings- og diskrimineringsombodet og Diskrimineringsnemnda for å sikre eit godt fungerande lågterskeltilbod for diskrimineringssaker. Vidare har regjeringa sett ned eit utval for å sjå på likestillingsutfordringane menn møter. Mannsutvalet leverte sin rapport i april 2024. Innsatsen mot seksuell trakassering skal styrkjast. Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) skal vidareutviklast som verktøy for å sikre deltaking og likestilling. Vidare arbeid med dette skjer gjennom oppfølginga av NOU 2021: 11 – Selvstyrt er velstyrt. Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan for LHBT+-personar og eit lovforslag om å forby konverteringsterapi trådde i kraft i januar 2024.
Internasjonalt arbeider Noreg mot ulovleg kapitalflyt og korrupsjon og for meir inkluderande handelssystem og rettferdig byrdefordeling i kampen mot klimaendringar. Nasjonale og globale prosessar må verke saman for å oppnå redusert forskjell mellom land og internt i land.
Verdsbanken har sett inkluderande vekst for dei 40 prosent fattigaste i verda som eit overordna mål, på linje med å utrydde ekstrem fattigdom. Noreg og dei andre nordiske landa har vore pådrivarar for auka innsats for progressiv skatt, kamp mot ulovleg kapitalflyt og kamp mot korrupsjon i arbeidet til Verdsbanken og dei regionale utviklingsbankane.
Noreg støttar menneskerettsbaserte tilnærmingar til ulikskap og støttar opp om internasjonale konvensjonar og gjennomføringsmekanismar som rettar seg mot diskriminering av kvinner, urfolk, personar med nedsett funksjonsevne, eldre menneske, LHBT+-personar, religiøse minoritetar og marginaliserte grupper.
Ein reduksjon av sosiale og økonomiske forskjellar mellom land i Europa er ein av hovudmålsetjingane for EØS-midlane. For inneverande finansieringsperiode bidrar Noreg saman med Island og Liechtenstein med 2,8 milliardar euro til 15 land i EØS-området til dette føremålet. I overkant av 7 000 prosjekt bidrar til innsats for sosial inkludering, ungdomsledigheit og fattigdomsnedkjemping, godt styresett og grunnleggande rettar, grøn omstilling og energitryggleik, og dessutan innovasjon, forsking, utdanning, konkurransekraft, kultur, sivilsamfunn, justis- og innanrikssaker.
Noreg har ei velfungerande migrasjonsforvaltning som fortløpande arbeider for ein tilpassa respons på utfordringar på migrasjonsfeltet. Det er positivt at EU har lykkes å kome til einigheit om Pakten for migrasjon og asyl, som utgjer ei omfattande og samla reform av EUs asyl- og migrasjonsregelverk. Sentrale føremål med dei nye reglane har vore å balansere medlemsstatanes ansvar og gjensidige solidaritet for behandling av asylsøknader, og dessutan å sikra effektivisering og ei styrking av yttergrensekontrollen. Delar av regelverkspakken vil vera bindande for Noreg gjennom våre tilknytingsavtalar med EU.
Regjeringa vil halde fram arbeidet med å byggje opp ein solidaritetspott i utviklingsbudsjettet for å betre forholda for menneske på flukt og for lokalsamfunna som tek imot mange flyktningar og fordrivne. Regjeringa vil halde fram samarbeidet med EU og europeiske land om handtering av migrasjon. Mellom anna skjer dette ved at Noreg gjennom EØS-midlane bidrar til å styrkje asyl- og migrasjonsforvaltninga i land som Hellas, Romania og Bulgaria. I tillegg bidrar Noreg ved å sende ut ekspertar gjennom asylbyrået EUAA og grense- og kystvaktbyrået Frontex. Det blir vist til omtalen av solidaritetspotten og EØS-midlane i Prop. 1 S (2023–2024) for Utanriksdepartementet.
Mål 11: Gjere byar og lokalsamfunn inkluderande, trygge, robuste og berekraftige
Vel 80 prosent av innbyggjarane bur i byar og tettstader. Norske byar og lokalsamfunn er gjennomgåande trygge. Nesten alle i Noreg har tilgang til tilfredsstillande bustad, drikkevatn, avløp, offentleg transport og energiforsyning. Byar og tettstader med eit mangfaldig tilbod av arbeidsplassar, kulturtilbod, service og tenester er viktig for både lokale innbyggjarar, dei som pendlar og besøkjande. Regjeringa har som mål å utvikle attraktive, levande og inkluderande byar og lokalsamfunn i heile landet, som fremjar livskvalitet og verdiskaping.
Noreg har få bustadslause, og dei aller fleste bur godt og trygt. Meir enn 80 prosent av innbyggjarane bur i bustader dei sjølve eig. Regjeringa la fram Meld. St. 3 13 (2023–2024) Bustadmeldinga— Ein heilskapleg og aktiv bustadpolitikk for heile landet våren 2024. Regjeringa vil at folk skal kunne bu i ein eigna bustad i heile landet. Gjennom bustadpolitikken vil regjeringa leggje til rette for velfungerande bustadmarknader slik at terskelen for å kunne skaffe seg ein eigna bustad ikkje blir for høg. Gjennom bustadpolitikken kan vi bidra til å redusere og jamne ut sosiale og geografiske forskjellar og samstundes leggje til rette for at bustadmarknaden gir minst mogleg miljø- og klimabelastning. Enklare regelverk og digitale søknadsprosessar legg til rette for effektiv bustadbygging. Det er sett i verk ei rekkje tiltak for å bidra til at fleire skal få høve til å eige eigen bustad, og at leigemarknaden skal vere trygg og føreseieleg. Regjeringa har mellom anna sett ned eit utval som skal gå gjennom husleigelova. Utvalet leverte første delrapport 31. januar 2024 og skal levere endeleg rapport seinast 15. oktober 2024.
Bustøtteordninga skal sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad. Startlån frå Husbanken gjer at fleire kan kjøpe ein eigna bustad, og lån til utleigebustader frå Husbanken bidrar til fleire eigna utleigebustader. Husleigetvistutvalet bidrar til ein tryggare og meir velfungerande leigemarknad i heile landet gjennom informasjon og rettleiing om rettar og plikter til leigetakarar og utleigarar. Husbanken har ein innsats for bustadutvikling i distriktskommunar. Husbanken skal òg medverke til å skaffe fleire eigna bustader til eldre, og har personar med nedsett funksjonsevne og utviklingshemming som ei prioritert målgruppe.
Det er ingen slumområde i norske byar og tettstader, men enkelte byar og byområde har utfordringar med opphoping av levekårsutfordringar. I Meld. St. 28 (2022–2023) Gode bysamfunn med små skilnader samlar regjeringa sin politikk for å halde ved lag og styrkje den sosiale berekrafta i norske byar og nabolag, gjennom å leggje til rette for gode levekår, høg livskvalitet og gode oppvekst- og nærmiljø. Regjeringa har avtaler med fleire kommunar om ein ekstra innsats i levekårsutsette område gjennom områdesatsingar.
Regjeringa legg vekt på at arealplanlegginga etter plan- og bygningslova fremjar utvikling av berekraftige byar og tettstader. Potensialet for fortetting, transformasjon og gjenbruk av areal og eksisterande bygningar bør utnyttast før nye utbyggingsområde blir tekne i bruk. Fortettinga må skje med kvalitet. Arkitekturen bør brukast som verktøy for berekraftig samfunnsutvikling, og dermed bidra til å nå samfunnsmål om folkehelse, livskvalitet, fellesskap, klima og miljø. Kommunal- og distriktsdepartementet koordinerer den nasjonale arkitekturpolitikken, og leiar arbeidet med utvikling av denne. Målet er ein samla og målretta politikk for kvalitet i dei bygde omgivnadene som bidrar til berekraftig utvikling og gir samfunnet meirverdi.
God samordning i areal- og transportpolitikken er viktig for å utvikle attraktive byar med god mobilitet og framkome, og for å redusere miljøproblem og klimagassutslepp. Byvekstavtalane er ein godt etablert samarbeidsform der ulike verkemiddel på tvers av forvaltningsnivå og sektorar vert sett i samanheng. Hovudmålet er nullvekst i persontransport med bil. Målformuleringa angir omsyna som ligg til grunn: «I byområda skal klimagassutslepp, kø, luftforureining og støy reduserast gjennom effektiv arealbruk og ved at veksten i persontransporten blir teken med kollektivtransport, sykling og gonge». Effektiv arealbruk, langsiktig satsing på kollektivtransport, sykling og gonge og restriktive tiltak mot biltrafikk er avgjerande for å nå målet. Det må bli lagt til rette for at folk kan bo nært sine daglege gjeremål og kollektivknutepunkt. Det må òg vere enkelt, trygt og effektivt å velje kollektivtransport, sykling og gonge i staden for privatbil.
Statlege retningslinjer for samordna areal- og transportplanlegging samanfattar dei nasjonale føringane for arealplanlegging etter plan- og bygningslova for heile landet. Forslag til nye statlege planretningslinjer for arealbruk og mobilitet har vore på høyring våren 2024. Dei nye statlege planretningslinjene for arealbruk og mobilitet skal erstatte dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. Retningslinjene skal klargjere kommunanes handlingsrom i arealsaker og differensierer mellom pressområde og distriktsområder. Retningslinjene skal òg sikre ei betre samordna planlegging. Dei skal bidra både til å nå berekraftsmåla og målet om auka folketal i distrikta, og bidra til å utvikle attraktive byar og tettstadar med låge utslepp. Retningslinjene peiker på at vi må bygge på ein måte som sparer areal, gjer det lett å bruke av kollektivtransport, og legg til rette for enklare tilgang til felles handels- og tenestetilbod. Byer og tettstader sine særpreg, kulturhistoriske element og viktige landskapstrekk skal tas i vare. Effektiv arealbruk er no ein integrert del av nullvekstmålet.
At ingen skal utelatast er eit grunnleggjande prinsipp i 2030-agendaen. Det er eit mål at flest mogleg skal oppleve god mobilitet og godt tilgjenge uavhengig av funksjonsevne. Universell utforming skal vere del av grunnlaget for oppgradering og bygging av ny infrastruktur innanfor ansvarsområdet til transportverksemdene. For å oppnå samanhengande universelt utforma reisekjeder krevst det samarbeid mellom forvaltningsnivåa og mobilitetsaktørane. Statens vegvesen har rolla som kollektivdirektorat, noko som inneber eit nasjonalt koordineringsansvar og fagleg ansvar for kollektivtransport, inkludert universell utforming.
Byggteknisk forskrift sikrar at nye bustader har tilgjenge for personar med funksjonsnedsetjing. 35 prosent av bustadene i Noreg har tilgjenge for bruk av rullestol. Handlingsplan for universell utforming 2021–2025 skal bidra til eit berekraftig og likestilt samfunn gjennom utforming av fysiske og tekniske løysingar. Det er behov for meir kunnskap om korleis planlegginga kan brukast for å utvikle universelle løysingar. Det blir derfor gitt støtte til kompetanseheving i regional og kommunal planlegging med midlar frå handlingsplanen for universell utforming. I program for eit aldersvennleg Noreg blir det lagt vekt på arbeidet med aldersvennlege lokalsamfunn og å fremje deltaking i samfunnet, aktivitet og eigenmeistring. I regjeringa si eldrereform Meld. St. 24 (2022–2023) Fellesskap og meistring – bu trygt heime, er eit av føremåla å bidra til aldersvennlege bustader og bumiljø, og stimulere til at fleire eldre tar ansvar for og blir meir medvitne eigen bustadsituasjon. Over 60 pst. av norske kommunar deltek no i det nasjonale netverket for aldersvenlege kommunar.
Norske byar har i internasjonal samanheng lite luftforureining. Noreg er blant dei landa i Europa som har lågast risiko for tidleg død på grunn av lokal luftforureining, men luftforureining gir likevel store helseplager for mange. For å gjere regionale og lokale styresmakter i stand til å sikre rein luft er det mellom anna etablert ei fagbrukarteneste og ei varslingsteneste for luftkvalitet. Regjeringa har òg igangsett ei vurdering av dei statlege retningslinjene for behandling av luftkvalitet i arealplanlegging.
Klimaendringane vil mellom anna føre med seg endra nedbørsmønster. Dette aukar risikoen for skader frå flaum, skred og overvatn i byar og tettstader, og skaper utfordringar for vass- og avløpsnettet. Kommunane skal, gjennom verksemds- og eigarstyring, areal-, samfunns- og beredskapsplanlegging og byggjesaksbehandling, bidra til at lokalsamfunn blir betre rusta til å møte klimaendringane. Dette inneber å unngå eller avgrense risiko, sårbarheit og ulempe, og å dra nytte av fordelar som følgje av endringar i klimaet, som til dømes redusert fyringsbehov, lengre vekstsesong og forventa auka produksjon av vasskraft. Kommunane får òg hjelp frå staten, mellom anna bidrar Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gjennom arbeidet med kartlegging, sikring, arealplanbehandling og overvaking og varsling av naturfare.
Havnivåstigning er ein reell trussel for byar på kysten. I april 2024 lanserte Miljødirektoratet ein ny rapport om havnivåstigning i Noreg i samarbeid med Norsk klimaservicesenter og Nansensenteret. Rapporten oppdaterer kunnskapsgrunnlaget om klimaendringar i Noreg, og oppdatering av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskaps (DSB) rettleiar Handtering av havnivåstigning i kommunal planlegging, som leggjar til rette for tilpassings- og beredskapsplanlegginga i kommunane.
Kommunane har ei plikt og eit ansvar for å ha oversikt over risiko og sårbarheit i kommunen sin. Eit verktøy for å få ei slik oversikt er risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar). DSB leverte i slutten av 2023 eit forslag til forskrift til plan- og bygningslova § 4-3 som fastset krav til risiko- og sårbarheitsanalysar. Se nærare omtale av arbeid om klimasårbarheit og samfunnstryggleik under mål 13.
Frå januar 2024 har kommunane fått betre verkemiddel for å sikre forsvarleg handtering av overvatn i byggjesaker mv. etter plan- og bygningslova. Forslag til endringar i plan- og bygningslova om reglar om handtering av overvatn i byggjesaker mv. vart lagt fram i Prop. 125 L (2021–2022) våren 2022. Endringane gjev kommunane heimel for å kunne krevje tiltak for handtering av overvatn, både ved nybygging og på eigedommar som det er bygd på. Formålet med endringane er å hindre skadar og ulemper frå overvatn. Lovendringane tok til å gjelde frå 1. januar 2024. Kommunane har ei viktig rolle som eigarar av avløpsnett og ansvar for oppgraderingar.
Kommunane har òg ei viktig rolle i avfallshandteringa og skal sikre forsvarleg handtering av det avfallet som oppstår i norske hushald. Det kjem stadig strengare krav til materialattvinning, som skal sikre at meir av ressursane kjem inn i krinsløpet att. Sjå mål 12 for nærare omtale av dette.
Regjeringa er oppteken av gode og tilgjengelege grøntområde for alle. Kvart år blir ei rekkje attraktive grøntområde tilrettelagde og varig sikra for allmenta med statleg økonomisk bidrag. Òg gjennom rettleiing og kompetansebygging bidrar regjeringa til at kommunar sikrar og utviklar grøntområde i nærmiljøet. Data frå Statens kartverk tyder på at 40 prosent av turvegane er tilgjengelege for personar med funksjonsnedsetjing. Tilgang til bustadnære trygge og attraktive tur-, gonge- og aktivitetsområde for alle uavhengig av alder, sosial bakgrunn og funksjonsnivå er viktig for folks daglege fysiske aktivitet og for helse og livskvalitet.
Den nasjonale strategien for urbant landbruk (2021) syner korleis planlegging kan skape samarbeid om fleire av berekraftsmåla, og bidra til å utvikle framtidas byer og tettstader i ein sirkulær og berekraftig retning. Lokal samhandling om urbant landbruk bidrar til matproduksjon, næringsutvikling, jordvern, betre ressursbruk, inkluderande lokalsamfunn og betre miljø og folkehelse. Å halde matjord i hevd og sjå til at ferdigheiter og kunnskap om matproduksjon finst hos fleire i samfunnet, styrkjer òg samfunnssikkerheit og beredskap. Forslag om urbant landbruk som arealformål i kommunale arealplaner har nyleg vore på høyring.
Strategien er følgt opp med ei temaside på regjeringen.no, rettleiingsmateriell for skulehage, og for dyrking på kommunale areal. Rettleiar for urbant landbruk i lokal arealplanlegging er under utarbeiding.
Internasjonalt bidrar Noreg til å kjempe mot luftforureining i byar gjennom WHO, Verdsbanken og koalisjonen for klima og rein luft. Gjennom FN og Verdsbanken har Noreg bidratt til at risikoreduksjon og katastrofeberedskap vart integrert i byutvikling og planlegging for å byggje motstandsdyktige byar. Noreg støttar arbeidet for robuste og berekraftige byar mellom anna gjennom dei multilaterale utviklingsbankane og FNs busetjingsprogram. Desse har hjelpt styresmaktene med regulering av arealbruk, byplanlegging, bygging av bustader og infrastruktur, skattlegging og samfunnstryggleik. Behova til kvinner, ungdom og utsette grupper er prioriterte.
Noreg har, som statspart til Konvensjon for vern av verdens kultur- og naturarv (verdsarvkonvensjonen), stor merksemd på å sikre dei universelle verdiane til natur- og kulturarven. Ein særleg innsats har vore knytt til kapasitetsbygging. Noreg har mellom anna bidratt med finansiering av World Heritage Leadership Programme, som skal bidra til globale kompetansehevingstiltak på verdsarvområdet. Programsamarbeidsavtalen mellom Noreg, ICCROM og IUCN er frå 2023 fornya for ein ny seksårig periode.
Samarbeidet med EU gir vinst for byar både i Noreg og EU-landa. Ein innsats for berekraftige byar og samfunn blir òg gjort via EØS-midla. Heile 13 land i EØS får støtte, og hovudvekta ligg på lokal utvikling og kamp mot fattigdom. Norske byar deltek i ei rekkje EU-program, mellom anna er Oslo, Trondheim og Stavanger vald ut til å vere tre av 112 europeiske byar som skal bli klimanøytrale innan 2030 ved hjelp av EUs samfunnsoppdrag om klimanøytrale og smarte byar.
Mål 12: Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster
Berekraftsmål 12 inneber at produsentar og forbrukarar skal ta omsyn til eksterne kostnader, særleg kostnader for miljøet, ved produksjon og forbruk. Norske styresmakter brukar økonomiske og rettslege verkemiddel for å fremje berekraftig forvaltning og bruk av naturressursar. Enkelte verkemiddel er retta inn mot grøne forbruksval og styrking av stillinga til forbrukarane, som rett til miljøinformasjon, merke- og sertifiseringsordningar for miljø og rett til reparasjon i forbrukarkjøp. Regjeringas handlingsplan for ein sirkulær økonomi (2024–2025) vart lagt fram i mars 2024. Handlingsplanen omtalar korleis ei omlegging til ein meir sirkulær økonomi i Noreg kan bidra til at ein når klima- og miljømåla, og til meir grøn verdiskaping i Noreg. Plaststrategien (2021) har til føremål å redusere miljøkonsekvensar av plastbruk og fremje berekraftig bruk av plast. Det samla arbeidet med miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege stoff er beskrive i Handlingsplan for en giftfri hverdag, som gjeld for perioden 2021–2024. Denne vil no oppdaterast. Handlingsplan for klima- og miljøvennlege offentlege innkjøp og grøn innovasjon varar frå 2021–2030, med revidering i 2024 og 2027.
EU-kommisjonen publiserte i mai 2023 eit nytt oppfølgingsrammeverk for den sirkulære økonomien med indikatorar for mellom anna miljøfotavtrykket frå forbruk (consumption footprint), materialbruk (material footprint) og materialavhengnad. Rammeverket inkluderer òg indikatorar for å måle avfallsførebygging, klimagassutslepp frå produksjon, materialimportavhengnad og grad av EUs sjølvforsyning med kritiske råvarer. Utviklingsarbeidet for statistikk som er særleg viktig for å måle utviklinga i sirkulær økonomi vert styrkt. SSB og Miljødirektoratet har særleg ansvar for dette arbeidet.
Som del av EUs handlingsplan for sirkulær økonomi utviklar EU-kommisjonen no eit forsterka produktrammeverk med krav om at produkt blir designa for å vere berekraftige (ny økodesignforordning), og spesifikke reglar for sju utpeika produktverdikjeder: emballasje, plast, mat, tekstil, batteri og køyretøy, elektriske og elektroniske produkt og byggjevarer. Regelverka vil stille krav til mellom anna haldbarheit, innhald av materialgjenvinne råvare og reparerbarhet for produkt, og fremje miljømessig og sosial berekraft, auka ressurseffektivitet, auka konkurransekraft og tilgang på kritiske råvarer for det grøne, sirkulære skiftet. Den nye økodesignforordninga vil gje heimel for bærekraftskrav til dei aller fleste produkt på marknaden, og det vil over tid bli utvikla forordningar med spesifikke krav på ei rekkje produktområder. Forordninga inneheld og heimel for krav til offentlege anskaffingar og eit forbod mot destruksjon av uselde tekstilar og sko. Ifølgje regelverket skal store verksemder offentleg informere om destruksjon (øydelegging, kasting/kassering etc.) av uselde forbrukarprodukt, og EU-kommisjonen kan seinare vedta underliggjande regelverk om forbod mot destruksjon av andre typar uselde forbrukarprodukt.
Regjeringa la våren 2024 fram eit forslag til ny lov om berekraftige produkt og verdikjeder, som vart vedtatt av Stortinget. Lova trådte i kraft 1. juli, og har til føremål å heimle dette nye og forsterka produktrammeverket for berekraftige produkt som er under utvikling i EU. Regjeringa vil fremje forslag om at den ovennevnte økodesingforordninga gjennomføres i den nye lova.
Forbrukarane har ei viktig rolle i omstillinga til sirkulær økonomi, både med tanke på det generelle materielle forbruket, produktval og at ein nyttar seg av dei rettane ein har. EU har vedteke to nye regelverk for å styrkje forbrukarvernet: Styrkt forbrukarvern i det grøne skiftet, og retten til reparasjon av varer. Eit tredje forslag til regelverk om miljøpåstandar og miljømerke er no til handsaming i Rådet og EU-parlamentet. Forslaga har som føremål å gjere det enklare for forbrukarar å ta meir berekraftige val. Mellom anna skal dei sikre betre informasjon om haldbarheit og reparasjonsmoglegheiter, og gi sterkare vern mot handelspraksis som motverkar berekraftig forbruk, til dømes villeiande miljømarknadsføring («grønvasking»), fortidig produktforelding og upåliteleg berekraftsmerking.
Det er eit nasjonalt mål å auke materialattvinninga av avfall. Vidare er det eit mål å kople veksten i mengda avfall frå veksten i økonomien. Regjeringa vedtok i 2022 endringar i avfallsregelverket som stiller krav til utsortering og materialattvinning av plastavfall og biologisk avfall. I mai 2024 vart det fastsatt nye krav til utsortering, separat innsamling og materialattvinning av glas- og metallemballasje, papp, papir og tekstilar frå hushald og næringar som genererer hushaldsliknande avfall. Forskriftsendringa vil tre i kraft 1. januar 2025. EU-kommisjonen la 5. juli 2023 fram forslag til revidert rammedirektiv om avfall, som inneheld krav om alle EU/EØS-land skal innføra utvida produsentansvar for tekstilar, òg rettsleg bindande mål for reduksjon av matavfall.
Å fremje berekraftig byggeverksemd er ei prioritert oppgåve for Direktoratet for byggkvalitet. Regjeringa har gitt direktoratet i oppdrag å greie ut moglege krav i byggteknisk forskrift som kan bidra til at klimaavtrykket frå bygging blir redusert. Vidare gir Husbanken lån til å oppgradere og bygge miljøvenlege bustader, og regjeringa vil oppdatere kriteria for slike lån. Gjennom klimapartnarskap med byggjenæringa blir det etablert dialog om redusert klimafotavtrykk frå bygging.
EU-kommisjonen la i 2022 fram forslag til revidert byggevareforordning. Med forslaget ønskjer ein å skapa harmoniserte reglar for å vurdere og angi miljø- og klimaeigenskapar for byggevarer. Nye krav til produkt skal sikre at utforming og produksjon av byggevarer er baserte på den nyaste teknologien for å gjere produkta meir haldbare, enklare å reparere, vinne tilbake og lettare å reprodusere. Byggevareforordninga er godkjent av EU-parlamentet og er no til handsaming i Rådet.
I 2017 signerte staten ei bransjeavtale med aktørane i verdikjeda for mat, der målet er å halvere matsvinnet innan 2030. Første hovudrapportering frå arbeidet under avtala viser at matsvinnet vart redusert med om lag 10 prosent i perioden 2015–2020. For å auke innsatsen for å nå målet om å halvere matsvinnet innan 2030, sette regjeringa ned eit utval i 2023 som skulle greie ut tiltaks- og verkemiddelbruk, og korleis ein matkastelov skal inngå i ei slik samla verkemiddelbruk. Utvalet leverte sin rapport i januar 2024, der dei anbefalte 35 ulike tiltak. Med bakgrunn i matsvinnutvalets anbefalingar har regjeringa sett i gang med å utarbeide forslag til ein matkastelov, med sikte på å fremje ein lov for Stortinget våren 2025. Det gjerast og utgreiingsarbeid for å få på plass utfyllande forskrifter til lova. Vidare vil regjeringa setje i gang ein revisjon av bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn, for å mellom anna vurdere kordan kommunale og statlege verksemder kan inkluderast i avtalen.
Bioøkonomistrategien (2016) beskriv korleis ein kan leggje til rette for auka verdiskaping og sysselsetjing, og samstundes redusere klimagassutslepp og ta i bruk fornybare biologiske ressursar på ein meir effektiv måte. Strategien peikar på at kunnskap, teknologi og føremålstenlege reguleringar er ein føresetnad for auka, berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam utnytting av fornybare biologiske ressursar. Forsterka innsats på desse områda er forankra i Nasjonal strategi for ein grøn sirkulær økonomi (2021) og regjeringas handlingsplan for ein sirkulær økonomi (2024–2025). Betre og meir presis utnytting av innsatsfaktorar og ressursar er sentralt i ein sirkulær bioøkonomi der avfall og forureining blir minimerte. Regjeringa vil leggje til rette for auka sirkularitet i bionæringane og auka utnytting av sidestraumar og restråstoff frå dei ulike verdikjedene. Innsatsen blir mellom anna retta inn mot ei kunnskapsbasert utvikling av regelverk og standardar for auka utnytting av bioressursar som i dag blir definerte som avfall, utgreiing av eit tverrsektorielt marknadssystem for restråstoff og bioressursar, og auka produksjon av berekraftig fôr til fisk og husdyr.
Det offentlege brukte 780 milliardar kroner på innkjøp i 2023 og står for ein betydeleg del av det norske klima- og miljøfotavtrykket. Statlege, fylkeskommunale og kommunale styresmakter og andre offentlege organ skal innrette innkjøpspraksisen sin slik at han bidrar til å redusere skadeleg miljøpåverknad og til å fremje klimavennlege løysingar der dette er relevant.
Regjeringa vedtok i 2023 endringar i anskaffelsesregelverket med krav om 30 prosent vekting av klima- og miljø som hovudregel. Forskrifta tredde i kraft frå 1. januar 2024, og følgjer mellom anna opp Hurdalsplattformen og Riksrevisjonens rapport som viste at offentlege oppdragsgivarar ikkje i tilstrekkeleg grad bidrar til å fremje klima- og miljøomsyn i sine innkjøp. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) har lagt fram ein rettleiar som gir føringar på korleis de nye krava skal anvendast i konkrete anskaffingar.
Regjeringa satte ned eit lovutval som i 2023 og 2024 har kome med forslag til endringar i regelverket for offentlege anskaffingar. Utvalet har foreslått endringar for å fremje grøn omstilling og fremje grøne innovative løysingar. Forslaga frå utvalet følges opp av departementa i eit vidare lovarbeid.
I Meld. St. 6 (2022–2023) Et grønnere og mer aktivt statlig eierskap, har regjeringa utvikla og forsterka statens forventningar til selskap med statleg eigardel. Dette gjeld særleg områda klima, natur, leiarløn og ansvarleg verksemd. Regjeringa forventar at selskapa inkluderer arbeidet med berekraftsmåla i sine strategiar og arbeider aktivt med å følgje dette opp i dagleg drift.
Ei lov om openheit i verksemder og arbeid med grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold (openheitslova) vart sett i kraft 1. juli 2022. Lova pålegg større verksemder å gjennomføre aktsemdsvurderingar i tråd med OECD-retningslinjene for fleirnasjonale selskap og å offentleggjere ei rapport om dette arbeidet. I tillegg blir allmenta gitt rett til å krevje informasjon frå verksemdene om korleis dei handterer negative konsekvensar for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i leverandørkjeda.
I mai 2024 vart direktivet om tilbørleg aktsemd for berekraft for føretak (Aktsemddirektivet) vedteken i EU. Direktivet stiller krav til dei største verksemdene i Europa om å gjennomføre aktsemdvurderingar om menneskerettar, arbeidstakarrettar og miljø, og å utarbeide ei klimaomstillingsplan. Direktivet inneheld dessutan reglar om handheving og erstatning. Direktivet vil gjelde for store verksemder med meir enn 1000 tilsette og med ei global nettoomsetning på over 450 millionar euro.
OECDs retningslinjer for fleirnasjonale verksemder vart oppdatert under OECDs ministerrådsmøte i juni 2023. Retningslinjene stiller forventningar til selskap om ansvarleg forretningsdrift, kor selskapa mellom anna er forventa å vurdere om selskapet har ein negativ innverknad på område som menneskerettar, arbeidstakarrettar, antikorrupsjon, miljø og teknologi. Oppdateringa inneber mellom anna nye tilrådingar for verksemder om å innrette seg etter internasjonale mål om klimaendringar og naturmangfald, forventningar til bruk av teknologi, av dette innsamling og bruk av data og styrka prosedyrar for implementering av retningslinjene.
Skulen skal bidra til at elevane utviklar naturglede, respekt for naturen og klima- og miljøbevisstheit. Elevane skal utvikle bevisstheit om korleis levesettet til menneska påverkar naturen og klimaet, og dermed òg samfunna våre. Noreg har innført berekraftig utvikling som eitt av tre tverrfaglege tema i skulen, jf. omtale under mål 4. Gjennom arbeid med temaet skal elevane utvikle kompetanse som gjer dei i stand til å ta ansvarlege val og handle etisk og miljøbevisst. Elevane skal få forståing for at handlingane og vala til den enkelte betyr noko.
Internasjonalt arbeider Noreg for ein ambisiøs global avtale om plastforureining i dei mellomstatlege forhandlingane igangsett av FNs miljøforsamling. Arbeidet skal etter planen ferdigstilles innan utgangen av 2024. Noreg leier ein høgambisjonskoalisjon med 66 medlemsland saman med Rwanda for å auke ambisjonsnivået i forhandlingane. Noreg fremmar mellom anna forslag om rettsleg bindande forpliktingar retta mot heile plastens livslaup og prioriterer tiltak så langt oppe i produksjonskjeda som mogleg. Regjeringa har vedteke å vidareføre bistandsprogrammet mot marin forsøpling i perioden 2025–2028. Innrettinga på programmet skal vurderast justert i lys av erfaringar frå den første perioden.
Noreg er pådrivar for å fase ut miljøgifter og for sterkare internasjonale reglar for kontroll av helse- og miljøfarlege kjemikaliar. For å sikre god, felles kunnskap som grunnlag for tiltak for å motverke den tredje store miljøtrusselen, forureining, er det sett i gang ein internasjonal forhandlingsprosess for å etablere eit vitenskapspanel for kjemikaliar, avfall og redusert forureining. Forhandlingane skal vere ferdige i 2025. For perioden 2022–2025 har medlemslanda i FN slutta seg til at FNs miljøprogram skal prioritere berekraftig produksjon og forbruk på tvers av alle sektorar og miljøproblem.
Mål 13: Handle omgåande for å motarbeide klimaendringane og konsekvensane av dei
Oppfølginga av Parisavtalen dannar grunnlag for å oppfylle berekraftsmål 13. Noreg har meldt inn at utsleppa av klimagassar i 2030 skal vere reduserte med minst 55 prosent samanlikna med nivået i 1990. EU har òg forsterka klimamålet sitt til minst 55 prosent. Noreg vil samarbeide med EU om gjennomføring av det forsterka klimamålet for 2030. Som eit delmål på vegen mot netto-null-utslepp og lågutsleppssamfunnet har regjeringa sett eit omstillingsmål for heile økonomien i 2030. Dette er i regjeringsplattforma formulert som eit mål om å kutte norske utslepp med 55 prosent samanlikna med 1990. Det inneber at regjeringa har eit nasjonalt mål om å omstille både kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig sektor. Hensikta er at heile det norske næringslivet skal omstille seg i retning lågutsleppssamfunnet.
Noreg har lovfesta eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Målet er å redusere klimagassutsleppa med 90–95 prosent innan 2050 samanlikna med utsleppsnivået i 1990.
Dei norske klimagassutsleppa er på veg ned. Dei samla norske utsleppa av klimagassar i 2023 var 46,6 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Det er vel 17 prosent under toppnivået i 2007, og ein reduksjon på 4,6 millionar tonn sidan 1990. Sjå miljøstatus.no for nærare oversikt over nasjonale klimamål og indikatorar.
Noreg fører ein ambisiøs klimapolitikk. Avgifter og deltaking i det europeiske kvotesystemet er hovudverkemidla, og dekker om lag 85 prosent av klimagassutsleppa i Noreg. Norske klimaavgifter er svært høge i internasjonal samanheng, både i utbreiing og nivå. Desse verkemidla set ein pris på utslepp og bidrar dermed til at produksjon og forbruk blir vridd i meir klimavennleg retning. Prising av utslepp fører til auka lønsemd for verksemder som finn måtar å redusere utslepp på, og stimulerer dermed teknologiutvikling. I tillegg til kvotar og avgifter blir direkte regulering, standardar, avtalar, informasjon og subsidiar til utsleppsreduserande tiltak brukt som verkemiddel i klimapolitikken, inkludert støtte til forsking og teknologiutvikling.
Regjeringa legg årleg fram Klimastatus og plan som eit særskilt vedlegg til forslag til statsbudsjett. I planen sett regjeringa tal på den berekna klimaeffekten av forslag til verkemidlar i statsbudsjettet. Regjeringas klimastatus og plan viser korleis Noreg ligg an til å nå klimamåla og presenterer eit styringssystem og regjeringas plan for å oppfylle måla. Klimastatus og plan er òg regjeringas rapportering etter klimalova. Blant tiltaka som skal bidra til dette, er ein gradvis auke i avgifta på klimagassutslepp til 2 400 kroner per tonn CO2 innan 2030, rekna i 2024-prisar. I budsjetta for 2022, 2023 og 2024 er CO2-avgifta auka i tråd med ei slik opptrapping til 2400 (2024-kroner) i 2030. Klimaplanen viser òg korleis det vil bli lagt til rette for reduksjon i utslepp og auka CO2-opptak i skog og andre areal, og dessutan verkemiddel for å stimulere låg- og nullutsleppsløysingar i kvotepliktig industri. Eit offentleg utval la i oktober 2023 fram ei utgreiing om vegvala Noreg står overfor for å nå klimamålet for 2050.
Norske styresmakter arbeider for å gjere samfunnet mindre sårbart for klimaendringar. Eit godt naturvitskapleg kunnskapsgrunnlag er sentralt i arbeidet med klimatilpassing. Norsk klimaservicesenter (KSS) skaffar, legg til rette og formidlar klima- og hydrologiske data for bruk i arbeidet til forvaltninga med klimatilpassing, og gir råd om bruk av data. Det er løyva middel for at KSS skal utvikle ei nasjonal dataplattform, kalla «Klimakverna». Klimakverna skal sørge for at det blir enklare å ta i bruk klima- og hydrologiske framskrivingar til dømes i planverket til kommunane. Nettstaden Klimatilpasning.no bidrar til å spreie kunnskap om klimaendringar og klimatilpassing. Omsynet til klimatilpassing er innarbeidd i statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging. Forslag til nye statlege planretningslinjer for klima og energi har vore på høyring våren 2024. Retningslinjene skal sikre at klima og energi vektleggjast i kommunane si arealplanlegging og verksam.
Nasjonale strategiar for reduksjon av katastroferisiko i tråd med Sendai-rammeverket er implementert. Regjeringa arbeider med å vidareutvikle risiko- og sårbarheitsanalysane i fylka (fylkesRos) for aktivt bruk i arbeidet med klimatilpassing på regionalt og lokalt nivå. Regjeringa utarbeider òg den første nasjonale klimasårbarheitsanalysa for eit betre kunnskapsgrunnlag og vidare politikkutvikling på feltet.
For å styrkje klimaberedskapen la regjeringa 16. juni 2023 fram ei stortingsmelding om ein ny strategi for klimatilpassing. Stortingsmeldinga Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn inneheld planen regjeringa har for det nasjonale arbeidet med klimatilpassing for perioden 2024–2028. Eit viktig føremål med meldinga er å byggje eit rammeverk for auka tilpassingsinnsats i og på tvers av sektorar og samfunnsområde. Eit forbetra styringssystem for det nasjonale klimatilpassingsarbeidet skal føre til at omsynet til eit klima i endring blir vurdert og implementert systematisk i alle sektorar, at arbeidet blir meir heilskapleg og betre samordna og at vi får meir kunnskap om utviklinga i risiko og sårbarheit for Noreg og om effektar av innsats og tiltak.
Internasjonalt skal norsk klimafinansiering til utviklingsland innrettast slik at han bidrar til at utviklingslanda når måla sine under Parisavtalen. Noreg har eit mål om ei dobling av norsk klimafinansieringa frå 7 milliardar kroner i 2020 til 14 milliardar kroner seinast i 2026. Innanfor doblingsmålet har Noreg òg eit mål om å minst tredoble støtta til klimatilpassing. Tala frå 2023 viser at norsk klimafinansiering var på om lag 16,6 milliardar kroner (ein tar atterhald om moglege endringar i desse talla, som er berekningar). Mobilisert privat kapital teller med i målet. Denne kapitalen vil variere frå år til år. Det er derfor ingen garanti for at vi når måltalet om 14 milliardar kroner til neste år.
Klima- og skoginitiativet er den største internasjonale enkeltsatsinga på klimafeltet i Noreg. Initiativet har gjort Noreg til eit føregangsland i langsiktig arbeid og finansiering for å stanse tapet av naturskog og bidra til berekraftig arealforvaltning. Regjeringa auka i 2024 budsjettet til Klima- og skoginitiativet med ein milliard kroner. Tal frå uavhengige Global Forest Watch tydar på at dei utviklingslanda som Klima- og skoginitiativet samarbeider med har redusert utslepp frå avskoging meir enn andre tropiske land det siste året. Noreg støttar opp under politikken som reduserer avskoginga, til dømes i Brasil og Indonesia, både med politisk og diplomatisk arbeid og ved å betale for resultatar frå redusert avskoging og forringing av skog.
I 2022 etablerte regjeringa eit nytt klimafond som skal investere i fornybar energi i utviklingsland med mål om å bidra til reduserte klimagassutslepp. Norfund har ansvaret for å forvalte fondet. Det er vedtatt å setje av 10 milliardar kroner i perioden 2022–2026 for å oppkapitalisere klimainvesteringsfondet. Finansieringa kjem frå Stortingets årlege løyving over statsbudsjettet og overføring av totalt 5 milliardar kroner frå Norfunds overskotskapital over fem år. I 2023 bidrog Klimainvesteringsfondet til finansiering av 4,2 GW fornybar energi og til estimerte unngått klimagassutslepp på 8,5 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Ved utgangen av 2023 var total avtalefesta portefølje for fondet på 3,8 milliardar kroner.
Det grøne klimafondet (GCF) er ein hovudkanal for norsk multilateral klimafinansiering. Noreg gir eit bidrag på 3,2 milliardar kroner i perioden 2024–2027 til GCF. Noreg bidrar òg med finansiering gjennom utviklingsbankane, som gir ein vesentleg og aukande del av midla sine til klimarelaterte tiltak. Det bidrar til langsiktig og føreseieleg finansiering av både utsleppsreduserande tiltak og klimatilpassing i utviklingsland. Regjeringa har òg styrka satsing på bistand til klimatilpassing for å følgje opp regjeringa sin strategi Klima, sult og sårbarhet. I tillegg støttar Noreg viktige klimatiltak gjennom det bilaterale samarbeidet på landnivå.
Gjennom EØS-midla bidrar Noreg til å støtte målet om å stoppe klimaendringane i ti land i EØS-området. Støtta er primært retta mot å motvirke klimaendringane og redusere sårbarheit for klimaendringane.
Mål 14: Bevare og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremjar berekraftig utvikling
Noreg har omfattande reguleringar for å sikre god forvaltning av havområda. Miljøtilstanden i norske havområde er på mange måtar god, men blir påverka i aukande grad av klimaendringar og økt havtemperatur, som har ein tydeleg påverknad på tilstanden i økosystema i Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet. Petroleumsproduksjon, fiskeri, akvakultur, skipsfart og turisme er basert på utnytting av ressursar i og ved havet. Noreg er avhengig av eit reint og rikt hav for å hauste og produsere rein mat. Verdiskaping i fiskeri- og akvakulturnæringa er avhengig av berekraftig forvaltning av marine ressursar og velfungerande økosystem med god miljøtilstand og rikt naturmangfald i dei norske kyst- og havområda.
Regjeringa vil sørgje for god sameksistens mellom dei ulike havnæringane, mellom anna ved å utarbeide næringsplanar for Nordsjøen, Barentshavet og Norskehavet. Regjeringa vil leggje til rette for at havnæringane bidrar til å skape fleire trygge heilårsarbeidsplassar, større verdiskaping lokalt og nasjonalt og kutt av klimagassutslepp. Heilskaplege forvaltningsplanar for dei norske havområda — Barentshavet og havområda utanfor Lofoten, Norskehavet, og Nordsjøen og Skagerrak – er felte ned i Meld. St. 21 (2023–2024) med tiltak for berekraftig bruk og bevaring av økosystema. Planane legg til rette for verdiskaping og mattryggleik, og bidrar til å halde oppe miljøverdiane. Regjeringa vil leggje fram oppdaterte forvaltningsplanar for norske havområde for stortinget i 2028.
I samband med vedtaket om eit nytt globalt rammeverk for naturmangfald under partsmøtet i Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) i desember 2022 har Noreg slutta seg til eit globalt mål om å bevare minst 30 prosent av verdas havområder gjennom eit nettverk av marine verneområde og andre effektive arealbaserte bevaringstiltak. Det blir arbeidd vidare med å redusere utslepp frå hav- og landbaserte forureiningskjelder, inkludert utslepp av mikroplast. Det er òg behov for å avgrense tilførsel av næringssalt frå akvakultur, avrenning frå jordbruket og frå andre forureiningskjelder.
Regjeringa er i gang med å forbetre fiskerikontrollen. Målet er ei berekraftig fiskeriforvaltning med rettferdig konkurranse mellom aktørane. Både forvaltninga og kontrollstyresmaktene treng pålitelege data om det som blir hausta og omset. Alle fiskefartøy skal spores, og aktivitet og fangst skal rapporterast elektronisk. Krav til sporing og rapportering òg frå mindre fiskebåtar blir no fasa inn. Frå 1. januar 2024 er det nye krav til prøvetaking frå industrifangstar, som vil gi meir presis rapportering på samansetting av artar i dette fiskeriet. Det langsiktige målet er å automatisere innsamlinga av data, slik at næringa kan dokumentere at fangst og omsetning er innanfor lovlege kvotar. Det blir arbeidd med nye krav til automatiske vektar og veiesystem for fiskemottak. Fiskeridirektoratet, fiskesalslaga og Kystvakta har viktige roller i fiskerikontrollen. Samstundes styrkjer politiet sin innsats mot fiskerikriminalitet i tråd med eigne trusselvurderingar.
God forvaltning og utnytting av ressursane i havet krev kunnskap. Botnkartlegginga av norske havområde (Mareano-programmet) har djupnemålt om lag 300 000 km2 av norske havområde. Djupnemålingane dannar grunnlaget for detaljrike djupnekart over sjøbotnen og vidare planlegging og kartlegging av geologisk, biologisk og kjemisk miljøtilstand på sjøbotnen. Dei årlege fiskeritokta til Havforskingsinstituttet bidrar til kunnskap om norske fiskebestandar og grunnlaget for berekraftig bruk. I Barentshavet har Noreg dei seinaste åra òg registrert plast som blir tatt opp under tokta.
Kunnskapsbaserte tiltak og forskingsinnsats er viktig for å setje i verk gode tiltak i havforvaltninga. Noreg er kjent for god forvaltning av fiskeriressursane og for å sørgje for omfattande forsking som grunnlag for forvaltning av økosystem og ressursar i hav- og kystområda. Prioriteringane kan ein spegle i dei årlege tildelings- og tilskotsbreva til Havforskingsinstituttet, Noregs forskingsråd, Nofima, Veterinærinstituttet mfl., og blir omtalte i langtidsplanen til regjeringa for forsking og høgare utdanning (2023–2032).
Norsk akvakulturnæring dominerast i dag av produksjon av laks og regnbogeaure, men omfattar òg oppdrett av andre fiskeartar i tillegg til skaldyroppdrett, dyrking av tang og tare, og havbeite. Akvakultur er ei av Noregs største eksportnæringar. Regelverket stiller krav til at akvakultur etablerast, drivast og avviklast på ein miljømessig forsvarleg måte.
Verdas behov for mineral for gjennomføring av overgangen til lågutsleppssamfunnet vil auke monaleg i tida framover. Materialattvinning og andre tiltak for å få på plass ein meir sirkulær økonomi er viktig, men vil ikkje vere tilstrekkeleg til å dekke framtidig etterspørsel. Auka tilgang på mineral er derfor viktig for å nå fleire av berekraftsmåla. Moglegheita for utvinning av mineral frå havbotnen kan bidra til å dekke delar av det framtidige behovet, så lenge det er lønsamt og ressursane kan utvinnast på ein berekraftig og forsvarleg måte. Regjeringa har lagt fram ei melding for Stortinget om opning av område på norsk kontinentalsokkel for mineralverksemd.
Regjeringa har som mål at eit representativt utval av natur i havområda skal bevarast. Til no er det etablert 17 marine verneområde for å verne særlege naturverdiar og stor biologisk produksjon, og dessutan fire nasjonalparkar med stor del marine areal. I tillegg nyttast andre arealbaserte bevaringstiltak i havområda. Meld. St. 29 (2020–2021) Heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur legg grunnlaget for vidare arbeid med bevaringstiltak i norske havområde.
Reguleringane av fiske brukar verktøy som forbod mot å fiske med visse reiskapar, tidsavgrensa fiske, opning og lukking av fiskefelt og arealbaserte reguleringar. Atten område med kaldvasskorallar er verna mot øydelegging frå fiskeriaktivitet med botnrammande reiskapar. I alt er 44 prosent av norske havområde underlagde areal- og fiskeribaserte forvaltningstiltak.
Regjeringa vil leggje til rette for utvikling av konkurransedyktig, sikker og miljøvennleg sjøtransport og beredskap mot akutt forureining som hindrar og avgrensar miljøskade. Ein omfattande maritim infrastruktur og ei rekkje tenester sikrar sjøtryggleiken i norske farvatn. Det er etablert anbefalte seglingsleier for skipstrafikken der det er mykje skipstrafikk, òg i norsk økonomisk sone. Både tiltak for førebyggjande sjøtryggleik og beredskap mot akutt forureining er basert på miljørisikoanalysar. Fiskeridirektoratet har dei siste åra auka innsatsen sin både med opprydding av tapte fiskereiskapar og med å førebyggje marin forsøpling frå fiskeri- og akvakulturnæringa.
Internasjonalt er Noreg ein pådrivar for å løfte havspørsmåla på den internasjonale dagsordenen. Havspørsmål er viktige samarbeidsområde i ei rekkje av dei bilaterale relasjonane til Noreg, og dette har òg ein positiv effekt på norske havnæringar og verdiskaping.
Noreg arbeider aktivt for å sikre at berekraftsmåla har ein sentral plass i den reviderte strategiske planen og arbeidsprogrammet til Den internasjonale sjøfartsorganisasjon (IMO). Noreg er ein pådrivar for at alle kyststatar skal ha ei heilskapleg, økosystembasert havforvaltning mellom anna gjennom den norske innsatsen i det internasjonale Havpanelet. Statsminister Støre leier panelet, som i dag er sett saman av 18 stats- og regjeringssjefar. Seychellene har slutta seg til panelet det siste året. Landa har forplikta seg til ei ambisiøs tiltaksliste, mellom anna å etablere ei planmessig, berekraftig forvaltning av hav- og kystområda sine innan 2025. Panelet viser til at investeringar i berekraftige havnæringar løner seg og kan gi betydeleg større bidrag til energitilgang, matforsyning, helse og reduksjon av klimagassutslepp enn i dag.
Noreg var blant initiativtakarane til FNs havforskingstiår 2021–2030. Det er FNs havforskingskommisjon, IOC-UNESCO (Intergovernmental Oceanographic Commission), som har ansvar for å leie arbeidet. Tiåret skal stimulere og koordinere forskingsinnsatsen nasjonalt og globalt. Noreg er ein av dei største bidragsytarane til IOC-UNESCO og støtta går i hovudsak til kapasitetsutvikling og gjennomføringa av havforskingstiåret. Statsminister Støre deltar som høg beskyttar i Havtiårsalliansen, ei koordinerings- og støttegruppe for havforskingstiåret. Noregs engasjement for berekraftig forvaltning av dei nasjonale havområda og innsats i Havpanelet sjåast i samanheng med arbeidet med havforskingstiåret.
Kunnskapsprogrammet Hav for utvikling (Hfu) skal bidra til samfunnsøkonomisk lønsam, berekraftig og inkluderande utvikling innan havnæringar i samarbeidslanda. I 2023 vart det jobba vidare med gjennomføring av samarbeidsavtalen med Indonesia som vart inngått i 2022. Det vart i 2023 òg jobba vidare med avklaringar av tematiske område for samarbeid for etablering av eit Hfu-samarbeid med Mosambik. Ei samarbeidsavtale med Mosambik er forventa inngått andre halvår 2024.
Kunnskapsprogrammet Fisk for utvikling (Ffu) vart etablert i 2016 for å oppnå meir strategisk og heilskapleg tilnærming til norsk fiskeribistand. Målet er at fiskeri- og akvakultursektoren skal bidra til positiv samfunnsøkonomisk utvikling i samarbeidslanda. Samarbeid innanfor Ffu består av institusjonssamarbeid med norske ekspertar, og av støtte til multilaterale organisasjonar, sivilt samfunnsorganisasjonar, privat sektor og utdanningssamarbeid. Ffu bidrar til berekraftig fiskeri og økosystem i utviklingsland, og jobbar mellom anna med å forbetra akvatisk dyrehelse og biotryggleik. EAF Nansen-programmet og forskingsfartøyet Dr. Fritjof Nansen er ein sentral del av Ffu og hjelper 32 kystland i Afrika og Bengalbukta i å utvikla ein ansvarleg og berekraftig fiskeriforvaltning. I 2023 vart ein avtale for ny fase (2024–2028) for EAF Nansen-programmet inngått. Auka vekt på institusjonsbygging og forvaltningskapasitet, i tillegg til styrkja fokus på mat og ernæringssikkerheit vil vektleggjast.
Noreg prioriterer aktiv deltaking i internasjonal regelutvikling for å sikre bevaring og berekraftig bruk av havet. I Den internasjonale havbotnsmyndigheita (ISA) blir det forhandla eit regelverk for utvinning av mineralressursar i område utanfor nasjonal jurisdiksjon. Det har i FN blitt forhandla ein avtale under FNs havrettskonvensjon om bevaring og berekraftig bruk av marin biodiversitet i havområde utanfor nasjonal jurisdiksjon, der Noreg har deltatt aktivt. Det går føre ein nasjonal prosess for å ratifisere avtalen i 2024.
Noreg støttar internasjonale initiativ for å fjerne subsidiar som fører til overkapasitet, overfiske og ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Noreg var til dømes ein viktig bidragsytar til at WTO fekk på plass ein avtale om reduksjon av skadelege fiskerisubsidiar i 2022. Det blir no forhandla om uløyste problemstillingar relatert til slike subsidiar, for å sikre at ein meir fullstendig WTO-avtale kjem på plass innan rimeleg tid.
Arbeidet gjennom Blue Justice-initiativet blir ført vidare. Blue Justice følgjer opp den internasjonale «Københavnerklæringa» om grensekryssande organisert kriminalitet i den globale fiskeindustrien, som 60 land har slutta seg til. Sekretariatet ligg i Nærings- og fiskeridepartementet og bidrar til mellom anna digital infrastruktur og fellestenester til landa. I 2024 fekk dei tilgang til data for havovervaking frå norske statlege satellittar og blir støtta av Blue Justice sporingssenteret i Vardø, som blir drifta av Fiskeridirektoratet og Kystverket. Ein viktig partner i Blue Justice er FNs utviklingsprogram (UNDP), som bidrar mellom anna med å hjelpe til med å etablere nasjonale og regionale tverretatlege samarbeid mot fiskerikriminalitet.
Noreg arbeider for ein ambisiøs global avtale mot plastforureining i dei mellomstatlege forhandlingane igangsett av FNs miljøforsamling, og under bistandsprogrammet mot marin forsøpling blir det arbeidd for å styrkje avfallshandtering i utviklingsland. Sjå mål 12 for nærare omtale.
Gjennom EØS-midla bidrar Noreg til å støtte liv under vatn i seks land i EØS. Støtta er primært retta mot miljøvern og økosystem.
Mål 15: Verne, tilbakeføre og fremje berekraftig bruk av økosystem, sikre berekraftig skogforvaltning, motverke ørkenspreiing, stanse og reversere landforringing og stanse tap av artsmangfald
I Noreg er mykje gjort for å vareta økosystema gjennom ei kunnskapsbasert forvaltning. Om lag 17,7 prosent av fastlandsarealet i Noreg er verna etter naturmangfaldslova – 25,7 prosent av landarealet når vernet på Svalbard og Jan Mayen òg blir rekna med. Regjeringa meiner at det ikkje er behov for eit omfattande nytt vern, men at skogvernet skal aukast i tråd med målet frå Stortinget om 10 prosent vern av skogen. I resten av økosystema er det behov for eit avgrensa vern av enkelte naturtypar som i dag ikkje er godt nok sikra i dei eksisterande verneområda. Om lag 80 prosent av elvar og innsjøar har god eller svært god tilstand i samsvar med klassifiseringa etter vassforskrifta. Den samla statusen for økologisk tilstand i elvar og innsjøar er vurdert til middels god. Ifølgje miljøstatus.no er tilstand i hav og i fjell god. Sidan 1990 har utviklinga i havet samla sett vore stabil. I fjellet er utviklinga svakt negativ. Tilstand for våtmark og kulturlandskap og opent lågland er middels god, men har samla sett hatt ei negativ utvikling. Tilstand i skog er òg middels god, med ein positiv tendens i utvikling.
Nedbygging og anna arealbruksendring splittar opp leveområde for artar og påverkar naturmangfald, jordvern og klima. For å sikre berekraftig forvaltning av verdifull natur, karbonrike areal og matjord må styresmaktene planlegge heilskapleg og kunnskapsbasert. Miljødirektoratet og SSB utviklar ein naturrekneskap for Noreg. Forureining, framande artar og klimaendringar, som er ein stadig aukande påverknadsfaktor, påverkar òg naturmangfaldet negativt. Det vart i 2021 laga ein oppfølgingsplan for den mest truga naturen, og relevante direktorat samarbeider med å følgje opp planen.
Arealendringar er den klart viktigaste negative påverknadsfaktoren for truga artar, i Noreg og globalt. Artsdatabanken gav i november 2021 ut Norsk raudliste for artar. I overkant av 2700 artar har fått status som truga. Ein meiner at om lag 85 prosent av dei truga artane er i nedgang. Nær halvparten av dei truga artane lever i skog, medan om lag ein tredel av dei truga artane lever i kulturlandskapet.
Regjeringa vil intensivere arbeidet med å redde truga artar og naturtypar og ta vare på bier og andre pollinerande insekt. Ein tverrsektoriell tiltaksplan frå 2021 for pollinerande insekt inneheld ei rekkje tiltak for å ta vare på leveområde, byggje opp kunnskap og formidle kunnskapen om insekt. Eit nasjonalt overvakingssystem for insekt bidrar òg til å hente inn ny kunnskap.
Som eit ledd i å betre tilstanden for naturen, blir forringa natur restaurert. I tillegg til at restaurering er viktig for å betre tilstanden for naturen, kan det sikre karbonlager og avgrense verknader av klimaendringane. Til grunn for arbeidet med restaurering ligg mellom anna Plan for restaurering av våtmark i Norge (2021–2025), regionale vassforvaltningsplanar, Nasjonal strategi for restaurering av vassdrag 2021–2030 og Oppfølgingsplan for trua natur. Regjeringa oppretta i 2024 ei ny tilskotsordning for naturrestaurering retta mot kommunar, organisasjonar og private tiltakshavarar. Vidare var restaurering av leveområda til villreinen eit av fem strategiske område regjeringa fremmat i Meld. St. 18 (2023–2024) Ein forbetra tilstand for villrein.
Om lag 40 prosent av landarealet i Noreg er dekt av skog. Det er eit krav at det skal leggjast til rette for at det kjem opp ny skog etter hogst, slik at produksjonsevna til skogarealet kan utnyttast i eit langsiktig perspektiv. Skogen er òg viktig for å binde karbon. Kommunane kontrollerer foryngingsinnsatsen til skogeigarane årleg. Det blir gjennomført miljøregistreringar for å skaffe eit godt kunnskapsgrunnlag om livsmiljø for artar og andre miljøverdiar. Samstundes er skogen leveområde for eit stort naturmangfald. Regjeringa har sett i gang arbeid med å etablere ein meny av ulike tiltak som bidrar til å oppretthalde eit mangfald av økosystem i god økologisk tilstand, i første omgang for økosystem skog.
Norsk matproduksjon er avhengig av langsiktig og berekraftig forvaltning av jorda. I behandlinga av berekraftsmeldinga slutta Stortinget seg til ambisjonen om eit forsterka mål for maksimal nedbygging av jordbruksjord. Jordbruk og reindrift brukar utmark til beite. Utmarksbeite bidrar til å halde oppe naturmangfald og variasjon i natur og landskap. Natur- og kulturlandskap er likevel mange stader under endring som følgje av attgroing, utbygging og endra driftsformer.
Tilgang til norske genetiske ressursar blir regulert av naturmangfaldslova og forskrift om tradisjonell kunnskap knytt til genetiske ressursar. Noreg gir årlege bidrag til fondet til plantetraktaten for fordelsdeling og gir tilgang til plantegenetiske ressursar for mat og landbruk i tråd med traktaten. Regjeringa følgjer opp stortingsmeldinga om miljøkriminalitet med tiltak og verkemiddel for å redusere den negative påverknaden som miljøkriminalitet har på klima og miljø. I 2020 vart det vedtatt ei kvalitetsnorm for villrein, og i 2022 vart klassifiseringa av dei ti nasjonale villreinområda etter kvalitetsnorma klar. Av desse har seks dårleg kvalitet og fire middels kvalitet etter norma. Ingen av områda har god kvalitet. No er òg dei 14 andre villreinområda klassifisert og av dei har seks dårleg kvalitet, sju har middels kvalitet og eit har god kvalitet. Våren 2024 la regjeringa fram ei stortingsmelding om villrein (Meld, St.18 (2023–2024)) med mål om å forbetra tilstanden for villrein for Stortinget. Stortingsmeldinga vart behandla i juni 2024 og blir følgd opp vidare av regjeringa.
I 2022 vart det vedtatt eit nytt globalt rammeverk for naturmangfald under Konvensjonen om biologisk mangfald (ofte omtalt som naturavtalen). Naturavtalen sitt oppdrag er å handle snarast for å stanse og reversere tap av naturmangfald for at naturen skal kunne gjenopprettast. I rammeverket er det fastsette fire overordna mål fram mot 2050 og 23 handlingsretta mål fram mot 2030. Måla spenn vidt, og handlar om å redusere truslar mot naturmangfald, berekraftig bruk og løysingar som må på plass for å mogleggjere gjennomføring. Måla er globale og det er den samla nasjonale politikken til kvart land, saman med internasjonale initiativ, som skal sørgje for at måla blir nådd. Regjeringa la i haust fram ei stortingsmelding med ny norsk handlingsplan for naturmangfald som visar korleis Noreg skal bidra til å nå dei globale måla.
Internasjonalt er den norske innsatsen retta mot naturmangfald, berekraftig skogforvaltning og miljøkriminalitet. Noreg bidrar gjennom utviklingspolitikken og aktiv deltaking i mellomstatleg samarbeid, inkludert i FN-organisasjonen for mat og landbruk (FAO), konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) og FNs arbeid mot transnational organisert kriminalitet (UNODC). Norske bistandsmiddel blir mellom anna kanaliserte gjennom FNs miljøprogram (UNEP) og Den globale miljøfasiliteten (GEF). Klima- og skoginitiativet er dei største internasjonale tiltaka frå Noreg for å redusere og reversere avskoging i tropiske skogland. Det er òg Noreg sitt største tiltak for å ta vare på naturmangfald. Om lag to tredelar av landjordas naturmangfald lever i skog. Aukinga av budsjettet til Klima- og skoginitiativet med ein milliard kroner i 2024 vil både bidra til reduserte klimagassutslepp og til å ta vare på naturmangfaldet. Klima- og skoginitiativet har bilaterale skogsamarbeid med dei store regnskoglanda, som alle er såkalla megadiversitetsland. Det vil seie at dei har den høgste delen av jordas artar og flest stadbundne artar. Utbetalingane til desse landa bidrar mellom anna til å kartlegge, overvake og verne spesielt naturrike områder, og til berekraftig forvaltning i samarbeid med urfolk og lokalbefolkninga. Klima- og skoginitiativet støttar mellom anna etablering av verneområde, dei rettane urfolk har til land, til forvaltning av naturen på tradisjonelt vis, innsats mot skogkriminalitet, ulovleg omdisponering av skog, og til avskogingsfri råvareproduksjon. Om lag 90 prosent av avskoginga skjer på grunn av landbruksekspansjon. Målretta tiltak for å produsere råvarer meir effektivt på mindre areal har ein svært positiv verknad på naturmangfaldet. Noreg samarbeider med andre internasjonale givarar for å auke finansiering og redusere presset på skog og naturmangfald.
Mål 16: Fremje fredelege og inkluderande samfunn for å sikre berekraftig utvikling, sørgje for tilgang til rettsvern for alle og byggje velfungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå
Demokrati, menneskerettar og likskap for lova er ein grunnpilar i det norske samfunnet. Grunnlova er eit sentralt fundament for å sikre ytringsfridom og grunnleggjande rettsvern. Noreg har eit velfungerande rettsvesen med godt utbygde institusjonar.
Regjeringa la i oktober 2023 fram handlingsplanen Trygghet i hverdagen for å styrkje nærværet til politiet i heile landet.
Kriminaliteten i Noreg er i internasjonal samanheng låg, og det har vore ein trend mot mindre kriminalitet i Noreg dei siste tiåra. Trenden gjeld både for opplevd og meld kriminalitet. Det er likevel utfordringar knytte til vald i nære relasjonar og partnardrap. For å styrkje innsatsen på dette området la regjeringa fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar i desember 2023. Tilrådingane i utgreiinga frå partnardrapsutvalet frå 2020 utgjer ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget. Regjeringa har òg lagt til rette for auka bruk av vernetiltaket omvendt valdsalarm, som flyttar belastninga frå den valdsutsette til den som utøver valden.
I 2022 vart det publisert ei ny nasjonal risikovurdering og eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om kvitvasking og terrorfinansiering. Regjeringa la i mars 2024 fram ei stortingsmelding om økonomisk kriminalitet, som skal bidra til politikkutvikling på området. Oppfølging av meldinga er i gang, og viktige føremål med meldinga er å betre styresmaktenes måloppnåing på feltet, innskrenke mogelegheitsrommet for dei kriminelle, og å utnytte dei samla ressursane i samfunnet betre for å sikre ein meir effektiv innsats mot økonomisk kriminalitet.
Mange utanlandske arbeidstakarar opplev krevjande arbeidsforhold. Det er etablert målretta tiltak for å hjelpe personar i gruppa som kan vere offer for menneskehandel. Det er òg sett i verk fleire informasjonstiltak for å førebyggje utnytting og menneskehandel av ukrainske flyktningar i Noreg.
Noreg har ein kontraterrorstrategi og ei handlingsplan for å motvirke radikalisering og valdelig ekstremisme. Desse dokumenta gir ei overordna strategisk retning for arbeidet. Den reviderte nasjonale kontraterrorstrategien frå 2022 er under oppfølging. Strategien rammar inn det nasjonale arbeidet med å førebyggje, beskytte mot, avverje og handtere terror i Noreg. Den har fem innsatsområde: regelverksutvikling, teknologiutvikling, trusselkommunikasjon, kunnskap og kompetanse og samarbeid. Utviklinga på kontraterrorfeltet går raskt, og det skal vurderast om den nasjonale strategien skal gjennomgå ein ny revisjon. Innsatsen mot radikalisering og valdeleg ekstremisme er bredt anlagt og retta mot alle former for ekstremisme. Dei aller fleste tiltaka i den reviderte handlingsplanen mot radikalisering og valdeleg ekstremisme frå 2020 er følgd opp. Handlingsplanen inneheld bl.a. tiltak for å styrkje førstelinja sitt arbeid på feltet. Eventuelle endringar i innretninga for den førebyggjande innsatsen mot radikalisering og ekstremisme i Noreg vil bli vurderte i arbeidet med den kommande stortingsmeldinga om førebygging av ekstremisme.
Noreg har i mange år og gjennom ulike fora arbeidd for openheit og tillit. Vi tar derfor del i det arbeidet som OECD gjer for å auke tilliten til forvaltninga gjennom mellom anna meir openheit og medverknad. Noreg slutta seg på eit ministermøte i november 2022 til Luxembourg-erklæringa som inneheld ulike handlingsplanar med mål om å byggje tillit og å styrkje demokratiet.
Noreg deltar i Open Government Partnership (OGP) som har som mål at offentleg sektor og det sivile samfunnet skal samarbeide om å skape ei meir open, velfungerande og brukarvennleg forvaltning. Det viktigaste verkemiddelet i OGP er dei nasjonale handlingsplanane som blir utarbeidde i samråd med det sivile samfunnet.
I mars 2023 publiserte Noreg ein ny handlingsplan for perioden 2024 til 2027. Regjeringa ser mellom anna meir openheit om offentlege innkjøp, antikorrupsjonsarbeid, digital inkludering og evaluering av e-innsyn som prioriterte område i denne planen. Det sivile samfunnet har kome med innspel til forpliktingar i handlingsplanen både gjennom samskaping og gjennom høyringar. Ålmenn høyring medverka til at alle, ikkje berre organiserte interesser, kunne kome med forslag til forpliktingar.
Eit av føremåla i kommunelova er å leggje til rette for eit sterkt og representativt lokaldemokrati med aktiv innbyggjardeltaking. Lova slår fast kommunalt og fylkeskommunalt sjølvstyre og krev lovheimel for å avgrense dette. Vidare krev lova at alle kommunar og fylkeskommunar skal fremje medverknad og ha råd for eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom. Ho legg òg til rette for å sikre inkludering og involvering av nasjonale minoritetar og urfolk. Det er eigne konsultasjonsprosedyrar i spørsmål som kan påverke samiske interesser.
Valglova skal sikre frie og hemmelege val til Stortinget, fylkesting og kommunestyre. Valdirektoratet skal bidra til korrekte og sikre val gjennom å rettleie kommunar og fylkeskommunar, under dette tilby eit elektronisk valadministrasjonssystem. Direktoratet bidrar òg med informasjon til veljarar og opplysningar om valresultat. Alle desse elementa bidrar til å styrkje eit velfungerande demokrati og tilliten til val.
For å oppnå rettstryggleik er det nødvendig at den enkelte har høve til å sikre sine rettar og plikter. Ordninga med fri rettshjelp er viktig for å sikre den grunnleggjande rettstryggleiken til borgarane. Frå 1. januar 2023 er ordninga styrkt ved at inntekts- og formuesgrensene er endra, slik at fleire no har tilgang til fri rettshjelp. I tillegg jobbar Justis- og beredskapsdepartementet med å følgje opp utgreiinga frå Rettshjelputvalet frå 2020.
Eit godt rettsleg diskrimineringsvern er ein føresetnad for at alle innbyggjarar skal oppleve at dei har rettsvern. Diskrimineringsnemnda handsamar klagesaker om diskriminering og Likestillings- og diskrimineringsombudet gir rettleiing i saker om diskriminering. I 2024 sette Kultur- og likestillingsdepartementet i gang ei juridisk gjennomgang av Likestillings- og diskrimineringsombudet og Diskrimineringsnemnda, for å sikre eit godt, effektivt og rettssikkert handsamingsapparat med tilgang til effektive sanksjonar. Gjennomgangen vart ferdig i august 2024.
Forvaltningslovutvalet, som vart sett ned i 2015, gjennomførte ein brei gjennomgang av den gjeldande forvaltningslova frå 1967 og ulovfesta forvaltningsrett. Utvalet vart bede om å utarbeide eit utkast til ei lov som sikrar rettstryggleiken og tilliten til forvaltninga, og som samstundes legg til rette for god og effektiv saksbehandling. Mandatet la vekt på at den nye lova bør leggje til rette for digitalisering av saksbehandling og ta omsyn til at lova skal nyttast på mange ulike område og tilpassast til ulike former for organisering av offentleg verksemd. Utvalet leverte utgreiinga si i 2019 (NOU 2019: 5) og foreslo ei ny lov om saksbehandlinga i offentleg forvaltning til avløysing av den gjeldande forvaltningslova. Utgreiinga var på høyring hausten 2019 og er til behandling i Justis- og beredskapsdepartementet. Departementet tek sikte på å fremje ein proposisjon for Stortinget våren 2025 med forslag til ny forvaltningslov.
Tilgang til rettsvesenet og prøving av rettsspørsmål føreset kompetente og effektive domstolar som kan ta autoritative, grundige og raske avgjerder. For å sikre rettstryggleiken til borgarane og sikre domstolar med stadleg leiing har regjeringa lagt fram for Stortinget eit forslag om å opprette nye tingrettar, slik at det vart 28 tingrettar totalt. Forslaget vart behandla i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2024, og Justis- og beredskapsdepartementet jobbar i samråd med Domstoladministrasjonen med å fastsetje når dei nye tingrettane kan tre i kraft. Vidare er det lagt til rette for at domstolane kan halde fram digitaliseringsarbeidet for å redusere tidsbruken og køane i domstolane.
For at den sivile rettspleia skal bli billigare for partane og samfunnet, fremma regjeringa 16. desember 2022 ein lovproposisjon med forslag om endringar i tvistelova mv. Proposisjonen inneheld mellom anna forslag til endringar i reglane om rettsmekling, ankenekting, førebuing av saka, behandlinga i forliksrådet og sakskostnader i domstolane. Gjennom hausten 2022 vart det heldt fleire arbeidsmøte med sentrale aktørar for å kartlegge korleis sakskostnadene kan reduserast. Justis- og beredskapsdepartementet jobbar vidare med å følgje opp dette arbeidet.
Internasjonalt har den norske innsatsen for berekraftsmål 16 fire delvis overlappande delar: Innsats for fred og tryggleik i norske nærområde, innsats for å støtte fred og stabilitet i andre statar og regionar, innsats for å fremje rettsstat, rettferd og vel fungerande institusjonar og prosessar i land som treng støtte til dette, og internasjonal innsats for å førebyggje og kjempe mot skatteunndraging, korrupsjon og tilhøyrande ulovleg kapitalflyt.
Den russiske angrepskrigen mot Ukraina er ei påminning om at fred i Europa ikkje kan takast for gitt. Det viktigaste målet for norsk tryggleiks- og forsvarspolitikk er å sikre norsk suverenitet, territorial integritet og politisk handlefridom. Vidareføringa av eit sterkt nasjonalt forsvar, den kollektive tryggleiken i NATO og bilateralt forsvarssamarbeid med allierte er sentrale verkemiddel for å oppnå dette målet.
Å hindre krig – og å bevare fred – er alltid målet for ein sikkerheitspolitikk som er internasjonalt ønskt og legitim. I den grad det internasjonale samfunn evner å forhindre eller motverke aggresjon over tid, er dette uttrykk for ein internasjonal sikkerheitsorden som er berekraftig. Den russiske angrepskrigen mot Ukraina illustrerer at ein internasjonalt ønskt, legitim og berekraftig sikkerheitsorden ikkje kan bli tatt for gitt. Berekraft i denne samanheng føreset at militære og andre maktmidlar kan brukast legitimt for å avskrekke frå angrep og i verste fall forsvara det internasjonale samfunn mot den type militær aggresjon som Russland i dag gjer seg skuldig i. Slik er janusansiktet til militærmakta, men legitim militær makt utgjer det internasjonale samfunnets evne til kollektivt sjølvforsvar, som både nasjonalt og i allianse er sjølve garantien for ein berekraftig sikkerheitsorden, i Europa og internasjonalt.
Noreg legg stor vekt på å bidra til å støtte fred og stabilitet i andre statar og regionar. Noreg er ein partnar i konfliktførebygging, konfliktløysing og fredsbygging. I dialog- og fredsprosessar der Noreg har ei formell rolle, fremjar vi deltaking frå kvinner og sivilsamfunnet. Noreg støttar arbeidet mot seksualisert og kjønnsbasert vald, uavhengig av kjønn. Vern av barn som er fødde i krig, og dei som er særleg utsette for diskriminering, er eit anna prioritert område.
Norsk politi og personell frå Forsvaret deltek i internasjonale fredsoperasjonar for å sikre fred og støtte statar med å byggje opp att normale samfunnsstrukturar etter krig og konflikt.
Noreg bidrar til rettferd og vel fungerande offentlege institusjonar i land som treng støtte til dette, og er ein pådrivar i arbeidet for å verne om dei internasjonale menneskerettssystema. Respekt for menneskerettane og rettsstatsprinsippa er føresetnader for at ingen skal utelatast. Noreg fremjar folkestyre basert på menneskerettane og sivilsamfunnet gjennom omfattande samarbeid med globale, regionale og nasjonale partnarar og på globale og regionale arenaer. FNs høgkommissær for menneskerettar er den viktigaste internasjonale partnaren til Noreg på dette feltet.
Noreg arbeider for å styrkje internasjonale normer, standardar og operative tiltak for å førebyggje og kjempe mot korrupsjon, mutingar, skattesvik, kvitvasking og ulovleg kapitalflyt. Noreg gir finansiell støtte til uavhengig journalistikk som mellom anna arbeider med å avsløre ulovlege finansstraumar i offentleg og privat sektor på tvers av landegrenser. Noreg støttar òg verksemder som jobbar med kapasitetsbygging innan finansiell openheit, ansvarlegheit og integritet. I 2023 deltok Noreg i forhandlingar i Financial Action Task Force (FATF) om nye internasjonale standardar for å inndra meir utbyte frå kriminalitet.
Noreg fortset sin leiarrolle som ein pådrivar i det normgivande arbeidet på globale skattespørsmål i FN, og er den største givaren til skattekomiteen i FN. Noreg stemte som eit av to vestlege land ikkje imot (avståande) etableringa av ein rammekonvensjon om skatt i FN i 2023, og er medlem av styringsgruppa som i 2024 utarbeider eit mandat for vidare forhandlingar om rammekonvensjonen. I tillegg støttar Noreg to-pilarprosessen i OECD/G20 om skattefordeling og minimumsskatt for multinasjonale selskap, og er blant dei største givarane til dette arbeidet.
Noreg støttar bygging av kunnskap og kapasitet i offentlege institusjonar i land i det globale sør på felt som skatt, forvaltning av naturressursar, statistikk og anti-korrupsjon. Anti-korrupsjon er eit tverrgåande omsyn i alt utviklingssamarbeid, på same måte som klima og miljø, menneskerettar og likestilling, og det er nulltoleranse for økonomisk misferd.
Noreg er ein pådrivar for NATO-arbeidet for å styrkje godt styresett i forsvars- og tryggingssektoren hos allierte og partnarland. Noreg samarbeider med Albania, Bosnia Hercegovina, Kosovo, Montenegro, Nord-Makedonia og Ukraina om utvikling av demokratiske og robuste institusjonar gjennom godt styresett som førebyggjer maktmisbruk, korrupsjon og annan uetisk eller kriminell åtferd.
Gjennom EØS-midlane bidrar Noreg til å støtte målet om fred og rettferd i 14 land i EØS. Støtta er primært retta mot å styrkje justissektoren. Norsk kriminalomsorg er ansvarleg for EØS-program i Bulgaria, Latvia, Litauen, Polen, Romania og Tsjekkia der det blir bygd pilotfengsel og opplæringssenter for å styrkje kriminalomsorga i landa i tråd med FNs standardar (The United Nations Standard Minimum Rules for the Treatment of Prisoners (the Nelson Mandela Rules)). Noreg har òg bidratt til utvikling av kriminalomsorga i Ukraina og Russland, men dette arbeidet er stansa på grunn av den pågåande krigen i Ukraina.
Mål 17: Styrkje verkemidla som trengst for å gjennomføre arbeidet, og fornye globale partnarskap for berekraftig utvikling
Internasjonalt samarbeid opplever no vanskar. Tilliten mellom land og innetter i land er under press. Samanveva kriser set lands økonomi på prøve. Mange fattige land opplever at finansieringsbehova aukar meir enn dei tilgjengelege ressursane. Veksande ulikskap, klimaendringar, aukande gjeldsproblem, Russlands angrepskrig mot Ukraina, krigen i Gaza og ulike andre kriser bidrar til at behovet for bistand framleis er stort for mange.
Partnarskap mellom land og samarbeid mellom offentleg sektor, næringsliv, sivilsamfunn og akademia er ein føresetnad for å løyse dei globale utfordringane. For alle land vil mellom anna betre utnytting av eigne ressursar, irekna å redusere lekkasjar i form av ulovleg kapitalflyt frå skatteunndraging, korrupsjon og anna kriminalitet vere det viktigaste bidraget for å nå berekraftsmåla. Mange av dei fattigaste landa treng bistand utanfrå for å akselerere denne prosessen.
FN har vedteke eit mål om at 0,7 prosent av bruttonasjonalinntekta (BNI) skal gå til offisielt utviklingssamarbeid (ODA). I 2023 var det berre fem land som nådde dette målet: Noreg, Luxembourg, Sverige, Tyskland og Danmark. Noreg var på topp med ein andel på 1,09 prosent, det vil seie i alt 58,6 milliardar kroner i norsk bistand. Samla var den internasjonale bistanden i 2023 historisk høg. Dette er femte året på rad at ODA er rekordhøgt. Til saman gav OECD-landa 223 milliardar amerikanske dollar, ein auke på 1,8 prosent frå året før. Det svarar likevel berre til 0,37 prosent av BNI i OECD-landa. OECD forklarer at aukinga i 2023 i hovudsak er knytt til auka støtte til Ukraina, humanitær bistand og kjernestøtte til internasjonale organisasjonar. Det er uro for at den totale bistanden er langt frå å nå 0,7 prosent-målet.
I denne krisetida vil regjeringa oppretthalde eit aktivt norsk diplomati globalt. Dette forsterkar tydinga av at Noreg framleis skal stille opp for fattige og sårbare land. Samstundes må verdssamfunnet òg stimulere mellominntektsland til å vere med på å løyse globale utfordringar, som klimakrisa og vernebuing mot pandemiar. Her er det viktig å finne høvelege balansepunkt, ikkje minst i fleirnasjonalt samarbeid.
Frå norsk side har arbeidet med å utvikle betre systemiske løysingar prioritet. Til dømes har norske institusjonssamarbeid gjennom Kunnskapsbanken som overordna mål å styrkje kompetanse og kapasitet i offentlege institusjonar i samarbeidsland. Fagleg samarbeid legg til rette for god ressursforvaltning og auka mobilisering av nasjonale ressursar for berekraftig utvikling.
Norec inngår i Noreg sin samla innsats for å gjennomføre 2030-agendaen og bidrar til å realisere dei overordna måla i norsk utviklingspolitikk. Gjennom gjensidig kompetanseutveksling, medrekna sør-sør-samarbeid, skal Norec støtte globale partnarskap i arbeidet for å nå berekraftsmåla.
Velfungerande marknader og eit rettferdig handelssystem er òg grunnleggjande for å skape arbeidsplassar og økonomisk vekst, og dessutan for å redusere fattigdom. Auka økonomisk openheit er òg avgjerande for fattigdomsreduksjon og velstandsvekst. Det felles regelverket til verdssamfunnet for internasjonal handel har vore under press dei siste åra. Noreg arbeider for å styrkje multilaterale regelverk for handel og investeringar, slik at dei bidrar til berekraftig utvikling.
Dei siste tiåra er verda knytt tettare saman gjennom handel, arbeidsinnvandring og kapitalstraumar. Den økonomiske openheita som følgjer med globalisering, gjer òg at negative hendingar lettare spreier seg på tvers av landegrenser. Noreg arbeider gjennom IMF for å styrkje overvaking av finansmarknadene og for å setje i verk forskrifter som gjer finansmarknadene sterke og effektive.
For regjeringa er det viktig å sikre at moglege positive og negative verknader for utviklingsland blir inkluderte i avgjerdsgrunnlaget og tatt omsyn til når det blir gjort politiske vedtak. Det er eit mål at nasjonal politikk skal henge saman med andre politikkområde, inkludert utviklingspolitikken. Politikken skal vere samstemt og sikre at breidda i arbeidet til regjeringa bidrar best mogleg til å nå berekraftsmåla. Toppleiarforum for berekraftsmåla, som vart etablert i 2022, skal bidra til å sikre dette. Forumet er ein møteplass for utvikling av felles kunnskapsgrunnlag, deling av beste praksis og drøfting av målkonfliktar, interessekonfliktar og dilemma.
Noreg samarbeider med partnarar i nærområda for ei meir berekraftig utvikling. Berekraft er sjølve kjernen i Europas grøne giv. Målet er å sikre ein meir berekraftig og sirkulær økonomisk utvikling med mindre forureining og lågare klimagassutslepp, betre helse, auka livskvalitet og nye arbeidsplassar. Dei fleste elementa i EU si ambisiøse «Klar for 55»-pakke er vedtatt i EU. Pakken stakar ut kursen for den industrielle og økonomiske omstillinga mot 55 prosent utsleppskutt før 2030 (samanlikna med 1990). Den inkluderer ei rekkje regelverk som har mykje å seie for Noreg og som vil bidra til å nå nasjonale klimamål.
Dei nordiske landa samarbeider i oppfølginga av berekraftsmåla. Noreg er saman med dei andre nordiske landa forplikta på Visjon 2030 om at «Norden skal vere den mest berekraftige og integrerte regionen i verda» og på målet om eit grønt, konkurransedyktig og sosialt berekraftig Norden. Nordisk ministerråd følgjer opp visjonen gjennom ein handlingsplan 2021–2024. Berekraft er integrert i alle dei nordiske prosjekta. Arbeid med å oppdatere planen for perioden 2025–2030 går føre seg. Effektiv nordisk integrasjon, mobilitet og samvirke over grensene er ein vesentleg føresetnad for å følgje opp visjonen. Noreg deltar òg i Austersjørådet, der ei av prioriteringane er å bygge berekraftige og motstandsføre samfunn. Etter tre år som koordinator for det nordisk-baltiske samarbeidet i Verdsbanken, overlat Noreg dette ansvaret til Sverige i juli 2024.
I arbeidet med EØS-midla for inneverande finansieringsperiode har det vore samspel mellom 18 norske partnarinstitusjonar og søsterorganisasjonane deira i dei 15 mottakarlanda i Europa. Partnarsamarbeidet via EØS-midla bidrar til at enkeltpersonar, verksemder og offentlege etatar blir styrkja fagleg, både i mottakarlanda og i givarlanda, og dei får internasjonal erfaring og nye nettverk over landegrenser. Verksemder får høve til å utvikle prosjekta sine og utvida tilgangen sin til nye marknader. Alle dei norske fylkeskommunane er partnarar i prosjekt som er støtta av EØS-midlane. EØS-midla er ei viktig plattform for politisk samarbeid på lokalt og nasjonalt nivå.
Arktisk råd og Barentsrådet har vore hjørnesteinar i det regionale samarbeidet for berekraftig utvikling og vern av miljøet i Arktis og Barentsregionen. Arbeidet i begge råda har vorte påverka av den russiske angrepskrigen i Ukraina. Noreg overtok leiarskapen i Arktisk råd i mai 2023. Målsetjinga er å føre vidare rådets viktige arbeid og gjennom dette bidra til innsatsen med berekraftsmåla. Noreg fokuserer på Arktisk råds kjerneoppgåver, som effekten av klimaendringane og berekraftig utvikling. Barentsrådet har sidan byrjinga i 1993 hatt berekraftig utvikling som føremål. Etter at Russland trekte seg frå rådet har det skjedd ei nyorientering mot samarbeid nord i Norden. Særleg samarbeid på miljø og helse, og dessutan på urfolk og ungdom. Det er etablert eit nytt samarbeidsprogram på helse, og samarbeidet på miljø er vidareutvikla.
Statistisk sentralbyrå bidrar aktivt i det internasjonale samarbeidet for å utvikle offisiell statistikk av høg kvalitet som faktagrunnlag for politikkutforming, evaluering og debatt. Dei samarbeider samstundes med ei rekkje land for å bidra til ei styrking av deira nasjonale statistikksystem. Noreg deltar i og støttar arbeidde i OECDs utviklingskomité med regelverket for offisiell bistand og utviklingsstatistikk.